referat sffk sitt kretsting 213 opningstale av styreleiar robert endestad, nff sogn og fjordane da...

21
1 Referat frå NFF Sogn og Fjordane sitt kretsting 23.11-24.11.2019 Ved Scandic Sunnfjord Hotell i Førde

Upload: others

Post on 02-Jan-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

1

Referat frå NFF Sogn og Fjordane sitt kretsting

23.11-24.11.2019

Ved Scandic Sunnfjord Hotell i Førde

Page 2: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

2

INNHALDSLISTE

Opningstale av styreleiar s. 3 Leon Aurdal, Styremedlem NFF s. 6 Alf Hansen, sportsdirektør NFF s. 6 Nils R.Sandal, leiar Idrettskrinsen s. 7 Tore-Christian Gjelsvik, styreleiar NFF Hordaland s. 7 SAK 1-4: Dagsorden, forretningsorden, fullmakter s. 8 SAK 5: Val av dirigent og sekretær s. 8 SAK 6: Val av desisorar s. 8 SAK 7: Handsame styret si årsmelding for 2018-2019 s. 8 SAK 8: Rekneskap 2017,2018 og estimat for 01.01.19-31.10.19 inklusive notar,revisjon og uttale kontrollkomité s. 9 SAK 9: Neste års kontigentar og avgifter s. 10 SAK 10: Budsjett 2020 s. 10 SAK 11: Val av valnemnd for framlegg om ny valkomité s. 11 SAK 12: Val av komite for redaksjonskomité s. 11 SAK 13: Val av komité for heidersteikn s. 11 SAK 14: Utdeling av pokalar og premiar s. 12 SAK 15: Handsame innkomne forslag og saker: Framlegg 1- Førde IL, reiseavstand vs basisdag G/J 13/14 9’ar s. 14 Framlegg 2- Stadlandet IL, konsekvens av å ikkje møte til kamp i aldersbestemt fotball s. 15 Framlegg 3- NFF Sogn og Fjordane, redusere tal lag i G 13/14 9’ar haust s. 16 Framlegg 4- NFF Sogn og Fjordane, endring i bøter og gebyr s. 16 Framlegg 5- NFF Sogn og Fjordane, diff.haustseriar i klasse 10-12 år s. 16 Framlegg 6- Førde IL, bruk av 17-åringar i U 15/17-klassa s. 17 Framlegg 7- NFF Sogn og Fjordane, strategiplan og dialogkort s. 18 SAK 16: Tilslutningssaker

Framlegg 1- Tilslutning til jubileumsmarkering 2021-2022 s. 18 Framlegg 2- Tilslutning til retningslinjer for arrangement senior 5.div menn og 4.div damer s. 19 Framlegg 3- Tilslutning til at seriekomitéen ser på aldersinnd. i ungdomsfotbal s. 19

SAK 17: Informasjon frå NFF Sogn og Fjordane s. 19 SAK 18: Val av kretsstyre s. 20 SAK 19: Val av kontrollkomitè, valkomitè og representantar til Idrettskrinsen sitt ting s. 20 SAK 20: Val av statsautorisert revisor s. 20 SAK 21: Stad for kretstinget november 2021 s. 21 SAK 22: Orientering og avslutning av styreleiar s. 21

Page 3: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

3

Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har gått bort i denne tingperioden. Vi nemner m.a. Tore Geir Aaland, Stryn, Rune Sviggum, Høyang, Jan Ketil Øygard, STIL, Atle jan Teigen, Selje, Einar Sæbø, IL Jotun som har gjort ein stor innsats for fotballen i fylket. Eg vil helse velkommen til gullmerkemenn, styremedlem NFF Leon Aurdal, sportsdirektør NFF Alf Hansen, Idrettskrinsen ved leiar Nils R.Sandal, NFF Hordaland ved styreleiar Tore-Christian Gjelsvik. Eg vil og ynskje velkommen til våre sponsorar, presse og andre samarbeidspartnarar. Ikkje minst vil eg ønskje representantane frå våre klubbar hjerteleg velkommen til årets kretsting. Det er kjekt å registrere at vi klarar å halde tingsete med så mange av våre klubbar tilstades. NFF Sogn og Fjordane er ein verdidreven organisasjon. Visjonen vår «Fotballglede-aktivitet og utvikling» seier kor vi skal. Verdiane inkluderande, ansvarleg, framtidsretta og fokusert leiar oss dit vi skal. Verdiane skal hjelpe oss til å ta dei rette vala kvar dag.

Fair play og respekt for kvarandre er grunnleggjande for all vår aktivitet, og er eit samleutrykk for verdiarbeidet i fotballen. NFF Sogn og Fjordane har eit overordna mål om at Fair Play skal vere bærande prinsipp på alle nivå i organisasjonen. Vi har 0-toleranse for mobbing, rasisme og uønskt åtferd.

NFF Sogn og Fjordane ønskjer at klubbane engasjerer seg i høve utviklinga av norsk fotball, og at vi i lag blir enno betre på måloppnåing. «NFF mot felles mål» handlar om felles innsats. Som styreleiar er det viktig å påpeike at kjerneaktiviteten er sport. I tillegg til å vere godt organiserte, ha gode anlegg og få med alle, er det viktig å fokusere på sportsleg utvikling. Gode trenarar/godt utdanna trenarar i leiinga av våre senior og aldersfastlagde lag er viktig for å skape gode resultat og gode einskildspelarar. Det å ha toppspelarar, toppdommarar og topplag i og frå fylket er viktig. Våre klubbar må legge til rette for at dei som vil, kan nå langt. Samtidig skal ikkje fokus på dei beste gå ut over trivsel og kollektiv samhandling. Dersom vi skal få det til, må vi utøve godt leiarskap, og praktisere «klubben er sjef». Tydelege og gode leiarar bør vere vårt varemerke. Årets fotballsesong har vore prega av stor aktivitet på alle nivå. NFF Sogn og Fjordane er ein kjempestor samfunnsaktør med 13000 spelarar, 1100 lag og aktivitet i nær alle kommunar. Idretten er i seg sjølv godt samfunnsarbeid og god folkehelse, men NFF Sogn og Fjordane har gjennom kretsadminstrasjonen og styret blitt ein godt synleg aktør innan trafikksikring, frukt og grønt, fair play, integrering og inkludering. Dersom vi også legg til at fotballen i mange kommunar er viktigaste aktør i tilrettelegging av idrettsparkar og utvikling av større idrettsanlegg, så kan vi på handa på hjartet seie at vi fortener å bli kalla ein viktig SAMFUNNSAKTØR. Vi er stolte over at klubbane spelar så godt på lag, og at vi i fellesskap gjer Sogn og Fjordane til ein betre stad å bu i og vekse opp. Gjennom strategisk planleggingsarbeid i NFF er samspelet fagtilsette NFF-krets-dagleg leiar og styret blitt meir presist. Verktøyet er dialogkort, med prioritering av viktige utviklingsmål, særskild innan dei nasjonalt prioriterte områda klubbutvikling/kvalitetsklubb, landslagsskulen, trenarveiledar, grasrottrenarutdanning og jente/damefotball. I 2019 har det vore eit svært godt utdanningsår for trenarar, m.a. med tre ulike B-kurs og ei mengd grasrottrenarkurs. I tillegg er det gjennomført kurs som Trenarveiledar og Drømmetrenaren. Styret er trygge på at det gode samspelet mellom klubb og krets kring trenarfaget vil styrke kompetansenivået i klubb og etter kvart gi mange nye trenarprofilar. Samspelet mellom krets og klubb er avgjerande for å nå nasjonale mål.

Page 4: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

4

Styret vil takke administrasjonen for vel utført arbeid i 2018-2019. Det har vore stor aktivitet lokalt med mange møtepunkt og kurs, og det er framleis ein aukande møteaktivitet mellom krets-tilsette på Ullevål. Styret har i år delteke i Idrettskrinsen sine dialogmøte, og samanslåinga av Idrettskrinsen i det nye Vestland IK har fått stort fokus for leiinga i kretsstyret. Nesten heile kretsstyret deltok i Myrkdalen 09.11, ein historisk dag då det siste tinget i Sogn og Fjordane IK vart gjennomført, og det nye Vestland IK vart konstituert. Eg vil gratulere Nils R.Sandal som den nye leiaren av det nye Vestland Idrettskrets!

NFF Sogn og Fjordane har hatt ein flott sesong med stor aktivitet og rekordpåmelding både i innandørs KM for aldersbestemte klassar, fleire hundre lag i futsal og i antall lag totalt for sesongen 2019. Sogndal ligg akkurat no på kvalik om spel i neste års eliteserie, og vi ønskjer lykke til. Florø har hatt ein grei sesong i PostNord-ligaen. Det er også gode prestasjonar av Sogndal 2 og Fjøra i Norsk Tipping-ligaen. Neste år får dei og med seg Årdal FK som hadde en god sesong som blei krona med opprykk. Kaupanger sitt damelag har hatt ein tøff sesong, og etter omlegging av 1.divisjon må dei ta turen ned til 2.divisjon. Eg vil og nemne Sogndal sitt G19 lag som vann NM finalen mot RBK cupfinalehelga 2018. Dette er ein unik og flott prestasjon av Sogndal. Sogndal G19 vart også skandinaviske meistrar i 2018. I 2019 har laget gjort det godt i NM, men fekk tap 1-3 tap for Odd i semifinalen. Laget har også gjort det godt i UEFA Youth League for juniorar.

Kongleriket Miniputt er fotball-aktivitetstilbodet for barn i alderen 6-9 år og blir i NFF Sogn og Fjordane organisert i turneringsform. I tillegg kjem serietilbodet for 9- åringar. Totalt er ca.3600 ungar engasjert i desse turneringane i kvar runde! Når vi i tillegg tek med trenarar/lagleiarar, foreldre/føresette, dommarar, publikum, osv, så kan vi trygt seie at dette er store arrangement som vi ønskjer skal gjennomførast i trygge og gode rammer. NFF Sogn og Fjordane legg stor vekt på at alle arrangement blir arrangert etter gitte retningslinjer som blir gjennomgått kvart år. Dette er vår viktigaste rekrutteringsarena i fotballen, og det er viktig at alle som ønskjer å ta del i fotballaktiviteten blir teken vel imot! Vi er særs takksame over å ha med Sparebanken Sogn og Fjordane på laget i Kongleriket Miniputt!

Eit godt klubbmiljø og ei sunn klubbdrift startar med klubbens leiing, Det er difor ønskjeleg at medlemmar av klubbstyret sit med relevant kompetanse for god klubbleiing. NFF Sogn og Fjordane ønskjer å sikre at flest mogleg klubbmiljø sit med kompetente personar i styret, og vi vil tilby ulike formar for leiarsamlingar og leiarkurs. Når det gjeld leiarutdanning så gjeld følgande målsetjing: * Klubbstyremedlemmar og lagleiarar bør ha Leiar I kurs * 6-8 Leiar 1 kurs årleg * 1 stk Leiar II kurs/1 stk. leiar III kurs årleg * Sonemøter Innan jente- og damefotballen ønskjer vi også å vidareutvikle følgande tiltak: * Kvalitetsklubbprosjektet med tanke på likestilling * Sonemøter-dialog klubb med fokus på rekruttering * Trenarveiledarprosjekt for jenter/damer (min. 6 klubbar) * Toppklubb-satsing * Fleire kvinnelege trenarar, leiarar og dommarar Dommarsituasjonen er fortsatt ikkje god nok. Det blir utdanna nok rekrutteringsdommarar, men få blir med vidare etter kurset. Her har klubb og krets starta eit målretta arbeid for dei nyutdanna. Domarkomiteen har i år vore ute i klubbmiljø for å følge opp yngre dommarar. Dette bærer no frukter, og vi har veldig mange av dei yngre dommarane som blir med som kretsdommarar! Noverande situasjon: 80 autoriserte dommarar, 70 rekrutterings-dommarar, 200 klubbdommarar. Vi vil fortsette satsinga på Norcore-utviklingstiltak,

Page 5: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

5

målsetjing er 25 klubbar med dommaransvarleg, og vi fortset med systematisk oppfølging klubb. Dommarane treng vi om kampane skal bli gjennomført. Dei gjer en kjempejobb for fotballen. Eg vil takke dommarkomiteen og alle våre dommarar for vel utført innsats i 2019. Landslagsskulen fungerer bra og vi ønskjer også her å ha eit fokus på vidareutvikling: * Følgje opp nye retningslinjer for landslagsskulen * Toppgruppe jenter/gutar (alt etablert i NFF S&Fj) * Samarbeid Toppklubb-krets, t.d akademiklassifisering/nasjonale seriar God nok anleggskapasitet er naudsynt for å innfri målet om «fotball for alle». Kapasitet er eit dynamisk uttrykk, og endra aktivitetsnivå, folketalsvekst m.m., gjer at kapasitet stadig må drøftast av klubbleiing og kommune. Det er stor interessa for treningshallar og storhallar for fotball. Det er eit arbeid vi heilhjerta støttar, særskild viktig på større plassar, der det er stor aktivitet og mulegheit for akademi, morgontrening, fotballfritidsordning, skuleaktivitet m.m. Når det gjeld anlegg så har vi fleire utviklingsmål: Realisere fleire treningshallar og 11-ar hallar, rehabilitering av anlegg, stette miljøkrav i samarbeid med fylket. Trenarutdanning/utvikling er eit av hovudfokusområda i handlingsplan. Av tiltak og utviklingsmål kan vi nevne: Drømmetrenaren (årleg tiltak), Trenarveileder (årleg tiltak), Kompetanseplanar (eit mål for kvar klubb), registrere rett kompetanse i FIKS, fleire jenter/dame trenarar, Grasrot trenaren: Ca. 500 på delkurs grasrottrenarkurs (min, 125 jenter), B- lisens spelarutvikling. Frå 2018 vart sektorarbeid i større grad overteke av administrasjonen. Styret ønskte i større grad å drive politisk arbeid i høve NFF, idrettskrins og fylket, og ikkje minst vere tettare på klubb. Styret har neste år planar om 12-16 årlege besøk. Tema vil vere informasjon, styrearbeid, organisering og utviklingsoppgåver - altså tettare på klubbleddet. Kretsstyret sitt mål for kommande planperiode er at kretsen skal ha dei best skulerte leiarane og trenarane i landet. I barne- og ungdomsfotballen ønskjer vi å ligge over nasjonale krav. Kvar klubb bør ha ei kompetanseoversikt og ein plan som sikrar at alle nivå i klubben har rett skulering. I ny planperiode 2020-2023 ønskjer vi felles innsatsområde: * Styrke samarbeidsrelasjonen til Vestland fylke/Vestland IK og NFF Hordaland * Fleire tilsette i klubb. Minst 6 nye klubbar bør ha DL/fagstilling i heil/deltid (50% +) * 16 kvalitetsklubbar ved utgangen av 2023. 70 % av barn og unge skal vokse opp i ein kvalitetsklubb (ca. 2 nye klubbar pr. år) * Talet på treningshallar og 11-ar hallar skal doblast frå 3 til 6 * Relasjonsleiing, som grunnleggande metodikk på kurs og samlingar * Kompetanse: - Klubbstyre og lagleiarar skal så langt mogeleg ha Leiar 1 kurs - Trenararkompetanse: * 6-8 år, min. Grasrottrenar del 1 * 9-10 år, min. « del 2 * 11-12 år, min. « del 3 * Ungdomsfotball, min. Grasrottrenar/ B lisens * Trenarveiledarar i min. 16 klubbar * Jente/damefotball. 5 % aktivitetsvekst på alle nivå (aktive, leiarar, trenarar og dommarar) Mesteparten av desse tiltaka er gratis eller rimelege, og det finst også stønadsordningar - særleg innan samfunnsoppgåver. Målet er betre aktivitet, betre struktur og auka kvalitet i alle ledd. NFF sin visjon «Fotballglede, muligheter og utfordringer for alle» inneber at fotballen skal vere åpen og legge til rette for at alle som ønskjer skal få spele fotball, uavhengig av sosial

Page 6: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

6

eller økonomisk status, kulturell bakgrunn, kjønn, funksjonshemming, alder, seksuell orientering eller andre usaklege grunnar. I følge Barne-og ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har barnefattigdommen i Norge vore aukande sidan byrjinga av 2000-talet, og over 100 000 barn veks i dag opp i familiar med låg inntekt. Fattigdom blant barn er aukande og veks raskare enn fattigdom blant vaksne. Barn i familiar med låg inntekt deltek i mindre grad i organiserte aktivitetar enn andre barn. Dermed går dei glipp av viktige arenaer for barn og unge kor dei kan treffe andre og få mulegheit til å utvikle ulike ferdigheter. Dette må vi ta på alvor og jobbe for ordningar som kan hjelpe desse til å kunne få vere med på organiserte aktivitetar, på lik linje med andre. NFF har laga en veiledar til norske fotballklubbar «Inkludering av barn og unge fra lavinnteksfamilier. Her er mange gode innspel og tips til korleis klubbane kan handtere en slik vanskelig situasjon. NFF Sogn og Fjordane ønskjer at klubbane engasjerer seg i høve utviklinga av norsk fotball, og at vi i lag er like flinke på måloppnåing som i forrige periode. NFF Sogn og Fjordane har lagt vekt på å utvikle ein organisasjon av frivillige og tilsette, som i stor grad skal hjelpe klubbane til måloppnåing i høve desse gode utviklingsprosjekta. Vi har aldri før hatt så gode hjelpemiddel og så godt definerte prosjekt for å hjelpe klubbane. Da vil eg til slutt igjen ønskje alle hjerteleg velkommen, og måtte dette bli eit tingsete med konstruktive, framtidsretta og gode diskusjonar til det beste for fotballen i fylket.

Leon Aurdal, styremedlem NFF

Eg vil takke for invitasjon til kretstinget! Det er alltid kjekt å komme til Sogn og Fjordane. Eg las i årsmelding at styret ønskjer særskild fokus på kvalitetsklubb og trenarkompetanse, noko som er heilt i tråd med satsingsområder i NFF. Eg la og merke til at Årdal har fått miljødekke på si bane, noko som er interessant å følge med på. Kongleriket er eit fantastisk konsept, og eg registrerer at Trond Mohn deler ut midlar til ulike anlegg i fylket. Eg vil berømme Sogndal G19 med ein fantastisk prestasjon då dei vant juniorfinalen mot Rosenborg. Kva er så styret i NFF oppteken av? Vold og bruk av pyro er kommet på dagsorden. Vold er eit alvorleg tema, og NFF har blitt sterkt utfordra gjennom artikkelseriar i VG. Det har vore ei kartlegging i alle kretsar, og det er store geografiske skilnader på kor problemområda er. Men dette er noko vi må ta på djupaste alvor. Pyrodebatten – ingen ønskjer forbud mot pyro, men det må skje i regulerte og trygge rammar Kunstgrasdebatten er viktig og miljøperspektiv må vi ta på alvor. Kva kan vi gjere for å begrense at granulat kjem på avveie? Det er både ei politisk og vitenskapeleg sak.. Strategiplanarbeidet går for fullt og ny plan som skal gjelde 2020-2023 er snart klar. Med hensyn til budsjett er det frigjort 46 mill til satsingområdene - kvalitetsklubb, jenter, spelarutvikling. I år og neste år blir det viktig å realisere det som vart bestemt på tinget i fjor, nemleg tiltak for toppfotball jenter, der vi hadde sett ei auka satsing med 20% i budsjettet. Dette blir gjort i samarbeid mellom NFF og kretsar. På landslaga våre har vi hatt gode prestasjonar både på herre og damesida. Landslaget for senior dame presterte godt i EM i Frankrike og herrelaget skal spele playoff til EM. Vi håpar på ei avklaring med Lagerbäck i nærmaste framtid.

Alf Hansen, sportsdirektør Alf Hansen

Kongleriket-konseptet er veldig bra, og Fair play arbeidet er også via stort fokus i kretsen. Eg ser og at dommarseksjonen har jobba godt siste året, noko som er veldig bra. Eg veit og at de har hatt eit teknologiprosjekt saman med toppklubb innan dommar, og eg er viss på at slike samarbeid kan vidareutviklast - også innan andre områder. Kretsen har vore gode på spelarutvikling, sjølv om at eg har oppfatta at det har vore spenningar knytta til dette området, eit område som er knytta til sterke kjensler og tilhøyrigheit. Landslagsskulen er rammeverket vårt, men korleis vi forvaltar det er eit kretsanliggende. God dialog er uansett

Page 7: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

7

viktig for at dette skal forvaltast på ein god måte. Trenarutdanninga er teke på alvor i kretsen og er også eit av satsingsområda i NFF. Strategiplan 2020-2023 blir annleis enn føregåande planar, der det blir ein meir overordna strategiplan som peiker ut satsingsområder. Under strategiplan kjem det handlingsplanar, der NFF og krets må samarbeide for å implementere tiltak for å nå målsetjing. Neste plan kjem til å dreie seg om trenar, spelar, jenter og klubbutvikling/ kvalitetsklubb. Når det gjeld Kvalitetsklubb kjem vi til å endre på prosjektet. Saman med Nederland og England er Norge i førarsetet når det gjeld klubbutvikling! Vi ser at trenarutdanning får eit større fokus i kvalitetsklubb. Det betyr at born som spelar i kvalitetklubb kan få betre kvalitet i aktiviteten enn born som ikkje er medlem i ein kvalitetsklubb. Kvalitetsklubb handlar om meir enn klubbutvikling. Det handlar også om verdiarbeid og utdanning. Fokus på trenarveilederen, at klubben har det overordna ansvaret for aktiviteten, er det største forbetringspotensialet på sport. Korleis kan vi legge til rette for at denne rollen kjem på plass? Vi må serve klubbane også etter at dei er sertifisert. Korleis dette skal gjerast vil bli viktig i arbeidet med ny strategiplan. Vi kutter no dei to øverste nivåa i Kvalitetsklubb. I staden innfører vi «Kvalitetsklubb Ekstra» – der du kan få eit nytt nivå, men du kan velge ut ifrå ein profil. T.d kan klubb velge profil «Spelarutvikling», «Fotball i eit livslangt perspektiv», «Lokalsamfunn», «Inkludering». Dette er eksempler på korleis klubb kan jobb mot eit nytt nivå innan ein gitt profil. Vi trur dette er riktig veg å gå for allereie sertifiserte kvalitetsklubbar. Dette blir ein viktig del i den nye handlingsplanperioden. Arbeidet med det endra konseptet er ikkje heilt i mål pr.d.d.

Nils R.Sandal, styreleiar Sogn og Fjordane Idrettskrins

Eg føler på respekt og glede når eg veit kva de legg ned av arbeid for å jobbe nettopp for verdiane som ligg til grunn i idretten. Eg kjenner ei glede av å vere med i fellesskapet som legg desse verdiane til grunn. Idretten bygger menneske: Folkehelse - både fysisk og mentalt, inkludering, meistring, lagkjensla – den reelle samfunnsaktørrolla som idretten tek er særs viktig. Saman med NFF Sogn og Fjordane ønskjer vi å bygge på kvarandre sine styrker og kvaliteter. Der har fotballkretsen vore ein god samarbeidspartnar, og gjennom dialogmøter har dette samarbeidet vorte styrka. Vi skal inn i ein ny krets, noko som blir spennande og utfordrande. Vi ønskjer å bygge på styrker i begge kretsar. Vi skal ha ein god balanse mellom topp og breidde, balanse mellom aktivitet i dei store sentra og dei små bygdene. Vi ønskjer eit sterkt fellesskap.

Tore-Christian Gjelsvik, styreleiar NFF Hordaland

Vi har gode relasjonar mellom kretsane. Vi samarbeider allereie på trenar og ønskjer å utvikle samarbeidet også til andre områder. Norge vant gull i UEFA Grasroot Award for første gong i 2019 der Stjerneserien frå Hordland vant. Dette er vi stolte av! (Gjelsvik viste ein flott presentasjon av Stjerneserien) Godt ting!

Page 8: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

8

SAK 1-4: DAGSORDEN, FORRETNINGSORDEN OG FULLMAKTER

Fullmakter

Gjennomgang av endringar i fullmakter av Svein-Olav Myklebust.

Fullmaktene godkjent

Dagsorden

Godkjent

Inkalling

Godkjent

Forretningsorden

Godkjent

SAK 5: VAL AV DIRIGENT OG SEKRETÆR

Dirigent: Arve Helle Sekretær: Hildegunn Hove Godkjent

SAK 6: VAL AV DESISORAR

Geir Kjetil Øvstetun, Årdal FK og Henrik Rønningen, IL Jotun Godkjent

SAK 7: HANDSAME ÅRSMELDING FOR 2018 OG 2019 Styret sitt framlegg til vedtak: Framlagde årsmelding vert godkjent slik den ligg føre for tidsrommet november 2017 til november 2019.

Framlegget einstemmig godkjent

Page 9: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

9

SAK 8: REKNESKAP 2017, REKNESKAP 2018 OG REKNESKAP MED ESTIMAT FOR PERIODEN 01.01.19-31.10.19, INKL.NOTAR REVISJON OG UTTALE FRÅ REVISJONSKOMITÉ Godkjenning av rekneskap 2017 (S.54)

Disponert slik; Beløp Eigenkapital med eksternt pålagde restriksjonar Eigenkapital med sjølvpålagde restriksjonar 125.000,- Anna eigenkapital 207.982,- SUM disponert 332.982,-

Forslag vedtak: Kretstinget godkjenner rekneskapen for 2017, slik det ligg føre med eit aktivitetsoverskot stort kr. 332.982,-. Disponering i følgje vedlagd matrise. Vedtak einstemmig godkjent Godkjenning av rekneskap 2018 (S. 66)

Disponert slik; Beløp Eigenkapital med eksternt pålagde restriksjonar Eigenkapital med sjølvpålagde restriksjonar Anna eigenkapital -49.754,- SUM disponert -49.754,-

Forslag vedtak: Kretstinget godkjenner rekneskapen for 2018 slik det ligg føre med eit aktivitets- underskot stort kr. 49.754,- Tinget vedtek å dekke årets underskot i høve disponering i vedlagt matrise.

Vedtak einstemmig godkjent

Rekneskap 2019:

Forslag til vedtak: Tingforsamlinga er orientert om status pr.31.10.2019. Den viser eit lite overskot på kr.3.651,- Endeleg avslutta rekneskap er klart i mars 2020 og blir lagt på nett til orientering. Leiarmøte i 2020 blir orientert, og endeleg rekneskapsgodkjenning skjer på tinget i 2021.

Vedtak einstemmig godkjent

Page 10: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

10

SAK 9: NESTE ÅRS KONTIGENTAR OG AVGIFTER Kretskontigent og lagsavgift + 4% Kretslagsgebyr og utdanningsgebyr + 4% Spelarutviklaravgift uendra Forsikring 2020 Endring frå 2020 med implementering av

klubbforsikring 13-19 år, Årsmelding s.81 Gebyr 2019-2020 Endringar, sjå Årsmelding s.83 Dommargebyr 2020 uendra Cupar og turneringar uendra

Nr.2 Jon Georg Rutledal, styremedlem NFF Sogn og Fjordane, kommentar til kontingentar/avgifter: Eg refererer til framlegg 4, «Endring i bøter og gebyr». Styret ser at fleire klubbar og lag trekker lag etter utstendt terminliste. Dette fører til meir arbeid både for krets og resterande klubbar som ufrivillig får endra kampoppsettet. I tillegg kan kostnad ved å spele bortekamp vere høgare enn bøtesatsen.

Forslag til vedtak:

Styret ber tinglyden godkjenne framlagde justeringar av kontingentar og avgifter 2019-2020.

Vedtak einstemmig godkjent

SAK 10: BUDSJETT 2020

Merknadar til budsjett:

Nr.19 Svein Olav Myklebust, DL: Sjå s.77-78 i Årsmelding. Budsjett 2020 bygger på NFF handlingsplan samt vår eigen strategi- og visjonsplan, som er samanfallande med NFF sine hovudsatsingsområder. Vi har hatt auka kostnadar inneverande år grunna flytting av lokalar. Samarbeidet med Kaupanger vart avslutta i løpet av 2019, då jente- og dameansvarleg Rasmus Semmerud slutta i jobben av familiære orsaker. Det er knytta usikkerheit i overføringar frå den nye idrettskretsen. Vi har reforhandla viktige avtalar som SFE, Scandic og Indre Østfold Reisebyrå. Fagavdelinga har vore med når nytt budsjett vart utarbeidd. Budsjett er noko mindre enn i 2019, men det skuldast at vi har hatt UEFA B kurs i Stryn i år, noko som utgjer ca 500.000. Vi køyrer etter eit budsjett i balanse, stort 8.858.000,-

Styret sitt framlegg til vedtak: Det framlagde budsjettet for 2020 blir vedteke med ei inntektside og ei kostnadside i balanse på kr.8.858.000. Styret ber om fullmakt til å justere budsjettet, dersom det kjem vesentlege endringar i høve budsjettgrunnlaget. Styret har som mål, når eventuelle justeringar er gjort, at budsjettet framleis skal vere i balanse. Tinget gjev leiarmøte i 2020 høve til å vedta budsjett for 2021.

Framlegget einstemmig vedteke.

Page 11: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

11

SAK 11: VAL AV VALNEMND FOR Å KOMME MED FRAMLEGG OM NY VALKOMITÉ

Styret vedtok i styremøte 27.09:

Henrik Rønningen, IL Jotun Steinar Holvik, Sandane T&IL Siri Rognsø, Florø Fotball

Valnemnd einstemmig valgt

SAK 12: VAL AV REDAKSJONSKOMITÈ

Framlegg: Svein Olav Myklebust, NFF Sogn og Fjordane Jon Georg Rutledal, styremedlem NFF Sogn og Fjordane Torstein Tvinnereim, Stryn T&I

Redaksjonskomité einstemmig valgt

SAK 13: VAL AV KOMITÈ FOR HEIDERSTEIKN

Framlegg:

Arve Helle, Dale IL Ketil Ølmheim, Norane IL Tone Lin Støfring, Jølster IL

Framlegg til val av representantar til komitéar einstemmig vedteke

Page 12: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

12

SAK 14: UTDELING AV POKALAR OG PREMIAR:

Serie

KM /AVD

Lag

4. DIV. MENN KRETSMEISTER Årdal FK

5. DIV. MENN KRETSMEISTER Vik IL

6. DIV. MENN KRETSMEISTER AVD. MEISTER AVD.MEISTER

Fure IL Eid IL

Balestrand IL 7. DIV. MENN 7-AR KRETSMEISTER Stadlandet IL

OLD BOYS KRETSMEISTER Askvoll/Holmedal IL

GUTAR 1. DIV KRETSMEISTER Stryn T&I

GUTAR 2. DIV. AVD. MEISTER AVD. MEISTER

IL Høyang Vik IL

AVD.MEISTER Vikane IL

GUTAR 9’AR KRETSMEISTER Vikane IL

SMÅGUTAR 11-AR 1. DIV. KRETSMEISTER Sogndal IL

SMÅGUTAR 9-AR 1. DIV. KRETSMEISTER AVD.MEISTER

Svelgen TIF Vik IL

SMÅGUTAR 9-AR 2.DIV. AVD.MEISTER AVD.MEISTER

Balestrand IL Jølster IL

SMÅGUTAR 7-AR

KRETSMEISTER AVD. MEISTER

Svelgen TIF Veten/Hardbagg/Stryn

3.DIV KVINNER KRETSMEISTER Stryn T&I

4.DIV KVINNER KRETSMEISTER AVD.MEISTER

IL Høyang

JENTER 11-AR KRETSMEISTER Førde IL

JENTER 9-AR KRETSMEISTER AVD.MEISTER AVD.MEISTER

Syril IL Dale IL TMFK

SMÅJENTER 9-AR. KRETSMEISTER Førde IL

SMÅJENTER 9-AR 2.DIV AVD.MEISTER AVD.MEISTER AVD.MEISTER AVD.MEISTER

IL Jotun Heia FK

Hyllestad IL Tambarskjelvar IL

SMÅJENTER 7-AR KRETSMEISTER AVD. MEISTER AVD. MEISTER

Gaular IL Hafslo IL

Eid IL

Årets unge dommar: Elias Roko Eide, Jølster IL Årets dommar: Therese Figved, Studentspretten IL Årets dommarklubb: Haugen IL Godt dommararbeid: Fjøra FK,Eikefjord IL,Kaupanger IL,Sogndal IL,Vik IL Tullenprisen: Thea Bjelde, Arna Bjørnar Årets Fair Play Pris (NFF): Stryn T&IL Årets TINE Fotballskule: Eikefjord IL Arrangementpris 3.div damer: Selje/Åheim Arrangementprise 4.div menn: Årdal FK

Page 13: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

13

KRETSUTMERKINGAR

Blå diplom:

1. Lars Taraldset Hornindal IL 2. Gunnar Grodås Hornindal IL 3. Knut Ove Grodås Hornindal IL 4. Hilde Hagen Skavøypoll IL 5. Willy Nordpoll Skavøypoll IL 6. Tor Starheim Førde IL 7. Margunn Vallestad Førde IL 8. Anne Seljeset Førde IL 9. Michal Nygård Flatraket IL 10. Vidmar Hjellhaug Kaupanger IL 11. Framk Roger Eldegard IL Jotun 12. Kai Wigum IL Jotun 13. Ivar Otto Øren IL Jotun 14. Trude Eimhjellen Sandane T&IL 15. Jan Inge Erdal Sandane T&IL 16. Arild Bruland Sandane T&IL 17. Jørn Peder Sætre Stryn T&IL 18. Jannicke Hagen Henden Eid IL 19. Frode Taklo Eid IL 20. Rune Lefdal Eid IL 21. Svein Rekdal Selje IL 22. Annichen A.Grøttå Selje IL 23. Bjørn Sårheim Breimsbygda IL 24. Janne Marie Solheim Breimsbygda IL 25. Per Jarle Mathisen TMFK 26. Sindre Blålid Kvalheim TMFK 27. Gro Linde Syril IL 28. Rune Henjesand Syril IL 29. Stein Vangsnes Syril IL 30. Magn Helge Brattelid Dale IL 31. Alf Mange Salbu Dale IL 32. Britt Marit Stadheim Vik IL 33. Anne Guri Seim Vik IL 34. Svein Seljestø Vik IL 35. Arve Hovland Florø SK

Grønt merke:

1. Geir Thomas Espe, Anga FK 2. Evy Mariann Rossetvik, Stryn T&I 3. Jan Ravnestad, Florø SK 4. Hans Petter Gilleshammer, Haugen IL 5. Inge Seglem, Årdal FK 6. Rune Haugland, Haugen IL 7. Mette Stokkenes, Syril IL

Gullmerke:

1. Tommy Skjerven, Kaupanger IL

Page 14: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

14

NFF Utmerkingar

Honorært leiarstipend: Eli Bente Lote Henden, Eid IL Jarle Andersen, Syril IL

Avtroppande styre: Inge Seglem, Årdal FK, Geir Thomas Espe, Anga FK

Årets leiar: Henrik Rønningen, IL Jotun Årets trenar: Ivan Øy, Årdal FK Årets trenar i barne- og ungdomsfotballen: Nils Tore Krosshaug, Sogndal Fotball Kjosenprisen: Jon Georg Rutledal, TMFK Dirigent: Arve Helle, gåve

SAK 15: HANDSAME INNSENDE FORSLAG OG SAKER

Framlegg 1: Førde IL, reiseavstand vs basisdag G 13/14 9’ar og J 13/14 9’ar (Årsmelding s.85)

Nr.44 Geir Vindheim, Førde IL: Bakgrunnen for framlegget var eit lag som nekta å dra på bortekamp grunna lang reiseavstand på midtveke. NFF Sogn og Fjordane er tydelege på at kampar med lange reiseavstandar bør leggast på helg, men gjev ikkje pålegg om dette.

Nr. 2 Jon Georg Rutledal, styremedlem NFF Sogn og Fjordane: Styret støttar framlegget til Førde IL, og ønskjer følgjande tillegg/presiseringar: - reiseveg kvardag på maks 2 timar i klasse U 13/14. - reiseveg kvardag på maks 2.5 timar i klasse U 15/17. - må gjelde for heile sesongen, og ikkje berre for haustsesongen

Nr.54 Stine Wigum, IL Jotun: Vi støttar framlegget, men ber om at det skal gjelde alle aldersbestemte klassar.

Nr.79 Anne Jorunn Fjærestad, Vik IL: Vi ønskjer ikkje å endre på dagens ordning, for vi vil ikkje at helg skal nyttast til kampavvikling. Vi ønskjer noverande ordning, men at lag kan avtale seg imellom og spele på helg om dei ønskjer.

Nr. 63 Atle Solheim, Selje IL: Vi må bruke litt skjønn oppi dette. Vi ønskjer eit tillegg til det kretsen har sett. Det bør ikkje vere forbud mot å spele midt i veka men dersom klubbar er einig kan ordninga fråvikast.

Nr.70 Torstein Tvinnereim, Stryn T&I: Når det gjeld 15-17 årsklassa og spel på helg, så kjem vi oppi dei som er med på fleire lag. Det kan bli ei interessekonflikt og ei tøffare kampbelastning på dei aktuelle spelarane, noko vi ikkje ønskjer. Det er viktig at det er ein viss fleksibilitet oppi dette, at vi set spelarane i fokus og ikkje kretsmeistertittelen.

Nr. 100 Henrik Rønningen, seriekomitéen: Ei presisering av seriekomitéen at det skulle vere muleg dersom ein av klubbane ønskja å endre dag å bli einige om nytt kamptidspunkt. Dvs. dersom ein av klubbane ønskjer å spele på helg, så skulle det vere muleg.

Page 15: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

15

Nr.79 Anne Jorunn Fjærestad, Vik IL: Dersom det er ueinigheit vil Vik vere ein av taparane med ei slik ordning.

Nr.44 Geir Vindheim, Førde: Vi er oppteken av fleksibilitet. Eg har ikkje opplevd tidlegare å ikkje kunne avtale ei endring av kamptidspunkt med klubbar.

Nr.30 Dan Jøran Hafsås, Eid IL: Vi likar ikkje helgekampar med lange reiseavstandar. Vi har mange spelarar som vi gir mulegheit i seniorklassa, og dersom aldersbestemt skal spele på helg, så vil dette bli umuleg og føre til stor belastning på spelarar. Det er og vanskeleg å rekruttere trenarar når dei skal møte på trening 3 gonger pr.veke + kamp i helg.

Nr.100 Henrik Rønningen, seriekomitéen: Ref.framlegg 5. Dersom vi skal vedta reiseavstand, så må dette gjelde også yngre årsklassar. Går vi for framlegg 5 med differensiert serie 10-12 år, så må reiseavstand vere med der og.

Nr.35 Geir Moldestad, Eid IL: Vi støttar tankegangen til Stryn og føresler at vi ikkje gjer endring, men at dette kan takast opp på terminlistemøter og gjennom god dialog mellom klubbar i god tid før kamptidspunkt.

Nr.21 Yngve Håkonsen, NFF Sogn og Fjordane: Foranledning for framlegg, var at det i G 13/14 9’ar var for mange lag som spelte i 1.divisjon. Det førte til at Nordfjord-avdelinga vart nesten, og det vart lange reiseavstandar. Vi anbefalte at kampane vart spelt på laurdag/søndag for å unngå lange reiseavstandar på midtveke. Ref. framlegg 3 som omhandlar antal lag i G 13/14 9’ar 1.div.

(Tinget behandla framlegg 3) Nr.44 Geir Vindheim, Førde: Vi trur at med vedtaket som er gjort i framlegg 3, så vil risiko for å havne i ein slik situasjon minimal. Vi ønskjer derfor å trekke framlegget og ber om at seriekomitéen ser på løysingar for å forhindre at dette skjer igjen.

Framlegg trukket. Framlegg 2: Stadlandet IL, konsekvens av å ikkje møte til kamp i aldersfastlagd fotball (Årsmelding s.85)

Nr.1 Robert Endestad, styreleiar NFF Sogn og Fjordane: Stadlandet er ikkje tilstades på Kretstinget og kan derfor ikkje legge fram si motivering til framlegg. Uansett vil eg seie at vi må ha respekt for kvarandre og dei ønskjer og behov klubbane måtte ha. Omfanget av uavvikla kamper i ungdomsfotballen er ikkje stort, og styret støttar ikkje framlegget. Likevel er vi samde om at det er uheldig når ein kamp blir avlyst. Punktar i framlegget (s.85) vart behandla som følger:

1. Resultatet settast til 0-10: Dette vart avvist. Saka høyrer heime i Breiddeutvalet i NFF, og det var aldri ein tanke at forslaget skulle oversendast til vidare handsaming der. 2. Bota hevast til kr.10.000,-: Her vart det vist til framlegg 4 «bøter og gebyr» som og vart vedteke av kretstinget. Framlegg til Stadlandet vart ikkje vedteke.

Page 16: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

16

3. Kvalitetsklubb – klubbar bør takast ut av prosjektet: Punkt avvist. Det var aldri ei diskusjon om å sende dette til utviklingsavdelinga i NFF.

4. Kvalitetsklubb – ikkje takast opp til kvalitetsklubbsertifisering: Avvist som i punkt 3.

Framlegg 3: NFF Sogn og Fjordane, reduserte tal lag i G 13/14 9’ar 1.div.haust: (Årsmelding s.86) Nr.3 Rune Helge Sunde, styremedlem NFF Sogn og Fjordane Styret i NFF Sogn og Fjordane ser at det i sesongen 2019 er for mange lag i klasse G 13/14 9 ar frå vårserien som kvalifiserer seg for spel til 1.divisjon på hausten – her i høve totalt påmeldte lag. Resultatet er at seriar i 2.divisjon blir avgrensa i høve tal lag, og at ein i stor grad har måttet sette opp lag i avdelingar på tvers av regionane. Dette er noko som har ført til lange reiser på ein kvardag, og som vi ikkje er tent med, verken sportsleg eller i bruk av tid.

Forslag til framlegg til vedtak: Styret i NFF Sogn og Fjordane ber om at Kretstinget endrar tal lag vidare i klasse G 13/14 9’ar 1.divisjon haust, frå 12 til 6 lag, gjeldande frå og med sesongen 2020. Dersom det blir tre (3) avdelingar på våren i 9 ar serien, skal to (2) lag frå kvar avdeling spele i 1.divisjon på hausten. Dersom fire (4) eller fleire avdelingar på våren, blir det opp til administrasjonen å fordele dei beste laga til 1.divisjon haust.

Framlegget til styret einstemmig vedteke

Framlegg 4: NFF Sogn og Fjordane, endring i bøter og gebyr (Årsmelding s.86)

Nr.2 Jon Georg Rutledal, styremedlem NFF Sogn og Fjordane Styret i NFF Sogn og Fjordane ser at det er fleire lag og klubbar som trekker lag etter at terminliste er sendt ut, utan konsekvensar for lag/klubb som trekker laget. Med det som resultat at det ofte må lagast nye seriar, og at resterande lag/klubbar som har gjort avtalar for dei terminfesta kampane, ufrivillig får endra kampoppsettet. I tillegg kan kostnaden ved å spele bortekamp vere høgare enn bota for uavvikla kamp. Framlegg til vedtak: Styret i NFF Sogn og Fjordane ønskjer å endre gebyr for trekking av lag samt gjere dei endringane som er vist til i Gebyr 2020 i Årsmelding, s.83.

Framlegg einstemmig vedteke.

Framlegg 5: NFF Sogn og Fjordane, differensierte haustseriar klasse 10-12 år

Nr. 7 Geir Thomas Espe, styremedlem NFF Sogn og Fjordane: Styret i NFF Sogn og Fjordane har fokus på å legge til rette for at kampar i barnefotballen skal vere mest mogleg jamne. Lag og klubbar som opplever store tap opplever også mindre trivsel knytta til det å vere med å spele fotball. For at flest mogleg skal halde fram og få ei god oppleving med fotballen, ser vi det som naudsynt og i større grad å få sett opp jamne kampar i barnefotballen. Differensiering i nemnde aldersklassar er ikkje noko ukjent fenomen, der dei aller fleste klassane dei siste åra har spelt i differensierte seriar på hausten. Det har vore opp til lag og klubbar som har vore tilstades på lagleiarmøta i våre tre regionar, å bestemme om dei ønskjer differensiering på hausten eller ikkje.

Page 17: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

17

Framlegg til vedtak: Styret i NFF Sogn og Fjordane ønskjer at det blir gjort eit vedtak der klasse 10 – 12 år, jenter og gutar, spelar differensierte seriar på hausten – ut ifrå resultat generert etter vårseriane. På våren vil vi i stor grad sette opp laga med minst mogleg reiseavstand, mens det på hausten kan bli noko lengre reiser for å kunne oppnå jamnbyrdigheit. Ved differensierte seriar på hausten vil ikkje lag frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn spele på tvers av regionane, men i same region som på våren. Framlegget einstemmig vedteke.

Framlegg 6: Førde IL, bruk av 17-åringar i U15/17-klassa (Årsmelding s.87)

Nr.100 Henrik Rønningen, leiar i seriekomitéen: Intensjon med vedtaket har vore å gi eit sportsleg tilbod til dei 17-åringane som av ulike orsaker ikkje har dette i eigen klubb. Seriekomitéen har sett på Førde sitt forslag, og vi ønskjer å innføre eit krav om at spelarar må ha spelt 1/3 av kampane i innleiande runder for å kunne delta i sluttspel. Viser og til tilslutningssak der seriekomiteen ønskjer tinget si oppslutning om å sjå på eventuelle endringar i aldersinndeling i ungdomsfotballen.

Nr.70 Torstein Tvinnereim, Stryn T&I: Eg synest det er synd om vi må vedta ein slik regel. Vi må respektere at små klubbar treng 17-åringar for å kunne stille lag. Med vi, meiner eg storklubbane. Dersom vi ikkje klarer å respektere dette og bruker dei beste 17-åringane, så øydelegg vi intensjonen med ei slik ordning.

Nr.100 Henrik Rønningen, seriekomiteen: Det er eit forslag frå Førde og eit moderert forslag frå styret. Vi er einige med Stryn og ønskjer ein «gentlemans agreement».

Nr.70 Torstein Tvinnereim, Stryn T&I: Eg håpar vi kan bli einige om dagens ordning. Det kan leggast til at «intensjonen er at 17-åringar skal få eit sportsleg tilbod eller at laget treng 17-åringar for å kunne stille lag».

Nr.21 Yngve Håkonsen, NFF Sogn og Fjordane: For store klubbar kan det vere at 17-åringar ikkje er modne for spel i seniorfotballen og at dei kan ha behov for å bruke dei i gut/jenteklassa.

Nr.100 Henrik Rønningen, seriekomiteen: Motforslag på at vi fortset dagens ordning utan endringar.

Nr.44 Geir Vindheim, Førde IL: Førde ønskjer å leve etter intensjonen. Vi ønskjer å trekke framlegget og fortset med dagens ordning, gjerne med ei presisering på intensjonen.

Nr.2 Jon Georg Rutledal, styremedlem NFF Sogn og Fjordane: Seriekomitéen trekker vårt tilleggsforslag.

Nr.70 Torstein Tvinnereim, Stryn T&I: Eg vil skryte av Førde når dei no har trekt framlegget. Eg trur det er viktig at vi får inn intensjonen om at 17-åringar som ikkje kan spele i senior kan spele i gut/jente samt gi mindre klubbar sjanse til å stille lag i aldersbestemt fotball.

Page 18: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

18

Framlegg trukket og noverande ordning fortset med dei presiseringar som er bedt om.

Framlegg 7: NFF Sogn og Fjordane, strategiplan og dialogkort 2019-2020

Nr.19 Svein Olav Myklebust, DL: I heftet vil de finne kretsen sin strategiplan, som er ein overbygningsdel for dialogkorta. Denne delen bygger på NFF sin strategiplan for 2020-2023. I og med at planen heiter «NFF mot felles mål», er kretsen sin strategiplan basert på forbundet sine hovudmålsettingar. I tillegg er det lagt ved nokre føringar frå kretsstyret i høve lokale utviklingsområder. Styret påpeikar at utkastet til NFF sin strategiplan på noverande tidspunkt er uferdig. Kretsstyret lyt bygge sin del på utkastet, men vil revidere kretsen sin plan til Leiarmøtet i 2020. Den vil bli oppjustert i høve NFF sin strategiplan som blir vedtatt på tinget i mars 2020. Hovudområde og utviklingstrekk er likevel klart, og det viktigaste er å vidareføre NFF si satsing på: a) Klubbutvikling/kvalitetsklubb b) Landslagsskulen c) Trenar og grasrotkurs satsing

d) Trenarveiledar

e) Jente/damefotball

Dialogkort (KPI) er fagtilsette sitt styringsverktøy for å nå 5 nasjonale satsingsmål, desse måla er kvalitetsklubb, landslagsskulen, jente/damefotball, grasrottrenar og trenar-veiledarutdanning. Kvar einskild fagtilsett sine dialogkort er avklart med fagavdelings-ansvarleg i NFF, og godkjent av DL og styret. NFF Sogn og Fjordane har også laga kretsvise mål for andre nøkkelområder. Desse er godkjent av DL og styret.

Framlegg til vedtak: Styret ber om at framlagt Strategiplan og dialogkort blir godkjent, eventuelt med vedtekne tillegg. Vidare ber styret om fullmakt til å legge fram ein endeleg Strategiplan på Leiarmøte i 2020. Kretsen sin endelege strategiplan vil bygge på NFF sin endelege og vedtekne Strategiplan frå forbundstinget i mars 2020

Framlegget einstemmig vedteke

SAK 16: TILSLUTNINGSSAKER Framlegg 1: NFF Sogn og Fjordane 100 år 30.04.2022, markeringar, (Årsmelding s.88)

Nr.1 Robert Endestad, styreleiar: Vi har lagt opp til ulike aktiviteter for å feire jubileet. Vi ser at det er naturleg å markere jubileet ved neste ting i 2021. Tiltak som er skissert: jubileumsbok – ferdigstilt hausten 2021, fyldig markering på jubileumstinget 2021, kåre århundrets fotballspelar i fylket, fotballambassadørar, landskamp damer eller aldersbestemt, Toppleiarsamling, Jubileumsavis, arrangere Kretsligarunde denne datoen (fredag). Vi er open for å sjå på andre tiltak, dersom klubbane har ønskjer.

Tinget gir tilslutning til framlegget til styret.

Page 19: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

19

Framlegg 2: Arrangementkriteriar i 5.div menn/4.div damer

Nr.4 Evy Mariann Rossetvik, styremedlem NFF Sogn og Fjordane: Kretsen har sett fokus på arrangement i mange år og i 2017 utarbeida vi retningslinjer for arrangement i seniorfotballen i hhv 3.div damer og 4.div.menn (Kretsligaen). Vi ønskjer at arrangementfokus ogsåskal gjelde i lågare divisjonar, 4.div damer og 5.div menn. Det er viktig at folk som kjem til stadion blir møtt og føler seg velkommen. Samtidig er det viktig å sikre like retningslinjer for alle arrangørar. Framlegg til vedtak: Rossetvik syner til framlagte retningslinjer for arrangement i dei nevnte klassar, utarbeidd av NFF Sogn og Fjordane, sjå s.89 i Årsmelding.

Framlegget einstemmig vedteke

Framlegg 3: Endring aldersinndeling for ungdomsfotballen (Årsmelding s.89) Nr.2 Jon Georg Rutledal, styremedlem: For å hindre fråfall av spelarar, ønskjer styret at det blir gjort ei utredning på å endre klasseinndelinga i ungdomsfotballen. Er det på tide å ha ei rein U13 klasse, U 14/15 i lag og U 16/17 i lag – eller kva med ei rein 15-årsklasse? Nr.35 Geir Moldestad, Eid IL: Vi støttar tankegangen. Det kan vere utfordringar med 13-åringar som ferske smågute-spelarar og nivåforskjell når dei kjem opp i ungdomsklassen. Dette kan vere med å hindre fråfall i tidleg ungdomsalder. Nr.2 Jon Georg Rutledal, styremedlem NFF Sogn og Fjordane: Eg vil presisere at det er frå 2021 at tanken er å innføre ei prøveordning.

Tinget gir si tilslutning til framlegget til styret

SAK 17: Informasjon frå NFF Sogn og Fjordane

Nr.1 Robert Endestad, styreleiar: Oppmodar om deltaking på Forbundstinget 7.-8.mars 2020. Viktige saker står på agendaen, m.a.serieordning og opprykk/nedrykk i 4.div. I dag har vi eigen kretsserie for Sogn og Fjordane, noko kretsen er nøgd med og som vi ønskjer å vidareføre. Det er viktig at klubbane i kretsen vår er tilstades.

Page 20: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

20

SAK 18: VAL AV KRETSSTYRE PÅ 7 PERSONAR FOR 2 ÅR

Valkomitéen si innstilling:

Leiar: Robert Endestad, Tempo FK Attval Nestleiar: Jon Georg Rutledal Attval Medlemmar: Rune Sunde, Eid IL Attval Evy Mariann Rossetvik, Stryn T&IL Attval Marie-Helene Hollevik Brandsdal, IL Jotun Attval Bente Hermansen, Førde IL Ny Line Helen Pedersen Døsen, IL Bjørn Ny

Ut går: Geir Thomas Espe, Anga FK Inge Seglem, Årdal FK Kretsstyret einstemmig valgt for 2 år

SAK 19: VAL AV KONTROLLKOMITÉ, VALKOMITÉ, REPRESENTANTAR TIL IDRETTSKRINSEN SITT TING Kontrollkomité:

Tore Loftheim, Førde IL Rolf Thingvoll, Anga FK Mette Stokkenes, Syril IL

Valkomité:

Leiar: Arve Helle, Dale IL Medlemmar: Anne Britt Drabløs Rekdal, Selje IL Frank Eldegard, IL Jotun Varamedlem: Bjarte Gangeskar, Breimsbygda IL Arne Håkon Laberg, IL Jotun Medlemmar til komitéane er einstemmig vlalgt.

Representantar til Idrettskrinsen sitt ting: Styret ber om fullmakt til å avgjere representasjon

Forslaget vedteke

SAK 20: VAL AV STATSAUTORISERT REVISOR FOR Å REVIDERE KRETSEN SITT REKNESKAP OG FASTSETTE REVISOR SITT HONORAR

Styret sitt framlegg til vedtak: Styret informerer om at NFF Sogn og Fjordane er pålagt å bruke NFF sin revisor, Deloitte.

Framlegget vedteke

Page 21: Referat SFFK sitt kretsting 213 Opningstale av styreleiar Robert Endestad, NFF Sogn og Fjordane Da vil eg be om at alle reiser seg, og vi skal ha eit minutt stillheit for dei som har

21

SAK 21: Stad for kretstinget 2021

Styret sitt framlegg til vedtak: Tinget sluttar seg til at det nye styret får fullmakt til å avgjere tid og stad for neste kretsting.

Styret har fått fullmakt

SAK 22: Orientering og avslutning av styreleiar

DESISORAR