rettleiar - kinn · rettleiar for byform og arkitektur følgjer målsettinga i revidering av...

22
RETTLEIAR FOR BYFORM OG ARKITEKTUR PLAN- OG BYGGESAKER FLORA KOMMUNE

Upload: others

Post on 27-Jan-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • RETTLEIAR FOR BYFORM OG ARKITEKTUR

    PLAN- OG BYGGESAKER FLORA KOMMUNE

  • 2 / 42 3 / 42

    FORORDIntensjonen med Rettleiar for byform og arkitektur er å bidra til og vidareutvikle identiteten i Flora kommune. Det skal stillast krav til kvaliteten av dei fysiske omgjevnadane og kvardagsarkitekturen vi omgjev oss med.

    Arkitekturpolitikk på nasjonalt nivå er utforma i regjeringa sin publikasjon arkitektur.nå. Det er eit politisk plandokument utan for-pliktande handlingsplan. Kulturdepartementet utforma dokumentet i 2009, og det forvaltast av Nærings- og fiskeridepartementet. Ansvaret for den romlige byutviklinga, det vil seie byplanlegginga, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statleg arkitek-turpolitikk har såleis flytta frå kunst- og kultur til næring- og by-utvikling og høyrer inn under områdepolitikkens arbeidsfelt. Poli-tikkens plassering påverkar praksis.

    By- og bustadutvikling har ikkje noko eige direktorat med ansvar for by- og bustadpolitikk. Det finnast heller ikkje noko ombods-ordning, eller rikspolitiske retningslinjer for sosialt berekraftig byutvikling. Eit slikt samansett område treng eit breitt og tverr-sektorielt samarbeid.

    Planleggingssystemet legg opp til at kommunane lokalt tek ansvar og utformar eigen arkitekturpolitikk. Arkitektur er politisk - og arkitekturpolitikk skal ta høgde for at fysisk utforming er viktig for sosiale prosessar. Arkitekturpolitikken formast i stor grad av insti-tusjonar, selskap og store enkeltaktører der fagleg kompetanse bør inngå i vurdering av prosessar og konsekvensar i prosjekt. Store og mindre utbyggings- og fortettingsprosjekter inngår i ein eksisterande samanheng og påverkar byutviklinga og sosial berekraft.

    Kunnskap på området er tilgjengelig i Norsk Form, stiftelsen Design og Arkitektur Norge (DogA) og Norske Arkitekters Lands-forbund sitt nasjonale senter for bærekraftig by- og tettstads utvik-ling BYLIVsenteret, der målet er å skape gode, sosiale og klima-vennlege byar og lokalsamfunn. Dette i følgje Stortingsmelding 18 (2016 – 2017) ”Berekraftige byar og sterke distrikt”.

    Rettleiar for byform og arkitektur er bygd på Sentrumsplanen sine føresegner for ”Estetikk, byform, arkitektur”. Føresegnene for ”Kunst i offentleg rom”, ”Natur, landskap og grønstruktur”, samt ”Bevaring av eksisterande bygningar og kulturmiljø” er og ein naturleg del av rettleiaren.

    Rettleiaren skal være eit aktivt, rullerande arbeidsdokument til bruk for plan, byggesak og engasjerte menneske i Flora kommune. Den skal være eit reiskap til å spreie kjennskap og glede ved god arkitektur. Dokumentet vil utdjupe Sentrumsplanen sine føresegner og støtte opp om forvaltning og utvikling i Flora kommune. Rettlei-aren er utforma av Flora kommune for å sikre byform og arkitektur i aktivitets-, kultur-, hamne- og skjergardsbyen Florø.

    Dokumentet er utarbeidd av avdelinga Plan og samfunn.

    September 2018

  • 4 / 42 5 / 42

    FØRESEGNER2.13 ESTETIKK, BYFORMING OG ARKITEKTUR (PBL § 11-9 NR. 6 OG 7)

    • Innanfor område B13, B14, K1, K08, K09, K10, K11, K12, K18, K24, K25, K26, K27, K28, K29, K35, K36, K37, K39, K40, K41, K42 og K43 skal eksisterande by- og gatestruktur og siktlinjene til sjø bevarast.

    • Det skal planleggjast for ein heilskapleg arkitektur innafor kvart byggjeområde og prinsippet om god arkitektur skal følgjast og dokumenterast i alle plan- og byggjesaker.

    • Tiltak skal ha arkitektoniske kvalitetar. Bygningar og anlegg skal vere utforma i samspel med omgjevnadene i karakter og form, og ta omsyn til Florø sin særeigne bystruktur. Bygningar skal ha ei heilskapleg form og volumopp-bygging og fremje gode uterom.

    • Tiltak etter anna lovverk skal vurderast ut frå same kriteria som andre plan og byggjesaker.

    • Nye tiltak skal dokumentere og grunngje forholdet mellom tiltaket (byggverk og uterom) og eksisterande tomte- og byggjestruktur. Tiltak skal dokumen-terast med fasadeoppriss i høve omgjevnadene og omkringliggande bygg og anlegg. Det skal det utarbeidast ei estetisk grunngjeving for valde løysin-gar. Det skal gjerast greie for plassering av tiltaket i forhold til tilstøytande busetnad, gateløp, terreng og siktlinjer. Grunngjevinga skal supplerast med illustrasjonar som visuelt viser tilpassing til eksisterande bygningsmiljø, gate/veg, uterom, siktlinjer og terreng.

    Retningslinje:Sjå arkitektur- og byromsveilederen (vedlegg) for utfyllande informasjon.

    2.14 KUNST I OFFENTLEG ROM (PBL § 11-9 NR. 6)

    • Blå promenade, Torggata, Strandgata og byparken skal vere prioriterte områ-de for kunst i offentleg rom. Ved val og plassering av fast kunst i det offentle-ge rom skal det settast ned eit kunstutval for utveljing av kunstverk/kunstnar og plassering av verket.

    • Kunstutvalet sin tilråding skal vere rådgjevande for den kommunale sakshand-saminga.

    Retningslinjer:Offentleg rom blir rekna som uterom som er opne for alle og er prega av frivil-lig opphald.Kunst blir rekna som faste eller temporære prosjekt eller installasjonar som stimulerer til ei særleg oppleving.

    2.15 NATUR, LANDSKAP OG GRØNTSTRUKTUR (PBL § 11-9 NR. 6)

    • All planlegging og tiltak skal skje med omsyn til og dokumentasjon av land-skaps-, natur- og friluftsinteresser.

    • Biologisk mangfald skal takast vare på med grunnlag i prinsippa i Naturm-angfaldslova. Der kunnskap om biologisk mangfald ikkje er tilfredstillande, gjeld føre var-prinsippet. Kommunen kan krevje at tiltakshavar gjennomfører undersøkingar for å forbetre kunnskapsgrunnlaget for vurdering av plan og tiltak.

    • Planlegging og tiltak skal underordne seg viktige landskapstrekk. Bygge- og anleggstiltak skal ikkje bryte åsprofilar, landskapssilhuettar og horisontlinjer. Større offentlege byggverk eller anlegg med særskilt betyding for fellesskapet kan bryte med eksisterande karaktertrekk i landskapet. Forholdet mellom tiltaket og omkringliggande landskap skal dokumenterast og grunngjevast.

    • Naturgjevne og kulturskapte element som fungerer som blikkfang i landska-pet (landemerke) skal bevarast og styrkast. Frå sjøen skal det bakenforliggande bylandskapet være synlig og lesbart.

    • Bygge- og anleggstiltak som vert eksponert i landskapet skal plasserast og utformast slik at dei tek i vare heilskapen i natur- og kulturlandskapet. Dette gjeld særskilt ved tiltak som ligg ved og vert eksponert mot sjø.

    • Det skal planleggjast og leggjast til rette for ein samanhengande grøntstruktur.

    • Ved planlegging og utføring skal det leggjast vekt på terrengtilpassing, slik at ein i størst mogleg grad unngår flatplanering og skjeringar. I skrått terreng skal bygning der det er hensiktsmessig ha underetasje eller avtrappast over fleire plan for best mogleg terrengtilpassing.

    • Ved søknad om løyve til tiltak skal det utarbeidast utomhusplan som doku-menterer god terrengtilpassing, terrengendringar og murar. Terrenghandsa-ming skal dokumenterast med snitt som viser råka terreng før og etter tiltaket.

    • Jord frå lokalitetar med svartelista planter skal handsamast for å unngå ytterli-gare spreiing.

  • 6 / 42 7 / 42

    2.18 BEVARING AV EKSISTERANDE BYGNINGAR OG KULTURMILJØ (PBL § 11-9 NR. 7)

    For omsynssone H570_1, H570_2, H570_3, H570_4, H570_5, H570_6, H570_7, H570_8 og H570_9:

    • Innanfor område avmerka med områdeavgrensing på ”illustrasjonskart om-synssone for vern av kulturmiljø, bygningar, bygningsmiljø og krigsminne” skal eksisterande by- og gatestruktur bevarast.

    • For bygningar og kulturmiljø som inngår i reguleringsplan gjeld regulerings-planens føresegn foran sentrumsplanen.

    • Alle nybygg og tilbygg skal innordnast verneverdige miljøobjekt og særskilt verneverdig bygningsmiljø på ”illustrasjonskart omsynssone for vern av kulturmiljø, bygningar, bygningsmiljø og krigsminne”, med omsyn til etablert utbyggingsstruktur (kvartalsstruktur), plassering på tomt, tilpassa byggehøg-der og proporsjoner.

    • Ved nybygg og tilbygg skal det leggast vekt på kvalitet og at historisk, arkitek-tonisk eller annan kulturell verdi som knytter seg til eit byggverks ytre, har ein opplevingsverdi.

    • Innan omsynssonene kan det opnast for ny arkitektur som tilpassar seg det eksisterande miljøet. Nye bygningar og tilbygg på ubebygde tomtar eller som erstatning for rivne bygg i omsynssonane, skal tilpassast eksisterande bygningsmiljø med omsyn til bystruktur, plassering på tomt, byggehøgd og proposjonar.

    • Nybygg og tilbygg innan omsynsonane på ”illustrasjonskart for omsynssone for vern av kulturmiljø, bygningar, bygningsmiljø og krigsminne” skal legge vekt på å ivareta uterom med god brukskvalitet.

    • Tiltak som berører bygg eller næraste omgjevnader til objekta i kategorien særskilt verneverdig bebyggelse eller verneverdige miljøobjekt skal utformast med omsyn til bygningane si hovudform og fasadeuttrykk.

    • Ved utvendig rehabilitering av bygningar eldre enn frå 1900 skal kommunen gjevast høve til å uttale seg før rehabiliteringsarbeid vert sett i verk.

    • Ved nødvendig fornying kan bygningselement tilpassast opphavleg byggestil og materialbruk.

    • Om ikkje bygg i kategorien særskilt verneverdig bebyggelse blir vedlikeheldt kan Flora kommune sette i verk tiltak ovanfor grunneigar(e).

    • Tiltak som bryt med føresegnene i NB!-området, skal sendast regional kultur-minnemynde til uttale.

    Spesielt for dei ulike delområda innanfor området:

    H570_4 NB!-området:

    • Delområdet er av nasjonal interesse da det har bevart mykje av si opphavlege karakter, autensitet og bystruktur frå 1860. Rutenettmønsteret, gatene og ”kam-strukturen” mellom Strandgata og sjøen er viktige og skal vidareførast.

    • Opplevelsesverdiane som er knytt til det historiske bymiljøet og gateløpene i NB!-området, skal vektleggast, ivaretakast og vidareførast ved nye tiltak.

    • Heilheita i miljøet og integriteten til dei gamle husa skal vidareførast ved nye tiltak.

    • Fasadane mot gatene skal ivaretakast eller vidareførast ved nye tiltak.

    • Nye bygningar og tilbygg på ubebygde tomtar eller som erstatning for rivne bygg i omsynssona, skal tilpassast eksisterande bygningsmiljø med omsyn til bystruk-tur, plassering på tomt, byggehøgd og proporsjonar.

    • Ved nødvendig fornying skal bygningselementer tilpassast husets opprinnelege byggestil og materialbruk.

    H570_5 Haffen, Torget, Hellesenbua og Stensethbua:

    • Heilheita i miljøet og integriteten til dei gamle husa skal vektleggast, ivaretakast og vidareførast ved nye tiltak.

    H570_6 Hans Blomgate:

    • Heilheita i miljøet og integriteten til dei gamle husa skal vektleggast, ivaretakast og vidareførast ved nye tiltak.

    Retningslinje:I heilskaplege, homogene områder bør kontrasterande uttrykk som ikkje vidarefø-rer kulturmiljøets kvalitetar unngås.

  • Ausevika servicebygg, Arkitekt K. Hareide/Salt Arkitekter

  • 10 / 42 11 / 42

    INTRODUKSJONINNHALDARKITEKTUREN SINE MOGLEGHEITER

    Rettleiar for byform og arkitektur følgjer målsettinga i revidering av Sentrumsplanen om ein levande by. Utviklinga omhandler tema som bystruktur, byrom, bykvalitetar, grøne og blå årer, miljøfokus, handel og fortetting. Alle er tema kor arkitektur er integrert i byrom og landskap. For å skape gode heilskaplege løysingar må mange omsyn takast for å bevare og utvikle kvalitetane i det særprega miljøet i Florø.

    Kystbyen sin identitet er bygd på verdiar relatert til sjøen og sildefisket, som er årsaka til at byen blei grunnlagd i 1860. Byen er planlagd over ein kvartalstruktur med kamstruktur langs strandlinja mot nord. Bystrukturane med den gamle bygningsmassen skal styrkast og vidareførast med fornying som ivaretek den kultur- historiske kvaliteten. Ved vern gjennom bruk ynskjer ein å unngå preg av forfall.

    Utviklinga i sentrum involverer mange ulike interesser. Fortetting og byomforming med komplekse eigedomsforhold, interessekon-fliktar, høg arealverdi og investeringsinteresser er krevjande. For å skape gode bykvalitetar der byen sin identitet og verdi takast vare på, krevast godt samarbeid og gode prosessar. Rettleiaren skal være ein hjelp til korleis utvikling og fortetting kan løysast.

    Definisjonen av arkitektur er heilskapen av bygningar, bygningsmiljø og romma mellom bygningane og i landskapet. Rettleiaren skal medverke til å gjere menneske merksam på dei lokale kvalitetane i byen. Bygningar og landskap skal gje sterkare identitet, tilhøyrsle og ansvarsfølelse.

    Dokumentet er ein reiskap til å skape samanheng og medverker til forutsigbarhet i kommunal forvaltning og byggesak for å styrke arkitektonisk kvalitet. Den set eit mål om korleis byen skal vidare-utviklast og gjev retningslinjer som fortel kvifor utforming av både heilskap og detalj er viktig.

    Forord 2

    Føresegner 4

    Introduksjon 11

    1. Arkitekturen sitt rom 12

    2. Viktige omgrep 14

    3. Florø sitt landskap og utbygging 18

    4. Rettleiar 20

    4.1 Viktige landskapstrekk og silhuett frå sjøen 22

    4.2 Kontakt og siktlinjer til sjøen 23

    4.3 Historiske bygningar og bygningsmiljø 27

    4.4 Gode samband for gåande og syklande 28

    4.5 Byrom 30

    4.6 Fortetting med kvalitet 33

    4.7 Arkitektonisk kvalitet og utforming 34

    4.8 Ressursar 36

    4.9 Universell utforming 39

    Kjelder og lenkjer 41

  • Langeneset hyttefelt, Xform Arkitektar

    12 / 42

    1. ARKITEKTUR OG BYGNINGAR

    Arkitekturen skal ta vare på kystbyen sitt karakteristiske småby-preg. Bygningsmassen i gatebiletet er i hovudsak trehus og enkelte markante murhus. Ny arkitektur skal være tidstypisk og tolke tradi-sjonen på nytt med historisk referanse. Å tilføre arkitektonisk kvalitet i bybildet skal gjerast med omsyn til staden sin eigenart og skala.

    2. ARKITEKTUR OG BYROM

    Arkitekturen skal invitere og bidra til sosiale og trygge byrom. Offentlege rom i byen utfordrast med klima og byen sin plassering mot nord. Plassering og tilrettelegging må søkast der gode le- og solforhold gjer at menneske ferdast. Rommet kan være eit gløymt areal, eit mellomrom eller ein overgang; møteplassar til oppleving av sosial og kulturell utveksling mellom menneske. Sykkel og gange skal prioriterast i gatebiletet. Byutviklinga skal sikre rammer for det offentlege kvardagslivet med bevisstgjering og likeverd.

    3. ARKITEKTUR OG LANDSKAP

    Arkitekturen skal underordne seg eksisterande by- og landskaps silhuettar. I Florø by er blå-grøn struktur allestadsnærverande og eineståande. Landskapet skal fortsette å dominere slik at alminneleg arkitektur, landskapsarkitektur og infrastruktur betraktast som ein integrert del av landskapet. Arkitekturen skal legge seg godt tilrette i landskapet og tydeleggjere landskapet sine essensielle kvalitetar.

    4. ARKITEKTUR OG IDENTITET

    Arkitektur, gater og plassar i kvartalstrukturen og i den levande kantstrukturen med sjøbuene, er Florø sin identitet gøymd. Utvalde bygnings- og plassdanningar i NB!-registeret med kvartalstruktu-ren sine kryssande gater og siktlinjer til sjøen er det opphavlege av bydanninga frå 1860. Identiteten i bygningsmassen bevarast ved rett vern gjennom bruk.

    5. ARKITEKTUR OG KLIMA

    Arkitekturen skal bidra med løysingar for nye klimaendringar og skape ein robust by. Tiltak skal tilpassast miljøet slik at byen tek vare på ressursane. Synergieffekten gir god økonomi når klima-sikring kombinerast med sosiale verdiskapande fasilitetar.

    1. ARKITEKTUREN SITT ROM

  • Byporten i Strandgata, Asplan Viak Arkitektur

    14 / 42 15 / 42

    ARKITEKTONISK KVALITET er ei samla forståing av funksjonelle, tekniske og visuelle verdiar. Arkitektonisk kvalitet er kvali-tativ, det vil seie ikkje-målbare eigenskapar eller verdiar, som endrast over tid. Arkitektonisk kvalitet omfattar bygningen og konteksten, det vil seie saman-hengen og tradisjonen bygnin-gen relaterer seg til.

    KONTRASTAR er forskjellar som tilfører energi og balanse i uttrykket. Kontrastar brukast som verkemiddel i form, dimen-sjonar, detaljering, materialar, overflater og stofflegheit.

    EKSPRESSIV form i en byg-ningskropp har eit tydeleg formmessig uttrykk som skapar merksemd omkring seg sjølv. Bygningen si grunnform dannar opplevinga av utvendig og inn-vendig rom.

    OMSYN takast til eksisterande kontekst når nytt tilpassar og underordnar seg. Tilpassinga kan være som prinsipp, volum-bruk, materialbruk og ved bruk av kontrastar. Underordninga kan være som form og utstrek-king i høve eksisterande bygning eller landskapsrom. Bruk av strategi kan skape forbindelse mellom nytt og eksisterande på overordna- og detaljnivå.

    2. VIKTIGE OMGREP

    SAMSPEL mellom proporsjonar, form og volum skaper balanse og heilskap i ein bygningsfasade eller i forholdet mellom bygning og landskap. Kontrastar gir eit interessant samspel.

    SIGNALBYGG markerer ein iden-titet for ein funksjon eller selskap. Bygningen er synleg og tar plass i byrommet eller konteksten med kontrast og dominans.

    BEBYGGELSESSTRUKTUR er det prinsipielle systemet som eit område eller bydel er planlagd etter. Eit ordensprinsipp som beskriver korleis bygningar er organisert i romleg saman-heng til kvarandre og i forhold til konteksten eller landskapet. Eksempelvis kvartalsstrukturen i Florø frå 1860.

    BEBYGGELSESMØNSTER er det prinsipp som eigedommar og tomter er oppdelt og bygd etter i ein overordna bebyggelses-struktur. Eksempelvis i eit kvar-tal i den gamle kvartalsstruktu-ren i Florø.

    BYOMFORMING er endring av ein bebyggelsesstruktur til ein bymessig struktur med blanda formål. Fortetting av industri-område med bustader, verksem-der og byliv er eit eksempel på byomforming.

    BYMESSIG område er eit område med blanda bebyggelse og for-mål. Bustader, verksemder og grøntområde grenser opp til offentlege fellesrom med omsyn og klart skilje til gater og plassar.

    KONTEKST er omgjevnadene ein bygning kulturelt, tradisjonelt og teknisk forheld seg til.

    PROPORSJONER er forholdet mellom elementa sin størrelse. Det kan være forholdet mellom høgde og breidde i bygnings-volum, dører og vindauge, og korleis elementa balanserar innbyrdes i fasaden.

    TRANSFORMASJON er å omfor-me eit område eller ein bygning frå ein struktur til ein annan struktur - omforme ein funk-sjon til ny bruk ved å vidare-utvikle det eksisterande og såleis tilføre kvalitetar til løysningar og uttrykk.

    ESTETISK KVALITET er ei fagleg skjønnsvurdering i forhold til arkitektonisk og visuell kvalitet. Estetisk kvalitet er ei oppleving basert på sansar og kjensler som påverkast av samfunnsutvikling, naturgrunnlag og omgjevnader. Omgrepet kan brukast norm-gjevande og beskrivande for å klassifisere bygningsverk.

  • Havnemiljø i Florø 17 / 42

    FORTETTING er å bygge nytt i allereie bebygde område eller ombygging i bebygde område. Fortetting i område med teknisk infrastruktur er det beste alter-nativ for bærekraftig tettstadsut-vikling.

    BEREKRAFTIG bygging omfattar bygget sin samanheng til topo-grafi, landskapskarakter, vegeta-sjon, sol og skygge, struktur og infra struktur. Berekraftig byg-ging handlar også om bygnin-gen sin fleksibilitet til ny bruk, der bygningsdelar kan skiftast ut og nyttast i ny samanheng. God berekraftig bygging er positivt for arbeidsmiljøet når huset byggast og vedlikehaldast.

    FREDING er å verne kulturmin-ner mot forandring ved kultur-minnelova. Freding kan gjelde både utvendig og innvendig, og kan ved større tiltak dispenserast frå. Freding er den strengaste form for vern og nyttast for å sikre verdien for ettertida.

    RESTAURERING er å tilbakeføre ein bygning til ein tidligare til-stand og tid eller i ein kombina-sjon.

    BEVARING er ei aktiv handling for at ein bygning kan eksistere med alminnelig vedlikehald. Restaurering, rehabilitering, istandsetting, vedlikehald, vern/vernestatus.

    SEFRAK er eit nasjonalt regi-ster over faste kulturminner/ bygningar bygd før 1900. Bygningane er skjematisk registrert, kartfesta, oppmålt og fotografert. Registreringa inne-bær ikkje eit formelt vern.

    NB! – REGISTERET er eit nasjo-nalt register over område i by og tettstadar i Noreg av nasjonal interesse. Registeret definerer historiske byområder der omsyn til kvalitetar som byggeskikk, volum, utforming, materialval og fargar må fastsettast i forvalt-ning og utvikling.

    Riksantikvaren sin rettleiar for registeret inneheld informasjon om sakshandsamingsreglar og verktøy for sikring av kultur-minner ved tiltak, samt faglege kriterier for desse.

  • 19 / 42

    3. FLORØ SITT LANDSKAP

    OG UTBYGGING

    Landskapet på Florelandet er dominert av relativt høge terreng-formasjonar der Brandsøyåsen møter fastlandet i aust med stolte 300 høgdemeter og Storåsen i vest med knapt 100 moh. Områda er veleigna for bynær rekreasjon for dei fleste aldersgrupper og aktivitetar med eit godt turstinett. Åsane er ein vesentleg del av Florø sin grøne identitet.

    Bustadområda i Florø er plassert i terrenget rundt åsane med tradisjonell frittliggande småhusbebyggelse. I aust ligg Brandsøya i kupert terreng rundt Brandsøysundet med beskytta tilgang til sjøen og enkelte mindre industriverksemder. Området har god tilgang på grøntareal. Tilkomstvegen til byen langs sørsida av Brandsøyåsen er ei attraktiv plassering for solrike bustadsområder, som vil utbyggast i åra framover. Mot Kanalen som skiljer Florelandet og Florø finns bustadområda Nybø og Ragnarud disponert på relativt flatt terreng. I området vidare mot nord skild av riksvegen finns bustadområdet kring Gaddevågen. Over Brandsøyåsen buktar Bjørndalsvegen seg opp til Torvmyrane med gode utsiktstomtar mot sørvest og nord-vest. Nordsida av Florelandet er anlagt til industriområde for olje-relaterte verksemder betent via riks- og sjøvegen.

    På vestsida av Kanalen er det store skipsverftet og noko industri langs sjøkanten vestover. Bydelen Evja på begge sider av riks-vegen er prega av mindre verksemder og handel. Bebyggelses-strukturen i bustadområda nærmare byen i nordlige del er prega av gater med tettare bebyggelse opp mot den eigenlege bykjerne. Florø er planlagd etter tradisjonell kvartalstruktur orientert nord-sør og aust-vest. Bebyggelsesmønsteret i denne bebyggelsesstrukturen er intakt med siktlinjer til sjøen. Langs sjøen er kamstrukturen fri i formen med sjøbuer og aktivitet knytt til kaifronten og blå promenade. Vest for sentrumskjerne er hamneområdet med Fugle-skjærskaia som knutepunkt for publikumsrelatert båttrafikk langs kysten og bebudde øyar i Florabassenget. Kyrkja og kyrkjeparken er tradisjonelt og framtredande plassert der landskapet opnar seg og stiger mot sør. I landskapsrommet mot Storåsen er Litlevatnet og Storevatnet ein vesentleg del av den framtredande blå-grøne strukturen. Bustadområdet Tua på nordsida av Storevatnet er prega av einebustader og punkthus av eldre opphav. Sør for Storevatnet strekkjer bustadområda seg rundt Storåsen mot sør og vest med blanda, tett småhus- bebyggelse. Lengst mot sør er Florø lufthamn og industriverksemder plassert.

    Busetnaden henger overordna saman med landskapet sin karakteris-tiske utforming. Bebyggelsesstrukturen i sentrumsområdet har eit einhetlig bebyggelsesmønster der den historiske busetnaden gir ein tydeleg karakter og strukturen i bustadområda er ordna etter gater og vegar forma etter terrenget med grøne områder.

    Ankomsten til Florø frå aust er omkransa av fjellmassiv og vakker vestlandsnatur. Lyset opnar seg mot havet med eineståande kraft i all slags vær, der Noregs mest vestlige by er plassert ytst mot havet. Byen er anlagd mot nordvest på det langstrakte Florelandet der forholda for sildefisket og hamneaktivitet var veleigna tilbake i 1860.

  • Transformatorstasjon i Nybøvegen, Arkitekt K. Nesje Nybø

    4. RETTLEIAR

  • Havnemiljø i Florø22 / 42 23 / 42

    4.1 VIKTIGE LANDSKAPSTREKK OG SILHUETT FRÅ SJØEN

    MÅL

    Landskapsrommet rundt byen og tettstadane skal ha ein open karakter der landskapstrekka dominerar. Arkitektur, landskapsarki-tektur og infrastruktur skal tilpassast landskapet sin topografi. Byen sin silhuett frå sjøen skal respekterast.

    FORMÅL

    Florø sitt småbypreg skal bevarast og bygningsmassen skal framstå homogen. Staden sin karakter og identitet skal aktas å vere det den er.

    RETNING

    Ny arkitektur, landskapsarkitektur og infrastruktur skal danne jamn silhuett med landskapet og omgjevnadane. Terrenginngrep som dannar sår i landskapet skal unngås og terrenget skal bevarast i ut-strekt grad. Nye tiltak skal bidra til heilskaplege område.

    4.2 KONTAKT OG SIKTLINJER TIL SJØEN

    MÅL

    Florø sin kvartalsstruktur skal ha siktlinjer til kamstrukturen og sjøen. Bygningar og offentlege rom i området skal ta omsyn til det eksisterande bygningsmiljøet og ha arkitektonisk kvalitet. Den blå promenade langs kamstrukturen skal danne ein offentleg, tilgjenge-leg og rekreativ kaifront.

    FORMÅL

    Florø si historie er knytt til liv og berging ved havet. Verksemder frå fisk og industri med båttrafikk er kvardag i hamnebiletet og speglar Florø sin identitet. Sjøbuane og ein aktiv kaifront er typiske og viktige særtrekk i miljøet.

    RETNING

    Eksisterande by- og kvartalsstruktur med siktlinjene til sjøen skal forsterkast. Smug mellom hamn og gate skal være korte snar-vegar. Historiske bygningar og bygningsmiljø skal ved transforma-sjon og nybygging takast omsyn til med arkitektonisk innsikt og material kvalitet. Den blå promenade skal ha eit heilskapleg, robust uttrykk og eigenarta karakter i materialeval, møblering og lyssetting. Promenaden skal innby til uformelle møteplassar og tilnærme seg sjøen med trapper og slipp til opphald og barneleik. Den skal styrke relasjonar mellom saltvatn og menneske i byen.

  • Møteplass ved sjøen

  • Florø hamn

    FloraFlora

    Florø

    Florø

    Storevatnet

    60.4

    50

    25

    R5

    F545

    R5

    Ø=289400

    Ø=289600

    Ø=289800

    N=6835800

    N=6836000

    N=6836200

    H570_3

    H570_4

    H570_5

    H570_7

    H570_8

    H570_9

    H570_6

    TEIKNFORKLARINGOmsynssoner (PBL § 11-8)

    Linjesymbol

    Omsynssone

    Viktige gateløp; der vern av kulturmiljø, bygningar og bygningsmiljøskal prioriterast.

    Riksveg; ved konflikt mellom vern av bygningar/bygningsmiljø ogtrafikkavvikling skal trafikkavvikling/trafikktryggleik prioriterastframfor vern av bygningsmiljø.

    Bevaring kulturmiljø

    Særskilt verneverdig bebyggelse

    Verneverdig miljøobiekt

    Illustrasjonskart for omsynssone for vern avkulturmiljø, bygningar, bygninsmiljø og krigsminne.

    Flora kommune

    H570_1-9

    NKartmålestokk: 1:2000 m (A3)

    26 / 42 27 / 42

    4.3 HISTORISKE BYGNINGAR OG BYGNINGSMILJØ

    MÅL

    Verneverdige bygningar og bymiljø i kvartalstruk-turen og kamstrukturen mot sjøen skal vernast gjennom bruk, slik at Florø sin kulturhistoriske identitet er intakt. Ny arkitektur skal fremje områ-det sitt særpreg med arkitektonisk kvalitet.

    FORMÅL

    Det er viktig å styrke Florø sin kulturhistoriske identitet i planstruktur, gater, plassar og bygningar for å bringe historia vidare. Riksantikvaren anbe-faler at viktige kulturminner i bymiljøer og områ-der i og utanfor NB!-registeret som har regional og nasjonal verdi takast vare på. Lokalt planverk gir anledning til nytt liv og bruk av bygningane som hindrar forfall og fremmar byen sitt særpreg.

    RETNING

    Bebyggelsesstruktur- og mønster, tomteinndeling, gateløp, smug og møteplassar skal bevarast og vidareførast. Verdifulle bygningar med historisk fasade, konstruksjon og bygningsdetaljar skal søkast bevart og ved nødvendig fornying nyttast opphavleg byggestil og materialbruk. Nye byg-ningar skal tilpassast området sitt særpreg og styr-ke kulturmiljøet. Arkitektonisk kvalitet vektleggast med volum og høgde, formgiving, materialval og fargar. Kvalitetsomgrepet omfattar byggeteknisk detaljering og håndverksmessig utføring.

  • Gangbro ved Kystmuseet28 / 42

    4.4 GODE SAMBAND FOR GÅANDE OG SYKLANDE

    MÅLFlorø skal vere ein by der infrastrukturen er tilrettelagd for god, trygg og komfortabel ferdsle for alle gåande og syklande. Nærleik til blå-grøn struktur binder byen saman med hav og grøn struktur.

    FORMÅL

    Målet i Sykkelbyen Florø er å betre folkehelsa og redusere talet på ulykker. Avstandane frå bustadområda inn til og i sentrum er rela-tivt korte i naturleg flatt terreng. Gåing og sykling er ein attraktiv og bærekraftig transportform, som er enkel å nytte for alle alders- og målgrupper.

    RETNING

    Florø by har alle naturlege føresetnader for å auke bruken av sykkel med korte avstandar og gode kommunikasjonsaksar. I sentrums-planen er det gjort val om blanda trafikk føremål, slik at sykkel vert ein del av gatebiletet. Det har betyding for ein levande og trygg by at fleire ferdast i byrommet.

    Hovudnettet for sykkel på Florelandet – Brandsøy ligg som ringar på flatt terreng rundt åsane med forbindelseslinjer nord-sør. I sentrum er sykkelhovudnettet orientert aust-vest og bunden saman med enkelte tverrgåande aksar til eit lokalt nett. Snarvegar skal supplere hovudnettet og danne eit finmaska nett som vert ein viktig del av gang- og sykkelnettet i Florø. Snarvegar er vegar, stiar, tråkk og passasjar som er raske, funksjonelle og sikre og gjer tilhøva for gåande og syklande enkle og korte.

  • Leikeplass i byparken

    30 / 42

    det ikkje-spesialiserte rom MUA (MultiUseAreas) blanda bruk

    det inkluderande rom privat-kommersielle og offentlege sitteplassar

    det komfortable rom kvalitetsmaterialar, estetikk, lys, vedlikehald

    det sosiale rom flyttbare møbler, gras areal, grill

    det tolerante rom variasjon i skala/materiale/lys/tempo

    det felles rom events, festival, marknad, nasjonale markeringar

    det utvekslande rom historiske/politiske/kulturelle symbol, kunst, konsum

    det opplevande rom midlertidige utstillingar, forestillin-gar, konsum

    det leikande rom MUGA (MultiUseGameAreas) fargar, formar

    det multi tematiserte rom diversitet i rom, aktivitet og brukar

    4.5 BYROM

    MÅLFlorø sine byrom skal vere gode rom å vere i og ha god kvalitet. Byen skal utviklast på berekraftige og sosiale prinsipp med demo-kratiske byrom og gater, som er trygge for gåande og syklande.

    FORMÅLArkitekturen si utforming kan fremje god sosial interaksjon, og motsett ekskludere menneskeleg samhandling og føre til likegyl-dighet. Arkitekturpolitikken må være aktiv og handlekraftig. Gode byrom og gater er ein forutsetting for liv og lyst til å bruke byen. Ikkje-bilbasert bybruk bidrar til eit betre miljø og folkehelse.

    RETNINGKvartalsstrukturen har eit maskulint bevegelsesmønster frå A til Å. I eit feminint byperspektiv er bevegelsane romlege og opplevast meir komplekse. Byutviklinga må sikre bevisstgjering og likestilling ved å utnytte potensialet i begge perspektiv. Ein praktisk prinsipp plan for bruk og krav til det offetlege rom bør ta stilling til redusert areal for bil, gate og parkering, sykkel, fortau og møteplassar.

    Verktøy til eksperimenterande løysingar for demokratiske byrom:

  • Bustader i Firdavegen, Arkitekt R. Melvær 33 / 42

    4.6 FORTETTING MED KVALITET

    MÅLFlorø skal fortettast der det er hensiktsmessig med god tilknyting til omgjevnadene. Fortetting i by skal ha tilgang til friområde og god teknisk og sosial infrastruktur. Tiltaka skal ta høgde for nok areal til uterom med god brukskvalitet og tilføre nye kvalitetar til fellesskapet. Fortetting generelt skal ivareta området sine kvalitetar.

    FORMÅLFortetting i by skal ta opp i seg forholdet og samspelet til byen, arealknappheit og tettheit i byen med uterom til opphald og leik. Fortetting i småhusområde skal ta opp i seg forholdet til eksisterande bebyggelse sin karakter og særpreg. Fortettings prosjekt med god arkitektonisk kvalitet styrkar stadsidentitet og tilhørigheit.

    RETNINGNye tiltak i etablerte områder skal ivareta områda sine kvalite-tar knytt til bebyggelsesstruktur, bygningsvolum og utforming. Bruk av stadsanalyse vil vurdere landskap, terreng og volumbruk, takform- og avslutningar, samt materialbruk og fasadeuttrykk i både småhus-, bynære og bymessige områder.

    Nye tiltak skal ta omsyn til og utvikle staden ved bruk av eksisteran-de eller ny struktur, som på ein god måte kan auke brukskvaliteten i området. Arkitekturen vil endrast over tid og arkitektonisk kvalitet, detaljering og materialbruk vil være særleg viktig i fortettingstiltak.

    Gode løysingar utviklast gjennom regulering og rettleiing der kom-munen må sikre teknisk og sosial infrastruktur og bebyggelsen sin samanheng til omgjevnadene. Planprosessen må sikre at økono-miske interesser ikkje hindrar god bukvalitet for alle.

  • Florø Seilforening, Arkitekt R. Melvær

    34 / 42 35 / 42

    4.7 ARKITEKTONISK KVALITET OG UTFORMING

    MÅLFlorø skal vere ein by der menneskeskapte omgjevnader påverkar det enkelte menneske og samfunnet på en sosial og berekraftig god måte. Bygningar og byrom skal ha arkitektonisk kvalitet knytta til funksjon og stad, tilpassa by- og landskapsrommet.

    FORMÅLArkitektonisk kvalitet har samanheng med tilhørigheit, tryggleik og identitet. Det har verdi for den alminnelege kvardagsarkitek-turen såvel som fellesskapet sine funksjonsbygg. Arkitektur har samanheng med atferd, trivsel, miljø og økonomi. Arkitektur skaper identitet og har verdi for den enkelte og for samfunnet.

    RETNINGArkitektur skal skape meir verdi for fleire menneske med bruk av dei ressursane, som er til rådigheit. Sambandet mellom verdiska-ping og god arkitektonisk kvalitet har dokumentert effekt i økono-misk, sosial og miljømessig berekraft.

    Verdiane skapast i fellesskap med omsyn og kunnskap. Løysinga-ne må ha verdi i fleire dimensjonar, både for dei som skal bruke bygningane dagleg og for samfunnet rundt. Arkitektonisk kvalitet og løysing skal vektleggast i plan- og byggesakar med insentiver for god utvikling og menneskeleg trivsel. Prosessen må utfordre byggherre og brukarar som strategi for bestilling, design, regelverk og byggeprosess til arkitektonisk produkt. Gode prosjekt skapast i felles rom med gode rammer.

    Rom og omgjevnader påverkar korleis menneske trivast mentalt og fysisk. Dagslys, frisk luft og gode uterom stimulerer god helse, velvære og trivsel. Inneklima kan medverke til færre sjukedagar, dagslys og grøne omgjevnader bidreg til kortare sjukehusopphald, og byen sine parkar og uterom påverker folkehelsa.

    Gode byrom er med på å gjere område attraktive. Bygningar og byrom medverkar til å skape betre livskvalitet for borgarane og samanheng i byen. Eksistensen av park og natur, godt forret-nings- og kaféliv er ein forutsetting for liv i byen. Områda må vere lett tilgjengeleg og trygge med gode arkitektoniske rammer.

    Romma sitt uttrykk og utsjånad gir eit signal om verdi og hald-ningar ein organisasjon eller samfunn har. Gode arbeidsplassar og læringsmiljø tilbyr mange moglegheiter for å dele viten og arbeide saman få eller fleire. Attraktive miljø kan tiltrekke medarbeidarar, studerande eller besøkande og påverker åtferd, trivsel, arbeidsmiljø, produktivitet og læring.

    Arkitektur kan hjelpe mot klimaforandringar. Byrom kan ut-formast slik at designet tek opp i seg ekstreme værhendingar og samstundes etablerar nye kvalitetar. Det gir og økonomisk gevinst å kombinere klimasikring med nye fasilitetar. Energi effektivisering av bygningar kan redusere klimaavtrykk ved gjenbruk av materialer i nye samanheng.

    Arkitektur danner ramme om fellesskap, skapar identitet, tilhørig-heit, tryggheit og samanhangskraft. Omgjevnaden fortel noko om kven vi er, kven vi ynskjer å vere og kor vi kjem i frå. Omgjevna-dene kan utformast slik at dei skapar verdi for den einskilde og for fellesskapar, rike opplevingar, stimulere deltaking og tilgjenge for alle menneske. Sjølv små prosjekt kan redefinere ein stad, gje det ei ny forteljing, vende eller skape ein utvikling.

  • Interiør, Hjørnevikbua36 / 42 37 / 42

    4.8 RESSURSAR

    MÅL

    Flora kommune skal bidra til internasjonale klimapolitiske mål og velje gode løysingar for klima og miljø kombinert med verdiska-ping og konkurransekraft. Byggenæringa skal energieffektiviserast med teknologiske berekraftige løysingar og redusert ressursbruk.

    FORMÅL

    Byggnæringa utgjer den største del av samfunnet sitt ressursbruk. Næringa har stort materialforbruk og avfallsmengda er stor med negative miljøpåverknadar. Samla sett er dette ein viktig del av samfunnet sin forvaltning av ressursar. Arkitekturen skal skape mest mogleg verdi av dei ressursane byggnæringa står for, slik at dei bygde omgjevnadane gir livskvalitet, helse, læring og produktivitet.

    RETNING

    Våre bygde omgjevnadar er ein ressurs; ein sosial infrastruktur. Ressursbruken i byggverket sin livssyklus har negative miljøpåverk-nadar, som kan reduserast med sirkulær økonomi, energieffektive teknologiske løysingar, berekraftig bygging, transformasjon og fortetting.

    I en sirkulær økonomi har myndigheter, byggherrar, rådgjevarar og entreprenørar sentrale roller for å utøve og handsame ordningar for avfallsreduksjon, gjenbruk, materialgjenvinning, energi gjenvinning og deponering.

    Flora kommune bør søke gode klimaløysingar med ansvarleg innkjøp og bygging, grøn åtferd og opplysning, vedvarande energi, grøn arealbruk og rekreativitet, klimasikre byrom, energi-effektivisering og teknologi, klimaplanar, klimasikring og havnivå, klimatilpassing og oversvømming, mobilitet, sosial innsats og fellesskap pluss sirkulær økonomi.

  • Horne Brygge, Arkitekt K. Nesje Nybø 39 / 42

    4.9 UNIVERSELL UTFORMING

    MÅL

    Florø skal vere ein by med lik tilgang for flest mogleg til offentlege rom og bygningar. Løysingar for universell utforming skal integre-rast naturleg i arkitektur, byform og landskap der det er mogleg.

    FORMÅL

    Universell utforming skal fremje likeverd og sikre like moglegheiter til samfunnsdeltaking for alle, uansett funksjonsevne. Ei universelt utforma løysing som er nødvendig for nokon er bra for alle i eit inkluderande samfunn.

    RETNING

    Universell utforming handlar om å utforme ei hovudløysing med god estetisk brukskvalitet for flest mogleg. Inkluderande løysingar er fleksible og bygger på grunnprinsippa demokrati, likestilling og likeverd, der alle har rett til deltaking. Målet med universell utfor-ming er at flest mogleg kan delta i mest mogleg utan hjelp.

    Tankegangen gjer at fleire kan bruke løysinga og at det er fleire måtar å bruke løysinga på. Løysinga vil være enklare å bruke, utvikle og vedlikehalde utan spesialløysingar for funksjonshemma. Universell utforming skal være eit felles omgrep for heile mennes-ket i alle livsfasar.

    Universell utforming er lovfesta og inngår i alle offentlege og private planprosessar der fysisk, økonomisk og sosial planlegging står i samanheng. Medverknad inngår i ein slik demokratisk, kvalitets-sikra prosess for å synleggjere omsyn til brukarbehov. Strategien universell utforming er omfatta av norsk standard og gjeld alle omgjevnadar med krav til heilskapleg og tverrfagleg kompetanse. Likevel må løysingar tilpassast stad og situasjon og vektast i høve verdigrunnlaget i verneomsyn.

  • Krokane barnehage, Arkitekt K. Hareide/Salt Arkitekter 41 / 42

    KJELDER OG LENKJER

    EN SMARTERE STAT – VEIER TIL BEDRE POLITIKK OG STYRING

    Askim, Kolltveit, Røe

    DET DEMOKRATISKE ROM

    Arkitekten, BM Hermansen

    BYER FOR MENNESKER

    Jan Gehl

    FORTETT MED VETT

    Eksempelsamling

    ARKITEKTNYTT, DIVERSE

    PLAN OG BYGNINGSLOVA

    DANSKEARK.DK

    NAL.NO

    RIKSANTIKVAREN.NO

    SENTRUMSPLANEN.NO

    ALLE FOTO OG KART: FLORA KOMMUNE, PLAN OG SAMFUNN

  • Skatepark, Massiv Lust/Betongpark