Årsmelding 2017 - enivest2 nst rsn 2017 nst rsn 2017 3 ord frå dagleg leiar det er mykje å gle...

14
ÅRSMELDING 2017

Upload: others

Post on 03-Jul-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

ÅRSMELDING

2017

Page 2: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

2 3 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

Ord frå dagleg leiar

Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye IT-utdanninga som vart lagt til fylket frå hausten 2018. Samarbeid mellom næringsliv og den nye Høgskulen på vestlandet, har vore viktig for å lande oppstart av studiet.

Vi gratulerer Høgskulen med nyetableringa. Høgskulen på Vestlandet fortener stor ros for arbeidet som er lagt ned, for å lande dette. Utover ny IT-utdanning, dagleg drift, forretningsutvikling og kundevekst set eg utviklinga av det gode samarbeidet med Årdalsnett høgt. Samarbeidet har eksistert i mange år, men har gradvis utvikla seg. Det har blitt meir omfattande og gjeve positive ringverknader.

Den 6. februar 2017 vedtok eigarane i Årdalsnett at 34 prosent av aksjane skulle seljast til Enivest. I samband med dette deltok Enivest i ein emisjon i Årdalsnett. Årdalsnett har sin aktivitet i Årdal kommune, Lærdal kommune og Aurland kommune. Det gjer ekstra godt å høyre argumentasjon frå Årdalsnett. Den stadfestar ønske om å få til noko saman. – Styreleiar i Årdalsnett, Terje Laberg kommenterte samarbeidet slik i ei pressemelding.

Årdalsnett Å få inn Enivest som ein strategisk eigar i Årdalsnett, vil opne opp for felles satsingar mellom selskapa som vil

sikre innbyggarane og næringslivet i fylket gode kommunikasjonstenester i framtida. Det tillitsfulle samarbeidet som har vore mellom selskapa i mange år, vil vere eit godt fundament for ei offensiv satsing dei komande åra. Me har observert Enivest over lengre tid som mogleg partnar for Årdalsnett. Me vurderer Enivest som det beste alternativet for å utvikle Årdalsnett vidare. Enivest har hovudkontor i fylket og stor forståing for dei utfordringane distriktskommunane har, når det gjeld breiband og stabile og sikre kommunikasjonsløysingar for næringslivet i distrikta, avslutta han.

Infrastruktur, kompetansedeling, marknadsføring, tenesteutvikling og digitalisering er sentrale stikkord for samarbeidet. Vi trur det å dra vekslar på kvarandre vil bygge selskapa vidare. Begge selskapa står ovanfor store satsingar, og det å få utnytta og bygge kompetanse på desse områda blir viktig framover.

Fiber – den digitale grunnstein Enivest si rolle som grunnstein i det digitale Sogn og Fjordane, blir stadig meir synleg og viktig. Korleis skulle spanande verksemder som Highsoft, Enoro, Tibber, Rocketfarm, Serit Fjordane IT, Lefdal Mine Datasenter eksistert utan ein god digital infrastruktur? Korleis skal samhandling i dei nye kommunestrukturane ta form utan robust og framtidsretta infrastruktur? Endeleg. Korleis skulle du som privatperson ha fungert i 2018utan den fiberinfrastruktur som er grunnlag for din digitale kvardag? Gjennom heimekontor, gjennom bruk

Nandor Helgheim, Administrerande direktør

av Get TV, tilgang til lokale media, tilgang til HBO, Netflix, sosiale media og anna digitalt konsum? Eit anna eksempel som du kanskje ikkje så ofte reflekte-rer over: Korleis ville mobildekninga i Sogn og Fjordane vore utan Enivest? Konkurranse også på dette området har gjeve betre tilbod og dekning siste åra. Enivest har spelt ei sentral rolle i dette.

Nett der du er Vi skal strekke oss lenger. I 2016 og 2017 passerte vi landssnittet med omsyn til fiberdekning i Sogn og Fjordane. I 2017 hadde 54 prosent av befolkninga i fylket tilgang til fiber mot landssnittet som var på 52 prosent. I alt har vi ca. 15.500 privathushald som er kundar hos oss og 1.700 bedriftslinjer. Vi reknar at minimum 50.000 daglege brukarar nytter Enivest sitt nett. Enivest vil forsetje å arbeide for gode og konkurransedyktige tilbod. Ikkje minst vil vi sjå inn i glaskula for å førebu oss på det som kjem etter 2020. Robotisering, kunstig intelligens og 3D-print er berre nokon av tema som pregar ordskiftet i bransjen. Det er her no, og vil prege åra framover. Vi skal nytte oss av den teknologien som gjer at vi bevegar konkurransekrafta vår framover. På toppen av den mest moderne digitale infrastrukturen som finst i området, skal vi ha trimma prosessar og stort kundefokus. Det er målet - det skal vi fortsetje å arbeide hardt for å levere på, også i framtida.

Administrerande direktør i Enivest, er fornøgd med at stadig fleire i Sogn og Fjordane får tilgang til Fiber. Foto: Christiane Ulriksen

Nett der du er

Page 3: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

4 5 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

Kontorstruktur

Hovudkontor Førde 47 tilsetteAvdelingskontor Sandane 2 tilsette

Verksemda har i 2017 tegnet seg for 72 aksjar i Årdalsnett AS og har ein eigardel på 33,96%. Kapitalutvidinga er ikkje registrert før i 2018 og er derfor i rekneskapen presentert som kortsiktig fordring.I tillegg har Enivest ein eigardel i Bluefjords AS på 13,5 %, samt aksjar i Framtidsfylket AS.

Organisasjon

Enivest si organisering av verksemda og aktivitetane er delt inn i følgjande hovudområde:

• Sal BM blir leia av Nandor Helgheim som har ansvar for sal og oppfølging av bedriftskundar.• Sal PM blir leia av Margrete Lunde som har ansvar for sal og oppfølging av privatkundar, deriblant drift av leveranse- og kundeservice. Avdelinga har òg ansvar for verksemda sine kunderetta aktivitetar innan sal.• Nett og tenester blir leia av Roger Saugestad som har ansvar for utbygging, leveranse og drift av verksemda sin

infrastruktur.• Strategi- og forretningsutvikling blir leia av Stig Myrmel som har ansvar for oppfølging og vidareutvikling av selskapets strategi og forretningsområder, samt marknadsføring. • Økonomi/stab blir leia av Gerry Eikeland som har ansvar for selskapet sin økonomi- og rekneskapsfunksjon,

personale og andre stabsrelaterte oppgåver.

Organisasjonskart Administrerande direktør Nandor Helgheim

Økonomi/stab Gerry Eikeland Tal tilsette: 3

Sal BM Nandor Helgheim Tal tilsette: 4

Sal PM Margrete Lunde Tal tilsette:21

Nett og tenester Roger Saugestad Tal tilsette: 12

Strategi- og forretningsutvikling Stig Myrmel Tal tilsette: 6

Om verksemda

SelskapsinformasjonVerksemda sitt fulle namn: ENIVEST ASFøretaksnummer: 982 503 620 MVAHovudkontor: Firdavegen 5, 6800 FørdeAvdeling Sandane: Strandtun i Bukta, 6821 Sandane

EigarskapAksjonær Tal aksjar Eigarandel Stemmeandel

Sunnfjord Energi AS 9,641 52,5 % 52,5 %

Sogn og Fjordane Energi AS 7,114 38,7 % 38,7 %

BKK Digitek AS 661 3,6 % 3,6 %

Stryn Energi AS 396 2,2 % 2,2 %

N. Helgheim AS 318 1,7 % 1,7 %

Førde Kommune 66 0,4 % 0,4 %

Naustdal Kommune 66 0,4 % 0,4 %

Hyllestad Kommune 33 0,2 % 0,2 %

Jølster Kommune 33 0,2 % 0,2 %

Gloppen Kommune 31 0,2 % 0,2 %

Totalt aksjar 18,359  100 %  100 %

Enivest sitt styre er samansett av: Fast medlem:Fredrik Behrens (styreleiar) Atle Hamar * Torild Skogsholm Ingvild Ragna Myhre Johannes Rauboti Torbjørn Os (tilsettrepresentant)

Vara: Arild Fleten *Asgeir AaseJermund Sandvik (tilsettrepresentant)

* Atle Hamar vart i begynnelsen av januar 2018 utnemnt av Kongen i statsråd til statssekretær og har av den grunn trukket seg frå styret. Arild Fleten går inn som stedfortreder frem til neste ordinære styrevalg.

Page 4: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

6 7 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

Styret si melding

Enivest gjennom det siste året

Enivest syner til liks med dei siste åra ei positiv utvikling i 2017 med ein omsetningsvekst på 9,7 %. Utviklinga kjem av langsiktig satsing på merkevarebygging og organisa-sjonsutvikling, samt ei vidareføring av utbygging av fiber til sluttkundar gjennom til dømes deltaking i anbodspro-sessar knytt til NKOM-midlar. Stamnettet blir fortløpande vidare utvikla og er rusta til å imøtekomme dei krav auke i kundetal medføre. Enivest har ved utgangen av 2017 17207 kundelinjer. Dette er ein auke på 1211 linjer og utgjer ein prosentvis kunde-vekst på ca. 7,5 %. I val av teknologi ser ein i 2017 same tendensen som vi har sett dei siste åra. Det er ein nedgang i antall kundar på DSL-teknologi og ein desto større auke i kundar som vel fiber. Dette gjeld både i privat- og bedriftsmarknaden. Behova til kundane endrar seg og dei etterspør høgare kapasitetar enn tidlegare. For å møte behova til kundane har Enivest endra produkta i privatmarknaden frå 1. januar 2017. Enivest har auka hastigheten på produkta betrakteleg og no er det 300 Mbit/s som blir bestselgaren framover. På marknad og salssida har året vore prega av ei betydeleg mengd anbod i offentleg sektor. Enivest har hatt særs god utteljing i desse prosessane og vunne brorparten av anbodskonkurransane vi har vore igjennom. Desse an-boda skal leverast i slutten av 2018

I 2017 har Enivest lansert produktet Premium Wifi. Dette har vore eit samarbeid mellom Enivest, AirTies i Tyrkia, Eye Network i Oslo og Universitetet i Oslo. Premium Wifi er eit produkt som gir kundane ei betre kundeoppleving på det trådlause nettverket i heimen. Produktet er blitt tatt godt i mot blant kundane og Enivest har fått eit betre verktøy for å hjelpe kundar som har problem med det trådløse nett-verket i heimen. Enivest har også i 2017 delteke i Breibandsforum, eit fo-rum oppretta av NKOM på oppdrag frå Samferdselsde-partementet. Forumet har i 2017 fortsatt arbeidet for å komme fram til enighet med tanke på moderniseringa av kobbar nettet. Det vart ikkje oppnådd enighet i forumet og hausten 2017 måtte NKOM avslutte arbeidet med kobbar-nettet i Bredbåndsforumet. Breibandsforum vil fortsette som eit forum også i 2018 og Enivest vil vere deltaker i dette om vi ser det som hensiktsmessig å vere med.

Verksemda

Verksemda vart etablert i 2001 og har hovudkontor i Førde og avdelingskontor på Sandane. Formålet til verksemda er, på forretningsmessig basis, å opprette og tilby fram-tidsretta kommunikasjonsnett og tenester knytt til denne typen nett, her medrekna deltaking i og kjøp/sal av andre verksemder med liknande formål. Verksemda kan også en-gasjere seg i andre forretnings-område og verksemder når dette er eigna til å styrkje hovudforretnings-området, eller føre til meir rasjonell utnytting av verksemda sine ressur-sar. Aktiviteten er i hovudsak retta mot privat- og bedrifts-marknaden i Sogn og Fjordane.

Det har ikkje vore vesentlege endringar knytt til marknads-forhold, produkt eller tenester i 2017. Tildelte tilskot gjennom NKOM-prosjekt utgjer kr 40,3 millionar.

Utbetalt del av anleggstilskot førast i rekneskapen som reduksjon av investeringar eller som utsatt inntekt under annan langsiktig gjeld. Bidrag knytt til anlegg som ikkje er ferdigstilte ved utgangen av 2017, er vist under annan langsiktig gjeld.

Utgreiing av årsrekneskapen

Verksemda avlegg rekneskapen etter hovudreglane i rekneskapslova. Rekneskapen er oppgjort med føresetnad om framleis drift.

DriftsinntekterSum driftsinntekter for 2017 er kr 142,2 millionar som er ein auke på kr 12,5 millionar eller 9,7 %, frå føregåande år. Som dei siste åra er auken særleg knytt til utviklinga i tal fiberkundar, men auken er noko lågare enn forventa. Andelen TV-kundar er også synkande, i tråd med det som registrerast i landet forøvrig. Samla omsetnad knytt til fiber er soleis noko lågare enn forventa.

Omsetnad knytt til bedriftsmarknaden viser og ei positiv utvikling, medan omsetnad knytt til privatmarknaden utan-om fiber somforventa viser ein nedgang.

DriftskostnaderSamla driftskostnader for 2017 er kr 123,2 millionar som er ein auke på kr 15,5 millionar eller 14,1 % frå føregåande år. Sett i høve til omsetning er dei ulike kostnadskomponen-tane relativt stabile. Varekost viser ein auke, hovudsakeleg som følgje av auka kostnadar knytt til TV. Avskrivingar viser som venta ei auke som følgje av høge investeringar. Andre driftskostnadar aukar som følgje av auka bruk av eksterne salsressursar og samla marknadsføringsmidlar.

ResultatDriftsresultatet for 2017 er kr 19,0 millionar mot kr 22,0 millionar i 2016, noko som utgjer ein nedgang på 13,6 %.

Utviklinga er samansett av noko lågare omsetnad enn for-venta samtidig som ein har auka kostnadar. Årsresultatet etter skatt er redusert frå kr 16,7 millionar i 2016 til kr 14,7 millionar i 2017.

2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017

140 000

120 000

100 000

80 000

60 000

40 000

20 000

0

UTVIKLING DRIFTSINNTEKTER

Enivest leverer fiber til mange bedriftskundar i fylket. Foto: Espen Nyttingnes

Page 5: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

8 9 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

BalanseBalansen syner igjen den høge aktiviteten i verksemda. Ved utgangen av 2016 har verksemda ein totalkapital på kr 188,7 millionar mot kr 140,5 millionar i 2016. Eigenkapital utgjer kr 92,9 millionar, noko som gjer ei eigenkapitaldel på 49,3 %. Tilsvarande tal for 2016 var ein eigenkapital på kr 78,3 millionar som utgjer ei eigenkapitaldel på 49,8 %. Som i 2016 er det i 2017 foretatt store investeringar i anleggsmidlar med ei auke i bokførte verdiar frå kr 119,8 millionar i 2016 til kr 155,5 millionar i 2017.

Dei høge investeringane er blant anne finansiert gjennom god likviditet tilført frå den løpande drifta. I 2017 har verksemda tatt opp ei langsiktig trekkramme på kr 85 millionar i tillegg til eksisterande trekkrettigheiter. Ved utgangen av året har ein nytta kr 15,5 millionar av dei tilgjengelege trekkrettigheitene.

KontantstraumKontantstraum frå operasjonelle aktivitetar utgjer i 2017 kr 48,4 millionar mot kr 38,8 millionar i 2016. I forhold til driftsresultat for året er det særleg avskrivingar som er for-skjellen, men og auka leverandørgjeld som følge av store uttbyggingar påverka. Teikning av aksjar i Årdalsnett er i re-kneskapen presentert under kortsiktige fordringar.

Dette som følge av at kapitalutvidinga ikkje er registrert

ved årsskiftet. I kontantstraumsanalysen er investeringa førtunder utbetaling ved kjøp av finansielle anleggsmidlar.Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar er på kr 80,8 millionar i 2017 mot kr 72,6 millionar i 2016. Tala speglar den store investeringsaktiviteten som har vore dei siste åra. Netto kontantstraum frå finansiering er på kr 32,4 millionar, blant anna som følgje av nye leasingkontraktar, innbetaling av tilskot og auka bruk av kassakreditt.

Finansiell risiko

Verksemda sin finansielle risiko består hovudsakleg av marknadsrisiko, men verksemda er og eksponert for kreditt-, likviditets- og renterisiko. Risikoanalyser er ein del av det årlege strategiarbeidet i verksemda, og marknadsri-sikoen vurderast løpande gjennom året ved overvaking av marknaden.

Marknadsrisiko Verksemda har ein god posisjon i både privat- og bedrifts-marknaden i Sogn og Fjordane og leverer etter kvart ein større del av tenestene på fiber, ein infrastruktur som verksemda oppfattar som framtidsretta og lite konkurranseutsett i forhold til anna eksisterande teknologi. Det er eit stort prispress i bransjen, spesielt i bedriftsmark-naden.

Verksemda har fokus på å levere produkt og tenester med god kvalitet til konkurransedyktige prisar, for å opprett-halde og auke dagens marknadsdel.

Kredittrisiko Verksemda har eit stort tal kundar med avgrensa tapsmoglegheit knytt til den enkelte. Fakturering gjerast forskottsvis kvart kvartal og tenesta vert stengt ved misleghald. Inkasso og vidare oppfølging av kundar vert utført av eksternt inkassobyrå. Verksemda vurderer kredittrisikoen som låg.

LikviditetsrisikoVerksemda har tilfredsstillande likviditet og har ei god kontantstraum gjennom løpande operasjonelle aktivitetar. I 2017 er samla trekkrettigheiter auka til kr 115,0 millionar, av dette er kr 99,5 millionar unytta ved årsskifte. Likviditetsrisikoen vurderast som liten.

RenterisikoVerksemda har langsiktige leigeavtaler der leigebetalinga blant anna er knytt opp mot NVE-renta. Denne renta er samansett av fleire parameter, og det er per i dag ikkje mogleg å sikre seg mot den risiko som ligg i desse avtalane (rentebinding). Verksemda gjer vurderingar knytt til even-tuell rentesikring av nye lån, men har så langt ikkje funne dette naudsynt.

Tilhøva etter årsskiftet

Styret er ikkje kjend med vesentlege hendingar etter utløp av perioden.

Disponering av årsoppgjeret

Verksemda sitt årsresultat etter skatt er på kr 14.655.725. Styret gjev overfor generalforsamlinga framlegg om at årsresultatet vert disponert med kr 14.655.725 til annan eigenkapital.

Helse, miljø, sikkerheit og klima

Sjukefråværet i verksemda var i 2017 på 4,80 % som er ein oppgang på 1,16 % i høve 2016, som då var på 3,64 %.Vi har ikkje registrert at noko av fråværet skuldast forhold på arbeidsplassen. Enivest har fokus på tilrettelegging av både arbeidsoppgåver og dei enkelte arbeidsstasjonane, slik at ein unngår sjukefråvær. Det blir arbeidt kontinuerleg med å få ned sjukefråværet i verksemda, både med tanke på proaktiv tiltak og tett oppfølging av den enkelte.  Det har ikkje vore ulykker eller skadar forbunde med arbeid i verksemda som har ført til fråvær. Resultat frå medarbeidarsamtalar tyder på at tryggleik og trivsel har høgt fokus, og at det er eit godt arbeidsmiljø i verksemda.

På lik linje med tilsvarande verksemder tilfører ikkje Enivest miljøforureiningar eller utslepp i særleg grad. Selskapet har sidan 2011 vore medlem i RENAS, noko som varetek det lovpålagde ansvaret selskapet har som importør av elektriske og elektroniske produkt, til å syte for innsamling og miljøriktig behandling av kasserte produkt.

Internett er like viktig som veg, vatn og straum. Utan nett kan ikkje folk og bedrifter eksistere i distrikta. Foto: Espen Nyttingnes

Gerry Eikeland og Monica Skilbrei tek hand om økonomien i Enivest. Foto: Jostein Vedvik

Rakel Apneseth brukar ofte heimekontor. Kombinasjonen fiber og Premium WiFi sikrar stabilt, raskt internett. Foto: Jostein Vedvik.

Page 6: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

10 11 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

DRIFTSRESULTAT

25 000

20 000

15 000

10 000

5 000

0

-5 000

2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017

Selskapet har fokus på å ikkje forbruke meir energi enn naudsynt for å produsere tenester innan elektronisk kommunikasjon. Kommunikasjonsløysingar og internett som verktøy er i fleire tilfelle med på å redusere behovet for reiser for tilsette og kundar som er medvitne på å unngå ytre forureiningar. 

Likestilling

Av Enivest sine 47 fast tilsette er det 34 menn og 13 kvinner. I styret er det 2 kvinner og 5 menn.

Selskapet har fremma like mogelegheiter for menn og kvinner ved tilsetjingar. Selskapet er opptatt av mangfald og inkludering, og at ingen skal oppleve ulik handsaming og mangel på likestilling i det daglege arbeid.

Framtidsutsikter

Ved utgangen av 2017 har Enivest sin høgaste ordrereserve gjennom tidene. I 2018 skal det leverast mange nye fiberkundar i nye fiberfelt og ikkje minst fortetting av eksisterande felt.

Etterspørsel etter internett med fiber som medium forventast å auke i åra som kjem. Fiber vil fortsetje å auke på bekostning av kopar, coax og radio. Dei som har etablert tilgang til fiber vil truleg ha behov for oppgradering av kapasitet på grunn av endra bruksmønster. Fibertettleik på 54 prosent i Enivest sitt marknadsområde ved inngang til 2017 syner at det enno er ein stor og krevjande jobb som ventar for å få full dekning.

Styret registrerer samstundes at det blir meir og meir krev-jande å finne gode finansieringsløysingar for restutbygging. Fram til no har ein lukkast med å finne gode finansierings-modellar, ikkje minst takka være god samhandling mellom kunde, leverandør og myndigheit. Selskapet sitt mål om å oppretthalde ein god topplinjevekst er ein viktig faktor for å utvikle selskapet vidare.

Vekst påverkar kompetansebygging, økonomi og kultur. På dette området arbeider ein fortløpande med nye digitalise-ringsprosjekt og forbetring av løysingar som skapar endringsvilje og entusiasme i organisasjon. Strukturen i bransjen er prega av få store og mange små aktører. Blant innhalddistributørar og teleaktørane er det ein nasjonal og nordisk posisjoneringsstrategi ettersom desse har trekt sine investeringar tilbake frå Eurasia.

Dei største fiberinvesteringane har lokale og regionale aktørar stått for. Desse har vist liten bevegelse i sine posisjonar siste åra. Det er ikkje venta store endringar i det siste segment før ein tydlegare ser ferdigstilling av utbyggingsfase rundt 2020 – 2023. Styret i Enivest meiner selskapet er godt posisjonert for å skape framtidig lønsam vekst der nærleik til kunde, kvalitet på kundeleveranse og omdømme er viktige innsatsfaktorar som definerer grad av suksess.

Styret takkar

Styret vil nytte høve til å takk kundar, leverandørar, samarbeidspartar og ikkje minst alle tilsette i verksemda som gjennom året har arbeidd godt og målretta for å oppnå den utvikling av verksemda som har funne stad. Det er god og samla innsats som gjer at verksemda har lukkast med å skape framgang, etter kvart ein høg fibertettleik i Sogn og Fjordane og omsett dette til auka aktivitet for selskapet og god resultatutvikling.

Fiber er framtidas digitale motorveg. Det er med på å gjere fylket til ein god plass å bu i. Foto: Espen Nyttingnes

Førde, 21. februar 2018

Fredrik BehrensStyreleiar

Ingvild R. Myhre

Torild Skogsholm

Nandor HelgheimAdministrerande direktør

Johannes Rauboti Arild Fleten Jermund SandvikTilsetterepresentant

Page 7: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

12 13 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

Resultatrekneskap

(Tal i heile tusen)

Notar DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER 2017 2016

9, 10 Salsinntekt 141 296 128 923

Annan driftsinntekt 898 753

Sum driftsinntekter 142 193 129 677

9 Varekostnad 53 405 46 335

1 Lønnskostnad 27 506 25 495

3 Ordinære avskrivingar 25 738 22 124

1, 9 Andre driftskostnader 16 574 13 757

Sum driftskostnader 123 223 107 712

Driftsresultat 18 970 21 965

FINANSINNTEKTER OG FINANSKOSTNADER

Annan renteinntekt 53 222

Annan finansinntekt 63 64

Annan rentekostnad 399 139

Annan finanskostnad 13 5

Netto finansresultat -297 142

Resultat før skattekostnad 18 672 22 107

5 Skattekostnad 4 017 5 430

ÅRSRESULTAT 14 656 16 677

OVERFØRINGAR

Avsett til annan eigenkapital 14 656 16 677

Sum overføringar 14 656 16 677

Notar EIGEDELAR 2017 2016

ANLEGGSMIDLAR

3 Konsesjonar, patentar, lisensar, varemerke o.l. 710 913

Sum immaterielle eigedelar 710 913

Varige driftsmidlar

3, 9, 11 Maskiner og anlegg 146 261 109 335

3 Driftslausøyre, inventar, edb m.m. 1 818 2 176

3 Anlegg i arbeid 7 445 8 259

Sum varige driftsmidlar 155 524 119 770

4 Investeringar i aksjar og andelar 1 521 1 531

Obligasjonar og andre fordringar 607 946

Sum finansielle anleggsmidlar 2 129 2 478

Sum anleggsmidlar 158 363 123 160

OMLØPSMIDLAR

Fordringar

9 Kundefordringar 7 582 6 095

9, 12 Andre fordringar 21 562 10 067

Sum fordringar 29 144 16 162

8 Bankinnskot 1 228 1 156

Sum omløpsmidlar 30 372 17 318

Sum eigedelar 188 734 140 479

Balanse

(Tal i heile tusen)

Page 8: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

14 15 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

Balanse

(Tal i heile tusen)

Notar EIGENKAPITAL OG GJELD 2017 2016 EIGENKAPITAL Innskoten eigenkapital2 Aksjekapital 18 359 18 359 Sum innskoten eigenkapital 18 359 18 359

Opptent eigenkapital Annan eigenkapital 74 586 59 930 Sum opptent eigenkapital 74 586 59 930

7 Sum eigenkapital 92 945 78 289

GJELD5 Utsett skatt 3 354 2 822 Sum avsetningar forpliktingar 3 354 2 822 Annan langsiktig gjeld 6 Annan langsiktig gjeld 31 427 19 748 Sum annan langsiktig gjeld 31 427 19 748

Kortsiktig gjeld6 Gjeld til kredittinstitusjonar 15 498 3 4799 Leverandørgjeld 28 114 17 5895 Betalbar skatt 3 858 4 181 Skuldige offentlege avgifter 2 043 1 9439 Annan kortsiktig gjeld 11 496 12 426 Sum kortsiktig gjeld 61 009 39 619

Sum gjeld 95 790 62 189 Sum eigenkapital og gjeld 188 734 140 479

Kontantstraumanalyse

(Tal i heile tusen)

KONTANTSTRAUM FRÅ DRIFTA 2017 2016

Resultat før skattekostnad 18 672 22 107

Betalte skattar -3 808 -3 946

Gevinst- /tap+ ved sal av varige driftsmidlar 0 -10

Ordinære avskrivingar 25 738 22 124

Pensjonskostnad uten kontanteffekt 444 -132

Postar klassifisert som investerings- eller finansieringsaktivitetar 10 0

Endring i kundefordringar -1 487 -297

Endring i leverandørgjeld 10 524 3 982

Endring i off. avgifter, skattetrekk m.m. 100 219

Endring i andre omløpsmidlar og andre gjeldspostar -1 780 -5 256

Netto kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar 48 414 38 791

KONTANTSTRAUM FRÅ INVESTERINGAR

Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar 0 10

Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar -68 353 -72 111

Utbetalingar ved kjøp av finansielle anleggsmidlar -12 403 -500

Innbetalinger frå investeringer i finansielle anleggsmidler 0 0

Utbetalinger til investeringer i finansielle anleggsmidler 0 0

Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar -80 765 -72 601

KONTANTSTRAUM FRÅ FINANSIERING

Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld 5 741 0

Utbetalingar ved nedbetaling av langsiktig gjeld -2 402 -1 098

Netto endring i kassekreditt 12 019 3 479

Utbetalingar av utbytte 0 -7 472

Innbetaling av tilskot 17 057 26 655

Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar 32 414 21 564

Netto endring i bankinnskot, kontantar og liknande 72 -12 246

Behaldning av bankinnskot, kontantar og liknande pr. 01.01. 1 156 13 402

Behaldning av bankinnskot, kontantar og liknande pr. 31.12. 1 228 1 156Førde, 21. februar 2018

Fredrik BehrensStyreleiar

Ingvild R. Myhre

Torild Skogsholm

Nandor HelgheimAdministrerande direktør

Johannes Rauboti Arild Fleten Jermund SandvikTilsetterepresentant

Page 9: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

16 17 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

RekneskapsprinsippÅrsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Norge.

Generelle inntekts- og kostnadsføringsprinsippInntekt resultatførast når den er opptent, normalt på leveringstidspunktet ved sal av varer og tenester. Drifts-inntekter er trekt frå meirverdiavgift, rabattar og bonusar. Forskotsbetalte abonnement, som på betalingstidspunktet gjeld for ein periode på meir enn 12 månader fram i tid, vert balanseført som annan langsiktig gjeld, og inntektsført etter kvart som tenestene vert leverte.

Utgifter vert samanstilt med og kostnadsført samtidig med dei inntekter utgiftene kan vise til. Utgifter som ikkje kan vise direkte til inntekter vert kostnadsført når dei er påkomne. Mottatt driftstilskot vert bokført som reduksjon av dei driftsutgifter tilskotet er meint å dekke. Unytta driftstilskot vert bokført som annan kortsiktig gjeld.

Hovudregel for vurdering og klassifisering av eigedelar og gjeldEigedelar bestemt til varig eige eller bruk er klassifisert som anleggsmidlar. Andre eigedelar er klassifisert som omløps-midlar. Fordringar som skal tilbakebetalast innan eitt år er klassifisert som omløpsmidlar.

Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er tilsva-rande kriterium lagt til grunn.

Anleggsmidlar vurderast til anskaffingskost, men vert skrivne ned til verkeleg verdi når verdifallet ikkje forventast å vere forbigåande. Anleggsmidlar med avgrensa økono-misk levetid avskrivast planmessig. Mottatt anleggsbidrag samanstillast med dei investeringar bidraget er gitt for å redusere årets tilgang. Unytta anleggsbidrag vert bokført som annan langsiktig gjeld.

Omløpsmidlar vurderast til lågaste av nyskaffingskost og verkeleg verdi.

LeigeavtalarDriftsmidlar som leigast på tingingar som i det vesentlege overfører økonomisk risiko og kontroll til verksemda (finansiell leasing), balanseførast under varige driftsmidlar og tilhøyrande leigeforpliktingar blir tekne med som forpliktingar under renteberande langsiktig gjeld til noverdi av leigebetalingane. Driftsmiddel avskrivast planmessig, og forpliktinga reduserast med betalt leige etter frådrag for berekna rentekostnad.

Andre leigeavtalar (operasjonelle), kostnadsførast løpande.

Notar Notar

Aksjer og andeler i tilknyttet selskapInvesteringer i tilknyttede selskaper vurderes etter kost-metoden. Investeringene blir nedskrevet til virkelig verdi dersom verdifallet ikke er forbigående og det må anses nødvendig etter god regnskapsskikk. Mottatt utbytte er inntektsført som annen finansinntekt.

Andre aksjar og andelar klassifisert som anleggsmidlarAksjar og investeringar i ansvarlege selskap og komman-dittselskap der selskapet ikkje har betydeleg innverknad, er vurdert etter kostmetoden. Investeringane nedskrivas til verkeleg verdi ved verdifall som forventast å ikkje vere forbigåande. Mottatt utbytte frå selskapa inntektsførast som annan finansinntekt.

FordringarKundefordringar og andre fordringar er oppført til pålyd ande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap gjerast på grunnlag av ei generell vurdering av heile kundemassen.

Bankinnskot, kontantar og liknandeBankinnskot, kontantar ol. inkluderer kontantar, bank-innskot og andre betalingsmidlar med forfallsdato som er kortare enn tre månader frå nyskaffing.

PensjonarInnskotsplanar periodiserast etter samanstillingsprin-sippet. Årets innskot til pensjonsordninga kostnads-førast.

Ved deltaking i ytelsesbaserte fleirføretaksordningar,rekne-skapsførar verksemda sin del av den ytelsesbaserte pen-sjonsforpliktinga, pensjonsmidlar og kostnad knytt til pensjonsordninga. Når det ikkje føreligg tilstrekkeleg infor-masjon til å rekneskapsføre ei fleirføretaksordning som ein ytelsesbasert pensjonsordning, rekneskapsførast ordningasom om den var ei innskotsordning.

SkattarSkattekostnaden vert stilt saman med reknskapsmessig resultat før skatt. Skatt knytt til eigenkapitaltransaksjonar, til dømes konsernbidrag, vert ført mot eigenkapitalen.

Skattekostnaden består av betalbar skatt (skatt på årets direkte skattepliktige inntekt) og endring i netto utsett skatt. Skattekostnaden fordelast på ordinært resultat og verknad av prinsippendring og korrigering av feil i samsvar med skattegrunnlaget. Utsett skatt og utsett skattefordel er presentert netto i balansen.

Offentlege tilskotTilskot resultatførast etter dei grunnleggande prinsipp for inntekts- og kostnadsføring. Tilskot resultatførast samtidig som den inntekta det skal auke eller kostnaden det skal redusere. Investeringstilskot er nettoført mot invest eringar, medan øvrige tilskot er ført mot den kostnads- eller inntektspost tilskotet relaterer seg til.

Nils Skøld, teknisk kundemedarbeidar, 2. linje. Han hjelper kundane våre med tekniske problem. Foto: Jostein Vedvik

Værlandet og Bulandet har fått fiber. Foto: Espen Nyttingnes

Page 10: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

18 19 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

NOTE 2 – AKSJEKAPITAL OG AKSJONÆRINFORMASJON

Aksjekapitalen Antal Pålydande BokførtA-aksjar 18 359 1 000 18 359 000Sum 18 359 18 359 000

Aksjonærane Antal aksjar Eigarandel StemmeandelSunnfjord Energi AS 9 641 52,5 % 52,5 %Sogn og Fjordane Energi AS 7 114 38,7 % 38,7 %BKK Digitek AS 661 3,6 % 3,6 %Stryn Energi AS 396 2,2 % 2,2 %N. Helgheim AS 318 1,7 % 1,7 %Førde Kommune 66 0,4 % 0,4 %Naustdal Kommune 66 0,4 % 0,4 %Hyllestad Kommune 33 0,2 % 0,2 %Jølster Kommune 33 0,2 % 0,2 %Gloppen Kommune 31 0,2 % 0,2 %Totalt aksjar 18 359 100 % 100 %

Enivest AS er dotterselskap av Sunnfjord Energi AS, 6800 Førde.

Aksjar eigd av styret og dagleg leiar A-aksjar Eigarandel StemmeandelStyret 0 0,0 % 0,0 %Administrerande direktør* 318 1,7 % 1,7 %* Gjennom 100 % eigarskap i N. Helgheim AS.

NOTE 3 – VARIGE DRIFTSMIDLAR Maskiner Immaterielle Anlegg (tal i heile tusen) og anlegg Driftslausøyre eigedelar i arbeid SumAnskaffelseskost 01.01. 189 719 8 722 1 014 8 259 207 715Avgang 0 0 0 8 259 8 259Tilgang/endring driftsmidlar 61 544 560 0 7 445 96 548 Anskaffingskost 31.12. 251 263 9 282 1 014 7 445 269 004– herav er årets tilgang redusert med anleggsbidrag 7 063 0 0 0 7 063 Akkumulerte avskrivningar 01.01. 80 384 6 546 101 0 87 032Akk. avskr. knytt til avgang 0 0 0 0 0Årets avskrivingar 24 618 917 203 0 25 738 Akkumulerte avskrivningar 31.12 105 002 7464 304 0 112 770 Bokført verdi pr. 31.12. 146 261 1 818 710 7 445 156 234- herav restverdi av balanseførte leigeavtalar 6 090 Økonomisk levetid 3 - 20 år 3 - 10 år 5 år Ingen avskr.Avskrivningsplan Lineær Lineær Lineær

Maskiner Bygn. og annan og anlegg fast eigedomÅrleg leige av ikkje balanseførte driftsmidlar 17 028 2 027

Leigeavtalane har ei varigheit frå 1 til 12 år der hovuddelen er knytt til avtalar på 12 år.

NotarNotar

NOTE 1 – LØNNSKOSTNADER, TAL TILSETTE, GODTGJERSLER, LÅN TIL TILSETTE, PENSJON M.M.

Lønnskostnad (tal i heile tusen): 2017 2016Lønn 24 323 22 908 Folketrygdavgift 3 245 3 091Pensjonskostnader 1 240 1 158Andre ytingar 1 272 1 536Sum 30 081 28 693- Aktiverte lønnskostnader 2 574 3 198Sum 27 506 25 495

Tal sysselsette årsverk 45 41

Verksemda er pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon,og har pensjonsordning som tilfredsstiller krava i denne lova.

Verksemda si pensjonsordning er organisert i høve til lov om innskotspensjon.

Verksemda har ei reell økonomisk forplikting som fylgje av avtala om ny AFP-ordning. I 2017 finnast imidlertidikkje tilstrekkeleg informasjon som mogleggjer innrekning av ny forplikting i årsrekneskapen for 2017. Dette fører tilat ingen forpliktingar balanseførast i 2017.

Innskotsordning 2017 2016Aktive 49 44Totalt 49 44Kostnad 791 504 760 403

Ytelsesbasert ordning (AFP)Aktive 49 44Pensjonistar - -Totalt 49 44Kostnad 448 368 397 476 Dagleg leiar Styret

Ytingar til leiande personar (tal i heile tusen) 2017 2016 2017 2016Lønn 1 221 1 212 288 304Pensjonskostnadar 110 107 0 0Annan godtgjersle 132 161 0 0Sum 1 462 1 479 288 304

Ytingar til revisor Deloitte AS 2017 2016Lovpålagt revisjon 181 419 127 800Andre attestasjonstenester 8 500 0Skatterådgjeving 15 300 63 700Andre tenester utanfor revisjonen 9 600 54 400Sum 214 819 245 900

Page 11: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

20 21 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

NOTE 4 – DATTERSELSKAP, TILKNYTTA SELSKAP M.V

Firma Forretnings- Stemme- (tal i heile tusen) kontor andel Eigarandel Egenkapital ÅrsresultatBluefjords AS Gaupne 14% 14% 2 387 -4 772

NOTE 5 – SKATTEKOSTNAD OG UTSETT SKATTEFORDEL/-FORPLIKTINGAR

Årets skattekostnad framkjem slik (tal i heile tusen): 2017 2016Betalbar skatt 3858 4 181Korreksjon skatt tidlegare år -373 73Endring i utsett skatt 678 1 293Verknad av endring i skattereglar -146 -118 Skattekostnad 4 017 5 430 Avstemming frå nominell til faktisk skattesats: 2017 2016Årsresultat før skatt 18 672 22 107Forventa inntektsskatt etter nominell skattesats (24% / 25%) 4 481 5 527

Skatteeffekten av følgande postar:Andre ikkje frådragsberettiga kostnader 55 16Verknad av endringar i skattereglar og -satsar -146 -118Andre postar -373 5Skattekostnad 4 017 5 430Effektiv skattesats 21,5 % 24,6 %

Spesifikasjon av skatteeffekten av midlertidige forskjellar: 2017 2016 Driftsmidlar 3 455 2 779Fordringar -101 -90Innskotsfond pensjon 1 133Netto utsett skattefordel/-forpliktingar i balansen 3 354 2 822

NOTE 6 – LANGSIKTIG GJELD, PANTESTILLINGAR OG GARANTIAR M.V.

Spesifikasjon av annan langsiktig gjeld: 2017 2016Unytta anleggsbidrag 26 678 18 332Forplikting knytt til balanseførte leigeavtalar 4 746 1 416Sum 31 424 19 748

Gjeld som forfell meir enn fem år etter rekneskapsårets slutt: Gjeld til kredittinstitusjonar 70 833 0 Sum annan langsiktig gjeld 70 833 0

Bokført gjeld som er sikra ved pant o.l.: Gjeld til kredittinstitusjonar 15 498 3 479Sum 15 498 3 479

Verksemda har samla trekkrettigheitar ved utgangen av året på kr 99,5 mill. Som sikkerhet for dei samla trekkrettigheitane har verksemda stilt pant i driftstilbehør og fordringar med totalt kr 300 mill. I tillegg har verksemda gitt ei negativ pantsettelseserklæring.

Notar

NOTE 7 – EIGENKAPITAL Aksje- Annan innskoten Sum innskotenInnskoten eigenkapital (tal i heile tusen) kapital Overkurs eigenkapital eigenkapitalEigenkapital 01.01.17 18 359 18 359

Årets endring i eigenkapital - - - -Innskoten eigenkapital 31.12.17 18 359 - - 18 359

Fond for Annan Sum opptentOpptent eigenkapital (tal i heile tusen) vurderingsforskjellar eigenkapital eigenkapitalEigenkapital 01.01.17 59 930 59 930

Årets resultat 14 656 14 656Avsett utbytte - -Eigenkapital 31.12.17 - 74 586 74 586

NOTE 8 - BANKINNSKOT, KONTANTAR O.L.

Bankinnskot, kontantar o.l. omfattar bundne skattetrekksmidlar med kr 1. 067. 083.

NOTE 9 – TRANSAKSJONAR OG MELLOMVÆRANDE MED NÆRSTÅANDE PARTAR

Sunnfjord Energi AS eig og har kontroll over 52,5 % av aksjane i Enivest og er å sjå på som ein nærståande part.Sogn og Fjordane Energi AS eig og har kontroll over 38,7 % av aksjane i Enivest og er å sjå på som ein nærståande part.

Resultatmessige transaksjonar med nærståande partar (tal i heile tusen): 2017 2016Salsinntekt 1 095 1 168Varekost 18 759 15 899Andre driftskostnader 2 617 2 571Sum 22 417 19 638

Andre transaksjonar med nærståande partar (tal i heile tusen): Kjøp av driftsmidlar 11 193 37 494

Mellomverende med nærståande partar Kundefordringar Andre fordringar (tal i heile tusen) 2017 2016 2017 2016Nærståande partar 0 124 0 0Sum 0 124 0 0

Leverandørgjeld Annan kortsiktig gjeld (tal i heile tusen) 2017 2016 2017 2016Nærståande partar 10 827 8 385 122 630Sum 10 827 8 385 122 630

Notar

Page 12: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

22 23 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

Notar

NOTE 10 – SALSINNTEKT

Per verksemdområde (tal i heile tusen): 2017 2016Datakommunikasjon/internett 112 512 102 690Innhaldstenester 29 681 26 233Sum 142 193 128 923

Omsetning skjer i det vesentlege til kundar i Sogn og Fjordane.

NOTE 11 – TILSKOT

Enivest deltek i offentlege anbodskonkurransar om tildeling av utbyggingstilskot.Av innvilga tilskot i 2017 og tidlegare år er det krevd inn kr 17,1 mill. i 2017. (tal i heile tusen) 2017 2016Rest balanseførte tilskot 01.01. 18 332 26 174Innvilga og innkrevde tilskot 17 057 17 169Tilskot ført som reduksjon av investeringar -7 063 -23 669Tilskot ført mot resultat -1 648 -1 342Rest balanseførte tilskot 31.12. 26 678 18 332

NOTE 12 – ANDRE KORTSIKTIGE FORDRINGAR

Enivest har i 2017 tegnet seg for 72 aksjar i Årdalsnett AS for totalt kr 12,3 mill. Eigar- og stemmeandel utgjør 33,96%.Kapitalautvidinga er ikkje registrert i Brønnøysund ved årsskiftet og vert difor presentert som ei kortsiktig fordring.

Revisjonsmelding

Vi gratulerer Høgskulen på Vestlandet med ny IT-utdanning. Foto: Espen Nyttingnes

Page 13: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

24 25 ENIVEST ÅRSMELDING 2017 ENIVEST ÅRSMELDING 2017

Page 14: ÅRSMELDING 2017 - Enivest2 NST RSN 2017 NST RSN 2017 3 Ord frå dagleg leiar Det er mykje å gle seg over i Enivest, når ein ser tilbake på 2017. Eit eksempel på det er den nye

Postboks 123, 6801 Førde Tlf: 57 00 91 00

enivest.no