side - kvitsund gymnas · 2020. 5. 12. · luthersk misjonssamband (nlm). kvart einaste år er det...

16

Upload: others

Post on 08-Feb-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • 6KristenskuleSIDE 4Din skulekvardagSIDE12Få oversiktover områdetSIDE

  • Kva er Kvitsund?

    Kvitsund Gymnas er ein kristen vidaregåande skule

    med internat. Skulen tilbyr studiespesialiserande

    utdanningsprogram og ligg i Kviteseid i Vest-Telemark.

    Kvitsund er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

    Kvart einaste år er det om lag 190 elever hos oss. Det er dagleg

    bussamband frå Kvitsund til mange av dei største byane i Sør-

    Noreg. Skulen ligg 8 km frå E134 (Brunkeberg).

    ADRESSEJakob Naadlandsveg 2

    3850 Kvitesied

    TELEFON35 06 87 00

    [email protected]

    NETTSIDEwww.kvitsund.vgs.no10Bu medvenerSIDE 8AktivfritidSIDE FOTO: KURT NØD

    LAN

    D, H

    AMIS

    H M

    OO

    RE, M

    ARTI

    N H

    OLS

    KAR,

    JON

    ATH

    AN E

    KSTR

    ÖM

    OG

    TO

    RSTE

    IN K

    ISER

    UD

    .

    LAYO

    UT:

    TO

    RSTE

    IN K

    ISER

    UD

  • Ein perfekt skulekvardagVi meiner at dyktige lærarar, godt miljø og varierte læringsformer vil gi deg ein spennande skulekvardag.

    Kvitsund er ein vidaregåande skule med utdanningsprogram for studiespesialisering. Skulen kan tilby eit godt utval av programfag. Vi har mellom anna dei programfaga du treng for å få spesiell studiekompetanse til alle høgare studiar. På Vg2 og Vg3 kan du velje mellom programområda for realfag, språkfag og samfunnsfag/økonomi. I tillegg tilbyr Kvitsund eit programfag frå idrettsfagleg utdanningsprogram: Breiddeidrett.

  • Ein skule du kan tru på

    Du treng ikkje vere kristen for å gå på Kvitsund Gymnas. Vi ønskjer likevel at kristen tru skal setje

    sitt preg på skulen.

    Om du sjølv ønskjer, kan du delta på kveldsmøte, seminar, elevmøte, skulekor, lagsteam og liknande. Kvart år har 3.

    klasse ansvar for misjonsprosjektet. Her samlar dei inn pengar til eit utvalt prosjekt i regi av misjonsorganisasjonen

    NLM. Eksemplar på aktivitetar i regi av 3. klasse er kaffibar, måneskinstur, misjonsløp og liknande. Ved å vere elev på ein

    kristen skule, vil du få ein variert kvardag.

  • Fin fritid Eit av Telemarks største idrettslag finst her hos oss. Her er det organiserte aktivitetar

    du kan delta i.

    Når skulekvardagen er fullført vel mange elevar å bevege kroppen. Nokre av våre aktivitetar

    er klatring, volleyball, sandvolleyball, handball, langrenn, dansing og fotball (tre ulike lag). Du

    vel sjølv kva aktivitetar du vil gjere på fritida di, men vi kan love deg gode vener, samhald, sveitte

    og engasjement. Det er og gode moglegheiter for å drive eigentrening i styrkesalen eller nytte seg av

    naturen.

  • God mat.God søvn.Det mange av våre elevar likar aller best med Kvitsund, er å bu på internat.

    Noko av grunnen er at du får bu med venene dine. Du får flytte heimanfrå og samtidig få frukost, middag og kveldsmat servert av oss. På internatet har du også kjøkken, dersom du ønskjer å lage ekstra mat. På Kvitsund bur dei fleste elevane i Vg1 på dobbeltrom, og alle elevane i Vg2 og Vg3 på einerom.

    Kva kostar det?Kvitsund Gymnas er ein kristen friskule, og får 85 % av undervisningsutgiftene dekte av staten. Skulepengane dekkjer ein del av dei resterande 15 %. Internatpengane dekkjer utgiftene til mat og husvære. Finn prisar på kvitsund.vgs.no

  • 12

    3

    4

    5

    6

    7108

    9

  • 1Gamlebygget er over 100 år gammalt, men nyoppussa. Her er internatrom, møtesal, peisestue, kaffibar og kontor.

    2 I gymsalen har du moglegheit til å trene etter skoletid. Anten styrketrening i kjellaren, breiddeidrett i gymsalen eller restituering i TV-stova.

    3 Nye matsalen og tunhuset stod ferdig sommaren 2013. Her et du frukost, middag og kveldsmat.

    4I undervisningsbygget er det internat, klasserom og kontor. Har du fått postpakke? Då kan du hente den her.

    5Kvitsund ligg ved Sundkilen. Her kan du for eksempel ta ein kano eller kajakk og padle til Kviteseidbyen.

    6I bibliotekbygget finn du biblioteket med ferske bøker og aviser. Her får du også arbeidsro.

    7 Sandvolleyballbane for deg som likar følelsen av sand mellom tærne.

    8 Fotballbanen er her anten du likar fotball eller ikkje. Her kan du også følgje med på Kvitsund IL sine fotballkampar.

    9 Internat for deg og dine vener. Vi har også kjøkken på internata, dersom du ønskjer å ta deg eit ekstra måltid.

    10 Brygge, badeplass og båthus. Her startar du di ferd på Telemarkskanalen.

    Perfekt for degPå Kvitsund ligg alle bygningar samla. Det er kort veg frå senga til frukost, frå klasserommet til gymsalen og frå ven til ven.

  • #kvitsund

  • Kva gjer eg nå?Du er velkommen til å søke hos oss.

    Søknadsskjema og reglar for opptak finn du på www.kvitsund.vgs.no