sjekkliste med rettleiing - matmerk · hms-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp...

24
Foto: XXXXX KSL-STANDARDEN 2017 Versjon 13, oktober 2017 - Nynorsk © 2017 Matmerk 2 HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK Sjekkliste med rettleiing

Upload: others

Post on 18-Jul-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

Foto: XXXXX

KSL-STANDARDEN 2017Versjon 13, oktober 2017 - Nynorsk

© 2017 Matmerk

2 HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK Sjekkliste med rettleiing

Page 2: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 2 - Helse, miljø og tryggleik

Sjekklistespørsmål der det krevst skriftleg dokumentasjon er markert med grøn bakgrunnsfarge.

(* IA = ikkje aktuelt)

Arbeidsmiljølova set krav til fullt forsvarleg arbeidsmiljø for alle. HMS-standarden i KSL er eit verktøy for å skape tryggleik, godt arbeidsmiljø og trivsel for alle på garden.

HMS dreier seg om å ta vare på• arbeidsmiljøet• det ytre miljøet• materielle verdiar• tryggleik i samband med sal av tenester og produkt

HMS er eit praktisk fag, men krev dokumentasjon på ein del område.

KSL-krava til helse, miljø og tryggleik byggjer på forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta). Alle norske verksemder skal ha eit internkontrollsystem. Krava gjeld alle gardsbruk, anten dei har tilsette eller ikkje.

Offentleg regelverk er utforma for å verne dei som arbeider og bur på garden. Den som driv garden, har ansvaret for å ta vare på helse og tryggleik for seg sjølv og for familien, tilsette og gjester. Styresmaktene ber om dokumentasjon som viser at det er rutinar for å halde orden på dette. Styresmaktene utfører årleg kontroll på ein viss del av gardane for å sjå til at lover og reglar blir følgde.

HMS-sjekklista tilfredsstiller HMS-krava som gjeld for norske gardsbruk.

Tryggleik og trivsel i arbeidssituasjonen er viktig for helsaStress, åleinearbeid og pressa økonomi er faktorar som kan medverke til ulykker. Det er derfor viktig å halde aktiv kontakt med yrkesfellar og andre. Så langt det er mogleg, bør ein ta ferie og passe på å ta pausar, også i arbeidsintensive periodar.

Vernerunde og risikovurderingSom ein del av eigenrevisjonen skal det årleg gjennomførast ein vernerunde på garden. Vernerunden er viktig for å finne risikoområde. Ein vernerunde gjennomfører du enklast ved at du tek med andre som er på garden (tilsette og familie) og fysisk går ein runde. Alle skal sjå etter og notera ned det som kan utgjere ein fare og kva som skal gjerast for å utbetre det aktuelle området.

Ein viktig del av HMS-arbeidet er å vurdere kva risiko ulike aktivitetar og situasjonar kan medføre. Når ein har gjort gode risikovurderingar, er det lettare å ta forholdsreglar for unngå skadar og ulykker. Risiko-vurdering er viktig for å bli medviten om og ikkje minst gjennomføre førebyggjande tiltak knytte til ulike arbeidssituasjonar.

Stikkord for ei risikovurdering er:• Kva kan gå gale?/Kva er det verste som kan skje?• Kor sannsynleg er det at noko galt skjer?• Kva for konsekvensar vil uønskte hendingar få?

Les meir om risikovurdering på arbeidstilsynet.no.

Hjelpeskjema for risikoanalyse finn du på ksl.no.

Sikker jobbanalyse (SJA) Ved oppgåver som lett kan føre til personskadar eller materielle skadar, krev Arbeidstilsynet at det skal vere gjennomført ein “Sikker jobb-analyse” (SJA). Skjema for gjennomføring av SJA finn du på ksl.no.

Sjekklistespørsmål med rettleiing

Ja Nei IA*

Page 3: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 3

OppfølgingDen som ønskjer vidare oppfølging, kan kontakte Norsk Landbruksrådgiving HMS (NLR HMS). Dei tilbyr HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta.

NLR HMS tilbyr også kurs i Praktisk HMS-arbeid og andre HMS-tema. Sjå informasjon på hms.nlr.no.

2.1 MÅL OG ORGANISERING

Målsetting er viktig for å utvikle drifta. Sett konkrete mål for kva du vil oppnå på områda arbeidsmiljø, brann og el-tryggleik. Bruk kvalitetssystemet til å evaluere om eigne mål er oppnådd.

2.1.1 Er det satt eigne mål for arbeid med helse, miljø og tryggleik (HMS) på garden?

Det er eit krav i internkontrollforskrifta at det blir sett eigne mål for arbeidet med helse, miljø og tryggleik. I KSL-systemet skriv du inn dine mål knytt til arbeidsmiljø, brann og el-tryggleik. I tillegg skal du føre opp kven som er hovudansvarleg for HMS-arbeidet, eventuelt også om det er fleire som har ansvar for deler av drifta.

Du finn eksempel på utfylling knytt til kvart punkt. Verktøy for mål og organisering finn du på di eiga påloggingsside på ksl.no.

2.1.2 Gjennomførast det eit systematisk arbeid med orden og ryddighet på garden med tanke på effektiv og sikker drift, brannvern, trivsel og omdømme?

God orden på garden gir meir effektiv drift og betre trivsel. Ryddige driftsbygningar, og orden på uteareal kan hindre/forsinke spreiing av brann dersom dette oppstår. God orden og ryddighet er viktig for omdømmet til landbruket, og er også med på å skape effektiv drift og eit sikrare arbeidsmiljø.

Lover og forskrifter: - Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta)

2.2 VERNERUNDE

Dersom du har gjennomført og dokumentert at du har gjennomført ein vernerunde siste året, treng du ikkje svare på spørsmåla i dette kapitlet.

Vernerunden er ein viktig del av di eiga oppfølging av tryggleiken på garden. Den kan gjennomførast på fleire måtar, men felles er at du prioriterer ein gjennomgang der du fokuserer på tryggleiken i drifta og ikkje kombinerer gjennomgangen med andre arbeidsoppgåver. Ta med deg familiemedlemar, samarbeidspartnarar og/eller tilsette slik at det blir lett å finne gode praktiske løysingar dersom det skulle vere problematiske område.

Ein viktig del av HMS-arbeidet er å vurdere kva for risiko ulike aktivitetar og situasjonar kan medføre. Risikovurdering er viktig for ei bevisstgjering på og ikkje minst for at ein skal gjennomføre førebyggjande tiltak knytt til ulike arbeidssituasjonar. Når du har gjort ei god risikovurdering er det lettare å ta forholdsreglar for unngå skadar og ulykker.

Som ein del av eigenrevisjonen skal det årleg gjennomførast ein vernerunde for å finne risikoområde. Dette er viktig for at garden skal vere ein trygg arbeidsplass og ein trygg stad å bu. Ein kan svara på mange av spørsmåla i sjekklista på vernerunden.

• ta utgangspunkt i KSL-sjekkliste 2 HMS• ta med folka på garden (tilsette og familie) og gå ein fysisk runde• er arbeidsplassen og garden som bustad slik de ønskjer?• be alle sjå etter og noter det som kan utgjere ein fare• noter tiltak og fristar for å utbetre dei aktuelle områda

I tillegg til vernerunden som du går i samband med eigenrevisjonen, bør du også gå ein vernerunde i forkant av arbeidstoppar for å gjere maskinar/utstyr klare.

Ja Nei IA

Page 4: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

4 2 - Helse, miljø og tryggleik

Er du medlem i Norsk Landbruksrådgiving HMS er ein praktisk vernerunde som beskrive i HMS-standarden ein naturleg del av eit medlemsbesøk.

2.2.1Er golv og gangareal så langt det er mogleg sklisikre og fri for hindringar?

Golv eller underlag skal vere skli- og snublesikkert. Hald golv og gangareal tørre og ryddige. På område der det ikkje er mogleg å unngå at det er glatt overflate, må det takast ekstra omsyn. Vel riktig fottøy og ta nødvendige forholdsreglar. Nivåforskjellar i golv skal vere godt markerte og opplyste. Hald gangvegar så slette og jamne som råd for å unngå snubling. Strø når det er nødvendig.

2.2.2Er område med fallfare sikra med rekkverk, luker eller liknande?

RekkverkGolv, plattformer, trapper, gangbaner og liknande skal ha rekkverk når det er fare for at personar eller gjenstandar kan falle ned. Vurder klatresikring der barn ferdast, for eksempel finmaska netting eller loddrette spilar med maks 2 cm lysopning og avrunda handlist som gjer balansering vanskeleg. Høgda på rekkverket skal vere minst 1 meter. Rekkverket skal ikkje ha så store opningar at det inneber fare for at arbeidstakarar kan falle gjennom. Når det brukast horisontale lister som fallsikring skal det vere minst ei knelist plassert midt mellom handlist og golv eller fotlist.

Når høgda er større enn 2 meter, skal det alltid vere rekkverk eller andre vernetiltak.

Lemmar, luker og tildekkingLemmar og lokk bør vere letthandterlege og hengsla slik at dei ikkje blir fjerna frå staden. Golv rundt lukeopning bør vere sklisikkert, lukekanten bør merkjast med varselfarge. I tillegg bør opninga ha ein ca. 1,5 cm kant som kan stoppe ein fot som glir mot opninga.

2.2.3Er trapper, stigar og leiderar i forskriftsmessig stand og brukte og sikra i samsvar med regelverket?

TrapperEi trapp skal vere lett å gå i, ha jamn stigning og ha god handlist på begge sider. Trapp som inngår i rømmingsveg skal ha ei bredde som er nødvendig for effektiv rømming.

Stigar og leiderarEin leider er fastmontert, i motsetning til ein stige, som er laus og flyttbar. Leiderar over 3,5 m skal ha fallsikring. Lange leiderar skal ha kvileplan. Førebygging av fall frå stigar og leiderar kan ha ulike løysingar, som ryggbøyle, tau eller føringsskinne med fallsikring. Stigar skal sikrast slik at dei ikkje sklir eller veltar. Dei skal rekke minst 1 m over tak eller avsats, om ikkje ei anna løysing gjer det mogleg å halde seg fast.

2.2.4Er låvebru, silo, køyrebruer, lasterampar m.m. sikra mot utforkøyring?

Sikring av siloStoppkanten skal hindre utforkøyring. Han må vere solid utført og 30 cm eller høgare, avhengig av storleiken på hjula på køyretøyet som blir brukt. Toppen av siloen skal sikrast med eit minst 1 m høgt rekkverk eller liknande. Opningar rundt og mellom siloar skal vere sikra med rekkverk, tett golv eller liknande. Plansiloar som er utforma slik at det er fare for fall, bør ha rekkverk langs ende- og sidevegger.

Skrensekant og rekkverk på låvebruEi låvebru skal ha skrensekant for køyretøy (60 cm er tilrådd) og rekkverk som til saman er 1 m høgt. Skrensekanten skal vere solid utført og bør gå heilt ned til enden av brua.

2.2.5Er kummar og dammar sikra på ein forsvarleg måte?

Brønnar og kummar skal vere sikra med lokk eller overbygg. Lemmar og lokk bør vere så tunge at barn ikkje kan opne dei, og eventuelt hengsla slik at dei ikkje blir fjerna frå staden.

Gjerde rundt dam nær busetnad bør gå heilt ned til marka, vere minst 1,50 m høgt, og ha solid fundament. Port eller grind må ha solid lås eller annan innretning for lukking. Gjerdet med port eller grind må vere utført

Ja Nei IA

Page 5: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 5

av solide materialar, og vere så tett at barn ikkje kan kome gjennom det. Tildekking, overbygning, lokk, lås og gjerde med port eller grind skal haldast i forsvarleg stand.

2.2.6Er det gjort tiltak for å hindre skadar frå gjenstandar som kan falle eller velte?

Fall eller fallande/veltande gjenstandar er årsak til mange skadar og dødsulykker i landbruket. Under er det nemnt nokre område som ein bør vere merksam på. Ha spesielt fokus på dette området dersom det er barn på garden.

Reiskapar, dekk, pallar, rundballar og storsekker, taljer, frontlastar og anna skal sikrast mot å falle, velte eller rase saman. Det må sikrast mot ras frå tak i område der folk ferdast.

2.2.7Er det montert setebelte på alle traktorar og mobile arbeidsmaskiner som kan velte under bruk?

Den som driv garden, har ansvar for at det tekniske utstyret er forsvarleg verna og konstruert. Traktoren er den maskina som er årsak til flest skadar og ulykker. Bruk av setebelte kan vere avgjerande for utfallet ved velt og utforkøyring. Kravet til setebelte gjeld for alle typar mobile arbeidsmaskiner der det er veltefare.

Forskrift om utføring av arbeid seier, § 19-4 Farar ved velt seier;

Mobilt arbeidsutstyr som kan velte under bruk og som har plass for førar eller arbeidstakar skal ha:

a) Enten ein vernekonstruksjon som sikrar at utstyret ikkje veltar meir enn ei kvart omdreiing, ellerb) ein konstruksjon som gir tilstrekkeleg rom kring føraren og dei arbeidstakarane som held til på arbeidsutstyret, dersom veltebevegelsen kan fortsette meir enn ei kvart omdreiing, ellerc) ein annan innretning med tilsvarande verknad.

Vernekonstruksjonane kan vere ein integrert del av arbeidsutstyret.

Vernekonstruksjonar krevst ikkje når arbeidsutstyret er stabilisert under drifta, eller dersom utforminga er slik at velt ikkje er mogleg.

Dersom det er fare for at ein arbeidstakar som held til på arbeidsutstyret skal kunne bli klemt mellom delar av arbeidsutstyret og bakken ved velt, skal det finnast ein fastspenningsinnretning for desse arbeidstakarane.

Løfte- og stablevogner som fører med seg éin eller fleire arbeidstakarar, skal ha:

a) ein vernekonstruksjon som hindrar velt, ellerb) eit veltesikkert vern, ellerc) ein konstruksjon som sikrar ei tilstrekkeleg klaring for arbeidstakarane mellom bakken og utstyret dersom løfte- og stablevogna velter, ellerd) ein konstruksjon som spenner fast arbeidstakarane til førarsetet og slik hindrar at dei blir klemt mellom bakken og delar av løfte- og stablevogna ved velt.

Traktor skal vere ustyrt med typegodkjent førarvern (førarhus eler verneramme) som beskyttar føraren ved velt og steiling.

2.2.8Er verneinnretningar på traktorar, maskiner og reiskapar på plass og i orden?

Kraftuttak (front-, side- og bakmontert) på traktor og maskiner og kraftinntak på reiskapar skal vere skjerma med eit fast vern. Kraftoverføringsakslar skal skjermast med røyrvern. Reimar, kjeder, tannhjul, transportskruar og andre rørlege delar skal utstyrast med vern.

Lover og forskrifter: - Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) - Forskrift om utforming og innretning av arbeidsplasser og arbeidslokaler (arbeidsplassforskrifta)

Ja Nei IA

Page 6: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

6 2 - Helse, miljø og tryggleik

2.3 RISIKOVURDERING

Vurdering av risiko er noko vi alle gjer daglig og dette hindrar mange ubehagelege situasjonar. For nokre arbeidsoppgåver er det derimot viktig at vi tek ei grundig vurdering slik at vi er sikre på at vi utset oss for minst mogleg fare. Slik risikovurdering skal gjerast skriftleg.

Ei risikovurdering/kartlegging er ein grundig gjennomgang av kva som kan forårsake skadar eller sjukdom på arbeidsplassen din. Etter kartlegginga kan du vurdere om du har teke tilstrekkelege forholdsreglar eller om du bør gjere meir for å hindre at noko skjer. Målet er at ingen blir skada eller sjuke. Ulykker og dårleg helse kan øydeleggje eit menneskeliv, samtidig som det kan få konsekvensar for verksemda i form av fråvær, produksjonstap, øydelagt utstyr osv. Arbeidsmiljølova krev at aller verksemder skal kartlegge risikoen på arbeidsstaden. Det er arbeidsgjevaren som har ansvaret for å gjennomføre kartlegginga.

Tre enkle spørsmål er kjernen i risikovurderinga:

• Kva kan gå galt?• Kva kan vi gjere for å hindre dette ?• Kva kan vi gjere for å redusere konsekvensane dersom det skjer?

Les meir om risikovurdering på arbeidstilsynet.no.

2.3.1 Er det rutiner for å gå gjennom moglege farar ved bruk av forskjellige typar maskinar/reiskap?

Ein del arbeidsreiskapar utgjer større fare for ulykker og må handterast deretter. Ved bruk av rundballepresse, skurtreskar, siloriver, fôrmiksar osv. er det viktig å sikre seg ved å stoppe drivverk og motor før inspeksjon.

Bruk av rundballepresse i bratt terreng kan både føre til velt av presse ved utslepp av rundball og rundballar på avvegar.

Vernerunden skal avdekke kva for reiskap som treng eit spesielt fokus med omsyn til tryggleik.

Ved bruk av farleg reiskap er det viktig å vurdere kva for risiko arbeidet medfører. Tenk nøye gjennom kva for farlege situasjonar som kan oppstå, og ta dei forholdsreglar som er nødvendige slik at skade på person eller maskin ikkje oppstår. Nokre minutt ekstra forsiktigheit kan spare mykje ved at ein unngår stopp eller skade.

Skjema for risikovurdering finn du på ksl.no.

2.3.2Er det tilrettelagt for sikker handtering av dyr for å unngå ulykker?

Husdyr er den direkte årsaka til flest personskadar i landbruket. Vanlege årsaker til skadar er at ein blir stanga, klemt, biten eller tråkka på. I tillegg skjer det i samband med husdyrhald ei rekkje ulykker som er utløyste av andre forhold enn dyra sjølv. Glatte golv og «snublefeller» ute og inne er viktige utløysande faktorar. Dei tre farlegaste arbeidsoperasjonane er flytting av dyr, fôring og mjølking. Husdyrhaldforskriftene tilrår tilrettelegging for flytting av dyra frå fjøs til transportbil. Tilpassa drivgangar, utgangar og rampe på utsida er gode tiltak. Ver spesielt merksam ved handtering av kyr som nyleg har kalva, og av oksar.

Viktige tiltak ved handtering av husdyr er:

• venn dyra i ung alder til menneskeleg kontakt• ta omsyn til reaksjonsmønstra til dyra• følg faste og gode rutinar• instruer avløysarar om dyra og arbeidsrutinane dine• planlegg så langt som mogleg at det er minst to personar til stades ved flytting av dyr • planlegg drivgangar og enkle flytterutinar ved nybygging og ombygging• bruk sparkebøyle på kua når det er nødvendig• sjå etter og planlegg rømmingsvegar slik at du heile tida har moglegheit til å koma deg vekk frå farlege

situasjonar

Som hjelp til vurdering av faremoment kan du bruke skjema for risikovurdering og sikker jobbanalyse på ksl.no.

Ja Nei IA

Page 7: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 7

2.3.3Er det gjort ei vurdering av risiko ved bruk av kjemikaliar?

I følgje forskrift om utføring av arbeid omfattar omgrepet kjemikaliar ei svært stor breidd av stoff og sambindingar. Det handlar om gassar, faste og flytande stoff og om alle typar kjemiske sambindingar eller stoff som blir frigjorde under ein arbeidsprosess.

Det er mange vanlege stoff ein kanskje ikkje tenkjer på som kjemikaliar, for eksempel bensin, diesel og mineralgjødsel. På ein gard kan det også i mange tilfelle frigjerast gassar i arbeidsprosessar. Eksempel er silogass, gjødselgass og sveiserøyk.

RisikovurderingEi risikovurdering skal dokumentere førekomsten og bruken av kjemikaliar og vurdere kva risiko desse in-neber for helse, miljø og tryggleik. Det skal veljast produkt og arbeidsmetodar som gir minst mogleg risiko. Risikovurderinga skal vere skriftleg. Den som driv garden, har ansvar for å unngå forureiningar i form av røyk, støv, gass og liknande eller redusere desse til lågast mogleg nivå. Hugs at også barn treng vern mot støv, gass og støy! Der det ikkje finst tilpassa verneutstyr for barn må barn haldast utanfor det utsette området.

Hjelpeskjema for risikovurdering av kjemisk helsefare finn du på ksl.no.

Kreftframkallande og arveskadelege stoffAlle som arbeider med kreftframkallande og arveskadelege stoff, skal vere kjende med farane. Arbeidsgivaren pliktar å informere om farane før stoffa blir tekne i bruk. Gravide og ammande må ikkje arbeide med slike stoff dersom risikovurderinga viser at arbeidet kan medføre fosterskade. Det er forbode for barn og ungdom under 18 år å arbeide med desse stoffa.

Område der det blir nytta kreftframkallande stoff, skal merkjast. Sørg for at det ikkje blir ete, drukke eller røykt i arbeidslokala eller mens midla blir brukte. Privat tøy og arbeidstøy skal haldast åtskilde, og det skal finnast vaskeplassar like i nærleiken. Hjelpeskjema for risikovurdering av kjemikaliar finn du på ksl.no.

2.3.4Er det gjort ei risikovurdering knytt til kva for arbeidsoppgåver barn og ungdom kan utføre?

Sørg for at barn har trygge område å opphalde seg på. Barn skal ikkje vere passasjerar på traktor eller anna utstyr dersom det ikkje finst ekstra sete med sikring.

Barn og ungdom under 18 år skal ikkje setjast til arbeid som kan innebere særleg risiko, eller som overstig den fysiske eller psykiske yteevna deira. Det skal gjerast ei risikovurdering før barn eller ungdom blir sette i arbeid.

Krav til opplæring ved bruk av arbeidsutstyr, og dokumentasjon av dette, gjeld også for eigne barn.

2.3.5Er gardsverkstaden vurdert med tanke på branntryggleik?

Ein gardsverkstad inneheld ofte mange brannfarar: sveiseutstyr, slipeutstyr, brannfarlege væsker osv. For å minske risiko må ein vurdere korleis utstyret brukast og oppbevarast slik at det ikkje bidreg til sjølvtenning.

2.4 MASKINAR OG REISKAPAR

Den som driv garden har ansvar for at det tekniske utstyret er forsvarleg sikra og halde ved like, og at det er riktig konstruert.

2.4.1Blir service og vedlikehald utført jamleg og i samsvar med instruksjonsbok/brukarmanual for den enkelte maskina (dokumenterast med enkel servicebok der det førast inn dato og kva som er gjort)?

Vedlikehald inneber både førebyggjande og korrigerande vedlikehald. Som hovudregel skal det berre vere mogleg å utføre vedlikehaldsarbeid når arbeidsutstyret er stansa og energitilførselen er fråkopla. Vedlikehald skal utførast på ein sikker måte, med bruk av eigna verktøy og verneutstyr. Speglar, lys, setebelte og bremsar skal ettersjåast jamleg. Gjennomført vedlikehald skal dokumenterast med dato for gjennomføring og beskriving av utført arbeid. Sjekkliste for maskinar finn du på ksl.no.

Ja Nei IA

Page 8: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

8 2 - Helse, miljø og tryggleik

2.4.2Ved køyring på veg og ved køyring der det er fare for velt skal setebelte alltid brukast. Er det rutinar som sikrar at setebelte blir brukt der dette er eit krav?

Last, heva frontlast, terreng og anna er forhold som verkar inn på stabiliteten til traktoren. Bruk alltid setebelte ved fare for velt og ved køyring på veg.

Ein traktor som er registrert med konstruktiv fart på over 40 km/t (klasse T5 og registrert etter 1. juli 2005) skal ha montert setebelte. Dette er hjemla i § 16-8 i køyretøyforskrifta.

Kravet om bruk av setebelte er knytt til alle område der vegrafikklova gjeld (offentleg eller privat veg, parkeringsplassar osv.).

For alle andre traktorar er kravet om bruk av setebelte knytt til § 19-4 i forskrift om utføring av arbeid.

2.4.3Er det utført forskriftsmessig kontroll og sertifisering av utstyr som krev dette?

For visse typar arbeidsutstyr er det krav om at det skal gjennomførast periodisk sakkyndig kontroll. Dette gjeld blant anna for:

• silotalje (eller annan løftereiskap)• truck• masseflyttingsmaskin (minilaster o.l.) med større effekt enn 15 kW (20,4 hk)• løfte- og stablevogner• kran for løft av storsekk på såmaskin• funksjonstest av åkersprøyte (ein del av sjekkliste 1 Generelle krav til garden)

Skinnegåande fôringsvogner blir ikkje rekna som trallebaner, så det er ikkje krav om sakkyndig kontroll av dei, men dei skal følgjast opp med dokumentert periodisk kontroll.

Oversikt over sertifiseringsorgan for utstyr finn du på sert555.no.

Lover og forskrifter: - Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) - Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) - Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid)

- Forskrift om utforming og innretning av arbeidsplasser og arbeidslokaler (arbeidsplassforskrifta) - Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning - Forskrift om konstruksjon, utforming og fremstilling av arbeidsutstyr som ikke dekkes av forskrift om maskiner (produsentforskrifta)

- Forskrift om administrative ordninger på arbeidsmiljølovens område (forskrift om administrative ordningar)

- Lov om veitrafikk

2.5 ARBEIDSMILJØ

Vurder driftsbygningar og arbeidsrom med tanke på best mogleg tilrettelegging, slik at arbeidet så langt som råd kan skje i gode arbeidsstillingar, med godt lys og så lite støyplage som mogleg. Ein oversiktleg og ryddig arbeidsplass førebyggjer skadar og ulykker og gjer arbeidet meir effektivt.

2.5.1Blir det gjennomført tiltak for å redusere støyplaga på støyande arbeidsplassar?

Nedsett høyrsle er den vanlegaste konsekvensen av støy, men støy kan òg føre til stress og hjarte- og karsjukdommar og medverke til auka risiko for ulykker.

Tiltaksgrensa for støy er 80 dB(A) for ein arbeidsdag. Det vil seie at ved støy på dette nivået og høgare skal det setjast i verk vernetiltak. Dersom du ikkje kan redusere støyen må du beskytte deg ved bruk av høyrslevern.

Ver merksam på at det ikkje berre er langvarig støy som kan skade høyrsla. Kortvarige, høge lydar frå for

Ja Nei IA

Page 9: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 9

eksempel spikarpistol, skot og slipemaskin kan vere like skadeleg.

Ein reduksjon eller auke på 3 dB(A) svara til ei halvering eller dobling av støynivået.

2.5.2Er det sett i verk tiltak for å førebyggje vibrasjonsskadar?

Vibrasjonar frå traktorar, maskiner og handverktøy kan over tid gi skadar. Dess lengre eksponering og sterkare vibrasjon, dess større risiko er det for skadar på musklar og nervar. Det er ein fordel om ein kan ta pausar eller fordele denne typen belastning over tid.

Verktøykasse for førebygging av muskel- og skjelettplagar finn du på arbeidstilsynet.no.

2.5.3Er det sett i verk tiltak for å førebyggje belastningsskadar?

Belastningsskadar er den viktigaste årsaka til uførleik i landbruket. Derfor er det tilrådeleg å leggje vekt på dei ergonomiske arbeidsforholda. Kroppen treng rørsle og belastning, men får skadar dersom belastninga blir for stor.

Årsaka til belastningsskadar kan vere at arbeidet er for tungt eller for einsformig, blir utført i uheldige arbeidsstillingar eller varer for lenge. Fleire enkeltoperasjonar som kvar for seg ikkje verkar tunge, kan til saman og over tid føre til for høg totalbelastning. Andre forhold, som vibrasjonar, støy, kulde, dårleg lys og dårleg psykososialt arbeidsmiljø, kan auke risikoen for belastningsskadar.

For å førebyggje belastningsskadar er det viktig å variere arbeidet og unngå einsformig arbeid og for stort tidspress. Utstyr skal kunne regulerast slik at det kan tilpassast den enkelte brukaren. Ved belastande arbeid der variasjon ikkje er mogleg, må det vere tid til nødvendig kvile og pausar.

2.5.4Er det tilstrekkelig lys for å sikre arbeidsmiljø og tryggleik på dei ulike arbeidsstadene?

Sørg for god opplysing ved alle arbeidsplassar og gang- og køyrevegar. God opplysing og ein ryddig arbeidsplass aukar tryggleiken.

I samanheng med eigenrevisjonen bør ein gå gjennom og vurdere lysforholda på stadene der ein arbeider. Det finst forskjellige måleinstrument for å måle lysstyrke. Hugs at behovet for lys aukar med stigande alder.

Arbeidslokale og arbeidsplassar skal vere utforma og innreidde slik at dei enkelte arbeidsplassane får tilfredsstillande opplysning for å verne tryggleiken og helsa til arbeidstakarane.

Arbeidsplassar utandørs skal vere tilstrekkeleg opplyste med kunstig lys dersom det ikkje er nok med dagslys. Der det av tryggleiksgrunnar er nødvendig, skal også ferdselsvegar vere opplyste. Lysstyrken skal vere tilpassa rådande arbeids- og trafikkforhold. Lysinstallasjonane skal vere tilpassa dei klimatiske forholda.

Opplysingsinstallasjonar i arbeidslokale, på arbeidsplassar og ved tilkomstvegar, transportvegar og lasteplassar skal vere plasserte på ein slik måte at den valde forma for opplysing ikkje inneber nokon ulykkesrisiko for arbeidstakarane. Opplysinga skal vere slik innretta at det ikkje fører til fare på grunn av misforståingar om kva for maskindelar som er i rørsle, eller kva rørsleretning dei har.

2.5.5Den som driv garden, har ansvar for at det blir brukt personleg verneutstyr når det ikkje på annan måte kan takast forholdsreglar for å oppnå tilfredsstillande vern av liv og helse. Er det rutinar for bruk, opplæring, oppbevaring, vedlikehald og reparasjon eller utskifting av verneutstyret?

For å oppnå optimalt vern er det viktig med riktig og tilpassa verneutstyr. Oppbevaring, ettersyn og kontroll av verneutstyret er viktig, slik at det ikkje gir falsk tryggleik.

Kva som er riktig personleg verneutstyr, må vurderast i kvart enkelt tilfelle, men det kan dreie seg om spikarsole og ståltupp i sko, verneinnlegg i klede, hanskar, hjelm og andedretts- og høyrslevern.

Riktig verneutstyr er beskrive i punkt 8 i tryggleiksdatabladet for det aktuelle kjemikaliet og i bruksrettleiingane til teknisk utstyr.

Ja Nei IA

Page 10: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

10 2 - Helse, miljø og tryggleik

2.5.6Tryggleiksdatablad skal vere tilgjengeleg der kjemikaliane lagrast/brukast. Finst det tryggleiksdatablad for alle kjemikaliar som blir nytta på garden?

Alle verksemder skal ha stoffkartotek med tryggleiksdatablad for helsefarlege og brann- og eksplosjons-farlege stoff (f.eks. plantevernmiddel, olje, vaskemiddel). Leverandøren av kjemikaliar pliktar å skaffe tryggleiksdatablad. Ver merksam på at det kan vere stor forskjell mellom lengda på tryggleiksdatablada frå leverandør til leverandør (spesielt for diesel og oljeprodukt kan nokre bli på 70–80 sider). Bruk det som er enklast og lettast å ha tilgjengeleg.

Tryggleiksdatabladet inneheld vitale opplysningar for lege/sjukehus. Ha tryggleiksdatablada tilgjengelege der kjemikaliane er i bruk, slik at helsepersonell og hjelpemannskap fort kan finne opplysningar om behandlingsmåte. Tryggleiksdatabladet inneheld også instruksar om nødvendig førstehjelp som kan utførast utan medisinsk kompetanse eller avansert utstyr.

Mellomlagringskanner skal ha etikettar tilsvarande originalemballasjen.

Tryggleiksdatablad er systematisk oppbygde. Dei inneheld 16 punkt som alltid står i same rekkjefølgje. Det er visse opplysningar som skal stå i kvart punkt. Punkt 2, 4, 7, 8 og 11 i tryggleiksdatabladet er spesielt nyttige ved vurdering av arbeidsmiljøet og ved risikovurderinga:

Punkt 2 – Viktigaste faremoment: Dette er «konklusjonen» på databladet og fortel kva for faremoment som er knytte til stoffet når det gjeld helse, brann og miljø. Her står det kva for faremerke som skal stå på emballasjen.

Punkt 4 – Førstehjelpstiltak: Her er det informert om førstehjelpstiltak på ein måte som ein kan forstå utan spesiell opplæring, og som ikkje krev bruk av avansert utstyr.

Punkt 7 – Handtering og lagring: Her er det gjort greie for eigenskapar og farar ved stoffet. Det er gitt handteringsrettleiing og lagringstilvising.

Punkt 8 – Eksponeringskontroll og personleg verneutstyr: Her er det opplyst korleis ein skal førebyggje skadar, og kva slags verneutstyr ein må bruke dersom dette er nødvendig.

Punkt 11 – Helsefareopplysningar (toksikologiske opplysningar): Dette punktet gir opplysningar om korleis stoffet blir teke opp i kroppen. Det fortel også kva verknad kjemikalien har både ved akutt eksponering og ved gjenteken eksponering. Dette punktet er utarbeidd med tanke på bedriftshelseteneste eller medisinsk personell.

Punkt 10, 13 og 14 gir opplysningar om kor store sjansar det er for farlege reaksjonar, om avfallshandtering og om transport.

Ein av grunnane til at tryggleiksdatablad er så omfattande, er at dei er verktøy for både småbedrifter og store industriføretak – også for dei som lagar eigne blandingar. Tryggleiksdatablada skal gi viktige opplysningar blant anna om transport og lagring og om stoff som er sette saman av fleire komponentar.

Bonden treng ikkje all denne informasjonen, men for brannmannskap og helsepersonell er dette avgjerande. Derfor skal heile tryggleiksdatabladet finnast der kjemikalien blir brukt, og det skal vere lett tilgjengeleg for alle.

GiftinformasjonInformasjon om giftstoff får du på telefon 22 59 13 00. Lagre dette nummeret på telefonen, slik at du raskt finn det i ein krisesituasjon.

2.5.7Har alle på garden kjennskap til kor tryggleiksdatablada oppbevarast?

Sjå rettleiinga til punkt 2.5.6.

2.5.8Er det sett i verk tiltak for å redusere eksponering av støv?

Ei rekkje arbeidsoperasjonar kan innebere eksponering for biologisk materiale som kan vere

Ja Nei IA

Page 11: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 11

sjukdomsframkallande, til dømes parasittar, sopp og bakteriar. Før arbeidet blir sett i gang, skal risikoen vurderast og eventuelle vernetiltak setjast i verk.

Støv i landbruket kan innehalde mikroorganismar (bakteriar, soppsporar o.l.). Både støv og biologisk materiale kan gi helseplager i form av luftvegslidingar, augeirritasjonar, snue og andre lidingar. Godt reinhald og gode arbeidsrutinar reduserer eksponeringa for støv. Det skal treffast tiltak for å redusere eksponeringa for støv og biologisk materiale. Rutinemessig reinhald av fôrsiloar og andre stadar der det kan utviklast muggsopp er døme på tiltak. Støvkjelder skal så langt som mogleg fjernast eller byggast inn.

Bruk støvmaske ved støvutsette arbeidsoperasjonar. Støvmasker er merkte etter filtreringsevne. For landbruk er det viktig å bruke masker med merking P2 eller P3. Oversikt over filtertypar finn du på arbeidstilsynet.no.

2.5.9Er det tilstrekkeleg ventilasjon eller punktavsug der køyretøy blir starta/brukt inne, og der det blir utført sveising, sliping eller liknande arbeid?

Ved arbeid i innestengde lokale er det viktig med tilstrekkeleg ventilasjon. Kva som er tilstrekkeleg kjem an på kva for arbeid som utførast og kva for utstyr som brukast. For å få ei vurdering av ventilasjon og luftkvalitet kan leverandørar av ventilasjonsanlegg eller bedriftshelsetenesta i samarbeid med NLR kan vere til hjelp.

2.5.10Finst det rutinar for unngå forgifting av silogass, gjødselgass eller annan gass?

Dødelege gassarDei gassane som inneber størst risiko for å døy av i landbruket, er silo- og gjødselgassar. Desse gassane er blandingar av fleire forskjellige gassar som kan gi helseskade eller føre til død. Nokre av silo- og gjødsel-gassane har verken farge eller lukt. og ein merkar dei derfor kanskje ikkje før det er for seint. Både silo- og gjødselgassane fortrengjer oksygen, noko som kan føre til kveling. Gassane kan også vere giftige. Ein må sørgje for nok oksygen før ein går inn i eit rom der det er fare for dødelege gassar. Dersom det er fare for oksygenmangel, kan trykkluftflasker eller kompressortilført luft nyttast som verneutstyr. Dersom det trengst redningsinnsats, kontakt brannvesenet på telefonnummer 110.

SilogassarFaren for silogass er størst ved innlegging, jamning/pakking og pålegging/avtaking av press, eller dersom det har vore eit opphald i legginga. Gassutviklinga held fram heilt til grasmassen er ferdig ensilert. Om gjæringa tek til på nytt, startar også gassproduksjonen på nytt. Det er viktig å etablere gode rutinar for utlufting. Bruk alltid silovifte.

GjødselgassVer merksam under røring og ved opphald i tappegrop og ved gjødselvogn. Syt for ekstra god ventilasjon og gjennomtrekk i husdyrrom.

Ammoniakk Ammoniakk er ein kraftig luftvegsirritant. Langvarig eksponering kan gi kronisk irritasjon av auge, nase og øvre luftvegar, mens høg eksponering kan gi rask død.

Tips om sikker lagring og riktig bruk av husdyrgjødsel kan du finne på fylkesmannen.no.

Lover og forskrifter: - Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) - Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid)

- Forskrift om utforming og innretning av arbeidsplasser og arbeidslokaler (arbeidsplassforskrifta) - Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning - Forskrift om tiltaksverdier og grenseverdier for fysiske og kjemiske faktorer i arbeidsmiljøet samt - smitterisikogrupper for biologiske faktorer (forskrift om tiltaks- og grenseverdiar)

Ja Nei IA

Page 12: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

12 2 - Helse, miljø og tryggleik

2.6 BARN OG UNGDOM

Garden kan vere ein farleg plass for barn, fordi dei bur der arbeid blir utført.

2.6.1Finst det trygge leikeområde for barn?

Syt for at barn har trygge område å opphalde seg på. Barn skal ikkje vere passasjerar på traktor eller anna utstyr dersom det ikkje finst ekstra sete med sikring.

Barn og ungdom under 18 år skal ikkje setjast til arbeid som kan innebere særleg risiko, eller som overstig den fysiske eller psykiske yteevna deira. Det skal gjerast ei risikovurdering før barn eller ungdom blir sette i arbeid.

Krav til opplæring ved bruk av arbeidsutstyr, og dokumentasjon av dette, gjeld også for eigne barn.

Lover og forskrifter: - Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova)

2.7 BRANNSIKRING

Feil på elektriske anlegg og feil bruk av elektriske apparat er årsak til over halvparten av brannane i landbruket. God kontroll, godt vedlikehald og riktig bruk er derfor viktige tiltak i brannførebyggjande arbeid på garden. Kunnskap om kva som eignar seg, og kva kvalitet som krevst ut frå bruk, fysisk/kjemisk miljø og belastning er avgjerande for branntryggleiken og dermed for ein stabil og føreseieleg produksjon.

Landbrukets Brannvernkomité (LBK) har utarbeidd tilrådingar for brannførebygging i driftsbygningar, sjå lbk.no for fleire opplysingar.

Ved nybygg og større ombygging er det lurt å søkje råd hos forsikringsselskap eller rådgivingsteneste før byggjearbeida tek til.

Blant anna blir seksjonering av driftsbygningar tilrådd for å avgrense brann. Forsikringsselskapa kan setje krav til seksjonering.

Det er viktig å kjenne til LBKs tilrådingar som gjeld nye bygg og ved større ombyggingar.

Den nye plan- og bygningslova gjeld i landbruket. Det er likevel gitt høve til at bonden sjølv kan stå som ansvarleg byggherre for bygg under 1000 m2. Ved tilbygg gjeld arealavgrensinga summen av eksisterande bygg og tilbygg.

Branntekniske krav til bygningsmassen gjeld også i landbruket. Krav til brannberedskap er heimla i dyrevernlovgivinga (Mattilsynet). I forskriftene om velferd for/hald av dei ulike dyreslaga er det sett krav om rømmingsvegar, fagleg kontroll av elektriske anlegg og krav om brannvarslingsanlegg og brannsløkkingsutstyr.

Gode råd mot brann• hald orden og ha godt reinhald• ha kontroll på elektriske anlegg.

- bruk berre godkjent utstyr, og hald det ved like - monter jordfeilbrytar (krav) og overspenningsvern

• etterskru sikringar jamleg og hald døra på sikringsskapet lukka (tette sikringsskap)• brenn ikkje avfall og gras nær hus• monter hovudstraumbrytar på traktor og annan motorisert reiskap• ta nødvendige forholdsreglar ved bruk av vinkelslipar og ved varme arbeid• ha sløkkjeutstyr tilgjengeleg, og lær alle å bruke det• lag ein beredskapsplan• installer brannvarslingsanlegg

BrannseksjoneringRettleiinga til teknisk forskrift til plan- og bygningslova tilrår at husdyrrom skal utførast som eiga branncelle.

Ja Nei IA

Page 13: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 13

• dersom husdyrrommet er over 300 m2, er kravet til brannmotstand 60 minutt (REI 60)• dersom husdyrrommet er under 300 m2, er kravet til brannmotstand 30 minutt (REI 30)

Dører mellom husdyrrom og andre rom skal ha same brannmotstand som veggen. Det er ikkje tillate å ha dør frå husdyrrom direkte til verkstad og garasje.

For bygg satt opp etter 2010 gjeld krava i byggforksrifta (TEK 10). Det betyr at alle bygg der det er husdyr skal ha brannvarsling, uavhengig av antall som eventuelt er beskrive i forskriftene om hald av dyr.

SløkkjeutstyrDet er krav om sløkkjeutstyr i bustadhus, bygningar med husdyr og verkstader. Vurder plassering av sløkkjeutstyr i forhold til inngangsdører, rømmingsvegar, el-tavler og teknisk utstyr.

Sløkkjeutstyr kan vere pulver- eller skumapparat eller vasslange. Sørg for at vassforsyning og slange ikkje frys, og at slangen har stor nok rekkjevidd. Brannslange skal alltid vere tilkopla.

2.7.1Er det gjort tiltak som hindrar brann i utstyr og bygningar ved sveising, sliping eller andre varme arbeid?

Ved sveising, sliping, skjering, lodding og liknande skal ein gjennomføre tiltak som hindrar brann i utstyr og bygningar. Det skal vere eigna sløkkjemiddel tilgjengeleg like i nærleiken.

2.7.2Er det gjennomført kurs i varme arbeid?

Varme arbeid er ei årsak til mange brannar også i landbruket. Eit kurs gir deg nyttig kunnskap om moglege brannfarar og kva for krav som blir stilt til deg som næringsdrivande. Ved bestått eksamen blir det skrive ut eit sertifikat som er gyldig i 5 år.

I tillegg til føresegnene i kapittel 3 i forskrift om brannforebygging har forsikringsbransjen ein eigen tryggleiksforskrift for utføring av varme arbeid. Desse tryggleiksforskriftene er ikkje offentlege forskrifter, men er reglar som følger forsikringsavtalen. Du er derfor pliktig til å følge desse reglane dersom du har forsikring.

Meir informasjon om tryggleikssreglar ved varme arbeid finn du på lbk.no.

2.7.3Er rømmingsvegar opne og rydda (gjeld også snø)?

Bygningar og arbeidsplassar skal vere utforma med tilstrekkeleg tal rømmingsvegar og naudutgangar. Desse skal til ei kvar tid vere opne for fri ferdsel og skal lett kunne opnast innanfrå utan spesielle hjelpemiddel. Dører som er plassert i rømmingsvegen skal opne i rømmingsretninga.

Talet på rømmingsvegar og naudutgangar, fordeling og dimensjonar skal tilpassast bruken av arbeidsplassen, ustyr og dimensjonar og etter det høgste talet på personer som kan vere til stades.

Rømmingsvegar og naudutgangar skal så direkte som mogleg føre ut i det fri eller til eit område eller rom er lagt til rette for å verne mot farar som kan oppstå, og der arbeidstakarane kan opphalde seg trygt inntil dei kan reddast eller faren er over.

Rømmingsvegane må ikkje vere sperra av snø om vinteren.

I driftsbygningar skal det vere uhindra tilgang til minst to rømmingsvegar. Frå husdyrrom gjeld eigne anbefalingar. Sjå kvar einskild standard for utfyllande informasjon.

2.7.4Er det trena på evakuering ved ein krisesituasjon?

Utarbeid ein rømmingsplan for heimen og garden og tren på den.

Frå husdyrrom må det alltid vere to utgangar eller rømmingsvegar som er tilpassa dyrearten og tilrettelagt slik at dyr lett kan evakuerast. Dyr vil lettast følge vegar dei har gått tidlegare og desse bør vere utført som rømmingsveg. Rømmingsvegar med retningsforandringar og nivåforskjellar er lite eigna.

Ja Nei IA

Page 14: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

14 2 - Helse, miljø og tryggleik

Evakueringa vil i dei fleste tilfella kunne utførast raskare dersom det er lagt til rette for passasje av to dyr samtidig. Minimumsbreidder er sett for å hindre at dyra kilar seg fast. TEK 10 beskriv også breidde på rømmingsvegar slik: Utgangar eller rømmingsveger må ha fri breidde på minimum 1,6 m frå rom for oksar, kyr, hestar og minimum 1,0 m frå rom for gris, sau og geit.

Utslåande dør i yttervegg som er utgang eller rømmingsveg må ikkje kunne blokkerast av snø eller is. Overbygg på tak og snøfangarar på tak o.l. vil kunne forhindre dette.

2.7.5Finst det tilstrekkeleg med sløkkeutstyr, plassert lett synleg i bygget, og er det klart til bruk?

I byggforskriftene blir tilstrekkeleg sløkkeutstyr omtala som: “I eller på alle byggverk der brann kan oppstå, skal det vere manuelt brannsløkkeutstyr for effektiv sløkkjeinnsats i startfasen til brannen”.

Faglege anbefalingar seier at det minimum skal vere eit brannsløkkingsapparat ved ut-/inngangar til alle brannceller og i alle rom med stor brannbelastning. Ved inngangsdører der det er plassert brannsløkkings-apparat bør det vere eit oppslag om at det er plassert apparat innanfor døra.

I samanheng med din årlege eigengjennomgang av elektrisk anlegg og utstyr er det viktig å foreta ei vurdering av om ein har tilstrekkeleg brannsløkkeutstyr.

Handsløkkeapparat kan vere pulverapparat på minimum 6 kg med ABC-pulver, eller skum- og vantapparat på minimum 9 liter eller på minimum 6 liter med effektivitetsklasse minst 21A etter NS-EN 3-7 Brannmateriell - Håndslukkere Del 7: Egenskaper, ytelseskrav og prøvingsmetoder.

Brannsløkkeutstyr skal oppbevarast lett tilgjengeleg og vere klar til bruk.

2.7.6Blir traktoren parkert i eigna/godkjend garasje eller på ein stad der det ikkje er fare for brannspreiing til bustader (f.eks. utandørs)?

For køyretøy med hovudstraumbrytar skal golvet i garasjen/parkeringsrommet vere tett og ha ei overflate som ikkje er brennbar. Kravet gjeld arealet under traktoren og 1 meter utanfor.

For køyretøy som ikkje har hovudstraumbrytar krevst det at heile golvet i garasjen skal vere tett og ha ein overflate som ikkje er brennbar.

Det stillast ikkje krav til veggar og himling i garasjen. Dette gjeld anten garasjen er eiga bygning, eller ligg i/ved anna bygning. Golv med tett og ikkje brennbar overflate kan vere stålplate lagt på eksisterande tregolv. I garasjen er det påbode å ha minst eitt brannsløkkingsapparat.

2.7.7Blir tankar for gass, drivstoff og anna brensel kontrollerte jamleg og i samsvar med offentlege krav?

OverflatetankarDen som eig og/eller brukar flytande og gassformig brensel og tilhøyrande utstyr og anlegg, skal syte for at dette blir oppbevart, brukt og drifta på ein forsvarleg måte. Det må lagast drifts-, vedlikehalds- og kontrollplanar. Det bør nyttast sjekklister med opplysningar om kontrollpunkt og intervall for å forenkle og tydeleggjere arbeidet. Oljetankar skal plasserast slik at dei ikkje utgjer ein brann- og/eller eksplosjonsfare, og minimum 5 m frå brennbart materiale/bygning.

Tankar som er gravne nedDei som har tankar som inneheld olje eller diesel, er ansvarleg for å hindre lekkasjar frå desse. Brukaren er ansvarleg for at det blir teke jamleg tilstandskontroll av oljetankar med kapasitet på meir enn 3 200 liter som er gravne ned. Kontrollen skal gjennomførast av ein kommunalt godkjend kontrollør, og den skal vere skriftleg dokumentert. Kor ofte dette skal gjerast er avhengig av type tank.

Kommunen skal ha skriftleg melding om tankar som blir tekne ut av bruk. Oljetankar som er gravne ned og som blir tekne permanent ut av bruk, skal tømmast og gravast opp. Tankar som ikkje kan brukast på nytt utan å representere fare for lekkasjar, skal destruerast. Kommunen kan i særlege tilfelle gi tillating til at tankar som permanent blir tekne ut av bruk, kan reingjerast og fyllast med sand, grus o.l. i staden for å bli gravne opp.

Ja Nei IA

Page 15: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 15

GassFor gassanlegg er det viktig å merke seg at det krevst ein kontroll gjennomført av akkreditert inspeksjonsorgan. Les meir om kontrollrutinar på dsb.no.

2.7.8Blir drivstoff, brensel og anna brannfarleg stoff oppbevart i sikker avstand til brennbart materiale og i samsvar med aktuelle forskrifter?

Sjå rettleiing til punkt 2.7.7.

2.7.9Er det gjennomført periodisk kontroll av brannsløkkingsutstyr?

Periodisk kontroll av handsløkkjarar skal utførast etter NS 3910 av kvalifisert servicepersonell (det kan gjerast av eigne tilsette som er sertifiserte for det, t.d. ved FG-godkjenning eller liknande).

Oversikt over serviceintervall etter NS3810 finn du på 3fbrannvern.no.

Kontroll av brannsløkkingsapparat utførast i mange tilfelle hjå brannvesenet lokalt. Det finst også eigne firma som utfører slike kontrollar. På rvb.no finn du oversikt over dei som kan utføre slik kontroll.

2.7.10Er det installert brannvarslingsanlegg i driftsbygninga?

Storfe:Alle driftsbygningar der det blir heldt fleire enn 30 storfe skal ha tilfredsstillande system for varsling av brann.

Småfe:Kravet om brannvarslingsanlegg gjeld småfehald med 30 vinterfôra dyr eller meir. Vinterfôra dyr er talet på avlsdyr pr. 1. januar. Avlsdyr er småfe inkludert årslam som skal brukast/er planlagt brukt til avl og er påsett/bedekt. Kje født etter 1. januar og som ikkje er avlsdyr den same vinteren som dei er født, reknast ikkje med i grunnlaget. Ein legg til grunn at dei fleste kjea blir født etter 1. januar.

Svin:Alle driftsbygningar med meir enn 10 purker, rånar og/eller ungpurker, eller 60 slaktegrisar eldre enn 10 veker, skal ha tilfredsstillande system for varsling av brann. I kombinerte besetningar reknast det totale talet på svin ut frå at 1 purke, 1 ungpurke eller 1 råne teller like mykje som 6 slaktegrisar.

Fjørfe:Dersom det begynner å brenne, er det urealistisk å kunne evakuere fleire tusen fjørfe. Fokus bør derfor vere på å førebyggje brann. Om uhellet skulle vere ute, vil eit brannvarslingsanlegg gi tidleg varsling og reell moglegheit for sløkking.

Sjå mattilsynet.no for meir informasjon om bestemmingar om brannsikring i fjøs.

For driftsbygningar som er sett opp i samsvar med teknisk byggforskrift 2010 (TEK10 og videreført i TEK17) så gjeld kravet om brannvarsling frå første dyr.

2.7.11Er det gjennomført periodisk kontroll av brannvarslingsanlegg?

Kontroll av brannvarslingsanlegg skal utførast årleg av kvalifisert personell.

Det skal inngåast ein servicekontrakt mellom eiger og godkjenningsinnehavar for brannalarmsystemet som sikrar service på anlegget minimum ein gong per år.

Årleg service skal utførast av godkjenningsinnehavar eller av hans godkjende serviceforetak. Det skal ikkje vere meir enn eitt år (± 1 måned) mellom kvar service (frå FG-reglar for automatiske brannalarmanlegg i gardsbruk og gartneri).

Ja Nei IA

Page 16: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

16 2 - Helse, miljø og tryggleik

Gjeld berre svin og fjørfe:

2.7.12For svin og fjørfe er det spesielle krav til alarm knytt til ventilasjon og temperatur i dyrerom. Har dyrerommet alarm som varslar straumbrot og for høg eller for låg temperatur?

Straumbrot kan få fatale konsekvensar. Alarm knytt til ventilasjon og temperatur skal vere installert og det skal funksjonstestast jamleg. Alarmsystemet skal vere slik at alarmen kan oppfattast av personar som veit kva for tiltak som skal settast i verk.

Lover og forskrifter: - Forskrift om velferd for småfe - Forskrift om hold av storfe - Forskrift om hold av svin - Forskrift om hold av høns og kalkun - Forskrift om håndtering av brannfarlig, reaksjonsfarlig og trykksatt stoff samt utstyr og anlegg som benyttes ved håndteringen

- Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff - Forskrift om elektrisk utstyr - Forskrift om elektriske lavspenningsanlegg - Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid)

- Tekniske forskrifter til plan- og bygningsloven - Forskrift om utforming og innretning av arbeidsplasser og arbeidslokaler (arbeidsplassforskrifta) - Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning - Forskrift om brannforebygging

2.8 EIGENKONTROLL AV ELEKTRISK ANLEGG - GJENNOMGANG AV SJEKKLISTE

Eigar av driftsbygningar og våningshus har ansvar for at det elektriske anlegget til ei kvar tid er i orden og tilfredsstiller krava. Ved bruk av Landbrukets Brannvernkomite sitt hjelpeskjema Egenkontroll av elektrisk anlegg og utstyr i landbruksbygg dokumenterer du gjennomgang av eige elektrisk anlegg.

Skada utstyr bør reparerast med ein gong. Mykje kan kontrollerast av eigar, men ein fagleg kontroll med jamne mellomrom anbefalast.

Ved årlig eigenkontroll skal elektrisk utstyr sjekkast for unormal varme, svimerke, knitrelydar, knuste lokk og andre synlege defektar. Nokre lokale el-tilsyn har på tilsynsbesøk gitt pålegg om at eigenkontrollen skal dokumenterast på el-tilsynet sine eigne sjekklister. Sjekklister, opplysingar og materiell om el-vett kan ein gå ved å kontakte det lokale el-tilsyn (ved ditt lokale el-verk).

Hjelpeskjema for eigenkontroll av elektrisk anlegg og utstyr finst også som skrivbar pdf på ksl.no.

Har du fylt ut skjemaet Egenkontroll av elektrisk anlegg og utstyr i landbruksbygg det siste året kan du gå til punkt 2.9.

2.8.1Finst det gode reinhaldsrutinar knytt til alt elektrisk utstyr?

Vifter og anna elektrisk utstyr bør reingjerast jamleg for å hindre at det oppstår brann og for å sikre drifta. Spyling på elektriske apparat og utstyr må ikkje skje, med unntak av apparat som er spesielt laga for å tole slik behandling (for høgtrykksspyling berre ved kapslingsgrad minimum IP56, spyling med hageslange berre ved kapslingsgrad minimum IP44). Ver merksam på at brannar også kan oppstå i elektriske apparat. Sørg derfor for å kople frå apparat som ikkje er i bruk. Elektriske flugefangarar og liknande bør reingjerast med ein fuktig klut, aldri spylast.

2.8.2Er overspenningsvern montert, og er det kontrollert av elektrikar om det tilfredsstiller offentlege krav?

Kravet til overspenningsvern er beskrive i Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) sin standard for elektriske anlegg. Er du i tvil om det overspenningsvernet som er montert er i samsvar med gjeldande reglar, må du ta kontakt med ein elektrikar.

Ja Nei IA

Page 17: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 17

2.8.3Er det montert jordfeilbrytar i samsvar med offentlege krav, og blir denne testa jamleg for å sikre at den fungerer etter formålet?

Det er krav om montering av jordfeilbrytar i alle nye bygg. Endringar på det elektriske anlegget kan medføra eit behov for å bytte ut jordfeilbrytaren for at den skal fungere etter formålet. Sjekk med elektrikar dersom du er i tvil om jordfeilbrytaren er i samsvar med offentlege krav.

Alle jordfeilbrytarar skal ha ein testfunksjon. Jordfeilbrytarar må testast innimellom slik at dei ikkje heng seg opp. Dersom du trykker inn testknappen skal jordfeilbrytaren slå ut. Dersom den ikkje gjer det er det feil på brytaren og du må kontakte elektrikar.

2.8.4Blir det utført tilsyn og vedlikehald av sikringsskap?

Det er tilrådeleg å byggje inn sikringsskap og tavlerom i eigne brannceller slik at ein eventuell brann ikkje spreier seg. Skapet skal vere tett, haldast ryddig, og døra skal vere lukka.

2.8.5Har vifter og andre elektriske motorar vern mot overoppheting og brann?

Elektriske motorar er ofte kjelde til brann og bør sikrast mot overoppheting og brann ved bruk av motorvern, jordfeilbrytar på kursen eller andre sikringstiltak.

Ver oppmerksam på at det kan vere spesielle krav knytt til ventilasjonsanlegg for enkelte husdyrslag. Desse krava er beskrivne i den aktuelle husdyrstandarden.

Elkontroll som del av brannforebyggende arbeid i husdyrbygg

2.8.6Blir det gjennomført fagleg kontroll av det elektriske anlegget minimum kvart 3. år?

Eigar eller annan med ansvar for dyra skal syte for at det blir gjennomført fagleg kontroll av elektriske anlegg minst kvart 3. år.

Databasen FG-kontroll er databaseløysinga til forsikringsselskapa kor dei kan sjekke om det er utført kontroll på og status på anlegga. Databaseløysinga blir administrert av Finans Norge og FG. FG-kontroll blir også bruka til å sende førespurnad om kontroll. Forsikringsselskapa vil påverke sine forsikringskundar innan næring og landbruk, samt privat, til å gjennomføre elkontroll. FG-kontroll skal i tillegg til elkontroll også inne-halde kontrollrapportar for sprinklar, brannalarm, innbrot og lekkasjestoppar.

Tilgang til FG-kontroll blir gjeve til:

• alle sertifiserte elkontrollørar og -føretak• forsikringsselskap og forsikringsmeklarar• eigar av anlegg/bygg• eigar av anlegg/bygg vil få tilgang til sine opplysningar (utan kostnad), tilgang med bruk av

e-postadresse og passord

Les meir om FG-kontroll, innhald og gjennomføring, på fgsikring.no.

Lover og forskrifter: - Forskrift om elektrisk utstyr

2.9 OPPLÆRING AV LEIARAR OG ARBEIDSLEIARAR

2.9.1 Har arbeidsgivar/arbeidsleiar gjennomgått lovpålagt opplæring i HMS-arbeid?

Opplæring av leiararArbeidsmiljølova set krav om at arbeidsgivaren skal gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Plikta gjeld også arbeidstakarar som har til oppgåve å leie eller kontrollere andre arbeidstakarar. Det er gjort nærmare greie for innhaldet i og omfanget av opplæringa i ei rettleiing utgitt av Arbeidstilsynet. Opplæringskravet gjeld også når ein har tilsette og/eller avløysarar tilsette i avløysarlag.

Ja Nei IA

Page 18: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

18 2 - Helse, miljø og tryggleik

Kravet er ikkje berre knytt til om ein har faste tilsette, men gjeld også ved tilfeldig hjelp, familiehjelp, byttearbeid med naboar osv.. Gjennomført opplæring må dokumenterast. Kurset Praktisk HMS-arbeid frå NLR er tilpassa landbruket og tilfredsstiller kravet til HMS-opplæring.

ArbeidsleiarEin arbeidstakar som har til oppgåve å leie eller kontrollere andre arbeidstakarar, skal ha opplæring i HMS-arbeid for å kunne passe på at arbeidet blir utført på ein sikker måte

2.10 FOR DEG SOM HAR TILSETTE ELLER LEIGER INN ARBEIDSKRAFT T.D. GJENNOM AVLØYSARLAG

Gå til punkt 2.11 dersom du ikkje har tilsette eller innleigd arbeidskraft.

Når ein har tilsette på garden, er det fleire krav som må oppfyllast. Dette gjeld for eksempel lønnsvilkår, arbeidstidsreglar, arbeidsavtalar og forsikringar. Arbeidsmiljølova stiller dei same krava uavhengig av om det er fast arbeidsforhold eller om det er midlertidig arbeidshjelp, familiemedlemmar osv. Ved innleidd arbeidskraft frå t.d. avløysarlag skal det vere eigne avtalar med firma som står for utleie av arbeidskraft.

2.10.1Har alle tilsette arbeidsavtale?

Alle tilsette, også sesongarbeidarar, skal ha skriftleg arbeidsavtale. Avtalen skal vere på eit språk begge partar forstår, og skal minst innehalde opplysningar om;

• kven avtalen er mellom• kvar arbeidsplassen er• spesifikasjon av arbeidet• dato for når arbeidsforholdet tek til• forventa lengd for arbeidsforholdet dersom det er mellombels• eventuelle prøvetidsvilkår• arbeidstakarens rett på ferie og feriepengar og fastsetjing av ferietidspunkt• oppseiingsfristar• lønn, inkludert tillegg som inngår i lønna, utbetalingsmåte og utbetalingstidspunkt• lengda på arbeidsdagen, når arbeidsdagen startar og arbeidstida pr. veke• eventuelle pausar gjennom arbeidsdagen• eventuelle særlege arbeidstidsordningar• tariffavtalar som regulerer arbeidsforholdet

Skjema for arbeidsavtalar finn du på heimesidene til NLR eller Arbeidstilsynet.

Avløysarar som er tilsette i eit avløysarlag, har arbeidsavtale med avløysarlaget. Det skal i tillegg liggje føre ein avtale mellom bonden og avløysarlaget, og ein arbeidsinstruks på garden, utarbeidd av bonden i samarbeid med avløysaren. Utanom det har bonden ansvaret for tryggleiken, arbeidsmiljø og opplæring til avløysaren på linje med andre tilsette på garden.

Landbruk og gartneri er no ein del av ordninga med allmenngjorde tariffavtalar. Les meir på arbeidstilsynet.no.

Allmenngjorde tariffavtalar er ein avtale om løns- og arbeidsvilkår som gjeld for alle som utfører arbeid innan det spesifikke området, sjølv om ein ikkje er ein del av avtalen. Allmenngjering av tatariffavtalar er eit av fleire verkemiddel for å hindre at utanlandsk arbeidskraft får dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som er vanleg i Noreg.

Arbeidsgivaren har plikter overfor andre enn sine eigne arbeidstakarar. Denne plikta omfattar område som arbeidsmiljø og arbeidstid (arbeidsmiljølova §2-2).

2.10.2Finst det tilstrekkelege personalrom for tilsette?

Avløysarar og andre som har eit arbeidsforhold knytt til garden, skal ha tilgang til toalett, vask, dusj, garderobe med høve til å skifte og tørke klede og fottøy og tilgang til eit eigna rom å ete i.

Ja Nei IA

Page 19: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 19

2.10.3Er det rutinar som til kvar tid sikrar godt reinhald av sanitæranlegg for dei som arbeider i føretaket?

Tilgang til reine toalett/vaskeplassar er viktig for hygienen til dei tilsette og for produkta som blir levert frå garden.

Skjema for å loggføre reinhald finn du på ksl.no.

2.10.4Er det teikna yrkesskadeforsikring for alle som arbeider på garden, og som etter reglane har krav på det?

Ein arbeidsgivar pliktar å teikne yrkesskadeforsikring for alle tilsette. Ein sjølvstendig næringsdrivande (bonden) må teikne frivillig yrkesskadetrygd for å få yrkesskadedekning og dermed rett til særytingar ved yrkesskade.

Søknadsskjema får du frå Nav eller nav.no.

2.10.5Er du kjend med regelverket for obligatorisk tenestepensjon (OTP)?

Lov om obligatorisk tjenestepensjon ble satt i verk 1. januar 2006. Lova inneber at dei fleste arbeidsgivarar må ha tenestepensjonsordning for sine tilsette. Arbeidsgivarar som allereie har pensjonsordning må sørgje for at ordninga tilfredsstiller minstekrava i lova.

Obligatorisk tenestepensjon gjeld for føretak som har:

• minst to personar i føretaket som begge har ei arbeidstid og løn som utgjer 75 % eller meir av full stilling

• minst ein arbeidstakar utan eigarinteresse i føretaket som har arbeidstid og løn i føretaket som utgjer 75 % eller meir av full stilling, eller

• personar i føretaket som kvar har ei arbeidstid og løn som utgjer 20 % eller meir av full stilling, og som til saman utfører arbeid tilsvarande minst 2 årsverk

2.10.6Er det valt verneombod i samsvar med gjeldande reglar? (Dersom det er færre en 10 tilsette kan det avtalast skriftleg at verksemda har ei anna ordning, medrekna at det ikkje skal vere verneombod ved verksemda.)

Ved alle verksemder skal det veljast verneombod, men dersom det er færre enn 10 tilsette kan det avtalast at verksemda skal ha ei anna ordning, medrekna at det ikke skal vere verneombod ved verksemda. Avtalen skal vere skriftleg.

I verksemder der det er valt verneombod skal arbeidsgjevar syte for at verneombodet får den opplæringa som er nødvendig for å kunne utføre vervet på ein forsvarleg måte.

2.10.7Er standarden for innkvartering i samsvar med gjeldande krav?

Dersom bonden tilbyr bustad til dei tilsette, er det visse krav til bustadstandarden. Arbeidsmiljølova § 4-4(4) krev at innkvarteringa som arbeidsgivaren stiller til rådvelde for arbeidstakarane, skal vere tilfredsstillande innreidd og vedlikehalden. Arbeidstilsynet har utarbeidd desse retningslinjene for soverom som skal nyttast av sommarsesong-arbeidarar i landbruket:

• soverommet bør ha eit romvolum per person på minst 7,5 m3

• det er tillate med maksimalt 4 personar per soverom, i campingvogn maksimalt 2 personar• soverom skal ha vindauge som kan opnast og vindauget skal kunne brukast som rømmingsveg• dersom det ikkje er anna opphaldsrom, skal soverommet vere stort nok til å gi plass til bord, stolar med

rygg, seng og anna som er nødvendig av omsyn til velferda til arbeidstakarane• bebuarane skal ha tilgang til dusj, vaskerom, toalett osv.• buarealet skal ha tilstrekkeleg med rømmingsvegar, røykvarslarar og sløkkeutstyr

Ja Nei IA

Page 20: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

20 2 - Helse, miljø og tryggleik

2.10.8Får arbeidstakarar opplæring på eit språk dei forstår?

For utanlandsk arbeidskraft er det spesielt viktig at ein forsikrar seg om at opplæringa er gitt og forstått før arbeidet blir sett i gang. Formidling av HMS kan vere utfordrande på grunn av språkvanskar og kultur-forskjellar. Tryggleiksinformasjon skal liggje føre på eit språk arbeidstakaren forstår.

2.10.9Er det rutinar for oppfølging av sjukmelde arbeidstakarar?

Arbeidsgivaren skal sørgje for kontinuerleg oppfølging av sjukemelde gjennom ulike tiltak. Ved lengre tids sjukmelding skal det utarbeidast oppfølgingsplanar, og det kan vere nødvendig med særskild tilrettelegging for den sjukmelde. Les meir om arbeidsgivaren sine plikter ved sjukemelding på arbeidstilsynet.no.

2.10.10Er arbeidsoppgåver risikovurdert og tiltak sett i verk der det er gravide arbeidstakarar?

Forskrift om utføring av arbeid stiller spesielle krav til risikovurdering av arbeidsmiljøet med tanke på forplantingsskadelege påverknader i arbeidsmiljøet. Dette gjeld både for påverknader som kan skade forplantingsevna og ved eventuell risiko for gravide, dei som nyleg har fødd eller ammar. Det er tilrådeleg å gjere denne risikovurderinga i samarbeid med bedriftshelsetenesta.

2.10.11Har du fortløpande oversikt over kor mykje den enkelte arbeidstakar arbeider?

Arbeidsmiljølova § 10-7 Oversikt over arbeidstida

Det skal ligge føre ein oversikt som visar kor mykje den enkelte arbeidstakar har arbeidd. Oversikta skal vere tilgjengeleg for Arbeidstilsynet og den tillitsvalgte hos arbeidstakaren.

Det vil i mange samanhengar vere nødvendig å arbeide meir enn det talet på timar som er normalen. Arbeidstilsynet har regelverk og retningsliner for korleis dette skal søkast om og bereknast. Du finn informasjon om søknad og berekning av arbeidstid finn du på arbeidstilsynet.no.

2.10.12Finst det rutinar for registrering og oppfølging av avvik knytt til arbeidet på garden?

Arbeidsmiljølova pålegg alle som har tilsette å ha eit system for registrering av avvik. Dette kan gjerast på forskjellige måtar frå eigne skjema til hugseliste for retting av småfeil som hengast opp på pauserom eller liknande. Størrelsen på verksemda vil vere avgjerande for kva som passar.

Lover og forskrifter: - Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) - Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) - Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid)

- Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning - Lov om obligatorisk tjenestepensjon

2.11 OPPLÆRING I BRUK AV ARBEIDSUTSTYR

2.11.1Har du gjort deg kjend med krav til opplæring i bruk av arbeidsutstyr, og kan du dokumentere at alle (også eigne barn og kårfolk) har fått nødvendig opplæring?

Gjennomgåande krav til opplæringAnsvarleg for verksemda skal sørgje for nødvendig opplæring for seg sjølv og sine tilsette. Den som handterer arbeidsutstyr, varer, stoff eller produkt, skal ha nødvendig opplæring og kvalifikasjonar for sikker utføring av arbeidet og beherske dei farane som bruken kan medføre. Der det er krav om bruk av hjelpemiddel eller personleg verneutstyr, skal det gis opplæring og om nødvendig trening i bruken av dette. Opplæringa skal gis på eit språk som dei tilsette forstår.

Ja Nei IA

Page 21: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 21

Opplæring og instruksjon av barn og ungdomArbeidsgjevar skal sørgje for at personar under 18 år får nødvendig opplæring og instruksjon i arbeidet. I opplæringa skal det takast særleg omsyn til deira manglande arbeidserfaring, at dei ikkje er oppmerksame på eksisterande og potensiell risiko, og/eller at det ikkje er fullt utvikla.

Dokumentert tryggleiksopplæringDet skal bli gitt dokumentert tryggleiksopplæring når bonden etter ei risikovurdering finn at bruk av arbeidsutstyret krev særskilt varsemd. Opplæringa skal signerast av begge partar. Den som set nokon i arbeid med farleg utstyr, må forsikre seg om at vedkommande har tilstrekkeleg kunnskap, og eventuelt sjølv gi slik opplæring. For dei mest brukte maskinene er det nok med opplæring og dokumentasjon frå arbeidsgivaren eller liknande.Dette gjeld m.a. følgjande maskinar (lista er ikkje uttømmande):

• traktor (ved køyring på veg krevst sertifikat) og traktorreiskapar• sjølvgåande maskiner for jord og skogbruk (for eksempel skurtreskar)• ein del løfteinnretningar for hengande last (for eksempel silotaljer)• berbare kjedesager• vinsj og vinsjutstyr• vinkelsliparar (kurs i varme arbeid)• automatiske eller halvautomatiske produksjons-, transport- eller lagringssystem (t.d. fylltømmer)• løfte- og stablevogner for gods (t.d. truckar - trucførarbevis) utan permanent førarplass• personløftarar• trallebaner og maskiner som går eller blir dregne i føringar• hengestillas• spikarpistolar

Den praktiske og teoretiske opplæringa skal gi ferdigheiter og kunnskap om sikker bruk og kontroll av arbeidsutstyret.

Skjema for dokumentert tryggleiksopplæring finn du på ksl.no.

Sertifisert tryggleiksopplæringEin del maskiner er underlagde strengare krav, slik at ein skule eller tilsvarande institusjon må gi opplæring.

Dette gjeld blant anna bruken av (lista er ikkje uttømmande):

• bru- og traverskraner, dersom bruken medfører fare for skade på liv og helse (gjeld ikkje silotaljar konstruerte som traverskran)

• (gaffel)truck med permanent førarplass• masseflyttingsmaskiner med større effekt enn 15 kW (masseflyttingsmaskiner omfattar bl.a.

gravemaskiner og hjullastarar)• lastebilkraner med større kapasitet enn 2 tonnmeter • tårnkraner, mobilkraner og portalkraner

Lover og forskrifter: - Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) - Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) - Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid)

- Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning

2.12 BEREDSKAPSPLAN, ULYKKESHANDTERING, KRISEHJELP OG RAPPORTERING

Beredskap inneber å ha tenkt gjennom korleis ein best kan handtere brann, personskadar, dødsulykker og andre ulykker som kan oppstå. Alle bør kjenne beredskapsreglane for garden og blant anna kunne yte førstehjelp, bruke sløkkjeutstyr og eventuelt brannvarslingsanlegg og ha trena på evakuering. Inkluder barn i brannøvingar og evakuering, sidan dei ofte får panikk når det oppstår brann. Avtal ein møtestad ute, for i ein krisesituasjon raskt å få oversikt over dei som bur og arbeider på garden.

Tenk gjennom rømmingsplan og eventuell evakuering av dyr.

TilleggsaktivitetarPå gardsbruk med næringsmessige tilleggsaktivitetar som medfører mykje ferdsel, for eksempel “Inn på

Ja Nei IA

Page 22: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

22 2 - Helse, miljø og tryggleik

tunet” eller gardsturisme, er tryggleik for gjester ein viktig del av HMS-arbeidet. Det er stilt utvida krav til utøvarar med slike aktivitetar. Sjå eigen KSL-sjekkliste for “Inn på tunet”.

2.12.1Beredskapsplakat skal vere ein del av ein bereskapsplan. Har garden utarbeidd ein beredskapsplant?

Ein beredskapsplan skal innehalde oversikt over kontaktinformasjon og tiltak som er aktuelt i ein krisesituasjon, til dømes ved brann, personskadar og andre uønskte hendingar.

Ein beredskapsplakat skal ha skisse over driftsbygning(ar) og kvar i bygningen(e) ein finn sikringsskap, sløkkjeutstyr, rømmingsvegar, førstehjelpsutstyr og anna. Det er også ein fordel med opplysningar om straumkablar, vassleidningar, gassflasker og drivstofftankar, dersom desse er nedgravne. Det bør vere oversikt over nødtelefonnummer (brann/politi/ambulanse), giftinformasjon og telefonnummer til handverkarar, avløysarar eller andre som kjenner drifta. Det bør vere ein slik plakat i kvar driftsbygning. Beredskapsplakaten skal hengast opp slik at den er synleg når ein opnar den første døra inn til bygget. Dette da den skal gi nødvendig informasjon så raskt som mogleg til t.d. brann- og redningsarbeidarar som kjem for å hjelpe ved ei hending. Beredskapsplakat kan bestillast frå Matmerk eller lastast ned frå ksl.no.

2.12.2Er beredskapsplanen kjend for alle på garden?

Sjå rettleiinga i punkt 2.12.1.

2.12.3Er det lett tilgjengeleg førstehjelpsutstyr på garden?

Førstehjelpsutstyr skal vere lett tilgjengeleg same kvar på garden ein arbeider.

Traktorar og andre maskiner bør ha nødvendig førstehjelpsutstyr. Innhaldet bør dekkje dei skadane som kan oppstå i arbeidet som blir utført, til dømes svi- eller etseskadar på hud og auge, brannskadar, kutt- og sårskadar. Vatn og augespyleflaske skal vere ein del av førstehjelpsutstyret ved bruk av etsande stoff.

2.12.4Er det førstehjelpskompetanse på garden?

Kunnskap om førstehjelp kan vere avgjerande dersom ulykka er ute. Sørg for at alle på garden har nødvendige førstehjelpskunnskapar. Ved ulykker med kjemikaliar er det informasjon i tryggleiksdatabladet om førstehjelp for folk utan medisinsk kompetanse.

2.12.5Er det rutinar for å handtere krise eller produksjonsavvik på garden?

Krisehandtering kan innebere mange ulike tiltak. Det er viktig å ha ein plan for kva ein skal gjere i forskjellige situasjonar.

Det kan til dømes dreie seg om:

• periodar etter personlege kriser• brann• sjukdom på besetning• feil på levert vare der det krevst ei handling for å trekkje tilbake leveransar og orientere mottakarane

om aktuell hending• bortfall av straum over lengre periodar

Norges Bondelag har gjennom prosjektet “Tryggere sammen” sett fokus på lokal beredskap og krisehandtering. Sjå introduksjonsfilmen på tryggeresammen.no.

Når du registrerer/oppdaterer kjernejournalen din (spør eventuelt fastlege) anbefalast det at du samtidig registrerer om du har ansvar for dyr.

2.12.6Er det rutinar for rapportering av skadar og ulykker på garden? Rettleiaren gir ein god oversikt over dei pliktene du har som arbeidsgivar.

Ja Nei IA

Page 23: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

2 - Helse, miljø og tryggleik 23

Registrering av skadar, ulykker og sjukdommarArbeidsgivaren skal sørgje for å registrere alle personskadar som oppstår under arbeidet, eller sjukdom som ein meiner har årsak i arbeidsmiljøet. Denne plikta gjeld også for dei som ikkje har tilsette.

Skjema for registrering av uønskte hendingar finn du på nettsida til NLR HMS eller hjå Arbeidstilsynet.

Melding om skade eller ulykkeArbeidsgivaren har ansvar for å melde frå om alvorlege ulykker og skadar til politiet og Arbeidstilsynet. Alvorlege ulykker er ulykker som fører til død, hovudskadar/hjerneristing, brotskadar, indre skadar, tap av lekamsdelar, forgiftingar, forbrenningar, etseskadar, frostskadar og alle andre skadar som krev sjukehusinnlegging.

Alle skadar som gjer det nødvendig med medisinsk behandling, eller som medfører arbeidsuførleik, skal meldast til Nav. Meldinga skal sendast snarast, og seinast innan 3 dagar. Gjeld det skade på avløysar skal ein straks varsle avløysarlaget slik at avløysarlagets oppfølging kan starte med ein gong. Kontrakt mellom bonde og avløysarlag vil normalt regulere ansvar for vidare oppfølging.

Dersom den skadde er ulønt arbeidskraft (f.eks. familie), blir skaden dekt av forsikringa, ikkje gjennom Nav. Derfor skal skaden meldast direkte til forsikringsselskapet på eige meldeskjema. Dette får du hos selskapet ditt.

Melding om arbeidsrelatert sjukdomI tillegg til arbeidsgivarens meldeplikt har legar plikt til å melde frå om alle sjukdommar som dei meiner kjem av arbeidsmiljøet til pasienten. Dei som har mistanke om at sjukdom/plage kjem av arbeidsmiljøet, bør informere legen om dette.

YrkesskadeforsikringFor å få rett til yrkesskadedekning må ein yrkesskade meldast til Nav innan eitt år etter at skaden har oppstått.

Dersom den skadde er lønt arbeidskraft, skal skaden meldast til Nav der den skadde bur. Melding gir ein på Nav-blankett 13-07.05. Blanketten får ein på Nav-kontoret, eller ein kan hente han på nav.no.

Oppsøk lege så fort som råd etter oppstått skade. Dette er viktig også i forsikringssamanheng. Legejournalen er viktig dokumentasjon i vidare saksbehandling. Dokumentasjon er viktig også med tanke på at seinskadar kan oppstå.

Yrkesskadeforsikringa gjeld frå og med søknaden kjem til Nav, og har ikkje tilbakeverkande kraft.

Bonden er sjølvstendig næringsdrivande og derfor ikkje omfatta av yrkesskadeforsikringa. Sjølvstendig næringsdrivande kan teikne ei frivillig trygd for yrkesskade på det lokale Nav-kontoret.

Norsk Landbruksrådgiving HMS (NLR HMS)NLR HMS er bonden sin bedriftshelseteneste og har som mål å medverke til å redusere skadar og yrkeslidingar i landbruket og med det sikre trivsel, kvalitet og lønnsemd i næringa. Hovudverkemiddelet for dette er rådgiving på garden, helsekontakt og HMS-kurs.

Norsk Landbruksrådgiving: Tlf. 90 20 33 17, e-post: [email protected]. Les meir på hms.nlr.no.

2.12.7Uhell og ulykker på garden. Har det siste året vore fritt for ulykker eller hendingar som har medført personskade?

Registrering av skader kan gjerast inne på ksl.no under ”Ulykkesregistrering”. Dette er ei anonym registrering av personskadar i landbruket. I tillegg skal alle skadar av eit visst omfang (sjå pkt 2.12.6 i rettleiaren) meldast til politiet og/eller Arbeidstilsynet.

Registreringa er viktig for at ein skal kunne arbeide vidare for å avgrense ulykkesfrekvensen og sette fokus på dei riktige områda. Resultatet så langt viser at det er handtering av husdyr som er den største risikoen i landbruket, og at det i stor grad er bonden sjølv som blir skadd.

Lover og forskrifter:Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta)

Ja Nei IA

Page 24: Sjekkliste med rettleiing - Matmerk · HMS-rådgiving på garden, hjelp til å byggje opp HMS-system på garden i tråd med denne standarden, og ein arbeidshelsesamtale hos bedriftshelsetenesta

MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 – Sentrum0105 OsloTelefon: 24 14 83 00 [email protected] ksl.no

KRAV NR. FORBETRINGAR/TILTAK ETTER EIGENREVISJON Frist dato Utført dato

Tiltaksplanar

2.13 AKTUELLE INTERNETTADRESSER TIL LOVER, FORSKRIFTER OG ANNA

www.lovdata.nowww.arbeidstilsynet.nowww.dsb.nowww.matmerk.nowww.nlr.nowww.regelhjelp.nowww.landbrukets-brannvernkomite.nowww.mattilsynet.nowww.fgsikring.no (Forsikringsselskapenes godkjenningsnemd)www.matogdrikke.no