sju dagar i august

31

Upload: det-norske-samlaget

Post on 01-Apr-2016

234 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Roman av Brit Bildøen

TRANSCRIPT

1

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 1

Brit Bildøen

SJU DAGAR I AUGUST

Roman

SamlagetOslo

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 3

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 32

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 5

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 6

Sofie stod og studerte stova gjennom eit grønt glasmed stett da Otto ropte frå kjøkkenet. Han ville hahenne til å dekke bordet. Otto likte best dei vanlegeblanke glasa, han syntest dei grøne blei for små, menSofie hadde glede av å finne fram det gamle arvegodset.Glasa gjorde seg godt på bordet, og vinen smakte ann-leis i dei. Kvar slurk gjord meir dyrebar. Stova kom bøl-gjande grønt gjennom vinglaset. Ho heldt på å mistebalansen, sette det frå seg. Otto ropte igjen.– Det er klart! ropte ho tilbake.Dei trekte ut stolane sine på likt. Otto hadde dandert

torsk og potetstappe rett på tallerkenane, med strimlarav sylta paprika som raude arr over torskefiletane. Fis-ken like kvit som porselenet, stappa gul av smør.– Når begynner det? spurde Otto.– Åtte, sa Sofie. – Men eg har slett ikkje lyst.– Lyst? Det er vel ikkje snakk om det, akkurat?– Nei, eg må vel gå.– Må du eller må du ikkje? – Eg må.– Du veit, eg har ikkje spesielt lyst til å gå, eg heller.– Det vil bli tatt som ein demonstrasjon om eg ikkje

er der.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 7

Sofie rørte i stappa med gaffelen, så tok ho seg lik-som på tak og førte maten opp til munnen.– Kva er det på armen din?Sofie såg spørjande på Otto. Så såg ho ned. Rundt

det venstre handleddet hadde ho eit breitt armband itre. Ho flytta det opp på armen.– Å, det er eit eller anna insektstikk.– Det er ikkje eit flåttbitt, da? Det ser ikkje bra ut.

Kanskje du må gå og få det sjekka.– Det er berre fordi eg har drive og klødd meg. Eg

har reinsa det, hevelsen går nok snart ned.Otto sukka, men sa ikkje meir. Ein skramlande lyd

kom nede frå gata.Verandadøra stod på gløtt og sleppte inn luft og lyd.

Saman med lufta kom gatestøvet, som la seg som eintynn, grå film på bilderammer og bøker. Men han settepris på dette, at det ikkje var tette skott mellom livet bakdei kvitmåla veggane dekte av kunstverk og det broketelivet ute på gata. To år etter at dei hadde flytta inn, kjøptedei loftet og innreidde det. Otto kunne enno kjennedette arbeidet som ein lykkeleg verk i musklane. Han ogSofie brukte å seie at dei hadde valt strøket fordi det varlivleg, og fordi det budde all slags folk der. Andre villeseie at det var eit multikulturelt strøk, men Otto var for-siktig med å bruke slike ord. Han irriterte seg over atSofie iblant brukte eit uttrykk ho hadde snappa opp fråei velståande dame på eitt eller anna kunstarrangement:«Samfunnets kvist». Sidan ho ikkje brydde seg med åforklare samanhengen, var det sjeldan folk tok spøken.Mange trudde vel ikkje at Sofie kunne spøke i det heiletatt. Dama meinte nok å seie at ho hadde hamna på

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 8

«den grønne gren», da ho karakteriserte seg sjølv somein av dei privilegerte. Her vi bur, høgt oppe under him-melen, med utsikt over byens tak, kjenner vi at vi erblant dei heldige på samfunnets kvist, kunne Sofie seienår ho viste gjester rundt i husværet. Og ho kunne finnepå å legge til: Om vi framleis hadde budd på vestkanten,ville vi følt oss meir midt på treet. Ho såg ikkje ut til åmerke dei under søkande blikka ho fekk når ho sa sliketing. Men Otto la merke til dei.– Det verkar som det er meir gjennomgangstrafikk

her no, sa Sofie.– Mykje av det er anleggstrafikk. Det blir nok betre

når dei er ferdige med den nye blokka.– Lunden. Har du ikkje fått med deg at dei kallar det

Lunden? Ikkje noko som heiter blokk eller bygardlenger. Det er lundar og hagebyar og townhouses.– Gjerne for meg, sa Otto og trekte på skuldrene.

Sofie gjekk for å ta på seg ein av kjolane ho brukte påutstillingsopningar. Otto følgde etter henne opp på sove-rommet for å skifte skjorte. Ho stod framfor det opneskapet og studerte rada med svarte kjolar. Kor mangekunne det vere? Kva prinsipp valde ho dei ut etter? ForOtto såg alle kjolane like ut. – Du føler at du må gå fordi det er Karin, sa han

mens han hjelpte henne med glidelåsen bak. Han liktemåten ho heldt håret opp på, så det ikkje skulle setjeseg fast i låsen. Det kom ei tørr lukt frå nakken hennar.Solvarm stein.– Det er faktisk mi avdeling! Men ja, det er Karin sin

idé med denne liksom-føropninga. Alle trur at dei har

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 9

fått eksklusiv invitasjon, eller at dei har komme inn pågjestelista via kontaktane sine. Dei kjem til å bli surenår dei oppdagar at absolutt alle andre er der også.– Da kan eg i det minste sjå fram til å studere

ansikta til publikum i det dei kjem inn.– Fotografia er flotte, sa Sofie. – Og eit par av video -

ane er faktisk heilt …– Det blir vel ingen sjanse til å få sett noko som helst

når det kjem så masse folk, avbraut Otto. Han gjekk ned på kjøkkenet og laga kaffi til dei.

Brillene hans dogga da han blåste ned i koppen sin.– Depp skal spele. Sofie drog ut krakken ved sida av

han.– Og det seier du først no?– Enda eit av påfunna hennar, mumla Sofie ned i

kaffikoppen. Han hadde tatt dei gule mokkakoppane.– Dei er jo fabelaktige! Du har ikkje akkurat rekla-

mert for denne kvelden, men dette høyrest da riktigbra ut. Kva med kunstnaren sjølv? Ho er jo ein riktigvillkatt. Blir det skandalar?– Du tenker på da ho …– Beit kulturministeren! lo han. – Snakk om å bite

handa som gir deg mat. Sofie rista langsamt på hovudet. Otto stirte interes-

sert på henne.– Det er ikkje slik, da, at du er redd for at det blir ein

suksess? Slik at Karin kan innkassere enda fleire poeng? Ho stirte utfordrande tilbake. – Karin må gjerne ha

all den suksess ho vil, berre ho ikkje bruker triumfanesine til å presse meg. Det er det eg er redd for. Eg er sålei av intrigar, så inderleg trøytt av det!

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 10

Otto klappa henne på ryggen. Sofie rista handa avseg. – No må vi gå.

Oppgangen låg i halvmørke. Det var sjeldan nokongadd å skru i nye lyspærer, sjølv om bebuarane varpålagde å skifte i sin eigen etasje. Otto tok ein storsving utanom søppelposen som låg slengd utanfordøra i etasjen under dei. Sofie kunne ikkje dy seg, mengav posen eit lett spark, noko som resulterte i at kaffi-grut rann ut og ned på dørmatta.– Heldig med den, sa Otto.Dei hadde dårleg tid og bestemte seg for å ta

syklane. Sofie oppdaga fort at det ikkje var vidare prak-tisk å sykle med kjolen ho hadde valt. Den var litt velkort, men sidan det stort sett var nedoverbakke tilmuseet, fekk ho prøve å trille med knea pent samla. Da dei flytta inn i Jens Bjelkes gate sju år tidlegare,

hadde arbeidsplassen hennar lege berre tre minuttsspasertur unna. Ho hadde begynt å jobbe på museetnesten samtidig med at dei flytta til Tøyen. Det kjen-dest lenge sidan, som i eit anna liv. Det var eit anna liv.Dei siste åra hadde området endra seg, men det varikkje så lett å setje fingeren på akkurat kva som haddeskjedd. Kanskje var det dei som etter kvart såg tingannleis. Eit visst forfall hadde det alltid vore, det varikkje akkurat noko nytt at det blåste papir og plastrundt i gatene, at folk køyrde som villmenn eller kryssagata utan å sjå seg for. Når ho sykla ned Tøyengata,måtte ho alltid ha eit auge på kvar finger. Og ganskeriktig, der skar nokon ut rett framfor henne. Sofie hogg

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 11

i begge bremsene, og det kom ein skrensande lyd fråbakdekket. Ein hengslete unggut i raud T-skjorte sendehenne eit forskrekka blikk som straks endra seg tilnoko anna. Han sa eitkvart til henne, som ei knurring,ein lyd frå langt nede i halsen. Han skaut fram haka ogdunka handa i sykkelstyret. Så gjekk han vidare.Sofie hadde sett begge føtene i bakken, no begynte

dei å dirre. Ei klynge med menn som nettopp haddestått og diskutert høglydt, stod tause og såg på henne.Det var noko i desse ansikta, noko avventande, Sofieklarte ikkje tolke dei. Ho fann ei trøe med eine foten ogsparka frå med den andre, fekk trakka seg i gang,vingla vidare. Otto hadde ikkje fått med seg kva somskjedde, han var alt over krysset der ho måtte stoppe påraudt. Ho såg så vidt ryggen hans lenger borti gata.Da ho nådde han att, stod han og venta ved brua. – Er det kjolen som hemmar deg?– Nei, det er desse fandens folka som berre går rett

ut i gata, som om det ligg ein usynleg raud løpar fram-for dei kvar enn dei går. Eg heldt på å køyre ned ein, ogdet er ikkje første gongen. – Så, så. – Kjolen, sa ho, og stemma hennar sprakk. – Kjolen

er da verkeleg det minste problemet.– Beklagar at eg ikkje venta på deg, sa Otto.Ho pusta djupt inn og sa: – Greitt. Så såg ho på

klokka. – No er den åtte.– Vi er der snart, sa han.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 12

Glasfasaden på museet hadde tatt på seg ein matt sølv-farge i den lumre augustkvelden. Frå brua såg det utsom om bygget lente seg ut over sjøen. Da dei komnærare, retta det seg til dels opp. Over inngangspartiethang eit banner med jordfarga bokstavar. Ein måttekomme ganske nær for å klare å lese kva som stod der.GLOOMY NORWAY. Og så namnet på kunstnaren,Jenny Wegelmann. Dette var den første av fleire utstil-lingar der norske kunstnarar hadde fått i oppdrag åvidareføre motiv frå Munchs kunst. Jenny Wegelmannhadde gått inn i det bleike og mørke. Tungsinnet. Tuss -mørket. Ho var fotograf, og viste stillbilde med aude,snødekte skogsvegar, iblant med spor etter menneskeog køyretøy. Videofilmane hennar var frå parkallear igrålysinga, med eitt og anna menneske hastande forbi,utviska ansiktstrekk. Det var dystert så det heldt. Juryenhadde elska det. Sofie likte denne utstillinga, men hadde vore skep-

tisk til sjølve konseptet. Den første serien av utstillingarhadde fått tittelen «Melankoli i vår tid». Klamt, meinteSofie. Lettvint. Overflatisk. Rett og slett flautt å sendeut ei slik bestilling til norske kunstnarar. Men ho var

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 13

den einaste i organisasjonen som hadde stilt kritiskespørsmål, og dei siste dagane hadde pågangen frå norskeog utanlandske journalistar vore eventyrleg. No var det uansett Karin sitt bord. Dei såg henne

med det same dei kom inn. Eit utropsteikn med raudkjole. Alt på Karin stod liksom på høgkant, kinnbeina,skuldrene, hoftene, dei brune knea som vistest underkjolen. Ho var radmager utan å sjå usunn ut, og nokom ho mot dei med smidige rørsler, begge armaneframstrekte. Ho kyssa Sofie på begge kinn, som om deiikkje såg kvarandre kvar dag. Otto fekk same behand-ling, og ein kompliment: – Stilig skjorte!– Takk. Det er sjølvsagt Sofie som …Skjorta hans var bleikblå, nesten sølvaktig. Blikket

til Karin vandra fort vekk frå dei og vidare ut i lokalet.Ho stod og småtrippa. Det var noko Otto hadde sagtom henne, Sofie hugsa ikkje akkurat kva det var, menho hadde ikkje gløymt det heller. Noko om at ho varvakker og frekk slik berre Bergens-jenter kan vere det.Sofie hadde aldri vore sjalu på Karin, ho trudde ikkjeOtto var tiltrekt av henne på den måten, sjølv om hanmeir enn ein gong hadde prisa dei høge kinnbeinahennar. Irriterande høge, tenkte Sofie no, ho såg atKarin hadde framheva dei kraftig med rouge.– Det må eg seie, Karin. Alle er her!– Ja, dette er verkeleg over all forventning. Karin

sende dei eit slengkyss og forsvann. Sofie såg langt etterhenne. Gjest i eige hus. Ho visste ikkje om ho hadde sagtdet, eller berre tenkt det. Otto helste på nokre journalis-tar som stod i ei klynge. Ein av dei helste slapt tilbake

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 14

med handa. Han prøvde sikkert å sjå nonchalant ut. Pågrensa til livstrøytt. – Dei unge døde, mumla Otto.– Dei gamle unge. Er ikkje dette generasjonen som

skulle representere den nye inderlegheita? – Dei er i alle fall inderleg trøytte.– Dei skjønar det no.– Kva da?– At Karin har lurt dei.– Vel, dei ser ikkje opprørte ut, akkurat.Sofie kjende seg med eitt heilt inn i mergen sliten.

Menneskemuren såg ugjennomtrengeleg ut. Stemme-surret klang hardt i dei nye og sterile lokala. Heldigvisvar det ei lita luke borte ved drikkevarene, ei ung jentestod klar til å skjenke i glasa. Den første slurken kilteSofie i nasen. Så la ei varm og klam hand seg på dennakne armen hennar.– Hei, sjef.Det var Åsmund i den rutete skjorta. Alltid rutete lang -

erma skjorte, uansett anledning. Han var den av konser-vatorane ho hadde best kontakt med. Og i tillegg til å vereein ertekrok var han ein av dei få på museet som ikkjeoppførte seg annleis mot henne etter at ho blei sjef foravdelinga med ansvar for utstilling og samling. Enno,fleire månader etter, gjorde folk eit nummer av utnem-ninga. Det fekk Sofie til å mistenke at dei var ironiske i sinekommentarar og lykkeønskingar. Men Åsmund var ein avdei som såg folk inn i auga. Sofie kom ikkje på nokon fiksreplikk til svar, så ho berre nikka og heva glaset.– Ja, her er alle glade. Åsmund gjorde ei sveipande

rørsle utover i lokalet.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 15

– Verkeleg? Ja, men da får vel vi òg vere glade.Åsmund førte glaset sitt mot hennar, klinka så vidt

borti det og blunka.– For Edvard.– For Edvard, svara ho alvorleg. Han er på mi side,

tenkte ho, men blei straks i tvil igjen.– Til og med kulturministeren ser ut til å vere i god-

lune.– Kulturministeren? Er kulturministeren her?Åsmund nikka og peika. Sofie såg han ikkje med det

same, men ho såg ryggen til Otto, han gjekk for segsjølv og studerte utstillinga. Ho hadde ikkje eingonglagt merke til at han hadde gått av stad på eiga hand.Han stod framfor eit enormt fotografi av eit lass medtømmerstokkar som låg ved ein snødekt skogsveg.Snittflata på tømmeret lyste opp bildet på ein måtesom fekk snøen til å verke grå. At tre kunne ha så mykjelys i seg. Otto tenkte på sakspapira som venta på hanheime, den forbaska Ullern-saka, han verkte etter å bliferdig, i alle fall få ei viss oversikt. Ferdige blei visstdesse sakene aldri. Da han gjekk forbi kulturministe-ren, utveksla dei korte nikk. Sofie hadde ikkje sagtnoko om at han skulle vere til stades på opninga. Ottosnudde seg og såg etter kona si. Ho stod framleis ogsnakka med denne medarbeidaren som han ikkjeklarte å hugse namnet på. Var det Asgeir? Åsgeir? Sofiesåg lita ut ved sida av han. Ho stod og vrei på armban-det sitt. Det var typisk henne å fingre med smykka sinenår ho var nervøs. Otto brukte å irritere seg over kor-leis ho vrei på gifteringen når ho snakka med folk. Detsåg ut som ho prøvde å skru seg sjølv ned i bakken.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 16

Sofie merka at ho dreiv og klødde på bittet underarmbandet. Åsmund la også merke til det.

– Myggstikk? spurde han.Ho skulle til å seie noko, men tok seg i det. Ho nikka

berre og prøvde å plassere armbandet slik at det ikkjeblei liggande og gnage mot bittet. Hadde Karin invitertkulturministeren utan å informere henne? Skulle hanseie noko? Den offisielle opninga var da i morgon. Sofiehadde Karin i siktet heile tida. Ho tråkla seg smidiggjennom menneskemengda, ein raud tråd som snurpadei forskjellige gruppene med folk saman. Karin må halagt merke til blikket, for brått sette ho kursen mot dentrygge sona Sofie hadde etablert der i ytterkanten samanmed Åsmund. Sofie begynte å fikle med armbandetigjen. Karin bøygde seg fram mot øyret hennar.– Når det gjeld kulturministeren …– Eg visste ikkje at han skulle komme.– Ikkje eg heller, før i ettermiddag. Men viss han ber

om å få ordet …Sofie rynka panna, men nikka, og ikkje lenge etter

stod Karin oppe på det kvite, portable podiet som såg uttil å sveve lett over golvet, som eit magisk teppe. Ingakremting eller kakking i mikrofonen, Karin gjekk rett på.Sofie høyrde at publikum humra velvillig, og tenkte påden første medarbeidarsamtalen deira etter at ho haddeblitt avdelingssjef. Karin hadde uttrykt glede over å få lovtil å jobbe direkte med utstillingane og publikum, oggjorde det dermed vrient for Sofie å ta opp det vanskele-gaste temaet mellom dei. Ho var ikkje i tvil om at Karinkjende seg forbigått. Det var heller ikkje tvil om at fleireav dei som hadde jobba i museet ei stund, meinte at den

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 17

lange fartstida til Karin burde vege tyngre enn forskings-arbeidet og den solide publiseringslista til Sofie.– Og som ei overrasking vil kulturministeren komme

med ei helsing, avslutta Karin og tok eit par skritt tilsides. Ministeren bar på ein bukett høge, mørkeraudegladiolar, og vakla lett da han hadde komme seg opppå podiet. Karin fridde han raskt frå blomstrane.– Ja, det er vel overraskande at eg vågar meg fram

med ei helsing til denne kunstnaren, etter det somskjedde med min forgjengar, begynte ministeren, tillatter og hoiing frå publikum. – Men sidan dette er eitspesielt høve, tar eg sjansen, heldt han fram mens hanblunka nervøst og fann fram ein lapp frå innerlommapå den grå dressen. Sofie tenkte at han såg litt ut somein blomster sjølv, aller mest kunne han minne om eintulipan, aleine i ein glasvase: tynn kropp, tungt, vip-pande hovud. Talen hans gjorde henne glad. Det varikkje det vanlege ministerpreiket, ikkje noko forsøk påå ta æra for at museet no endeleg stod der, men ein taleom Munch-arven, som ofte hadde blitt sett på som eialtfor tung bør for eit lite land og ein liten hovudstad åbere. Vi, og da meiner eg først og fremst politikarane,sa kulturministeren, har hatt ein tendens til å sjå pro-blema og ikkje mogelegheitene. Vi ser kostnadene førvi ser det kostelege. Men sjå her, sa kulturministeren ogpeika rundt seg, sjå kva dette viktige kunstnarskapethar avla, korleis det har inspirert og forma ikkje berregenerasjonar av kunstnarar, men også oss som folk,slik det gir eit tidlaust uttrykk for livskjensla vår, livs-vilkåra til folket som lever her oppe i nord: kulda, sjuk-dommane, striden – men også sola, lyset om somma-

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 18

ren, det lysande i snøen, det lysande i natta, lyset fråansikta våre, sa kulturministeren, og publikum var blittstille, folk stod og såg rundt seg, fotografia til Wegel-mann glødde, skimra på veggane rundt dei. Sofie kastaeit sideblikk bort på Åsmund, som stod og tromma påvinglaset sitt. Han fanga blikket hennar og nikka sakte.Så steig Jenny Wegelmann opp på podiet. Det kvite

håret stritta som vanleg til alle kantar, skinnjakka varogså kvit, og auga så sminka at dei såg ut som to svartebrønnar i det bleike ansiktet. Ho såg slett ikkje ufarleg ut.Og publikum fekk meir enn dei hadde våga å håpe på.Kulturministeren fekk tilbake buketten, og sidan han vareit heilt hovud høgare enn kunstnaren, måtte han bøyeseg ned for å overrekke henne blomstrane. Da greip horundt hovudet hans med begge hender og gav han eitkyss på munnen, eit langt, sugande kyss. Han heldtbuketten med begge hender, og kunne ingen ting annagjere enn å skyve henne bort med den. I det kulturminis-teren prøvde å vri seg unna grepet til Jenny Wegelmann,såg det ut som han ville stikke ut auga hennar medgladio lar. Ein blits gjekk av der framme, og lyste oppansikta deira. Kulturministeren kom seg ned frå podiet iein fart, og kunstnaren gøymde ansiktet bak blomstrane.Fleire av gladiolane hadde knekt i basketaket.Sofie brøyta seg fram i den urolege menneske-

mengda, ville finne kulturministeren, be om unnskyld-ning, rydde opp. Takke for den eineståande talen somdenne vesle kunstnarrebellen no hadde sørgd for atikkje ein kjeft kom til å hugse. Men han var på veg utdøra saman med ein annan dresskledd mann. Sofiesprang rett på ein av informasjonsmedarbeidarane

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 19

hans, ei ung glatthåra kvinne som ho ikkje hugsa nam-net på, og som stod og krangla med ein journalist.– Eit uhyre billig pr-triks, slengde ho mot Sofie. Og

snudde seg mot journalisten igjen. – De kan ikkje ladykk bruke på denne måten … Dette er eit reint rekla-mestunt!Journalisten såg overberande på informasjonsmed-

arbeidaren og kasta så eit blikk på mobilen sin. – Og eitvellykka eit i så måte. Det er allereie ute på nett, opp-lyste han og gjekk mot utgangen. Der ute kunne Sofiesjå at den svarte bilen alt hadde rulla fram og slukt kul-turministeren. Ho slo ut med armane: – Vel, han komhit på eige initiativ.Den glatthåra kvinna såg ein augeblink forfjamsa

ut, så snurpa ho munnen saman, snudde på hælen ogforsvann etter følgjet sitt. Sofie hutra og klemde rundtarmane sine, sjølv om det ikkje var kaldt. Ho gjekk inn-over i lokalet igjen. På podiet dreiv tre svartkledde jen-ter og rigga seg til med keyboard, gitar og kontrabass.Like attmed registrerte ho at Karin stod i ei lita klyngesaman med Jenny Wegelmann, leiaren for juryen og eitpar journalistar. Otto stod på den andre sida av scena og såg Sofie

nærme seg. Så gåtefullt vakker, med det vesle halvsmiletho alltid gøymde seg bak. Ein rafaelsk venleik, haddeKarin kalla det. Ho var på veg bort mot han, men såbegynte Depp på den første av dei seige, mørke låtanesine, og det tetna til rundt podiet. Bandet hadde spesiali-sert seg på kjende hitlåtar som dei spela så langsamt atalle høyrdest nesten like ut. I alle fall like depressive. Ottofekk auge på Karin og viste tommelen opp. Ho sende

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 20

han eit strålande smil. Dette var tydelegvis hennar kveld.Sofie orka ikkje å trenge seg fram, ho snudde og

gjekk attover i lokalet, til bordet med drikkevarene. Jentasom hadde servert, var borte, Åsmund var heller ikkje åsjå. Den musserande vinen var blitt doven. Musikkenhøyrdest ullen ut så langt bak, rumling frå tomme tøn-ner. For dei som var til stades, hadde dette vore ei strå-lande førestilling. Sofie visste at Karin, og resten av sta-ben med henne, ville konkludere med at museet ikkjekunne fått ein betre start på den nye satsinga. Eit skan-daløst kyss, ein kunstnar i fri dressur, ein audmjukaminister, framsidene i dei få gjenverande papiravisene.Var det berre ho som syntest at det var uverdig? Sofiekjende murringa i korsryggen, strålinga ut i hoftene. Eigammal smerte vekt til live. Kroppen truga med å gå ilås. Det var noko med denne hendinga som plagahenne. Det tvingande, sugande kysset. Eit vampyrkyss.Ho vende ryggen til festen, fann fram nøkkelkortet

frå veska og låste seg vidare inn i museet. Rulletrap-pene stod, så ho tok heisen, og steig ut i utstillingsom-rådet i åttande etasje. Det var som å komme inn i einboks, tom for lyd og inntrykk. Sofie vandra sakte gjen -nom salane utan å stoppe opp ved eit einaste av måle-ria. Ho såg dei på ein måte ho ikkje hadde sett dei før;dei rann forbi henne i ein straum av fargar og flekkar,brokkar av livskatastrofar. Sår hoste, pipande pust,feberblanke auge. Bleik hud og vakre kjolar som berreei kort stund ville skjule nedbrytinga, oppløysinga,lukta av død. Det vakre og sanninga i eitt og samemåleri, i kvart einaste måleri, det er dette som er detstore, tenkte Sofie og heldt fram med å gå. Skjønnheit

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 21

og sanning kan vere det same, det er da det blir kunst.Det er dette vi jobbar med, det er viktig å halde fast ved,sa ho til seg sjølv der ho gjekk gjennom salane oggløymde tida, gløymde ubehaget ved kysset for ei stund.

Ho prøvde å forklare det for Otto på veg heim. Dei gjekkog leidde syklane. Det var ikkje heilt mørkt, men gate-lyktene var tende og heldt den tunge og blåsvarte him-melen oppe som ein teltduk over dei. Det var nesteningen trafikk på vegen som gjekk opp bak Politi huset.Sofie valde sjeldan denne ruta når ho gjekk aleine.– Alt blir berre så … flatt. Når det som betyr noko,

heile tida kjem i skuggen av skandalane og kjendiserietog kultdyrkinga. Her prøvde ministeren å seie noko vek-tig om kunsten, og så … ja, det er til og med kunstnarensjølv som saboterer … det er nesten ikkje til å tru!– Det er framleis slik at all merksemd er god merk-

semd.– Og til kva pris? Popularisere, gjere alt så smått og

tabloid som råd, fri til dei lågaste instinkta, heile tida.Vi kjem aldri ut av det middelmåtige. Og kvifor det?Fordi ingen vil ut av det. Ikkje eingong folk som jobbarmed ein av dei største kunstnarane som har levd, vil utav det. Alle er så livredde for å bli stempla som elitis-tiske. Det er liksom det verste …– Du er prega av arbeidsforholda, sa Otto. – Du ser

alt i det lyset. – Sikkert.– Karin og dei andre vil heilt sikkert meine at denne

vesle skandalen gagnar museet. Men la dei no gjere det,da. Pick your fights!

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 22

– Og det seier du.– Kva meiner du?– Nei, eg meiner ikkje noko anna enn at du ser ut til

å gå inn i kvar bidige kamp sjølv. Liten eller stor. Somdet med Ullern.– Det er faktisk ei svært vanskeleg sak.– Der ser du.Sukket hans. Gjennom lyden av stega deira, dei lette

slaga av dressjakka hans mot sykkelbjølla, kverningafrå -bussen i Grønlandsleiret. Eit slikt sukk betyddeat diskusjonen var slutt. Det betydde at han følte at hanikkje kom nokon veg med henne. Han høyrde sukketsjølv og angra seg. Dei hadde hatt tallause diskusjonarom denne sukkinga.– Men for all del, skunda han seg å seie. – Det er du

som må fronte dette. Eg skjønar at det er irriterande.Ho svara ikkje. Dei passerte den indiske restauran-

ten som hadde vore stamplassen deira dei første åra.Den hadde vore stengd ei god stund, men dukane lågframleis på bordet, og oppå stod dei små vasane medplastblomster slik dei alltid hadde stått. Otto håpteikkje den hyggelege eigaren var konkurs. Dei haddelova kvarandre at dei skulle bli flinkare til å ete der der-som restauranten opna igjen. No gjekk Sofie rett forbiutan å sjå inn. Namnet på restauranten, som stod medgullbokstavar i ein halvsirkel på ruta, var nesten ulese-leg på grunn av trafikkstøvet.– Eg håper at dei snart opnar ein hyggeleg restau-

rant i nabolaget, sa Otto til nakken hennar. – Om deiberre kunne stenge Naboens og pusse den opp til einkoseleg liten bydelsrestaurant!

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 23

Det var ofte uro og spetakkel i og rundt puben påhjørnet. No såg det roleg ut, men Stakkars Hunden lågutanfor, som vanleg. Det var namnet dei hadde gitthan. Stakkars Hunden måtte vere dels schæfer, delsnoko anna, spisse øyre og snute, meir svart enn brun.Nesten kvar kveld låg han der, i det korte bandet, ogfølgde alle som gjekk forbi, med blikket. Otto haddefantasert om å løyse han og leie han med seg, ta hanmed seg heim. Gi han mat og kos, gå turar i parkenmed han, gi Stakkars Hunden eit godt liv. Ein hundsom kunne legge hovudet på føtene hans. Men Stak-kars Hunden hadde alt ein eigar. Ein svær kar medtatoveringar på armane og vidare oppetter halsen, derdei raude og blå teikningane glei saman med svul-mande blodårar. Derfor gjekk Otto utanom, alltidutanom. Eg har aldri redda nokon, tenkte han.– Ein koseleg liten bydelsrestaurant, gjentok Sofie

med hån i stemma. – Veit du, i går da eg skulle inn por-ten vår, så stod det ein mann og pissa der. Midt på lyseettermiddagen. Han stod og vippa på hælane og pissaakkurat der eg skulle gå inn. Trur du det er nokon somvil opne ein koseleg bydelsrestaurant i eit slikt nabo-lag?– Kva gjorde du da? Skjelte du han ut?– Skjelle ut ein mann som står med pikken ute?– Nei, det går ikkje an. Du stilte deg vel berre opp og

venta høfleg til han var ferdig.– Det gjorde eg ikkje! Eg sykla meg ein lang tur,

trakka rundt på Kampen, for eg var så sint. Eg komikkje tilbake før pisset hadde trekt seg ned i betongen,men stinka gjorde det. Du kjenner det enda!

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 24

Dei var på veg inn den tunge smijarnsporten. Por-ten skreik på hengslene. Det lukta verkeleg piss.– Kanskje vi skal flytte opp dit, da, sa Otto. – På

Kampen. Kanskje vi skal vurdere det seriøst?Sofie sa ingen ting mens dei trilla syklane bort til

sykkelstativet. Bak dei rasla det lett i dei to bjørkenesom var bakgardens pryd. Nokre gule blad hadde fallened på det store hagebordet, var ikkje det litt tidleg?Men seinsommaren hadde vore tørr. – Vi blir ikkje akkurat yngre med åra heller, heldt

Otto fram. – Om nokre år blir desse trappene for mykjefor oss.Han høyrde på den iltre skramlinga med sykkellåsen

at ho ikkje likte det han sa. Når Sofie snakka om seg sjølvog ektemannen til andre, sa ho at ho var i midten av før-tiåra og han var i midten av femtiåra, sjølv om sanningavar at ho begynte å nærme seg femti og han snart varseksti. Otto meinte at ho dreiv med aktiv fortrenging ognekta å innsjå at dei blei eldre. Ein gong hadde hanprøvd å snakke skikkeleg med henne om det. Men Otto,vi skal vere gamle så lenge, hadde ho sagt. Vi skal veregamle så lenge, i mange tiår, kanskje, er ikkje det lengenok å vere gammal, vi treng da ikkje begynne med detfør tida? Han kunne ikkje seie noko på det, han kunneikkje seie kva han tenkte. At dei alt var gamle. At dei varblitt kasta ut i en tidleg alderdom da dei mista Marie.Da dei kom opp, gjekk Sofie straks ut på kjøkkenet

for å setje på tevatn. Otto dumpa ned i lesestolen ogvar snart langt nede i papira sine. Han la ikkje eingongmerke til at Sofie sette ein kopp på bordet attmed han.Ikkje før teen var kald og ho hadde gått og lagt seg.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 25

Sofie skjøna ikkje med det same kva som hadde vekthenne. Rommet var mørkt, og det var ingen lydar frågata utanfor. Ho kunne ikkje hugse å ha drøymt. Rettattmed henne pusta Otto jamt og roleg. Sofie prøvde åla vere å tenke. Klarte ho å kople ut tankane og slappeheilt av, ville ho kanskje få sove igjen. Ho snudde segover på sida og gjorde seg slapp i kroppen. Da kjende hodunkinga i armen. Vel, dunka gjorde det kanskje ikkje,men det var noko, eit trykk. Ho kjende hjarteslaga sine,i brystet og i høgre arm. Det var armen med bittet. Hokjende etter med den venstre handa. Høgre arm varvarm, og det var kanskje litt hovent rett over handled-det. Det måtte vere årsaka til at ho hadde vakna. Hohadde lege oppå armen, og så hadde den sovna. Hopusta roleg og prøvde å kople seg frå på nytt. Gli bortfrå underlaget, tankane, alt som heldt henne igjen. Men det prikkar ikkje, tenkte Sofie. Det brukar jo å

prikke når nerven som har lege i klem, vaknar til livigjen. Ho stod opp og lista seg ut på badet. Der slo ho pålyset, sette seg på toalettet, og meir høyrde enn kjende atein tynn stråle ringla seg ut av henne. Ho burde kanskjeslutte heilt med å drikke te om kveldane. Til og med dei

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 26

milde, grøne teane kunne gjere kroppen uroleg. Hoheldt armane framfor seg, samanlikna dei utan å sjåstor forskjell. Rundt sjølve bittet var det ein hevelse,meir som ein slags kul eller klump. Ingen raud ringrundt, ikkje tilløp til det eingong. Det var jo først da detvar fare på ferde, viss det kom ein raud ring rundt. Hokunne ikkje gå til legen med dette. Ein liten klump derho hadde pilka til ho blødde. Sofie tørka seg, gjekk borttil vasken, og lente panna mot spegelen mens ho lét kjø-lig vatn frå springen sildre over handledda og hendenesine. I skapet fann ho Pyrisept, ei nesten tom flaske.Den hadde stått der i aldri så lang tid. Var reinsevatnetfor gammalt, hadde det kanskje ingen effekt. Ho heltedet som var igjen i flaska, rett på såret. Det meste rannav og ned i vasken. Ho måtte hugse å kjøpe nytt. Og såjod. For var ikkje jod enda sterkare? Ho tassa ned påkjøkkenet og fann blokka med handlelappar på hyllaover komfyren, skreiv det opp. Pyrisept. Jod. Det sågganske alarmerande ut, så ho skunda seg å skrive eit parting til. Oppvaskmiddel. Olivenolje.Kjøkkenet var, som alt anna, annleis om natta. Det

harde lyset over kjøkkenbenken strekte seg ikkje sålangt, og i alle fall ikkje inn i stova. Jakka som Ottohadde hengt over stolryggen, fekk det til å sjå ut somdet var nokon der. Det var som om stolen og jakkahadde slått seg saman og danna ein ny konstellasjon,eit slags halvlevande vesen som såg på henne, følgdemed der ho gjekk frå vindauge til vindauge og kikka ut.Kva var det ho ville skulle openberre seg der ute? Eituvanleg syn. Det var det ho ønskte seg. Ei overrasking.Forandring. Auga hadde trøytna på desse husrekkene,

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 27

desse taka i forskjellig høgd og heisekrana som skarhorisonten tvers av. Dei døde, nattestille gatene. Hoville ta tak i dette og dra det til sides, som eit scene-teppe, sjå kva som var bak. Ein ny by. Nye nattehimlar.Eller ei stor, open slette, med bølgjande gras. Ein blirdet ein ser på. Ho kjende seg like forsteina som denmørklagde byen.Men ho kunne ane at mørket var i ferd med å trekke

seg tilbake. Det var i det minste ei rørsle. Mørket trekteseg tilbake, slik det alltid gjorde når tida var inne. Menmørket er aldri langt unna, det berre kryp saman, gøy-mer seg bak åskammen, inne i portrom, for snart å flyteutover igjen og fylle alt. No samla det seg rundt horison-ten, tetna til der, gjorde klart for tilbaketrekkinga.Sofie lente panna mot glaset, kom på at dei nettopp

hadde vaska vindauga. Det kom til å bli eit merke. Hogeispa, lente seg hardare mot glaset, kjende på uroasom jobba inne i henne, prøvde å setje namn på den.Ein mild angst, kanskje. Om det fanst noko slikt somein mild angst, måtte den i så fall vere i slekt med denlyse melankolien. Kven var det som hadde snakka omein lys melankoli? Og kva skulle det bety? Sofie pustadjupt inn og ut. Enda eit merke på glaset, dampen fråmunnen hennar. Ho kyssa merket, det blei eit merkeinne i merket, av leppene hennar. Ein lys melankolimåtte vere den typen utmatting og sorg som kankomme over ein på nattetid, gjerne ei lys og varm som-marnatt, når gjestene har gått og glas er rydda bort,dukane tatt av bordet. Når det på same tid går opp forein at alt var vellykka, og at alt er over.Ein kvit varebil kom sakte køyrande gjennom gata.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 28

Framleis kunne synet av ein slik bil utløyse panikk hoshenne. Men så kom dei kvardagslege klaska frå avis-bunkane som blei lempa ut oppe ved plassen med dentørrlagde fontena. Der stod dei blå avistrallene lentemot eit gjerde, og snart ville gniksinga frå dei spreie segut over heile bydelen. Så skjørt det var, det dimmemorgonlyset, den tynne hinna over alt, rett før detskulle sprekke opp. Dei første åra hadde desse nattlegevandringane hatt ein annan rytme, ein kortare pust.Uuthaldelege tankar og ein verkande rygg hadde jagahenne rundt, ho måtte trave att og fram i høgt tempo,som for i det minste å halde ei råk open. No flaut bådeblodet og tankane meir roleg, meir fritt. Ho kunne sjåfor seg bygarden deira som eit skip med mange sov -ande menneske om bord, på veg gjennom ukjent far-vatn, på veg gjennom mørket mot ein ny dag, ei nyhamn. Men brått så var det ikkje eit skip som droggjennom natta, det var livet sjølv, for full stim. Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er

også sant at sorga blir større.Sofie gjekk fram og tilbake mellom stova og biblio-

teket. Romma verka så tomme, trass i dei fargerikebilda på veggane, dei stilreine møblane, dei artige, småstatuane og bystene ho hadde arva frå farfaren og plas-sert rundt i hyller og på pidestallar. På bordet einbukett med ringblomster som skreik ut oransjefargensin. I vindaugskarmen ein vase med erteblomster, duseog skjøre som glas. Romma mangla likevel liv. Spor avmenneske, rett og slett. Leiker utover golvet, smulartrykte ned i golvteppet, ranslar og vesker utover, smør-pakkar som hadde blitt ståande for lenge ute på ben-

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 29

ken, sportsutstyr som sperra vegen i gangen, møblarsom stod skeivt fordi ein kvervelvind stadig fór gjen -nom romma. Det mangla fordi det var ingen der. Berrespøkelse, skuggar. Berre alt som kunne vore.Berre dei to. Otto og ho. Og spørsmålet ho alltid

prøvde å flykte unna. Ho hadde blitt flink til å tenkeutan å tenke, ho hadde øvd på det i årevis. Men iblanttvinga spørsmålet seg fram, og i det snikande morgon-lyset lista det seg igjen inn på henne. Skulle dei blittbuande i huset der Marie hadde levd saman med dei?Da dei tok valet, stod det heilt klart for Sofie at ho ikkjeville halde ut å leve ein stad med så mange minne. Detbetydde at ho måtte flytte frå huset der dotter hennarhadde sprunge, sove, leika, ete, skrike, sunge. Sofiestøtta seg mot bokhylla, dunka panna lett mot bokryg-gane. Framleis ville ho insistere på at ho tok det valet homåtte ta. Det betydde ikkje at det ikkje var smertefullt.Det betydde ikkje at ikkje såra blei rivne opp, nestenkvar einaste dag. No sist da ho skulle fylle ut eit skjemader eit av spørsmåla var om ho hadde barn. Ho haddeberre blitt ståande og stire på skjemaet, ikkje klart ågjere det ferdig. To rubrikkar å krysse av, nei eller ja. Detvar ingen der ho kunne spørje. Og kva skulle ho i tilfellespørje om? Sei meg, har eg barn? Eller har eg ikkje?Ho hadde gitt bort nesten alt, berre eit par små kas-

ser med ting hadde fått bli med da dei flytta. Dei haddereist frå klistremerka Marie hadde lurt seg til å klistrepå veggen ved senga, hakket ho hadde laga i golvet dengongen ho prøvde på seg dei nye kunstløpsskøyteneinne, den breie vindaugskarmen der dei likte å krypesaman og drikke kakao på uvêrsdagar.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 30

Og det var fleire spørsmål. Når ein først sleppte deitil … Skulle ho ha vore meir bestemt på å få eit barntil? Ja, det skulle ho. Klart dei skulle ha fått eit barn,Otto og ho, eit felles barn før det var for seint. Menførst vegra han seg, med overraskande stor styrke, ogseinare var det ho som hadde nølt. I det spørsmålethadde dei aldri vore synkroniserte. Sofie klemde påarmen sin igjen, det var varmt rundt bittet. Inflamma-sjon. Noko kroppen hennar måtte jobbe med, anten hosov eller var vaken. Otto ville berre ha engsta seg unø-dig om han hadde visst at det var ein flått. Det villeberre blitt mas. Flåtten hadde vore ganske liten, hohadde prøvd å nappe han ut, og så hadde sikkert einliten del av dyret blitt sitjande igjen. Det kom til åordne seg når ho fekk reinsa det skikkeleg.Ho ville la avisene ligge på dørmatta, prøve å få seg

nokre timar til med søvn, møte morgonen saman medOtto. Stille lista Sofie seg opp trappene og inn på badet,fann knaggen til morgonkåpa. Persiennene sleppte innnok lys til at ho såg ein utydeleg figur i spegelen, eijente i kort, blå kjole. Kjolen var eigentleg ei lang T-skjorte, vaska og brukt til ein tynnsliten og mjukkokong. Snart ville ho bli nøydd til å kaste yndlings-nattkjolen sin, og ho kom ikkje til å finne noko somkunne erstatte den.Senga var kald. Ho hadde vore lenge borte.

Sju dagar i august ferdig_A 24.06.14 15.49 Side 31