skolemateriell

13

Click here to load reader

Upload: riksteatret

Post on 11-Mar-2016

218 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

Skolemateriell hamsuns gate nynorsk

TRANSCRIPT

Page 1: Skolemateriell

 

Page 2: Skolemateriell

Innhald

1. Tanken bak opplegget

2. Arbeid i klasserommet før ein går i teatret

3. Vi som har laga opplegget

4. Oppgåver knytte til framsyninga Hamsuns gate

5. Oppgåver knytte til Hamsun som forfattar

6. Tips til vidare arbeid med eller lesing av Hamsun

7. Forankring i læreplanen

 

Page 3: Skolemateriell

 

1. Tanken bak opplegget

Opplegget tek utgangspunkt i fleire av Hamsuns noveller som stykket Hamsuns gate

byggjer på. Fleire av oppgåvene anbefaler vi å gjennomgå før ein ser framsyninga, mens

andre eignar seg best for etterarbeid. Fleire av oppgåvene er ikkje så tidkrevjande (to til

fire timar), mens andre oppgåver går meir i djupna og krev meir tid og arbeid. Tanken bak

opplegget er at det skal vere mogleg å finne oppgåver som høver for den enkelte lærar og

klasse. Undervisningsopplegget rettar seg mot dei ulike trinna i vidaregåande skole.

Opplegget tek utgangspunkt i formålet med norskfaget, der det mellom anna står at

”norskfaget etablerer seg i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det

nasjonale og det globale”, og at ”faget skal hjelpe elevane til å orientere seg i mangfaldet

av tekster og gi rom for oppleving, læring, refleksjon og vurdering”. Derfor vil det vere i

tråd med læreplanen å bruke tid på Hamsun. I tillegg tek framsyninga utgangspunkt i

novellesjangeren, og denne sjangeren skal elevane jobbe med både på ungdomsskolen og i

vidaregåande skole.

2. Arbeid i klasserommet før ein går i teatret

Hamsun kan på mange måtar vere ein krevjande forfattar å lese for ungdom. Vår erfaring

er likevel at når vi set av tid til å jobbe grundig med tekster, kan litteratur som krev ein

innsats, engasjere elevane. Utfordringa er sjølvsagt å gjere lesing av ein tekst, som for

elevane ved første augekast kan verke gammaldags og utilgjengeleg, til ein interessant,

aktuell og spennande prosess. Vi trur at ved å jobbe felles med tekster i klasserommet, der

læraren hjelper elevane med leseforståinga heile vegen, vil ein kunne skape læringsutbytte

og interesse for Hamsun og andre store diktarar, norske som utanlandske. Med dette er vi

inne i ein stadig tilbakevendande debatt i skolen om tekstutval, litterær kanon og nivå. Vi

Page 4: Skolemateriell

 

lèt den debatten liggje, men nemner det ein elev fortalde oss etter at Hamsun-prosjektet

ved vår skole var avslutta. Eleven fortalde at ho hadde teke med seg fleire romanar av

Hamsun inn i sommarferien, etter at ho hadde fått informasjon om at klassen etter

sommaren skulle ha eit Hamsun-prosjekt. ”Jeg forsto vel egentlig ikke så mye av bøkene

da jeg leste dem selv, men da jeg leste bøkene på nytt sammen med klassen, fikk jeg med

meg så mye mer. Det er litt sånn med Hamsun at for hver gang du leser teksten på nytt,

ser du flere lag. Og du kan vel si at min første lesing handlet om å forstå det øverste

laget.”

Når det gjeld framsyninga Hamsuns gate, krev den noko arbeid i klasserommet i

forkant. Stykket byggjer på sju av Hamsuns noveller, men vi forstår at det å lese alle sju

novellene og jobbe grundig med dei, ikkje lèt seg gjere på den tida ein lærer har til

rådvelde. Vi har plukka ut tre noveller som vi meiner det er lurt å bruke tid på dersom

elevane skal få utbytte av Hamsuns gate.

Teater representerer på mange måtar ein motkultur til mykje av den

ungdomskulturen ungdommen er heime i. Handlinga på scenen kan gå langsamt, det krev

konsentrasjon å få med seg det som skjer i stykket, ein må sitje still, skru av mobilen og

ikkje snakke med sidemannen. For ein del elevar vil Hamsuns gate vere deira første møte

med ei framsyning retta mot eit vakse publikum, og da er det viktig at opplevinga blir

positiv, slik at dei finn vegen tilbake til teatret ein annan gong. Derfor er det avgjerande at

elevane er godt førebudde på det dei skal sjå. Gjennom å arbeide med dei utvalde

novellene og med oppgåvene knytte til desse i undervisningsopplegget meiner vi

utgangspunktet for ei god teateroppleving er til stades. Kanskje passar Hamsuns gate best

for elevar på Vg3, og i læreplanen er det jo også her Hamsun blir plassert. Legg ein opp

Hamsun som forfattar, har ein god ryggdekking i høve til læreplanen – og ved å kombinere

tekstlesing i klasserommet som eit førearbeid til å sjå ei teaterframsyning får elevane ei

oppleving som skil seg frå den vanlege skolekvardagen. Det at elevane opplever at noveller

Hamsun skreiv for over hundre år sidan, blir sette opp på teater i dag, viser dei at Hamsun

framleis er aktuell. Så kan ein jo etter sett framsyning spørje elevane om det dei såg på

scenen, vart opplevd som aktuelt for dei, der dei står i livet sitt, med den risikoen det

Page 5: Skolemateriell

 

inneber. Kanskje var det nokon som ikkje likte det dei såg, men kanskje var det fleire som

fekk ei positiv oppleving?

3. Vi som har laga opplegget

Bjørnar Hagen underviser i norsk, historie og samfunnsfag ved Nøtterøy vidaregåande

skole. Bjørnar hugsar godt sitt første møte med Pan på gymnaset, og har sidan vore

oppteken av Knut Hamsun som forfattar. Etter eit foredrag med Ingar Sletten Kolloen om

bruk av Hamsun i undervisninga fekk han og fleire kollegaer ideen om eit Hamsun-

prosjekt. Prosjektet vart ei spennande reise gjennom fleire av Hamsuns mest kjende

romanar. 18-åringane likte det dei las, og da tilbodet om å lage eit undervisningsopplegg

knytt til Pan og fleire av Hamsuns noveller kom, var det ikkje vanskeleg å seie ja.

Anniken Hotvedt Sundby underviser i norsk og religion ved Nøtterøy vidaregåande skole.

Anniken sitt møte med Hamsun var gjennom romanen Victoria; ho hugsar enno omslaget

på boka, store trykte raude hjarte, og det var kan hende meir omslaget enn

forfattarnamnet som trekte til seg lesaren den gongen. Seinare har fascinasjonen for

Hamsun vakse. Ingen kan skildre kjensler som Hamsun. Og det er nettopp desse kjenslene,

forelskinga, og skiftingane dette fører med seg, som ungdommen kjenner seg att i.

Hamsun er ein av våre viktigaste forfattarar, og det er viktig at nye generasjonar blir

kjende med forfattarskapen hans.

Page 6: Skolemateriell

 

4. Oppgåver knytte til framsyninga Hamsuns gate

Framsyninga Hamsuns gate er basert på sju av Hamsuns noveller. Oppgåvene som følgjer,

tek utgangspunkt i dei tre novellene Livets røst, En ærkeskjælm og En ganske almindelig

flue av middels størrelse, som er dei som eignar seg best for elevar på vidaregåande.

Oppgåver i forkant av framsyninga:

1. Novelleanalyse

a) Nærles ei eller fleire av novellene felles i klassen. Jobb med metoden ”Dei fem

spørsmåla” (frå Når børn læser fiktion av Bo Steffensen):

1) Finn fem ting som du vart nysgjerrig på da du las novella.

2) Formuler dei som spørsmål.

3) Diskuter dei ulike spørsmåla med klassen/gruppa. Kvifor valde du nettopp desse?

4) Svar på spørsmåla. Diskuter svara.

b) Analyser og tolk ei av novellene.

2. Novelleanalyse

Les novella En ærkeskjælm. Kva er ein erkeskjelm? Synest du at tittelen høver til

handlinga i novella? Kvifor trur du at nettopp denne novella blir brukt som

rammeforteljing i framsyninga?

Page 7: Skolemateriell

3. Klassediskusjon

Hamsun ønskte ikkje å kalle desse tekstene noveller. Drøft ut frå sjangerkrav om tekstene

er noveller eller ikkje.

4. Biletanalyse

Biletanalyse – Edward Hoppers bilete Nighthawks (1942) blir nemnt i omtalen av stykket

som utgangspunkt eller den scenografiske ideen bak sceneversjonen.

1. Kvifor vart nettopp dette biletet valt, trur du?

2. Kven eller kva ser du på biletet? (motiv)

3. Analyser biletet (f.eks. tema, bodskap, komposisjon, farger og symbolikk).

5. Klassesamtale

(Dersom du før framsyninga jobba med novella En ærkeskjælm i oppgåve 2)

Korleis fungerte novella som ei rammeforteljing i framsyninga?

 

Page 8: Skolemateriell

 

Oppgåver i etterkant av framsyninga:

1. Klassediskusjon

A) Korleis likte du stykket? Kommenter skodespelarar/ljos/kostyme/språk/scenografi.

Kva hugsar/likte du best – kvifor? Noko du ikkje forsto? Songane og dikta – korleis

fungerte dei i framsyninga?

B) Med tanke på dei novellene du las før du såg stykket, korleis vart forventningane dine

innfridde?

2. Refleksjons- og skriveoppgåve

Oppgåva munnar ut i at ein anten individuelt eller i grupper skriv ei teatermelding på

bakgrunn av framsyninga ein har sett. Men før elevane skriv ei teatermelding, bør det

først diskuterast felles i klassen:

‐ Kva for mottakargruppe er meldinga meint for?

‐ Kva av konkret informasjon om oppsetjinga bør vere med?

‐ Skal meldaren si objektive eller si subjektive oppleving/forståing av stykket ta

mest plass?

Til det siste punktet kan elevane ta utgangspunkt i desse sitata frå kjende meldarar:

”Når jeg skriver, skal det være sant, min subjektive beskrivelse er den sanneste.” (Hans Rossiné)

”Det viktigste – og det vanskeligste (...) – er å møte oppsetningene med åpent sinn og se etter hva

de på scenen vil si meg – ikke lukke meg inn i det jeg forventer å se.” (Astrid Sletbakk)

(Begge sitata er henta frå Nationaltheatrets jubileumsbiografi frå 1999)

Page 9: Skolemateriell

 

A) Etter diskusjonen/samtalen kan klassen, for å komme i gang med skrivinga, gjere ei

øving felles.

Finn ein scene som anten provoserte deg, rørde deg, gjorde deg glad eller fekk deg til å

føle medliding. – Læraren kan hjelpe elevane i gang med å stille spørsmål som: Kven var med i

scenen? Kva slags kostyme hadde dei på seg? Korleis var scenebiletet (kulisser, rekvisittar, ljos,

lyd..)? Kven sa kva til kven? Spesielle ord eller sitat?

Skriv ned denne scenen slik du hugsar den, og les opp for ein medelev. Snakk saman om

kvifor de valde nettopp denne scenen.

B) Skriv så ei teatermelding – med dei sjangerkrava de har blitt samde om i klassen.

C) Etter at du har skrive ei melding, kan du sjå på dei ulike meldingane som stykket

Hamsuns gate fekk etter premieren på Nationaltheatret (våren 2009). Kva for ei

melding er du mest samd eller usamd i?

Page 10: Skolemateriell

10 

 

5. Oppgåver knytte til Hamsun som forfattar

Oppgåve 18

På denne nettstaden http://www.dagbladet.no/hamsun/ får ein fleire opplysningar om

Hamsun som forfattar. Les igjennom sida og svar på spørsmåla:

a) Korleis vart Knut Hamsun forfattar?

b) Kva kan ha vore Hamsun si beste lesaroppleving?

c) Kven var Hamsun sine litterære førebilete?

d) Korleis jobba Hamsun?

For å svare på spørsmåla over har du berre brukt éi kjelde. Drøft om dette er problematisk.

Oppgåve 19

Ved å gå inn på denne sida http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.3760914 får du

informasjon om debatten som gjeld om Hamsun skal få ei gate eller ein plass oppkalla

etter seg.

Kva for tankar gjer du deg om dei ulike sidene av saka? Drøft med dei andre i klassen: Kva

meiner klassen om saka?

Oppgåve 20

I 2009 er det eit 150-årsjubileum for Hamsun. Kva slags jubileum er det snakk om, og

korleis skal det markerast?

Bruk for eksempel nettressursen under for å finne informasjon: www.nb.no/hamsun2009

Page 11: Skolemateriell

11 

 

6. Tips til vidare arbeid med eller lesing av Hamsun

Bøker:

Faldbakken, Knut (1985) Glahn.

Hamsun, Tore (1970) Knut Hamsun

Ferguson, Robert (1987) Gåten Knut Hamsun

Hansen, Torkild (1978) Prosessen mot Hamsun

Rottem, Øystein (1996) Hamsuns liv i bilder.

Vige, Rolf (1963) Knut Hamsuns Pan

Film:

Gåten Knut Hamsun (1996) Regi Bentein Baardson

Pan (1995) Regi Henning Carlsen

Hamsun på Internett:

http://www.aftenposten.no/alex/litterat/forfatte/hamsunkn.htm

www.nb.no/hamsun2009

www.nrk.no/litteratur/forfattere/1591758.html

www.dagbladet.no/hamsun/

www.hamsun-selskapet.no/

Page 12: Skolemateriell

12 

 

7. Forankring i læreplanen

Kompetansemål etter 10. årstrinn i Kunnskapsløftet:

Muntlege tekster:

• delta i utforskande samtaler om litteratur, teater og film.

Skriftlege tekster:

• lese og skrive tekster i ulike sjangrar

• formidle muntleg og skriftleg eigne leseerfaringar og leseopplevingar baserte på tolking og refleksjon

• (vise korleis tekster i ulike sjangrar kan byggjast opp på ulike måtar)

Samansette tekster:

• vurdere estetiske verkemiddel i samansette tekster henta frå informasjons- og underhaldningsmedium, reklame og kunst, og reflektere over korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete.

Språk og kultur:

• presentere viktige tema og uttrykksmåtar i sentrale samtidstekster og jamføre dei med framstillinga i klassiske verk frå norsk littaraturarv: kjærleik og kjønnsroller, helt og antihelt, røyndom og fantasi, makt og motmakt, løgn og sanning, oppbrot og ansvar.

Kompetansemål etter Vg1 studieførebuande og Vg 2 yrkesfagleg utdanningsprogram:

Muntlege tekster:

• meistre ulike roller i gruppesamtaler, foredrag, dramatisering, presentasjonar og framføringar som aktørar og tilhøyrarar.

• bruke kunnskap om språk og tekster i utforskande og vurderande samtaler om litteratur ut frå eiga oppleving.

Skriftlege tekster:

• gjere greie for eit breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva for funksjonar dei har

Page 13: Skolemateriell

13 

 

Samansette tekster:

• tolke og vurdere samspelet mellom muntleg og skriftleg språk, bilete, lyd og musikk, rørsle, grafikk og design og vise samanhengen mellom form og føremål.

• beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjonar knytte til språk og bilete.

Kompetansemål etter Vg2:

Skriftlege tekster:

• analysere tekster i ulike sjangrar for å kunne ta stilling til spørsmål tekstene tek opp og verdiar dei representerer.

Jamvel om det å jobbe med Hamsun lett kan grunngjevast ut frå læreplanmål i både 10. klasse, Vg1 og Vg2, er det spesielt i Vg3 at Hamsun er på sin plass.

Kompetansemål etter Vg3:

Språk og kultur:

• gjere greie for den modernistiske tradisjonen i norsk og internasjonal litteratur frå siste halvdel av 1800-talet og til i dag.

• Drøfte det moderne prosjektet slik det blir uttrykt i tekster av sentrale forfattarar frå opplysingstida via realismen og til i dag.

Skriftlege tekster:

• Lese og tolke eksperimenterande og modernistiske tekster og bruke dei som utgangspunkt for eigen tekstproduksjon.