skuleÅret 2018/19 · i tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag elevane på vg1 må...

13
VELKOMEN TIL VOSS VIDAREGÅANDE SKULE SKULEÅRET 2018/19 Voss vidaregåande skule Strandavegen 251 5710 Skulestadmo E-post: [email protected] Heimeside: www.hordaland.no/nyevossvgs Tlf.nr.: 57 30 76 00 Følg oss/lik oss på Facebook: «NYE Voss vidaregåande»

Upload: others

Post on 23-Jan-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

VELKOMEN TIL VOSS

VIDAREGÅANDE SKULE

SKULEÅRET 2018/19

Voss vidaregåande skule

Strandavegen 251

5710 Skulestadmo

E-post: [email protected]

Heimeside: www.hordaland.no/nyevossvgs

Tlf.nr.: 57 30 76 00

Følg oss/lik oss på Facebook: «NYE Voss vidaregåande»

Page 2: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

VELKOMEN TIL VOSS VIDAREGÅANDE SKULE

-attraktiv og framtidsretta-

Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen som elev ved Nye Voss vidaregåande skule!

Skulestart for alle elevar er

TORSDAG 16.AUGUST - FRAMMØTE I IDRETTSHALLEN KL. 09.00.

Dei som skal bu på skuleinternatet må møta fram på

Rogne vidaregåande skule, opphaldsrom 1. etg.

Onsdag 15.august mellom kl. 16.00 og kl 21.00 for innflytting.

Internat er lokalisert ved Rogne vidaregåande skule i Ringheimsvegen på Voss. Hyblane har

enkeltrom og du deler dusj/bad med ein annan elev. Meir informasjon om internatet finn du

vedlagt - og på heimesida vår www.hordaland.no/nyevossvgs.

Kantina til Voss vidaregåande skule vil tilby frukost, lunsj, middag og kveldsmat for dei elevane

som ynskjer det. Det vert sett opp ein eigen «frukostbuss» som går kl. 07.45 direkte frå internatet

til skulen der frukost vert servert. Det er ikkje matservering i helgene.

Hugs å kryssa av på vedlagde skjema for kva bu-alternativ du ynskjer, og returner svarslippen til

skulen. Send den gjerne til skulen si e-postadresse [email protected] fungerande internatleiar

Marit S Glimme (epost: [email protected] ) Søknadsfristen er 1.august

Internatet er røykfritt. For elevar under 18 år vert faktura sendt kvar månad til føresette, elevar

over 18 år får tilsend månadlege fakturaer.

Leigekontrakt vert fylt ut ved frammøte (føresette må underteikna leigekontrakta dersom eleven

ikkje er 18 år).

Du må sjølv halda deg med sengklede (dyne m.v.) og handklede. Du bør også ta med deg eit

teppe til å ha over sovesofaen om dagen. Gardiner til rommet er også hybelbuar sitt ansvar.

Elevar som lid av sjukdomar som det må takast omsyn til i undervisninga, i dei praktiske øvingane

eller i kosthaldet (t.d. epilepsi, sukkersykje m.v), må melda frå om dette.

Du kan søkja Statens lånekasse for utdanning om stipend/lån. Du vil finna meir informasjon i

heftet som alle elevar får, på www.lanekassen.no eller på www.facebook.com/lanekassen.vgs

Alle elevar vert også pålagde å kjøpa ein del personleg verneutstyr. Det vert teke opp samla

bestilling på skulen, der elevane får gode rabattar. Alle elevar med ungdomsrett får eit

utstyrsstipend, for skuleåret 2018/19 får du kr. 2 285 (BA-TIP-NA-EL) og kr. 3 818 (RM)

Hugs at du må søkja for å få stipendet!

Informasjon om elev-pc: Sjå lenke til informasjonsark frå HFK – spesielt for VG1.

Du finn meir informasjon på heimesida vår: www.hordaland.no/nyevossvgs. Den vil verte

oppdatert etter skulestart.

Vel møtt !

Med venleg helsing

Svein Inge Styve

-rektor-

Page 3: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

INTERNAT

Velkomen til vårt internat

på Rogne !!

Internattilbodet i dag er godt og trygt. Vel

eitt av dei alternative hybeltilboda og vi vil

prøva å oppfylla ynskje ditt. Men vi kan

ikkje garantera at alle får det tilbodet som

dei ynskjer.

Hjå oss vil du verta teken godt vare på.

Internatet har internatleiar, miljøarbeidar

og nattevakt. Deira oppgåve er å skapa eit

trygt og triveleg internat, dei gir råd ved

sjukdom eller andre problem som kan

dukka opp.

Me har tilsyn både morgon, på dagtid og

kveld/natt. Her ser du kven som er med:

Internatleiar: 13.30 – 21.00

Miljøarbeidarar: 14.30 – 22.00

Nattevakt: 21.00 – 07.30

Miljø/reinhaldarar: 08.00 – 15.30

Det vert bemanning 24 timar i døgnet alle

dagar. Det betyr at me har tilsyn på

internatet med vakter frå morgon til kveld

også i helgene. Internatet på Rogne vil

vera ein trygg og god plass å bu!

Avstanden mellom skulen i Skulestadmo

og internatet er 2,3 km, og det er gode

tilhøve for både å gå (ca. 20 min) og sykla

(7-10 min) mellom lokalitetane. I tillegg er

det heile 14 bussavgangar dagleg

(ringbuss) mellom internatet og skulen.

Dei elevane som har ungdomskort kan

nytta dette uavgrensa på denne

ringbussen.

Har du sykkel? Ta gjerne den med deg og

bruk den til og frå internat / skulen!

”Internatlivet er tett, sosialt

og eit minne for livet”

Du bur ilag med ungdomar på din eigen

alder, det er alltid nokon å vera ilag med.

Internatet har kjøkken i kvar etasje.

Kveldsmat kan du laga sjølv, eller kjøpa

på internatet.

KANTINE

Skulen si kantine vil gje deg tilbod om god

og sunn mat til frukost, lunsj og middag. I

kantina kan du kjøpa deg både varm og

kald lunsjmat eller du kan forsyne deg frå

salatbaren vår.

Middag er det kvar dag frå kl. 15.30.

Dersom du ynskjer å kjøpa middagen din

her, vil du få dette for kr 1800,- i mnd. og

då får du frukosten din inkludert i prisen.

Alle elevane får eit «plastkort» som gjer at

ein kan kjøpa seg mat og drikke i kantina

utan bruk av kontantar. Dette digitale

betalingskortet kan fyllast opp med

pengar frå nettbanken din eller frå ein

boks i kantina. Med denne kortløysinga vil

det gå kjapt gjennom matkøen, og ein får

bruka tida si på det ein skal i kantina –

eta god mat.

Om turen går forbi Voss kan du

gjerne koma innom på vitjing.

Page 4: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

STIPEND OG LÅN Du er no teken inn som elev ved skulen, og har

rett til å søkja støtte - søknadsfrist for dette

skuleåret er 15. november 2017 om du søkjer

for haustsemesteret eller for heile skuleåret. Vil

du søkje berre for vårsemesteret 2018 er

søknadsfristen 15. mars 2018.

Statens Lånekasse for utdanning gjev stipend

/ lån til utdanning i vidaregåande opplæring i

inntil 3 år (normert studietid).

Alle elevar må søkje om stipend/lån via

nettsøknad, det er ikkje mogeleg å nytte

papirsøknad. Du finn søknaden på

www.vigo.no og det enklaste er om du klikkar

deg inn på Lånekassen sin link når du er inne

på Vigo og svarar ja til skuleplassen. Bruk

søknaden for vidaregåande opplæring.

Du må nytte kodane til MinID, BankID,

smartkort frå Buypass eller USB-pinne frå

Commfides for å logge inn på Vigo.no. Har du

mista arket med kodane til MinID må du tinge

nye kodar frå www.norge.no.

Om du heller ynskjer det kan du søkje via Dine

sider på www.lanekassen.no. Her også må du

bruke kodar for å logge deg på søknaden.

Du kan ikkje søkje før du har fått melding om

opptak – og har takka ja til skuleplassen. Dette

skuleåret vil det seie etter 7. juli.

For skuleåret 2017/18 er at berre

forelder/verge skal signere for elevar under 18

år. Det er berre ein føresett som skal signere.

Får eleven lån skal både eleven og ein

forelder/verge signere avtalen. Ved å opprette

digital postkasse på norge.no kan foreldre

mottaka elektronisk kopi av vedtaksbrevet og

få lenke til digital signering.

Elevar som har fylt 18 år og som har samtykka

til elektronisk kommunikasjon med

Lånekassen kan signera avtalen om støtte

elektronisk. Men det må kryssast av i

nettsøknaden at du vil signera elektronisk, og

for å signera må ein nytta BankID eller

Buypass. Dei som ikkje ynskjer å signera

elektronisk får avtalen tilsendt til den adressa

som er registrert i folkeregisteret. Papira må

signerast og returnerast til Lånekassen.

Før du får pengar utbetalt må skulen

rapportera til Lånekassen at du har møtt til

undervisning.

Pliktene dine som stipend/lånemottakar: * Gi rette opplysningar om butilhøve m.v.

* Bestått / greidd skuleår gir rett til støtte

neste skuleår.

* Gje melding om du tidlegare har avbrote

eller fått ei forseinking av utdanninga di.

* NB: Stort fråver fører til bortfall av stipend.

Rettane dine som stipend/lånemottakar: * Du har rett til å søkja støtte i Lånekassen.

* Du kan i tillegg - etter gjeldande reglar -

søkja støtte i eitt år utover normert studie-

tid grunna forseinking i utdanninga.

Ta kontakt med kontoret ved

spørsmål om stipend/lån !!!

Bøker og utstyrsstipend til deg og

alle elevar

Lærebøkene du brukar i dei ulike faga får du

låna frå biblioteket på skulen.

I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag

Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til

skulestart . Sjå info frå HFK

Du vil få meir informasjon av kontaktlærar ved

skulestart.

Er du elev og har ungdomsrett får du

utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får

stipendet same kor mykje foreldra dine tener.

Hugs at du må søkje om stipendet for å få det

utbetalt. Når du søkjer sjekkar Lånekassen

automatisk om du har rett til andre stipend

også, som for eksempel grunnstipend eller

bustipend. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend

men kan ha rett til lån og andre stipend.

Les meir om stipend og lån i Lånekassen på

www.lanekassen.no, og sjekk Facebooksida

for deg som er elev i den vidaregåande skulen

på www.facebook.com/lanekassen.vgs.

Page 5: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

STALLPLASS 2018/19

Frå og med skuleåret 1999/00 har

detvore eiga hestelinje ved skulen vår.

Skulen har eigen treningsbane og ridehall.

Det er elles eit aktivt hestemiljø på Voss,

og gode mogelegheiter til å finna vegar

som kan nyttast til trening og turriding

med hest.

Skulen har ny stall med plass til 18 hestar

av ulike rasar. Desse vert nytta i riding,

køyring, trav og voltige og andre aktivitetar

i samband med undervisning i hestefaget.

Ynskjer du å ha med deg hesten din til

Voss? Det er gode mogelegheiter for opp-

stalling i gang/sykkelavstand frå

internatet.

Sjå www.stallvoj.no. Skulle du ha behov

for hjelp kan du ta kontakt med skulen, og

me vil vidareformidle kontakt med ein

stalleigar i nærmiljøet.

«JA, eg vil

ha hesten min med

til Voss…»

Ta kontakt med stalleigar Olav

Langesæter på tlf. 994 61 909

eller

stalleigar Nils Ringheim på tlf.

911 79 750 eller 986 03 164

-- UNGDOMSKORTET --

Ungdomskortet, som i Skyss sine

områder vert kalla Ungdomsbillett kom

hausten -97, og gir ungdom som ikkje har

fylt 21 år høve til å reisa med buss / tog /

båt m.v. i Hordaland for kr. 360,- i

månaden .

Kortet får du kjøpt m.a. hjå Tide sine

avd.kontor eller på jernbanestasjonen på

Voss og i Bergen. Sjå www.skyss.no for

nærare informasjon.

Frå hausten 2005 har det vore

samordning av skulereisekort og

ungdomskort for dei som bur i eit område

med tilfredsstillande kollektivtilbod på

fritida.

Reiser du mykje kan du ikkje vera

utan eit ungdomskort!

Page 6: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

ELEV-PC Hausten 2018

Elev-PC for deg som skal byrja på

Vg1 i Hordaland fylkeskommune

skuleåret 2018/2019

Dine føresette må lesa dette skrivet.

Datamaskin er eit nødvendig verktøy for

deg so lenge du er elev ved ein

vidaregåande skule i Hordaland

fylkeskommune. Du vil nytta ho både til

bruk i undervisinga og til administrative

gjeremål. Det er ditt eige ansvar å stilla

med ei maskin som vil vera i stand til å

utføra desse oppgåvene på godt nok vis.

Maskina må oppdaterast jamleg ved å

nytta programvareutgjevarane sine

verktøy.

Du kan i prinsippet nytta kva maskin

som helst. Det viktigaste er at du kan

levera arbeidsfiler i eit format som

læraren din og skulen kan lesa. Du vel

sjølv om du vil 1) nytta ei maskin du

allereie eig, 2) kjøpa ny maskin i butikk,

eller 3) kjøpa ny maskin gjennom

Hordaland fylkeskommune. Det siste

alternativet («elev-pc-ordninga») er svært

prisgunstig då fylkeskommunen

subsidierer maskina gjennom den

føretrekte leverandøren sin (Atea).

Programvare

Som elev i Hordaland fylkeskommune

får du, so lenge du nyttar plattformene

Microsoft Windows eller Apple MacOS,

tilgang til Microsoft Office 365, antivirus-

program og andre program som du treng

i undervisninga. Ver merksam på at

enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk

og industriell produksjon; bygg- og

anleggsteknikk; elektrofag) kan krevja at

maskina di nyttar eit særskilt

operativsystem og/eller at maskina gjev

betre yting og har større

lagringskapasitet enn standardmaskina

som fylkeskommunen tilbyr gjennom

elev-pc-ordninga.

Vel du å nytta Mac i eit

utdanningsprogram som spesifikt krev

Microsoft Windows, vil du sjølv vera

ansvarleg for å skaffa deg ein Windows-

lisens og installera programma som vert

kravde.

Krav til maskin

Ei maskin med spesifikasjonar

tilsvarande Lenovo ThinkPad 13 vil

dekkja behova dine i det daglege

skulearbeidet. Men ver altso merksam

på at somme utdanningsprogram vil

kunna krevja at du nyttar ei kraftigare

maskin. Du bør sjå på skulen si

heimeside eller kontakte skulen direkte

for meir informasjon om kva maskiner

som høver utdanningsprogrammet ditt

før du vel. Du finn ei oversikt over alle

skulane i Hordaland fylkeskommune

med kontaktinformasjon på

http://www.hordaland.no/skular.

Dersom du skal ha spesialundervisning

organisert i mindre grupper etter

særlege vilkår, kan det vera mogleg å

nytta nettbrett. Undersøk med skulen din

først for råd før du eventuelt vel nettbrett

til bruk i undervisninga.

Skulesekk

Du vil som ny elev på Vg1 få utlevert

ryggsekk på skulen rett etter skulestart.

Han vil vere eigna til transport av

maskina di og ha plass til anna

skuleutstyr

Meir info finn du her:

https://www.hordaland.no/elev-PC

Page 7: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

INFORMASJON TIL ELEVANE VED

VOSS VIDAREGÅANDE SKULE INNLEIING Vi ynskjer deg velkommen til Voss

vidaregåande skule, og vonar at du vil finna

deg godt til rette og trivast her. Du vil få læra

eit yrkesfag som kanskje i framtida vil gje deg

eit yrke, og du får òg høve til å utvikla deg

personleg saman med andre ungdomar i eit

nytt og moderne skulemiljø. Her vil du treffa

ungdom som du skal verta kjend med og vera

saman med i arbeid og fritid. Samværet ved

skulen krev at kvar

einskild oppfører seg såleis at han/ho kan vera

til gagn og glede for alle i skulemiljøet. Her

kjem litt informasjon om kva rettar og plikter du

har som elev på skulen vår, og litt praktisk

informasjon som du kan få nytte av. Du bør ha

denne informasjonen på hybelen din slik at du

finn informasjonen når du treng han gjennom

skuleåret.

&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&&

Rett og plikt. Elevane har rett og plikt til å ta

del i all undervisning til dei tider og på den

måten som skulen fastset. Praksis, utplasse-

ring, demonstrasjonar, utferder og øvingar er

og rekna som undervisning. Fritak frå under-

visninga vert gjeve av kontaktlærar/rektor.

Vernereglar/verneutstyr. Elevane har plikt til å

følgja vernereglar og bruka verneutstyr som

arbeidstilsynet krev for vedkomande arbeid,

eller som skulen har fastsett for vedkomande

fag. Elevane pliktar å skaffa seg verneutstyr og

undervisningsmateriell som skulen ikkje held.

Organisasjons- og politisk arbeid. Elevane har

høve til å driva lovleg organisasjonsarbeid og

politisk verksemd på skulen. Dette inneber

også rett til å nytta oppslagstavler til

informasjon.

De kan nytta skuleanlegget til slike aktivitetar

dersom det ikkje kjem i konflikt med skulen si

drift. Slik bruk må avtalast med skuleleiinga

på førehand.

Røyking. Skulen er røykfri. Røyking på

skuleområdet vil føre til nedsett ordens-

/åtferdskarakter.

Skulebøker. Skuleåret 2018/19 vil elevane ha

ei utlånsordning av skulebøker. Elevane får eit

utstyrsstipend som skal dekka behovet for å

kjøpa kle og utstyr som du treng til

undervisninga.

Det vert også nytta digitale læremiddel.

Informasjon vert gjeve ved skulestart.

PC. Alle elevar må disponera eigen berbar PC

skuleåret 2018/19. Meir informasjon vert

gjeve ved skulestart.

Page 8: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

SKULESKYSS

Du har rett på skuleskyss dersom du går på vidaregåande skule, tek minst halvårig

utdanning, har minst 20 undervisningstimar i veka og fyller eitt av desse krava:

1) Har minst 6 km gangavstand bustad-skule, kortaste veg.

2) Fell utanfor samordninga med ungdomskort

3) Er funksjonshemma og må etter sakkunnig uttale ha skyss.

4) Må reise med båt

Hausten 2005 vart det innført samordning av skulereisekort og ungdomskort, og denne

ordninga vert vidareført for skuleåret 2016/17. Ordninga gjeld for dei som bur i eit

område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida, også dei som ikkje har fylt 16 år

ved skulestart. Dei under 16 år må ved kjøp av ungdomskortet visa fram inntaksbevis.

Etter fylte 20 år gjeld ikkje ordninga med ungdomskort, då gjeld vanlege reglar for

skuleskyss. Ungdomskortet gjeld til og med den månaden ein fyller 21 år.

Treng du skuleskyss? Kom innom kontoret ein av dei fyrste skuledagane og få eit

søknadsskjema som du skriv under og leverer til skyssansvarleg på kontoret.

KVA SKAL EG GJERA NÅR EG TRENG SÆRSKILD SKYSS?

Dersom du treng særskild skyss el. privatskyss må du ta kontakt med kontoret ved

skulen, Du kan lesa meir om skuleskyss på www.hordaland.no/skoleskyss

Her får du god informasjon.

Søk så snart du veit at du vert elev ved skulen vår. Du må få godkjenning frå

Samferdselsseksjonen for å få godtgjering for privat skyss. Elevar som søkjer etter fristen,

får eventuelt. innvilga godtgjersle f.o.m. den dato fylkeskommunen mottek søknaden.

Hordaland Fylkeskommune har etablert ei innkjøpseining med namnet Skyss.

Skyss overtok ansvaret for bussrutene i m.a. Ulvik, Granvin og Voss frå 16. august 2008.

I områda Hardanger og Voss er det Tide Buss som trafikkerer strekningane.

Skulereisekorta gjeld for eitt skuleår/skulehalvår og gjeld for:

• reiser mellom bustad og skule

• 2 (to) reiser pr. skuledag med eventuell omstigning

• alle skuledagar frå kl. 05.00 til kl. 23.00

KORTA ER SPERRA FOR REISER I HELGAR OG PÅ FRIDAGAR

Tap av skulekort:

Meld frå til skulen/kontoret snarast råd -

du vil få eit nytt kort om kontoret har nye kort på lager.

Tapt kort vert sperra og kan ikkje takast i bruk om du finn det att.

Elevane får kun skyss til ei heimeadresse / hybeladresse, unnateke ved delt dagleg

omsorg.

Elevar som får lønn under utdanning har ikkje rett på skyss.

Elevar som har fått bortebuarstipend får ikkje innvilga skuleskyss mellom

foreldreheim og skule.

Page 9: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

VIKTIGE TELEFONNR. OG ADRESSER

Adresse:

Voss vidaregåande skule, Strandavegen 2521 5710 Skulestadmo

Voss vidaregåande skule, sentralbord: f.o.m 10.08.16: 57 30 76 00

Nye Voss vidaregåande skule, e-post: [email protected]

Nye Voss vidaregåande skule, nettadresse:

www.hordaland.no/nyevossvgs

Følg oss/lik oss på Facebook: «NYE Voss vidaregåande skule»

Telefonnr. Adresse:

Skulelækjar

Petter Rønnesmo

56 53 30 90 Vossevangen

legesenter

Kommunelege 56 53 30 60 Uttrågt. 15

Helsepersonell:

Navn: Telefonnr. Yrke:

Eli Skjervheim m.fl. 56 51 47 80 PP-tenesta

Nina Helgaset 56 53 30 40

/ 95 26 20

61

Helsesyster

Distriktstannklinikken 56 51 22 33 Tannlege

Sjukehuset på Voss 56 53 35 00

BRANN 110

POLITI 112

MEDISINSK NØDNR. 113

LEGEVAKT 116117

Page 10: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

DESSE KAN HJELPE DEG I SKULEKVARDAGEN

Svein Inge Styve Rektor

Svein Inge Kolve Assisterande rektor

Ivar Magne Flatabø Avdelingsleiar bygg og anlegg/Elektrofag/

Teknikk og industriell produksjon

Mette Ose Sponheim Avdelingsleiar Tilrettelagt opplæring

Trond Håvard Bjørnstad Avdelingsleiar Naturbruk/Restaurant og

matfag

Marit Rykke Avdelingsleiar Fellesfag

Olav Rio Holstad Avdelingsleiar Skulegard

Bjarne Kristiansen Driftsleiar

Magne Olde Vaktmeister

Steinar Ljones Vaktmeister

Ingeborg Fære Bibliotekar (45 % ved Voss vidaregåande skule,

55 % ved Voss gymnas)

Page 11: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

Bjørg Kristine Auro Spesialkonsulent

Liv Saue Herheim Spesialkonsulent

Morten Hellgren Hansen IKT-konsulent

Jonas Hausken IKT-fagarbeidar

Marit Skutle Glimme Internatleiar

Torunn Sorteberglien Miljøfagarbeidar internat

Stein Tore Klovning Nattevakt internat

Magnar Skjerdal Nattevakt internat

Internatleiar tlf. 90 29 99 15

Nattevakt tlf. 95 23 46 02

Geir Helge Kristoffersen Kjøkkensjef

Joakim Midthun Kokk

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Page 12: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

Ordensreglar for internatet på Rogne

Me ynskjer deg velkommen som internatbuar på Voss. For mange

elevar er internatet den fyrste hybelen, og her vil ein knyta venskap

som vert viktige vidare i livet. For å få dette til må ein ta omsyn og syna

respekt for kvarandre, og alle må bidra aktivt slik at internatet er prega

av ein positiv og god elevkultur.

Internatreglar som dekkjer alle tilhøve er vanskeleg å laga. Reglane

skal vera tydlege slik at ingen lurer på kva som er gjeldande på dei viktigaste områda for

samveret på internatet. Du må lesa gjennom og gjera deg kjent med reglane, slik at du

kan forholda deg til desse på ein positiv måte.

Brot på reglane vil føra til sanksjonar for kortare eller lengre tid.

1 Ro og orden Alle må bidra til at internatet vert ein god stad å bu. For å få dette til må ein ta omsyn til

at internatet er ein stad der ein skal både bu og sova, treffa medelevar og gjera

skulearbeid. Du har ansvar for å halda orden inne på rommet ditt, og at ikkje dine saker

står i gangar og trapper.

For at alle skal ha ro på kveld og natt, har me fylgjande reglar:

- Etter kl 23.00 skal det vera ro på internatet

- Alle er inne på sitt eige rom seinast kl. 24.00

- TV og musikkanlegg må brukast slik at andre ikkje vert uroa, elles kan

du risikera inndraging av utstyr for kortare eller lengre tid.

Besøkande til elevar på internatet kan vera her fram til kl. 22.00.

2 Bruk av rusmiddel Bruk av rusmiddel er forbode på internatet og på skulen sitt øvrige område. Dette gjeld

også oppbevaring av rusmiddel. Beslaglagt alkohol vert destruert snarast.

For elevar under 18 år som nyttar alkohol utafor skulen sitt område, vil dette føra til

disiplinære tiltak / melding heim.

Elevar som oppheld seg på eit rom der det vert servert alkohol, vil verta rekna som

deltakarar på ”festen” dersom ansvarlege for internat/ eller nattevakt ser dette.

3 Røyking

Internatet er røykfritt område, og etter HFK sine reglar gjeld det også

skulen sitt øvrige område. Inntil vidare kan røyking skje på tilviste

plassar, både i skuletida og fritida.

4 Overnattingsbesøk

- All overnatting skal søkjast om skriftleg seinast kl.15.30 same dag.

- Elevar som bur på internatet har ikkje lov til å overnatta saman.

- Elevar under 18 år må ha skriftleg overnattingsløyve frå føresette.

- Det vert ikkje gjeve løyve til å ha meir enn eitt overnattingsbesøk pr.mnd.

5 Gangar og trapper Gangar og trapper skal vera rydda. Det kan ikkje vera plassert noko i desse

områda, grunna krav om frie rømingsvegar etter brannføreskriftene.

6 Forbod mot skytevåpen

Page 13: SKULEÅRET 2018/19 · I tillegg vert det brukt digital lærebok i fleire fag Elevane på VG1 må skaffa seg ein berbar pc til skulestart . Sjå info frå HFK Du vil få meir informasjon

Det er forbode å ha eller oppbevare farlege gjenstandar og våpen på

internatet.

7 Ansvar for eit godt miljø

Elevane som bur her har eit felles ansvar for at det er orden på og rundt internatet, og

eit særleg ansvar utafor sitt eige rom.

- internatelevar er pliktige å ta del i felles ryddeaktivitetar.

- internatelevar må fylgja ordenslister for fellesromma.

8 Ansvar ved skade

Vert det gjort skade på bygningar, inventar og utstyr, må dette straks

meldast til driftsleiar/skuleleiing. Skuldast skaden hærverk, må

eleven erstatta skadeverket. Skuldast skaden eit uhell finn ein

minnelege ordningar, t.d. at eleven er med i reparasjonsarbeidet.

Private eigendelar må eleven sjølv forsikra. Skuleeigar har ikkje

ansvar for skade grunna innbrot eller brann. Bilar parkerte på skulen

sitt område er på eige ansvar.

9 Romorden

Eleven må halda godt reinhald og orden på rommet. Ein gong i veka skal rommet

ryddast og vaskast, og det vert sjekka av internatleiar – til fast tid eller etter avtale.

9 Kontroll av rom

Nattevakt og internatleiar har ved mistanke om regelbrot høve til å kontrollera elevane

sine rom. Alle internattilsette har plikt til å ordna opp i regelbrot ein vert gjort kjend med

og rapportera vidare til internatleiar.

10 Brot på ordensreglane for internatet. Brot på internatet sin ordensreglar kan føra til bortvising/ oppseiing av kontrakt.

Dersom eleven ikkje er myndig skal det sendast melding til eleven sine føresette.

Ved gjentekne brot kan leiinga visa eleven bort frå internatet for lengre tid eller for

resten av skuleåret.

Nye Voss vidaregåande skule 1. juli 2018

Svein Inge Kolve Marit Skutle Glimme - assisterande rektor- - internatleiar-

Følg oss/lik oss på Facebook: «NYE Voss vidaregåande skule»

Kart over Voss der Rogne vidaregåande skule er merka med eit 1-tal. Nye Voss

vidaregåande skule ligg ved Lundarvatnet langs E16.

FYLKESKOMMUNE