startside kirken.no - den norske kirke · prisen inkluderer alle utgiftene i samband med...

8
Fjellkonfirmant 2017 Interessegrupper I tillegg til undervisningsgruppa du er tildelt skal du og få ønskje deg ei interessegruppe som du får delta i. Vi har mange grupper å velge i, og i dette heftet er alle presenterte. Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på! Hugs fristen på registrering av gruppeønskje, søndag 18. september ! Kva er ei interessegruppe? Ei interessegruppe er ei aktivitetsgruppe som kjem i tillegg til undervisningsgruppa. Alle konfirmantar får ei gruppe som dei skal følgje gjennom konfirmantåret. I desse gruppene får konfirmantane vera ein del av ungdomsarbeidet eller andre aktivitetar i kyrkja. www.kyrkja.no/fjell/konfirmant www.kyrkja.no/fjell/konfirmant får konfirmantane registrere kva grupper dei ønskjer å vera med i, og kvifor dei ønskjer desse gruppene. Frist for registrering er søndag 18.sept. Ved registrering etter fristen eller manglande registrering, vil konfirmantane bli fordelte på dei gruppene der det er ledig plass.

Upload: others

Post on 06-Jul-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

Fjellkonfirmant2017

Interessegrupper

I tillegg til undervisningsgruppa du er tildelt skal du og få ønskje deg ei

interessegruppe som du får delta i. Vi har mange grupper å velge i, og i

dette heftet er alle presenterte.

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer

deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Hugs fristen på registrering av gruppeønskje, søndag 18. september!

Kva er ei interessegruppe? Ei interessegruppe er ei aktivitetsgruppe som kjem i tillegg til undervisningsgruppa. Alle

konfirmantar får ei gruppe som dei skal følgje gjennom konfirmantåret. I desse gruppene

får konfirmantane vera ein del av ungdomsarbeidet eller andre aktivitetar i kyrkja.

www.kyrkja.no/fjell/konfirmant På www.kyrkja.no/fjell/konfirmant får konfirmantane registrere kva grupper dei ønskjer å

vera med i, og kvifor dei ønskjer desse gruppene. Frist for registrering er søndag 18.sept.

Ved registrering etter fristen eller manglande registrering, vil konfirmantane bli fordelte på

dei gruppene der det er ledig plass.

Page 2: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

Økonomi Alle konfirmantane betalar ein kontingent på kr. 750,- . Dette dekkjer utgifter i samband

med undervisning og arrangement.

Mange av interessegruppene har òg ekstrakostnadar. Desse utgiftene er presisert i dette

heftet. Ved avmelding frå leir seinare enn tre veker før, må halve leiravgifta betalast.

Rekninga for konfirmantåret blir sendt ut i mars/april.

Fordeling av interessegruppene Konfirmantadministratoren fordeler konfirmantane i dei ulike interessegruppene. I denne

fordelinga er grunngjevinga til konfirmanten ein viktig faktor.

Alle som melder seg på innan fristen stiller likt.

Mange av gruppene har dessverre begrensa plass, derfor vil ikkje alle konfirmantane få den

gruppa dei ønskjer seg mest. Vi håpar likevel at konfirmantane vil trivast i den gruppa dei

hamnar i.

Dei fleste vil få beskjed om kva gruppe dei har fått innan 20.sept.

Byting av grupper All byting av grupper skal skje via konfirmantadministratoren.

Dette gjeld gjennom heile året.

Får konfirmanten tildelt ei gruppe han/ho ikkje ønskjer, kan de søke om byting av gruppe

innan 26.sept. Dette skjer via e-post til konfirmantadministratoren

([email protected]), med ei grunngjeving for kvifor konfirmanten ønskjer å

byte.

Vi vil prøve så godt vi kan at alle konfirmantane får ei av dei gruppene dei ønskjer,

men ber om forståing for at dette ikkje alltid vil vera mogleg.

Page 3: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

TenSing Lukas TenSing Lukas er eit kor som har øvingar i Foldnes kyrkje måndagar kl. 18.30-21.00

Her er det song, musikk, dans og drama som står i fokus!

Med i opplegget er to øvingsweekendar (leir) og

konsertar før jul og til våren.

Som TenSing-konfirmant vil du òg få tilbod om å bli

med på Vinterfestivalen og Spekter (sommarfestival)

Dette er frivillig, og derfor ikkje inkludert i prisen

TenSing er eit samarbeid mellom kyrkja og Fjell KFUK-KFUM og du må betale 850,-

for øvingshelg og medlemsskap i KFUK/KFUM.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750.-

TENSING 850,-

SUM: 1 600,-

Landroklubben Landroklubben har samlingar i Landro kyrkje annankvar fredag kl. 18.30-22.30.

På klubbkveldane er det kiosk, sosialt, bordtennis,

biljard, airhockey og brettspill. Nokre kveldar er

det andre aktivitetar som gymsal, curling og bowling

Ein gong i året reiser Landroklubben på Blåtur.

Landroklubben har ingen ekstra betaling.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-

Basement Ungdomsklubb på Fjell-ly måndagar kl. 19.00-21.30.

Basement er ein ungdomsklubb for deg som går i frå

8.klasse og oppover. Her blir det kafé, andakt, sosialt,

bowling, biljard og gymsal.

Basement blir drive av Midthordland Indremisjon, og

konfirmantane betaler medlemsavgift på 50 kr.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750.-

MEDLEMSAVGIFT 50,-

SUM: 800,-

Page 4: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

KRIK Fjell Samlingar i gymsalen til Fjell ungdomsskule, annankvar tysdag kl.19.00-20.30.

Her blir det ballspel, sportsleikar,

andakt og sosialt.

I tillegg til konfirmantkontingenten kjem betaling

for medlemsskap i KRIK.

KRIK-gruppene er ein del av arbeidet til KRIK Sotra

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750.-

MEDLEMSAVGIFT 100,-

SUM: 850,-

Tweens+ Bli med som hjelpeleiar på Tweensklubben i Fjell kyrkje annankvar fredag kl. 19.00-21.00

På klubbkvelden hjelper Tweens+ med å

registrere, vere med på gruppene (gymsal, hobby,

bordtennis, leik, song og musikk eller FIFA),

selje i kiosken og ha ein quiz.

Etter at tweens’ene har gått heim, er det

klubb for Tweens+ fram til 22.00.

Tweens+ har ingen ekstra betaling, men du vil få tilbod om å vere med på leir i juni.

Dette er frivillig, og derfor ikkje inkludert i prisen.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-

Lydgruppa Dette er gruppa for deg som er interessert i lyd og teknikk!

I lydgruppa vil du få opplæring i korleis lydanlegga

i kyrkjene fungerer, rigging av anlegg og styring av

lyd.

Som medlem i gruppa er du med og styrer lyden

på Ung Messe og andre arrangement og konsertar

i kyrkjene.

Gruppa har 8-10 samlingar i løpet av året, og har ingen ekstra betaling.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-

Page 5: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

Turgruppe Turgruppa møtest etter gudstenesta i Foldnes, om lag ein søndag i månaden.

Turgruppa går tur i lokalområdet rundt Foldnes

kyrkje, og avsluttar turen med mat, enten laga på

primus eller på ein kafé i nærleiken.

I tillegg til konfirmantkontingenten kjem utgifter

til mat.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,-

UTGIFTER TIL MAT 150,-

SUM: 900,-

Brettspel Brettspelgruppa har samlingar i Foldnes kyrkje ein måndag i månaden kl. 19.00-21.00.

Om du likar strategi, flaks, hurtighet eller fantasi,

så er dette gruppa for deg!

I tillegg til konfirmantkontingenten kjem utgifter

til litt knask på samlingane.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,-

MAT 50,-

SUM: 800,-

Golfgruppe Vil du lære å spele golf?

På golfkurset vil du lære alt du treng av teori og praksis for å ta «Golfkortet» (Green card)

Golfgruppa har 6 samlingar i løpet av året på Golfbanen på Kolltveit.

I haust blir det 3 onsdagar

Golfkurset kostar 500,- i tillegg til konfirmantkontingenten. Golfkortet + medlemsskap i

Sotra golfklubb ut 2016 er frivillig og kostar 300,- ekstra.

Golfgruppa er eit samarbeid mellom kyrkja og

Sotra golfklubb.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,-

GOLFKURS 500,-

SUM: 1 250,-

Page 6: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

Diakoni "Actions speak louder than words".

Er det ein samanheng mellom det me trur på og

korleis me lever? Kva er diakoni? Treng me å bry

oss om andre? Dette er nokre av dei spørsmåla

konfirmantane vil finne svar på i denne gruppa.

Opplegget går ut på nokre temasamlingar og

praksis i deler av diakoniarbeidet i kyrkjelyden.

Det blir 5-6 samlingar i løpet av året, og gruppa har ingen ekstra betaling.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-

Lysmesse og gudsteneste 4. desember er det lysmesse i alle kyrkjene i Fjell.

På denne gruppa er konfirmantane med på å

førebu og gjennomføre lysmessa i adventstida i

den kyrkja dei høyrer til. Gjennom tekstlesing,

lystenning, praktiske oppgåver og drama er det

konfirmantane som set saman gudstenesta.

I tillegg til lysmessa, blir konfirmantane delt inn i grupper på 3-4 konfirmantar

som deltek med praktiske oppgåver på ei gudsteneste til våren.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-

Ungdomsalpha Vil du bli kjent med Bibelen?

Vil du lære meir om å vere kristen?

Ønskjer du å lære meir om Gud?

Ungdomsalpha er kveldssamlingar som består av

eit måltid, god undervisning knytt til det heilt

grunnleggjande i den kristne trua, og eit sosialt

fellesskap.

Ungdomsalpha har samlingar i Foldnes kyrkje ein onsdag i månaden kl.18.30-21.00

Denne gruppa har ingen ekstra kostnadar.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT: 750,-

Page 7: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

Sjømannskyrkjegruppe med London-leir I denne gruppa vil du bli kjent med Sjømanns-

kyrkja sitt arbeid, både i Norge og i utlandet.

Inkludert i opplegget er ein 5-dagars leir til

Sjømannskyrkja i London.

Dette er ei gruppe for deg som likar å vera aktiv

og sosial, og har lyst til å bli kjent med nye

konfirmantar.

Opplegget inneheld:

• 3 samlingar før leiren med førebuing til London-turen

• 5-dagars leir i London 8.-12. februar (onsdag-søndag) med omvising i Westminster

Abbey, musikalen Les Miserables, byvandring og mykje meir.

• Gudstenesteverkstad og sjømannskyrkjegudsteneste i Foldnes etter leiren

Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting,

transport, måltid og billettar til musikalen.

Ved avmelding frå leiren etter 1.november må ein rekne med å betale deler av leiren.

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,-

LONDON-LEIR 4500,-

SUM: 5250,-

Haustleir Haustleiren blir 28.-30. oktober på Skjergardheimen (Øygarden)

Her får du mellom anna vere med på leikar,

friluftsaktivitetar, Ung Messe, undervisning,

leirkveld og rangling.

Her blir det både gøy og seriøst, og alt ein leir har

å by på!

PRIS: KONFIRMANTKONTINGENT 750,-

LEIR 1200,-

SUM: 1950,-

Page 8: Startside kirken.no - Den norske kirke · Prisen inkluderer alle utgiftene i samband med London-leiren; som flyreise, overnatting, transport, måltid og billettar til musikalen. Ved

Hugs fristen for registrering

søndag 18.sept!

www.kyrkja.no/fjell/konfirmant