studentsamskipnaden parkveien 1, 5007 bergen studentbarnavisa · 2018. 11. 6. ·...
TRANSCRIPT
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Studentbarnavisa Nr 2. 2018/2019
(Bilete frå ei prosjektgruppe med tema inkluderande leikemiljø på Måne. Dinosaurland laga av Vilde, Eliyas, Lisa, Daniel og Zara)
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 901 61 334 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: [email protected]
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Kort om stort og smått
Oppsummering frå styrar Takk for oppmøte på foreldremøte, det er veldig kjekt å oppleva at foreldre kjem og er engasjerte i barnehagedrifta, og kvardagen i barnehagen. Referatet frå møtet ligg på mykid. Avdelingane er godt i gang med planarbeidet, og har allereie vore innom tema som «kroppen vår», «mangfald» og temaet «haust». I oktober har ein hatt eit felles prosjekt med tema «inkluderande leikemiljø», sjå «tema» på nettsidene våre for meir info om «inkluderande leikemiljø» og informasjon frå avdelingane.
No står november og desember for tur, og då er advent, tradisjon og jul tema som tek stor plass i kvardagen. Sjå gjerne i vår periodebestemte emneplan som omtalar kva, kvifor og korleis me gjennomfører dei ulike tema som er for denne perioden.
FN basaren I forkant av FN-basaren 26.oktober, jobba heile barnehagen med å bake kringle, eplekake, male venskapsbilete, og lage lykter. På Måne brukte dei FORUT sitt materiell, dette året om Sivatas – ein gut frå Sri Lanka. Dei har fokus på å lære om andre kulturar, eit anna språk og levesett enn det me er van med.
På basardagen hadde Kafègjengen ansvar for å hjelpe til med organisering, og å ta imot inngangspengar og å gi ut lodd. Me takkar stort for oppmøtet og givargleden denne ettermiddagen, me fekk inn om lag 2200 kr. Desse pengane er det Kafègjengen som går i banken med, og donerer til Forut sitt arbeid på Sri Lanka.
MyKid
Me nyttar Mykid til å gi ut det meste av informasjon frå barnhagen. Det er her du finn studentbarnavisa, månadsplanar og vekeplanar. Her legg me ut bilder som dokumenterar vårt arbeid, og me legg ut påminningar om arrangement i barnehagen. Mykid er ein app ein lastar ned. Denne er gratis å nytta for foreldra.
Eksamenspass Det vil komma ut skriv om eksamenpass til dei som har rett på det i løpet av siste halvdel av november.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Lucia Torsdag 13/12 vil det bli Luciamarkering i barnehagen. Denne dagen invitera me føresette på gløgg og lussekattar om morgonen. Vi startar kl. 08.30 og held på til 9.30/10.00. Det er fint om barna kan ta på kvite klede dersom dei har.
Nissefest Det vil bli nissefest i barnehagen tysdag 18/12. Dette er for barna og personalet i barnehagen. Då serverer «dei store nissekonene» nissegraut, - og kanskje kjem nissen på besøk? Dersom barna har raude klede, er fint om barna tek på dei denne dagen.
Tidleg juleferie
Av erfaring frå tidlegare år viser det seg at mange av barna tek tidleg juleferie. Det er derfor fint om me kan få tilbakemelding dersom dette er tilfelle. Dette gjer at personalet kan avspasera dersom det er færre born på avdelinga. I tida før jul har me arbeid med julehemmelegheiter. For at me skal få gjera dette ferdig slik at barnet kan ta det med heim til jul er det fint om me veit når barnet tek sin siste dag før juleferie.
Informasjon
Me minner også om at porten ALLTID må lukkast heilt att, med lenke både morgon og ettermiddag. Det har no vore tilfelle der born har komme seg ut porten. Det er kort veg bort i Dalavegen, og dersom lenka ikkje er på kan porten opnast frå innsida med å ta ned handtaket.
Kroken skal festast frå undersida og gjennom dei to hola som blir samla når ein tek ned handtaket på utsida. Festar de kroken på det øverste holet, blir det ein liten opning som barna klarer å snike seg ut.
Samarbeidsutvalsmøte
Det vil bli halde samarbeidsutvalsmøte 13.11.18. Om det er saker de ynskjer me skal
ta opp i dette utvalet, kontakt ein av medlemane eller styrar. Referat frå møte vil bli
lagt på MyKid.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Planleggingsdag
Det er planleggingsdag i barnehagen onsdag 2. januar.2019. Då er barnehagen
stengt. Siste dag før jul er fredag 21. desember. Første dag etter jul er torsdag 3.
januar
Me vil ynskje alle ei fin førjulstid
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Evaluering September og Oktober Måne
Tema for september og oktober har vore vennskap og relasjonar. Me har hatt mange
gode samtalar med barna rundt det å ha og vere ein venn, og det å vere like/ulike og
gode nok. Me har lest bøker og sett film som handlar om vennskap og samarbeid.
I september hadde me Venneveke, der me la opp til aktivitetar der ein samarbeider,
og gjer noko positivt for, og gledar andre.
Vennetrykk
Vennesirkel – armbånd som blå gruppe laga til raud gruppe
Vennepiknik – delte i små grupper som åt frukt saman. Blå gruppe laga hjarter
til kvarandre og til dei på raud gruppe. Hjarta inneheldt gode ord og ga
mottakar ei positiv oppleving
Vennedisco
Vennekino – Ole Brum og vennene hans
Vennesangar i samlinga
I forlenging av venneveka var me i år òg med på NRKsuper sin vennskapskampanje
BlimE! Den har som mål å gi auka bevisstheit hjå barn om det å vere venner og vise
kvarandre omsorg. Me øvde mykje på dansen, og såg musikkvideoen nokre ganger.
Videoen var eit godt utgangspunkt for samtale rundt temaet. I slutten av september
dansa me BlimE-dansen, filma den og sendte den inn til NRK super. Håpar mange
har vore innom og sett på😊
I september var det òg brannvernveke. Me har sett bilder av Brannbamsen Bjørnis,
lært oss sangane hans og fargelagt han i ulike brannsituasjonar. Alle var òg ein tur
oppom brannstasjonen, der me såg etter Bjørnis. Me såg han ikkje, men hengte att
ein invitasjon der han kan komme på besøk i barnehagen. Me ventar fortsatt på
svar😊 Me avslutta brannvernveka med ei brannøving der det brann på kjøkkenet til
Måne. Både små og store kom seg trygt ut i lavvoen, og alle visste at me måtte ringe
110.
I haust har me blant anna gått turar ned til elva, til Sjøkanten, Fjordstien og fossen
ved Høgskulen. Her har me spela vidare på gode opplevingar, gode relasjonar og det
å hjelpe og å samarbeide. Me har òg vore på HVL og hatt minikonsert på Saman-
dagen, der me fekk stor applaus. Me samarbeider godt med HVL, og i september
fekk me besøk av 2 blu studentar som hadde ulike dramaforløp i lag med oss. Dei
var so glad for å kunne komme til oss, at dei hadde med ein presang med nokre fine
bøker.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Arbeidet med FORUT barneaksjon vart gjennomført i oktober. Gjennom musikk,
dans, film og forteljing har barna blitt kjend med 5 år gamle Sivatas som bur i
landsbyen Mullivaikal nordøst på Sri Lanka.og korleis barn bur og lever der. Me har
vore med Sivatas og familien på elefantparade, fått helst på elefanten Yaney og laga
vår eigen Yaney. Det er alltid kjekt å sjå interessa barna har for å lære om, og få vite
noko om korleis barn lever andre stader på jorda. Stor oppslutnad på sjølve
innsamlingsdagen, gjer at slikt arbeid blir givande for store og små.
I slutten av september starta endeleg Eliyas og Milkyas på Måne. Me ønskjer dei
velkomne til oss.
I Oktober har vi feira Isabel 3 år, Azhaar 4 år (2. nov) og Lisa 5 år -HURRA!!!
Planar for november og desember
I november og desember fortset me å jobbe med vennskap og gode relasjonar. Me deler barnegruppa i mindre grupper, der me skapar gode opplevingar og relasjonar med kvarandre. I gruppene blir det både frileik og meir vaksenstyrt leik. Me skal òg ha dialogisk lesing, med bøker retta mot vennskap.
I veke 46 begynner me smått med juleførebuing. Då startar me med
julehemmelegheitene våre, og viss me verkar litt lure, so veit de kvifor😉 Adventstida
me snart går inn i, er ein fin moglegheit til å snakke med barn om det å glede andre, til dømes med gode ord eller det å lage og gi vekk ei gåve.
I desember lagar me oss ein adventskrok, med stjernehimmel og kalender. Det er her me skal ha samlingane våre, med tenning av adventslys, me skal lese julehistoriar,
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
og synge julesangar. Me tel ned mot julaftan, og det dukkar kanskje opp eit brev frå julenissen. Me skal bake pepperkaker og lussekattar, markere Lucia, og ha nissefest.
Rammeplanen seier at barnehagen skal bidra til at barn får kjenneskap til kristne høgtider og tradisjonar. Norge er i dag eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn, og barnehagen skal respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa.
Student
I veke 43 fekk me 2BLU student på Måne, ho heiter Karoline og skal vera her i tre veker. Ho har ulike oppgåver som må gjerast i praksis, og det vil vera deler av barnegruppa som deltek på desse. Karoline kjem tilbake i praksis til våren.
Foreldresamtalar
Siri og Katinka er i gang med foreldresamtalar. Dei tek kontakt med kvar enkelt om tidspunkt som passar.
Melding heim
Det nærmar seg vinter, det betyr regn, snø og kulde. Alle må ha klede som passar årstida, og som passar barna. For små klede eller sko vil vere med på å gjere utetida mindre hyggjeleg for barna. Me ber dykk sjekke korgene for skiftetøy ofte. Sender me heim våte bukser og sokkar, så er det det som må komme tilbake i korgene. Barna treng varmt tøy som ull/fleece, tjukkare luer, ein buff (me ønskjer helst ikkje skjerf), regnvottar, vintervottar. Me ber om at alle klede, sko, luer og vottar blir merka med namn.
Lurer de på noko, ta gjerne kontakt. Direkte tlf.nr på Måne : 480 31 132.
Helsing personalet på Måne
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
V Mandag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
44
1. Grupper
KKK-opplegg for
ei gruppe med Karoline
2. Azhaar 3 år,
HURRA!!!
Varmmat
45 5.
Inkluderande leikemiljø – prosjekt på
tvers av avdelingane
6. KKK-opplegg for
ei gruppe med Karoline
Grupper Tur gr. 1
7. Eliyas 4 år, HURRA!!!
Dialogisk lesing i
grupper
8.
Tur gr. 1
9.
Dialogisk lesing i grupper
Varmmat
46 12.
Inkluderande leikemiljø – prosjekt på
tvers av avdelingane
13.
Bake bollar og lage kakao som
me kosar oss med til «frukt»
Ei gruppe på tur
14.
Dialogisk lesing i grupper
15.
Grupper
Ei gruppe på tur
16. Daniel 4 år, HURRA!!!
Varmmat
Dialogisk lesing i grupper
47 19.
Felles bursdagsfeiring for Eliyas 4 år, Daniel 4 år og Olivia 5 år!!
20.
Bake pepperkaker
21.
Grupper
22.
Grupper
23.
Grupper
Varmmat
48 26. Ei gruppe på t
27. Ei gruppe på tur
28.
Grupper
29. Olivia 4 år, HURRA!!!
30.
Grupper
Varmmat
November
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
V Mandag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
49
3.
Adventstund
4.
Ei gruppe på tur
5.
Julesprell
6.
Julesprell
7.
Varmmat
50 10.
Adventstund
Ei gruppe på tur
11.
Bake lussekattar
12.
Julesprell
13.
Lucia-feiring
14.
Varmmat
51 17.
Adventstund
18.
Nissefest
Nissegraut
19.
Julekos
20.
Julekos
21. Adventstund
Varmmat
52 24.
25.
26.
27. 28.
Desember
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Evaluering av september og oktober, Sol og Stjerne
Temaet «Meg sjølv» er det me har jobba mest med i september. Hovudfokuset vårt
har vore å framheva kvart enkelt barn i gruppa på ein positiv måte ovanfor dei andre.
I tilvenningsperioden jobbar me mykje med å gjere barna trygge og skape ei
gruppekjensle og samhøyrighet mellom barna. Difor legg vi stor vekt på fellesskapet,
og sørger for at alle blir nemnt i t.d. samlingsstunda kvar dag. Er nokon borte frå
avdelinga, eller søv, så blir dei òg nemnde. Og me jobbar mykje med å gjere barna
merksame på kvarandre. På denne måten jobbar vi med å skape ein «me-kjensle» i
barnegruppa.
« I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i
positivt samspel med andre barn og vaksne» (Rammeplan s.22)
Me er òg begynt på eit prosjekt me har kalla «Inkluderande leikemiljø». Prosjektet
bygger på satsingsområda psykisk helse og inkluderande barnehage og skule, òg ei
vidareføring frå i fjor, då temaet var venskap. Å jobbe i prosjekt der ein deler born og
vaksne på tvers av avdelingar er utviklande for vaksne og barn. Me blir kjende med
andre barn enn dei på vår eiga avdeling. Personale opplever at dette har vore svært
positivt. Barna får fine opplevingar saman med andre barn og andre vaksne
Vi har hatt ei kreativ periode der barna har fått utforske med måling, både med
hender, pensel og svamp. For mange var dette første møte med maling, nokre likte
det godt, medan andre var meir skeptiske. Dei fekk observere, og etter kvart ville dei
forsøke. Det er viktig at barna blir høyrde og har medverknad i eigen kvardag, det set
difor store krav til at personalet tolkar og forstår det barna uttrykkjer både verbalt og
nonverbalt. (jmf medverknad).
Temaet i oktober har vore haust. Me har sett naturen endra seg, blad som endrar
farge og fell på bakken, me har gått turar og teke haustmateriale med tilbake til
barnehagen. Blada me plukka brukte me blant anna til å dekorere lykta med, som
vart lodda ut på FN-basaren.
I samlingsstund har me òg snakka og sunge om bjørn og pinnsvin som går i
vinterdvale.
Tradisjonen tru plukka me i år òg eple til eplekake, som me lodda ut på basaren. Epla
var ungane på Sol og Stjerne med å plukke, turen gjekk opp i hagen til Gry, der me
leika og plukka eple. Eplekaka vart laga i fellesskap på avdelinga. Elles har me laga
epletrykk, fått sett store og små eple, korleis eit eple ser ut inne, og smaka på ulike
typar eple.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
I oktober/november fekk Stjerne 3BLU student, Linn, som var her i fire veker. Ho har i
denne perioden hatt overtakingsveke og eige utviklingsarbeid. På Sol har me i tre
veker hatt 2BLU student, Helene, som har hatt oppgåve i Kunst, kultur og kreativitet, i
tillegg ein leiardag og observasjonsoppgåve.
Bursdagar: I september feira me William 2 år, og i oktober feira me Amund 1 år,
Solvor og Sjur 1 år, Selma 2 år, og Synne 1 år.
Plan for november og desember
Leik
Dei to første vekene av november vil me ha fokus på leik. Temaet vårt i haust er
inkluderande leikemiljø, og dette vil ha stor plass no i starten av månaden. Me vil
dele i mindre grupper, vere aktive og støttande vaksne som er der for å hjelpe borna
til å skape positive venskapsrelasjonar. I rammeplanen s.20 står det: «barnehagen
skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur», og «barnehagen skal
bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom
leik – aleine og saman med andre».
Advent/jul
I midten av november startar me med juleførebuing, på denne måten sikrar me oss at
alle får delta, og at me har god tid. Me deler barna i mindre grupper i dei ulike
hemmelige juleaktivitetane. «Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstariske og
kulturelle uttrykk» Rammeplan s.50.
I desember startar me med adventsstund. Me samlar oss i sofakroken på Sol og
Stjerne. Der tenner me lys, les adventsdikt, heng hjarte opp i vindaugskarmen, har
nedteljing mot 24.desember, og syng julesongar. I adventssamlinga tek me i bruk
fargane som symboliserer advent og jul. Målet vårt er at barna skal få oppleva denne
tida som ein god tradisjon. Rammeplanen seier at barna skal få kjennskap til
forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn.
I vår barnehagen er det tradisjon at foreldra er med på Luciafeiring. Me inviterer på
lussekattar, song og ei fin oppleving saman denne morgonen.
Desember er òg ein månad der me legg vekt på å det meir roleg, ha god tid til
kvarandre og kose oss saman, slik kan me få høve og ro til undring, samtalar og
forteljingar (jf. rammeplanen). Det er også ei fin tid for å visa at me bryr oss om
kvarandre, med fokus på å dela, hjelpa og gleda andre. Noko som er i tråd med vårt
fokus på sosial kompetanse og psykisk helse.
Melding heim
Det kjem oppslag på døra i forkant av Lucia markeringen (dette er for barna, foreldre
og søsken)
Nissefesten er for barna i barnehagen.
Minner om at alle tek ein sjekk i korgene innimellom. Sjekk at det er klede som høver
for årtid, og at det er merka med namn.
Da håper vi at alle får ei roleg og fin førjulstid.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Her er eit utval av songar, rim og regler som vi nyttar i samling, knytt til tema me
jobbar med:
- Huttetu så kaldt det er
- Pinnsvinsangen
- Bjørnen søv
- Gå i skogen, gå i skogen
- Kva seier den kua
- Med krøllet hale
- Me tek kvarandres hender
- Me er venner
- Gode vener er det veldig fint å ha
- Santa Lucia
- Du og eg og dompappen
- Musevisa
- På låven sitter nissen
- Julekveldsvisa
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
NOVEMBER 2018 SOL OG STJERNE
Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
44 Tema: Leik
31 Overtakings-praksis på Stjerne frå 1.nov - til 7.nov.
1 Uteleik Avd.møte Stjerne 13:15 – 14:15
2 Aldersdelt samling Sol og Stjerne Varm mat: Lapskaus
45 Tema: Leik
5 Prosjektdag for heile barnehagen Ped.leiarmøte 13.15-14.15
6 Leikegrupper
Avd.møte: Måne 13.15 – 14.15
7
Patrick 2 år
8 Leikegrupper Avd.møte Sol 13:15 – 14:15
9 Aldersdelt samling Sol og Stjerne Varmmat: Kyllingskinke, pasta,saus og grønsaker
46 Tema: Juleføre buing
12 Prosjektdag for heile barnehagen Ped.leiarmøte: 13.15-14.15
13 Avd.møte Måne 13:15 – 14:15
14
15 Uteleik
Avd.møte Stjerne 13:15 – 14:15
16 Aldersdelt samling Sol og Stjerne Varmmat: Fiskekaker, pasta og grønsaker
47 Tema: Juleføre buing
19 Hemmelige juleaktiviteter
Maja 1 år
Ped.leiarmøte: 13.15-14.15
20 Avd.møte: Måne 13:15 – 14:15
21
22 Uteleik
Avd.møte Sol 13:15 – 14:15
23 Aldersdelt samling Sol og Stjerne Varmmat: Havregraut
48 Tema: Juleføre buing
26 Hemmelege juleaktivitetar Ped.leiarmøte: 13.15-14.15
27 Avd.møte: Måne 13:15 – 14:15
28
29 Pynte avdelinga til adventstida Avd.møte Stjerne 13:15 – 14:15
30 Aldersdelt samling Sol og Stjerne Varmmat: Lapskaus
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
DESEMBER 2018 SOL OG STJERNE
Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
49 Tema: Juleførebuing
3 Adventstund
Ped.leiarmøte: 13.15-14.15
4 Adventstund
5 Adventstund
6 Adventstund
7 Adventstund Sol på tur – sjå på julegrana i parken Varmmat: Kyllingskinke, pasta,saus og grønsaker
50 Tema: Jul
10
Adventstund
Ped.leiarmøte: 13.15-14.15
11
Adventstund
Bake lussekattar
12
Adventstund
Bake lussekattar
13
Adventstund
Luciamarkering – meir informasjon kjem.
14
Adventstund
Stjerne på tur – sjå på julegrana i parken Varmmat: Fiskekaker, pasta og grønsaker
51
Tema: Jul
17 Adventstund
Ped.leiarmøte: 13.15-14.15
18 Adventstund
Nissefest – meir informasjon kjem
19 Adventsstund
Ava 1 år
20 Adventstund
21 Adventstund
Siste dag før jul. Første dag etter jul er torsdag 3. januar.
52
24
25
26 27 28
På vekeplanane vil det bli meir detaljerte planar, sjå myKid.