sufh katalog 2015-16

28
FORVENT MYKJE, FÅ MEIR! MAGASIN FOR SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE SKULEÅRET 2015-2016

Upload: sunnmore-folkehogskule

Post on 06-Apr-2016

224 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: SUFH Katalog 2015-16

FORVENTMYKJE,

FÅ MEIR!

MAGASIN FOR SUNNMØRE

FOLKEHØGSKULE SKULEÅRET 2015-2016

Page 2: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

FORVENT MYKJE, FÅ MEIR

Sunnmøre Folkehøgskule ligg i hjartet av Sunnmøre. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, reklamefolk, dykkarar, skifolk, kunstnarar, friluftsfolk og folkehøgskuleelevar kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte.

Sunnmøre Folkehøgskule er mykje meir enn berre flott og mektig natur. Vi har også stor breidde i fagtilbodet vårt, mellom anna friluftsliv, ballidrett, musikk, dans, film, reiseliv og internasjonal linje. Dette gir eit mangfald av elevar frå mange ulike land.

Slagordet vårt er «Forvent mykje, få meir». Det beste med eit år på folkehøgskule kan ikkje dokumenterast med ord og bilder. Dette magasinet gir berre ein liten smakebit. Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det.

Velkomen til oss!

Helsing Arnt Ole Grimstad Rektor

Page 3: SUFH Katalog 2015-16

3

KONTAKTINFORMASJONSunnmøre Folkehøgskule Varleitevegen 7, 6065 Ulsteinvik Tlf. 7000 9600, [email protected] www.sunnmore.fhs.no facebook.com/sunnmorefolkehogskule #sunnmorefhs

Sunnmøre Folkehøgskule er eigd av KFUK-KFUM

2

4 EDELSTEINEN

5 TRU OG TVIL

6 #SUNNMØREFHS

8 REISER PÅ TVERS AV LINJENE

10 MUSIKK.DIGITAL

11 MUSIKK+

12 FILM+ & DANS+

13 GLOBAL.SAFARI

14 IDRETT.BALL

15 GOLF.IDRETT.SØR-AFRIKA

16 MULTISPORT.SØR-AFRIKA

17 SJØ.SNØ.SURF.HAWAII

18 BUTRENING.AKTIVITET

19 LEIARTRENING & INTERNASJONAL LINJE

20 PÅ TVERS – MYKJE MEIR ENN LINJEFAG

22 NÅR EITT ÅR IKKJE ER NOK

23 SUPERT Å BU I LAG

24 NORGES FINASTE FOLKEHØGSKULE?

25 HER BUR DU

26 NORGES MEST FORNØGDE ELEVAR

REDAKSJONAnsvarleg redaktør: Arnt Ole Grimstad Redaksjon: Øystein Vegge, Bodil Muren Voldsund og Asle Geir Widnes Johansen

Design: Osberget AS

Opplag: 2000

OPPLEV VERDAREISER PÅ TVERS AV LINJENE S.10

NY LINJE!FILM+ S.12

INNHALD

STORT UTVAL I LINJER OVERSIKT SIDE 10-25

NORGES FINASTE FOLKEHØGSKULE?LES MEIR PÅ S.24

FORVENT MYKJE, FÅ MEIR

Page 4: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

EDELSTEINEN

«Denne skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule» Desse orda er henta frå skulen sine over 100 år gamle ordensreglar, og gjeld den dag i dag. Du er kanskje vekke frå heimstaden for fyrste gong. Vi ynskjer deg velkomen heim til oss på Sunnmøre. Tidlegare elevar som vitjar skulen snakkar om kor godt det er å «kome heim».

Sunnmøre Folkehøgskule legg til rette for at akkurat du skal få utfalde og utforske deg i eit aktivt og trygt miljø. Vi legg vekt på et rusfritt miljø og har null-tolleranse for bruk av rusmidler.

Edelsteinen er unik, slitesterk og vakker. Den kan slipast og formast. Vår logo fortel noko om dette. Vi ynskjer å vere ein stad der du føler deg heime. Der komfortsona di blir utfordra og du samstundes kjenner deg verdsatt og unik.

Skuleåret vil handle om fart og kvile, skjemt og alvor, ettertanke og spontan galskap, samtaler og aktivitet. Skulen er eigd av KFUK-KFUM og ynskjer å ta vare på det heile mennesket med kropp, sjel og ånd. Verdiar som ærligdom, respekt og kjærleik skal prege både undervisning, fritid og internatliv.

På Sunnmøre Folkehøgskule har vi ein visjon: «Vi skal få utrulege ting til å skje». Dette opplever vi kvart år på ulikt vis. Vi håper du har lyst til å vere med å «få utrulege ting til å skje».

Page 5: SUFH Katalog 2015-16

5

SIGURD OM EIT ÅR PÅ EIN KRISTEN SKULE

““ Eg valde bevisst å gå på ein kristen skule. Eg har mange gode erfaringar frå ulike KFUK-KFUM-arrangement og trur skulemiljøet har godt av å vere bygd på kristne verdiar. Det forsterkar målet mitt om at eit folkehøgskuleår skal være eit annleis år. For meg sto valet mellom dei tre KFUK-KFUM-skulane Rønningen, Valdres og Sunnmøre, men valde denne skulen fyrst og fremst på grunn av linjetilbod og nærleiken til Sunnmørsalpane.

LARS OM EIT ÅR PÅ EIN KRISTEN SKULE ““ Jeg var skeptisk til å gå på en kristen skole, ettersom jeg er direkte motstander av all religion. Selv om det nemnes ord om tro jevnlig så er det alltid i forbindelse med verdispørsmål som jeg som ikke-troende kan forholde meg til og ha interesse av å diskutere. Vi som ikke velger å ta del i frivillige religiøse arrangement føler oss aldri utenfor.

KJARTAN OM EIT ÅR PÅ EIN RUSFRI SKULE

““ Et år på ein rusfri skule er slett ingen ulempe. Jeg valgte helt bevisst ein kristen skule. Jeg hadde lyst til å bli kjent med folk på ein annen måte - uten situasjoner der alkohol var inne i bildet. Til nå har jeg erfart at vi kan slippe oss løs og vere oss selv, uten å vere påvirket av rusmiddel. Det er utrolig hvor gøy en kan ha det på en folkehøgskole. Jeg vet ikke helt hvordan det er på andre folkehøgskoler, men jeg er glad jeg kom til Sunnmøre. Her fyller vi tida med elevkvelder, miljøaktiviteter og trening, og har det veldig sosialt døgnet rundt.

TRU OG TVIL

KFUK-KFUM er ein del av YWCA (Young Womens Christian Association), som er det største kvinnenettverket i verda, og YMCA (Young Mens Christian Association), som er den største ungdomsbevegelsen i verda. Her i landet er KFUK-KFUM fyrst og fremst kjend for Ten Sing-kor, idrettslag og speidergrupper.

Sunnmøre Folkehøgskule formidlar eit kristent verdisett. Skulen har likevel elevar med ulik bakgrunn og ulike meiningar omkring kristne spørsmål. For nokre er det naturleg å vere med på skulen sine kristne tilbod på fritida. Andre ynskjer ikke å ta del i dei. Det blir ditt val når du kjem hit. I mellomtida kan du lese kva Sigurd, Lars og Kjartan meiner om verdiane skulen bygger på.

Sunnmøre Folkehøgskule er eigd av KFUK-KFUM. Det er ein kristen barne- og ungdomsorganisasjon som har over 19.000 medlemmer rundt om i landet.

Page 6: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

På Instagram finn du meir enn 1000 bilete frå livet på skulen dei siste par åra. Vi har plukka ut nokre av dei for å gje ein smakebit om kva som ventar. Men hugs: Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det.

#SUNNMOREFHSMAGISKE AUGNEBLIKK

@mkjeldsen@justoyvin@ingridskarland@justoyvin

@olemartingronmyrs@olemartink

@justoyvin@kviste

@noravalen@karinefoss@ingbjeris@martinej94

@tirilfjell@kristerlerberg@katlei95@mkjeldsen

Page 7: SUFH Katalog 2015-16

7

@isakadsero@ingbjeris@justoyvin@tordegutt

@sunnmorefhsinsp@ingbjeris@kviste@olemartink

@karinefoss@justoyvin@justoyvin@jstanum

@mandsem@elinhaberg@mandsem@helenesola

@justoyvin@sigmagel@sunnmorefhsinsp@sunnmorefhsinsp

Page 8: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

Page 9: SUFH Katalog 2015-16

9

REISER PÅ TVERS AV LINJENEÅ oppleve andre kulturarer ein viktig del av eit folkhøgskuleår. På turane får du uendelig inntrykk av lydar, smakar og mennesker. På den måten gir reiser meining og glede og ein ekstra dimensjon i skuleåret.

Kvar vil du reise? Kva vil du oppleve? I november skal vi forlate haustmørket og kulda her heime. Då kan du velje mellom ulike reisemål. Det er svært ulike turar med sine heilt spesielle særpreg.

Cuba er heftige rytmer, salsa, tropisk klima, krittkvite strender og ei reise tilbake i tid. Eit annleis land med ei spesiell historie og eit heilt unikt samfunn der tida har stått meir eller mindre stille i 60 år.

Cape Town i Sør-Afrika er ein fantastisk miks av folkeliv og musikk. Nokre dagar bur du hos vertsfamilie og deltek i gateprosjekt. Andre dagar er det mellom anna aktivitetar som fallskjermhopp, golf, safari og verdas høgste strikkhopp på 217 meter som fyller tida.

På turen til Tanzania kjem du tett på afrikansk kultur, natur og folkeliv. Her får du innblikk og opplevingar ein

vanlegvis ikkje får sjå som turist. Turen vert avslutta med dagar på krydderøya Zanzibar med nokre av dei vakraste strendene i verda!

Hawaii er meir enn ei tropisk paradisøy med asurblått hav, palmesus og Waikiki Beach. Det er også ein stad for surfing på strendene der surfinga ein gong starta. I tillegg vil du oppleve snorkling, dykking og luftige fjellturar på kvasse vulkanar opp mot 3000 meters høgde.

Elevane på Butrening.Aktivitet reiser til Kanariøyane i Spania for tettpakka dagar med parasegling, snorkling, kamelriding, klatring, guiding og safari. Dette er det einaste reisemålet der ei klasse reiser samla. På alle dei andre turane kan du sjølv bestemme kvar du vil dra.

Page 10: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

MUSIKK.DIGITALMED MAC’EN SOM INSTRUMENT

I mars gjekk Musikk+ i studio og spelte inn ei fantastisk plate med 16 eigneproduserte låtar. Den må du høyre! Sidan linja Digital Musikk fyrst starta opp dette skuleåret vil vårens plateinnspeling difor vere fyrste gongen linjene går saman i studio.

Du har kanskje laga låtar i Logic i fleire år allereie. Eller kanskje du er ein DJ som har laga mashups og produsert eigne ting basert på samples og loops. Uansett: No er tida inne for å la andre høyre det du har laga. Og for å få tilbakemeldingar. På denne linja lærer du meir om opptak, miksing, effektar og låtproduksjon. Du vil rigge lydanlegg og gå i studio med profesjonelle teknikarar.

Musikk.Digital har ein del av undervisninga saman med Musikk+ i nye og fantastiske øvingslokaler. Her vert du ein betre musikar og får innsikt i musikkteori og tekstskriving. Seinare dannar dykk ulike band der du spelar eller syng og brukar datamaskina som instrument på konsertar, klubbscene og plateinnspelingar. Bodskapen er difor: Kom ut av musikkskapet. Skap din eigen musikk!

LINJEINNHALD

• Miksing

• Mastring

• Opptak i Logic

• Redigering

• Studioarbeid

• Rytmelære

• Klang/delay/kompressor

• Analog/digital miksar

• Oppbygging av lydanlegg

• Piano

• Livelyd

• Låtproduksjon

• Data i band

• Ulike musikksjangrar

• CD-produksjon

• Huskonsertar

• Musikkcafè

• Musikal

Page 11: SUFH Katalog 2015-16

11

MUSIKK+LET’S GROOVE

Les meir om arbeidet med fjorårets plate på musikkpluss.blogspot.no.

Denne linja er ein suveren miks av mykje musikk iblanda det beste av idrett og friluftsliv. Om du er ein av dei som likar å halde på med musikk, men ikkje nødvendigvis heile tida, er dette ein fin plass å vere. Med ein miks av sporty og aktive bandfolk og songarar, gir musikklinja fyrst og fremst muligheit for mange flotte opplevingar på øvingsromet, på klubbscena og i studio.

I tillegg vil du nokre dagar herje i gymsalen og oppleve Sunnmørsnaturen på sitt aller beste. Nokon kallar det eit bra Kinder-egg. Vi kallar det eit plusskonsept.

LINJEINNHALD

• Eigneproduserte låter

• Studioarbeid

• CD-prosjekt

• Band

• Arrangering

• Komponering

• Huskonsertar

• Musikkcafè

• Musikal

• Samspel

FØLG LINJA PÅ SPOTIFY ‘SUFH MUSIKK+’

• Sangteknikk

• Besifring piano/gitar

• Musikkteori

• Høyrelære

• Ballspel

• Klatring

• Toppturar

• Kajakk

• Ski/ brett

• Sykkel

Page 12: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

NY LINJE

FILM+MEIR ENN TUSEN ORD

Den eine dagen står du i laussnøen på Strandafjellet Skisenter og flyg ei drone. Då får omgrepet fugleperspektiv eit nytt innhald. Ein annan dag låner du dykkerutstyr og hoppar i havet med ein av landets beste undervassfotografar. Over deg leikar surfarane seg. Under deg symjar fiskestimar i glasklart vatn. Vel heime fortset prosessen frå opptak til redigering og ferdig film.

Så er du klar igjen. Klar for nye oppdrag. Klar for å lage ein musikkvideo eller ein fleirkameraproduksjon av ei danseforestilling. Klar for å lage dokumentar om reiser til spanande stadar. På Film+ blir du ikkje berre ein betre filmskapar, du får óg praksisen din på turar og opplegg saman med dei andre linjene. Nokre kallar det å få i pose og sekk. Vi kallar det eit plusskonsept.

LINJEINNHALD

• Fiksjon og dokumentar • Reklame og action• Drone• Undervassfilming• Timelapse• Animasjon/design

• Final Cut pro X• Adobe After Effects• Fotografering• Kameraføring/steadycam• Kamerateknikk/lyssetting• Fleirkameraproduksjon

NY LINJE

Du har dansa funk i tre timar allereie. Sveitten og sminka renn nedover ansiktet. Du kjenner det i heile kroppen når du skal kommunisere utan ord. For det er det dans handlar om; å kommunisere utan ord. Det er eit kroppsspråk du vil merke om du legg skuleturen til Cuba. Der vil du vere omgitt av rytmer, musikk og salsa frå du står opp til du legg deg.

Tilbake i dansesalen er dagane fylt med jazz, hip-hop, moderne og samtidsdans. Musikal og eigne danseforestillingar vil vere store fellesopplevingar. Andre veker har du prosjekt med musikklinjene, filmcrew og fotoshoots. På linjeturen til London er du innom store oppsettingar og små scener. I «pluss-timane» bestem du sjølv om du vil vere med på nye workshops og eigenprosjekt eller om du vil ut i naturen å hente inspirasjon. Det er dette vi kallar eit plusskonsept.

LINJEINNHALD• Samtidsdans/Moderne• Jazz• Funk/Hip Hop• Intro klassisk ballett• Improvisasjon• Koreografi• Scenografi• Dansehistorie

DANS+LET’S DANCE

• Salsa• Breakdance• Cheerleading• Danseklasser i London• Danseprosjekter• Forestillinger• Musikal• Dansens Dag

Page 13: SUFH Katalog 2015-16

13

GLOBAL.SAFARIOPPLEV VERDA. REIS MED HJARTET

FØLG LINJA PÅ INSTAGRAM #GLOBALSAFARI1415

Global betyr altomfattande og safari betyr reise. I utlandet møter du spanande menneske og kulturar i Aust- og Sør-Afrika, Europa og Midtausten. I Tanzania får du med deg soloppgong over løver og giraffar i Tarangire og Ngorongoro og på Zanzibar får du eit kultursjokk i fargar i møte med korallrev, sandbankar og turkisfarga hav.

På Robben Island i Sør-Afrika vitjer du fengselscella til Nelson Mandela og i Midtausten møter du folk som framleis har trua på fred. Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur, men likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.

Bilda under har linjelærar Øyvin Sønnesyn (@justoyvin) teke på turane i haust.

LINJEINNHALD

• Betlehem & Jerusalem

• Dødehavsbading

• Maji Moto Hot Springs

• Film & foto

• Fjellturar

• Idrettsaktivitetar

• Kultur & kommunikasjon

• Kajakkpadling

• Landsbyliv & byliv

• Landkunnskap

• Globale spørsmål

• YWCA/YMCA

• Fredsaktivisme

• Oliventreplanting

• Refleksjon & diskusjon

• Roadtrip Sør-Afrika

• Robben Island

• Safari Ngorongoro

• Safari Blue Zanzibar

• Sang, musikk & dans

• Skulebesøk

• Stone Town Zanzibar

• Sykling

• Vertsfamilie

Page 14: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

IDRETT.BALLJUST DO IT

For nokre er det vanskeleg å sitte i ro. Dei vil helst vere i aktivitet - med eller uten ball. Enten det er i gymsalen, på kunstgrasbana, på treningssenteret eller ute i friluft.

Om du er ein av dei, vil du i løpet av året kjenne den gode kjensla av å sette spor i urørt puddersnø. Spenninga når paraglideren får luft eller bølga tek tak i surfebrettet. Smerta over ei litt for hard takling eller når ei paintballkule treff deg i ryggen. Gleda over eit perfekt treff på ballen på fotballbana. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Eit heilt år med samhald, gode lagkameratar og sterke opplevingar.

LINJEINNHALD

• Fotball

• Volleyball/beach

• Golf

• X-match

• Surfing på Stad

• Paragliding

• Ski/snowboard

• Klatring

• Squash

• Spinning

• Treningsstudio

• Topptur haust/vinter

• Stup/svømming

“”Jeg kom til Sunnmøre mest på grunn av alle valgfagene og alt det morsomme vi skulle innom på linja. Det er utrolig fint på Sunnmøre og jeg ville oppleve litt av det. Lærerne her er helt konge. De tar seg tid til hver enkelt elev. Det at vi ikke får karakterer ut fra prestasjoner, gjør også at stemningen mellom lærere og elever blir annerledes.” — Ida Kristine frå Grimstad

• Paintball

• Leirdueskyting

• Go-kart

• 10-kamp

• Skøyter/ishockey

• Kampsport

• Langrenn

• Grottetur

• Basistrening

• Handball

• Basket

• Frisbeegolf

• Kajakk

Page 15: SUFH Katalog 2015-16

15

GOLF. IDRETT.SØR-AFRIKAALL IN ONE

“”Sunnmøre is very different from Arizona, and a long way from home! I chose golf because I already know how to play and I wanted to improve my golfgame. I also like american Football, Baseball and different ballsports and maybe I can teach my new norwegian friends some of them. I hope this year will give me time to find out what I want to do. I want to try many different things and be a better golfer.” — Thomas frå Arizona

Denne linja har ingen ”hole in one”-garanti. I staden kjem vi med ein ”all in one”-lovnad. For her speler du ikkje golf heile året. Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktiviteter som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet.

På Sunnmøre Golfklubb vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 4,5 i handicap og klubben sin PGA-pro. Vi spelar på ulike baner på Sunnmøre og Sør-Afrika og dreg på treningsleir til England. På niholsbana til Sunnmøre Golfklubb har du gratis spelerett. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen.

LINJEINNHALD

• Sunnmøre Golfklubb

• Golf i Cape Town

• Treningsleir London

• «Veien til golf»-kurs

• PGA-pro frå New Zealand

• Svinganalyse

• Lagkonkurranser

• Slagspel-turnering

• Stableford-turnering

• Senk handicappet ditt

• «Golf-extreme»

• Svingtrening

• Next level

• Volleyball

• Fotball

• Ski/snowboard

• Treningssenter

• Surfing på Stadt

• Paragliding testdag

• Stup/svømming

• Paintball

• 10-kamp

• Leirdueskyting

• Vintersport

• Frisbeegolf

• Slå læraren!

Page 16: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

MULTISPORT.SØR-AFRIKAKOMFORTABEL UTANFOR KOMFORTSONA

Gjennom sportsprega friluftsliv ferdes du i mektige Sunnmørsalper, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på et surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak RIB-båten inn vakre Hjørundfjorden.

Du finn ei eiga ro rundt leirbålet og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilberedt og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen. I morgon ventar ein ny fullspekka dag.

LINJEINNHALD

• Klatring

• Elv-/grotteklatring

• Terrengsykling

• Surfing

• Toppturar på ski

• Ski/snowboard

• 10-kamp

• Triathlon

• «Pudderjakt»

• Via Ferrrata

• Skredkurs

• Sender-/mottakar

• Toppturar i Sunnmørsalpane

• Sykkelekspedisjon Trollstigen

• «Oppdrag Hjørundfjorden»

• «Møte med det ukjende»

• Vannski/kajakk/snorkling

• Strandafjellet Skisenter

• Snøholetur

• Squash

• Snøskuter

• Curling

• RIB-turar

• Bålsamtaler

Men hensigten spør folket, meningen, målet? Der er ingen hensigt, der er intet maal. Tindesporten er meningsløs som selve livet – derfor kan dens trolddom aldri dø. — Peter Wessel Zapffe, 1933

Page 17: SUFH Katalog 2015-16

17

SJØ.SNØ.SURF.HAWAIIREINT VATN. REIN GLEDE

På Vestlandet kan det vere skikkelig uver og det kan blåse nordavind fra alle kanter. Heldigvis! Då er du i ditt rette element. Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika eller på Hawaii. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykker ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar.

På vindfulle dagar får du friske opplevingar i kajakk eller i båt. Med eller utan segl. Og på godversdagar ser du kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden. Det danner vakre kulisser for Oppdrag Hjørundfjorden og skiglede i urørte fjellsider. Det er på slike dagar du tenker: ”Himmel og hav for eit år det skal bli!”

LINJEINNHALD

• Surfing Hawaii

• Surfing Stad

• Segling/regatta

• Topptur

• Kajakkekspedisjon

• «Møte med det ukjente»

• «Oppdrag Hjørundfjorden»

• Vått-kort

• 10-kamp

• Fridykking basseng/ute

• Strandafjellet Skisenter

• Snøholetur

”I ethvert normalt menneske er der en dyp trang til at føle samhørigheten med naturen, overbevise sig om, at hans sind eier røtter, som endu ikke har tapt sit tak i jorden. Det er denne trang som driver os byfolk ut til havet, ind i skogene op paa fjeldet”. — Carl.W.Rubenson, 1914

““

• Pudderjakt

• Elvevandring

• Ski/Snowboard

• Fisketur

• Sunnmørsalpane

• Klippehopping

• Solodøgn

• Vannski/Wakeboard

• Fjelltur

• Langrenn

• Fuglefjellet på Runde

• Dollsteinhola

Page 18: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

BUTRENING.AKTIVITET PÅ EIGNE BEIN

Det er godt å ha ekstra støtte når du skal prøve noko nytt i kvardagen. For nokon kan det vere å ta kontakt med andre, å gjere daglege aktivitetar eller å reise. For andre kan det vere å få meir sjølvtillit.

På Butrening.Aktivitet får du tilpassa undervisning i trygge omgjevnader. Her trenar du på å bu åleine, delta i aktivitetar og å vere saman med andre ungdommar.

“Vi kan gjøre så masse forskjellig! For eksempel være med på valgfag og reise på utenlandsturar. Jeg har hatt golf og klatring som valgfag, og det har vært veldig artig. På Butrening og Aktivitet er det gøy fordi vi gjør mange av de samme aktivitetene som på de andre linjene. Og så er det bra å få lære mer om vasking og matlaging siden jeg har kjøpt meg leilighet som jeg skal flytte inn i etter neste sommer. — Thomas frå Asker

LINJEINNHALD

• Friluftsliv

• Mat/helse

• Turplanlegging

• Veiledningssamtalar

• Fotobok

• Nettvett/telefonbruk

• Scenetrening

• Personleg økonomi

• Musikk

• Drama/stemmebruk

• Maling/snekring

• Personleg hygiene

• Filmlaging

• Konfliktløysing

• Rom-/klevask

• Bedriftsbesøk

• Kafedrift

• Innsamlingsaksjon

• Museumsbesøk

• Skuleutveksling

Page 19: SUFH Katalog 2015-16

19

Internasjonal linje er eit halvtårskurs som har base på skulen. Du vil jobbe med eit lokalt utgangspunkt og eit globalt perspektiv. Halvtårskurset er lagt opp som ei god blanding av praktiske erfaringar, foredrag og refleksjonar i grupper. Gjennom året på internasjonal

LEIARTRENINGNÅR EITT ÅR IKKJE ER NOK

INTERNASJONAL LINJENÅR EIT HALVT ÅR ER NOK

Du har kanskje slått det fast allereie: Det held ikkje med éit år på folkehøgskule. Du vil ha meir! Du vil vere andreårselev - eller stipendiat som det blir kalla i folkehøgskulen. Dette er eit år med fokus på teoretisk leiartrening og praksis som vegleiar. Som ven og rettleiar kjem du tett på elevar og tilsette.

Religionsforståing • Dialog • Konfliktløysning • Kulturmøter • Internasjonal politikk • Utvikling • Bistand • Etisk handel • Menneskerettar • Klimautfordringar

Personlegdomsteorier • Leiarstilar • Teambygging • Organisasjonskultur • Prestasjonspsykologi • Konflikthåntering • Kommunikasjon • Miljøarbeid

linje vil du ha praksisplass hjå KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp samt lokale aktørar på Sunnmøre. Linja opnar også opp for eit møte med norsk kultur og natur der du får ta del i fellesopplevingar med andre elevar i den storslåtte sunnmørsnaturen.

Du vil få medansvar for det sosiale skulemiljøet og får oppgåver knytt opp mot den praktiske skulekvardagen. Av den grunn betaler du ikkje skulepengar. På denne linja vil søkjarane bli intervjua og det er begrensa plassar.

Page 20: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

– MYKJE MEIR ENN LINJEFAGPÅ TVERS

MUSIKALKvart år skaper elevar og lærarar ved skulen ein musikal. I to veker legg vi all anna undervisning til side, og jobbar kun med den. Her kan du utfalde deg, anten du drøymer om å stå på scena eller arbeide med lyd og lys. Kvart år ser nærare 2000 personar oppsetninga i kulturhuset Sjøborg.

Sist skuleår sette elevane opp Rockeulven. Tidlegare år har mellom anna Grease, Annie, Fame, Løvenes Konge, High School Musical, Happy Feet og Jungelboken stått på programmet.

VALFAGI løpet av skuleåret kan du velge fritt mellom 25-30 valfag. Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestem sjølv om du vil at valfaga skal supplerer linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. Valfaga kan variere noko fra år til år, men dei siste par åra har vi mellom anna tilbydd desse faga: segling/friluftsliv, klatring, golf, vokalgruppe, kreativ foto, dans, teatersport, fotball, snikkar, sykkel, diakoni, gruppeinstruktør/aerobic, piano, friluftsliv, kor, maling, mat på bål, fiks, gitar, volleyball, band, turn, longboard, hybelmat, redesign, film, styrketrening og knivlaging.

Du finn meir info om valfaga på www.sunnmore.fhs.no

Du søkjer deg inn på eit linjefag, og brukar mykje av tida di der. Når året er omme kan det likevel vere fellesopplevingar, undervisning og turar på tvers av linjene som sit sterkast igjen. Her vil du oppleve meir enn du trudde var mogleg då du starta skuleåret.

Page 21: SUFH Katalog 2015-16

21

FELLESTUR TIL RUNDE OG GEIRANGER

SEMINAR OG FELLESFAG

ELEVKVELDAR OG ANDRE MILJØAKTIVITETAR

VALFAG OG FRIVILLIGE KURS

SOLIDARITETSPROSJEKTETKvart år samlar vi inn penger til eit solidaritetsprosjekt. Skuleåret 2014-2015 er målsettinga å få inn 400.000 kroner. Hovuddelen av desse midlane skal gå til eit arbeid vi driv i Ilula i Tanzania saman med Ilula Orphan Program og Ilula YMCA. Her samarbeider vi mellom anna om ein «folkehøgskule». Dette er ikkje ein vanleg folkehøgskule i norsk forstand, men ein bolig for jenter som ikkje har annan stad å bu.

I tillegg til prosjektet i Ilula samlar vi også inn pengar til eit «Homeless Soccer»-prosjekt i Cape Town i Sør-Afrika. Dette prosjektet vert dreven saman med ei lokal KFUK-KFUM-gruppe.

SKIVEKAI mars reiser heile skulen til vinterfjellet. For mange er dette eit stort høgdepunkt. På dagtid køyrer vi ski eller snowboard og går langrenn. På kveldstid er det brettspel og underhaldning på programmet. Dette er ei veke som er over så alt for fort!

Page 22: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

NÅR EITT ÅR IKKJE ER NOK– Vi skal vere eit bindeledd mellom lærar og elev. Vi skal lære bort og vere forbilde. Samtidig kan elevane kome til oss om det er noko. Vi har vore gjennom eit år her allereie.

Det fortel dei to stipendiatane Ingvil Sønnesyn Berg (19) frå Larvik og Lars Kristian Ruud (20) frå Ørje. Dei har bak seg eit år på Sunnmøre Folkehøgskule. Men så fekk dei lyst til å vere der eit år til, no gjennom stipendiatordninga for leiartrening. Dei er dermed to av elleve elevar i stipendiatgruppa og oppgåva er kort fortalt å vere ein slags hjelpelærar i skulekvardagen.

– Lærarane er flinke til å gi oss oppgåver og å utfordre oss, fortel Ingvil. Ho opplevde det veldig positivt at ho, saman med ein annan stipendiat, fekk ansvaret for ein overnattingstur til Borgarøya. Både elevar og lærarar opplevde turen som triveleg og samanspleisande. Ingvil likar å sjå smila og gleda i auga på elevar som med eitt meistrar ei utfordring.

– Det er veldig motiverande. Vi må pushe elevane litt for å få dei til å stå fram og seie kva dei meinar. I tillegg er det kjekt å kjenne at eg sjølv utviklar meg. Det å leie ei gruppe fyrste gongen, og å få positive tilbakemeldingar frå deltakarane, det gjer ekstra godt, fortel ho.

-Kva er dei største utfordringane de møter?– Det er mykje å gjere, mykje planlegging. Så gjeld det

å finne den rette balansen mellom det å vere leiar og elev. Det dreier seg om respekt kontra det å vere kompis, påpeiker Lars Kristian.

– Kvifor valde du å bli stipendiat?– Eg gjekk her i fjor og elskar folkehøgskulelivet. Og så er eg er veldig glad i friluftsliv. Den kombinasjonen traff meg midt i hjartet. Dessutan har eg vore leiar i ein del samanhengar og har likt det. Eg trivst med leiartrening, og ynskjer å bidra til at elevane får oppleve eit like godt år som eg hadde. Det å sjå at folk blir betre på ting, lykkast og får sjølvkjensle - det er sterke opplevingar, seier Lars Kristian.

– Forholdet til lærarane er veldig bra. Dei tek vare på oss og backar oss opp. Dei viser at dei set stor pris på oss, og det kjennest godt. Vi føler verkeleg at vi gjer nytte for oss her på skulen, avsluttar Ingvil og Lars Kristian.

LES MEIR OM LEIARTRENING PÅ SIDE 19

Page 23: SUFH Katalog 2015-16

23

Det seier Eirik Oden Evertsen (19) frå Larvik og nikkar mot romkameraten Mathias Andsem (21) frå Arendal. Dei såg kvarandre for første gong då dei møttest på rommet dei skulle dele. No nyt dei internatlivet og er fulle av lovord om kvarandre.

– Det er husmora som står for romplasseringa av elevane. Då vi kom, var alt avgjort. Vi har vore heldige. Vi er veldig like og deler dei same verdiane, smiler dei to.

– Har skulen drive kartlegging? – Det kan nesten sjå slik ut. Vi er begge to ryddige. Vi likar å ha orden på eigne saker, og når det fungerer så fint, kjennest det bra, seier Eirik og Mathias.

– Korleis er det å dele rom med nokon de ikkje kjenner frå før? – Eg synest det er fint å bu saman med ein person. Då er du ikkje åleine, seier Eirik, og Mathias legg til: – Eg er einig. Det er også mogleg å trekkje seg tilbake på rommet for å få vere litt åleine. Vi er flinke til å gjere avtalar om det. Det vi ikkje er like på, er leggetid. Då må vi ta opp korleis vi kan gjere dette mest mogleg omsynsfullt. Det har gått fint. Det er viktig å snakke saman og ta opp ting før det blir eit irritasjonsmoment.

– Kva konflikt kan oppstå når ein deler rom? – Den største konflikta kan oppstå er dersom den eine er eit ordensmenneske og den andre ein rotekopp. Men det har altså ordna seg fint for oss, seier dei to romkameratane.

– Kva med rydding og vask? – Kvar fredag har vi vask, og då tek vi heile rommet saman. Skulen har sett av ein time. Då set elevane på musikk, opnar dørene på romma og har det rett så sosialt.

– Kva er det beste ved å bu slik? – Kanskje at det blir ein person du blir ekstra godt kjend med, og som du innimellom kan prate litt djupare med. Det er veldig greitt å kunne gjere det. Det treng ikkje vere den personen du heng mest i lag med på fritida. Vi to heng ikkje for mykje med kvarandre. Vi går heller ikkje på same linje, og det er eit smart trekk av skulen, konkluderer Eirik og Mathias.

SUPERT Å BU I LAG– Det første møtet med romkameraten? Eg såg med ein gong at dette var ein person det ikkje ville bli vanskeleg å bli kjent med. Skulen har truffe godt med romfordelinga, synest eg.

Page 24: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

NORGES FINASTE FOLKEHØGSKULE?Det beste med eit år ved Sunnmøre Folkehøgskule er alle dei kjekke folka. Men det skadar sjølvsagt ikkje at vi held til i eit tidligare SAS-hotell. Våren 2015 står ei ny musikkavdeling med studio, eit nytt kapell og fleire nye klasserom klar til bruk. Det er ikkje så rart vi kallar oss Norges finaste folkehøgskule.

I det daglege merkar du det på ei rekke område. Ein av fordelane er at heile skulen er under eit tak. Det betyr at du kan gå frå rommet ditt til matsal og klasserom utan å ta på ytterklede. Og klasseromma er ikkje slik du kjenner dei fra vidaregåande skule. Her er det amfi, auditorium, salar og konferanserom som gir skulekvardagen det lille ekstra.

I internatfløyen bur du på store enkelt- eller dobbeltrom med eige bad og dusj og med ei fantastisk utsikt over havet. På kvar etasje er det trådlaust nettverk, tv-rom og servicestasjonar med vaskemaskinar og tørketromlar. I kjellaren er det ei elevstove med mellom anna scene, biljard og bordtennis. Her er det også eit internatkjøken med komfyr og oppvaskmaskin til fri disposisjon.

På tunet finn du skulen sin gymsal. Og vegg-i-vegg med den er det eit treningssenter du kan nytte gratis. Det

er ein del av Aktiv-kjeda og inneheld ein spinningssal, dansesal og to squashbaner – i tillegg til vanlege vekter og apparat for styrketrening. Du kan og delta gratis på gruppetimar på eit anna treningssenter som kjeda har i Ulsteinvik.

Utanfor tunet har vi lysløype som gir flotte forhold for å sykle, gå og jogge. Vi har eiga trakkemaskin, og på vinteren lagar vi skispor i lysløypa så fort det kjem snø. Fem minutters gange frå skulen ligg både innendørs og utendørs kunstgrasbane og ein splitter ny fotballstadion. I tilknytning til stadion er det også ein ny friidrettshall. I den skal det arrangerast innendørs-NM i mars 2015. Er du glad i golf, er Sunnmøre Golfklubb sin ni-holsbane berre ein kort sykkeltur unna. Her har du gratis spelerett om du er elev på Golf.Idrett.Sør-Afrika.

Page 25: SUFH Katalog 2015-16

25

Heimesida vår sunnmore.fhs.no gir deg utfyllande informasjon om økonomi, linjetilbod, turar m.m. Om du vil følgje med oss i det daglege, finn du skulen og dei ulike linjene på Facebook. Opptaket startar 1.februar, og du kan søke heilt fram til skulestart i august. Erfaring viser at nokre linjer blir raskt fylt opp så det er lurt å vere tidleg ute med søknaden.

OPPTAK FRÅ 1. FEB 2015

HER BUR DUSkulen ligg fem minutt fra Ulsteinvik sentrum. Ulsteinvik by har ca 8000 innbyggarar og er kanskje mest kjent for skipsindustrien og fotballaget Hødd. Byen vart i 2012 kåra til landets mest attraktive tettstad og er eit handelssenter for ein region på drøye 25 000 mennesker.

Sunnmøre Folkehøgskule ligg om lag fem minutts køyretur frå sentrum. Her finn du kjøpesenter, nytt kulturhus med kino og konsertsal, bowling, ulike kaféar/spisestadar og ellers det det du treng. Skulle du sakne noko, ligg Ålesund berre ein liten time unna.

45 MINUTT MED BUSS OG HURTIGBÅT FRÅ ÅLESUND LUFTHAMN, VIGRA

30 MINUTT MED BUSS FRÅ ØRSTA/VOLDA LUFTHAMN, HOVDEN

45 MINUTT MED BUSS OG HURTIGBÅT FRÅ ÅLESUND SENTRUM

SUFH

HODDEVIK/STADT

ÅLESUND

MOLDE

STRANDA

VOLDA

GEIRANGER

Page 26: SUFH Katalog 2015-16

SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE | SKULEÅRET 2015–2016

NORGES MEST FORNØGDE ELEVAR!Norske folkehøgskuleelevar er landets mest fornøgde elevar! Dette er ikkje ein påstand frå ein høgt gira folkehøgskuletilsett, men det er slått fast to år på rad i ei stor undersøking.

I undersøkinga frå analysebyrået EPSI kjem det fram at norske folkehøgskular skårer klart høgare enn universitet og høgskular på spørsmål om kor tilfredse elevane er med studiet sitt. Spesielt opplevinga av det sosiale miljøet skil seg positivt ut. Kombinasjonen av engasjert personale, spanande studiereiser og godt undervisningsopplegg blir trekt fram som moglege forklaringar på desse resultata.

Sunnmøre Folkehøgskule er ikkje med i undersøkinga til analysebyrået. Vi kan difor ikkje påstå at vi har Norges mest fornøgde elevar. Tal frå studentum.no tyder likevel på at elevane er tilfredse med skulekvardagen. Nettstaden baserer seg på omtaler frå 89 tidlegare elevar. Dei har vurdert skulen ut frå fem ulike kriterier og 100 prosent av dei anbefaler skulen vidare til andre.

Gjennomsnittsskåren ligg på 4,7 på ein skala frå 1-5. Høgare er det nesten vanskeleg å kome.

På neste side kan du lese nokre utdrag frå elevtekstar plukka frå studentum.no. Dei og mange andre finn du på: sunnmore.fhs.no >> kontakt >> studentum

Page 27: SUFH Katalog 2015-16

27

Latterlig bra folkehøgskole! Selve skolen har en utmerket beliggenhet ved siden av både fjellet og havet, så her er det noe for alle. Linjefagene er episke og valgfag og annet går på kryss og tvers, så du vil bli kjent med absolutt alle på skolen, noe som fører til tidenes miljø. Du vil stortrives uansett hvilken linje du velger! — Jørgen

““

OM DU VIL AT DITT FOLKEHØGSKOLE ÅR

SKAL VÆRE BEST MULIG. VELG SUFH –

VERDENS BESTE FOLKEHØGSKOLE! — MARI

SYKT BRA SKOLE! JEG HAR HATT MITT BESTE ÅR

PÅ DENNE SKOLEN. HVER DAG ER HELG! — STINE

SUNNMØRE FOLKEHØYSKOLE HAR ALT. VELGER DU SUFH, KAN JEG GARANTERE DEG AT DU IKKE VIL ANGRE. — TOMINE

SUFH ER VIRKELIG EN SKOLE DU IKKE VIL GÅ GLIPP AV. HER ER DET MANGE KJEKKE LÆRERE, OG DU VIL FÅ MANGE NYE VENNER FOR LIVET. — THU

Å GÅ PÅ SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE ER DET

BESTE VALGET JEG NOEN GANG HAR TATT. TIL

NÅ DET BESTE ÅRET I LIVET MITT :) — KARINE

HURRA! SUNNMØRE FOLKEHØGSKULE ER VIRKELIG FANTASTISK! JEG VIL ANBEFALE DEG SUFH PÅ DET ALLER STERKESTE! — RUTH CECILIE

PÅ SUNNMØRE FOLKEHØYSKOLE FÅR DU KONTAKTER, VENNER OG BESTEVENNER FRA HELE LANDET. SØK! DU KOMMER IKKE TIL Å ANGRE! — LARS KRISTIAN

ER DU I TVIL OM HVA DU SKAL GJØRE? VELG FOLKEHØGSKULE, OG

BLANT ALLE FOLKEHØGSKULER, VELG SUNNMØRE! JEG KAN NÆRMEST

GARANTERE AT DET BLIR DET BESTE ÅRET I DITT LIV! — KNUT ERIK

FINE TURER, MYE

UTFORDRINGER

OG UTROLIG BRA

LÆRERE! — INGRID

SUNNMØRE FOLKEHØYSKOLE ER

IKKE BARE EN FOLKEHØYSKOLE,

DET ER ET HJEM. JEG UNNER

ALLE DET! — LINN

SKOLEN ER FIN, LINJA ER SUPER OG UTENLANDSTURENE ER KONGE. — HANS

SUFH ER faktisk Norges beste folkehøyskole. Med en fantastisk beliggenhet i Ulsteinvik, og et tidligere SAS-hotell som bygg, er det lite som kan måle seg med denne skolen. De ansatte på skolen er en utrolig bra og morsom flokk med dyktige mennesker. Man merker at de trives på jobb og sammen med hverandre – noe som betyr enormt mye for miljøet ellers på skolen. Jeg kan ikke gjøre annet enn å anbefale Sunnmøre Folkehøyskole på det varmeste. Du vil få det beste året i ditt liv! Uten tvil! — Sara

Lærerstaben på Sufh er helt fantastisk. De har veldig godt miljø, noe som smitter over på elevene. Med treningssenteret som nærmeste nabo, og gratis medlemskap er det ikke vanskelig å holde seg i form i løpet av året! Rett ved skolen er det også en lysløype som egner seg godt for joggeturer, gåturer og skiturer på vinterstid. Sunnmøre har Norges flottaste natur, og den får du virkelig oppleve her. Miljøet blant elevene er fantastisk. Her blir du godtatt som du er, og det er alltid noe kjekt som skjer på kveldstid og fritid. Med utenlandsturer, fellestur og andre felles arrangement er det lett å knytte gode vennskap med flotte medelever. Om du vil at ditt folkehøgskole år skal være best mulig, velg SUFH - verdens beste folkehøgskole! — Mari

Sunnmøre folkehøgskole er ikke en veldig stor skole, man blir kjent med alle, og det er veldig sosialt mellom linjene. Du vokser veldig på dette året samtidig som du mestrer utfordringer og får venner og minner for livet. Skikkelig bra utnyttet friår! — Merethe

““

““

Page 28: SUFH Katalog 2015-16

OPPTAK FRÅ 1. FEBRUAR 2015 SØK ALLEREIE I DAG PÅWWW.SUNNMORE.FHS.NO

NESTE ÅR ER DET DIN TUR!