the rise and fall of gøran trovåg

19

Upload: det-norske-samlaget

Post on 06-Mar-2016

218 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Ungdomsroman om unggutar på leit. Av Gaute M. Sortland

TRANSCRIPT

Page 1: The rise and fall of Gøran Trovåg
Page 2: The rise and fall of Gøran Trovåg

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 1

Page 3: The rise and fall of Gøran Trovåg

Gaute M. Sortland

THE RISE AND FALLOF GØRAN TROVÅG

Roman

SamlagetOslo 2013

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 3

Page 4: The rise and fall of Gøran Trovåg
Page 5: The rise and fall of Gøran Trovåg

GJENNOM SKOGEN

Gjennom skogen kjem det eit lyn. Det ristar og kvin ihjul og kjetting. Sand og grus sprutar til alle kantar.Kan det vere eit menneske som syklar så fort på dessesmale stiane? Eller er det ei ørn? Nei, det er Stuart,tenkte Stuart og kjende korleis vinden brøla i øyra oglårmusklane tok til å verke. Han kunne ikkje haldedette tempoet særleg mykje lenger. Men litt til. Stod ogtrødde så tårene rann til alle kantar. Tårene fekk rennesom dei ville, det var ikkje noko å gjere med det. Hansykla forbi ei dame med hund som skvatt til då hanbrått dukka opp i skogen, og ho sa noko, men hanhøyrde det ikkje for han var allereie forbi, og då hansnudde seg og såg på ho, hadde ho heva armen i vêretog ropa eitt eller anna. Men han var alt rundt svingen,og der fekk ho seg nok ein støkk i livet. Når Stuart syklaså var ingen trygge, tenkte han, og solstrålane frå denlåge kveldssola blinka mellom trea og trefte andletethans, og han sette seg ned på setet og tørka tårene somrann overalt mens vegen flata ut og blei breiare og treaforsvann og han såg vatnet med stupetårnet og ti-meteren nedanfor seg. Det var nokon der nede. Somalltid. Nokre ungdommar som røykte og kasta steinar,pinnar og drit i vatnet. Han rende vidare i stor fart

5

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 5

Page 6: The rise and fall of Gøran Trovåg

gjennom skogen og trong ikkje trø. Over brua og ut påsykkelstien. Måtte begynne å trø igjen før han hoppa påfortauskanten som alltid og landa på asfalten. Trøddeforbi turnhallen, ungdomsskulen og svømmehallen ogdet var rolegare no. Ingen tre som blafra forbi og ingenvind i andletet. Berre roleg trakking. Ingen bilar heller.Han sykla bort til hovudvegen og nedover mot byen.Forbi storkiosken der det stod nokon han gjekk på skulen med, men som han ikkje eigentleg kjende, ognokre andre som sikkert gjekk på Hasselbakken. Deibrøla og lo, og ein svær tjukkas som heitte Daniel, dyttaein han ikkje visste kva heitte, så han fall på bakenakkurat idet han sykla forbi. Stuart måtte svinge unna,og ei jente med masse buttons på jakka skreik «Loser»til han og forma ein L med fingrane som ho sette tilpanna. Han sende ho eit slengkyss tilbake. Ho begynteå le, og han trødde opp den slake hellinga før han setteseg på setet igjen og rende rundt svingen der Eivindstod i krysset med sykkelen sin. Nett som avtalt. Hansmilte og peika på klokka si, og Stuart vinka tilbake.Klokkene deira var synkroniserte.

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 6

Page 7: The rise and fall of Gøran Trovåg

BAK GYMSALEN

– Du er ein mann til å stole på, Eivind, sa Stuart, hoppaav sykkelen og stansa rett framfor Eivind. Eivind lo ogfekk sykkelen sin til å steile.

– Du er ein mann som kan klokka, og det set eg prispå. Ein må vere presis i denne verda. Eivind lo av deimerkelege orda hans, og kasta på den lyse luggen.

– Kutt ut, din galning, sa han.– Eg er ikkje galen, Eivind, eg er genial, og det veit

du. Stuart peika opp i lufta og såg galen ut.– Ja, men seriøst, Gøran. Kutt ut.Eivind lo igjen.– App-app-app, sa Stuart. – Gøran Trovåg er mitt

offisielle namn – ja visst, men for deg og alle andre mekjenner, er og blir det Stuart frå no av.

– Kva går denne planen din ut på, eigentleg? Stuartsmilte til Eivind og la handa si rundt skuldra hans.

– Det skal eg fortelje deg mens me går ned til sent -rum, sa han og sleppte taket. Dei begynte å gå det sistestykket ned mot byen, mens dei trilla syklane ved sidaav seg. Måkene flaug over hovuda deira som alltid idenne byen, og ein kald vind fortalde at vinteren ikkjehadde sleppt taket heilt endå.

– Planen er …, sa Stuart, men Eivind braut han av.

7

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 7

Page 8: The rise and fall of Gøran Trovåg

– Eg trur forresten at eg får råd til elgitar etter burs-dagen min, sa Eivind. Viss eg i tillegg vaskar bilen kvarlaurdag. Ah! Det hadde vore feitt. Me må starte bandetvårt snart. Me får sikkert låne eit rom i Rockekjellaren.Dei har trommer der og alt. Då gjer det ingenting omdu ikkje har utstyr, Stuart. Dei har alt der. Det er berreå hamre i veg.

– Det er vel og bra, sa Stuart. – Men Jokki? Eg erskeptisk til han fyren der.

– Jokki? Kvifor det? Han har spelt bass i fleire årallereie. Og han er vel grei nok.

– Jo, jo. Han er kanskje det, men … eg kjenner hanikkje. Er han ein gentleman?

– Om han er ein gentleman? Eivind himla medauga.

– Kva søren betyr det eigentleg, Stuart? Du driv ogspør om alle moglege folk er gentlemen. Veit du eigent-leg sjølv kva det betyr?

– Ja visst veit eg det. Du og eg er ekte gentlemen,Eivind. Og det er heilt avgjerande. Det gjer heile for-skjellen. Og eg synest som sagt at det er det bandet vårtburde heite òg. The Gentle men. Eit perfekt namn!

– Det er jo eit heilt sjukt namn, Stuart. Det høyrestjo ut som me skal hoppe rundt i dress og slips, men dethar du vel ikkje tenkt?

– Me får sjå, me får sjå, svara Stuart. Eivind spyttapå asfalten, og dei gjekk over vegen forbi busstermina-len utan eit ord. Først då dei kom til undergangenunder hovudvegen, opna Stuart munnen igjen.

– Men nok prat om bandet. Me blir sikkert einige

8

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 8

Page 9: The rise and fall of Gøran Trovåg

om det der, men du har ikkje fått høyre planen minendå. Det er store ting. Ja, me veit jo no kva som skjerbak gymsalen kvar fredag?

– Ja, me såg jo det, svara Eivind. – Nettopp, sa Stuart og tenkte på operasjonen tid -

legare på dagen. Då dei hadde spana på heile den ulov-lege verksemda. Eivind og Stuart gjekk i 9. klasse, og deihadde lenge høyrt rykte om kva som gjekk føre seg bakgymsalen etter siste time kvar fredag. Spritsal. Det varto gutar i 10. som hadde kvar sin gymbagg fylt opp medflasker. 96 prosent sprit, fylt på colaflasker. Det sterkastesom fanst. Heimebrent. Eivind hadde først nekta å blimed for å spionere. Han meinte dei begynte å bli forgamle for slike leikar, men det var ikkje berre det.

– Dei er farlege, Stuart. Me kan ikkje spøke med deitypane der. Dei har knivar i baggane sine, og du veit athan der Jarle har knust kjeven på ein fyr? Det er fakta,det. Han låg på sjukehus og greier. Dei bryr seg ikkjeom lærarar, politi eller noko.

Og dei var verkeleg heilt sprø. Men Stuart haddelikevel fått overtalt Eivind, og då det ringde ut ettersiste time, var dei klare. Sekkane var pakka, og jakkenehadde dei på seg, allereie før læraren hadde sagt det vargreitt. Og så snart det ringde ut, la dei på sprang, utgjennom korridoren, opp trappa og ut døra til fridom-men. Lukta av helg og ein stor, open skuleplass til åstyrte over, og så over vegen det raskaste dei kunne,mens dei høyrde korleis dørene blei slått opp bak deiog alle dei andre elevane strøymde ut av skulen somville hundar, tenkte Stuart.

9

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 9

Page 10: The rise and fall of Gøran Trovåg

Dei sprang forbi gymsalen der dei var i skjul for sku-legarden, og sneik seg langs veggen på nordsida. Heiltseint og stille no. Sneik seg fram og krabba det siste styk-ket gjennom gras og buskar til dei låg perfekt i skjul,med god utsikt til baksida av bygget. Og der stod allereieJarle og kompisen hans og røykte. Stuart tenkte på korbra det var at dei hadde krabba det siste stykket. Sjølv-sagt var dei der alt. Dei var der verkeleg. Det stemte! Deihadde vel skulka? Det hadde han ikkje tenkt på eingong,men sjølvsagt gjorde dei det. Eivind viste hendene sinetil Stuart inne i busken. Dei var fulle av jord og gras ogskit. Stuart såg på sine eigne òg. Dei var like skitne. Hanhadde ikkje eingong merka det. Dei flirte til kvarandreog kjende korleis hjartet hamra. For no kom dei førstekundane. Stuart høyrde Eivind banne lågt ved sida avseg, og såg samstundes ein moped som kom fresandeover alle fotballbanane frå den vidare gåande skulen, iretning gymsalen deira. Dette blei heftigare enn deihadde trudd. Det var likevel ikkje han som kom frå vidare gåande, som var det villaste, tenkte Stuart. Det varalle dei andre som såg heilt vanlege ut. Fotball gutar, ner-dar, og dei eldre jentene, som var så fine at det gjordevondt å sjå på dei. Alle kom dei med ein setel som deistakk i neven på Jarle eller kompisen hans, og fekk eiflaske med noko blankt i tilbake. Dei fleste var raske medå pakke flaskene sine godt ned i sekken og forsvinne,men nokre blei berre ståande der heilt openlyst og røykeog prate med kvarandre. Stuart la merke til at det stod eijente ved sida av kompisen til Jarle, og plutseleg begyntedei å kline. Skikkeleg. Dei andre såg ikkje ut til å ense det

10

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 10

Page 11: The rise and fall of Gøran Trovåg

eingong, men Stuart høyrde Eivind banne lågt ved sidaav seg igjen. Han såg på Eivind, og dei begynte å hiksteog le mens dei pressa hendene sine framfor munnen.

– Korleis skjedde det? kviskra Eivind. Kvifor vil hokline med han sjuke fyren der? Stuart berre rista påhovudet.

– Kanskje for å få sprit, kviskra han tilbake.– Er ho ei hore, då?– Eg veit ikkje, svara Stuart. – Men no må me stikke, sa Stuart og peika med tom-

melen bak seg. Han tok eit siste blikk på spritseljar anenedanfor dei. Kompisen til Jarle og ho dama stod lenteinntil veggen og gnei seg mot kvarandre og klinte, mensdei andre stod og røykte og prata som før. Merke leg. Hervar det heilt klart ein del han ikkje forstod, tenkte Stuart.

Men no var det langt på ettermiddag, og dei var snartnede i sentrum mens Stuart fortalde om planen sin.

– Eg har mistanke om at spriten som dei sel, blirlaga i ei hytte nede ved sjøen. På Sørøya. Eit lite hussom eg ein gong har sett med eigne auge. Det er mog-leg at spriten ikkje blir laga her i landet, men smuglasjø vegen og tatt imot av den gamle fyren som bur ihytta. Mistanken har eg fordi eg såg Jarle i det strøketder ein gong eg var ute og sykla. Han var åleine, og hansneik seg på ein måte vekk derifrå, mens han såg segrundt til alle kantar. Han oppførte seg rett og slett mis-tenkeleg, og han hadde gymbaggen med seg.

– Hæ, sa Eivind. – Kvifor var du ute på Sørøya? Nårer det du driv og syklar rundt utan meg, eigentleg?

11

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 11

Page 12: The rise and fall of Gøran Trovåg

– Nei, det var no ein kveld eg hadde drukke formykje kaffi til at eg klara å sove.

– Kaffi? Når begynte du å … ja, ja. Men er det ikkjeberre mekanisk verkstad ute på Sørøya, då?

– Jo, nesten. Og så ein del gamle hus, og masse høgegjerde med piggtråd på toppen. Og eg tenkte me skulleta oss ein tur ut dit no. Eivind heva kort på skuldrene,spytta på asfalten og sa:

– Ok.Før han kasta seg opp på sykkelsetet. Stuart gjorde

det same med sin gamle sykkel. – Det er enormt som du spyttar, forresten, ropa Stu-

art. – Slikt skal ikkje ein gentleman gjere. Dei lo og Stuart trødde forbi Eivind og ropa:– Følg etter meg! Og han sette opp farten og sykla i

eit svimlande tempo ned igjennom dei kveldsstille sent -rumsgatene. Opp på fortau og hoppa ned frå fortaus-kantar. Inn i gågata der dei køyrde slalåm mellom søp-pelspann, lyktestolpar, reklameskilt og eitt og anna men-neske som rusla kveldstur. Eivind følgde like bak, og deitok brått til høgre og sykla rett fram og over vegen ogopp på brua. Det gjekk bratt oppover, og dei såg sundetnedanfor. Sundet som strekte seg heile vegen forbi byen.Og då dei nådde det høgaste punktet på brua, såg deiheile solnedgangen i vest som farga himmelen i dei vil-laste fargar og langt der ute på oljeplattformene jobbafar til Stuart når han ikkje var heime, og måkene flaugover hovuda deira og det var kaldt i trekken der midtoppå brua og dei rende ned den lange bratte bakken påbrua og vidare den korte vegen ned til sjøen og hytta.

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 12

Page 13: The rise and fall of Gøran Trovåg

EI TID FOR ALT

– Nei, dette gidd me ikkje lenger, sa Eivind. – Det blirfor dumt.

Dei låg på ei lita høgd eit stykke frå og såg ned pådet litle huset ved sjøen. Stuart var einig. Her skjeddeingenting, og det var altfor kaldt.

– Du kan jo bli med heim til meg, sa Eivind. – Sidandet er fredag, får eg sikkert mamma til å lage kakao for oss.

– Kakao, seier du? sa Stuart og låg framleis urørlegog hakka tenner.

– Ja, og kanskje ostesmørbrød? Stuart kjende korleis det begynte å knirke i magen.

Dei reiste seg, men akkurat då skjedde noko som fekkdei til å kaste seg ned igjen og klemme seg mot gras oglyng. Døra til hytta gjekk opp med eit smell, og eineldre mann kom ut. Han lèt døra stå open og blei stå-ande utanfor med ryggen til dei og sjå ned på sjøen.Dei høyrde han hoste og harke og såg han spytte ei feitklyse på bakken, før han trekte opp ein røykpakke ogtende seg ein. Dei kjende røyklukta heilt opp til der deilåg. Så snudde mannen seg mot dei så dei såg andletethans, før han gjekk inn i huset igjen og lukka døra bakseg. Stuart og Eivind blei liggande ei stund. Men alt varstille. Stuart reiste seg.

13

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 13

Page 14: The rise and fall of Gøran Trovåg

– Der fekk me sett spritbrennaren vår, ja. Og det varlike før han fekk sett oss òg, men no trur eg me treng littav den maten du snakka om. Det finst grenser for kormykje spenning det er verdt å utsette seg for på ein dag.

– Sant nok. Og det blir heller ikkje meir spenning ihelga, eg skal til besteforeldra mine i morgon.

– Å. Må du? sa Stuart og blei stille. Dei gjekk ned til syklane sine. Stuart fraus på hen-

dene, og det svei i huda då han skulle opne låsen. Hanhåpte det snart ville bli litt varmare.

– Men eg kjem tilbake igjen på søndag. Me kan jostikke ein tur ut då? sa Eivind.

– Kan me vel, sa Stuart. – Eg held vel ut til søndag.Berre nok ei elendig helg åleine i byen. Det har eg opp-levd før. Eg kan nytte tida til å legge strategiske planar.Null problem, det. Men du skal vite det, Eivind, det blireit hekkan å vere den einaste gentlemannen i byen.

Det var inga mor heime hos Eivind, men det varheldigvis ein far. Og han laga meir enn gjerne nokosom smaka kakao, og noko som smaka som ostesmør-brød. Eivind og Stuart såg ein film på tv, og mens deiåt, blei kvelden mørk utanfor. Etter ei stund begyntefar til Eivind å sløkke lysa i stova og på kjøkenet. Oghan kremta ein heil del.

– Eg trur eg må legge meg, sa Eivind til Stuart.– Ok, sa Stuart og reiste seg sakte frå sofaen. Gjekk

ut i gangen og knytte skoa. Tok på seg jakka og skjerfetog tenkte etter om han hadde på seg lue då han kom.Han hugsa ikkje, men såg ingen som likna på sine eignei gangen. Då hadde han vel ikkje det?

14

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 14

Page 15: The rise and fall of Gøran Trovåg

– Ha det, ropa han frå gangen.– Ha det, snakkast på søndag, svara Eivind der inne-

frå ein plass. – Ja! Stuart blei ståande endå ei stund i gangen. Så

opna han døra og gjekk ut i mørket, der han visste at alleverdas uvesen låg på lur og venta på han. Små djevlar,psykiatriske pasientar og ville narkomane med skitnesprøytespissar. Han måtte slutte med mørkeredsle no,tenkte han. Det kledde ikkje ein gentleman som han åsykle heim så fort han kunne med vidopne auge.

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 15

Page 16: The rise and fall of Gøran Trovåg

MØRKT OG KALDT

Stuart sykla i full fart heilt fram til ytterdøra, bråbremsa,hoppa av og låste sykkelen. Han reiv opp ytterdøra,men så stansa han. Ein heil haug med stemmer blandaseg saman og nådde ned til han. Folk lo og prata oppe istova. Det var sko og jakker overalt, og det lukta parfy-me. Han gjekk inn på do og drakk store slurkar frå vas-ken. Eg gidd ikkje gå inn, tenkte han. Ikkje endå. Kan-skje går dei snart til byen eller noko? Det har skjedd før.Eg kan legge planar i hytta i skogen så lenge.

Han gjekk innover i skogen bak huset og tenkte atdet var merkeleg at mørket her ikkje gjorde han redd.Det var mørkt som i ein sekk, men etter kvart som hangjekk, vande auga seg til mørket og han kunne sjå alletre og steinar som han gjekk forbi, og så var han vedhytta. Klatra opp i treet, opna luka og heiste seg ned pågolvet. Han tende talglysa som stod på hylla, og sågkorleis det gule lyset fylte rommet. Veggane var tjukkeog gode, og det låg teppe på golvet. Det var fint, tenkteStuart. Me laga ei god hytte, sjølv om me ikkje brukarho så mykje lenger no. Det gjekk an å bu der. I fjorsommar hadde han og Eivind sove der ei natt. Gjekkdet an no? Kanskje blei det kaldt, men stearinlysavarma vel litt? Best eg breier over meg teppa som ligg

16

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 16

Page 17: The rise and fall of Gøran Trovåg

her, tenkte Stuart. Det ville vore for dumt å bli forkjøltno. Når me har begynt å få oversikt over spritseljaranesine bevegelsar.

– Ein etterforskar søv aldri, sa han høgt til seg sjølv.Det var rart å høyre stemma si heilt åleine i hytta, menkvifor ikkje snakke høgt? Det var likevel ingen somhøyrde han her.

– Eg er hjernen bak aksjonen, fortsette han. – Eivindhar så mykje anna å tenke på, han. Han er ein hand-lingas mann, ein fotballspelar, mens eg sjølv alltid harvore best utan ball. Ein som står bak og trekker i trå-dane. Slik er eg. Han høyrde etter, men det var stilt iskogen, stilt utanfor hytta.

– På ein måte er det finare her inne enn på rommetmitt. Betre stemning, liksom. Sjølv om eg har alle tingamine på rommet. Pc-en, som eg burde hatt når eg leggplanar for korleis me kan komme oss inn i brennar -hytta, til dømes. Han kom til å tenke på at det kanskjelåg nokon kart på nettet som han kunne skrive ut ognytte som utgangspunkt for planane. Eller eit flyfoto-grafi eller satellittbilete frå Google?

– Ja! Det må eg skaffe. Men han kunne berre gløyme pc-en i kveld. – Eg

gidd ikkje å komme heim før dei legg seg. Dei er så teitepå denne tida av døgnet, og dei merkar ikkje om egkjem heim eller ikkje uansett.

Han fann fram notatblokka og kulepennen som lågpå hylla, og begynte å teikne opp området rundt hyttaslik han hugsa det, men det var ikkje lett, og etter eistund reiv han teikninga ut av notatboka og stakk

17

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 17

Page 18: The rise and fall of Gøran Trovåg

enden av arket borttil stearinlyset, slik at det tok fyr.Han la arket på den gamle tallerkenen som var fylt medoske frå før, og heile arket brann opp. Det blei ingenbevis igjen, tenkte Stuart og varma hendene sine påflammen. Ein stad hadde han lese at amerikanaranehadde funne ein teknikk for å lese brent papir, så eigent-leg burde han ete opp oska for å vere heilt sikker, menhan bestemte seg for at det fekk halde. Sjølv om han ogEivind hadde prøvd det før. Den tørre smaken i kjeften.

Stuart vakna og fraus. Nakken var stiv og nattekuldasat i veggane og han såg at det kom kvite røykskyer utmunnen når han pusta.

Sånn har uteliggarane det, tenkte han. Gjennom gli-per og sprekkar i veggane seiv lyset inn i hytta. Talglysahadde brunne ned, og talgen hadde runne ut over hylla.Stuart reiste seg sakte opp og hutra, løfta takluka ogstakk hovudet opp. Ein tjukk, mjølkefarga dis hangover skogen, og det måtte vere svært tidleg på morgo-nen. Han geispa og heiste seg opp på taket, klatra nedtreet og gjekk heim.

Det var stille i huset, og han la seg i senga si og bleiså varm og god at han måtte le.

Dyner er tingen, tenkte han og sovna, og mens hansov, drøymde han ein fantastisk draum om at han varså liten at han kunne gøyme seg i ei fyrstikkeske, menfå normal storleik igjen viss han ville. Det var nokonsom jaga han i heile draumen, men dei fekk ikkje tak ihan same kva.

– Hallo, sa Stuart og sette seg ned ved kjøkenbordet.

18

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 18

Page 19: The rise and fall of Gøran Trovåg

Far hans geispa og såg trøytt ut. Han sende Stuartbrødkorga, før han sette seg til å stire i kaffikoppen.

– De må slutte å drikke så mykje alkohol. Eg erframleis berre eit barn og kan ta skade av det, fortsetteStuart og smurde seg ei skive.

– Gøran då, sa far hans og sukka. – Me hadde jo sel-skap. Når kom du eigentleg heim?

– Eg kom ikkje heim, svara Stuart og sette tennene iskiva. Far hans berre rista på hovudet.

The Rise and Fall ferdig.qxd:Dystopia 24-06-13 13:19 Side 19