turmeny - amazon s3 · påmelding: innan dagen før, [email protected], tlf. 959 00 770 kart:...

16
TURMENY SOMMAR OG HAUST 2010 Barnas Turlag i Sel 10år

Upload: others

Post on 05-Aug-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

TURMENY

SOMMAR OG HAUST 2010

Barnas Turlag i Sel10år

Page 2: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

Kjære medlemmarSå er det endeleg sommar igjen, og vi i styret i DNT-Gudbrandsdalen håpar at dykk medlemmar er nøgde med turane vi har planlagt og at dykk blir med på ein eller fleire av turane vår. Menyen vår er variert, så eg trur at det skal vere noko her for ein kvar smak. Vi har planlagt sykkeltur til Sjodalen, topptur til Storronden og Svånåtind, grottetur, fisketur, nisse-spiontur for dei aller minste, og mange andre ulike turar. Vi har arrangert Opptur for 125 åttandeklas-singar frå Vågå, Lom og Skjåk for tredje året på rad. Vi heldt gratis buss og la til rette for at ungdommen skulle få seg ei naturoppleving. Dette kjem vi til å fortsetja med. Målet vårt på sikt er å få med alle åttendeklas-singane i heile Gudbransdalen.

Elles så er samarbeid tingen, tykkjer eg. Heilt nytt for året er samarbeid med Peer Gynt arrangement på Vinstra. Ein tur over Besseggen tykte vi måtte vera med i den samenhengen. Vi ynskjer óg å vera med å «lyfte» fram Pilgrimsleden og arrangerer for fyrste gong ein tur fra Dale-Gudbrand til Vinstra. Elles har vi 20 fiskesteng og ein lavvu som vi låner ut gratis til medlemmar i Barnas Turlag. Dette er litt av det vi kan tilby i denne sesongen.Vi er glade for at fleire og fleire melder seg inn og at antalet som er med oss på tur aukar. Vi ynskjer dykk ein god sommar og mange fine turar i dei fantastiske turområda vi har her i Gudbrandsda-len og Ottadalen. Nyt sommaren!

Helsing Gry

PRESENTASJON AV STYRET

LederGry RamstadSteindalsv. 142670 Otta996 22 [email protected]

StyremedlemBerit Fiksdal2660 Dombås61 24 16 88 482 76 [email protected]

NestlederKnut Vole2686 Lom900 15 52961 23 18 33 [email protected]

StyremedlemMarita Aanekre Ånekre2647 Sør-Fron905 10 06861 29 97 [email protected]

Kasserer Trine Sørumgård 2686 Lom97700 [email protected]

StyremedlemKjell AndersenHaugøyjeilen 92690 Vågå905 87 [email protected]

SekretærGitte BertelsenTorehaugvn. 342640 Vinstra61 29 04 54 975 38 167 [email protected]

VaramedlemSilje Sveen LienNyseterjordet 262670 Otta932 18 59261 23 12 [email protected]

Page 3: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

www.dntgudbrandsdalen.no 3

Sundag 27. juniIMSDALEN – RINGEBUFJELLETVi køyrer felles til Imsdalen. Ved Skakken mellom sjøane går vi opp ei bratt li etter den gamle hestvegen. Vi går langs fylkesgrensa over setergrenda Fampen og over Langvola med flott utsikt, vidare på attgrodde stigar ned Søre Skådalen ned til gardane i Imsdalen. 7–8 timar med pausar. Middels krevjande tur.Frammøte: Ringebu, Statoil kl. 09.00 Turleiar: Lars Hauge tlf. 61 28 49 26 – 971 48 107Kart: 1818 II Hirkjølen

Laurdag 3. juliSTORSTYGGE SVÅNÅTIND/LANGVASSTINDVi køyrer med bil frå bommen til Hjerkinn Skytefelt inn til vegdele til Svånådalen. Derfrå med sykkel inn til Maribu. Til fots følgjer vi elva Svåne og opp på ryggen til Svånåtind, 2209 moh. Retur same veg. Også mogleg å gå over til Langvasstindene. Ein lang tur med mykje stigning. Frammøte: Bommen til Hjerkinn Skytefelt kl. 09.00 – Ta med sykkel!!Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761Påmelding: Torsdag 1.juliKart: Snøhetta 1519 lV og og Storskrymten 1519 l

Sundag 4. juliLIAFJELLET I LOMVi skal sjå på fangstanlegg og andre kulturminne.Turen passar for alle og tek 4–5 timar.Frammøte: Kvammen Lia, Lom kl. 10.00Turleiar: Reidar Marstein, tlf. 997 13 252Påmelding: Seinast dagen førKart: 1618 IV Lom

Laurdag 10 juli.GALDHØPIGGEN KLATREPARK Ein aktiv dag i klatreparken som passar for alle. Noko for alle ferdigheitsnivå og med ulik vanskegrad. Instruktørar frå Aktiv i Lom møter dykk og guidar

gjennom løypene. Ta med mat og drikke for ein dag ute, bålpanna blir fyrt opp. Leige av spesialutstyr i klatreparken. Ta med klede for ein vanleg fjelltur, joggesko er fint å bruke.Frammøte: Raubergstulen kl. 11.00Turleiar: Ronny Nestvold, tlf. 905 23 550Påmelding: Inga påmeldingPris deltaking: Under 140 cm kr 180,- over 140 cm 220 kr.

Laurdag 17. juliSTORTVERRÅTINDEN 1941 MOH OG SJONGSHØE 1954 MOHStart frå parkeringa ved Skamsdalssætrin på Dalsida. Følger elva Jore innover, inn Tverråbotn og vidare bak Vesltverråtinden og opp på Stortverråtinden, 1941 moh. Retur over Sjongshøe 1948 moh og ned til Sjong. Ein lang tur. Frammøte: Parkeringa ved Skamsdalssætrin kl. 09.00 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761Påmelding: Innan torsdag Kart: Dombås 1419 lll og Storskrymten 1519 l

Page 4: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

4 www.dntgudbrandsdalen.no

Laurdag 24. juli RÅKÅVATNETKøyrer inn til Vangen i Finndalen og går derfrå. Turen tek om lag 5 timar, og passar for alle.Frammøte: Gamle rutebilstasjonen i Vågå, kl. 09.00.Turleiar: Ole Magnar Øvsteng, tlf. 975 80 505 Påmelding: Innan torsdagKart: 1618 IV Lom

Sundag 25. juli SYKKELTUR FRÅ HEIMSAND Rundtur: Frå nedre Sjodalsvatn og inn Griningsdalen der det er fellessætre for geit. Frammøte: Heimsand camping v/Nedre Sjodalsvatn kl. 10.00Turleiar: Kjell Andersen, tlf. 905 87 749Påmelding: Innan fredag Kart: 1618 II Sjodalen, Jotunheimen øst

Torsdag 29. juliVALSFJELLET RUNDT Vi går opp alpintraseen til toppen av Valsfjell, vidare rundt kanten av fjellet med nedstigning til Valseter/Anne-Hov-museet og tilbake setervegen til parkerings-plass. Flott utsikt til Rondane og Jotunheimen samt dei gamle seterstulane i området. Om lag 4 timar. Middels krevjande tur. Samarbeid med Peer Gynt-stemnet.

Frammøte: Friluftscena ved Gålåvatnet kl. 12.00 Turleiar: Cato Zahl Pedersen Påmelding: Innan dagen før, [email protected], tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå

Laurdag 31. juliTUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOGStartar ved Dambrue på Lesjaskog og følgjer råket opp på Raudbergan. Går derfrå opp på Kampen (1325 moh) med utsikt over Lesjaskog. Tilbakeveg om Dugurds-knabben, ned til Enstadsætre og tilbake til parkeringa. Ein «lugum» laurdagstur som passar for dei fleste.Frammøte: Dambrue, Lesjaskog kl. 09.00Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761Påmelding: Innan fredag Kart: 1419 III Lesjaskog

Laurdag 31.juliKLIMAPARK 2469, JUVASSBREENEin vandretur i klimaparken, ca 3 timar. Funn frå klimaparken, is-tunnelen, historie og framtidstankar vil vere tema for turen. Ein lett tur som passar for dei fleste. Frammøte: Juvasshytta kl. 11.00 Turleiar: Dag Inge Bakke, SNO, tlf. 990 41 360Påmelding: Inga påmelding.Kart: 1518 II Galdhøpiggen

Kjell Andersen ved Råkåvatnet i unge dager.

Page 5: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

www.dntgudbrandsdalen.no 5

Sundag 1. augustTUR LANGS BOLVASSVEGEN, LOM Vi går vassvegen frå Andvorsgardane til Slettom, ca. 5 km.Vassvegen var i bruk fram til 1986. Heile vassvegen er 11 km lang.Turen passar for alle.Frammøte: Fjellmuseet i Lom kl. 10.00Turleiar: Sigmund Bråtet, tlf. 481 44 591Påmelding: Seinast dagen førKart: 1618 IV Lom

Måndag 2. august BESSEGGENTuren går med båten «Gjendine» frå Gjendesheim til Memurubu og derfrå til fots opp og over Besseggen og Veslefjellet og ned til Gjendesheim, ca. 800 m stigning/nedstigning med storsteina ur over sjølve Besseggen. Turen er relativt krevjande og tek 6–7 timar. Samarbeid med Peer Gynt-stemnet.Frammøte: Brygga v/Gjendeosen. Båten går kl. 09.45 (Møt fram i god tid for å få plass på båten!!) Turleiar: Sverre Sørumgard tlf. 977 00 604Påmelding: Innan laurdag kveld (31.juli), pga bestilling av plass på båten: [email protected] eller turleiarKart: 1618III Glittertind, 1617 IV Gjende, Jotunhei-men Øst

Tysdag 3. august. PILEGRIMSLEDEN DALE GUDBRANDS GARD – SØDORPEi roleg vandring i eit av dei mest unike kulturland-skapa i Noreg. Høyr historia om Dale-Gudbrand frå Snorres saga. Turen går delvis høgt over bygda med fantastisk utsikt over dalen. Lengde ca. 8 km, relativt lett tur. Samarbeid med Peer Gynt-stemnet.Frammøte: Dale Gudbrands gard sør for Hundorp i Sør-Fron kl. 10.00 Turleiar: Knut Kjorstad, tlf. 952 21 550 ev. Gry Ramstad tlf. 996 22 959

Påmelding: Innan dagen før, [email protected] eller turleiarKart: 1718II Vinstra

Onsdag 4. august VALSFJELLET RUNDTVi går opp alpintraseen til toppen av Valsfjell, vidare rundt kanten av fjellet med nedstigning til Valseter/Anne-Hov-museet og tilbake setervegen til parkerings-plass. Flott utsikt til Rondane og Jotunheimen samt dei gamle seterstulane i området. Ca. 4 timar. Middels krevjande tur. Samarbeid med Peer Gynt-stemnet.Frammøte: Friluftscena ved Gålåvatnet. kl. 12.00 Turleiar: Arne Hernæs. tlf. 61 29 81 27 / 412 27 503Påmelding: Innan dagen før, [email protected] eller turleiarKart: Turkart Gålå

Page 6: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

6 www.dntgudbrandsdalen.no

Page 7: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

www.dntgudbrandsdalen.no 7

Laurdag 7. augustSTORRONDEN I RONDANE Fottur frå Rondvassbu til toppen av Storronden, 2138 moh. Frå spranget til Rondvassbu er det 6 kilometer, der ein må gå eller sykle. Sykkelutleige ved Spranget. Mogleg å overnatte på Rondvassbu frå kvelden før. Turen følgjer merka stig frå Rondvassbu til toppen, omlag 1000 m stigning. Ganske krevjande, men fin tur utan klatring. Samarbeid med Peer Gynt-stemnet.Frammøte: P-plass v/Spranget kl. 09.30 (med sykkel) eller ved Rondvassbu kl. 10.00. Turleiar: Petter og Kari Kittelsen tlf. 957 49 152Påmelding: Innan dagen før, [email protected] eller turleiarKart: 1717 I Rondane

Sundag 8 august. TUSSEN 1230 MOHKøyrer over Sognefjellet til Skjolden og inn til Mørkridsdalen. Turen går bratt opp til toppen av Tussen som ligg mellom Mørkridsdalen og Fortunda-len. På turen går vi forbi Skåri (Kjent frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu), Rebni, Rebnisli og Myrasete før ankomst til toppen og ei fantastisk utsikt. Tilbake same veg. Turen tek omlag 7 – 8 timar å gå.Frammøte: Statoil i Lom kl. 08.30. Transport i eigne bilar.

Turleiar: Sander Sælthun, tlf. 474 63 218 eller [email protected] Påmelding: Ei uke før.Kart: 1418 II Mørkrisdalen

Sundag 8. augustGRÅHØ – SØDORPFJELLET Fottur til toppen av Gråhø, 1.431 moh. Lett tur og flott utsikt, men noko stein mot toppen. Omlag 3 timar med pause. Turen er i samarbeid med Peer Gynt-stem-net, og passar fint etter Seterstemnet.Frammøte: Parkeringa ved Krøkla på Sødorpfjellet kl. 14.00. Turleiar: Ingrid Kvernes tlf. 951 63 567Påmelding: Innan dagen før, [email protected] eller turleiarKart: 1718 II Vinstra

Sundag 8. august GRAVDALEN – VÅGÅ Tur til Reinheimen og Villreinens rike. I Gravdalen er det eit stort fangstanlegg for villrein. Tur for alle – heile dagen går.Frammøte: Gamle rutebilstasjonen i Vågå kl. 09.00.Turleiar: Mathias Øvsteng tlf. 917 12 099Påmelding: Innan fredag.Kart: 1618 I Vågå

Page 8: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

8 www.dntgudbrandsdalen.no

Fredag 13. og laurdag 14. augustSTORSKRYMTEN, 1985 MOHVi går frå Snøheimvegen til Åmotdalshytta fredag ettermiddag, omlag 4 timar. Laurdag følgjer vi råket forbi Drugshøtjønnin og opp på Storskrymten, 1985 moh. Returen går over Leirsjøtælet, Lesjøen til parkeringa ved Skamsdalssætrin. Lang tur på laurdag.Frammøte: Bommen til Hjerkinn Skytefelt etter avtale. Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761Påmelding: Først i uka for organisering av bilkjøring m.mKart:Snøhetta 1519 lV og Storskrymten 1419 l

Laurdag 14. august GROTTETUR TIL DUMDALEN DNT UNGVi går inn i nokre av dei finaste grottene i Dumdalen.Ta med hovudlykt, hjelm (lue) og klede som tåler å bli stygge. Turen er tenkt for ungdom.Frammøte: Parkeringa i Breiseterdalen, ca. 1 km. fra Bøvertun kl. 10.00Turleiar: Tor Sørumgård tlf. 480 39 834Påmelding: Seinast dagen førKart: Sygnefjell eller Jotunheimen

Søndag 15. augustTUR TIL TORDKAMPEN PÅ HORGEN I SELCa 3 timers fottur til Tordkampen. Turen går på stier i snaufjellet opp til 1166 moh. Utkikkspunktet på toppen gjev en fantastisk utsikt til Rondane, Jotunheimen, Ottadalen, Finndalen, Selsvollene, Dovrebygda med fjellområde, Tollstadå-sen, og Heidalsfjellene. Vi vil óg sjå på ei dyregrav på turen. Er vi heldige med veret, vert det óg moglegheit for ein liten dukkert i eit av tjerna vi passerar på turen. Passar for stor og små, men fra toppen går det bratt ned i Rustdalen mot Selsvannet.Fremmmøte: Ved bomkasse (kr 30.-) til Horgen. 2,5km fra E6 i Rostegrenda søndag 15. august kl 1100Påmelding: IngenTurleder: Ola Rosten tlf 901 69 325 e.post: [email protected]

Tysdag 17. augustGRØNHØE PÅ LESJAEttermiddagstur til Grønhøe ved Slådalsvegen.Frammøte: Grustaket v/oppkjøring til Slådalsvegen kl. 17.00Turleiarar: Kari Enger og Trond Berger tlf. 909 75 408Påmelding: MåndagKart: 1419 II Dombås

Onsdag 18. august FISKEDAG PÅ SKIM – LOMFisking i elva. Vi fyrer opp bål på sanden for grilling av fangsten, eller anna grillmat/niste. Ta med eige fiskeutstyr, eller Øyvind har noko til utlån dersom du ikkje har. Frammøte: Ved Geitøya i Solsida kl. 16.00. Køyr over brua ved Tronodden og deretter ca 1 km til p-plass på utsida av vegen.Turleiar: Øyvind Angard tlf. 917 33 365. Påmelding: Inga påmelding

Page 9: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

www.dntgudbrandsdalen.no 9

Sundag 22 august GALDHØPIGGEN KLATREPARKEin aktiv dag i klatreparken tilpassa ungdom. Noko for alle ferdigheitsnivå og med ulik vanskegrad. Instruk-tørar frå Aktiv i Lom møter dykk og guidar gjennom løypene. Ta med mat og drikke for ein dag ute, bålpanna blir fyrt opp. Leige av spesialutstyr i klatre-parken. Ta med klede for ein vanleg fjelltur, joggesko er fint å bruke.Frammøte: Raubergstulen kl. 11.00Turleiar: Ronny Nestvold, tlf. 905 23 550Påmelding: Inga påmeldingPris deltaking: Under 140 cm kr 180,- over 140 cm 220 kr.

Sundag 22. august LOKALVANDING I KVIKNEFJELLET Vollsætra – Kulia – Skurengslisætra med retur til Vollsætra. Turen går både om aktive sætrer og sætrer i forfall. Dersom det er stemning for det, går vi inn i Gauklidalen og Tungdalen. Lett terreng, omlag 5 timar med matpause.Frammøte: Setra til Petter Sylte i Skjedalen kl. 10.00Turleiar: Petter SyltePåmelding: Petter Sylte tlf. 480 35 625 eller Bjørn Lilleeng tlf. 975 68 008Kart: Vinstra 1718 II

Torsdag 26. august til sundag 29. augustHYTTE TIL HYTTE-TUR I LESJA/ SUNNDALSFJELLACa. 8–9 t frå Lesjaskog opp lia til Mølmsvatna og stigen mot Aursjøhytta og overnatting i betent DNT hytte. Alternativ rute frå Naustvika på Dalsida inn til Aursjøhytta, omlag 4 t. Neste dag omlag 8 t, til Raubergshytta, sjølvbetent DNT hytte. Siste dagen går til Vangshaugen, ved godver over Råstu med restar etter eit tysk fly. Vangshaugen, ei betjent DNT hytte, er opprinneleg ei engelsk jakt/fiskehytte og må berre opplevast ! Heimtur etter avtale.

I august er reinjakta i gang.

Page 10: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

10 www.dntgudbrandsdalen.no

Sundag 5. september NYSÆTRE (LORDALEN) – GRØNDALEN (LESJASKOG)Turen følgjer den gamle ferdselsvegen frå Skjåk mellom Nysætre i Lordalen og Grøndalen/LesjaskogFrammøte: Bommen Lordalsvegen Kl. 10.00Turleiar: Eldrid Riise, tlf. 415 07 250Påmelding: LaurdagKart: 1419 III Lesjaskog

Sundag 5. septemberNORDSTRONDVASSVEGEN Start frå Soleggen fjellstue og vidare langs vassvegen til Rauberg. Bygginga av vassvegen starta rundt 1750. Turen passar for alle og tek ca 3 timar.Frammøte: Soleggen fjellstue kl. 13.00Turleiar: Nils Sletten, tlf. 977 00 604Påmelding: Seinast laurdag 4. augKart: Lom / Vågå

Frammøte: Hytta til Wiggo på Lesjaskog kl. 09.00Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761Påmelding: Ta kontakt i god tid for å organisere køyringKart: Dovrefjell

Laurdag 28. august FAMILIETUR TIL SVARTTJØNN I SKJÅKLett tur med slak oppoverbakke i 2 km, til vi kjem til vatnet. Vi fisker, et og koser oss. Passar for alle born, bruk gjerne bæremeis til dei aller minste. Ta med mat og drikke.Frammøte: Stuttgongen camping kl. 11.30Turleiar: Silje Sveen Lien, 932 18 592 ([email protected]) og Marianne Dagsgard, 906 56 908Påmelding: Inga påmelding

Page 11: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

www.dntgudbrandsdalen.no 11

Galde unger på fjellferie. Eit minne for livet!

Page 12: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

12 www.dntgudbrandsdalen.no

Laurdag 11. september BYGNINGSHISTORISK PARK / RUDIOMNAN – AKTIVITETSDAGBygningshistorisk park sør for Dovre og Rudiomnan (Dovre sin variant av Kvitskriuprestan) er spennande område både for barn og vaksne. Vi går samla opp til Rudiomnan. Grethe Torsteingard fortel om korleis sandkjeglene i «Rudiomnan« blir danna. I Bygnings-parken tenner vi bål og grillar mat vi har med. Rudiomnan er et Fysak turmål i Dovre i 2010. Turleiarar: Elin Marit Andgard, tlf. 481 96 875 og Berit FiksdahlFrammøte: P-plassen til Bygningshistorisk park (skilta frå Dovre og Dovreskogen) kl. 1200Påmelding: ingaKart: 1718 IV Otta

Onsdag 22. septemberMEHØE – DOVREFJELLEin triveleg og lett ettermiddagstur til Mehøe, med fin utsikt til Snøhetta og Dovrefjell.Frammøte: Furuhaugli turisthytte kl. 17.30.Turleiarar: Kari Enger og Trond Berger tlf. 909 75 408Påmelding: TirsdagKart: 1519 III Hjerkinn

Laurdag 25.septemberVANDRING I FJELLET PÅ NORDSIDA AV LESJASKOGVi startar frå hytta til Wiggo på Lesjaskog. Følger råket opp lia. Vi oppsøker gamle kulturminne/dyregraver/buplassar m.m. Vi bruker heile dagen på denne vandringa.

Ta med ungene for å hugge eige juletre i år. Sundag 12. desember.

Page 13: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

www.dntgudbrandsdalen.no 13

Frammøte: Hytta til Wiggo kl. 09.00Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761Påmelding: Innan dagen førKart: Lesjaskog 1419 lll og Aursjøen 1419 lV

Sundag 10. oktoberRUNDTUR LANGS BERGEVEGEN, OTTAFin og luftig tur opp Bergevegen, via Linlykkja, ein gamal stad. Deretter opp på Ner-Dahls-bergje, opp til Rakstad og attende til startpunktet. Fin, lokal tur som tek omlag 1,5 t. Der får vi fin utsikt over Otta og Ottadalen. Ta med mat og drikke.Frammøte: Liavegen (Otta) kl. 11.00Turleiar: Jon Arne Josten, tlf. 971 60 405. E-mail: [email protected]åmelding: Dagen førKart: 1718 IV Otta

Tysdag 23. novemberMÅNESKINNSTUR PÅ SKI I GÅLÅOMRÅDETAlt etter føret vel vi ein 8–10 km lang rute. Stopp i lavvo undervegs. Turen tek omlag 2,5 time.Tur som passar for vaksne og barn over 10–12 år. Turleiar: Kristen og Solveig Brendhaugen, tlf. 958 18 673Frammøte: P-plassen v. Røde Kors hytta kl. 18.00 Påmelding: innan 20. november

Mandag 13. desember DEN TRADISJONELLE LUCIATUREN I OTTA SENTRUM!Vi går i Otta sentrum. Sjå eiga annonse i avisa og på nettsida vår når det nærmar seg. Turleiar: Gry Ramstad, 996 22 959 og Rita Nordfjæren, 992 91 627

Onsdag 15. desemberNISSESPIONTUR I TRONOBERGET – LOM.Vi køyrer hest eller går frå p-plassen til Tronoberget. På ei runde i skogen ser vi etter nissane som arbeider hardt før jul. Kanskje kan vi få sjå både smånissar, julenissen, fjøsnissar og nissemor i arbeid. Er vi heldige, kan dykk levere ønskelister til nissen. Kanskje ser vi dyr i skogen også! Ta med godt med klede og lykt. Dykk får litt varm drikke undervegs.Frammøte: Ved Rema 1000 i Lom kl. 17.00 Turleiarar: Tone og Knut Vole , tlf. 900 15 529Påmelding: Inga påmelding

Sundag 12. desember kl. 13–16 JULETREHOGSTTUR I SØR-FRONEin triveleg tradisjon for barnas turlag. Her får du garantert julestemning og du kan hogge eige juletre i skogen. Bålkos, varm saft og tur med hest og slede. Ta med øks/sag, akebrett, nisselue og noko å grille på bålet.Frammøte: Rusten i Sør-Fron i Søre Lia frå kl. 13.00. Følg skilt mot Fagerhøi og deretter Barnas Turlag.Turleiar: Marita Aanekre, [email protected]

Fredag 31.desember SKITUR TIL GRØNSETERHØ VED DOMBÅSGår opp på Grønseterhø frå Grønsætrin og får med oss solnedgangen på den siste dagen i året.Frammøte: Parkeringa v/Turrhaugen kl. 12.00 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761Påmelding: Dagen førKart: 1419 II Dombås

Page 14: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

14 www.dntgudbrandsdalen.no

TRILLETURAR VINTER OG VÅR 2009 Barnas turlag sine trilleturar fortset på det tiande året. Etter turen er det sosialt samvær for små og store deltakarar.

FrammøteKvar torsdag ved Ottatunet kl 11.00Fra og med 19. august 2010

TurkoordinatorAstrid Veggum Solhjem tlf. 958 60 325 og Nina Hoff tlf. 986 04 395

Takk for at du gjev din andel til vårt arbeid!Du kan gje støtte til DNT Gudbrandsdalen gjennom Norsk Tipping. Gje beskjed til tippekommisjonær når du leverer tipping om at du vil gi DNT Gudbrandsdalen 5 prosent av innsatsbeløpet.

Grasrotandelen ble lansert 1. mars 2009 og det er Norsk Tipping som er operatør for denne ordninga. Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gje ein eigenandel på 5 prosent av innsats beløpet direkte til ein lokalorganisasjon. Grasrotandelen gjeld for alle spelarar til NorskTipping, bortsett frå Flax og Extra.

Page 15: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

www.dntgudbrandsdalen.no 15

VIKTIG INFORMASJON – FELLESTURER OG ARRANGEMENT

FørehaldArrangøren kan avlyse eller endre ein tur eller eit arrangement på grunn av vanskelige vêrforhold, få deltakarar, mangel på turleiar eller liknande. Vi tek og førehald om endringar på opningstider på hytter, trykkfeil osv. Som deltakar på turar og arrangement arrangert av DNT Gudbrandsdalen kan du bli teke bilde av. Disse bildane kan bli brukt til publikasjonar eller på våre nettsider. Dersom du vil reservere deg frå å bli teke bilde av må du informere turleiaren om dette ved turstart.

TurleiarTurane våre leiast av lokale fjellfolk som har egen erfaring og kjenner området og turmålet. Turleia-ren er ikkje profesjonell med fjellføring som yrke. Dei som er turleiarar på våre turar gjer dette først og fremst fordi dei har glede av å vere på tur, og ønskjer å dele naturopplevinga med andre.

Klede og utstyrDet er viktig å ha med gode klede for alt slags ver når du skal til fjells sommar som vinter.

PåkledningUllundertøy, kleder som fungerer i aktivitet og når du er i ro. Vindtett bukse og jakke. Fjellsko.

Under ser du forslag til pakkelisteKart, kompass, førstehjelpssaker, kniv, lommelykt, reparasjonsutstyr

Mat og drikkeSolbriller, solkremVarme kleder til skiftRegntøy

For overnatting på hytteToalettsaker, handkleLakenpose eller soveposeNøkkel til selvbetjeningshytterDNT medlemskort

SikkerheitSkulle det skje uhell eller ulykker undervegs har turleiaren kjennskap til førstehjelp. Det er og ein føresetnad at den enkelte deltakar er bevisst på sitt ansvar som deltakar. Dersom det må tilkallast hjelp kan det ta lang tid før hjelpen når fram fordi det fortsatt er mange områder i fjellet med dårlig mobil-telefondekning.

ForsikringarDeltaking på DNT Gudbrandsdalen sine arrange-ment skjer på deltakarens eige ansvar. Arrangøren tek ikkje på seg ansvar for økonomiske følgjer av moglege uhell/-skader som måtte inntreffe under avvikling av arrangementa. For alle turar er det viktig at ein ser på kartet og vurderer turen i forhold til egen form. Ein kan også kontakte turleiar for å få informasjon.

Page 16: TURMENY - Amazon S3 · Påmelding: Innan dagen før, post@peergynt.no, tlf. 959 00 770 Kart: Turkart Gålå Laurdag 31. juli TUR TIL KAMPEN PÅ LESJASKOG Startar ved Dambrue på Lesjaskog

Pris på medlemskapet 2010Hovedmedlem: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 510,-

Student/ungdom (19–26 år. Født 1983–1990) . . . . . . . . . 290,-

Skoleungdom (13–18 år. Født 1991–1996) . . . . . . . . . 166,-

Honnørmedlem (Født 1942 eller tidligare). . . . . . . . . . . . . . 395,-

Husstandsmedlem (til hoved-, student- honnør- eller livsvarig medlem) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 230,-

Barnas Turlag (0–12 år. Født 1997–2009) . . . . . . . . . . . 100,-

Livsvarig medlem . . . . . 25 x hovedmedlemspris

Innmelding via hjemmesiden vår, medlems-service på tlf. 400 01 870 eller e-post: medlem@turistforeningen

BReturadresse: DNT GudbrandsdalenSteindalsvegen 14, 2670 [email protected]

Forsidebilde av Kjell Andersen.

Vi har ein avtale som gir 15 % rabatt (20 % på G-Sport Otta) på alt innan fjellutstyr

til medlemmer i DNT Gudbrandsdalen (ta medlemskortet med).

Avtalen gjeld hos:

LOM – OTTA – DOMBÅS – BJORLI

RINGEBU – OTTA – VÅGÅ SKJÅK

LOMVÅGÅ