turprogram 2017 - amazon s3 · 2017. 1. 30. · turprogram 2017 for stord-fitjar turlag...

20
For fullstendig informasjon om turane og eventuelle korrigeringar sjå vår heimeside www.turistforeningen.no/stord-fitjar Revidert 30.01.2017 Trykk: Kvinnherad Breiband Fossatrappo, dei 624 trappene som vart laga av Sherpaene frå Nepal, blei offisielt opna i august 2016. Turprogram 2017

Upload: others

Post on 21-Feb-2021

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

For fullstendig informasjon om turane og eventuelle korrigeringar sjå vår heimeside www.turistforeningen.no/stord-fitjar

Revidert 30.01.2017

Try

kk

: K

vin

nh

erad

Bre

iban

d

Fossatrappo, dei 624 trappene som vart laga av Sherpaene frå

Nepal, blei offisielt opna i august 2016.

Turprogram 2017

Page 2: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

Stord-Fitjar Turlag

Stord-Fitjar Turlag vart stifta 14. mars 1994.

Om Stord-Fitjar turlag

Stord-Fitjar turlag har som si viktigaste oppgåve å arrangere fellesturar for

folk i ulike aldrar.

Stord-Fitjar turlag vil stimulere til og leggje til rette for at fleire er aktive i

friluft.

Stord-Fitjar turlag sine medlemmar er automatisk medlem av Bergen og

Hordaland turlag og Den norske Turistforeining.

Stord Fitjar turlag har fylgjande undergrupper:

Barnas Turlag, Seniorgruppa, Topptrimmen, Tur- og dugnadsnemda

og Natur- og miljøutvalet.

Stord-Fitjar turlag har som mål at alle som ynskjer å gå tur i lag med

andre skal finne ein tur som passer for dei.

Stord-Fitjar turlag ynskjer DEG velkomen til å delta på turar, og

velkomen til å ta kontakt med turleiarar for meir informasjon om den

einskilte turen.

Leigeprisar for leige av Lundarstøl

Stord Fitjar Turlag drifta no Lundarstøl og har no som ynskje at Lundarstøl skal vera

attraktiv å låna og at det skal bli liv og røre både i huset og på bakkane rundt.

Leigeprisar:

Pris pr. dag : kr. 300,-

Pris pr. døgn: kr. 700,-

Pris for ei helg: kr. 1500,-

Tillegg for utvask. For utleige, kontakt Gerda Øen, tlf. 909 94 156.

Page 3: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

Andre medlemsfordelar Som medlem av Stord-Fitjar Turlag får du 15% rabatt på alle turklede og alt turutstyr

hjå Sport 1, Amfi Stord og hjå Sykkel & Sport, Heiane.

Aktiv til 100 I 2013 innførte Stord-Fitjar Turlag eit nytt tilbod ”Aktiv til 100” med nærmiljøturar.

Suksessen fortset i 2017 og fyrste turen blir torsdag 12. januar. Enkle turar som passer for dei

fleste. Alle aldersgrupper er velkomne til å delta. Oppmøte ved Skjepåsen kl. 10:30

annakvar torsdag (partalsveker). For meir informasjon, ta kontakt med Jarle 99303404, Hans

Chr 97589736, Jonas 91364911 eller Marie 99414299.

Stord Topp 8 I 2015 starta vi opp med ein heilt ny heildagstur som er meint for alle. Stord Topp 8. Dette

blei ein gedigen suksess som vi gjentok i 2016 og vi satsar for fullt også i 2017 med ny Stord

Topp 8 tur 28. mai. Ein kan velja 1, 4 eller 8 toppar (sjå meir inne i programmet og på vår

heimeside www.turistforeningen.no/stord-fitjar

Telltur 2017 Telltur er eit nytt konsept turar etablert i 2015 som eit samarbeid mellom Friluftrådenes

Landsforbund, mange norske kommunar og Den Norske Turistforening sin lokallag.

Friluftsrådet Vest, Stord og Fitjar kommune samt Stord Fitjar Turlag legg i 2017 ut i alt 26

ulike turmål i kommunane Stord og Fitjar. I tillegg vert det lagt ut mange turmål i våre

nabokommunar. Her samlar ein poeng både for kor mange ulike turmål ein når og kor mange

gangar ein går til eit eller fleire turmål. Meir informasjon kan du få ved å gå inn på

Friluftsrådet Vest si heimeside www.telltur.no/friluftsradet-vest

Topptrimmen til Stord-Fitjar Turlag Topptrimmen til Stord-Fitjar Turlag starta opp i 1998. Me går no inn i jubileumsåret med den

20. sesongen med kontrollpostar lagt ut på 5 fjelltoppar. På kvar av toppane klipper du i

kontrollkortet ditt. Topptrimmen er blitt eit svært populært opplegg. Bli med du og!

Kjøp topptrimkortet som gjev deg inspirasjon til å nå dei 5 høgdepunkta i

Stord- og Fitjarfjella. Når du 4 av

dei 5 toppane blir du premiert.

Topptrimkortet får du kjøpt hjå:

Sport 1-Stord, Sykkel og Sport

og Larsen i Fitjar.

Prisen i år vert kr. 50,-

Toppane i 2017 er:

Mehammarsåta Prestavarden Tindaslottet Utslettefjellet Landasåta

Tindaslottet

Page 4: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Søndag-/onsdag-dugnadsturar:

26. mars - Søndagstur med dugnad

Meir info kjem i lokalpressa og på nettsida til turlaget 23. april - Peder Lundarstøl marsjen 2017 (til minne om Peder'n) Denne marsjen er for å heidra Peder Lundarstøl som budde på Lundarstøl oppunder Stordfjellet frå 1843. Turen tar ca. 4 timar. Middels tung tur, passar for familiar. Turleiarar: Toril Sundby & Tove Aas Lindahl

Sjå elles annonse i lokalavisa! 30. april - Vårtur til Bømlo Meir info kjem i lokalpressa og på nettsida til turlaget. Turleiarar: Anne Eldøy mob. 909 34 372 Birger Taranger mob. 915 63 034 2. mai - Ettermiddagstur til Steingjelsheddo 529 moh. (Bli kjent i løypa-tur) Dette er første toppen på 8-Topps turen som går søndag 28. mai. Bli kjend med toppen denne ettermiddagen. Også foreldre av 8. klassane som skal gå til denne toppen onsdag 3. mai, er velkomne til fjells. 3. mai er den årlege markeringa av aktivitetsdagen i regi av DNT. Turleiar: Toril Sundby, mob. 934 99 873 & Laila Engelsen, mob. 932 55 080

3. mai - OPPTUR for 8.klassar i Stord og i Fitjar til Steingjelsheddo 529 moh. I år vert Opptur onsdag 3. mai. Dette er den årlege turdagen som Stord-Fitjar Turlag arrangerer for 8- klassingane på Stord og Fitjar. Det er ein landsomfattande aktivitetsdag i regi av DNT. Løypa er den same som tidlegare. Buss går til parkeringsplassen ved Fjellstova. Elevane går derifrå opp stien til Steingjelsheddo og om Vaulane ned att til p-plass. Turen tek to-tre timar, avhengig av vær og form. Skulane får info i mars. 4. mai - Ettermiddagstur til Budalsfjellet og Stavalifjellet (Bli kjent i løypa-tur) Dette er den 2. og 3. toppen på 8-Topps turen som går søndag 28. mai. Bli kjend med desse toppane denne ettermiddagen. Start frå Lundsæter Kraftstasjon kl 17:00 Turleiar: Stein Kyvik, mob. 905 45 159 og Kjetil Gundegjerde, mob. 950 83 795

7. mai - Tysnessåto 753 moh Start frå Solheimsdalen Derfrå går me på skogaveg opp Dalsseterlia, nesten til Grostølen. Litt stigning. Frå Grostølen er det sti innover i roleg lende til Ådnastegen, som er ein støl for gardane i Lunde. Herfrå er det delvis bratte parti på sti til me når toppen av Tysnessåto. Tidsbruk: omlag 5 t+, med pause. Middels tung tur Turleiar: Hjørdis Heggland, mob. 481 14 681, e-post : [email protected]

Page 5: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

Dette er den 4. toppen på 8-Topps turen som går søndag 28. mai. Bli kjend med desse toppane denne ettermiddagen. Start frå Lundsæter Kraftstasjon kl 17:00 Turleiar: Arne Haugland, mob. 907 26 108 og Kjetil Gundegjerde mob. 950 83 795

11. mai - Ettermiddagstur til Skårafjellsåto, Skårafjellet (Bli kjend i løypa-tur) Dette er den 5 & 6 toppen på 8-Topps turen som går søndag 28. mai. Bli kjent med desse toppane denne ettermiddagen. Start frå Heio kl 17:00 Turleiar: Frank Breistein, mob. 905 55 418 & Jostein Angeltveit, mob. 971 11 276

23. mai - Ettermiddagstur til Nibbo og Stovegolvet (Bli kjend i løypa-tur) Dette er den 7 & 8 toppen på 8-Topps turen som går søndag 28. mai. Bli kjend med desse

toppane denne ettermiddagen.

Den går frå Heio, opp Fossatrappo og vidare vestover til Nibbo. Derfrå går me Topp 8

løypa til Stovegolvet, tilbake til Kvelve og ned Fossatrappo til Heio.

Start frå Heio kl 17:00

Turleiar: Arne Haugland, mob. 907 26 108 & Toril Sundb, mob. 934 99 873

28. mai - Topp8 tur - STORD-TOPP8 Søndag 12. juni arrangerer Stord-Fitjar Turlag ein tur over åtte fjelltoppar. Start og mål ved Lundsæter Kraftstasjon. Total stigning på turen er ca. 1000 m., og total lengde er ca 17 km. Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet. - Steingjeldsheddo 529 moh. - Budalsfjellet 586 moh.

- Stavalifjellet 511 moh. - Sørliknattet 465 moh. - Såto 665 moh. - Skårafjellet 691 moh - Nibbo 704 moh. - Stovegolvet 703 moh.

Påmeldingsavgift - Meir info kjem i

lokalpressa og på nettsida til turlaget

Page 6: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Søndag-/onsdag-/dugnadsturar:

5. juni - Gudstenestetur i Fitjar 2. pinsedag

Meir info kjem i lokalpressa og på nettsida til turlaget

Turleiar: Ellen Vestbøstad Mob. 913 972 34

23. juni - Midtsommartur til Stovegolvet

Me møter på Heio kl. 20:30 og vert på toppen til solnedgang, om ynskjeleg. Tårnet vert vår base for kvelden. Ta med godt humør, varme klede og mat til grillen. NB! Væratterhald Turleiar/arr. Bjørn Helle mob. 454 11 553 og Laila Engelsen mob. 932 55 080

6. august - Nordfjell og Varhaugselet– Kvinnherad

Turen går fra Valen til Nordfjell og vidare til Varhaugselet (bilete).

Derifrå vidare til Melkhaug dersom været tillet det.

Turleiar: Stein Kyvik mob. 906 45 159

Page 7: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Søndag-/onsdag-/dugnadsturar:

20. august - Gudstenestetur til Stovegolvet Meir info kjem i lokalpressa og på nettsida til turlaget Magne Sakseid mob. 481 94 203 22. august - Tur til Huglo Meir info kjem i lokalpressa og på nettsida til turlaget Turleiar: Randi Huglen, mob. 489 90 902 27. august - Køyretur til Kattnakken for eldre og rørslehemma

Me låner nøkkel til bommen på Heio og opnar for køyring opp til Kattnakken (723 moh) - berre med bilar med 4-hjuls trekk. Tilbodet gjeld for eldre som ikkje kan gå opp sjølv, samt for personar med rørslehemming. Det vert oppkjøring for alle om morgonen og nedkjøring 2 - 3 timar seinare. Medlemmer som har bil med 4-hjuls trekk, vert oppfordra å stilla - og ta med passasjerar. Fylkesnes Bil AS låner oss nokre bilar - me treng sjåførar på desse. Ta med mat og drikke og varme klede for opphald på fjellet: Turansvarleg: Arne Haugland, mob. 907 26 108

24. september - STORD på langs 2017 Årleg tur frå Heio på Stord- sida til nabokommunen i nord, Fitjar. Me går opp Fossabrekko gjennom Tjødnadalane til Mehammarsåto (749 moh.) Dette er den høgaste toppen på Stord, og med fantastisk utsikt i bra ver! Vidare går stien til Svartavatnet og Midtfjellet og ned til Fitjar. Kan vera ein tung tur, så her bør ein vera i god form! Ta med gode/varme klede og god niste/drikke.

Minibuss frå parkeringsplass i Fitjar sentrum kl. 08:00 via Sandvikvåg - påmelding til tur-leiar. Start frå Heio seinast kl 09:00 Krevjande tur - ca 7,5 timar Retur med buss til Fjellsova etter turen - kr. 100 pr. person. Oppteljing av dei som skal med returbuss skjer før avgang frå Heio. Turen er open for alle. Turleiarar: Arne Haugland mob. 907 26 108 & Sveinung Ulgenes mob. 915 63 072 1. oktober - Søndagstur med dugnad Meir info kjem i lokalpressa og på nettsida til turlaget

Page 8: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Overnattingsturar 2017:

31. mars - 7. april - Fottur på Kypros NB! Turen er fullteikna !!! Venteliste Meir info. på nettsida Kontaktperson : Svein A. Birkeland - Telefon +47 982 42 021 e-post: [email protected] 23. - 28. juli (veke 30) - Rundtur på Hardangervidda (Påmelding frå 01.01.2017) Dyranut - Kjeldebu - Krækkja - Heinseter - Rauhelleren - Stigstuv - Dyranut

Me kjører (med privatbilar) tidleg søndag

morgon opp til Dyranut, parkerar her og startar fotturen i nordleg retning til Kjeldebu, 2,5t. Måndag går turen vidare mot aust - til Krekkja

med nytt dusj- og toalettbygg. 4t. Tysdag går me først til Fagerheim Fjellstove ved

riksveg 7, så vidare i sør-austleg retning til Heinseter, 6t Onsdag går me rett sør til Rauhelleren, 4,5t

Torsdag går me i vestleg retning til Stigstuv, 4t

Fredag avsluttar me turen i nord-vestleg retning til Dyranut, 4t

Lunsjmåltid her før køyreturen heimatt. Denne rundturen går i noko av den flataste og finaste del av Vidda - litt nord og litt sør om riksveg 7. Dei fleste dagsetappane er korte - derfor vil turen passa fint for oss som likar dette. Kjeldebu er sjølvbetjent, øvrige hytter er betjente. Maks deltakarar inkl. turleiarane er 20. Turleiarar: Arne Haugland mob. 907 26 108 e.post:[email protected] Svein Birkeland mob. 982 42 021 e.post: [email protected] Meir info. kjem i lokalpress og på nettsida

Page 9: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Overnattingsturar 2017:

11. - 13. august - Sykkeltur Rallarvegen (Påmelding frå 01.01.2017) Me reiser med kystbussen til Bergen og med tog til Finse på fredag Laurdag syklar me til Myrdal Fjellstove. Her overnattar me og syklar til Flåm på søndagen. Retur til Stord med tog og buss. Turleiarar: Toril Sundby mob. 934 99 873 - e-post: [email protected]

Laila Engelsen mob. 932 55 080 - e-post: [email protected]

Max. 16 deltakarar Påmeldingsfrist 15.06.2017 Pris: ca. kr 4200,- pr. deltakar 18. - 20. august - Tur til Oksen - Kvam herad

(Påmelding frå 01.01.2017) Meir info. kjem i lokalpress og på nettsida Turleiarar: Sveinung Ulgenes mob. 915 63 072 - e-post: [email protected] 1. - 3. september - Helgetur til Breidablikk og Skrott (Påmelding frå 01.01.2017- Påmeldingsfrist innan 01.06.2017) Avreise frå Stord kl 09:00 fredag 1. September med bil til Hamlagrø. Turen startar frå Osen ved Hamlagrøvatnet kl 12:00 ca 600moh fredag og går sørover inn i

Solheimsdalen og så bratt opp til Breidablik TH 1160 moh. Innkvartering her. Gangtid 4 t

Breidablik er livsverket til kvemmingen Bjarne Huse. Han har brukt all si fritid gjennom fleire tiår til å

skapa denne spesielle staden. Stein er lagt på stein – etter å ha blitt samla og boren på plass. Tunet

består av vakre steinhytter med torvtak. I tillegg til to hytter til å bu i er det uthus, damanlegg, benker

og bord av stein.

Dersom været tillet det vert det kveldstur til toppen av Skrott 1320 moh. Gangtid 2 t. Her ser du ned til

Øystese og Nordheimsund samt over til Kvinnheradsfjella og Folgefonna og mykje, mykje lengre i fint

vær.

Laurdag går turen ned same vegen, ut frå Solheimsdalen, forbi Vending TH og til Gullhorgabu TH og innkvartering der. Gangtid 7-8 t.

Søndag går turen frå Gullhorgabu til vegen ved Småbrekke. Gangtid 2,5 t - 8km. Direkte retur til Stord

herifrå etter å ha henta bilar på Hamlagrøosen 3 km lengre oppe. Avreise frå Stord: Fredag 01.09.17 kl. 09:00 Retur til Stord: Søndag 03.09.17 kl. 16:00 2 overnattingar. Pris: Vert oppgjeve før start av påmelding. Max. 10 deltakarar Turleiar:

Frank Breistein, mob. 905 55 418 - e-post: [email protected] Meir info. kjem i lokalpress og på nettsida Krevjande tur.

Page 10: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Barnas Turlag

Meir info på www.turistforeningen.no/stord-fitjar/ og barnas turlag sitt eige turprogram

Dato Turmål 05.februar Kom deg ut dag på Lundarstøl

10. - 11. mars Hyttetur Lundarstøl - Påmelding

20. april Ettermiddagstur til Røyrtjødno

21. mai Til topps på Skårafjellsåto

20.august Kanotur på Storavatnet (Litlabø) Påmelding

3. september Kom deg ut dag i Skjephaugen

5. november Lommelykttur til Lundarstøl

Page 11: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Barnas Turlag

Barnas topptrim Desse turmåla er med i barnas Topptrim 2017:

Botnavatnet (323 moh.)

Siggjo, Bømlo (474 moh.)

Hopsfjellet, Sveio (333 moh.)

Røyrtjødno (25 moh.)

Skårafjellsåto (665 moh. Startdato: 19. mars

Sluttdato: 4. november

Kort vert å kjøpa på Sport 1, Leirvik og hos MX sport på Fitjar.

Korta vert også selt på turane.

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Barnas Turlag

Meir info på www.turistforeningen.no/stord-fitjar/ og barnas turlag sitt eige turprogram

Kom deg ut dag På Lundarstøl 05.02 kl. 12-15

Aking

Quiz - Twistløype

Grilling – gratis pølser, saft, kaffi

Velkommen til ein kjekk

vinteraktivitetsdag!

Parkering ved Fjellstova eller Kraftstasjonen

Kom deg ut dag På Skjephaugen 03.09 kl. 12-15

Padling i Sjepahaugsvatnet

Quiz - Twistløype

Grilling – gratis pølser, saft, kaffi

Velkommen til ein flott

familiedag i skogen

Dei under 12 år treng 3 av 5 toppar for å

få premie,

dei over 12 må ha 4 av 5 toppar for å få

premie.

Page 12: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Seniorgruppa: Vår 2017 11. januar. Ådlandsvatnet rundt Turen startar ved bedehuset og går rundt Ådlandsvatnet på den nye stien og tilbake til bede-huset. På Sagneset stikk me innom Jan Ove for å eta nista. Lett tur dersom det ikkje er snø og is. Lett tur. Gangtid ca. 1,5.timar Turleiar: Frank Breistein. Tlf 905 55 418

25. januar. Huglo Kulturløype Dette er ein rundtur. Me går i frå Tveit og ned til Tveitevågen. Me skal sjå på den gamle koppargruva og Haukaneskverna. Går vidare på god sti til kalksteinsuttaket som er i frå 1100 -talet. Turen går om Skjønhammar- Sørhuglo og til Tveit. I fall snø eller is, går me i nærområdet.

Gangtid ca.3,5t. Lett/Middels tur. Turleiar: Arne Vatten mob. 909 58 502

8. februar. Osterneset Turen startar ved Osternes skule og går på veg og sti fram til Osternes festning. Rundtur på festninga før tilbaketuren. Kjentmann blir med på turen. Lett tur. Gangtid ca. 3 timar. Turleiar: Per Audun Kloster mob. 957 43 190.

22. februar. Fuglavikjo – Grov Førland Turen startar i Fuglavikjo og går fyrst til Grov, så opp Slettedalen til Førland med retur til Fuglavikjo. Middels tur. Gangtid: 3 t Turleiar: Helge Grov. Tlf: 950 96 942. 8. mars. Goddo Tur i Katla-området. Gangtid 3-4 timar i lett kupert terreng. Middels tur Turleiar: Birger Taranger tlf: 915 63 034/Anne Kristin Eldøy, tlf.90934372

Page 13: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Seniorgruppa: Vår 2017 22. mars. Trodlavassnipo Turen starter fra Tittelsnes (Haugsgjerd), følger traktorvei som går over i sti. Dette blir ein rundtur. Middels/tung tur. Gangtid: 3,5 timer Turleiar: Stein Kyvik. mob. 906 45 159 5. april. Olstjødno – Svartavatnet – Kidno Turen startar ved Olstjødno og går på grusveg fram til Svartavatnet. På sti langs Svartavatnet og vidare over Kidno tilbake til Olstjødno. Turleiar: Per Audun Kloster mob. 95743190.

19. april. Hodnafjellet Parkering ved bedehuset på Tveit. Startar med å gå gjennom eit gardstun, før me kryssar hovudvegen. Kjem straks i gang med motbakke i fint beiteland. Går høgare over i fint fjellterreng, men noko vått. På toppen (325 m.o.h.) har me vidt utsyn i alle retningar, og om vær og sikt er med oss, kan me sjå bruene i trekantsambandet. Ved å ta turen bortom ”Varden” 261 m.o.h., vil me få ein flott rundtur før me finn ned til ut-gangspunktet.

Lett- middels tur. Ca. 3 t m/ pausar. Turleiarar: Gerda Øen. Tlf. 909 94 156 & Jan Ove Øen.

Page 14: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Seniorgruppa: Vår 2017

10. mai. Grov, Selefall/Hetlesæter Turen går frå Grov til Agdestein på gamlevegen og vidare til Selefall/Hetlesæter med retur til Grov. Gangtid ca. 3 t. Lett til middels tung tur. Turleiar: Liv Ingrid Grov, Tlf. 416 31 625 31. mai. Uskedalen, Mannsvatnet rundt Turen startar nede i Uskedalen og stig til 600 m ved Mannsvatnet. Rundt vatnet går me over Solfjellet og Råkjo på ca 900m. Gangtid 4 t. Middels til Tung tur. Turleiar: Helge Grov. Tlf.: 950 96 942. 14. juni. Skorpo, Tordlaholo, Laukhamar Fritid Me tek ferje til Hodnaneset. Køyrer til Laukhammarlia. Me går til Trodlaholet, der Ingvald Træen og Mikhail Zelenkovskij sat siste krigsvinteren. Vidare til Kongshaug 229 m, og til Laukhammarsåto, 214 m, før me går ned til Laukham-mar og attende til bilane. Gangtid ca. 3,5 t. Lett/ Middels tung tur. Turleiar: Arne Vatten, Tlf. 90958502

Mansvatnet mot Skorpo

Orreleikkved Mansvatnet

Trodlaholo på Skorpo

Page 15: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Seniorgruppa: Haust 2017 23. august. Vistvik – Kjerringjo – Tindaslottet Turen er ein rundtur og startar ved stor parkeringsplass Vistvik. Derfrå går me bratt oppover på skogsveg langs den markante og fantastiske Vistvikelva. Vidare i terreng på sti til Kvednavatnet der me pausar litt ved gapahuken før me tek oss vidare til Kjerringjo ved nord austre del av Svartavatnet. Derfrå går stien oppover mot Mosavatnet og til sti kryss mot Tindane. Denne strekkja er del av "Stord/Fitjar på langsruta". Me tek oss mot Tindane i småkupert, variert terreng; mot slutten fine steinparti. Utsynet ved Tindaslottet er makelaust 360`. Nedstiging mot nord og nokre blaute myr parti, før me igjen kjem inn på skogsvegen siste stykke mot Vistvik. Gangtid ca. 4 t. - Middels/Tung tur. Turleiar Hjørdis Heggland. Tlf. 481 14 681. 6. september. Midtfjellet og Kongsen, Selbjørn

Selbjørn er nest største øya i Austevoll, ei øy med fine lyngheiar og små toppar med flott utsikt i alle retningar. På denne turen skal me gå frå Rabben opp på Midtfjellet (168 moh) ned i Kongsdalen og opp på Kongsen (185 moh) høgste toppen på Selbjørn. Turen ned går mot Kalvanes der me må setja att nokre bilar for å ta oss attende til Rabben. Middels/Tung tur Gangtid ca. 4 t. Turleiar Jarle Hevrøy Tlf. 99303404 20. september. Etnefjella – Høylandsnuten Møt i Kiwi Studalen kl 08:30 - oppsamling i bilar. Det er ca 1,5t kjøring til Etne sentrum, så litt vidare til Fossa. Derfrå på privat bomveg (Rusvegen) til parkering på fjellet. 30 kr. pr. bil. Turen blir ein rundtur via Kattastølen 544 moh. og så til Høylandsnuten 734 moh. Turleiar: Otto Holm, mob. +47 975 56 061 Middels tung tur. Fin utsikt Ca. 3-4 timars gange t/r Vi får med oss Tor Fosse som kjentmann som gir oss innblikk i det vi ser på turen. 4. oktober. Dalshaugane – Melen Me går frå Dalshaugane, over Melsmyrane inn til Yste Sølivatnet, og opp til Melsåta. Returen går ned til utløpet av Klovskardvatnet, over brua og vidare stien ned til Melsmyrane. Middels til tung tur, ca. 4 timar (lengde 9,5 km, 440 høgdemeter). Turleiar: Aud Kleppe Helland Tlf. 912 44 462

Page 16: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Seniorgruppa: Haust 2017 18. oktober. Lygrepollen, Fusa Turen startar ved Fosså i Lygrepollen i Fusa. Den går fyrst på skogsvei og så på sti til Vardegga. Deretter innom Gruvenuten. Middels tur. Gangtid 3-4 t. Turleiar: Lars Olav Litlabø. Tlf.: 971 42 002 1. november. Lykling, Bømlo Rundtur på Lykling, Bømlo. Middels tur Gangtid ca. 3,5 t. Turleiar: Birger Taranger, Tlf. 915 63 034 15. november. Tysevatnet rundt Turen startar frå Lundsæter og går vidare opp Tyseskaret og ned til Tysevatnet med rundtur til Vaulane og deretter ned frå demninga. Middels tung tur. Gangtid: ca. 4 t. Turleiar: Stein Kyvik. Tlf.: 906 45 159.

29. november. Fitjar – Historisk vandring Me parkerer ved kyrkja/bedehuset. Går derfrå til Håkonarparken der vandringa startar. På turen får me med oss Håkonarparken, kongsbrunnen på kongsgarden på Fitjar, Fitjar kyrkje og endar opp på Rimsvarden. Me går attende til bilane og køyrer til Fitjar kultur- og idrettsbygg til sosialt samvær og avslutning av tursesongen. Lett tur. Gangtid ca. 1,5 t. Turleiarar: Aud K. Helland Tlf. 91244462 og Per Audun Kloster Tlf. 95743190 Seniorturane er open for alle Bilgodtgjersle : Lokal køyring på Stord : Passasjerar betaler kr. 20,- Turar til Fitjar : Passasjerar betaler kr. 30,- Turar utan for øya : Kr. 3,- pr. km. + bompengar /ferjebillettar

Page 17: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG

Seniorgruppa: Overnattingsturar 28. - 31. august. Hamlagrø Bergsdalen Turen er ein fleirdagstur og startar måndag med transport frå Stord til Brekke i Bergsda-len. Der innkvarterer me oss i Bergsdalshytta som er basen under heile opphaldet fram til torsdag. Standarden på Bergsdalshytta er enkel med fleire overnattingsplassar pr rom, vask på kvart rom. Det er 46 sengeplassar fordelt på 15 rom, 2 dusjar og 6 toalett. Frukost og 2-rettars middag blir servert måndag, tysdag og onsdag av Bergsdalstunet som vant kokkekampen for Hordaland ifm meny til Grunnlovsfeiringa i 2014 . Sengeklede og reinhald inkludert. Følg denne lenkja for å lesa meir om Bergsdalstunet og Bergsdalshytta: http://www.bergsdalstunet.no Tysdag køyrer me 28 km til Hodnaberg i austre enden av Hamlagrøvatnet. Derifrå går turen opp Hardingaskaret og til Kjellandsbu der me har utsikt ned i Fyksesund og over mot Kvinnheradsfjella. Turen går tilbake same vegen. Gangtid 4-5 t. Middels tung dagstur. Halvvegs nede vert det høve for dei som vil gå opp til Kvålsstølen, over til Torfinnsvatn og Torfinnsheim, Voss Utferdslag si hytte, før nedstigning til Hodnaberg. Gangtid totalt 5-6 timar t/r. Middels/Krevjande dagstur. Onsdag køyrer me 13 km til Osen på Hamlagrøvatnet og går T/R til DNT-hytta Vending.

Gangtid 5-6timar Middels tung dagstur. For dei spreke kan turen denne dagen gå vidare til Breidablik på ca 1160m. Her er det sterk stigning siste timen. Gangtid 8 timar t/r inkl. pausar. Krevjande tung tur. Torsdag køyrer me 9 km til Småbrekke og går t/r Gullhorgabu. Gangtid: 4-5 timar. Middels krevjande tur. Torsdag ettermiddag returnerer me direkte til Stord etter turen. Pris kost og logi: Kr 3000,- I tillegg kjem kostnader for transport Stord-Bergsdalshytta T/R og transport til/frå dagstura-ne. Dette blir organisert seinare. Påmelding frå 01.01.2017: Påmeldingsfrist: 01.06.2017 Frank Breistein. Tlf. 905 55 418. e-post: [email protected]

Page 19: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

Kom deg ut

Meld deg inn

Bli medlem i Den Norske Turistforening 2017

Som medlem får du blant anna desse fordelane:

Rabatt på over 500 av turistforeininga sine hytter i heile Noreg.

Din eigen hyttenøkkel (mot depositum) som passer til ein standard lås på nesten alle

hyttene. DNTs sjølvbetjeningshytter og ubetente hytter. Nøkkelen får du kjøpt på dei

betente hyttene, hos DNTs medlemsforeiningar eller hjå våre representantar landet

rundt.

Rabatt på ei rekkje private fjellstover og turisthytter over heile Noreg.

Rabatt på fjellhyttene til turistforeiningane i Sverige, Finland og på Island

Hyttekupong: kjøp 5 overnattingar og betal for 4

6 nummer av Fjell og Vidde, Noregs største friluftsmagasin (gjelder hovud-, student/ungdom- og honnør-

medlem.

Dessutan får du Bergen turlag sitt medlemsblad Sti og Varde 4 gangar i året.

Alle medlemmer av Bergen og Hordaland Turlag får 15% rabatt på sko, klede og pulsklokker hjå

løpelabbet i Bergen.

Du kan kjøpe turutstyr og kart til rabatterte priser i butikkane til DNTs medlemsforeiningar over hele

landet.

Nye medlemmer får 50% rabatt på bussbillett av NOR-WAY Bussekspress på en valfri strekning. Dette

kan betale hele medlemskontingenten det først året.

Du får rabattar på kundekortet til NSB samt på overnatting hos De historiske - hotell & spise stader og

hos Thon Hotels.

Inntil 26 prosent rabatt på fleire fritidsforsikringar i Gjensidige

Les meir om rabattordningar på www.turistforeningen.no.

Prisar på medlemskap 2017 er:

Type medlemskap Pris

Hovudmedlem 680,- Familiemedlemskap 1200,-

Student/ungdom (19-26 år. Født 1991- 1998) 340,-

Skoleungdom (13-18 år. Født 1999 - 2004) 205,- Honnørmedlem (Født 1950 eller tidligare) 530,-

Husstandsmedlem (til hovud-, student-honnør- eller livsvarig medlem) 330,-

Barnas Turlag (0-12 år. Født 2005-2017) 125,-

Når du melder deg inn, blir du automatisk knytte til ein lokal

medlemsforeining basert på postnummeret i adressa di.

Meld deg inn på: [email protected]

Innmelding

Page 20: Turprogram 2017 - Amazon S3 · 2017. 1. 30. · TURPROGRAM 2017 FOR STORD-FITJAR TURLAG Søndag-/onsdag-dugnadsturar: 9. mai - Ettermiddagstur til Sørliknatten (Bli kjent i løypa-tur)

Kva er Kom deg ut-dagen?

Kom deg ut-dagen er Den Norske Turistforenings nasjonale turdag. Barn og vaksne,

ungdom og eldre, hyperaktive friluftslivsentusiastar og blide sofagrisar, ekspertar og

nybyrjarar - vi har tilbod for alle på Kom deg ut- dagen!

Finn eit arrangement der du bur på: www.turistforeningen.no/komdegut/

Denne dagen ynskjer vi å gje deg ein smakebit på friluftslivet, forhåpentlegvis ein

smakebit som gjev meirsmak! Tilboda er gratis, og i den grad det kostar noko, så er

prisen for aktivitetane kraftig subsidiert. Turleiarar og aktivitetsleiarar er med på alle

arrangementa, vi ordnar med bål og grillar. Denne dagen får du høve til å prøva noko du

ikkje har vore med på før!

Kom deg ut-dagen arrangerast av DNTs medlemsforeiningar to gangar i året - i februar

og september - og dermed kan du få delta i eit mangfald av aktivitetar som spenn frå

bade, klatre, topptur og naturstigar sommartid, til ake, topptur, skileik og isfiske

vinterstid.

Kom deg ut-dagen arrangerast i samarbeid med DNTs hovudsamarbeidspartnar One Call

og turpartnar Norsk Tipping.

Bli med søndag 5. februar og 3. september!

Neste Kom deg ut-dagen arrangerast over hele landet søndag 5. februar. Her kan du være med på turar

og aktiviteter for store og små ved Lundarstøl .

Til hausten, 3. september blir det Turtipp , kanopadling og mykje moro i Skjepåsen