under gudstenester, m.v. han minte/media/hjartdal...gledas landskap. svanhild rui gustavsen,...

4
Nr. 2 - mai 2018 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal INFORMASJON Sendar/ returadresse (Arven): Hjartdal sokn, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND Arven ønsker lesarane ei god og velsigna pinsehøgtid! Frå fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp Bildet: Frå årets innsamlingsaksjon. Her frå Hjartdal kyrkje, med utdeling av innsamlingsbøsser og ID-kort og tildeling av roder. I bakgrunnnen (med ark) Harald T. Løkslid frå den lokale aksjonsleiinga Hjartdal sok- neråd, framme sokneprest Rune Lia. I Sauland og Tuddal var det til- svarande møtepunkt før innsamlara- ne gjekk ut med bøsser. Tysdag 20. mars var konfirmantar, foreldre o. a. ute med bøsser og samla inn pengar til KN (Kirkens Nødhjelp). Innsamlinga ga eit flott resultat - i alt kr 22 562 i dei tre bygdene (Hjart- dal kr 7 409, Sauland kr 7 868, Tuddal kr 7 285). Innsamlarane deltok i den årlege fasteaksjonen til inntekt for KNs ar- beid i land med fattigdom og kriser: Katastrofehjelp, langsiktig bistand og påverkning overfor myndigheiter for å oppnå varig økonomisk o. a. rettferd. KN arbeider i Asia, Afrika, Aust-Eu- ropa og Latin-Amerika. Hjelp til reint vatn er noko av det pengane går til. Tekst/ foto: FHS Søndag 11. mars i Sauland Kyrkjelydsmøte/ «årsmøte» Årets konfirmantar frå alle tre bygdene var med og førebudde «Ung Messe» i Sauland kyrkje søndag kveld 8. april. Førebuinga vart gjort i ei samling laur- dagen og søndagen på Hjartdal fjell- stoge. Sokneprest Rune Lia, som leia gudstenesta, og Ragnar Nørstrud var med på førebuinga, og bidrog også i nokre av innslaga til konfirmantane i kyrkja. Nørstrud er nyleg tilsett i ei deltidsstilling i prostiet innanfor ung- domsarbeidet «Ønsket og elsket». Hovudtrekka i ei gudsteneste var ramme, med t.d. inngangsbøn, felles- song med salmar med organisten til tonefølgje på orgel, trusvedkjenning, m.v. Så var det innslag attåt, m.a. med at nokre av konfirmantane framførte song og pianomusikk. Preiketeksta for søndagen vart lesen av ein av gutane. Teksta handla om da Jesus synte seg for disiplane etter krossfestinga og opp- stoda, da dei var ved Tiberiassjøen for å fiske, fiskefangsten Jesus hjalp dei med, og samtalene og spørsmåla mel- lom han og disiplane. Søndag 8. april i Sauland kyrkje ”Ung Messe” med konfirmantane Ein del av konfirmantane fram- førte så ei dramatisering av preike- teksta. Etter dette la nokre av dei fram refleksjonar over teksta, om kva teksta inneheldt og kva ein kunne lære av ho. Ein song som vert bruka mykje på konfirmantleir vart òg framført. Konfirmantane hadde også laga eig- ne bøner, og las dei opp vekselvis med at det var fellessong av salmar. Mot slutten av messa song ei av konfirmantjentene «Amazing gra- ce», med soknepresten på piano. Han omtalte salma som truleg den mest sungne sal- ma i verda. Også i år vart «Ung messe» ei fin gudsteneste, og med godt med folk tilstades. Tekst/ foto: FHS Frå messa. Over: Ragnar Nørst- rud. Under: Frå konfirmantane si dramatisering av preiketeksta. Det faste årlege kyrkjelydsmøtet (ofte kalla årsmøte) fann stad i Sauland kyr- kje etter gudstenesta søndag 11. mars. «Årsmøte» haldast i alle sokn i landet. Før møtet tok til var det kyrkje- kaffe, ordna til av soknerådet. Møta går gjennom m.a. årsmelding, rekneskap, kyrkjeleg verksemd, diako- ni og soknerådsarbeid elles. Kyrkje- verje Arild Bjørnstad sto for gjen- nomgangen. Han nemnde også nytt lovverk for kyrkja som er til hand- saming, og t.d. økonomien lokalt med tanke på m. a. vedlikehald av kyrkjene. Sokneprest Rune Lia for- talde m.a. om konfimantarbeidet, oppgåver som konfirmantane har under gudstenester, m.v. Han minte også om moglegheita for å besøke gudstenestene i «kvarandre sine kyrkjer» i dei tre bygdene. - FHS

Upload: others

Post on 18-Feb-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: under gudstenester, m.v. Han minte/media/hjartdal...gledas landskap. Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon Rusleturar i dei tre bygdene Turane starta opp i fjor, i eit samar-beid mellom

Nr. 2 - mai 2018 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal

INFORMASJON

Sendar/ returadresse (Arven):

Hjartdal sokn, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND

Arven ønsker lesarane ei god

og velsigna pinsehøgtid!

Frå fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp

Bildet: Frå årets innsamlingsaksjon. Her frå Hjartdal kyrkje, med utdeling av innsamlingsbøsser og ID-kort og tildeling av roder. I bakgrunnnen (med ark) Harald T. Løkslid frå den lokale aksjonsleiinga Hjartdal sok-neråd, framme sokneprest Rune Lia. I Sauland og Tuddal var det til-svarande møtepunkt før innsamlara-ne gjekk ut med bøsser.

Tysdag 20. mars var konfirmantar, foreldre o. a. ute med bøsser og samla inn pengar til KN (Kirkens Nødhjelp). Innsamlinga ga eit flott resultat - i alt kr 22 562 i dei tre bygdene (Hjart-dal kr 7 409, Sauland kr 7 868, Tuddal kr 7 285).

Innsamlarane deltok i den årlege fasteaksjonen til inntekt for KNs ar-beid i land med fattigdom og kriser: Katastrofehjelp, langsiktig bistand og påverkning overfor myndigheiter for å oppnå varig økonomisk o. a. rettferd. KN arbeider i Asia, Afrika, Aust-Eu-ropa og Latin-Amerika. Hjelp til reint vatn er noko av det pengane går til.

Tekst/ foto: FHS

Søndag 11. mars i Sauland

Kyrkjelydsmøte/ «årsmøte»

Årets konfirmantar frå alle tre bygdene var med og førebudde «Ung Messe» i Sauland kyrkje søndag kveld 8. april. Førebuinga vart gjort i ei samling laur-dagen og søndagen på Hjartdal fjell-stoge. Sokneprest Rune Lia, som leia gudstenesta, og Ragnar Nørstrud var med på førebuinga, og bidrog også i nokre av innslaga til konfirmantane i kyrkja. Nørstrud er nyleg tilsett i ei deltidsstilling i prostiet innanfor ung-domsarbeidet «Ønsket og elsket». Hovudtrekka i ei gudsteneste var ramme, med t.d. inngangsbøn, felles-song med salmar med organisten til tonefølgje på orgel, trusvedkjenning, m.v. Så var det innslag attåt, m.a. med at nokre av konfirmantane framførte song og pianomusikk. Preiketeksta for søndagen vart lesen av ein av gutane. Teksta handla om da Jesus synte seg for disiplane etter krossfestinga og opp-stoda, da dei var ved Tiberiassjøen for å fiske, fiskefangsten Jesus hjalp dei med, og samtalene og spørsmåla mel-lom han og disiplane.

Søndag 8. april i Sauland kyrkje

”Ung Messe” med konfirmantane

Ein del av konfirmantane fram-førte så ei dramatisering av preike-teksta. Etter dette la nokre av dei fram refleksjonar over teksta, om kva teksta inneheldt og kva ein kunne lære av ho.

Ein song som vert bruka mykje på konfirmantleir vart òg framført. Konfirmantane hadde også laga eig-ne bøner, og las dei opp vekselvis med at det var fellessong av salmar.

Mot slutten av messa song ei av konfirmantjentene «Amazing gra-ce», med soknepresten på piano. Han omtalte salma som truleg den

mest sungne sal-ma i verda. Også i år vart «Ung messe» ei fin gudsteneste, og med godt med folk tilstades. Tekst/ foto: FHS

Frå messa. Over: Ragnar Nørst-rud. Under: Frå konfirmantane si dramatisering av preiketeksta.

Det faste årlege kyrkjelydsmøtet (ofte kalla årsmøte) fann stad i Sauland kyr-kje etter gudstenesta søndag 11. mars. «Årsmøte» haldast i alle sokn i landet.

Før møtet tok til var det kyrkje-kaffe, ordna til av soknerådet.

Møta går gjennom m.a. årsmelding, rekneskap, kyrkjeleg verksemd, diako-ni og soknerådsarbeid elles. Kyrkje-

verje Arild Bjørnstad sto for gjen-nomgangen. Han nemnde også nytt lovverk for kyrkja som er til hand-saming, og t.d. økonomien lokalt med tanke på m. a. vedlikehald av kyrkjene. Sokneprest Rune Lia for-talde m.a. om konfimantarbeidet, oppgåver som konfirmantane har under gudstenester, m.v. Han minte også om moglegheita for å besøke gudstenestene i «kvarandre sine kyrkjer» i dei tre bygdene. - FHS

Page 2: under gudstenester, m.v. Han minte/media/hjartdal...gledas landskap. Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon Rusleturar i dei tre bygdene Turane starta opp i fjor, i eit samar-beid mellom

Side 2 A R V E N Nr. 2-2018

DEN NORSKE KYRKJA

Hjartdal sokn

Redaksjonen avslutta 29.4.2018 Neste nr. av Arven:

Juni 2018 Stoff må vere innkome til 26. mai

Kyrkjelydsbladet

Arven Utgjevar: Hjartdal sokneråd. Soknerådet vel kvart 4. år eit styre for bladet. Redaktør, redigering/ layout: Frøydis Hagene Skoje, Skojevegen 260, 3692 Sauland, tlf. 350 23011/ 47 05 30 35 Abonnement: Bladet sendast gratis til husstandane i kom-munen. Bladet drivast ved fri-viljuge gåver. Ein kan få bladet tilsendt også utanfor kommunen. Arvens bankkonto: 2699.50.38454, Hjartdal og Gransh. Sparebank Etablert: 1949 Opplag: 950 stk. Trykk: Telemark Trykk AS Internett: http://www.hjartdal. kommune.no/kyrkja/arven

Hjartdal sokn

Tilsette

Prestekontoret: Sokneprest Rune Lia, Saulandsvn. 553, 3692 Sauland. Mobiltlf.: 909 80 803 Epost: Rune.lia@hjartdal. kommune.no

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Kyrkjeverje Arild Bjørnstad Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 Sauland tlf. kontor: 350 28024 mobiltlf.: 996 22 352 Epost: fellesraadet@hjartdal. kommune.no Diakon Svanhild Rui Gustavsen mobiltlf.: 915 77 011 Epost: [email protected] Kyrkjetenar Arild Bjørnstad mobiltlf.: 996 22 352 Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde mobiltlf.: 992 58 790 Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud mobiltlf.: 924 45 911 Organist Torild Møinichen Skårdal mobiltlf.: 911 97 667

Valde kyrkjelege råd (nov. 2015 – okt. 2019)

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Leiar: Signe Nordbø Lonar

Hjartdal sokneråd: Leiar: Signe Nordbø Lonar

Andakt til pinse

- Kjære pinse-venner

God pinse! Ja, nå trudde du kanskje at det ikkje

gjaldt deg, for eg er jo ikkje «pinse-venn», tenker du kanskje. Men me feirar pinse i alle kyrkjer over heile verda, slik me au gjer det her hos oss. I år er det gudsteneste i Hjartdal kyrkje på 1. pinsedag, og de er alle velkomne, frå alle bygder og grendelag.

Pinsa er på eit vis den gløymde høg-tida. Ein ekstra fridag på våren er kjekt, og dett var dett. Slik kan det fort bli. Men pinsa er vel verd å stoppe opp ved og feire. Jesus forlet disiplane på Kristi Himmelfartsdag, 40 dagar etter påskedag, stig opp til himmelen, og så vil han at disiplane ikkje skal vere som foreldrelause born. Ja, han seier det slik, rett ut. De skal ikkje vere åleine, så eg sender Talsmannen, seier han. Særleg i Johannes` evangelium kap. 14-16 les me om dette. Det greske ordet er paraklætos, som kan ha ganske vid tyding, men i norsk tradisjon for om-setting er me blitt vande med Talsman-

nen. Ordrett omsett er det «ein som er tilkalla», det vil seie ein som hjelper, er rådgjevar, trøystar eller talsmann. Det kunne òg vore omsett med advokat eller sakførar. Anden, parakleten, er ein som vil føre Jesu sak vidare.

Så me har all grunn til å feire, i takksemd. Guds Son er med oss vida-re, i Anden. Det feirar me i pinsa. Me er ikkje gløymde og forlatne.

Forstå det den som kan. Det er vel ikkje alltid det opplevast slik, når svingane i livet kjem brått på og det meste synast uoverkomeleg. Sjølv i verdas beste land kan ein oppleve at motløysa tek tak.

Og noko svar på dette har eg i grun-nen ikkje. Eg skulle sjølvsagt ønske eg hadde det. Det nærmaste eg kjem er eit enkelt «Tenk på meg, Herre», slik han som hang ved sida stille sukka i sin time.

God pinse til dykk alle! Rune Lia, sokneprest

Temakveld 31. mai i Sauland

Foredrag om «Heilag Olav og pilegrimstradisjonar»

Søndag 4. mars i Hjartdal

Frå familiegudstenesta

Fyrsteamanuensis Herleik Baklid ved Kulturstudiene i Bø, Høgskolen i Sør-øst-Norge, held foredrag om «Heilag Olav og pilegrimstradisjonar» på ein open temakveld torsdag 31. mai kl. 19 på Sauland menighetshus.

Baklid er inspirerande og kunnskaps-rik og har ei eiga evne til å få med seg dei som høyrer på. Han vil òg seie noko om lokale Olavstradisjonar, mel-lom anna teorien om at Heilag Olav kanskje stammar frå traktene i nær-leiken.

Kvelden vert leia av sokneprest Rune Lia. Gratis inngang, enkel servering. Alle velkomne.

Hjartdal sokneråd

I Hjartdal kyrkje var det familieguds-teneste søndag 4. mars. Som i gudste-nestene elles no var nokre av årets konfirmantar med som ministrantar (gudstenestemedhjelparar). Medlemar frå Refleksklubben i Hjartdal bidrog med song. I preika nytta presten fla-nellograf, og borna tilstades kunne sit-te på golvet nær denne for å kunne følgje godt med. - Tekst/ foto: FHS

Bildet: Deltakarar frå Refleksklubben med songinnslag, med to av leiarane - Sissel Bratsberg til v. og Gunvor Løkslid til h. Harald T. Løkslid speler attåt på gitar. Sissel Bratsberg fortal-de også frå arbeidet med Refleks, der 25-30 born og unge jamnleg del-tek på klubbkveldane.

Page 3: under gudstenester, m.v. Han minte/media/hjartdal...gledas landskap. Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon Rusleturar i dei tre bygdene Turane starta opp i fjor, i eit samar-beid mellom

Side 3 A R V E N Nr. 2-2018

Slekters gang

Hjartdal 1/4: Aurora Groven-Nykaas

Sauland

11/3: Håkon Lofthus

Tuddal 30/3: Svein Olav Clausen 30/3: Aksel Hegard

Hjartdal

6/3: Torkjell Skeie f. 1930

Døypte

Gravlagde

Rekneskap for Arven 2017 (samandrag) I bank 1.1.2017 108 636,99 Gåver til drifta av bladet 41 900,00 Ref. mva (kompens.ordning) 5 146,81 Arbeidsgjevaravgift 30,53 Kontormateriell 1 916,40 Anna forbruksmateriell 481,79 Portoutgifter 20 420,77 Trykkeutgifter 21 360,00 Køyreutgifter 1 680,00 Mva (jfr kompens.ordning) 5 146,81 I bank 31.12.2017 104 647,50 155 683,80 155 683,80

Rekneskap v/ Hjartdal sokneråd, 28.02.2018 Revidert av Telemark kommunerevisjon

Palmesøndag 25. mars

Gudstenesta i Bondal

I fin tradisjon var det også i år gudsteneste palmesøndag i gamle Bondal skule. Gudste-nesta vart leia av sokne-prest Rune Lia, den første for han i Bondal. I samværet etterpå var det songinnslag med ein av årets konfirmantar i Tuddal, Tone Reisjå, og det vart servert kaffe og kaker, ordna med av grendelaget. Tekst/ foto: FHS

Helsing frå diakonen Av og til kan det vere godt å ha nokon å dele tankane med, så om du ynskjer ein prat med dia-konen, er du velkommen

til å ta kontakt: Tlf 915 77 011. Eg vandrar gjerne nokre steg

saman med deg, både i sorga og gledas landskap.

Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon

Rusleturar i dei tre bygdene Turane starta opp i fjor, i eit samar-beid mellom soknediakonen i Hjart-dal og Frivilligsentralen i Hjartdal v/ Torunn Gjerjordet.

Vandringar i mai-juni: Sauland: Måndag 14. mai kl. 10, møt opp ved Sauland menighetshus Tuddal: Tysdag 22. mai kl. 10 (merk dagen!), møt opp ved Fossehalli Hjartdal: Måndag 4. juni kl. 10, møt opp ved Bygdesentralen Sauland: Måndag 11. juni kl. 10, møt opp ved Sauland menighetshus Tuddal: Måndag 18. juni kl. 10, møt opp ved Fossehalli

Me vandrar saman, og kan snakke med kvarandre eller berre vere stille. Litt niste og drikke er fint å ha med. Velkommen!

Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon

Velkomen til ei gudsteneste litt uta-nom det vanlege! Søndag 24. juni kl. 11 vert det gudsteneste i Tuddal kyrkje med ord, tonar og liturgi henta frå folkemusikkens rike arv. Me høyrer Knut Buen på fele, Knut Arne Snøås spelar orgel og Torild M. Skårdal på fløyte. Rune Lia er liturg. Kyrkjekaffe med en-kelt program etter gudstenesta. Velkomen til dykk alle! Rune Lia, sokneprest

Palmesøndagskonserten med Sauland barnegospel

Også i år hadde Sauland barne-gospel konsert palmesøndag, basert på påskeevangeliet. I ei fullsett Sau-land kyrkje vart bodskapet formidla med song, musikk, dans, bilde og lesningar. Til slutt var det lysing av velsigninga, før salma ”Deg være ære” vart sunge felles av dei som var tilstades. Barnegospelen bidrog også i fa-miliegudstenesta i Sauland kyrkje søndag 11. mars. - Tekst/ foto: FHS

Opne kyrkjer i sommarferien?

Folkemusikkgudsteneste i Tuddal søndag 24. juni

Bildet er frå eit av danseinnslaga i konserten palmesøndag.

Tenk om kyrkjene kunne vore opne nokre timar kvar dag i juli! Mange er heime i ferien, og legg turen naturleg nok innom kyrkja og kyrkjegar-den. Nokon fer forbi på vegen mellom aust og vest, eller til hytta, og kunne tenkt seg ein stopp med djupare meining. Og ikkje minst hadde det vore fint om bygdas eigne kunne kome til opne dører på varme sommardagar. Sette seg ned nokre minuttar i kyrkjebenk-en, la tankane kvile, be ei bøn, ta inn i seg rommet og stilla.

Om du kan tenke deg å vere med å halde kyrkjene opne ein eller fleire dagar i juli, så ta kontakt med sokneprest Rune Lia på tlf 90 98 08 03. Der-som det blir mange nok som melder seg som kyrkjevertar - nokon må passe litt på - så vil me prøve å få til ei ordning med at ei eller helst alle kyr-kjene er opne i julidagane. Og ikkje tenk at dette «ikkje pas-sar for meg»…, det passar for alle som er glad i bygda og folket og kyrkja si.

Hjartdal sokneråd

Page 4: under gudstenester, m.v. Han minte/media/hjartdal...gledas landskap. Svanhild Rui Gustavsen, soknediakon Rusleturar i dei tre bygdene Turane starta opp i fjor, i eit samar-beid mellom

Gudstenester

Torsdag 17. mai - Grunnlovsdag Preiketekst: Matteus kap. 22, 17–22

-Er det rett å svara skatt til keisaren?- Hjartdal kyrkje kl. 10:

Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Sauland kyrkje kl. 11.30: Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Tuddal kyrkje kl. 15: Gudsteneste. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

Søndag 20. mai - pinsedag

Preiketekst: Johannes kap. 14, 15-21 - Lovnad om Den heilage ande -

Hjartdal kyrkje kl. 11: Gudsteneste. Takkoffer til misjons-prosjektet i Nepal (v/ Normisjon).

Måndag 21. mai - 2. pinsedag Preiketekst: Johannes kap. 6, 44–47

- Den som trur, har evig liv - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

Søndag 27. mai - Treeiningssøndag

Preiketekst: Lukas kap. 10, 21–24 - Kven sonen er -

Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

3. juni - 2. søndag i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 3, 26–30

- Han skal veksa, eg skal minka. - Hjartdal kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til Acta (Normisjons barne- og ungdomsarbeid). Presentasjon av dei nye konfir-mantane.

10. juni - 3. søndag i treeiningstida Preiketekst: Johannes kap. 1, 35-51

- Dei første læresveinane - Sauland kl 11:

Stulsmesse på Vassendstulen (eit stykke inn langs Skårdalsvegen). Takkoffer til lysglobe/ lystre i Sauland kyrkje. Presentasjon av dei nye konfir-mantane. Ta med noe å sitte på. Kaffe etter gudstenesta. Ved regn: Sauland kyrkje.

17. juni - 4. søndag i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 16, 24–27

- Å følgja Jesus - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

Søndag 24. juni - Sankthansdagen/Jonsok/ 5. søndag i treeiningstida

Preiketekst Sankthansdagen: Matteus kap. 11, 7-14

- Jesus vitnar om Johannes. - Preiketekst 5. sønd. i treeiningstida:

Matteus kap. 7, 21–29 - Falske læresveinar. Hus på fjell. -

Tuddal kyrkje kl. 11: Folkemusikkgudsteneste. (Sjå nærmare omtale side 3 i bladet.) Takkoffer til diakoniarbeidet. Presentasjon av dei nye konfir-mantane. - Kyrkjekaffe med enkelt program etter gudstenesta.

Tuddal Normisjon Møte kl. 17, sjå plakat for møtestad. Velkomen til møte: Tysdag 19. juni.

Normisjons venner, Hjartdal Juni: Tur.

Konfirmantfest 21. mai Konfirmantfest måndag 21. mai (2. pinsedag) kl. 18, i Hjartdal mi-sjonshus. Felles for alle tre bygdene. For årskonfirmantane og dei frå 1968 (50-årskonfirmantar). Velkomen også til alle andre som ønskjer å ta del! Hjartdal sokneråd

Gåver til diakonifondet Takk for gåver, 7.10.2017-11.4.2018: John Reidar Engelund 500. Giro 2.11.2017 500. Tone Elise Hykke-rud 500. F. Hagene Skoje 1000. Fondets kontonr.: 2699 11 33363.

Hjartdal sokneråd

Gåver til Arven Gåver i perioden 3.10. - 16.11.2017 (av plassomsyn kjem seinare gåver i seinare blad): Gunvor Prestårhus 200. Astrid Tråer 200. Astrid O. Wang 200. Øyvind K. Fosse 200. Ghirmay G. Fishatsion 50. Torstein Svalestuen 300. Ann May Løkslid Krosshus 300. Gro Berit Hardang 200. Unni Lise Hardang 200. Gullik J. Lonar 300. Gro Anita Øverland Funner 250. Aud S. Kleivane 200. Gunhild O. Tveiten 200. Øystein N. Aasen 200. Gunhild O. Tveiten 200. Tone Asland Brukås 300. Signe Marie Aamaas 200. Tone Mandt Brekke 300. Marianne Vest-

moen Olsen 200. Inger Lise Finne-bråten 200. Anne Maria Gulbrandsen 350. Giro 2.11.2017 250. Sigrid Dahl 200. Kari Timland 200. Grete Isaksen 200. Magne Hvamb 200. Giro 3.11.2017 200. Olav G. Mosebø 100. Kristian O. Åbø 200. Nils K. Bondal 200. Giro 6.11.2017 200. Ruth Eie Sundvor 200. Giro 6.11.2017 200. Toralf Hjartsjø 200. Signe Marie Aamaas 200. Gunvor Våle Klokkerud 200. Ragnhild Frøland Øygarden 200. Ragna Glosimot 300. Sverre H. Haugan 200. Morten Sæther 200. Oddvar O. Skårdal 200. Hilde Reisjå 200. Gunhild Dølen 200. John Berge 250. Giro 7.11.2017 300. Giro 7.11.2017 500. Anne-Marie Hansen 250. Gunhild G. Skaate 200. Gave 7.11.2017 300. Steinar Gulbrandsen 300. Heidi Hovde Skårnes 300. As-laug Landsverk 300. Giro 8.11.2017 200. Kari Lie 200. Anne Nordal 200. Reidun Dahl 200. Gunnar Tho 200. Giro 9.11.2017 200. Giro 9.11.2017 200. Giro 9.11.2017 200. Ingeborg Helene Tjønn 150. Giro 9.11.2017 500. Margit O. Risvoll 200. Ingeborg Kleivane Krøgli 250. Liv Johanne Storgård 100. Giro 10.11.2017 300. Giro 10.11.2017 200. Berit Hirsch Berggren 200. Giro 13.11.2017 150. Reidar S. Tveiten 200. Gunhild Kaasa 500. Astrid L. M. Hafskjold 200. Torunn Hovde Kaasa 300. Ole Øystein Bekkhus 200. Kari Synnøve Løndalen 200. Birger Espevik 200. Anna Hjartsjø 300. Giro 14.11.2017 300. Giro 14.11.2017 500. Halvor Skoje 300. Morgan Thorsen 200. Erling Gaaserud 200. Ragnar Hagen 300. Giro 15.11.2017 200. Giro 15.11.2017 300. Ingebjørg T. Rue 200. Anne O. Hjartsjø 200. Ingebjørg Landsverk 200. Ragnar Frøland 200. Reidar Otto Andersen 200. Giro 16.11.2017 200.

Takk for gåvene! Arven, gåvekonto nr.: 2699.50.38454

Vel møtt til gudsteneste!

Gudstenestelista: Det kan skje endringar med lista som Arven ikkje fangar opp tids-nok i høve trykking og tid mellom utgåvene. Vi minner difor om at gudstenester blir kunngjort også m.a. i annonser i Telen fredagar.