ungdom 04 2015

28
UNG DOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 4/2015 - 99. ÅRGANG Levande lokalkultur Kven veit? 2016 Kulturskulebyen Kongsberg Bunad - kulturarv eller næring? BUL Sarpsborg 100 år Instruktøropplæringa teater Er songdansen liv laga?

Upload: noregs-ungdomslag

Post on 24-Jul-2016

222 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

Ungdom er medlemsbladet til Noregs Ungdomslag.

TRANSCRIPT

Page 1: Ungdom 04 2015

UNGDOMMEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 4/2015 - 99. ÅRGANG

Levande lokalkultur

Kven veit? 2016 • Kulturskulebyen Kongsberg • Bunad - kulturarv eller næring? BUL Sarpsborg 100 år • Instruktøropplæringa teater • Er songdansen liv laga?

Page 2: Ungdom 04 2015

Siste tida har Noregs Ungdomslag sitt engasjement rundt songdans vore flittig diskutert i sosiale medium og

andre kanalar, og då særskilt sentralleddet og styret sitt ansvar i denne samanhengen. Og skulen har vore eit heitt tema i valkampen. Heildagsskule blant anna. Venstresida underbygger argumentasjonen med meir sosial utjamning, betre læring og sikrare leksehjelp. Men korleis påverker heildags-skule ungane si fritid, og kva betyr dette for det breie organisasjonslivet som samfunnet er tufta på?

Utviklinga til songdansen er avhengig av fleire faktorar. Ein av dei viktigaste er rolle- modellar og framsnakkarar. I denne saman-hengen er det instruktørar. Derfor er instruktøropplæringa avgjerande. NU si instruktøropplæring har ikkje fungert optimalt siste åra, det er skadeleg for dansen generelt, og sjølvsagt også for songdansen. Derfor er det så viktig at den desentraliserte ordninga fungerer. Styret i NU har stor tru på at denne ordninga vil utdanne mange fleire instruktørar enn dei siste åra, og forsøka så langt samsvarer med intensjonen.

Mykje skal gjennomgåast i opplæringa, også songdans. Men ei utvikling er viktig. Om ein kallar det songdans, song til dans eller noko anna, er vel ikkje så farleg. Songdansen er som fleire har vore inne på, i kontinuerleg utvikling, og eg oppfattar at NU skal bidra og vere offensiv i denne utviklinga.

Samstundes blir det dansa mykje songdans framleis. Dei store arenaene er likevel borte. Men sommarleiren vår, som me har store ambisjonar for, og som skal bli den framtidige

sentrale motoren i organisasjonen, dansar songdans. Og dei syng mykje, det er spontant og organisert, og det viktigaste er at det er ein del av identiteten til sommarleiren. Dette er ikkje noko pålagt, unaturleg noko.

Lokallaga dansar songdans og har dette som eit fast haldepunkt på øvingane dei har kvar veke. Og det er vel dette som er NU? Den breie aktiviteten som held ved like eit

godt og levande lokalmiljø. Meir enn enkelt-fyrtårn som festivalar og anna, som mønstrar mykje folk ein gong i året. Me treng dei òg, men den jamne, faste aktiviteten er viktig for utviklinga av vår felles folkemusikk- og folkedansarv.

I NU er det dette som er styrken og driv-krafta, at våre rundt 400 lokallag driv ei eller anna form for aktivitet året rundt. Og det er lokalt styrt. Her kan ikkje styret sen-tralt drive aktiviteten. Me skal legge til rette for fagleg utvikling, bevisstgjering og så gode rammer som mogleg, men aktiviteten, inkludert songdansen må brukast lokalt, og det blir han i dag.

Redaktør: Guro RedalenAnsvarleg redaktør: Eli UlvestadOpplag: 5000Bladbunad, trykk og annonsebyrå:Flisa Trykkeri ASFramsidefoto: Deltakarar på barne- instruktørkurs i Bergen. Foto: Halldis Folkedal

Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 OsloTelefon: 24 14 11 10Mail: [email protected]

Generalsekretær: Eli Ulvestad Tlf.: 24 14 11 12, [email protected]ådgjevar: Guro RedalenTlf. : 24 14 11 14, [email protected]ådgjevar: Halldis FolkedalTlf.: 24 14 11 15, [email protected]ådgjevar: Åshild Mjelde Nordås Tlf.: 24 14 11 13, [email protected]:Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 [email protected] kulturformidling:Anne-Marte Før [email protected]

Kontonummer: 8101 07 00027Organisasjonsnummer: 939 550 550

www.ungdomslag.nofacebook.com/noregsungdomslaginstagram.com/ungdomslag

Stoffrist neste Ungdom:15. februar

Endre KleivelandLeiar i Noregs Ungdomslag

Vårt felles ansvar

Deltakarane på Sommarleiren 2015 dansar stordans på kanalbåten Telemarken

2 UNGDOM 04/2015

Page 3: Ungdom 04 2015

KULTUR

NU-KULTURFORMIDLINGTEKST: ANNE-MARTE FØR FOTO: KRISTIANNE MARØY

– Kom heller til meg her på fjellet, song Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland frå scena på Haukly Ungdomshus hausten for to år sidan. Dei hausta ståande applaus. Duoen og Noregs Ungdomslag samarbeidde den gongen om å finne gode scener til Noregs- turneen Heimafrå. Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag vart ein av mange konsert- arrangørar. I kjølvatnet av samarbeidet voks det fram eit prosjekt. Lenge hadde NU tenkt tanken, husa er ein unik kulturskatt, men no blei det ein ekstra motivasjon til å gjera alvor av NU Kulturformidling.

Så, kva er eigentleg NU Kulturformidling? Jo, ungdomshusa dannar ei rekke moglege turné-ruter med intime, lokale konsertscener, på stader der ein vanlegvis ikkje får servert profesjonell scenekunst. Denne infrastruk-turen og desse husa både kan og bør nyttast til glede for artistar og lokalsamfunna. Dei er allereie små kulturhus, og mange av dei står og ventar – ventar på fullsett sal, ventar på

utøvarar fulle av forventing, på formidling, på applaus. Ja, kanskje til og med ståande applaus.

I november vart underteikna tilsett i ei delstil-ling her hjå Noregs Ungdomslag. Oppgåva er å setta NU Kulturformidling ut i livet, i fyrste omgang gjennomføre eit forprosjekt. Det skal samlast inn og systematiserast vesentleg informasjon om dei ulike husa, og desse skal gjerast tilgjengelege i ein database. Vidare skal NU gjera lokallaga rusta til å ta imot profesjonelle utøvarar og apparatet kring desse. Kurs, malar og informasjon om korleis ein skal vera konsertarrangør, kva vert for-venta, rettar og plikter osb. skal utformast for lokallaga. Og, ikkje minst, lyt me kartlegge kven av dykk som ynskjer å vera med som arrangørar.

Og kven er eg? Eg nærmar meg midten av tretti-åra, har ein son på 8 år og eit småbruk utan sau. Eg kjem frå Valdres og bur framleis

der, men har gleda av å nyte bylivet i Oslo nokre dagar i veka. Kulturprosjektleiing er både utdanninga og arbeidserfaringa mi. Eg har bakgrunn frå friluftsteater, folkemusikk-festivalen Jørn Hilme-stemnet og rockefes-tivalen Vinjerock, mellom anna. Sjølv har eg ikkje vore med i noko ungdomslag, men eg kjenner meg godt heime i dei verdiane som NU står for. Eg har sauma ein bunad ein gong, høyrer på folkemusikk når eg køyrer bil, skriv nynorsk og likar teater – slik kort summert.

Eg kjem til å høyre av meg i løpet av vinteren og satsar på at de vil vera med å bygge solide vertskap langs spennande turné-ruter. Og gå for den ståande applausen, sjølvsagt.

INNHALD4 Kven veit? 20166 Kulturskulebyen Kongsberg8 Landsrådsmøte og feiring av BUL Sarpsborg9 Ole Vig-prisen10 Notisar12 Instruktøropplæringa teater14 Bunad - kulturarv eller næring15 Nordisk draktseminar16 Tonje (16) syr sin eigen bunad18 ”Eg visste ikkje du kunne danse!”20 Er songdansen liv laga?21 Haustseminar i Leikarringen Symra22 Minneord Ola Normann Strand23 Opning av nybygg Mjeldal UL24 Reisebrev ifrå Amerika25 Studieforbundet: Satsar på teateropplæring26 Annonsar28 Korleis er det å delta på sommarleir?

04/2015 UNGDOM 3

Page 4: Ungdom 04 2015

Kven veit? er ei kunnskapstevling der delta-karane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga. Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar, tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese arti-klar knytt til temaet.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar laga på spørsmål henta dels frå temaet og dels frå allmennkunnskap.

DELTAKARAVGIFTDeltakaravgifta for Senior er kr 450 for kvar gruppe i tillegg til kr 65 per deltakar for studiemateriell. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppa kr 300.

Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

VIKTIGE DATOAR:• 10. januar: Påmeldingsfrist for laga

• Veke 8: 1. tevlingsveke

• Veke 11: 2. tevlingsveke

• Veke 14: 3. tevlingsveke

15. april: Kåring av vinnar

På heimesidene våre finn du påmeldings-skjema og meir om reglane for tevlinga.

Bli med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2016 er temaet Ungdom i 100! i høve at medlemsbladet Ungdom kjem ut i sin 100. årgang.

KVEN VEIT?

Klar for kunnskapstevlinga Kven veit?

Framsidene har og endra seg på 100 år!

4 UNGDOM 04/2015

Page 5: Ungdom 04 2015

KVEN VEIT?

Som dei fleste andre føresette hadde NU høge ambisjonar for den nye bodstikka. På dei første sidene i den første utgåva kan ein lese dette:

”Norsk Ungdom kjem i dag med sitt fyrste nummer. Han er ikkje stor karen just, men frisk og moda likevel. Og slik vil han vera: saltfrisk og kvikk, men attaat rik paa tankar, hugmaal, vilje, tru. Sitt ord vil han ikkje dylja, men segja det fritt og sterkt, so det kann skapa ettertanke; lokka, draga, forarga. Han vil vera som Andvakeluren, so han kann vekkja; som motoren, so han kann skuva paa; som kniven, so han kann rispa i daudkjøtet.

Han vil vera som ein god ven, som kann gjeva raad og rettleiding; ein trugen ærendsvein, som kann bera helsing og bòd fraa dei tusen lag; eit livande band, som kann styrkja frilynd ungdom i kampen og i samheldet.

Han vil vera den yngste millom ungdomen, med open hug mot verdi den vide for alle nye tankar,for alt stort og godt som kan ovra seg i aandsliv og næringsliv.

Han vil halde linone klaare for den frilynd ungdomsrørsla, kveikja den ideale og nasjonale hugen, gjera sitt tilat ungdomen kann veksa paa gamle grunnar; at han kann slaa djupe røter i norsk jord, det nasjonale; at han kann slaa greinene vid ut i lufti, d.e. menneskjelivet: at han kann faa strekkja kruna høgt mot himmelen, so soli den bjarte fær lysa og varma. Daa vert det harmoniske vokster, er det von. Han vil gjera sitt til at me kann faa ei megtig bondereising, ei reising innan ifraa, ifraa hjarte og heile. Den frilynde ungdomen, som er paalagt berre bondeung-domen, lyt koma sterkt med i aandslivet og faa sin daap der, so dei indre kreftene kan verta sterke, for det er dei det spyrst etter naar det gjeld reisingsarbeid.

Bonden er eldste mannen i garden, han hev dei djupaste røtene i norsk jord, han gøymde arven naar andre miste, og han bygde vidare paa denne arven, gav dei gamel kulturskatt-ane herleg vokster upp igjennom tidene. Difor lyt han vere grunnlaget, mergen i folket. Det norske folkelivet maa veksa upp av bonderot, mykje heilare og sterkare enn til dessar, um det norske skal verta. Det maa faa sin svip og daam, stil og smak, lèt og tone ifraa bon-deheimen. Daa fyrst vert det friskt og sterkt og norskt i alle si rørsle.

Denne uppgaava lyt bondeungdomen løysa. Her hev han pligter og andsvar for fedrelandet meri enn nokon anna. Di gjeld det at hanvert klaar yver si stoda, so han kann faa viljen til aa retta det rengde med heilan hug.

Ja rett no gjeld det at me fær ein ungdom som ikkje let hugmaali dala, ein ungdom som er sterk nok til aa gjera eit reisingsarbeid for gamle Norig, ein ungdom som er buen til aa verja landet og varna um kulturskattane, og pløgja og saa i norsk jord og norsk aandsliv. Daa skal fedrelandet ”bløma blidt”, og atter ein dag standa frelst og fritt. ”Norsk Ungdom” vil gjerne hjelpa til med dette.

Kom so ungdom og slaa fylgje, so skal de sjaa det skal muna.”

NORSKUNGDOM– BODSTIKKA FOR NORIGS UNGDOMSLAG

Henta ifrå Ungdom 1939, men fortsatt er det vel nokon som lever etter desse boda?

Eit av mange dansefoto i arkivet. Bilete er merkt med foto: Berit Nergård Nyre, Harstad.

04/2015 UNGDOM 5

Page 6: Ungdom 04 2015

FOLKEDANS I KULTURSKULENFor nokre år tilbake gjennomførte Noregs Ungdomslag eit prosjekt der ein såg på korleis ungdomslag kan ha samarbeid om folkedans med kulturskular. I haust starta Kongsberg kulturskole opp tilbod i folkedans i samarbeid

med BUL Kongsberg. – Mykje av bakgrunnen for at me i BUL Kongsberg ville ha samarbeid med kulturskulen, var at me opplevde min-kande rekruttering til det vanlege arbeidet vårt, seier Aud Drotningsvik. Difor tok me kontakt med kulturskulen og søkte om midlar

til å testa ut eit slikt samarbeid, seier ho. Aud er koordinator for folkedanstilbodet i samarbeid med kulturskulerektoren. Som koordinator fokuserer ho mellom anna på det faglege innhaldet og på å koordinera dei ulike instruktørane som underviser på

Eg står inne i gangen i det store ærverdige trehuset som Kongsberg kulturskole held til i. Eg er her for å snakka om det nye folkedanstilbodet i Kongsberg kulturskole. Rundt omkring høyrer eg nokon som syng ariar, nokre born sit og ventar på å få undervisinga si, og andre born har nettopp kome inn i huset og tek av seg skoa sine. Huset er nemleg skofritt, men har tjukkelabbar liggande i ei korg dersom nokon treng det. Ein heime-koseleg atmosfære må vera gode rammer for kulturskuleopplæring, tenkjer eg, medan eg ventar på kulturskulerektor Irene Bjørnnes.TEKST OG FOTO: HALLDIS FOLKEDAL

KULTURSKULEBYENKongsberg

6 UNGDOM 04/2015

Page 7: Ungdom 04 2015

folkedanstilbodet. Dei har nemleg valt ein modell der dei deler undervisinga på fleire instruktørar. På øvinga denne måndagen er det tre instruktørar: Sigbjørn Rua, Iselin Møller Svendsen og Kjersti Søli. I tillegg til desse instruktørane er Hege Johnrud og Margrete Vaskinn med. – Når me er så mange instruk-tørar innom, er det særleg viktig at det er nokre som er innom kvar gong, sidan elevane er så unge, seier Kjersti Søli. Me fokuserer òg mykje på god kommunikasjon mellom instruktørane, me har ein årsplan som me går ut frå, og ei repertoarliste som me brukar.

Fyrste gongen det vart forsøkt med folkedans i kulturskulen i Kongsberg, var i fjor, men skulen fekk då for få påmelde. I år er det 22 påmelde i aldersgruppa 5–6 år. – Mykje av grunnen til den gode påmeldinga er nok at me hadde rekrutteringsrunde i barnehagen der Sigbjørn Rua reiste rundt og dansa med dei eldste i barnehagane. Året før hadde me berre annonsering, så det er tydeleg at dei fysiske møta med dansen og musikken har gjeve utslaget for den gode påmeldinga, seier Aud.

KULTURSKULEN + LOKALE LAG = SANT– For meg som kulturskulerektor er det natur-leg å tenkja samarbeid med lag og organisa-sjonar, og det har me hatt frå oppstarten av her i Kongsberg kulturskole. Me samarbeider breitt med spelemannslag, korps, kor og no også om folkedans. Eg tenkjer at det også er ein styrke å halda ved like organisasjonane, og tenkjer at dette er vinn-vinn for både kulturskular og organisasjonar. I tillegg ser eg på samarbeid mellom frivillige lag og kultur-skular som eit ledd i arbeidet med å sjå kul-turskulen som eit lokalt ressurssenter, seier

kulturskulerektor Irene Bjørnnes. Folkedans er òg fyrste dansesjanger som kulturskulen har. – Eg tenkjer at det er viktig for kultursku-len å ha eit mest mogleg mangfaldig tilbod som er inkluderande. Det burde vel heller ikkje vera ein fasit på kva dansesjanger som finst i kulturskulane, ikkje alle born finn seg til rette i klassisk ballett eller hip hop heller, held Irene fram. Frå før av har kulturskulen eit etablert tilbod innanfor folkemusikk.

– Folkemusikk har vore med frå starten, seier mangeårig lærar i Kongsberg kulturskole, Veslemøy Fjerdingstad. Veslemøy underviser i dag tilboda musikk fra livets begynnelse 0–1 år og 1–3 år, musikkleik 3–6 år og kveding med 40 elevar. – I tillegg har me hatt noko som heiter folkemusikkverkstad, ute i sku-lane, der elevane har fått prøva både dans, hardingfele, kveding og blåseinstrument, og dei verkstadane har alltid vore populære, held ho fram.

FINANSIERING OG FRAMHALD AV TILBODETTilbodet som kom i gang no i haust, har vorte finansiert eksternt. Både i 2015 og i 2016 kan ein søkja Rådet for folkemusikk og folkedans om prosjektstøtte til samarbeidsprosjekt mellom lag og kulturskular. I tillegg har til-bodet fått finansiering gjennom utviklings- midlar i Norsk kulturskuleråd. For å få finan- siering gjennom slike ordningar må ein sjølv-sagt skriva gode søknader med eit godt bud-sjett, noko som dei har fått til i Kongsberg.

– Allereie no har kulturskulen starta arbeidet med å finna rom for folkedansen innanfor eige kulturskulebudsjett, så me håpar å få til ei vidareføring, avsluttar Irene.

BUL KONGSBERG

TIPS TIL KORLEIS EIN KAN STARTA OPP FOLKEDANS I KULTURSKULEN: • Samarbeidlokalt,kallinntilmøte mellomulikepartar,oglagskissetil samarbeidsavtale.• Kartleggaktuelleinstruktørar/ pedagogariområdet.Hardenokon dersomkanverafastlærar,ellerhar defleiresomkandelapåtilbodet?• Finnutkvamålgruppedevilsatsapå.• Søkpengar:Dekansøkjapengar bådehjåRådetforfolkemusikkog folkedansogutviklingsmidlari Norskkulturskoleråd.• Rekrutteraktivtinnimålgruppa, tildømesvedåhatilbodiskulen ellerbarnehagen.

FAKTA OM KONGSBERG KULTURSKOLE• Startai1993ogharheiletidavore einkulturskule.• Fyrstedansesjangerikulturskulen: folkedans.• Har550elevplassar(Kongsberghar busetnadpå26000).• Hareirekkjetilbodinnanfor folkemusikk.• Kongsbergerògeinsyngande kommune,dvs.atdeiermedpå Krafttakforsongogfolkesong.• 20.novemberopnarkulturskulen eitmusikkteaterderdeiinviterer allelagikommunentilåsamarbeida medkulturskulenomålagaei framsyning.

04/2015 UNGDOM 7

Page 8: Ungdom 04 2015

BUL SARPSBORG

Det var fleire saker på timeplanen denne helga, og landsrådet hadde gode og viktige drøftingar. Mellom anna drøfta ein korleis fylkeslaga og sentralleddet i fellesskap kan arbeide for å få fleire til å reise på sommarleir. I tillegg drøfta ein innhald i NU si instruk-tøropplæring innanfor teater, og kva eit nytt sentralt arrangement kan innehalde.

Besøksrunden til alle lokallaga i Noregs Ungdomslag er noko som alle fylkeslaga er oppteken av. Runden er godt i gang, og fleire av fylkeslaga gav gode tilbakemeldingar om besøket. Fylkeslaga som enno ikkje vore med på besøka uttrykte forventningar til det blir deira tur.

Sidan møtet var lagt til Sarpsborg denne helga fekk også deltakarane oppleve jubileumsfesten med middag og dans. Og på sundagen avslutta landsrådsmøtet med ein tur ut i Sarpsborg-sola, og omvisning på Matstova til BUL Sarpsborg (sjå bilete øvst.)

Landsrådet er samansett av fylkeslagsleiarane i Noregs Ungdomslag, og dei møtest kvar haust saman med styret i Noregs Ungdomslag. Årets Landsrådsmøtet i år vart lagt til Sarpsborg 16. -18. oktober i samband med at BUL Sarpsborg feira sine første hundre år.

LANDSRÅDSMØTET ISARPSBORG

Høg aktivitet på dansegolvet under jubileumsfesten til

BUL Sarpsborg.Deltakarane på Landsrådsmøtet fekk omvisning på Matstova

som ligg sentralt på torget i Sarpsborg.

8 UNGDOM 04/2015

Page 9: Ungdom 04 2015

OLE VIG-PRISEN

Helene Storstrøm Auset har gjennom sitt dedikerte arbeid i mange år skapt eit miljø der unge får oppgåver og ansvar, og gjen-nom det gitt dei moglegheit til å utvikle seg sjølve. Mange av dei aktive unge har gått vidare inn i danseprosjekt for scenisk

produksjon. Ho er ein dyktig pedagog både som lærar i dans og som barne- og ungomsleiar generelt. Når Noregs Ungdomslag no ut- arbeider nye planar for folkedansopplæringa i Noreg, er det sjølvsagt at Helene Storstrøm Auset er med i arbeidet. Innsatsen hennar er

avgjerande for tilbodet om folkedans i Sarpsborg og i Østfold.

Prisen er på 10 000 kr og eit diplom og blei delt ut i kulturhuset Kimen i Stjørdal torsdag 3. desember 2015.

Vinnar av Ole Vig-prisen for 2015 er Helene Storstrøm Auset. Ho får prisen for sitt store lokale og regionale kulturarbeid retta mot born og unge. Helene er utdanna førskolelærar og instruktør i folkedans. Ho brukar fritida si, iveren sin og kompetansen sin til å vidare-føre lokalt tradisjonsstoff. Dette gjer ho på ein inspirerande måte og med stor glede.

tildelt Ole Vig-prisen 2015Helene Storstrøm Auset

Ungdomsgruppa i BUL Sarpsborg.Bak f.v: Ingrid Eng Johansen, Helene S. Auset, Christina Nome, Hans Hovland Løvlien, Cathrine Ringsrud, Oda Johansen, Victoria Elisabeth HalvorsenFramme f.v. Tonje Johannessen Stabbetorp, Raymon Holm

Styrleleiar i NU Endre Kleiveland nytta høvet under jubileumsfesten til å gratulere Helene med tildelinga.

TEKST: OLE VIG-FONDET

04/2015 UNGDOM 9

Page 10: Ungdom 04 2015

Språkfakta 2015 er den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk. I 20 år har Ottar Grepstad samla og sjølv utvikla store mengder statistisk informa-sjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med særleg vekt på nynorsk og bokmål.

Kommentarar og analysar av 867 tabellar er forma til ei forteljing om identitet, utbreiing og meining gjennom fleire tusen år. Halv-parten av dei har ikkje vore gitt ut før i den forma dei har fått. Alle tabellane blir publiserte på aasentunet.no.

Fem fantastiske språkfakta:1. 93 prosent av nynorskelevane i vidaregåande skule bur på Vestlandet.2. Summer Institute of Linguistics har registrert 626 språk i bruk i Europa per 2015.3. 47 språk har vore brukte i finalesongane i Eurovision Song Contest.4. EU har 24 offisielle språk, Europarådet to.5. Undersøkingar viser at svenskar og danskar forstår bokmål berre litt betre enn nynorsk.

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

RFF-PRISEN 2015 TIL GUNNAR STUBSEID

Rådet for folkemusikk og folkedans har tildelt Rff-prisen for 2015 til spelmannen, forfattaren og kulturar-beidaren Gunnar Stubseid (f. 1948) frå Bygland i Setesdal. Han får prisen for si store allsidigheit og engasjement, som mellom anna omfattar ein betydeleg innsats for etableringa og utviklinga av Ole Bull Akademiet, ein karriere som ein av våre fremste hardingfelespel-menn, både som soloutøvar og med fleire nyskapande samspelprosjekt, og eit man-gesidig forfattarskap på folkemusikkfeltet.

Rff-prisen blir tildelt av Rådet for folkemusikk og folkedans til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats på folkemusikk- og/eller folkedansfeltet. Prisen blei stifta i 1993 og har sidan blitt utdelt årleg. Rff-prisen er på 25 000 kroner og blei delt ut 29. oktober under Årskonferansen til Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim.

SPRÅKFAKTA 2015

HAR LAGET FÅTT PENGEGÅVER I 2015?

Privatpersonar som gir gåver til frivillige organisasjonar, kan få skattefrådrag for gåvebeløpet. Dette krev at laget melder inn til moderorganisasjonen kven som har gitt gåve, og kor mykje vedkomande har gitt. Hugs å melde frå om dette til NU innan 10. januar 2016 på [email protected].

NOMINASJONAR TIL VALNEMNDA

Landsmøtet i NU blir i 2016 halde 23. - 24. april. Valnemnda i NU skal innstille på val av styre, og dei ønskjer innspel om dugande kandidatar. Har laget ditt forslag til personar, kan dette sendast til [email protected] innan 15. desember.

NY BOK OM MENUETTENS HISTORIE I NORDEN! Boka Menuetten – älskl ings -dansen handlar om den unike menuettkulturen i Frankrike, Sverige,

Finland, Danmark og Noreg. Både hos herrar, kongar og folk. Ho er på 328 sider og kan tingast via Finlands Svenska Folkdansring rf: [email protected]

BESØKSRUNDE 2016Neste år går turen til:NordlandTromsVest-AgderØstfoldVestfold

10 UNGDOM 04/2015

Page 11: Ungdom 04 2015

TØLLEIV – NY CD

Torleiv Bolstad, kalla Tølleiv, er utan tvil den mest kjende spelemannen frå Valdres frå førre hundreåret. Han forvalta tradisjonen, men sette sitt stempel på slåttane. Norsk folkemusikksamling gir ut ei samling med opptak frå 1960–1977, der Tølleiv spelar springarar, hallingar og bondelåttar, men også ei heil rekkje lydarlåttar og litt runddans. Med tre unnatak er opptaka frå dei siste leveåra hans, både frå platestudio og opptak til bruk i hardingfeleverket.

NYTT FOLKEDANSPROSJEKT I HORDALAND

Hardingfela.no, ved eigarane Hardanger og Voss Museum og Ole Bull Akademiet, vil i samarbeid med Hordaland folkemusikklag og Hordaland ungdomslag ta eit større ansvar for ei auka satsing på folkedansen i fylket. Dei har difor tenkt å setja i gang eit danse-prosjekt for å sikra at tradisjonar og handlingsboren kunnskap vert dokumenterte og vidareførte til nye generasjonar.

I fyrste omgang har dei søkt om og fått løyvingar til eit for- prosjekt som skal klargjera kva innhald, rolle og organisering hovudprosjektet skal ha. Forprosjektet skal ta til på våren 2016, og søknadsfrist for å søkja som prosjektleiar for forprosjektet var 31. oktober. Sjå olebull.no for meir info.

ISLEIK 7.–17. JULI 2016

I juli neste år vert det skipa til Isleik av Nordlekorga-nisasjonen på Island. Her vert det dans, musikk, turar og opplevingar. Gå inn på nettsida: www.isdans.is/isleik2016.htm for å sjå meir om programmet.

PARAPLYPOLS I BERGENTidlegare i haust var det barne- instruktørkurs i Bergen, og kva høver vel betre enn å lære paraplypols her? Dette var oppstarten av ny instruktør- modell (kakestykkemodell) i NU, og 24 engasjerte del- takarar frå heile landet trødde dansegolvet i Gimle. Hordaland ungdomslag var medarrangør.

FØLG OSS PÅ INSTAGRAM

Ungmøyar slår Havstrilar. Neversko eller skogs-fane når ikkje opp mot ein pøse. Eller Draumen. Følger du @ungdomslag på Instagram, skjønar du kva det er snakk om. Og då fekk du nok med deg då Garborg song bursdagssong til Aasen tidlegare i haust òg. Om ikkje er det berre å fylgje med! https://instagram.com/ungdomslag/

MINNEPRIS TIL UNG HARDINGSPELAR FRÅ BERGEN

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlands- kappleiken i Førde laurdag 10. oktober.

Kårhild Husby Nordstad får prisen for talentet sitt på hardingfele. Ho er ein dyktig utøvar med bakgrunn i Bergen Kulturskole og Bergen Juniorspelemannslag. Ho har vore aktiv i spel og dans i Bergen Ungdomslag Ervingen i fleire år og vist seg som eit stort talent og ein musikalsk pådrivar både som solist og i mindre grupper og spelemannslag.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande hardingfeleutøvarar frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen i 2004, berre 17 år gamal.

04/2015 UNGDOM 11

Page 12: Ungdom 04 2015

Det har lenge vore ein trend i Noregs Ung-domslag at arrangement i regi av sentralled-det ikkje har oppslutnad frå medlemane, og dette har vi teke innover oss i arbeidet med ny modell. Vi kunne lett ha gjeve opp og sagt at greitt, om de ikkje er interesserte i kurs, så skal de få sleppe. Men det er viktig for Noregs Ungdomslag som organisasjon å ha gode, lokale, instruktørar og gje fagleg støtte til desse, så difor prøver vi igjen.

Den største skilnaden utanom det faglege innhaldet er at de må sjølve melde frå om kva behov de har for instruktørkurs. Melder de ikkje frå, vert det mest sannsynleg ikkje noko kurs nær deg. Kursa skal kome frå eit lokalt behov og arrangerast regionalt med teknisk tilrettelegging frå fylkesledda og fagleg tilrettelegging frå sentralleddet. Men sjølv om kursa vert regionale, er dei framleis opne for alle i heile landet og vert marknadsført

deretter. Om det til dømes er kurs i Ørsta, kan nokon frå Troms kome på det kurset om dei ynskjer det.

Når det gjeld det faglege, er det lagt opp til eitt basiskurs i leiing og regi, etterfølgt av meir temaspesifikke instruktørkurs. Med temaspesifikke meiner vi instruktørkurs for barneteater, revy, musikal etc. Basis-kurset vert framleis i sentral regi, medan dei

Noregs Ungdomslag har lange tradisjonar for instruktøropplæring innan teater. Formatet opplæringa har vore i, har endra seg mange gonger oppigjennom åra. Siste versjonen var ein helgebasert todelt modulmodell i regi av sentralleddet i NU. Denne modellen var ikkje nokon suksess, det var laber påmelding, trass i at mange lag ytra ynske om og behov for instruktøropplæring. TEKST: ÅSHILD MJELDE NORDÅS FOTO: SINDRE VASKINN HUNN

Ny modell:Instruktøropplæring, teater i Noregs Ungdomslag

Foto frå sommarleiren 2015.

12 UNGDOM 04/2015

Page 13: Ungdom 04 2015

temaspesifikke vert regionale. Vi har ein avtale med Det Norske Teatret om ei fast helg tidleg kvar haust (17.–18. september 2016) med eit helgekurs i leiing og regi, då i utgangspunktet med instruktørar frå Det Norske Teatret. Dette kurset vil vi prøve ut under Storkurset i Stavanger 5.–7. februar 2016.

Bakgrunnen for å dele inn basiskurset i to tema er at langt dei fleste instruktørane i våre lokallag ikkje har formell utdanning innan regi/skodespel, og mange har heller aldri gått på noka form for kurs i dette (men har gjerne mange år med realkompetanse innan amatørteater). Dei er i tillegg ofte aleine som «sjef» for ei teatergruppe, noko som inneber at dei må ta seg av langt meir enn det ein regissør vanlegvis må gjere. Dette betyr at deira rolle som regissør ofte vert vanskeleggjort og enda meir utfordrande enn det ho treng vere. Dei kan ikkje berre fokusere på det som skjer på scena, men må i tillegg fungere som produsent, koordinator, inspisient m.m. Dette fører ofte til at dei anten endar opp med å bruke altfor mykje tid på rein leiing og ikkje nok på regi, eller at dei ikkje klarar å samle troppane fordi dei ikkje maktar eller har nok røynsle til den delen av leiarrolla som ikkje omhandlar regi.

Ideelt sett klarar ein å legge opp til at det å leie ei teatergruppe og det å ha regi er (minst) to ulike roller og bør fordelast på meir enn berre éin person. Diverre ser vi at mange av våre grupper ikkje har kapasitet lokalt til å få gjennomslag for dette, så det nest beste er å gje eldsjelene fleire og betre verkty i verktykassa slik at dei lettare kan skilje dei ulike rollene og dermed anten lettare få gjennomslagskraft i gruppa eller ha betre kompetanse til å gjere begge delar.

Vi ynskjer difor å kunne tilby våre teater- grupper ei inspirerande instruktøropp- læringshelg på Det Norske Teatret der dei lokale eldsjelene kan få nettopp fleire verkty i verktykassa si. Målgruppa er i hovudsak dei som har lite eller inga instruktørerfaring frå før, men gjerne har erfaring som skode-spelar. Kurset kan òg vere aktuelt for dei som i utgangspunktet ikkje driv med skodespel, men har regi på danseframsyningar.

KURSAFor å auke merksemda på dei ulike rollene i ein produksjon, og i tillegg gje deltakarane høve til å kjenne litt på kva rolle som faktisk passar dei sjølve best, vil vi dele helga med basiskurs i to tema.

Den eine dagen har vekt på produsentrolla og gruppeleiing. Kva skil / er felles for ein leiar og ein produsent? Korleis hevdar ein seg som leiar? Korleis skil ein rollene som produsent og regissør? Det er ulike tilnær-mingar til ulike aldersgrupper. Samarbeid internt i gruppa – korleis får ein alle til å trekkje i same retninga? Korleis fordeler ein oppgåver? Framdriftsplan. Strukturar og hierarki i ei teatergruppe, handtering av konfliktar.

Andre dagen er søkelyset på regissørrolla. Kva er det grunnleggande ein bør kunne for å ta på seg rolla som regissør? Tolking av stykke (til dømes val av tidsperiode, kva kan ein endre i eit manus? Kva er kjernen i eit manus? Kva vil ein fortelje?), rollefordeling, framdrift, pedagogikk (skilnad barn/ung/vaksen), rolletolking, oppvarming m.m.

Neste nivå, dei temaspesifikke kursa, er meint for dei som allereie har teke basiskur-set, har teke andre instruktørkurs før eller har realkompetanse innan regi for amatør- teatergrupper. Desse kursa har naturleg nok meir vekt på nyttige verkty som er spesifikke for det aktuelle temaet, til dømes kva ein må ha ekstra vekt på dersom ein arbeider med barn, kva er utfordringane knytt til det, og korleis kan ein kome desse i møte? Det viktige med desse kursa er at det er de som må melde frå! Om de manglar instruktørar i ditt lag, om dei som er instruktørar i dag, treng meir fagleg tyngde/inspirasjon, om de ynskjer fleire instruktørar, så må de melde inn behov for kurs til sentralleddet. Då må de seie kva tema de treng kurs i, kor mange aktuelle personar de har i ditt lag, og kva tid de kunne tenke dykk eit kurs. Send e-post til [email protected].

I mellomtida: Sjåast på storkurset i Stavanger 5.–7. februar 2016!

INSTRUKTØR- OPPLÆRING

VELKOMMEN TIL STORKURS I STAVANGER! 5.-7. FEB. 2016

Me tilbyr desse kursa:

1. Kurs i hardingfele2. Kurs i langeleik3. Kurs i torader4. Kurs i kveding5. Kurs i balldansar6. Ung på scenen7. Instruktørkurs Folkedans8. Instruktørkurs Teater9. Organisasjonskurs

PÅMELDINGSFRIST

15. JANUAR 2016All påmelding til: [email protected] Kontaktperson er: Anne Marie Nerby. Tlf. 922 87 911 eller e-post: [email protected]

Sjå www.rogaland.ungdomslag.no for meir informasjon om dei ulike kursa.

04/2015 UNGDOM 13

Page 14: Ungdom 04 2015

Trass i forankringa og statusen til bunaden har endringane i bunadsproduksjonen dei siste tiåra vore store. For i dag finn bunads-produksjonen seg ein stad mellom det å vere ein heimleg fritidssyssel og ei næring med millionar i omsetting og hard konkurranse. Spørsmålet vert difor: Korleis skal bunads-produksjonen sjå ut i framtida, og kven forvaltar kulturarven til bunaden? 10. og 11. september samla husflids- butikkar, interesseorganisasjonar, museum, kulturforskarar og andre fagfolk seg til dei årlege Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes. Og temaet i år var nettopp berekraft i bunadsnæringa.

SEMINAR MED NY FORSKING PÅ FELTETUtgreiinga Bærekraft i bunadsnæringa er ny forsking på feltet og vart lagt fram på seminaret.– Bunadsnæringa er ei relativt ny næring. For ikkje mange år sidan vart dette arbeidet berre utført i private heimar. Nå ønskjer vi å forske vidare på å styrke dei enkelte aktørane, men også skape høve for betre samarbeid, forklarte prosjektleiar Mette Vårdal.

Utgreiinga kastar lys over utfordringane til dei fire ulike aktørane i bunadsnæringa: rettshavarane, dei som syr og monterer, underleverandørane i Noreg, og dei som sel i Noreg, men har produksjonen i utlandet.

FELLES STRATEGI FOR KULTURARVBunadsproduksjonen i Noreg handlar ikkje berre om at eit produkt skal vere norsk, men også om at det i hendene på utøvarane vert forvalta ein immateriell kulturarv. – Vi må gå saman om ein felles strategi for å styrke bunadsnæringa her i landet. Kultur-politikarane må utfordrast på å skaffe seg meir kunnskap og leggje ein plan for å sikre ei berekraftig næring, sa prosjektleiar Mette Vårdal under framlegginga. Fagdagane vert arrangert av Norges Husflids-lag, Norsk Folkedraktforum, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Noregs Ungdomslag.

Bunad – kulturarv i heim eller næringTEKST OG FOTO: GURO REDALEN

Mette Vårdal (i midten) har leia arbeidet med utgreiinga Bærekraft i bunadnæringa. Her saman med bidragsytarane (f.v.) Knut Aastad Bråten, Harald Granrud, Beate Strøm, Margunn Bjørnholt og stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien.

14 UNGDOM 04/2015

Page 15: Ungdom 04 2015

NORDISK DRAKTSEMINAR

Nordisk draktseminar, Fagernes, august 2015. Sommaren synest som noko fjernt, og dei fleste av oss tenkjer vel meir på jula nett no. Andre veka i august i år var det heilt andre tema som fenga draktinteresserte frå heile Norden, då Nordisk draktseminar gjekk

føre seg på Fagernes. Seminaret starta med båt frå Bergen ein tidleg måndags morgon og vidare med buss over fjellet til Valdres. Undervegs var det høg draktfaktor, noko det heldt fram med dei neste dagane. Tema for seminaret var ”Folkedrakt i fortid og samtid

– seremoni, form og bruk”, og tilskipinga vart runda av med ein flott rekonstruksjon av messe med innlagt dåp i Reinli stavkyrkje der seminardeltakarane sjølvsagt var i ”rette klede”.

SOMMARENS VAKRASTE BUNADSEVENTYR?TEKST: ELLEN RUNDERHEIM FOTO: GUNNAR BÄCKMAN/ANNA-MAIJA BÄCKMAN

04/2015 UNGDOM 15

Page 16: Ungdom 04 2015

BUNAD

FORTEL LITT OM DEG SJØLV:Jeg heter Tonje Johannessen Stabbetorp, er 16 år og kommer fra Rolvsøy i Fredrikstad. I år begynte jeg på Greåker videregående skole, her går jeg på en linje som heter Europalinja. Dette er noe jeg trives godt med, da jeg blant annet får jobbe med ulike kulturer. Jeg er en utrolig engasjert jente, og jeg holder på med mye på fritiden min. Jeg er organisatorisk nestleder i Elevorganisasjonen i Østfold, her jobber jeg med skolepolitikk og planlegger seminarer for elevene på ungdomsskolene og de videregående skolene i Østfold. Jeg er også svært engasjert i folkedans, og mye tid går med til det. Jeg har også et tantebarn på 4 år som jeg er utrolig glad i. Vi danser sammen og finner også på mye annet morsomt!

KORLEIS KOM DU PÅ Å DRA PÅ KURS I Å SY DIN EIGEN BUNAD? Mamma har lenge ønsket å sy en bunad til meg, og når jeg først hadde bestemt meg for hvilken bunad jeg ville ha, var det bare å lete etter togbilletter og begynne planleggingen! Det er kurs på Hamar Katedralskole hver onsdag, og vi prøver å være der så ofte som vi kan. Togturen tar nesten 3 timer hver vei, så det går med mye tid til reising. Men vi får jo heldigvis mye tid til å sy på toget!

DU HAR EIN BUNAD FRÅ FØR, KVA SLAGS BUNAD ER DET? Jeg har en sunnmørsbunad som er sydd av søsteren til min bestefar. Denne fikk jeg i 2011, og den er blitt brukt titt og ofte siden den gang. Bestefaren min er fra Ålesund, og

flere i familien min bor der i dag. Ålesund har alltid hatt en spesiell plass i hjertet mitt, og det føltes helt riktig å få en bunad derfra.

OG KVA BUNAD SYR DU NO? Jeg syr en rekonstruert kvinnebunad fra Hed-mark. Jeg valgte denne fordi farmoren min er derfra. Siden den andre bunaden min er fra stedet der bestefaren min er født (far til min mor), føltes det riktig å ha en fra stedet der farmor hører til. I tillegg så hadde jeg lyst på en bunad som var ulik den jeg har fra før. Nå får jeg en med broderier og en uten broderier som er vevd.

DU DANSAR I BUNAD, ER DET NOKO AV DEN ERFARINGA DU TEK MED INN I DET Å SY EIN BUNAD? Jeg valgte tidlig hvilket stoff jeg skulle ha i stakken. Det jeg i ettertid fikk vite, var at dette var det tyngste stoffet, men jeg valgte å ikke endre valget mitt. Hele tiden har jeg hatt i bakhodet det at jeg skal danse i denne bunaden. Ett eksempel er med hodeplag-get, jeg klarte ikke velge hvilket hodeplagg jeg ville ha, og endte opp med å sy to ulike hodeplagg. Det ene vil jeg bruke når jeg skal danse, fordi man kan knyte bånd under halsen slik at det vil sitte bedre fast.

Så ofte Tonje Johannessen Stabbetorp har anledning, tek ho saman med mor si toget i seks timar for å gå på kurs for å sy sin eigen bunad. Målet er nemleg å ha på seg ein ny bunad julekvelden.

TEKST OG FOTO: TONJE JOHANNESSEN STABBETORP

SYR SIN EIGEN bunad

16 UNGDOM 04/2015

Page 17: Ungdom 04 2015

BUNAD

NÅR SKAL BUNADEN VERE FERDIG? Første kursdag var 2. september, noe som vil si at vi har holdt på i litt over 2 måneder. Planen er at bunaden skal være ferdig til jul, sånn at jeg kan bruke den på julaften! Vi ligger godt an, men det er blitt mange sene kvelder på mamma. Det er vanskelig å legge bort sytøyet, og vi vil gjerne bli ferdig på ett kurs fordi det koster så mye å reise tur/retur Hamar hver uke. Det har vært morsomt å få gjøre dette sammen, og jeg er stolt av å kunne si at jeg har vært med på å sy min egen bunad. Selv om mamma har gjort den største jobben, har jeg fått prøve meg på alle de ulike sømmene og stoffene som bunaden består av, og jeg har lært utrolig mye!

DU ER OGSÅ ENGASJERT I BUL SARPSBORG, FORTEL LITT OM DET: Jeg har danset norsk folkedans i 11 år, i disse 11 årene har BUL Sarpsborg og spesielt matstova vært mitt andre hjem. Det å danse folkedans gjør meg utrolig glad, og det er som en liten pause fra hverdagen. De siste 4 årene har jeg også vært instruktør, noe som gjør at jeg får være med på å gi andre den gleden ved dansen som jeg har. I dag er jeg instruktør på ungdomsgruppa i BUL Sarpsborg sammen med Helene S. Auset. Helene hjelper meg å bli en enda bedre danser samtidig som vi lærer bort til resten av ungdommene våre. Jeg har også vært en del av Bygda Dansar Akershus, Ungdomsringen Austlandet og deltatt på mange andre kurs med fokus på norsk folkedans! Norsk folkedans har rett og slett blitt en stor del av den jeg er i dag.

SKAL DU PÅ SOMMARLEIREN 2016? Selvfølgelig skal jeg på sommarleir i 2016! Dette ble lagt inn i kalenderen den dagen sommarleiren i 2015 sluttet. Jeg oppfordrer alle som har vært på leir før, og alle som aldri har vært på leir før, om å dra på leir i 2016. Det kommer til å bli superbra. Det aller beste med sommarleir er at du lærer utrolig mye, du blir kjent med folk fra alle kanter av landet, og du vil få minner for resten av livet. I tillegg til alt dette utvikler du deg som danser, spelle-mann eller skuespiller. På sommarleir har du utrolig varierte kurstilbud, dette gjør at du vil finne noe du syns er interessant uansett hva du liker å holde på med!

04/2015 UNGDOM 17

Page 18: Ungdom 04 2015

”Tru meg eller ikkje, mannen tok til å danse ute på gardsplassen. Med små steg og hopp, og så tok han til å danse rundt med seg sjølv. På same måten kom han opp trappa, inn på

kjøkkenet, treiv meg rundt livet og tok til å danse rundt med meg. Eg trudde mannen var gal.”TEKST: ANNA LIV S. GJENDEM FOTO: TEATRET VÅRT

EG VISSTE IKKJE DU KUNNEDANSE!

18 UNGDOM 04/2015

Page 19: Ungdom 04 2015

FOLKEDANS

Nesten kvar bygd har eit ungdomshus eller forsamlingshus – hus som har vore viktige møtestader og arenaer for aktivitet. Om veggane kunne fortelje, ville vi nok høyrt historier om flausar og om mot. Om barduse sats og hjartebank og byrjinga på eit heilt liv saman.

Felespelar Britt Elise Skram og folkedansar Anna Liv Skjelten Gjendem ynskte å lage ei framsyning saman, og etter at dei vart tildelt Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend, vart planane moglege å realisere. Ideen var å lage ei interaktiv danse- framsyning som kunne passe inn i eit ungdomshus/forsamlingshus. Med interaktiv meiner vi at det ikkje er noko skilje mellom scene og sal. Publikum vert i løpet av framsyninga på forskjellige vis invitert med i dansen. Vidare var planen å bruke dans og musikk hovudsakleg frå Romsdal. Vi har tråla arkiva etter slåttar og danseopptak for å verte inspirert og for å finne mindre nytta former. Det er mykje å finne, og sjølv om ein kanskje har leita gjennom danseopptak og permar med slåttar før, finn ein som oftast noko nytt om ein leitar ein gong til.

Etter kvart tok vi kontakt med Teatret vårt (Regionteateret for Møre og Romsdal) og inngjekk eit samarbeid rundt produksjonen. I fire veker arbeidde vi intenst med framsyninga Eg visste ikkje du kunne danse saman med regikonsulent Elisabet Topp (dramaturgi og regi) og kunstnarisk konsulent Cecilie Lundsholt. Vi har vore veldig heldige med dette samarbeidet og fått eit innblikk i korleis teaterverda arbeider med produksjonar. Å få arbeide som utøvande dansar/musikar frå 10 til 16 kvar dag har gitt meirsmak. Det har òg gitt oss mogelegheita til å fokusere nettopp på dansen og musikken, ikkje søknadsskriving og booking av spelestader osv.

KORLEIS HAR DET VORE PÅ TURNÉ?Det har vore flott! Vi har reist frå Smøla i nord til Fiskå i sør. Vi har dansa i både små og store ungdomshus, hatt få og mange publikummarar, glatte og treige golv. Vi har fått servert karbona-desmørbrød og kake eller liknande på nesten alle spelestadene, og vi har vorte mottekne av hyggelege folk kvar kveld. Det er det eg tykkjer er det beste med å vere folkedansar, at ingen dag er lik, nye ungdomshus, stolar, menneske, garderobeforhold, vegar, ferjeturar osv.

For lyd- og lys-mannen vår, Stefan Olsen, har det til tider vore litt ekstra spanande. Fleire av spelestadene hadde utdaterte elektriske installasjonar og sørgjelege straumforhold. Heldigvis vart det både lys og lyd på alle framsyningane takka vere intenst arbeid i forkant. Utfordringar er bra.

Vi har i løpet av oktober spelt framsyninga 16 gonger på 14 forskjel-lige stader. Vi har reist til saman 14 forskjellige ferjestrekningar og spelt framsyninga i 12 forskjellige kommunar. Om vi skal trekke fram det beste med turneen, må det vere alle dei hyggelege menneska. I framsyninga kjem vi nært på publikum på fleire måtar: augekontakt og det å sleppe publikum med i dansen – gjennom bevegelse. Frå å gynge frå side til side til å faktisk gjennomføre ein dans. Og dei aller fleste

vert med i dansen på ein eller annan måte. Det er nemleg det som er så flott med dans, at vi har forskjellige kroppar og forskjellige sinn. Dansen vil med dette sjå forskjellig ut og opplevast ulikt – fantastisk.

Vi håper at vi treffer noko i publikum, noko som gjer at tankane gjeng tilbake i tid, men også at tankane og følelsane finn nye punkt og idear. Å danse/spele for og med publikum på denne måten har i alle fall gitt oss eit litt anna blikk på scenisk folkedans. Og kanskje tatt omgrep som ”scenisk” og ”framsyning” meir mot den tradisjonelle ”dans på ungdomshuset”-settinga.

Takk for at du ville dele denne dansen med meg.

04/2015 UNGDOM 19

Page 20: Ungdom 04 2015

SONGDANS

Symra i Oslo tykte dette var ei god anledning til å sette songdansen på dagsorden. Laget har eit par gonger for halvåret såkalla kaffi- kveld, då øvingane er annleis enn normalt, med ekstra mange kaker og gjerne program. Då blir også dansarar frå andre lag invitert.

Det var over 70 til stades i Storsalen den 21. oktober. Vi fekk sjå video frå songdans-seminaret i Trondheim, og det var fleire i salen som også var til stades der. Vi fekk sjå fin songdans leia av Tor Stallvik i to store danseringar. I tillegg fekk vi sjå songdans på stumfilm (!). Dette opptaket var òg frå Trondheim, frå 1906, dagen etter at kong Håkon vart krona. Det var ein flokk dansarar som dansa på torget i byen, og ein dansk fotograf gjorde opptak av dansen. Det er

truleg det tidlegaste filmopptaket vi har av norsk songdans. Vi trur at dei dansa stordans, truleg Ormen Lange, med det karakteristiske firedelte steget som var vanleg dei aller første åra, med vrenging av ringen og store rørsler med armane.

Så heldt Tove Ingrid Maurstad Tuko eit innlegg om songdansen si stode i dag og etterlyste mellom anna større innsats frå NU for song-dansen. Ho meinte at NU i dag legg for lite vekt på songdans i instruktøropplæringa. Ho trudde hallingen i nokon mon trengde til sides songdansen både mellom born og vaksne. Noka lang drøfting av dette var det ikkje tid til, men mange i salen tykte at det var synd om songdansen skulle bli borte. Det er vel kjent at songdans blir mindre brukt i mange

ringar enn for nokre tiår sidan, og i somme ringar har dei nesten heilt slutta med song-dans. Etter ei hyggjeleg matøkt med mange heimebaka kaker vart Storsalen rydda til dans, både songdans og musikkdans. Solvor Sundsbø spela, og Inger Frøydis Bakken leia leiken. I den store ringen fekk vi oppleve fin songdans denne kvelden.

I etterkant av denne kaffikvelden starta leiaren i Symra ein debatt om stillinga til songdansen på Facebooksida til Noregs Ungdomslag, og mange har uttrykt sine meiningar om saka. Det er nok mange rundt om som vil at songdansen framleis skal vere ein viktig del av folkedansen i landet vårt.

(Les og leiaren til Endre Kleiveland på side 2.)

I år er det 30 år sidan den reviderte rettleiingsboka i songdans vart lansert i Trondheim i 1985, nesten 30 år etter at Klara Semb gav ut si siste utgåve av boka. TEKST OG FOTO: VEBJØRN BAKKEN

Er songdansen liv laga?

Tove Ingrid Maurstad Tuko frå Hamar held innlegg om songdansen i dag.

Den store songdanseringen fylte heile Storsalen.

20 UNGDOM 04/2015

Page 21: Ungdom 04 2015

LEIKARRINGEN SYMRA

Laget har ei aktiv stildansgruppe og held kurs for nybyrjarar i gamaldans og folkedans éin til to gonger for halvåret, i det siste også i toradarspel.

Dei siste åra har laget kvart år skipa til seminar på Klækken hotell på Ringerike. Formålet har vore å lære nye dansar og repetere gamle og ha triveleg samvær i fine lokale med god mat.

I år vart seminaret kombinert med open leik-fest, sidan laget kan feire 55 år. Seminaret starta fredag og varte til søndag. Det var drygt 40 som deltok, dei fleste frå Symra.Seminaret inneheldt denne gongen ei god blanding av teori og praksis. Det var tre fore-drag med høgst ulike tema. Vebjørn Bakken fortalde om framvoksteren av folkedans-rørsla tidleg på 1900-talet og la vekt på

kivinga mellom Noregs Ungdomslag og Den norske folkeviseringen om å bli den leiande folkedansorganisasjonen i Noreg – eit tema som er lite kjent. Audun Grüner-Hegge, som er nestleiar i Leikarringen i BUL i Oslo, snakka om rekruttering til folkedansen, eit tema han er godt kjent med både frå BUL og frå danse-gruppa ved Norsk Folkemuseum. Begge dei to laga har hatt god tilgang av unge dansarar dei siste åra, i sterk motsetning til mange andre folkedanslag. ”Kva er folkedans?” var temaet i foredraget til Marianne Dahl. Ho la mellom anna vekt på tilhøvet mellom tradisjon og nyskaping. På ulike måtar freista ho å provosere forsamlinga, og vi fekk sjå døme på folkedans både frå årets Nordlek og Landskappleik.

Mellom foredraga fekk vi øve på nye ”gamle” dansar. Inger Frøydis og Vebjørn Bakken

instruerte i både stildans og typiske folke- dansar, medan Live Callin og Oddvar Kværnhaug gav ei innføring i argentinsk tango. Det siste var nytt og uvant for dei fleste. Om kvelden fredag var det sosial dans.

Laurdagskvelden var det god, gamaldags leik-fest. Etter ein god middag var det dans i ulike former framover til midnatt. No var vi over 70 til saman – somme heilt frå Stockholm og Møre-kanten. Symra sine eigne, Solvor Sundsbø, Benjamin Kehlet og Terje Amundsen, sytte for prima dansemusikk, medan Inger Frøydis og Vebjørn leia dansen. Sjølvsagt hadde også songdansen sin naturlege plass.Seminaret vart også i år ei fin oppleving som gav kveik til arbeidet i kvardagen. I det fine vêret var Ringerike i fin haustskrud, men det vart lite tid til uteliv.

Leikarringen Symra i Oslo har gjennom fleire tiår vore ein av dei mest aktive i landet. Laget driv med alle typar norsk folkedans. Kvar onsdag møter mellom 40 og 50 på

øving, men vi skulle gjerne sett fleire unge i ringen.TEKST OG FOTO: VEBJØRN BAKKEN

HAUSTSEMINAR I SYMRA

Leiaren i Symra, Erik Haugros, mellom romsdalingane Marie Devold Romundgard og Per Ove Voll. Dei to siste var òg medlemer då Symra starta i 1960.

Page 22: Ungdom 04 2015

MINNEORD

OLA NORMANN STRAND 1943–2015

Ei sørgjeleg melding nådde nyleg Noregs Ungdomslag om at heidersmedlem Ola Normann Strand er gått bort, 72 år gamal. Han har gjort eit uvurderleg arbeid for NU sentralt og lokalt i snart 40 år.

Ola Normann Strand fekk arbeid i NU allereie i 1968 som teaterinstruktør og arbeidde samanhengande på NU-kontoret fram til pensjonisttilværet i 2004 – først teaterfagleg og seinare som organisasjonssekretær.

Ola var med og vidareførte teaterarbeidet i NU, og det inn i ei tid som står att som ei stordomstid. Utover 70- og 80-talet hadde teaterarbeidet eit stort oppsving. Ola stod sentralt her. Han samarbeidde med profesjonelle krefter og amatørkrefter utanfor ungdomslaga. Han såg talent både teaterfagleg og organisatorisk rundt om i laga – og han kopla desse gode kreftene saman, ofte i moderne og nyskrivne teateropp-settingar. Stillferdig og effektivt, aldri med store ord. Og resultatet blei ein vekst og eit engasjement som sette varige spor, både hjå dei som var med – og hjå alle som møtte opp på framsyningane rundt om i ungdomshusa. Mykje av dette kom av Ola sitt oppofrande arbeid for aktiviteten vår.

Ola hadde eit velkjend, brennande engasjement for ungdomslagsarbeidet og var oppteken av dei lange historiske linjene og det store biletet. Mange har opplevd å sjå dei ideologiske saman-hengane i det mangfaldige Noregs Ungdomslag nettopp gjennom å delta på organisasjonskurs hjå Ola.

Ola vart heidersmedlem i NU i 2005. Det heng svært høgt for NU å utnemne heidersmedlemmer. Berre eit fåtal har vorte det gjennom historia. Det seier noko om kor viktig Ola var for amatørteaterarbeidet, lokallaga og organisasjonen NU.

Mykje har me mista gjennom Ola sin bortgang, og våre tankar går til familie og næraste vener.

For Noregs Ungdomslag

Endre Kleivelandleiar

22 UNGDOM 04/2015

Page 23: Ungdom 04 2015

19. september opna nybygget til Mjeldalen Ungdomslag – som laget ikkje har måtta låna ei krone for å få til.

Laurdag 19. september var det endeleg klart for opning av det nye tilbygget til Mjeldalen Ungdomshus. Den offisielle opninga var det mangeårig medlem i Mjeldalen Ungdomslag Margunn Helle som stod for. Etter opninga blei huset fylt med spente bygdefolk som fekk servert kaffi og kaker, og som fekk betrakta tilbygget og dei ulike løysingane som var blitt valde.

Underhaldning frå scena blei det òg, der både ungdomsteatergruppa og vaksenteater-gruppa bidrog, i tillegg blei det gitt informa-sjon om byggearbeidet og kva tilbygget har å seia for Mjeldalen Ungdomslag. Om kvelden var det opningsfest med inviterte gjestar, dugnadsfolk, tillitsvalde og instruktørar som fekk si velfortente merksemd for at tilbygget til Mjeldalen Ungdomslag no er offisielt opna.

Litt om bygget: Det oppgraderte ungdoms- huset gir ungdomslaget langt større bruks-moglegheiter samtidig som det lettar den daglege drifta og avviklinga av dei ulike arran-gementa – ikkje minst for dei ulike øvings-gruppene i laget som no får langt betre plass å boltra seg på. Bruken av ungdomshuset blir med dette langt meir fleksibel, og fleire grupper kan vera her samtidig. For å få bygget realisert er det blitt brukt uteljelege dug-nadstimar. Det har vore veldig motiverande å sjå korleis dette tilbygget har engasjert og gitt oss verdifull drahjelp ikkje berre på utføring, men også den økonomiske støtta både lokalt og sentralt.

Samtidig har me vore privilegert med flinke tillitsvalde og instruktørar som har halde dei tradisjonelle aktivitetane og arrange-menta i gang slik at me også har klart å få inntekt på sjølve drifta. Eg vil òg trekka fram

det samarbeidet me har hatt med dei ulike

entreprenørane. Dette har vore fantastisk, og me har hatt bortimot døgntilgang til dei for-skjellige sine lager rundt om her på Osterøy, og dei har saman med ungdomslaget funne gode løysingar som tek vare på identiteten og sjela til Mjeldalen Ungdomshus.

Slik er det å bu i ei bygd i ein kommune der me føler at alle er innstilt på å hjelpa til for å få denne draumen realisert. Ei stor takk til alle som har bidrege, og tilbygget slik det står her no, er heilt utan lån. Ungdomslaget har no fått eit modernisert ungdomshus som tilfredsstiller dei krava som det i dag er til offentlege forsamlingshus. Brannvarsling og naudlys er blitt installert, og heile hovude-tasjen har no universell utforming med nye toalett, inkludert handikapptoalett.

Tidlegare i prosjektet er også kjøkkenet fornya, og det er blitt bygd eit lite kjøkken-tilbygg som rommar bl.a. eit eige kjølerom. Det er òg blitt installert varmepumpeanlegg for heile huset. Det som ut frå vår aktivitet no blir heilt annleis, er vel spesielt dette med sminkerommet og nærleiken til scena. For med så mange brukarar og hyppigheita av

våre ulike framsyningar er det viktig å gjera forholda optimale. Samtidig kan sminke-rommet òg brukast som eit møtelokale med enkel kjøkkenkrok eller som salsbu ved for eksempel barnediskotek.

Men enten det no er teater, barnelag eller seniorlag, publikum skal oppleva å bli tatt godt imot, der den nye foajeen er eit festlo-kale i seg sjølv. Med andre ord kan ein vel på ein dag som dette seia at bruken og mogleg-heitene med ungdomshuset er grenselause, her er det berre fantasien som set grenser.

TEKST: JOSTEIN MJELDE – LEIAR MUL FOTO: MJELDALEN UNGDOMSLAG

MJELDALEN UNGDOMSLAG

- BERRE FANTASIEN SET GRENSER

04/2015 UNGDOM 23

Page 24: Ungdom 04 2015

Når far og son Lauen er på tur, kjem ein jo ikkje unna at frilynte ungdomslag og alt som er tilknytt det temaet, er av interesse. Me var m.a. i Williamsburg i Virginia, og på turistkartet stod det “Norge” litt i utkan-ten av byen (https://en.wikipedia.org/wiki/Norge,_Virginia). Dette måtte me sjølvsagt sjå. Det viser seg at dette nabolaget vart grunnlagt av norske immigrantar i 1904, og der stod det me ville kalla eit ungdomshus

(sjå vedlagde bilete). Sitat Wikipedia: ”They wanted a centrally located place to be used for dances, meetings and parties as their parents had known in Norway.”

Men ikkje nok med dét. Far og son hadde båe to høyrt om Lake Telemark i New Jersey og at Bondeungdomslaget New York i si tid hadde ei hytte der. Ho måtte me jo sjølvsagt sjå. Det heng bilete av hytta med helsing frå BUL

New York på lagshytta til både BUL Ervingen (Eidsholmen) og BUL Oslo (Rødkleivhytta), så dette måtte me sjå med eigne auge. Det me fekk vite då me kom fram, var at hytta brann ned i 1989, men vart bygd opp att like etterpå. BUL New York finst på eit vis framleis fekk me au vite, men det slo seg saman med eit lokallag av Sons of Norway i 1978 og vart døypt om til Nor-BU Lodge. På nettstaden www.nor-bu.org kan du lese meir om dette.

REISEBREV

Reisebrev frå AMERIKA

TEKST OG FOTO: TORBJØRN BERGWITZ LAUEN

24 UNGDOM 04/2015

Page 25: Ungdom 04 2015

STUDIEFORBUNDET

Teateralliansen har fleire viktige oppdrag, eitt av desse er å kartlegge behovet for ei ny, kontinuerleg teateropplæring. Studie-forbundet har fått ansvar for å gjennomføre denne kartlegginga på vegner av Frilynt Norge, Norsk Amatørteater forbund og Noregs Ung-domslag. Mange lokale lag har den siste tida vorte kontakta av Noregs Ungdomslag eller Studieforbundets nye medarbeidar for å svare på ei spørjeundersøking.

SPØRJEUNDERSØKINGTorunn Elise Kveen er nyleg tilsett i Studie-forbundet kultur og tradisjon for å kartlegge behovet for ei ny teateropplæring i Noreg. Studieforbundet jobbar med å skreddarsy ei ny nasjonal teateropplæring etter behov og ynske i lag og grupper.

- For tida jobbar eg med å samle inn svar på spørjeundersøkinga. Vi ynskjer å komme i kontakt med så mange teaterlag og lag med teatergrupper som mogleg. Eg har sendt ut fleire hundre e-postar og held nå på med å ringe rundt til så mange som råd for å fortelje om prosjektet og oppmode dei til å gje si stemme, fortel Kveen.

Ho har sjølv erfaring frå teaterscenen heime i Vågå og tykkjer det er spennande å sjå resul-tatet av undersøkinga. Så langt har rundt 250 personar svara på undersøkinga, men Kveen håpar fleire vil dele sine erfaringar.

- Vi kan ikkje seie så mykje om resultata ennå, men eg er glad for at så mange tek seg tid til å svare. Eg har nå snakka med mange rundt om i alle dei tre involverte organisasjonane og får veldig mange positive tilbakemeldingar, legg Kveen til.

Undersøkinga vil kartlegge behovet til laga, og i tråd med dette vil vi skreddarsy ei ny instruktøropplæring som svarar til behova og ynska hjå lag, grupper og instruktørar.

- Teaterfeltet har gjeve signal om mangel på ei slik opplæring, difor jobbar vi nå grundig med å finne ut kva som er behova og ynska til laga, seier Kveen.

EIT STORT ANSVARStudieforbundet set ansvaret dei er tildelt av Teateralliansen, høgt og ynskjer at denne kartlegginga kan skape nye moglegheiter innan teater i frivillige lag.

- Studieforbundet har jobba mykje med utvikling innan husflid og handverk, og også dans. Vi har vore mindre involvert på teaterfeltet og tykkjer dette er eit spennande og nytt felt å sette seg inn i. Det gjev oss moglegheit til å komme tettare på teater- opplæringa og behova som ligg der, seier dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Evjen Gangsø.

SVAR PÅ UNDERSØKINGA I DAGEr du leiar eller medlem av eit teaterlag, er oppnemnd som kontaktperson når laget/gruppa har halde kurs, eller har du vore brukt som instruktør i eit teaterlag i våre medlemsorganisasjonar, vil vi gjerne høyre frå deg. Svar på spørjeundersøkinga på Noregs Ungdomslag si nettside eller hos Studie- forbundet på www.kulturogtradisjon.no

Satsar på teateropplæringTESKT OG FOTO: SINA BRÅTEN LUNDE, STUDIEFORBUNDET KULTUR OG TRADISJON

Torunn Elise Kveen skal kartlegge behovet for ei ny teateropplæring.

04/2015 UNGDOM 25

Page 26: Ungdom 04 2015

DIN HEIM I BERGEN!

BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen ligg i sentrum av opplevingane Bergen har å by på. Gode prisar på overnatting og revypakkar. Alle medlemmar i Noregs Ungdomslag får 10% rabatt på overnatting med frukost eller på middag i Kaffistova. Ta kontakt for booking: Tlf : 55 33 50 00 / epost: [email protected]

DIN HEIM I BERGEN!

BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen ligg i sentrum av opplevingane Bergen har å by på. Gode prisar på overnatting og revypakkar. Alle medlemmar i Noregs Ungdomslag får 10% rabatt på overnatting med frukost eller på middag i Kaffistova. Ta kontakt for booking: Tlf : 55 33 50 00 / epost: [email protected]

BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen ligg i sentrum av opplevingane Bergen har å by på. Gode prisar på overnatting og revypakkar.

Alle medlemmar i Noregs Ungdomslag får 10% rabatt på overnatting med frukost eller på middag i Kaffistova.

DIN HEIM I BERGEN!

Ta kontakt med booking:Tlf.: 55 33 50 00 • e-post: [email protected]

Faner i den frilynde ungdomsrørsla er eit leksikon med over 460 faner. Boka er eit praktverk medkulturhistorie få eller ingen andre rørsler kan vise maken til.

Pris: kr 450.-(porto kjem i tillegg)Boka kan tingast via www.ungdomslag.no

26 UNGDOM 04/2015

Page 27: Ungdom 04 2015

velkommen til follo folkehogskole

HIPHOP

VI TAR KREATIVITET PÅ ALVOR

DANS

MUSIKAL

FILM

BANDVOKAL

PERSONLIG TRENER

FOLLO.FHS.NO

ANNONSERE I UNGDOM?

TakontaktmedTone Merete Møllerud,

tlf: 489 53 391 [email protected]

INSTRUKTØRKURS I FOLKEDANS PÅ SØRMARKA KONFERANSEHOTELL VED OSLO 9. OG 10. JANUAR 2016

Bli med på

Kurset er retta mot instruksjon av både vaksne og barn og instruktør er Trine Merete Sjølyst. ANDRE KURS PÅ SØRMARKA SAME HELGA:• Lær nye, feiande gode danseslåttar direkte av komponisten: Ingunn Bjørgo, Asker.• Lær å spela verkeleg Rørospols av fagfolk frå dette distriktet. Instruktørar er Rolf J. Feragen (trekkspel) og Mari Eggen (fele)• Lær gamle bygde- og runddansslåttar frå Akershus. Dei siste åra har SAFFA fått fram i lyset eit vell av orginal og flott dansemusikk. Få del i denne skatten med Marianne Tomasgård og Øyvind Sandum som instruktørar. • Den såkalla storgardsmusikken er ein betydeleg del av folkemusikktradisjonen vår, og gruppa Hollos Efterfølgere gjorde stor lykke med denne stilen på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i sommar. Instruktør er Olaf Aasen.• Dansekurs - bl.a. med den gjenskapte Akershus-springdansen. Instruktør frå Bygda dansar, Akershus, Mathilde Øverland.• Barnekurs fele. Instruktørar er Elisabeth Olhans og Agneta Holmer Mæland.

For meir informasjon sjå: www.saffa.no/sormarkakurset.htm eller send e-post til [email protected]

VEL MØTT!

SAFFA - Samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus.

ROMERIKE  FOLKEHØGSKOLE

SØK  NÅ!• LYD  OG  MUSIKK

• LYSDESIGNwww.romerike.fhs.no

ER DU MELLOM 13 OG 25 ÅR TIL

SOMMAREN?Sommarleiren 2016 er i Søgne! Det vert dans, teater, leik, song,

handarbeid, tur og mykje anna gøy!

VIL DU VITE MEIR?

Sjå www.sommarleiren.noSommarleiren - Noregs Ungdomslag

Nu-medlemmar under 14 år får Norsk Barneblad fire gongar per år i staden for Ungdom. Frå januar blir det splitters nytt, og me gler oss til å sjå det! Sjå barneblad.no for meir informasjon.

04/2015 UNGDOM 27

Page 28: Ungdom 04 2015

Returadresse: Ungdom, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo

Det som er så bra med sommarleiren, det er at det er veldig lett å bli kjent med andre, du får vært med på veldig mange morsomme kurs, og det varer ikke bare i en helg, men i cirka en uke. Det er en ting til som er så bra, og det er at det ikke er på samme sted hvert år, og med det mener jeg at det er så bra at det er rundt om i Norge. Kanskje det er ditt fylke eller nabofylke som får besøk av sommarleiren?

Jeg føler at når jeg er på sommarleiren, så blir jeg alltids kjent med noen, og jeg fikk se igjen gamle fjes som jeg hadde truffet året før. Den første kvelden når man er på leiren, så bruker vi å ha bli-kjent-leker så du blir kjent med de aller fleste. Det er veldig vanskelig å forklare hvordan det er å være på sommarleiren, den må rett og slett bare oppleves.

Om du ikke driver direkte med folkedans eller teater, så gjør ikke det noe. På leiren som var i juli i år, så var det både cupcakebaking og design, folkedans for nye, capoeira, strikkekurs for nye, steppekurs, linedans, squaredans og teatersport for nye. Jeg føler at jeg har blitt veldig godt ”tatt

imot”, fordi det er såkalte poteter der som er kjempekule! De er veldig snille og hjelper oss som deltakere hvis det er noe. Potetene finner alltid på noe å gjøre etter vi har spist middag, noe som er sosialt, f.eks. improkappleik, hekleløp, nattdebatt, nattkino eller stordans.

Jeg dro alene forrige gang, og det var første gang jeg skulle på sommarleiren, jeg kjente jo ingen som skulle dit. Jeg var litt skeptisk. Men de jeg møtte der, var jo inkluderende og sa hei til deg når du gikk forbi dem i gangene. Du fikk ikke bare et hei, men også et smil. Jeg fant meg iallfall veldig fort til rette, mest på grunn av at alle de andre deltakerne er så inkluderende og utrolig snille. I år var leiren i Porsgrunn/Skien! Da reiste jeg sammen med en annen venninne. Vi var på kurs som linedans, squaredans, utvikle deg som danser, cupcakebaking og stordans: Lær deg sangene. Det var veldig morsomme kurs. Jeg synes at linedans var veldig gøy, men det var veldig vanskelig å huske koreografien samti-dig som du skulle danse til musikken som gikk

kjempefort. Squaredans var kjempegøy, det var noe jeg aldri hadde prøvd før, men det var utrolig gøy å få prøve, og heldigvis så var det ikke like vanskelig som linedans. Utvikle deg som danser-kurset var veldig interessant. Der fikk vi prøve ut forskjellige øvelser som gikk ut på å kommunisere med musikken, det var et veldig bra kurs!

Neste år så skal leiren være i Søgne, fra 28. juni til 3. juli. Da anbefaler jeg folk å komme! Sommarleiren er veldig sosial og utrolig gøy. Du møter mange nye mennesker, du får være med på veldig mange morsomme kurs, og du kommer til å ville være med på neste sommarleir igjen! Om du er en av de skeptiske personene, så skal jeg love dere at dere ikke kommer til å angre. Dere må bare hoppe i det, sommarleiren er noe dere alltid kommer til å huske!

Og som jeg sa, det er utrolig vanskelig å forklare hvordan det er å være på sommarleiren, det må rett og slett bare oppleves!

LES KVA JULIE FORTEL FRA SOMMERLEIREN I ÅRDet å være på sommarleiren, det er noe som virkelig løfter sommeren. Jeg har vært på leir to ganger nå, og jeg koser meg like mye hver gang.

TEKST: JULIE ERIKSSON BJØRNSTRØMJulie (t.h) under sommarleiren i år.

SØKOMSOMMARLEIREN2017!Vildeatsommarleirenskalvereidittområdenestegong?NUtrengarrangørtil2017,

ogberfylkeslag/lokallagomåsøkeomåverelokalvertskap.Frist:1.mars2016.