ungdom nr 02 2015

28
UNG DOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 2/2015 - 99. ÅRGANG Landsmøtet 2015 Nordlandsbunaden Lokallagsbesøk Meisterklasse Staurpolsbølgje Levande lokalkultur

Upload: noregs-ungdomslag

Post on 22-Jul-2016

232 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

Ungdom er medlemsbladet til Noregs Ungdomslag.

TRANSCRIPT

Page 1: Ungdom nr 02 2015

UNGDOMMEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 2/2015 - 99. ÅRGANG

Landsmøtet 2015 • Nordlandsbunaden • Lokallagsbesøk • Meisterklasse • Staurpolsbølgje

Levande lokalkultur

Page 2: Ungdom nr 02 2015

Eg høyrer fleire stader at det er nok ungar som vil danse, men at det mangler instruktørar. Det seier meg to ting.

Det eine at aktivitetane me driv med har eit stort potensiale, men det vitnar også om ein organisasjon som ikkje har verkemiddel og infrastruktur til å møte etterspurnaden. Det er ei alvorleg utfordring.

NU har sidan skipinga hatt eit stort enga-sjement rundt opplæring og då særskilt på teater og folkedans. Lærebøker har blitt laga og revidert. Ei tid hadde alle som instruerte rundt i landet gått sommarkursa til NU. No er sommarkursa blitt til instruktørkurs, som dette året skal arrangerast regionalt der behova er størst.

Ynskje og etterspurnaden etter å gå kursa har vore dalande i mange år, samstundes som det er eit stadig aukande behov for instruktørar rundt i laga. Det trengs ein snuoperasjon for å rette dette.

Det viktigaste lokallaga kan gjera er å sende instruktørspirer på kurs. Det er billege kurs, men kan oppfattast dyrt i ei lagskasse likevel. Men investeringa fører forhåpentlegvis til aktivitet i huset i mange år. Og det er viktig å tenkje breidde. Om ikkje alle blir fullgode instruktørar etter første kurset, er det berre å sende dei på nytt, eller at dei har ein læringsperiode i laget. Her trengs det verkeleg ein storstilt dugnad.

På sentralt nivå er det fleire diskusjonar og moglege samarbeid med andre opplærings-aktørar, og då særleg kulturskulen. Rådet for folkemusikk og folkedans har engasjert seg og løfter problemstillinga i lag med oss. Rammevilkåra til kulturskulen blir diskutert i Norsk kulturkoleråd og folkedansfeltet er representert.

I Møre og Romsdal bles det ein folkedansvind. Anna Gjendem, attflytta romsdaling er i seg sjølv ein frisk bris, der ho heile tida er på folkedansvegen. Heldigvis nyttar mange lag seg av hennar kompetanse. Samstundes er det politisk vilje til å lyfte folkedansen og folkemusikken i fylket. Kultur- og folke- helseutvalet vedtok i vinter å løyve tre mil-lionar kroner til å styrke folkemusikk og folkedansarven i Møre og Romsdal. Eit viktig arbeid som heilt sikkert vil løfte dansen.

Politisk vilje er viktig, men gjennomslag får ein berre visst ein synleggjer kor naudsynt der er å styrke vårt felt. Difor er det svært viktig at de snakkar med lokalpolitikarar og fylkespolitikarar om temaet. No er det snart kommuneval og fylkestingsval. Kanskje er det lurt å stemme på dei som jobbar aktivt for kultur og dei frivillige organisasjonane sine kår.

Redaktør: Guro RedalenAnsvarleg redaktør: Eli UlvestadOpplag: 5.700Bladbunadm trykk og annonsebyrå:Flisa Trykkeri ASFramsidefoto: Tone Ingvaldsen og Lisa Grav Henriksen dansar Nordlandspols under Oslokapleiken 2014. Les meir på baksida av bladet.

Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 OsloTelefon: 24 14 11 10Mail: [email protected]

Generalsekretær: Eli Ulvestad Tlf.: 24 14 11 10, [email protected]ådgjevar: Guro RedalenTlf. : 24 14 11 14, [email protected]ådgjevar: Halldis FolkedalTlf.: 24 14 11 15, [email protected]ådgjevar: Åshild Mjelde Nordås Tlf.: 24 14 11 13, [email protected]:Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 [email protected]

Kontonummer: 8101 07 00027Organisasjonsnummer: 939 550 550

www.ungdomslag.nofacebook.com/noregsungdomslaginstagram.com/ungdomslag

Stoffrist neste Ungdom21. august

Endre KleivelandLeiar i Noregs Ungdomslag

”Me har ungar, men manglar instruktør.”

2 UNGDOM 02/2015

Page 3: Ungdom nr 02 2015

INNHALD4 Landsmøtet

8 Notisar

10 Ungdomshus

11 Edda Voluspå

12 Lokallagsbesøk

14 Froland UL

15 Voss UL

16 Nordlandsbunaden

20 Minneord

21 Blindern-skandalen

22 Meisterklasse

23 Eidsvåg UL

24 Studieforbundet

25 Bygda dansar Troms

27 Nordisk leiarskule

28 Nordlandspols

Flyttemelding!

NU-kontoret har flytta til Øvre Slotts-gate 2 B i det som blir kalla Kulturver-nets Hus. Våre nye kontorsambuarar er Kulturvernforbundet, DIS-Norge, For-bundet Kysten, NOKU, Landsforbundet av motorhistoriske kjøretøyklubber, Norsk fyrhistorisk forening, Norsk kulturarv og Norges husflidslag. Så prøvde du å få fatt i oss siste veka i april utan å lukkast, skuldast det nok at kontoret var i flyttekassar og opp- rydding pågjekk.

1.

2.

1. Det var ymse som dukka opp frå arkivet.

2. Kan vi friste med bokhylletemperert årgangsbrus frå Landsstemnet i -94? Ein av mange skattar som dukka opp i flyttinga.

02/2015 UNGDOM 3

Page 4: Ungdom nr 02 2015

AMATØRTEATERFESTIVALEN OG FOLKEDANSFESTIVALENDen viktigaste saka var nok lagnaden til festi-valane i NU. Etter vedtak frå landsmøtet 2014 skal Noregs Ungdomslag arrangere Norsk

amatørteaterfestival kvart andre år, og Fol-kedansfestivalen skal arrangerast dei åra det ikkje blir arrangert Nordlek-stemner, det vil seie to av tre år. Dette betyr at det ikkje skal arrangerast festivalar no i 2015, men på bak-grunn av ressursbruk, oppslutnad og generelle erfaringar med dei siste festivalane la styret

fram eit forslag for landsmøtet i april om å legge ned begge festivalane. Landsmøtet stilte seg bak styret sine vurderingar om å legge ned Norsk amatørteaterfestival. Under handsaminga av Folkedansfestivalen vart det vedteke eit tilleggsforslag om at styret opprettar ei arbeidsgruppe med represen-tantar frå interesserte fylkeslag med tanke på å reetablere eit sentralt arrangement som omfattar alle sentrale aktivitetar i organisa-sjonen. Fylkeslaga vil bli kontakta, og andre interesserte blir oppmoda om å ta kontakt om dei ønsker å bidra.

KONTINGENTSATSAR FOR 2016 OG 2017Satsane blir vidareført i neste toårsperiode, men det vart vedteke å justere grunnlaget i kontigentgruppe 4 (gjeld lokallag med 0 medlemmer registrert i Hypersys). Gruppa endrar namn til kontingent for lokallag med 0–4 medlemmer.Per medlem under 26 år: kr 95 Per medlem over 26 år: kr 190 Per lokallag: kr 1200 Per lokallag med 0–4 medlemmer: kr 2200Per huslag: kr 3500Per direktemedlemsskap under 26 år: kr 150Per direktemedlemsskap over 26 år: kr 300

FRÅSEGNERLandsmøtet vedtok fire fråsegner / politiske utsegner, med dei følgande temaa:• Ei utviding av momskompensasjons- ordninga er overmoden• Noregs Ungdomslag skapar levande lokalmiljø

• Demokrati for eliten• Meir mangfald i laga

UTSKIFTINGAR I STYRETEndre Kleiveland frå Hordaland vart attvald som leiar for ein ny eittårsperiode. Marit Nerås Krogsæter (Sunnmøre frilynde Ung-domssamlag) er ny organisatorisk nestleiar, og Tone Mjelde (Hordaland Ungdomslag) er ny i styret.

Styreternosamansettslik:Endre Kleiveland (leiar)Marit Nerås Krogsæter (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.) – organisatorisk nestleiarKine Reiersen (Oppland Ungdomslag) – politisk nestleiarMorten Nilsen (Nordland Ungdomsfylking)Håvard Ims (Inntrøndelag Ungdomssamlag) Tone Mjelde (Hordaland Ungdomslag)Rita Strandbakke (Oppland Ungdomslag)Ingeborg Hollekim Bringslid (Hordaland Ungdomslag) – 1. varaFredric Nygård (Eidsiva Fylkeslag) – 2. varaMarie Nicolaisen (Bygdelagssamskipnaden) – 3. vara

SOMMARLEIREN ER FRAMTIDA!Sommarleiren har eit stort potensiale, og styret ønsker å styrke denne både økonomisk og fagleg, slik at han kan nå endå fleire av ungdomsmedlemmene mellom 13 og 25 år. Dette er etter styret si vurdering ei god, langsiktig investering, sidan ein då sørger for at den neste generasjonen vaksne ung-domslagsmedlemmer har funne eit godt sosialt og fagleg miljø på tvers av lagsgrensene.

75 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag var samla til landsmøtehelg i Oslo 17.–19. april. Dei innleiande fagseminara gav rom til både faglege og politiske

ordskifte utover dei ordinære landsmøtesakene. Og sjølve landsmøtet vart gjennomført med gode framlegg frå talarstolen og engasjement frå salen.

Levande landsmøte

LANDSMØTET 2015

Tone Mjelde er ny i styret. Ho er 25 år og frå Osterøy i Hordaland. Tone kjem frå Mjeldalen ungdomslag og har vore særleg aktiv i teatermiljøet der. Ho har hatt fleire verv i organisasjonen. For tida tek ho barnevernspedagog- utdanninga i Sogndal og er i tillegg ein aktiv samfunnsdebattant og skriv ofte i lokalavisa.

4 UNGDOM 02/2015

Page 5: Ungdom nr 02 2015

Under landsmøtet vart fylka sett i hop til arbeidsgrupper for å legge ein plan for korleis dei kan få fleire frå sitt område til å kome på leir. Fleire fylkeslag tilbyr no reisestønad til dei som vil til Porsgrunn. Det vil òg bli sett opp buss frå Gardermoen til Porsgrunn (og tilbake), slik at vi får organisert fellestrans-port til leiren for dei som kjem med fly.

I tillegg ønsker styret å bruke meir ressursar til å styrke og sikre instruktøropplæringa innanfor folkedans og teater og ikkje minst til kontakt med lokallaga som det no blir lagt til rette for gjennom den storstilte lokallags-turneen der alle lokallaga skal besøkast av NU og fylkeslaget innan 2018. Dette er for at vi skal strekke oss etter Noregs Ungdomslag sin visjon om Levande lokalkultur!

FRÅSEGN NR 1: EI UTVIDING AV MOMSKOMPEN- SASJONSORDNINGA ER OVERMODENTil: kulturministeren og kulturkomiteen

Stortinget stemde i november 2014 ned eit forslag frå Senterpartiet om å inkludere kost-nader til oppgraderingar av ungdomshus og andre forsamlingshus i momskompensasjons-ordninga. Dette går direkte ut over Noregs Ungdomslag sine hus og planar ungdomslaga har for modernisering av husa sine.

Kulturminister Thorhild Widvey argumen-terte med at momskompensasjonsordninga i utgangspunktet skal fremje aktivitet, og at ei utviding av ordninga på noverande tids-punkt vil bli for dyr. Samstundes svarer ho på direkte spørsmål at det ikkje er mogleg å seie konkret kva det vil koste. Ein indikasjon er likevel Lotteri- og stiftelsestilsynet sine tal som viser at ei utviding av ordninga mogleg ikkje vil koste meir enn nokre titals millionar kroner av ein pott på omlag 1,2 milliardar kr.

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ser ikkje noko prinsipielt i at ordninga ikkje skal gjelde oppgraderingar. Landsmøtet ser heller ikkje

at dette går ut over stønad til annan aktivitet. Tvert om meiner landsmøtet at å ha eit hus som er tenleg, i høgste grad fremjer aktivitet.

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ber regje-ringa vurdere saka på nytt i samband med neste års statsbudsjett.

FRÅSEGN NR 2:NOREGS UNGDOMSLAG SKAPER LEVANDE LOKALMILJØTil: kulturministeren og kulturkomiteen

Med nær 250 ungdomshus og 380 lokallag er Noregs Ungdomslag ein viktig aktør for den frivillige aktiviteten og kulturtilboda som går føre seg rundt om i landet. Folk vil oppleve kulturtilbod der dei bur. Noregs Ungdomslag (NU) bidreg til dette.

NU Kulturformidling vil tilby ei landsdek-kjande scene beståande av alle ungdomshus i organisasjonen. NU vil formidle artistar, band, forfattarar, instruktørar, oppsetjingar og andre kulturuttrykk til ungdomslag i heile landet. Folk skal få oppleve både kjende og kommande stjerner i sine lokale ungdomshus i intime og små lokale.

Målet er å nå breitt ut med kulturinnslag av høg kvalitet på lokale scener samstundes som me aukar den lokale arrangørkompetansen. Dette vil òg auke talet på arenaer og mengde publikum som artistar kan rette seg til. Det vil òg kunne vere ein flott arena for artistar som er i etablering/utprøvingsfasen. Med 380 lokallag som vertskap og 250 ungdomshus med scener har dette eit stort potensiale. Slik sett vil Noregs Ungdomslag vere ein viktig garantist og arena for kulturarbeidarar, artistar og rekruttering til nye kulturuttrykk.

Ungdomshusa skal i tillegg til den viktige rolla dei har i dag, som eit av samlingspunkta i bygda, bli ein naturleg stad for kulturuttrykk som kjem langvegsfrå. Ved at innbyggjarar får auka tilgang på kulturuttrykk og –opple-vingar, veit vi at annan lokal kulturaktivitet òg aukar. Det gjer betre trivsel og buforhold i lokalmiljøa.

Noregs Ungdomslag meiner at rammevilkåra for organisasjonseigde kulturhus som ung-domshus må vere gode. Stønadsordningar for drift, vedlikehald og oppussing, då spesielt momskompensasjonsordning for nybygg og påbygg òg, er viktig for at husa kan drivast og utviklast som attraktive kulturscener og møteplassar for lokalmiljøa.

Røysting under Landsmøtet 2015

LANDSMØTET 2015

02/2015 UNGDOM 5

Page 6: Ungdom nr 02 2015

Noregs Ungdomslag jobbar for auka kultur- aktivitet der folk bur – det skapar levande lokalmiljø!

FRÅSEGN NR 3: DEMOKRATI FOR ELITENTil: stortingssekretariata til dei ulike politiske partia

Eit lovforslag fremja i april av stortingspo-litikarar frå partia Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre går i strupen på lokaldemokratiet.

I det framlagde lovforslaget ønskjer repre-sentantane frå dei fem partia å endre offent-leglova slik at byråd og kommunar med parlamentarisk styringsstruktur vil kunne hemmeleghalde dokument og saklister som skal opp i førebuande møte. I praksis vil dette medføre at alle saker som blir diskuterte på eit tidleg stadium, som vert stoppa eller blir lagde til side, vil haldast hemmelege for innbyggarane. Det er på dette stadiet at dei reelle drøftingane av sakene ofte skjer, og då påverknadskrafta utanfrå gjerne er størst.

Lovforslaget som er lagt fram, kan svekke tilliten til, og forståinga for, viktige avgjerder i samfunnet. Politikarar er valde av folket, men for at eit demokrati skal vere reelt og fungere, må offentlegheita ha høve til å ha eit breitt innsyn i alle ledd i dei politiske prosessane – ikkje berre i eit demokratisk valsystem.

Det framlagde lovforslaget viser ei elitistisk oppfatning av eit parlamentarisk demokrati, og landsmøtet i Noregs Ungdomslag ytrar med dette sterk misnøye til forslaget og vil på det sterkaste oppmode Stortinget om å avvise det.

FRÅSEGN NR 4: MEIR MANGFALD I LAGAIntern fråsegn til: lokallag, fylkeslag og styret i NU

I eit stadig meir internasjonalt samfunn er det viktig å sjå tilbake på si eiga historie samstundes som ein ser framover. Då Noregs Ungdomslag (NU) blei skipa, var det for å byggje eigen identitet etter frigjeringa frå dansk og svensk herredøme. Det er ingen norsk institusjon som tek vare på kultur-tradisjonane våre på ein slik måte som NU gjer. Det viktige arbeidet med å ta vare på det norske må halde fram, men NU som orga-nisasjon må òg tilpasse seg samfunnet slik det er i dag, og skape ein identitet som både nordmenn og folk som kjem som nye til landet, kan kjenne seg att i.

Gjennom media får ein høyre om hendingar av både større og mindre alvorsgrad der kultur-, og religionsforskjellar kan ha vore årsak til konflikt. Integrering i eit fleirkulturelt samfunn er noko som stadig vekk blir sett lys på, og det er viktig å arbeide for forståing og samarbeid på tvers av kulturane. Sannidal Ungdomslag er engasjert i desse temaa og

har bede heile ungdomslagsrørsla om å delta i arbeidet for å integrere innvandrarar i det norske samfunnet.

Organisasjonar som NU kan ta initiativ til og bidra aktivt i arbeidet med å skape for-ståing og samarbeid. Det er sjølvsagt viktig at alle deltek i denne samfunnsutfordringa, men NU har med bakgrunn i si eiga historie eit spesielt ansvar. Som ein institusjon på grasrotnivå kan NU nå ut til dei fleste og er som organisasjon med mange lokallag svært godt eigna i dette arbeidet.

Nøkkelen til forståing er å bli personleg kjende med kvarandre og møtast i sosiale samanhengar. Slik sett er lokallaga i NU ein god plass å starte. I lokallaga kan ein gjennom folkelege kulturaktivitetar treffe kvarandre og skape eit nytt fellesskap, ny lokal identitet og breiare lokalt engasjement. Landsmøtetønskjer å utfordre lokallaga til å tenkje nytt når det gjeld tilskipingar, aktivitetar og rekruttering.

I tillegg ønskjer landsmøtet at det på eit sentralt nivå i NU vert sett fokus på dette arbeidet, og det ønskjer å oppmode styret om å ta opp temaa integrering og betre kul-turforståing gjennom sitt arbeid.

Landsmøtet ønskjer at styret ser på mogleg-heita for å setje ned ei arbeidsgruppe som kan planleggje og drive eit integreringsprosjekt frå sentralt hald.

Møtet vart delt i arbeidsgrupperfor å legge ein plan for korleis dei kan få fleire frå sitt område til å

kome på sommarleirleir

Det nye NU-styret! Håvard Ims, Tone Mjelde, Ingeborg Hollekim Bringslid, Marit Nerås Krogsæter, Endre Kleiveland og Fredric

Jådd Nygård. Rita Sirirud Strandbakke, Marie Nicolaisen og Kine Reiersen var ikkje tilstades når ”styrefien” vart teke.

LANDSMØTET 2015

6 UNGDOM 02/2015

Page 7: Ungdom nr 02 2015

#nulm2015Følg @ungdomslag på Instagram! Her er eit par døme på kva

som vart posta med #nulm2015 under landsmøtet.

Bilete frå sjølvaste talarstolen på landsmøtet. Diskusjon om amatørteater festivalen. (foto: Endre Myhre @endemyh)

Styremedlem Marie Nicolaisen vart under landsmøtet takka av som fast styremedlem av styreleiar Endre Kleiveland.

Engasjement frå talarstolen i diskusjonen om framtida for Folkedansfestivalen.

Styremedlem Håvard Ims spelar opp landsmøtet til ein dag to-dans.

Landsmøtet 2015 er i gang, og styreleiar Endre Kleiveland held leiartalen.

@ungdomslag

02/2015 UNGDOM 7

Page 8: Ungdom nr 02 2015

Tillit og litteratur på Dei nynorske festspelaFestspeldiktar Gunnhild Øyehaug har selskap av mellom andre Olaug Nilssen, Anne Marit Jacobsen, Majorstuen og Jostein Fet under Dei nynorske festspela 25.–28. juni 2015. Årets festspelprogram vil gi publikum mange store opplevingar, både gjennom litteratur, musikk og nyskapande tekstilkunst.– Årets festspeltema et Tillit og denne gongen har vi valt å setje lys på temaet gjennom samtidslitteraturen og festspelutstillinga av Astrid Runde Saxegaard. Publikum får rikeleg høve til å møte festspeldiktar Gunnhild Øyehaug og det blir fleire konsertar med ulike uttrykk. Ivar Aasen-tunet er hovudarena, men publikum får også Festspela både på kjende og nye arenaer i Ørsta og Volda sentrum, seier programansvarleg Åshild Widerøe.Festspela har eigen nettstad med alt du treng å vite: www.festspela.no.

RØSTKVERVET UL OG FJELLI UL VANN KVEN VEIT? 2015

Resultata etter årets Kven Veit?-tevling er no klar! Og det var Røst-kvervet Ungdomslag frå Sør-Trøndelag som tok sigeren med 78 poeng. Men Bergen Ungdomslag Ervingen var tett på, for berre eitt poeng skilde første- og andreplassen. Og dansarane frå BUL Steinkjer tok ein fin tredjeplass med 74 poeng.I juniorgruppa var det Fjelli Ungdomslag som var skarpast med 62,5 poeng. Rand UL kom på andreplass og Fjærland UL på tredjeplass. Alle tre laga er frå Sogn og Fjordane, så dette lovar godt for framtida for trivselsfylket.Vi gratulerer vinnarane og takkar alle deltakarlaga for innsatsen!Les heile resultatslista på www.ungdomslag.no/kvenveit.

Nesten heile vinnarlaget frå Fjelli UL. Oppe til venstre: Tirild Stensaker, Hedda Sølvberg, Ingunn Bergset. Nede frå venstre: Maria Belinda Bergset, Tord Sølvberg, June-Alette Slettenes og Oda-Elise Slettenes.Foto: Hilde-Caroline Roset

OSTERØYFIE

Osterøy var godt representert på Noregs ungdomslag sitt landsmøte – så godt at dei måtte ta ein sjølvi. Tone Mjelde (ny NU-sty-ret), Endre Kleiveland (leiar), Åshild Mjelde Nordås (kulturrådgjevar, NU-kontoret) og Jostein Mjelde (Mjeldalen Ungdomslag).

LYGAR Veit du kva ein lygar i bunadsverda er? Ein lygar blir nytta i staden for skjorte inni jakka/trøya og er ei bunadskjorte utan ermar. Ho skryt altså rett og slett på seg å vere ei heil bunadskjorte.

FRUKOSTFLESK

Høyrt om frukostflesk? Det var det dei kalla beiken, eller bacon, i lands-målsavisa Den 17de Mai. Eit godt ord og så ”fælt lettvinnt aa stella til”.

Gunhild Øyehaug

Det sigrande laget frå Røstkvervet UL. Frå venstre: Leif Stavnesli, Ole Kvernstad, Geir Five. Bak: Randi Fævelen Valaas og Aud Marie Røstvold

8 UNGDOM 02/2015

Page 9: Ungdom nr 02 2015

JORUNN VEITEBERG ER ÅRETS NYNORSKBRUKARKunsthistorikaren og forfattaren Jorunn Veiteberg (59) er kåra til Årets nynorsk-brukar 2015. Ho får prisen for sin ufråvi-kelege vilje til å gjere nynorsk til eit ele-gant og velforma bruksspråk på alle delar av kunstfeltet, i Noreg så vel som i andre land, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 25. juni.

NYTT NOTEHEFTE MED FOLKEMUSIKK!

Alle tre frampå golva er eit notehefte med slåttar til bruk i kulturskulane, for rekrutt og juniorspelemannslag, og til vaksne som vil prøve seg på folkemusikk. Noteheftet inneheld 26 slåttar frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Utgjevinga av heftet er ein del av 25 års feiringa til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal dette året. Etter sumaren kjem det og ein ny CD med bygdedansmusikk fra fylket. Hurra! Pris: 150 kr + porto. Send bestilling til [email protected] Anna Gjendem, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal www.folkemusikkarkiv.no

Storkurs i Rogaland, Stavanger5.-7-februar 2016 Kom og bli med på Storkurs i Stavanger denne helga. BUL Stavanger er teknisk arrangør, og kursa vil gå føre seg i Siddisstova, det flotte lagshuset til BUL. Gode kommunikasjonar gjer at avstand betyr lite. Fleire hotell i området rundt kursstaden. Mange spanande kurs vil komma på menyen, men det er ikkje for seint å komma med ynskje. Send kursynskje og tips om instruktør til: [email protected] Då snakkas me i Rogaland på nyåret!

AUDNEDALS KULTURPRIS FOR 2014 TIL GRINDHEIM UL

Grindheim Ungdomslag vart starta I 1895 og har i ei årekke gleda innbyggarane med ein rekke aktivitetar. Dei har i mange år dreve med eit stort arbeid for bredden I Byremo. Og juryen la spesielt vekt på revyen som arrangers kvart tredje år og barneleikarringen.

Halve kongeriket Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har slått talenta sine saman og laga ein humoristisk og litt tøysete musikal om norsk politikk og eit minnerikt bryllaup ein augustdag i 2001. – Kan det hende at romantikken påverkar politikken, og omvendt: Kan det hende at politikken påverkar romantikken? Kan det hende at politikk eigentleg er veldig, veldig romantisk? Dette er store spørsmål som får ganske tøysete svar i framsyninga, seier Are Kalvø.Framsyninga har premiere på Det Norske Teatret 5. september. Hugs at du som NU-medlem har 20 % rabatt på Det Norske Teatret. Meir om repertoaret finn du på detnorsketeateret.no.

Foto: Peter Claesson

Siddisstova, lagshuset til BUL Stavanger.

02/2015 UNGDOM 9

Page 10: Ungdom nr 02 2015

For hundre år sidan var bedehusa, ungdomshusa, losjehusa og skulestovene viktige samlingsplasser for motkulturane i samfunnet.

TEKST: JON LÅTE

Riksantikvaren engasjerer seg i organisasjonseigde hus, dette

gjeld òg ungdomshus

I dag er mange av desse bygga ute av bruk, og somme er i forfall. Riksantikvaren vil setja inn tiltak for å stanse denne utviklinga.

I Stavanger er t.d. den staselege forsamlings-salen til Totalavholdsforeninga i Vaisenhus-gata 5 blitt til lokala for ein bruktbutikk. Den flotte salen har gjennom åra blitt endra og er i ein slik tilstand at det nesten var umogeleg å tilbakeføre han til originalen, i tillegg er Totalavholdsforeninga så godt som borte.

Byantikvar i Stavanger, Hanne Windsholdt, synest det er trist at gamle organisasjons-eigde hus forsvinn. Dei er minne om ein for-samlingskultur som har vore viktig for byen, seier ho.

Eksempelet er ikke eineståande. Mange avhaldslosjar og ungdomshus og andre lokale som høyrde til dei såkalla motkulturane i Noreg, er i ferd med å forsvinne, sa seksjons-sjef Leidulf Mydland hos Riksantikvaren på konferansen ”Motkulturane sine kulturminne” i Stavanger 23. april 2015.

Ungdomslagsrørsla talde like fram til midten av 1950-talet over 850 ungdomshus, i dag er det 250 hus som vi har registrert i NU, men det finst fleire hus som står der som lite brukt og utan tilsyn. I undersøkinga som NU gjennomførte i 2014, fekk organisasjonen berre svar frå 160 ungdomshus.

Fellesskapet sine bygningar, som vi òg kan kalle desse husa, er ein av dei bygningskate-goriane der vi har mista flest bygningar dei siste 50 åra, seier Riksantikvaren.

Mange bedehus, skulehus og frilynte for-samlingshus/ungdomshus har mista mykje av aktiviteten, og det gjer at forfallet akse-lererer, seier Mydland.

Men no tek Riksantikvaren tak i avhaldslosjar, bedehus, skulestover og liknande folkelege forsamlingshus. Ein ny fredningsstrategi kjem no før det er for seint, seier Leidulf Mydland.

Motkulturane var svært viktige den siste halvdelen av 1800-talet og tidleg på 1900-talet og var på mange måtar ein føresetnad for utviklinga av det moderne, demokratiske samfunnet vi har i dag.

KAN BLI FREDAHos Riksantikvaren seier dei at motkul-turane representerte distrikta sitt opprør mot finkulturen.

Men det er ikkje råd å ta vare på alle forsam-lingshus rundt i bygder og byar.

Riksantikvaren ønskjer å freda fleire hus, men det treng ikkje berre vera dei som er flotte arkitektonisk, men hus som har vore viktige i framvokster og nyskaping av idear i lokalmiljøet. Mange stader må kommunane ta på seg ansvar og vera med å halde t.d. ungdomshusa ved like.

I Noreg er det berre ei skulestove, eit par bedehus og eitt ungdomshus i tillegg til nokre få arbeidarlokale / Folkets Hus som er freda av Riksantikvaren.

Riksantikvaren har ein restriktiv frednings-politikk. Men no som desse bygningane er så høgt oppe på fredningsstrategien, så må vi rekna med at nokre av desse bygga vil bli freda dei kommande åra, sa Mydland på konferansen.

I NU vil vi i nær framtid legge ut ein nettportal med oversikt over dei ungdomshusa som vi har fått informasjon og foto til.

Om laget ditt enno ikkje har meldt inn infor-masjon om dykkar ungdomshus, så finn fram til www.ungdomslag.no/ungdomshus. Klikk på undersøkinga om ungdomshus, og send oss informasjon om ungdomshuset til laget ditt.

UNGDOMSHUS

Ungdomshuset Elvatun i Ulvik (interiør) i Ulvik kommune driftar no huset, og laget har full tilgang og eige rom i huset. Dette er kanskje ei god løysing for lag som slit med drifta. Arkitekt Alvsåker teikna dette huset og Haugatun i Strandebarm som er det einaste som er freda.

10 UNGDOM 02/2015

Page 11: Ungdom nr 02 2015

DØRA PÅ GLØTT FOR

RagnarokTurneliv er eit mikrokosmos. Det handlar om å skape. Men kaoskreftene boblar under overflata.TEKST OG FOTO: TOR FOLGERØ, HALLINGDØLEN

Turnelivet har mykje til felles med Voluspå. Voluspå skildrar korleis verda blir skapt, men også dei mørke kreftene som slepp laus når verda går under i Ragnarok.

KVELDSSOLA MIDT I FLEISENDet er berre éin time til publikum set seg i salen på Nordvang i Vats. Scenekunst-kompaniet YMIST riggar utstyr og varmar opp stemmer, ledd og musklar før kveldens framsyning. På ei gardintrapp bak Nordvang kjempar skodespelar Morten Espeland og lydmann Nils Jakob Langvik mot tida. Dei skal spikre ein mørk presenning over glasrutene på vestveggen. Utan blendingsgardina kjem publikum til å få kveldssola midt i fleisen. Espeland får presenningen på plass, men ikkje utan å dundre hammaren i venstre tommel.

DANS MED KORTE DANSETRINNNordvang i Vats er fyrste turnéstopp på veg mot Bergen og Stord. Det er ungdomshus og grendehus som får besøk. Premieren hadde dei på Nynorskens hus i Oslo. Her spelte dei på ein djup scene ramma inn av mørke veggar. På Nordvang er scenen meir som eit lyst, lite kjøkken. Det er ikkje stor plass å røre seg på for dansarane.

– Det tvingar oss til å tenkje annleis, seier dansar Erlend Samnøen. Ensemblet styrer utanom dei store kulturhusa når turen går vestover mot Bergen og Stord.

– Me likar små grendehus. Dette er hus bygd av folk. Det er ein eigen atmosfære og stem-ning i slike rom. Eg blir glad av å at slike hus blir tatt vare på. Men dei må fyllast med folk og kultur, seier dansaren.

NORSKDOMEN HENG I VEGGANEEspeland seier Voluspå og andre norrøne tekstar var viktige for norskdomsrørsla ogungdomslaga. Dei har hatt det i tankane då dei la opp turneruta.

– Norskdomsrørsla er ein del av livet til teksten. Viss me skulle spelt Voluspå på ein blackbox, måtte me funne ein måte å kom-mentert denne samanhengen. Det slepp me å gjere på Nordvang. Her heng det framleis i veggane, seier han.

Det er ein krevjande tekst. Delar av teksten er nesten ugjennomtrengeleg. Med dansararog skodespelarar frå USA, Sør-Korea, Nederland og Norge, ville dei løfte Voluspå ut av klisjeane til norskdomsrørsla.

– Det er spennande, men krevjande å lage teater av eit eddadikt saman med eit inter-nasjonalt scenekunstkompani som til overmål er organisert med flat struktur, seier han. Det høyrest ut som oppskrifta på å lage eit helvete, eller ragnarok om me skal halde oss til norrøn mytologi.

IMPROVISASJONSKUNSTHan fortel at kompaniet har jobba med teksten og improvisert seg fram til den forma framsyninga har fått.

– Alle i kompaniet er opptekne av improvi- sasjon, seier Espeland. Det har dei også nytte av når dei kjem til ein ny spelestad.– Alle scenar har sine utfordringar. I Ung-domshallen på Stord har musikklaget stablaheile notearkivet sitt opp på scenen. Det får me ikkje gjort noko med. Der kan me ikkje anna enn å la notearkivet bli ein del av sceno- grafien, flirer han.

TEATER

02/2015 UNGDOM 11

Page 12: Ungdom nr 02 2015

Som nok dei fleste forhåpentlegvis har fått med seg, er me no i full gang med ein storstilt besøksrunde til lokallaga våre. Målet er å treffe alle våre lokallag i løpet av ein periode på fire år, noko som vil seie at dei siste laga i runden vert besøkt i 2018. I fjor besøkte me laga i Møre og Romsdal, Telemark, Oppland og Hedmark, og hittil i år har me vore i Aust-Agder og delar av Nord-Trøndelag. I vår og i haust går turen til Sogn og Fjordane, Rogaland, Buskerud og resten av Nord-Trøndelag. Innanfor fleire av desse fylka har vi meir enn eitt fylkeslag, og turane går i samarbeid med dei lokale fylkeslaga. På desse lokallagsbesøka reiser det minst éin representant frå styret, administrasjonen og fylkeslaget.

Bakgrunnen for desse besøka er å skape tettare band mellom lokal-, fylkes- og sentralledd, og at sentral- og fylkesledda skal få betre innsyn i kva lokallaga driv med. Samstundes nyttar me høvet til å informere lokallaga me treffer, om kva tilbod frå fylkes- og sentralledda dei kan nytte seg av, slik som til dømes frifond, momskompensasjon,

gode innkjøps- og forsikringsordningar gjennom KNIF, søke om pengar frå Extra-stiftelsen og arrangement i regi av fylkeslaget eller sentralleddet.

I vår hadde Åshild Mjelde Nordås frå NU-kontoret saman med Marit Krogsæter frå styret og Magne Blågestad frå fylkeslaget gleda av å besøka laga i Aust-Agder. I overgangen vinter/vår/vinter var dei innom Åmli, Lillesand, Myra og Søndeled. Der trefte dei medlemmer frå Austegdelaget, Brekka UL, Myra Ungdoms- og Idrettslag, Nidelv UL, Rise og Løddesøl UL, Fiane Ungdomslag, Froland Ungdomslag, Leikarringen i Lillesand, Vigmarken UL, Ungdomslaget Idun og Åmli UL. (Dei var òg på framsyninga Froland + Mykland = sant, som er omtala på side 13).

I Inntrøndelag var det Skjelstadmark, Ekne, Snåsa, Inderøy og Gil-devangen i Steinkjer som var møtevertskap. Og Alf Steinar Nekstad frå NU-kontoret og Håvard Ims frå styret fekk treffe representantar

BESØKSRUNDENIAUST-AGDEROGNORD-TRØNDELAGTEKST: ÅSHILD MJELDE NORDÅS OG ALF STEINAR NEKSTAD

12 UNGDOM 02/2015

Page 13: Ungdom nr 02 2015

frå Lånke UL, Skjelstadmark UL, Skogn UL, Neset UL, Ekne UL, UL Vårglimt, UL Ogna, Bagabu UL, BUL Steinkjer, Flora UL, Snåsa UL, UL Øyna, Levangerringen og Leirådal Spellag.

Det var svært variert aktivitet i dei ulike laga, noko som spegla det vi ser på landsbasis, at det verkeleg er ”Levande lokalkultur” det vi driv med. Det er ikkje berre dans, teater og bunad, men eit vidt spekter av aktivitetar. Frå idrett og familieturar til disko, swing, aktivitetskveldar og revy, berre for å nemne ein brøkdel av mangfaldet.

Som besøkande er det svært givande å sjå alle dei levande, dyktige lokallaga som held aktiviteten gåande år etter år, både tradisjonsrike sundagsdansar og nye aktivitetar. Me vonar og trur at laga vil sjå til kvarandre og verte inspirert til vidare arbeid framover, og at dei kan få den støtta dei treng frå fylkes- og sentralleddet.

Det viktigaste i vår organisasjon er den lokale aktiviteten, men me må ikkje gløyme at mykje av dei goda som lokallaga i dag kan nytte seg av, er kjempa fram over mange år fordi vi står samla i Noregs Ungdomslag, og fordi at Noregs Ungdomslag igjen står samla med andre kulturorganisasjonar. Det er difor viktig at lokallaga er bevisste tilknytinga til fylkes- og sentralledda i sitt arbeid, og at dei informerer nye medlemar om organisasjonen. Ei av dei største utfordringane me har som organisasjon, er nemleg informasjonsflyt ut til alle våre medlemar. Det er diverre slik at det er mange – spesielt unge – som ikkje er klare over at deira lokallag, eller deira ungdoms,/danse,/

teatergruppe er del av ein større organisasjon. Det igjen gjer at til dømes informasjon om slike arrangement som Sommarleiren går dei hus forbi, fordi dei ikkje får informasjon om at dette er noko dei kan vere med på, og til og med få støtte frå fylkes-/lokallaga til å delta på!

Ei bonusside til det å reise på besøk til våre lokallag under denne lokallagsturneen er at me får sjå stader me kanskje aldri har vore på før. Så tusen takk for oss til både fylkeslaga og alle dei kjekke lagsfolka me fekk treffe!

Alf Steinar Nekstad frå NU-kontoret orienterer om NU til lokallag frå Inntrøndelag.

Frå møtet i det flotte ungdomshuset Elvarheim i Åmli.

Styremedlem Marit N. Krogsæter klar for møtet i Lillesand.

OM DU VIL SJÅ LITT PÅ AKTIVITETEN TIL NOKRE AV DEI LAGA ME BESØKTE, KAN DE GÅ INN PÅ NETTSIDENE DEIRA:

Froland Ungdomslag: froland.org/ungdomslaget/ Myra Ungdoms- og idrettslag: www.facebook.com/myrauil Nidelv Ungdomslag: www.nidelvul.no Ungdomslaget Idun: http://www.ungdomslagetidun.no Ogna UL: http://www.ogndal.net/archives/tag/ul-ognaBagabu UL: http://henningportalen.no/2015/02/09/arsmote-i-bagabu-ul-24-02-kl-20/

LOKALLAGSBESØK

02/2015 UNGDOM 13

Page 14: Ungdom nr 02 2015

UNGDOMSLAG

Den første Frolandsrevyen ble satt opp i 1944 til inntekt for de etterlatte og skadelidne etter Bergens-katastrofen. Neste revy kom noen år etter krigens slutt. Så ble det helt stille helt fram til 1978 da noen ildsjeler gjenopplivet revyen igjen. Etter det var det revy hvert år helt fram til cirka år 2000. Etter det kom revyen mer sporadisk.

I Mykland ble første revy satt opp i 1988. Her var det også revy hvert år fram til 2005. Så ble det stille. Da vi begynte med planleggingen av denne revyen, så vi for oss en historisk revy hvor numrene kom i kronologisk rekkefølge. Slik ble det ikke.

Mange av de gamle, kjente og kjære numrene har fått ”ny drakt”, noe som skyldes at de spilles av unge skuespillere som aldri har sett hverken Frolandsrevyen eller Myklandsrevyen. De har tolket tekstene

på sitt vis og ut fra sine forutsetninger, og det har vært spennende for de få av oss som husker hvordan disse numrene ble framført. Må innrømme at det har vært vanskelig å gi slipp på ”gammelmåten” til noen av disse numrene, men det har faktisk vært nødvendig for at revyarbeidet skal bli ført videre av ungdommene. Et annet moment er at de fleste av de gamle tekstene er skrevet for menn og av menn, og det har vært en utfordring ettersom vi har flest damer med i revygjengen. Og et stort spenn i alderssammensetningen, fra 12 til 63 år, byr også på sine utfordringer.

Denne revygjengen fortjener all den ære og honnør de kan få. Og det er de som nå skal ta revyarbeidet videre og inn i den nye tiden.

Froland + Mykland = santTEKST ER HENTA FRÅ PROGRAMBLADET, SKRIVE AV INSTRUKTØR ANNA JOHANNE SVEINUNGSEN

Her er et par par glim frå revyen. Eit stort spenn, både i alder på aktørene og de ulike revytekstene. En stor takk till Thorhild Sivertsen for lån av bilder!

14 UNGDOM 02/2015

Page 15: Ungdom nr 02 2015

UNGDOMSLAG

Me starta 2014 med eit stort toradarkurs i januar, kurs med Baste Anthun og Siljan Bolstad for dei som hadde spela ei stund, og nybyr-jarkurs med Linda Skjerping som instruktør. Nybyrjarkurset tok heilt av med 25 elevar, mange av desse spelar vidare på toradarskulen. Totalt denne helga var det 53 toradarar som var på kurs i ungdomsla-get. Sindre Fotland var instruktør utover våren på toradarskulen, og då han flytta, overtok Kristoffer Kleiveland frå hausten av. I tillegg har Marte Storebø teke ansvar som vikar for Kristoffer på toradar-skulen. Elevane på toradarskulen har hatt fellesøvingar/samspel og enkelttimar måndagar og tysdagar.

Fast i Skjervet er gruppa med folk frå desse øvingskveldande som deltok på Blømingsfestivalen i Kinsarvik både i konkurranse og med dansespel. På dansespel var òg folk frå Storespretten med. Toradarar frå laget deltok òg på Storefjellstreffen, både på kurs og konkurranse.

17. mai deltok Voss Ungdomslag i folketoget med toradarane, me fekk låne elbil med hengar hjå Biltunet Autoshop, og dette var kjekt. Stødig sjåfør og autopilot og ein gjeng med knallgode toradarar gjorde susen. Etterpå var det is og brus i Gymnasvegen og vidare på andre tilskipingar før me avslutta kvelden med 17. mai-fest i Ungdomshallen.

Etter ein lang øvingsvinter og speling både her og der var det som-maravslutning for toradarane i Ungdomshallen 10. juni, med både små og store. Her spela både toradarskulen sine elevar og dei som er med på rekkspel-klubben.

Slutten av august kom, og med han oppstart på toradarskulen igjen. For å få ein pangstart vardet ei lita øving og så av garde til Granvin og dans med Jutullaget, og der fekk ein del av toradarane stå på scena med Jutulane, ein perfekt oppstart på toradarhausten.

Onsdag 10. desember var born og vaksne samla i Ungdomshallen til joleavslutning. Det var både samspel og solo frå elevane på toradar-skulen, og både born og vaksne deltok i spelet. Dei vaksne toradarane var så nøgde med hausten at eigne lommer vart vrengde, og det vart jolabord 13. desember, heile 19 personar vart med på gildet.

Toradarane– den største aktiviteten i Voss Ungdomslag

TEKST: OLAUG HAMRE, VOSS UNGDOMSLAG

1. 17. mai 2014 deltok Voss Ungdomslag i folketoget med toradarane. Ein stor suksesss, og kanskje ein ny tradisjon?

2. Bilete er frå toradaravslutning des 2014 før jol, med toradarskulen og toradar/trekkspelklubben.

02/2015 UNGDOM 15

Page 16: Ungdom nr 02 2015

I denne artikkelen blir det trekt fram ein del stoff som ikkje har vore så mykje framme før, mellom anna om variasjonar eller endringar som har dukka opp undervegs. Men først om dei kvinnene som bar ideen fram.

KVINNENE BAK BUNADSARBEIDETArbeidet i bunadsnemnda vart utført av ei gruppe kvinner frå Vefsn-området, som alle hadde tilknyting til Vefsn folkehøgskole. Astrid Langjord (1885–1955) er alt nemnt. Ho var tidleg ute med å skrive om ein spesiell nordlandsbunad – eller vefsnbunad/helge-

landsbunad som det òg vart sagt til å begynne med. I eit innlegg i ungdomsbladet Midnattsol i 1923, fem år før prøvebunaden var ferdig, skriv ho om klestradisjonane i Vefsn og sluttar med å seie at ho lenge har ønskt seg ”ein egte nordlandsbunad”. Men tanken var ikkje ny, for ho fortel at det i Midnattsol rett som det er har vore skrive om ein slik bunad. Med Vefsn folkehøgskole som sentrum starta så arbeidet med buna-den vinteren 1927/28. Her på skolen var Anne Svare (f. Stigarvoll, 1894–1974) handarbeidslærar 1922–40. I bunadsnemnda var ho

Det har vore skrive fleire artiklar om nordlandsbunaden for kvinner. Som kjelde til dette stoffet er det først og fremst Astrid Langjord som er bruka. Ho var leiar for den bunadsnemnda som i 1926 fekk i oppgåve av Hålogaland Ungdomslag (HUL) å lage eit utkast til kvinnebunad. Av dei kvinnene som våren 1928 hadde ein prøvebunad å syne fram på årsmøtet til HUL, var Astrid Langjord den som heilt fram til 1950-åra skreiv mest om nordlandsbunaden. Det er derfor berre naturleg at ho har vorte flittig sitert.TEKST: PER SMØRVIK, HÅLØYGMINNE NR. 1 2015

NORDLANDSBUNADEN FOR KVINNERSkapingsprosess og utvikling

NORDLANDSBUNADEN

Foto: Audun Stokke Hole

16 UNGDOM 02/2015

Page 17: Ungdom nr 02 2015

fagpersonen som leidde arbeidet med prøvebunaden skoleåret 1927/28. Det var òg ho som teikna broderiet framme på livet. ”Vi prøvde oss på det, fleire av oss”, skriv Astrid Langjord, ”men fru Svare sitt var det beste.” Anne Svare hadde òg god kontakt med ”Heimen” i Oslo. Her fekk nemnda god hjelp til å få bunaden ferdig. I åra som kom, tok Anne Svare seg av utlån av prøvebunaden til andre folkehøgskolar. Etter-latne brev viser at det òg vart hennar oppgåve å svare på dei mange spørsmåla som kom om den nye bunaden. Det er vanskeleg å sjå for seg eit så pass vellykka prosjekt som arbeidet med nordlandsbu-naden var, utan den faglege kompetansen som Anne Svare hadde.Nordland Bondekvinnelag heidra ho då bunaden var 40 år (1968) og takka ho for arbeidet med å skape ”vår eigen bunad” og elles for å ha ”tatt vare på alle tradisjonar og alt som har vore skreve og sagt om bunaden fram gjennom åra”.

MED I BUNADSNEMNDA VAR ÒG ASTRID VALBERG OG INGA RØRVIK. Astrid Valberg (1886–1956) var frå Grane. Om lag samtidig med Astrid Langjord skreiv også Astrid Valberg i 1923 i Midnattsol om bunadstanken. I eit innlegg i Nordlands Avis i 1929 og også i ungdomsbladet Håløygen (som vart gitt ut på Vefsn folkehøgskole) skriv signaturen – m. (Odin Benum?) at ”tanken om ein slik særs Nordlands-bunad vart frå fyrst av teken upp av fru Astrid Valberg frå Grane. Ho både skreiv og tala um dette, og ho tok til å samla sumt av kvinneklæde frå gamal tid, som skulde syna at det og her i Nordland hev vore særskilde bygdebunader”. Astrid Valberg var altså svært aktiv i innsamlingsarbeidet til ein nordlandsbunad. Og då Johs. Eidnes på Trondarnes folkehøgskole i 1923 fortalde kven som hadde komme med opplysningar til ein mannsbunad, var Astrid Valberg ein av dei to frå Helgeland som hadde bidradd (den andre var Ola Grotnes frå Rana).

Inga Rørvik (1881–1959) høyrer med til dei som heile tida var med i skapingsprosessen. Seinare skreiv ho òg om bunaden.

Ektemannen, gullsmeden Aksel Rørvik, laga sølvet til nordlandsbuna-den. Begge desse var nære venner av Kirsten og Odin Benum, styrarparet på folkehøgskolen. Eit anna viktig namn er Dina Kulstad (1871–1947). Det var ho som skaffa fram broderia frå Røyten like nord om Mosjøen, som vart grunnlag for broderia på bunaden (sjå fig. 2 og 3). Utan dette ”funnet” ville vi ikkje hatt nordlandsbunaden slik vi kjenner han i dag. Om henne seier Astrid Langjord: ”Ho var ikkje vald i nemnda, men ho var velsigna interessert og hjelpsam frå fyrst til sist. Og takk og æra skal ho ha for det!”

Så blir òg Ragnhild Værdalshaug (1883–1957) trekt fram som ein dyktig medarbeidar i arbeidet med å få ferdig prøvebunaden vinteren 1928.

BUNADSVINTEREN 1927/28Arbeidet med å skape ein ny kvinnebunad vart gjort på folkehøgskolen skoleåret 1927/28. Dei som heldt på med dette, hadde kort tid på seg, men arbeidde effektivt og hadde ein prøve av bunaden ferdig før sommaren kom. Men sjølvsagt var det ikkje slik at alt fall på plass med det same, og ikkje alltid var dei einige, slik Astrid Langjord fortel: ”Ja, vi valde no og vraka så godt vi forstod, og krangla gjorde vi og med kvart.” Også drevjekunstnaren Andreas Nilsskog vart kontakta og kom med forslag, ”men det vart vi ikkje nøgd med. Det minte for mykje om harding- og vossa-bunad.” Det vart altså mønsteret frå Røyten som vann fram. Tone Svare Kvien har etter mor si, Anne Svare, fleire mønsterark frå denne tida. Her finn vi òg mønsteret på broderiet framme på livet slik det først vart utforma av Anne Svare, og slik det òg vart på prøvebunaden (sjå fig. 6). Men det må fort ha vorte endra, for på bunadene som vart sydd på folkehøgskolen vinteren etter, har mønsteret ei litt anna utforming. Det er vorte enklare, og blant anna er den runde, blå blomsteren kommen øvst i mønsteret, og den

NORDLANDSBUNADEN

Fig 1. Prøvebunaden som vart synt fram på årsmøtet til Hålo-galand ungdomslag somaren 1928.

Fig 2. To tøystykke frå Røyten ved Mosjøen, ein bringeklut (fig. 2) og ein lomme (fig. 3), danna grunnlaget for broderia på nordlandsbunaden.

Fig 3. Bildet viser lommen frå Røyten.

1. 2.

3.

02/2015 UNGDOM 17

Page 18: Ungdom nr 02 2015

klokkeforma blomsteren har fått ei anna farge og plassering (sjå fig. 7). Slik er det jo framleis.

Astrid Langjord har i fleire samanhengar fortalt om den kontakten bunadsnemnda hadde med ”Heimen” i Oslo. I 1929 skriv ho: ”Det var ein lumme og ein bringeklut vi hadde å sjå etter, og vi streva då og teikna og gjorde ’utkast’ til saum på bunaden, det beste vi hadde lært. Men dei fleste av oss hadde ingen ting lært, og til slutt sende vi heile sulamitten til ”Heimen” og bad dei velja og vraka og arbeida meir med det. […] Saumen på livstykket vart um lag som det utkastet Anne Svare teikna upp.” Inga Rørvik har med om det same: ”[Vi] vart so einige å senda alt dette til Heimen i Oslo og be om hjelp til å teikna opp dette gamle mønsteret [frå Røyten], so det kunne nyttast til prydsaum til ein påtenkt nordlandsbunad. […] Frå Heimen fekk vi so send forslag til stakkbordar og garn til saumen.”11 Det var Karoline Grude som teikna den stakkborden som vart bruka på nordlandsbunaden (sjå fig. 11).

Ut frå desse utsegnene kan det sjå ut som at forenklinga i mønsteret framme på livet har komme seinare, men før neste skoleår tok til. Men broderiet slik det var på prøvebunaden, vart ikkje heilt borte. Eksempel på det er foto av elevkullet frå Vefsn folkehøgskole 1934.

Der kan vi sjå fire av jentene som har det slik. Og sikkert nok er det at då Anne Svare teikna på bunaden til søstrene Thorsen (1953), heldt ho fast på dette mønsteret (sjå fig. 9). Det var kanskje ikkje så rart sidan det var ho som frå først av hadde teikna det slik. Kor mange bunader det finst i dag som har det på denne måten, er uråd å seie.

DEI NESTE ÅRADei første åra etter at nordlandsbunaden var ferdig, fortel ikkje dei kjeldene som er bruka i denne artikkelen, så mykje om. Det er nemnt over at Anne Svare tok bunaden inn i arbeidsprogrammet på Vefsn folkehøgskole allereie skoleåret 1928/29. Då kom òg forkle og tørkle til. ”Og sidan”, seier Astrid Langjord, ”har dei sauma Nord-lands-bunader både nord og sør, og lovord har han fått jamt over.”

Bunaden vart altså tatt i bruk, men det var nok ein fare for at nokon ville endre på ting og slik ikkje respektere det resultatet bunadsnem-nda hadde komme fram til. Det er dette Astrid Langjord åtvarar mot i 1929: ”Brigde vil sjølvsagt koma, her som andre stader, med tida. Men fyrebels bed eg at de er vare, og held på det som er. Det var ikkje lett gjort å koma så langt. Der var mykje ’pikulering’, som han sa finnlendingen. Og eit uklokt og tankelaust brigde vil berre øydeleggja.”

NORDLANDSBUNADEN

Fig 6. Broderiet framme på livet på prøvebunaden (fig. 1) er for-skjellig frå det forenkla mønsteret som kom like etter (sjå fig. 7).

Fig 7. Denne bunaden er sydd av Sigrun Karijord, dotter til Astrid Valberg, og går for å vere ein av dei første nordlandsbunadene som vart sydd. Ho var elev ved Vefsn folkehøgskole året før prøvebunaden var ferdig. Broderiet framme på livet har no fått ei litt forenkla utforming.

Fig 9. Bildet av søstrene Thorsen frå Mosjøen, Anna Maria, Åse og Toril, er tatt i 1953. Anne Svare, som teikna på bunaden, bruka her mønsteret frå prøvebunaden i broderiet framme på livet. (Bildet utlånt av Tone Svare Kvien.)

9.

6. 7.

18 UNGDOM 02/2015

Page 19: Ungdom nr 02 2015

Dette er eit utdrag, heile teksten kan lesast i Håløyg- minne nr. 1 2015, der den først sto på prent. Kan tingast på www.hminne.no

Sjå og Nordlandsbunaden på framsida av bladet.

Forsøk på endringar kom då òg, som det er vist eksempel på under. Og ”Heimen” i Oslo merka òg slike tendensar. Kristian Halse har i jubileumsboka for Vefsn folkehøgskole tatt med om det. I 1939 skreiv dei frå ”Heimen” til Anne Svare: ”Ein tilfeldig kunde opplyser oss at vår modell er annleis enn bunaden som dei brukar han i Nordland. Livet skulde gå ned i ein spiss framme og det var ein par andre småting med skurden, som ho meinte bur de vera annleis.” Så held Halse fram: ”No stod ‘Heimen’ på at dei heile tida hadde følgt den mo dellen og dei mønstera som dei fekk frå handarbeidslæraren på Toppen. Og var det i mellomtida gjort endringar, så måtte dei få vite om det.” Greitt var det vel ikkje for ”Heimen” heller, etter det dei skreiv til Anne Svare: ”Vi høyrer so mykje om bunadene her ved disken, der det kjem so mange folk. Snart fortel den eine det, den andre det.”

Seinare, i 2003, fekk Hålogaland Ungdomslag i stand eit godkjen-ningsmerke som har vorte ei god hjelp for dei som vil sikre seg ein nordlandsbunad som held seg til originalen.

”ET FORLENGET BRODERI PÅ RYGGEN”Etter krigen dukka det opp ein del bunader som hadde eit anna møn-ster på livet bak (sjå fig. 10). Det var altså ein eller fleire som ikkje var tilfredse med mønsteret slik det var utforma av bunadsnemnda i 1927/28. Det er ikkje så lett å finne ut kven som stod bak denne endringa. Karin-Johanne Ness skriv i ein artikkel om ”en del bunader fra rundt 1950 hvor det er laget et forlenget broderi på ryggen. Det blir fortalt at det var en kvinne i Salten som mente at blomstene måtte ha en avslutning, og laget derfor en stilk og noen blader ekstra”. På spørsmål om opphavet til dette mønsteret har Husfliden i Bødø berre dette svaret: ”Brodering er som handskrift, det vil variere fra person som broderer og til person som broderer. Det er og slik at det er ulike meininger om/ønsker om korleis bunaden skal sjå ut.” Men det blir presisert: ”Vi er en av 6 husflidsutsalg som forholder oss til bunadsnemndas godkjenning av Nordlandsbunaden – denne skrev alle under i 2004, derfor er det den vi forholder oss til. I dette er det et klart mål om å videreføre bunaden slik den opprinnelig var.” Kor mange bunader det er som har dette broderiet bak på livet – og som framleis blir bruka – er naturlegvis uråd å seie.

Same bunaden som har dette forlenga broderiet, har òg ein spe-gelvend kantbord (fig. 11). Men det er det fleire bunader som har, sjå bildetekst.

EIN POPULÆR BUNADI 1929 skreiv Astrid Langjord: ”So vonar eg nordlandsbunaden finn hjarterrom og husrom både hjå høg og låg, og blir festbunaden for oss her nordanfrå, kvar vi so kjem til å byggja og bu.”20

”Ønsket hennes har blitt oppfylt, og sterkare enn det både ho og dei andre som skapte nordlandsbunaden for kvinner, kunne drømme om.” Nettoppslag som dette fortel om ein svært populær bunad:

”Nordlandsbunaden er en av våre mestselgende bunader. Kanskje ikke så rart iogmed at den flere ganger har gjort det svært godt i avstemninger om Norges vakreste bunad?” (Den Norske Husfliden).

I ei tid med ikkje all for god kontroll med produksjon og sal er det viktig å passe på at den ”ekte” nordlandsbunaden blir tatt skikkeleg vare på. Stor takk til Tone Kvien, som har lese gjennom teksten og gitt råd og elles bidradd med kjelder. Takk også til Rønnaug Tuven og Bjørnar Pedersen ved Helgeland museum, avd. Vefsn.

Fig 8. Mønsteret i broderiet på bringekluten frå Røyten (fig. 2) vart overført til ryggen på vesten. Utsnittet er frå ein bunad levert av Bunadsstua i Harstad, 2012.

Fig 10 . ”Ryggrosa” med det forlenga broderiet.

Fig 11. Den øvste kantborden (stakkborden) vender mot venstre slik som på prøvebunaden ,sjå fig. 1. På ein del bunader er det omvendt, sjå fig. 9, og også slik som vist på bunaden som det er vist utsnitt frå i fig. 10.

10.

11.

8.

NORDLANDSBUNADEN

02/2015 UNGDOM 19

Page 20: Ungdom nr 02 2015

MINNEORD

Ved veis endeHELGA HOLTE OLSENDet var ei trist melding som nådde oss hausten 2014. Helga Holte Olsen hadde gitt opp kampen mot kreften. Danseskoa var parkert for godt. Eit langt liv med folkedans og Noregs Ungdomslag, men i første rekkje mann, barn, svigerbarn og barnebarn, var over. Mange vener sender varme tankar og minnes med glede dei mange møta vi har hatt med Helga.

Helga Holte Olsen var frå Gausdal, fødd 23.09.1926. Ho dansa heile livet, trur eg. Det eg veit, er at ho lærte å rettleie av to gamle pionerar: Klara Semb og Ola Straumsheim. Dei var lærarar på leiklærarkurset som Noregs Ungdomslag heldt på Voss folkehøgskule i 1947. Helga var deltakar. Ho måtte ha vore ein god elev, for då Klara Semb gav seg som reisande instruktør og Noregs Ungdomslag skulle tilsetje ein leikleiar, blei det Helga. Ho var i stillinga til 1957, då Liv Midttun tok over.Leikleiaren i NU heldt òg kurs for andre enn medlemslaga. Det heldt Helga fram med til det siste. I starten var det gymnastikkelevar, på slutten pensjonistar. Ein stad fann ho mannen i sitt liv, Morgan, og saman fekk dei tre søner. Morgan blei etter kvart med i folkedansen han òg, mest som spelemann og husdiktar.Då eg blei med i BUL Oslo i 1959, var det mange flotte rettleiarar der. Det var mange dansarar òg. Barnelaget hadde fire grupper og leikarringen minst to. Som ny i laget var det mange å sjå opp til, mange å lære av. Ei dansa finare enn alle andre. Den som kunne bli så god som Helga! Ho var rettleiar i BUL, i Barnelaget og i Leikarringen. Ungane elska henne, og vi vaksne freista som best vi kunne å bli like gode dansarar som ho var.Lagnaden ville at eg fekk gå i fotefara til Helga. Leiklærarkurs på Voss 1961 gjorde meg til rettleiar i Barnelaget, leikkurs i Numedal med Helga som lærar i 1963 lærte meg mykje, og i 1965 fekk eg arbeid som leiklærar etter Liv Midttun. Første kurset eg administrerte, var leiklærarkurs og repetisjonskurs i Sogndal. Helga var lærar, mellom anna for dei som kalla seg ”Vegskrekk”, og som har sett spor etter seg på mange vis. Det var ein dugande instruktør dei hadde.Dei fleste minna er likevel frå BUL i Oslo og møta med Helga og Morgan: leikfestar, fest for Klara Semb, teaterkveldar på Det Norske Teatret, Nordisk folkedansstemne på Færøyane, teaterjubileet hausten 2013 m.m.Helga var òg med i Gullringen i BUL Oslo så lenge ho makta. Like blid og venleg mot alle, like omtenksam som første gongen eg møtte ho. Store ord var ikkje Helga si framferd, men varme smil som gav meg ei kjensle av venskap og omtanke.Takk, Helga, for lærdom og venskap i over 50 år. Fred over minnet ditt.

Turid Mørk Øfstaas

AAGOT NOSSAagot Noss – folkedraktforskar, tradisjonsberar, kulturformidlar – døydde 5. april, 90 år gamal. Ein bere-bjelke i norsk kulturliv er borte.Aagot Noss var rotekte hallingdøl, fødd og oppvaksen i Ål. Ho tok filosofisk embetseksamen i 1955, alt året etter vart ho knytt til Norsk Folkemuseum, og her hadde ho arbeidsplassen sin heilt til

oppnådd pensjonsalder 1994.I granskinga si utvikla Aagot Noss sin eigen metode: oppsøkja kjel-dene der dei budde, bli kjend med dei, få dei til å fortelja. Det vart mange reiser, mange tettskrivne notisbøker, og det vart materiale til ei lang rekkje bøker.Mange fekk nyta godt av innsikta og kunnskapane hennar – innlegg på seminar og konferansar i inn- og utland, førelesingar for studentar i etnologi, konsulentoppdrag for lokalmuseum og organisasjonar. Då det norsk-amerikanske museet i Decorah i Iowa vart opna i si nye form i 1975, var Aagot ein av heidersgjestene, som påskjøning for den innsatsen ho hadde gjort.Med den faglege tyngda si var Aagot Noss ein ressurs for Norsk Folkemuseum, og ho hadde tillit. Då museet i 1976/1977 fekk ny organisasjonsform med eit styre der medarbeidarane for første gong var representerte, vart Aagot vald som representant for det vitskapelege personalet. Ho var sentral då vi i 1983 lukkast med å få tilbakeført frå Nordiska Museet i Stockholm den storslåtte samlinga av norsk folkekunst. Under hennar leiing kom den rike samlinga av draktsølv alt året etter og vart vist fram i den flotte utstillinga som vart opna som del av markeringa av museet si 90-årsmarkering i desember 1984.For innsatsen sin vart Aagot Noss heidra med riddarkrossen av St. Olavs Orden. Ho fekk gjort mykje, og det er mange spor etter henne.

Halvard Bjørkvikprofessor emeritustidl. direktør for Norsk Folkemuseum(henta frå Aftenposten)

20 UNGDOM 02/2015

Page 21: Ungdom nr 02 2015

MINNEORD SPRÅK

Vi har sett det kome, men trudde at eit

universitet var for-plikta til å stø opp om den vitskaplege fellesskapen i kunn-skapssamfunnet Noreg. Der tok vi

feil. Det universitetet som no satsar alt på å bli blant dei fremste i verda, har effektivt greidd å oppløyse eit forskingsmiljø som alt var eit av dei fremste. Inga regjering ville ha godteke noko slikt innanfor helse, medisin eller samferdsel. I 1842 la Ivar Aasen ut på den første av dei mange reisene sine gjennom det norske språ-ket. Språksamlinga hans var ikkje den første i landet, men med han fekk slikt arbeid ei tyde-leg retning og eit vitskapleg fundament som framleis gjer inntrykk verda rundt. Seinare har hundrevis gjort sitt. Difor har Noreg fan-tastiske samlingar like frå 1600-talet. Kvart einaste gode ordrettingsprogram for bokmål og nynorsk står i gjeld til desse samlingane.Universitetet i Oslo vedtok i 2014 å avvikle sitt engasjement på området. Kva følgjer det kunne få, visste ingen for inga konsekvensut-greiing låg på bordet. Nynorsk kultursentrum tok affære. Saman med fem universitet, ein høgskule og eitt forlag har vi drøfta saka kontinuerleg det siste halvåret. Alle sentrale fagmiljø er med i denne ordbokgruppa. Med støtte frå dette samla vitskapsmiljøet har Nynorsk kultursentrum føreslått å opprette eit nasjonalt fellesføretak for språksamlingar og ordbokarbeid under leiing av Universitetet i Bergen. Forslaget representerer ein enkel og trygg strategi for vidare utvikling av forskings-

felta leksikografi og namnegransking. Denne forskingsstrategien meiner Blindern ingen ting om. I denne store saka har rektor vore sporlaust forsvunnen. På alle desse måna-dene har dei ikkje greidd å lage eit påliteleg oversyn over status, tilstand og omfang av dei samlingane dei vil kvitte seg med. Ikkje har dei rekna på kostnadene heller.Den einaste som har rekna og utgreidd denne saka, er Nynorsk kultursentrum, og det har vi gjort for eiga rekning. Utgreiing og rek-nestykke la vi fram 27.11.2014, to dagar etter at Universitetet i Oslo hadde drøfta saka med oss. Seinare har ikkje universitetet teke kontakt om nokon ting. Dei har ikkje stilt eitt spørsmål, ikkje bedt om så mykje som eit forklarande komma og ikkje invitert ord-bokgruppa til å gå gjennom samlingane. Det har berre Nasjonalbiblioteket fått høve til. Nynorsk kultursentrum har gjort greie for to ulike løysingar. Vi har peikt på ei fagleg minimumsløysing og ei økonomisk mini-mumsløysing. I kroner er avstanden mellom dei løysingane stor, men Universitetet i Oslo har berre kommentert den dyraste løysinga – som får deira forslag til å sjå ut som den gratis lunsjen som ikkje finst. I staden for å spørje systematisk og kritisk, slik akademikarar plar gjere, har universitetet tolka utgreiinga vår fritt og konkludert utan å ane om premissane for konklusjonane held.Universitetet vil overføre språksamlingane til Nasjonalbiblioteket og parkerer alt vit-skapleg ordbokarbeid ved å seie at det får forlaga ta seg av. Unntaket er Nynorskord-boka og Bokmålsordboka, der Språkrådet lenge har betalt moroa. Dei ordbøkene kan berre utviklast vidare viss der er levande språksamlingar å dra vekslar på. Om Nasjo-nalbiblioteket er det mykje godt å seie, og dei

skal byggje opp mange samlingar, men ikkje dynamiske samlingar av det slaget det her er tale om. Noreg held seg med universitet og høgskular til slikt. Å gjere vitskaplege ordbøker til er ei sak for forlaga er rein opportunisme. Det er ikkje for moro skuld Stortinget sidan 2002 har løyvt 179 millionar 2015-kroner berre til det store verket Norsk Ordbok for nynorsk og alle norske dialektar. Sjølv ikkje Oxford University Press har tent pengar på den store ordboka si for verdsspråket engelsk. I over 40 år har Stortinget også løyvt store summar til arbeidet med språkamlingane. No bør universitetet gjere nøye greie for korleis midlane er blitt brukte, og om alt er brukt til det Stortinget frå 1972 har føresett at dei skulle brukast til. Kulturminister Thorhild Widvey har heldigvis sett alvoret. Både statsråden og statsse-kretæren har ved fleire høve presisert at pengane følgjer prosjektet. Då burde saka vere enkel: Vel den løysinga som er best for vitskapen og brukarane. Diverre har Univer-sitetet i Oslo til no gjort alt dei kan for at pengane ikkje skal følgje prosjektet, for det taper universitetet på. Universitetet vil ha den løysinga som kostar dei minst, ikkje den som er vitskapleg best og gir vitskapen mest. Den siste sjansen er enno ikkje brukt. Rektor Ole Petter Ottersen bør innan to veker invi-tere rektorane og leiarane frå dei sju insti-tusjonane som gjennom ordbokgruppa har sagt at dei vil ta ansvar for vidare forsking og samlingsforvaltning. Saman kan vi raskt presentere ei løysing for regjeringa som held både forskingspolitisk, kulturpolitisk og økonomisk. Alternativet er skandale.

Kronikken sto på trykk første gong i Klassekampen 20. april 2015.

I 170 år har språksamlingar og ordbokarbeid vore ein norsk vitskapleg spesialitet. Med akademisk noregsrekord i dårleg saksutgreiing avviklar Universitetet i Oslo det største forskingsprosjektet i norsk humaniora utan eitt ord om forsking.OTTAR GREPSTAD, DIREKTØR NYNORSK KULTURSENTRUM

BLINDERN-SKANDALEN

Ottar Grepstad

02/2015 UNGDOM 21

Page 22: Ungdom nr 02 2015

Meistereleven er deg og meisterinstruktøren er nokon som du kan tenkja deg å fylgja over ein tidsperiode. For mange instruktørar vil det vera ein draumesituasjon å kunna fylgja ein erfaren instruktør/pedagog over ein periode, og læra av denne personen. Det er sjølvsagt ikkje meininga at meistereleven skal verta ein kopi av meisterinstruk-tøren heller, men gjennom å læra måtar å undervisa på finna fram til kven du kan tenkja deg å vera som instruktør. Det kan også vera ein måte å endeleg finna ut: korleis formidla rotasjon i reinlender på best mogleg måte, eller korleis arbeida med improvisasjon i turdans? Her er det heilt ope kva ein vil få meir innputt på.

OM PROSJEKTETNoregs Ungdomslag og folkedansen treng fleire gode instruktørar. Me treng også fleire som vil satsa på instruksjon og pedagogikk som leveveg på sikt. Difor håpar me at dette prosjektet kan vera med og stimulera til dette.

Prosjektet gjev eit stipend som skal gå til reise og opphald for meis-tereleven, i tillegg til eit honorar til meisterinstruktøren. Dersom me får budsjettet til å gå opp, så er det heller ingenting i vegen for at det kan vera to meisterelevar som kan fylgja meisterinstruktø-ren/-pedagogen over ein periode. Så er de to vener som instruerer i lag så kan det vera slik at me finn fram til eit opplegg for begge to.

ER DETTE PROSJEKTET AKTUELT FOR DEG?-Er du folkedansar og under 26 år? -Har du lyst til å bruka eit år av livet ditt på å verta ein betre instruktør? -Har du tankar om kva du har lyst til å utvikla deg innanfor, eller kven du kan tenkja deg å fylgja i løpet av året (det siste her kan me på kontoret også hjelpa deg med)

KORLEIS SØKJA? Send ein e-post til Halldis på [email protected]. Skriv litt om deg sjølv (alder, bustad, kor lenge du har dansa og evt kor lenge du allereie har undervist/instruert). Skriv også gjerne om kva planar du har for neste år og korleis eit meisterelevopplegg kan passa inn i året ditt, fint om du også får med kva du kan tenkja deg å verta betre til. Dersom du har tankar om kven du har lyst til å fylgja så skriv gjerne inn dette også! (men det kan me på kontoret altså hjelpa deg med)

Søknadsfrist 1. juni!

Prosjektet er støtta av LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar)

Går du med ein instruktørdraum i magen? Frå hausten av tilbyr NU eit spesialopplegg for deg som vil gå i lære hjå ein erfaren instruktør/pedagog. Me kallar dette meisterelev og meisterinstruktør og håpar at dette kan vera noko for nettopp deg!

NU MEISTERINSTRUKTØR

DANS

22 UNGDOM 02/2015

Page 23: Ungdom nr 02 2015

DANS UNGDOMSLAG

Nokon tenkte nok at ”hain Bør hadde vårte toillåt” når Bjørnsonhuset i Molde vart neste mål. Men billettane flaug unna som wiener-brød, rigabalsam og sukkelade, og gjengen hausta fortent ståande applaus frå ein full-sett sal.

EVIG AKTUELT FOR KOLONIALMAJORAR OG SVISKESKUFFEDIREKTØRARBør Børson jr. av Johan Falkberget med Rolv Wesenlund, Sølvi Vang med fleire gjekk sin sigersgang på Det Norske Teatret i 1971–72 og vart seinare filmatisert og vist både på kino og på NRK.– Det er ei krevjande framsyning for ei lita amatørteatergruppe å gje seg i kast med, men Eidsvåg UL har trass alt ein over 100-årig

tradisjon med folkekomedie og revyarbeid. Med lang tradisjon, svært gode aktørar og eit solid orkester trur vi at vi har noko som vil underhalde publikum i Molde òg, sa instruktør Bjørn Ølander til avisa Driva før framsyninga i Bjørnsonhuset.Han meinte òg at stykket er evig aktuelt i romsdalsbyen med kolonialmajorar og sviskeskuffedirektørar og ein svært oppe-gåande handelsstand som heilt sikkert vil kjenne seg igjen i den truskyldige – og heldige – Bør Børson jr. Og han kom med ei oppmoding om at her måtte alle små og store detaljistar kjenne si gjestingstid.– Vi har sterke songprestasjonar med Mats Nerli i spissen, seks gode musikarar under leiing av André Gussiås og eit samansett og leikent ensemble på 22 personar, der

den yngste er 12 år, og den eldste er – ja, det bør vi vel ikkje røpe, vi er trass alt eit ungdomslag …

KUNNE SELT ENDA FLEIRE BILLETTARMålet var å gå i balanse med 200 billettar, noko som vart kjapt passert. Og rykta vil ha det til at ein nok kunne ha selt meir enn dei 700 billettane om det hadde vore plass til fleire. Det er semje i teaterlaget om at det har vore eit svært artig prosjekt, som òg har gitt ei god inntektskjelde for ungdomsla-get. For aldri har ei framsyning i Eidsvåg ungdomslag spelt inn så mange kroner tara brutto minus tjue prosent, som Bør Børson vel ville ha sagt det.

Teatergruppa i Eidsvåg ungdomslag har i vår hatt kjempesuksess med oppsetjinga av Bør Børson jr. Og etter å ha fylt ungdomshuset Bergtun fire kveldar med svært gode tilbakemeldingar kom ideen om å ta framsyninga til ei større scene.

BØR BØRSON JR.til Bjørnsonhuset

02/2015 UNGDOM 23

Page 24: Ungdom nr 02 2015

Fagdagane i bunad og folkedrakt er eit naturleg samlingspunkt for alle bunadsinteresserte i Noreg. Sidan 2013 har bransjen, entusiastar, organisasjonar og alle som interesserer seg og arbeider med bunad, samla seg på Fagernes. I år er Fagdagane frå 10. til 11. september og vil ha ”Berekraftig bunadnæring” som hovudtema.

KVASKALTIL?Kva skal til for at bunadsproduksjon blir berekraftig? Dette er eit spørsmål som vil prege Fagdagane 2015. Fagdagane vil sjå på framtida for bunadnæringa og spørsmåla kring kunnskap, kulturarv og næring. Etterspurnaden etter bunader er høg, men moglegheita til å halde i hevd handverkstradisjonane knytt til bunaden blir stadig utfordra – av både billegare produksjon i utlandet og av at få vel bunadtilverking som yrkesveg. Korleis kan vi bevare kunnskap og kulturarv som ligg i bunadene våre og samtidig drive bunadproduksjon som næring, er spørsmålet som blir stilt på årets fagdagar.

MELDDEGPÅI løpet av to dagar på Fagernes samlar bunadtilverkarar, tilsette i husflidsbutikkar, forskarar, interesseorganisasjonar og andre

interesserte seg til seminar, draktfaglege foredrag, demon-strasjonar og utstillingar. Fagdagane er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Noregs Ungdomslag.

Blei du nysgjerrig? Sjå ungdomslag.no for fullt program og påmelding til Fagdagane 2015.

NORSK FOLKELEG DANS

Fjorten deltakarar fekk 14. mars eksamensbevis av stortingsre-presentant Rigmor Aasrud for bestått eksamen i Norsk folkeleg dans på Riksscenen i Oslo. Eksamenen var ein undervisnings-situasjon leia av fagansvarleg Vegar Vårdal, parvis dans og ei munnleg utspørjing. Etter fire samlingar det siste året har deltakarane utvikla eigne danseferdigheiter og øvd på å sjå og vurdere dans, anten som del av eit dansepar, som publikum eller som kappleiksdommar.

- Deltakarane har ofte varierande førehandskunnskap, men vi ynskjer å gje dei eit grunnlag for å utvikle eigne danseferdigheiter. Vi ynskjer med kurset å gje deltakarane ei innføring i vurdering av ulike danseuttrykk når det gjeld historikk, kulturell og estetisk

kontekst, og trening i ulike framføringspraksisar. Kurset har no blitt arrangert årleg sidan 2001, forklarer prosjektleiar hos Studieforbundet kultur og tradisjon, Mette Vårdal.

Kurset er eit samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Rådet for folkemusikk og folkedans og NTNU Videre. Ei ny kursrekkje startar 24. september med påmeldingsfrist 15. august. Kurset er ope for alle som har lyst til å lære meir om folkeleg dans, og det er ikkje krav til førehandskunnskap. Har du spørsmål eller ynskjer meir informasjon, ta kontakt med Mette Vårdal på e-post til:[email protected].

TEKST OG FOTO: STUDIEFORBUNDET KULTUR OG TRADISJON

Fagdagane 2015

24 UNGDOM 02/2015

Page 25: Ungdom nr 02 2015

BYGDA DANSAR

– Det er stor konkurranse om å få tildelt Bygda dansar, og endelig har vi fått bekreftet at det blir oppstart i Troms høsten 2017, forteller Terje Foshaug i Folkemusikk Nord. – Det har vært arbeidet over flere år med å få prosjektet til Troms, så nå er vi veldig fornøyde.

Det er danser og koreograf Sigurd Johan Heide, kjent fra Kartellet, som sammen med Foshaug har stått for søknaden, og Folkemu-sikk Nord vil være sentral i gjennomføringen av prosjektet. Bygda dansar drives av Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) i Trondheim, Kulturdepartementet er inne med 1 million hvert av de tre årene, og Troms fylkeskommune er også med på spleiselaget.

Bygda dansar appellerer til ungdom med interesse for dans, både gjennom det sosiale og det sceniske. I Bygda dansar blir de veile-det av profesjonelle instruktører og utøvere innen folkedans og formidling. Dette er en unik mulighet til å utvikle seg som danser over flere år, og det er flere som har vært med i tidligere Bygda dansar-prosjekt, som i dag lever som profesjonelle folkedansere.

Det er de lokale dansetradisjonene i Troms som vil få størst oppmerksomhet gjennom prosjektet. – Vi har mange dyktige dansere med både erfaring og utdanning, ikke minst gamle ildsjeler fra Tromsringen sin storhets-tid, og disse vil være gode bidragsytere i Bygda dansar. Vi har spennende danser å ta tak i, og vi har blant annet gjennom Kalottspel sine danseproduksjoner og Kartellet gjort oss mange erfaringer med det å lage forestillin-ger. Jeg tror derfor Troms er godt rustet til å få mye ut av prosjektet, slik at det blir et stort løft for hele fylket, sier Heide.

Så langt har prosjektet vært gjennom-ført i ni fylker. Rogaland har oppstart

høsten 2016, og så er det altså Troms sin tur fra høsten 2017.

Det nasjonale folkedansprosjektet Bygda dansar har siden 2001 danset seg gjennom flere fylker, og høsten 2017 kommer det til Troms. Prosjektet rekrutterer unge dansere, gir opplæring og presenterer flere forestillinger de tre årene det varer. TEKST: TERJE FOSHAUG. FOTO: HENRIK DVERGSDAL

TROMS FÅR nasjonalt danseprosjekt

FAKTA:

• Bygda dansar er et nasjonalt folke- dansprosjekt for ungdom mellom 15 og 19 år, som eies og drives av Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) i Trondheim.

• Bygda dansar går over tre år og er finansiert gjennom Sff sitt tilskudd fra Kulturdepartementet og Troms fylkeskommune med totalt 3,45 millioner kroner.

• Folkemusikk Nord som har søkt prosjektet til Troms, er en del av Kultur i Troms / Troms fylkes- kommune og vil være sentral i gjennomføringen av prosjektet.

• Bygda dansar vil gi to dansefaglige stillinger på til sammen 150 % i prosjektperioden, og det vil også knyttes flere danseinstruktører og musikere til prosjektet.

• Bygda dansar ønsker å styrke folkedans som kulturarv, kunstnerisk uttrykk og samværs- form og knytte den lokale folke- musikken sterkere til dansen. Det er et mål å stimulere til dans som sosial aktivitet og næring i regionen.

• Mer info på www.bygdadansar.no

02/2015 UNGDOM 25

Page 26: Ungdom nr 02 2015
Page 27: Ungdom nr 02 2015

LEIARSKULE

Bunadsølv i 112 år!

Siden 1901 har vi levert bunadsølv som folk er stolte av å bære.

Gullsmed Sandovår nettbutikk finner du påwww.sando.no

Sam Eydes gt. 63, Rjukan Tlf 35 09 05 01

DU FÅR:• eit fellesskap med andre unge• bli kjent med andre land og nokre av deira tradisjonar• lære meir om å leie organisasjonen din gjennom spennande tema som kommuni kasjon, presentasjonsteknikk, leiarrolla med meir• delta på spennande aktivitetar i fjellet og på kysten. Du får mellom anna besøkje ein isbre og prøve fiskelykka frå båt• lære å lage mat på bål og andre praktiske ferdigheiter ute i naturen• styrke evnene dine til samarbeid og kommunikasjon over landegrensene• eit nettverk av samarbeidspartar i heile Norden, Russland og Estland• utfordre deg sjølv og utvikle deg saman med andre

PRAKTISK INFORMASJONNordisk leiarskule vert arrangert i Sogn og Fjordane fylke på vestkysten av Noreg, i Stryn og Vågsøy kommune. Her kan du oppleve det beste av fjell og fjord Vest-Noreg kan by på.

Dagane vert fulle av spennande aktivitetar saman med dei andre deltakarane. Det blir ein del tema som gjer deg til ein betre leiar i din organisasjon, ein del friluftslivsaktivitetar og ein del fritid med gøy og moro.

DELTAKARPRISÅ delta på Nordisk leiarskule kostar 2000 NOK. I deltakarprisen er kost, losji, aktivi-tetane på programmet og transport til og frå Bergen inkludert.

PÅMELDINGDersom du vil delta på Nordisk leiarskule, må du melde frå til organisasjonen din. Organisasjonane melder på deltakarane samla til 4H Norge ved [email protected] Søknadsfrist 22. juni!

Norges Bygdeungdomslag, 4H Norge og Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid inviterer deg som er mellom 16 og 30 år, og som er leiar eller har leiarerfaring i organisasjonen din, til ei veke med fagleg påfyll i leiarrolla di, kombinert med spennande aktivitetar i friluft.

NORDISK leiarskule10.-16. AUGUST 2015

HAR DU SPØRSMÅL?

Ta kontakt med Hilde Sværen på: [email protected]

Nordisk Samorganisasjon for Ung- domsarbeid er ein paraplyorganisasjon for ungdomsorganisasjonar i Norden. NSU arbeider for å styrke samarbeidet mellom ungdomsorganisasjonar i Norden og auke unge si bevisstheit om og interesse for Norden, nordisk kultur, verdiar og fellesskap.

02/2015 UNGDOM 27

Page 28: Ungdom nr 02 2015

Returadresse: Ungdom, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo

Dansetevlingane i Oslokappleiken finn stad til Riksscenen. Par etter par kjem dei på scena slik dei plar; guten til venstre som leiar, jenta til høgre som blir leidd.

Under konkurransen i dans senior dukkar eit par jenter opp saman. Dei blir akkompagnert av ein mann med eit sjeldan vakkert trekkspel. Vi grip tak i dei utanfor salen når dei nett har gått av scena.

– No er eg sveitt! Gud, kor artig det var. Eg er heilt tørr på framtennene av å smile, seier Tone Ingvaldsen.

Ingvaldsen og Lisa Grav Henriksen held varmen i beste laget i buna-dene sine inne. Ingvaldsen ber ein grøn nordlandsbunad, frå innlandet, medan Henriksen har på seg den blåe kystvarianten. Men begge jentene er frå den uomtvistelege kystbyen Bodø. Bodøværing er òg trekkspelaren som akkompagnerte dei, Thor Hauknes.

Ingvaldsen og Henriksen dansar for Leikarringen i BUL Oslo, der dei elles i året òg er instruktørar. Nordlandspolsen får fortsatt for lite merksemd, samanlikna med meir populære former som Øster-dalspols og Rørospols, meiner dei. Vi må vite litt meir om kva som gjer denne polsen så bra.

– Nordlandspols held eit svært høgt tempo. Han har inga fast, stivna form, ein står fritt til å kombinere alle elementa heilt som ein vil. Og kjønnsrollene er svært like, det er ikkje stor skilnad mellom guten og jenta i paret, fortel ho.

Tempo, stor fridom og likskap i kjønnsrollene. Nordlandspolsen har mykje som talar til sin fordel i 2014. Ingvaldsen og Henriksen er einaste jente-jente-paret i Oslokappleiken i år. Kva er forklaringa på at dei vel å danse saman?

– Det var ingen gutar som dansa i Bodø då vi vaks opp. Vi er vane med å danse saman i par sidan den gong, har gjort det i mange år, svarer Henriksen.

NORDLANDSPOLSEN SKAL OPP OG FRAMI tangomiljøet er queer tango, skeivtango eller staurtango om du vil, på moten for tida. Tangoen har rykte på seg for å vere særs hete-ronormativ, og mange dansarar har sett seg leie på dette. Norma i den skeive varianten er at gutar og jenter byter mellom å leie og å bli leidd, og det er like så naturleg å danse med ein av same kjønn som ein av motsett. Ser vi starten på ei staurpols-bølgje?

– Vi har absolutt ein hemmeleg plan om å gjere Nordlandspolsen til det nye store, skjemter Thor Hauknes, trekkspelaren som akkompagnerte jentene under dansen. Begge jentene nikkar stadfestande – det er visst ikkje berre skjemt likevel.

Det høge tempoet gjer at nordlandspolsen kanskje ikkje er for nybyrjarar? Hauknes fortel at det er uråd å danse Nordlandspols heile kvelden.

– Det går ei forteljing om ei som dansa tretten nordlandspolsar på éin kveld. Ho er daud no og det er uvisst om det var nordlandspols ho døydde av, men mange meiner visst det, fortel Hauknes.

Denne teksten blei først publisert på folkemusikk.no. Går du inn på nettadressa http://www.folkemusikk.no/staurpolsbolgje-i-emning/ kan du og sjå ein video av nordlandspolsen.

STAURPOLSBØLGJE I EMNING?Nordlandspolsen er ikkje heilt som annan pols, skal vi tru to bodø-jenter som dansa på Oslokappleiken.TEKST OG FOTO: AUDUN STOKKE HOLE/FOLKEMUSIKK.NO (SJÅ OG FOTO PÅ FRAMSIDA)