ungdomsmagasinet s!

5
S UNGDOMSMAGASINET Sjå kva vi meiner om Dead Island Kva kjøper du til familien? Julegåve- tips Og også: - Sønner av Norge - Årets norske filmar GRATIS MAGASIN 1. UTGÅVE NOVEMBER 11

Upload: mk-oskar-mk-volda-vgs

Post on 30-Mar-2016

217 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Ungdomsmagasin retta mot gutar. Det finnast mange blad for jenter, men svært få retta mot gutar. Eg tok utfordringa. Laga av Benjamin Ulstein i TLB hausten 2011.

TRANSCRIPT

Page 1: Ungdomsmagasinet S!

SUNGDOMSMAGASINET

Sjå kva vi meiner om

Dead IslandKva kjøper du til familien?

Julegåve-tipsOg også:

- Sønner av Norge - Årets norske filmar

G R A T I S MAGASIN

1 . U T G Å V ENOVEMBER 11

Page 2: Ungdomsmagasinet S!

S 32 S

SEI HEI UNGDOMSMAGASINET S

Redaksjonssjef, og øvrig redaksjon:Benjamin Ulstein

Biletrettar:dead-island.com, vg247.com, rebgaming.com, wikia.com, ign.com,3.bp.blogspot.com, 3news.co.ns, sonneravnorgefilmen.wordpress.com

Dei fleste har nokre få dei må kjøpe julegåver til. Dei næraste venane dine, kjærasten din, søskena dine, og sjølvsagt foreldra dine. Desse er harde nøtter å knekke i slutten av desember. Underteikna har ei velviljug mor med milelange ønskelister, der eg berre får velje og vrake, og til søskena får eg hive meg på deira pakkar. Kan-skje er du ein av dei som må finne ut kva du skal kjøpe sjølv. Her er nokre tips til kva du kan finne på for å overraske mor, far, syster eller bror!

Dei små tingaSå kva skal du eigentleg kjøpe til familien din? Det er temmeleg vanskeleg å kjøpe noko til nokon som har alt. Difor er det viktig å tenke utanfor boksen. Her er det lurt å prøve å plukke opp kva foreldra dine likar. Har du overhøyrt ei samtale om ein ekstra god konfekt, eller kanskje sett ein spesiell type såpe i dusjen? Det er slike små ting i kvardagen som dei kjem til å få bruk for, sjølv om dei kanskje kunne kjøpt det sjølv. Då får desse tinga ein heilt spesiell verdi. Pyntet-ing er det lurt å unngå, for sjølv om dei blir veldig glade for å få ein liknande nisse kvart år, betyr dei etterkvart berre mindre og mindre, og dei fyller opp skuffer og skap.

Sjarmer foreldraNår det gjeld foreldra dine er det alltid ein slager å lage noko sjølv. Det som verkeleg betyr noko er at du har tenkt på personen og lagt flid i presangen. Kanskje kan det vere aktuelt å setje saman ei biletbok frå førre tur til Syden, eller kanskje ei krus til kvar av dei der det står ”ver-dens beste mor” og ”-far”? Til far sømmer det seg alltids å kjøpe eit slips eller ei underbukse, og om mor ikkje er altfor kresen, går det an

å kjøpe smykker eller øyredobbar. Om mora di strikkar eller faren din fiskar, kan du alltids kjøpe ei strikke- eller fiskebok til dei. Slike nisje-bøker kan vere kjekke å lese, og varer lenger enn berre pynteting. Eller du kan kjøpe ein annen ting som passar til hobbyen deira.

Ynd deg inn hjå syskjenaSlik er det også med syskjena dine. Tenk over kva fritidsaktivitetar dei er med på, og kor gamle dei er. Er yngstebror din interessert i gitar-speling, kjøp han eit stemmeapparat, ein pakke med plekter eller anna gitarutstyr. Om systra di er glad i sminke, snik i skapet og finn ut kva ho føretrekk å smøre i andletet. Det finnast ende-laust med moglegheiter om ein tek fantasien i bruk. Mindre syskjen set nok ikkje like stor pris på ei heimelaga teikning av dykk ilag, men kan-skje ei jevnaldrande syster du pratar om tjukt og tynt med kan setje pris på ein slik tanke. Og det er ganske billeg.

Ikkje vanleg”Ungdomsmagasinet S” gjorde ei undersøking av ei gruppe ungdommar, og resultatet var over-raskande: Dei fleste av ungdommane gir ikkje julegåve til foreldra sine i det heile. Det er visst nok at dei er snille born dagen dei får gåver. Her er det derimot eit stort smutthol for deg som er ute etter pengestøtte det komande året. Kjøp noko lite, og sit att med velviljuge foreldre som gir deg stort sett det du vil ha.

Og det er nok ikkje reint lite du har lyst på i år. Sjekk for eksempel ut vår anmelding av Dead Island på side 4, og sjekk ut om det er noko for deg.

JULEGÅVETIPSKVA KJØPER DU TIL FAMILIEN DIN?

Hei!

Velkommen til første utgåve av ungdomsma-gasinet S! Eg håpar du likar bladet, som eg har lagt mykje energi ned i å lage.

I dette bladet vil du finne lettleselig kulturstoff, spennande reportasjer og nyttige tips for tilveret som ungdom. I denne utgåva finn du mellom anna mitt inntrykk av toppfilmen “Sønner av Norge”, som kom ut i september. Eg kan røpe at eg er småbegeistra for filmen som enten kom til å bli veldig bra - eller veldig dårleg.

Du kan også bla bakover for å finne ei kultur-melding av spelet “Dead Island”, som også kom ut i butikkane i september. Her kan du finne ut om levande døde er noko for deg. Og om det ikkje er det, kanskje er det den perfekte julegåva til ein triggerglad broder?

Sidan det nærmar seg jul har eg nemleg også skrive ein artikkel om kva du kan kjøpe til dine næraste til jul. Tru meg, eg veit korleis det er å stå tre dagar før julaftan med ei lang liste over ukjøpte julegåver.

Så ta deg ei pause frå skulearbeidet eller ju-legåvehandlinga og les denne første utgåva av Ungdomsmagasinet S.

HelsingBenjamin UlsteinRedaktør

S3. Snart Jul - JulegåvetipsS4. Dead Island - AnmeldelseS6. Sønner av Norge - Anmeldelse S8. På Tampen - Norske filmar i 2011

Page 3: Ungdomsmagasinet S!

DEAD ISLANDVi besøker Banoi, der dei fleste er døde, og mange av dei blitt levande att. Ein smittsam sjukdom fører til ulykke på tropeøya, til stor glede for oss som spelar.

Traileren til Dead Island vart lagt ut i februar, og gjorde mange oppmerksame på Techlands komande zombie-dystopi. Den kunstneriske skildringa av eit øyparadis befesta av levande døde vekte stor merksemd hjå entusiastar og spelarar i heile verda. Traileren skildra det perfekte spelet, med det beste frå både skytespel og rollespel, men mange vart skuffa då spelet ikkje heilt innfridde forventningane. Manglar og tabber frå utviklaren gjorde at lanseringa vart amputert, og mange synest at spelet ikkje var spesielt bra i utgangspunktet. Men er eigentleg spelet så ille?

Noko bra - noko ikkje Visuelt har eg ingenting å utsetje. Det stiller ikkje i same særklasse som Battlefield 3 og Uncharted 3, som også kjem ut i år, men det er definitivt eit pent spel. Ein blir umiddelbart fanga av den djupe stemninga, og eg som zombie-entusiast sit med klump i halsen og ventar på det neste som skal skje. Banoi, øyparadiset handlinga spelar seg ut på, er delt inn i fleire område, og vi får besøke både vakre strandpromenader og trange bygater. Eit lite ankepunkt kan vere at verda spelet går føre seg i ikkje er truverdig nok til at ein blir sugd inn i universet. Det underlege er at delar av spelet er veldig truverdig, som for eksempel inne i bygningar og i byen, medan paradis-delen av øya er veldig usannsynlig oppbygd. Derimot likar eg at ein stort sett kan gå dit ein vil, sjølv om ein ikkje har oppdrag dit. Det er bra at grafikken er akseptabel i dette

spelet, for lyden er ikkje heilt i same gate. Når du slår med eit kosteskaft høyrest ut som når ein misser ned ein planke – og det gjer det eigentleg uansett kva du slår med. Skotlydane er uthola, og like frå våpen til våpen. Stemmene til zombiane som vandrar rundt er veldig like, og det øvrige stemmeskodespelet er heller ikkje det heilt store. Det er dessverre tydeleg at det ikkje er her utviklar Techland har lagt ressursane.

Gode idear som fungerer dårlegSjølv om truverdet av og til blir brote av dårlig lyd og surrealistiske landskap, er det spelbarheita som tel i Dead Island. Spelet brukar eit system der fiendane alltid er på same nivå som deg. Det gjer at du aldri utviklar deg for fort eller for sakte, og du kan spele i det tempoet du sjølv vil. Om du spelar saman med andre som er på høgare nivå enn deg, blir fiendane på deira nivå, og i nokre tilfelle vert det umulig å overvinne dei udødelege. Fleirspelarbiten er ein viktig del av dette spelet, og det er tydeleg at heile historia er lagt opp til at du skal spele saman med ein ven – eller tre. I nokre mellomsekvensar får du nemlig sjå alle dei fire karakterane saman med deg, sjølv om du har gjort halve oppdraget åleine. Det kan vere forvirrande til tider, og sjølvsagt ein unødvendig bug. Ellers verkar systemet uferdig, og det verkar som tilfeldigheiter om ein får kopla seg til vennane sine. I tillegg brukar ein alltid talechat medan ein spelar, som ikkje går an å skru av. Difor går det ikkje an å snakke med venene i ei gruppe på f.eks. Skype. Skal du spele det åleine må du i tillegg kople frå internett, for ellers kan ein risikere at ein får seg ein tilfeldig kompis midt under eit oppdrag.

Gøy innerst inneNår ein først spelar Dead Island er det gøy. Ein køyrer på zombiar, plaffar ned zombiar, slår ned zombiar, og det heile er tilfredsstillande. Som dei

fleste utviklarar prøvar Techland å leggje fleire lag på spelet, for at det skal ta lenger tid å spele. I motsetning til tidlegare zombie-spel, har Dead Island med eit rollespel-element. Ein byggjer karakteren sin som aukar i nivå, og når ein kjem høgare opp på stigen får ein tilgang til nye våpen. Ein må oppgradere, reparere og kjøpe våpen på arbeidsbenkar som finnast rundt omkring i trygge soner. Ting er dyrt og ein har ofte ikkje mange ressursar, og når ein på ganske høgt nivå må leg-gje ut på oppdrag bevæpna med kosteskaft, kjenner ein på seg at

det er ein kamp om å overleve.Det er usemje om kva Dead Island eigentleg er. Om du er viljug til å tilgi spelet for mange tekniske tabber, og kan sjå mel-lom fingrane berre for å få drepe zombiar, er Dead Island noko for deg. I motsetning til i Left 4 Dead og Dead Rising får ein her oppleve ei dystopisk alternativ røynd, som kan fange mange. Eg synest at det som gjer Dead Island verd å spele, er at det tek med seg mange nye og gode element inn i zombie-sjangeren, og eg vil seie dette er det første spelet med fokus på å overleve, i staden for å plaffe ned

levande døde. Basert på det vil eg seie Dead Island er eit godt spel.

VI KIKAR PÅ

4 S S 5

Page 4: Ungdomsmagasinet S!

6 S S 7

Sønner av Norge prøvar å vere mange ting. Jens Liens tragikomedie tek føre seg eit turbulent far-son-forhold, ei familie på randen av samanbrot og sorg, og eit samfunn i endring. Handlinga går føre seg i 1978. Hippiekulturen med LSD, fargar og fridom ebba ut til fordel for ein veksande motkultur, pønken.

Hovudkarakteren i filmen, Nikolaj (Åsmund Høeg), mistar mora i ei tragisk ulykke, og omfamnar denne nye stilen. Far hans, Magnus (Sven Nordin), held framleis til i det glade 60-talet. Kva skjer når ei personlig konflikt set far og son opp mot kvarandre, og fargar møter naglar?

Imot det meste17. mai, 1978. Nikolaj står saman med den mørkkledde gjengen sin på skuleplassen, og fnys av talen, folka og den muntre stemninga. Ei ølflaske susar gjennom lufta, og treff talaren rett i hovudet. Før publikum får summa seg spurtar Nikolaj bort frå skuleområdet, etterfulgt av ein sint foreldremobb i dress og finstas. Kvifor må vi vente og sjå!

Magnus vart knust då kona døydde. Sonen Nikolaj trengte sårt ein farsfigur, men Magnus hadde nok med å takle smerta sjølv. Som lettpåverkeleg ungdom vart Nikolaj og bestekompisen dregne inn i det nye,

veksande pønkmiljøet. Saman protesterte dei mot alt av autoritet, og gjennom morosame, absurde situasjonar kjem dei berre lenger og lenger ut på skråplanet. Ein ekte pønkar gir faen! I kva, spør du? I alt!

Spanande vinklingDelar av filmen er veldig bra. Og då er den verkeleg bra. Aldri før har eg sett ein film ta føre seg hippiekul-turen i Noreg (og Sverige). Det er ei litt sær tagning på 60-70-talet, som har opna for mange morsomme sekvensar. For eksempel får vi oppleve ein svensk nudistleir med frie og sommarlege opplevingar, og Magnus blir stoppa av politiet naken på sjølvmekka moped.

StjerneduoFor dei som ikkje er gamle nok til å ha fått med seg Nordins tidlegare roller, var han med i den norske situasjonskomedia Mot i Brøstet på 90-talet, og filmen Elling i 2001. I mellomtida har han hatt fleire mindre roller i norske produksjonar, men ingen av dei har fått fram Svens verkelege potensiale. I Sønner av Norge trer han perfekt inn i rolla som forvirra familiefar. Karakteren Magnus går gjennom mange sinnsstemningar i filmen, og Nordin skil desse veldig godt frå kvarandre. Magnus går frå sørgande ektemann, til bekymra far, til nudisthippie på svensketur. Dei forskjellige sinnsstemningene hevar nivået på filmen betraktelig.

Åsmund Høeg er eit friskt namn i film-Noreg, og den ferske fjortenåringen fyller rolla som forvirra tenåring bra. Med eit glimt i auga skildrar han dei komplekse situasjonane godt, og han spelar godt saman med Sven Nordin. Alt i alt er bidreg karakterane til å straum-lineforme filmopplevinga.

Sjarmerande og truverdigHeile filmen blir pakka inn i ein truverdig setting. Kanskje er du ikkje gammal nok til å ha opplevd den sjarmerande syttitalsstilen, og då svelg du tidskoloritten rå. Godt og truverdig skodespel er med på å løfte filmen til eit akseptabelt nivå når det gjeld norsk film, men plottet er forvirrande, og kanskje forventar regissøren at vi skal vite litt vel mykje på førehand. Kanskje prøvar filmen litt for hardt å vere annleis, og gi frå seg litt av Hollywood-preget. Til ei viss grad lukkast det med sjarmen i behald, men det har sin pris på den endelege kvaliteten.

Sønner av Norge er verd å sjå, ikkje minst på grunn av stemning, sterk kjemi mellom skodespelarane, og ein unekteleg sjarm. Definitivt eit bidrag til norsk filmproduksjon vi kan vere stolte av, men framleis langt å gå mot årets film – ikkje minst på grunn av mange gode norske filmar i år.

HIPPIAR OGPØNKARARVi ser på Sønner av Norge, den kinoaktuelle filmen som i september vart motteken med blanda følelsar. Men kven kan ikkje tenke seg å “gi faen i alt”?

Page 5: Ungdomsmagasinet S!

8 S

FILMAR DU BURDE FÅTT MED DEGI 2011 PÅ TAMPEN

Her

KONG CURLING AMORS BALLER

HODEJEGERNE FÅ MEG PÅ, FOR FAEN

Kong Curling handlar om curling-helten Truls. H a n b l i r m e n t a l t s j u k a v curling-karrieren, og blir lagt inn på men-talinstitusjon. Ti år seinare slepp han ut, med streng beskjed om å ikkje oppsøke det gamle miljøet sitt. Når hans gamle trenar blir alvorlig sjuk, trossar Truls forbodet, samlar det gamle laget sitt, ogvil vinne pengar for å redde trenaren.

Svenske Lucas flyttar til Grimsrud, der han forelskar seg i Susanne. Ho spelar fot-ball, men det gjer ikkje han, og attpåtil er kjærasten hennar den beste på guttelaget. Han finn ut at det er fotball han må satse på for å kapre hjertet til Susanne.Difor blir han med på Norway Cup, for å vinne fotballen og hjartet til sin utvalgt. Det blir ikkje så enkelt som han først hadde trudd.

Filmatiseringa av Jo Nesbøs Hodejegerne tek føre seg same setting. Roger jobber som hodejeger, men robber kandidatene for verdifull kunst. Han får ein klient som har eit meget dyrt maleri, og når han bryt seg inn hjå han, finn han ut at det er ugler i mosen. Clas Greve får nemlig eit l itt spesielt forhold til Rogers kjæreste Diana.

Femten år gamle Alma er usikker på seg sjølv. Ho gler seg til å kome ut i livet, bort frå den grå, dystre skoddeheimen i bygde-Noreg. Ho er kjempeforelska i Artur, den mest populære guten på skulen. Ho er derimot ikkje populær. Gjennom pinlige episoder og famlande kjensler vil Alma etterkvart få eit litt anna syn på tilværelsen.