vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n kondom gir ikkje godt nok vern...

8
Informasjon til barn og foreldre Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet Nynorsk 2017 Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til jenter på 7. klassetrinn

Upload: others

Post on 19-Jul-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

1

Informasjon til barn og foreldre

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Nynorsk 2017

Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til jenter på 7. klassetrinn

Page 2: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

EIT VIRUS ER ÅRSAK TIL LIVMORHALSKREFTLivmorhalskreft kjem av eit virus som blir kalla humant papilloma­virus (HPV). Det finst mange ulike HPV­typar. Minst 12 HPV­typar kan gi livmorhalskreft. Dei to vanlegaste er HPV 16 og HPV 18. I Noreg er desse to virustypane årsak til ca. 70 prosent av alle tilfella av livmorhalskreft.

HPV smittar svært lett ved seksuell kontakt og gir vanlegvis ikkje symptom. Dei fleste får ein HPV­ infeksjon i løpet av livet. Det er vanlegast å bli smitta i ung alder.

HPV­ infeksjonar forsvinn i dei fleste tilfella av seg sjølv i løpet av nokre månader. Dersom ein infeksjon med kreftframkallande HPV blir langvarig, kan det utvikle seg til forstadium til livmorhalskreft (celle­forandringar). Slike forstadium kan utvikle seg vidare til livmorhalskreft. Sjå figur av livmorhalsen på neste side.

2

Vaksine mot humant papillomavirus (HPV) er eit tilbod til jenter på 7. klassetrinn.

Infeksjon med HPV kan forårsake livmorhalskreft og nokre andre kreftformer. Her finn de informasjon om livmorhalskreft og om korleis HPV-vaksinen kan verne unge jenter mot sjukdomen seinare i livet. Brosjyren forklarer korleis vaksinasjonen blir gjennomført, og gir informasjon om moglege biverknader av vaksinen. Jentene bør vere godt informerte om vaksinen, og det skal leggjast vekt på meininga deira. Gå gjerne gjennom brosjyren saman.

Vil de vite meir om HPV og HPV-vaksinen, kan de snakke med helsesøster på skulen eller lese meir på Folkehelseinstituttet sine nettsider www.fhi.no

Page 3: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

Livmorhalskreft er ein alvorleg sjukdom. Kvart år får ca. 300 kvinner i Noreg sjukdomen, og om lag 70 kvinner døyr av kreftforma.

Årleg blir rundt 3000 kvinner opererte for alvorlege forstadium til livmorhalskreft for å unngå at det skal utvikle seg vidare til kreft. Gravide som tidlegare har gjennomgått ein slik operasjon, kan ha auka risiko for spontanabort eller for tidleg fødsel.

Det kan ta 10–30 år å utvikle livmorhalskreft. Nær halvparten av dei som får sjukdomen, er yngre enn 45 år.

OM LIVMORHALSKREFT

3

Ein HPV­infeksjon som ikkje går over, kan òg forårsake kreft i skjeden og dei ytre kjønnsorgana (vulva, vagina) hos kvinner, penis hos menn, samt endetarmen og svelget hos begge kjønn. Ein stor del av desse krefttilfella kjem av HPV­infeksjon, og dei aller fleste er forår­saka av HPV­typane 16 og 18.

HPV KAN GI FLEIRE TYPAR KREFT

Livmorhalsen er nedste delen av livmora.

Livmor

Skjede

Eggstokk

Page 4: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

SLIK VERNAR HPV-VAKSINENHPV ­vaksinen verkar førebyggjande og bør takast før ein blir utsett for smitte. I vaksinasjonsprogrammet blir der­for HPV­ vaksine tilbydd til jenter i god tid før det som er gjennom snittleg seksuell debutalder i Noreg.

HPV­vaksinen består av protein og liknar på delar av overflata på HPV 16 og 18. Vaksinen inneheld ikkje levande virus og kan ikkje gi HPV­infeksjon. Når vaksinen blir gitt til jenter som ikkje er smitta med HPV, gir han meir enn 90 prosent vern mot utvikling av alvorlege forstadium til livmorhalskreft.

Dei første kvinnene som fekk vaksinen for snart ti år sidan, er framleis godt verna. Vaksinen har sannsynlegvis ein langvarig effekt, kanskje livslang. Oppfølging av dei vaksinerte over tid vil vise om det blir nødvendig med ein oppfriskingsdose (boosterdose) seinare i livet for å for­lengje vernet.

4

Page 5: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

SLIK SKJER VAKSINASJONEN

5

Vaksinen blir sett i overarmen. Det blir gitt to dosar med minst seks månaders mellomrom. Før vaksinasjonen spør helsesøster deg om du er frisk, og om du har fått reak sjonar etter tidlegare vaksinar. Hugs å gi beskjed dersom du har allergi, brukar medisinar eller har andre helseproblem.

Det er trygt å bli vaksinert sjølv om du er forkjøla eller litt ute av form. Det er likevel vanleg å utsetje vaksinasjonen ved akutt sjukdom og ved feber over 38 grader.

Enkelte tykkjer at det er litt vondt og ubehageleg å få vaksine, og enkelte kan svime av. Er du uroa for dette, eller har du opplevd å bli uvel ved vaksinering, kan du be om å få liggje når vaksinen blir sett.

Som ved alle andre vaksinar må du vente i ca. 20 minutt hos helsesøster etter at vaksinen er sett.

Page 6: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

BIVERKNADER HPV­vaksinen er utprøvd i store internasjonale undersøkingar og er god­kjend av Statens legemiddelverk. Slik godkjenning byggjer på ei grundig vurdering av effekten og biverknadene av vaksinen.

Dei vanlegaste biverknadene av HPV­vaksinen som blir tilbydd, er kort­varige plager som desse:

• Øm stikkstad, raud hud og hevelse i området på armen der vaksinen er sett. Dette er svært vanleg (meir enn 1 av 10 vaksinerte).

• Hovudverk, trøyttheit eller muskelplagar. Dette er svært vanleg (meir enn 1 av 10 vaksinerte).

• Feber, leddsmerter, kløe, hudutslett, kvalme, oppkast/diaré eller magesmerter er vanleg (1–10 av 100 vaksinerte).

Enkelte opplever òg svimmelheit, å nesten svime av eller å svime av. Dette kjem vanlegvis av ubehag eller uro knytt til nålestikket.

Alvorlege allergiske reaksjonar kan oppstå, men er sjeldan. Helse­personell som vaksinerer, er førebudde på å handtere slike situasjonar. Verken i Noreg eller internasjonalt er det dokumentert at HPV­vaksine har vore årsak til annan alvorleg sjukdom.

Symptom som oppstår etter vaksinasjon, treng ikkje vere ein reaksjon på vaksinen. Det kan vere teikn på sjukdom som bør behandlast. Kontakt derfor lege dersom du er uroa.

Dersom nokon opplever alvorlege eller uventa symptom etter vaksinasjon, bør ein kontakte helsepersonell, slik at hendinga blir meld til legemiddelstyresmaktene. De finn meir informasjon om biverknader og melderutinar her: www.slv.no og www.fhi.no

6

Page 7: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

REGISTRERING I VAKSINASJONS REGISTERET

7

HPV­vaksinasjonen blir registrert i journalsystemet hos vaksinatøren og i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. Dersom du ønskjer å sjå kva vaksinar du eller barnet ditt har fått, kan du bruke publikums tenesta Mine vaksiner på www.helsenorge.no

REGELMESSIG LIVMORHALSUNDERSØKING (LIVMORHALSPROGRAMMET)Livmorhalsprogrammet (celleprøve frå livmorhalsen) er eit tilbod til alle norske kvinner frå 25­årsalderen om å undersøkje livmorhalsen kvart 3. år. Føremålet er å oppdage kreft eller forstadium til kreft så tidleg som mogleg.

Det er viktig at også kvinner som har fått HPV­vaksine, følgjer Livmorhals programmet, fordi vaksinen ikkje vernar mot alle kreftfram­kallande HPV­typar. Det beste vernet mot livmorhalskreft får dei som både vaksinerer seg og deltek i Livmorhalsprogrammet.

Page 8: Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft – tilbod til ... · n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPVsmitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom

8

n Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår at HPV­vaksine inngår i nasjonale barnevaksinasjonsprogram. HPV­vaksine er inkludert i barnevaksinasjonsprogram i meir enn 70 land.

n Vaksinen som blir brukt i det norske barnevaksinasjonsprogrammet, heiter Cervarix. Du kan få meir informasjon om vaksinen ved å søkje på nettstaden www.legemiddelsok.no

n Cervarix blir brukt i barnevaksinasjonsprogram i 29 land, og meir enn 60 millionar dosar av denne vaksinen er distribuerte.

n Ingen vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet inneheld kvikksølv som konserveringsmiddel, heller ikkje HPV­vaksinen.

n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPV­smitte fordi viruset også kan finnast på hudområde i underlivet som kondom ikkje dekkjer.

n HPV­vaksine vernar ikkje mot andre seksuelt overførte sjukdomar. Kondom er derfor viktig også for dei som har fått HPV­vaksine.

n Vaksinen vernar ikkje mot kjønnsvorter.

n Folkehelseinstituttet har tilrådd at gutar på lik linje med jenter får tilbod om HPV­vaksine. Regjeringa har føreslege at denne blir innført for gutar frå og med hausten 2018/2019, men dette er ikkje endeleg avgjort (per juni 2017).

n All vaksinasjon i Noreg er frivillig.

www.fhi.no

utgitt av nasjonalt folkehelseinstitutt postboks 4404 nydalen

0403 oslo første utgåve august 20097. revisjon juni 2017

bestilling av brosjyrar (oppgi målform: bokmål/nynorsk): [email protected] telefon: 21 07 82 00

grafisk design: per kristian svendsen opplag: 8 000 • juni 2017 • trykk: wj.no

illustrasjonsfoto: forside: colurbox.com, side 5: lene solbakken

illustrasjon s. 3: kari toverud

GREITT Å VITE