valdres natur og kulturpark folder

2
Norges første natur- og kulturpark! VALDRES Visjon: «Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kultur- verdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar.» Faksmile av dei nye nettsidene som snart kjem Kva gjer vi for deg ... Gå på nett med Valdres! Din nettkanal til å finne det som skjer i Valdres. Her kan du logge deg inn å få nyheitsbrev, sjekke «Kva skjer» kalenderen, kinoprogrammet, når festivalane bli arrangert, tur- og skiløyper, m.m. Her er nyheitsaker og her finn du alt om Valdres Natur- og Kulturpark Har du et arrangement? Send det inn til [email protected] Få nyheitbrev direkte til deg og følg med! Meir informasjon om Valdres Natur- og Kulturpark finn du på www.valdres.no/valdresportalen Valdres Natur- og Kulturpark Skrautvålsvegen 77 2900 Fagernes Tlf.: 61 35 94 50 Faks: 61 35 94 59 E-post: [email protected] Ver med oss på sosiale media

Upload: valdres-natur-og-kulturpark

Post on 28-Jul-2015

398 views

Category:

Travel


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Valdres Natur og Kulturpark Folder

Norges første natur- og kulturpark!

VALDRESVisjon:

«Valdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom

langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kultur-verdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping

og livskraft i lokalsamfunna. Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal,

nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar.»

Faksmile av dei nye nettsidene som snart kjem

Kva gjer vi for deg ...

Gå på nett med Valdres!

Din nettkanal til å finne det som skjer i Valdres. Her kan du logge deg inn å få nyheitsbrev, sjekke «Kva skjer» kalenderen, kinoprogrammet, når festivalane bli arrangert, tur- og skiløyper, m.m.Her er nyheitsaker og her finn du alt om Valdres Natur- og Kulturpark Har du et arrangement? Send det inn til [email protected] Få nyheitbrev direkte til deg og følg med!

Meir informasjon om Valdres Natur- og Kulturpark finn du på

www.valdres.no/valdresportalen

Valdres Natur- og KulturparkSkrautvålsvegen 77

2900 FagernesTlf.: 61 35 94 50

Faks: 61 35 94 59E-post: [email protected]

Ver med oss på sosiale media

Page 2: Valdres Natur og Kulturpark Folder

Hovudsatsingsområda:

MERKEVARAMerkevara Valdres er berebjelken i arbeidet med å utvikle Valdres som bygdeutviklingsregion både på lokalt og nasjonalt plan.Målsettinga er å gjera Valdres sterkare og betre rusta inn i framtida. Valdres skal bli landets sterkaste regionale merkevare.

LANDBRUK I VALDRESLandbruket er ein viktig del av næringslivet i Valdres. Lokalmat, gards-og stølslivet og forvalting av den regionale bygdeutviklingsordninga, har direkte bety-ding for utvikling av regionen og for deg som bur her.

KULTUR I VALDRESValdres har eit mangfald av kulturtilbod. Eit festival-nettverk er bygd opp gjennom VNK, og dei kan få midlar til vidare styrking og utvikling av kultur- tilbodet. (Festivalguiden finn du på www.valdres.no og turistkontora)Mange kulturminne er restaurert og sett i stand. Skilt-ing og kulturstigar har vore eit viktig arbeid gjennom verdiskapingsprogrammet.

REISELIV I VALDRESReiselivet har også stor fokus, og det er utvikla stigar i nærmiljø og til fjelltoppar, kulturstigar og sykkel-ruter. Du finn tilbydarar av gards– og stølsopplevingar, kunstnarar, arrangement, teater og festivalar.

Alle opplevingstilbod finn du i Valdresguiden. Denne er sendt til alle husstandane. Valdresguiden finn du også på turistkontora og på www.valdres.no

HYTTE I VALDRESValdres er ein av Norges største hytteregionar med snart like mange hytter som innbyggarar, dvs. ca. 18 000.

Andre satsingsområde:

Frisk i Valdres, samferdselsutvikling, Valdres sett frå vegen, gard- og stølsprosjektet, Valdresportalen, bulyst og tilflytting.

Sanseriket VALDRES – Norges første natur- og kulturpark! www.valdres.no

Valdres har lang fartstid i regio- nalt samarbeid med stiftinga av landets første reiselivslag i 1888, og regionalt samarbeid gjennom regionplanråd/regionrådfrå 1967.

Tidleg på 2000-talet kom det inn tankar om systematisk merkevare- bygging av regionen. Motivasjonen og tenkinga bak, var å sjå på korleis ein kunne få auka lokal verdiskaping og dra ut ein meirverdi i marknaden, for varer og tenester frå Valdres.

Etter ein studietur til regionale franske naturparkar, vart det med fylkeskommunen og fire departement på laget, bestemt å satse på ein modell der også kultur- og næringsliv var inkludert i det politiske arbeidet.

12. juni 2007 vart Valdres Natur- og Kulturpark etablert.

I tida etter har fleire liknande parkar blitt etablert i Norge; Nærøyfjorden Verdsarvpark, Telemarkkanalen, Haldenkanalen, Finnskogen og landskapsparkane i Hordaland. Det er også oppretta eit nettverk av norske regionalparkar. Sjå link: http://parknytt.wordpress.com/

Desse har vore med i prosjektsatsinga:Valdreskommunane: Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal.Oppland fylkeskommuneKommunal- og regionaldepartementetSamferdsledepartementetNærings- og handelsdepartementetLandbruks- og matdepartementet

Lokale partnarar:Valdres Destinasjon, Valdresmusea,Valdres Næringshage og Valdres Næringsforum.