verdas mystiske stader
DESCRIPTION
Leseland. Nivå fire. Fakta. Av Jens Hansegård og Anders Nyberg (ill.).TRANSCRIPT
Samlaget OSLO 2016
AvJENS HANSEGÅRD
Illustrert avANDERS NYBERG
Frå svensk ved OLE JAN BORGUND
verdas mystiske stader
6 7
Rundt om på kloden finst det spennande stader der det skjer uforklarlege og mystiske ting.
Desse stadene er som uløyste krimgåter som folk til alle tider har prøvd å finne ut av.
Kanskje blir du den første som løyser eit mysterium?
Velkomen til
VERDAS MYSTISKE STADER !
6 7
Myten seier at Atlantis var ei kjempestor øy som låg ute i Atlanterhavet. For over 10 000 år sidan blei Atlantis ramma av ein stor katastrofe og forsvann sporlaust i havet.
Atlantis Ukjend stad
Det heiter seg at innbyggjarane i Atlantis var flinke arkitektar, ingeniørar og vitskapsmenn. Øybuarane var uvanleg vakre, og øya hadde fantastiske rikdommar.
8 9
Den greske filosofen Platon levde for nesten 2500 år sidan. Han var den første som skreiv om Atlantis.
Han fortalde at innbyggjarane på øya opphavleg var gode menneske. Men etter kvart blei dei
gjerrige og hovmodige. Derfor straffa guden Zevs dei ved å la
Atlantis gå under.
Det skal ha vore praktfulle palass og fossande fontener på øya, og statuar i gull overalt.
I tempelet til havguden Poseidon i Atlantis skal det ha vore ein enorm statue av guden i reint gull.
8 9
I fleire tusen år har eventyrarar, skattejegerar og forskarar leita etter den forsvunne øya under havoverflata.
Folk har gjort seg ulike tankar om kva som skjedde med Atlantis.
Kanskje Atlantis var Edens hage, der Bibelen fortel at Adam og Eva levde? Det trudde ein amerikanar på 1800-talet.
10 11
Ein teori går ut på at Atlantis-myten handlar om øya Santorini i Middelhavet. For omkring 3500 år sidan blei Santorini ramma av eit kraftig vulkanutbrot.
Andre trur at Atlantis låg ein heilt annan stad, på den andre sida av jorda.
Men dei fleste trur at Atlantis berre er eit eventyr.
Kva trur du?
I Stillehavet utanfor Taiwan ligg Yonaguni-monumentet, ein mystisk steinformasjon som minner om ein by på havbotnen.
10 11
Påskeøya – Rapa NuiStillehavet
Midt ute i Stillehavet ligg den mystiske Påskeøya. Øya fekk namnet sitt da ein hollandsk sjøkaptein gjekk i land der første påskedag i 1722.
På øya oppdaga kapteinen dei gigantiske statuane som urfolket kallar moai. Sidan den tid har forskarane undra seg over dette mysteriet.
12 13
På urfolket sitt språk heiter Påskeøya Rapa Nui.
Korleis kom dei opphavlege øybuarane til Påskeøya? Og kvar kom dei frå? Dei må ha segla mange tusen mil over havet for å kome dit.
12 13
Steinstatuane er om lag fire meter høge og veg rundt 14 tonn. Arkeologar trur at folket på Påskeøya hogg dei ut og frakta dei omkring på øya ein gong på 1600-talet.
Men korleis gjorde dei det?Ein teori er at dei kunne flytte statuane
ved å bruke tau og gynge dei frå side til side.
14 15
Kvifor laga folket på Påskeøya statuane?Det hadde truleg samanheng med
religionen til øybuarane. Kanskje førestiller statuane herskarane eller gudane deira.
Til saman er det funne 887 moaiar på øya. Den største av dei er nesten ti meter høg og veg 75 tonn.
To arbeidslag gyngar statuen frå side til side. Det tredje held igjen slik at han ikkje veltar.
14 15