vg3 siteringsreglar

19
Sitering Henvisning Kjeldeliste MLA-siteringsstil

Upload: nelseb

Post on 09-Jul-2015

277 views

Category:

Education


3 download

TRANSCRIPT

Page 1: Vg3 Siteringsreglar

SiteringHenvisningKjeldeliste

MLA-siteringsstil

Page 2: Vg3 Siteringsreglar

Oppgåveskriving og kjeldebruk

-problemstilling-drøfting av problemstilling

-objektiv presentasjon av kjeldene

Page 3: Vg3 Siteringsreglar

Henvisning til kjelde

(Mellbye og Kval 340)

(Andersen m.fl.)

(Individ og integritet 15)

Iversen meiner at…… (52)

Page 4: Vg3 Siteringsreglar

Kva brukar ein henvisningar til?

Vi menneske oppfører oss på måtar i samfunnet, som er bestemt av det som skjer når vi er saman over tid, vi styrer kvarandre eller vi blir påverka av kvarandre i ein prosess som innan sosiologien er kalla for «sosialisering». Med omgrepet «sosialisering» meiner ein: «…den prosessen der eit individ vert tilpassa og veks inn i samfunnet» («Sosialisering»).

Nokre grupper av menneske, slik som urbefolkning, har i meir eller mindre grad levd isolert frå resten av samfunnet, og har difor eigne måtar å oppføre seg på som kan vere nyttig å bruke i samanlikning med resten av samfunnet.

Definisjon av viktige begrep

Page 5: Vg3 Siteringsreglar

Kva brukar ein henvisningar til?

Ein har til dømes sett nærare på korleis personar i ei slik gruppe blir sosialisert.

Iversen hevdar at sosialiseringa hjå urbefolkninga i Australia hovudsakleg skjer hjå familien (6). Ei anna oppfatning er at sosialiseringakan føregå i samfunnet elles, då urbefolkninga i større grad deltek i det offentlege no enn før (Halvorsen og Blomberg 117).

Dette viser at det er ulike meiningar om kvar sosialisering skjer og at sosialisering truleg ikkje berre skjer på éin bestemt stad i samfunnet.

Teori nr 1

Teori nr 2

Drøfting/konklusjon

Page 6: Vg3 Siteringsreglar

Kor ofte skal ein henvise?

Eksempel på henvisningar til kjelder, henta frå ei fagbok.

Her blir det òg brukt fotnote, som kan nyttast til kommentarar som ikkje passar å ha med i teksten elles.

NB! Siteringsstilen er ikkje i MLA!

Page 7: Vg3 Siteringsreglar

«Sitering»

Direkte sitat

-identisk attgiving av setningar frå kjelder.

Absolutt krav om henvisning!

Med omgrepet «sosialisering» meiner ein: «…den prosessen der eit individ vert tilpassa og veks inn i samfunnet» («Sosialisering»). Fortset med eigne ord og setningar.

Direkte sitat egnar seg best til:-Definisjonar av viktige ord-Gjenngi korleis forfattarar skildrar noko i romanar/dikt

Page 8: Vg3 Siteringsreglar

Indirekte sitat

-omskriving av setningar frå kjelder

Døme:

Iversen hevdar at sosialiseringa hjå urbefolkninga i Australia hovudsakleg skjer hjå familien (6).

Ei anna oppfatning er at sosialiseringa kan føregå i samfunnet elles, då urbefolkninga i større grad deltek i det offentlege no enn før (Halvorsen og Blomberg 117).

Indirekte sitat er best å bruke i drøftingsoppgåver

Page 9: Vg3 Siteringsreglar

Kvifor er det viktig med namn på forfattar / skribent / opphavsperson?

Kjeldekritikk

-å finne ut om ei kjelde er påliteleg

Korleis finne ut det?

Page 10: Vg3 Siteringsreglar

Eksempel:

Blogg

http://jao.typepad.com/jao_s_blogg/2011/01/internett-og-fusk.html

Leit etter -fullt namn på opphavsperson, -presentasjon/profil av vedkomande-artiklar eller dokument som vedkomande har skrive-har han/ho brukt henvsningar til andre kjelder? Di fleire di betre!

Page 11: Vg3 Siteringsreglar

KJELDELISTE

MINIMUM OPPLYSNING I KJELDELISTA: TITTEL PÅ KJELDE

Anten understrekaeller

I kursiv

Page 12: Vg3 Siteringsreglar

NETTKJELDER

Standard oppsett for nettkjelder:

Etternamn, Førenamn. «Tittel på artikkel». Tittel på kjelde.

Dato for publisering/oppdatert. Lesedato. URL.

«Økonomi. Frp vil bygge landet». Fremskrittspartiet. 2013.

Lest 03.03.2014. http://www.frp.no/nor/mener/

En-enklere-hverdag/OEkonomi.

Døme: http://www.frp.no/nor/mener/En-enklere-hverdag/OEkonomi

Oppsett i kjeldelista:

Page 13: Vg3 Siteringsreglar

Bøker

Etternamn, Førenamn og Førenamn Etternamn.

Kjeldetittel. Utg. Stad: Forlag, År.

Døme på oppsett i kjeldelista:

Mellbye, Axel L. og Karl-Eirik Kval. Politikk og makt. 3. utg. Oslo: Cappelen Damm, 2012.

Page 14: Vg3 Siteringsreglar

Generelle reglar

Forfattarar gjengis med berre etternamn i henvisningar, men med førenamn i kjeldelista.

Er det fleire enn 3 forfattarar skal førstnemnte førast opp i lag med m.fl. eller et.al.

Overskifter eller titlar på artiklar setjast i «hermeteikn»

Page 15: Vg3 Siteringsreglar

OPPGÅVERlag kjeldelisteoppføringar:

• Læreboka i historie

• http://www.bistandsaktuelt.no/nyheter-og-reportasjer/arkiv-nyheter-og-reportasjer/st%C3%B8tter-demokratiprosess-med-egypt-bes%C3%B8k

(alternativt søker du opp Bistandsaktuelt og finn artikkelen «Støtter demokratiprosess med Egypt-besøk»)

• http://evabra.wordpress.com/2013/02/10/vitenskapsformidling-ted/

• http://snl.no/gestaltpsykologi

Etterpå: Lag henvisningar til desse kjeldene

Page 16: Vg3 Siteringsreglar

Bøker og papirkjelder:

Etternamn, Førenamn og Førenamn Etternamn.

Kjeldetittel. Utg. Stad: Forlag, År.

Nettkjelder:

Etternamn, Førenamn og Førenamn Etternamn.

«Tittel på artikkel» Tittel på kjelde. Sist

oppdatert eller publiseringsdato. Lesedato.

URL.

Henvisningar: (Etternamn sidetal) («Artikkeltittel»)

Page 17: Vg3 Siteringsreglar

Løysningar - kjeldeliste

Libæk, Ivar m.fl. Historie vg3. Frå 1700-talet til i dag. Oslo: Cappelen Damm, 2008.

Opseth, Hege. «Støtter demokratiprosess med Egypt-besøk». Bistandsaktuelt.

31.03.2011. Lest 03.03.2014. http://www.bistandsaktuelt.no/nyheter-og-

reportasjer/arkiv-nyheter-og-reportasjer/st%C3%B8tter-demokratiprosess-med-

egypt-bes%C3%B8k.

Bratvold, Eva. «Vitenskapsformidling [ted]». Eva 2.0. 10.02.2013. Lest

03.03.2014. http://evabra.wordpress.com/2013/02/10/

vitenskapsformidling-ted/.

«Gestaltpsykologi». Store norske leksikon. 10.02.2012. Lest 03.03. 2014.

http://snl.no/gestaltpsykologi.

Page 18: Vg3 Siteringsreglar

Løysningar - henvisningar

1. (Libæk m.fl. 30-32)

2. (Opseth)

3. (Bratvold) ev. (Eva 2.0)

4. («Gestaltpsykologi»)

Page 19: Vg3 Siteringsreglar

Til slutt:

• Prøv å henvise til alle kjeldene du har brukt.

• Ei henvisning er ein kort og presis info om kjelda, oftast berre eit etternamn på ein forfattar, og eventuelt eit sidetal.

• Meir info om kjelda, inkludert nettlenker, skal stå i kjeldelista.

• Minimumsinfo på kjeldelista er tittel på kjelda!

• Ordne oppføringane i kjeldelista alfabetisk!

• Lag litt mellomrom mellom dei ulike oppføringane i kjeldelista.

• Ei kjelde med meir enn tre forfattarar kan førast opp med førstnemnde forfattar og forkortinga «m.fl.»

• Artiklar setjast i «hermeteikn»

• Tittelen på hovudkjelda skal anten setjast i skråskrift eller understrekast.

• Ver konsekvent i måten du henviser og set opp kjeldelista på!