web vieweigenandel er kr. 345,- pr. dag. du får henvisning frå din fastlege eller...

3
GRUPPEPOLIKLINIKKEN Me har gruppetilbod kor du kan læra meir om deg sjølv og andre gjennom felles refleksjon og utvikling i gruppeterapi. Me tilbyr gruppebehandling i fylgjande grupper: Samtalegruppe. Denne gruppa vil vera relativt ustrukturert og innsiktsorientert. Det vil som regel utvikla seg ein betydeleg grad av tryggleik og openheita. Den fortrulegheita som utviklar seg, kan gje moglegheit for vekst, utvikling og forandring. Psykomotorisk fysioterapi. Vektlegg kroppslege ressursar, sjølvoppleving, motivasjon og tru på mestring. Me tilbyr individuell vurdering og oppfylging samt ulike kropps- og bevegelsesgrupper. Fokus er på eigenverdi av bevegelse, aktivitet og trening med meining. Problemløysingsgruppa. Dette er ei aktiv og strukturert gruppe. Behandlingsmål vert gjennomgått i gruppa og me nyttar blant anna prinsipp frå kognitiv terapi. Både terapeutar og pasientar er aktive i forhold til den enkelte sine problem. Stabiliseringsgruppe for handtering av traumereaksjonar. Gruppebehandling ved posttraumatisk stressliding (PTSD) som går over 20 gonger. Målet er stabiliserande behandling av traumereaksjonar ved hjelp av undervisning og ferdighetstrening. Krev oppfølging av individual behandlar. Musikkterapi grupper. Grupper som nyttar musikk som terapeutisk verktøy, til dømes lyttegruppe med fokus på gode samtaler gjennom assosiasjonar og tolking av musikk, og samspelgruppe med fokus på kreativitet, samspel og musikalsk utfolding. Temabasert rusmestringsgruppe: Temabasert samtalegruppe for personar som opplever vanskar i livet knytt til alkohol, avhengighetsskapande legemiddel og narkotika. Målet er å skape forståing og refleksjonar rundt eige rusbruk. Mentaliseringsbasert gruppeterapi (MBT): Strukturert behandling for personer med relasjonelle vanskar. Varighet opp til 36 månader. Formålet er å fremme mentaliseringsevnen, følelsesregulering, identitet og mellommenneskelig fungering. Gruppeterapi kombinert med individualterapi. DAGBEHANDLING Dagbehandling mandagar og onsdagar mellom 10.00 og 14.00. Målretta behandling på inntil 6 veker med fokus på stabilisering, symptomlette for å koma i gang med eigen kvardag heima. Dagbehandlinga tilbyr moglegheit for fokus på eigne problemstillingar i møte med andre. Dagbehandlinga er prega av høg grad av støtte og struktur. Du vil delta på ulike samtalegrupper, kroppsbevissthetsgrupper og mulighet for musikkterapi.

Upload: dinhdiep

Post on 06-Mar-2018

223 views

Category:

Documents


5 download

TRANSCRIPT

GRUPPEPOLIKLINIKKENMe har gruppetilbod kor du kan læra meir om deg sjølv og andre gjennom felles refleksjon og utvikling i gruppeterapi. Me tilbyr gruppebehandling i fylgjande grupper:

Samtalegruppe. Denne gruppa vil vera relativt ustrukturert og innsiktsorientert. Det vil som regel utvikla seg ein betydeleg grad av tryggleik og openheita. Den fortrulegheita som utviklar seg, kan gje moglegheit for vekst, utvikling og forandring.

Psykomotorisk fysioterapi. Vektlegg kroppslege ressursar, sjølvoppleving, motivasjon og tru på mestring. Me tilbyr individuell vurdering og oppfylging samt ulike kropps- og bevegelsesgrupper. Fokus er på eigenverdi av bevegelse, aktivitet og trening med meining.

Problemløysingsgruppa. Dette er ei aktiv og strukturert gruppe. Behandlingsmål vert gjennomgått i gruppa og me nyttar blant anna prinsipp frå kognitiv terapi. Både terapeutar og pasientar er aktive i forhold til den enkelte sine problem.

Stabiliseringsgruppe for handtering av traumereaksjonar. Gruppebehandling ved posttraumatisk stressliding (PTSD) som går over 20 gonger. Målet er stabiliserande behandling av traumereaksjonar ved hjelp av undervisning og ferdighetstrening. Krev oppfølging av individual behandlar.

Musikkterapi grupper. Grupper som nyttar musikk som terapeutisk verktøy, til dømes lyttegruppe med fokus på gode samtaler gjennom assosiasjonar og tolking av musikk, og samspelgruppe med fokus på kreativitet, samspel og musikalsk utfolding.

Temabasert rusmestringsgruppe: Temabasert samtalegruppe for personar som opplever vanskar i livet knytt til alkohol, avhengighetsskapande legemiddel og narkotika. Målet er å skape forståing og refleksjonar rundt eige rusbruk.

Mentaliseringsbasert gruppeterapi (MBT): Strukturert behandling for personer med relasjonelle vanskar. Varighet opp til 36 månader. Formålet er å fremme mentaliseringsevnen, følelsesregulering, identitet og mellommenneskelig fungering. Gruppeterapi kombinert med individualterapi.

DAGBEHANDLING

Dagbehandling mandagar og onsdagar mellom 10.00 og 14.00. Målretta behandling på inntil 6 veker med fokus på stabilisering, symptomlette for å koma i gang med eigen kvardag heima. Dagbehandlinga tilbyr moglegheit for fokus på eigne problemstillingar i møte med andre.

Dagbehandlinga er prega av høg grad av støtte og struktur. Du vil delta på ulike samtalegrupper, kroppsbevissthetsgrupper og mulighet for musikkterapi. Du vil ha ein fast behandlar og få tilbod om individuelle samtaler. Ved ynskje/behov kan du få tilbod om oppfølging frå sosionom og eit nettverksmøte med dei som er viktige for deg. Nettverksmøte er eit tilbod til deg som ynskjer å styrka ein prosess som kan bidra til auka forståing for kvarandre og bygge gode relasjonar.

Det er moglegheit for å tilbereda seg eit enkelt lunsjmåltid.

Dagbehandling kan vera aktuelt etter utskriving frå døgnavdeling for å lette overgangen til eigen kvardag eller som tiltak for å forebygge innlegging ved forverring av symptom og funksjon. Dagbehandling kan også vera eit tilbod når ein treng ekstra støtte og struktur ein periode for å handtera kvardagen.

På gruppepoliklinikken nyttar me ulike metodar som Motiverande Intervju (MI), Mentaliseringsbasert Terapi (MBT), Mentalisation Based Coping (MBC),

KognitivTerapi (KT), Oppmerksomt nærvær, Mindfullness, Mediyoga, m.m

Tilbod om barnesamtalar, par-/ familiesamtalar og nettverksmøter.

Avdelingsleiar Linda-Synnøve Skaar

Psykiater Synnøve Klette

Psykologspesialist Beth Ellingsen

Vernepleiar med vidareutdanning i traume

Anne Gerd Væhle

Psykomotorisk fysioterapeut Helga Marit Forthun

Psykomotorisk fysioterapeut Silje Willassen Haugan

Ergoterapeut med vidareutdanning i kognitiv terapi

Siv Iren Helle

Sjukepleiar med vidareutdanning i rus og psykisk helse

Jorunn Bidne

Sosionom Borgny Instanes

Musikkterapeut Tor-Øyel Bidne Kvitne

Klinisk sosionom og barneansvarleg Jenny Tøn

Voss DPS NKS Bjørkeli

GRUPPEPOLIKLINIKK

Problemløysingsgruppa, Psykomotorisk tilnærming, Stabilisering, Oppmerksamt nærvær, Mindfulness, Rusmestring, Mentaliseringsbasert terapi, Musikkterapi, Samtalegruppa, Pilates, MediYoga.

Me held til på Voss DPS, Bjørkeli i 2. etasje. Eigenandel er kr. 345,- pr. dag. Du får henvisning frå din fastlege eller behandlar og vanleg rettigheitsvurdering gjeld.

Bjørkelivegen 27, 5705 VOSS. E-post: [email protected]. www.bjorkeli.no

Saman gjera ein forskjell… som gjer ein forskjell …