mat & helse
Post on 28-Dec-2015
40 Views
Preview:
DESCRIPTION
TRANSCRIPT
Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014
Litauisk tradisjonsmat
Eg valte å lage litauisk tradisjonsmat fordi dette er noko eg interesserer meg for og fordi
stemora mi er litauisk. Til forrett har eg valt å lage šaltibarščiai (kald borsjtsj med varm
potet). Til hovudrett val eg vištienos file kepsniukai (kyllingschnitzel med marinerte poteter
og grønsaker), og til dessert varškės spurgos (cottage cheese smultbollar med vaniljeis og
jordbær).
Om forretten
Varm borsjtsj er ein typisk russisk rett,
medan kald er litauisk. Den blir for det meste
servert om sommaren, på grunn av at dei
beste grønsakene er om sommaren og det
alltid er godt med kald suppe når det er
varmt ute. På sommartid i Litauen kan du få
tak i ei slik suppe hos alle caféar, som alltid
vil stå på menyen. Det er vanleg å ha kokte
poteter ved sidan av.
Om hovudretten
Kyllingschnitzel er ein vanleg måte å førebu
kylling på i Litauen. Det fell i smak hos dei
fleste, spesielt hos unge. Kyllingschnitzel er
vanleg å ete heile året. Potetene som høyrar
til kan serverast til andre kjøttrettar også, og
er godt når ein er lei av vanlege kokte
poteter. Som tilbehør kan du enten buke
kokte grønsaker eller ein frisk salat. Det er
også vanleg å ha saus som er laga av ketchup
og majones ved sidan av.
Side 1 av 5
Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014
Om desserten
Cottage cheese smultbollar er ein velkjend
litauisk tradisjon og blir ete heile året. Alle i
Litauen kjenner til denne retten frå dei var
små, akkurat som at vi nordmenn kjenner til
vaflar. Det smakar spesielt godt på grunn av
at det inneheld cottage cheese. Smultbollane
er ekstra gode med tilbehør som til dømes
jordbær og vaniljeis.
Ingrediensar:
Forrett
Šaltibarščiai (kald borsjtsj med varm potet)
- 500 gram raudbetar
- 1/2 liter kulturmjølk
- 1/2 liter mjølk
- 1/2 agurk
- 2 vårlaukar
- Ein kvast med dill
- 3 hardkokte egg
- Salt
- Poteter
Hovudrett
Vištienos file kepsniukai (kyllingschnitzel med marinerte poteter og grønsaker)
- 500 gram kyllingfilet
- Griljermel
- 1 egg
- Kyllingkrydder
- Peppar
- Salt
- Grønsaker, f.eks. brokkoli og blomkål
Side 2 av 5
Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014
Omnsteikte poteter:
- Poteter
- Kvitlauk
- Olje
- Pommes frites krydder
Saus (like mykje av kvar):
- Majones
- Ketchup
Dessert
Varškės spurgos (cottage cheese smultbollar med vaniljeis og jordbær)
- 300 gram cottage cheese
- 2 egg
- 4 spiseskjeerr sukker
- 10 spiseskjeer mel
- 1/2 teskje bakepulver
- Frityrolje
Tilbehør:
- Melis til pynt
- Vaniljeis
- Ferske jordbær
Side 3 av 5
Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014
Framgangsmåte:
Forrett
Kok raudbetane i ca. 1 time til dei er mjuke. Kok egga til dei er hardkokte, og del dei på kryss
og tvers i ein eggedelar. Riv raudbetane grovt på eit rivjern. Hakk opp agurk og vårlauk i små
bitar. Bland alt saman i ei stor gryte saman med kulturmjølk, mjølk og finhakka dill. Smak til
med salt. Server med kokt potet til.
Hovudrett
Del potetene i båtar, legg dei i ei bolle og hell på olje og revet kvitlauk. Krydre godt med
potetkrydder og bland godt saman La stå ca. 30 minutt for marinering. Steik dei deretter i
omnen på 220 gradar til dei er gyllenbrune.
Bank kyllingfiletane flate med ei kjøtklubbe og krydre med salt, peppar og kyllingkrydder
på begge sider. Visp egga i ei skål, dypp
kyllingfiletane i eggeblandinga og vend dei
deretter i griljermelet. Steik dei i panne til de
er gylne og dampkok grønsakene. Bland
ketchup og majones saman i ei skål som saus.
Dessert
Ha boksen med cottage cheese i ei bolle med
sukker og vaniljesukker. Ta egg i og bland med ein stavmiksar. Sil bakepulveret og melet i
røra. Røra må vere tjukk nok for å kunne lage små bollar. Tilsett meir mel dersom ho ikkje er
tjukk nok.
Sett på ei gryte med frityrolje.Side 4 av 5
Marie 10C Litauisk tradisjonsmat 14.05.2014
Væt hendene dine og form deretter små bollar som du puttar i gryta. Gryta må være varm nok
slik at bollane etter i stund vil flyte opp til overflata Steik til dei er godt brune. Server med
melis på og vaniljeis og jordbær.
Refleksjon
Eg synes det var veldig gøy å lage litauisk forrett, hovudrett og middag. Eg har aldri vore
serleg flink med matlaging, men blei positivt overraska denne gongen. Det var sjølvsagt noko
som eg kunne gjort betre, blant anna å ikkje bruke så lang tid på å kutte opp grønsakene.
Eg lærte at litauisk cottage cheese er mykje tørrare enn norsk, og derfor trengst det ein god del
meir mel. Eg lærte òg at det alltid er lurt å finne fram alle ingrediensane før ein startar å lage
maten, slik at ein ikkje gløymer noko. Det var praktisk å ha ein kald forrett, for då kunne eg
lage den fleire timar i førevegen.
Noko eg kjem til å hugse til neste gong er at eg ikkje må presse for hardt på bollane i
desserten, og å vere fuktig nok på hendene. Viss ikkje ville bollane ha klistra seg til hendene,
som dei gjorde den fyrste gongen. Heldigvis fann eg teknikken og klarte det bra.
Eg har heller aldri frityrsteikt noko før, så det måtte både prøving og feiling til for å finne
både teknikk og steiketid.
Eg stod litt over 4 timar på kjøkkenet, men følar at det verkeleg var verdt det. Eg hadde nok
brukt mindre tid viss eg skulle ha lagt det ein gong til, sidan eg allereie har gjort det ein gong
før og det fyrste gongen var mange nye prosessar. Det smakte veldig godt og var gøy å lage.
Alt i alt vart eg veldig fornøyd og fekk god tilbakemelding av gjestene.
Side 5 av 5
top related