språksamlingane - uib.no · –du hev gjerne vore våt på føtene? (seland: einbøling, 1923: 16)...

Post on 13-Oct-2019

3 Views

Category:

Documents

0 Downloads

Preview:

Click to see full reader

TRANSCRIPT

Språksamlingane: Kva er innhaldet? Kva kan det forskast på? Bergen, 4.11.16

Disposisjon 1. Vitskaplege datasamlingar

2. Dei norske språksamlingane – kort historikk

3. Innhaldet i samlingane

4. Nokre eksempel på bruk

5. Bruk av samlingane i forsking og undervisning

Vitskaplege datasamlingar

• Samlingar av empirisk materiale er både ein premiss for og eit venta produkt av empirisk forsking.

• Samlingane kan omfatta generell infrastruktur laga til fleirbruk (t.d. ressursar frå Norsk Målførearkiv eller Norsk Stadnamnarkiv)

• Samlingane kan omfatta materiale samla inn til eitt spesifikt føremål (som setelarkivet til NO).

Institusjonelle samlingar

• Prototypen: naturhistoriske og kulturhistoriske gjenstandssamlingar ved universitetsmusea

Lovverk og ytre rammer • lov om universitetet og høyskoler (2005):

• § 1.4-3: Særskilt nasjonalt ansvar til UiB, UiO, UiTø, NTNU og UiS for å byggja opp, driva og vedlikehalda museum med vitskaplege samlingar og publikumssamlingar

• § 1.4-4: nasjonale fellesoppgåver kan plasserast ved ein institusjon, men utan at oppgåvene er underlagde institusjonens styring

Store datasamlingar har stor verdi

• Redaktør Peter Sokolowski i Merriam Webster seier om dei store, gamle ordarkiva deira:

– «The essential value of the company is inside those drawers […] It’s irreplacable» (Fatsis 2014:2).

• Språksamlingar er viktig samfunnsinfrastruktur, og støttar opp om både forsking, utdanning og forvaltning.

Dei norske språksamlingane

• Omfattar leksikografiske samlingar, målføresamlingar og stadnamnsamlingar i ulike format og av ulik kvalitet.

• Samlingane hadde hatt eit truga tilvære lenge. Mykje var i bra stand etter NO 2014-prosjektet, men ein god del blei sendt usortert frå Oslo til Bergen.

• Den vidare framstillinga tek opp somme av ressursane som blei omtala i samlingsevalueringa til ILN, UiO (mars 2014).

Verdien av språksamlingane • Kva sa samlingsrapporten?

• «…nytteverdi for forskarar, både innanfor språk- og litteraturvitskap og i ein breiare kulturvitskapleg kontekst… […] …bør kunne brukast i undervisning på alle nivå».

• «av nasjonal verdi og ein ressurs for forsking og undervisning i norsk og nordisk språk også ved andre institusjonar».

Kva er innhaldet?

Utvalet viser gamle metodar og format for innsamling og

strukturering av data

Digitalisert Norsk målføresynopsis

Gamle data får nytt liv, ny relevans og ny tilgjengelegheit

• Norsk målføresynopsis: Kartlegging av 1200 ord og frasar frå 750 ulike målepunkt over heile Noreg.

• Primært samla inn i perioden ca. 1930-1970 (men òg noko eldre materiale)

• Handskrivne data i 42 store folioprotokollar oppbevarte ved Norsk målførearkiv, UiO

Grovinndeling av samlingane

• Stadnamnsamlingar

• Nynorsk- og talemålsamlingar

• Bokmålsamlingar

• Samlingar av gammalnorsk materiale

Stadnamnsamlingane

• Den nasjonale stadnamnbasen (ca. 700 000 namn – søkbar, nettilgjengeleg)

• Bustadnamnregisteret (ca. 100 000 namn)

• Store kartsamlingar

• Skolebarnoppskriftene (stort potensiale i skolen!)

LBK og Det nynorske tekstkorpuset • LBK = Leksikografisk bokmålskorpus (100 mill.

løpeord 1985-2015). Balansert korpus

• Det nynorske tekstkorpuset (106 mill. løpeord 1866-2015).

• Ressursar med stort brukspotensiale. Nytta i ei rekkje masteroppgåver i språk og litteratur.

Nynorsk- og talemålssamlingane

I Metaordboka for dei nynorske språksamlingane er det ca. 600 000 oppslagsord. Diakront materiale frå mange

kjelder inngår i databasesettet

Samlingane i bruk (1)

• Karen Margrethe Pedersen, KU: Syntaktiske oplysninger i dialektordbøger og store nationale ordbøger (under utgj.)

• Konstruksjonen at + adv. + Vinf.

• dansk: …ikke at komme for sent

• svensk: …att inte komma för sent

Samlingane i bruk (1)

• Funn av at + adv. + Vinf. («svensk type»):

– Ømålsordbogen og Jysk ordbog

– Transkriberte talemålsopptak

– Dansk ScanDiaSyn-materiale

– Ordbog over det Danske Sprog (ODS)

• «…min case med at-infinitiven viser, at også grammatikerne, der skriver om moderne standardsprog, har brug for ordbøgerne.»

Samlingane i bruk (2)

• Adv. gjerne som dempar-partikkel (Fretheim 2015)

• Er gjerne i tyd. ‘kanskje’ eit (sør-)vestlandsk fenomen?

• «I østnorsk grammatikk er rekkefølgen gjerne + ikke et marginalt syntaktisk fenomen» (Fretheim 2015: 30)

Samlingane i bruk (2)

• Norsk Ordbok, band 4:

Samlingane i bruk (2)

• Belegg frå NO-samlingane: – Je har gjerne ølagt kniven je no (Os i Ød.)

– Det er gjerne siste gongen me ser einannan i live (Elverum)

– Du hev gjerne vore våt på føtene? (Seland: Einbøling, 1923: 16)

– Det er vel gjerne ikkje så mykje stein i jorda der? (Oppdal)

• «gjerne ikkje» – 146 korpusbelegg (Det nynorske tekstkorpuset)

Det tar mindre enn eit minutt å få

fram denne beleggmengda!

Materialet ligg fritt tilgjengeleg på

nettet.

Samlingane i bruk (2)

• Eit raskt blikk i Ømålsordbogen (adv. gerne):

– Der var gerne femten (‘nok, så vidt jeg ved’)

– Det er gienne ingen hjemme for Døren er lukket

• Ein god inngang for studentar og forskarar til denne typen empiri er dokumentasjons-ordbøkene med sine presise kjeldereferansar.

Samlingane i bruk (3)

• Kristin Bakken (2000): «Navn og restitusjon av lydendring»

• Studien involverer bruk av materiale frå fleire delar av språksamlingane (stadnamnarkivet, setelarkivet til NO, Norsk målføresynopsis).

• Bortfall av postvokalisk l framfor annan konsonant og delateralisering av gno. ll > dd.

Samlingane i bruk (3)

• I perioden 2000-2015: alle materialkjeldene frå samlingane som Bakken brukte til studien sin, er i perioden digitaliserte.

• Den digitale Norsk Ordbok-basen er lagd til rette for kombinatoriske søk.

• Forskaren eller studenten kan nå raskt hausta inn relevant materiale.

Samlingane i bruk (3)

Kart generert opp frå

ordartikkelen kalla i

Norsk Ordboks

nettutgåve.

Viser utbreiinga av

målføreforma kadda i

tilgjengelege kjelder.

Samlingane i lærarutdanning

• Ei utforsking av stadnamn eller diakrone talemålsdata gjev eit svært solid fundament til bruk i skolen.

• Studenten må skaffa seg innsikt i historisk og diakron språkvitskap, morfologi, fonologi, syntaks og dialektologi. I sum – den komplette norsklæraren!

24

Samlingsempirien i bruk

• Samlingane gjev rask tilgang til store mengder data.

• Søkbarheita gjer det enkelt å finna og avgrensa empirien

• Metadatasettet inneheld ofte informasjon om geografi – nærleik og relevans i undervisninga.

25

Oppsummerande om samlingane

• Materialet er svært veleigna for både språkleg, litterær og kulturhistorisk utforsking

• Studentane lærer seg til grunnleggjande vitskapleg metode i møte med store mengder empiri

• Studentane kan ta med seg (del-)materiale inn i klasserommet

Oppsummerande om samlingane • Samlingane skal innehalda dokumentasjonen

av norsk som Noreg og verda treng.

• Samlingsverksemda treng betre tilgjenge og kontinuerleg utbygging for å vera relevante nå og i framtida.

• Dette er viktig kulturhistorisk dokumentasjon!

top related