Årsplan - heroy.kommune.no · ramona og dei andre dyra. dei vaksne må ha eit bevisst forhold til...
TRANSCRIPT
ÅRSPLAN
2018-2019
MYRSNIPA
BARNEHAGE
1
KJÆRE FORELDRE OG TILSETTE!
Kan du hugse den første gongen då barnet smilte til deg og du smilte tilbake?
Du blei som eit spegl av barnet sitt smil, og barnet såg seg sjølv i ditt varme blikk.
Eit barn som blir spegla og opplever seg sett, får styrka sjølvkjensla si og kjenner seg
trygg. Barnet blir sett i stand til å knytte seg til andre.
Vi som er vaksne rundt barnet har ansvaret for å sjå barnet, spegle det og byggje
gode relasjonar.
Å høyre til og vere ein del av fellesskapet er viktig for alle, både små og store. Vi
vaksne må vere gode rollemodellar i å inkludere, det vere seg i leik og aktivitet i
barnehagen, til bursdagsinvitasjonar og besøk med kvarandre. Inkludere bør vere ein
viktig verdi i livet vårt.
Den nye definisjonen på mobbing i barnehagen er: «handlingar frå vaksne og/eller
andre barn som krenkjer barnet si oppleving av å høyre til og vere ein betydningsfull
person for fellesskapet» Ingrid Lund: «hele barnet, hele løpet»
Å sikre at alle barn i Myrsnipa barnehage føler seg som ein betydningsfull person i
fellesskapet - det blir jobb nr 1 framover for oss alle, for å jobbe førebyggande og
hindre at mobbing skal få grobotn i barnehagen.
Vi menneske blir først heilt og fullt oss sjølve når vi, som eit eg, møter ein annan, eit
du.
Filosofen Martin Buber
Med dette sitatet frå filosofen Martin Buber, ønskjer eg både barn, foreldre og
tilsette eit godt år i Myrsnipa barnehage.
Reidun Myrvågnes
2
INNLEIING
Årsplanen skal byggje på Lov om barnehagar med forskrifter og Rammeplan for
barnehagane i Herøy 2016-2020.
Årsplanen for barnehageåret 2018/2019 vart godkjent i samarbeidsutvalet i Myrsnipa
barnehage 02.10.18. Ved at samarbeidsutvalet fastset årsplanen, og at foreldra blir
tekne med på råd gjennom evaluering, foreldreråd, foreldremøte og foreldresamtalar
får dei reell medverknad på innhaldet til barnehagen. Borna som er primærbrukaren
og den viktigaste brukaren, får vere med ved at vi lyttar til det borna er interesserte i
og har behov for i dag.
Ein årsplan har fleire funksjonar:
● skal vere eit arbeidsreiskap og grunnlagsdokument for personalet
● skal medverke til å styre innhaldet i barnehagen
● skal vere eit utgangspunkt for samarbeid med foreldra
● skal vere eit informasjonsdokument ut til eigar, politikarar,
samarbeidspartnarar og andre interesserte
Årsplan: Konkretisering av barnehagen sitt innhald. Den generelle delen av årsplan,
er no blitt til ein eigen 4- års plan. Den må sjåast i samanheng med denne årsplanen.
Månadsplan/-brev: Informasjon om turar, aktivitetar, bursdagar m.m., og
oppsummering av føregåande månad.
Dagen vår: Informasjon og dokumentasjon om kva vi har gjort på denne dagen og
den blir slått opp på foreldretavla som dagsrapport.
Barnehagedagen er hektisk og vi må ofte gjere prioriteringar. Planar, rapportar og
dokumentasjon er viktig, men må ikkje gå på kostnad av tida vi har i direkte kontakt
med borna. Så derfor vil vi at de som foreldre spør også!
I følgje rammeplanen skal barnehagen vere ein lærande organisasjon. For oss
betyr det å jobbe i prosessar der vi får tid til refleksjon over arbeidet vårt. Det å fylle
ut eit notat på ein situasjon ein har stått i, og få hjelp gjennom rettleiing til å sjå den
same situasjonen frå andre perspektiv – det aukar handlingskompetansen vår og
styrkjer den felles pedagogiske plattforma vår.
Så er det viktig at vi ikkje berre står i prosessar, men finn ut kva dette betyr i handling
for oss.
3
Myrsnipa barnehage er ein kommunal barnehage, og den ligg i Myrvåg.
Barnehagen vart bygd av foreldra i 1993, men kommunen tok over drifta i 1999.
Barnehagen har Myrvåg omsorgssenter som næraste nabo, og i tillegg har vi
lækjarkontor, helsesøster, velværesenter, blomsterbutikkar, matbutikk og eit stort
industriområde i nærleiken.
Vi har 3 avdelingar med til saman 46 born ved oppstart av dette barnehageåret.
Kvitveisen for barn 2 år og 5 år 20 plassar - 14 born
Røsslyng for barn 3 år og 4 år 18 plassar - 18 born
Blåklokka for barn mellom 0 og 2 år 13 plassar - 14 born
Etter nyttår vil 3 nye barn starte med oss.
Personalet i Myrsnipa har mange års erfaring frå barnehage, men her er og yngre
tilsette som bidreg med innspel, idear og forslag til endringar. Det er viktig at nokon
“ser oss litt utanfrå” og er med på å vidareutvikle barnehagen sitt innhald.
Elevar frå grunnskule og vidaregåande skule kan få praksis her - det er viktig for
rekruttering til yrka i barnehagen.
Myrsnipa barnehage er godkjent lærebedrift, og tek imot lærlingar.
Furene og Nav tek også kontakt om dei har nokon som treng å prøve seg i vårt yrke.
Godt arbeidsmiljø og tilsette som trivst ilag og har felles pedagogisk plattform er viktig
for kvaliteten på barnehagetilbodet
4
Løvelova:
Kan du løvelova? Ser du ein blir plaga?
Eg skal vere meg, Det er ikkje bra!
men gje plass til andre, Alle må stå saman
slik at dei blir seg, om å sei i fra!
bry meg om ein annan, Alle barn på jorda
hjelpe når eg kan. Har den same rett
Slik blir livet betre til å vere trygge
for barn i alle land og til å vere sett.
Progresjonsplan for innhaldet i Være Saman:
1-2 år 3-4 år 5-6 år ( Løveklubben) Vi brukar temabøk-ene som idebank til samlings-stunder for dei minste. Høyre på Løvelova og synge den ofte. Bli kjent med Regnbueløva, Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding når nokon gjer noko bra for andre. Ta med Regnbueløva på tur.
Fortelje «Regnbueløvens fantastiske brøl», vektlegge grunnhistorien og kjenslene, snakke om teikningane i boka og fargar. Bruke Regnbueløva som samtaleverktøy. Jobbe med Løvelova- knytte den opp mot daglege situasjonar. Kjenne, og etter kvart lære songane i Være Saman (finst på Spotify) Bli kjent med borna i Løvebarnehagen. Øve oss på å gje positive tilbakemeldingar når nokon gjer noko bra, bry oss om, kunne uttrykke det. Ta med Regnbueløva på tur.
Vere kjent med Regnbueløva og bruke den i daglege situasjonar. Kunne Løvelova og kunne fortelje kvifor Løvelova er bra for alle. Bruke rollespel og leik. Bruke temabøker og Løva i samling og når det oppstår situasjonar – knytte det opp mot faktiske hendingar i barnegruppa. Gje positiv tilbakemelding uoppfordra når nokon gjer noko bra. Øve på å gje ros og ta imot ros, positiv perspektivtaking. Ta med Regnbueløva på tur. Markering når barnet sluttar i bhg-en – Diplom med Løvelova på. Skulane får også Løvelova!
Foreldreboka «Du og barnet ditt» vil alle nye foreldre få utdelt på første
foreldresamtalen.
5
Dagsrytme
Måltider
06.45 Vi opnar barnehagen. Ein tilsett er åleine i barnehagen fram til
kl 7.15, så ho kan vere på ei anna avdeling når du kjem med
barnet ditt.
7.15 – 08.30 Frukost på avdelinga, og leik
09.00 – 11.00 Planlagde aktivitetar på avdelingane;
kan vere tur, samling, leikegrupper
11.00 Lunsj
12.00-13.30 Uteleik/ kviletid
Pauseavvikling for personalet
Ca 14.00 Hemmelegheit
15.00-16.15 Leik ute/ inne, og opprydding av leikar
16.15 Vi samlar oss på ei avdeling mot slutten av dagen, så det er
berre å gå etter lyden
17.00 Barnehagen stenger
Frukost Borna kan få ete medbrakt frukost fram til kl 08.30.
Lunsj Vi lagar til lunsj. Borna får eit sunt og godt måltid med grove skiver,
knekkebrød, leverpostei, prim, kaviar, fårepølse, ost, fiskepudding,
agurk, paprika.
Hemmelegheit er eit måltid vi har mellom 14 og 15. Det varierer mellom skiver,
knekkebrød, kavring, yoghurt og frukt
Drikke Lettmelk, lactosefri/maismelk for dei som treng det og vatn. Alle
borna har sin eigen kopp/flaske som dei kan få vatn når dei er tørste
gjennom dagen.
Bursdagsmat får borna velje sjølv ut frå bursdagsmenyen til avdelinga.
Baking/varme rettar lagar vi innimellom. Det vil kome fram på vekeplanane.
Kor ofte vi skal lage varme rettar er noko som opptek nokre foreldre,
men det viktigaste for oss er at måltid og matlaging skal gje borna eit
grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevaner.
Mjølk og yoghurt bestiller vi med Tine, og elles leverer Coop Marked
Tjørvåg matvarene til oss
6
Pedagogisk plattform
Vår pedagogiske plattform tek utgangspunkt i Diana Baumrind sin teori om
oppsedingsstilar. Det finst overtydande dokumentasjon som viser at god oppseding
er knytt til ballansen mellom å utvise kontroll og varme overfor barn. Å utøve varme
og kontroll handlar altså om å ta styring samtidig som du ser barna sine motiv og
behov i situasjonar, og gir leiing ut frå det. Dette kallar Baumrind for «Den autoritative
vaksne».
Kollegarettleiing er ein viktig metode for å nå målet om den autoritative vaksenstilen.
Kvar vaksen må delta på rettleiings-øvingar, der refleksjon over eige arbeid blir
krevd. Personalet og foreldre må samarbeide rundt leiing av barnet, d.v.s sjå korleis
og kva som må til for å vere den autoritative vaksne rundt «ditt barn». Dette er med
på å hjelpe barnet med sjølvregulering.
7
Det å ha fokus, og jobbe mot den autoritative vaksenstilen, meiner vi vil vere det
beste for barnet og læringsmiljøet. I Myrsnipa er vi oppteken av å investere i
relasjonen. Metaforen «banking time», det er når vi som vaksne investerer pengar i
barnet sin relasjonelle og emosjonelle erfaringsbank. Eit uttak frå relasjonsbanken
kan t.d vere ei form for grensesetting som barnet normalt vil reagere negativt på. Men
fordi vi vaksne har passa på at banken er i pluss, så klarer barnet å respondere
adekvat på denne grensesettinga. Relasjonen er på plass. Barnet har ein
grunnleggande tillit til at den vaksne vil barnet sitt beste.
Nøkkelen til god mental helse kan ligge i dei relasjonane barnet har til familien,
vennene og andre viktige menneske. Vennskap er ein viktig dimensjon i livet vårt.
Så eit viktig mål for oss er at alle barn får minst ein venn i barnhagen.
Men vennskap handlar også om å ikkje få vere venner, om forhandlingar, om å bli
sviken, om sjalusi og intriger – med andre ord handlar vennskap om kvaliteten i
barnet sitt (og den vaksne sitt) liv – på godt og vondt.
Vennskapsrelasjonar mellom barn spelar ei sentral rolle for å fremme evna til
kommunikasjon og kjensla av tilknytning og identitet, eller det vi kan kalle sosial
kompetanse.
Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere
rørslegleda og den motoriske utviklinga til borna. Borna skal også få ro, kvile og
avslapping i løpet av barnehagedagen. Når borna er slutta å sove, så kan dei likevel
ha behov for ro og kvile i løpet av dagen. Vi skal legge til rette for at alle kan få litt
avslapping og ro.
8
Vi må ha fokus på varme og grensesettande vaksne. Vi skal jobbe med å vere
tydelege vaksne som stiller krav til barnet og gir dei ansvar. Vi skal bygge gode
relasjonar til alle barn, gjennom kvalitetstid, banking time, med enkeltbarnet og i
grupper. Vi skal hjelpe barnet til å reflektere over eigne handlingar og veremåte, og
hjelpe dei å regulere seg.
Barn sin medverknad handlar mykje om å vere i desse læringsprosessane, å jobbe
med etikk; læra om rett og gale, eller for vår del: Løvelova. Barn medverkar i
refleksjonar rundt sin eigen og andre sin veremåte, dei får hjelp til å løyse konflikt
sjølve og å inkludere andre.
SOSIAL KOMPETANSE
1.
EMPATI OG
ROLLETAKING
2.
PROSOSIAL
ÅTFERD
3.
SJØLV-
KONTROLL
4.
SJØLV-
HEVDING
5.
LEIK,
GLEDE OG
HUMOR
Delområde 1: Evne til innleving i andre menneske sine kjensler, tankar,
informasjonsbehov og forståing for andre sine perspektiv, samt evne til å trekke slutningar
om ulike sosiale roller og relasjonar.
Delområde 2: Positive sosiale haldningar og handlingar som å hjelpe, oppmuntre, dele,
med, inkludere, trøste, vere oppmerksam og vise omsorg for kvarandre.
Delområde 3: Å utsette eigne behov og ønsker i situasjonar som krev turtaking, inngå og
innordne seg kompromisser og felles avgjerdsle, følge reglar og takle konflikt, sjå fleire
handlingsalternativ i samspelsituasjonar og planlegge eigen åtferd på kortare og lengre
sikt.
Delområde 4: Å hevde seg sjølv og sine eigne meiningar og interesser, våge å stå imot
gruppepress, vere aktive, deltakande og medverkande i fellesskapet, ta initiativet til å
delta i samtalar, leik og ulike aktivitetar
Delområde 5: Å kunne skilje leik frå annan aktivitet, gå inn i og ut av leikeramma, kunne
late som og tolke leikesignal, la seg rive med og føle glede, slappe av, spøke og ha det
moro. Og ikkje minst – glede seg over sin eigen og andre si meistring.
Kjelde: «Dette vet vi om barnehagen: sosial kompetanse» av Kari Lamer.
9
Eit godt psykososialt miljø er grunnleggande for barn sin trivsel, utvikling og læring.
Hovudstrategien for å få til det er:
1. Relasjonsarbeid
a. Banking Time
b. Relasjonskartlegging
2. Åtferdsregulering
a. Omsorgsfull kontroll
b. Ro, rutine, varm og tydeleg leiing
c. Tydelege forventningar
d. Anerkjenning og ansvar
3. Tilhøyrigheit og fellesskap
a. Opne opp for ulikheiter/mangfald
b. Løfte alle i fellesskapet; kva er vi flinke til på tvers av
c. Ta med borna i planlegginga
Barnehagen vår skal vere ein trygg og utfordrande stad der borna kan prøve ut ulike
sider ved samspel, fellesskap og venskap. Borna skal få støtte til å meistre motgang,
handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler.
Barnehagen vår skal bidra til at borna trivast og opplever livsglede, at dei meistrar og
får ei kjensle av eigenverdi, og vi skal førebygge krenkingar og mobbing. Om eit barn
opplever å bli krenkt eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det og følgje
det opp.
Vår barnehage bygger også på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering og
bidreg til at borna møter og skaper eit likestilt samfunn.
Gjennom å delta i barnehagefellesskapet skal borna få sjansen til å utvikle forståing
for samfunnet og den verda dei er ein del av.
Barnehagen vår skal bidra til at alle barn føler at dei blir sett og anerkjende for den
dei er, og synleggjere den enkelte sin plass og verdi i fellesskapet
10
Oppe i sirkelen handlar det om barnet sitt behov når det lærer om og utforskar verda rundt
seg. Born treng å finne ut av og lære om omgjevnadane sine, inkludert andre menneske.
Gjennom dette behovet utviklar barnet evna si til å vere nyfiken på verda og menneska. Det
å vere nyfiken, driv barnet framover til stadig ny meistring og glede over å leve.
Barnet utviklar meir og meir sjølvstendigheit, får ei indre kjensle på «at mine initiativ er
viktige» og
«eg kan påverke verden». Barnet opplever seg som ein aktør, ein som kan påverke. Dette er
og viktige sider ved opplevinga av indre tryggleik: «Eg har ein plass.»
Nede i sirkelen handlar det om barnet sitt behov når det treng nærleik eller hjelp med
kjenslene.
Barn treng rett og slett å bli lada, og dei føresette og personalet i barnehagen blir ein viktig
ladestasjon for borna. Når barn kjem inn til lading, så er det fordi dei treng kontakt eller
nærleik for å stabilisere seg inni seg, for så å kunne leike og lære etterpå.
Lading kan skje på mange måtar; gjennom eit smil, eit fang, ein medfølande kommentar eller
å halde rundt barnet.
ALLTID: ver STØRRE, STERKARE, KLOKARE og GOD
NÅR DET ER MULIG: FØLG BARNET SITT BEHOV
NÅR DET ER NØDVENDIG: TA STYRINGTRYGGHEIT BLIR SKAPT NÅR EIN BLIR
FORSTÅTT INNANFRÅ
11
Prosjekt: Inkluderande barnehage og skulemiljø ( IBSM)
Kjernekomponentane i prosjektet er:
- Inkludering
- Autoritative vaksne
- Førebyggings- og avdekkingskompetanse
- Regelverk
- Implementering og organisasjonsutvikling
Vi lærer meir om nyare forsking/ ny teori, og brukar kollegarettleiing som refleksjon for
læringsutbytte og handling. Leikanger barnehage og skule, Nerlandsøy skule og
Sirlihaugen barnehage er også med i prosjektet.
Forsking (Grete S. Vaaland Læringsmiljøsenteret) seier at vi får meir inkludering ved:
God leiing
Samarbeid
Profesjonell kultur
Dette bhg-året skal vi etablere god rutine for felles forståing av konfliktløysing,
gjennom problemløysingsmodellen til Shue og Spivack(1978), som har desse stega:
Steg 1. Klargjering av problemet
Steg 2. Forslag til løysingar
Steg 3. Vurdere løysingsforslaga
Steg 4. Val av løysing
Steg 5. Evaluering
Denne strategien vil fremje barn si kompetanse innanfor både empati og rolletaking,
prososiale haldningar og handlingar og sjølvkontroll. Samtidig fremjar den også barn
si evne til å hevde seg sjølv ved at dei kan kome med eigne forslag til løysingar og
sette fram krav og synspunkt på ein «passande måte».
Gjennom desse 5 stega er det viktig å fremje:
- Barn si evne til å sjå at det er fleire alternative løysingar på eit
mellommenneskeleg problem og
- at barn lærer å knytte ulike konsekvensar til ulike val av handlingar
12
Natur, miljø og teknologi er fagområdet som vi skal satse litt ekstra på dette
barnehageåret, jamf. Rammeplan for Herøy kommune.
Personalet skal:
- leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena
for leik, undring, utforsking og læring
- gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar
på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
- synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i
naturen
- utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomen saman med barna
Kvitveis
Vi har i år 2-åringar og 5-åringar på gruppa vår, og dette utgjer ei naturleg skilje i kva
vi legg vekt på.
Hjå 5-åringane ønskjer vi å leggje vekt på Herøy si historie, båtar før og no og ulike
typar båtar. Innhaldet i temaet vil kome meir fram på månadsplanane utifrå ønskja og
interessa til borna. Nokre er veldig opptekne av søppel i naturen og dette vil vi byggje
vidare på. Borna si interesse og medverknad vil vere med på å styre innhaldet i
temaet – HAVET.
Hjå dei minste har vi fanga opp at dei kjenner til redningsskøyta Elias og kaptein
Sabeltann. Vi har lyst å vise dei litt om kva som bur i havet/sjøen no i haust
(t.d. krabbe, laks, torsk,) – få sjå, kjenne på og smake, og leike med vatn. Vi vil følgje
årstidene og leggje vekt på forandringar gjennom å sjå, oppleve og utforske. Innanfor
teknologi vil vi i det dagelege sette ord på opplevingar som t.d. lysbrytar; av/på,
lyst/mørkt. Men mest av alt møte deira behov for nærleik, tryggheit, utetid, sovetid,
mat og stell.
Røsslyng
Lage vår eigen Hakkebakkeskog for leik og utfoldelse av tema
Få kjennskap om dyra i fortellinga. Lage ting av naturmateriale som t.d. mus,
piggsvin, osv. Så vil vi knytte Regnbueløva og Hakkebakkeskogen saman gjennom
dei ulike tema under sosial kompetanse.
Vi kjem til å gjere ulike eksperiment med tema frå årstidene. Rugekasseprosjekt skal
vi prøve ut på våren – kanskje får vi til eit kyllingkull!
Blåklokka
Bruke Vennebøkene gjennom heile året, med dei ulike tema i sosial kompetanse. Sjå
på månadane i årsplanen.
Så vil vi ha begynnande fokus på sortering og resirkulering
Kjenne på dei ulike elementa fysisk ( vatn, is, jord, grus, stein)
Små forsking-eksperiment
Vi vil legge til rette for gode friluftsopplevingar året rundt. Går på tur og er ute i all
slags ver, og kjenner på naturkreftene.
Dyr og dyreliv formidlar vi gjennom bøker, fortellingar og i møter i naturen
13
AUGUST
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag
Veke 31
1 2 3 4 5
6 Veke 32
7 8 9 10 11 12
13 Veke 33
14 15 16 17 18 19
20 Veke 34
21 22 23 24 25 26
27 Veke 35
28 29
30 31 1 2
Mål for oppstart dette barnehageåret.
- Barn, foreldre og tilsette blir trygge på kvarandre
- At det skal vere kjekt å kome til Myrsnipa barnehage
- At ditt barn blir sett og høyrt
Dei barna som bytter avdeling, eller får nye barn og vaksne på si avdeling, treng
også tid til å bygge nye relasjonar. Dette skal vi ha fokus på!
Foreldra får også sjansen til å bli litt meir kjent med dei andre foreldra på si avdeling
på Bli-kjent dagen vår
Foreldrerådsstyret 2018-2019
4 foreldre
Tverrfagleg team
Reidun Myrvågnes, leiar,
PPT
barnevernet,
helsesøster
PPT
Har faste trefftider ved barnehagen vår, for
samtale og rådgjeving til personale og foreldre
Samarbeidsutvalet 2018-2019
foreldre, leiar
foreldre, nestleiar,
tilsett,
tilsett
Arne Ringstad, eigar
Gunnlaug Sandvik, eigar
Reidun Myrvågnes, sekretær
14
SEPTEMBER
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 3 Veke 36
4 5 Bading/bibliotek
6 7 8 9
10 Veke 37
11 12 13 Bli-kjent dag
14 15
16
17 Brannveke Foreldremøte Veke 38
18 19 Bading og bibliotek
20
21 22 23
24 Veke 39
25
26 27 28 29 30
I veke 38 har vi brannveke, med
brannøving og besøk
av brannbil på fredag 21.09. Vi skal bli
kjent med Brannbamsen Bjørnis.
Regnbueløva vil vere ein samtalepartnar, som lyttar og hjelper oss
med prososiale handlingar
Blåklokka
si bok i
september
Vi repiterer boka
om Regnbueløven
sitt fantastike brøl,
og velger oss
temaplansjar frå
Være Saman som
er aktuell i dei ulike
barnegruppene.
Samarbeid mellom heim og barnehage.
På foreldremøte 17.09.18, hadde foreldre og personalet gode diskusjonar rundt bl.a Henrik,
Ellen og Siri i leik. Bør vi som vaksne gripe inn? Kva kan skje når vi grip inn? Kva kan skje om vi
ikkje grip inn? Vi er mange som ser, men det er først når vi snakkar saman om det vi ser at vi kan
gjere ein forskjell.
Så det er viktig at vi snakkar saman – heim og barnehage – om det som skjer rundt barnet ditt
15
OKTOBER
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 1 Veke 40
2 3 bading og bibliotek
4
5 6 7
8 Veke 41
9
10 Plan- leggingsdag
11 Plan- leggingsdag
12
13 14
15 Veke 42
16 17 18 19
20 21
22 Veke 43
23
24 Bading og bibliotek
25
26 27 28
29 Veke 44
30 31 1 2 3 4
HØVELEGE KLEDE TIL ALLE ÅRSTIDER
Borna treng høvelege klede til inne- og utebruk.
Dei treng to klesskift i korgene sine. Ytterkleda
heng i yttergarderoba. Det er fint om de merkar
kleda med namn. Dette lettar arbeidet vårt, og de
finn kleda igjen. Nokre råd:
- Hue: tynn hue eller panneband om våren og hausten, tjukk og vindtett hue om vinteren.
- Ytterklede: vind og vasstette ytterklede, romslege men ikkje for store, god rørslefridom
- Bruk gjerne fleire lag; bomull eller ull i staden for få tjukke klede under regnkle/parkdress
- Stillongs og sokkar er betre enn strømpebukse
- Vinterstid varmar ull betre enn fleece - Sko bør vere passelege store og lette på
foten - Vinterstid treng borna ulike typer vottar;
regnvottar, polvottar og gjerne ullvottar. Dei bør vere mjuke og passelege for å vere gode å leike i
- Pass på å skifte ut klede som er for små - Kleda skal ikkje ha reimar som medfører
kvelningsfarer Klede/sko i yttergarderoba skal heim i
helgane slik at vi får vaska hyllene
grundig.
Blå-
klokka si
bok i
oktober
Kvitveis: vi
studerer krabbe og
fisk og undrar oss
ilag. Brukar
barnesamtalar og
«Grip omgrepa»
Røsslyng tek opp att tema frå Være
Saman; å dele, å vente på tur, utestenging
og sterke kjensler og språk
16
NOVEMBER
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 5 Veke 45
6
7 Bading og bibloitek
8 Open dag
9
10 11 Farsdag
12 Veke 46
13 Klippfisk-akademiet (førskulen)
14 15
16 17 18
19 Veke 47
20 21 Bading og bibliotek
22 23 24 25
26 Veke 48
27 28
29 30 1 2
Vi skal leggje grunnlag for borna si evne til å tenkje kritisk, handle etisk og vise
solidaritet. Vi skal bidra til at borna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar
for framtida.
Tema: barn i andre land.
Vi har eit fadderbarn, Nigah, som bur i Herøy Village i India. Vi leitar fram brevet vi
fått om henne, og ser på korleis ho har det, og korleis vi har det.
Juleførebuing frå veke 47:
Borna skal få kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar, m.a ved at vi har
adventssamling, les julebøker og syng julesongar og formidlar julebodskapen.
Blåklokka
si bok i
november
Tema på Røsslyng:
«Når eg er sint»
17
DESEMBER
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 3 Veke 49
4 5 6 7 Nissefest
8 9
10 Veke 50
11 12
13 Lucia
14 15 16
17 Veke 51
18 19 20 21
22
23
24 Veke 52
25 26 27 28 29 30
Julefrukost m/ Luciatog 13.desember – foreldre/besteforeldre og søsken vert
inviterte til å ete frukost i lag med oss. Dei som ikkje har dag er også hjarteleg
velkomen!
Etterpå går vi til sjukeheimen og syng for alle bebuarane der
Nissefest - då kler vi oss ut som nissar (raud-, blå- eller fjøsnissar), et nissegraut
med mandel, går rundt juletreet og har nisseleikar. Den ordentlege Nissen brukar å
kome på besøk med gåve til alle små . Dei borna som ikkje har dag får kome denne
dagen, men de må vurdere om dei aller yngste har noko utbytte av det! Diskutere det
på kvar avdeling
Adventssong
No tenner vi det første lys
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.
No tenner vi det andre lys
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud vår far,
vil sende sonen sin.
No tenner vi det tredje lys det er eit heilagt tal. Vi ventar på at Kongen vår skal fødast i ein stall.
Santa Lucia
Svart senker natten seg, i stall og stuer. Solen har gått sin vei, skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus, stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia
Blåklokka si
bok i
desember
18
JANUAR
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 31 Veke 1
1
2 Plan- leggingsdag
3 4 5 6
7 Veke 2
8 9 10 11 12 13
14 Veke 3
15
16 Bading/bibliotek
17 18 19 20
21 Veke 4
22 23 24 25
26 27
28 Veke 5
29 30 Bading og bibliotek
31 1 2
3
Det blir foreldremøte for førskuleborna torsdag 17.januar.
Blåklokka
si bok i
januar
Kvitveis flyttar fokuset over
på båt. Kva slags båtar får
borna vere med å
bestemme
Vi ønsker 3 nye barn velkomne på
Blåklokka
Røsslyng
startar på
boka om
Hakkebakke
skogen
Vi skal bli
livsglede-
barnehage
for eldre.
19
FEBRUAR
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 4 Veke 6
5 6 7 8 9 10 Morsdag
11 Veke 7
12
13 Bading og bibliotek
14 15 16 17
18 Veke 8
19 20 21 Karneval
22 23 24
25 Veke 9
26
27
28
1 2 3 Fastelavens- søndag
Blåklokka
si bok i
februar
Moderne fiskebåt –
kanskje får Kvitveis
eit innblikk i ein slik
båt?
Røsslyng jobbar vidare med
Hakkebakkeskogen med
tekstformidling, musikk,
formingsaktivitetar, drama og
turar i skog og mark
20
MARS
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag søndag 4 Veke 10
5 6 Bading og bibliotek
7 8 9 10
11 Veke 11
12 13 14 15 Plandag
16
17
18 Veke 12
19
20 Bading og bibliotek
21
22 23 24
25 Veke 13
26 27 28 29 30 31
Blåklokka si
bok i mars
Anna Olava
ligg ved
Herøy gard.
Løveklubben
skal få vere
med på tur
Borna På Røsslyng sine
interesser får fokus på
vegen vidare
21
APRIL
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag
1 Veke 14
2 3 Bading og bibliotek
4 5 6 7
8 Veke 15
9 10 11 12
13 14 Palmesøndag
15 Veke 16
16 17
18
19 20
21
22 2. påske-dag Veke 17
23 24 Bading og bibliotek
25 26 Russedåp
27
28
Blåklokka si
bok i april
Ska tru kva Kvitveis
finn i fjøra?
Kanskje finn vi
krabbe eller skjel –
eller kanskje boss?
Kva gjer vi med det?
Røsslyng skal
ha prosjekt om
rugekasse
«Nytt liv og
vår»
22
MAI
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 29 Veke 18
30 1 2 3 4 5
6 Veke 19
7 8 9 10
11 12
13 Veke 20
14 15
16
17 18 19
20 Veke 21
21 22 23 24
25 26
27 Veke 22
28
29 30 31 Plandag
1 2
RUSSEREGLAR:
1. Rydde inn i skuret 20 ting på ein dag = sløyfe 2. Kle på seg alle ytterkleda på 5 min = stoffbit 3. Ete ein is på 3 min = ispinne 4. Drikke ein heil kopp med vatn på 1 min med sugerør = sugerør 5. Få ein ballong til å sprekke = ballong 6. Hoppe på trampoline, og seie russeropet = piperensa
7. Krype frå Kvitveis til Blåklokka og tilbake igjen = plaster Kjeldsundturen = trepinne Overnatting i barnehagen = tannkost Rosarussetur = plastdyr
RUSSEROP:
Myrsnipa barnehage
Show, show, show,
Rosaruss, rosaruss
bow, bow, bow
Myrsnipa, Rosaruss
jazz, bom, bø
Sølekake, sølekake
laga vi sjølv
Blåklokka si
bok i mai
23
JUNI
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 3 Veke 23
4 5 6
7
8 9
10 2.pinsedag Veke 24
11 12 13 14 15
16
17 Veke 25
18 19 20 21
22 23
24 Veke 26
25
26 27 28 29 30
Tema til samtale: Skuleførebuing Teori: Fokus på overgangen barnehage/skule
Når det gjeld plan for overgang barnehage-skule, så følger vi Herøy kommune sin
plan, jamf. årsplan 2016-2010, generell del.
Sjå på bildet ilag med borna, kva er det
dei merkar seg først?
Sjå på Gunnar Grøn og Gunhild Gul. Er
dei glade eller triste? Kvifor trur brna at
dei tre andre er oppteken av Gunnar
Grøn og Gunhild Gul? Kva føler og
tenkjer Ronja Rød, Bror Blå og Omar
Oransje?
Blåklokka
si bok i
juni
24
JULI
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 1 Veke 27
2 3 4
5
6 7
8 Veke 28
9 10
11 12 13 14
15 Veke 29
16 17 18 19
20 21
22 Veke 30
23
24 25 26 27 28
29 Veke 31
30 31
No er det sommar og ferietid for dei aller fleste. Personalet må bruke noko tid på å vaske leikar,
barnehagen skal vaskast ned, men vi er her sjølvsagt for borna også