austevoll kommune€¦ · austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og...

27
Austevoll kommune Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 21.06.2018 Sunniva Skålnes Samdal 14/1242 - 62 Melding om vedtak Gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. Detaljreguleringsplan til endeleg godkjenning Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 14.06.2018, sak 079/18. Det vart gjort følgjande vedtak: Kommunestyret vedtar å godkjenne detaljreguleringsplan for gnr. 1, 2 og 3, Nordrevågen, Fagerbakke, i medhald av plan- og bygningsloven § 12-12, på følgjande vilkår: · Føresegn 7.4.10 takast ut og erstattast med ei føresegn som gir at før bruksløyve eller ferdigattest vert gjeve skal avkjørsle frå kv. 54 til fv. 546 utbetrast i tråd med krav frå Statens vegvesen og Reguleringsplan for Søndre Drivenes del av 66/4 (PlanID 124420120001). Resten av planmateriale vert oppdatert i lys av endringa dersom naudsynt. · Plankart skal oppdaterast i tråd med planID og vedtaksdato i tråd med kart- og planforskrifta · Føresegnene skal gi at det ikkje er tillat å rive SEFRAK-registrert naust på F6. Plannamn: Detaljreguleringsplan for gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. PlanID: 1244 20140018 Ansvarleg søkjar: Plan Consult AS Forslagsstillar: Jarle Drivenes og Svein Waage Plankart er datert 11.05.2018 SOSI-fil er datert 11.05.2018 Føresegner er datert 11.05.2018 Planskildring er datert 11.05.2018 ROS-analyse er datert 09.04.2018 VA-planskildring er datert 11.05.2018 VA-plankart er datert 23.04.2018 Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planarbeidet (grunneigarar, heimelshavarar, naboar, styresmakter m.m.). Spørsmål til saka kan rettast til Sunniva Skålnes Samdal tlf. 55 08 10 00 eller til [email protected].

Upload: others

Post on 13-Jul-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Austevoll kommune

Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref.

21.06.2018 Sunniva Skålnes Samdal 14/1242 - 62

Melding om vedtak Gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. Detaljreguleringsplan til endeleg godkjenning Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 14.06.2018, sak 079/18. Det vart gjort følgjande vedtak: Kommunestyret vedtar å godkjenne detaljreguleringsplan for gnr. 1, 2 og 3, Nordrevågen, Fagerbakke, i medhald av plan- og bygningsloven § 12-12, på følgjande vilkår:

· Føresegn 7.4.10 takast ut og erstattast med ei føresegn som gir at før bruksløyve eller ferdigattest vert gjeve skal avkjørsle frå kv. 54 til fv. 546 utbetrast i tråd med krav frå Statens vegvesen og Reguleringsplan for Søndre Drivenes del av 66/4 (PlanID 124420120001). Resten av planmateriale vert oppdatert i lys av endringa dersom naudsynt.

· Plankart skal oppdaterast i tråd med planID og vedtaksdato i tråd med kart- og planforskrifta

· Føresegnene skal gi at det ikkje er tillat å rive SEFRAK-registrert naust på F6.

Plannamn: Detaljreguleringsplan for gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. PlanID: 1244 20140018 Ansvarleg søkjar: Plan Consult AS Forslagsstillar: Jarle Drivenes og Svein Waage

Plankart er datert 11.05.2018 SOSI-fil er datert 11.05.2018 Føresegner er datert 11.05.2018 Planskildring er datert 11.05.2018 ROS-analyse er datert 09.04.2018 VA-planskildring er datert 11.05.2018 VA-plankart er datert 23.04.2018 Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planarbeidet (grunneigarar, heimelshavarar, naboar, styresmakter m.m.).

Spørsmål til saka kan rettast til Sunniva Skålnes Samdal tlf. 55 08 10 00 eller til [email protected].

Page 2: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Saksframlegg

Sak nr Utval Kode Møtedato

063/18 Utval for plan og byggesak PS 22.05.2018

079/18 Kommunestyre PS 14.06.2018

Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID

Sunniva Skålnes Samdal FA - L12, GBNR - 01/0000, GBNR - 02/0000, GBNR - 03/0000

14/1242

Gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. Detaljreguleringsplan til endeleg godkjenning

Kommunestyre - 079/18 Handsaming: Ugild Anja Heggholmen Vara Ugild med heimel i forvaltningslova § 6b. Grunna svogerskap med eigar i området, som er part i saka. Røysting: Samrøystes vedteke at Anja Heggholm trer ut av kommunestyret under handaming av saka, med heimel i forvaltingslova § 6b.

Røysting: Tilrådinga frå utval for plan og byggesak vert samrøystes vedteke. Vedtak:

Kommunestyret vedtar å godkjenne detaljreguleringsplan for gnr. 1, 2 og 3, Nordrevågen, Fagerbakke, i medhald av plan- og bygningsloven § 12-12, på følgjande vilkår:

· Føresegn 7.4.10 takast ut og erstattast med ei føresegn som gir at før bruksløyve eller ferdigattest vert gjeve skal avkjørsle frå kv. 54 til fv. 546 utbetrast i tråd med krav frå Statens vegvesen og Reguleringsplan for Søndre Drivenes del av 66/4 (PlanID 124420120001). Resten av planmateriale vert oppdatert i lys av endringa dersom naudsynt.

· Plankart skal oppdaterast i tråd med planID og vedtaksdato i tråd med kart- og planforskrifta

· Føresegnene skal gi at det ikkje er tillat å rive SEFRAK-registrert naust på F6.

Plannamn: Detaljreguleringsplan for gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. PlanID: 1244 20140018 Ansvarleg søkjar: Plan Consult AS Forslagsstillar: Jarle Drivenes og Svein Waage

Page 3: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Plankart er datert 11.05.2018 SOSI-fil er datert 11.05.2018 Føresegner er datert 11.05.2018 Planskildring er datert 11.05.2018 ROS-analyse er datert 09.04.2018 VA-planskildring er datert 11.05.2018 VA-plankart er datert 23.04.2018 Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planarbeidet (grunneigarar, heimelshavarar, naboar, styresmakter m.m.).

Utval for plan og byggesak - 063/18 Handsaming: Ugild Anja Heggholmen Vara Ugild med heimel i forvaltningslova § 6b. Grunna svogerskap med eigar i området, som er part i saka. Røysting: Samrøystes vedteke at Anja Heggholm trer ut av utval for plan og byggsak under handaming av saka, med heimel i forvaltingslova § 6b.

Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vert samrøystes vedteke. Vedtak:

Kommunestyret vedtar å godkjenne detaljreguleringsplan for gnr. 1, 2 og 3, Nordrevågen, Fagerbakke, i medhald av plan- og bygningsloven § 12-12, på følgjande vilkår:

· Føresegn 7.4.10 takast ut og erstattast med ei føresegn som gir at før bruksløyve eller ferdigattest vert gjeve skal avkjørsle frå kv. 54 til fv. 546 utbetrast i tråd med krav frå Statens vegvesen og Reguleringsplan for Søndre Drivenes del av 66/4 (PlanID 124420120001). Resten av planmateriale vert oppdatert i lys av endringa dersom naudsynt.

· Plankart skal oppdaterast i tråd med planID og vedtaksdato i tråd med kart- og planforskrifta

· Føresegnene skal gi at det ikkje er tillat å rive SEFRAK-registrert naust på F6.

Plannamn: Detaljreguleringsplan for gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. PlanID: 1244 20140018 Ansvarleg søkjar: Plan Consult AS Forslagsstillar: Jarle Drivenes og Svein Waage

Plankart er datert 11.05.2018 SOSI-fil er datert 11.05.2018

Page 4: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Føresegner er datert 11.05.2018 Planskildring er datert 11.05.2018 ROS-analyse er datert 09.04.2018 VA-planskildring er datert 11.05.2018 VA-plankart er datert 23.04.2018 Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planarbeidet (grunneigarar, heimelshavarar, naboar, styresmakter m.m.).

Tilråding frå rådmannen: Kommunestyret vedtar å godkjenne detaljreguleringsplan for gnr. 1, 2 og 3, Nordrevågen, Fagerbakke, i medhald av plan- og bygningsloven § 12-12, på følgjande vilkår:

· Føresegn 7.4.10 takast ut og erstattast med ei føresegn som gir at før bruksløyve eller ferdigattest vert gjeve skal avkjørsle frå kv. 54 til fv. 546 utbetrast i tråd med krav frå Statens vegvesen og Reguleringsplan for Søndre Drivenes del av 66/4 (PlanID 124420120001). Resten av planmateriale vert oppdatert i lys av endringa dersom naudsynt.

· Plankart skal oppdaterast i tråd med planID og vedtaksdato i tråd med kart- og planforskrifta

· Føresegnene skal gi at det ikkje er tillat å rive SEFRAK-registrert naust på F6.

Plannamn: Detaljreguleringsplan for gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke. PlanID: 1244 20140018 Ansvarleg søkjar: Plan Consult AS Forslagsstillar: Jarle Drivenes og Svein Waage

Plankart er datert 11.05.2018 SOSI-fil er datert 11.05.2018 Føresegner er datert 11.05.2018 Planskildring er datert 11.05.2018 ROS-analyse er datert 09.04.2018 VA-planskildring er datert 11.05.2018 VA-plankart er datert 23.04.2018 Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planarbeidet (grunneigarar, heimelshavarar, naboar, styresmakter m.m.).

Page 5: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Vedlegg: 124420140018_referat_førehandskonferanse_161014 28.02.2018 124420140018_Skildring_VA_rammeplan_110518 11.05.2018 124420140018_Plankart_110518 11.05.2018 124420140018_Planskildring_110518 11.05.2018 124420140018_Reguleringsføresegner_ 110518 11.05.2018 124420140018_ROS_analyse_090418 11.05.2018 124420140018_VA_kart_230418 11.05.2018 124420140018_SOSI_110518 13.05.2018 Gnr. 01, 02 og 03. Nordrevågen Fagerbakke. Vudering av naust sin kulturminneverdi

11.05.2018

Gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke 22.05.2018 naust140 22.05.2018

Bakgrunn for saka Forslagsstillar ynskjer å endre arealbruken i området frå naust til fritids- og turistføremål, i tråd med kommuneplanen. I tillegg skal det leggjast opp til 5 nybygg for utleige og 3 nye nausttomtar i tillegg til dei eksisterande nausta i området. Førehandskonferanse for oppstart i plansakar vart halde 16.10.2014. Referat ligg vedlagt. Utval for plan- og byggesaker godkjente oppstart i møte den 24.11.2014. Planforslaget vart sendt på høyring og offentleg ettersyn den 13.06.2017. Dagens situasjon Nordrevågen ligg nordaust på Selbjørn med kort avstand i frå Selbjørn bru. Området er i dag delvis bebygd med 16 eksisterande naust/rorbuar, bare ein mindre del av arealet er i dag ubygd. Området er brukt til naust, fritidsbruk og fiskerelatert verksemd.

Page 6: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Utklipp av flyfoto frå 2012

Flyfoto som viser planområdets plassering på Selbjørn Tilkomst til planområdet er enten via avkøyrsel frå fv. 546 og Nordre Drivenes (kv. 54), eller avkøyrsel frå fv. 151 og Fagerbakkevegen (kv. 55). Planområdet tilgrenser i nord detaljreguleringsplan for gnr. 3, bnr. 12 m.fl. Albriktsneset (PlanID: 20150001). Innanfor dette planområdet ligg det naust og fritidsbustader.

Page 7: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Utklipp som visar planområdet (rød) og tilgrensande reguleringsplan for Albriktsneset. Nordvest i planområdet ligg det ein kommunal kai som blir brukt til søppeloppsamlingspunkt.

Bilete av kommunale bosskonteinarar. I dialog med Olav Jarnes, leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i Austevoll kommune, er det avklart at konteinarane skal flyttast til ein anna eigna stad i kommunen. Plansituasjon Planområdet er på om lag 18 daa medrekna sjøareal. Landareal er på om lag 10 daa Planområdet er ikkje regulert frå før.

Page 8: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Illustrasjon av planområdet. I kommuneplanens arealdel er landareal avsett til næring, herunder fritids- og turistføremål, og framtidig naustområde. Sjøareal har arealføremålet fiske.

Utklipp frå kommuneplanen Planforslaget er i tråd med kommuneplanen, unntatt der det er planlagd småbåtanlegg og kai i fiskeområdet. Planforslaget vart sendt på høyring til Fiskarlaget vest og Austevoll fislarlag for ein vurdering om avviket frå kommuneplanen vil verke inn på fiske i området. Merknader Ved offentleg ettersyn etter 1. gongs handsaming kom det inn totalt 4 merknader frå:

· Astrid Fagerbakke Skavhellen · Hordaland fylkeskommune

Page 9: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

· Statens vegvesen · Brannsjef i Austevoll kommune

Astrid Fagerbakke Skavhellen, datert 27.06.2017 «Eg har mottatt brev datert 13/6-17 frå Austevoll kommune der det opplyses om at sjølinjen til min eigedom, Gnr. 3 Bnr. 13 skal bli friområde. DETTE ER EG ABSOLUTT IKKJE ENIG I. Denne planen som er gjort er UTEN min viten.» Ansvarleg søkjars kommentar: «Her har det skjedd ei misforståing og eigedomen er no utelat frå planen. Eigar fekk tilbod om å vera med i planen no når ho tok kontakt, men dette var ikkje ynskjeleg denne gongen. Eigar er og klar over at ein i hovudsak ikkje kan bygga noko på denne eigedomen utan reguleringsplan. Ei seinare utbygging vil då krevja reguleringsendring.» Rådmannens kommentar: Rådmannen vurderer at det i vil vere positivt for ein heilskapleg detaljplanlegging dersom ein ikkje utelatar det aktuelle området frå den aktuelle reguleringsplanen. Likevel vil ikkje rådmannen i denne konkrete saka tilrå ei endring som vilkår for godkjenning av planen. I det aktuelle tilfellet vil ikkje teigen ha avgjerande betydning for planavklaringar elles i planområdet. Hordaland fylkeskommune, datert 28.07.2017 «Vi viser til brev datert 13.06.2017 om høyring for endring av reguleringsplan til for Nordrevågen, Fagerbakke. Hovudføremålet i planen er å leggje til rette for oppføring av utleigeeiningar for korttidsutleige, dette gjennom å endre arealbruken i området frå naust til næring gjennom ein reguleringsplan. Føremålet er i hovudsak i samsvar med kommuneplan, der landarealet i planområdet er sett av til næring, herunder fritids- og turistføremål, og framtidig naustområde. Sjøareal har arealføremålet fiske. I området der det er planlagd småbåtanlegg og kai i fiskeområdet er planforslaget ikkje i tråd med kommuneplan. Planen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing. Hordaland fylkeskommune vurderer endringa av reguleringsplanen ut i frå fylkeskommunens sektoransvar og målsettingar i regionale planar, i tillegg til oppstartmeldinga i brev av 17.03.2015. For utfyllande planfaglege råd viser vi til internettsidene våre: www.hordaland.no/plan/startpakke. Vurdering Planomtalen er informativ, godt strukturert og gir på mange område eit godt vurderingsgrunnlag. Fylkeskommunen saknar illustrasjonar som syner dei verknadene utbygginga i sør vi ha for landskap og terreng, og vi vurderer at føresegnene kunne ha vore presisert noko. Fylkeskonservatoren har merknader til tema kulturminne. Når det gjeld

Page 10: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

føremålsendringa sør i området har ikkje Fylkeskommunen nokre merknader til dette på noverande tidspunkt. Landskap, strandsone, friluftsliv, folkehelse, arkitektur og estetikk Planområdet ligg i strandsona og innafor landskapsområdet Selbjørn med skjergard og kysthei-landskap. All utbygging av verknad på landskapet. Hordaland fylkeskommune legg difor vekt på at planlegginga må sikre at nye byggjetiltak innordnar seg dei fysiske omgjevnadene. Føresegnene stiller krav til terrengtilpassing og omsyn til landskapet, og til arkitektur og utforming for å ivareta karakteren i naustmiljøet. Det er også positivt at planen gjer strandsona meir tilgjengeleg for ålmenta.

Planområdet i Norevågen er i stor grad utbygd, med unntak av området heilt i sør. Dei urørte areala vert i planen regulert til delområda N, F1, kai og friområde. Kulturminne og kulturmiljø Å ta vare på kystkulturen er eit av fleire satsingstema i Hordaland fylkeskommune, jf. regional kulturplan for Hordaland 2015-2025. Kommunen har òg eit sjølvstendig ansvar for å ta vare på kystkulturmiljøet sin eigenart. I planområdet finn ein eit av fleire heilskaplege naustmiljø i Austevoll med stor tidsdjupne. Det er fleire naust/sjøbuer frå 1800-tallet i vågen som inngår i eit heilskapleg miljø som er ein viktig del av den regionale kystkulturen. På eigedomane med gnr/bnr 1/52, 2/60 og 3/57 er det naust som i SEFRAK er registrert til å vere frå før 1850 som er meldepliktig jf. kml § 25. Eigendommane på gnr/bnr 2/1 og 2/44 er bygningane registret i SEFRAK til å vere i frå perioden 1870 – 1890. Hordaland fylkeskommune ga i innspel til melding om oppstart at nausta/sjøbuene i planområdet har lokal og regional kulturminneverdi som eit heilskapleg kulturmiljø. Vi kan ikkje sjå at dette er godt nok handsama i reguleringsplanen som er lagt ut på høyring. I vedtatt kommunedelplan for kulturminne for Austevoll kommune 2016-2018 står det: ...Strandsona og utmarka er under press. I strandsona finn ein bygningar og miljø som er viktige delar av vår kystkulturarv. Sjøen var ferdselsveg og gav livsgrunnlag. Dette ser me igjen langs sjøen i Austevoll. Me finn handelsstadar, sjøhus, nothengjer og saltebuer. Kvart år forsvinn delar av denne kulturarven... I Kulturminneplanen står det i punkt 3.2 Kulturmiljø i kystkulturens kulturlandskap- Handelsstadar, tettstadar og sjøhusmiljø at det må gjerest ei registrering, verdisetting og plan for sikring av verneverdig lokal arkitektur og ei registrering, verdisetting og plan for sikring av verneverdige lokale sjøbruksmiljø. Vi kan diverre ikkje sjå et det er gjort ei tilstrekkelig vurdering av desse punkta i planforslaget. Vi minner om kva som står i Lov om kulturminne § 2. Kulturminner og kulturmiljøer – definisjoner: Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljøer menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Merknad til føresegner/plankart

Page 11: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Det er fleire av føresegnene som treng ei presisering, og det er feil bruk av bandleggingssone i kartet. Dette må rettast opp før planen vert endeleg vedteken. I plankartet er F6 vist som bandlagt område merkt med omsynssone H730. Dette er feil, då bygningen ikkje er freda etter kulturminnelova. Dette kulturmiljøet må sikrast gjennom pbl § 11-8, omsynssone c med føresegner, jf. pbl § 12-7,nr. 6. For å sikre verneverdiane til alle dei gamle nausta/sjøbuene i planen, rår vi til at heile planområdet får omsynssone c H570 i plankartet med føresegn. Vi ber om at føresegn 3.1.4 og 3.1.5 blir slått saman til ei føresegn: Der planen heimlar nye bygningar i omsynssona (H570) kan dette godkjennast under føresetnad av at miljø- og verneverdiane i området ikkje vert reduserte. Nybygg skal få ei plassering og utforming med omsyn til storleik, form, materialar, detaljering, fargar o.l., som harmonerer med og vidarefører kvalitetane frå den eksisterande verneverdige strukturen og bygningane i området. Føresegn 7.5.3, 7.5.4 og 7.5.5 bør òg bli slått saman til ei føresegn:

Det er ikkje tillat å rive SEFRAK-registrete bygningar i planområdet. Desse bygningane kan utbetrast, moderniserast og byggast om med vilkår om at eksteriøret, med omsyn til målestokk, form, detaljering, materialbruk og fargar, vert oppretthalden. Ved utbetring, reparasjon eller dersom ein skal føre opp att bygningen, skal opphavlege bygningsdelar i størst mogleg grad takast vare på og brukast opp att i sin rette samanheng. Kommunen kan krevje at fasadane vert ført tilbake til tidlegare dokumentert utsjånad. Merknad i høve marine kulturminner: Saka har vore til vurdering ved Bergens Sjøfartsmuseum: Museet kjenner ikkje til kulturminne ved Norevågen gnr. 1-3 i Austevoll kommune som kan bli direkte råka av reguleringa. Planområdet ligg innafor eit større prioritert område for marinarkeologi men utanfor sentralområda. Området er allereie mykje utbygd i strandsona. Museet har derfor ingen merknader til reguleringa. Det er likevel mogleg at det ligg kulturminne i det aktuelle området. Me gjer derfor merksam på at tiltakshavar pliktar å gje melding til museet dersom ein under arbeid i sjøområda finn skipsvrak, keramikk eller andre marine kulturminne. Dersom kulturminne på sjøbotnen kan bli råka av tiltaket, må arbeidet under vatn straks stoppast. Verksemda må i så fall ikkje takast opp att før museet har undersøkt og eventuelt frigjeve området. Eventuelle brot på desse vilkåra vil være i strid med føresegnene i Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne. Konklusjon Hordaland fylkeskommune har merknader til planforslaget når det gjeld kulturminne og kulturmiljø, til føresegner/plankart og til landskap og terreng. Vi ber om at feil bruk av bandleggingssone vert retta opp, at føresegnene vert presisert, og at merknadene våre vert teke omsyn til i prosessen vidare.» Ansvarleg søkjars kommentar: «Me har teke merknad til følgje og har laga til illustrasjonar i planskildringa under punkt 8.2.

Page 12: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Dette spesielt med tanke på område i sør. Me meiner at ei utbygging her nedanfor eksisterande bebyggelse og i eksisterande vik med naustmiljø her berre vil forsterka kvalitetane som område har. Me ser at det er positivt med ny bebyggelse i bebygd område som også er avsett til næring i kommuneplanen. Me har og fjerna feil bandleggingssone over SEFRAK- naust og har samtidig erstatta denne med omsynssone (H570). Omsynssona er dessutan lagt i heile planområde med unntak av sjøområda og tilhøyrande brygger. Føresegn 3.1.4 og 3.1.5 er no slått saman til 3.1.4 med teksten som fylkeskommunen føreslo. Det same har me gjort med føresegnene 7.5.3, 7.5.4 og 7.5.5 som no heiter 7.5.3. Når det gjaldt dette med funn av arkeologiske kulturminne i sjø, var dette allereie sikra gjennom føresegn 7.5.2.» Rådmannens kommentar: Fylkeskommunen skriv at planområdet er eit av fleire heilskaplege kulturmiljø av stor tidsdjupne, med lokal og regional kulturminneverdi.Vidare skriv fylkeskommunen at dette ikkje er godt nok handsama i reguleringsplanen. Rådmannen er ikkje samd i dette. Planområdet er ikkje lenger eit heilskapleg kulturmiljø ettersom berre eit av dei SEFRAK-registrerte bygga gjenstår. Dette er naustet på F6, gbnr. 1/52. Resten av planområdet er prega av nybebyggelse. For nærare vurdering rundt F6 si kulturminneverdi, sjå punkt vedrørande kulturminne nedanfor. Sjølv om planområdet ikkje er eit heilskapleg kulturmiljø er planområdet gjeve omsynssone for bevaring av kulturmiljø. Føresegn 7.6.1 stiller krav til at nybygg ikkje skal redusere miljø- og verneverdiane i området, samt at utbygginga skal harmonere med, og vidareføre kvalitetane i området. Vidare er kulurminneplanen punkt 3.2 innarbeida i føresegn 7.5.6. Merknad frå fylkeskommunen er supplert med uttale frå næring og kultur i kommunen. Sjå vedlagt vurdering. Føresegn 7.5.3-7.5.6 stiller krav til kva tiltak som kan gjennomførast på F6: «7.5.4 Det er ikkje tillat å rive SEFRAK-registrert bygg på F6 utan godkjent løyve frå kommunen. Bygget kan utbetrast, moderniserast og byggast om med vilkår om at eksteriøret, med omsyn til målestokk, form, detaljering, materialbruk og fargar, vert oppretthalden. Ved utbetring, reparasjon eller dersom ein skal føre opp att bygningen, skal opphavelege bygningsdelar i størst mogeleg grad takast vare på og brukast opp att i sin rette samanheng. Kommunen kan krevje at fasadane vert ført tilbake til tidlegare dokumentert utsjånad. 7.5.5 Kommunen kan godkjenne oppføring av nybygg på F6 dersom SEFRAK-registrert bygg vert flytta til ein anna eigna stad i kommunen, eller kommunen godkjenner å rive bygget. Flytting av naust og geografisk plassering må godkjennast av kommunen. Ny plassering må ikkje forringe byggets kunnskaps, bruks- eller opplevingsverdi.» Rådmannen vurderer at føresegn 7.5.4 og 7.5.5 tek omsyn til innkomne merknadar, forutan at det leggjast opp til riving av bygget. Naustet har lokal og regional kulturminneverdi og

Page 13: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

fylkeskommunen har bedt om at føresegnene sikrar at det ikkje vert tillat å rive SEFRAK-registrerte bygg i området. Rådmannen tilrår at føresegnene gir at det ikkje er tillat å rive SEFRAK-registrert bygg på F6. For ei utdjupa vurdering sjå punkt om kulturminne nedanfor. Statens vegvesen, datert 10.08.2017 «Statens vegvesen viser til kunngjering om offentleg ettersyn dagsett 13.06.2017. Statens vegvesen har ansvar for å sjå til at føringane i Nasjonal transportplan (NTP), statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal og transportplanlegging, vegnormalane og andre nasjonale og regionale arealpolitiske føringar vert ivaretekne i planlegginga. Vi uttala oss som forvaltar av fylkesveg på vegne av fylkeskommunen og som statleg fagstyresmakt med sektoransvar på transportområdet. Statens vegvesen har merknader knytt til tilkomst til området. Vi rår til at kommunal veg Nordre Drivenes (kv54) og kryss mot fv 546 vert utbedra før føreslåtte naust og næring vert tatt i bruk. Om ikkje veg og kryss vert utbetra må kv 54 stengast med bom og kv 55 Fagerbakkevegen nyttast som tilkomst. Saksopplysningar Nordrevågen ligg nordaust på Selbjørn, ikkje langt frå Selbjørn bru. Området er i dag byggja ut med 16 naust/sjøhus, bare ein mindre del av arealet er ubygd. Området er i bruk til naust og fiskerelatert verksemd. Planområdet er på totalt 18 daa medrekna sjøareal. Planforslaget viser endra arealbruk frå naust til næring i tråd med kommuneplanen. Hensikta med planen er å leggja til rette for oppføring av utleieeiningar for tiltenkt friluft og turisme. Det er tenkt oppført 5 nye utleigeeiningar og to nye naust. Tilkomst til planområdet er enten via avkøyrsle frå fv 546 og Nordre Drivenes (kv54), eller avkøyrsle frå fv 151 og Fagerbakke (kv.55). Arealpolitiske føringar for planarbeidet Av Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging går det fram at statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn i planlegginga. Det vil mellom anna seie at planlegging av arealbruk og transportsystem skal fremje samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Vegnormalane følgjer opp dette, og handbok N100 stiller krav til utforming av vegnettet. Statens vegvesen bed generelt om at følgjande tema blir tekne omsyn til i reguleringsprosessar:

· Plassering og utforming av naudsynte tiltak knytt til fylkesveg (kryss, avkøyrsler, busslommer, tilbod til mjuke trafikantar m.m.)

· Tilhøva for mjuke trafikantar mellom varsla planområde og nærliggjande målpunkt (t.d. busshaldeplassar, skule m.m.)

· Byggegrenser til riksveg/fylkesveg

Page 14: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

· Vegtrafikkstøy · Tekniske vegteikningar i samsvar med Statens vegvesen sine handbøker

Vår vurdering av planforslaget Tilknyting til fylkesveg Planområdet har tilkomst frå kommunale vegar, Nordre Drivenes (kv 54) ut i fv 546 og Fagerbakkevegen (kv 55) ut i fv 151. Krysset mellom kommunalveg kv 54 og fv 546 stetter ikkje dei tekniske krava til kryssutforming og Statens vegvesen kan ikkje tilrå fleire brukarar av krysset før det er utbetra. Utbetring av krysset er regulert i plan for gnr. 66 bnr. 4 Søndre Drivenes, Selbjørn, Austevoll, vedtatt 12.10.2015. Kv 54 Nordre Drivenes er raskaste og enklaste vegen inn til planområdet for dei fleste brukarane av området. I rådmannens vurdering er Austevoll kommune einige i dette, men legg til grunn at føresegnene §§ 4.1.3 og 7.4.3 krev at kv 54 ikkje skal nyttast som tilkomstveg før veg og kryss et utbetra. Rådmannen skriv vidare at om det visar seg at det er kv 54 som blir nytta som tilkomst vil dei vurdera å stengja den med bom slik at vegen ikkje kan nyttast før krysset er utbetra. Det er Statens vegvesen sin vurdering at sjølv om føresegna legg opp til at det er kv 55 Fagerbakkevegen som skal nyttast så er det kv 54 Nordre Drivenes som vil bli nytta, sidan den er kortare og raskare. Av omsyn til trafikktryggleik kan ikkje planen legge opp til ein praksis som gjer auka bruk av krysset mellom fv 546 og kv 54. Statens vegvesen vil rå til at bom vert oppført før ferdigattest på naust/næringsbygg. Det må stillast rekkefølgjekrav til dette.

Austevoll kommunestyre har 12.05.16 vedtatt at kv 54 skal utbetrast, når vegen og krysset er utbetra skal både kv 54 og kv 55 vere tilkomstveger til området. Rådmannen stiller i sin saksutgreiing spørsmål om krysset frå fv 151 til Fagerbakkevegen må utbetrast for å handtere auka trafikk. Statens vegvesen vurderer krysset som tilfredstillande for den auka trafikken planforslaget legg til rette for, men vil presisere at krav til sikt på 6x54 meter må oppfyllast og dokumenterast. Det må stillast rekkefølgjekrav til at siktkrav må tilfredstillast før løyve til igangsetjing av tiltak kan gis. Rekkefølgjekrav Av omsyn til trafikktryggleik rår Statens vegvesen til to nye føresegner som gjeld rekkjefølgjekrav:

1. Om ikkje kv 54 Nordre Drivenes og kryss mot fv 546 er utbetra må kv 54 stengjast med bom før det vert gjeve ferdigattest på naust/næringsbygningar.

2. Før igangsetjing av tiltak må sikt i krysset kv 55 Fagerbakkevegen og fv 151 tilfredstille krav i vegnormal N100.

Page 15: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Vi ser fram til eit revidert planframlegg som tek omsyn til våre merknader.» Ansvarleg søkjars kommentar:

«Denne merknaden er tatt delvis til følgje, då ein har komme til ei anna løysning etter synfaring med Vegvesenet og dialog med Olav Jarnes frå kommunen. Bakgrunnen til kravet om bom kom frå saksutgreiinga til kommunen der dei vurderte at det kunne væra ein god løysning med bom for å sikra at ein nytta avkøyrsla ved Fagerbakkevegn i staden for Kv. 54. Det vart det mykje motstand mot får tiltakshavarane då ein bom vil væra til hinder også for dei som brukar vegen i dag. Dette gjeld til dømes også renovasjonsbil som må snu og køyra same vegen tilbake ved bosshenting. Det vart skipa til ei synfaring mellom representantar i reguleringsplanen og statens vegvesen i august der ein gjekk gjennom denne problemstillinga og fekk fram at bom ikkje var noko ynskja løysing. Det har også vært møte mellom representantar i reguleringsplanen og Olav Jarnes (leiar for utbygging, drift og vedlikehald i Austevoll kommune) kor ein vart einige om å gå vekk frå løysninga med bom, og at tiltakshavar då var forbered på at det kan komme på at det kan komme et krav å bidra til utbetring av vegkryss ved Selbjørnbru som en forutsetning for godkjenning av planen. I forhold til at Fagerbakkevegn skal være primær tilkomstveg og at det er mest naturleg å nytte denne vegen i staden for Kv. 54. Vart dette klargjort på synfaringa, og me har same vurdering endå. Fagerbakkevegen er meir oversiktleg, betre dimensjonert og har ein kortare avstand til hovudveg. Denne er også kortare når turistar m.m. skal til Bekkjarvik eller mot Stolmen, som truleg vil vera dei mest populære stadane som leigarane av fritids- og turistbyggene vil nytta. Den andre vegen er svingete og har større stigningar som gjer til at den verkar lenger å køyra på når ein kjem frå Selbjørnsbrua, jamvel om den er kortare. Om ein vel andre alternativet, har ein lengre veg med hovudveg og høgare fartsgrense. Det er no også satt opp nye fartsdumpar på veg mot Nordre Drivenes og planar om fleire er klare. Ein vel dermed etter dialog med vegvesenet og kommunen at ein ikkje tar med bom i reguleringsplanen, men ein vil ha med føresegn om at frisikt for kryss mellom Fagerbakkevegen og Fv. 151 skal utbetrast samt frisikta for krysset mellom Kv. 54 og Fv. 546. Ved sistnemnde kryss må også postkassestativet fjernast/flyttast. Vidare vil ein og ta med i føresegna vilkår frå kommunen om at det skal betalast inn ein post til utbetring av kryss Nordre Drivenes/Fv. 546 ved søknad om nybygg / bruksendring til fritids og turisme.» Rådmannens kommentar: Statens vegvesen har vert tydeleg i handsaminga av denne saka at kryss mot fv. 546 frå Nordre Drivenes (kv. 54) må utbetrast før føreslåtte naust og utleigeeinignar vert tekne i bruk. Statens vegesen har uttalt at «av omsyn til trafikktryggleik kan ikkje planen legge opp til ein praksis som gjer auka bruk av krysset mellom fv 546 og kv 54. Statens vegvesen vil rå til at bom vert oppført før ferdigattest på naust/næringsbygg. Det må stillast rekkefølgjekrav

Page 16: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

til dette.» I e-post til Austevoll kommune datert 28.02.2018 skriv Statens vegvesen at dei ikkje har gått bort i frå bom, men «kan være enig i at bom ikke er en optimal løsning.» Forslagsstillar og leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i Austevoll kommune har konkludert med at det ikkje er ynskjeleg å stenge av kv. 54 med bom. Dei har diskutert at ein tilkoplingsavgift til kommunal veg, øremerka til utbetring av den aktuelle avkjørsla, kan vere ein løysing på finansieringa av utbetringa. Som følgje av dette har ansvarleg søkjar lagt inn føresegn 7.4.10 som gir: «Det skal i samband med byggeløyve for bruksendring eller bygging av bygg for fritids og turisme, samt bygging av nye naust i område, betalast inn ei tilkoplingsavgift til kommunal veg. Avgifta skal gå til å utbetra Avkøyrsle frå Kv. 54 Nordre Drivenes til Fv. 546 i samsvar med reguleringsplanen for Søndre Drivenes og Fv. 546 mellom Selbjørnsbrua og Aisen.» Det er positivt at det er satt i gong ein prosess for starte utbetringa av avkjørsla til fv. 546. Derimot løysar ikkje dette problemstillinga med at avkjørsla ikkje stettar dei tekniske krava til kryssutforming, og auka bruk av avkjørsla ikkje vil ta omsyn til trafikktryggleik. Ein løysing slik planforslaget opnar for vil tillate at naust og utleigeeiningar vert tekne i bruk før utbetring av avkjørsla. Vidare går føresegn 7.4.10 utover det som kan regulerast i ein reguleringsplan. Ein slik avtale mellom kommunen og forslagsstillarane må anses som ein privat avtale. Reguleringsplaner regulerer ikkje privatrettslege forhold og kommunen har ikkje heimel til å gje føresegner om privatrettslege forhold. Føresegna tar heller form som ein utbyggingsavtale der forslagsstillarane skal delvis bekoste eit tiltak som er naudsynt for gjennomføringa av reguleringsplanen. Det er ikkje kommunal praksis i Austevoll å inngå utbyggingsavtaler. Føreslåtte utbyggingsavtala er heller ikkje heimla i eit kommunalt vedtak og kan ikkje heimlast gjennom reguleringsplanen. Rådmannen tilrår at føresegn 7.4.10 takast ut og erstattast med ei føresegn som gir at før bruksløyve eller ferdigattest vert gjeve skal avkjørsle frå kv. 54 til fv. 546 utbetrast i tråd med krav frå Statens vegvesen. Rådmannen ynskjer å presisere at ei slik føresegn ikkje vil bety at forslagsstillarane må ta på seg heile utgifta med utbetringa av avkjørsla. Løysing som avtalt mellom forslagsstillarane og avdeling for forvaltning, drift og vedlikehald vil fortsatt kunne gjennomførast, gjennom ein privat avtale som heimlast i eit politisk vedtak. Derimot vil forslagsstillarane ikkje få bruksløyve eller ferdigattest før avkjørsle er utbetra. Brannsjef i Austevoll kommune, datert 15.03.2018 «Som tidligare brannsjef ha gitt uttale på så er Brann og redningstenesta av den oppfatning at sjøvatn skader brann materiell/utstyr og egner seg dårleg som sløkkevatn. Ved storbranner så nyttar ein alikevell sjøvatn både igjennom brannbåt og brannmatriell på land. Erfaringsmessig så er det ofte dårlig tilkomst i slike «naust» områder, spesielt når det er

Page 17: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

ferietid og sesong for å være med sjøen. Brannvesenet sliter ofte med tilkomst til kai frå veg grunnet masse parkerte bilar. Det grove bilde her er at det er ein brannkum i søndre del av området. Denne kummen vil til dels dekke søndre del med sløkkevatn. Den nordlige delen av feltet vil det være opp mot 300 meter slange å legge ut ved ein brannsituasjon. Austevoll kommune har til rådighet ein tankbil, den har opp mot 30 minuttar utrykningstid til Norevågen. Austevoll brannteneste har ved fleire anledningar opplevd at det blir samtidskonflikt for tankbilen. Branntenesta har ikkje noko back up for tankbilen om den kjem i samtidskonfliktar, har nedetid som service, dekksifte etc. Brannsjefen rår til at det det etablerast kum med brannkule med tilstrekjeleg sløkkevatn i nordre del av området.» Rådmannens kommentar: Ansvarleg søkjar har revidert rammeplan for vatn og avløp, samt VA-skildring i lys av uttale frå brannsjefen. VA-rammeplan legger nå opp til to brannkummar, ein i nord og ein i sør. Rådmannen vurderer at merknad frå brannsjefen er tatt omsyn til. Vurdering ut i frå naturmangfoldlova §§ 8-12: Ansvarleg søkjar sin vurdering: «5.5 Naturverdiar og kulturelle verdiar I forhold til verdiar i sjøen har fiskeridirektoratet registrert at det fiskeplassar der ein nyttar aktiv reiskap både i og rundt Norevågen (Figur 11). I tillegg har dei registrert låssettingsplasser i nærleiken av området, eit gytefelt nordvest for Drivenesvågen og eit rekefelt (aktiv reiskap) eit godt stykke nord for Norevågen. (…)

• Truga og framande arter Det er observert den framande arten kanadagås på ein av dei mindre øyane i Drivenesvågen utanfor Norevågen (Figur 12). I tillegg er den trua arten Makrellterne registrert på Grautaskjeret vel 300 meter i luftlinja nordaust for planområdet. Utanom disse to artene er det registrert følgande ansvarsarter i nærleiken av området; stær, gulspurv, gråsisik, gråtrost, havørn og skjærpiplerke. I tillegg er det eit område for den nær truga arten ærfugl i Bekkjarviksundet. • Reguleringsplan med tanke på naturmangfaldlova §§ 7-12 Det einaste registreringane som er gjort innanfor planområdet er SEFRAK-bygg og

Page 18: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

fiskeplassar. Det er ikkje registeret kulturminne, fremmande eller truga artar, viktige naturtypar eller liknande i planområdet. Lokalitetane på dei nærmaste førekomstane av disse er illustrert på figurane i punkt 5.6, og ligg alle så langt unna planområdet at dei ikkje vil bli påverka i nemneverdig grad av tiltaket. Me kan ikkje sjå at naturen med sitt biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfald, samt økologiske prosessar i området, ikkje vert teke i vare i dette planforslaget. Det føreligger etter vår meining ikkje noko risiko for ei alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet.» Rådmannens vurdering: Det er ingen registreringar i Naturbase av artar av nasjonal forvaltningsinteresse, utvalte naturtypar, verneområder, eller friluftsområder i eller i nærleik av planområdet. Nordvest utanfor planområdet, i innløpet til Nordrevågen, er det registrert skjellsand. Området med skjellsand ligg om lag 220 meter frå planområdet.

Utklipp naturbase. Området består i hovudssak av skrinn fastmark, bebygd samfunn og vatn. Den sørlege delen av planområdet består av skog av middels bonitet.

Page 19: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Utklipp gårdskart. På ei av øyane vest for planområdet er det registrert fleire livskraftige artar som gråhegre, siland og kanadagås.

Utklipp artskart. Kva gjeld fiskeriinteresser i området er det lokalisert eit oppdrettsanlegg for laks, regnbueørret og ørret ved Litla-Lunnøya, nordvest for planområdet. Dette ligg om lag 950 meter i frå planområdet.

Page 20: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Utklipp Fiskeridirektoratets karttenester. Rådmannen vurderer at tiltak etter reguleringsplanen ikkje utgjer ei risiko for skade på naturmangfaldet. Registreringane av skjellsand, livskraftige artar og oppdrettsanlegg ligg utanfor planområdet. Rådmannen vurderer at desse vil ikkje bli påverka i nemneverdig grad av ynskja tiltak. Rådmannen vurderer at det til ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om kva verknadar tiltaket kan ha for naturmiljøet, jf. naturmangfoldslova (nml.) §§ 8 og 9. Etter nml. § 10 skal ein vurdere tiltaket si påverknad av området saman med allereie eksisterande og andre planlagde tiltak, som påverkar eller kan påverke område. Nærområdet er prega av naust-, bustad- og fritidsbebyggelse. Planforslaget medfører ein fortetting i eit område som allereie er sterkt prega av bebyggelse. Ut i frå ei vurdering av samla belastning kan ikkje rådmannen sjå at naturen med sin biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfald, samt økologiske prosesser i området, ikkje vert teke i vare grunna planforslaget. Kulturminner Ansvarleg søkjars vurdering: «Det er registrert fleir SEFRAK-bygg innanfor området (Figur 13). Dette består av to ruiner, tre bygg som er meldepliktig ved riving/ombygging og to andre SEFRAK-bygg. I tillegg er ein ruin og tre bygg som er meldepliktig ved riving/ombygging like utanfor avgrensinga.

Page 21: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Figur 13: Kart som viser kor dei ulike SEFRAK-bygningane ligg i og utanfor planområdet. Av dei tre bygga som var meldepliktig ved riving, er det berre eit igjen. Dette er eit naust på F6. Grunneigar (gnr. 1, bnr. 52) søkte om riving til kommunen, og dette medførte i at kommunen kom med ein kulturminnefagleg vurdering av naustet. Naustet er ikkje verna etter lokale føresegn jf. Plan og bygningsloven, men har er av kommunen vurdert til å ha lokal verneverdi. Resultatet var avslag i søknad om riving og følgjande forslag til tiltak. 1. Utgreie mogelegheit for at naustet står på same staden ved å bygga det saman med nybygg på tomta. Slik at ein får ein blanding av nytt bygg og eksisterande bygg til eit spennande byggverk. 2. Utgreie mogelegheit for bevaring med å flytta naustet til ein anna stad i sitt opphavelege miljø i Norevågen. 3. Utgreie mogelegheita for flytting til anna stad i kommunen eller riva for å bevare på «trygg» stad til seinare bruk. 4. I vidare arbeid med bygget må ein jobba med at naustet skal bevara sin høge autentiske verdi. Bygget må restaurerast etter kulturminnefaglege prinsipp. Dette gjeld og om ein finn arkitektoniske løysningar for å bygga gamalt og nytt bygg saman. Austevoll kommune kan bistå med fagleg kompetanse og/eller henta inn rett kompetanse.

Det er ikkje registrert kulturminne innanfor planområdet, men tre stykk i nærleiken av området (Figur 14). Disse består av et midlertidig freda naust sørvest for planområdet ved Fagerbakke, og to beteningsområde frå eldre steinalder aust for planområdet ved Bekkjarviksundet.» Rådmannens vurdering: Naustet på tomt F6 er bygd på 1800-tallet og er det einaste gjenverande naustet frå denne tidsperioden. Hordaland fylkeskommune vurderer at naust har lokal og regional verneverdi, og

at føresegnene må sikre at bygg ikkje vert reve. Rådmannen har i saksframlegg til 1. gongs handsaming vurdert verneverdien av det SEFRAK-registrerte naustet: «Ifølje Austevoll kommunes Kommunedelplan for kulturminne (2016-2028), kapittel 2, kan kommunen sjølv velja å sikre kulturminne som er viktige for lokalsamfunnet og leggje til rette for oppleving av kulturminne i Austevoll. I kapittel 3 er kulturminne definert som «alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø».

Kulturminneplanen legg til grunn tre overordna kriterium som kan nyttast for å seie om noko

Page 22: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

er verneverdig. Kulturminnet bør ha ein eller fleire verdiar knytt til:

· Kunnskapsverdi

· Bruksverdi

· Opplevingsverdi

Rådmannen vurderer at naustet har kunnskapsverdi då det er representativt for si periode og datidens sjøhusmiljø og arkitektur. Naustet fortel ein historie om eit fiskemiljø som var, og framleis er, ei viktig del av Austevoll kommunes identitet som kystkommune. Naustet kan brukast for lagring av fiskeutstyr og liknande og har endå bruksverdi.

Vidare har naustet ein opplevingsverdi. Naustet er autentisk, med originaldetaljer som at det er plassert på svaberget og stabilisert med stein funnet i området. Dette gir bygget ein arkitektonisk verdi. I tillegg vil naustets plassering i eit område brukt for fritids- og turisme føremål gi allmenta moglegheit til å oppleve desse verdiane, og gjere området særeigent. I lys av dette vurderer rådmannen at naustet er verneverdig.» For å ta i vare naustet vedtok utval for plan- og byggesaker i møte den 22.05.2017 som følgjar: «Naust på tomt F6 har lokal kulturminneverdi og skal gjevast omsynssone Kulturminnevern og endra føremål til naust (sosi-kode 1589). Førsegna skal stille krav som ivaretar naustet og gir det særskilt vern mot riving.» Etter 1. gongs handsaming har det vert innhenta uttale frå næring- og kulturavdelinga i kommunen. Uttale ligg vedlagt og skildrar forslag til tiltak som tek i vare på naustet, men også opnar for nyskaping: «Tiltak:

1. Naustet bør nyregistrerast og fotograferast etter kulturhistoriske retningslinjer og ny informasjon vert lagt inn på www.askeladden.no

2. Utreda muligheita for at naustet står på same staden ved å bygga det saman med nybygg på tomta. Kan ein bygga nytt og gamalt saman til eit spennande byggverk i Nordrevågen?

3. Utreda muligheita for bevaring med å flytta naustet til ein annan stad i sitt opphavlege miljø i Nordrevågen.

4. Utreda muligheita for flytting til annan stad i kommunen eller riva for å bevara på «trygg» stad til seinare bruk.

5. I vidare arbeid med bygget må ein jobba med at naustet skal bevara sin høge autentiske verdi. Bygget må restaurerast etter kulturminnefaglege prinsipp. Dette gjeld og om ein finn arkitektoniske løysningar for å bygga gamalt og nytt bygg saman. Austevoll kommune kan bistå med faglig kompetanse og/eller henta inn rett

Page 23: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

kompetanse.»

Ansvarleg søkjar har delvis tatt omsyn til kulturminnefaglege vurderingar frå Hordaland fylkeskommune og avdeling for næring og kultur. Føresegnene opnar for rehabilitering og utbetring av naustet, samt flytting til anna eigna stad i kommunen. Derimot opnar planforslaget for riving ved godkjent løyve frå kommunen. Dette gir ikkje naustet vern mot riving utover det som er lagt til grunn i plan- og bygningsloven. Ved flytting eller riving kan eigar bygge eit nybygg for fritids- og turistføremål. Rådmannen vurderer at føresegnene ikkje gir særskilt vern mot riving, som kravd av utval for plan- og byggesaker. I lys av rådmannen sine vurderingar, vurderingar frå fagkyndige og kommunedelplan for kulturminne, tilrår rådmannen at det ikkje opnast for riving av naustet. Naustet er vurdert til å vere ein verdiful miljø- og identitetsmarkør, med høg autentisk verdi, i eit område kor det har vert mykje ombygging og nybygging dei siste åra. Ved å stille krav om at naust ikkje skal rivast, men kan utbetrast eller flyttast, vurderer rådmannen at ein oppnår å ivareta det nyare tids kulturminne og møter eigars ynskje om nybygging. Vurdering av konsekvensutgreiing Forskrift 21. juni 2017 nr. 854 om konsekvensutredninger, § 39, gjev at planar og tiltak ikkje vert omfatta av forskrifta dersom planen har fått oppstart etter pbl. §12-8, før 1. juli 2017. Utval for plan- og byggesaker godkjente oppstart av planarbeidet i medhald av pbl. §12-8 den 24.11.2014. Forskrift 19. desember 2014 nr. 1726 om konsekvensutredning vert difor lagt til grunn for vurderinga om planforslaget utløyser krav om konsekvensutgreiing. Etter KU- forskrifta § 1(5), skal forslagsstillar «sjølv vurdere om planen faller inn under forskriftens saklige virkeområde». Det er gjort ei vurdering av ansvarleg søkjar i vedlagt planskildring: «Utval for plan og byggesak krev ikkje konsekvensutgreiing, men vurderingar og konsekvensutgreiing gjort for revidert kommuneplan skal leggjast ved i planskildring, og om nødvendig supplerast. Vurderinger og konsekvensutredning fra revidert kommuneplanen er lagt ved planskildringen og er supplert. Under ligger utdrag fra den nye konsekvensutredningen til kommuneplanen.» Vidare er det uttalt i veiledningsnotat frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, at kommunen skal «påse at bestemmelsene i [KU-]forskriften følges», jf. side 1 i notat datert 14.01.16. Rådmannen vil derfor utdjupe ansvarleg søkjar sin vurdering av om planforslaget utløyser krav om KU. Planar som alltid skal konsekvensutgreiast, KU-forskriftas § 2: KU-forskriftas § 2, bokstav d, fastsetter at detaljreguleringsplaner på meir enn 15 daa som omfattar nye områder til utbyggingsføremål skal alltid konsekvensutgreiast. Planområdet er

Page 24: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

på om lag 18, men omfattar ikkje nye områder til utbyggingsføremål. Reguleringsplanar for tiltak i vedlegg I skal konsekvensutgreiast, jf. KU-forskrifta § 2, bokstav f. Næringsbygg med eit bruksareal på meir enn 15 daa eller som omfattar eit planområde på meir enn 15 daa er eit slik tiltak, jf. vedlegg I. Planforslaget er på over 15 daa. og ynskjer å leggje til grunn for næringsbebyggelse, herunder fritids- og turistføremål. Det krevjast imidlertidig ikkje konsekvensutgreiing for slike reguleringsplanar der det konkrete tiltaket er konsekvensutgreidd på eit høgare plannivå og der reguleringsplanen er i samsvar med overordna plan, jf.§ 2 andre avsnitt. Unnatak til bokstav f Unnataket i § 2 siste avsnitt gjeld der det konkrete tiltaket er konsekvensutgreidd etter forskrifta og oppfylla krava til konsekvensutgreiing på tiltaksnivå, jf. veiledningsnotat frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, s. 2. Planområdet blei konsekvensutgreidd i utarbeidinga av kommuneplanen av 2013 (innspel ID-nr. 117), men denne er lite utfyllande. Ein konsekvensutgreiing skal ha eit omfang og nivå som er tilpassa områdets størrelse, utbygginga sitt omfang og antatt konfliktgrad. I tillegg skal utgreiinga gi ei vurdering av verknadene av ei arealbruksendring for miljø og samfunn. Planområdet ligg ikkje innanfor regionalt viktig friluftsområde, det er ikkje registrert utvalde naturtypar, verneområder eller prioriterte artar innanfor eller i nær tilknyting til planområdet. Området består av skrinn mark, sjø, bebygd samfunn og skog av middels bonitet. På bakgrunn av dette er det rådmannens vurdering at det er lite konfliktpotensiale og konsekvensane på miljø og samfunn av tiltak lagt til grunn i planforslaget er små. Det er rådmannens vurdering at sidan konsekvensutgreiingar skal tilpassast kvart enkeltområde vil KU gjort i utarbeidinga av kommuneplanen oppfylle krava til konsekvensutgreiing etter forskrifta. For å kome innunder unnataket må planforslaget også vere i samsvar med overordna plan. Kommuneplanen har avsett området til fritids- og turistføremål og naust, men sjøarealet er ein del av eit større areal avsett til fiske som strekker seg frå Nordrevågen til Møkstrafjorden. Planforslaget er difor i strid med kommuneplanen der det er lagt opp til småbåtanlegg og kai. Store deler av regulert kaiareal eksisterer i dag. Ifølje veiledningsnotat frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet må planforslaget i hovudssak vere innanfor dei rammene gitt i overordna plan for å vere i samsvar med denne. Det leggjast likevel til grunn at det kan gjørast mindre endringar frå overordna plan i reguleringsplanen utan at planen må handsamast etter forskrifta. Kva som meinast med mindre endringar skal vurderast konkret i den enkelte sak med utgangspunkt i moglege verknader. Rådmannen vurderer at småbåtanlegg og kai i sjøareal avsett til fiske i kommuneplanen er ein mindre endring frå overordna plan. Rådmannen vurderer at det er lite konfliktpotensiale med fiskeinteresser i området då småbåtanlegg og kai er lokalisert ved sjøkanten, er i nærleik av areal avsett til hamn i kommuneplanen (sjå utklipp nedanfor) og er om lag 950 meter frå oppdrettsanlegg ved Litla-Lunnøya. Kai og småbåtanlegg vil derimot leggje til rette

Page 25: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

for fritidsfiske frå land og sjø.

Utklipp kommuneplan for Austevoll. Rådmannen vurderer at det konkrete tiltaket faller innunder unnataket til bokstav f. Det konkrete tiltaket er konsekvensutgreidd på eit høgare plannivå og reguleringsplanen er hovudsakeleg i samsvar med overordna plan. Rådmannen vurderer at planforslaget ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Planar som skal vurderast nærare, KU-forskriftas § 3: Vidare faller planforslaget ikkje innunder planar som skal vurderast nærare etter § 3, bokstav b, fordi planområdet er over 15 daa. Planforslaget faller heller ikkje under § 3, bokstav c, fordi reguleringsplanen er hovudsakleg i samsvar med overordna plan og utredet på overordna plannivå. Vurdering av Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen Planområdet ligg innanfor 25-metersbyggegrense til sjø. I prøveperioden reknast Austevoll kommune som eit område med mindre press på areala, jf. pkt. 7.1. Slike kommunar skal bare tillate bygging i byggegrensa til sjø etter ein konkret vurdering ut frå lokale forhold, jf. pkt. 7.2, fyste avsnitt. Det er satt byggegrenser for alle føremål i føresegnene. Ansvarleg søkjars vurdering i høve strandsona og friluftsinteresser: «• Strandsona Strandsona i området er pr. dags dato lite tilgjengeleg for ålmenta. Reguleringsplanen legg til rette for at den skal bli meir tilgjengeleg ved kaier og gangareal utan privatiserande element. I tillegg opne den for badeområder som er tilgjengeleg for ålmenta som tidlegare ikkje var like attraktivt.

Page 26: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

• Friluftsinteresser Småbåtanlegget vil gi økt tilkomst til sjøen, og dette vil både ha negative og positive effekt. Den negativ er at den vil auke båttrafikken i området og legge litt press på arealet rundt planområdet, mens den positive effekten er at småbåtanlegget gjer det lettare for fleire å nytte sjøen som friluftsområde. En faktor som minkar den negative effekten er at planområdet ikkje er for fastbuande og dermed vil presset på arealet bli mindre.» Rådmannes vurdering i høve strandsona Forslaget legg til rette for at eit større område innanfor 25-metersbeltet i større grad blir gjort tilgjengelig med utleigebustader, kaiareal og badeplass. Spesielt i den sørlige delen av planområdet vil bygging av kai i forkant av nybygg gi allmenta tilgang til sjø, i eit område som det i dag er vanskelig å kome til. Området er bebygd frå før, slik at utbygginga medfører ein fortetting i langs sjø. Kva gjeld «forhold til andre interesser», som fiske, vil planlagd kaiområde og flytebrygger gi moglegheit for fritidsfiske. Tilnærma heile planområdet ligg innanfor 25-metersbeltet til sjø og «alternativ plassering av tiltak» er derfor ikkje mogleg. Etter retningslinjene må tiltak «tilpasses omgivelsene best mulig», jf. Pkt. 7.2. Planlagd utbygging vil få ei mønehøgd på minimum 5 meter og maks 8 meter over planert terreng. Nye naust skal ha ei mønehøgde på maks 5 meter. Det vil vere samanhengande kai i forkant av bygningane og såleis gje noko avstand til området som skal vere tilgjengeleg til ålmenta. Varierte høgder, storleik og mellomrom mellom bygg, samt krav til god arkitektonisk utforming i føresegnene vil sikre ein god nær- og fjernverknad. Vidare vil krav til landskapstilpassing og tomtanes plassering i plankartet sikre at nybygg vert tilpassa omgjevnadane best mogleg. Etter ein konkret vurdering ut i frå lokale forhold, er det rådmannens vurdering at planforslaget, slik det ligg føre, følgjer opp retningslinjene. Rådmannens vurdering: Etter ein gjennomgang av referatet frå førehandskonferanse til oppstart i plansaker, planforslag og tilhøyrande planmateriell (kommuneplan, retningsliner m.m.), rår rådmannen til at kommunestyret godkjenner detaljreguleringsplan for gnr. 01, 02 og 03, Nordrevågen, Fagerbakke, på vilkår, jf. rådmannen si tilråding i saka.

Page 27: Austevoll kommune€¦ · Austevoll kommune kunngjer godkjenning av planarbeid i minst ei avis, og gjennom elektroniske medium. Austevoll kommune orienterer dei som etter lova har

Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak (Forvaltningslova § 27 tredje og fjerde ledd)

Mottakar

Austevoll kommune 5392 Storebø Epost: [email protected]

Dato

Klageinstans

Denne meldinga gjev viktige opplysningar dersom De ynskjer å klaga over vedtak De har fått melding om.

Kven kan De senda klagen til

Klaga skal først sendast til avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som følgje av klagen, vil den bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Dersom vedtaket er gjort av kommunale eller fylkeskommunale organ, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller det organet desse har gjeve det til. Dersom vedtaket er gjort av kommunestyret eller fylkestinget, er klageinstansen kommunaldepartementet eller det organ det har gjeve myndet til.

Fristen til å klage

Klagefristen er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen går ut. Dersom De klagar så seint at det kan vera uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi om at De oppgjev når denne meldinga kom fram. Dersom klagen vert sendt for seint, er det høve til å sjå bort frå den. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkja om å få forlenga klagefristen. De bør då i tilfelle nemna grunnen til forseinkinga.

Rett til å kreva grunngjeving

Dersom De ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setja fram krav om å få det. Slik krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist tek til å gå frå det tidspunkt De mottek grunngjevinga.

Innhald i klagen

Klagen skal nemna det vedtaket det vert klaga på, og den eller dei endringar som De ynskjer. De bør også nemna Dykkar grunn for å klaga og eventuelle andre opp-lysningar som kan ha noko å sei for vurderinga av klagen. Klagen må underteiknast.

Utsetjing av vedtaket

Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De har likevel høve til å søkja om å få utsett iverksetjinga av vedtaket til klagefristen er ute eller klagen er avgjort.

Rett til å sjå dokument i saka og til å krevja rettleiing

Med visse avgrensingar har De rett til å sjå dokumenta i saka. De må i tilfelle venda Dykk til det forvaltningsorganet som har sendt denne meldinga. Der kan De også få nærare rettleiing om høvet til å klaga, om framgangsmåten ved klage og om reglane for sakshandsaminga elles.

Kostnader ved klagesaka

De kan søkja om dekking av utgifter til naudsynt advokatbistand etter reglane om fritt rettsråd. Her gjeld imidlertid normalt visse inntekts- og formuegrenser. Fylkesmannen sitt kontor eller vedkomande advokat kan gje nærare rettleiing. Det er også særskilt høve til å krevja dekking av vesentlege kostnader i samband med klagesaka, t.d. til advokatbistand. Dersom vedtaket er blitt endra til beste for ein part, er det også høve til å søkja dekking for vesentleg kostnader i samband med saka. Klageinstansen vil om naudsynt orientera Dykk om retten til å krevja slik dekking for sakskostnadene.

Klage til Sivilombods-mannen

Det er også mogleg å klaga til Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen). Sivilombodsmannen har ikkje høve til å handsama saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom De no får Dykkar klage avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare bringa saken inn for Sivilombodsmannen.

Særlege opplysningar: