avsluttande rapport sau og utmark 2012 - 2017 · 2020-07-06 · 3 avsluttande rapport – prosjekt...
TRANSCRIPT
Avsluttande rapport Sau og Utmark 2012 - 2017
Årdal – Lærdal - Aurland
Foto: Magnhild Aspevik, Lærdal
2 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
Innhaldsliste
1.0 Innleiing
2.0 Kort oppsummering
3.0 Bygningar
3.1 Nye bygningar
3.2 Ombygde bygningar
3.3 Tomme bygningar
4.0 Sauetalsutvikling
4.1 Tal sau
4.2 Generelle trendar og generasjonsskifte
4.3 Nye besetningar
5.0 Suksessfaktorar
5.1 Måloppnåing
5.2 Deltaking i ulike fora
5.3 Prosjektet i reine tal
5.4 Mål for sauetal
6.0 Andre effektar og langsiktige mål
6.1 Exit-strategi
6.2 Spin-off prosjekt
6.3 Rekruttering
7.0 Teknisk rapport og gjennomføring
7.1 Mål og aktivitetar
7.2 Prosjektorganisering og ressursdisponering
8.0 Foto
Foto i rapporten er teke av prosjekteigar
3 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
1.0 Innleiing
Prosjektet Sau og Utmark er no formelt avslutta i styremøte. Det vart forlenga med om lag eit halvt
år ut frå opprinnelege planar, og det er avslutta godt innafor dei økonomiske rammene som vart
omsøkt i utgangspunktet. Stemninga hjå prosjektdeltakarane har vore god, og mange aktivitetar har
vore arrangert der bøndene har møtt opp og vore aktivt med på arrangementet. Aktiviteten frå
bøndene si side er heilt grunnleggande for suksessen til eit slikt prosjektet og for å sikre ei like god
deltaking etter prosjektperioden. Manglar ein deltaking frå den tiltenkte målgruppa, har ein eitt
prosjekt som manglar støtte og truverd blant målgruppa for prosjektet.
Det er mange ulike måtar og måla suksess på, og i dette prosjektet har me valt oss fleire ulike mål. 1)
Deltaking på ulike arrangement er eitt av måla, 2) bygging av fjøsar har vore eitt mål, 3) nye
besetningar eitt anna mål og 4) stagnering av nedlegging har vore eitt mål og ikkje minst 5)
generasjonsskifte på gardane. Det er uråd å sei kva for eitt som er viktigare enn eitt anna, men til
saman utgjer dei den basisen som skal til for vidare drift og satsing på sauehald og nytte av
utmarksbeite i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.
Me har sett at utviklinga har snudd frå nedgangstider til framtidstru i løpet av prosjektperioden.
Stabile driftsrammer og gode vilkår er viktige i ei slik næring. Me har grunn til å tru at prosjektet har
styrka sauehaldet i desse kommunane og at me vil finna sauedrift i ÅLA-kommunane også i framtida.
Kjelda til tala som er oppgitt i rapporten er frå Felles landbrukskontor ÅLA eller frå
prosjektdeltakarane sjølv. Desse er gjengitt så nøyaktig som mogleg. Det kan sjølvsagt likevel
førekomma mistydingar eller unøyaktigheiter som ikkje skal vera der.
Dette er ein rapport som forsøker å summere opp alle seks åra prosjektet har gått over, frå 2012 til
2017.
4 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
2.0 Kort oppsummering
Framdrifta på prosjektet har vore god, men me har blitt liggande litt etter den opprinnelege planen.
Litt av grunnen til dette er byte av prosjektleiar to gonger undervegs. Avsluttande arbeid på
prosjektet og eventuell overlapping med spin-off vil ligga innafor tidsrommet mai 2017 til august
2017. Avsluttande rapport ligg føre i juni 2017.
Det er vanskeleg å setja konkrete effektane av eitt prosjekt retta mot landbruket, og iallfall så kort tid
etter. Men me har prøvd likevel. Fem nye fjøsar har vorte bygde, åtte fjøsar er bygde om, 11 bruk har
hatt generasjonsskifte og 13 heilt nye sauebruk har komme til.
God framdrift på eit prosjekt vert ofte oppnådd ved god dialog med næringa og det tykkjer me at me
har fått til her. Fokus har vore på sosiale treffplassar og fagleg innhald på møta.
Me har hatt nesten hundre personar på tre av dei siste fire fagmøta og det er slett ikkje dårleg i
landbrukssamanheng.
5 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
3.0 Bygningar
3.1 Nye bygningar Prosjektet har hatt namn på over 20 interesserte bønder som kunne tenke seg å anten utvide
eksisterande driftsbygning eller bygge nytt. Driftene i dag varierer frå rundt 30 vf til rundt 200 vf.
Til no har me registrert seks bønder som har bygd heilt ny fjøs. Desse har søkt stønad anten gjennom
Innovasjon Norge eller lokale næringsfond. Dei fordeler seg med ein i Årdal, tre i Lærdal og to i
Aurland.
Nye bygningar er det som kanskje i størst mogleg grad vil stå fram som ei «suksesshistorie» i eitt slikt
prosjekt. Likevel har me full forståing for at slike prosessar tek tid. Det er trass alt snakk om
investeringar på fleire millionar kroner. Det kan difor komme fleire fjøsar etter prosjektet si levetid
utan at me får registrert det. Dette kan vere langtids ringverknader av eit slikt prosjekt. Me veit også
at det er folk som planlegg fjøsar på ide stadiet utan å ha sendt søknad endå. Om desse kjem til å
realisere planane er for tidleg å seie noko om.
3.2 Ombygde bygningar Ombygde fjøsar er vanskelegare å registrere. Ikkje alle søker støtte til desse prosjekta. Bønder som
får avslege søknadane kan finne på å gjere mindre tiltak likevel. I prosjektperioden er det fleire
bygningar som er opprusta eller ombygde. Nokre av desse fjøsane husar også nye besetningar, noko
som er særs hyggeleg for prosjektet. Ombygde bygningar som gjerne har eit tidlegare liv som kufjøs,
treng ikkje alltid den store oppgraderinga for å gå over til sauefjøs. Det at ikkje alle som bygger om
eller bygger på søker om offentleg støtte for å gjere tiltak gjer at det er vanskelegare å halde
oversikta.
Til no veit me om åtte personar som har sagt at dei har bygd om eller bygd på eksisterande
driftsbygningar. Nokre av desse fjøsane har søkt stønad hjå det lokale næringsfondet i dei ulike
kommunane då det er snakk om mindre prosjekt.
3.3 Tomme bygningar Prosjektet hadde som mål å laga ei oversikt over tomme bygningar som kan vera aktuelt å leiga for
folk som har ynskjer om å prøva seg i næringa. Ein tom fjøs har ingen verdi, og dersom den kan
leigast ut vil den gje ein verdi i form av pengar til eigaren, lys i vindauga og aktivitet på gardar som
kanskje har stått tomme ei stund. Tomme fjøsar har sjølvsagt ulik standard, men det varierer frå
veldig høg standard til låg standard og er nok noko for ein kvar smak.
Det var ingen som meldte seg ved enkel oppmoding frå prosjektleiinga, så dersom dette skal vere ein
tanke å jobba noko med framover lyt ein nok gå grundigare til verk som eit eige prosjekt.
6 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
4.0 Sauetalsutvikling
4.1 Tal sau Sauetalet var på god veg nedover før denne prosjektperioden. I løpet av prosjektet har dette talet
flata ut. Det er sjølvsagt vanskeleg å måle stogg i nedgang frå ei prosjektvinkling, men saman med dei
andre faktorane vel me å tru at denne nedgangen har vorte positivt påverka av prosjektet.
Lærdal og Årdal har i løpet av prosjektperioden hatt store tap til rovdyr. Me veit frå andre stader i
landet at dette kan påverke sauetalet. Ein del jervar har vorte teke ut av SNO i denne perioden. Dette
var viktig for å sikre tryggleiken til beitedyra og å stimulere til satsing i næringa.
4.2 Generelle trendar og generasjonsskifte Det kan tyde på at nedgangen i sauetalet i ÅLA-kommunane har stagnert litt dei siste åra. Truleg har
prosjektet som tidlegare nemnt ein innverknad på dette.
No er det overproduksjon grunna minkande sal av lammekjøt og stor satsing på bygging av sauefjøsar
over heile landet. Etter fleire år der det har vorte stimulert til stor produksjonsauke er det no brått
full stopp i tildelingar av byggestøtte enkelte stader. Etter prosjekt sau og utmark si meining må Sogn
og Fjordane no utnytte denne usikkerheita til framleis å prioritere bygging av sauefjøsar, slik at me
kan komme tilbake der me var for tjue år sidan, som det nest største beitefylket i landet. Sogn og
Fjordane er og har alltid vore eit beitefylke, og difor er det viktig å stimulere til satsing i alle ledd i
beitenæringa.
4.3 Nye besetningar Prosjektet har bidrege til at fleire nye besetningar har sett dagens lys sidan oppstarten. Dette er
gardar der det har vore sauer tidlegare, og ein kan ikkje utelukke at nokre av desse hadde starta opp
att med sau utan prosjektet si hjelp, men fleire har sagt at det fokuset som har vore på å starte med
sau har vore med å hjelpe desse besetningane i gang. Landbrukskontoret har registrert 13 nye
besetningar i prosjektperioden.
7 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
5.0 Suksessfaktorar
Prosjektet så langt har vore vellukka sett frå både prosjektstyringa si side, men og frå bøndene si
side. Dette betyr også at prosjektet har vore vellukka frå virkemiddelaktøren si side. Det er sjølvsagt
fleire måtar å måle suksess på, og me skal gå gjennom det her no.
5.1 Måloppnåing I fleire av delmåla har me oppnådd det kvantifiserte målet me sette. Ved å nå måla vil ein kunne måla
ein viss grad av suksess.
5.1.1 Deltaking på ulike arrangement har vore god, dei siste fagmøta har me hatt
nesten 100 personar og er godt nøgd med det.
5.1.2 Bygging av nye fjøsar og fornying av eksisterande har som nemnt vore stor
aktivitet rundt. Framleis nokre som syslar med planar.
5.1.3 Nye besetningar har komme til. Dette er ekstra moro for prosjektet då det å
snu ein nedgåande trend er ganske vanskeleg.
5.1.4 Stagnere nedlegging er eit viktig delmål og på statistikken ser det ut som om
nedgangen stoppar opp.
5.1.5 Generasjonsskifte på gardane har vore tema for fagmøter og i infoskriv og
heile 11 sauebruk har fått nye eigarar.
5.2 Deltaking i ulike fora Bøndene i ÅLA-kommunane har gjennom prosjektperioden fått auka tru på næringa og deltek i ulike
aktivitetar gjennom driftsåret. Dette er ein effekt som kanskje ikkje er målbar i høve delmåla i
prosjektplanen, men som like fullt syner seg å vere reell. Folk melder at dei har auka tru på det å
driva med sau, samt at dei tykkjer at prosjektet tilfører noko til arbeidskvardagen.
Det å ha eit aktivt fagmiljø er viktig både for at bøndene skal bli i næringa og for å få rekruttering. Det
har vore stor deltaking i tilskipingar i prosjektperioden, og me har også valt å legga ein del arbeid og
innsats i desse aktivitetane. Dette er både sosialt og eit fagleg påfyll på desse samlingane.
5.3 Prosjektet i reine tal Tiltak 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Fjøsmøte 2 2 3 2
Fagmøte 1 1 2 3 2 1
Markdag 1
Gen.skifte 1 1
8 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
5.4 Mål for sauetal Dei måla som vart sette før prosjektet starta er det no på tide å sjå på på nytt.
Tal sauebruk
Kommune 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2001
Årdal 7 7 8 7 7 7 7 7 12
Lærdal 53 54 52 52 55 56 57 57 71
Aurland 39 38 39 40 44 44 45 45 61
Tal sau og lam
Kommune 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2001
Årdal 1765 1727 1865 1874 1878 1856 1792 1809 1919
Lærdal 9893 9806 9859 9783 9395 9472 9595 9771 11379
Aurland 5699 5557 5526 5589 5939 6035 6162 6155 8179
Det kan verka som om nedgangen har stagnert litt, og dyretalet enkelte stader er på veg opp. Dette
kan sjølvsagt vera ei direkte årsak i prosjektarbeidet, men dette veit me ikkje no, og kanskje ikkje i
heile teke før prosjektet er over. Uansett er trendar enklare å lesa, med litt fleire år å samanlikna
med. Det kan verka som om sauetalet har stabilisert seg, noko som er bra.
9 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
6.0 Andre effektar og langsiktige mål
6.1 Exit-strategi Exit-strategien skal sikra framleis drift av arven etter prosjektet også etter at prosjektet er avslutta.
Ein del kompetanse vert sjølvsagt liggande att i næringa, men ein del må også sikrast gjennom
vidareføring hjå landbrukskontoret. Fordelen med desse tre kommunane er at dei har felles
landbrukskontor, og dei har såleis eit mykje større potensiale for å halda på kunnskapen i næringa og
dela den med brukarane i alle tre kommunane.
6.2 Spin-off prosjekt Det er eit viktig mål for alle prosjekt å kunne syne til spin-off effektar. Altså effektar som gir nye
prosjekt, nye vinklingar eller nye verdiskapingar på den eine eller den andre måten. Det er fleire nye
prosjekt på gong, og desse vil i tillegg til å vere spin-off effektar vere ein del av exit-strategien som
me jobbar med.
Me har to konkrete spin-off prosjekt frå Sau og Utmark.
1) Beiteprosjekt. Dette har gått sidan våren 2016 og vert avslutta 2017.
2) Sognalamb - Vidareforedlingsprosjekt. Dette har vore på skisseblokka sidan våren 2016 og
vert starta hausten 2017.
6.3 Rekruttering Rekruttering har vore ein ting som har lege i botnen på prosjektet heile tida. Dette er viktig for at
botnen ikkje skal falla ut av heile næringa i løpet av det neste tiåret. Nye bygningar og sterke fagmiljø
er ofte avgjerande for at unge skal ta over etter førre generasjon, men einskilde må også ha eitt
ekstra driv i rett retning. Dette ynskjer prosjektet å legga til rette for.
Me har hatt eigne fagmøter som har handla om generasjonsskifte, hatt fjøsmøter med fokus på å få
dei unge med, hatt infoskriv med informasjon retta mot dei unge, og ikkje minst
avslutningsseminaret som var spesielt retta mot dei unge bøndene, eller dei som har planar om å ta
over.
10 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
7.0 Teknisk rapport og gjennomføring
Prosjekt Sau og Utmark vart gjennomført frå 2012 – 2017 med støtte frå Fylkesmannen i Sogn og
Fjordane, Kommunane Årdal, Lærdal og Aurland og sauenæringa i desse tre kommunane. Prosjektet
hadde som mål å utvikle sauenæringa og stoppe nedgangen i tal dyr og bruk.
Prosjektet har jobba gjennom ulike aktivitetar for å nå måla i planen. Me har samla informasjon om
det som vart gjort.
7.1Mål og aktivitetar Hovudmålet slik det var formulert i prosjektplanen var:
Å ta vare på, vidareutvikla og auka verdiskapinga i sauenæringa i Årdal, Lærdal og Aurland. Prosjektet
skal arbeide for å auke tal bruk med sauehald og auke tal vinterfôra sau og lam. Det må vera eit mål å
komme opp på same tal som i år 2000.
Det vart jobba med fem delmål som skulle underbygga hovudmålet. Desse delmåla, slik dei vart
formulert i prosjektplanen var:
1) Verdiplan og merkevare
”Gjennomføre ein prosess for å utvikle ei verdiplattform og ei merkevare for sau/lam
frå regionen Årdal, Lærdal og Aurland.”
Det vart starta ein prosess i samband med dette punktet, og ein workshop vart
halden saman med Lærdal grønt, Lærdal næringsutvikling og deltakarar i Prosjekt Sau
og Utmark. Det har også vorte halde møte med Nortura og denne prosessen er skilt
ut som spin-off i eitt eige prosjekt fordi den vart for stor og omfattande i tid for
Prosjekt Sau og Utmark.
2) Beitebruksstrategiar for ÅLA-kommunane
”Prosjekt sau og Utmark si rolle kan vera å peike på behovet og gje innspel til korleis
ein beitebruksplan bør innrettast.”
Det vart starta ein prosess der me ville registrera beiteressursar i desse tre
kommunane. Det vart imidlertid utskilt i eitt eige prosjekt som har gjort
beiteregistreringar i både innmark og utmark. Dette prosjektet skal avsluttast i 2017.
3) Bygningar, maskiner og ny teknologi
”Ny teknologi (…) kan vera arbeidsbesparande løysingar knytt til fôring og dagleg
stell. Radiobjeller og satelittbjeller kan vera med på å gjera tilsyns- og sankearbeidet
lettare.”
Prosjektet fekk radiobjøller som vart fordelt utover brukarar i alle kommunane.
Driftskostnadane vart lagt til prosjektet. I 2014 var radiobjellene så vanlege at dei
vart fasa ut av prosjektet og overført til brukarane. Mange av desse bjellene er
framleis i bruk.
11 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
Det har også vorte lagt vekt på informasjon kring fôringssystem og eigne fagdagar
knytt til oppgradering av fjøsar og enklare stell, samt skilling og sortering av sau.
4) Kunnskap
”Prosjektet skal i samarbeid med NSG-laga og Nortura organisere eit fagmøte i første
kvartal kvart år. Fagmøtet skal forsøke fylle ut det faglege arbeidet som elles skjer og
tilpasse dette til lokale tilhøve. Prosjektet skal arrangere fjøsmøte i november, januar
og mars.”
Prosjektet har arrangert eit fagmøte i halvåret og eitt til to fjøsmøte kvart halvår. Til
saman har det vorte arrangert 10 fagmøte og 8 fjøsmøte. Desse tiltaka har vore godt
besøkte og har vore viktige kontaktpunkt både mellom bønder og prosjektet. Det
vart også arrangert to studieturar i starten av prosjektet. Ein til Hallingdal og ein til
Hordaland der ulike driftsbygningar vart besøkt. Prosjektet har også bidrege til
kunnskapsformidling på årsmøta til dei lokale sau- og geitalslaga.
5) Trivsel, status og identitet
”Prosjektet skal ha ein aktiv mediestrategi og levere stoff til lokale blad, aviser og
radio/TV. Prosjektet skal bidra til alliansebygging mellom næringa og andre bransjar
og organisasjonar.”
Prosjektet har hatt ein aktiv strategi ut mot lokalavisene Sogn Avis og Porten, samt
vore i kontakt med NRK Sogn og Fjordane og BT. I tillegg har det blitt levert
nyheitsbrev om lag to gonger i halvåret. Til saman 10 nyheitsbrev har blitt utsendt
sidan 2014, som også har vorte publisert på Lærdal kommune sine heimesider. Blada
Aurlendingen og Helg og Kvardag i Lærdal som kjem ut nokre gonger i året har også
motteke informasjon jamleg frå prosjektet. Prosjektet har hatt samarbeid med
bransjar og organisasjonar. Mellom anna Sogn Jord og Hagebruksskule, Lærdal
Næringsutvikling, Lærdal grønt, Norsk Landbruksrådgjeving, Bioforsk, Bondelaget i
Sogn og Fjordane, ÅLA-kommunane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Norsk Sau og
Geit, Nortura og Kompetansenavet Vest.
7.2 Prosjektorganisering og ressursdisponering Økonomi – Prosjektet hadde ei budsjettert kostnadsramme på 2.000.000 kroner, rekneskapet viser at
forbruket er 1.531.319 etter avslutta prosjekt 1. April. Dette er betydeleg mindre enn budsjettert og
kan nok tilskrivast færre studieturar, mindre kostnad til prosjektmedarbeidar, kompetanseutvikling
og administrasjon. Det er søkt om å få vidareføra midlane inn i prosjektet Sognalam, eit samarbeid
mellom Nortura, næringa og kommunane som startar i 2017.
Eigeninnsats frå næringa har vore ein betydeleg del av innsatsen frå Prosjektet. Me begynte å
registrere timar i 2014 og har eit totalestimat på meir enn 2800 timar. Me har ikkje fått registrert alle
deltakarar då arrangementa byrja å trekke nesten hundre deltakarar, men me har teke eit nokolunde
estimat.
I tillegg har landbrukskontoret hatt ein god del eigeninnsats, og spesielt Landbrukssjefen Magnhild
Aspevik har lagt ned mykje eigeninnsats i prosjektet.
12 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
Viktige erfaringar har det vorte ganske mange av. Det har vore forsøkt å få til fleire studieturar enn
det som har vorte gjennomført. Deltakarane meldte seg på turar i starten, men mot slutten fekk me
for lite påmeldte til å gjennomføre. Sosiale møteplassar i nærleiken har vist seg å vere populære
tiltak og bøndene har meir kontakt og samarbeid mellom kommunane no enn før prosjektstart. I
tillegg har arbeidsmengda til tider vore større enn det ei 60% stilling kan dekke. Byggeprosjekt er
også noko som er verdt å nemne. Dette er dyre prosjekt og val bøndene tek for fleire enn berre seg
sjølv. Det tek difor ofte noko tid før slike prosjekt vert realiserte.
Kritiske faktorar har det også vore fleire av. Mellom anna har det vore tre prosjektleiarar inne i
prosjektet. Frå 2014 har det vore samanhengande drift med same prosjektleiaren, og såleis har det
vore stabile arbeidsforhold i siste halvdel av prosjektet. I tillegg var det store tap til rovdyr i fjellet
sommaren 2014, og dette påverka heile næringa negativt. Bygging av nye fjøsar vart fleire stader sett
på vent.
Gjennomføring av prosjektet – Prosjektet har vorte styrt gjennom regelmessige styremøte der
prosjektleiar, Landbrukssjef og prosjektansvarleg møtte representantar for næringa og folkevalde og
la kursen for vidare drift. Denne modellen har fungert særs godt og har sikra forankring i både
kommunane og i næringa. Det vart halde 4 styremøter i 2012, 9 styremøter i 2013, 5 styremøter i
2014, 4 styremøter i 2015, 5 styremøter i 2016 og 3 styremøter i 2017. Det har i tillegg vore ein del
arbeidsmøter med tre representantar frå styret i samband med arbeidet opp mot nytt prosjekt med
Nortura. Prosjektet har også hatt jamleg kontakt med Fylkesmannen si landbruksavdeling.
8.0 Foto frå aktivitetar i prosjektperioden
Sau på beite Eldrid
13 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
Håvard Erling sjekkar sauene
14 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
Drikkeniplar Sau i binge
Radiobjøller På besøk hjå Rune Brugrand
Opning av ny fjøs hjå Ole Mange Skårheim Servering i fjøsen
Fagmøte Fagmøte
15 Avsluttande rapport – Prosjekt Sau og Utmark 2012-2017
Ny fjøs Fagdag
Fagdag
Fjøsmøte
Lærdal juni 2017