det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · web viewjohan cruyff og dermed er vi...

10
Tabu og fiske Av Arne Kruse Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore overtruiske, og somme er det kanskje òg i vår tid, anten dei innrømmer det eller ikkje. Det er mangt som vitnar om at heller ikkje smølværingen er noko unntak i så måte. I denne vesle artikkelen vil eg peike på noen trekk av overtru som er dokumentert mellom fiskarane på Smøla og andre plassar langs kysten, men på ingen måte laga ein katalog. I staden vil eg gjera eit poeng ut av at slik overtru er universell, at slikt fins mellom fiskarar over heile verda. Til slutt vil eg filosofere litt over korfor folk opp gjennom tidene har gjort livet sitt så vanskeleg med å sette opp bastante krav på kva som skal gjerast og kva ein ikkje kan tala om før og under fisket. Framfor alt var det ting som ikkje skulle gjerast, og ikkje minst var det viktig å unngå å seie visse ord når ein var på sjøen eller ein vølte reidskapen. Eit sentralt nemne i denne samanhengen er tabu. Det var Kaptein James Cook som tok med seg dette eksotiske ordet til Europa frå Stillehavsøyane, der det vart bruka som term for det som var forbode. Men han lærte òg at det var måtar å unngå tabuet, og det var ved å bruke noa eller godord. Noa erstattar det som er tabu. Språkleg vil noa bety at ein nyttar eit anna ord enn det som er tabu. Daglegspråket vårt har mange ord som eigentleg er noa-ord som har vorte så mykje bruka at dei har erstatta eller vorte synonym til tabuordet. Slik reknar ein eksempelvis at orda varg og gråbein har komme inn som nemne på ulven, fordi ein måtte unngå ordet ulv, ikkje berre på sjøen, men helst også i kvardagslivet på land. På same vis er nemninga hytt for ein klepp eit noa-nemne, bruka for at ikkje fisken, og spesielt ikkje kveita, skulle kunne høyre kva som var i vente.

Upload: others

Post on 09-Mar-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · Web viewJohan Cruyff Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse

Tabu og fiske

Av Arne Kruse

Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore overtruiske, og somme er det kanskje òg i vår tid, anten dei innrømmer det eller ikkje. Det er mangt som vitnar om at heller ikkje smølværingen er noko unntak i så måte. I denne vesle artikkelen vil eg peike på noen trekk av overtru som er dokumentert mellom fiskarane på Smøla og andre plassar langs kysten, men på ingen måte laga ein katalog. I staden vil eg gjera eit poeng ut av at slik overtru er universell, at slikt fins mellom fiskarar over heile verda. Til slutt vil eg filosofere litt over korfor folk opp gjennom tidene har gjort livet sitt så vanskeleg med å sette opp bastante krav på kva som skal gjerast og kva ein ikkje kan tala om før og under fisket. Framfor alt var det ting som ikkje skulle gjerast, og ikkje minst var det viktig å unngå å seie visse ord når ein var på sjøen eller ein vølte reidskapen. Eit sentralt nemne i denne samanhengen er tabu. Det var Kaptein James Cook som tok med seg dette eksotiske ordet til Europa frå Stillehavsøyane, der det vart bruka som term for det som var forbode. Men han lærte òg at det var måtar å unngå tabuet, og det var ved å bruke noa eller godord. Noa erstattar det som er tabu. Språkleg vil noa bety at ein nyttar eit anna ord enn det som er tabu. Daglegspråket vårt har mange ord som eigentleg er noa-ord som har vorte så mykje bruka at dei har erstatta eller vorte synonym til tabuordet. Slik reknar ein eksempelvis at orda varg og gråbein har komme inn som nemne på ulven, fordi ein måtte unngå ordet ulv, ikkje berre på sjøen, men helst også i kvardagslivet på land. På same vis er nemninga hytt for ein klepp eit noa-nemne, bruka for at ikkje fisken, og spesielt ikkje kveita, skulle kunne høyre kva som var i vente.

Kveite frå helleristningsfeltet i Alta. Dette er einaste saltvassfisken som ofte er avbilda.

Om det er ein fisk som er forbunde med tabu, er det utan tvil kveita. Somme stader heiter det at den første kveita i sesongen skal sleppast tilbake, og frå Veiholmen blir det fortalt at somme ikkje ville fiske meir enn tre kveiter på ein gong, for det var ’å fiske for feigda’, dvs. å utfordre lagnaden. Denne fisken måtte måtte aldri nemnast med sitt rette namn. Frå Sør-Smøla heiter det:

Den som kaller mig ’Kveite’skal efter mig leite,

Page 2: Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · Web viewJohan Cruyff Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse

Men den som kaller mig ’Svele’skal ete mig kvar Kveld.

I Nordlands Trompet omtalar Petter Dass kveita som ‘Dronningen’, men ho kan òg bli omtala som 'kjerringa’ eller ’jomfrua’ eller berre ’ho’. Her anar ein seksuelle undertonar, og det ser ein òg i visse ritual forbunde med kveitefisket. Kvinner måtte halde seg borte frå vadet når det vart egna. Derimot het det at fiskaren burde ligga med kona eller kjæresten natta før vadet skulle trekkast. Kveitefisket var populært. Når ein vølte fiskereidskapen var det betre å ikkje seie noko enn å risikere å seie noko galt. Otte for å miste fiskelykka gjorde at ein ikkje skulle takke for agn ein fekk. Dette er vidkjent her til lands, og Mortan Nolsøe har òg funne det på Færøyane, der det heiter frå Suðuroynni: ’Og tú mátti heldur ikki takka fyri agn, tí so varð tað ikki at vænta annað enn vaðskít allan dagin ígjøgnum’ – og ’vadskit’ bør ein jo unngå. Trua på at fiskelykka følgde agnet, gjorde at somme stal agn og meinte slikt agn var det beste. På Shetland var det ikkje lov å nemne agn med rett namn, ein skulle i staden seie biti.Det med å utforde lagnaden inngår i å ønskje lykke til med fisket. Det ein heller skal gjera, er å spytte etter fiskaren som legg ut på sjøen, eller seie ’tvi, tvi’, som jo med ord illustrerer spytting. Mens ein enno er på sjøen, må ein ikkje telle fisken eller takstere han. Og når ein kjem til lands etter fisket, er det viktig å ikkje skryte av fangsten; her gjeld det heller å underdrive, ja, bagatellisere. Spør ein fiskar om han har fått mykje fisk, og han vil gjernast svara, ’Ja, det vart vel kokfisk’ – og det sjølv om båten er lasta til ripa. Dette er akkurat slik Petter Dass hørte det i Nordland:

Men vil man dem imidlertid spørge dem saa:Hvor liikes i Fisket, hvad kand I vel faa? De svarer dig hogtet i bogte;Part svarer: det er saare lidet, vi faar;Part svarer: vi foer om alt Havet i Gaar, Sleed neppe, saa mange vi kogte.De Skrubberter vil ey med Sandhed her frem,De meene: skull’ saadant udhøres af dem, Forgjorde de slet deres Lykke.See saadan er al den Vantroende Slegt,Gud mister saa tit sin tilbørlig Respect, Thi maae han sin Gaver undrykke!

Page 3: Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · Web viewJohan Cruyff Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse

Petter Dass

Her er Petter Dass klar over at dette gjer fiskaren fordi han er overtruisk, og - kanskje litt ironisk - legg han til at slikt ikkje bør finnast mellom truande kristne. Grensa mellom kristentru og overtru er forresten temmeleg flytande i denne samanhengen. Eit dårleg merke var å sitta med føtene i kors. ’Du sitt som ein døl!’, vart ein ung-gut på Vest-Smøla irettesett av ein forarga far. Her er det opplagt assosiasjonen mellom korset og døden som ligg til grunn. Av same grunn var det ikkje tillate å snakke om presten mens ein var på sjøen. Langs kysten er det kjent at det hjalp å stappe småmynter inn i sprekkene på masta eller ’å klø mastra’ i vindstille, men visse folk hadde eit meir aktivt forhold til mørkets krefter, og i storm var slike karar kjent for å kunne ’leggje fall’ ved å framseie visse formular eller bibelord.

Fleire plassar langs kysten vart skarven sett på som bodbringar. Kom skarven flygande inn frå havet, vart det ikkje stort å hente den dagen. Flaug skarven derimot med dei som rodde ut, ja, da kunne det bli ein brukbar dag.Til ritualet høyrde at saker måtte liggje rett og ting måtte skje på ein bestemt måte. Slik måtte ikkje auskaret liggje ope i båten. Vabeinet i framskotten var eit dårleg merke, likeins var ein støvel på rang fot, ei åre på rang keip eller om båten ikkje gjekk styrbord rundt. Også på veg til båten gjalt det tabu. Møtte ein kvinnfolk, var det like godt å snu.Eit heilt område dreier seg om varsel av ulike slag. Der det var skreifiske midtvinters, kunne ein få veta kvar største innsiget kom ved ’å sette etter skreia’, som det het på Smøla. Nyttårsaften fylte ein vatn i eit fat og lot det stå over natta. Fatet symboliserte farvatnet frå utroret, og der det hadde samla seg mest luftblører, kunne ein vente mest skrei på innsiget. Dette kjenner ein òg frå Lofoten, der det het ’å sette fiskvatn’.Det kanskje viktigaste språktabuet av alle har vore det å nemne dyr med klør, slik som ulv og bjørn, og klauv- og hovdyr, slik som gris og hest. Desse orda fører ulykke med seg om dei blir teke i bruk mens ein er på sjøen. Dette gjeld på Smøla, det gjeld i resten av landet vårt, og det gjeld over heile det nordatlantiske området der den norrøne kulturen spreidde seg under vikingtida: Shetland, Orknøyane, Færøyane og Island. Distribusjonen av desse tabua kan altså forklarast gjennom folkeflytting og kulturspreiing og som ein konsekvens av vikingtida. Men det som er meir fascinerande, er at det som er tabu mellom fiskarane på Smøla og elles i Nord-Atlanteren, i grunntrekk ser ut til å vera universelle tabu, for det er kartlagt liknande tabu-førestellingar på Newfoundland, på Malakkahalvøya, i Guyana, i dei

Page 4: Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · Web viewJohan Cruyff Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse

baltiske landa og fleire andre stader. Det som som ser ut til å vera sams, er eit fundamentalt prinsipp om at det som høyrer landjorda til, ikkje skal brukast eller nemnast på sjøen. Her kjenner vi att tabuet om at klodyr og klauvdyr ikkje skal nemnast, likeins bonden og alt hans virke. Fordi dette prinsippet er så universelt, har vi truleg å gjera med ein felles-menneskeleg tanke omkring eit grunnleggande skilje mellom dei to elementa landjorda og havet. Menneska bur jo på landjorda og høyrer heime her, og når vi er på havet, gir vi oss eit element i vald som ikkje er ’vårt’, men som er unaturleg for oss og potensielt fiendtleg. Båten er det tynne skalet som ber oss oppe og held oss jordbuarane borte frå dette framande elementet. I havet var det krefter som ikkje måtte utfordrast, og ein måtte unngå å minne på desse desse kreftene om at det var jordbuarar i båten; dermed altså tabuet om å nemne alt som typisk har med landjorda å gjera. Det var om bord i båten at tabuet gjalt, at ritualet fann stad, at magien vart utøvd.

Mangt stygt i havet. Utsnitt frå Olaus Magnus: Carta Marina, 1539. (Her viser Olaus Magnus eit monster og nederst spekkhoggarar som angrip ein kval ved øya ’Tile’ (Thule), som han har plassert sørvest for Færøyane.)

Dette tabuet ser altså ut til å vera allmennmenneskeleg, men dette med overtru høyrer til somme yrke meir enn andre, og fiskaryrket er i særstilling det som er mest assosiert med overtru. Med vår rasjonelle verd som ståstad kan vi finne på å spørre om korfor fiskaren gjorde livet sitt så vanskeleg? Kva kunne fiskaren vinne på å unngå å seie visse ting? Den mest nærliggande grunnen er at det må ha å gjera med det usikre i livet til fiskaren; ikkje berre var og er yrket farleg, ekstremt utsett som fiskaren er for vêr og vind i ein skolme av ein båt på ville havet. Men fiskaren skal også gjera sitt utkomme på dette havet han berre ser yta av. Og her er vi ved det sentrale: Det er tale om å prøve å kontrollere det ein eigentleg ikkje rår over, og det gjer ein ikkje gjennom rasjonelle handlingar, men ved bruk av magi. Magiske råd over slikt som vêret og fiskelykka var ikkje tilfeldige handlingar, men bydge på ein lang tradisjonen. Ved å

Page 5: Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · Web viewJohan Cruyff Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse

følgje nedervde tabu og ritual kunne fiskaren kjenne seg trygg på at han hadde gjort det som gjerast kunne overfor naturkrefter og lagnaden. Kva anna kan eit menneske gjera i si maktesløyse? På eit vis er det her tale om ein slags psykologisk placeboeffekt; eit uverksamt åtgjer, ein narremedisin som likevel har ein effekt. Ved å lite på det som han kjente som den samla erfaringa til forfedrane, kjente han seg tryggare enn om han ikkje gjorde det. Da den polske antropologen Bronislaw Malinowski rundt Første verdskrigen budde på Trobriandøyane i Melanesia i Stillehavet, observerte han noen slåande forskjellar mellom ulike fiskarar. Dei som fiska i den trygge lagunen som oftast gav ei sikker avkastning, hadde få eller ingen ritual eller tabu omkring fisket dei dreiv, men dei som fiska til havs og dreiv eit farleg fiske som kunne gi eit sterkt varierande utbytte, hadde flust av rituelle handlingar og tabuførestellingar for, som dei sa, å sikre trygg seglas og godt fiske. Malinowski forklarer dette ved at lagunefiskarane i stor grad hadde kontroll over alle sider ved yrket sitt mens havfiskarane ikkje hadde det. Havfiskarane hadde imponerande kunnskapar om båtar, segling, fiske samt om vêr og vind. Likevel stod det att viktige sider ved fisket som dei ikkje kunne påverke – trass i alle sine kunnskapar. Det skiftande vêret og fiskens gang i havet hadde mest med tilfelle å gjera, ikkje med kunnskapar. Mennesket vil likevel søkje etter kontroll, og den einaste måten vi har til å påverke lykka er gjennom magi. Dette tek vi i bruk, seier Malinowski, når vi kjem til ’eit uoverstigeleg gap, eit operom i kunnskapen vår eller evna vår til praktisk kontroll, og vi likevel må halde fram med det vi driv med.’ Dermed vil dette ha ei psykologisk forklaring, ettersom ritual, tabu og magi har ein angstdempande effekt, fordi det gir oss ein illusjon av å ha kontroll.

Bronislaw Malinowski

Dette med tabu er vel noko som høyrer fortida til, vil nok dei fleste seie. Det sa faktisk også Hans Strøm alt i 1762 når han fortel dette frå Sunnmøre:

’Tilforn har det blant vore Fiskere været meget brugeligt, at de paa Søen, eller medens de fiskede, aldrig nævnede nogen Ting med sit rette Navn; men tillagde baade Mennesker og Creature visse opdigtede Navne, som nu ere komne af Brug, eller i det mindste ikke bruges uden skæmtviis.’

Det er vel ganske sikkert at magisk tenking ikkje lenger spelar ei så viktig rolle som ho ein gong gjorde mellom fiskarane. Dette er rimeleg nok ut ifrå at det uforutseibare ved sjøfart og fiske er mindre enn det har vore. Gode båtar, ekkoloddet og asdicen har redusert det usikre elementet i yrket. Likevel er det mykje att av det som er farleg, utrygt og umuleg å forutseie, og så viser det seg også at heller ikkje moderne fiskarar er heilt fri for magisk tenking. Ein finn det mellom fiskarar over heile verda enno i dag. Såleis har ein undersøkt dette hos dagens fiskarar i Texas og New England og funne at dei følgjer reglar

Page 6: Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · Web viewJohan Cruyff Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse

som seier at ein aldri skal plystre, ikkje gå ut på feltet ein fredag, ikkje leggje lukelemmen feil veg, ikkje nemne gris eller hest, ikkje ønskje lykke til og så vidare. Typisk nok seier desse fiskarane at dette er overtru, men dei vedgår at dei likevel følgjer reglane. Eg veit ikkje om dette er undersøkt på systematisk vis mellom moderne fiskarar her til lands, men eg vil tru at mang ein norsk fiskar vil kunne kjenne seg att i mangt av det dei nordamerikanske fiskarane gjer og ikkje gjer. Slik er det t.d. gjengs praksis på moderne trålbåtar her til lands å ikkje starte tur på ein fredag og å aldri knyte trålposen før ein går frå kai. Kjem ein til lands pga. dårleg vêr, blir trålposen knytt opp og knytt på nytt når ein er på sjøen igjen. Dette er slett ikkje fordi fiskaryrket trekk til seg spesielt irrasjonelle individ med hang til gammalmodig tenkesett, for tenk berre på korleis somme fotballstjerner eller tennisspelarar – ungdommelege idol og sinnbilde på moderniteten – utfører ritual før og under spelet. Det kan gjelde at ein ikkje må barbere seg like før kampen, at ein må bæra ein viss amulett rundt halsen og så vidare. David Beckham blir sagt å ha ei rekke ritual. Den nederlandske fotballegenda Johan Cruyff pleidde å spytte tyggegummien sin over på banehalvdelen til motstandarane før avspark. Under cup-finalen i 1969 glømte han tyggisen. Laget hans, Ajax, tapte 4-1 mot Milan, Cruyff meinte episoden hadde påverka spelet sitt, og seinare i livet rådde han trenarar til å motarbeide overtru og ritual mellom spelarane sine, nettopp fordi det kunne avgjere innstilling og innsats.

Johan Cruyff

Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse korleis vi i barndomen tenkte magisk; ’i dag regnar det, og det gjer det fordi eg er lei meg’. Mykje er så innbygd i spåket at vi som vaksne knapt tenkjer på det når vi bruker magiske bilde, som når vi seier ’bank i bordet’, ’det ligg i korta’, osb. Av og til møter vi det i valsituasjonar, og da er det nok dei færreste av oss som vel å gå under ein oppreist stige i staden for utanom, om da ikkje for å demonstrere at dette er ein irrasjonell frykt. Det er noko allmennmenneskeleg i det å sikre seg; vi handlar rasjonelt ut ifrå kunnskapane våre, men der kunnskapane tek slutt og der det usikre tek over, er det faktisk rasjonelt å følgje ritual som byggjer på gammal praksis. Vi veit nok at dette er overtru, men vi har ein tendens til å gardere oss og dermed følgjer vi innarbeidde ritual, for da har vi i alle fall gjort vårt for at det ikkje skal gå galt.Dette vart ein god del generell filosofering omkring fenomenet tabu. Poenget har vore å vise korleis noko som inntil nyleg har overlevd i fiskarkulturen – og kanskje enno finst – har djupe allmennmenneskelege røter. Det er vår måte å forholde oss til det usikre i verda, og intet yrke er meir usikkert enn fiskarens.

Bøker som er bruka:Arne Danielsen: Veidholmen i gammel og ny tid. Trondheim 1978.Narve Fulsås: Havet, døden og vêret. Kulturell modernisering i Kyst-Noreg 1850-1950. Oslo 2003.

Page 7: Det er ei kjent sak at fiskarane tradisjonelt har vore ... · Web viewJohan Cruyff Og dermed er vi framme ved oss sjølve og vår eigen magiske praksis. Mange av oss vil kanskje hugse

Bronislaw Malinowski: Magic, Science and Religion and Other Essays. New York 1948.Svale Solheim: Nemningsfordomar ved fiske. Oslo 1940.Smølaminne. Mange årgangar.