eid og gloppen: ei framtid saman?

8
Bruk røysta DI 30. mai 2016 Eid og Gloppen Ei framtid saman? Foto: Norsk Fjordhestsenter

Upload: eid-kommune

Post on 27-Jul-2016

221 views

Category:

Documents


6 download

DESCRIPTION

Informasjonsbrosjyre om intensjonsavtalen om kommunesamanslåing mellom Eid og Gloppen i samband med folkerøysting i mai 2016. Brosjyra inneheld heile intensjonsavtale-teksten og informasjon om folkemøte, røysting med meir.

TRANSCRIPT

Page 1: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

Bruk røysta DI

30. mai 2016

Eid og GloppenEi framtid saman?

Foto: Norsk Fjordhestsenter

Page 2: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

2 Eid og Gloppen

30. mai skal det vere rådgjevande folkerøysting om Eid og Gloppenskal seie ja eller nei til å slå seg saman til éin kommune

Side 3• Her får du ei oversikt over hovudmåla med ei samanslåing, slik den framgår av inten- sjonsavtalen

Side 4-6• Her kan du lese heile intensjonsavtalen som er utarbeidd av forhandlingsutvala i Eid og Gloppen

Side 8• Informasjon om folkemøte og rådgjevande folkerøysting

Kva skjer med kommunen MIN?

Foto: Golvsengane barnehage

Ste

ina

rt.n

o

Foto: Gloppen kommune

Page 3: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

Eid og Gloppen 3

• Sikre gode, føreseielege tenester for innbyggjarane

• Vere ein attraktiv lokaliseringsstad for ny næringsverksemd, fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar

• Sterkare gjennomslagskraft i samferdslespørsmål og andre regionale saker

• Ha ein folketalsvekst i den nye kommunen på eller over landssnittet, slik at ein kan sikre god kommuneøkonomi og gjennom det kunne gje innbyggjarane gode tenester

• Raskast råd å realisere ei fjordkryssing Anda-Lote for å binde den nye kommunen og Nordfjord saman

Ein NY kommune

Eid-Gloppen

Eid og Gloppen er samde om at hovudmåla med ei eventuellsamanslåing er å:

Foto: Gloppen kommune Foto: Steinar Engeland

Foto: Gloppen kommune

Foto

: S

vein

Nesb

akk

Page 4: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

4 Eid og Gloppen - INTENSJONSAVTALE

Dersom intensjonsavtalen vert vedteken skal det opprettast ei felles-nemnd og eit partsamansett utval (inndelingslova § 26). Fellesnemndaskal ha ansvar for å styre og følgje opp saman- slåingsprosessen i perio-den frå det er gjort vedtak fram til samanslåinga vert sett i verk. Det ope-rative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon og vere omtala iein eigen plan. Politikarar, administrasjon og tillitsvalde skal ha definerteroller i prosjektorganisasjonen.

1. Mål - kva skal vi oppnå?Den nye kommunen vil få omlag 12.000 innbyggjarar. Det er på line meddei største kommunane i Sogn og Fjordane i dag. Gjennom det, og gjennomplasseringa midt i Nordfjord med ein bu- og arbeidsmarknad på 40-50.000 menneske, vil den nye kommunen bli ein langt sterkare og meirslagkraftig aktør inn mot regionale og nasjonale styresmakter enn kvarav kommunane er i dag.

Eid og Gloppen er samde om at hovudmåla med samanslåinga er å:Sikre gode, føreseielege tenester for innbyggarane•Vere ein attraktiv lokaliseringsstad for ny næringsverksemd, fylkes-•kommunale og statlege arbeidsplassar. Sterkare gjennomslagskraft i samferdslespørsmål og andre regio-•nale sakerHa ein folketalsvekst i den nye kommunen på eller over landssnittet,•slik at ein kan sikre god kommuneøkonomi og gjennom det kunne gjeinnbyggjarane gode tenesterRaskast råd å realisere ei fjordkryssing Anda-Lote for å binde den•nye kommunen og Nordfjord saman

Den nye kommunen vil nytte posisjonen sin til å arbeide målretta for åstyrke og utvikle utdanningstilboda i kommunen på vidaregåande og høg-skulenivå, for betre samferdsle m a gjennom å styrke Sandane Lufthamn

og bru Anda-Lote som ferjeavløysingsprosjekt, og etablering av nye stat-lege arbeidsplassar i den nye kommunen (sjå utdjuping i pkt 9).

2. Nye oppgåver til ein ny kommuneVi er samde om å sikre at den nye kommunen er i stand til å ta på seg nyeoppgåver frå sentral og regional stat og frå fylkeskommunen, og på denmåten flytte makt, oppgåver og arbeidsplassar nedover frå stat/fylke tilkommunalt nivå. Første prioritet har oppgåver som kan leggast inn i ek-sisterande organisasjon og som er tenlege for innbyggarane.

3 . Gode tenester - organisering og lokaliseringDen nye kommunen skal gje innbyggjarane gode tenester ut frå tilgjenge-lege økonomiske ressursar. Vi skal:

Utvikle desentraliserte tenstetilbod folk treng i kvardagen - som•skular, sjukeheimar, helse, barnehagar og kulturtilbod - i alle delar avkommunenFramleis vere blant dei beste kommunane i Noreg innanfor skule/ut-•danning og kulturVere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møte-•plassar, partnarskap og samhandling. Det skal leggast til rette for åkunne bu, arbeide og ha tilgang til fritidstilbod i alle deler av kommu-nenVere ein utviklande og attraktiv arbeidsplass. Skape større og ster-•kare fagmiljø som gjev betre grunnlag for rekruttering og kompetan-seutvikling.Sørgje for ein effektiv tenesteproduksjon der tenester folk treng i•kvardagen blir gjeve nær der folk bur, medan forvaltingstenester ogadministrasjon blir effektivisert og digitalisert i så stor grad som råder.

Eid og Gloppen kommunar har intensjon om å slå seg saman til éin kommune frå01.01.2020. Denne intensjonsavtalen skildrar kva vi vil oppnå med å gå saman iein ny kommune og korleis samanslåinga skal skje.

Intensjonsavtale Eid og Gloppen

Foto: Inger Træen

Page 5: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

INTENSJONSAVTALE - Eid og Gloppen 5

Kommunen skal lokalisere og fordele stillingar knytt til administrasjon ogleiing i dagens rådhus på Sandane og Nordfjordeid med stor grad av sam-handling på tvers. Korte avstandar og bruk av video/digital samhandlinglegg til rette for dette. Vi er samde om å fordele sentrale strategiske funksjonar i den nye kom-munen på ein så balansert måte som råd etter følgjande prinsipp:

Ordførar og rådmann med stab, kultur- og nærings-/landbruksavdel-•ing blir lokalisert med Heradshuset på Sandane som base, og får sta-tus som kommunesenterSkule- og oppvekst, helse- og omsorgsadministrasjon og planavdel-•ing blir lokalisert med Eid Rådhus som base

Det er viktig å presisere at denne fordelinga gjeld dei administrative funk-sjonane på kvart område. Dei operative tenestene (skular, barnehagar, hei-mehjelp, kulturskule etc) skal skje desentralisert som i dag. Det skalleggast til rette for at spesialiserte fagfunksjonar (t.d. barnevern) kan haambulerande utefunksjonar.

Gloppen skal framleis kunne ha legevakt på kveld/natt/helg og KAD-sen-ger slik kommunen har det i dag.

Andre oppgåver og funksjonar i kommuneadministrasjonen blir fordeltetter nærare avtale, slik at det blir omlag same tal tilsette og god utnyt-ting av dagens kontorplassar i rådhusa utan å utløyse behov for nye ut-byggingar.

Vi skal legge til rette for stor grad av fleksibilitet i jobbkvardagen for til-sette som ynskjer det - men med samla fagmiljø under éi felles leiing påkvart fagområde slik at vi ikkje bygger opp ”parallelle organisasjonar” ikvart rådhus.

Både Heradshuset på Sandane og Rådhuset på Eid skal ha servicetorg ogplassering av publikumsretta tenester der folk lett kan kome i kontaktmed sakshandsamarar uansett om dei sit på Nordfjordeid eller Sandane(t d ved bruk av videomøte). Den nye kommunen skal vere langt frammenår det gjeld å utvikle og ta i bruk nye digitale løysingar i kontakt med inn-byggjarane, næringslivet og omverda.

4 . Prinsipp for politisk styringVi er samde om at den nye kommunen skal ha formannskapsmodellenetter kommunelova §8 som styringsform. Kommunestyret skal ha 37medlemmer. Formannskapet skal ha 11 medlemmer. Vi skal veksle på stadfor dei politiske møta (Rådhuset på Eid, Heradshuset på Sandane og even-tuelt andre stader).

Fellesnemnda tek avgjerd om struktur for råd og politiske utval i den nyekommunen.

5. Kommunenamn og kommunevåpenVi er samde om at kommunenamnet vert Nordfjord kommune. Den nye kommunen skal få nytt kommunevåpen. Kommunen skal ha nynorsk som offisiell målform.

6. Interkommunale selskap/samarbeidEid og Gloppen deltek i dag i mange interkommunale selskap og samar-beid som ikkje kan avviklast som følgje av ei samanslåing av kommunane.Ny kommunestruktur gjer det nødvendig å gå gjennom dagens samarbeid.

7. Samordning av planverkVi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nyekommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tidafram til den nye kommunen er formelt skipa. Kommunane skal samarbeide

om utarbeiding av planstrategiar for dagens kommunar for 2016-19, ogutarbeide ein felles planstrategi for den nye kommunen gjeldande etter2019.

Kommunane sine risikoanalysar og beredskapsplanar skal vere samordnaog reviderte ved etableringa av den nye kommunen.

8. ArbeidsgjevarpolitikkVi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samleog utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skapar gode re-lasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad avmedverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av dennye kommunen og etter at den er etablert.

Det betyr at: Tilsette sine noverande rettar vert akspterte i ein ny kommune i sas-•var med lov- og avtaleverkAlle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande•storleik og tidsperiode som dei har i noverande kommune. Dersomdet blir overtalige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna pas-sande arbeid

Det partsamansette utvalet (PSU, inndelingslova §26) skal lage eit om-stillingsdokument som:

Harmoniserer ulike reglement (tilsttingsreglement, pemisjonsregle-•ment m.m.)Inneheld ein felles lønspolitikk for alle tilsette•Har retningsliner for å harmonisere lønsskilnader over tid•

9. Samfunns- og næringsutviklingDen nye kommunen vil med 12.000 innbyggjarar bli eit regionalt tyngde-punkt i Nordfjord og eit tyngdepunkt i Sogn og Fjordane på line med Førdeog Sogndal/Leikanger. Eit viktig mål med samanslåinga er å nytte den nyeposisjonen til å sikre sterkare vekst i folketal og arbeidsplassar - minstpå line med snittet i landet.

a) SamferdsleDen nye kommunen vil arbeide for så rask realisering av bru Anda-Lotesom råd er. Framtidig realisering av brua er ein premiss for etablering avden nye kommunen. Vi føreset at fylke og stat vil samarbeide med den nyekommunen og næringslivet i regionen for å realisere bru Anda-Lote somferjeavløysingsprosjekt.

Den nye kommunen vil arbeide for å styrke Sandane Lufthamn som fly-plass for Nordfjord, og å vere ein god vertskapskommune for flyplassen.20-minuttsavgangar Lote-Anda frå 2018 og framtidig bru Anda-Lote villegge til rette for auka bruk av flyplassen i åra framover.

Innanfor fylkesvegar vil den nye kommunen prioritere Fv615 Sandane-Storebru på topp når det gjeld større investeringsprosjekt.

Den nye kommunen vil arbeide for opprusting av flaskehalsar på riksveg-strekninga Eid-Volda over Stigedalen, og stø opp under planane om fer-jeavløysing med bru over Voldsfjorden. Ferjesambandet Stårheim-Isane(Fv 614) må haldast oppe og utviklast vidare.

b) Statlege arbeidsplassarNordfjord har i dag eit sterkt underskot på statlege kompetansearbeids-plassar, og har blitt tappa for slike dei siste 10 åra. Den nye kommunen vilmed 12.000 innbyggjarar og eit omland på 40-50.000 vere ein like natur-leg stad for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar som Førde ogSogndal/Leikanger er i dag.

Page 6: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

6 Eid og Gloppen - INTENSJONSAVTALE

Den nye kommunen vil ta mål av seg til å få lokalisert minst éi større stat-leg etatseining til kommunen innan 2021, og ein samla vekst i statlege ar-beidsplassar på minst 50.

c) Vidaregåande skuleDen nye kommunen har i dag to vidaregåande skular - Firda og Eid - medomlag 700 elevar samla. Dei to skulane utfyller kvarandre godt, har mo-derne og tenlege fasilitetar utan større nye utbyggingsbehov og gjev tilsaman eit svært breitt og godt utdanningstilbod. Skulane har også fleirefylkesdekkande linjer. Det er også eit desentralisert høgskuletilbod i kom-munen (på Sandane).

Det er eit mål for den nye kommunen å skape eitt samla kompetansemiljømed koordinert leiing og felles fagmiljø innanfor vidaregåande skule somdel av eit samla skulefagleg miljø i den nye kommunen - med vidareutvik-ling og styrking av Sandane og Nordfjordeid som skulestader for vidare-gåande skule og nye tilbod innanfor desentralisert høgare utdanning.

Med det vil den nye kommunen ta ein posisjon som eitt av tre senter forutdanning i Sogn og Fjordane, på line med Førde og Sogndal.

d) Spesialisthelsetenester Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykiatrisenter og BUP Nordfjord er detstørste samla statlege kompetansemiljøet i Nordfjord med omlag 250 til-sette og eit breitt tilbod av spesialisthelsetenester. Den nye kommunenvil samarbeid nært med Helse Førde om å utvikle desse institusjonane vi-dare, også med etablering av nye tenester og meir aktivitet i samspel mel-lom helseføretak og kommunane i Nordfjord.

e) Miljø og klimaKommunen skal ha høge klimamål for sitt arbeid. I samarbeid med næ-ringslivet skal kommunen halde fram med å byggje opp sterke kompetan-semiljø på fornybar energi og grøn industri, og vere i framkant med å brukefornybar energi både til å dekke lokale energibehov og til ny næringsut-vikling. Fjordvarme-satsinga skal halde fram. Den høge gjenvinningsgra-den av avfallet i Nordfjord skal stimulerast vidare i samsvar med nasjonaleog internasjonale målsetjingar. Klima- og miljøspørsmål skal vere ei gjen-nomgåande satsing i skulen i den nye kommunen, heilt frå barneskule opptil vidaregåande skule.

f) Næringsutvikling Dagens to kommunar har eit sterkt og variert næringsliv, med stort utvik-lingspotensiale i den nye grøne økonomien som er i framvekst nasjonaltog internasjonalt. Den nye kommunen skal drive eit offensivt næringsut-viklingsarbeid i samspel med bedriftene.

Kommunane har i dag kvart sitt næringsapparat og organiserer nærings-utviklingsarbeidet på ulik måte. I den nye kommunen skal det etablerast

eit felles apparat for næringsutvikling - eventulet som del av eit felles næ-ringsutviklingsselskap for heile Nordfjord som er til stades i kvar kom-mune.

Tenester frå kommunen retta inn mot næringslivet skal ha høg kvalitet ogrask sakshandsaming. Kommunen skal ligge i forkant med areal og plan-verk som legg til rette for ny næringsaktivitet.

g) Landbruk og jordvernDen nye kommunen vil bli den største jordbrukskommunen i Sogn og Fjor-dane. Det skal etablerast eit sterkt felles landbruksfagleg miljø, og en nyekommunen skal ha ein streng praksis for å sikre jordvernet i kommunen.

h) Bustad- og tettstadsutviklingDen nye kommunen skal legge til rette for at tilflyttarar og andre har va-rierte tilbod når dei skal busetje seg. Alle bygdelag/krinsar bør ha tilgangtil tenlege bustadtomter, samtidig som kommunen fører ein ekspansiv bu-stadpolitikk i dei sentrumsnære områda. Det skal til ei kvar tid vere godtilgang til utleigebustader, gjerne i samarbeid mellom kommune og privateaktørar. Gjennom tilrettelegging for å kunne bygge hytter, rorbuer etckombinert med handheving av buplikt kan vi sikre at færre hus står tome,samtidig som kommunen er attraktiv for dei som ynskjer fritidsbustad.

Nordfjordeid og Sandane skal vere attraktive stader for lokalisering aveksisterande og nye funksjonar, der vi planmessig legg til rette for fortet-ting og gode sentrumsmiljø.

i) Integrering Den nye kommunen skal føre ein aktiv integreringspolitikk, som del av eisamla satsing på å legge til rette for tilflytting og folketalsvekst. Kommu-nen skal vere eit regionalt senter for framandspråkopplæring, og ein fø-regangskommune for vidaregåande opplæringstilbod for flyktningar.Kommunen som arbeidsgjevar skal vere aktiv i å legge til rette for språk-praksisplassar.

j) Kultur- og fritidstilbodDen nye kommunen vil vere eit kulturelt knutepunkt i fylket. Med Opera-huset Nordfjord og Trivselshagen kan ein tilby kulturtilbod på line medstore byar. Desse fasilitetane må utviklast vidare og samordnast i den nyekommunen. Den nye kommunen vil også ha eit stort mangfald av frivilligelag og organisasjonar, festivalar og arrangement, fasilitetar og anlegg foridrett.

Eit kultur- og idrettstilbod med særmerkt breidde og kvalitet skal vereeit trekkplaster for den nye kommunen. Gjennom å sjå og utvikle tilbodetsamla, og ha eit felles kompetansemiljø for å utvikle tilboda vidare, vil dennye kommunen stå fram som ein endå meir attraktiv stad for tilflytting ogbusetjing.

Foto: LMG Marin / Nordwest3D

Page 7: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

Eid og Gloppen 7

Alle som har røysterett i Eid og Gloppen ved kommunestyre- og fylkestingsvalet har røysterett ved den rådgjevandefolkerøystinga 30. mai;

Norske statsborgarar som: • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret • ikkje har mista røysteretten etter grunnlova § 53 • er, eller ein gong har vore, folkeregisterførde som busette i Noreg

Ikkje-norske statsborgarar dersom dei:

• har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller

• er statsborgar i eit nordisk land og er blitt folkeregisterførde som busette i Noreg seinast 31. januar i valåret

16- og 17- åringar:

• Alle som fyller 16 eller 17 år i løpet av 2016, og som elles oppfyller kriteria over, kan røyste ved den rådgjevande folkerøystinga 30. mai

Kan EG røyste?

Korleis kan EG få informasjon? For at alle skal ha høve til å setje seg inn isaka og dei to alternativa (ja eller nei tilsamanslåing) vil kommunane informere oginvolvere innbyggjarane på ulike måtar:

• Dokument med intensjonsavtale og bakgrunnsrapport for Eid og Gloppen ligg ope tilgjengeleg på kommunane sine heimesider• Denne brosjyra sendast ut til alle hus- standar i Eid og blir gjort tilgjengeleg digitalt• Det skal gjennomførast undervisnings- opplegg på Eid vidaregåande skule og 10. trinn på ungdomsskulen• Det skal haldast ope folkemøte, sjå s. 8• Lag og organisasjonar får tilbod om eige informasjonsopplegg, sjå s. 8

Å slå saman Eid og Gloppen til éin ny kommune ereit vedtak som påverkar framtida. Røysterettenved den rådgjevande folkerøystinga er difor utvidatil å omfatte også 16- og 17-åringar i begge kommunane (dei som fyller 16 eller 17 år i 2016).

Frå skulemusikalen Sweeney Todd (2016). Foto: Agnes Pavelich

Page 8: Eid og Gloppen: Ei framtid saman?

8 Eid og Gloppen

Bestill ein politikar!Vi oppmodar lag og organisasjonar som ønskjer informasjon om kommunesamanslåinga til å invitere ein politikar til eit møte.Ta kontakt med kommunen eller ordføraren direkte!

Folkemøte og innbyggjarhøyringDet vert gjennomført opne folkemøte i aprilpå ulike stadar i kommunen. Følg med påkunngjering i Fjordabladet og på kommunensi heimeside og facebookside.

I tillegg til den rådgjevande folkerøystingavert det gjennomført ei innbyggjarhøyring iEid kommune. Resultatet vert lagt framsamtidig med resultatet frå folkerøystinga.

Korleis kan EG påverke?Det er kommunestyra i Eid og Gloppen som skal avgjere omkommunane skal slå seg saman til éin kommune. Du kan på-verke denne avgjerda gjennom å bruke røysteretten din iden rådgjevande folkerøystinga 30. mai.

I tillegg kan du seie di meining og få utfyllande informasjonpå våre folkemøte i april. På folkemøte vil kommunen gje informasjon både om intensjonsavtalen og om alternativetmed å halde fram med dagens kommunestruktur.

Eid kommuneRådhusvegen 11 - 6770 NordfjordeidE-post: [email protected] - Telefon: 57 88 58 00eid.kommune.no - facebook.com/eidkommune

Foto: Svein Nesbakk