for 13 03 2014 - gloppen · side 1 gloppen kommune formannskapet hovudutskrift møtedato:...

69
Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14 Desse medlemmene møtte: Parti Anders Ryssdal Sp Ola Tarjei Kroken Ap Per Jarle Myklebust Sp Kristin Sandal Sp Anniken Rygg H Arnfinn Brekke Krf Ragnar Eimhjellen V Sjur Atle Austrheim Uavhengig Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnvor Sunde SD Edgar Kvernevik SD Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Anders Ryssdal 38/14 6, 2. ledd Ingen Møteleiar: Anders Ryssdal Frå adm. møtte: Rådmann Marit Elisabeth Larssen Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 21/14! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: - Edgar Kvernevik var ikkje til stades i sak 34/14 - Sak 39/14 vart teken opp i møtet, og møtet vart lukka i saka i medhald av § 31, nr 5 i kommunelova Anders Ryssdal

Upload: others

Post on 04-Mar-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 1

GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET

HOVUDUTSKRIFT

Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14 Desse medlemmene møtte: Parti Anders Ryssdal Sp Ola Tarjei Kroken Ap Per Jarle Myklebust Sp Kristin Sandal Sp Anniken Rygg H Arnfinn Brekke Krf Ragnar Eimhjellen V Sjur Atle Austrheim Uavhengig Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnvor Sunde SD Edgar Kvernevik SD Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Anders Ryssdal 38/14 6, 2. ledd Ingen Møteleiar: Anders Ryssdal Frå adm. møtte: Rådmann Marit Elisabeth Larssen Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 21/14! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: − Edgar Kvernevik var ikkje til stades i sak 34/14

− Sak 39/14 vart teken opp i møtet, og møtet vart lukka i saka i medhald av § 31, nr 5 i kommunelova

Anders Ryssdal

Page 2: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 2

SAKLISTE Sak nr. Sakstittel

020/14 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

021/14 Referat- og orienteringssaker

022/14 Notat om ressursar til og muleg organisering av næringssamarbeidet i Gloppen kommune

023/14 Rapport finansområdet dei 2 fyrste månadane i 2014

024/14 Finansiering av fjellsikring på Øyrane og Leirbrekka

025/14 Opprusting av Nordstrandsvegen - finansiering av ny vassleidning

026/14 Neselva II Kraftverk - uttale til konsesjonssøknad

027/14 Gjengedal kraftverk og 132kV kraftleidning frå Gjengedal til Storebru/Agledal - uttale til konsesjonssøknader

028/14 Klage på dispensasjon for frådeling av hyttetomt ved Breimsvatnet

029/14 Søknad om stønad frå kommunal næringsfond - Sogn og Fjordane bondelag

030/14 Breimsbygda skisenter as - tiltak for å betre den økonomiske situasjonen i selskapet

031/14 Midlar til nye kommunale bustader for vanskelegstilte

032/14 Søknad om utvida skjenkeløyve med tilvirkingsløyve - ny skjenkestyrar

033/14 Vurdering av tilbod frå Asplan Viak AS - kommunedelplan for ferjefri fjordkryssing ved Anda - Lote

034/14 Finansiering av kommundelplan for Byrkjelo og sentrumsanalyse for Sandane som tettstad

035/14 Overdraging av Rygg skule til Sørstranda Utviklingslag

036/14 Overdraging av slaktehuset på Øyrane til Sandane Småbåtlag

037/14 Veg til industriområde i Eidsmona - restfinansiering

038/14 Val av pensjonsordning m m for folkevalde (ordføraren)

039/14 Status rekruttering av rådmann

Page 3: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 13.03.2014 020/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 14/572-1

Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå formannskapet sitt møte den 6. februar i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber rådmannen om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 6. februar 2014 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 13. mars 2014. 13.03.2014 FORMANNSKAPET Møteprotokollen for møtet den 13. mars vart godkjent i møtet. 020/14 VEDTAK : 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 6. februar 2014 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 13. mars 2014 3. Formannskapet godkjenner møteprotokollen frå møtet den 13. mars 2014. Vedtaket var samrøystes.

Page 4: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 13.03.2014 021/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Marit Elisabeth Larssen

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 14/571

Referat- og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel

1 14/789 I 20.01.2014 Skatteoppkrevjaren i Gloppen

Skatterekneskapen for 2013

2 14/1824 I 10.02.2014 Gunnvor Sunde Skriftleg orsaking - oppfølging av formannskapet sitt vedtak i sak 010/14

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 13.03.2014 FORMANNSKAPET Orienteringar gitt i møtet: − Bano på Sandane med omvising og orientering − Sandane Småbåtlag om planane med Slaktehuset − SFE om utbygging av Gjengedal Kraft og 132 kv line Det blei orientert om/spurt etter følgjande saker i møtet: − Temagudsteneste. Invitasjon er send kommunestyret − Flymøte i Førde 07.03.2014. Anbod blir lagt ut og det er muleg å spele inn framlegg til

ruter for Sandane lufthamn, Anda − Spørsmål om kommunen sine fond. Fonda blir omtalt i rekneskapen, spesifisert på type

fond og kven som disponerer dei − Sak om planstrategi blir etterlyst. Saka er lovd framlagt i komande møte − Brev frå Gunnvor Sunde med orsaking er send ut til formannskapet. Formannskapet ser

saka som avslutta. 021/14 VEDTAK : Dei refererte sakene blei tatt til orientering. Vedtaket var samrøystes.

Page 5: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 5

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 022/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Marit Elisabeth Larssen

Objekt: Arkiv: 144 U

Arkivsaknr.: 12/1002-5

Notat om ressursar til og muleg organisering av næringssamarbeidet i Gloppen kommune Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Formannskapet har bedd om notat med vurdering av ressursar til og muleg samarbeid med lokalt næringsliv for å få til ei styrking av innsatsen i lokal næringsutvikling. I notatet vurderer eg ikkje landbruksnæringen. Status Gjennom fleire år betalte Gloppen kommune tilskot til Sandane Næringshage for bistand til såkalla 1. linearbeid i høve gründarar, etablerarar og andre som ønskte bistand til utvikling av forretningsidear mm. Sandane Næringshage, som var ein SIVA-næringshage, hadde tilgong til virkemiddelapparatet mellom anna hos Kunnskapspark, Innovasjon Norge. Då Sandane Næringshage avvikla sin aktivitet tok kommunen over dette arbeidet, og har vidareført det i regi av landbruks-/næringskontoret vårt. Det er etablert eit samarbeid mellom Gloppen kommune og Gloppen Næringsorganisasjon. Dette samarbeidet går i bølger. Det har vore søkt å gjennomføre regelmessige møte, men samarbeidet er prega av at vi stundom slit med å få gjennomført møta. GN er knytt tett på større saker og prosessar som kommunen gjennomfører (Reiselivsplan, Strategisk næringsplan, cruisekai er gode døme). Næringsarbeidet i kommunen Kommunen har alltid hatt høgt engasjement i møte med det etablerte næringslivet og har i stor grad ivaretatt dette arbeidet sjølv, også medan Sandane Næringshage var aktiv. For det etablerte næringslivet er det vel så viktig med nær kontakt og rettleiing frå andre fagmiljø enn det kommunale næringsapparatet. Dette gjeld til dømes byggesaker, plan- og reguleringssaker, tilgong til kommunal infrastruktur (veg, vatn, rensing/avløp) og liknande. Soleis er det ein viktig føresetnad for det kommunale næringsarbeidet at ein administrativt evner å setje rett kompetanse på ei sak. Erfaringa er at det etablerte næringslivet venter effektiv sakshandsaming, medan gründaren/etableraren i større grad treng retttleiing og vegvisaren i høve virkemiddelapparatet, eit arbeid som tek tid då vi skal vere med i modningsprosessen til etableraren. Gloppen kommune er ikkje etablert i eitt fast interkommunalt samarbeid. Vurderingane har vore at samarbeid gjennomførast frå sak til sak, samstundes som det pågår eit arbeid med å vurdere aktuelle samarbeidspartar.

Page 6: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 6

Ressursar til næringsutvikling og muleg lokalt samarbeid. Ideen om å etablere eit lokalt samarbeid med tanke på å auke innsatsen til næringsarbeidet er ikkje ny. Den låg i si tid bak etableringa av Sandane Næringshage. Erfaringa er imidlertid at det har vore vanskeleg å få til eit varig økonomisk engasjement, og det var til slutt gjorde at næringshagen avvikla si verksemd. Kommunen var inne i dette samarbeidet med ei årleg bevilgning på kr 250.000,- . Frå 2013 skulle den auke til kr 300.000,-. Lokalt næringsliv bidrog ikkje. Det kan vere ulike årsaker til det, og eg skal ikkje spekulere i dei. Tar ein utgangspunkt i kommunen sitt økonomiske engasjement og tenkjer at det skal vidareførast ligg det klar ein pott på kr 250.000/300.000 som bidrag til å styrke ressursinnsatsen. Det kan tenkast fleire alternativ til organisering for å auke innsatsen. Eg presenterer 2 av dei:

1. Etablering av eit samarbeid med lokalt næringsliv, der dei bidreg til finansiering og til å bygge opp ein organisatorisk struktur rundt samarbeidet

2. Kommunal stilling som næringsrådgivar knytt til vår næringskontor (landbruk/næring) Punkt 1 – samarbeid med lokalt næringsliv Eit samarbeid med lokalt næringsliv må klargjere:

• Vil næringslivet vere med på spleiselaget • Kostnader • Organisering av arbeidet (aksjeselskapsform, SA, bruk av GN (døme: opprette stilling

som dagleg leiar for organisasjonen), og styringsform • Stillingsstorleik • Arbeidsoppgåver • Lokalisering, kvar skal vedkomande ha kontor • Fast etablering eller prosjektstilling

Skal dette lukkast er det ein føresetnad at det er aktørar med økonomiske musklar som involverer seg, då det vil kreve økonomisk engasjement over tid. Sandane Næringshage lever som aksjeselskap, og det vil vere naturleg å involvere eigar i desse drøftingar saman med andre større aktørar i Gloppen. Punkt 2 – stilling i kommunen som næringsrådgivar Dette alternativet inneber at det blir oppretta ny stilling i kommunen, som næringsrådgivar. Stillinga bør vere 100 % viss kommunen skal vere sikker på å lukkast med rekrutteringa. Ønskjeleg arbeidsoppgåvar, i relasjon til det som er nemnd over når det gjeld næringsarbeid i kommunen:

• Informasjon og profilering av Gloppen kommune, i media, på næringslivsmesser og liknande

• Aktiv utadretta arbeid mot bedrifter som ikkje er etablert i Gloppen, «bedriftsrekrutterer»

• Bindeleddet mellom etablert næringsliv og øvrige fagmiljø i kommunen som arbeider med næringssaker

• Nettverksarbeid, utvikling av faglege nettverk knytt til næringsarbeid (kommunalt, interkommunalt)

• Delta i kommunen sitt tverrfaglege planarbeid/-miljø Økonomiske føresetnader

Page 7: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 7

Det er midlar til finansiering av ca 45 % stilling, med utgangspunk i ei kommunal bevilgning på kr 300.000,-. Føreset ein kommunal medverknad i eit etablert samarbeid vil eg tru at kommunen bør bidra med ca 50 %, dvs kr 325.000,- medan næringslivet bidreg med resten. I tillegg til lønn kjem drift (kontorhald, reise, konferansar/messer) ca kr 100.000,- (som er eit anslag). Partane må dermed rekne ca kr 375.000,- som utgift basert på fordeling 50/50. Viss kommunen sjølv går inn i dette, må kommunen dekke alle utgiftene, kr 750.000,-. Konklusjon Eg vil rå formannskapet til å gå vidare med ein modell som skissert i punkt 1 over. Det bør utforskast om det er muleg å få til eit samarbeid med lokalt næringsliv om etablering av ein felles ressurs til næringsarbeid og –utvikling. Steg 1 må vere å avklare interessa. Viss den ikkje er tilstades er saka ferdig og kommunen må ta stilling til om det skal opprettast ny stilling som næringsrådgivar. I dei innleiande samtalane om eit samarbeid bør eigar av Sandane Næringshage vere med i tillegg til GN og eit knippe av dei større, etablerte næringsaktørane i kommunen. Spørsmåla som må avklarast er dei som er gjort greie for under punkt 1. Det bør vere eit siktemål at dei naudsynte avklaringane er gjort innan utgangen av august 2014. Viss det syner seg at det ikkje er aktuelt å gå vidare med denne modellen, kan kommunen ta stilling til oppretting av heil stilling i samband med økonomiplanarbeidet 2015 – 2018. Rådmannen blir oppmoda om å initiere dette arbeide, slik at det kjem i gong i løpet av våren og tidsplanen kan halde.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet tar orienteringa til vitande. 13.03.2014 FORMANNSKAPET Rådmannen endra si tilråding:

Når det gjeld muleg organisering av næringsarbeidet/næringssamarbeidet i kommunen ønskjer formannskapet å arbeide vidare med saka i nært samarbeid med GN, Firda vgs og lokale næringslivsaktørar, og ber om at det blir tatt initiativ til eit snarleg møte.

022/14 VEDTAK : Når det gjeld muleg organisering av næringsarbeidet/næringssamarbeidet i kommunen ønskjer formannskapet å arbeide vidare med saka i nært samarbeid med GN, Firda vgs og lokale næringslivsaktørar, og ber om at det blir tatt initiativ til eit snarleg møte. Vedtaket var samrøystes.

Page 8: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 8

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 023/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: John Morten Selsvik

Objekt: Arkiv: 212

Arkivsaknr.: 14/620-1

Rapport finansområdet dei 2 fyrste månadane i 2014 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Orientering om status for den økonomiske drifta i Gloppen kommune dei 2 fyrste månadane i 2014. Saksutgreiing: Denne saka har fokus på makroøkonomien i Gloppen kommune. Tyngda av utgiftene er lønn, difor er det essensielt at desse utgiftene er under kontroll. Ei overskriding på berre 1% vil utgjere nær 3 mill kr. på årsbasis. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Saka er ei kortfatta analyse av drifta januar og februar i 2014 og har ikkje økonomiske konsekvensar i seg sjølv. Rådmannen si vurdering: Rådmannen vel å kommentere fylgjande utvalde områder. - Låneporteføljen - Skatteinngangen - Statlege overføringar/rammetilskot - Lønnsstatistikken Låneporteføljen

Totaloversikt alle låna til Gloppen kommune utan startlån 31.12.2013 28.02.2014 30.08.2014 Mill NOK % Mill NOK %

Lån med NIBOR/Pt rente 168 53 % 168 53 % Lån med fast rente 151 47 % 151 47 %

Samla langsiktig gjeld 319 100 % 319 100 % Effektiv rentekostnad sidan 31.12.2013 (kr tusen / %)

Tal løpande lån 14 14 Største enkeltlån 108 108

Page 9: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 9

Tabellen syner alle låna til Gloppen kommune pr. 31. desember 2013. Samla lånegjeld er no 319 millionar. Husbanklåna / formidlingslåna er ikkje teke med. Utviklinga av gjeldsporteføljen er i rute med budsjettet for 2014. Lån til investeringar i 2014 og tilleggsløyvingane frå 2013 er ikkje teke opp pr. 28. februar 2014, og er dermed ikkje med i tabellen. Låneopptaket for 2014 er vedtatt i økonomiplanen til kr 45 390 000,- Tilleggsløyvinga (låneopptak) frå 2013 er 3 400 000,- Avdragsbetalinga og rentekostnader er ikkje teke med i tabellen for dei to fyrste månadane. Oppdaterte tal på avdragsbetalinga og rentekostnadane kjem på 1. tertial 2014. Andelen fastrente skal, i henhold til finansreglementet, liggje på 50% av låneporteføljen. Vi ligg i dag på 47%. Låneopptaket i 2014 vil verte teke opp med fastrente. Då vil ein komme litt over 50%, men vi har enkeltlån med fastrenteavtale som går ut og vil dempe effekten. Skatteinngangen 2014 Månad Budsjett 2014

Akkumulert Budsjett per

månad Budsjettert betalings -

inngang i % akkumulert

Faktisk inngang

Faktisk inngang akkumulert

Budsjettoppnåelse i %

Avvik i høve til budsjett

akkumulert

januar 14 796 000 14 796 000 12 15 359 981 15 359 981 12,46 % 563 981

februar 16 029 000 1 233 000 13 1 050 134 16 410 115 13,31 % 381 115

mars 36 990 000 20 961 000 30 16 410 115 13,31 % -20 579 885

april 38 223 000 1 233 000 31 16 410 115 13,31 % -21 812 885

mai 61 033 500 22 810 500 50 16 410 115 13,31 % -44 623 385

juni 61 650 000 616 500 50 16 410 115 13,31 % -45 239 885

juli 75 213 000 13 563 000 61 16 410 115 13,31 % -58 802 885

august 76 446 000 1 233 000 62 16 410 115 13,31 % -60 035 885

september 98 640 000 22 194 000 80 16 410 115 13,31 % -82 229 885

oktober 99 873 000 1 233 000 81 16 410 115 13,31 % -83 462 885

november 122 067 000 22 194 000 99 16 410 115 13,31 % -105 656 885

desember 123 300 000 1 233 000 100 16 410 115 13,31 % -106 889 885

Tabellen viser skatteinngangen for dei 2 fyrste månadane i 2014. Skatteinngangen har vore om lag på prognosen/positiv fram til og med februar. Skatteinngangen for februar månad vart knapt kr. 200 000,- lågare enn budsjettert. Likevel, til og med februar ligg vi inne med ei meirinntekt ift. budsjett på vel kr. 380 000,- Statlege overføringar/rammetilskot Statlege overføringar herunder rammetilskot, vertskommunetilskot, og andre statstilskot er komen inn som budsjettert pr. januar og februar 2014. Lønnsstatistikken

Page 10: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 10

2014 Månad

Budsjett 2014

Akkumulert

Budsjett per månad

Budsjettert betalings -

inngang i % akkumulert

Samla lønnsutgift

Faktisk utgift

akkumulert

Sjukeløn refusjon

akumulert

Sjukeløn refusjon pr.

mnd

Budsjett oppnåelse i % korrigert for refusjon

Avvik i høve til budsjett akkumulert

januar 26 799 553 26 799 553 8,98 % 27 242 158 27 242 158 -2 027 917 -2 027 917 8,45 % -1 585 312

februar 54 792 850 27 993 297 18,36 % 28 081 228 55 323 386 -2 682 545 -654 628 17,64 % -2 152 009

mars 81 592 402 26 799 553 27,34 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -28 951 561

april 108 391 955 26 799 553 36,32 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -55 751 114

mai 135 191 508 26 799 553 45,30 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -82 550 667

juni 137 399 934 2 208 426 46,04 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -84 759 093

juli 164 199 487 26 799 553 55,02 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -111 558 646

august 190 999 040 26 799 553 64 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -138 358 199

september

217 798 593 26 799 553 72,98 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -165 157 752

oktober 244 598 146 26 799 553 81,96 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -191 957 305

november

271 397 698 26 799 553 90,94 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -218 756 857

desember

298 436 000 27 038 302 100 % 55 323 386 -2 682 545 17,64 % -245 795 159

Lønnsstatistikken til og med februar er oppdatert inkludert sjukelønnsrefusjon for februar. Statistikken viser eit mindreforbruk tom februar på 2,152 mill., etter fråtrekk frå sjukelønnsrefusjon tom februar. Normalt er sjukelønnsrefusjon på om lag 1mill kvar månad. For januar er sjukelønnsrefusjonen over 2 mill. Dette har med periodisering ved årsskifte å gjere, slik at vi har fått meir i januar 2014 enn vanleg. Dette er det store biletet som syner samla lønnsutgifter for kommunen. Avvik i den enkelte sektor framgår av tabellen under. Sektorvis avviksstatistikk. Avviksoversyn Avvik Avvik

Lønn - Gloppen kommune Jan Feb

Formannskapet 60 72

Oppvekstutvalet -562 -792

Helse- og omsorgsutvalet -709 -1 952

Teknisk,landbruks utvalet -215 791

Kulturutvalet -160 -270

Avvik -1 586 -2 151

- Formannskapet har eit meirforbruk på 72 tusen. - Oppvekstutvalet har ei innsparing på 792 tusen. - Helse og omsorg har ei innsparing på 1 952 tusen. - Teknisk og landbruksutvalet har eit meirforbruk på 791 tusen der brorparten skriv seg frå

utbetaling av brannvernlønn som vert gjort i februar og gjeld heile året. - Kulturutvalet har ei innsparing på 270 tusen. Dei to fyrste månadane er det noko avvik i høve budsjettet når vi ser den enkelte sektor. Det meste av avvika kjem frå den omtal sjukelønnsrefusjonen. Noko av avvika kjem frå budsjettendringar som ikkje er oppdatert i rekneskapen enda. Avviksforklaringa på Teknisk, landbruks utvalet kjem frå brannvernløna der det allt vesentlege av utlønning vert gjort i februar.

Page 11: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 11

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Kommunestyret tek rapporten til vitande, men legg samstundes til grunn at

administrasjonen har merksemd på utviklinga av drifts- og lønnsutgiftene for resten av 2014.

2. Rådmannen informerer formannskapet regelmessig om utviklinga framover. 13.03.2014 FORMANNSKAPET Framlegg frå Anniken Rygg (H):

Omgrepet administrasjonen blir bytta ut med rådmannen.

Framlegget vart samrøystes vedteke. 023/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding, med endringsframlegget frå Anniken Rygg, vart samrøystes innstilt.

Page 12: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 12

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Teknisk og landbruksutvalet 11.03.2014 013/14 Formannskapet 13.03.2014 024/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jostein Moldestad

Objekt: Arkiv: &58

Arkivsaknr.: 13/1606-5

Finansiering av fjellsikring på Øyrane og Leirbrekka Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Hausten 2013 vart vi oppmerksam på nedfall av steinar frå fjellet bak eigedomen til Geir Håvik på Øyrane. Kommunen er grunneigar til fjellpartiet steinen losnar frå. Rådmannen ser på dette som ei kommunal sak å sikre eigedomen for steinsprang frå fjellsida. I tillegg er eit mindre område ved tomta til Per Inge Hole i Leirbrekka vurdert som rasfarleg. Saksutgreiing: Huset på Øyrane vart bygt i 1976 og den gongen var fare for steinsprang frå fjellsida ikkje omtala i sakshandsaminga av byggesøknaden. Dette har endra seg og huseigar opplever stadig at det raser ut småstein som dett ned på plenen bak huset. I den seinare tid har relativt store steinar ramla ned på plenen og med små barn som leikar rundt huset er familien skeptisk til å opphalde seg bak huset. Vi har hatt folk frå firmaet Mesta Drift AS Fjellsikring på synfaring og fått ei kostnadsvurdering frå dei på arbeidet med å sikre fjellsida for steinsprang. Kostnaden kjem på ca kr 300 000,-. Firmaet opplyser at det ikkje er planen å ta ned steinblokker, p.g.a fare for å skade husa, men å sikre fjellsida med sikringsnett og bolting. På oppsida av fjellsida i bustadfeltet Leirbrekka, nedanfor eigedomen til Per Inge Hole, vart det for nokre år sidan påvist eit område som bør sikrast for utgliding av steinblokker. Kostnaden med å sikre dette området vart kalkulert til kr. 50 000,-. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det er i budsjettet for 2014 ikkje sett av midlar til dette sikringsarbeidet. Rådmannen si vurdering: Det er kommunen som eig arealet det gjeld og det må til ei sikring av fjellsida på begge områda. Fare for steinsprang og ras ved byggesøknader er noko kommunen må vurdere nøye i framtidige byggesøknader.

Page 13: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 13

I denne konkrete saka meiner rådmannen kommunen må ta kostnaden med sikringsarbeidet og tilrår at kostnaden vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret godkjenner at arbeidet med sikring av den rasfarlege fjellsida på Øyrane og i Leirbrekka vert utført. Kostnaden på kr 350 000,- vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre naudsynte budsjettjusteringar. 11.03.2014 TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET 013/14 VEDTAK : Teknisk og landbruksutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 13.03.2014 FORMANNSKAPET 024/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 14: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 14

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Teknisk og landbruksutvalet 11.03.2014 011/14 Formannskapet 13.03.2014 025/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jostein Moldestad

Objekt: Arkiv: Q13 &40

Arkivsaknr.: 09/152-29

Opprusting av Nordstrandsvegen - finansiering av ny vassleidning Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Kommunestyret vedtok den 30.09.13, sak 047/13, finansiering av opprusting av Nordstrandsvegen inkl. ny vassleidning med atterhald om at kostnaden skulle innarbeidast i investeringsbudsjettet for 2014. I budsjettbehandlinga vart dette utegløymt og det må no gjerast ei tilleggsløyving på kr 3 428 000,-. Saksutgreiing: Planen er å skifte ut vassleidninga frå Flølokrysset og ca 300 m vestover. Det er ei 160 mm støypejarnsleidning som er ca 60 år gamal. Vi har hatt ein del lekksjar på denne vassleidninga og vi ønskjer å nytte høve til å legge ny leidning i samband med opprustinga av vegen. Entreprenøren, Veidekke industri AS, planlegg å starte anleggsarbeidet no til våren. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Investeringa vert lånefinansiert og kapitalkostnadane vert ein del av gebyrgrunnlaget på det årlege vassgebyret og såleis betalt av abonnentane. Det vil utgjere ca kr 110,- i årleg gebyrauke pr abonnent. Rådmannen si vurdering: Eg viser til k.sak 047/13 og må konstatere at finansieringa av vassleidninga ikkje kom med i investeringsbudsjettet for 2014. Kommunestyret har i denne saka godkjent tilbodet på at arbeidet skal gjennomførast. Det er viktig å få skifta ut den gamle vassleidninga no når Nordstrandsvegen skal opprustast, for å unngå å måtte grave i vegen på mange år. Det må vedtakast ei tilleggsløyving for å få finansiert vassleidninga og eg ber om fullmakt til å ta opp eit lån på kr 3,4 mill.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret vedtek ei tilleggsløyving på investeringsbudsjettet for 2014 på kr 3,4 mill for å finansiere ny vassleidning i samband med opprusting av Nordstrandsvegen. Rådmannen får fullmakt til å lånefinansiere tiltaket.

Page 15: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 15

11.03.2014 TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET 011/14 VEDTAK : Teknisk og landbruksutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 13.03.2014 FORMANNSKAPET 025/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 16: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 16

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kultur- og miljøutvalet 11.03.2014 008/14 Formannskapet 13.03.2014 026/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Bjørn Aurlien

Objekt: Arkiv: S11

Arkivsaknr.: 14/182-2

Neselva II Kraftverk - uttale til konsesjonssøknad

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 215519 Neselva II kart 215520 Neselva II, kapittel 3 Bakgrunn for saka: NVE har lagt konsesjonssøknad frå Kleivafossen Kraft AS ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 02.05.2014 Saksutgreiing: Grunneigarane på Nes/Ytre Kandal bygde i 2004/2005 kraftverk i Neselva (konsesjon gitt i 2002) Det låg alt då føre planar om ei større utbygging, men mellom anna på grunn av nettkapasitet i området vart denne delt i to byggesteg. Nettet vart forsterka i samband med bygging av byggesteg 1, og har nå kapasitet til også å ta i mot kraftproduksjonen frå byggesteg 2. Neselva II utnyttar fallet frå inntak på kote 380 til kraftstasjon på kote 200. Inntaket er tenkt bygd med ein 1 meter høg betongterskel på fjell tvers over elva med lengde om lag 15m. Elva blir leia inn i ein 7m brei og 30m lang inntakskanal med inntakskonstruksjonar i enden. Her vil også bli lagt inn nedgravd røyr frå kanalen til elva nedstrøms terskelen for minstevassføring. Frå inntaket blir vatnet ført gjennom eit 820m langt nedgravd røyr med diameter 1,0m. I øvre del følgjer røyret eksisterande støylsveg i utsprengt fjellgrøft. Lengre nede går røyrtraseen gjennom eit større granfelt og inn på beite/dyrka mark, og her vil det i hovudsak ligge i lausmassegrøft. Røyret er planlagt med minimum 1 meter overdekning, og veksttorva skal takast til side og nyttast som topplag for å oppnå rask revegetering. Kraftstasjonen er plassert på innmark på kote 200, og avløpet blir ført i ein 100m lang nedgravd betongkulvert til inntaksbassenget for Neselva I på kote 195. Installert effekt er 5,3MW og det er stipulert ein årsproduksjon på 20,55GWh fordelt med 5,86GWh i perioden 1/10-30/4 og 14,7GWh i sommarhalvåret. Slukeevnen ligg mellom 0,15 og 3,6m3/s. Det er lagt opp til minstevassføring på 0,2m3/s i sommarhalvåret og 0,1m3/s i vinterhalvåret.

Page 17: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 17

Det er skissert utbetring av 200m jordbruksveg over dyrka mark fram til kraftstasjonen. 23kV jordkabel for tilknyting til eksisterande nett vil følgje denne traseen og halde fram om lag 250 meter ned til kraftlinja ved fylkesvegen. Det er ikkje behov for massedeponi eller uttak av masser i samband med tiltaket. Kapittel 3 i konsesjonssøknaden med oppsummering av søkjar si vurdering av verknader for miljø, naturressursar og samfunn er vedlagt. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Utbyggingskostnadene er kalkulert til 43mill. som gir ein utbyggingspris på 2,10 kr/kWh. Tiltaket er forutsett å styrkje det lokale næringsgrunnlaget og bidra til å oppretthalde busetting og lokal aktivitet. Det er skissert skatteinntekter til det offentlege på 1,8millionar kroner etter nokre år. Kor stor andel av dette som vil vere kommunale inntekter, er ikkje sagt noko om i søknaden. Rådmannen si vurdering: Kommunestyret har vedteke følgjande retningsliner for kommunen si behandling av søknader om småkraftverk:

Gloppen kommunestyre er positive til at det kan byggast ut småkraftverk i kommunen. Før kommunestyret tek avgjer til den einskilde søknad skal kommunestyret vurdere: - Visuelt inntrykk etter utbygging - Innverknad på det tradisjonelle landbruket (resipient, flaum m m) - Tilhøvet til anna næring (t. d turistnæring, utmarksnæring) - Naturinngrep ved utbygging - Den samla utbygging i området - Kraftlineføring - Kor stor del av vassdraget som er tenkt utnytta - Økonomi - Eigarskap Det vil normalt ikkje bli tilrådd utbygging i område som det allereie er lagt vernerestriksjonar på.

1. Visuelt inntrykk etter utbygging

Dette vil dreie seg om relativt beskjedne inntakskonstruksjonar, ein kraftstasjonsbygning i tradisjonell byggestil, terrenginngrep i rørtraseen som vil vere mest synlege i anleggsperioden og nokre år framover, og redusert vassføring i elva. Terskel, inntakskanal og øvrige inntakskonstruksjonar vil bli godt synlege frå støylsvegen. Herifrå går elva først parallelt med og nokså nær vegen, og berre nokre meter lågare. To mindre fossar ligg på denne strekninga og vil i periodar få redusert opplevingsverdi. Etter kvart går vegen meir vekk frå elva og elva blir ganske djupt nedskore i terrenget ned mot granfeltet. Dei som ser inngrep og redusert vassføring i dette området vil stort sett observere det i forbifarten frå bil på veg til eller frå Nesstøylen. Gjennom granfeltet er elva lite synleg anna enn for spesielt interesserte, men dette kan sjølvsagt endre seg dersom skogen blir hogd ut. Slik rådmannen ser det vil ikkje endra visuelt inntrykk vere ein avgjerande faktor i denne saka.

2. Innverknad på det tradisjonelle landbruket (resipient, flaum m.m.) Utbygginga vil i liten grad ha innverknad på det tradisjonelle landbruket. Det er omtalt opprusting av ein landbruksveg fram til kraftstasjonen. Denne landbruksvegen er vanskeleg å få auge på ved synfaring i området, og den aktuelle vegtraseen framstår som

Page 18: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 18

dyrka mark som må omdisponerast. Rådmannen ser det som ein fordel dersom permanenet tilkomst til kraftstasjon kan løysast utan omdisponering av dyrka mark, med tanke på at dyrka mark er ein ganske marginal ressurs i Kandal.

3. Tilhøve til anna næring (turisme, utmarksnæring) Nesstøylen er ein av innfallsportane til Naustdal/Gjengedal landskapsvernområde. Det er vanskeleg å sjå for seg at tiltaket skulle kunne ha negativ innverknad på turisme eller anna næring knytt til utmark generelt eller spesielt til verneområdet. Auka økonomisk handlefridom for grunneigarane kan sjølvsagt også føre til auka satsing på alternativ næring i bygda, men det er ikkje kjent noko konkret initiativ for dette.

4. Naturinngrep I tillegg til det som er omtalt under pkt. 1 kan nemnast: Frå inntaket følgjer røyrgata først støylsvegen før den i eit parti ned mot granfeltet og vidare gjennom øvste delen av dette er skissert på nedsida av vegen. I ein del av dette området går det ein svært bratt naturleg skråning frå støylsvegen ned mot elva, og det er vanskeleg å sjå korleis ein reint praktisk har tenkt å løyse plasseringa av eit røyr med ein meter diameter og ein meter overdekning av lausmasse i dette terrenget. Desse utfordringane kan føre til naturinngrep i dette området som er vesentleg meir omfattande enn ein får inntrykk av ved gjennomlesing av søknaden. På den andre sida er det ikkje registrert særleg verdifull natur her, og naturinngrepet vil bli synleg i eit svært avgrensa område. Rådmannen tek det også for gitt at ein eventuell konsesjon blir følgt opp med særlege krav til utførelsen i dette området.

5. Samla utbygging i området NVE har sendt på høyring 7 småkraftsaker i Gloppen og Jølster samtidig og ber spesielt om at samla belastning av utbyggingane blir vurdert. Dei seks andre kraftverka er i Jølster kommune. Rådmannen meiner desse kraftverka verkar inn på heilt andre landskapsrom, og at det er lite relevant å sette denne saka opp mot dei andre. Frå før er her i nærområdet etablert følgjande kraftverk: -Neselva I -Kandal (indre Kandal) -Årdal Nedre -Årdal Øvre Kommunestyret har ikkje gitt nærare kriterier for kva som skal ligge i ei vurdering av samla belastning. Slik rådmannen ser det vil belastninga på grunn av utbygginga vere marginal, noko som reelt sett også fører til marginal endring av samla belastning.

6. Kraftlinjeføring Kabel frå kraftverket til eksisterande høgspentline blir lagt i jord, og vil etter revegetering av kabeltraseen ikkje innebere ei synleg endring i landskapet.

7. Kor stor del av vassdraget som er tenkt utnytta Det er planlagt minstevassføring på 100 liter/s om vinteren og 200 l/s om sommaren. Alminneleg lågvassføring er 140 l/s. På grunn av at kraftverket si minste slukeevne er 150 l/s vil kraftverket vere ute av drift og alt vatn renne i elva når vassføringa er under 350 l/s i sommarhalvåret og 250 l/s i vinterhalvåret. Ut frå utredningane som ligg ved konsesjonssøknaden og elva si lite profilerte plassering i landskapet, meiner rådmannen dette er ei grei avveging mellom utbyggings- og miljøinteresser.

Page 19: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 19

8. Økonomi Utbyggingspris på 2,10 kr/kWh skal normalt gi god økonomi i prosjektet.

9. Eigarskap Kleivafossen Kraft er eit aksjeselskap under stifting som er eigd av dei seks grunneigarane på gnr. 124 Ytre Kandal og gnr. 125 Nes

Det er ingen vernerestriksjonar på det aktuelle vassdraget. Oppsummering: Rådmannen meiner utbygging av Neselva II er lite problematisk i forhold til dei kriterier kommunestyret har vedteke skal leggjast til grunn for kraftutbyggingssaker.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre har ikkje vesentlege innvendingar mot at det blir gitt konsesjon til Kleivafossen Kraft AS for bygging av Neselva II kraftverk. Kommunestyret oppmodar om at det blir vurdert løysingar som inneber redusert omdisponering av dyrka mark når det gjeld veg til kraftstasjonen, og oppmodar også om at eit parti med krevjande terreng i røyrgatetraseen mellom inntaket og granfeltet blir via særskilt merksemd i samband med detaljprosjektering og opparbeiding for å avgrense terrenginngrepa. 11.03.2014 KULTUR - OG MILJØUTVALET 008/14 VEDTAK : Kultur- og miljøutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 13.03.2014 FORMANNSKAPET 026/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 20: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 20

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kultur- og miljøutvalet 11.03.2014 007/14 Formannskapet 13.03.2014 027/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Bjørn Aurlien

Objekt: Arkiv: S10

Arkivsaknr.: 12/684-9

Gjengedal kraftverk og 132kV kraftleidning frå Gjengedal til Storebru/Agledal - uttale til konsesjonssøknader Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 214423 Oversiktskart trasear 216706 Kart Gjengedal kraftverk Bakgrunn for saka: NVE har lagt søknad frå SFE Produksjon AS om konsesjon for utbygging av Gjengedal kraftverk ut til offentleg gjennomsyn. NVE har samtidig lagt søknad frå SFE Nett AS om konsesjon for utbygging av 132kV kraftleidning frå Gjengedal kraftverk til Storebru/Agledal ut til offentleg gjennomsyn Saksutgreiing: Kraftutbygginga: Gjengedal Kraftverk skal utnytte fallet frå inntak i Dalevatnet på kote 477 til kraftstasjon i fjell og utløp nedom Gjengedalsfossen på kote 151. Det er konsesjonssøkt to hovudalternativ. Alternativ 1 inneheld ei regulering av Storevatnet innafor naturleg vasstandsvariasjon på 0,7m, medan Storevatnet er uregulert i alternativ 2. I alt. 1 blir det då bygd ein 45m lang overløpsterskel i betong ved utløpet av Storevatnet. Ved damstaden er det store steinar i elveleiet og lausmassedekke er antatt å variere mellom 0 og 1 meter. Elles er utbyggingsalternativa like. Inntaket vil bli utforma som overflateinntak i ei bukt vest i Dalevatnet. Nøyaktig plassering vil bli bestemt etter grunnundersøking. Her blir bygd eit lukehus med inntaksluker og varegrind. Herifrå vil det gå ei lukesjakt ned på inntakstunnelen. Det blir bygd ein 70m lang overløpsterskel i betong ved utløpet av Dalevatnet. Ved damstaden er det store steinar i elveleiet og lausmassedekke er antatt å variere mellom 0 og 1,5 meter. Frå inntaket blir vatnet ført gjennom ein 5km langt tunnel med ca. 5 meter diameter fram til kraftstasjonen. Om lag halvveis mellom inntak og kraftstasjon er det planlagt ei om lag 85 meter lang sjakt med diameter 1,3 meter for å pumpe vatn frå Støylselva inn på tunnelen. I Støylselva blir det etablert ein terskel i betong om lag på kote 445, og inntakskonstruksjon med varegrind og stengemoglegheit. Her vil det også bli ein 500 meter lang tverrslagstunnel med påhogg om lag 600 meter nordaust for tunet på Dalheim.

Page 21: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 21

Det er planlagt minstevassføring tilsvarande 5-persentil med unntak av sommarvassføringa over terskelen i Dalevatnet som er sett med minstevassføring på 1,0m3/s. Denne skal likevel justerast slik at ein til ei kvar tid oppnår minstevassføringa på toppen av Gjengedalsfossen. Minstevassføringa vil då vere:

Kraftstasjonen er plassert i fjell, og utsprengt volum er berekna til 11500 m³. 50m oppstrøms kraftstasjonen skal det etablerast ein betongpropp med overgang frå tunnel til stålrøyr. Kraftstasjonen ligg om lag på kote 155, og vil få to like store turbinar. Aggregata vil få ei samla yting på 51 MW / 60 MVA. Transformatorane vil få ei samla yting på 60 MVA, og ei omsetting frå 13,8 kV til 132 kV. Gjengedal kraftverk er dimensjonert med slukeevne 18,4 m³/s, tilsvarande ca. 250 % av middelvassføringa (inkl. overføring av Støylselva). Minste slukeevne vil vere 0,5 m³/s. I kraftstasjonen skal det installerast ein omløpsventil for å sikre strekninga nedstraums utløpet mot tørrfall. Kraftstasjonen vil bli bygd frå riggområde ved påhogg for tilkomsttunnel. Frå kraftstasjonen vil det bli etablert ein ca. 800 m lang utløpstunnel som leiar vatnet ut i ein høl nedstraums Gjengedalsfossen på kote 151. Det kan vere aktuelt å etablere gyteplassar for laks og sjøaure i avløpskanalen. Det er skissert to alternativ for tilkomsttunnel til kraftstasjonen. For alternativ A vil påhogget bli etablert nord for (på oppsida av) eksisterande veg til Gjengedal på kote 198, om lag 400 meter før vegen passerer første gardstunet. Herfrå blir tunnelen driven på synk til kraftstasjonen på kote 155. Tilkomsttunnelen blir 842 m lang. Masse frå tilkomsttunnelen er tenkt deponert i dette området, og vegen vil bli flytta litt ned på fyllinga. Det er i tillegg tenkt opparbeidd parkeringsplass og utsiktspunkt. Alternativ A er prioritert alternativ frå tiltakshavar si side. For alternativ B vil påhogget bli etablert sør for eksisterande veg til Gjengedalen på kote 145, om lag ein kilometer før ein kjem til første gardstunet. Frå påhogget blir tilkomsttunnelen driven på stigning til kraftstasjonen på kote 155. Tilkomsttunnelen blir 1260 m lang. Rasfare og kulturminner i dette området gjer at SFE ikkje ønskjer å prioritere dette alternativet. Det er skissert følgjande nye permanente vegar i samband med utbygginga:

• 1,3km veg frå vegen til Gjengedalsstøylen rett innapå Dalheim til påhogg for tverrslag og vidare til inntak for Støylselva

• 0,55km veg frå vegen til Gjengedalsstøylen fram til terskelen i utløpet ved Dalevatnet. Ved plassering av vegtraseen er det søkt å unngå konflikt med ei hytte i området.

• 0,1km veg frå vegen til Dalelia hyttefelt til terskelen ved utløpet av Storevatnet (berre alt.1)

• Mindre omlegging/utbeting av eksisterande veg på strekninga frå krysset mot Mjellem/Rongkleiv opp til gardane i Gjengedal.

Prosjektet vil få eit masseoverskot på mellom 290 000 og 310 000 m3 utsprengt tunnelmasse. Dette er tenkt plassert i fire deponi:

• Ved påhogg for tverrslag nordaust for Dalheim, om lag 30 dekar, volum 50 000m3 • Rett nord for det gamle skulehuset på Klype, om lag 20 dekar, volum 180 000m3 • På nedsida av vegen rett før ein kjem til bebyggelsen i Gjengedal, om lag 9 dekar

35 000 – 55 000m3 avhengig av alternativ for tilkomsttunnel

Page 22: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 22

• Ved portal for tilkomsttunnel, om lag 10 000 m3 Ved avslutta anleggsarbeid vil massedeponia bli arrondert og tilsådd, men grunneigarane er interessert i å kunne ta ut masse frå eit eller to av deponia. Både sentral- og lokalnettet må oppgraderast for å realisere utbygginga. Det ligg føre eigen konsesjonssøknad for 132kV-line frå Gjengedal til Storebru, som er nærare omtalt nedanfor. Lina blir ikkje realisert utan Gjengedal kraftverk, og det er nemnt at 12 mindre kraftutbyggingssaker i området er avhengige av lina for å kunne realiserast. Av desse er 5 konsesjonssøkte og 1 med konsesjon lista opp i søknaden (alle i Gloppen), medan dei 6 siste er nemnt i ein av fagrapportane for kraftlina (to i Gloppen). I tillegg vil eksisterande 1kV-line frå Gjengedal til Dalheim bli opprusta til 22kV, og det vil bli lagt jordkabel i/langs vegane frå Dalheim til pumpe ved inntaket i Støylselva, lukehus ved Dalevatnet og tersklane i utløpet ved Dalevatnet og evt. Storevatnet. Utbygginga er kostnadsrekna til 535mill (alt 1) eller 531mill (alt 2) inkludert kraftverket sin kostnadsdel i lina Gjengedal – Storebru. Tilkomsttunnel alternativ B vil auke kostnadene med om lag 10mill. Årsproduksjonen er stipulert til 152GWh for alt.1 og 146,6GWh for alt 2 som tilsvarer ein utbyggingspris på kr. 3,50 og 3,60 pr. kWh. Konsekvensane av tiltaket er utgreidd i samsvar med utgreiingsprogrammet fastsett av NVE i mars 2013. Dette finn ein i kapittel 3 til 10 i konsesjonssøknaden. For ein del tema er det utarbeidd eigne meir fyldige rapportar i tillegg. Kapittel 11 oppsummerer konsekvensutgreiinga med følgjande tabell:

Page 23: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 23

Kraftlina: Ein føresetnad for utbygging av Gjengedal kraftverk er at det også blir bygd ny 132kV kraftline frå kraftverket til den nye 420kV-lina i nærleiken av Storebru, og det ligg føre eigen konsesjonssøknad for denne. Forsyningstryggleiken i distribusjonsnettet i området er god, men nettet er fullt utnytta med omsyn til ny produksjon. Kraftlina vil bli mellom 27 og 28km lang avhengig av traseval. I søknaden er strekninga delt opp i fire delstrekningar der det ligg føre nokre alternativ innafor kvar delstrekning:

• Seksjon A går frå portalbygg for Gjengedal kraftverk til austre enden av Røyrvikvatnet. Alt. A-1 krysser Gjengedalsgjølet, går i bakkant av (sør for) dyrka mark på Mjellem og litt opp i lia på sørsida av dalen inn mot Rongkleivstøylen og vidare parallelt med eksisterande 22kV-line sør for Langevatnet. Alt. A-2 går ned Gjengedalsgjølet og krysser over i vegkrysset Mjellem/Rognkleiv – Gjengedal for så å stige bratt opp på fjellet nord for Rongkleiva. Lina føljer høgda og går etter kvart ned mot Røyrvikvatnet på nordsida av Hornet.

• Seksjon B går frå austre enden av Røyrvikvatnet til området vest for Hjortesetstøylen. Alt. B-1 går opp på Åsane (mellom Heimseta og Røyrvika) og med to alternativ anten langs dagens 22kV-line til Skogheim (B-1-1) eller lenger vest slik at den kjem på vestsida av busetnaden fram til ny transformator ved Skogheim kraftverk (B-1-2). Frå Skogheim går den sørvestover opp på Hjortesetfjellet. Alt. B-2 går langs sørsida av Røyrvikvatnet til ny trafo ved fv. 615. Lina kryssar så fylkesvegen ved enden av Slåttestølsvatnet og går mot sørvest over Storeskaret og sørover Hjortesetfjellet.

• Seksjon C går frå området vest for Hjortesetstøylen til ny trafo ved Sagefossen kraftverk. Hovudskilnaden på alternativa her er at C-1 går sør for Solheimsstøylen og C-2 går nord for Solheimsstøylen

• Seksjon D går frå Sagefossen fram til 420kV-lina som er under bygging. Alt. D-1-2 følgjer i grove trekk eksisterande 66kV line som vil bli fjerna når den nye er sett i drift, og ny trafo blir plassert under 420kV-lina. Alt. D-2-2 går lenger søraust med ny trafo ved Svarthumlevatnet nær hovudvegen Førde – Florø. Dei to siste kilometrane fram til 420kV-lina må lina etter dette alternativet byggast med dobbeltkursa stålmast.

Det ligg føre konsekvensutgreiing av traseane. Denne er oppsummert i konsesjonssøknaden, men det ligg også føre meir omfattande fagrapportar som eigne dokument. Til slutt er konsekvensane samanstilt i ei matrise, som er teke inn her:

Page 24: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 24

Søkjar si prioritering mellom alternativa er teke inn nedanfor:

Kraftlina er i hovudsak tenkt bygd som portalmaster (to stolpar med ståltravers) i kreosotimpregnert tre eller kompositt. Høgd 12-18meter, 4.5 meter mellom stolpane og 4.5 meter mellom kvar av dei tre kraftlinene. Normalt byggeforbodsbelte vil bli 29meter. Det vil også bli sikra rett til å rydde skog i tilsvarande breidd. Totalt legg kraftlina og nye transformatorstasjonar beslag på om lag 740 dekar nytt areal, av dette er i overkant av 300

Page 25: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 25

dekar skog. Fjerning av eksisterande 66kV-line vil frigjere om lag 150dekar bandlagt areal, av dette er om lag 50 dekar skog. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Utbyggar har berekna mogleg årleg skatt til kommunen frå Gjengedal kraftverk til 3.3mill for alt. 1 og 3.1mill for alt. 2. Dette er først og fremst eigedomsskatt, men også ein mindre sum konsesjonsavgift og ein stipulert verdi av konsesjonskraft. Eigedomsskatt for kraftlina er ikkje berekna. Rådmannen si vurdering: Kommunestyret har vedteke følgjande retningsliner for kommunen si behandling av søknader om småkraftverk:

Gloppen kommunestyre er positive til at det kan byggast ut småkraftverk i kommunen. Før kommunestyret tek avgjer til den einskilde søknad skal kommunestyret vurdere: - Visuelt inntrykk etter utbygging - Innverknad på det tradisjonelle landbruket (resipient, flaum m m) - Tilhøvet til anna næring (t. d turistnæring, utmarksnæring) - Naturinngrep ved utbygging - Den samla utbygging i området - Kraftlineføring - Kor stor del av vassdraget som er tenkt utnytta - Økonomi - Eigarskap Det vil normalt ikkje bli tilrådd utbygging i område som det allereie er lagt vernerestriksjonar på.

Gjengedal kraftverk er definitivt ikkje eit småkraftverk, men det er likevel naturleg å ta utgangspunkt i dei same punkta.

1. Visuelt inntrykk etter utbygging

Dette er eit stort utbyggingsprosjekt, som er vanskeleg å få eit fullstendig bilde av. Konsekvensutgreiingane konkluderer med middels negativ innverknad på landskapet, både av kraftutbygginga og -lina. Kraftutbygginga vil innebere moderate anleggsarbeid ved vatna. Rådmannen vil tru at både terskel og bygningsmessige tiltak vil bli opplevd som lite konfliktfylt for folk flest. Det same gjeld reguleringa av vatna innafor naturleg vasstandsvariasjon. Både Støylselva og Slettelva vil få betydeleg redusert vassføring, men elvene er etter rådmannen sitt syn ikkje så viktige visuelle landskapselement at dette skal tilleggast avgjerande vekt. Det vil bli nokre kilometer ny veg, men med unntak av eit lite parti opp mot inntaket i Støylselva, er terrenget etter rådmannen si vurdering ganske greitt å bygge veg i. Det er likevel grunn til å oppmode om at ein legg vekt på skånsam behandling av terreng og tilbakeføring av vegetasjonsmasse på t.d. vegskråningar, då terrenget er ope med mykje lys stein, og terrenginngrep difor vil vere synlege over lange avstandar. Dei største visuelle utfordringane for sjølve kraftutbygginga ligg truleg i plassering av om lag 300000m3 sprengstein. I anleggsfasen vil dette vere svært synleg, og det er opplagt at her er område for massedeponi der terrenget blir vesentleg endra. Rådmannen meiner likevel at det vil vere råd å utføre dette på ein slik måte at det på lang sikt vil bli lite framtredande. Vegetasjonsmasse skal takast til side og nyttast som

Page 26: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 26

toppdekke ved avslutning av deponia, og det er grunn til å tru at dette på sikt vil gro til med naturleg vegetasjon. Det er forståeleg at grunneigarane ønskjer å ha tilgang til delar av den ressursen steinen representerer etter utbygginga. Etter rådmannen sitt syn bør plassering og omfang av desse uttaka avklarast gjennom reguleringsplan. Etter rådmannen sitt syn vil 27-28 km ny kraftline representere den klart største visuelle inngrepet som følgje av Gjengedal kraft. Det er også eit vesentleg poeng at lina fører til visuell forringing av område som ligg langt vekke frå kraftverket som utløyser behovet, og slik sett inneber ulempe for folk som har liten nytte av utbygginga av Gjengedal kraftverk. Denne nye kraftlina er berre nødvendig for å skaffe nettkapasitet for dette kraftverket og andre potensielle kraftverk i området. Rådmannen har ikkje hatt høve til å bruke så mykje tid på denne saka at eg har grunnlag for å vurdere dei ulike traseane opp mot kvarandre på sjølvstendig grunnlag eller foreslå alternative trasear. Her må eg berre oppmode om at det i så stor grad som råd blir teke lokale omsyn og lytta til grunneigarar og andre med større lokalkunnskap.

2. Innverknad på det tradisjonelle landbruket (resipient, flaum m.m.) Utbygginga vil i liten grad ha innverknad på det tradisjonelle landbruket. Det kan tenkjast at noko av arealet som blir brukt til massedeponi vil kunne nyttast til meir rasjonell landbruksdrift etter utbygging enn før. Det er lite avrenning til elva frå private avløpsanlegg eller landbruksdrift. Dermed er det heller ikkje grunn til å tru at vasskvalitet og resipienttilhøve blir vesentleg endra som følgje av redusert vassføring i driftsfasen. Det er skissert ulike tiltak for å redusere ureiningsfare i anleggsfasen, mellom anna sedimenteringsbasseng for prosessvatn frå tunneldrifta. Felles for desse tiltaka er at det vil bli eigen søknad til fylkesmannen om godkjenning etter ureiningslova. Rådmannen ser i utgangspunktet ikkje forhold omkring dette som eg meiner er for dårleg utgreidd. Magasina i Dalevatnet og evt. Storevatnet vil kunne redusere flaumtoppane i Slettelva noko, utan at det nødvendigvis har så mykje å seie for landbruket, sidan landbruksarealet langs elva ikkje er særleg flaumutsett.

3. Tilhøve til anna næring (turisme, utmarksnæring) Gjengedalen er ein av innfallsportane til Naustdal/Gjengedal landskapsvernområde, og her er ein del hytter og anna allmen t . Kraftutbygging og kraftlinebygging kan ha negativ innverknad på turisme. Konsekvensutgreiinga konkluderer med liten negativ effekt av kraftutbygginga og ingen effekt av linebygginga. For anna lokalt næringsliv er det konkludert med middels positiv effekt. Dette er relatert til moglege oppdrag for lokale entreprenørar i anleggsfasen. Rådmannen er i tvil om denne typen kortvarige effektar, i ein lokal entreprenørbransje som tilsynelatande har meir enn nok å gjere, er relevant å leggje særleg stor vekt på.

4. Naturinngrep Det ligg ved eigne utgreiingar av tiltaket sin verknad på natur og naturmangfald. Dette er dels basert på tidlegare registreringar og dels på feltarbeid utført av konsulentar som har vore engasjert i prosjektet. Rådmannen sit ikkje på slik detaljkunnskap som SFE sine konsulentar har. Også her er det kraftlina som kjem dårlegast ut, ved at den går gjennom fleire område med viktig og til dels svært viktig naturmangfald. Bortsett frå seksjon D av kraftlina som i det alt vesentlege ligg i Flora kommune, er det liten

Page 27: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 27

skilnad på kraftlinealternativa når det gjeld naturinngrep. Rådmannen er i tvil om den lokale samfunnsnytten er så stor at naturverdiane bør vike.

5. Samla utbygging i området Søkjar har antyda at 12 småkraftverk er avhengige av at Gjengedal kraftverk blir bygd, med tanke på at kraftverket utløyser ny kraftline for påkopling til 420kV-lina. Av desse har Gloppen kommune teke stilling til Aa-Tverrelva kraftverk som har fått konsesjon, og fire ligg slik rådmannen forstår det i Flora kommune. Kommunestyret har ikkje gitt nærare kriterier for kva som skal ligge i ei vurdering av samla belastning. Slik rådmannen ser det er denne utbygginga i seg sjølv så stor, at samla belastning er av underordna betydning. Ein kan sjølvsagt likevel stille spørsmål ved om det går ei grense ein stad for kor mykje kraft som er fornuftig at blir produsert og eksportert ut av Gloppen, og kor mange elver som skal utnyttast til kraftutbygging. Og denne saka vil altså mest truleg bli følgt opp av ei rekkje småkraftsaker i same området. Så langt har vel kommunen si vurdering vore at så lenge kvar enkelt sak ikkje har vesentleg negativ verknad på dei kriteria som skal vurderast, skal det mykje til for at samla belastning blir for stor. Denne saka har vesentleg negativ verknad på nokre område.

6. Kraftlineføring Sidan dette er såpass omfattande i denne saka er verknadane av kraftlina omtalt under dei andre punkta.

7. Kor stor del av vassdraget som er tenkt utnytta I verneplan for Naustdal – Gjengedal er det opna for kraftutbygging med regulering av Storevatnet innafor naturleg vasstandsvariasjon. I SFE sine planar er dette også lagt til grunn for regulering av Dalevatnet, sjølv om vatnet ligg utanfor verneområdet. Rådmannen meiner dette er fornuftig. Det er lagt opp til minstevassføring i elvene og særlege omsyn til spesielt påviste naturverdiar. Rådmannen har ingen merknad til utnyttingsgraden.

8. Økonomi Det er gjort greie for utbyggingspris og forventa skatteinntekter til det offentlege, men ikkje orientert om kva utbygginga betyr økonomisk for SFE og grunneigarane. Rådmannen legg til grunn at tiltaket ikkje ville vorte omsøkt dersom SFE ikkje var rimeleg sikker på at dette vil vere ei lønsam investering,

9. Eigarskap SFE er ei viktig lokal verksemd, sjølv om eigarane i hovudsak ikkje er lokale.

Det er vernerestriksjonar på Storevatnetdet, men utbygginga er i prinsippet i samsvar med verneføresegnene.

Oppsummering: Rådmannen meiner SFE Produksjon AS gjennom framlagte planar for utbygging av Gjengedal kraftverk har gjort ei grei avveging mellom dei ulike verdiane som er avdekka i konsekvensutgreiinga og inngrepa som utbygginga fører til. Det store ankepunktet ved utbygginga er kraftlina som SFE Nett AS har konsesjonssøkt, som til dels betyr inngrep i store område med få inngrep frå før. Det er sjølvsagt ein fordel at lina stort sett kjem langt frå bustader, og her er mykje fin natur att i kommunen også etter at denne evt. er bygd. Men traseane går også gjennom området der det er påvist store naturverdiar som ein i samband med anna kommunal arealplanlegging prøver å vere restriktiv med å tillate ny arealbruk i. Så kan ein sjølvsagt stille spørsmål ved kor dramatisk inngrep ei ny kraftline i realiteten er.

Page 28: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 28

Samfunnet treng straum, og kraftliner er ein vesentleg og naturleg del av straumforsyninga. Spørsmålet blir kor stort ansvar Gloppen kommune skal ta for nasjonale prioriteringar. Gloppen kommunestyre gikk i 2007 mot trasealternativ for 420kV-lina gjennom Gloppen, mellom anna på grunn av store naturverdiar. I kommunen blir det i dag produsert i overkant av 400GWh, som er om lag 4 gonger eige energibehov. Det er også langt enklare å argumentere for ei kraftline som bidreg til auka tryggleik for straumforsyning til eigne innbyggarar enn ei som berre skal bidra til at råvarer (straum) blir transportert ut av kommunen.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre har ikkje isolert sett merknader til konsesjonsøknad frå SFE Produksjon AS for Gjengedal kraftverk. Men kommunestyret er skeptisk til verknadene på landskap og naturmangfald av kraftlina frå Gjengedal til Storebru, og ser ikkje at lokal samfunnsnytte er så stor at desse verdiane må vike. Dette betyr i praksis at kommunestyret går mot konsesjonssøknad frå SFE Nett AS for kraftleidning Gjengedal – Storebru/Agledal, og dermed også mot konsesjonsøknad frå SFE Produksjon AS for Gjengedal kraftverk. 11.03.2014 KULTUR - OG MILJØUTVALET Framlegg frå Bernt Kr. Holtan (V) :

Kultur- og miljøutvalet har ikkje vesentlege merknader til konsesjonssøknaden frå SFE Produksjon As for Gjengedal kraftverk. Utvalet vil likevel påpeike at tunnelmassane representerer ein stor verdi som må kunne nyttast av grunneigarar og andre til ålmennyttige føremål i området så langt det er praktisk mogeleg. Tunneltippane må leggjast slik at dei visuelle ulempene blir små. Når det gjeld konsesjonssøknaden frå SFE Nett AS om konsesjon for utbygging av 132 kv kraftleidning frå Gjengedal kraftverk til Storebru/Agledal, er kultur- og miljøutvalet uroa over konsekvensane for landskap og naturmangfald. Derfor føreset utvalet at lineføringa vert gjort i samarbeid med grunneigarane slik at utbyggar tek maksimalt omsyn til arealmessig negative konsekvensar og visuell utforming.

Framlegget vart vedteke med fire røyster. 007/14 VEDTAK : Kultur- og miljøutvalet har ikkje vesentlege merknader til konsesjonssøknaden frå SFE Produksjon AS for Gjengedal kraftverk. Utvalet vil likevel påpeike at tunnelmassane representerer ein stor verdi som må kunne nyttast av grunneigarar og andre til ålmennyttige føremål i området så langt det er praktisk mogeleg. Tunneltippane må leggjast slik at dei visuelle ulempene blir små. Når det gjeld konsesjonssøknaden frå SFE Nett AS om konsesjon for utbygging av 132 kv kraftleidning frå Gjengedal kraftverk til Storebru/Agledal, er kultur- og miljøutvalet uroa over konsekvensane for landskap og naturmangfald. Derfor føreset utvalet at lineføringa vert gjort i samarbeid med grunneigarane slik at utbyggar tek maksimalt omsyn til arealmessig negative konsekvensar og visuell utforming. Vedtaket vart gjort mot ei røyst.

Page 29: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 29

13.03.2014 FORMANNSKAPET Framlegg frå Per Jarle Myklebust (Sp) og Ragnar Eimhjellen (V):

Gloppen kommunestyre har ikkje vesentlege merknader til konsesjonssøknaden frå SFE Produksjon AS for Gjengedal kraftverk. Kommunestyret vil likevel påpeike at tunnelmassane representerer ein stor verdi som må kunne nyttast av grunneigarar og andre til ålmennyttige føremål i området så langt det er praktisk mogeleg. Tunneltippane må leggjast slik at dei visuelle ulempene blir små. 1. Når det gjeld konsesjonssøknaden frå SFE Nett AS om konsesjon for utbygging av

132 kv kraftleidning frå Gjengedal kraftverk til Storebru/Agledal, er kommunestyret uroa over konsekvensane for landskap og naturmangfald. Derfor føreset kommunestyret at lineføringa vert gjort i samarbeid med grunneigarane slik at utbyggar tek maksimalt omsyn til arealmessig negative konsekvensar og visuell utforming

2. Kommunestyret ber vidare om forhandlingar med SFE for å kome fram til semje

om utbyggingsavtale og kva konsesjonsvilkår som skal knyttast til søknaden, som ålmenn erstatning til lokalsamfunnet for verknaden av naturinngrepa

3. Kommunestyret føreset at resultatet av forhandlingane blir innarbeidd som vilkår i

konsesjonen og at forhandlingane er avslutta i god tid før høyringsfristen går ut. Formannskapet får fullmakt til å godkjenne resultatet av forhandlingane

4. Viss kommunen og SFE mot formodning ikkje blir samde om utbyggingsavtale og

konsesjonsvilkår, føreset kommunestyret at NVE sikrar at det blir knytt vilkår til konsesjonen som ivaretek kommunen og ålmenta sine interesser

5. På vilkåra nemnd over tilrår Gloppen kommunestyre at søknaden frå SFE

Produksjon AS for utbygging av Gjengedal kraftverk og søknaden frå SFE Nett AS om konsesjon for utbygging av 132 kv kraftleidning frå Gjengedal kraftverk til Storebru/Agledal, blir godkjende.

Ved alternativ røysting mellom framlegget frå Per Jarle Myklebust og Ragnar Eimhjellen og rådmannen si tilråding fekk framlegget frå Per Jarle Myklebust og Ragnar Eimhjellen ni røyster og rådmannen si tilråding ingen røyster. 027/14 VEDTAK : Framlegget frå Per Jarle Myklebust og Ragnar Eimhjellen vart samrøystes innstilt.

Page 30: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 30

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 028/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Kristine Dahl

Objekt: 125/2 Arkiv: L33

Arkivsaknr.: 13/521-16

Klage på dispensasjon for frådeling av hyttetomt ved Breimsvatnet

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 216040 Klage på dispensasjon for frådeling av hyttetomt ved Breimsvatnet

209157 Klage på vedtak om dispensasjon - frådeling av hyttetomt på gbnr. 125/2 ved Breimsvatnet

210096 Frådeling av hyttetomt - avklaring av vidare behandling 211997 Frådeling av hyttetomt - avklaringsmøte 207358 Merknad til frådeling av areal til hyttetomt 203157 Frådeling av hyttetomt - dispensasjon frå kommuneplanen 195430 Oversiktskart datert 02.04.2013 214366 Tilbakemelding - klage på vedtak om dispensasjon for frådeling av hyttetomt Bakgrunn for saka: Formannskapet i Gloppen gav i møte den 17. oktober, sak 111/13, dispensasjon frå landbruks-, natur- og friluftsføremålet (LNF) i arealdelen til kommuneplanen for frådeling til hyttetomt mellom Breimsvatnet og fylkesvegen til Kandal. Det vart også gjeve dispensasjon for bygging av tilkomstveg fram til hyttetomta. Vedtaket vart klaga på av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved miljøvernavdelinga, og formannskapet må handsame denne klagen. Grunneigar og søkjar har i etterkant av dispensasjonsvedtaket blitt samde om at det ikkje skal byggjast bilveg ned til hyttetomta. I staden ynskjer dei å etablere ein parkeringsplass ved fylkesvegen og opparbeide sti/trapp ned til hyttetomta. Formannskapet bør ta omsyn til desse endra planane ved vurderinga av klagen frå fylkesmannen. Frå tidlegare behandling av saka: Saksutgreiing: Midtkandal orienterer om at det i dag ikkje er tilgang på regulerte tomter i Kandal. Dette er ei lita bygd med spreidd busetnad. Landbruk har tradisjonelt vore hovudleveveg i bygda, men mange har dei seinare åra trappa ned gardsdrifta. Den aktuelle tomta ligg i beiteområde som grensar til utmark. Arealet har beitemessig dårleg kvalitet, og er berre sporadisk brukt i dag. Her er brattlendt, lite framkomeleg og langt frå busetnaden, og området blir difor ikkje nytta som rekreasjonsområde.

Page 31: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 31

Statens vegvesen har gitt tilsegn om ny avkøyrsle frå fylkesvegen, og det er skissert bilveg ned til tomta. Vegen meiner ho vil føre til betre tilgang til landbruksarealet for eigar av gbnr. 125/2 Det er planlagt innlagt vatn, men løysing for dette er ikkje vald enda. Det er søkt om godkjenning av minireinseanlegg. Ho kan ikkje sjå at tomta vil påverke kulturminne, natur og miljø negativt. Sjå elles situasjonsplan som er vedlagt saka. Søknaden er sendt på høyring til fylkesmannen og fylkeskommunen. Det er kome merknad frå fylkesmannen si miljøvernavdeling: Dei viser til at enkeltsaker ikkje bør undergrave kommuneplanen som overordna styringsdokument, og minner om krava i pbl.§19 om grunngjeving for eit dispensasjonsvedtak. Vidare viser dei til pbl. §1-8 og stortingsmelding nr. 26 (2006-07) om at ein bør unngå hyttebygging langs vatn og vassdrag. Hyttebygging bør generelt avklarast i overordna plan. Dersom ein likevel ønskjer å tillate bygging av enkelthytter i strid med planen, bør desse plasserast i tilknyting til eksisterande bygningar. Den omsøkte tomta går heilt ned i strandkanten, i eit område utan hytter eller andre tekniske inngrep frå før, med unntak av kraftlina mellom vatnet og fylkesvegen. Tomta ser ut til å vere om lag 1,5da med 80m strandline. Hytta er tenkt plassert på eit nes om lag 9 meter frå vatnet. Ein om lag 130m lang bilveg vil bli eit stort og synleg landskapsinngrep i den bratte lisida. Dei meiner omsøkt plassering vil vere klart i strid med omsyna i pbl §1-8, og då spesielt omsyna til landskap, friluftsliv og allmenne interesser. Kommunen bør også vurdere presedensverknad av saka. Dei meiner lova sine vilkår for å kunne gi dispensasjon ikkje er oppfylt, og tilrår avslag. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Plan- og bygningslova §19-2 seier mellom anna: Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering. …………

Ved vurderingen av om det skal gis dispensasjon fra planer skal statlige og regionale rammer og mål tillegges særlig vekt. Kommunen bør heller ikke dispensere fra planer, lovens bestemmelser om planer og forbudet i § 1-8 når en direkte berørt statlig eller regional myndighet har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden. Gloppen kommune har praksis på å gjere ei sjølvstendig vurdering sjølv om regional mynde har uttalt seg negativt, men siste setningen som er sitert frå pbl. §19-2 er eit signal om at uttale skal leggjast vekt på. Rådmannen må gi søkjar rett i at hyttebygging på det aktuelle neset isolert sett ikkje inneber vesentlege arealbrukskonflikter. I denne saka er rådmannen likevel samd med miljøvernavdelinga i at tiltaket i for stor grad bryt med generelle krav i plan- og bygningslova. I tillegg er den skisserte bilvegen til tomta eit lite ønskjeleg naturinngrep, og eg har også vanskar med å sjå at den vil bli ein tenleg tilkomstveg. Terrenget er svært bratt og

Page 32: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 32

inngrepa blir store for å få til veg til ei enkelt hytte. Vegen vil få stigning omkring 1:3, som er svært mykje brattare enn det som blir tilrådd for bilveg. Søkjar har sikkert rett i at området er lite brukt både av folk og fe, men natur har også ein eigenverdi. Og sjølv om det kan diskuterast kor urørt dette området er, må akkurat strandsona seiast å vere lite prega av tyngre tekniske inngrep. Slik omfang av inngrep som denne søknaden vil innebere kan vere meir akseptabelt der det skjer gjennom ein større planprosess og som felles tilrettelegging for fleire tomter.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen formannskap avslår søknad frå Torill Midtkandal/Marta Næss om dispensasjon frå kommuneplanen for deling av hyttetomt frå gbnr. 125/2. Grunngjeving for avslaget er at tiltaket i for stor grad bryt med intensjonane i plan- og bygningslova, og at pbl. §19-2 ikkje gir heimel til dispensasjonen. 17.09.2013 KULTUR - OG MILJØUTVALET 040/13 VEDTAK : Kultur- og miljøutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 17.10.2013 FORMANNSKAPET Framlegg frå Per Jarle Myklebust (Sp):

Gloppen formannskap imøtekjem søknaden frå Torill Midtkandal/Marta Næss om dispensasjon frå kommuneplanen for deling av hyttetomt frå gbnr. 125/2. Grunngjevinga er at det ikkje er tilgong på regulerte tomteområde i bygda og at området er lite eigna for anna bruk og kjem ikkje i konflikt med anna verksemd i området.

Framlegget vart samrøystes vedteke. 111/13 VEDTAK : Gloppen formannskap imøtekjem søknaden frå Torill Midtkandal/Marta Næss om dispensasjon frå kommuneplanen for deling av hyttetomt frå gbnr. 125/2. Grunngjevinga er at det ikkje er tilgong på regulerte tomteområde i bygda og at området er lite eigna for anna bruk og kjem ikkje i konflikt med anna verksemd i området. Vedtaket var samrøystes. Nye opplysningar i saka:

Page 33: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 33

Som nemnt innleiingsvis har formannskapet gjeve dispensasjon for frådeling av ei hyttetomt og for etablering av ein tilkomstveg ned til denne hyttetomta. Det er tiltakshavar Torill Midtkandal som har søkt om å få dele frå ei hyttetomt frå eigedomen til Marta Næss. I etterkant av dispensasjonsvedtaket kom det, i brev av 23. oktober 2013, inn ein merknad frå grunneigar Marta Næss. Ho motset seg tiltakshavar sine ynskjer om å byggje veg til hytta, mellom anna fordi naturinngrepa vil bli for store. Grunneigar meiner at tiltakshavar må nytte båt til å frakte ting, dersom ho ynskjer å byggje hytte nede ved vatnet. Etter dette hadde grunneigar og tiltakshavar eit møte, der dei mellom anna kom fram til følgjande: Det er framleis aktuelt for Torill Midtkandal å bygge hytte sjølv utan bilveg, og tilkomst er tenkt løyst gjennom avtale om opparbeiding av sti/trapp ned frå fylkesvegen. Det er semje om biloppstillingsplass i samband med godkjend avkøyrsle frå fylkesvegen. Dersom formannskapet ikkje tek klagen til fylkesmannen til følgje, bør formannskapet i alle høve vurdere å endre den delen av dispensasjonsvedtaket som gjeld etablering av tilkomstveg ned til hyttetomta. Dispensasjonen for etablering av veg vil nemleg gjelde fram til dette vedtaket eventuelt vert oppheva eller endra. Klagen frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga: Klagar meiner at tiltaka vil føre til nedbygging av strandsona og ha negative verknader for landskap og naturmiljø, friluftsliv og allmenne interesser. Klagar meiner difor at lova sine vilkår for å kunne gje dispensasjon ikkje er oppfylte, jf. pbl. § 19-2 andre ledd. Fylkesmannen er ikkje einig i formannskapet si dispensasjonsvurdering, og grunngjev dette med følgjande: Formannskapet imøtekjem søknaden frå tiltakshavar, og grunngjev vedtaket om å gi dispensasjon med at det ikkje er tilgong på regulerte tomteområder i bygda, at området er lite eigna for anna bruk og tiltaket ikkje kjem i konflikt med anna verksemd i området. Fylkesmannen ser ikkje at desse argumenta er relevante for å dele frå tomt heilt nede i strandkanten og gi løyve til opparbeiding av ein tilkomstveg som vil medføra store landskapsinngrep, jf. også saksutgreiinga frå kommunen. Det avgjerande er om dispensasjon kan gjevast utan at omsyna bak arealdisponeringa i kommuneplanen og byggjeforbodet i 100-metersbeltet vert vesentleg tilsidesett, og om fordelane ved å dispensere er klart større enn ulempene (jf. kriteria i pbl. § 19-2). Den omsøkte hyttetomta går heilt ned i strandkanten, i eit område utan hytter og med få andre tekniske inngrep frå før. Tomta er på om lag 1,5 daa med om lag 80 meter strandlinje. For å få vegtilkomst til hytta, må det byggjast ein om lag 130 meter lang ny bilveg i den bratte lisida. Hytta er tenkt plassert på eit nes om lag 9 meter frå vatnet. Frådeling av ei slik tomt vil, i tillegg til å gi store natur- og landskapsinngrep, føre til meirprivatisering av den ubygde strandsona. Vi minner om at ei hyttetomt vert å rekne som «hustomt» etter friluftslova §§ 1a og 3, og dermed som innmark utan allmenn ferdselrett. Ein dispensasjon for frådeling av ei hyttetomt heilt i vasskanten her, vil ut frå prinsippet om likehandsaming også gjere det vanskeleg å avslå andre liknane dispensasjonssøknader her og i andre delar av kommunen,

Page 34: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 34

noko som på sikt kan føre til ei tilfeldig nedbygging og privatisering av strandsona i strid med intensjonane i plan- og bygningslova § 1-8. Rådmannen viser elles til klagen i sin heilskap. Saksutgreiing: Formannskapet må ta stilling til om klagen skal takast til følgje eller om dispensasjons-vedtaket skal gjerast om til avslag. Formannskapet har elles mynde til å treffe eit nytt dispensasjonsvedtak med eit nytt innhald. Dersom dispensasjonsvedtaket vert oppretthaldt, vert saka sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for klagebehandling. Fylkesmannen må i så fall vurdere om saka skal sendast Kommunal- og moderniseringsdepartementet for oppnemning av settefylkesmann. Rådmannen si vurdering: I førre saksutgreiing tilrådde rådmannen at det vart gjeve avslag på dispensasjonssøknaden. Heimelsgrunnlaget for avslaget var pbl. § 19-2 andre ledd første punktum, som seier at dispensasjon ikkje kan gjevast dersom dei omsyn som LNF-føremålet skal ivareta vert «vesentlig tilsidesatt». Tiltakshavar har no endra planane sine, slik at det no ikkje lenger er tale om å etablere ein køyreveg ned til vatnet. Det er klart at etablering av ein sti eller ei trapp ned frå fylkesvegen vil krevje langt mindre terrenginngrep og ikkje vere like konfliktfylt i forhold til natur-, frilufts- og landskapsinteresser. Kor vidt det er søknadspliktig å etablere ein sti ned til eit vatnet må vurderast konkret. Omfanget og plasseringa av tiltaket vil vere viktige moment. Etablering av ein gangsti eller ei trapp ned til eit elles urørt område, vil normalt vere søknadspliktig og krevje dispensasjon. Fylkesmannen er gjort kjend med dei endra planane for tilkomst, utan at dette har endra klagar sitt syn i saka. Fylkesmannen meiner at vilkåra for å gje dispensasjon uansett ikkje er oppfylte, og rådmannen er samd i dette. Inn under denne vurderinga vert det lagt vekt på at ei frådeling vil leggje til rette for inngrep og privatisering i eit elles urørt område. Vidare vil ein dispensasjon i denne saka undergrave kommuneplanen som styringsverkty og kunne skape presedens for liknande frådelingssaker i dette området. I pbl. § 19-2 fjerde ledd er det vidare sagt at kommunen ikkje bør dispensere frå planar når ein statleg mynde har uttalt seg negativt til søknaden, noko som fylkesmannen har gjort her. I den førre saksutgreiinga vart det gjort følgjande vurdering av frådelingssøknaden: Rådmannen må gi søkjar rett i at hyttebygging på det aktuelle neset isolert sett ikkje inneber vesentlege arealbrukskonflikter. I denne saka er rådmannen likevel samd med miljøvernavdelinga i at tiltaket i for stor grad bryt med generelle krav i plan- og bygningslova. Og vidare: Søkjar har sikkert rett i at området er lite brukt både av folk og fe, men natur har også ein eigenverdi. Og sjølv om det kan diskuterast kor urørt dette området er, må akkurat strandsona seiast å vere lite prega av tyngre tekniske inngrep. Slik omfang av inngrep som

Page 35: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 35

denne søknaden vil innebere kan vere meir akseptabelt der det skjer gjennom ein større planprosess og som felles tilrettelegging for fleire tomter. Kor vidt det skal gjevast dispensasjon frå gjeldande arealplan til kommuneplanen er likevel ei politisk vurdering. Og rådmannen rettar seg etter formannskapet sitt vedtak. Innkomne klager inneber likevel at formannskapet må vurdere saka på nytt. Slik rådmannen ser det, så har formannskapet tre val. Formannskapet kan ta klagen frå fylkesmannen til følgje og endre vedtaket til avslag. Vidare kan formannskapet oppretthalde vedtaket eller endre dette, og gje dispensasjon for frådeling av hyttetomt og for etablering av sti ned til hyttetomta. Skal det treffast eit nytt vedtak i saka, så må dette heimlast i pbl. § 19-2 andre ledd andre punktum. Etter pbl § 19-2 andre ledd må to vilkår vere oppfylte for at dispensasjon kan gjevast. For det første må ein vise til at omsyna bak LNF-føremålet ikkje vert «vesentlig tilsidesatt» ved at dispensasjon vert gjeve, jf. pbl § 19-2 andre ledd første punktum. For det andre må ein synleggjere at fordelane ved å gje dispensasjon må vere klårt større enn ulempene etter ei samla vurdering, jf. pbl § 19-2 andre ledd andre punktum. Lovgjevar tenkjer ikkje her på fordelar av privat karakter. Fordelane må byggje på dei omsyn som pbl. skal ivareta. Fylkesmannen peikar avslutningsvis på at prinsippa i naturmangfaldslova (nml.) §§ 8 – 12 ikkje er vurderte og at dette utgjer ein mangel ved vedtaket. Det er eit krav om at desse prinsippa vert vurderte i alle byggjesaker og Fylkesmannen sin påstand er difor riktig. Kort fortalt skal offentlege avgjersle byggje på vitskapleg kunnskap om artar, naturtype, økologisk tilstand m.m. på den aktuelle staden, jf. nml. § 8. Vidare skal avgjerslene byggje på eit føre-var prinsipp, ei vurdering av økosystemet og den samla belastninga som tiltaket vil gje, jf. nml. § 9. Rådmannen kan ikkje sjå at ei eventuell frådeling vil kome i konflikt med prinsippa i nml. §§ 8- 12. Kommunen søkt i fleire databasar som gjev informasjon om naturtypar, men har ikkje funne opplysningar som tilseier at tiltaket vil kome i konflikt med viktige naturtypar eller artar. Området er registrert med overflatedyrka jord med noko innmarksbeite. Grunnforholda er registrert som grunnlendt og jorddekt.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet i Gloppen tek klagen frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved miljøvernavdelinga til følgje. Vedtaket av 17. oktober, sak 111/13, som gjaldt dispensasjon frå LNF- føremålet i arealdelen til kommuneplanen for etablering av tilkomstveg og frådeling av hyttetomt frå gnr. 125 bnr. 2 vert omgjort til avslag. 13.03.2014 FORMANNSKAPET Framlegg frå Per Jarle Myklebust (Sp):

Formannskapet opprettheld vedtaket i sak 111/13 med følgjande endring:

Page 36: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 36

Vegutløysing til tomt fell vekk. Det blir i staden godkjent sti-/trappeløysing frå fylkesvegen fram til eigedomen.

Ved alternativ røysting mellom framlegget frå Per Jarle Myklebust og rådmannen si tilråding fekk framlegget frå Per Jarle Myklebust ni røyster og rådmannen si tilråding ingen røyster. 028/14 VEDTAK : Formannskapet opprettheld vedtaket i sak 111/13 med følgjande endring: Vegutløysing til tomt fell vekk. Det blir i staden godkjent sti-/trappeløysing frå fylkesvegen fram til eigedomen. Vedtaket var samrøystes.

Page 37: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 37

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 029/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Kristine Dahl

Objekt: Arkiv: 223 V

Arkivsaknr.: 14/113-2

Søknad om stønad frå kommunal næringsfond - Sogn og Fjordane bondelag

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg

212552 Søknad om tilskot til gjennomføring av prosjektet Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane 2014

212551 e-post Bakgrunn for saka: Sogn og Fjordane bondelag har nettopp gjennomført det treårige prosjektet «Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane 2010-13». Prosjektet vart gjennomført i samarbeid med faglaga for landbruket i Gloppen og Gloppen ungdomsskule. Dei involverte aktørane ynskjer å vidareføre aktivitetane også i 2014. I den samanheng søkjer Sogn og Fjordane Bondelag om 50 % økonomisk stønad til gjennomføring, av ein samla budsjettert prosjektkostnad på kr. 36 000. Søknaden til kommunen er såleis på kr. 18 000. Saksutgreiing: Sogn og Fjordane Bondelag sitt treårige prosjekt «Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane 2010-13», var knytt til det fylkeskommunale satsingsområdet «Likestilling, kompetanseheving og rekruttering i landbruket». Fylkeskommunen ytte difor eit årleg økonomisk tilskot til Sogn og fjordane bondelag sitt prosjekt. Dette samarbeidet er formelt sett avslutta. Sogn og Fjordane Bondelag, dei lokale faglaga og Gloppen ungdomsskule ynskjer å vidareføre aktivitetane også for komande år. I den samanheng søkjer Sogn og Fjordane Bondelag om 50 % økonomisk stønad, av ein samla budsjettert prosjektkostnad for 2014 på kr. 36 000. Søknaden til kommunen vert såleis på kr. 18 000. I vedlagt møtereferat av 10. desember 2013, sumerar Marit Reikvam opp prosjektaktivitetane for Gloppen ungdomsskule slik: Alle elevane på 8-10 skuletrinnet har delteke i aktivitetar når ein ser det treårige prosjektet under eitt. 8klassetrinnet

Page 38: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 38

Alle elevar har vore på gardsbesøk over ein skuledag på eit storfe/mjølkeproduksjonsbruk. Det har vore lagt til rette for at elevande skulle få oppleve eit nytt og moderne driftsopplegg, med mellom anna mjølkerobot. Nokre av elevane uttrykte at dei kvidde seg for å gå inn i eit fjøs, men dei kom ut av fjøsbesøket med ei positiv oppleving. I tillegg til at elevane fekk erfare gardsdrift og gjennomføre enkle arbeidsoppgåver, var også målet til skulen at elevane skulle få auka respekt for bondeyrket. Tilbakemeldingane på gardsbesøka har vore veldig gode frå elevar, vertsbonde og klasselærar. 9 klassetrinnet Her har vi slite noko meir. Vi hadde planlagt eit aktivitetsopplegg med kortreist mat, der elevar skulle ta del i primærproduksjonen å ein gard og så i samarbeid med Gloppen hotell foredle, omsetje og nytte maten. Det kom hindringar i vegen slik at opplegget ikkje vart godt nok gjennomført. Men vi har gjennomført eit opplegg med mat i samarbeid med den kommunale aldersheimen, knytt til ungt entreprenørskap. Vi har for dette året planlagt eit opplegg på Tine sitt anlegg på Byrkjelo, 2. desember, med omvising og orientering om arbeidsplassar knytt til Tine. Dette er også knytt til ein grunderkamp, der det også vert sett fokus på mjølkeforbruk. Vert dette vellukka vonar vi på eit slikt årleg opplegg på Tine. 10 klassetrinnet Vi har gjennomført Landbruksspelet for alle tre parallelle klassane som gruppearbeid, der erfaringane frå elevane er delte. Nokre grupper av elevar er positive til spelet, mens andre er negative… Samla sett er vi i Gloppen ungdomsskule godt nøgde med prosjektaktivitetane og gjennomføringa av dei. Vedlagt følgjer også aktivitetsplanen for 2014. den viser gardsbesøk for alle i 8. klasse. 9. klasse skal ha temaet naturbruk, karriere og rekruttering på agendaen. I tillegg til samarbeid med Tine og ungt entreprenørskap. Landbruksspelet skal gjennomførast av 10. klasse. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Det står, av ulike årsaker, att midlar frå 2013 på det kommunale næringsfondet. Restbeløpet er på kr 142 290, og der er såleis dekning for å imøtekome ein søknad på kr. 18 000. Rådmannen si vurdering: Utgangspunktet for vurderinga av søknaden frå Sogn og Fjordane bondelag vil vere retningslinene for Gloppen kommune sitt næringsfond. Næringsfondet har følgjande føremål: Målet med det kommunale næringsfondet er å styrke Gloppen kommune sitt lokale næringsutviklingsarbeid med utgangspunkt i dei lokale føresetnadane som kommunen har. Næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av nye bedrifter og til vidareutvikling av eksisterande verksemder. Fondet kan òg nyttast til kompetansehevande tiltak for ulike bransjar i kommunen med særskilde behov. Rådmannen meiner at søknaden for Sogn og Fjordane bondelag ligg innanfor dette føremålet. Av støttetypar, kan det gjevast støtte frå næringsfondet på opp til 50% av kostnadane til kurs og opplæring i ulike næringar i kommunen, jf. retningslinene punkt II bokstav c. Søknaden fell inn under dette punktet.

Page 39: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 39

Ved vurderinga av om søknaden skal prioriterast, må ein sjå hen til punkt III om støttevilkår i retningslinene. Ved fordeling er det sagt at kommune vil prioritere dei satsingsområda som er omtala i strategisk næringsplan. Under strategiområde 2, næringsutvikling, er det sagt at kommunen gjennom samarbeid med faglaga i landbruket skal arbeide for at god næringsutvikling blir god samfunnsutvikling. Støtte til tiltak som fremjar sysselsetting blant ungdom og etableringar som fell utanfor andre tilskotsordningar, skal elles prioriterast. Prosjektet mellom Sogn og Fjordane bondelag, dei lokale faglaga i landbruket og Gloppen ungdomsskule har som føremål å sikre landbruket si framtid i Gloppen og i regionen . Rådmannen meiner at prosjektet fell inn under dei prioriterte satsingsområda i retningslinene for næringsfondet og i den strategiske næringsplanen. Rådmannen meiner difor at søknaden difor bør imøtekomast.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet i Gloppen imøtekjem søknaden frå Sogn og Fjordane bondelag, og tildelar kr. 18 000 av midlar frå det kommunale næringsfondet til prosjektet «Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane 2014». Inntil 75% av tilskotet kan utbetalast når prosjektet er sett i gang. Resterande 25% vert utbetalt når prosjektet er avslutta og sluttrapport og rekneskap er godkjend av rådmannen. Søkjar som må innan eitt år etter tildeling be om sluttutbetaling. Dersom dette ikkje vert gjort, fell tilskotet vekk. Det kan i spesielle tilfelle søkjast om utsetting av fristen. 13.03.2014 FORMANNSKAPET 029/14 VEDTAK : Formannskapet i Gloppen imøtekjem søknaden frå Sogn og Fjordane bondelag, og tildelar kr. 18 000 av midlar frå det kommunale næringsfondet til prosjektet «Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane 2014». Inntil 75% av tilskotet kan utbetalast når prosjektet er sett i gang. Resterande 25% vert utbetalt når prosjektet er avslutta og sluttrapport og rekneskap er godkjend av rådmannen. Søkjar som må innan eitt år etter tildeling be om sluttutbetaling. Dersom dette ikkje vert gjort, fell tilskotet vekk. Det kan i spesielle tilfelle søkjast om utsetting av fristen. Vedtaket var samrøystes.

Page 40: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 40

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kultur- og miljøutvalet 11.03.2014 012/14 Formannskapet 13.03.2014 030/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard

Objekt: Arkiv: 253 D11

Arkivsaknr.: 14/592-3

Breimsbygda skisenter as - tiltak for å betre den økonomiske situasjonen i selskapet Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Breimsbygda skisenter as er komt i ein vanskeleg økonomiske situasjon som følgje av sviktande inntekter denne sesongen og dei har søkt om kommunal støtte for å gje selskapet eit pusterom ut dette året. Dei har søkt om ein emisjon på kr. 200.000 til auke av aksjekapitalen og at kommunen teiknar seg for 100 i andelar i det nyskipa løypelaget på Utvikfjellet som kvar kostar kr. 1.500,-, dvs. kr. 150.000. Saksutgreiing: Det er ei kjent sak at det har vore lite snø både før og etter jul, og dette har ført til at det ikkje har vore muleg å opne hovudskitrekket på Utvikfjellet så langt denne sesongen. Nokre helgar har barneskitrekket likevel vore ope og langrennsløyper har vore køyrt opp over ei viss tid. Dette har ført til eit stort inntektstap. Opninga av skisenteret før vinterferien i 2013, samt ei god påske, berga sesongen for fjoråret slik at inntektene då var nokolunde. I år er utsikter at ein har gått totalt glipp av vinterferien og sidan det er svært sein påske er heller ikkje utsiktene der gode. Styret har konstatert at det så langt i sesongen ikkje har vore inntekter av nemnande slag, og dette har ført til at ein nærmar seg eit kritisk punkt i økonomien. Årsresultatet for 2013 var negativt på kr. 409.000 og pr. 15. mars var det ein underlikviditet i selskapet på kr. 117.473. Det er då ikkje teke omsyn til påløpne utbetalte lønningar så langt i året knytt til klargjering av skitrekket og anna førefallande arbeid. Styret har jobba aktivt for å finne fram til tiltak som skal kunne betre den økonomiske situasjonen, og dei har føreslege spesielt to tiltak:

• Kapitaltilføring ved retta emisjon • Inndekking gjennom Utvikfjellet løypelag, der løypelaget kjøper ut trakkemaskina frå

skisenteret Utvikfjellet Løypelag er nyleg skipa og har som føremål å drifte skiløyper i området ved Utvikfjellet og tilgrensande områder som naturleg høyrer med. Laget har ikkje eit økonomisk

Page 41: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 41

føremål, og skal ikkje betale utbyte til medlemmane. Muleg overskot skal nyttast til drift og framtidige investeringar. Kommunen har vore positiv til å støtte utviklinga av Breimsbygda skisenter og det har tidlegare vore gjort vedtak i form av garanti for spelemidlar på kr. 3.370.000. Garantitida er 20 år. Det er gjeve garanti for banklån som sikrar låge renter for skisenteret på kr. 2.500.000 og kommunen har forskotert utbetaling av spelemidlane med kr. 2.070.000 Økonomiske konsekvensar for kommunen: Rådmannen legg opp til at disposisjonsfondet skal nyttast i denne saka, og der står kr. 17.295.831 pr. 31.12.2013. Rådmannen si vurdering: Kommunen har i mange år støtta Breimsbygda skisenter på ulike måtar, både for å sikre drifta, men også i arbeidet med å utvikle dei ulike anlegga. Dette har vore gjort gjennom tilskot, bankgaranti på lån og forskottering av spelemidlar. Ved ein evt. konkurs vil vi kunne oppleve at anlegget vil bli kjøpt opp bit for bit av andre. Vi vil då misse ein viktig fritids- og friluftslivsaktivitet og kommunen vil bli den store taparen, reint økonomisk. Gloppen kommune er som nemnt inne i selskapet med garanti for spelemidlar, og det er ein føresetnad for å kunne søkje om desse midlane. Det er vanskeleg å spå kva vær vi får i framtida, men det skal mykje til at vi får ein ny vinter med så lite snø som denne sesongen. Det har vore gjennomført ein del investeringar dei siste åra på Utvikfjellet med nytt hovudskitrekk, nytt barneskitrekk, nytt billettsystem, nye nærmiljøanlegg m.m., slik at anlegget no er modernisert og det er såleis ikkje behov for nye investeringar dei komande åra. Utvikfjellet Løypelag er skipa og etter rådmannen si vurdering er dette ein positiv tilvekst som vil ta over og lette den delen av skisenteret sin økonomi som har gått til oppkøyring av turløyper. Dette har ikkje vore ubetydelege utgifter. Rådmannen har tru på framtida og meiner at kommunen må hjelpe Breimsbygda skisenter ut av den vanskelege økonomiske situasjonen dei er kome opp i.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Kommunestyret vedtek ei kapitaltilføring til Breimsbygda skisenter AS med kr. 350.000

fordelt på kr. 200.000 i ny aksjeteikning og kjøp av 100 andelar i Utvikfjellet løypelag på til saman kr. 150.000

2. Beløpet vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet 3. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettjusteringar 11.03.2014 KULTUR - OG MILJØUTVALET 012/14 VEDTAK : Kultur- og miljøutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes.

Page 42: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 42

13.03.2014 FORMANNSKAPET 030/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 43: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 43

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Eldrerådet 10.03.2014 006/14 Rådet for funksjonshemma 10.03.2014 006/14 Helse- og omsorgsutvalet 11.03.2014 005/14 Formannskapet 13.03.2014 031/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Beate O. Kornberg

Objekt: Arkiv: F17

Arkivsaknr.: 12/1351-10

Midlar til nye kommunale bustader for vanskelegstilte

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Gloppen kommune har behov for å skaffe seg fleire større kommunale bustader til utleige for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Sal av framleigde bustadar til flyktningar har ført til eit behov for å handle raskt, og kommunen har få eigna kommunale bustader til denne målgruppa. For å kunne følgje opp kommunestyret sitt vedtak om å ta imot flyktningar, samt kommunen sitt generelle ansvar for å hjelpe til med å skaffe bustader til vanskelegstilte, må kommunen ha fleire eigna kommunale bustader tilgjengeleg. Saksutgreiing: Kartlegginga av den kommunale bustadmassa som vart gjennomført i samband med utarbeiding av bustadsosial handlingsplan viser at eksisterande bustader er gamle og ueigna for denne målgruppa. Nesten alle sjølvstendige kommunale bustader er 2-roms eller mindre (totalt 37 av 41). Faglege vurderingar frå eigedomsavdelinga viser at det er for kostbart å rehabilitere eller bygge om nokre av dei eksisterande bustadene til større husvære. Kommunen treng å auke bustadmassen med nybygde husvære. Kommunestyret har difor gjort vedtak om å selje nokre av dei gamle bustadene. Inntektene frå dette salet er med og styrkar investeringsfondet allereie i 2014. Gloppen kommune har i mange år vore ein stor mottakskommune for flyktningar. For å kunne klare denne oppgåva har vi over lenger tid gjort oss avhengig av den private utleigemarknaden. Dette har sett kommunen i ein sårbar situasjon, spesielt når det er eit generelt press i marknaden. Ein del av dei private utleigarane har i vinter lagt nokre av bustadene sine ut for sal. Kommunen misser såleis ein del av bustadene vi har framleigt. Pr. i dag er alle dei egna kommunale bustadene utleigde. Marknaden elles er vanskeleg, og vi har difor behov for å investere i nye bustadar raskt. Det er vanskeleg å seie det eksakte behovet for bustader i 2014, men 4 kan vere eit realistisk måltal. Det vil ytterlegare vere trong for 4 husvære i 2015 og 2 husvære i 2016 for å kunne busette nye flyktningefamiliar.

Page 44: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 44

I punkt 4 i tiltakslista i kommunen sin bustadsosiale handlingsplan for perioden 2008-2020, har kommunen forplikta seg til å etablere eit tettare samarbeid med private interessentar for utbygging av samlokaliserte bustader i sentrum. Parallelt med behovet for fleire større kommunale bustader til familiar, vert det jobba med å få bygd fleire samlokaliserte bustader til unge med nedsett funksjonsevne i privat regi (Hamarøy-modellen). Denne modellen er meir tidkrevjande å sette i verk og vil ikkje gje oss ei rask nok løysing på dei utfordringane vi står overfor her. Økonomiske konsekvensar for kommunen: For å finansiere eit slikt huskjøp ser ein føre seg ein kombinasjon av opptak av lån, bruk av investeringsfond og Husbanken sine tilskots- og støtteordningar. Kommunen sitt investeringsfond vert styrka ved sal av kommunale bustader. For å minske lånebehovet og få ei akseptabel husleige, må det brukast av investeringsfondet i tillegg til lån og tilskot. Kommunen må i dagens marknad rekne ca. 2,5 mill. for kjøp av ei ny 3 roms bueining. Å kjøpe 4 bueiningar til 4 familiar, vil totalt koste ca. 10. mill. Finansieringsplan for 2014: Utgift Finansiering Utgift 4 bueiningar 10.000.000 Tilskot frå husbanken (20%) 2.000.000 Bruk av investeringsfond 3.000.000 Lån 5.000.000 Eit serielån på 5.000.000,- med 30 års nedbetalingstid med 4% rente vil påføre kommunen ein utgift på ca. kr.375.000 i renter og avdrag kvart år. Dette vil bli finansiert gjennom inntekter av løpande husleige for leigetakar. Husleiga vert om lag 8.000,- pr.mnd. Ein del av desse leigetakarane vil kunne fylle krava til å få bustøtte. Meirutgifter i drifta på renter og avgifter vert dekt inn med økt husleigeinntekter. Finansiering av husvære som må skaffast i 2015 og 2016 må innarbeidast i økonomiplanane for desse åra. Rådmannen si vurdering: Det er viktig å raskt erstatte dei større private og kommunale bustadene som er lagt ut for sal med nye bustader som stettar målgruppa sine behov og dagens krav til byggestandard. Det er ikkje aktuelt å kjøpe eldre private bustader, då kommunen har eit stort behov for å fornye den kommunale bustadmassa. Rådmannen vurderer difor at vi har behov for å kjøpe nye bustader som ligg ute for sal i marknaden, og/eller inngå avtale med private aktørar som er villege til å bygge for oss. At kommunen er aktiv med å skaffe seg nye og fleire eigna bustader dempar presset på den private marknaden, som igjen fører til at andre får høve til å skaffe seg bustad. Å skaffe fleire større kommunale bustader til utleige er avgjerande for å kunne busette flyktningfamiliane, ta imot nye flyktningar og få til vekst i folketalet i Gloppen.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING :

Page 45: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 45

1. Kommunestyret vedtek finansieringsplanen for 2014 med låneopptak på 5.000.000 og bruk av 3.000.000 frå investeringsfondet for å kjøpe 4 nye 3-roms husvære

2. Nye bustadbehov i 2015 og 2016 vert innarbeida i komande økonomiplanar for desse åra. Kommunestyret vedtek at rådmannen får fullmakt til å gjennomføre kjøpa innanfor denne finansieringsramma.

10.03.2014 ELDRERÅDET 006/14 VEDTAK : Eldrerådet meiner at dei økonomiake konsekvensane av tiltaket ikkje er godt nok utgreidde og meiner at tiltaket bør utsettast til framlegginga av årsbudsjettet for 2015 og økonomiplanen fram til 2018. Vedtaket var samrøystes. 10.03.2014 RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA 006/14 VEDTAK : Rådet for funksjonshemma stiller seg positive til planane om midlar til nye kommunale bustader for vanskelegstilte. Vedtaket var samrøystes. 11.03.2014 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Leidulf Gloppestad (Sp):

Helse- og omsorgsutvalet er kjende med alvoret i bustadsituasjonen, men finn det vanskeleg å prioritere midlar frå investeringsfondet til tiltaket. Helse- og omsorgsutvalet sender difor saka til formannskapet, som økonimiutval, for å avklare økonomiske prioriteringar. Utvalet ser det også som eit problem å få ei sak med så stort finansieringsbehov og som ikkje ligg i økonomiplanen, så kort tid etter at denne planen er vedteken.

005/14 VEDTAK : Helse- og omsorgsutvalet er kjende med alvoret i bustadsituasjonen, men finn det vanskeleg å prioritere midlar frå investeringsfondet til tiltaket. Helse- og omsorgsutvalet sender difor saka til formannskapet, som økonimiutval, for å avklare økonomiske prioriteringar. Utvalet ser det også som eit problem å få ei sak med så stort finansieringsbehov og som ikkje ligg i økonomiplanen, så kort tid etter at denne planen er vedteken. Vedtaket var samrøystes. 13.03.2014 FORMANNSKAPET

Page 46: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 46

Framlegg frå Edgar Kvernevik (SD):

Saka blir utsett. Framlegget fekk ei røyst og fall. Framlegg frå Anniken Rygg (H):

1. Kommunestyret vedtek finansieringsplanen for 2014 med låneopptak på 5.000.000 og bruk av 3.000.000 frå investeringsfondet for å kjøpe 4 nye 3-roms husvære som eit utgangspunkt. Rådmannen kjem tilbake til formannskapet med justert finansieringsplan med grunnlag i sal av kommunale husvære

2. Kommunestyret vedtek at rådmannen får fullmakt til å gjennomføre kjøpa innanfor brutto finansieringsramma

3. Kommunestyret føreset at det vert marknadspris som grunnlag for husleige 4. Nye bustadbehov i 2015 og 2016 vert å vurdere i komande økonomiplanar for

desse åra. Framlegget vart vedteke med åtte røyster. 031/14 VEDTAK : Framlegget frå Anniken Rygg vart innstilt med åtte røyster.

Page 47: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 47

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 032/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Arne Eikenes

Objekt: Arkiv: U63

Arkivsaknr.: 12/933-20

Søknad om utvida skjenkeløyve med tilvirkingsløyve - ny skjenkestyrar

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Gloppen Hotell søkjer i brev av 6. februar i år om å få utvide skjenkeløyvet sitt til også å gjelde såkalla «tilvirking». Med andre ord: hotellet søkjer om løyve til å produsere alkoholhaldig drikke og selje denne som ein del av sitt skjenkeløyve. Saksutgreiing: Den som har kommunalt skjenkeløyve kan søkje om å utvide dette til også å omfatte produksjon av dei same drikkane som kan skjenkast. Det er likevel ikkje høve til å produsere brennevin. Helsedirektoratet skriv følgjande om denne type løyve:

(…)

Drikken som tilvirkes kan kun skjenkes ved det skjenkested som har den skjenkebevillingen som tillatelsen er knyttet til og kan ikke omsettes på annen måte.

Utvidelse av kommunal skjenkebevilling for tilvirkning for skjenking i egen virksomhet kan også gis for en bestemt del av året eller for en enkelt bestemt anledning. Eksempelvis kan dette gjelde gårder som har turisme og selskapsarrangementer som tilleggsvirksomhet og kun trenger skjenkebevilling ved det enkelte arrangement.

Det er viktig å være oppmerksom på at bevillingshaver må kontakte Tollvesenet og Mattilsynet for registrering før tilvirkning igangsettes.

Planane til Gloppen Hotell er å produsere tre til fem ulike typar øl for tapping (ikkje på flaske). Samla årsproduksjon er tenkt til om lag 5.000 liter. Produksjon av eige øl er eit ledd i hotellet si satsing både på oss glopparane og på andre gjester og kundegrupper, ikkje minst lakse- og ørretsfiskarane. Saka om utvida løyve til også å omfatte tilvirking, har ikkje vore lagt fram for politiet eller sosialtenesta (NAV) sidan rådmannen legg til grunn at eit slik løyve ikkje har mykje å seie for dei omsyna politiet og NAV skal ivareta. ---

Page 48: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 48

Samstundes med denne søknaden har rådmannen gjort hotellet merksam på at ny skjenkestyrar må godkjennast etter avdøde Dag Moen. Hotellet ber om at Irene Moen – som hittil har vore vara for skjenkestyrar – blir ny styrar, og at Preben Moen blir ny vara. Varastyrar har – når dette er skrive – ikkje teke kunnskapsprøva i alkohollovgjevinga. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Rådmannen tilrår søknaden om tilvirkingsløyve, og har elles ingen merknader i saka. Sidan varastyrar ikkje har teke kunnskapsprøva, er det nødvendig å ta eit atterhald i godkjenninga av han.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Formannskapet godkjenner at skjenkeløyvet til Gloppen Hotell blir utvida til også å omfatte tilvirking av øl slik hotellet søkjer om. Formannskapet godkjenner samstundes Irene Moen som ny skjenkestyrar for hotellet sitt løyve og Preben Moen som vara for skjenkestyrar. Godkjenninga av varastyrar er gjort med atterhald om at han tar – og får godkjent – kunnskapsprøva i alkohollovgjevinga. 13.03.2014 FORMANNSKAPET 032/14 VEDTAK : Formannskapet godkjenner at skjenkeløyvet til Gloppen Hotell blir utvida til også å omfatte tilvirking av øl slik hotellet søkjer om. Formannskapet godkjenner samstundes Irene Moen som ny skjenkestyrar for hotellet sitt løyve og Preben Moen som vara for skjenkestyrar. Godkjenninga av varastyrar er gjort med atterhald om at han tar – og får godkjent – kunnskapsprøva i alkohollovgjevinga Vedtaket var samrøystes.

Page 49: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 49

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 033/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Kristine Dahl

Objekt: Arkiv: 143 N0

Arkivsaknr.: 13/86-9

Vurdering av tilbod frå Asplan Viak AS - kommunedelplan for ferjefri fjordkryssing ved Anda - Lote Ingen vedlegg. Kva saka gjeld: Inngå avtale med konsulentselskap for utarbeiding av kommunedelplan for ferjefri kryssing Lote-Anda Bakgrunn for saka: Kommunestyret i Gloppen vedtok i møte den 28. januar 2013, sak 005/13, å inngå eit interkommunalt plansamarbeid med Eid kommunestyre for utarbeiding av ein kommunedelplan med planprogram for ferjefri kryssing mellom Anda – Lote. Anbodsrunden er no avslutta, og det er berre Asplan Viak AS som står att som tilbydar. Nordplan AS leverte også inn tilbod, men dette vart avvist fordi tilbodet var mangelfullt i høve til oppdraget. Asplan Viak AS sitt tilbod vert no lagt fram for vurdering og finansiell godkjenning i samsvar med punkt nummer tre i kommunestyret sitt vedtak: Planarbeidet vert finansiert gjennom bruk av disposisjonsfondet. Kommunestyret vil ta stilling til konkret beløp når kostnadane til prosjektet er endeleg avklart. Kommunestyret skal ha sak om finansiering til behandling før arbeidet kan setjast i gang. Tilsvarande sak om finansiering vert også lagt fram for Eid kommunestyre, jf. Eid kommunestyre sitt vedtak av 14. mars 2013, sak 018/13: Planarbeidet vert finansiert gjennom bruk av disposisjonsfondet. Kommunestyret vil ta stilling til konkret beløp når kostnadene til prosjektet er endeleg avklart. Kommunestyret skal ha sak om finansiering til behandling før arbeidet kan settast i gang. Ein kommunedelplan for ferjefrikryssing ved Anda – Lote vil vere ein føresetnad for å kome i posisjon for vegmidlar i Nasjonal transportplan. Saksutgreiing:

Page 50: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 50

Basert på plan- og utviklingsavdelinga i Eid kommune sine erfaringar når det gjeld kostnader ved kjøp av konsulenttenester for utarbeiding av planar etter plan- og bygningslova, la ein til grunn at tenesta ville ha ein verdi under kr. 500 000,-. Ein valde difor å gjennomføre anbodsrunda etter reglane om kjøp etter forskrift om offentlege anskaffingar del I, såkalla direkteanskaffingar. Tre konsulentfirma vart deretter inviterte til å kome med tilbod på planarbeidet. Desse var Norconsult AS, Nordplan AS og Asplan Viak AS. Norconsult AS melde i brev datert 3. februar 2014 frå om at prosjektet var av eit slikt omfang at det ikkje ville vere råd å kome med eit tilbod innanfor grenseverdien på kr. 500 000. Asplan Viak AS og Nordplan AS leverte begge inn tilbod. Tilbodet frå Nordplan AS er avvist. Tilbodet omfatta ikkje pris for utarbeiding av konsekvensutgreiing og inneheldt då heller ikkje eit pristilbod for eit fullstendig planarbeid, som etterspurt. Konklusjonen vart difor at tilbodet måtte avvisast. Kommunestyra står no att med Asplan Viak AS som einaste tilbydar. Asplan Viak AS har i sitt tilbod gjort greie for korleis dei vil gjennomføre planprosessen. Under føresetnad av at det i høyringsrunden av planprogrammet ikkje kjem fram omfattande krav til planarbeider, tilbyr dei å gjennomføre planarbeidet for ein fast pris på kr 439 000 eksl. mva. Vedståingsfristen er to månader etter mottak av tilbodet. Tilbodet er ikkje akseptert, då mynda til dette ligg hjå kommunestyra. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dersom kommunestyra i Eid og Gloppen aksepterer tilbodet frå Asplan Viak AS, vil det vere naturleg å dele kostnadane likt. Pris per kommune for planarbeidet vert då kr 219 500 eksl. mva. Kr. 274 375 inkl. mva. Det er også truleg at det vil komme noko utgifter til eige arbeid i tilknyting til planarbeidet, og det bør såleis takast høgde for å setje av kr. 300.000,- til planarbeidet, eks. mva. Rådmannen tilrår at finansieringsramma vert sett til kr. 300 000, slik også rådmannen si tilråding i Eid kommune lyd. Gloppen kommunestyre har vedteke å finansiere planarbeidet over disposisjonsfondet, som vil minske tilsvarande. I dag er disposisjonsfondet på om lag kr. 17. millionar. Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner at tilbodet til Asplan Viak AS dekkjer dei minimumskrava som plan- og bygningslova set til ein planprosess, slik som etterspurt i vårt konkurransegrunnlag. Rådmannen meiner difor at tilbodet frå Asplan Viak AS kan aksepterast slik den ligg føre.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre aksepterer Asplan Viak AS sitt tilbod av 12. februar 2014, om utarbeiding av kommunedelplan med planprogram for ferjefri kryssing ved Anda – Lote. Gloppen kommunestyre godkjenner ei kostnadsramme på kr. 300.000,- eks. mva til planarbeidet. Kostnadene blir finansiert ved bruk av disposisjonsfondet.

Page 51: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 51

13.03.2014 FORMANNSKAPET 033/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 52: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 52

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 034/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Kristine Dahl

Objekt: Arkiv: 140

Arkivsaknr.: 11/1342-22

Finansiering av kommundelplan for Byrkjelo og sentrumsanalyse for Sandane som tettstad Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Rådmannen legg, i samsvar med målsetjingane i kommunedelplanen, med dette fram ei sak om finansiering av konsulentkjøp for utarbeiding av ein kommunedelplan med planprogram for Byrkjelo sentrum og for utarbeiding av ein sentrumsanalyse for Sandane tettstad. Saksutgreiing: Kommunestyret i Gloppen har i den skriftlege delen til kommuneplanen, vedteke i møte den 10. november 2008 (sak 51/08), fastsett følgjande målsetjing i rolla som samfunnsutviklar: «Kommunen har ei viktig rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Dette gjeld ikkje berre eige tenestetilbod, men i like høg grad tilrettelegging for og regulering av andre aktørar sin aktivitet. Kommuneplanen skal syne korleis ein politisk vil leggje til rette for utvikling og endring i lokalsamfunnet. Utviklarrolla kjem ofte i skuggen av tenesteproduksjonen, både når det gjeld pengebruk og mannskap, gjennom denne planen prøver vi å leggje større vekt på utviklarrolla, og å gjere kommuneorganisasjonen meir utviklingsretta». Under punkt 2.10, Sentrumsutvikling, er dette nærare utdjupa: «Kommunen er prega av aktive bygder med kvart sitt naturlege sentrum: Hyen, Reed, Byrkjelo og Sandane. Desse sentra er ulike i storleik og har kvar sine funksjonar. Hyen, Reed og Byrkjelo er lokale sentra med funksjonar som stettar daglege behov – skule, barnehage, eldrebustader, daglegvarer…» Og vidare: «Hyen er innfallsporten til kommunen frå vest, Byrkjelo frå aust og Sandane frå nord. E-39 går gjennom tre av sentra og knytter kommunen til eit nasjonalt transportnett som det er viktig å hegne om. Den nære tilknytinga til E-39 er eit aktivum som må nyttast bevisst i høve næringsutvikling. Langs E-39 er Byrkjelo og Sandane dei naturlege innfallsportane til kommunen, dette bør vektleggjast når kommunen skal utvikle sine framtidige kommunikasjonsstrategiar…».

Page 53: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 53

Både Hyen, Sandane, Reed og Byrkjelo er, som ein ser, stadar som er trekte fram som fokusområde i kommunedelplanen. Målsetjingane for område er fylgd opp i kommunen sin økonomiplan for perioden 2014 – 2017. På side 10 er det eitt av dei overordna måla for samfunnsutvikling at det «[i]nnan 2016 er…utarbeidd kommunedelplanar for utvikling av lokalsamfunna i Hyen, i Breim og for tettstaden Sandane». For Hyen sin del, peikar vi kommuneplanen på utfordringane med det fallande folketalet. Som gjer at det over tid vil vere ei utfordring å oppretthalde grunnlaget for eit offentleg tenestetilbod i bygda. Denne problemstillinga har administrasjonen teke tak i, i tett samarbeid med bedrifta Brødrene Aa, utviklingslag, grunneigarar mfl. Gjennom Prosjekt Hyen 2030 skal ein jobben saman for tilflytting og vekst i Hyen. På Reed, er målsetjinga å leggje til rette for gode bu- og oppvekstvilkår og leggje til rette for at både nye og etablerte næringar kan vekse. Utfordringa har vi til no møtt på fleire måtar. Hetlebakkane bustadområde er regulert og vedteke opparbeidd. Breim barnehage er etablert på Reed og vi er i gang med ei stadanalyse på Reed. Analysen har fått namnet Pilot Reed 2013, og skal opne for nye tankar og sjå Reed på ny. Prosjektet er initiert og styrt av fylkeskommunen ved plan- og samfunnsavdelinga, men kommunen er med som tilretteleggjar og støttespelar. Stadanalysen skal danne grunnlaget for ein ny reguleringsplan for Reed. Sandane tettstad/sentrum og Byrkjelo står no for tur. I samsvar med kommuneplanen må ein no setje i gang eit større arbeid for å styrke Sandane som eit handels- og kultursentrum for Gloppen og den nære regionen. På Byrkjelo må det leggjast til rette for at Byrkjelo også i framtida vert eit naturleg trafikk-knutepunkt, jf. kommuneplanen sin tekstdel punkt 3.1.2. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Arbeidet som skal gjerast er tidkrevande og føreset tilgang til ulike fagkompetansar. Kommunen har ikkje tilstrekkeleg kompetanse og heller ikkje kapasitet til sjølv å gjennomføre arbeidet. Rådmannen tilrår derfor at det blir sett av inntil kr 1 million til gjennomføring av dei to prosjekta:

• Sentrumsanalyse for Sandane • Kommunedelplan for Byrkjelo

Beløpet blir finansiert frå disposisjonsfondet. Rådmannen si vurdering: Rådmannen ser det som kritisk at vi kjem i gang med ei vidareutvikling av både Sandane som tettstad og av Byrkjelo som kommunikasjonssenter så snart rå er. Gjennomføringa av kommuneplanen sine målsetjingar krev ressursar som vi i dag ikkje har. Rådmannen føreslår difor å kjøpe konsulenttenester for utarbeiding av ein kommunedelplan med planprogram for Byrkjelo og for utarbeiding av ein sentrumsanalyse for vidare utvikling av Sandane sentrum. Sandane tettstad Når det gjeld Sandane som tettstad, så er målsetjinga at Sandane skal styrkast som eit handels- og kultursentrum. Ikkje berre for innbyggjarane i Gloppen, men også for den nære regionen.

Page 54: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 54

Det er ikkje tvilsamt at ein med Trivselshagen og dyktige næringslivsaktørar, mellom anna på matkultursida, allereie har gode føresetnader for å kunne lukkast med dette. Opprustinga av Nordstrandsvegen vil også gjere denne delen av sentrum til ein trivlegare stad å handle og opphalde seg i. Etter rådmannen sitt syn har vi likevel ein lang veg å gå, når det gjeld å tilretteleggje Sandane som handel- og kulturstad. Sandane sentrum er lite, men er likevel fragmentert. Handelshus, kontorbygg og forretningar ligg skild frå kvarande med store parkeringsplassar og køyrevegar, med få naturlege ferdselsårer som knyt bygningane og tilboda saman. Strekninga Grandane – Firda bilag – Sentrumsbygget består stort sett av parkeringsplassar, og kan opplevast som uttrygg og kaotisk for mjuke trafikantar. Både tilreisande og innbyggjarane har gjeve uttrykk for dette. Det er vanskeleg å gjere noko med køyremønsteret, men sentrum har likevel eit stort potensiale. Området ned mot fjorden er opent, og tettstaden kan med riktige grep framstå som innbydande både frå sjøsida og landsida. Utvikling av Sandane som cruisedestinasjon føreset også at det blir gjort ei heilskapleg analyse av korleis cruiseanløpa kan inkluderast og gjerast til ein mest muleg naturleg del av sentrum. Ei sentrumsanalyse vil kunne avdekkje moglegheiter for eit nytt, framtidig forflyttingsmønster i sentrum for mjuke trafikantar. Vidare kan ein finne område der nye og grøne lungar kan vekse fram. Tilsvarande vil ein kunne sjå på framtidig bruk av det sjønære området, så som moglegheiter for torghandel og turisme. Ein sentrumsanalyse vil løfte fram tema som naturleg høyrer heime i ein kommuneplan, og i framtidige vurderingar av reguleringsplanen for Sandane. Utarbeiding av ei slik analyse, krev særskild erfaring og kompetande, som vi ikkje innehar. Rådmannen tilrår difor at vi også kjøper inn denne typen teneste. Byrkjelo som kommunikasjonsknutepunkt Rådmannen er ikkje tvil om at Byrkjelo vil vere eit viktig trafikk-knutepunkt også i framtida, slik ein også har sagt det i kommuneplanen. Etter rådmannen sitt syn vil dette gjelde uavhengig av vidare traseval for E-39, og finn det difor både riktig og viktig å fremje ei sak om finansiering for eit planarbeid på Byrkjelo no. Stryn kommune er i gang med å planleggje traseen for ein tunnell gjennom Utvikfjellet, og det er viktig at vi er med å leggje premissane for kvar denne skal leggjast. Ei plassering av tunnellinnslaget i eller i området nært Byrkjelo sentrum vil kunne opne opp for ny næring og vekst på Byrkjelo i framtida. I dette området vil det vere naturleg å tenkje regulering av næringsområde, som vil kunne vere attraktive for bedrifter på begge sider av Utvikfjellet. Byrkjelo er vidare ein naturleg stoppestad for daglegvarehandel for gjennomreisande, bebuarar, turistar og hyttefolk. Slik rådmannen ser det, er det potensialet for vidare utvikling av Byrkjelo som handelsstad, men dette føreset at trafikken framleis går gjennom og like ved Byrkjelo sentrum. I eit utviklingsperspektiv vil det vere mange andre interesser som også må takast omsyn til. Så som innbyggjarane, landbruk og anna næringsliv, for å nemne nokon. Ein planprosess vil såleis bli krevjande. Ein vil, som på Reed, ha behov for å tenkje nytt og sjå på Byrkjelo med nye auge. Slikt krev både ressursar og fagkunnskap på fleire område. Rådmannen meiner at ein løyser desse utfordringane best ved å engasjere røynde plankonsulentar, som sjølvsagt i prosessen må samarbeide med administrasjonen, politikarane og samfunnet.

Page 55: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 55

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre bevilger kr. 1 million til arbeidet med utarbeiding av ein sentrumsanalyse for Sandane og kommunedelplan for Byrkjelo. Bevilgninga blir finansiert ved bruk av midlar frå disposisjonsfondet, og rådmannen får fullmakt til å gjere naudsynte budsjettjusteringar. Rådmannen får fullmakt til lyse ut oppdraget og inngå endeleg avtale. 13.03.2014 FORMANNSKAPET Framlegg frå Sjur Atle Austrheim (uavhengig):

Som rådmannen si tilråding, men med slik endring i første avsnitt: Gloppen kommune bevilger inntil kr 1 million (…)

Framlegget var samrøystes vedteke. Edgar Kvernevik fekk permisjon frå møtet og var ikkje med på avrøystinga i saka. 034/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding, med endringsframlegget frå Sjur Atle Austrheim, vart samrøystes innstilt.

Page 56: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 56

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 035/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Marit Elisabeth Larssen

Objekt: Arkiv: 614

Arkivsaknr.: 14/658-3

Overdraging av Rygg skule til Sørstranda Utviklingslag

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 216742 Overtaking av Rygg skule Bakgrunn for saka: Spørsmålet om bruk av tidlegare Rygg skule har vore reist fleire gonger. I tilknytting til arbeidet med økonomiplanen for 2014 – 2017 blei det vurdert å legge bygningen ut for sal, men saka blei ikkje realitetsbehandla då det blei kjend at det var lokal interesse for å overta bygningen. Det kom også fram eit ønskje frå Rygg barnehage om å sikre dei tilgang til uteområdet då dei er avhengige av det for å sikre drifta av barnehagen. Lokalt har det vore arbeidd vidare med saka, slik at det no ligg føre ein konkret førespurnad om overtaking. Saksutgreiing: Førespurnaden om å få overta tidlegare Rygg skule kjem frå Sørstranda Utviklinglag. Utviklingslaget ber om å få overta bygningen vederlagsfritt. Som det går fram av vedlagt brev frå laget, datert 27.02.2014, ønskjer dei å selje bygningen vidare mellom anna for å sikre midlar til rehabilitering av Gamle Gimmestad Kyrkje. Dei tenkjer seg ei deling 50/50 av inntekter frå salet med ein halvpart kvar til kyrkja og utviklingslaget. Rygg barnehage sin trong for uteområde tenkjer dei også å imøtekome gjennom ein langsiktig leigeavtale mellom partane. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ei vederlagsfri overføring av tidlegare Rygg skule til Sørstranda Utviklingslag vil bety at kommunen ikkje får frigjort verdien av bygningen og dermed styrka investeringsfondet sitt. Soleis kan ei overføring sjåast som negativ for kommunen. På den andre sida vil den løysinga som utviklingslaget skisserer gi så pass mykje «i pose og sekk» at det i sum truleg vil vege opp for det inntektstapet kommunen har:

• Bygningen kjem i aktiv bruk og vil ikkje stå som ein passiv utgiftspost i kommunen sitt rekneskap

• Salet som utviklingslaget skal gjennomføre, vil frigjere verdiar som laget vil setje av for rehabilitering av Gamle Gimmestad Kyrkje. Det bidreg positivt i kommunen sitt

Page 57: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 57

reknestykke då finansiering av rehabiliteringsarbeidet er ei kommunal utgift. Eit sal vil redusere trong for kommunal medfinansiering

• Barnehagen blir sikra tilgang til uteområdet, noe som sikrer barnehagen si drift framover. Rygg barnehage er viktig for den samla barnehagedekning i kommunen.

• Lukkest dei med sitt initativ vil det i tillegg både bli etablert lokale for arbeidsplassar og nye bueiningar i bygda. Det vil også vere positivt for kommunen

Kommunen vil ikkje ha direkte utgifter ved ei overføring, då det bør vere ein føresetnad av utviklingslaget dekke kostnader ved tinglysing. Rådmannen si vurdering: Det er positivt at Sørstranda Utvikling vil engasjere seg i å skape aktivitet i den tidlegare skulebygningen. Laget si skisse til løysing ser gjennomtenkt ut sidan det blir lagt opp til at fleire behov skal stettast. Frå kommunen si side er det likevel viktig å sikre at dei partane som er tenkt «begunstiga» gjennom den løysinga som er foreslått, blir det. Dette kan gjerast ved at kommunen sett vilkår for overtakinga:

• Fordeling av overskot frå sal med ein halvpart til Gamle Gimmestad Kyrkje. Kva laget vel å gjere med sin halvpart kan kommunen ikkje godt meine noe om

• Rygg barnehage skal vere sikra tilgang til tilstrekkeleg uteareal basert på den drifta dei har. Kva avtale som blir inngått mellom Sørstranda Utviklingslag og Rygg barnehage er privatrettsleg. Sett frå kommunen si side er det likevel ikkje likegyldig kva som blir resultatet, då barnehagen er avhengig av arealet for å sikre drift si. Viss partane ikkje blir samde slik at barnehagen må legge ned drifta si, vil det forverre barnehagedekning i kommunen monnaleg. Kommunen må derfor føresette at utviklingslaget strekker seg for å finne ei god og varig løysing.

Sørstranda Utviklingslag må sjølv fremje sak om omregulering av bygningen til forretningsverksemd og bustadføremål. Eit stridspunkt har vore kven som eig grunnen som bygningen står på. Eg ser ikkje grunn til å gå nærare inn på det i denne saka. Utviklingslaget er kjend med diskusjonen som har vore og meiner at også det spørsmålet vil vere ute av verda med denne løysinga. Konklusjonen min blir eit framlegg om å overføre skulebygningen på Rygg til Sørstranda Utviklingslag på dei vilkår som er nemnde i saka.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Kommunestyret imøtekjem førespurnaden frå Sørstranda Utviklingslag om å overta

tidlegare Rygg skule vederlagsfritt. 2. Vilkår for å overdrag bygningen vederlagsfritt er at Gamle Gimmestad Kyrkje blir tilført

50% av overskot frå salet, samt at Rygg barnehage blir sikra uteareal i samsvar med den drifta dei har.

3. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtalen med Sørstanda Utviklingslag. 4. Utviklingslaget må sjølv dekke utgifter til tinglysing og fremje sak om omregulering av

bygningen til endra føremål. 13.03.2014 FORMANNSKAPET

Page 58: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 58

035/14 VEDTAK : Rådmannens si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 59: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 59

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 036/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Marit Elisabeth Larssen

Objekt: Arkiv: 614

Arkivsaknr.: 09/1476-2

Overdraging av slaktehuset på Øyrane til Sandane Småbåtlag

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 217049 Presentasjon småbåtlaget 2014 - service og vinterlagringshall (2) 217050 Søknad Gloppen kommune - Sandane Småbåtlag 217053 Småbåthamna Øyrane Vest 217054 Reguleringskart Øyrane Vest Bakgrunn for saka: Sandane Småbåtlag har søkt om å få overta slaktehuset for riving med tanke på å bygge opp ny hall for båtlagring med funksjoner for servicebygg og tilrettelegging av naudsynte fasilitetar for brukarane av båthamna. Vedlegga syner kva småbåtlaget ønskjer å få gjort i området. Saksutgreiing: Kommunestyret har gjort vedtak om at Slaktehuset på Øyrane skal rivast, for å gi plass til utviklinga av området som arena for aktivitet knytt til småbåthamna. Dette er nedfelt i reguleringsplanen for området, som blei vedtatt i 2008. Rivingsarbeidet er vurdert til ca 1 mill kroner. Kommunen har til no ikkje hatt økonomi til å få gjennomført vedtaket. Initiativet frå Sandane Småbåtlag inneber at dette arbeidet kan blir gjennomført. Som det går fram av søknaden ser dei for seg ei utvikling av området som stettar reguleringsplanens itt føremål. Laget søker om kommunalt bidragpå kr 500.000,- til gjennomføring av rivingsarbeidet. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Å få gjennomført riving av slaktehuset har synt seg å vere ei økonomisk utfordring for kommunen. Ved å imøtekome søknaden frå småbåtlaget blir arbeidet gjort som ein kombinasjon av kommunalt bidrag og dugnad. Ein god møte å nytte kommunale midlar på, sidan ein samstundes får løyst eit problem. Eit eventuelt tilskot må finansierast av disposisjonsfondet, då det ikkje er midlar tilgjengeleg innanfor budsjettet.

Page 60: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 60

Slaktehuset er no ei kommunal utgift, og huset har ikkje verdi for kommunen slik det står. Rådmannen si vurdering: Rådmannen ser positivt på initiativet til Sandane Småbåtlag. Gjennom den løysinga dei skisserer får kommunen iverksett del av reguleringsplanen og vedtaket om å rive Slaktehuset samstundes som Småbåtlaget får rydda opp i området, bidreg til å sikre store verdiar og legg til rette for å fasilitere båtfolk. Eg vil derfor rå til at søknaden frå Sandane Småbåtlag om å overta Slaktehuset vederlagsfritt blir imøtekome. Eg rår vidare til at laget frå eit kommunalt tilskot til riving av huset på kr 500.000,-. Når det gjeld riving av Slaktehuset, oppsetting av hall og annan tilrettelegging/andre tiltak i området gjeld reglane i plan- og bygningslova og laget må sjølv sikre at dei held seg innanfor dei rammene som er. Her vil dei få rettleiing frå kommunen si plan- og byggesaksavdeling om naudsynt. Tilskotet frå kommunen blir utbetalt med 75% når søknad om rivetillatelse er godkjent. Resterande beløp blir utbetalt når arbeidet er sluttført. Viss laget ikkje har kome i gong med riving innan utgangen av 2015 fell tilsagnet vekk. Det same gjeld vedtak om overdraging av Slaktehuset til Sandane Småbåtlag. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtalen med Sandane Småbåtlag basert på dei nemnde vilkåra.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret godkjenner at Slaktehuset på Øyrane blir overført vederlagsfritt til Sandane Småbåtlag. Kommunestyret stiller inn til kr 500.000,- til disposisjon til småbåtlaget til gjennomføring av arbeidet med riving av Slaktehuset. Bevilgninga blir finansiert frå disposisjonsfondet. Det er ein føresetnad for vedtaket at reguleringsplanen sitt føremål for området blir lagt til grunn for småbåtlaget sitt arbeid. Øvrige vilkår knytt til vedtaket går fram av rådmannen si saksutgreiing. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Sandane Småbåtlag basert på desse. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre naudsynte budsjettjusteringar. 13.03.2014 FORMANNSKAPET Framlegg frå Sjur Atle Austrheim (uavhengig):

Som rådmannen si tilråding, men med slikt tillegg til første avsnitt: (…), og kommunen inngår ein langsiktig leigeavtale med Sandane Småbåtlag om bruk av grunnen.

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Page 61: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 61

036/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding, med endringsframlegget frå Sjur Atle Austrheim, vart samrøystes innstilt.

Page 62: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 62

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Teknisk og landbruksutvalet 11.03.2014 012/14 Formannskapet 13.03.2014 037/14 Kommunestyret 24.03.2014 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jostein Moldestad

Objekt: Arkiv: Q10

Arkivsaknr.: 11/224-9

Veg til industriområde i Eidsmona - restfinansiering Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I 2010- budsjettet vart det løyvd kr 1,5 mill til prosjektet. Arbeidet kom i gang i 2011 og er om lag halvferdig og det er brukt kr 866 000,-. Arbeidet vart stoppa p.g.a. at tingingar om grunnkjøp ikkje var avslutta. Grunnkjøpet kom i orden i 2013 og er oppgjort. I 2014- budsjettet vart det gløymt å budsjettere for restarbeidet. Saksutgreiing: Det står att å bygge ny avkøyrsle til E 39 og opprusting av ca 150 m veg inn i industriområdet. Kostnaden med prosjektet vil bli slik: Arbeid utført hittil kr 662 000,- Utgifter til juridisk bistand kr 125 000,- Grunnkjøp kr 79 000,- Restarbeid kr 1 250 000,- Kostnad på prosjektet kr 2 116 000,- Det står att å finansiere kr 1 250 000,- for å få vegen ferdig. Kostnaden ligg over det som var budsjettert i 2010. Det er fleire årsaker det:

• Reglane for meirverdi er endra, slik at frå 2013 vart teneseteproduksjon på offenteleg veg ikkje lenger friteken for meirverdiavgift.

• Gatelyskablane og fundamenta for gatelysa, som var lagt ned då deler av vegen vart bygt kring 1990, var øydelagt og måtte erstattast.

• Utgifter til juridisk bistand • Prisstigning

Planen er å starte opp att arbeidet i vår. Men først må finansieringa ordnast. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Som nemnt vart kostnaden med å fullføre arbeidet ikkje teke med på investeringsbudsjettet for 2014. Det betyr at låneopptaket på 2014- budsjettet må aukast med kr 1 250 000,-. Rådmannen si vurdering:

Page 63: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 63

Rekneskapsforskriftene seier at prosjektmidlar som ikkje vert brukt det året dei er budsjettert skal overførast til neste år, elles fell dei ut av budsjetta. For dette prosjektet vart det gløymt. I tillegg er prosjektet blitt dyrare enn det som var budsjettert frå først av. Eg viser til saksutgreiinga. Rådmannen tilrår at arbeidet vert gjort ferdig og at restsummen vert finansiert ved låneopptak.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret godkjenner at arbeidet med veg til industriområdet i Eidsmona vert gjort ferdig. Finansiering av restarbeidet, til ein kostnad på kr 1 250 000,- vert lånefinansiert. 11.03.2014 TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET 012/14 VEDTAK : Teknisk og landbruksutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. 13.03.2014 FORMANNSKAPET 037/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 64: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 64

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 038/14 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 082

Arkivsaknr.: 11/1356-21

Val av pensjonsordning m m for folkevalde (ordføraren)

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Folkevalde i kommunar og fylkeskommunar har så langt vore tilslutta pensjonsordninga for folkevalde. Denne svarar til pensjonsordninga for tilsette, men har særskilde reglar som berre gjeld dei folkevalde. Kravet til full oppteningstid er 16 år og pensjonsalderen er 65 år. Frå 1. januar i år er det slutt med dagens pensjonsordning for folkevalde, og det må veljast ei ny løysning for dei dette gjeld. Hos oss, som i dei aller fleste kommunar, er det berre ordføraren som er innmeld i pensjonsordninga for folkevalde. Seinast 31. mars 2014 må alle kommunane ha teke stilling til kva pensjonsordning som skal gjelde for sine folkevalde. --- I saka tar rådmannen også opp spørsmålet om vi skal innføre ei ordning med «etterlønn» til ordføraren, slik at ho eller han har litt omrømingstid når siste periode er slutt. Saksutgreiing: Pensjon er ikkje enkelt verken å forstå eller å forklare. Rådmannen byggjer derfor si saksutgreiing på Kommunal Landspensjonskasse (KLP) si orientering. Omlegginga skuldast endringane i forskrift om pensjon for folkevalde, som er gjort gjeldande frå 1. januar 2014. Etter endringane må kommunen anten − melde sine folkevalde inn i den ordinære pensjonsordninga for dei tilsette i kommunen

med same pensjonsregler som desse, men med nokre få særreglar, eller − vedta at folkevalde skal meldast inn i ei særskilt pensjonsordning etter mønster av den nye

pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer. Innmelding i den ordinære tenestepensjonsordninga for dei tilsette Alderspensjonen vil bli ei brutto, livsvarig årleg yting tilsvarande som for dei tilsette i kommunen, men med enkelte tilpassingar. Pensjonen til uføre og gjenlevande vil også vere som i den ordinære fellesordninga for dei tilsette. Pensjonsordning etter mønster av ordninga for stortingsrepresentantar

Page 65: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 65

Alderspensjonen vil vere ei netto, livsvarig årleg yting. Pensjonen til uføre og gjenlevande vil vere som i det andre alternativet. KLP har sett opp desse kriteria ved val av løysing: Spørsmål Ordning som for tilsette Ordning som på stortinget Kvar er billigast for kommunen?

Billigast Det er gjennomsnittet i det totale fellesskapet som avgjer premien i kollektive forsikringsordningar. Folkevalde utgjer ei dyrare gruppe (høgare lønn og høgare alder) enn gjennomsnittet i fellesordninga for dei kommunetilsette. Fordi premien blir utjamna saman med dei andre tilsette i kommunen, vil det vere billigaste å melde folkevalde inn i fellesordninga.

Folkevalde utgjer ei dyrare gruppe (høgare lønn og høgare alder) enn gjennomsnittet i fellesordninga for dei kommunetilsette. Trass i at ei dårlegare yting normalt ville vere billigare (gjeve at alt anna er likt), blir dette vege opp av at denne ordninga vil ha eit fellesskap berre av folkevalde.

Kva lønner seg for den folkvalde?

Beste ordning Rekneeksempla viser at fellesordninga vil vere mest lønnsam for dei aller fleste.

I dei tilfella folkevalde alt har full opptening i pensjonsordninga, og avsluttar karrieren som tilsett i offentleg sektor, vil stortingsordninga lønne seg. Det er fordi dette er ei netto-ordning som kjem i tillegg til oppteninga i pensjonsordninga.

Gå av med AFP?

Ja Aldersgrensa blir 70 år i ny ordning (mot tidlegare 65 år). Som for alle andre i kommunen vil det vere høve til å gå av med pensjon ved 65 år.* Kommunen kan for folkevalde i tillegg inngå avtale om AFP frå 62-65 år.

Nei Men det er høve til fleksibel alderspensjon som i Folketrygda (med lavare årleg pensjon ved tidleg uttak).

* Dette kan virke litt forvirrande all den tid vi til vanleg legg til grunn at kommunalt tilsette kan gå av med AFP frå 62 år. Kommunen sin kontaktperson i KLP utdjupar dette slik:

(…) poenget med dette avsnittet trur eg har vore å få fram at sjølv om ein no får aldersgrense 70 år i motsetning til før 65 år, vil det ligge i ordninga ein pensjonsrett til AFP frå 65 år, altså ikkje ein alderspensjonsrett, men ein AFP-rett. Omtrent samtlege tilsette i off sektor kan ta ut AFP frå 65 år, slik vil det også bli for ordførarar som er innmeldt i denne ordninga. (…)

Page 66: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 66

--- Etter § 43 i kommunelova kan kommunestyret opprette ein eigen pensjonsavtale for dei folkevalde. Dette er gjort i Gloppen for ordføraren sin del. Slik KLP framstiller saka, må kommunestyret no ta stilling til: − Skal kommunen framleis ha ei pensjonsordning for folkevalde? − Kva alternativ skal skal vi i så fall velje? − Skal ordninga også omfatte folkevalde med mindre enn 1/3 av full godtgjersle? − Skal dei folkevalde skal ha rett til AFP frå 62 år? (Berre aktuelt viss vi vel den ordinære

ordninga som for tilsette.) KLP tilrår at val av alternativ blir gjort på eit langsiktig og prinsipielt grunnlag. Praktisk informasjon − Alle aktive blir meldt inn i ny ordning frå 1. januar 2014 − Kommunen sitt val av alternativ vil gjelde alle folkevalde i kommunen som oppfyller

kravet til medlemskap − Kommunen sitt val er meint å vere eit varig val − Uansett alternativ blir dei folkevalde førebels meldt inn i fellesordninga for kommunar og

bedrifter, og er dermed sikra rett uføre- og gjenlevandepensjon. Kva skjer med gamal ordning? − Alle aktive er meldt ut av ordninga 31. desember 2013 − Tidlegare utmelde med oppsette rettar og med allereie løpende pensjonar blir stående i

gammal ordning − Arbeidsgjevar skal framleis betale reguleringspremie, bruttogarantitilskot, tilskot som

dekker dei løpande kostnadene til allereie løpande «ventepenger» (nye tilfelle av «ventepenger» vil ikke kome til) og rentegarantipremie.

KLP har sett opp tre rekneeksempel på årleg pensjonsutbetaling: 1. Fødd 1961 (53 år) 14 års opptening, pensjonsgrunnlag 650 000: Ordning som for stortingsrepresentantar kr 41 855,44 Ordning som for kommunetilsette kr 65 961,40 2. Fødd 1974 (40 år) 27 års opptening, pensjonsgrunnlag 500 000: Ordning som for stortingsrepresentantar kr 47 494,17 Ordning som for kommunetilsette kr 64 622,32 3. Fødd 1984 (30 år), 37 års opptening, pensjonsgrunnlag 500 000: Ordning som for stortingsrepresentantar kr 61 666,67 Ordning som for kommunetilsette kr 68 031,85 Til rekneeksempela skriv KLP at sidan nye ytingar er levealdersjustert, vil pensjonen avhenge av alder og fødselsår. I eksempla er det lagt til grunn at personen er tilsett 1. januar 2014. «Etterlønn» til ordføraren Dette har ikkje nokon direkte samanheng med val av pensjonsordning for ordføraren, men det er likevel, slik rådmannen ser det, nærliggande å ta opp spørsmålet.

Page 67: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 67

Det vil sjølvsagt vere ulike årsaker til at ein ordførar sluttar, og ordføraren vil vere i ulike situasjonar når vervet er over. Dette gjeld både med omsyn til alder, kor lett og fort det vil vere å kome i vanleg arbeid igjen og kor lenge det er til pensjon kan takast ut. Dersom kommunestyret meiner vi skal innføre ei ordning med «etterlønn» for ordføraren, bør dette innarbeidast i reglementet om godtgjersle for folkevalde. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Den særskilde pensjonsordninga for folkevalde har vore ei dyr ordning på grunn av den korte oppteningstida på berre 16 år, altså fire valperiodar. I 2013 betalte vi om lag kr 187.000,- i pensjonspremie på ordninga (pluss arbeidsgjevaravgift). Dette utgjer vel 28 % av pensjonsgrunnlaget. Til samanlikning var pensjonspremien for den ordinære ordninga i KLP om lag 14 % i 2013. Det er likevel ikkje så enkelt som å seie at vi får halvert pensjonspremie ved å velje alternativet med ei ordning som for kommunalt tilsette. Men vi kan rekne med at begge alternativa blir billigare for kommunen enn dagens ordning. Rådmannen har ikkje grunnlag for å tvile på KLP sitt oppsett som viser at ei pensjonsordning som for kommunalt tilsette blir billigast for kommunen. Kostnaden med ei «etterlønnsordning» for ordføraren vil sjølvsagt avhenge av lengda på perioden og satsen på «etterlønna». Med tre månaders «etterlønn» - som tilsvarar ei vanleg oppseiingstid - vil dagens godtgjersle gje oss ein kostnad på rundt 200.000 kroner. Rådmannen si vurdering: Når rådmannen skriv dette, har berre Vågsøy og Hornindal kommunar behandla saka av Nordfjord-kommunane. Begge har valt å knyte dei folkealde til den ordinære pensjonsordninga for kommunalt tilsette. Det same har Sogn og Fjordane fylkeskommune gjort for sine folkevalde. Etter rådmannen sitt syn er dette også den løysinga Gloppen kommune bør går for. Som det går fram av saka er det ikkje berre spørsmålet om val av alternativ pensjonsordning vi skal ta stilling til. Rådmannen tilrår slikt svar på dei andre spørsmåla KLP stiller til kommunestyret: 1. Skal kommunen framleis ha ei pensjonsordning for folkevalde? Ja. 2. Skal ordninga omfatte folkevalde med mindre godtgjersle/«stillingsstorleik» enn 1/3 av

ordføraren si godtgjersle/verv? Nei. 3. Skal ordføraren ha rett til AFP frå 62 år? Ja. Spørsmålet om «etterlønn» Rådmannen har skrive «etterlønn» med «» fordi vi til vanleg ikkje brukar omgrepet lønn til folkevalde. I slike tilfelle snakkar vi om godtgjersle, ikkje lønn. Etter rådmannen si vurdering bør kommunen ha eit regelverk som seier noko om og korleis vi skal handtere spørsmålet om ei mellombels godtgjersle til ein avgått ordførar. Det er ein del problemstillingar som må vurderast i ei slik sak, så rådmannen ber om å få kome tilbake til eit konkret framlegg, innarbeidd i reglementet om godtgjersle til folkevalde.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING :

Page 68: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 68

1. Kommunestyret viser til rådmannen si utgreiing i saka og vedtek at Gloppen kommune

framleis skal ha ei pensjonsordning for folkevalde. Ordninga skal omfatte alle folkevalde som har meir enn 1/3 av ordføraren si godtgjersle i fast godtgodtgjersle

2. Kommunestyret vel å knyte dei folkevalde i Gloppen til den ordinære pensjonsordninga

for kommunalt tilsette i KLP. Ordninga skal også gje dei folkevalde medlemmene rett til avtalefesta pensjon frå 62 år

3. Kommunestyret ber rådmannen legge fram eit revidert framlegg til reglement om

godtgjersle til folkevalde der det er innarbeidd reglar om og satsar for ei avgrensa etter-godtgjersle til ordføraren når ho eller han sluttar i vervet.

13.03.2014 FORMANNSKAPET Ordføraren gjekk frå som ugild etter § 6, 2. ledd i forvaltningslova. 038/14 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.

Page 69: FOR 13 03 2014 - Gloppen · Side 1 GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 13.03.2014 Møtetid: Kl. 09:00 – 16:00 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 020/14 - 039/14

Side 69

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.03.2014 039/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Anders Ryssdal

Objekt: Arkiv: 411

Arkivsaknr.: 14/111-12

Status rekruttering av rådmann

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Saka vart teken opp i møtet.

13.03.2014 FORMANNSKAPET Møtet vart lukka i medhald av kommunelova § 31, nr 5. Ordføraren orienterte om status i arbeidet før 2. gangs intervju. Formannskapet er inviterte til å delta på intervjua som finn stad 18. mars med start kl 09.00. 039/14 VEDTAK : Det vart ikkje gjort vedtak i saka.