eit eige rom. norsk kulturråd 1965-2015

25

Upload: det-norske-samlaget

Post on 24-Jul-2016

239 views

Category:

Documents


8 download

DESCRIPTION

Av Alfred Fidjestøl.

TRANSCRIPT

Page 1: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015
Page 2: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

M_Eit eige rom.indd 2 22/09/15 10.13

Page 3: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

Alfred FidjestølEit eige romNorsk kulturråd 1965–2015

SamlagetOslo 2015

M_Eit eige rom.indd 3 22/09/15 10.13

Page 4: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

4 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 4 22/09/15 10.13

Page 5: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

innhald | 5

Innhald

8 forskrift

11 Kapi�el 1: «Skal norsk kultur avvikles?» – frå kulturkrise til kulturansvar 15 Nokon har snakka saman 19 Frå Forsøksråd til Kulturråd 24 Heiberg mot Groth 27 «En dynge ski� som burde være dobbelt beska�et» 36 «Stø� kulturen! Kjøp ‘Love’, kjøp ‘Cocktail’!» 39 «Noe farlig ligger i lu¡en»

43 Kapi�el 2: Pragmatisk og regelskeptisk – Kulturrådet tar form 45 Stolleiken 53 Automatisk innkjøpsordning 58 Det første normalåret 61 Vekk med bokavgi¡a

65 Kapi�el 3: «Meiningslaus rabling» – rindalismen kjem til Noreg 69 Leirfallismen 75 Permanent innkjøpsordning 82 «Minste motstands veg»

85 Kapi�el 4: Utvida kulturomgrep – innskrenka kulturråd 90 Prøysens siste pris 94 «Observere og ly�e istedenfor å snakke» 99 «Fei vekk søpppelet!» 102 Bingo og Beethoven: Den første kulturmeldinga 106 Å finne seg sjølv: Den andre kulturmeldinga 112 Kulturdeba� utan Kulturrådet

M_Eit eige rom.indd 5 22/09/15 10.13

Page 6: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

6 | norsk kulturråd 1965–2015

117 Kapi�el 5: Inn på Hospitalet – ein kur for Kulturrådet 121 Ukontroversielt kulturvern 127 Draumen om Hospitalet 134 «Selvforståelse» 143 «Høyres kulturrådssjef» 146 Na� på hospitalet 151 «Norsk i hodet»

157 Kapi�el 6: Rådet aust for Pecos – Kulturrådet møter populærkulturen 160 a-ha eller Stedje 163 I 13. time 166 Gullgut til åtak

173 Kapi�el 7: «Supperåd uten suppe» –kulturlivets forsøks- og utviklingsråd 176 Visjonen i sentrum 180 A�enposten mot Kulturrådet 184 «Et rent avlastningsorgan» 188 «Kultur i tiden»

193 Kapi�el 8: Ei arktisk løve – Kulturrådet under lidvinismen

198 Utgreiingseininga 201 Delegerte forvaltningsoppgåver 206 Fem meter høg livmor

213 Kapi�el 9: Det frie feltet –det nye ansvarsområdet 217 Strid om scenekunsten 221 Den store nulledeba�en 226 Frå Panga til Mosaikk 232 «Å, er det kulturrådsdirektør han er»

M_Eit eige rom.indd 6 22/09/15 10.13

Page 7: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

innhald | 7

241 Kapi�el 10: Å danse folks liv – Stortinget versus Kulturrådet 245 Giske tar opp kampen 249 Aksjon utvid innkjøpsordninga 252 Popkulturell oppdatering 255 By mot land 259 «Kulturpolitikk fram mot 2014»

263 Kapi�el 11: Kampen for sjølvstendet –Knut Haavik goes native 266 «Barnehage- og fritidsklubbtenkning» 270 «Syphilia leser og lider for deg» 276 «Vi har så korte armar» 279 Farvel til embetsmannsstaten 283 Rådet i eit minefelt 288 Aviser i skvis

293 Kapi�el 12: Kringse� av vener –kulturråd i kulturkamp 297 ABM-avvikling 299 Endringskompetent direktør 305 Ytringskultur i tida

311 Kapi�el 13: Kulturråd i det blå-blå – uviss fortid, uviss framtid 314 Ny regjering 317 Høg�enkande statssekretær 323 Kulturstyret 325 Lovlaust Storting 329 «Passe prinsipielle» 331 Ny lov, ny retning

337 etterord 339 notar 352 litteraturliste356 sakregister361 namneregister

M_Eit eige rom.indd 7 22/09/15 10.13

Page 8: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

8 | norsk kulturråd 1965–2015

Forskri�

Stundom les ein i avisene om folk som manglar minne. Menneske som plut-seleg er hamna ein plass, og som verken kan gjere greie for kven dei er, eller kvifor dei er hamna der dei er. Politi og helsevesen må ta seg av dei. Ved hjelp av e�erforsking og terapi og stundom o�entlege e�erlysingar freistar dei å hjelpe dei tilbake; til å finne ut kven dei er ved å undersøke kven dei var, slik at dei sjølve kan velje kven dei vil vere.

Norsk kulturråd kan likne eit slikt fortapt menneske. Då kulturråds-administrasjonen nyleg skulle utarbeide eit strategidokument fram mot 50-årsjubileet, rådde det undervegs full intern forvirring i dei ulike utkasta om kva substantiv som mest presist definerte Norsk kulturråd. Var det ein tradisjonell etat underlagd eit departement? Var det eit direktorat? Eller var det eit organ, og i så fall eit armlengdes-avstand-organ, kva no det skulle bety? Eller var det fleire ting på same tid og eigentleg li� av alt?

Den såkalla blå-blå regjeringskoalisjonen som kom til makta hausten 2013, varsla straks ei kulturpolitisk fridomsreform med styrking av det frie feltet og maktspreiing. Samstundes valde den nye regjeringa å redusere løyvingane til Norsk kulturråd og lova ei full g jennomgang av verksemda. Situasjonen var forvirrande. Den nye statssekretæren i Kulturdepartementet, Knut Olav Åmås, kom re� frå stillinga som kulturredaktør i A¥enposten. Den moderne versjonen av Norsk kulturråd har ein «y�erst forvirrende og forvirret rolle», hadde han skrive der i 2010: «Selv innsidere i kulturlivet har vansker med å skjønne hvorfor Norsk kulturråd er sammensa� slik og hva hensikten er.»1

Kva Norsk kulturråd er, er eit ope spørsmål. Kva det skal vere, er eit poli-tisk spørsmål. Men kva det har vore, er eit historisk spørsmål. Det er mogleg å undersøke det og gje framlegg til svar. Denne boka er ein slik freistnad. Det er ikkje ei bok om det kunst- og kulturlivet som er bli� stø�a gjennom kultur-rådssystemet desse 50 åra, det er ikkje ei bedri¥shistorie om administrasjonen og dei mange som har vore tilse�e i den, og det er heller ikkje historia til dei institusjonane som på ulike tidspunkt er bli� fusjonerte inn i den stadig større kulturrådsadministrasjonen som Statens kunstnarstipend, Fond for lyd og bilete eller ABM-utvikling.

Det er ei forteljing om sjølve Rådet, om korleis og kvifor Gerhardsen- regjeringa fekk ideen om at det skulle bli etablert eit eige rom utanfor og ved sida av regjering og Storting. Og om korleis de�e rådet med ski¥ande mann-skap og varierande kompetanse har brukt de�e handlingsrommet til å forme

M_Eit eige rom.indd 8 22/09/15 10.13

Page 9: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

forskrift | 9

norsk kulturliv. Teksten held seg innanfor triangelet mellom styresmaktene, den ålmenne o�entlegheita og de�e rådet.

Det har alltid stå� strid om Norsk kulturråd, og denne teksten vil framheve striden og underkommunisere dei mange ukontroversielle tiltaka som har få� stø�e. Norsk kulturråd har vore kontroversielt fordi det er bli� plassert midt i krysselden for nokre av dei mest grunnleggande motsetnadene i de�e sam-funnet, motsetnaden mellom elitekultur og folkekultur, mellom by og land, mellom ekspertar og folkevalde, mellom kunstens fridom og dei politiske krava til kunsten.

M_Eit eige rom.indd 9 22/09/15 10.13

Page 10: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

10 | norsk kulturråd 1965–2015

M_Eit eige rom.indd 10 22/09/15 10.13

Page 11: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 11

Kapi�el 1: «Skal norsk kultur avvikles?» – frå kulturkrise til kulturansvar

Den 12. februar 1959 var heile det sentrale li�erære og kulturpolitiske mil-jøet i Noreg samla til konferanse. Dei var på restaurant Glohane på toppen av Folketeaterbygget i Oslo, på eit møte i regi av Arbeidernes Opplysningsforbund. Under dei var Oslo i VM-feber. To dagar seinare skulle det vere VM i skøyter på Bisle�. Knut «Kupper’n» Johannesen, som ne�opp var bli� europameister på Nya Ullevi i Göteborg, kom til Oslo denne dagen e�er ei vekes treningsopphald på Lillehammer og bad innstendig om ro; «la oss få være i fred til mesterska-pet er over,» instruerte Kupper’n VGs lesarar.1 Begge meisterskapsdagane var utselde, men NRK skulle radiooverføre fem timar med Oddvar Foss og Knut Bjørnsen i kommentatorboksen. I tillegg var 20 §ernsynsmedarbeidarar i sving for å kringkaste skøyte-VM som del av NRK §ernsynets prøvesendingar. Trass Kupper’ns sku¨ande §erdeplass skulle de�e i e�ertid bli ståande som sjølve §ernsynsgjennombrotet i Noreg.

Masseidre�en og dei nye etermedia hadde gode tider. Det tradisjonelle kulturlivet sleit tilsvarande. Tolv etasjar under konferansedeltakarane på restaurant Glohane førebudde Folketeatret kveldens framsyning av Helge Krogs Det store vi. Men berre eit fåtal av dei 1100 seta var selde. Folketeatret skulle straks leggast ned og bli slå� saman med Det Nye Teater. «Teaterkrise» var ålment etablert som nemning på den plutselege svikten i teaterbesøket på 1950-talet. Den parallelle krisa for den norske skjønnli�eraturen hadde ikkje få� noko tilsvarande namn, men var like aku�. Og det var den som var emne for konferansen. Talet på nye utgjevingar fall drastisk, det same gjorde salstala for dei bøkene som faktisk blei gjevne ut.

«Arbeiderbevegelsen og li�eraturen» var konferanseti�elen, Arbeidar-partiet reg jerte landet med reint fleirtal på Stortinget og hadde makta til å setje i verk tiltak om nokon kom opp med den re�e ideen. Formannen i Den norske Forleggerforening og direktør i J.W. Cappelens Forlag, Henrik Groth, var invitert som innleiar og freista som best han kunne å provosere fram li� sjølvkritikk i salen. Groth var ingen sosialdemokrat, han var ein verdikon-servativ samfunnsdeba�ant, frykta og elska for sine spissformuleringar og

Helge Sivertsen (t.v.), Einar Gerhardsen og

Andreas Cappelen tok kulturpolitikken ut av

Stortinget ved opprettinga av Norsk kulturråd.

FOTO: AFTENPOSTEN/NTB SCANPIX

M_Eit eige rom.indd 11 22/09/15 10.13

Page 12: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

12 | norsk kulturråd 1965–2015

uærbødige sarkasmar. Tynn og lang med ei minimalistisk stripe av ein bart entra han talarstolen og raljerte over arbeidarrørslas falske forhold til li�e-ratur. Arbeidarrørsla hadde arbeidd for frigjering av ein heil samfunnsklasse, utan å innlemme frig jering til lesnad i prosjektet si�. Arbeidarrørsla hadde berre interessert seg for den li�eraturen som hadde eit politisk og propagan-distisk potensial; arbeidarar skulle berre lese «ting som næret den sosiale indignasjon».2 Det var på høg tid regjeringa gjorde noko for den norske bok-bransjen. Og tiltaket bransjen trong, var enkelt, meinte Groth: Ta vekk omset-ningsavgi�a på bøker. Sidan 1935 hadde det vore ålmenn omsetningsavgi� på dei fleste varer og tenester i Noreg, frå 1951 se� til 10 prosent. Bøker var inkluderte, mens pressa var frita�. Vanskane med å skilje klart mellom presse og vekeblad gjorde at òg vekeblad hadde sloppe unna. No meinte Groth bøker må�e kome på linje med aviser og vekeblad, og at all trykt skri� here�er blei frita� for avgi�.

Formann i Den norske Forfa�erforening og sjef for NRKs Radioteatret, Hans Heiberg, heldt eit innlegg e�er Groth der han se�e ord på det han meinte

Henrik Groth ville fjerne

omsetningsavgifta på bøker.

FOTO: LEIF ØRNELUND/OSLO MUSEUM

M_Eit eige rom.indd 12 22/09/15 10.13

Page 13: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 13

var den prinsipielt nye situasjonen for norsk skjønnli eratur. Forlaga kunne i større grad enn tidlegare importere utanlandske bestseljarar som hadde vist si  kommersielle potensial over heile verda, og risikofri  trykke desse bøkene i store opplag med tilsvarande låge prisar på den norske marknaden. Andelen norske bøker i den skjønnli erære bokhausten var derfor jamt fallande. Sam-stundes var vegen ut i verda bli  radikalt mykje vanskelegare for norske bøker ved at ruta alltid hadde gå  gjennom Tyskland, ein veg som var bli  «bru  da Hitler kom».3 Resultatet var at økonomien hadde svikta totalt for norske forfa arar.

Konsekvensen av Heibergs analyse var at ein heller enn å �erne omset-ningsavgi�a på alle bøker burde setje i verk målre a tiltak for å hjelpe den norske delen av skjønnli eraturen. Det var altså usemje om tiltaka, men semje om kriseforståinga. Konferansen var slik sett eit vendepunkt. Heilt sidan krigen hadde den norske kulturpolitikken bli  styrt ut frå ein kulturoptimis-tisk tese. Vekst og velstand prega samfunnsutviklinga elles, folk fekk betre råd og meir fritid, og fleire tok høgare utdanning; det var berre eit spørsmål om tid før denne velstandsveksten ville g je seg utslag for kulturlivet. Fritid

Hans Heiberg ville ha målretta tiltak for

å hjelpe den norske skjønnlitteraturen.

FOTO: LEIF ØRNELUND/OSLO MUSEUM

M_Eit eige rom.indd 13 22/09/15 10.13

Page 14: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

14 | norsk kulturråd 1965–2015

pluss kjøpekra� er lik auka kulturkonsum, var den kulturoptimistiske tesen. Og tesen var så sjølvsagd at han knapt trong empiri. Men ved overgangen til 1960-talet sneik det seg inn ei erkjenning, mellom norske kulturaktørar, i bransjeorganisasjonane, i stortingsopposisjonen og heilt til topps i Det norske Arbeidarpartiet, om at denne kulturoptimismen kanskje var feilslå�. Det kul-turpolitiske miljøet i Arbeidarpartiet såg no at det må�e gjere noko aktivt for å lø�e norsk skjønnli�eratur.

Likevel var det få konkrete framlegg til tiltak på restaurant Glohane. Frasen «noe drastisk» gjekk ig jen hos fleire. Berre sje�ibliotekar ved Deichmanske bibliotek i Oslo Henrik Hjartøy kom med ein heilt konkret idé. Men han formu-lerte seg så beskjedent og prøvande at det var ingen i salen eller i dei nedse�e arbeidsutvala e�er konferansen som greip fa� i ideen. Hjartøys framlegg var at staten kunne kjøpe inn 1100 eksemplar av alle nye norske skjønnli�erære bøker og dele desse ut gratis til alle folkeboksamlingane i landet. Biblioteklova, som var bli� vedta� i 1935 og skjerpa i 1947, fastslo at det skulle vere eit folke-bibliotek i kvar norsk kommune. Det var dermed eit utbygd mo�aksapparat for nye bøker over heile landet.

Helge Sivertsen, som hadde vore statssekretær i Kyrkje- og undervisnings-departementet og no var skuledirektør i Oslo, men framleis sentral i Arbeidar-partiet, var til stades på konferansen. Han heldt eit innlegg der han gav ein pei-kepinn om korleis det blei tenkt om desse tinga på toppen av Arbeidarpartiet; han gjekk nemleg klart mot Groths framlegg om å «erne omsetningsavgi�a på bøker. Kvifor skulle ikkje bokbransjen bidra til den felles velferda vår som alle andre bransjar? Og ville «erning av avgi�a på bøker vere eit selektivt tiltak for å skjerme ne� den norske skjønnli�eraturen? Nei, stø�a burde heller gå «den direkte vegen», meinte Sivertsen, som direktestø�e til norske forfa�arar. Og kanskje kunne ein finansiere eit slikt lø� gjennom å hente noko pengar frå den stadig veksande og lønsame vekebladbransjen, spekulerte han.4

Konferansen var over på ein kveld, men det blei se� ned fem arbeidsgrup-per som skulle greie ut fem utvalde emne i e�ertid. Den viktigaste gruppa fekk «Statens oppgaver og forpliktelser» som overskri� og forfa�arane Torolf Elster og Hans Heiberg og ne�opp Helge Sivertsen som medlemmer. Gruppa viste til at staten y�e 400 000 koner per år til norsk li�eratur, men meinte de�e burde aukast til ein million. Denne millionen burde gå til arbeidsstipend for forfa�arar, reisestipend, honorarutbetaling til arbeidet med verdfulle bøker som hadde selt lite, trykkestø�e til verdfulle verk og arbeid for å spreie norsk li�eratur i utlandet. Utvalet hadde fleire idear til korleis de�e kunne finansierast, og meinte det var naturleg at ein tok noko frå det staten tente inn på avgi� av bøker, og nemnde dessutan ig jen tanken om avgi� på vekeblada

Innkjøpsordningas far Henrik Hjartøy.

FOTO: LEIF ØRNELUND/OSLO MUSEUM

M_Eit eige rom.indd 14 22/09/15 10.14

Page 15: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 15

og viste til eit gamalt framlegg frå Forfa�arforeininga om de�e. Gjennom de�e utvalsarbeidet blei trekløveret Elster, Heiberg og Sivertsen kulturpolitisk samsnakka. Den norske Forfa�erforening var sjølvsagt prinsipielt mot avgi� på bøker, men no fekk Sivertsen formannen i foreininga Hans Heiberg til å innsjå at det var meir tenleg å halde på denne avgi�a og heller auke den direkte stø�a til norsk li�eratur. Ein allianse var skapt.

Nokon har snakka samanÅret e�er Glohane-konferansen, i april 1960, tok statsminister Einar Gerhard-sen endeleg Helge Sivertsen inn i regjeringa, som ny kyrkje- og undervisnings-minister. Sivertsen var eit sjølvsagt val, vedgjekk Gerhardsen seinare. No fekk Sivertsen sjølv ansvaret for å følgje opp ideane han hadde lansert året i føre-vegen. Som politikar var han eit sterkt kort. Han hadde bli� landets første stats-sekretær i same departement i 1947, og hadde fungert som ein synleg og viktig statssekretær som hadde se� spor e�er seg i både skule- og kulturpolitikken. Helge Sivertsen var arkitekten bak skulereforma som nyleg var gjennomført, med felles niårig grunnskule, og han var strategen bak dei såkalla ambulerande riksinstitusjonane innan kulturlivet, med Riksteatret i 1949, Norsk Bygdekino i 1950 og Riksgalleriet i 1953. Sivertsen var nøkkelmannen både i kulissane og på dei høgtidlege opningane. Den 23. juli 1950 hadde han vore mellom dei 300 publikummarane som pressa seg saman i forsamlingshuset i Storsteinnes for å sjå den svenske filmen Bare en mor som opningsfilm for Norsk Bygdekino. Og den 16. september 1953 hadde han opna Riksgalleriets første utstilling, «Norsk kunst fra Edvard Munch til i dag», i Drammen Kunstforening. Han var dess-utan eit kjent namn og andlet. Han hadde vore på friidre�slandslaget, hadde konkurrert i både diskos og kule, med 47,72 og 14,42 som personlege rekordar, og hadde to noregsmeisterskap og deltaking i olympiaden i Berlin i 1936 på samvitet.5 Framleis kunne han sitje umerkeleg og bende handa mot bordplata når han sat i politiske møte, for å trene og vedlikehalde diskosarmen.

Statsrådsutnemninga kunne tolkast som endå eit signal om at kultur-politikken skulle prioriterast høgare i tida framover, og no var det spesielt lit-teraturen som fortente eit ekstra lø�. Kyrkje- og undervisningsdepartementet under Sivertsens leiing var eit lite departement med få tilse�e, men med ein stor portefølje og store utfordringar. Som statssekretær valde Sivertsen seg Enevald Skadsem, eit namn «som hentet ut av Garborgs bøker», ifølg je VG. Skadsem var jærbu, landsgymnasiast og jurist og byråsjef i same departement før han takka ja til den politiske stillinga. Ekspedisjonssjef i kulturavdelinga var Leif J. Wilhelmsen, engelskfilolog og tidlegare kultura�aché ved ambassaden i London og den første direktøren for Universitetet i Bergen. Og som byråsjef i

M_Eit eige rom.indd 15 22/09/15 10.14

Page 16: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

16 | norsk kulturråd 1965–2015

Kontoret for kunst- og kulturarbeid sat Ingeborg Lyche, cand.mag. med planar om ein magistergrad i engelsk e�er kvart og arbeidsrøynsle mellom anna frå utanriksdepartementet i London under krigen.

Sivertsen var rask med å knyte til seg og søke råd hos sentrale norske for-fa�arar – og Ap-sympatisørar – som Hans Heiberg, Torolf Elster og Arve Moen. Forleggarforeiningas Henrik Groth hadde han mindre kontakt med, men i det o�entlege ordski�et var det Groth som se�e dagsordenen. Hausten 1961 heldt Henrik Groth eit føredrag i Folketeatret under opninga av Østlandske Lærerstemne som blei mellom dei mest siterte og diskuterte føredraga i nyare norsk kulturhistorie. «Skal norsk kultur avvikles?» var den polemiske ti�elen, og Groth formulerte her den generelle uroa og moderne kulturpessimismen på ein måte som gjorde at eit breiare politisk miljø plutseleg forstod alvoret. Groth snakka om stormaktsgravitasjonen som ein trussel mot norsk kultur og raska med seg alle kunstgreiner i forfallstesen. Den norske skjønnli�eraturen var i fri� fall. I 1931 var 68 prosent av skjønnli�eraturen i Noreg skriven av norske forfa�arar, i 1960 berre 31. Den statlege stø�a til norsk skjønnli�eratur var no 400 000 kroner per år, men burde straks 20-doblast til 8 millionar, meinte Groth. Staten tok inn 12 millionar i omsetningsavgi� på bøker og ville dermed framleis sitje a� med ei forteneste på 4 millionar. Vi må tenke oss at den norske marknaden ikkje var 3,5 millionar menneske, foreslo Groth, men 10 millionar. Ein diktar som selde 600 eksemplar, burde få vilkår som om boka selde 3000.

Uroa til Groth for den norske li�eraturen var i siste instans fundert i språksituasjonen. Groth var irritert på nynorsken og dei politiske freistnadene på å hjelpe fram eit samnorsk skri�språk. Han kalla Ivar Aasen den «største tragedie i norsk kulturs historie», og han harselerte med dei nye skulebøkene som var skrivne e�er Norsk språknemnds læreboknormal som Stortinget nyleg hadde vedta�. «Hvem har ikke kjent den stramme, kjemiske lukt som står ut av skolebøkenes språk? Det er lukten av syntetisk kunstprodukt, av unatur, av komité, av forskri�er,» freste Groth. Skulle det norske språket reddast frå språkteknokratane, førese�e det ein sterk og livskra�ig norsk skjønnli�eratur, meinte Groth. Om ikkje politiske tiltak no blei se�e i verk, kunne det norske språket ende opp som eit «li�eraturløst pludrespråk til bruk i kjøkken og ±øs».6

Føredraget fekk brei pressedekning. A�enposten trykte heile manuskriptet over to dagar. Helge Sivertsen var ikkje glad for dei stadige åtaka frå Groth mot avgi�a på bøker. Men Groth var likevel ein ny�ig alliert for å auke og spreie forståinga av at den norske skjønnli�eraturen fortente ekstraordinære tiltak. Det kvantitative argumentet fungerte. Ideen om at styresmaktene må�e kompensere økonomisk for at Noreg var eit lite – og kløyvd – språksamfunn,

«Hvem har ikke kjent den

stramme, kjemiske lukt som står

ut av skole bøkenes språk? Det er

lukten av syntetisk kunstprodukt,

av unatur, av komité, av

forskrifter.»

Henrik Groth

M_Eit eige rom.indd 16 22/09/15 10.14

Page 17: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 17

see seg. Helge Sivertsen delte det synet, og før jul 1961 hyrte han inn den lovande doktorgradsstipendiaten i lieratur Brikt Jensen til å lage ei utgreiing om dei utfordringane eit «lite samfunns kulturliv møter når presset fra inter-nasjonale strømninger stadig øker».7 Jensen viste at av dei 285 forfaarane som var organiserte i ei av dei to forfaarforeiningane våre, var det berre om lag ti som kunne leve av forfaarskapane sine, og at omsee romanar domi-nerte stadig meir av den norske skjønnlierære marknaden. Helge Sivertsen laga eit såkalla PM, eit kortfaa dokument til intern bruk i regjeringa, på 13 sider basert på Jensens rapport, som han la fram i mars 1962.8 Her formulerte Sivertsen den nye kulturpessimismen, erkjenninga av at marknaden åleine ikkje lenger kunne bere kulturlivet. Tradisjonelt hadde vitskapen vore finan-siert av det o�entlege og kunsten av marknaden, forklarte Sivertsen. Men no hadde situasjonen endra seg: «Dee systemet svikter nå på vesentlige punkter, dels fordi sterke kommersielle interesser virker inn på publikums eerspørsel, vel også fordi sansen for god kunst ennå ikke er tilstrekkelig utviklet hos et stort publikum.» Og så lenge Sivertsen heldt på parallellen til vitskapen og den vitskaplege finansieringa, verka ikkje den varsla kulturoffensiven så dramatisk: «Jeg antar at det i alt dreier seg om 50 norske forfaere, som på en eller annen måte bør ska�es så stor tilleggsinntekt at de kan ofre seg for sin kunst. I øyeblikket betaler stat og kommune lønn til over 30 000 lærere, prester og vitenskapsmenn. Om det ble 30 050 ville det ikke slå vår økonomi ut av balanse.»9

Helge Sivertsen førebudde hermed det første samla større lø¥et for norsk kulturpolitikk. Hiil hadde kulturpolitikken vore relativt tilfeldig. Statsdan-ninga i 1814 hadde representert eit kulturelt nullpunkt utan norske nasjonale kulturinstitusjonar, og det som var kome til resten av hundreåret, var stort se starta opp som private initiativ med økonomisk hjelp frå staten i krisetider. I 1818 gav staten støe til dei som ville etablere ein nasjonal teikneskule, i 1836 til ei nasjonal kunstsamling som seinare skulle bli til Nasjonalgalleriet, og først på 1930-talet innsåg Stortinget at det burde ta eit økonomisk medansvar for dri¥a av dei nasjonale teatera, Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene. Det hadde aldri bli lagt fram noka kulturmelding, framleis fanst det ikkje ei eiga kulturavdeling i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Men no foreslo Sivertsen ei rekke overordna tiltak. Han stipulerte den samla kostnaden ved desse tiltaka til 8–9 millionar kroner i året, og foreslo dee finansiert ved ei 10-øres avgi¥ på vekeblad for kvart selde eksemplar over 15 000. Han nemnde ingenting om noko kulturfond eller kulturråd, dee skulle vere ei tradisjonell ekstrasatsing over statsbudsjeet, finansiert ved ei

«I øyeblikket betaler stat og

kommune lønn til over 30 000

lærere, prester og vitenskaps-

menn. Om det ble 30 050 ville

det ikke slå vår økonomi ut av

balanse.»

Helge Sivertsen

M_Eit eige rom.indd 17 22/09/15 10.14

Page 18: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

18 | norsk kulturråd 1965–2015

ny avgi�. Men finansminister Pe�er Jakob Bjerve sa nei til den nye avgi�a. Omsetningsavgi� på vekepressa var kontroversielt og prinsipielt vanskeleg.

Det store kulturlø�et til Sivertsen blei se� på vent. Men han fekk gjennom-slag for ei omlegging av den statlege stipendpolitikken. Ordninga med kunst-narløner blei hausten 1962 avvikla til fordel for treårige arbeidsstipend, men slik at dei som alt hadde få� kunstnarløner, skulle få halde på sine. Den gamle ordninga var overmoden for revisjon. Ho fungerte dessutan meir som pensjon og takk for lang og tru teneste enn som stø�e til aktivt skapande kunstnarar. I 1958 hadde sni�alderen på dei forfa�arane som fekk kunstnarløn, vore 71 år.10 Kunstnarorganisasjonane skulle innstille på kven som skulle få stipend, og Sivertsen skulle konsekvent følg je desse innstillingane. I de�e låg det ei viktig erkjenning av at det var uheldig om styresmaktene meinte noko direkte om kva kunstnarar som fortente stipend.

Stipendreforma var eit viktig grep for å styrke kunstlivet i Noreg og for å knesetje eit prinsipp om grensene for den kulturpolitiske innblandinga i kunstlivet. Men Sivertsen hadde større ambisjonar. Gjerninga hans fekk eit overraskande avbrot då Gerhardsen-regjeringa den 28. august 1963 blei felt i Stortinget. Granskingsrapporten av den såkalla Kings Bay-ulukka på Svalbard var bli� diskutert over tre dagar i Stortinget og enda med at dei to representan-tane for Sosialistisk Folkeparti stø�a mistillitsframlegget frå opposisjonen og kasta regjeringa. Dei borgarlege partia danna regjering med Høgre-mannen John Lyng som statsminister, ei regjering som hadde stortingsfleirtalet mot seg og blei felt på ny� e�er berre tre veker. Likevel var det vesle borgarlege intermessoet eit varsel. Det fanst eit regjeringsalternativ om valet i 1965 skulle endre samansetnaden av Stortinget i borgarleg favør. Den sosialdemokratiske æraen gjekk kanskje mot slu�en. Helge Sivertsen hadde ikkje lenger uavgrensa med tid.

Og då Gerhardsen sette inn juristen og den tidlegare kommunal- og arbeidsministeren Andreas Cappelen som ny finansminister, kunne Helge Sivertsen g jere ein ny freistnad på å få innført ei vekebladavgi� øyremerkt norsk kulturliv. Under ein Nordisk Råd-sesjon i 1963 var det ei uformell sam-kome mellom Sivertsen, Gerhardsen og Cappelen. Gerhardsen hadde sans for Sivertsens kongstanke. Helge Sivertsen var ein av Einar Gerhardsens fortru-lege i partiet. Helge og Merle Sivertsen ferierte o�e i lag med Einar og Werna Gerhardsen, dei hadde årlege påsketurar i ±ellheimen ved Harpefoss i Gud-brandsdalen og hadde vore på campingtur i 1956 gjennom Danmark, Tyskland og Sveits til Italia. Gerhardsen stolte på Sivertsen og ville gje han frie tøylar til å formulere det varsla kulturlø�et. No bestemte desse tre, kjapt og uformelt,

M_Eit eige rom.indd 18 22/09/15 10.14

Page 19: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 19

at de�e skulle bli regjeringas politikk. Nokon hadde snakka saman. Saka var avgjord.11

Kyrkje- og undervisningsdepartementet planla då å legge fram historias første norske stortingsmelding om kultur. Ingeborg Lyche fekk i oppdrag å skrive ei første skisse. I desember 1963 hadde ho klart eit utkast på 43 sider, der ho la vekt på at staten ikkje skulle kontrollere kulturlivet, men verne den kulturelle fridomen. Sakkunnige råd må�e avgjere statsstipend og statleg kjøp av kunst, til dømes. Dei sakkunnige rådsmedlemmene burde ikkje sitje for lenge om gongen, og desse råda burde helst vere desentraliserte. Lyche foreslo fleire ambulerande riksinstitusjonar, fordobling av talet på kunstnarstipend, styrking av utdanningsinstitusjonane, oppretting av ein musikkhøgskule og eigne tiltak for utg jeving av særleg verdfull li�eratur. Ho g jekk mot �er-ning av omsetningsavgi�a på bøker, fordi det tiltaket berre ville favorisere konkurranse evna til den omse�e li�eraturen.12

Det var eit stort arbeid på lita tid, men det blei droppa og forkasta og lagt i ei sku�e. Prosessen med ei stortingsmelding ville ta for lang tid; helst burde alt vere vedta� før valet hausten 1965. Dessutan visste Sivertsen at finansierings-ideen med avgi� på vekeblada var kontroversiell, og han ville derfor vente med å røpe noko til alt kom ut samla i form av ein stortingsproposisjon. Hemme-leghaldet var stort, Sivertsen avgjorde sjølv undervegs i prosessen kven som skulle vite om denne koplinga mellom avgi�sutvidinga og kultursatsinga.13 Deba�en skulle bli kort og intens. Innhaldsmessig arbeidde departementet vidare e�er dei same tankane som i Lyches utkast til stortingsmelding. Så seint som i februar 1964 arbeidde ein framleis utan ein idé som kunne minne om Kulturfond-proposisjonen.

Forleggarforeiningas formann Henrik Groth hadde forlate alle sine tid-legare og subsidiære framlegg om ekstrastø�e til verdfull li�eratur, og fekk samla forleggarforeininga om de�e eine: Foreininga kravde at den statlege li�eraturstø�a burde kome gjennom eit fritak frå omsetningsavgi� på bøker. I den breiare o�entlegheita kunne det sjå ut som han var i ferd med å få gjen-nomslag. Dei borgarlege partia var alle mot bokavgi�a, og dei sosialistiske såg ut til å vere på glid. «Det virker urimelig at bøker har oms,» skreiv Arbeider-bladet på kommentarplass.14 I april 1964 vedtok AUF at dei stø�a kravet. Og Stortinget vedtok samrøystes at Finansdepartementet skulle sjå på saka. Sivertsen hadde for lengst bestemt seg for eit alternativt opplegg.

Frå Forsøksråd til KulturrådSame sommar, ein dag i juni 1964, var formannen i Forfattarforei-ninga Hans Heiberg saman med fleire andre i eit møte i Kyrkje- og

M_Eit eige rom.indd 19 22/09/15 10.14

Page 20: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

20 | norsk kulturråd 1965–2015

undervisningsdepartementet. Det var strengt tatt eit teatermøte, Heiberg hadde mange ha�ar, i tillegg til vervet i Forfa�arforeininga var han teatersjef i Radioteatret og styreformann i Riksteatret. E�er møtet trekte Sivertsen Hei-berg til sides og spurde kva han ville gjere om li�eraturfeltet fekk meir pengar til rådvelde, mykje meir pengar. Heiberg visste ikkje kva han skulle svare slik på ståande fot, men fekk lov til å setje ned ein hurtigarbeidande komité og kome tilbake til statsråden med eit forslag.15 Det var ein uvanleg situasjon. Ein interesseorganisasjon fekk eit hint frå ein sitjande statsråd om at dei kunne forvente eit betydeleg økonomisk lø�, så framt dei var i stand til å formulere eit fornu�ig krav. Lø�et frå staten kom altså før kravet frå interessenten. Hei-berg fekk ein unik sjanse, det g jaldt å tenke raskt og klokt. På eit styremøte i Forfa�arforeininga den 25. juni 1964 blei det bestemt å «nedse�e en liten ‘tenke-komité’ som kan gi dept. forslag til former for subsidiering av norsk skjønnli�eratur», med Torolf Elster, Odd Bang-Hansen, Finn Carling og Hans Heiberg som medlemmer. Dei skulle møtast første gongen heime hos Hans Heiberg på Blindern tre dagar seinare.16 Heiberg, Elster og Bang-Hansen var «Heibergs klikk» frå gamalt. Dei var vener frå før krigen, hadde samarbeidd i Sosialistisk Kulturfond og vanka i Mot Dag. Finn Carling var ein generasjon yngre, men ein mykje meir produktiv og anerkjend forfa�ar i samtida. Komi-teen mø�est fleire gonger, Helge Sivertsen kom sjølv og fekk delta på minst ei� av møta. Finn Carling ynskte seg ei kra�ig utvida stipendordning, mens dei tre andre gjekk for innkjøp av ny norsk skjønnli�eratur til biblioteka, slik Henrik Hjartøy hadde foreslå� på AOF-konferansen på Glohane i 1959. Det var no gå� fem år sidan den konferansen, Hjartøy-framlegget var ikkje bli� plukka opp eller diskutert nokon stad, og no trudde Hans Heiberg at det var han personleg som hadde få� ideen. Seinare viste det seg at Helge Sivertsen trudde det var hans idé.17 Uanse� samla komiteen seg om denne tanken. Eit slikt innkjøp ville gjere utgjevingane av ny norsk skjønnli�eratur økonomisk trygge for forlaga. Det ville sikre forfa�arane eit kra�ig økonomisk lø�. Og det harmonerte med den kulturspreiingsideen som var rådande regime på kulturfeltet. Bibliotekbrukarar frå Hammerfest til Lindesnes skulle få same tilgang til den nye norske skjønnli�eraturen.

Parallelt arbeidde embetsverket i Kyrkje- og undervisningsdepartementet med å konkretisere kultursatsinga. Den 20. juni 1964 blei omgrepet kulturfond ny�a for første gong i ein intern korrespondanse, i eit notat ekspedisjonssjef Leif J. Wilhelmsen formulerte og sende til Helge Sivertsen. Wilhelmsen foreslo å oppre�e eit fond til bruk for kulturføremål som skulle bli administrert av eit råd som burde «representere organisasjoner som var engasjert i kulturarbei-det».18 Det britiske Arts Council var bli� oppre�a re� e�er krigen, med John M.

M_Eit eige rom.indd 20 22/09/15 10.14

Page 21: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 21

Keynes som ideolog og første styreformann. Arts Council oppstod i ei nasjonal g jenreisingsstemning e�er verdskrigen, målet var å stimulere kulturlivet i Storbritannia og distribuere det til alle. Wilhelmsen hadde vore kultura�aché ved den norske ambassaden i London frå 1946 til 1949, Lyche planla framleis å ta magistergraden i engelsk li�eratur, og Sivertsen hadde studert eit år i Oxford. Det var ikkje vanskeleg å sjå kvar dei hadde henta inspirasjonen. Arts Council var oppre�a som eit fri�ståande og uavhengig organ, dei kulturtiltaka som fekk o�entleg stø�e, skulle ikkje sjå ut som dei representerte kultursynet til regjeringa. Representantar for ymse departement fekk re� nok lov å vere til stades på møta, men dei lova å late det nye rådet i fred. Og dei g jorde det i praksis. E�er ti års dri� konkluderte Arts Council sjølv med at det ikkje i ei einaste sak var bli� forsøkt overstyrt av styresmaktene.19

Forutan Arts Council er det sannsynleg at dei henta inspirasjon frå Helge Sivertsens eigne røynsler ved oppre�inga av Forsøksrådet for skuleverket i 1954. De�e blei heller ikkje nemnt i deba�en eller forarbeida, verken den gon-gen eller i den seinare li�eraturen, men likskapane mellom dei to konstruk-sjonane, både i oppbygging og saksgang, er påfallande. Det politiske målet for Sivertsen med Forsøksrådet var å innføre den såkalla einskapsskulen, ein niårig grunnskule for alle, som skulle oppheve det gamle skiljet mellom ein gymnasførebuande realskule og ein yrkesførebuande framhaldsskule. For de�e føremålet oppnemnde Sivertsen eit Forsøksråd av vitskaplege reform-pedagogar, som ikkje var partsrepresentantar, men representerte «sakkunn-skap». De�e sakkunnige rådet fekk som einaste oppgåve å reformere det nor-ske skuleverket, og ifølgje skulehistorikar Alfred O�edal Telhaug hadde de�e rådet «så å si helt hånd om utviklingen av den 9-årige grunnskolen gjennom 1950- og 1960-årene».20 Forsøksrådet skulle – som det seinare Kulturrådet – rapportere til Stortinget ein gong i året. Som med det seinare Kulturrådet blei eit politisk område lø�a ut av politikken, samstundes som Sivertsen gjennom utnemningane hadde kontroll på kva skulepolitisk retning de�e reformpe-dagogiske utvalet ville gå. Som med det seinare Kulturrådet var saksgangen motivert av hastverk, reg jeringa hadde ikkje tid til å gå den vanlege vegen med stortingsmelding og lovframlegg. Og arbeidsforma i departementet var ganske lik i begge prosessane; dei interne førebuingane til Forsøksrådet var prega av hemmeleghald, diskresjon og at ein liten klikk av medarbeidarar som Sivertsen hadde tillit til, byråsjef Skadsem og dåverande statsråd Bergersen, fekk jobbe i fred. Lærarorganisasjonane var se�e på gangen og visste ingenting før alt var avgjort.

E�er same oppskri� arbeidde gjengen rundt Helge Sivertsen i løynd og fred med å formulere dei første utkasta til det som skulle bli stortingsproposisjonen

M_Eit eige rom.indd 21 22/09/15 10.14

Page 22: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

22 | norsk kulturråd 1965–2015

om Kulturfondet. Leif J. Wilhelmsen fekk skrivejobben. I det første notatet skreiv Wilhelmsen at kulturvern og kulturbygg burde vere den prioriterte oppgåva for det nye fondet; han nemnde både Grieghallen i Bergen, utviding av Den Nationale Scene, kunstindustrimuseum i Bergen og Trondheim, utvida Nasjonalgalleri og ny opera i Oslo. Men ingenting om norsk li�eratur. Generell stø�e til norsk li�eratur burde framleis vere ei statsbudsje�sak, syntest Wil-helmsen. Men på de�e punktet var Sivertsen usamd. Li�eraturstø�e «må vere ei av dei viktigaste oppgåvene for de�e fondet», skreiv Sivertsen med blyant i margen.21 I ein ny versjon, i juli 1964, tok Wilhelmsen med nokre avsni� om stø�e til li�eraturen, slik sjefen hadde pålagt han, men dei konkrete ideane var framleis lause. Wilhelmsen foreslo 400 000 kroner i årleg stø�e til norsk skjønnli�eratur og eit utval som kunne g je departementet råd om tiltak til beste for li�eraturen, altså eit lite råd med eit mykje snevrare mandat enn det seinare Kulturrådet.22

Samstundes arbeidde Sivertsen med å få backing internt i regjeringa for opplegget. At han skulle få gjennomslag for omsetningsavgi¦ på vekeblad, var alt klarert med Gerhardsen og Cappelen, men finansminister Cappelen var vel-dig lite lysten på å øyremerke inntektene frå denne avgi¦a til eit fond, og endå mindre lysten på å oppre�e eit fond utanfor statsbudsje�et. Den konkrete bru-ken av pengane burde bli bestemt på vanleg måte i samband med budsje�hand-saminga, meinte Cappelen. Det braut med all politisk logikk og kutyme å gje frå seg makta over o©entlege pengar. «Også Stortinget må antas å ville stå friest mulig ved behandlingen av disse bevilgningssaker,» argumenterte Cappelen.23 Men Leif J. Wilhelmsen svarte på vegner av Kyrkje- og undervisningsdeparte-mentet at dei frykta at ordinære statsløyvingar til kultur då ville hamne i de�e fondet, og heile poenget med de�e fondet var at det skulle kome i tillegg til dei ordinære løyvingane. Han viste til korleis forskingsråda disponerte tippemid-lane ne�opp ved at pengane var disponerte utanfor statsbudsje�et. Og mange av kulturtiltaka var av ein slik art at det var umogleg å fastlegge disposisjonane over ei� år på førehand, slik ordinær budsje�handsaming kravde. Ingen av dei sakkunnige råda Kyrkje- og undervisningsdepartementet alt hadde, hadde den naudsynte breidda og autoriteten. «Departementet finner derfor ikke å kunne frafalle si� forslag om at det skal oppre�es et Norsk kulturråd i forbindelse med institueringen av kulturfondet.»24

Som i så mange kulturpolitiske saker stod Finansdepartementet mot Kyrkje- og undervisningsdepartementet. O©entleg er regjeringa alltid samla og samd, men e�erlatne interne regjeringsnotat, som i dag er oppbevarte i Riksarkivet, ligg der som handfaste vitneprov om denne ideologiske motsetnaden mellom dei to departementa. Eit maskinskrive førsteutkast til stortingsproposisjon er

M_Eit eige rom.indd 22 22/09/15 10.14

Page 23: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 23

bevart, med embetsverket i Finansdepartementet sine handskrivne kommen-tarar i margen. «Kunstarter som tidligere ikke hadde kunnet slå rot i vår kar-rige jord, som opera og balle�, har få� sikkert fotfeste, og kunst som tidligere bare var en liten overklasses eie, er økonomisk nå kommet innen rekkevidde for en stor del av folket,» står det i Kyrkje- og undervisningsdepartementets maskinskrivne tekst. «De�e var svært. ‘Karrig jord’. Vi har en av verdens høy-este levestandarder. ‘Sikkert fotfeste’. Ja ved hjelp av helt uforholdsmessige tilsko�. Sannheten er at folket gjennom ska�en betaler millioner for at et lite fåtall skal få se opera,» har Finansdepartementet kommentert i margen. «Den ‘dannede allmennhet’ er ikke lenger begrenset til en liten privilegert gruppe, men omfa�er nå mange mennesker i alle yrker,» står det i den maskinskrivne teksten. «Vil virkelig Regj. si noe sånt,» spør kulepennen i margen og føyer til under teksten: «Nei, de�e blir for mye følelser og for lite analyse.»25

Det var to ulike politiske logikkar som mø�est, departement mot depar-tement. Ein konstruktiv og li� pompøs stil mot ein destruktiv og kynisk. Ein som ville få til noko ny� og uprøvd. Og ein som ville stanse det. Men Kyrkje- og undervisningsdepartementet lét seg ikkje stagge av gretne margkommentarar. Målet var å få kulturfondsplanen ferdig til budsje�handsaminga hausten 1964. De�e kunne fort bli Gerhardsens-regjeringas siste statsbudsje�. For å styrke kapasiteten i departementet blei forlagssjef i Universitetsforlaget Tønnes Andenæs engasjert. Formelt blei Andenæs engasjert frå den 11. september 1964, men i praksis hadde han vore i gang lenge, og alt 14 dagar seinare kunne han levere frå seg 52 maskinskrivne sider med fyldig dokumentasjon og statistikk. Andenæs stadfesta i tal det inntrykket alle hadde av at utanlandske underhald-ningsromanar utgjorde ein stadig større del av marknaden. I 1963 kom det ut heile 236 omse�e bøker i kategorien «Western og kriminal», mot 51 nyskrivne norske romanar. Tal er maktas språk. Skulle den generelle og utbreidde uroa for norsk li�eraturs framtid kunne omsetjast til politisk handling, må�e vegen gå om ein kvantitativ analyse. Andenæs skisserte til slu� fleire mo�iltak for å snu utviklinga, mellom dei ei innkjøpsordning av «alle årets nye norske skjønnli�erære bøker og barnebøker til samtlige folkebibliotek».26 De�e var første gongen denne ideen blei formulert skri®leg. Han kalkulerte de�e eine tiltaket til 1,3 millionar kroner per år, og supplerte med andre tiltak til beste for norsk li�eratur til ein samla kostnad på fem millionar.

Helge Sivertsen hadde heilt sidan Heiberg-komiteen ynskt seg ei innkjøps-ordning. Men han var nervøs for om forlaga kunne tenkast å spekulere i ei slik innkjøpsordning, om dei ville senke kvalitetskrava straks alle nye skjønnli�e-rære bøker ville vere sikra eit statleg innkjøp på 1000 eksemplar. Han tok der-for med seg nestformannen i Forleggarforeininga og forlagssjef i Aschehoug

Bøker i bibliotekkategorien «western og

pocket kriminal» fløymde inn over marknaden.

M_Eit eige rom.indd 23 22/09/15 10.14

Page 24: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

24 | norsk kulturråd 1965–2015

forlag Arthur Holmesland på ein lang skogstur i Nordmarka hausten 1964 for å lu�e uroa. Holmesland forsikra Sivertsen om at det ikkje kom til å skje.27 Norske forlag var seriøse og ansvarlege kulturinstitusjonar, sa Holmesland. Og Sivertsen bestemte seg for å gå for ei innkjøpsordning.

Heiberg mot GrothSentrale norske forleggarar som Tønnes Andenæs og Arthur Holmesland vis-ste dermed godt kva som var på gang, mens formannen deira ante ingenting. Henrik Groth la den 2. oktober 1964 fram publikasjonen Omsetningsavgi�en på bøker som ein siste samla argumentasjon frå Den norske Forleggerforening for kvifor avgi�a på bøker må�e bort. Groth trudde han hadde sigeren i lomma, og skreiv sjølv ei innleiing med ti�elen «Siste ord til Staten», der han vedgjekk at han var usikker på om denne publikasjonen i det heile ta� var naudsynt: «De�e dokumentariske skri� er kanskje unødvendig. Omsetningsavgi�en på bøker later til å synge på si� siste vers.»28 Men samstundes som Groth lanserte publikasjonen, stod kong Olav V på Stortingets talarstol og las opp trontalen som opna den nye stortingssesjonen. Før han bad Gud signe Stortingets g jer-ning, las han opp ei liste over ting den sitjande regjeringa lova å gjennomføre det komande året, mellom desse å legge fram ein «proposisjon om oppre�else av et kulturfond til fremme av norsk li�eratur, kunst og kulturvern».29 Han sa ingenting om reformer i omsetningsavgi�a, og det vesle kongen sa om kultur-fondsplanane, var det vanskeleg å forstå for mykje av. VG spekulerte likevel dagen e�er på om nyordet «kulturfond» var eit hint om at bokavgi�a likevel ikkje kom til å bli ¦erna: «Det skulle vel aldri her være tale om en slags avlats-penger fordi man ikke har villet ta det skri� å avska§e omsetningsska�en på bøker.»30

Tre dagar seinare la finansminister Andreas Cappelen fram framlegget til statsbudsje� for 1965. Her blei det for første gong gjort o§entleg at regje-ringa planla å innføre avgi� på vekeblad og «bruke inntekten av avgi�en på ukeblad og tidsskri�er til stø�e for kulturelle tiltak».31 Vekebladavgi�a skulle e�er planen innførast frå den 1. april det komande året, mens den generelle omsetningsavgi�a skulle hevast frå 10 til 12 prosent, med verknad alt frå den 1. november. Og avgi�a på bøker skulle ikkje ¦ernast. Ho skulle altså i praksis auke, frå 10 til 12 prosent, til liks med alle andre varer med omsetningsavgi�. Regjeringa visste godt at framlegget var upopulært. Og at det kom til å bli bråk. Den 7. oktober gjekk kulturredaktør i Arbeiderbladet, forfa�ar, formann i For-fa�arforeiningas li�erære råd og Arbeidarparti-representant i Oslo bystyre Arve Moen ut mot avgi�a på vekepressa. Resten av Presse-Noreg reagerte òg med avsky. Både fordi dei meinte staten hermed ska�la frie ytringar, og fordi

«Det skulle vel aldri her

være tale om en slagsavlats-

penger fordi man ikke har

villet ta det skritt å avskaffe

om setningsskatten på bøker.»

VG

M_Eit eige rom.indd 24 22/09/15 10.14

Page 25: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965-2015

1 | «skal norsk kultur avvikles?» | 25

mange frykta at avgi� på aviser var eit sannsynleg neste steg. Framlegget frå Finansdepartementet sa at visse abonnementstidsskri� skulle vere frita� for omsetningsavgi�, men fritaket skulle ikkje gjelde blad med «underholdning og populær orientering». Presseorganisasjonane meinte departementet hermed braut eit prinsipp som regjering og Storting hadde vore konsekvente mot: å ikkje vurdere innhaldet i frie publikasjonar.

Midt i deba�en om avgi� på vekeblad, den 16. oktober 1964, g jekk sjølve kulturfondsproposisjonen gjennom i statsråd, og same føremiddag kalla Helge Sivertsen inn til pressekonferanse. Her blei ideen for første gong presentert. 15 millionar skulle årleg gå til eit ny� kulturfond, kunne avisene melde frå kon-feransen. Av desse skulle fem millionar i året medverke til «å forandre norsk li�eraturs levevilkår» gjennom innkjøpsordninga. Sjølve utgangspunktet for fondsideen var «de alvorlige utviklingstendenser som gjør seg g jeldende for norsk diktning», fortalde Sivertsen til den frammø�e pressa, men han nemn de òg dei andre kulturfelta som fondet skulle stø�e. At det skulle oppre�ast eit eige kulturråd i samband med fondet, med sju medlemmer oppnemnde av reg jeringa, blei berre nemnt i forbifarten i pressereferata. Det var det nye fondet, den planlagde bruken av pengane og koplinga mellom inntektene frå omsetningsavgi� på vekeblad og kulturfondet som var saka. Sivertsen fekk òg spørsmål om han med de�e fondet skulle bli ein kulturtyrann som skulle detalj styre norsk kulturproduksjon. Sivertsen feia det vekk: «Statsråden benektet at han vil komme til å spille rollen som ‘kulturtyrann’ når fondsmid-lene skal fordeles, og erklærte at han ikke ser den fare for åndsfriheten som enkelte har antydet,» refererte A�enposten.32

Helge Sivertsen hadde lukkast med strategien om hemmeleghald. «Jeg var aldeles uforberedt på de�e,» u�alte Henrik Groth då han høyrde om Kultur-fondet.33 Groth hadde oppriktig trudd regjeringa skulle ¦erne avgi�a på bøker, han trudde han hadde lagt premissane for deba�en, og forstod først no at han hadde vore plassert fullstendig på gangen. Sosiolog og kulturforskar Per Mangset har peikt på etableringa av Kulturrådet som eit døme «det korporative aspektet ved norsk kulturpolitikk».34 Men handsaminga av Groth viser at det ikkje var tilfellet. De�e var ikkje korporativisme, men kameraderi. Sivertsen rådspurde seg med dei han kjende og likte og delte partimedlemskap med. Han gjekk bak ryggen på formannen i Forleggarforeininga og fekk under handa råd frå viseformannen og Ap-medlemmen Arthur Holmesland. Og han engasjerte den uavhengige forleggaren og Ap-medlemmen og Groths personlege fiende e�er to re�stvistar på 1950-talet Tønnes Andenæs til utgreiingsjobben. Han sat på hemmelege møte med utvalde medlemmer av Forfa�arforeininga på Blin-dern heime hos Hans Heiberg. Heile planen blei snikra ferdig på bakrommet.

M_Eit eige rom.indd 25 22/09/15 10.14