fylkesmagasinet nr.7

48
NR. 7 MAI 2012 FM fylkesmagasinet.no Snipp, snapp, snute, kven er nestemann ute? Sidene 7 til 14

Upload: rein-design

Post on 20-Mar-2016

237 views

Category:

Documents


7 download

DESCRIPTION

Fylkesmagasinet nr. 7 2012

TRANSCRIPT

Page 1: Fylkesmagasinet nr.7

NR. 7 MAI 2012

FMfylkesmagasinet.no

Snipp, snapp,snute, kven ernestemann ute?Sidene 7 til 14

Page 2: Fylkesmagasinet nr.7
Page 3: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

3

FMFYLKESMAGASINET

Det er ikkje verda som endrar seg, det er vi som endrar den.

Kan du hugse angen av matbutikken frå då du var liten? Det kan eg. Vi hadde ein legendariskslik ein i Førde, vidkjend for blant anna sine gode heimelaga fiskekaker. Eg hugsar dei vagt,saman med lukta av nykverna kaffi, det vesle plinget når du opna døra som varsla kundensitt komme, og samtidig sikra at ikkje små fantar stakk av med snop eller tobakk. I Førdehadde vi også Sølvberghjørnet, der eg vågar påstå alle som har budd i Førde dei siste firetiåra har snopa. Det same gjeld butikken til Kristiansen som låg ved barneskulen, han somaldri kasta noko. Der kunne ein på 80-talet kjøpe ubrukte klede til 60-tals festar. Fantas-tiske minne.

Eg hugsar andre ting også: Butikkbetjening så legendarisk småsur at du følte deg som eintiggar der du sto med peng i eine handa, og nærmast bad om å få kjøpe vara di. I dag haddevi snudd på hælen, og handla ein annan stad. Men dette var i tida då det lokale haddenærast monopol. Rett nok fanst postordre, men mykje var ræl og lite interessant. Byturarvar så sjeldne at ein enno hugsar dei fleste, og dei omhandla gjerne medisinske problem, ogvar sjeldan kjøpefestar, sjølv om ordet bygåve vitnar om ein viss handel når ein først var der.

I dag er monopolet brote, på alle vis. Butikkar med sure ekspeditørar kan stort sett gløyme åleve lenge, i dag er service alfa og omega. Om ikkje den andre butikken i same segment hardet, så har i alle fall ein annan tettstad det. Vi reiser ofte og gjerne på byferie eller helgetu-rar, og nettet leverer det meste du måtte ville ha, om ikkje din lokale butikk kan det. Du kanikkje kvile på laurbæra, tradisjonar eller plassering. Ei ny endring ligg og ventar like om hjør-net.

Butikkar forsvinn, bransjar endrar seg, og lite forblir som det var. Stundom sukkar vi nostal-gisk, og saknar krambua, eller butikken ein snopa på som liten. Men det er vi som vel kva forein vi vil ha, og kven vi ikkje vil ha. Bruk kallast det, og utan døyr alle servicebedrifter. Ofte erdet ein god grunn til at den forsvinn også. Anten det er pris, utval eller kvalitet som ikkjeheilt når fram. Eller at bransjen globalt endrar seg. For tida er det sal av multimedia- ogfototenester som er under press. Nokre er alt borte, andre slit, og nokre overlever, tross alt,fordi dei maktar å utvikle seg til noko meir eller noko nytt. Kven som overlever, kva lokalhandel er i framtida, og kva som forsvinn, er eit ansvar delt mellom butikken og oss. Butik-kane må vere gode nok, og vi forbrukarar må ville ønske dei sterkt nok til å nytte dei.

Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane

i Sogn og Fjordane

Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Inform Media

Trykk Mediatrykk BergenDistribusjon Posten

Opplag 42.000

REDAKTØR ROY SUNDE

[email protected]. dir. 95 93 99 90

MARKNADSANSVARLEG MAI-KRISTIN TIDEMANSEN

[email protected]. dir. 95 93 99 97

I denne utgåva kan du lese om:

Alexander satsar på heimbyen | REPORTASJE: Tenk globalt, handle lokalt

Er Førde stygt?| Talentfabrukken i Florø | Rett på med Tore | Unge meiningar

Eg klarar berre ikkje stoppe å danse | E-prat med Johannes Thingnes Bø | Evig opptur for motbakkefylket?

| Trend og mote med Regine | X-ord | Biltest: Volkswagen Passat Alltrack |

Grunnlagt 2001

– Vi er opptekne av å finne deigode, positive tinga som skjer ivårt fantastiske fylke. Vi klarer

ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du

meiner vi burde skrive om – ta kontakt med meg!

Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap

– ta kontakt med meg!

Endringar

Redaktør: Roy Sunde

Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde

Tlf. 95 93 99 99

Page 4: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

4

Jaktar pådet ekte

Halbrendsøyra 7 • 6800 FørdeTlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Aluminiums-skyvedørerVi monterer nye, vedlikehaldsfrie skyvedører.

I vår digital verd er bilete meir tilgjengeleg fleirekanalar enn nokon gang. Det betyr ikkje at detgode biletet kjem lettare til verda enn før, eller atdet har blitt lettare å leve av å ta det. Tvert om,du må satse hardare og bli lagt meir merke til idagens marknad. TEKST: Roy Sunde/FOTO: Joachim Vie

Vegard Fimland frå Førde har valt å satse på ei framtid med fotografi i fokusi Bergen.

– Marknaden har mykje å seie og i heimfylket er det litt lite. Fotografi erlidenskapen og då må eg gjere det som må til for å leve av det. Skal ein klareseg som frilansfotograf må ein satse, og det tar tid å byggje seg opp, seierhan og fortel at det er fleire potensielle kundar i Bergen, og fleire fotografar.

– Mange har ei nisje, anten det er reklame eller bryllaup. Eg likar fleirefotografiske sjangrar og navigerer etter det. Dokumentar, portrettbilde, bryl-laup, reklame: Eg likar alt. Det er slik eg vil ha det, seier Vegard som ikkjehar eige studio.

– Eg tek det meste av bileta ute i felten.Det blir teke fleire bilete enn nokon sinne, og teknologien rasar framover.

Men fotografen kan ikkje erstattast med Photoshop, meiner Vegard. – Einer ute etter å fange energi som tilfører augneblikket og biletet ei nerve. Eitgodt bilete og kunnskap om komposisjon må liggje i botn.

– Er alle gode bilete brukt opp?– Nei! Det er mange gode bilete igjen å ta. Eg er sjølv veldig glad i doku-

mentarfoto. Ein kan ta gode bilete kvar som helst, på kommunestyremøteom så. Eg let meg ofte inspirere av dokumentariske bilete, sjølv om det ikkjeer dei eg tek mest av.

– Går ein på kunstnarisk akkord med seg sjølv, fordi ein ofte tek bilete påandres vilkår i dag?

– Det er forskjell på personlege, meir kunstnarlege prosjekt og arbeid påoppdrag. I møtet med ein kunde samarbeider ein seg fram til gode resultatbegge er nøgde med.

Ingenting erstattar fagkunnskap Kvalitet er nøkken til å skilje seg ut i eit hav av bilete.

– Ein blir bombardert med middelmåtige bilete, men eg håper folk serbehovet for kvalitet og fagkunnskap. Eldre fotografar er ofte litt oppgitt overat moderne teknologi har gjort ein del kunnskap meir allmenn. Yngre foto-grafar har i større grad vakse opp med digitale teknologien, og det kan vereein fordel. Ei mogeleg ulempe kan vere at ein kan mangle ei djupare forståingfor prosessen, seier Vegard, som sit midt på treet når det gjeld analog bak-grunn, og ungdommeleg teknologisyn. Under utdanninga jobba han i to åri mørkerom, men analoge erfaringa til trass har han berre dryge ti år i bran-sjen.

– Eg byrja med fattern sin gamle speilrefleks då eg var 20, og lærte megdet tekniske sjølv. Etter kvart som eg utvikla meg vart det kjekt. Øving gjersom meister, men det må ligge eit visst blikk i botnen, smiler Vegard, somhar bikka 30.

– Då eg fann ut at eg ville bli fotograf byrja eg på Oslo Fotokunstskule,

der eg gjekk frå 2003- 2005. Å gå på einfotoskule la til rette for at eg kunne jobbemed foto på heiltid, og å jobbe i eit miljømed likesinna var inspirerande. Etter sku-len flytta eg til Førde, jobba i ein annabransje og tok fotoppdrag ved sidan av.Sparket i ræva, som fikk meg til å satse, vardå eg jobba for Oddleiv Apneseth i 2008.Ein inspirerande person, og eg lærte mykjeom foto i løpet året, seier han.

Estetikar Han fortel kva som driv han.

– Aha-opplevinga ein får når ein tekbilete, og veit at det blir bra. Det er den egjaktar på, som får meg til å drive med dette.Det er drivkrafta, der lysta kjem frå. Drag-ninga ligg i å skape og sjå resultat. På OsloFotokunstskule var fokus på komposisjonog å bygge opp eit bilete. Filosofien der varat teknikken kjem av seg sjølv når ein prø-ver å skape det biletet ein har tenkt seg. Eger estetisk fokusert, og lite oppteken av blit-sar og tekniske ting, seier Vegard, og fortelhan er veldig glad i bilete teke utanfor alvo-ret ein har på jobb, eller i personlige pro-sjekt med fokus på kvalitet.

– Eg er glad i det impulsive biletet, tildømes frå mobilkamera med ein retro App.Det er ikkje fullverdig bildekvalitet, menmorosamt og fungerer meir som eit minne.Ein tek eit bilete, laster det opp, formidlarraskt og får respons, seier han og understre-kar at i yrkessamanheng skal det vere kva-litet.

– Biletet skal halde høg kvalitet. Eg erdønn seriøs, men det er viktig å bevare lei-ken, seier han og fortel at han blir glad nårbileta blir kjent att på stil.

– Då har du gjort mykje riktig som foto-graf, så det er eit mål i seg sjølv.

Om du vil sjå bileta til Vegard kan du gåinn på heimesida vegardfimland.com

Vegard Fimland: - I eit hav avfotografi er det hardare å skiljeseg ut.

Page 5: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

5

Page 6: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

6

Page 7: Fylkesmagasinet nr.7

Tenkglobalt,handlelokalt Ein fin slogan, men er realiteten slik? Dei fleste jaktar gode tilbod og låge prisar, men kostar det meir enn det smakar?TEKST OG FOTO: Roy Sunde og Joachim Vie

Ein ser teikn til at spesialbutikkar slit, i Førdemed fråfall i sportsbransjen og avskaling imultimediebransjen.

Vi har teke pulsen på handels- og service-næringa i fylket, snakka med dei som bukkaunder, eller lukkast trass internasjonaleendringar i sin bransje: Er vi flinke nok til ånytte lokalt næringsliv, eller kastar vi ungenut med badevatnet og angrar når butikkaneer borte?

Institutt for bransjeanalyser (IBA) lagarbransje- og handelsanalysar med bransjeblan-ding og kanalgliding som fokus.

– Spesialbutikkar slit: Urmakar, gullsmed,foto, helsekost, multimedia og bok f.eks. Vikjøper ikkje mindre varer, men salskanalaneendrar seg, seier Per Gunnar Rasmussen,siviløkonom og forskingsleiar i IBA, og fortelat internetthandel ikkje har teke av enno.

– Berre for varer som reiser, bøker, musikkosv, men det er på veg som konkurrent formange butikkar. Faghandelen har føling mednettet, men det er ikkje snakk om panikkenno. Folk sjekkar vareprisar der, og «pres-sar» butikkane sine, men mange er skeptisketil å betale på internett. Det er ei opplærings-sak og gjennomslaget kjem. Er ein flink noker ikkje nettet døden for butikken, seier han,men ein lyt tenke nytt: FotoVideo har blitt einstor fotobutikk på det.

Tradisjonelle fototenester går over på nettog talet fotobutikkar er halvert, men deiutvida tilbodet: fotokurs, fotosafari osv. Einmå tilpasse seg forbruksmønster og kva kun-dane vil ha. Dei som maktar det overlev, deiandre forsvinn. Bransjar flest bygger på eins-retting av varer, f.eks ein leikebutikk. No oppstår mul-

tibutikkar. Leikebutikken sel brått klede, lei-kar, vogner og anna barneutstyr. Slikt ser eini mange bransjar, slår han fast og seier fylketvårt er sårbart.

– Sogn og Fjordane har låg folkevekst ihøve landssnittet, og mindre drahjelp tilhandelen, har alltid hatt lågare omsetnings-grad enn landet, og Bergen og Moa ligg nær.I 2010 var handelsveksten 1,2 prosent i han-delsregion Florø, inkludert Bremanger, og 0,6i region Førde med ti kommunar. Landssnit-tet var 2,5 prosent. Mange kommunar slitmed fråflytting og forgubbing, og er sårbarefor endringar i handelsmønster. Kjøpslojaliteter viktig. Sluttar ein ikkje opp om butikkenblir det hardt. I Ålfoten i Bremanger gjerkraftstrid at folk ikkje går på butikken. Jomindre omland, jo meir avhengig er butikkenav å tilførast tenester folk treng: Eit «mini-kjøpesenter»: kafe, daglegvare, post, biblio-tek osv. Handelen er basis, men kan ikkje stååleine!

Han seier spesialistbutikken må tenke nytt. – I Oslo og større byar dukkar spesialbu-

tikkar opp, men krev stort lokalmarknad.Spesialbutikken i handlegata er stort sett død,kan overleve på godt rykte, men bør ligge derfolk handlar, og yte tenester og varer kundenvil ha. Større del i verdikjeda er viktig. Ofteklarar ikkje spesialbutikkar tilpasse seg kun-dekrav eller fornye seg, medan kjedebutikkarer flinke og har draghjelp frå kjeda. Butikkarsom står åleine må vere utruleg flink. Overle-ving krev kunnskap om kva som rører seg ogkundens krav og behov. Effektiv drift, stor-drifsfordel via samarbeid, plassering, ta del iandres trafikk, kjenne forbrukaren og haendringsvilje i høve deira behov.

FM7•2012

7

<<

Page 8: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

8

Dei statsautoriserte revisorane Unni Kriken og HansMagnar Hansen i Firda Revisjon & Rådgivning ser atdeler av den lokale butikkfaunaen er i rask endring,på godt og vondt.

– Foto- og elektronikkbransjen har lenge vore under press, spesielt utanfor kjedar.Mest utsett er fotobutikkar og dei som sel multimedia. Konkurransen er enormog lokale alternativ enkle å erstatte. Folk handlar via nett, og fysiske utsalsstaderer snart utdatert. Slike trekk kan «smitte» andre bransjar også. Nettet pressarprisar. Du sjekkar pris der: Finn du billegare der kjøper du ikkje i lokalbutikken,utan at dei senkar prisen. Marginane blir mindre, fortel Hans Magnar. Dei fortelat sjølv om mange handlar sportsutstyr og klede på nett, så har lokale butikkareit fortrinn.

– Folk er bevisst på helse og livsstil, og handlar mykje sportsutstyr, seier Unni.– Kjedar som XXL og internett trugar lokale sportsbutikkar, men vi vil prøve

ting. For butikkar som er konkurransedyktig nok på pris og yt god service erdet eit fortrinn. Men netthandel er lett, dei kan ikkje slappe av. Butikkar harlivets rett om kremmarane er gode nok, men plassering er viktig: Ligg ein feilhar ein ikkje sjanse. Svakheiter må vekk. Butikkdrift set store krav til kompetanseog økonomistyring. Sjå moglegheiter, finne ei nisje eller ein kjede, seier han.

– Kjøpesenter gjev forpliktingar: Auka opningstider, bemanning og lønnskost-nadar. Du styrer ikkje skuta heilt åleine, seier ho og fortel kva som må til for åoverleve.

– Meir service! Den beste vinn! Smilet er så viktig. Som nordfjording kjennereg butikkane i Måløy: Mykje «vaksne» butikkdamer: Hyggelige og drilla av langthandelsliv. I Førde er det nokre unge, som for enkelte kan opplevast som litt kort.Du skal møtast av betening som smiler og tek kontakt, seier Unni.

– Kor viktig er det å handle lokalt?– Utruleg viktig! Handelslekkasje trugar ikkje berre den direkte råka, men

alle lokale arbeidsplassar på lenger sikt. Ein bør tenke over det. Vi er beviste påå bruke vårt nettverk. Har kundane våre det bra, har vi det bra, seier han og for-tel at hans bransje endra seg når revisjonsplikta for småbedrifter forsvann.

– Revisorar flest tilbyr rekneskapsteneste til dei som vel revisjon vekk. Skan-ning og webbasert rekneskap kjem for fullt. Ingen punchar rekneskapsbilag forhand om litt. Det offentlige byrjar krevje elektroniske bilag, og næringslivet blirpressa etter. Det gjev moglegheiter for lokale revisorar som evnar fornying, hevingav kompetanse og å sjå framtida tidlig nok. Oslo-bedrifter kan ha rekneskapsfø-rar herfrå. Der er presset enormt og prisane høge, det gjev oss eit føretrinn. Egkan og like gjerne jobbe frå Syden.

Sentrum Sør, handlegata i Førde, har mista mykje butikkar og gitt ein globaltrend eit lokalt fjes.

– Med Rådhuset på plass trur eg på eit oppsving. Spenst, med 1500 medlem-mar, bør gje moglegheiter. Gata har mykje frisør, pleie, sport, kafear og ein deltomme lokale. Brutalt sagt er det eit svakheitsteikn at eit lite revisorselskap harkontor på gateplan, smiler Hans Magnar.

– Mykje byggeaktivitet gjer det utfordrande å etablere seg, og ein ser tendenstil «kontorghetto». Eg saknar ein daglegvarebutikk, men folk prøver i alle fall åflytte tilbake til hit, seier ho.

– Er det fare for at handelsstadane i fylket ender med handelsforstadar ogtomme sentrum?

– Vi er ikkje der. Men kjem det eit kjøpesenter nær Elkjøp, Coop Extra, Plan-tasjen, Biltema og Sparkjøp her i Førde blir det skummelt. Men med så mykjeledig lokale i sentrum trur eg ikkje noko torer satse så hardt, seier han og slårfast at Førde ikkje har teke lett på rolla som leiande mellom Ålesund og Bergen.

– Men det blir tøffare å drive butikk, og større krav for å overleve. – Førde sentrum blir vakrare, med gangstiar og oasar å nyte livet i. Det er eit

konkurransefortrinn, smiler Unni. Dei slår fast at handelen i Førde er i bra standmen at ein ikkje kan kvile. – Førde har god basis som skaper ein god handelsby:Interessante butikkar og breitt utval i mange bransjar. Utvikling og fornying erviktig. Sommarfesten og Folkemusikkfestivalen er døme på arrangement som fårfolk til Førde. Kan ein utnytte gocartbana i Kråkenesmarka? Eller Bystien?

– Eg saknar betre marknadsføring av Sunnfjord. Sjå kva Reisemål Stryn ogNordfjord har klart, i Stryn aular det av folk sommartid. I Sunnfjord er markameir upløgd, seier ho.

– Nettet pressar prisane

- Kjøpmannen som maktar fornye seg vil klare segogså i framtida, seier Unni Kriken og Hans MagnarHansen i Firda Revisjon og Rådgjeving AS.

<<

Page 9: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

9

<<

Sjokk-nedlegging Ein bransje i endring førte til at Opplysnin-gen 1881 la ned i Lærdal. 28 missa jobben,men i 2008 hadde dei 122 arbeidsplassar iLærdal. – Frå 122 til 0 på 3 år er krise. Nedlegginga skapte pessimisme, seierordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

– Folk frå heile regionen jobba der, ungdom hadde ein flott arbeids-plass til sommar og helgearbeid, og det var ei flittig brukt arena forarbeidstrening i regi NAV. Vi mista noko viktig, seier han.

– Nokre hadde jobba heile livet på det som var eldste opplysings-sentralen i landet. Mange veit ikkje at dette var ein privatisert arbeids-plass, eigd av Christen Sveaas, og at det etter det vart ein «hardare»arbeidsplass, med større krav til avkastning. Ut frå tala i fjor leverte1881 kjempeoverskot, størst overskot per tilsette av alle bedrifter her.Opplysingsteneste er på veg ned takka vere smarttelefonar. Det erikkje eit lokalt fenomen. Med tre sentralar enno i drift i Norge, mei-ner vi det var feil å legge ned her. Det skuffa at eigaren ikkje la sjelai å finne nytt arbeid til dei tilsette. Dei tilsette er spesialistar på å hand-tere folk og mange samtalar, og infrastrukturen er god. Det burdekunne nyttast til noko: 1881 burde utforska andre deler av markna-den. Vi har dårleg tid i omstruktureringa, men ser på callsenter, somer vekstindustri i Skottland, og har fått Vestlandsforsking til å lage eistudie, og jobbar med overføring av offentlege arbeidsplassar frå bytil land, seier han og beskriv andre trendar som råkar.

– Små butikkar utan kjedetilknyting slit. Vår kommune er pregaav slike. Kjedar etablerer seg større stader, så netthandel grip lettareom seg i Lærdal enn der tilbodet er breiare. Det er tungt å behaldeoffentlege arbeidsplassar og ein kamp å få ting til utkantar. Men Lær-dal ser moglegheiter. Vi må vere flinke til omstilling, og er det,avsluttar han.

– 122 arbeidsplassar vekk pådrygt tre år skapte pessimismei Lærdal, men vi er gode påomstilling, seier ordførar JanGeir Solheim.

Page 10: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

10

<<

Sportsbransjen har hatt god vekst siste åra, somno flata litt ut. Urovekkande for nokre, og lokaltslit ein del sportsbutikkar. Mange av dei sel kledefrå Skogstad i Innvik.

Skogstad Sport AS leverer sports- og fritidskle til den norske sportsbransjen.Til tross for at bransjen gradvis har flata noko ut, planlegg dei med auke iomsetning for komande åra.

– I dag er barn og mini største produktgruppe på omsetnad. Det vil ogsåi framtida bli satsa tungt mot det segmentet. I tillegg legg vi ned mykje res-sursar i dame- og herrekolleksjonar, samt ungdomsmerket BRE. Her planleggvi betydeleg auke, seier administrasjonsleiar Oddbjørg Bø Muri. Familiebe-drifta er driven av Anton Skogstad. Frå starten i 1937 dreiv Halstein Skog-stad med leigesaum og reparasjon av klede. Etter at Anton overtok drifta i1984 vaks selskapet til ein lokal kledegigant med 28 tilsette og omsetnad i2011 på 107 millionar kroner.

– Vi sel til heile den norske sportsmarknaden, men er per no sterkast påVestlandet og i Nord-Norge. Skogstad har ca. 350 kundar og sel til dei flestenorske sportskjedar som MX-Sport, Intersport, Gresvig, Sport1 og Stadion,har avtale med 21 konseptbutikkar og har fem eigeneigde butikkar i Innvik,Olden, Moss, Lørenskog og Drammen, fortel ho.

– «Conseptstores» er ein bransjetrend. Fleire av våre konkurrentar satsarogså på eigen eigde butikkar, som gjev kontroll over heile verdikjeda, og eitledd mindre å ta omsyn til i distribusjonen. Marginane vert høgare enn omein går via forhandlar. Slike butikkar og konseptbutikkar er eit viktig mer-kevarebyggingsledd for Skogstad Sport, seier ho.

– Vi samarbeider godt med sportskjedar, og er avhengig av det, men nokrekjedar har eigne brands vi konkurrerer med. Så prispresset blir hardare. Einkjede vi ikkje er inne i er lågprisgiganten XXL. Grunna prispolitikken deira,med fokus på veldig låge prisar som kan vere øydeleggande på sikt. Skog-stads strategi er meir fokus på kvalitet og design enn pris, seier ho og spår.

– Truleg ser bransjen vår mange av trekka frå daglegvarebransjen; størrekjedar med meir makt og fleire leverandøreigde butikkar, seier ho og trekkfram punkt som gjev framtidstru.

– Gode relasjonar med produsentar i Kina vi har jobba fram over tid, medeigne tilsette der. Veldig mange kledeprodusentar slit med kvalitet og leve-ringspresisjon. Mange kontaktar Skogstad med tanke på produksjon. Godekontaktar blir svært viktig i framtida seier ho.

– Vi ligg i ein konfeksjonskommune, og dreg vekslar på både Ricco Veroog Moods, og skapar positive synergieffektar for kvarandre i marknaden.Skogstad jobbar hardt med å styrke sin posisjon, og tenkjer også å satse påeksport i framtida. Pr. i dag har vi avtale med firma i England, Tyskland,Austerrike og Danmark.

Planlegg vekst i flat marknad

– Vi planlegg for auke, fortel OddbjørgBø Muri i Skogstad Sport AS.

Page 11: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

11

Søkere må beherske programmene Adobe CS, herunder Acrobat Profes-sional, InDesign, Photoshop og Illustrator. Erfaring fra CTP-utskyting og preflight av mottatte jobber er en klar fordel. Ønsket startdato er juni/juli 2012, men det kan også være aktuelt å begynne på et annet tidspunkt. Vi tilbyr en utfordrende og selvstendig stilling, med gode utviklingsmuligheter for rett person. Stillingen krever god orden, og vi ønsker at du kan arbeide målrettet med prosjekt, er kreativ og har gode samarbeidsevner. Vi vil legge vekt på at søkere har god teknisk innsikt, da mye av jobben er utkjøring av tilsendte jobber. Den som blir ansatt må også beregne en del arbeid i digitaltrykkavdelingen.

Vi ønsker at søker sender søknad på e-post, inkludert vedlegg av attester, vitnemål og referanser innen 22. mai til:daglig leder Odd Erik Natvik,e-post: [email protected] 57 75 20 20 eller 905 44 102

Da en av våre medarbeidere skal over i ny stilling søker vi etter

E. Natvik Prenteverk AS er en grafisk bedrift i Florø, etablert i 1906. Vi er 9 ansatte og har all produksjon i eget hus, fra idé og utforming til trykk og ferdiggjøring. Vår produksjon består i hovedsak av fargebrosjyrer, magasiner og reklame for industri, handel og reiseliv på Vestlandet. Vi driver også med produksjon av bøker og vanlig aksidens.

Markegt. 65, 6900 Florøwww.natvik.no

sidens.ka.estlandetVpå eiseliv rog handel

vaavkakedsvhoi består sjon odukpr,husetegi sjon odukprl lahar og agren er S Aerk vteenPrk tviNaE.

bøvaavsjon odukprmed å ogser ivdrVi

eklamerog asiner mag,errosjyebrargffadierfog ykk trl timing orutffoog idé a rffrVi1906.i tbleretabø,lorFi tifftbedrafisk

anlig vog er øk

i,industror fe år V.ingjørigg

tte aans9 er i

an arbeide mdu ker atvi ønskettor rklingsmuligheter futvi

dorr en utfbyltiVi .tidspunktan o k men detjuli 2012,juni//j

v mottatte jobb ateflighog pr Photoshop o InDesign,l,siona

amogre pre må beherskerSøk

Gr keafikere se medarbeiderårv vDa en a

eativer krosjektmed prettetlrmåer god orevlingen krl Sti person.t

me,linglstendig stiende og selvdrnne på e å begyktuelte aærgså v

t staret Ønskdel.orber er en klar f-utPa CTring farf Er.atorlustrlog I

orunder Ac her,mmene Adobe CS

er vi etterling søkly stier i nvl oask

v og har og den,r

ed gode annetet

tdato er ting ytskky

-esof Prbat

r

ler 905 44 7 75 20 20 elon [email protected] odd.ere-post:

k,tvik Naidaglig leder Odd Erl:ti mai anser innen 22.erefr

vi,ttesterv atlegg aaved vtinkluderer sender søkna søkter aVi ønsk

egne må også berblir ansattv jobben er e ay da mkt,innsi

lVi vi.nergode samarbeidsevan arbeide m du ker atvi ønsk

102.no

l ogitnemålad på e-post,

delvaykkltren del arbeid i digita De.lsendte jobbertiv ing autkjør

e har god er søk på atekt legge veativ er krosjekt, med prettetlrmå

k.ntvi.naatwww, 65.egtMark

ingen.en som

teknisk v og har

noølor6900 FSogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane

Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

DRØYMER DU OM EIT LIV UTAN LINSER

OG BRILLER?Vi opererer langsynte, nærsynte, skeive hornhinner,

alderslangsynte, grå stær og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv!

Rentefri delbetaling. Uforpliktande forundersøkelse! Ein av Europas dyktigaste synskirurgar

Ta kontakt for meir informasjon og referansar!T

Synskirurgi er ei tillitssak

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Grå Stær?Vi utfører privat

grå stær kirurgi og har kort ventetid.

Page 12: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

12

<<

Avgjersla om å leggje ned var tung og hard, mennår den var teken kjentes det godt.

Lite nytt

Trond Valaker kjenner butikkbransjen fråbedriftene Valaker, Telekiosken, Telehuset ogrolla som leiar i Førde industri og nærings-samskipnad, og gjev døme på handelstren-dar.

– Stormarknadssenter utanfor bysentrum med god tilgang til parke-ringsareal. Lokale og mindre butikkeiningar må samlokalisere for åutnytte stordriftsfordelar. Kjedebutikkar etablerer seg og utkonkur-rerar lokale aktørar med massiv marknadsføring. Eg trur ikkje inter-nett er største fienden lokalt, heller tøff konkurranse mot store kjedarsom etablerer seg. Og bransjeendringar, som den som gjer at TiTi iFørde ikkje lenger overlever på å selje musikk og film over disk, vilvere utfordrande. Trendar og nye teknologiske løysingar endra mark-naden, seier Valaker, og slår fast at i eit lite fylke er det viktig å støttelokal verdiskaping.

– Urbaniseringstrend trekk folk til store byar. Alle har ansvar forå nytte lokale aktørar, det er avgjerande for at næringslivet skal klareseg. Handlar ein utanfor fylkesgrensene er ein med på å svekke regio-nen. Er lokale bedrifter konkurransedyktige på pris, service og kom-

Ta handelen lokalt – så

– Vi starta i 2006 som ein rein bruktbutikk for bøker, musikk og film. Etter-kvart blei det så mykje musikk at vi kasta ut bøkene, seier Harald BlaaflatMundal. Bruktbutikken Lite Nytt låg i eit kvitmåla trehus på gamle Lærdal-søyri. Harald og Harald har framleis nøklane, og fasaden har ikkje sluttafortelje at Lite Nytt held til der, men inne er berre tomme hyller att.

– Det er ryddigare her no enn når vi kom, seier Harald Brøyn og smiler tileks-kollegaen.

– Vi starta Lite Nytt fordi vi hadde lyst, ikkje fordi vi visste at det varbehov for ein slik butikk, seier Harald M og fortel vidare om ein oppstart i2006 prega av entusiasme. I starten var det ikkje problem å få fatt i brukteplater, men etterkvart minka det på dei gode bruktfunna.

– Gamle plater blei etterkvart populært og vi måtte betale meir for å fåfatt i det, fortel dei.

– Når også store kjedar kunne tilby det same hadde vi ikkje ein sjanse!Sjølv om dei i fleire år var teknisk konkurs, heldt dei fram, berre med littmindre løn. – Det var aldri nokon som tapte pengar på oss, og det gjordedei heller ikkje når vi valde å legge ned, seier Harald M.

– Men bygda tapte – dei mista nok eit tilbod, skyt Brøyn inn frå sida. – Sjølv om vi ligg i Lærdal konkurrerar vi mot heile verda, seier Harald

M. I 1999 kom Napster til verda. Ein kunne laste ned musikken til si data-maskin, ulovleg men gratis. Dette sparka i gong ein digital musikkrevolusjon,som skaka musikkindustrien og tvang dei til å tenkje nytt. I dag er streamingav musikk via Spotify, eller å kjøpe musikk via til dømes iTunes, heilt vanleg.Musikk er så tilgjengeleg i dag. Det er lett å bli nostalgisk og seie at alt varbetre før, men det er for lettvint. I tillegg til «digital» musikk har dei fysiskeutsalsstadane for musikk blitt større.

– Vi har ikkje sjanse til å konkurrere mot til dømes Platekompaniet iNorge eller dei engelske butikkane. Dei er så store og har heilt andre margi-nar på sine sal, enten dei sel frå butikken eller nettbutikken, fortel Harald B.

Og når ein nemner den rike onkelen: – Med ein tung investor kunne ogsåvi ha satsa med eit stort lager av musikk, massiv marknadsføring og goddistribusjon, seier Harald Mundal.

– Men det var jo ikkje det vi hadde lyst til! Brøyn sit med kaffikoppen ihanda og smilar.

– Vi leverte god musikk til heile landet i fem år og har mange gode minnerfrå den tida, så vi er godt nøgde, konkluderar dei på eigne vegne.

– Vi veit at Lærdal greier seg utan tilbodet, men bygda tapar når eit tilbodforsvinn, seier Mundal. – Det er ikkje eit godt teikn når turistane kjem oppi hagen min, framfor å gå i handlegata her, seier Brøyn. Og det går i butikk-døra for aller siste gong.

Harald og Harald: –Ingen tapte pengar på oss, men bygda tapte eit tilbod!

Page 13: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

13

– Kundane fortel stadig kor heldige dei er som har ein slik butikk, så det ergivande å drive butikk i Askvoll. Kjekke utfordringar, folk som støttar oppog stadig fleire kundar, ikkje berre lokalt, men frå heile fylket. Det er hygge-leg at det ein gjer blir sett pris på, seier Inger Johanne Loftheim, som eig butikken ilag med Eirik og Helge Loftheim. Suksessoppskrifta er «enkel».

– Slike bedrifter er liv laga, men det er viktig å ha kunnskap om råvarebe-handling og kundeservice. Vår strategi er å halde høg kvalitet, yte god serviceog ha fagkunnskap. Kundane kjem ikkje berre for matvarer, men for ei opp-leving. Vi tek oss tid og lyttar til folk. Kundane er årsaka til at vi ser lyst påframtida. I byrjinga er folk flest interesserte og nysgjerrige. Det er først etterei tid ein ser om dei enno dukkar opp. Det gjer dei, og i tillegg kjem nye kun-dar opp, smiler ho.

– Det tek vi som eit teikn på at vi gjer noko riktig. Dei støttar oss ikkjefor å støtte, men fordi dei likar produkta vår. Å gje kunden opplevinga haner ute etter er viktig, seier ho.

– Samtidig er folk veldig flinke til å nytte oss. Eg trur at der ein har slikebutikkar, er folk oppteken av å bruke dei. Heller enn kjøpe ting vi ikkje treng,legg folk meir pengar i maten. Folk ønskjer å kose seg med familie, vennerog god mat, i ein travel kvardag. Utfordringa er å levere kvalitet og service,og vere audmjuk i høve kundanes ønskjer. Vi har gått gode skular, og lært atein aldri skal bli heilt nøgd, men prøve å betre seg. Aldri slutte å jobbe, sjølvom ein er i mål. Med tre individ som jobbar saman, får ein alltid fleire synpå ting. Viktig for utvikling, samtidig som kundane jo må kjenne oss igjen,seier ho.

–Vi har mange ulike kundar, frå den faste brødkunden til dei som handlarmiddagen her, og alle er like viktig. Det gjev vi uttrykk for. Dei som kjemigjen og igjen sikrar drift, så det er viktig at alle går ut av butikken med eipositiv kjensle, same kva dei har i posen. Mange som jobbar i ferskvarediskveit ikkje fram og bak på ein fisk. Her får folk varekunnskap, og vi bestem-mer sjølv kva som skal stå i hyllene. Vil kunden ha røykt maldonsalt skaffarvi det. Service, varekunnskap og kvalitet er nøkkel til fin framtid i Askvoll.Det jobbar vi for kvar dag.

I ei tid då delikatessebutikk er byfenomen, er Ask-voll Sjømat & Delikatesse kjerringa mot strau-men. To år etter start er butikken døme på kvasom er mogleg om folk støttar opp.

Butikken motstraumen

petanse bør dei vere første val. Kan ein vise forståing om ein måbetale nokre kroner meir for å ivareta verdiskapinga i eige fylke?Ønskjer vi vekst treng vi variert næringsliv, med mangfald av arbeids-plassar. Servicenæringen må stå samla om å bygge positivt omdøme,seier han og trur heimbyen er godt rusta, både internt og i kampenmot dei store.

– I fylket er vi størst , med varehandelsomsetning på 1,9 milliardari 2011, men vi skal vere audmjuke og ha fokus på forbetring og utvik-lingsområde, så vi er attraktive for innbyggarar i heile regionen. Einmå gjerne reise til Bergen for å oppleve byliv og arrangement, menpå handel er vi konkurransedyktige, fortel han.

– Og eg trur spesialbutikken kjem sterkare tilbake i trendbiletet.Spesielt på etablering av nisjebutikkar/faghandel i større senter, somhar behov for å skilje seg ut frå massen. Generelt er det viktig at kvarbutikk utfordrar seg sjølv, og tenker endring og produktutvikling. Einmå ikkje gløyme det sosiale aspektet handling er. Det blir ei trist verdom alle sit heime og handlar på nett og chattar på Facebook, seierValaker som også har erfart endringar i handelsmønster.

– Eg måtte gi meg med Valaker A/S, men ser mange nye utfordrin-gar og moglegheiter i min nye bransje Telecom. Eg driv Telehuset ogTelekiosken, og tida går til å tenke framover og vere kreativ. V harmykje spennande på gang. Tidene endrar seg, den som ikkje ser det igod tid overlever ikkje i handelen.

å lenge vi er gode nok

<<– Så lenge lokale butikkar er

konkurransedyktig, så bør einvere lojale, seier Trond Valaker.

Butikken mot straumen: Bognane diskar med herlegdom frå sjøen sikrar kundar. Foto: Privat.

Page 14: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

14

Oppstraums vandringSom ein gyteklar laks har Alf Helgheim & Co symdmot trendane i handelsstraumen.

Alf Helgheim & Co på Skei er blant landets beste på å selje Canon fotoutstyr.I motsetnad til kva fotobransjen og bransjeekspertar seier, har Reidar ogRandi Helgheim drive mot straumen.

Alf Helgheim & Co blei etablert 23.12.1946 av Alf Helgheim. Butikkener med i kjeda Canonringen, ein samanslutning av Canonforhandlarar. Dendigitale revolusjon har gått hardt utover fotobransjen. Store omveltingar, pris-press og ein vinn-eller-forsvinn situasjon har prega forhandlarar av fotoutstyr.Hos Alf Helgheim & Co på Skei i Jølster peikar pilene berre oppover.

– Vi har eit godt lager av kurante varer med det kundane har behov for,seier Reidar Helgheim som driv butikken i lag med Randi Holt. Han prøverå forklare korleis den vesle butikken på Skei greier å halde tala stigande.

– Han kjem ikkje til å seie det sjølv, kjem det frå Randi i naborommet, såeg kan like godt seie det; – Reidar jobbar 110 prosent for kunden, og stårher både ein og to timar etter stengetid om kunden ikkje greier å vere herinnan opningstida, smilar ho til den driftige ektemannen.

– Service betyr alt, fyl han opp. - Eg er her for kunden, seier Reidar, og

brukar tid for å finne ut kva kunden verkeleg har behov for, ikkje nødven-digvis kva eg kan tene mest pengar på. Og både Randi og eg drive med fotoi mange år og er opptekne av å følgje med på marknaden, kva produkt vi harog kva som kjem, seier Reidar.

– Eg sitt med ei kjensle av at mange ikkje veit kven vi er. Dei som kjeminnom blir imponert over vareutvalet vårt, fortel han. Butikken ligg strategiskplassert på Skei, og har eit stort omland.

– Eg merkar ei auke i henvendingar frå nabokommunane, seier Reidar, detgjere meg optimistisk! I likskap med bransjen elles merkar dei prispresset.

– Med internett er alle orientert om kva pris ein skal ta for produkta. I til-legg kjem nettbutikkane, med heilt andre driftskostnader og difor kan opereremed andre prisar. Om eg må setje ned prisen for å behalde kunden så gjereeg heller det, fortel Reidar om ein pressa marknad.

– Det er dyrare å misse ein nøgd kunde, smilar han. Ekteparet Helgheimvil at folk skal ha høve til å kome inn i ein butikk og få kjenne på varene førdei handlar, og vil strekke seg langt for å oppnå det.

– Vi blir sletne innimellom, men aldri på grunn av kunden, seier Randi. – Det er motiverande også, seier Reidar om nøgde kundar og at dei endeleg

når ut i nabokommunane. Vi sparar ikkje på marknadsføringa, seier Helg-heim, og som ein ekte kremmar legg han til; - men vi sløsar ikkje.

<<

Reidar og Randi satsar knallhardt på service. – Service betyr alt! Seier Reidar Helgheim.

Page 15: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

15

Page 16: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

16Det unge Florø-laget har fått eit nytt år på baken,og visste med siger over Førde og Sogndal i cupenat dei blir å rekne med i år. TEKST: Roy Sunde / FOTO: Kristine Slettehaug

– Vi vann fordi vi er gode nok, det er ingen sensasjon. Spelaren byrjar få erfaring, sjølv om dei er unge, og jobbar knallhardt for å bli betre. Vi har nærma oss Førde, men dei er framleis den store favoritten i divisjonen.Vi kan alltid vinne enkeltkampar, men stabilitet over tid er utfordringa. Detvil svinge, men eg håper vi blir meir stabile, seier trenar for FSK, TerjeRognsø. 94/95 generasjonen til Florø har fått og teke mykje ansvar, og opnaauga til mange.

– Seniorlaget og det vi har fått til i aldersbestemte klassar har fått mykje

merksemd. Eit resultat av bevisst satsing på unge spelarar: Er du god nok, såer du gamal nok. Enkelte har sjølvsagt blitt kasta ut i det utan å vere klar,men det har gitt enormt god læring. Før denne sesongen ser vi at andre lag ifylket slepp til unge spelarar meir enn før. Om det skuldast økonomi, ellersatsing veit eg ikkje. Men det er positivt for unge spelarar i fylket. Kanskje ervi med på å ufarleggjere dette?

Mest nysgjerrig er klubbar utanfor fylket. – Internt har vi ikkje fått mykjemerksemd, men frå andre delar av landet har det vore mykje spørsmål omkva og korleis vi driv spelarutvikling. Siste året har kommunikasjonen mel-lom klubbane blitt mykje betre. Saman med kretsen har vi laga ei arbeids-gruppe som skal jobbe med å bli betre på dette. Det er viktig, og sjølv om vihar gjort det bra nokre år har vi også mykje å lære.

Satsa på ungdomen – Vi starta akademiet i Florø hausten 2007. 94/95 generasjonen var eldste

Talentfabrikken i

Page 17: Fylkesmagasinet nr.7

spelarane, og er i dag hovudtyngda på seniorlaget vårt. I byrjinga varakademiet supplement til klubbtreningane, så sette vi klubb og akademii system. Akademiet kom som følgje av at Florø fekk innandørs fotball-bane. Vi utnytta ledig halltid fredagskveldar, og i helga, det auka tren-ingsmengda veldig for ein del av dei unge. Når vi i tillegg fekk opp kva-liteten viser det seg at det hjelper å øve mykje, seier han.

– Vi er opptekne av eit utviklingsmiljø der glede og trivsel er viktigast.Klarer en det vil det oppstå ein treningskultur og godt læringsmiljø, som legg til rette for at spelarar kan utvikle seg. Vi er bevist på å ikkje bruke ordet talent, vi ser heller på interessa for å bli god. Arbeid medbarn og unge er både givande og utfordrande. Mange har ulik oppfatningav kvifor ein driv med dette, også blant foreldra. Då får ein i blant kol-lisjon mellom breidde og satsing. Vi har hatt fokus på at ein er med pådet ein vil, ingen utelatast. Valfridom er viktig. Mengde trening varierer,men i 95-generasjonen har mange hatt minst daglige treningar frå dei var

12-13 år, nokre dagar morgonøkter og. Mengde, kombinert med kvalitet,pleier å gi resultat.

Fylkeslag– Kor bra kan Florø gjere det i år?

– Mange tipper oss i sjiktet bak Førde, kan hende er det riktig. Vårt fokusligg ikkje på tabell, men på utvikling. Vi spelar vår fotball, og legg til rettefor at enkeltspelarar, så får resultatet bli ut frå det. Vi ønskjer å vinne fot-ballkampar, men det skal skje på våre premisser.

– Kan de på sikt bli nummer to laget i fylket?– Siste 25 åra har vist at klubbane i fylket ikkje klarar å bli stabile i 2.divi-

sjon, samtidig som ein driv godt i aldersbestemte klassar. Så lenge eg er invol-vert i klubben er fokus på å legge til rette for at enkeltspelarar kan nå høgarenivå. Om det gjere oss til ein lag i 2.divisjon er det flott, men det må skjemed fokus på eigne spelarar. Det er ikkje aktuelt å hente og lønne spelararutanfrå fylket. Eigen, og andre lags, historie viser at det ikkje er vegen å gå,seier han og røper ein draum.

– At vi ein dag ser eit Sogndal med berre spelarar frå eige fylket. Ambisiøst,men tenk om alle dei store stadane i fylket hadde fokus på spelarutviklingsamtidig. Normalt er ikkje alle laga like gode på dette samtidig. Tenk omalle hadde same fokus, eg er ikkje i tvil om at vi kunne fått det til. Sjå kvaIsland har fått til innan idretten. Det er utruleg kva ein klarar om ein setbarne- og ungdomsidretten i sentrum.

Sprek 100 åring Medan Florø sitt 3. divisjonslag held overraskande ung alder, kan fotball-klubben feire 100 år. Noko som skal markerast undervegs i jubileumsåret.

– Eit høgdepunkt var sjølvsagt cupkampen mot Sogndal 1. mai. Vi kjemut med eige jubileumsmagasin i samarbeid med Firdaposten. 16. juni spelarvi jubileumskamp mot Sogndal Fotball, og har folkefest om kvelden i FlorøIdrettssenter. Den offisielle jubileumsfesten er 3. november, med invitertegjestar. På dagtid er det planlagt å ha ymse aktivitetar innan våre kjernevirk-somheiter, nemleg fotball, handball og symjing, fortel Anne Leversund leiari hovudstyre i FSK.

I motsetnad til 100 åringar flest er FSK vital og ung til sinns. – Økonomien er god, vi har historisk høg aktivitet i handball og fotball,

svært gode resultat i fotball i 2011, og enno litt tidlig å seie noko om åretssesong, gode handballresultat frå aldersbestemte klassar og diverre litt fåsymjarar i fjor, men utviklinga peikar i positiv lei igjen. Alt i alt har vi ca1600 medlemmar. Florø Sportsklubb anno 2012 er kjenneteikna ved:

Stor aktivitet, mange frivillige, ingen tilsette eller lønna trenarar/leiarar,særs lojale supportarar, lokalpatriotisme, gode anlegg, god økonom, mangegode utøvarar og godt humør, slår ho fast.

Historikk Florø Fotballklubb vart stifta 1912, som den første i fylket. Florø Fotball-

klubb sikra seg nokre krinsmeisterskap i 1920-årene. I 1929 vart Florø-Vargstifta og Florø Fotballklubb gikk etter kvart opp i den. I 1931 kom sports-klubben Ready seinere Atgeir til verden.

Eit arbeideridrettslag som i til liks med Florø-Varg hadde fotball somhovudinteresse. Begge spelte fotball fram til 1940.

I 1945 vart Florø Varg og Atgeir slått saman til Florø sportsklubb. Florøstadion fekk gras i 1984, og kunstgras 2005, Florø idrettssenter bygd i 2006,Furheim idrettspark 1995, opprykk til nivå 3. fotball (tilsv. dagens 2.div)første gong 1985, vinnar Norway Cup 2004 og 2009, Dana Cup 2011, besteklubb Dana Cup 2011. Fair Play pris fotball 2007, arrangør av dobbelt-landskamp fotball jenter 19 mot Sverige i 2007.

FSK-trenar Terje Rognsø, Anne Leversund, leiar ihovudstyre i FSK, og leiar i fotballgruppa ArildMelvær, lovar eit aktiv jubileumsår.

FM7•2012

17

Halbrendsøyra 7 • 6800 FørdeTlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Dogg på rutene?Vi monterer straum-sparande energiglas.

No er dei på tilbod!

Florø

Page 18: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

18

– Motbakkeløpa har eit tilbod til alle, om ein vil konkurrere, mosjonere ellerha naturopplevingar med andre. Familiar og generasjonar er med på aktivi-teten, ut frå ulike ambisjonar og vi har løp med ulik vanskegrad i fylket, deter viktig i folkehelseperspektiv. Og opplevinga med å komme opp i høgda ogfå vidsyn på vår flotte natur, seier Narve Heggheim, dagleg leiar Norsk Fri-idrett Sogn og Fjordane og nestleiar i Norges Friidrettsforbunds motbakke-utval.

– Vi har naturgitte føresetnader for motbakkeløp, og idrettslag som erflinke å få til ting som har skapt flotte arrangement. Friidretten har 63 med-lemslag i 25 kommunar som bidreg til utbreiinga av motbakkeløpa, seier han.

– Siste åra har vi fått to-tre nye løp årleg. For store løp med nasjonal interessetrur eg vi har nådd i taket, men det dukkar opp mindre løp, med lokal deltaking,som ser ut til å vere plass til. Fyrtårn som Skåla Opp og Storehesten Opp trekkmassane. Snittet på alle løp ligg på 2-300, og dei store nærmar seg 2000 delta-karar. Storparten er mosjonistar. Konkurranseklassane veks, men mosjonssidahar størst potensial.

I 2009 vart Gang og Mosjonsforbundet lagt inn i Norges Friidrettsforbund.– Det gav sterkare fokus på mosjonsaktivitet, og motbakkeløp gav bidrag

til stor aktivitetsauke, seier Narve og fortel korleis ein blir publikumsidrett. – Ved å bli meir tilgjengelege for tilskodarar, men det kostar. Til no har

arrangørane hatt mest fokus på legge til rette for deltakarane med gode tra-sear, drikkestasjonar og gode rutinar med registrering og elektronisk tidtak-ing, for å skape attraktive og gode arrangement, seier han og skryt av dei fri-villige. – Dei står på og legg ned godt arbeid. Saman med næringsliv i fylket,som bidreg økonomisk, er dei viktigaste elementa for å utvikle dette vidare.Fleire løp har fått speakerteneste til startområdet, det jobbast med overføringtil storskjerm, men eg trur ikkje det er gjort her i fylket, og ein kan streamepå nett. Friidretten har fokus på utvikling av arrangementa sine på bane. Byr-

På 11 år har Sogn og Fjordane gått frå 1 til 23motbakkeløp. Er det plass til meir, eller er toppennådd? Og kan det bli verkeleg publikumsidrett?Tekst: Roy Sunde

kjelo NM prova vi var på rett veg, det vilein sjå på Hyundai Grand Prix Florø. 2.juni. Den kompetansen kan nyttast i mot-bakkeløp også, seier han.

– Slike løp har teke over ein del av akti-vitet frå landevegsløp og maraton, medaktive som satsar på motbakkeløp, Norgehar utøvarar i EM og VM, som har tekemedaljar. Motbakkeløp blir ein stor kon-kurranseaktivitet framover. Mange løp i fyl-ket samlar stor og internasjonal deltaking,med store pengepremiar. Men små løp erviktige for utvikling av lokale løparar, derkan dei klatre opp på pallen som er vanske-leg med verdstoppar på start. Slik får vifleire med i konkurranseklassane, seierHeggheim, og nemner eigne favorittløp.

– Skåla Opp, Storehesten Opp og Mol-den Opp er blant mange sine favorittar.Men mindre løp fasinerer og mange. Per-sonleg likar eg Eggenipa Opp, spesielt sommosjonistmål.

Koseleg, men vil ha auka sportslig nivå– Årsaka til at vi har så mange løp ligg i atvi har mange fine fjell, og tradisjon med ågå på dei som er utvikla vidare via konkur-ransar. Folk går mindre i fjellet på eiga handno. Dei vil gå i merka løyper, fleire i lag.Media i fylket har vore dyktig til å frontemotbakkeløp. Springing i motbakke erfysiologisk bra for kroppen, med mindre sli-tasje enn å springe flatt, og terrengløpinggjer godt for dårlig rygg. Koplinga mosjo-

Evig opptur for mot

Narve Heggheim, dagleg leiarNorsk Friidrett Sogn og Fjor-dane og nestleiar i Norges Fri-idrettsforbunds motbakkeutval.

Turglede pa Skala. Foto Christian Prestegard Storehesten Opp.

Page 19: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

19

<<

– Det er flottaste fjord-og fjellfylket i lan-det med unikt potensiale for topptur ogmotbakkeløp, og tradisjonar for toppturarog deltakling i «Topptrim» og «Stølstrim».Stadig fleire ser at motbakkeløp på prakt-fulle fjelltoppar er flottaste PR dei kan gjeregionen sin. Skal du sjå kor flott naturener må du på toppane for å få utsyn, vidsynog klarsyn. Det er mykje av forklaringa,seier Christian Prestegård, som sidan 2006har levd av og for motbakkeløp.

– Eg avslutta ei 18 år lang leiarkarriere ibank og finans, og vart sjølvstendignæringsdrivande innan motivasjon, sal ogmarknadsføring med fokus på fysisk akti-vitet og topptur, motbakkeredaktør i kon-dis.no, og sponsoransvarleg for fire mot-bakkeløp, seier Prestgård, som tok initiativtil Skåla 1848m Rett opp i 2002 og Fana-råken Opp året etter.

– Med erfaring som løpsarrangør i Oslopå 80-90-talet såg eg at joggebølgja var påretur og behovet for noko nytt. Eg hararrangert toppturar til Skåla og Fanaråkensidan 1987. Ingen ting kan måle seg medgleda folk syner når dei når toppen. Nårideen til Skåla Opp kom var det fem mot-bakkeløp i Norge og Trappeløpet i Høyan-ger her i fylket. No er det 150 motbakkeløpi Norge. Alt i 2004 sa eg til Sogn Avis at«Dette blir svære greier» og «Vi ser berrebyrjinga på noko stort» til Firda i 2007. Dåvar talet motbakkeløp 13, og eg trudde pådobling. No har fylket 22 løp, så taket nær-mar seg, men om dei er unike og spesielle

tbakkefylket?nistar, som og er heiagjeng, og konkurranseløparar i same løype er unik, ogbetyr mykje, seier Helge Kårstad, arrangementssjef/informasjonsansvarleg forStorehesten Opp, og medlem i Norsk Friidrettsforbunds motbakkeutval. Hantrur marknaden sjølv regulerer talet på løp.

– Om ein koplar til sponsing er det klart eit mettingspunkt, men det regu-lerer seg over tid. Det kan vere lurt å samarbeide over kommune og idretts-lagsgrenser i ein del tilfelle, seier han og vil ikkje rangerte løpa i fylket.

– Favoritten er Storehesten Opp, men eg er jo inhabil, smiler Kårstad. Hanhåpar på heving av sportslig nivå.

– Kva løp ein føretrekk er opp til kvar enkelt. Men den sportslege delen avmotbakkeløp kan og bør bli betydelig betre hos dei fleste – om ein samanlik-nar med idrettar som ski, skiskyting osv.

Suksess for nykommar Molden Opp er eit av dei nyaste løpa, men har alt fått Norgescupstatus.

– Laurdag 16.juni arrangere IL Bjørn løpet for tredje gang, og det er joflott for oss å få Norgescup status som relativ fersk arrangør. Det tyder på atløparutvalet i Norges Friidrettsforbund har fått positive tilbakemeldingar påarrangementet. Forhåpentlegvis får vi fleire deltakarar i konkurranseklassenog spissa konkurranse, smiler John Ingvar Bukve.

Molden Opp debuterte med eit smell i 2010. – Vi fekk ein pangstart med ca 800 deltakarar i 2010. I 2011 hadde vi nær-

mare 700 deltakarar, som var mykje trass litt dårleg meldingar på ver. Måletpå sikt er klare å arrangere eit NM i motbakkeløp, seier Bukve.

– Vi prøver å få til ein folkefest med ei flott ramme rundt løpet og premie-utdelinga. Molden Opp skal vere eit løp alle kan gjennomføre i trim eller kon-kurranse. Vi legg særleg vekt på å få med born og unge, og har skulekon-kurranse med flotte premiar. Barnas Turlag i Luster har natursti som skalmotivere dei yngste til toppen. Det er og laga populær bedriftskonkurranse.Mange bedrifter brukar Molden Opp som fellestur for tilsette, med bankettog løparfest som avslutning på laurdagen. Molden er 1116 meter høg og gjevfantastisk utsyn mot Hurrungane og resten av Sogn, lovar han.

Motbakkeentusiasten – Kvifor er Sogn og Fjordane blitt sjølve motbakkefylket?

Foto: Britt M Aase, Creo-x AS Richard Bartale og Henry Kiplagat. Fanaraken Opp. Foto: Christian Prestegard

Helge Kårstad, arrangements-sjef/informasjonsansvarleg forStorehesten Opp, og medlem iNorsk Friidrettsforbunds mot-bakkeutval.

Page 20: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

20

<<

12.05. Lærdal, Storehaugen Opp. 26.05. Flora, Åsen Opp, Florø. 03.06. Flora, Hovlandstølen Opp. 06.06. Årdal, Aosen Opp. 09.06. Gloppen, Svinestrandløpet. 09.06. Høyanger, Trappeløpet 16.06. Luster, Molden Opp 24.06. Eid, Trollenykjen opp 30.06. Gaular, Storehesten Opp Motbakkeløp 07.07. Hornindal, Hornindal rundt 07.07. Bremanger, Vetenløpet - frå fjære til fjell 08.07. Vik, Vidasete Opp 21.07. Aurland, Rallarvegsløpet 28.07. Aurland, E-CO Rimstigen Opp 29.07. Gloppen, Eggenipa Opp 11.08. Luster, Buff Fanaråken Opp 18.08. Stryn, La Sportiva Skåla

1848 meter rett opp 25.08. Naustdal, Kletten Opp 01.09. Førde Førde Opp

(tidligere: Hafstadfjellet Opp) 01.09. Årdal, Heirsnosi Opp - Tur til Tusen! 02.09. Stryn, Kleiva opp 08.09. Stryn, Skarsteinsætra Opp

er det rom for fleire. Truleg kjem 4-5 nye løp, seier han og fortel kviformosjonistane kjem.

– Motbakkeløping er effektiv og skånsam trening for alle, og byr på natur-opplevingar som inspirasjon og «løn». Du er ikkje i mål på toppen. Då star-tar det sosiale løpet ned til start. For mange er det den sosiale oppturen, medhøve til å nyte naturen. Motbakkeløp er meir enn idrett: Storslagne multidi-mensjonale opplevingar av natur og menneske, som begeistrar, skapar posi-tiv, målretta energi og topp motivasjon til å halde seg i form med god livs-kvalitet året rundt. I Skåla 1848 Rett Opp, som eg kjenner best, er allevinnarar og hovudperson. Trimmarane lagar showet: startar først, når top-pen først, får medalje rundt halsen og lagar «Tour de France-stemning» foreliten, seier han, og røper at favoritten er hjartebarnet.

– Ingen slår Skåla på totaloppleving for meg, med Fanaråken, som er ti årog hovudmålet mitt i år, som god nr to. Av andre kan eg nemne Molden Oppi Luster, og Storehaugen Opp i Lærdal. Som løpar er det vegløp med ca. 10prosent stigning, som meisterskapsløypene i VM og EM, som gjeld. I fjorsprang eg Skarsteinssætra Opp i Olden, på stølsveg. Målgangen på setra,med grilling og god gamaldags seterstemning, var spesiell og noko eg trurvil appellere til både trimmarar og konkurranseløparar. Eg likar traseen iKleiva Opp i Randabygd i Stryn særs godt, men saknar eit stort motbakkeløppå veg og skulle ønskje Heirsnosi Opp, Tur til Tusen i Øvre Årdal vart stortnasjonalt. Slike trasear vi må springe fort i om vi skal hevde oss i EM/VM imotbakkeløp. Løypa er 11,5km med 1000m stigning.

Molden Opp 2011. Storehesten Opp. Foto: Britt M Aase, Creo-x AS

Christian Prestegård.

Page 21: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

21

Raud Antikk Grå Grå struktur

Grå miks Grå miks struktur Mørk grå Som dekor

Grå, antikk raud Grå og antikk Grå og raud

Breivik Kalkverk As, N-6084 Larsnes, tlf: 70 02 80 34 www.breivikkalkverk.no

Breivikbeleggingsstein

Frostsikker, gjennomfarga beleggingsstein som tåler påkjenning frå køyrety. Kontakt oss for meir informasjon og gode prisar!

Page 22: Fylkesmagasinet nr.7

Klart vi kan det. For å komme seg gjennom eiarbeidsveke, som for dei fleste består av 37,5timar, så skal det noko til for å få gjort unna althusarbeidet, hagestell, bilvasken, å få spyltbeleggingssteinen på tunet, få brukt hytta ogbåten, reise rundt med bubilen og drikke raud-vin på terrassen. Klart vi må ha inneklemtedagar om vi skal rekke alt.

No er det sikkert mange som vil hisse seg opp,men mitt forslag er at vi straks avskaffar 1.mai som fridag. For hundre år sidan var målettil arbeidarrørsla «8 timar arbeid, 8 timar fritidog 8 timar søvn.» Kravet er for dei fleste inn-fridd – og vel så det. Ein kan kjempe og arbeidefor solidaritet på andre arenaer enn i gatene,med parolar ingen hugsar bodskapen i.

I Førde vart det ikkje tog denne dagen. Sidandenne epistelen er skriven på den inneklemdedagen mellom konfirmasjonssøndag og 1. mai,er det ikkje lett å spå korleis markeringa harføregått rundt om i fylket. Men eg er sikker påat om du tenker tilbake på 1. mai, og kva dugjorde denne dagen, er det nok dei færraste avoss som med heva hovud kan pårope seg å hajobba tungt for solidaritet, sjølv om det finstunntak. Derimot har det garantert blitt jobba ihus og hagar, med båtpuss og renovering avjordisk gods. Solidaritetskampen ser i dag ut tilå føregå med ræva opp i lufta og trynet ned iblomsterbedet, eller i eit stillas med målarkos-ten i handa.

Eit skår i gleda for alle som er opptekne av inn-klemte dagar og fridagar i år, er at 17. mai ogKristi Himmelfartsdag dessverre fell på samedag. Då går ein glipp av ein inneklemt dag, menden kan sjølvsagt kompense-rast med ei eigenmeldingeller to i løpet av året.

FM7•2012

22

Før snakka folk om fridagar. No snakkar ein om fridagar, i tillegg tilomgrepet inneklemte dagar. Ein inneklemt dag er jamstilt med fri-dag.

Folk bør vite å setje pris på Julius Cæsar, Jesus og pave Gregor den13. Om ikkje desse tre gått rundt på jorda for høvesvis (sånn cirka ialle fall) 2000 og 1500 år sidan, hadde det blitt smått med fridagarpå oss. Kalenderen er så genialt konstruert at den – i lag medmånefasar og Jesu lagnad – stundom gjev oss ekstra fridagar. Nårein så tek med arbeidarrørsla og arkitektane bak grunnlovskonsti-tueringa, er det god grunn til å juble. I alle fall i år. For nettopp 2012er eit slikt år der ein i det minste kan forvente å få i både pose ogsekk.

Når 1. mai fell på ein tysdag, så veit folk å ta avspasering dagen før.Då blir det sjalabais og langhelg. Frå fredag ettermiddag til onsdagmorgon står mange kontor tomme. Og ikkje før ein har kome igjenge er det forsyne meg 17. mai på ein torsdag. Kva er vel meirnaturleg å slå av PC’en onsdag 16. mai på ettermiddagen oggløyme alt som heiter jobb fram til måndag 21. mai. Fredagen er joinneklemt dag, kvifor skal ein umake seg med å jobbe då? Får velikkje gjort så forferdeleg mykje på ein dag, så det er like godt å tafri. Fire dagar til endes med fri – takka vere Falsen & Co.

28. mai er andre Pinsedag, og sjølvsagt fri. Altså nok ei langhelg ivente. Men så skjer det lite – med unnatak av ein ferie på tre-fireveker i løpet av ein tomånaders periode. Hausten kan vere tung,men takka vere skulane sin haustferie og lærarane sine planlegg-ingsdagar må ein jo ta ut litt ferie – om ikkje anna for å passe påungane og gje dei mat. Og sidan ein først må ta fri, kan ein like godtreise til Syden den veka.

Etter to månader med hjortejakt, regn og glatte vegar, er det ende-leg jul. I år er det absolutt grunn til å juble. Julaftan er på ein mån-dag, så den dagen er det ikkje så mange som må trå til. Det blirmange som avsluttar arbeidsåret 2012 den 21. desember, for så åkomme attende onsdag 2. januar 2013 for å tørke støvet av pultensin. 11 dagar fri, takka vere dei inneklemte dagane.

Men kvar slik inneklemt dag kostar samfunnet (anslagsvis ca åttemilliardar kroner), og spørsmålet er om vi har råd og behov fordesse fridagane, for vi er blant landa i Europa som jobbar minst. Isnitt jobbar vi 1413 timar i året, mot Hellas sine 2017 timar (!) somifølge velferd.no jobbar mest av europearane. Det er ein skilnad på600 timar – eller 16 arbeidsveker. Då kan vi vel ikkje klage? Jau då.

Etter to månader med

hjortejakt, regnog glatte vegar,er det endelegjul. I år er det

absolutt grunntil å juble.

Tore Fossen

RETT PÅ

Inneklemte dagar og 1. mai

Page 23: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

23

info

rm-m

edia

.no

frå kr 49,- per månad

info

m-m

GEIRANGER 62• N

Surf der du er, når du vil

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane 57 00 91 00 | en ives t .no

MOBILT BREIBAND

Frå kr 687,- første året

Ynskjer du å lese nettaviser eller ha tilgang på internett når du er på hytta, i båten, i bubilen eller på reise i vårt langstrakte land?- Vi gir deg moglegheita!

Vi har òg mobilt breiband til bedrift

Page 24: Fylkesmagasinet nr.7
Page 25: Fylkesmagasinet nr.7
Page 26: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

26

Tema: FølelsarKva er ein følelse?Therese: Ein følelse er at du er trist

eller glad.Shikara: Det er at vi kan kjenne om vi

har det vondt eller er såra eller føleross utanfor.

Kine: Om nokon slår deg kan du fåvondt og gråte, og då føler du noko.Viss nokon dør så får du ein følelse.Akkurat no føler eg meg glad!

Ola: Ein følelse er viss du blir slått, også synst du ikkje den følelsen du fårer så bra. Ein følelse kan vere braeller dårleg. Blir du slått får du eindårleg følelse.

Kva vil det seie å kjenne seg flau?Kine: Dersom eg fortalte ein veldig, vel-

dig flau hemmelegheit, og ho eg sadet til fortalte det til heile skulen, ogalle såg på meg. . Det er flaut!

Shikara: Eg kan bli flau viss eg står påei stor, stor scene med 100.000 folkog eg har rare klede på meg. Og såkan det vere flaut når eg badar ihagen i bassenget og det kjem

nokon. Jenter går bra, men gutar ..Det er flaut!

Therese: Eg synst det er flaut når vi måseie dyrelydar på skulen. Foreksempel om eg må lage hestely-dar. Uff, det er flaut.

Ola: Mamma vart flau når pappa lurteho opp på ei scene. Då måtte hosynge og det var flaut for ho. Allevennane hennas var der for hohadde bursdag. Eg såg ho lo og varflau og sa sånn: OOhhh!

Shikara: Eg trur mamma og pappa varflaue då dei gifta seg

Therese: Av og til så tulledansarmamma litt når eg har besøk, og deter flaut!!

Kva vil det seie å vere misunneleg?Therese: Okei. Eg skal forklare.. Visst

eg såg at venninna mi hadde einhund og eg hadde kjempelyst påden, men så fekk eg ikkje den. Deter å vere misunneleg.

Shikara: Eller viss vennen min haddeein veldig, veldig, veldig fin leike, dåhadde eg blitt misunneleg. Eg villehatt den leika eg og.

Unge meiningarKrokane Skule, 3 klasse

FørdeHalbrendsøyra, 6800 FørdeTlf. 57 82 99 00www.opusas.no

SogndalGranden 23, 6856 Sogndal

Tlf. 57 62 57 57www.opusas.no

Vi har stort utval

av bruktbilar– det kan løne seg å ta turen innom oss!

Ta kontakt og fortell oss kva du er ute etter.

Page 27: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

27

Kine: Då føler du litt sånn: Åååh!Eg er nøydt til å ha den!

Ola: Ein steler kanskje litt om einer misunneleg? Om nokonhar ein leike dei har ønskaseg dødslenge, ikkje sant? Også har han den med på sku-len og legg den i sekken nårhan skal på do utan å vite atdet er ein som stel der. Nårhan kjem tilbake seier hansom har stelt: nei, eg har ikkjestelt noko, eg.

Kor tid blir de sinte?Kine: Når broren min slår meg

blir eg alltid sint!! Ola: Når eg må skru av Wiien. Eg

likar godt å spele. Det er påein måte hobbyen min.

Shikara: Eg blir skikkelig sintkvar gang eg ser ein hund, ogdet er fordi eg ikkje får hund!Og viss mamma bakar sjoko-ladekake, og eg ikkje fårhjelpe til blir eg skikkelig sint.

Therese: Av og til viss eg krang-lar med nokon, og så skal egforklare etterpå kva somskjedde og dei ikkje skjønar.Då blir eg sint og sur.

Kva er den beste følelsen iverda?

Ola: Det er om drømmen om åkunne fly blir oppfylt.

Kine: Viss mamma baker Brow-nies blir eg skikkelig glad. Dåfår eg, mamma, broren og egakkurat like masse kvar.

Shikara: Eg hadde blitt skikkeligglad dersom eg fekk ein fly-

billett til bursdagen som detsto Gran Canaria på.

Kva betyr magefølelse?Therese: Viss du skal på scena

og får magefølelse, altsåsommarfuglar i magen, dåhar du magefølelse.

Shikara: Av og til får du vondt imagen og då kan det bety atvi kjenner inni magen at vihar vondt.

Kine: Viss eg gler meg skikkelig,så får eg sommarfuglar imagen.

Ola: Om du har vondt i magenkan det også kallast å ha einmagefølelse. Også om du ersjenert.

Kva betyr det å ha ein godfølelse om noko?Shikara: Av og til har eg ein god

følelse på at vi skal ha pan-nekaker til middag. Eg likargodt pannekaker, og då hareg ein god følelse på at kans-kje eg får det i dag?

Therese: Viss eg har bursdag ogmamma seier at eg får ei storoverrasking når eg kjemheim, då har eg ein godmagefølelse på skulen.

Ola: Du er på ein måte glad nårdu har ein god følelse omnoko. Det kan komme nokomerkeleg i magen som duikkje veit kva er, men det erein god følelse.

Frå venstre:Therese Yri (9)

Ola Bergkvam Østrem (8)Shikara Kamara (8)

Kine Sofie Knudsen (8)

Væske- vann varmepumper

Utnytter lagra solenergi ved å hente energi frå jord, sjø, berg eller grunnvann til oppvarming eller kjøling.

Vi har løysningar for store og små industrianlegg og einebustadar.

Ta turen innom med dine hus teikningar, så kan vi berekne komplett varmeanlegg i din bustad.

Vi har montører i:

Florø | Førde | Høyanger/Balestrand | Askvoll | Lavik | Dale | Hyllestad

Nibe - luft- vann og væske- vann varmepumper

I forhold til oppvarming med strøm eller olje kan energikostnadene reduseras med inntil 80 % og utgifter til kjøling med over 90 %.

Skår VVS er del av Varme & Bad-kjeda. Som fylkes-dekkande rørleggarkjede for privat- og bedrifts-marknaden har vi montørar over heile fylket, som tek eit vidt spekter av kundar og oppdrag. Vi leverar:

Page 28: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

28 Kva gir du i gåve til nokon som berre ønskjer seg pengar?

Visa gåvekort!Kan brukast både i butikkar og på nett.

Jonas sitt første møte med dansen var på eit kurs i Høyanger. Den profilertedansaren Anchelique Mariano Fjære var instruktør.

– Eg synst ho var utruleg kul, og det påverka meg. Eg ville bli som ho.Dansar og vere med i musikkvideoar. Jonas ler litt.

– Du veit, i Høyanger så gjekk det mest i korps og fotball og det var ikkjefor meg. Seinare vart det starta ei turngruppe med fokus på dans og beveg-else, men det var i Førde eg først opplevde eit inspirerande dansemiljø. Derdansa og turnerte eg saman med «Dans Utan grenser» og instruktør OveHenning Solheim. Det betydde mykje for meg. Ove Henning har gjeve megmykje sjølvtillit.

– Kor tid gjekk det opp for deg at du hadde eit talent?– Det var i Høyanger. Venner og familie støtta meg veldig og sa eg måtte

danse. Då eg deltok i Ungdommens Kulturmønstring var det alltid nokonsom kom bort og sa: «Du har det!». Det handla ikkje om teknikk då, mengleda eg utstrålte på scena. Berre det å få stå på den scena og bevege seg.Det var så deilig. Og responsen. Det var det beste, seier Jonas og tenker til-bake til tenåra då han fire gongar på rad kom vidare i UKM. Ein gong stohan på taket på skulen og dansa.

– Det var stor stas veit du. Han ler litt før han blir alvorleg. Siste gong kom Candice Bredesen, som i dag driv ballettskulen på Nordfjordeid,bort til meg og sa: «Herregud! Du må reise til England og gå på danse-skule.» Eg gjorde det. Det var der eg som syttenåring dansa ballett for førstegang.

Året på danseskule i England var hardt– Det var ein stor overgang for meg. Eg var van med å få til ting med eingong og takla ikkje å ikkje prestere. I tillegg likte eg ikkje måten ting vartgjort på der. Eg trivdes ikkje, vart skadd og deprimert. Men balletten fangameg. Eg var bergtatt frå første steg og det var noko veldig tiltrekkande medballett.

Heime igjen i Norge ringte han til ballettlinja på Fagerborg VidaregåandeSkule i Oslo. Han hadde året før hatt ein audition der og kryssa fingrane forat han kunne få begynne.

Tolv år gamal meldte Jonas Pedersen Øren seg på eit dansekurs i Høyanger. I dag er han 24 og kan ikkje leve utan balletten.

TEKST: Kristine Slettehaug

– Det var greitt det. Eg kunne begynne med ein gong. Jonas gjekk frå å hasom mål å danse i musikkvideoar til å ville bli ballettdansar.

– Eg ville vere som ein ballettdansar, eg ville sjå ut som ein ballettdansar. – Kva er det med ballett som er så tiltrekkande?– Det blir stille. Jonas må tenke seg om, og det verkar som han ikkje veit

heilt kor han skal begynne. – Det er.. Det er så masse! Den klassiske musikken og historia som ligg

bak. Det er noko sofistikert over det. Ballett er pompøst og herlig! Balletthar noko mystisk ved seg som gjer den så spennande. Eg blir aldri heilt klokpå kva det er med ballett. Sjølv om eg dansar det kvar dag. Han ler høgt.

– Eg klarar berre ikkje stoppe å danse!

Å byrje å danse ballett som syttenåring er seintMange av dei beste har dansa sidan dei var fem. Likevel har Jonas tre gongarvore med i Nasjonalballetten sin produksjon av Nøtteknekkeren, og som eindel av skulen har dei regelmessig klassar i Operaen. Han hadde heller ikkjenoko problem med å komme inn på bachelor utdanninga i klassisk ballettved Kunsthøgskulen i Oslo.

– Det synst eg var veldig fint sidan eg ikkje hadde så lang fartstid. For meger det å satse på balletten eit bevisst val. Det er ikkje noko eg gjer berre fordieg alltid har gjort det. Eg dansar fordi eg vil. At eg begynte å danse ballettsom syttenåring medfører både fordelar og ulemper. Eg er ekstra svolten.Folk ser at eg vil det her. Samtidig manglar eg litt på teknikken. Det vil alltidfølgje meg.

Jonas er lukkeleg for at han likevel får drive med det han elskar.– Eg er heldig som får lov til å vakne opp om morgonen og gå rett i bal-

lettstudio. Eg brukar veldig mykje tid på dansen. Det blir personleg. Diformå eg stadig minne meg sjølv på at det berre er ein jobb og ei utdanning,stoppe opp litt og berre vere Jonas, seier han alvorleg før han slår over tilhøg latter igjen når han får spørsmål om livet som ballettdansar er glamo-røst.

– Det ser kanskje sånn ut på scena, men det er jo ikkje det. Det er mykjefotsveitte og hovne føter. Generelt masse sveitte. Og skoa luktar ostepopetter kvart, seier han og understrekar at nei, det er ikkje masse glamour bakscena.

Til våren er Jonas ferdig utdanna ballettdansarHan gler seg, men bransjen er tøff.

– Eg har vore på auditions rundt i Europa sidan desember, seier han ogramsar opp storbyar han har prøvd seg i.

– I Berlin kom eg til siste runde. Det er eit godt teikn. Men det er tøft derute. Den økonomiske krisa i Europa fører til at mange misser jobben og trek-ker nordover for å søke jobb. Det blir kamp om jobbane, og mannlege dan-

– Eg klarar berre ikkje

TalentetSogn og Fjordane har mange unge talent. Både oppdaga oguoppdaga. I serien «Talentet» fokuserer vi på personen baktalentet. Tips oss på [email protected] eller 959 39 999.

Page 29: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

29Flytte langt?Flytte heim?Flytte ut? • Flytting

• Lagring • Pakking • Forsikring• Utleige av

vare- og lastebilar

Vi tar jobben.Uansett kvar du skal tileller frå.

Over heilelandet –eller ut av landet.

Kvalitet du kan vere trygg på www.vestlandshus.no

Puttegga

• Vestbygg Grytøyra

Tlf. 57 73 72 60

• VestlandsHus Florø

Tlf. 57 75 21 70

• VestlandsHus Måløy

Tlf. 95 72 22 52

• VestlandsHus Stryn

Tlf. 57 87 62 00

• BTHUS AS Førde

Tlf. 916 61 700

• VestlandsHus Sogn,

Kaupanger, Tlf. 57 67 33 88

Forhandlarar i

Sogn og Fjordane

KKtt

PPPPP

sarar blir det berre fleire og fleire av. Eg må berre fortsette å gå på auditions.Akkurat no skulle eg ønske eg fekk ein jobb i Nasjonalballetten, men eg veitdet blir vanskeleg. Eg satsar på å gjere det godt på avslutningseksamen og påavslutningsframsyningane 12. til 15. juni og oppmodar alle frå fylket om åringe KHiO for ei gratis førestelling dersom dei er i Oslo-området på dei tider.

– Kjem du nokon gong til å opptre på ei scene heimfylket?– Åh, det hadde vore kjekt. Opptre på heimebane. Operahuset i Nordfjord

hadde vore fantastisk å få opptre i, seier han drøymande og innrømmer athan til tider lengtar heim.

– Å komme heim er som balsam for sjela. Den friske, gode lukta og alt det

grøne. Det er så deilig! Då eg først kom til Oslo følte eg meg for kul for Sognog Fjordane. No som eg har fått nokre år på baken er eg kjempestolt av åkomme derifrå, seier han bestemt.

Å flytte heim er likevel ikkje noko alternativ.– Sogn og Fjordane blir for lite for ein ballettdansar. Kanskje ein gong langt

fram i framtida for å drive dansekompani? Men før den tid er det mykje egmå gjere. Ein kan aldri bli utlært ballettdansar. For meg er balletten ein bal-long som svevar akkurat litt for høgt oppe til at eg kan nå den. Eg må alltidjobbe mot den ballongen. Eg når den snart, avsluttar den lukkelege ballett-dansaren.

stoppe å danse

BALLETTDANSAREN FRÅ HØYANGER: JonasPedersen Øren elskar å danse ballett og måav og til minne seg sjølv på å ta ei pause frådansinga. No går han ei tøff framtid i møtenår han til sommaren er ferdig ved ballett-linja ved Kunsthøgskulen i Oslo. Jobbmarke-det for mannlege ballettdansarar er trangt.Foto: Massimo Leardini

Page 30: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

30

Vi krydrar

95 93 99 99 // inform-media.no

Utan å bruke for store bokstavar: Vi er fylkets største reklamebyrå.

Vi balar no med så mangt. Som for eksempel det å arrangere bilmesser og sånt.

Kva andre driv på med, legg vi oss ikkje opp i.

Page 31: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

31

Page 32: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

32

E-PRAT med JOHANNES THINGNES BØ

Bustadkommune: Stryn Alder: 18 år

Aktuelt: Er teken ut påseniorlandslaget i skiskyting. 18-åringen er ein av dei yngste som har fått plass på landslagetKorleis reagerte du på at du er utteken? – Det varsjølvsagt stort å få beskjed om at eg var utteken tilelitelaget. Det har alltid vore gutedrømmen, men atden skulle oppfyllast allereie no hadde eg aldritrudd.

På kva måtar forandrar livet ditt seg no som du erpå seniorlandslaget? – No går skiskytinga over fråhobby til jobb, og det betyr at det blir skiskyting påheiltid. Ser fram til å kunne trene kvar dag, samtdet å sleppe å studere mellom treningane.

Korleis trur du det blir å vere lagkamerat med brordin? Kva fordelar og ulemper følgjer med? – Det blirveldig artig å bli lagkamerat med Tarjei. Han har all-tid vore forbildet mitt, og det skal bli ei stor ære å fåreist rundt på samlingar og konkurransar med han.Eg ser eigentleg berre fordelar med å komme på lagmed han. Så lenge vi er glade for den andre sin pre-stasjon når ein sjølv gjer det dårleg, så er det ingenulempe med å vere på lag med Tarjei.

Beskriv den ultimate frihelga? – Den ultimate fri-helga må vere å sjekke inn på eit luksuriøst spa-hotell med alle vennane mine.

Kva har du liggande på nattbordet? – Alle gullme-daljane… iPhonen og bilnøklane til racerbilen min.

Kva musikk/musikarar lyttar du til? – Alt som dun-kar og er bra futt i. Går ein del i russelåtar no omdagen!

Du har invitert fire vener til middag heime hos degsjølv. Kva serverer du dei? – Har leigd inn kokk, såtrenge ikkje tenke over det! Hehe.

Kva drøymde du om å bli då du var liten? – Eg villebli fotballspelar med drakt nr. 7.

Kva får deg skikkelig irritert? – Folk som ikkje for-står det eg prøva å forklare.

Du får 50.000 kr du skal gje til eit lag eller ein orga-nisasjon. Kven får dei og kvifor? – Eg ville gitt dei tilein organisasjon som organiserer idrett i fattigeland. Det skapar automatisk glede og trivsel sjølvfor dei som ikkje har det så bra.

Kva hugsar du best frå barneskulen? – Når dei somvar eit år eldre slutta i barnehagen, og eg sa: «No erdet eg som er sterkast her!» Men eg fann raskt utat barnehagetanta var sterkare enn meg når hosatt meg på plass sekundet etterpå.

Kva ville du vist fram for ein turist som kom tilheimstaden din? – Moods-butikkane og Briksdals-breen.

REKNESKAPSFØRING – ny teneste for ditt aksjeselskap.

Med webbaserte rekneskap frå norske 24SevenOffi ce kan du gjere meir sjølv om du vil: Scann inngåande faktura, fakturer, ta ut rappor-tar og sjekk om kunden har betalt. Som kunde har du same tilgang til systemet som oss.

Hans Magnar Hansenstatsautorisert revisor

Unni Krikenstatsautorisert revisor

Våre 4 tilsette, herav 2 statsautoriserte revisorar og ein siviløkonom, har lang erfaring frå rekneskap og revisjon, og stor kompetanse på skatt, avgift, selskapsrett, økonomistyring og revisjon. Vi tek oppdrag i heile fylket. Kontakt statsautorisert revisor Hans Magnar Hansen for ein uforpliktande prat på tlf 41 78 54 00 eller statsautorisert revisor/aut. rekneskapsførar Unni Kriken på tlf 41 78 54 01.

Du bestemmer kor stort rekneskapshonorar du skal ha.

Page 33: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

33

Page 34: Fylkesmagasinet nr.7

Statoilbutikk Førde tlf. 57 82 11 28Statoilbutikk Jølstraholmen tlf. 57 72 69 69 Statoilbutikk Sogndal tlf. 57 67 39 00

Få 30 øre i rabatt frå første liter med Statoil-kortet.

Den kraft igaste og beste sjølvvasken?Prøv sjølv! Sjølvvask / maskinvask – Gratis bruk av støvsugar

Kvar

6. bilvask

gratis

FM7•2012

34

Tlf: 57 82 40 90

Sogn ogFjordane

Økonomisenterwww.r-r.no

Revisjon & Rådgjeving www.rg.no

Ta kontakt eller gå inn på r-r.no om våre løysingar for

begrensa revisjon og økonomitenester

– MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE –

Alle bilmerke- opptil 7,5 tonn

- reparasjon- vedlikehald- service- EU-kontroll- hjulstillings-kontroll- aircondition-serviceVi er med i verdas største og mestkunnskapsrike verkstadkjede. Hososs får alle bilmerke profesjonellhjelp til hyggeleg pris.

Er Førde stygt?

På veg rundt i Førde for åfinne passande stadar å tabilete av Ivar.

• Service og reparasjonar• Periodisk køyretykontroll

(EU-kontr.)• Hjulstillingskontroll med

4-hjulsmåling• Fabrikkoppdateringar og

garantiarbeid på chassis• Service/fylling på AC-anlegg• Ettermontering av cruise control og ryggekamera

VISSTE DU AT• 2 av 3 bubilar er bygd på Fiat Ducato?• Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar,

etablert i 1966, og Iveco-forhandlar frå 1974?

DIN BUBIL-VERKSTAD I FØRDE

Kusslid, 6800 Førde – Tlf. 57 83 38 80www.as-autoservice.no

Page 35: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

35

Heilt sidan ein BT-journalist på slutten av 80-talet uttalte at Førde var den styggaste av allestygge bygdebyar, har klengenamnet henge ved.For mange er det kanskje det einaste byen er ver-keleg kjend for. Ivar Nesheim er oppvaksen iFørde og ville sjå nærmare på ryktet. Han er einung mann på 30 år som pratar høgt og mykje.Entusiasmen er stor og han er tydeleg engasjerti temaet.

– Eg har tenkt på det her lenge. Og det undrarmeg at ingen andre har teke tak i det. Veldigmange utanfor Førde går med oppfatning av atFørde er Norges styggaste by. Når ein presente-rer seg som førdianar, er det ikkje uvanleg å bliminna på det. Temaet «styggaste» og «finaste»er noko som alltid engasjerer, seier han.

Ivar valde difor å fokusere på estetikken tilfødestaden sin då han skulle velje tema til bache-loroppgåva si i digital medieproduksjon vedHøgskulen i Hedemark. Han tok med seg film-kamera til Førde for å undersøke ryktet og kjen-ner seg trygg på at oppgåva og dokumentarfil-men den skal munne ut i vil få mykje merksemd.

– Eg likar ikkje å bruke ordet kunst, men deter jo ei form for kunst eg lagar. Og i alle kunst-former er det viktig at folk har lyst til å sjå pådet ein skapar. Eg har difor valt eit tema som all-tid er aktuelt og som engasjerer.

Også litt stoltheit ligg bak valet om å stå oppfor og forsvare byen sin.

– Du veit. Det er jo slik at dersom nokon seiertil meg at eg er stygg, så blir eg naturlegvis sintog lei meg. Det same blir eg når folk seier det ombyen min, forklarar han.

Sett med nye augeIvar innrømmer at heller ikkje han synst det varspesielt pent i Førde før. Etter over ti år vekke erdet minna frå dei siste åra i byen då alt var kje-delig og teit, og det einaste han drøymde om varå komme seg vekk, som sit igjen.

– Eg var ung skater og Mr. Negativ. Alt vargale med Førde. Difor såg eg for meg at eg komtil å gjere litt narr av byen i oppgåva mi. Mensynet har endra seg drastisk no som eg har settden med nye auge.

Med «dei nye auga» har han sett seg inn i his-toria bak bygdebyen. Kvifor den er utforma somden er, og kva faktorar og utbyggingsmentalitetsom ligg bak. Han har blant anna funne ut atFørde vart valt ut som vekstsenter i 1968 og atdet difor kom opp veldig mange nye bygningarpå kort tid. Det skulle gjerast rom for industri isentrum.

Ivar Nesheim er nyforelska i fødebyen Førde. Ei bachelor-oppgåve er grunnen til deinyoppståtte kjenslene, og Hans Jakob Reite har fått sin arvtakar.TEKST: Kristine Slettehaug / FOTO: Joachim Vie.

<<

Page 36: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

36

– Eg har ikkje alle fakta, men det skjedde mykje då som ikkje tok hensikttil den røde tråden og byplanlegging. Det bær vi preg av endå.

I arbeidet har han blant anna brukt rådmann Ole John Østenstad ogFørde-patriot og tidlegare turistguide i byen Hans Jakob Reite som kjelder.

– Dei to har i filmen fått rollene «den ansvarlege» som må grunngje og«Førde-elskaren» som er styrt av kjensler. Både Østenstad og Reite under-strekar at det aldri har vore noko offisiell kåring av Norges styggaste by. Deimeiner at klengenamnet kjem av eit rykte som har fått lov til å gro. Seier dunoko lenge nok blir det til slutt ei sanning, seier Ivar og ler når han snakkarom entusiasmen til Hans Jakob Reite.

– Han er heilt vill! Han likar jo alt med Førde. Eg sa kutt, og han fortsetteå snakke. Fyren er fantastisk, smiler Ivar.

I tillegg har han latt ein som ikkje likar Førde komme til ordet.– Då har eg med ein som elskar og ein som hatar og den ansvarlege i mid-

ten, forklarar filmskaparen.Arkivbilete er samla inn, og tilfeldig forbipasserande intervjua og filma.– Førdefolk er veldig positive til å hjelpe. Dei kjem med bilete, foreslår

kven eg bør snakke med og peikar ut bygningar og fortel historier knytt tildei. Dei fleste mot-argumenterer ryktet Førde har fått. Dei likar ikkje å blikalla stygg.

Romantiske kjenslerI ein månad har Ivar prøvd å bli kjent med byen sin på ny. Etter kvart somhan har sett på historia og grunnane til at byen er som den er, har han lærtseg å sette meir og meir pris på Førde.

– Eg er blitt litt romantisk på dette prosjektet. Rosemalar alt og ser påbygg med ny bagasje og forkunnskap. Ta til dømes Domus-bygget. Haddedu spurt meg for ein månad sidan kva eg synst om det, hadde eg svara stygt.No synst eg det er kjempefint. Det blir litt som ei jente som du ikkje synstvar særleg pen på dei to første stevnemøta, men så blir du kjent med ho ogplutseleg likar du ho. No som eg veit meir om den raude tråden i den arki-tektoniske stilen i Førde, og ser denne firkanta murklossen, så ser eg atDomus er sjølve essensen: Eit typisk produkt av 1970-talet, seier han ivrig,gestikulerer vilt og minner mistenkeleg om ein anna Førdepatriot nemnt tid-legare i teksten…

– Det som er karakteristisk for Førde er at det består av typiske Førdebygg.Ikkje alle byar kan bestå av berre gamle bygg. Det er jo ikkje sånn at dersomdu likar musikk laga på 40-talet best, så har du ikkje lov til å like 60-tals-musikk også? Førde Hotell til dømes er eit bygg der du kan sjå byggjepro-sessen steg for steg ved å studere dei ulike stilane.

FavorittenIvar har mange favorittar i Førde, men ein bygning bankar hjartet ekstrahardt for.

– Firda Billag! Nydelig bygning! Nok einkloss med flatt tak. Bygningen har forskjel-lige fargar og konturar i seg, og den ned-tona gulfargen dansar ein harmonisk dansmed grønfargen ved sidan av kombinertmed grå riller, skryt han, og set eit stortspørsmålsteikn ved at riksantikvaren harfreda sentralsjukehuset og ikkje Firda Bil-lag.

Sjølv om han er nyforelska, ser han feilved byen han og.

– Midt i hjartet av byen finn du gara-sjane til Firda Billag. Vekk med dei! Flyttdei så vi slepp å sjå dei når vi spaserar iFørde. Eg ser forbetringspotensiale mangestadar, og det skadar ikkje at Førde har settseg sjølv i spegelen. Ingen vil innrømme det,men dette ryktet trur eg har pressa Førdekommune til å tenke nytt.

Ivar likar at det skjer ting i Førde.– Du høyrer gravemaskiner overalt. Ein

by i utvikling er bra og kunstmuseet som erunder oppføring trur eg blir legendarisk.

Underhaldning som engasjererNår filmen er ferdig, håpar han at andreskal sjå det han sjølv har sett under produk-sjonen.

– Det blir ikkje Fakta på laurdag og deter ikkje vitskap eg kjem med. Det blirunderhaldning, som eg trur vil engasjere.Eg har putta meg sjølv inn i filmen som voi-ceover med ein reflekterande tone og håparpå å treffe ei nerve i tida. Når ein studererutbyggingsmentaliteten som var og ser påkvifor Førde er som det er, så synst eg vikan sei at Førde er unnskyldt. Du seierikkje til nokon som har vore i ei ulykke at«fy, kor stygg du er!». Og når Førde noprøvar å rette opp igjen der dei gjorde feil,så meiner eg dei skal ha all ære for det.Kanskje det ein gong blir: Førde-byen somvar Norges styggaste?

<<

Eg er blitt littromanistisk på

dette prosjektet.Rosemalar altog ser på bygg

med ny bagasjeog forkunnskap

Page 37: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

37

Page 38: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

38

Ta turen innom bloggen minregine.femelle.nodersom du vil lesemeir om mote, mineantrekk og innkjøp.

ww

w.inform

-media.no

Ta kontakt med oss, tlf. 57 83 40 00 • www.rica.no

Møte i Førde - enklare enn du trur!Widerøe har kampanjetilbod på flyreise t/r Oslo – Førde/Florø for berre kr 1000,-* pr pers for grupper inntil 25 personar.

Tilbodet gjeld ut 2012, men må bestillast innan 31. mai.

Vi tilbyr konferansepakke med spa, rund-tur, underhaldning eller matopplevingar – alt etter kva du ønskjer.*) skattar og avgifter kjem i tillegg.

Ein klipp her og ei striping der - gjen-nomsnittleg endrar kvinner på frisyren104 gongar i løpet av livet, i følgje denbritiske frisøren Andrew Collinge. Egkjenner på meg at det må vere rett. Eg ergodt på veg, og eg kjem nok til og pas-sere 104 gongar med glans. Eg er nemlegheilt ekstremt rastlaus når det kjem tilhår – og no er eg i hårkrise nummer fire.Problemstillinga er den same kvar gong,nemleg: Skal eg vere blondine eller bru-nette?

Eg er opphavleg blond. Heilt lys i håret ogmed mørke augebryn – og med denne littuvanlege kombinasjonen har eg ofte blittoppfatta som ei alvorleg, lita frøken.Familien min derimot er veldig begeistrafor denne kontrasten, og meiner at det erdette som er spesielt og fint med meg.Til slutt blei eg likevel lut lei av å fåspørsmål om eg hadde farga håret ellerom eg hadde farga bryna. Ingen truddeat det kunne vere naturleg slik eg såg ut.Eg fikk ofte høyre at eg hadde «mord-blikk» og at eg såg sint ut, sjølv om egikkje var sur ein gong. Blikket mitt varnok litt intenst på grunn av denne kont-rasten mellom hårfargen og bryna mine,og slik oppstod hårkrise nummer ein.

Brunette for alle penga. Eg ville fargehåret brunt, slik at det blei meir harmonii andletet, utan kontrastar og for å sjåmeir «naturleg» ut. Det var heilt frykte-leg dei første vekene. Det vart mangetårer – men etter kvart likte eg detmørke håret mitt. Etter eit år som bru-nette var eg lei. Hårkrise nummer tokom, og eg ville bli lys til sommaren(klassisk!). Eg byrja på den lange, kjipeprosessen med å bli blond igjen. Etter eitutal frisørbesøk med striping, masse

idiotiske hårfargar og ei tom lommebok fekk eg til slutt det ønskteresultatet. Det varte i to år til hårkrise nummer tre dukka opp heilt utav det blå, og det var attende til å bli brunette.

Mørkebrunt. Denne gongen blei det temmeleg mørkt, og i to år har eghatt det slik. Og no, no kom hårkrise nummer fire. Den har lege å murrai bakhovudet i nokre månadar. Lysta til å bli blond har på ny tatt megmed storm.

Ny hårfarge betyr ikkje berre ny hårfarge. Det er ei perfekt orsaking forshopping, for med ny hårfarge er det mange ting som endrar seg. Nyhårfarge betyr nye klede, og kanskje til og med ny stil. Ny hårfargebetyr også at eg treng ny sminke. Huda er litt annleis no som håret erlyst, med mørkt hår kunne eg bruke sterkare fargar som er litt formørke for meg no. Om du trudde sjølve prosessen med å gå frå mørk tilå bli blond er dyr med all behandling og alle produkt du treng, så hugspå at du må ta med alt dette andre i reknestykket også om du vurdererå gjere det same som meg.

Eg har hatt to frisørtimar allereie. Denne gongen har det gått fort, eghar nemleg bleika det! Eg er utolmodig som fy og ville helst bli blond påminuttet! Det er då eg skulle ha vore kjendis. Dei kan nemleg gå frå ravsvart hår til ein perfekt lys blond farge over natta. Korleis dei får dettetil utan at håret fell av skulle eg gjerne ha likt å vite. Først blei detoransj skjær i håret mitt, og etter andre frisørbesøket i dag er detganske gult og gyllent. Målet er ein kald og fin blondfarge, prosessen erlang og fæl. Eg føler meg heilt drit då alt er feil med klede og fargar. Egangrar som ein hund på at eg gjorde det, men eg måtte berre bli Regineatt etter gammalt, det er jo dette som eigentleg er meg. Så får vi sjåkor lenge det varer. For håret sin del håpar eg at eg held meg til dennefargen ei stund, men eg saknar jo allereie å vere brunette. Det varmykje fram og tilbake med lugg, utan lugg, med lugg, utan lugg før egfann ut at no er det ikkje lugg meir. Eg berre håpar at eg snart fell til romed ein av delane på hårfargevalet òg! Eg kan ikkje gå frå heilt lys tilheilt mørk, til heilt lys om att, og om att, og om att. Det er korkje bra forhåret eller økonomien!

Det sat to damer ved sidan av meg i frisørstolen i dag og snakka. Hoeine braut ut og sa; «Det er no eit styr og med det håret». «Ja», sa hoandre – «men det er no kjekt å ha òg!» Det er sant. Det er veldig mykjestyr, men jammen er eg glad eg har det, og no skal eg ta godt vare pådet og kure det masse fram til neste frisørbesøk.

For håret sindel håpar eg

at eg heldmeg tildenne

fargen eistund…

TREND OG MOTE med Regine Engevik Førsund

Hårkrise

Page 39: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

39

Foto

: Pet

er F

ørsu

nd

Genser, Bik Bok // Shorts, Carlings //

Sko, Monki // Solbriller + Smykke, H&M //

Page 40: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

40

63Namn:

Adresse:

Postnr./Stad

Løysinga sender du innan 25. mai til:Inform Media, Boks 353, 6802 Førde.Merk konvolutten «Fylkeskryss nr. 63». Vi trekkjer tre vinnarar med korrekt løysing somkvar får fem FLAX-lodd.

Produsert av Fride H. Haugen / [email protected]

Kryssordet kan også lastast ned frå fylkesmagasinet.no

Page 41: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

41

Løysing

62VINNARAR AV KRYSSORD NR. 62:

Jakob Haugen, NordfjordeidReidun Melheim, FørdeAnne Lise Skarstein, Holmedal

Page 42: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

42

MILJØMILJØFAGFAGFørde Varme og InteriørMF

tlf. 57 72 10 60tlf. 57 72 10 60www.fagmiljo.no

Hafstadvegen 39 (ved Esso) | 6800 Førde | www.fagmiljo.no

Mån–ons 10.00–16.30Torsdag 10.00–18.00Fredag 10.00–16.30Laurdag 10.00–14.00

Opningstider:

FAGMILJØ– litt meir enn du trur – alt i varme og energi

Bioenergi

• Varmepumpe luft-vatn• Vedovn med vasskappe • Vedkjel

• Vedovnar• Peisar• Pelletsovnar

Inneklima Vassboren varme

• Ventilasjonsanlegg 90% gjennvinning • Sentralstøvsugar• Varmepumpe luft-luft

Rehabilitering eller ny pipe?Vi har alt av piper: Stålpipe, element-pipe, varmepiper samt vi kan rehabilitere eksisterande piper. • Vi har eigne montørar, som leverar og monterar• Ansvarsrett

Kvalitet til riktig prisMøblar og garderober.

600 kvadratmeter fordelt på to etasjar. Fagmiljø er ein levande og annleis butikk med varer til riktig pris.

Laurdag 16.6

NORGESCUP

OG TOPPTUR FOR ALLE

Trimklasse kl. 08:00–10:00

Konkurranseklassar kl. 11:16

Info og påmelding:

moldenopp.no

START:Tørvis Hotel

i Marifjøra ved Lustrafjorden

0 m.o.h.

7 km0–1116 m.o.h. Fo

to: M

olde

n op

p

Foto

: Chr

istia

n P

rest

egår

d

H O V U D S P O N S O R :

2012

Tlf. 57 82 99 90 E-post: [email protected]. 14 • 6801 Førde • www.gastech.no

Kombinér det vakre og elegante,

med det reine og miljøvennlege!

GASSPEIS

Trimline 120 tunnel

ww

w.in

form

.as

Page 43: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

43

VW Passat Alltrack

Litt høgare, litt tøffareEin kvar bilprodusent med respekt for seg sjølv, må tilby ein SUV-variant. I alle fall i kalde og snørike

Norge. Volkswagen er ikkje noko unntak, dei har lenge hatt SUV- variantar av ulike modellar. Og no erogså Passaten brøsja opp med skliplater, plastskjermar i svart og høgre bakkeklaring og firehjulsdrift.

TEKST: Tore Fossen / FOTO: Joachim Vie

Page 44: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

44

Motor: 4-sylindra 2,0 liter diesel Maks effekt: 170 hk 0–100 km/t: 8,9 sek (man)Toppfart: 211 km/t Lengde: 4771 mm Breidde: 1820 mm Høgde: 1550 mmVekt: 1632 kg Oppgitt forbruk, blanda køyring: 0,58 l pr mil Vårt forbruk: 0,68 l pr mil CO2-utslepp: 152 g/km Pris testbil: kr 596.585,- Rimelegaste versjon: frå kr 455.300,- (140 hk diesel man.) Utlånt av: Berge & Co

Det er framleis ein Passat, Alltrack er mynta på dei som gjerne vil klatre littlenger og forsere litt meir snø eller bekkefar enn ein elles ville ha prøvd segpå. No er ikkje bakkeklaringa meir enn tre centimeter høgare enn på einstandard Passat, men likevel ser den meir «Lars Monsen»-aktig ut. Skilpla-tene i front og hekk signaliserer at her skal vi pryle norsk stein på veg i blå-bærskogen.

InteriørPassat Alltrack er identisk med den ordinære utgåva innvendig. Det vil seieryddig og fornuftig plassering. Ikkje noko mikk makk her. Det er ikkje over-flødig med knappar og dingsar, samstundes om ein heller ikkje saknar nokosom helst. Alt er like ryddig og pent som når svigermor har vore å vaskahuset mitt. Overraskingane står ikkje akkurat i kø, men du treng ikkje blioverraska, berre begeistra.

EksteriørSom nemnt: Det er utvendig du skil ein Alltrack frå ei ordinær Passat-utgåve.Og til liks med Audi Allroad er det plastskjermar, skilplater og litt høgrebakkeklaring som skil dei frå normalutgåvene. Men det fungerer. Bilen blirtøff å sjå på og seier: Hei, eg skal frakte mine passasjerar til ei aktiv helg eineller annan stad i dette vakre landet vårt!

MotorarPassat Alltrack er tilgjengeleg med ein 2-liters bensinmotor med 210 heste-

krefter. Like truleg som vi nordmenn likar kjøtkaker, vil dei fleste kjøparane av ein Alltrack velje dieselmotor. Då står valet mellom ein 2-liters motor med 140 hk eller ditto med 170 hk. Det blirom lag som å velje mellom kjøtkaker med eller utan lauk. Og sjølvsagt kor mykjeein skal betale for moroa. Bensinmotorva-rianten startar på 591.700, altså nær150.000 kroner meir enn rimelegaste die-selvariant.

Ut på turVi la i veg mot Lærdal ein finversdag i slut-ten av april. Med 170 trekkvillige dieselhes-tar er det ikkje problem å få vogna opp ifart. Her er det meir enn krefter nok til atdu vil trivast – anten det er motbakkar ellerlandeveg.

Volkswagen si DSG- automatkassa mat-char motoren veldig flott, og girskifta ersærs behagelege.

Med firehjulstrekk (4Motion) har du brakontroll på ulikt underlag. Om vegane er

VW Passat Alltrack

Page 45: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

45

tørre og fine, er mesteparten av krafta over-ført til framhjula. Med ein gong bilen byr-jar å spinne, vil krafta bli fordelt mot bak-hjula. Vi har ikkje prøvd bilen påvinterføre, til det var det blitt for mykje vår.På landeveg merkar du lite til at du køyrerein firehjulstrekkjar.

Den ligg stødig og fint på vegen og gjen-nom svingane. Styringa er presis og byr pålike få overraskingar som husvasken til svi-germor. Vi kopla til telefonen og let ossunderhalde av mitt rikhaldige utval avmusikk.

Å ha god lyd på tur er viktig. Soltak er også ein fin ting, sjølv om eingjerne ønskjer å tenke at det ikkje er sånøye med, sidan ein har aircondition. Vilikar lys i kupeen, så når interiøret ermørkt, er det aldri feil å sleppe inn litt lysfrå ovanfrå.

Etter berre kort tid fann vi ut at dagen neppe ville la oss få høve til å køyre med taket ope, for den gryande sola forsvann bak skyer, og på returen

frå Sogn kom også regnet. I strie straumar. Likevel er panoramasoltak digg!

PrisFor vel 455 tusen kroner kan du bli eigar av ein Passat Alltrack. Vil du haden som vi køyrde, må du betale 596.585 kroner. Alt har si forklaring, lurerdu på kvifor differansen på innstegsmodellen og «vår» utgåve er på rundt150.000 kroner, skuldast det sjølvsagt ekstra utstyr som mellom anna bestårav 6-stegs DSG-automatgir, sportspakke med skinn i sportssetene og 18-tomslettmetallfelgar omkransa av 225/45 dekk, nøkkellaus start, xenonpakkemed lysassistent, ryggekamera og sensorar både framme og bak, navigasjon,parkeringsvarmar, panorama soltak, innfelbart hengarfeste – og for deg somikkje hugsa kva siste skilt som varsla fartsgrensa var: Gjenkjenning av tra-fikkskilt. Om alt dette er naudsynt: Tja, i botn og grunn så er det vel det. Ialle fall veldig kjekt å ha, og vel så det.

KonklusjonMed kaffi i Statoil-koppane våre småpludra vi om stort og smått, og kosa vioss skikkeleg i det vi raskt fann ut var ein koseleg familiebil med «litt ekstra».VW Passat er ein familiebil. VW Passat Alltrack er ein bil for aktivitetsfami-lien – eller i det minst dei som ønskjer å framstå som ein aktiv familie. Denser litt småbarsk ut, men utan å ta av på nokon måte. Og så kan du la detvere litt meir snø i oppkøyrselen din enn hos naboen som «berre» har tohjul-strekk!

Page 46: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

46

Våren er komen medlange, lyse dagar, snøen erstabil og vegen opp tilYtre Kandalstøylen er frifor snø. Perfekt for einetterlengta vårskitur tilBotnafjellet i Gloppenkommune. Det er ein fordel å ein vente til vegen opptil Ytre Kandalsstøylen er fri for snø.Den siste hellinga opp til toppen er brattog skituren bør derfor takast ut påvåren, i mai, når snøen er mest muligstabil. Fjellet er omgitt av vill og vakkernatur, og er ypparleg for vårskitur.

Du blir ikkje skuffa i jakta på braskikøyring og flotte naturopplevingar,som byrjar på veg opp til Ytre Kandal-støylen. Dei bratte og høge fjella og detgrøne frodig landskapet gjer deg enno meir glad i den flotte vestlandsna-turen.

Ved startpunkt for turen liknar Bot-nafjellet ein stor snødekt vulkan, og deigode naturopplevingane held framoppover. På toppen ventar panoramaut-syn og lang, fin nedkjøring.

OppturStartpunktet er Ytre Kandalsstøylen, iein av sidedalane langs Breimsvatnet.Første stykket må ein gå på beina.

Gå over dyrka mark, inn Botnen ogtil enden av Sørsendalen, opp ein bakketil det flater ut oppe ved Sørsendals-

vatna, og til venstre mot Botnafjellet.Følg moreneryggen til den flater ut før siste bakken. På kart er det markertein liten isbre/område med firnsnø, omtrent ved foten der siste bakken byr-jar.

På slutten av bakken før toppen er detei bratt helling med utsikt ned motBreimsvatnet og Breim. Vurder om for-holda er trygge sidan det er eit relativtbratt parti. På slutten er det eit lite flattparti inn til varden på Botnafjellet.

NedkjøringaSame veg som oppstigninga. Alternativnedkjøring er ned mot Øykjehei-vatnet,som er noko brattare og meir skredut-sett.

SKIFANTOMET

Vårskitur på Botnafjellet 1572 moh

Tid: 4-5 timer (opp). Høgde-meter: ca 1000 m. Faremo-ment: Det er bratt hellingsiste stykket til toppen avBotnafjellet, så vurder for-holda. I hellingar som er 30grader skal det relativtmykje til for å løyse skred,så aukar faren for kvargrad opp til 38 grader.Generelle faremoment: Vêrdei siste dagane påverkarskredfaren. Nysnø, tempe-ratur og vind er avgjerandefaktorar. Vær merksam påterrengfelle som skavlar,stup, bekkedalar og punktkor det brått vert brattare.Anbefalt utstyr: tryggleiks-utstyr (skredsøkjar, søkje-stong, spade, førstehjelps-utstyr, ev. skredballong-sekk, ev. ryggplate, hjelm),feller, slalåmbriller, kart,kompass (ullklede, dun-jakke, skalklede, lue og vot-tar). Anbefalte førebuingar:Studere kart og orientereseg over terrenget, opp-stiging og nedkøyringa.Sjekk kva Meteorologiskinstitutt og andre nettsidersom skiinfo.no, yr.no, snø-skredvarsel.no skriv omrasfare. Det ligger kart medmarkering av rute og film-snutt ifrå Botnafjellet påwww.skifantomet.comUTM sone 33 / Euref89.Øst: 40774. Nord: 6867068. Har du lyst til gå medkjentfolk første gongen påBotnafjellet eller andrefjelltopper i området rundt,kontakt www.skifanto-met.com. Planlagde turarblir annonsert, og du mågjerne bli med.

Page 47: Fylkesmagasinet nr.7

FM7•2012

47

FM5•2012

47

Urban Cruiser AWD frå 279 200,-Fritt val av utstyr for 10 000,- inkludert i prisen

I tillegg fritt val av utstyr for 15 000,- inkludert i prisen(Gjeld alle RAV4 variantar. )

RAV4 & URBAN CRUISER. Gode tilbod på firehjulstrekk.

Nye Avensis- Touch & GoMultimediaskjerm, ryggekameraog navigasjon utan tillegg i prisen.

Verdi 9 600,-Gjeld Advance og Executive grad.

Avensis Advance 4D frå 304 400,-

RAV4 executive frå 410 500,-Touch & Go utan tillegg i prisen. Verdi 9 600,-

AURIS HYBRID & PRIUS. Touch & Go utan tillegg i prisen.

Avensis 2.0 D-4D stv. frå: 314 300,- Avensis 1.8 VVT-i aut. stv. frå: 344 400,- RAV4 frå: 380 500,- Urban Cruiser 2WD frå: 245 800,- Auris Hybrid frå: 266 300,- Prius frå: 284 300,- Inkl. frakt- lev og reg.omk. levert Sogn og Fjordane. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: Avensis 2.0 D-4D: frå 0,45 l/mil, frå 119 g/km, frå 164 mg/km. Avensis 1.6 VVT-i: fra 0,65 l/mil, frå 150 g/km, fra 9,7 mg/km. RAV4 2.2 D-4D: frå 0,60 l/mil, fra 159 g/km, frå 0,160 g/km. RAV4 2.0 VVT-i: fra 0,77 l/mil, frå 178 g/km, frå 0,014 g/km. Urban Cruiser 1.4 D-4D: frå 0,45 l/mil, frå 118 g/km, frå 0,190 g/km. Urban Cruiser 1.33 VVT-i: frå 0,55 l/mil, frå 129 g/km, fra 0,020 g/km. Auris Hybrid: frå 0,38 l/mil, fra 89 g/km,frå 0,006 g/km. Prius: frå 0,39 l/mil, frå 89 g/km, frå 0,005 g/km. Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.

Gode tilbod på mange av våre modellar

Auris Hybrid frå 266 300,- Prius frå 284 300,-

NYE AVENSIS Kompromisslaus kvalitet

Kampanjerente

1,95%Gjeld Auris

og Prius

Toyota Førde ASSteinavegen 10, 6800 FørdeTlf. 57 72 10 00www.toyota-forde.no

Toyota Nordfjord AS6718 Deknepollen. Tlf. 57 85 26 50Hegrevegen 16 - 6783 Stryn. Tlf. 57 87 60 00www.toyotanordfjord.no

Toyota Sogn ASSkarpeteigvegen 1, 6854 KaupangerTlf. 57 67 66 66www.toyotasogn.no

PRIUS i ny,oppgradert utgåve

Page 48: Fylkesmagasinet nr.7