inn i elden

19
inn i elden aina basso inn i elden

Upload: det-norske-samlaget

Post on 26-Mar-2016

250 views

Category:

Documents


12 download

DESCRIPTION

Inn i elden, ungdomsroman, historisk, hekseprosessane i Finnmark, heksebrenning, ungdom, roman, Aina Basso

TRANSCRIPT

Page 1: Inn i elden

inn i elden

ain

a basso

inn

i elden

Min femtande vinter, i det Herrens år 1621, tente dei eit digert bål ute på Steilneset på Vardøya. Røyken var synleg frå fleire av byg-dene inne på land, men særleg godt såg ein bålet frå kyrkja på Vardøya og frå festninga i Auster-vågen dei kalla Slottet. Mor drog oss med ned til stranda då ho oppdaga bålet, og der stod vi og såg på dei lange eldtungene på andre sida av sun-det og røyken som krulla seg litt før han steig så stilt i lange band. Folk såg ut til å ha samla seg på bålplassen, og mor fekk ei nyve i panna eg ikkje likte. – Så er dei i gang igjen, mumla ho og strauk seg over panna. I løpet av 1600-talet blei rundt 80 «troll kvinner» dømde til døden i Finnmark. Dette er det dramatiske bakteppet for Inn i elden, historia om to unge jenter som hamnar på kvar si side i den grufulle heksejakta. Elen er dotter av ei «klok kone» i Finnmark, Dorothe er rikmannsdotter frå København. Når ho blir gifta bort og dreg med mannen sin til Vardø, kryssar jentenes liv kvarandre på dramatisk vis.

aINa BaSSO (f. 1979) kjem frå

Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdoms­romanen Ingen må vite. I 2010 fulgte ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. Aina Basso er utdanna historikar.

Om Ingen må vite (2008):«En mørk og aktuell kjærlighetsroman for alle» aNNe Schäffer, Barnebokkritikk.no

«Romanen nærmer seg poesien. [...] Basso har en imponerende følsomhet i måten hun forteller historien på.» lINda K a SperSeN, Nordlys

«[...] Basso har klart å jobbe frem tema tikken på en både historisk interessant (man kan fornemme det å sette bena ned på et kaldt jordgulv en vintermorgen) og de allmenne følelsene som blander for­elskelse, skam, forventninger og drømmer i et ungt sinn.» MarI NyMOeN NIl SeN, VG Om Fange 59. Taterpige (2010):«Fengslande ... Eg får lyst til å flytte inn i boka til Aina Basso og aldri komme ut igjen. Suset av historia blafrar kring øyra heile tida, og vi kan la oss suge ned i dette djupet i oss sjølve der vi anar perspektivet av tid som er gått, og andre menneske som har levd.» INgvIld BræIN, Dag og Tid

«Med stemningsfulle setninger lager Aina Basso sanserike tablåer, vakre stillbilder fra forgangen tid. Det korte og presise språket står seg godt sammen med de historiske tekstene ... mer enn å være en samvittighets­full kronikør, gir hun oss snarere en essens av syttenhundretallets hverdag. Basso har funnet en form hun behersker godt og som hun for­håpentligvis vil utvikle videre.» MarIa ÅrOlIlja rø, Adresseavisen

«Medrivende ... Forfatteren maner frem en virkelighet som beveger ... en fortelling med nerve og driv ... en drivende god roman.» MONa rINgvej, Aftenposten

9 7 8 8 2 5 2 1 7 9 6 2 0

isbn 978-82-521-7962-0

samlaget.no

Page 2: Inn i elden

Aina Basso

Inn i elden

Roman

SamlagetOslo 2012

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 3

Page 3: Inn i elden

Eg manar deg, du ypparste høvding Lucifer, at du med andre

Herrar og Fyrstar piner og plagar dette mennesket, slik det har

gjort med meg, og gjer deg møde, mektige Herre Gramatan, til-

liks med andre Gudinner og Jomfruer, at dette mennesket må

bli så uroleg som ei vassbølgje på den vide strandbreidda, og at

det må bli så forbitra og gale i tanke og sinn at det synest him-

melen måtte falle over det, og jorda sluke det, og det må gå fem

til seks dagar i Djevelens namn.

Asmedeus Norman + Satan + + + Belsebub + Kobi + + + Buse

+ + + + Jeng + + + + Busel

Utdrag frå Svarteboka

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 5

Page 4: Inn i elden

7

dorothe

1

Vår i København. Frukttrea i hagen blomstrar, sola var-mar, graset er blautt etter dei kraftige regnbyene. Egtrakkar varsamt i graset for ikkje å bli våt, det surklar dereg set ned foten. Hagen dampar, små prestekragar nik-kar med hovudet. Eg spring over marka utan å haldeopp kjoleskjørta, eg ler og hoppar i dei små dammane igraset. Den kalde væta trekker inn ved tærne, strømpeneblir våte, liksom tunge i skoa.

Sola lyser opp blomstrar på greiner, snart blir dei hardefrukter, eple, små pærer, og når sommaren er over, vilkjøkenjenta plukke dei i korger, bere dei inn til kokingog sylting, til fyll i mjuke kaker med krem. Eg slikkarleppene og strekker meg etter den nedste greina, pluk-kar ein kvit epleblomster og legg han i handflata. Haner så skøyr, så rein, eg luktar på han.

Ein dag skal eg stå vårbrud, då skal eg ha epleblomst -rar i håret. Eg elskar lukta av eple, smaken av dei.

Den alvorlege mannen er her igjen. Han kjem som einskugge i vogna, far står i døra og ventar når han kjem.Han ser slik på meg. Ser på meg så blikket mitt må vike,så hendene mine må byrje fikle med noko, eg må gjeremeg ærend for å sleppe unna.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 7

Page 5: Inn i elden

8

Eg stakk ut i hagen i stad då han kom, Line komspringande opp trappa og åtvara meg.

– Det er den alvorlege mannen igjen, sa ho, – herrenhar invitert han til middag.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 8

Page 6: Inn i elden

9

Eg går innunder epletrea, her kan ingen sjå meg. Egløftar armane og held meg fast i ei av greinene, slepperkroppen, lèt meg henge. Sola skin gjennom skarptgrønt bladverk, kvite skyer driv over himmelen. Eindag vil eg stå brud under desse trea, ein mann eg els-kar ved mi side. Ein ung mann, kledd i brokade ogkniplingar, ein epleblomster i knappholet. Ein kransmed blomstrar i håret mitt, og kjolen: ein eplegrønkjole i fløyel og brokade med dei vakraste blonder ogkniplingar, med sløyfeband broderte med ekte sølv-tråd.

Då vi var barn, brukte brørne mine å klatre i frukt -hagen. Det store epletreet har stått her sidan far varliten, mor hans fekk det planta. Far hugsar treet frå detvar ein liten kvist, hugsar at det voks saman med han,fekk fleire og sterkare greiner og ein dag byrja få blom-strar, bere frukt. Som han blei treet større og større tildet no strekker seg fleire mannshøgder over bakken,med tjukke, sterke greiner og tett, grønt lauv.

Eg og Emilie brukte å sjå på når brørne våre klatra iepletreet. Dei stive, lange kjolane våre passa ikkje til slikleik, og om mor hadde fått auge på oss oppe i eit tre, erdet ikkje godt å vite kva ho hadde gjort. Christian ogJoachim kasta ned eple til oss, små, sure eple som ennoikkje var mogne. Eg gløymer ikkje smaken av dei epla,korleis det sure snurpa eit punkt bak i svelget, korleisdet stramma spissen fremst på tunga.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 9

Page 7: Inn i elden

10

Nokon roper inne i huset. Det er stemma til mor, horoper namnet mitt fleire gonger, meir og meir iltert, tilMathilde svarer. Harde tresko over golvet, bakdøraopnar seg, og Mathilde roper med den tynne stemma,som alltid lyder engsteleg:

– Frøken Dorothe? Er De her? Eg ventar litt før eg svarer, dinglar frå greina, følgjer

ei sky som fer over himmelen, liknar ein påfugl, spennerut stjerten.

– Eg kjem, Mathilde, eg er i frukthagen!

Mathilde takkar, neiar sikkert, sjølv om ingen serhenne. Døra går att, og eg riv meg laus og ser nedoverskjørtet mitt. Det er blautt i falden og langt oppetter, egvil få skjenn av mor om ho ser det. Eg sukkar og byrjargå mot huset. Eg får skifte til ein annan kjole, hengedenne til tørk, han er ikkje skiten. Eg har brukt han såmykje at eg er lei han, eg skulle hatt nye kjolar, deigamle byrjar bli for små. Eg har sagt det til mor, menho høyrer ikkje på meg.

– Du har kjolar nok, og dei er dyre, seier ho, – du fårbruke dei du har, ei stund til. Du får to nye til kusineHenrikkes bryllaup i sommar, det får halde.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 10

Page 8: Inn i elden

11

Dei står ved vindauget då eg kjem, stova er fylt av pipe -røyken deira, ei tung, søt lukt som blandar seg medangen av det steikte kjøtet. Den alvorlege mannen snurseg. Han bukkar og ser meg i auga. Eg neiar til han og serfort på far. Han nikkar og snur seg mot vindauget igjen,blæs ei røyksky som spreier seg ut over glasruta. Blikkettil den alvorlege mannen heng framleis ved meg. Så nik-kar han òg, pipa klinkar mot tennene hans.

Eg går sakte innover rommet og strekker hals for å sjåkva dei studerer der ute på gata, men kan ikkje sjå nokouvanleg: folk fer forbi, ei og anna vogn eller kjerre, einlaushund på andre sida av gata som står og gøyr inn ieit portrom.

Eg finn broderiet og set meg på ein høgrygga stol.Om den framande snur seg, kan eg sjå ned i hand -arbeidet og ikkje møte blikket hans. Eg rullar nålamellom tommel og peikefinger. Dei to mennene snak-kar lågt ved vindauget, dei skuggar for lyset.

Omsider kjem mor og Emilie, eg set meg opp, dei neiarfor gjesten. Han bukkar, far nikkar, mor smiler uut-grundeleg, det er ikkje likt henne. Emilie ser på meg,smiler oppspilt med spyttblanke tenner. Ho set seg istolen ved sida av meg, byrjar kviskre meg ei historieho akkurat har høyrt av Line.

– Louise er allereie med barn, kvislar ho i øyret mittmed våt pust som gir meg gåsehud.

– Det kitlar, kviskrar eg og trekker meg unna. – Erdet verkeleg sant? Kor lenge har dei vore gifte?

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 11

Page 9: Inn i elden

12

– Å, det er ikkje lenge, pustar ho vått, – Line sa detvisest godt allereie. Kokka i huset der er tanta hennar.

Eg ser på henne. – Du veit kva det betyr. Vi nikkar alvorleg til kvarandre, tek oss til munnen

og kniser.

Mor lener seg fram og set auga i oss. – Kva er så viktig at de må kviskre og fnise no som vi

har ein viktig gjest i huset! Emilie bøyer hovudet, ler lydlaust inn i handa så

skuldrene ristar. – Ingenting, mor, seier eg fort. – Tilgi oss. Eg bøyer hovudet. Mor ser på oss, ristar på hovudet.

Auga hennar har ein farleg glans, eg dultar i Emilie forå få henne til å stoppe.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 12

Page 10: Inn i elden

13

Mor plasserer gjesten på mi side av bordet, slik at det bliropp til meg å sørgje for at han har alt han treng. Eg sermotvillig på han, nikkar høfleg. Han smiler til meg, heldblikket mitt for lenge. Eg kjenner mitt eige smil rykke imunnvikene. Eg lèt som eg må hoste, eg ser vekk. Mathilde og Rosa serverer frå rykande fat, eg lener megsom alltid litt til venstre medan maten blir lagt på fatetmitt frå høgre. Eg møter blikket til Emilie på motsettside av bordet. Ho er raud i fjeset av undertrykt latter.Eg forstår med eitt korleis det ser ut: eg lener meg motden alvorlege mannen.

Raud og utskjemt rettar eg meg opp og skumplarborti handa til Mathilde så ho søler saus på duken.

– Orsak, seier ho engsteleg. – Det var min feil, seier eg og smiler fort, – ikkje

tenk på det. Eg trykker servietten min over flekken. Mor sit ved

bordenden. Eg kjenner blikket hennar på meg, men vilikkje møte det. Eg veit korleis ho ser ut, kva ho tenker,korleis munnen hennar snurpar seg, korleis auga hen-nar har smalna no.

Rosa skjenker vin i glasa våre. Den alvorlege mannentakkar for serveringa, mor nikkar kort til tenarane, ogdei forsvinn stilt, knepper døra att etter seg.

Eg har alltid undra på kva tenestejentene gjer når viikkje ser dei. Kva held dei på med, kva snakkar dei om?Eg klarer ikkje sjå dei føre meg nokon annan stad ennher, alltid oppvartande i dei enkle draktene, ikkje eit hår-strå stikk ut under hovudplagga, det sørgjer mor for.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 13

Page 11: Inn i elden

14

Kammerjenta vår, Line, er eit unnatak. Nest etter Emi-lie er ho mi næraste veninne. Vi er om lag like gamle,og hadde det ikkje vore for at vi er av ulik stand, haddeeg halde henne for ein likeverdig. Det gjer meg stund -om trist å måtte forlate henne her når vi er inviterte iselskap.

Ho står bak meg eller Emilie og steller håret til einav oss, ho som har langt vakrare lokkar enn oss begge,ho flettar og lagar bølgjer og krullar, og vi sit der medhendene i fanget, ho hjelper oss på med kjolane ogsnører oss og festar hekter og hemper og finn skoa våreog dreg på oss strømpene, og det glitrar i auga våre, ogEmilie får roser i kinna, så ho sjølv ser ut som ei rose,og foreldra våre er klare, og vogna står klar, og hestaneog kusken, og vi skundar oss ned trappene med deiraslande skjørta og hælane som klikkar, og ho står att iporten og vinkar og blir mindre og mindre bak oss,men vi ser henne ikkje, vi ser oss ikkje tilbake, berre eingong har eg sett meg tilbake, eg skulle ikkje gjort det:uttrykket i auga hennar har eg aldri sidan gløymt.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 14

Page 12: Inn i elden

15

Vi går inn i salongen etter desserten. Far og den alvor-lege mannen blir att i spisestova. Eg kjenner blikkethans i ryggen då eg går ut av rommet, kjenner rørslenemine bli stive og sjølvmedvitne. Kulsar plutseleg ogtrekker sjalet tettare om skuldrene.

Med det same ho har knept att døra med eit smil,kveser mor at vi må sjå å oppføre oss skikkeleg, hoskjemmest over den uoppdregne oppførselen vi beggehar vist denne kvelden.

– Seigneur Beyer er ein uhyre viktig gjest, seier ho,– hans besøk kan vere svært viktig for oss alle, kan deprøve å forstå det? Det kan vere snakk om framtida vår.Eg skjemmest over dykk! Eg skjemmest, høyrer de!

Emilie er på gråten, ho bit seg i leppa, munnvika hen-nar skjelv, ho vil ikkje at nokon skal vite når ho græt,ikkje eingong eg, og særleg ikkje mor. Mor bruker ikkjebli så sint, korfor er ho så sint? Korfor er seigneur Beyerså viktig? Eg forstår det ikkje, eg vil ikkje forstå, menideane ho har sådd i meg, gjer meg kaldsveitt og redd,eg orkar ikkje tenke på det, eg vil ikkje vite!

– Tilgi oss, mor, seier eg og møter blikket hennar. – Viskal ikkje gjere det igjen.

Eg ser ned i golvet, det store, knytte teppet i av -stemte fargar, kjenner mors blikk på meg, kjenner nårdet slepper, og ho seier:

– Det er sant, det skal de ikkje.

Ho set seg under vindauget, tek opp broderiet frå detvesle bordet og stikk nåla i stoffet, dreg tråden gjen -

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 15

Page 13: Inn i elden

nom i eit perfekt, lite sting. Emilie stirer stivt i golvet,eg ser to våte striper på kinna hennar, stryk handa overryggen hennar då eg går forbi. Eg finn fram bokmerketeg held på å brodere, det er eit rosemønster i fire blå-fargar, eg skulle ønskje eg var ei anna.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 16

Page 14: Inn i elden

17

elen

2

Nordlyset braut som bårer over himmelen. Lysande,grøne band som vikla seg inn i kvarandre, som gleidsaman og delte seg, så store at dei omkransa heile bygda.Det var ein tone i nordlyset, ein mørk dur som dirragjennom natta.

Bygda låg mørk i snøen. Snøen var kram og hadde legei fleire månader, hardpakka og djup. Eg stod oppe påberget og såg. Følgde dei langsame rørslene over him-melen, såg lyset spegle seg i sjøen. Klar natt med stjer-ner. Kald natt, som alle netter. Eg spissa leppene ogplystra ein lang tone mot himmelen, mot lyset somvreid seg sakte gjennom mørkret. Det var synd å plystrepå nordlyset, ein kunne kalle fram djevelen sjølv meddet, men eg likte lyden av plystretonen i natta, i bårenemot stranda, eg klarte ikkje late det vere.

Eit gult lysfelt opna seg over snøen nedom berget. Detvar mor som kom i døra og ropte meg heim. Over ossskein og spann det over himmelen, lys så store somgudar, overjordiske som trolldom.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 17

Page 15: Inn i elden

18

Eg var den eldste. Før meg fanst ingen familie underberget. Berre mor og mannen som sådde meg i henne,ein mann eg ikkje kjende, ikkje ville kjenne og hellerikkje brydde meg om. Etter meg kom det mange. Moramma og amma. Mjølka rann tynn og søtleg frå deistore vortene på brysta hennar. Når ein av brørne minsleppte, stod strålen, ho skunda seg og la kluten attføre,la handa om hovudet hans og førte han til brystetigjen, hekta han på.

Mor gjekk alltid med barn. Ho fødde, amma ogfødde igjen. Brørne mine blei mange. Dei voks seg storeav mjølka til mor mi, voks seg staute og trong endåmeir føde. Trong graut og fisk, som dei stappa i seg tilmagane stod utspente og stramme som runebommer.

Nokon far hadde ingen av oss. Vi tenkte ikkje stortpå det, ikkje så lenge vi var små. Først når vi voks ossstørre, byrja vi legge merke til at det berre var vi somvar utan far, at alle dei andre ungane hadde det. Det varnaturens gang, sa folk, det var ikkje vanleg å ikkje haein far, nokre sa endåtil at det ikkje var naturleg. Lengesvarte eg dei ikkje. Eg spytta i bakken, sprang ifrå dei oggøymte meg. Eg syntest dei toskane av nokre byg-deungar briska seg med fedrane sine. Dei store fed -rane, med mørke stemmer og digre nevar, med busketeskjegg og bartar.

Ikkje at ein såg særleg til dei. For det meste var detberre kjerringar, ungar og gamle i bygda. Karfolkabrukte sjøen. Det var alltid fisk ein stad ute i Ishavet.Fedrane reiste ut med båtane, og først etter langt omlenge kom dei heim, med pengar og fisk, med omfam-

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 18

Page 16: Inn i elden

19

ningar og tørst, med blod som pumpa dei heitt gjen -nom årene.

Når dei var heime, merka ein noko til dei. Då trefte eindei på alle hjørne. Utanfor husa sine om dagane, meddei store nevane i garna. Alltid eitkvart mellom grovefingrar: ei øks, ein kniv, ei sleggje.

Ein høyrte stemmene deira på vinden, ein ny tone ibygda når fedrane kom heim, ein mørkare låt somblanda seg med kjerringrøystene og det skjerande skrå-let frå ungane.

Fedrane vakla i mørkret, og det lukta brennevin avpusten deira. Dei snakka høgt då, og flirte. Eller stem-mene deira blei mjuke og låge, hendene la seg overhovud og aksler, gleid rundt midjer, sneik seg langssvaiande ryggar.

Eg sprang når eg møtte fedrane i mørkret. Eg likteikkje stemmene deira når dei mjukna slik. Eg gøymtemeg godt og skimta omrissa deira på vegen, famlandekroppar under nordlys og stjerner.

– Kor blei du av? snøvla dei og leitte etter meg medblinde hender.

Eg sat still til dei gav opp og snubla vidare. Då fór egstilt heimover i mørkret, så usynleg som eg kunnegjennom bygda.

Stundom luska dei utanfor husveggene heime. Deibrukte dei mjuke stemmene då, og av og til svarte mordei, og av og til svarte ho dei ikkje.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 19

Page 17: Inn i elden

20

Etter kvart som dei voks, slutta brørne mine å likne påmor og meg. Dei likna ikkje på oss, og dei likna ikkjekvarandre. Kven dei likna, var det ingen som kunneseie, kanskje likna dei berre seg sjølve.

Då mor fekk den siste, blødde ho lenger enn vanleg.Sidan eg var eldst og einaste dotter, måtte eg hjelpemor med å stogge blodet. Ho fortalte at ho alltid bløddelenge, ofte veker etter fødslane. Slik var det å føde, saho, det måtte ein berre godta. Men denne gongen varnoko annleis. Det var som om noko hadde losna ihenne, blodet rann og ville ikkje stogge.

Mjølka var heller ikkje som ho skulle. Ho var magerog sur, og det var lite av henne. Den yngste bror min voksikkje som ungar brukte, det var nesten så eg lurte på omhan gjekk andre vegen, om han skrumpa inn og visnavekk i staden. Grå var han òg, og stygg som djevelen sjølv.

Mor la han til brystet, ho pressa fingrane mot denstore, brune vorta, og ungen saug, men aldri blei hanmett. Han skreik og skreik til andletet blei stort ograudt, og tagde berre når han fekk ligge til eit av brystatil mor, der han smatta og saug til krampen tok han.

Han var det styggaste eg hadde sett. Han måtte vereein byting, eg kunne ikkje skjøne anna. Ein av deiunderjordiske måtte ha lurt seg inn og stole den retteungen og bytt han med ein av sine eigne. Dei gjordeslikt, det var vida kjent.

Eg nemnte ikkje vissa mi for mor. Så open ho elleskunne vere for alt mellom himmel og jord, ville ho

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 20

Page 18: Inn i elden

21

aldri høyre noko ufint om sine eigne ungar. Visst er hanvår, ville ho svare, trur du ikkje eg kjenner min eigenson. Ho var som fortrolla, den ungen var djevelensverk.

Det var nett det som var problemet med bytingar.Menneskemora trudde alltid det var hennar eigenunge. Og medan bytingen saug all krafta ut av henne,plaga og pinte dei underjordiske den ekte menneske -ungen, om dei ikkje drap han med det same og steiktehan på bål. Eg kulsa så godt når eg tenkte på det i sengaom kvelden, den vesle, lyseraude bror min, spidda ogsteikt på eit sprakande bål under jorda, skuggar og lyssom dansa over veggene.

Berre at denne gongen hadde dei forrekna seg. Formor hadde ingenting å gi bytingen. Krafta hennar rannut med blodet, og mjølka surna i dei slunkne brysta.

Etter ein månad var det nesten ikkje liv igjen i verkenhenne eller ungen. Ho vekte meg om natta og sa megdesse orda, som eg aldri kjem til å gløyme:

– Eg skal lære deg noko du aldri må misbruke. Deter farleg lærdom. Lærdom som er meint å gå i arv fråmor til dotter i vår familie. Sidan eg kan vere nær ved ådøy om ikkje noko blir gjort, må eg late kunnskapenpassere til deg no, før det blir for seint, for ein kan ikkjestogge sitt eige blod.

Så lærte mor meg kunsten å stogge blod, og eg måttepugge inn formularet eg skulle lese over såret. Eg måtte

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 21

Page 19: Inn i elden

love å aldri misbruke kunsten, berre bruke han i allerstørste naud, når ingenting anna nytta og alt håp varute. Og eg måtte aldri, aldri bruke han på meg sjølv ogaldri bruke han for å gjere vondt.

Blodet stogga, og mor friskna til, og det same gjordeungen. Stygg var han framleis, og ikkje rett i hovudet.Ho kalla han Sanktominus og døypte han i kyrkja,men namnet var for svært for både munnen min ogtankane. Han blei aldri anna enn Minus for meg.

Inn i elden ferdig.qxd:A 01-02-12 11:42 Side 22