kjelda nr. 2 2004

40
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 2 - Juni 2004. Årgang 13 K jelda Fylkesarkivet på Internett: www.sffarkiv.no • Kunnskapsbase for fylket • Emigrantskipet ’Norge’ • Multimediaarkiv for fylket • Møtebokprosjektet-status • Hummar og hummarfiske • ’Lærdal Herredsstyrelse’ • Skiljast som vener • Betre stadnamnteneste • ’Stadnamn fortel oss..’ • Sefrusteinen • Arkiv, Luster Sjukeheim • Ambassadejakt på Aurlandssko • Fylkesarkivet og Jostedal Historielag • Kvardagshygiene • Kontaktkonferansen 2004 • Nasjonal arkivkonferanse • United World College • 2000 arbeidararkiv verna • Minnesmerket • Frå fotoarkivet • Oddvar Stegegjerdet • Askevold-bilete i Alltinget I dette nummeret av Kjelda finn du fleire artiklar om stadnamn. I den siste statlege kultur- meldinga vart det teke til orde for at arbeidet med vern og formidling av stadnamna må styrkast. I Sogn og Fjordane vart det samla inn kring 250.000 stadnamn i 1985 og 1986. Fylkesarkivet vil no styrka formidlinga av dette materialet. Me gler oss og over at det fleire stader i fylket skjer spanande ting når det gjeld nyskapande bruk og formidling av stad- namn. Biletet ovanfor er henta frå eit slikt prosjekt i Seimsdalen i Årdal. Hovudprinsippet er at fyrste bokstaven i namnet markerer staden. Meir om stadnamn på sidene 18 - 22.

Upload: fylkesarkivet-i-sogn-og-fjordane

Post on 31-Mar-2016

256 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Kjelda nr. 2 2004

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 2 - Juni 2004. Årgang 13

Kjelda

Fylkesarkivet på Internett:

www.sffarkiv.no

• Kunnskapsbase for fylket• Emigrantskipet ’Norge’ • Multimediaarkiv for fylket• Møtebokprosjektet-status• Hummar og hummarfiske• ’Lærdal Herredsstyrelse’• Skiljast som vener• Betre stadnamnteneste• ’Stadnamn fortel oss..’• Sefrusteinen• Arkiv, Luster Sjukeheim• Ambassadejakt på Aurlandssko• Fylkesarkivet og Jostedal Historielag • Kvardagshygiene• Kontaktkonferansen 2004• Nasjonal arkivkonferanse• United World College• 2000 arbeidararkiv verna• Minnesmerket• Frå fotoarkivet• Oddvar Stegegjerdet• Askevold-bilete i Alltinget

I dette nummeret av Kjelda finn du fleire artiklar om stadnamn. I den siste statlege kultur-meldinga vart det teke til orde for at arbeidet med vern og formidling av stadnamna må styrkast. I Sogn og Fjordane vart det samla inn kring 250.000 stadnamn i 1985 og 1986. Fylkesarkivet vil no styrka formidlinga av dette materialet. Me gler oss og over at det fleire stader i fylket skjer spanande ting når det gjeld nyskapande bruk og formidling av stad-namn. Biletet ovanfor er henta frå eit slikt prosjekt i Seimsdalen i Årdal. Hovudprinsippet er at fyrste bokstaven i namnet markerer staden. Meir om stadnamn på sidene 18 - 22.

Page 2: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

2 3

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Redaksjon

Gunnar Urtegaard (redaktør), Oddvar Natvik, Karianne Schmidt Vindenes

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax: 57 65 61 01.

[email protected] kjem med 3 nummer i året, eitt dobbeltnummer. Ei årstinging kostar kr 125,-.

Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven.

Ansvarleg dette nummer: Karianne Schmidt Vindenes. Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01

[email protected]

Fylkesarkivar: Gunnar Urtegaard, tlf. 57 65 64 01, [email protected]

Arkivarar:Arild Reppen (foto), Fototeknisk avdeling , 6823 Sandane.

Tlf. 57 86 51 24, [email protected]Øystein Åsnes (musikk), Tlf. 57 65 64 04, [email protected]

Ole Stian Hovland (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, [email protected] Schmidt Vindenes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06,

[email protected] Selseng (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 07, [email protected] D. Øverbø, (fagleiar), tlf. 57 65 64 03, [email protected]

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected]

Prosjekt:Hermund Kleppa (møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 02, [email protected]

Oddvar Natvik (informasjon, amerikaportal), tlf. 57 65 64 05, [email protected]

Kjerstin Risnes, (møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 13, [email protected] Norum (engasjement, møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 13.

Nettstad: www.sffarkiv.no

Fylkesarkivaren har ordetGunnar Urtegaard

Kjerstin Risnes, Leikanger, har frå september i fjor arbeidd med ordning av arkiv og registrering av kommunale møtebøker. Kjerstin har eitt års engasjement.

Gunnar Yttri har fått 2 års permisjon frå stillinga som arkivar for fylkeskommunale arkiv til 31.12.2005. Yttri er engasjert som forfattar til soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fagleiar Snorre D. Øverbø overtek Yttri sine oppgåver i permisjonstida.

Anders Gjerde, Lærdal har slutta på Fylkesarkivet. Han starta hjå oss 03.05.1999, og hadde sin siste arbeidsdag 31.03.2004. Gjerde har i desse åra gjort eit framifrå arbeid for Fylkesarkivet på mange felt. Han er no tilsett som arkivar ved Vestnorsk Industristadmuseum i Odda. - Vi ønskjer han lukke til!

Kariann Norum frå Leikanger er tilsett på engasjement. Ho arbeidar m. a. med å registrere saker frå dei gamle formannskapsprotokollane frå kommunane i fylket inn i ein database, tilgjengeleg på Internett.

Nytt om tilsette

For ei tid sidan var eg i Gøteborg på eit møte. I samband med middagen dukka det opp to skodespelarar som var utkledde slik folk gjerne gjekk kledde i Gøteborg på 1600-talet. Gjennom dialogar og monologar fortalde dei om livet i Gøteborg på denne tid. Dei drog ikkje fram dei store og særmerkte hendingane, men fortalde entusiastisk om kvardagen.

‘A sense of place’Dette uttrykket møter eg ofte, særleg i utlandet. Ein leitar etter staden sin eigenart. Ein leitar etter soger og formidlings-måtar som kan vera tru mot denne

eigenarten.

Tilbod om guida turar finn me no mest i kvar einaste lita bygd. Ofte er det lokale folk som guidar vener og grannar. Det veks fram ein lokal byrgskap for kvalitetane i dei små og store bygdene.

Kunnskapsbasen for Sogn og FjordaneI 1998 starta Fylkesarkivet arbeidet med Kulturhistorisk Atlas og Leksikon. Arbeidet vart utforma i nært samarbeid med kommunane. Målet då var å starta ein prosess. Me ville løfta fram kultur – og naturverdiar i bygdene våre, og me ville nytta Internett som verkty. I dag møter eg stor pågang frå mange som vil vera med å føra dette arbeidet eit steg vidare for si grend eller si bygd. Dei vil gå endå grundigare til verks enn me la opp til då. Dei vil byggja opp ein kunnskapsbase for bygda eller grenda.

Politikarane prioriterer detteDen 26. mai løyve fylkeskulturutvalet i Sogn og Fjordane kr. 750.000 til vidare arbeid med Kultur og IKT for 2004. Saman med midlar frå fylkesplanfondet satsar no Sogn og Fjordane fylkeskommune 1,15 millionar på dette arbeidet i 2004. Eit viktig mål no er å byggja opp ein felles teknologisk infrastruktur for heile ABM-sektoren (arkiv/bibliotek/museum). Det omfattar mellom anna breiband til musea og felles fagdatabaser for ABM-sektoren. Vidare så skal innhald og tenester vera overordna teknologi. Gjennom denne satsinga har fylkeskommunen kome i møte den veksande interessa i bygder og grender. Gjennom eit samarbeid med lokal kunnskap og lokal entusiasme skal me no leggja oss i selen for å byggja opp ein moderne kunnskapsbase for Sogn og Fjordane.

Jostedalen er ei av dei bygdene som engasjerer seg sterkt for å syna fram eigenarten sin. Her gjetarhytta på Viva som vart restaurert i 2000. Sverre Kreken (tv) og Leiv Faaberg. (Frå Kulturhistorisk Atlas og Leksikon).

Page 3: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

2 3

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Viktig avleveringBjarne Hus, pensjonert bokhandlar i Førde, har via Sunnfjord Museum avlevert protokollen. Det er ein svært verdfull kjelde til soga om turismen i Sogn og Fjordane på 1900-talet. protokollen tettar på mange måtar eit hol som har vore i kjeldene.

Sønd- og Nordfjords TuristforeningProtokollen som er avlevert omfattar perioden 1898 - 1961. I realiteten er det ein møtebok for 4 ulike turist-/reiselivsforeiningar i Fjordane. Etter kvart som foreiningane har vorte nedlagde eller samanslegne, har ein ført møtereferata for nyskipingane fortløpande utover i boka.

Desse foreiningane har nytta protokollen: • Nordfjords Turistforening, skipa 4/11-1898, nedlagd november 1903 • Sønd- og Nordfjords Turistforening, skipa 5/11-1903, nedlagd 1/11-1910 • Nordfjords Turistforening, skipa 2/11-1910, nedlagd 2/11-1932 • Nordfjord og Søndfjord Turistforening, skipa 2/11-1932, omdøypt til Fjordane Reiselivslag, 17/4-1952

Dei hyppige organisasjons-endringane og referata frå boka, gjev oss eit bilete av kor vanskeleg det har vore å samle seg om eit fast organisatorisk uttrykk for reiselivsnæringa i fylket. Splid og manglande engasjement gjorde arbeidet svært vanskeleg. Aktiviteten i organisasjonane var og liten, ofte berre 1 - 2 møte i året.

Nye opplysningar om Sogn TuristforeiningVi har fått fleire opplysingar ikring skipinga av Sogns Turistforening. Harald Jarl Runde, Naustdal og Arne Inge Sæbø, Vik har opplyst at Sogn Turistforening vart skipa i Vik i Sogn 21. oktober 1892. Skipingsmøtet er omtalt i avisa ”Sogns Tidend”, 26.10.1892:

Sogns Turistforening dannedes samme Dag [21.10.1892] i Vik efter innbydelse av Hr. Ingeniør Hopstock. Sekretæren i Bergens Turistforening, Hr. ORSagfører Bing var til stede. Man enedes

om, at den Forening, man her stod i Begreb om at stifte, ikke burde utgjøre en Filial av Bergens, men danne en selvstændig Turistforening. Da Foreningen var konstituert, foretoges Valg på Bestyrelse. Valgte blev: Kaptein Wahl (Vik) Doktor Vogt (Balestrand) Sogneprest Walnum (Leikanger) Overrettssagfører Werring (Sogndal) Hoteleier Lindstrøm (Lærdal).

Mangfaldige kjelder til reiselivssogaVi har her nytt og spanande kjeldetilfang om reiselivssoga i fylket. Totalt sett har vi no i magasina våre tilgjengeleg eit vidt spekter av kjelder. Det arkivmessige grunnlaget for ei større satsing på reiselivshistorie i fylket er altså på plass. No er det opp til historikarar, bransjefolk og andre interesserte å bruke kjeldene. Kanskje det er von om at noko kan skje i regi av eit Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand med nytt bygg?

Meir om dei første turistforeiningane i fylket

Av Snorre D. Øverbø

Sidan den førre artikkelen om turistforeiningane i Kjelda nr 1 -2004, har det kome inn meir stoff. To av lesarane våre - Arne Inge Sæbø frå Vik og Harald Jarl Runde frå Naustdal - har gjeve oss fleire detaljar om skipinga av Sogns Turistforening. Vi kan og melde om ein liten arkivsensasjon: Vi har fått tak i den gamle protokollen frå Sønd- og Nordfjords Turistforening!

Faksimile av vedtekter for

Nordfjords Turistforening.

Vi takkar så mykje for

hjelpen frå lesarane våre!

Page 4: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

4 5

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

”Stor bestyrtelse” vekte det i Grimsby óg, då dei fyrste overlevande kunne fortelja om katastroefen ved Rockall i morgontimane, måndag 28. juni, og alle andre stader der nyhendet etterkvart nådde fram. (”Norge” var ikkje utstyrt med trådlaus telegraf.) Dei endelege tala synte at 160 overlevande vart plukka opp frå fem livbåtar i dagane 29. juni

- 5. juli. 635 miste livet av dei totalt 795 som var ombord. Det store tapet skuldast fyrst og fremst at skipet berre hadde livbåtkapasitet for 20 prosent av mannskap og passasjerar, men dårleg redningsberedskap og språkvanskar gjorde og sitt. Sju år seinare skjedde det same. S/S ”Titanic” la ut på jomfruturen sin frå Queenstown i Irland med livbåtkapasitet til berre halvparten av menneska ombord. Hadde ingen teke lærdom? Var katastrofen gått i gløymeboka?

Det er Per Kristian Sebak som stiller desse og andre spørsmål i den nye boka si om D/S ”Norge”-forliset, Titanic’s Predeccessor The S/S Norge Disaster of 1904. Han kom over dokumentasjon om ”Norge” då han arbeidde med boka si om dei 31 norske passasjerane på Titanic som kom ut i 1998. Sebak kom til at her var ei uskriven bok - ikkje minst for etterkomarane til alle ombord på ”Norge” den siste

turen. Han bestemte seg for å laga ein rekonstruksjon av hendinga, og for å finna svar svar på kvifor katastrofen fekk så stort omfang.

Det har Sebak lukkast godt med. ”Norge” var eitt av skipa til det danske rederiet DFSD - Det forenede Dampskibsselskab. Det gjekk i rute København - Kristiania - Kristiansand - New York. På siste turen hadde båten med 405 passasjerar frå

28. juni 1904:

”Frygtelig sjøulykke. Emigrantskibet ’Norge’ gaaet under”

Av Hermund Kleppa

Dette var overskrifta på ”hovudsaka” i Florø-avisa Nordre Bergenhus Amtstidende 6. juli 1904. Bladet hadde fått telegram klokka 10 dagen før, om ein trålar som var komen inn til Grimsby med 27 overlevande frå det danske emigrantskipet ”Norge”. Båten hadde grunnstøytt og gått ned ved Rockall. Åtte nordfjordinger og to sogninger var med. Fleire hundre menneske hadde mista livet. Avisa hadde slege opp ”ulykkesbudskabet” i vindauga sine, og meldinga hadd vekt ”stor bestyrtelse i byen”.

D/S ”Norge” på hamna i Kristiania. Skipet ser ikkje vidare imponerande ut, og ein kan undra seg over at det var sertifisert for kring 800 passasjerar.Då skipet gjekk ut frå Kristiansand var det 727 passasjerar om bord og eit mannskap på 68. (Foto: Titanic’s Predecessor).

Agent Gundersen i Bergen averterte for Skandinavien-Amerika Linjen i Sogn og Fjordane-avisen våren 1904. Til høgre avgangane frå Kristiansand i april for seks skip, tre merka med stjerne som ”nye hurtiggaaende dampere”, dei tre andre av eldre dato. ”Norge” har avgang 29. april - som var den siste før katstrofeturen med avgang i slutten av juni. (Fjordenes Blad 09.03.1904).

Page 5: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

4 5

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

København, av desse 242 russiske jødar, - i Kristiania kom 232 passasjerar ombord, mellom dei Jentoft Hansen, Eline Vik og dei seks borna hennar frå Hadsel i Vesterålen, - og i Kristiansand 90 passasjerar, av desse 10 frå Sogn og Fjordane. Det var tett og trongt ombord, og internasjonalt - russarar, danskar, finnar, svenskar, nordmenn, amerikanarar, tyskarar og skottar.

Sebak har laga ein bakgrunn for dramaet der han seier noko om emigrasjonen til Amerika, draumen hjå folk om lukke og velstand i den nye verda, og meir spesifikt om tilhøva for jødane i Russland på denne tida. Han fortel om emigrant-transporten og går nærare inn på rederiet DFSD og emigrantskipet S/S ”Norge”. Han skildrar avgangen frå København, og ferda vidare til Kristiania og Kristiansand, - me møter passasjerane, somme med namn og meir om dei, - får høyra om lover og regler for frakting av emigrantar over Atlanterhavet, og om kontroll.

Me er vitne til livet ombord like før havariet skjedde, - passasjerane i lugarane og på dekk, - mannskapet på vakt i

maskinrommet og på brua, - grunnstøytinga, dei dramatiske 20 minutta før skipet gjekk ned, kvar av livbåtane, berginga. Me høyrer om kva som skjedde etterpå, om granskingane som fylgde, og kvar dei overlevande vart av. Her er oversiktlege statistikkar, tabellar, indeksar, mange faksimiler, reproduserte strekteikningar og fotografi.

Per Kristian Sebak byrjar boka si med acknowlegdements - han takkar alle som har vore til hjelp. Det er ei lang liste over folk og instansar i mange land rundt om i heile verda, frå t.d. Vik lokalhistoriske arkiv til University of Wisconsin. Heile dette oversynet, saman med lista over trykte kjelder - tilsaman seks tettskrivne sider - er i seg sjølv eit godt uttrykk for det formidable research-arbeidet som ligg bak denne boka.

Ti frå Sogn og Fjordane - åtte frå KjølsdalDet fyrste oppslaget i Nordre Bergenhus Amtstidende melde om 10 personar frå Sogn og Fjordane, to frå frå Sogn og åtte frå Nordfjord. Det stemmer med Sebak, og sju var frå Kjølsdal. Alle

gjekk gjennom rederiet sin agent i Bergen, og reiste med kystruteskipet ”Kong Oscar II” frå Bergen til Kristiansand. Berre to av dei ti overlevde forliset.

1. Johanne Arnesdotter Kjos, 16 år, frå Hafslo.

2. Nils Gjertsen Vikøren, 20 år, frå Vik, overlevde.

3. Mikkel Pedersen Tømmerstøl, 58 år, Kjølsdalen, gift med:

4. Anna Mikkelsdotter Tømmerstøl, 61 år, Kjølsdalen.

5. Rasmine Andrea Tømmerstøl, 15 år, dotter til nr. 3 og 4, budde i Kjølsdalen.

6. Anna Martine Tømmerstøl, 18 år, dotter til nr. 3 og 4, budde i Bergen.

7. Mathias Severin Thuesen Vingen, 29 år, budde i Bergen, gift med:

8. Martha Petra Mikkelsdotter Vingen, 25 år, dotter til nr. 3 og 4, budde i Bergen

9. Josefine Karoline Jørgensdotter Humborstad, 15 år, Kjølsdalen.

10. Lasse Klemetsen Oppheim, 17, Innvik, overlevde.

Jentoft Hansen - onkel til Johanne LorentzenTidlegare er nemnt Eline Vik frå Hadsel i Vesterålen. Ektemannen var reist til Amerika året før og no fylgde ho etter med seks born. Alle omkom. Sambygdingen Jentoft Hansen overlevde. Han kom seg over til Amerika og var den som fortalde Johan Vik om den forferdelege hendinga. Jentoft kom seinare heimatt og vart fiskar. Han omkom på Vestfjorden i 1920 då båten hans gjekk ned i ein storm.

’Titanic’s Predecessor.

The S/S Norge Disaster of 1904’. Av

Per Kristian Sebak. (ISBN 82-996779-0-

4). Publisert februar 2004,

352 sider, Seaward

Publishing, UK. Ein usedvanleg

grundig og omfattande

dokumentasjon av det store forliset, der

635 miste livet.

Nils Vikøren (til venstre)

frå Vik i Sogn berga livet i 1904.

Året etter reiste han

til Amerika, gifte seg med

Lena Tofte i Minneapolis,

Minnesota, og livnærte seg som snekker

og målar. Dei hadde

tre born. Han døydde i 1955. (Foto: Titanic’s Predecessor).(framhald neste side)

Page 6: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

6 7

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Oddvar Kleppa bur på Stokmarknes. Han er ofte på sjøen og fiskar, Av og til går han på besøk hjå folk - med fisk. No i vår nemnde han Norge-forliset med 84 år gamle Johanne Lorentzen, og spurde om ho hadde høyrt om det.

- Ja visst, kjenne æ til de! Eit merkeleg samantreff. Jentoft Hansen var onkel (farbror) hennar. Faren hadde fortalt om forliset og om Jentoft. Eline var ved skipsrekka med borna då Jentoft ropte frå ein overfylt livbåt - Hiv guten ne, så ska æ ta han med til faren.Ho skal då ha ropt tilbake: - Nei, ska vi gå ne, så ska vi gå ne alle sammen.

Noko anna som har vorte fortalt, er om ein hund til Jentoft. Hunden blei så uroleg og ville ned til fjæra. Der stod den dag etter dag og ulte ut mot havet, - mest som han skjønte at nokke va galt. Men så kom den opp lograndes, - og glad og løkkelig. Då dei fekk høyra om forliset og at Jentoft var berga, sette dei historia i samband med det.

Eline Vik frå Hadsel i Vesterålen. Ho omkom saman med dei seks borna sine. Ho var på veg til Amerika til ektemannen som hadde reist over året før. (Foto: Titanic’s Predecessor).

Frå side 5 Av Rasmus Sunde

Lasse Oppheim - emigranten frå Stryn som overlevde

I 1904 skulle den 171⁄2 år gamle Lasse Oppheim utvandra til Amerika, men ferda hans enda i ein stor katastrofe. Dampskipet Norge gjekk ned i nærleiken av den vesle øya Rockall den 28. juni. Ombord var det 727 passasjerar og eit mannskap på 68, i alt 795 personar med stort og smått. Berre 160 av alle desse vart berga, og Lasse var ein av dei heldige. Han returnerte til Nordfjord etter den dramatiske hendinga, men gav ikkje opp planane om å emigrere. Alt året etter drog han i veg att og busette seg som farmar i Canada. I 1922 kom Lasse heim att for godt, gifte seg med Rakel Strand og vart gardbrukar på Oppheim.

I julenummeret av lokalavisa Fjordingen i 1956 vart Lasse Oppheim intervjua om den vonde opplevinga ute på Atlanterhavet. Han fortel at han låg halvt vaken om morgonen rundt kl. 7 i ein stor sovesal med om lag 60 mann. Det var stilt om bord då få personar var oppe. Veret var bra med ein del tåke. Difor gjekk skipet med roleg fart, og fleire gonger fløytte det med høg lyd. Ein av mannskapet kom ned i rommet og sa: ”Vi har tåke i dag”. Like etterpå lydde det brått eit veldig brak. Lasse trudde først at dei hadde støytt på ei fiskeskøyte sidan dei var på den

opne, djupe Atlantern, men det skulle snart vise seg at det var ein grunne i nærleiken av Rockall.

Alle var på beina i ein fart og strøymde mot dekket, og dette førte til at trappa vart riven ned i trengselen. Lasse var ein spretten kar så han tok tak og hoppa opp på dekket gjennom ei luke i taket. Han såg med ein gong alvoret i situasjonen, og mannskapet var alt i gang med å få ut livbåtane. Lasse hadde berre fått på seg litt klede, men han tenkte som så at skulle han ut på havet i ein open livbåt måtte han ha på seg meir klede. Som ein katt hoppa han ned att i sovesalen, treiv ei trøye og på veg oppatt på dekket sikra han seg eit livbelte.

Ein av dei største livbåtane var alt fylt med folk, men det hadde også vore plass til Lasse. Av ein eller annan uforklarleg grunn steig han ikkje opp i båten, og det skulle han ikkje angre på. Mannskapet byrja å heise ned den fullasta livbåten, men brått gjekk eine tauet av, og båten stod på ende rett opp ned. Dei fleste hamna i sjøen, medan andre klamra seg fast. Men så losna den andre blokka, og livbåten rusa med stor fart under sjøen. Det vart eit fælt virvar der folk kjempa for livet ved sidan av skipet som alt låg med akterenden høgt i lufta.

Rockall er ein kring 30 meter høg fjellknaus som stikk opp or Atlanterhavet på eit bankområde nordvest frå Hebridene. ”Norge” grunnstøytte på Helens reef (grunne) to nautiske mil nordaust frå Rockall. Skipet kom av grunnen for eigen maskin, men tok inn så mykje vatn forut at det gjekk ned etter 20 minutt. Eit dykkarlag fann vraket i 2003 ikkje langt frå staden det grunnstøytte.

Page 7: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

6 7

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Lasse var ståande på dekk saman med ein reisekamerat, Karl Bakke, då dei fekk auga på nokre av mannskapet som freista å svinge fram ein liten lettbåt. Dette var tydeleg vanskeleg, og dei vinka på Lasse og Karl at dei måtte hjelpe til. Dei greidde verkeleg å svinge ut båten, men på grunn av uheldet med den første livbåten, var det eigentleg få som våga å gå i båten. Eit par mann firte seg ned med tau, og endeleg plukka dei opp to mann frå sjøen. Då var lettbåten så full at mannskapet nekta å ta med fleire

I alt 6-7 livbåtar var fullasta med folk og det tok til å blåse opp med stiv kuling. Om bord i lettbåten rodde dei på harde livet bort frå skipet då det innan få minutt ville gå ned. Om bord rådde det full panikk. Folk klamra seg til akterenden som kom meir og meir i lodd. Fleire hundre menneske hamna rett i sjøen like før dei høyrde ein uhyrleg smell og ”Norge” gjekk under. Vrakgods flaut opp overalt, og inn imellom stridde folk for livet.

Dei 17 mennene om bord i lettbåten hadde ikkje fått med seg noko som helst mat, men 3. styrmannen, hadde teke med seg litt vatn, slik at kvar av dei fekk tildelt eit par skeier om dagen. Fleire av livbåtane heldt seg nær kvarandre den første dagen. Om bord på Lasse sin båt oppdaga dei at folka på ein annan båt åt på eit eller anna. Dei halte seg inn på denne båten og kravde at dei skulle dele maten. Dette nekta dei i første omgang, men då 3. styrmannen trua dei med å renne båten deira i senk, kasta dei over to skipskavringar til kvar av dei 17 mennene.

Desse to kavringane og dei få dråpane med vatn var alt Lasse og dei andre om bord fekk i seg i dei seks dagane ute på det opne havet før dei vart berga. Det var ikkje grenser for kor tørste og svoltne dei var. Tørsten var likevel verst. Lasse tok inn sjøvatn for å leska munnen, men han vart berre sårlippa og endå meir tørst.

Dag etter dag gjekk utan teikn til berging. Det verste opplevinga deira var den fjerde dagen då

dei oppdaga nokre fisketrålarar som for forbi dei utan å få auga på lettbåten. Om bord hadde dei ingen ting å signalisere med, og i vinden og bølgjene var det ikkje noko hjelp i å rope. Det er lett å skjøne fortvilinga og desperasjonen som rådde blant mennene. Den sjette dagen hende eit under. Dei kom fram til eit linemerke med flagg. Dette kunne kanskje bli redninga deira, men det kunne gå dagar å vente. Etter eit par timar oppdaga dei til all lukke røyk frå ein båt som kom beint mot dei. Seks dagar kamp for livet var til ende. Gleda var stor, men opplevinga hadde sett sine merke. Lasse hadde svullar på kroppen og sår på føtene sidan han ikkje hadde fått med seg skoa. Om bord på fiskeskøyta fekk dei i første omgang berre litt mat og litt drikke, for kroppen måtte på ny venje seg til føde. Dei vart sette i land i Aberdeen og førte til eit hotell der dei fekk nye klede og sko. Mennene fekk valet om anten på nytt å dra til Amerika eller reise heim. Lasse valde det siste, sidan alt han eigde hadde gått tapt.

Denne dramatiske hendinga med forliset og ikkje minst kampen for å overleve i seks døger i ein open båt ute på Atlanterhavet måtte naturleg nok setje djupe spor. I ein samtale med dotter til Lasse, Edit Hauge, kunne ho fortelje at faren snakka eigentleg svært lite om forliset. Men når dei spurde han, var han alltid villig til å svare på dei mange spørsmåla deira. Det som gjorde sterkast inntrykk på han var eit ungt søskenpar frå ein av dalane på Sørlandet. Dei hadde kome om bord i Kristiansand, og far deira hadde tala med Lasse og Karl Bakke om at dei fire ungdommane måtte halde saman på overfarten. Dette gjorde sitt til at dei vart godt kjende. Under forliset var guten komen i lettbåten deira, men søstera hadde venteleg fått sjokk og la seg berre på dekk ved relinga og gret. Då gjorde broren det utrulege – han

gjekk resolutt opp på dekk att til søstera. Guten makta ikkje gå frå søstera sjølv om det venteleg ville ha berga livet hans. Han valde å gå den sikre død i møte saman med den kjære søstera si. Edit hugsar at kvar gong faren fortalde om det unge søskenparet, så gret han stilt.

Lasse vart berga frå den fælslege skipskatastrofen, men den vonde opplevinga skremde han likevel ikkje frå å gje opp draumen om lovnadslandet Amerika. Året etter la han i veg att. Han kom først til N-Dakota der han arbeidde eit par år før han drog vidare til Canada. Der kjøpte han seg land og bygde opp ein god farm nær den vesle byen Melfort i Saskatchewan. Han skulle bli verande i Canada i 17 år før han kom heim att for godt i 1922 og overtok bruk 5 og 6 på Oppheim. Lasse døydde i 1965, 78 år gamal.

Red. merknad:Jamført med Per Kristian Sebak si bok: Titanic’s Predecessor The S/S Norge Disaster of 1904. 2004:a) ”lettbåt” - mindre livbåt.b) ”6-7 livbåtar fullasta med folk” - Dei overlevande berga seg i seks livbåtar. Livbåt nr. 2 med over 40 ombord vart aldri funnen. Livbåten Lasse Oppheim var i, hadde 17 ombord, medan kapasiteten var 26. Dei andre var ujamnt lasta, frå 65 % av full kapasitet til 152 %. Livbåt nr. 1 hadde 72 menneske ombord.

17 år gamle Lasse

Oppheim, Stryn, var

ein av dei to frå Sogn og

Fjordane som overlevde

forliset med D/S ’Norge’.

(Foto utlånt av Edit Hauge).

Page 8: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

8 9

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Etter kvart vert ulike former for breiband meir vanleg. Teknologien for handsaming av lyd og video på Internett har vorte meir utvikla og gir no betre kvalitet. Det er 10 år sidan Fylkesarkivet tok til å digitalisera foto. For 6 år sidan la me ut dei første digitale smakebitane frå musikkarkivet. Brukarane kunne då lytta til 20 sekund henta frå byrjinga av kvart opptak.

Tida er komen til meir systematisk arbeid med digital lyd og video på Internett. Betre tenester til brukarane må heile tida vera det overordna målet. Ved å integrera ulike typar multimedia i tilbodet, ynskjer Fylkesarkivet og andre ABM-institusjonar i Sogn og Fjordane å ta eit steg vidare i arbeidet med å etablera Internett som ein sentral kulturkringkastar med sending 24 timar i døgnet,

7 dagar i veka. Innhaldet i multimediaarkivet er no under oppbygging, og etter ferien vil tenesta etter kvart verta opna for alle. Arkivet vil aldri verta ferdig, men vil veksa i innhald og dermed i verdi for folk i Sogn og Fjordane.

Fellesressurs i fylketDet er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og IKT-avdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune som står bak dette. Representantar for dei fylkeskommunale vidaregåande skulane er og med i arbeidet, og skulane vert ei viktig brukargruppe. 3 vidaregåande skular i fylket har i dag utdanningstilbod innan multimedia, og teknologien og tenestene knytt multimediaarkivet, vil vera av stor interesse for dei.

Dette arkivet vil verta til stor hjelp for Fylkesarkivet og andre ABM-institusjonar i formidlingsarbeid. Ulike brukarar som mellom anna

grunnskular og vidaregåande skular, kan få direkte tilgang til audiovisuelle primærkjelder innan ei rekkje fagområde. Frå dette arkivet vil video og lyd verta ”streama” i ulike kvalitetar alt etter kor raskt samband brukarane har til Internett.

MusikkFylkesarkivet si samling med klassisk norsk tradisjonsmusikk (folkemusikk) frå Sogn og Fjordane inneheld i dag om lag 5-600 timar med musikkopptak og intervju. Opptaka fordeler seg på kring 13000 ulike avsnitt frå 1921 og fram til i dag. Musikkavdelinga har også ei samling nyare video-opptak av dans frå fylket.

Samlingane ved musikkavdelinga er ein viktig ressurs i arbeidet med å gjenoppdaga lokal song- og dansekultur i grunnskule og vidaregåande skule. Ho kan også nyttast som utgangspunkt for lokale tverrfaglege

undervisningsprosjekt. Til dømes inneheld tekstmateriale ein betydeleg lokalhistorisk ressurs.

For skular med studieretningsfaget musikk/dans/drama vil ein tilgang til arkivet sine samlingar over breiband utgjere eit svært nyttig og omfattande supplement til fagseksjonen sine eigne mediebibliotek. I dag kan brukarane via Internett lytta på kring 20 sekund frå ein del av musikkopptaka. Etter kvart vil dei no kunna lytta på heile opptaka i god kvalitet. For arkivet betyr dette at dei vil nå fleire og arbeidet med formidling vart enklare og meir tilpassa brukarane.

Multimediaarkiv for Sogn og FjordaneInternett som kulturkringkastar

Av Gunnar Urtegaard

Fylkesarkivet og musea i Sogn og Fjordane har mykje materiale lagra på lydband, kassettar eller video. Det handlar om å sleppa brukarane inn i magasina våre slik at dei kan gjera seg nytte av fleire av tenestene desse institusjonane kan gje. Multimedia-arkivet er soleis eit svært viktig steg for å opna denne delen av samlingane våre.

4

Page 9: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

8 9

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Alle formelle reglar kring bruk vert ivaretekne på same vis som ved meir tradisjonell formidling via kopikassettar med meir.

Film og videoLokale fjernsyns- og produksjonsselskap innan film/fjernsyn/video har etter kvart dokumentert viktige sider ved næringslivet og kulturlivet i Sogn og Fjordane i nyare tid. Slike arkiv vil ofte vera ei blanding av upubliserte råopptak og ferdige produksjonar. Slikt materiale er ei viktig kjelde til våre nære fortid og Fylkesarkivet vil søkja samarbeid med desse for formidling gjennom multimediaarkivet.

Fylkesarkivet har og hand om ei rekkje andre dokumentasjonsopptak på video. Innhaldet er mellom anna dokumentasjon av eldre arbeidsprosessar.

Fylkesarkivet ynskjer og å samla inn film, video med meir som kan dokumentera soga om ulike sider av samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane. Dette materialet ynskjer me å overføra frå analog lagring til digital lagring. Me vil freista å få digitalisert eldre filmmateriale med meir og formidla dette gjennom det nye arkivet.

LivsminneFylkesarkivet har også lydfestingar av ei lang rekkje intervju. I alt utgjer dette kring 2-300 timar opptak. Her ligg svært viktig informasjon som ofte er fengslande og fasinerande. Til no har dette materialet vore vanskeleg å nytta både for arkivet og brukarane. Når dette er digitalisert, vil ein lettare kunna formidla dette og skreddarsy innhald til ulike brukargrupper.

StadnamnVi har også opptak av kring 250 000 stadnamn i fylket, lese inn av lokale informantar. Som ein del av det framtidige vernearbeidet knytt til desse samlingane

vil også dette materialet bli digitalisert etter kvart.

Mål/behov i prosjektet-- Digitalisering og lagring. Overføring av informasjon frå analog lagring til digital lagring i slik kvalitet at me ikkje treng gå attende til analoge originalar for dei fleste bruksføremål.

-- Metadata. Base for innlegging og administrasjon av metadata med kopling til materialet slik at ein gjennom metadatakatalogen kan henta fram informasjonen. Det skal vera mogeleg å skriva inn metadata om deler av ein opptak, og spela av desse direkte.

-- Streaming, katalog på Internett. Fylkesarkiv sitt multimediaarkiv må vera til gjengeleg på Internett, og etter kvart som det kjem nytt materiale inn i arkivet, må katalog og innhald automatisk oppdaterast på Internett (jamfør løysing i dag med foto, musikk med meir.)

-- Lesing/lytting. Alle må ha høve til å søkja fram materiale og sjå/høyra på dette over Internett. Ein streamingserver må ta seg av dette og kvaliteten på det streama materialet må vera god. Ein må leggja til grunn av brukarane har breiband i ei eller anna form. Dei

som les skal ikkje ha høve til å lasta ned materialet.

-- Nedlasting. Brukarar som ynskjer gode kopiar av aktuelt materiale, skal ha høve til å lasta ned frå nettet gjennom ei ordning med lisensiering. Dei må registrera seg i ein brukarbase og leggja inn tinging. Når tingingsvilkåra er oppfylte, får vedkomande høve til å lasta ned ein digital kopi av god kvalitet.

-- Integrert bruk. Informasjonen på nettet må kunna integrerast i t.d. artiklar, nyhendeoppslag på kommunale sider, i Fylkesarkivet, hjå musea med meir. T.d. kan ulike lyd og video-innslag vera sentrale deler i ein artikkel på Kulturhistorisk Atlas og Leksikon.

Her ser me døme på avspeling av video om bygging av vegen til

Måløy. Heile opptaket heiter ”Lang veg fram” og er produsert av Vest

Visjon ved Ole Fretheim. Klikkar ein på namnet til opptaket (Lang

veg fram), startar avspelinga der. Fylkesarkivet har registert

dei ulike ”hovudavsnitta” av opptaket for seg og start og slutt viser framføre kvart avsnitt. Ved

å klikka på eit av avsnitta, startar avspeling på denne staden, og

ikkje i byrjinga av opptaket. Ein kan og søkja etter namn, stikkord

på avsnitt i opptaka. Dersom ein person er intervjua midt i

opptaket, vil ein finna namnet gjennom søk, og starta avspeling

nett der dette intervjuet tek til.

Page 10: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

10 11

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Dei siste 10-15 åra har det skjedd svært mykje positivt når det gjeld kommunale arkiv. Dette skuldast ikkje minst oppretting av interkommunale arkivordningar og fylkesarkiv/byarkiv. Etter kvart er det vorte laga bra arkivkatalogar for dette materialet slik at publikum kan få oversyn over kva som finst i desse rike arkiva.

Betre tilretteleggingTrass i dette har kommunale arkiva enno ikkje fått den bruken dei fortener. Dette gjeld både frå forskarar, studentar, elevar og folk flest. Gjennom auka bruk av Internett, kan og desse kjeldene leggjast enno betre til rette for brukarane, og me trur det er naudsynt. Saman med Statsarkivet i Bergen utvikla Fylkesarkivet i 2001 eit opplegg for betre formidling av innhaldet i møtebøker for kommunestyre og formannskap. Systemet fekk fylgjande komponentar og funksjonar.

- Database for registrering av alle saker i kvar protokoll

- Skjema/retningsliner for registrering av saker

- System for kategorisering av saker

- Søkeskjema for å finna saksgrupper eller einskildsaker i basen

- Retningsliner for å skanna sidene i protokollane (fargeskann)

- Opplegg for å kopla sak i saksregisterbasen til rett skanna side

- Opplegg for å kunna bla direkte i skanna sider (forrige side – neste side) i dei digitale sidene utan å kunna gå om saksregister - ein digital versjon av møteboka

Tabell over saker registerte i dei ulike kommunane.

Pr. 1.6.2004 er det registert nær 59000 saker frå møtebøker i til saman 18 noverande eller eldre kommunar. Arbeidet vil halda fram utover i 2004 og 2005.

Framtida – samordning med dagens sak/arkivsystemFrå kring 1995-2000 tok dei fleste kommunar og fylkeskommunar i bruk elektronisk sakshandsaming. I slike system vert det automatisk oppretta saker – både administrative og politiske. Vårt mål er difor at me etter kvart får registrert elektronisk (på eit enkelt nivå) også saker

frå den ”manuelle perioden” og få kopla dei til skanna sider frå møtebøkene. Først då vil me kunna opna dei kommunale arkiva på ein skikkeleg måte og visa brukarane veg inn i dette fantastisk rike materialet. Då vil me kunna tilby publikum samanhengande saksregister frå det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837 og fram til i dag.

Dette vil i neste omgang vera med å styrkja medvitet om arkivarbeidet og forståinga av at dette er viktige kjelder til soga vår. Kommunane opnar meir og meir sine interne sak/arkiv-system for publikum via Internett. Målet er soleis at brukarane på ein enkel måte skal kunna søkja etter saker relatert til eit tema både i saksregister over eldre saker og i det løpande saksregisteret over administrative og politiske saker som

kommunen nyttar i dagleg arbeid i dag. Det er enno eit stykke veg dit, men kursen er rett.

Døme med Vågsøy KapellI dømet på neste side har me søkt fram saker som gjeld Vågsøy Kapell, og lista startar i 1845 og 1846. Kommunestyret drøfta utbetring av kyrkjegarden i 1845 og i 1846 kom saka om ny kyrkje i staden for det gamle Vågsøy Kapell. Deretter vart denne saka handsama ved fleire høve. Saksregisteret for Selje kommune (som då og omfatta Vågsøy) vil ”fylgja” Vågsøy Kapell vidare framover mot vår

Møtebokprosjektet – status

Av Gunnar Urtegaard

Hausten 2001 starta Fylkesarkivet opp møtebokprosjektet: registrering av innhaldet i møtebøkene til kommunestyra og formannskapa. Prosjektet har vore finansiert av eigne midlar, midlar frå kommunane og midlar frå ABM-utvikling. 19 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har sagt at dei ynskjer å vera med i dette prosjektet.

Page 11: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

10 11

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

tid i samband med vedlikehald, utbetringar med meir.

Dette dømet viser klårt korleis eit saksregister opnar opp desse kjeldene om me er interesserte i ei konkret sak. Me har mange døme på at folk har funne stor nytte i denne tenesta.

Saker som kom opp i kommunestyret, vil me og ofte finn att i andre arkivseriar som kommunale rekneskap og korrespondanse og sakstilfang. Slike vert dette og ein vegvisar vidare inn over og nedover i meir detaljert kommunalt arkivtilfang.

Eit slik register vil og vera til stor nytte for administrasjonen når ein skal leita etter saker frå eldre tid som har administrativ eller økonomisk verdi i dag.

Nedanfor døme frå oppretting av bibliotek og tilsetjing av første bibliotekar i Selje.

Om me vil sjå nærare på framveksten av eit offentleg bibliotektilbod i Selje, vil og møtebokregisteret vera ein naturleg stad å starta. Me ser at denne saka kom opp alt i 1837 og var soleis ei av dei første

sakene den nyskipa kommunen tok tak i.

Me kan følgja utviklinga vidare framover mot 1878. Etter kvart vart det tilsett eigne bibliotekarar.

Biblioteka har vore eit kommunalt ansvar heilt fram til vår tid, og møtebøkene vil visa oss utviklinga vidare. I dag er den framtidige rollen til dei lokale biblioteka under debatt. Eit viktig spørsmål er mellom anna kva rolle dei kan

spela i det me gjerne kallar informasjons-samfunnet.

Oversikt over saker om Vågsøy kapell som kommune-

styret i Vågsøy har drøfta. Sakene her

frå åra 1845 - 1852.

Frå Selje kommune

saker som gjeld oppretting og drift av

bibliotek. Frå åra 1838 -

1878.

Page 12: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

12 13

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Eksportfiske frå ca 1825Karl Egil Johansen har skrive litt om hummarfisket i boka si Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980, som kom ut i 1982.Han byrjar boka si med eit riss av fiskeria i ”gamletida” og fortel at det var ein ”viss etterspurnad” etter hummar, og at eksportfisket kom i gang ca 1825. England var det viktigaste avtakarlandet. Hummarfiske med teiner var billeg i utrustning, det var eit

typisk heimefiske, var lite strabasiøst, og høvde godt for eldre fiskarar og unggutar.

Engelske brønnskuter Eksporten skjedde på den måten at engelske seglskuter (hummerbysser, brønnskuter) kom over og henta hummmaren i utskipingshamner. Kolgrov i Solund, Kinnasundet, og Smørhamn var slike hummarhamner, seinare også Florø. Engelskmennene hadde kommisjonærar som

teikna fleir-årige kontrakter med fiskarane. Frå kring 1870 skjedde det ei omlegging frå kontraktfesta handel med seglande brønnbåtar til friare handel og eksport i kassar med dampskipsrutene.

1938 eit rekordårHummarfisket har liten plass i boka til Johansen. Det avspeglar i seg sjølv at hummarfisket i Sogn og Fjordane var eit økonomisk

marginalfiske i høve til dei store fiskeria etter sild, torsk og andre fiskeslag. Det går fram at slutten på 30-talet var gode hummarår. Dei hadde då gått meir og meir over til å bruka lukka teiner som heldt betre på hummaren enn den opne typen som måtte dragast med korte mellomrom. I 1938 blei det fiska 262 000 stk. eller vel 130 tonn i heile fylket. Resultatet i 1938 er det beste nokon gong i Sogn og Fjordane. Seinare gjekk hummarfisket kraftig tilbake. Medan det i 1948 var registrert 944 hummarfiskarar i fylket, var talet i 1971 kome ned i 167, og fangskvantumet i 1970-åra var redusert til kring 10 000 stk årleg.

Hummarfiske i lokalavisene - 1874Lokalavisene er gode kjelder til kunnskap om fiske og fiskeri, heilt frå dei fyrste i fylket i 1874 til dagens. Av og til står det noko om hummaren og hummarfisket óg. Fjordenes Blad hadde sålais alt hausten 1874 eit stykke om fiskeria i Selje. Om hummarfisket står det:

Det samme engelske Kompagni som i 15 Aar har drevet Lax- og hummereksport fra Norge har ogsaa i Sommer besøgt os, men Fiskeriet var idetheletaget daarligt,

Eg har halde på med møtebøker frå kysten ei tid no, med dei eldste møtebøkene frå kommunestyret og formannskapet i Selje (som omfatta Vågsøy til 1911) og Solund. Mange saker er eins med sakene i kommunanen lenger inne i landet, som val på ulike styringsorgan, til dømes skulestellet og fattigstellet, men særleg to saksområde avspeglar kystkommunen, - emneområda fiske og hamnestell (oppsetjing av seglmerke, stakar og stenger, fyrlykter, byggjing av moloar og utbetring av hamner, montering av fortøyningsringar og boltar til båtfeste). Med tanke på eit stykke i Kjelda gjorde eg nokre stogg ved to-tre saker om hummarfisket.

Eg har også sett etter i anna hummarhistorisk kjeldetilfang og vore i kontakt med Ragnar Skorpen på Drage om hummarteiner.

Om hummar og hummarfiske

Av Hermund Kleppa

Eg kom i beit for hummar-bilete. Søk i Fylkesarkivet sin database

over eldre foto ga null treff, mot fleire treff på sild, torsk,

sei og lyr. Dersom nokon har, eller kan tipsa om bilete med

hummar/hummarfiske-motiv, ber eg om å bli kontakta. Maleriet FISKERNAUST frå 1881 finst i Nasjonalgalleriet og er måla

av Gustav Wentzel ( 1859-1927). Motivet er frå Kvitsøy i Rogaland, som passar godt.

Rogaland hadde eit omfattande hummarfiske med handel og

eksport heilt frå tidleg på 1700-talet. Kristianiakunstnaren

Wentzel har fått med mange slags fiskereiskap på maleriet sitt. Her

er vel minst tre hummarteiner, av den sylindriske, lukka typen,

eller kva? (Foto i Norge 1814 Jubileumsutgave 1914, bind 3).

Page 13: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

12 13

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

og den fuldtsendige Mangel paa Is forhindrede endogsaa ganske al Laxeudskibning i Begyndelsen. Udbyttet for dette Distrikt utgjorde vel omkring 3000 [Bismerpund, 1 Bp = 5,14 kg] Lax a 7 Skill og 5-6000 Stk. Hummer a 10 Skill. I fjor betaltes Hummeren her med indtil 30 Skill Stykket paa Grund af en Konkurrence paa Liv og Død mellem dette og et andet Kompagni. Fra hele Norge udførte det gamle Kompagni efter Forlydende ca 200 000 Hummer iaar.

Store hummaroppslag 2003/2004Av heilt ny dato har eg to avisoppslag frå Fjordenes Tidende og Firdaposten. Begge handlar mellom anna om å sikra og ta vare på hummaren som naturressurs og økonomisk ressurs. Hausten 2003 slo Mindor Grotle alarm. - Det er ikkje hummar igjen i Bremangerpollen etter taretrålarane sine herjingar, konstaterte han. Skal hummarbestanden bergast, hjelper det ikkje med utvida fredning. Det må koma forbod mot all taretråling der det finst hummar, hevda Mindor Grotle.

Våren 2004 var det tidlegare regiondirektør Rolv Petter Vetvik, no seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet sin tur. Han har saman med ei forskingsgruppe kome fram med eit heilt nytt og radikalt framlegg til forvaltning av hummarbestanden i Norge. Vetvik hevdar at dagens hummarforvaltning har spelt fallitt. Det er knapt nokon som driv hummarfiske på kommersiell basis lenger, mens det derimot føregår eit stort og ulovleg fritidsfiske. Han vil ha ei ny hummarlov og har føreslege ei rad konkrete tiltak, mellom anna å utnytta hummaren som betalt fritidssyssel knytta til eit sertifikatordning, og etablera offentlege yngelklekkeri og utsetjing av yngel.

Lovregulering sidan 1848Ein annan stad å lesa om hummarfisket er boka av Trygve Solhaug De norske fiskeriers historie 1815-1880 som kom ut på Universitetsforlaget i 1976.

Den fyrste hummarlova - Lov om Fredning af Hummer - kom 29. juni 1848. Lova sette forbod mot å fanga hummar i tidsrommet 15. juli - 1. oktober. Det var høve for amta å søkja om kortare fredningstid, men minimum skulle i halle høve vera heile august månad.Den andre fredningslova kom i 1879. I tillegg til sesongfredninga kom det no krav til minstestorleik. Det vart ulovleg å fanga, selja og kjøpa hummar under 21 cm frå ”Pandehornets Spids til Enden af Halens midterste Svømmelap.”

1.10.1993 vart minstemålet auka til 25 cm på Vestlandet, og fredningstida er utvida. Frå og med 1.1.2002 er det i peioden 1.1. - 1.10 forbode å fanga hummar eller setja ut teiner, med eller utan agn på kyststrekninga frå grensa til Sverige til og med Sogn og Fjordane.

Hummar-saker i kommunestyra sine møtebøkerFormannskapsarkiva inneheld hummarhistorie. Kommunestyra fekk frå tid til anna tilsendt dokument frå sentrale styresmakter med spørsmål dei skulle gje svar på og framlegg dei skulle uttala seg om. Dessutan kunne det koma lokale søknadar om kortare fredningstid. I

møtebøkene frå Solund og Selje har eg kome over minst tre interessante hummarhistoriske småbitar som eg enten ikkje har funne andre stader, eller som framstår som nye og gode døme på meir generelle element.

Tankar om oppdrett i 1911Forsøk og forsking i fiskerinæringa går attende til 1800-talet, og kunstig oppdrett av fleire slags levande i havet er ikkje nytt i vår tid. To store marinforskarar på 1800-talet var zoologen Halvor Heyerdahl Rasc (1805-1883) og ”vår eigen” Georg Ossian Sars (1837-1927) , fødd og oppvaksen i Florø. Den fyrste var pioner i Norge for den ”anvendte zoologi”, og alt i 1852 gav han ut publikasjonen Om den kunstige Fiskeformerelse. Begge var med som ekspertar i det førebuande arbeidet til hummarlova av 1879. Oppdrett av hummar dukka opp som sak for kommunestyra for snart hundre år sidan. I januar 1911 handsama kommunestyra i Selje og Solund to hummarsaker, a) utkast til ny lov om fredning, og b) eit framlegg til oppdrettsanlegg. I Selje rådde dei til å halda fram med forsøk med oppdrettsanlegg. I Solund sa dei ingen ting om dette punktet, men saksreferatet nemner ”Meads system” (kva nå det var for noko).

”Hummerfiske med ruse” er tittelen på denne teikninga av Lauritz

Haaland frå 1890-åra.

(Lauritz Haaland

(1855-1938, marin-målar, Kvitsøy, laga

ein serie bilete som viser

fangstreiskap og fiske i

1890-åra.)(Foto: I

Veiviser til Vestlandets

fiskerihistorie, 2000).

(framhald neste side)

Page 14: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

14 15

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Selje: Uttalelse om Utkast til ny Lov om Fangst og Fredning av Hummer: Enstemmig Uttalelse: Herredstyret finder ikke at kunne anbefale nogen Forandring i det nu tilladte Minstemaal for Fangst og Salg av Hummer eller Forandring i de nugjeldende Fredningsbestemmelser. Derimot anbefales fortsat Forsøk med kunstig Utklækning av Hummer. (Møtebok, 1899-1914, møte 31.01.1911, sak 1.)

Solund: Utkast til ny lov om fredning av hummer samt forslag om anlæg av opdrætningsanstalter for hummer (efter Meads system). Enst. udtalelse: Det nye lovudkast vil man anbefale i sin helhed med undtagelse av at fisketiden maa bli forlænget til 15. juli. (Møtebok, 1903-1916, møte 27.01.1911, sak 2.)

Hummarhamn på Vågsberget?Eg nemnde lenger framme dei 1800-tals-hummarhamnene eg fann oppførde i fiskarsoga for fylket. Ei hummarsak i Selje tyder på at Vågsberget også var ein stad for kjøp og sal av hummar. Landhandlar Berg sende i 1865 søknad til amtsformannskapet om at fredningstida måtte innskrenkast til minstekravet i

lova, august månad. Amtsformannskapet sende søknaden til kommunestyret i Selje for uttale. Uttalen er svært interessant på fleire punkt, det står til dømes noko om kvar fisket føregår, om fredninga, om engelske hummarhandelsmenn, - og om hummarfisket som inntektskjelde for fattigfolk.

Da Hummerfisket ved stormende og mislig Veir oftere afbrydes, eftersom Fiskeriet nemlig foregaaer ved steile og farlige Kyster lige for det aabne Hav, en Afbrydese som ogsa vil finde Sted om Fredningstidene indskrænkes i Henhold til Andragende, samt de/da det maa befrygtes, at det engelske Compagni, der ene modtager Hummer, om Fredningstiden ikke indskrænkes, sandsynligviis vil ophøre med en Bedrift hvorved en væsentlig Indtægt er tilflydt den fattigere Del af Distriktets Befolkning, fattede Formandskabet eenstemmig saadan Beslutning: Den af Landhandler Berg til Amtsformandskabet indsændte Forestilling anbefales paa det Varmeste og Indstændigste. (Møtebok 1837-1875, 26.6.1865, sak).

Inntektskjelde for fattigeJohansen skriv i fiskarsoga for Sogn og Fjordane at hummarfisket kunne drivast utan store investeringar. Solhaug går i si landsomfattande soge inn på hummarfisket som ”fattigmannsfiske” - og då ikkje i tyding av at det var eit fiske dominert av fattigfolk, men at fattige kunne ta del i hummerfisket nettopp fordi det ikkje kosta allverda å skaffa seg nokre hummarteiner.

I uttalen frå Selje til søknaden frå handelsman Berg på Vågsberget kjem det tydeleg fram at hummarfisket hadde vore, og var, ei ”væsentlig” inntektskjelde for fattige. Det same kjem fram i ei liknande sak i 1877. Nå skulle kommunestyret uttala seg om eit framlegg til ny hummarlov, og konklusjonen ikkje til å ta feil av:

Innskrenking vil vera til meins for fattigfolk. (Elles inneheld denne uttalen kommunestyre-medlemmene i Selje sitt syn på det nye punktet i lova, minstekrav til storleik).

Skrivelse fra Lensmand E. Ellingsen med indlagt Udkast til Lov angaaende Indskrænkning i Tiden for Hummerfisket.Besluttet: Man troede ikke at burde tilraade nogen Indskrænkning i Tid eller Hummers Størrelse, da man ikke tror at saadan Indskrænkning vilde virke til nævnte Fiskes Opkomst, samt tror man at Indskrenkning heri vilde være trykkende for mange Fattige. (Møtebok 1837-1875, Sak, 2, 03.08.1877, ks).

Annonse i Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, 12.11.1885.

Eit stort og ulovleg fritidsfiske, seier seniorforskar Rolv Petter Vetvik, at me har. Det har vel også hendt folk at dei har gjort seg nytte av ein og annan hummaren som har gått seg fast i eit garn i fredningstida, utan å sleppa den uti att? Her er det Johanna Børve (til venstre på biletet) på Hjelmeland, også i hummarfylket Rogaland, som fryder seg over dagens ekstrafangst i eit fjordagad’n ein gong fyrst på 60-talet. Til høgre: Mossi Dreyer Olsen.

Frå side 13

Page 15: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

14 15

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Ragnar Skorpen er glad i

gamle båtar. Dette prakt-eksemplaret

av ein Nordfjord-

seksering frå 1870-åra er hans. Dei to

ombord er så langt som

det går an å koma frå

hummarfiske, fortel Skorpen, - han sjølv og ein kunstnar-kompis som heiter Bjrøn

- og som berre har sett

hummar todelt på restaurant-

bord. Båten kan ha vore

nytta til hummarfiske,

trur han. Teiner

var plass-krevjande. Men elles

var nok den mindre

færingen mykje nytta.

Ragnar Skorpen voks opp på øya Skorpa utanfor Florø. Han vart kunstmålar og budde mange år i Sverige saman med kona Catalin Hidas som også er kunstnar. Skorpen heldt kontakten med heimfylket gjennom sommaropphald, - ei tid i Hyen og seinare i Selje. No er dei fast busette på Stadlandet, i det gamle skulehuset på Drage.

Ragnar Skorpen er levande interessert i gamle båtar og har opp gjennom åra sett i stand fleire bruksbåtar. Eg skreiv til han og sende med nokre spørsmål om hummar og hummarfiske, og nemnde særleg ein fangstmåte med å bruka langskafta tenger. Ei tid etter kom det ei interessant utgreiing opp på skjermen min.

Skorpen fortel:Sjølv har eg aldri livnært meg av hummerfiske, men eg budde i nærleiken av slike som prøvde, og visst fanst også lange tenger av tre. Når hummaren ville leve familieliv om sommaren, kraup den ofte under store steinar på grunnt vatten og avslørte seg ved å sparke fram fersk sand. For den tålmodige gjekk det å legge mat framfor desse steinar og sidan liste seg mykje forsigtigt ned med tanga når hummaren åt.

Messt brukte reiskap var ruser og teiner. Messt teiner. I ruser venta ein seg like mykje raudtorsk. Teinene som var ibruk i min ungdom var ”tågeteiner”, fletta av ulike sortar greinvirke. Liknande reiskap var frå gamal tid også mykje brukt i det skandinaviskeinnlandet til fiske

etter lake (stor, brosmeliknande ferskvattenfisk). Og desse ”tågar” som også lappane brukte, var oftast henta frå granrøter.

I min barndom fanst meir rasjonell produksjon, det var sponteiner som gjaldt. Desse var fletta av 4-5 cm breid trespon. Det bruktest også tre-tunner som montertes strutar i. Desse fiska visseleg godt – særskilt krabbe, men var urimeleg tunge å få inn i båt, då dei for å søkke, måtte lastast med mengder av stein.

Når hummaren kom tidleg på sommaren, var den oftast å finne på grunne fluer i yttre skjærgarden, og fiskarar som dreiv meir rasjonellt låg då ute heile natta. Redskapet var då ”fallteiner” – eit cylinderforma reiskap av not som var heilt ope på oversida. Hummaren kraup lettare i desse, - men den kom seg også lett ut. Dei drogs difor ofte etter ein time, og måtte dragast rasande fort. Elles fanst mange heimegjorde variantar av hummarteiner, - ofte ein cylinder av hatleband og trespiler innbunde med kokustråd og med to strutar på ovansida.

Ragnar Skorpen om hummarfiske

Av Hermund Kleppa

Den slutlege og dominerande løysing på hummar-reiskapet kom etter kriget og vart deseina iMåløy. Den kallast alment ”Kråkebollen” og består av eit samansveisa kuleskelett som er drege not over og har ein konforma plaststrut på toppen, som også fungerar som inspeksjonsluke. Søkk-tyngda lagar fiskarane sjølve, og den består oftast av ein betongklump i botnen. Desse reiskap har den fordel at dei lettare kjem heilt til bottnen der det finst tare.

Det er no meir desse teiner som brukast også til krabbefiske, men ved bruk i fredningstida for hummer må dei utrustast med eit s.k. rymmingshål (for hummar) for å vere lovlege.

I mindre skala finst også ein type importerte, kasseliknande japanske teiner av not på stålkonstruksjon.Desse er også bra fiskelege redskap, og har den fordelen at dei med eit handgrep kan kompaktpakkast så dei nessten ikkje tek plass.

Page 16: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

16 17

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

I registreringsarbeidet dukkar det med jamne mellomrom opp saker som skil seg ut frå det jamne sakstilfanget. Denne gongen var det ein tenesteattest, ”vedteken” og utskriven av kommunestyret i Lærdal som fekk meg til å stogge opp. Ein slik strålande attest ! Dette måtte vere litt av ein postmeister. Men denne vesle

saka fortel oss fleire ting, ikkje berre om postmeister Olsen. Ho fortel om ei tid der kommunal administrasjon mest var eit framandord, i alle høve langt frå vår oppfatning av det kommunale administrative systemet. I dagens Lærdal ville neppe ein tenesteattest blitt forfatta og skriven ut av kommunestyret. Slikt har vi kommunalt tilsette som tek seg av. Attesten er og eit døme på at formannskapsprotokollane også kan innehalde mykje posthistorie, sjølv om Posten vart ein statleg institusjon alt i 1719.

Men tilbake til attesten. Her er det ikkje spart på konfekten. Dei var sanneleg ikkje redde for å dele ut fagre ord desse karane.

Lærdal kommunestyre 28. februar 1894: Sak 24.

Av Kjerstin Risnes

Formannskapsprotokollane er ei framifrå kjelde om den kommunale kvardagen, politikk og tidlegare tiders offentlege forvaltning - ei kjelde som no vert lettare å få auga på gjennom Møtebokprosjektet, der vi registrer formannskaps- og kommunestyresaker frå 1837 og framover på Internett. Desse opplysningane kan du finne ved å gå inn på Fylkesarkivet sine Internettsider.

Attest frå ’Lærdal Herredsstyrelse’

Lærdal postkontor 1894-95. Posten levde eit litt omflakkande

tilvære. Her i huset til Anders Grøndal heldt Posten til i to

periodar, fyrst som postopneri 1846 – 1854, og deretter som

postkontor i åra 1894-1895. Men det var ikkje her postmeister

Olsen heldt til. Då han overtok som postopnar i 1878 etablerte han seg med heimekontor, som

det heiter i dag.

”Da Postmester Jakob Olsen har anmodet om - at Lærdals Herredsstyrelse vilde afgive sin Erklæring angaaende hans Virksomhed som Postaabner og senest som Postmester her i Bygden finder Herredsstyrelsen at kunde udtale - at Postmester Jakob Olsen under sin virksomhed altid har udvist en exemplarisk Orden Nøiagttighed og Paalidelighed - og han har været saa i mødekommende og velvillig over for en hver der har hendvendt sig til ham i Egenskab af Postmand - at vi ikke troe at han i den Henseende kan overgaaes af nogen, og at han, når hans Raad eller Veiledning har været paakrævet altid har givet denne med lige saa stor Velvillie som Kyndighed, - der er derfor ogsaa kun en mening om, at Postmester Jakob Olsen til alles fulle Tilfredshed har udfyldt sin Stilling som Postaabner og Postmester her i bygden. Man skal også tilføie at han har fungeret som Forligelseskommissær i 18 år og at han har røgtet ogsaa dette hværv med stor Dygtighed og udpreget Humanitet”.

Kjelder: -- Formannskapsprotokoll for Lærdal kommune ,1891 – 1900

-- De Sandvigske Samlinger – Postmuseet. Nettutstillinga ” I hus og hytte”

-- Laberg, Jon: Lærdal og Borgund, Bygd og ætter. Bergen 1938.

Page 17: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

16 17

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

I bygdeboka for Luster, band III, Dale 2 og Nes sokn, finn eg mellom anna dette om henne: Brita Hansdotter Urdahl, fødd 12.11.1868 på Søvde (bnr. 3), døydde 19.02.1954 på Søvde. Ho stelte heime for foreldra og sidan hjå faren, Hans Urdahl til han døydde i 1913. Ho flytte så til systera Metta (gift med lærar Magnus H. Takle) i Vikadalen og i 1915 med familien hennar til Hetland i Rogaland. Ho var hushjelp hjå dei til kring 1924. Då broren Lars vart enkjemann i 1924, flytte ho heimatt til Søvde og stelte huset hans.

Fraa LysterDet hender sumt her i Luster og, som eg meiner, det burde staa litt um i bladi.

No siste joldeag var Brita Urdahl og fleire av hennar skyldfolk, prestens medhjelparar og ein del andre bodne inn til presten Halvorsen etter preiki paa Dale. Presten hadde nemleg fenge den æra aa gjeva Brita ei gaava, matskei og teskei av sylv i varkassa, fraa Bergens dyrebeskyttelsesforeining, for at ho i 16 aar hev vore budeia hjaa far sin og stelt kyrna, som amtsdyrlækjar Mossige, segjer: ”Paa en paaskjønnelsesværdig maade.” Presten heldt ei kort tala, der han i velvalde ordelag tala um det gilde arbeid aa vera budeia, som diverre no i vaar tid ofte vert so lite vyrdt. Men det er

daa godt aa sjaa, at det finst dei som held dette arbeidet i æra, og Brita Urdahl er netupp ei slik bondegjenta, som gjerer slik maate, at ho hevjar det til æra, og er soleis eit godt fyredøme for andre. Det var med stor gleda presten yverrakte henne denne gaava fraa Bergens dyrebeskyttelsesforeining. Det

er gildt aa hava slike gjentor, som korkjen Amerikahug eller bysott bit paa. Slike er det som byggjer landet.

Ho Brita er budeia baa vetter og sumar, og tek du ein tiur fram paa Breisæter um sumaren so kann du vera stød paa aa treffa ho; alltid i same godlaget. I ei handvending vert maten sett paa bordet og - ”Det skal ikkje vert matmaalet. magert, so sant mathugen berre er stor.” [Merknad: Eit ordtak?

Misprenting?] Og prate gjeng med lent og løgje, so du veit ikkje av fyr kvelden er komen, og du maa skunda deg paa heimveg.

Men det er ikkje alltid berre moro paa stølen. ”Naar kyrna slær seg vrange og legg seg framme i fjelle dei myrke haustkveldar, daa er det ikkje moro aa reisa paa leit. Men ho Brita hev gjenge so mang ein gong baa Hamarsdal og Fandersdal i regn og snøsletta, rennande vaat like til skinnet. Men pytt sann kva gjere det, naar ho bert finn kyrna og kjem heim og fær byta trurt paa seg, so er ho like lentug.

I Ungdomslaget er ho ein stød og god medlem. Fleire gonger hev ho vore med og synt fram spelstykke og hev der alltid gjort det framifraa, og anten det er som bladstyrar eller upplesar ho vert vald, so greider ho det alltid pent fraa seg.

Brita Urdahl var vel verd den heidersgaava ho hev fenge, og gildt var det, at byfolk vilde visa henne slik vyrdna.

k

”..gjentor som korkje Amerikahug eller bysott bit på..”

Av Hermund Kleppa

For ei tid sidan stogga eg ved ein personomtale i eit nummer av Sogns Tidende frå 1904. Stykket har overskrifta Fraa Lyster og handlar om Brita Hansdotter Urdahl (1868-1954). Ei lita sommarsak i Kjelda, tenkte eg, og ordna meg med ein kopi. Og kvifor? Det er ei 100 års-sak. Stykket handlar om ein kvardagsslitar, ei kvinne, ei budeie, ei tenestegjente, eit omsorgsmenneske, ein dyreven, ein premievinnar. Difor! Og dessutan er stykket eit greitt døme på tidleg bruk av landsmål/nynorsk i lokalavisene.

Årdal skild ut frå Lærdal som eigen kommune frå 1. januar 1860.

Ein skulle tru at denne saka ville ha vore mykje handsama i møteboka til Lærdal formannskap før dette endelege skilsmålet, men nei, her er det ingenting å finna. Det me kan sjå er at årdølene ofte var forhindra frå å møta fram på formannskaps- og representantskapsmøta som som oftast vart haldne på Lærdalsøyri. Som regel var det uver eller meinis som var årsaka, men elles ser det ut til at årdølene ikkje alltid var så ivrige etter å møta, og ved møteforsøming utan gyldig forfall var det etter lova straff med bøter.

Årdølene møtte siste gongen i kommunestyret i Lærdal den 27. september 1859. Delinga av kommunen vert ikkje nemnd i referatet. Den 14. november same året var det eit konstituerande møte med ordførarval i Årdal, og dei tykte vel at dei var i gang på eiga hand med det. I alle høve møtte ingen frå Årdal på neste møte som var det siste møtet i Lærdal i 1859, den 10. desember. Kommunedelinga vert ikkje nemnd med eitt ord, men i siste saka, sak nr. fire, kjem avskilsorda frå Lærdal kommunestyre: ”Da samtlige Formænd og Representanter fra Aardal ikke afgave Møde ved Forsamlingen i Dag blive disse at ilægge en

Å skiljast som vener…

Av Berit Selseng

(framhald side 20)

Page 18: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

18 19

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Arbeidet med å samla inn stadnamn er tidkrevjande. Metoden den gongen var om lag slik:

1. Føra namnet opp på liste med merknad om namnet, gardsnummer, bruksnummer m.m.

2. Merka av på kart kvar namnet er plassert

3. Lesa uttalen inn på lydband

4. Skriva ned informasjon om opptak, informantar, om lister med meir som høyrer til kvart kartblad

5. Senda materialet til Fylkesarkivet for handsaming.

Fylkesarkivet sine oppgåver har i hovudsak vore:

1. Føre oversyn over alt arbeid og registrera innkome materiale

2. Få materialet vitskapleg handsama, mellom anna lydskrift, koding med meir

3. Dataregistera materialet i Fylkesarkivet sin stadnamndatabase

4. Digitalisera x og y-koordinatar slik at namna kan visast på digitale kart på Internett.

Fylkesarkivet starta på alle desse oppgåvene i 1985 og 1986, men det har ikkje vore midlar til å fullføra dette.

Arbeidet med slutthandsaminga av stadnamna har vore eit spleiselag

mellom Fylkesarkivet og den einskilde kommune. Tabellen avspeglar kva kommunar som har inngått avtale med Fylkesarkivet om dette. Me vonar no at me kan koma vidare med dette og få fullført det som står att i løpet av 5 år. Kolonna innsamla namn viser stadnamn som vart innsamla fullt i samsvar med metodane i 1985/1986. Ein del namn må gjennomgåast og tilpassast, og desse utgjer kring 10.000-15.000 stadnamn. Det er og kome inn ein del namn som ikkje er kome med i dette oversynet enno. Difor kan tal handsama namn for eit par kommunar vera større enn innsamla namn. Som tabellen syner, står det att vel 100.000 stadnamn før arbeidet med slutthandsaming er ferdig. Slutthandsaming omfattar mellom digitalisering av x-y-koordinatar.

Døme frå alle kommunaneI desse dagar legg Fylkesarkivet ut stadnamn frå alle kommunane. For dei kommunane som ikkje har gjort avtale omhandsaming, legg me ut kring 4-500 stadnamn slik at dei kan sjå kva teneste dei vil få. Det etter kvart kome mykje betre digitale kart, og Fylkesarkivet vil oppdatera desse i løpet av sommaren. Mellom anna vil eigedomsgrenser koma med. Ein del kommunar har og fått teke flyfoto eller sokalla ortofoto. Desse kan orienterast slik at brukarane kan velja å sjå stadnamna på vanlege kart eller på flyfoto. Føremon med flyfoto er at kulturlandskapet kjem betre fram. For tida arbeider me med handsaming av stadnamn frå Solund og Flora. Kostnaden med slutthandsaming vert som sagt delt mellom Fylkesarkivet og den einskilde kommune

Forsking og formidlingI arbeidet med forbetra stadnamntenester, vil me og utvikla fleire og betre søkefunksjonar slik at ein kan

Betre stadnamnteneste på Internett

Av Gunnar Urtegaard

I 1985 og 1986 gjennomførte Fylkesarkivet og dei 26 kommunane i fylket ei stor stadnamninnsamling. Eit nært samarbeid med arbeidsformidlinga gjorde dette mogeleg. I alt vart det samla inn kring 250.000 stadnamn.

Stoda for innsamla namn og vidare handsaming pr. 1.6.2004.

Page 19: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

18 19

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

nytta materialet i fleire ulike samanhengar. Stadnamn er eit spanande forskingsmateriale, og dei er og ei svært sentral kjelde til forståing av kulturlandskapet. Gjennom den forbetra stadnamntenesta vonar me å nå fram til fleire brukarar og gjerne finna nye bruksområde (sjå fig. ovanfor).

Frå fragmentering til samanføringStadnamna Åtevika og Ladberget

Gjennom den forbetra

stadnamn-tenesta

vonar me å nå fram til

fleire brukarar og gjerne finna nye

bruksområde.

i Gulen vart i si tid registerte på lister og på kart og uttalen vart teken opp på lydband. Desse vart så lagra i Fylkesarkivet kvar for seg. Stadnamna høyrer sjølvsagt til ute i naturen med uttalen og den lokale kunnskapen som det sentrale. Det er ikkje mogeleg å ta vare å alt dette i si naturlege form, men me legg no opp til ei forbetra stadnamnteneste der me freistar å føra saman delane så godt som det let seg gjera.Døme ovanfor er frå Gulen.

Her er det digitale kartet bytt ut med flyfoto. Ved å klikka på stadnamnet på biletet, vil ein få opp ei liste der ein kan lesa om namnet, høyra uttalen i 1985 (høgtalarsymbolet) og det vil verta høve til å leggja inn foto eller video av den staden der namnet høyrer til. Ved å klikka på kartsymbolet, vil brukaren få vist eit kartutsnitt eller flyfoto som viser plasseringa. Den nye tenesta vil vera på plass i løpet av sommaren.

Av Jørgen Asperheim

“Stadnamn fortel oss--”Stadnamna er ein del av kulturarven vår, og det er såleis viktig at ein har eit medvite forhold til desse namna. I Årdal har me mykje natur og eit rikt tilfang av namn på denne naturen, og det å skildra staden med namn er ein praktisk måte å hugsa namna på. Denne DVD-serien syner bilete av staden og fortel om namna, og er meint å vera eit bidrag til framtidig læring og bruk av naturen vår. Forutan

Dette er tittelen på ein CD-serie om stadnamn frå Seimsdal i Årdal. Kvar CD-plate har sitt avgrensa område og inneheld bilete, tekst og innlesen tale med forkalring om stadnamna. Serien er produsert av Jørgen Asperheim, med god hjelp av eldre seimsdøler.

Jørgen Asperheim fortel her om CD-prosjektet, og bakgrunn for dette arbeidet.

grunneigarane, så er det jægrar og turgåarar som er viktigaste målgruppa, og eg registrerar ei levane interesse for å få kunnskap og kjennskap om nettopp stadnamna våre. Det viktigaste er at folk veit kva stader ein pratar om.

I min oppvekst på Asperheim i Seimsdalen vart eg godt kjend med mange av stadnamna i dalen.

(framhald neste side)

Page 20: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

20 21

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Det fanst namn på omtrent kvar einaste liten haug eller andre terrengformer som utmerka seg. Eg tenkte nok ikkje over kvifor desse namna fanst. Det var berre så naturleg, og det var svært så praktisk når me skulle sei kor hen me var, -såg dyri, - skulle hogga ved, o.s.v.

Eg vart spesielt interessert i bakgrunn for stadnamna, særleg dei som hadde namn etter spesielle hendingar og segner. Til 100 års-jubileet i Seimsdal Ungdomslag deltok eg i arbeidet med å fotografera nedre del av Seimsdalen og skriva på stadnamn. Resultatet av dette arbeidet vart ei tavle med illustrasjonar av ca 80 namn, som heng i Ungdomshuset.

I det moderne Årdal har namnedauden vore stor og gamle namn har vorte erstatta av nyare namn, men me har framleis mange gode informantar som kan historia si, og stiller meir enn gjerne opp for å hjelpa til så historia vert mest mogleg ekte.

I Årdal vart det også utført eit registreringsarbeid over stadnamn for ca 10 år sidan etter initiativ frå Fylkesarkivet. Frå før hadde me boka om stadnamn i Årdal av

Sigurd Dahl Midtun, med tolking av namna. Båe desse bøkene har vor interessante og viktige for meg i arbeidet med å forstå betydninga av stadnamna.

Saman med Torgeir Jevnaker (forteljar) starta eg dette arbeidet for vel 3 år sidan på eige initiativ. Det måtte til både ny PC og DVD-spelar etter kvart. Fotoutstyret vart også fornya undervegs, og bileta er tekne frå både båt og fly. Resultatet vil me etterkvart dela med alle som er interessert. Dei første to CD-platene vert klare for salg like over ferien.

Serien består av tre Cd-plater med kvar sitt tema, og kan synast på TVèn med ein DVD-spelar, eller på PC.

CD 1: “Stadnamn langs strondi” fortel om namna langs strondi frå Årdalstangen til Ytre Ofredal.

CD 2: “Den gamle ferdslevegen frå Årebru til Sjursete” fortel om namna på Asperheimsida.

CD 3: “Den gamle ferdslevegen frå Nesagranden til Feninga” fortel om namna på Seimsida.

Å skiljast som vener..

(frå side 17)

Mulct af 60 sk. for hver. De Udeblevne ere: Anders Haaversen Hestethun, Erik Eriksen Offerdal, Halver Wilkensen Seheim, Ole Halvorsen Asperheim, Niels Ludvigsen Holther, Helge Olsen Hereid, Sjur Jensen Aarebroe og Eivind Tostensen Hjelle.”

Neste sommar føretok dei ”skiftet”, med deling av fattig- og skulestellet, noko Lærdal ikkje sette seg imot, dersom Årdal ”icke tilsøgtes fritaget, for alt Fællesskab med de øvrige Sogne allerede paadragne Forpligtelser eller Udligninger i Skole- og Fattigvæsenets Anliggender, navnlig med Hensyn til den under 10. December f. A. forhen besluttede og bevilgede Istandsættelse af den faste Skoles Lokale paa Lærdalsøren.” Altså vedteke og løyvt på det siste møtet der ingen frå Årdal møtte.

Takk og far vel frå Lærdal!

Frå side 19

Husmanns-plassen Rinden under Seim. Plassen er teken godt vare på av slekti. (Foto: Jørgen Asperheim).

Seimsdalen frå lufta. (Foto: Jørgen Asperheim).

Page 21: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

20 21

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Særmerkte stadnamn

Ein stor og kanta stein på garden Løken i Eid kommune heiter Sefrusteinen - eit spesielt stadnamn som får ein til å undrast over mogleg opphav til namnet. Under opptak av stadnamn på Haugen for fleire år sidan kom vi i snakk om desse to stadnamna. Olav Haugen attfortalde då noko han hadde høyrt fortalt då han samla inn stadnamn. Historia presenterte vi i Kjelda 1/2001.

Etter at historia stod på trykk første gongen har Olav Haugen forska vidare på opphavet til stadnamnet Sefrusteinen. Historia inneheldt frå først av både romantisk kjærleik, heimlengt og personleg tragedie. Framleis er det delar av historia som er uklår, og vi kan tru og spinne vidare på historia, men vi har i alle høve

fått ein menneskelagnad å knyte historia til.

Kvinnenamnet Sefrue eller SigfridOlav Haugen meiner at namnet Sefrue er ei forvansking av kvinnenemnet Sigfrid. I kyrkjeboka frå denne tida kan ein sjå kvinnenamna Ingeborg eller Ingebjørg skrivne som Engebor. Denne Sefrue som har gjeve namn til ein stein på Løken og ei husetuft på Haugland, voks opp på Haugland, gard nummer 38 bruk nummer 4 i Eid. I den tida vart garden kalla Tippen.

Sefrue Jonsdotter skulle bu på Haugland, men eg finn henne ikkje i bygdeboka under Haugland. Bruk nr. 4 hadde fleire mannlege eigarar som heitte Jon. Men desse som heitte Jon passar ikkje i alder til å vere far til ”vår” Sefrue. Kan hende var familien ein husmannsfamilie? Husmannsfamiliar blei ikkje tekne med i bygdeboka. Jacob Aaland sine bygdebøker har berre med eigarane eller brukarane av bruka. Som fødd finn vi heller ikkje

Under etiketten ’Særmerkte stadnamn’ vil vi med ujamne mellomrom skrive noko om stadnamn som har ein historie eller ei segn knytt til seg. (Segnene kan vere vandresegner, mytiske segner, historiske segner eller opphavssegner.) Det vil ikkje vere noko vitskapleg presentasjon av stadnamna, men ei formidling av lokal, munnleg tradisjon. Nokre stadnamn kan ha ei humoristisk forteljing knytt til seg, andre kan ha ei tragisk eller dramatisk historie.

Munnleg tradisjon kan endre seg med tida og bli fortalt forskjellig ettersom kven ein snakkar med. Forskjellige grender eller familier kan har forskjellige historiar med det same opphavet. Dei kan og ha kvar sine stadnamn på den same staden. Den versjonen av soga eller stadnamnet som blir presentert her vil ikkje ha noko høgre autoritet enn andre versjonar.

Formidlinga gjennom denne spalta skal ikkje vere nokon endeleg godkjenning av ein munnleg versjon, men vi vonar at ho skal fungere som ein inspirasjon til å ta vare på og formidle desse stadnamna, historiene og segnene vidare til nye generasjonar ”Sogn-og-Fjordingar” og til alle oss innflyttarane som gjerne vil lære om staden der vi bur.

Sefrusteinen

Av Olav Haugen og Randi Melvær

(framhald neste side)

Sefrusteinen sett frå aust:

steinen på Løken i Eid kommune

ligg no i krattskogen.

Tidlegare blei skogen

halden i sjakk av beitande husdyr. Her

sat truleg Sefrue

Jonsdotter frå Tippen mange

gongar.

Page 22: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

22 23

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Sefrue i kyrkjeboka, då den første kyrkjeboka for Eid ikkje byrjar før i 1722. Sefrue blei fødd i 1697.

Tenestejente på Løken?Sefrue frå Tippen skal ha vore tenestejente på Løken. Det var sikkert gjævt å få vere tenestejente der, sidan bruk nummer 1 under Løken var ein skrivargard. Skrivaren Peder Claussen Paust kjøpte bruk 1 i 1700. Kva for bruk Sefrue var tenestejente på veit vi heller ikkje, men det kan ha vore bruk 1. Dersom Olav Haugen har funne den rette Sefrue - så blei ho fødd i 1697. Kor gamle var jentene når dei måtte ut og tene? Viss ho var 13 år då reiste heimanfrå, kom ho til Løken i 1710. Då var det enkja etter Peder Claussen Paust som var brukar, Margrete Dortea Kjær.

Korleis hadde tenestejentene det tidleg på 1700-talet? Hadde dei eige rom eller sov dei på fjøslemmen? Budde dei på eige rom om vinteren og på fjøslemmen om sommaren? Korleis ho budde veit vi ikkje, men ho skal ha vorte gravid som ugift jente. Tidleg på 1700-talet var dette rekna som stor synd og skam av kyrkja og prestane. Det var endåtil ulovleg å få barn utanfor ekteskap, og mange blei straffa. Eg viser til ein artikkel i Kjelda 3/2000 som fortel noko om dette. I kyrkjeboka for Eid hadde presten eit eige felt for ”Oficielt Absoluterede og Reprimanderede”. Her kan ein lesa namnet til andre ulukkelege jenter frå denne tida som blei refsa av presten. Eg finn ikkje vår Sefrue her.

Heimatt med brotne vonerSefrue skal ha reist heimatt til Tippen for å få barnet. Familien

tykte truleg både at det var skammeleg, og at det blei ei ekstra økonomisk bør å forsyte av ei vaksen jente og spedungen hennar. Dette var heilt sikkert ei stor påkjenning for henne. Ho var gjerne glad i barnefaren og sakna han, eller hadde hatt von om ein betre levemåte i lag med barnefaren? Dette kan vi ikkje vite noko om. Planlagd var det truleg ikkje.

Sefrue vart gift seinare i livet. Olav Haugen funne Sefrue i Jacob Aaland si bygdebok for Eid, og denne Sefrue Jonsdotter blei gift med Ola Danielson. Dei budde på garden Løken, gardsnummer 19 bruk nr.4. I kyrkjeboka finn me dei som ”Trolofede” den 7. juni 1736. Den 24. november same året gifta dei seg, og vi finn dei som ”Copulerede i Starems Kirche”. Ola Danielson hadde før budd i Bjørkedalen før han kom til Løken.

Endå eit tungt slag for SefrueMen, livet for ikkje fint med Sefrue no heller. Ho fekk ikkje gleda av å bu på Løken så lenge. I 1742 vart ho enkje, då mannen døydde berre 28 år gamal. Truleg åtte ikkje Ola Davidsen og Sefrue bruk 4 på Løchen, dei kan ha vore leiglendingar. Broren til ektemannen, Rasmus Danielson tok over bruk 4 i 1744 og då måtte Sefrue enno ein

gong reise attende til Tippen. Ho budde i eit hus som har vore kalla Sefrutufta.

Sefrue Jonsdotter skal ikkje ha klart å syte for seg sjølv i alderdomen, og ho skal ha kome på legd. Den 30. januar 1763 blei ho gravlagd på kyrkjegarden i Eid. Ho blei ført inn i kyrkjeboka som Sigfrue Joensdtr. Löchen, 66 år. Same dagen blei og ein Joen Olsen, Löchen 26 år gravlagd. Dette kan ha vore Sefrue og Ole Danielson sin son som døydde omlag samstundes med mora.

SefrusteinenAkkurat kva som var tilknytinga mellom Sefrue og den flate og kanta steinen på Løken i Eid veit vi ikkje sikkert. At ho sat der og lengta tilbake til livet på Løken og ektemannen som døydde så altfor ung kan vere ei forklaring. Ei anna forklaring er at ho skulle ha bli pynta til brud der eller at ho vart med barn der, men det er vel ikkje så truleg at brurepyntinga gjekk føre seg utandørs.

Fylkesarkivet tek gjerne imot fleire opplysningar om Sefrusteinen og Sefrue frå Tippen.

Kjelder:- Stadnamninnsamlinga for Eid kommune- Olav Haugen- Kyrkjebok for Eid på mikrofilm, HF 802 og 803.

- Aaland, Jacob: Nordfjord fraa gamle dagar til no ... Eid-

Hornindal 1909.

Olav Haugen har gjort ein stor jobb med å samle stadnamn frå Eid.

Frå side 21

Page 23: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

22 23

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Psykiatrisk sjukeheim på HarastølenLuster Sanatorium vart nedlagt i 1958. Året etter vart det oppretta ein psykiatrisk institusjon i lokala på Harastølen. Luster Sjukeheim, Harastølen vart etablert som følgje av at Rosenberg Asyl i Bergen vart nedlagt. Pasientane ved den psykiatriske sjukeheimen var difor heimehøyrande, ikkje berre frå Sogn og Fjordane, men og frå Hordland, Bergen og frå andre stader i landet. På det meste var det kring 175 pasientar der i den fylkeskommunale institusjonen.

Psykiatri-reformPå slutten av 1980-talet kom ein større psykiatrireform i Noreg, som innebar nedbygging av dei større døgn-institusjonane.

I staden satsa styresmaktene eit breitt spekter av nye og mindre tiltak, mange plassert ute i kvar einskild kommune. Det var poliklinikkar, dagsentra og kommune-helseteneste. Men ein fekk og nye regionale tenester innan psykiatrien: vaksenspykiatriske arbeidsgrupper, barne- og ungdomspsykiatriske

poliklinikkar og familievernkontor

I 1990 var det ca 70 bebuarar att på Harastølen. Av desse var om lag 55 heimehøyrande i Sogn og Fjordane. 35 vart attendeført til sine ”heimkommunar”. Resten vart flytt til ein mellombels oppretta fylkeskommunal døgn-avdeling i Gaupne, Luster. Først

Arkivmateriale frå Luster Sjukeheim, Harastølen

Av Snorre D. Øverbø

Arkivet til Luster Sjukeheim, Harastølen er no omsider avlevert til Fylkesarkivet, 13 år etter at institusjonen vart nedlagd. Det er verdfull historisk dokumentasjon som no er sikra. Arkivaliene er frå ein periode då psykiatrien i fylket var lite utvikla, og fagmiljøa i stor grad var plassert utanfor fylket, i Bergen. Det var først på 1990-talet at eit Sogn og Fjordane fekk eit psykiatrisk helsetilbod på line med resten av landet. Arkivet vil vere viktig del av kjeldegrunnlaget for ei framtidig psykiatrisoge i Sogn og Fjordane.

i 2004 vart denne mellombelse løysinga nedlagd. Det året opna det nye psykiatrisentret for Indre Sogn på Rutlin i Sogndal.

Om arkivetSom dei fleste institusjonsarkiv består arkivet av pasientdel og ein administrativ del. No i mai vart altså pasientjournalane avlevert. Det utgjer 2,6 hyllemeter med dokumentasjon av pasientar sidan oppstarten i 1959. Tidlegare har vi motteke den administrative delen av arkivet. Det er meir generell korrespondanse, rekneskap, møtebøker, årsmeldingar og personalmapper. Førebels er denne delen av arkivet uordna.

Totalt utgjer arkivet 5 - 6 hyllemeter. Arkivet er klausulert, og innsyn vil berre gjeven med heimel i lov og forskrift (forvaltningslov, pasientrettigheitslov o.l.).

Harastølen, Luster. (Eigar: Fylkesarkivet).

Page 24: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

24 25

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Ambassaden skriv at ”Herr Gardner [finansministeren sin assistent] kjøpte før krigen noen norske tøfler som han har vært saa fornøyet med at han naa svært gjerne vil kjøpe flere par av samme type og kvalitet…” Herr Gardner sjølv kjende ikkje til kvar i Noreg desse skoa var produsert, men ambassaden har konkludert med at det er Aurlandstøflar eller Aurlandssko. Dette har dei komme fram til ved å studere ei skisse som Herr Gardner laga av skoa sine.

Ambassaden hadde lova Gardner å ta seg av saka, og sidan dei no har funne ut at Gardner sine favorittsko var produserte i Aurland, ber ambassaden ”…ordføreren om aa undersøke hvorvidt der er noen i Aurland som kan ta paa seg aa lage disse 3 – 4 par for denne framstaaende amerikaner”. Ambassaden kan fortelje at tøflane er handsydde og laga av norsk ”hjemmegarvet” skinn. Av den vedlagte skissa til herr Gardner kan ordføraren sjå korleis skoa skal sjå ut.

Men det var ein ting som var mest like viktig som utsjånaden på skoa: lukta. I brevet frå ambassaden vert det presisert at skoa ”…lukter framdeles sterkt av en eller annen bark, antagelig bjørk”. I ein kommentar til skissa si skriv herr Gardner sjølv at ”this leather has a wonderfull odor or smell of pine or a tree bark”. Dei er einige om at skinnet luktar av tre, men om det er bjørk eller furu (pine) får vi kanskje aldri vite. Det som er heilt sikkert er at lukta var viktig for herr Gardner og ambassaden skriv i ein parantes at ”vi forstaar at hr. Gardner er meget begeistret for denne barklukten”. Utsjånaden og lukta på skoa var altså særs viktig å få rett. Ambassaden presiserte difor i eit av breva sine ”…at prisen spelar liten rolle, dersom moccasinene er tilfredsstillande”. Eg tør

ikkje seie noko om prisnivået på sko i 1948, men kan opplyse om at dei fire para til saman kom på kr. 240,-

Det første brevet frå ambassaden vart starten på ein korrespondanse som totalt omfattar 6 dokument med vedlegg. I tillegg til at korrespondansen må seiast å vere omfattande, kan også dateringane på breva fortelje om at formannskapet i Aurland prioriterte denne saka. Det første brevet frå ambassaden var datert 19. november og allereie 2. desember kunne formannskapet sende svar attende til ambassaden om at dei no hadde funne ein skomakar som kunne ta på seg arbeidet.

Formannskapet hadde kanskje visse baktankar med å involvere seg i denne saka. I same brevet som dei fortel at dei har funne ein skomakar, stiller dei spørsmålet: ”Kanskje dette og kunde ha noko å seie for eventuell eksport av slike skor?” Eg veit ikkje om kommunen hadde venta seg noko initiativ frå ambassaden på dette spørsmålet, og i så fall må dei ha blitt litt skuffa. Ambassaden nemnde ikkje eksport med eit ord i sine seinare brev.

Saka om aurlandsskoa kom kort etter krigen, og det var naudsynt med eksportlisens for å sende skoa til Amerika. Aurland kommune søkte difor

Ambassadejakt på Aurlandssko - med god lukt

Av Karianne Schmidt Vindenes

I 1947 fekk ordføraren i Aurland eit formelt brev frå den norske ambassaden i Washington D. C. Ambassaden hadde fått ein førespurnad frå assistenten til den amerikanske finansministeren, og trong hjelp frå ordføraren i Aurland til å løyse denne viktige saka.

Page 25: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

24 25

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

det Kongelige Forsynings- og Gjenreisningsdepartement om ”…eksportlisens for 4 par Aurlandssko”. I søknaden skriv formannskapet at dei har fått i oppdrag å skaffe ”…Aurlandssko for Mr. Gardner, U.S. Department of Treasury…”, og dei sendte med avskrift av det første brevet frå ambassaden.

Ambassaden var sjølvsagt klar over at det var naudsynt med eksportlisens for skoa og opplyser om at ”dersom det skulle bli vanskar med å oppnå eksportlisens for sendinga, ber ein om melding straks, då ambassaden i så fall skal ordna lisensspursmålet med Forsyningsdepartementets direktorat for Eksport og Importregulering i Oslo”.

Det er tydeleg at dette var ei viktig sak og at ein var klar til å nytte dei kanalane ein kunne for at saka skulle gå i orden. Eg kan ikkje sjå at Aurland kommune har motteke noko svar frå Forsynings- og Gjenreisningsdepartemantet, men skoa vart likevel sende.

Attende til sjølve skoa: I eit av breva sine kunne formannskapet opplyse om at ”skomakaren skulle forsøke å gjera skoa mest mogeleg lik de skor som hr. Gardner tidlegare har kjøpt, om kvaliteten vert akkurat den same som før krigen torde han ikkje seie, men han skulle laga skoa so gode som det på nokon måte gjekk an å få dei”.

Ambassaden var nøgd med at formannskapet hadde funne ein skomakar, men i eit svar presiserer dei at det er særs viktig at skinnet og lukta vert lik dei gamle skoa: ”Det ser ut til at det er svært om å gjera for Mr. Gardner at moccasinene får den same garvelukten som prøven, så ein vonar at skinnet kan garvast på same måte og med same resultat”. Ambassaden legg også til at fargen på dei gamle skoa til Gardner var gule, og han ynskja at dei nye skoa skulle få same farge.

Skomakaren tok ynskja til Gardner alvorleg og fekk tinga særskilt garva lær ”frå byen”. I følgje formannskapet la også skomakaren ”…serskildt arbeid

på skoa for å få dei så gode som muleg”. På grunn av at skomakaren måtte få henta lær frå ”byen” gjekk det litt lenger tid med arbeidet enn det skomakaren hadde rekna med. Men tre månadar etter at det første brevet vart motteke, kunne formannskapet informere ambassaden om at dei ”sender (…) pr. luftpost 4 par moccasiner”. Rekninga vart sendt til ambassaden og inkluderte kr. 75,80 i porto, til saman kr. 315,80.

Vi veit diverre ikkje om Herr Gardner vart nøgd med skoa, men vonar at dei svarde til forventningane. Formannskapet skriv i det siste brevet sitt at ”skomakaren sa at han var takksam for å høyra om dette”. Brevet frå formannskapet er det siste i denne saka, så om skomakaren sjølv fekk melding frå Gardner veit vi ikkje.

Kjelder:--- Aurland kommune, formannskapet, korrespondanse/saksdokument, arkivkode 99 Ymse– Diverse skriv 1947 – 1958

--- Aurland kommune, formannskapet, brevjournal 1943 – 1947

--- Aurland kommune, formannskapet, brevjournal 1948 – 1951.

Brevskifte mellom ambassaden i Washington

(over) og Aurland kommune (under). Begge frå 1947.

Page 26: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

26 27

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Jostedalen Historielag fortel på nettstaden sin (http://www.historielaget.jostedal.no/) at dei som fyrste historielag i Sogn og Fjordane opna nettstad den 25. november 2002. Historielaget vart skipa av utflytte jostedøler i Oslo i 1949.

Bygda Jostedal har i dag kring 450 innbyggjarar. Det er stor aktivitet på mange område. På nettsidene til laget kan me lesa at laget arbeider særleg for å ta vare på viktige kulturminne i dalen og å få til aktivitetar med utgangspunkt i kulturminne og historie. Dei siste åra har laget arbeidd for å setja i stand og ta vare på husa på Berget i Fåberg. Tidlegare har laget overteke og flytt det gamle skulehuset i Krundalen til Prestegarden og sett det i stand. Laget har òg sett

i stand det gamle kvernhuset på Nigardsbregrandane.

Kulturminne i samarbeid med FylkesarkivetPå nettsidene til Jostedal Historielag finn me mellom anna lenkjer til ulike tenester frå Fylkesarkivet. Menyvalet Kulturminne peikar mellom anna til sine artiklar i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon. Fylkesarkivet set stor pris på at desse vert nytta på denne måten. Her vil dei som vitjar laget sine gode sider, og finna vegen til anna stoff i Fylkesarkivet eller andre aktuelle basar. Særleg Hermund Kleppa har skrive mange forvitnelege artiklar om kulturminne av ymse slag i Jostedalen.

Orda Jostedal og samferdsle høyrer i hop. Bygda har frå gamalt av hatt samband nordover mot Nordfjord

og austover. Sambandet sørover til Sognefjorden var vanskeleg i eldre, og fleire av artiklane handlar om samferdsle i eldre tid. Saker i møtebok-registeret (sjå artikkel anna stad) har vore gode kjelder i dette arbeidet. Frå historielaget sin nettstad finn me mellom anna lenkjer til artiklar om desse kulturminna:

Jostedal kyrkje Kyrkja er den eldste bygningen og det viktigaste kulturminnet i Jostedalen. Den vesle tømra kyrkja

vart bygt kring 1660 og er rikt dekorert innvendig, truleg i 1716.

Kvernhuset på NigardsgrandaneKvernhuset vart oppsett i 1870-åra og var i bruk til kring 1950. Det vart teke av storflaumen i 1979, men restaurert av Jostedal Historielag i 1980-åra. Kvernhuset står framom Breheimsenteret, like ved brua og 1750-morena.

Gjetarhytta på VivaI Sprongdalen like ved vegen til Styggevatnet ligg ei lita steinbu som vart oppsett for sauegjetarar tidleg på 1900-talet og nytta til 1939. Hytta fekk nytt liv då Jostedal Bygdelag restaurerte henne i 2000.

Flaummerke i JostedalenLike ovanom tunnelen ved Fossøygjelet står retningsskilt til Fossøy og attraksjons-skiltet Flaummerke. Vegen opp dalen gjekk tidlegare tett forbi husa i Fossøy-grenda, men vart omlagd og samstundes bygd som elveførebygging etter storflaumen i 1979. (Søk opp artikkel i Kulturhistorisk atlas og leksikon for Sogn og Fjordane.)

Gamlevegen Mjølver – BjørnsteganeFrå Mjølvergrendi, bygda ved Breheimsenteret, gjekk det frå gammalt av ferdselsveg framover dalen på vestsida av elva - til stølen Bjørnstegane. Vegen vert lite brukt no, men han er framleis godt synleg i terrenget.

Gamlevegen over HaukåsenVed det nedlagde småbruket Husøy kring 12 km oppe i Jostedalen, går det bru over det tronge Haukåsgjelet og veg opp til Vigdal. Jostedalsvegen held fram gjennom tunnell som vart opna i 1959. Langs gjelet syner restar etter vegen som vart bygd her i åra 1889-1891. Før 1891 gjekk Jostedalsvegen høgare oppe, over Haukåsen.

Samarbeid mellom Jostedal Historielag og Fylkesarkivet

Av Gunnar Urtegaard

4

Page 27: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

26 27

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Den gamle ferdselsvegen frå Ormbergstøl til VigdalJostedal hadde i eldre tider to vegar til omverda sør i kommunen. Den eine gjekk ned dalføret til Gaupne. Den andre tok opp frå Ormbergstøl til Vigdal, over Storehaug og ned Dalsdalen til Dale i Luster. Stykket frå Ormbergstøl til Skardet i Vigdal er kring to kilometer.

Dei gamle stølsvegane til StordalenFolk og fe har i uminnelege tider ferdast til og frå Jostedal i nord, - til Gudbrandsdalen over fjellpartiet Handspiki, og til Nordfjord over storbreen. Det vart etter kvart også mykje ferdsle på begge sidene av elva til og frå dei tre stølane i Stordalen - øvste delen av Jostedalen.

Bruer over Leirdøla på JostedalsvegenBrusambandet over Leirdøla på Jostedalsvegen er eit særs interessant stykke veghistorie. Her er to bruer, - ei betongbjelkebru av nyare dato og ei stålfagverksbru frå 1934. Dessutan er det restar etter ei eldre steinbru, og namnet Leirdøla bro innhogge i berget.

Bruene i SprongdalenEin gammal ferdselsveg frå Sogn og Fjordane til Gudbrandsdalen gjekk frå Jostedal over fjellpartiet Handspiki til Sotasæter og Skjåk. Ved kraftutbygging på 1980-talet vart det bygd anleggsveg frå Fåberg opp til Styggevatnet som ligg på vel 1100 m o.h. Vel fire kilometer før Styggevassdammen, kryssar vegen elva på ein stad som heiter Viva. Like ovanom brua er det synlege spor etter to eldre bruer

Den gamle brua over VetledølaFrå Fåbergstølsgrandane i Storedalen (øvste delen av Jostedalen) går Sprongdalen nordaustover opp til Styggevatnet på vel 1100 m o.h. Ein dryg kilometer framme i dalen kjem Vetledøla ned frå Vetledalen. Det kunne vera vanskeleg, jamvel umogeleg, å koma over her når det var stor vassføring og det ikkje var bru.

Stølen på HompedalenPå vestsida av Myklemyr skjer fleire trange gjel seg opp den stupbratte fjellsida. Eit gjel endar opp i den tronge og vanskeleg tilgjengelege Kvernadalen. Eit anna fører opp i eit vidare og opnare lende, meir som ein dal, kalla Hompedalen. Her hadde fleire gardsbruk på Myklemyr sommarstøl.

Ordføraren i Leikanger, Olav Lunden, ny siste periode, har etter kvart markert seg med kreative synspunkt og idear. Somme har fått oppslag i avisene, og dette siste - om å laga til ein ordførarperm for kransepålegging 17. mai, går rett inn i Kjelda.

Det er ein god ide. Lunden kan sjølvsagt - som mange andre - leggja ned krans ”til fylgje av” allmenne ord om fridom og fedreland, om krigsåra 1940-1945, om innsats og offer for å vinna fridomen tilbake, om krig og undertrykking og tvang rundt om i verda i vår tid.

Men dette er ikkje nok for Lunden. Han vil ha handfast kunnskap om dei personane han som ordførar skal heidra på nasjonaldagen. Som ny i ordførarstolen og fødd lenge etter krigen, må han lesa seg opp. Det same må ordførarane som kjem etter han.

Ordførar-ringperm med påskrift:

17. mai, kransepålegging, krigsgraver og minnesteinar over falne

Av Hermund Kleppa

Ein ringperm med påskrifta 17. mai, kransepålegging, krigsgraver og minnesteinar over falne, vil difor vera eit godt hjelpemiddel for å løysa denne ordføraroppgåva på ein god måte.

Minnesteinartiklane i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon passar godt i ein slik ringperm, og eventuelle stykke frå bøker og blad, t.d. Einar Svartefoss sitt stykke om krigsgraver i boka hans 5-årsnatta i Leikanger-permen. Så kan det supplerast med eventuelle manus, foto, avisutklypp m.m. etter kvart.

17. mai 2004. Ordførar Olav Lunden legg ned krans på grava til Anders Eggum som fall under kampane i Valdres i april 1940.

Page 28: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

28 29

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Hverdagshygiene4. Som den fjerde faktor i hverdagens helsestell nevnte jeg mat. I all tid har maten kanskje stått som nr. 1 i bevisstheten som helsefaktor. Både i fredstid og krigsår har den tiltrukket seg interessen. ”Foruten mat og

drikke er helten ingenting” er sikkert et såre gammelt og ofte gjentatt slagord.

Vi vil alle gjerne ha både god mat og nok mat. Den fysiologiske kjemi og livsens erfaring slår seg sammen og viser oss at ensidig kosthold – det være seg aldri så kresent satt sammen – blir utilstrekkelig. Det allsidig sammensatte kosthold har vist seg å være det formålstjenelige.

Det daglige brød skal innholde alle kornets bestanddeler for å være fullverdig. Helmelken skal ha sin plass. Fisk og kjøtt skal ha sitt tilskudd av innmat.

De grønne grønnsaker – bladene – skal være med i grønnsakrettene, ikke bare røtter og frukt osv.

Mange tror at de har en slags medfødt evne til å ”forstå seg på mat”. Vi har både kvinnelige og mannlige kjøkkenskrivere. Men like udugelige er de når det gjelder å ha både innsikt og oversikt over dagsbehovet for seg selv og andre.

Det nytter lite å komme til dette viktige arbeid og til dette betydningsfulle ledd i dagens helsestell som heter maten, uten å vite ganske meget om både hva den skal innholde, hvor meget det trenges, og hvorledes maten skal lages, så råstoffene ikke ødelegges under tillagningen.

Denne viten er ikke medfødt hos noen av oss. Den må læres. Både gutter og jenter bør få inn abc’en av denne viten, mens de ennå går i (folke)skolen. Hva det kreves av arbeid og av ”løpende utgifter” til eget og til en families kosthold, må bli en skolesak. Den må komme inn i undervisningen, så snart den kan, og med rommelig bredde.

Vår skoles regnebøker er gjerne kjedsommelige nok – med all sin bredde av rente og rentes rente. De kan med største trygghet få en helt annen redaksjon. Spørsmålene i den praktiske regneboken kan i stor utstrekning støpes om – til å omfatte dagliglivets nødvendige utgifter til brød, smør, ost, melk osv. Beregning av arbeidstid og andre omkostninger som maten krever. De fleste unge menn stifter familie uten å ane et kjøkkens budsjett. Hvor mange private ”helveter” foreligger ikke på grunn av gemalens blanke uvitenhet om husholndingspengene – og hva de skal og må strekke til først, og siden hva det kan være ønskelig.

Når begge parter er like uvitende, må forholdet bli deretter. Hvis kostholdet skal bli hva det bør og må være for helse og trivsel, må begge parter – både han og hun – vite hva det trenges for å dekke kroppens reelle behov.

5. Som en ”vuggegave” nr. 5 til hjelp i hverdagens helsestell nevnte jeg søvn.

Mange er underernærte, har ”mangelsykdommer” på grunn av ukyndighet på kostholdets område. Men enda flere er ”underernærte” med hensyn til søvn, og har en rekke ”mangelsymptomer” som er følelige både for en selv og for ens omgivelser, ikke minst for de siste!

Kvardagshygiene (3)I Kjelda nr. 3 –2003 og 1 – 2004 har de som lesarar kunne studere synspunkt på kvardagshygiene anno 1948. Som ein kan sjå av utdraget nedanfor er ikkje tankane om kvardagshygiene i 2004 så ulike dei tankane overlege Margrethe Folkestad legg fram i sitt foredrag om kvardagshygiene frå 1948. I denne siste delen av foredraget snakkar ho om kosthald og søvn, tema som ein godt kan sjå føre seg i ein av dagens mange TV-debattar. Folkestad trekker mellom anna fram at eit balansert kosthald er viktig for helsa, og meiner at læra om kosthald må inn i skulen.

Gjennom denne serien om kvardagshygiene har de fått friske opp at kunnskapen om kva verdi luft, lys og vatn har for kvardagshygienen. No er det dei to siste grunnsteinane for god helse, mat og søvn som står for tur.

Koking er ein kunst.

Page 29: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

28 29

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Tretthetssymptomer er mangfoldige: fra fordøyelsesplager til alle mulige utvekster på humørets område.

Kort og spøkefullt kan en si at det er to ting som lett begynner å smelle, hvor trettheten har hatt sitt inntog: Den ene er ”kjeften”, den annen er dørene! Men det var ingen sak hvis tretthetens kjølvann var glattet ut med en spøk!

Hvor trettheten holder sitt inntog i et hjem, farer hyggen ut. Den vennlighet vi trenger av hverandre og til hverandre, den dør fort hvor tretteheten huserer. All den uhumskhet det menneskelige sinn og det menneskelige språk kan romme nede i ”undergrunnen”, pipler i uhyggelig grad fram på overflaten. Den trette hjerne mister meget raskt den kontroll den skal øve – over tanker, ord, handlinger. Den trette muskel er ikke det lydige redskap den helst skal være. Tretthetens fysiologiske kjemi er ennå ikke utforsket. Selv om vitenskapen vet litt om den, ligger mange av tretthetskjemiens områder ennå ukjente. Men vi har den daglige erfaring så utpreget tilgjengelig for enhver, som vil observere seg selv og sine medmennesker og den helt forskjellige måte å være på i trett og uthvilt stand. Det er bare så bitterlig sant ikke minst på dette området at ”det som er dagligdags, det nevnes ikke nettopp straks – og titt er ingen med, som kan gi beskjed”.

I tretthetens jordbunn trives alt det ukrutt av egenskaper som begynner med ”u” og ”mis”: utålmodighet og alskens misnøye for å nevne to av ”plantene”. Et lite barns tretthet ytrer seg ved den grinete sutretonen, og foreldre behøver ikke være så svært gamle med hensyn til erfaring, før de lærer unnskyldningen: ”trett, stakkar”. Og hvis de selv ikke er blitt trette og mistet vettet av den grunn, sørger de snart for at barnet får hvile.

Men så de voksne: skal de aldri utsette seg for tretthet?

Jo, den normale tretthet etter dagsverket skal være der. Men den unødvendige tretthet – den som har tiltatt jo kortere arbeidstiden er blitt – den skal ikke være der.

Sene kvelder og kveldssommel er så vel hjemmets som nasjonenes ulykke. De trette hjerner som mister oversikt og arbeidsevne, herjer altfor mange hjem, kommuner, ”styrende” komitéer i hele verdens internasjonale forhold osv. Jo vanskeligere situa-sjonen er, jo lenger varer forhandlingene, og desto trettere blir de hjerner som skal prøve å ”ordne”. Er det egentlig så underlig at verden ser ut i dag som den gjør? De trette hjemmets mennesker er årsaken.

Statistikken viser at de fleste ulykker finner sted om mandagene! Det er ikke så vanskelig å regne ut hvorfor: lørdagene får sitt ekstraordinære ”forlystelsesprogram” fordi søndagen, fridagen, følger etter. Søndagen får sitt ekstraordinære program, ”fordi det er søndag”, og så tropper en hel del trette mennesker opp til arbeidet mandag morgen; og er ikke ”i form” før tirsdag eller onsdag. For lite søvn gir nedsatt motstandsevne mot sykdom. To verdenskriger har bl. a. vist oss dette. Tropper med tilstrekkelig søvn har vist bedre motstand mot smittsomme sykdommer enn tropper med lite søvn, selv om disse fikk større matrasjoner. De trette barn viser så utpreget de samme tendenser.

I den grunnlov vi har fått i de ti bud, heter det bl. a.: Husk at du helligholder hviledagen! – Dette bud, det tredje i rekken, er et helsebud av rang. Vi snakker så ofte om mentalhygiene, dvs. om sinnets helsepleie. En riktig brukt ukens hviledag, med tid til revisjon av motiver, tid til rekreasjon, til nyskapning og vedlikehold

av gode impulser – er det ikke selvsagt at vi trenger en av ukens dager til noe så vesentlig i vår tilværelse?

Og ikke bare det tredje bud, men sannelig også alle de andre ni, rommer en så god norm for mentalhygiene at de fortjener en grundig repetisjon! Hvis en bare ser litt på det siste, hvor vi rådes til ”ikke å begjære noe av det som hører vår neste til” – hva rommer ikke det av forebyggende hygiene for det menneskelige sinn, for ethvert hjem med alle dets uunnværlige grenser, all ansvarlig omtanke for de største verdier! De ti bud – tilgjengelige for barn og voksne – rommer så meget av en hygienisk ”gangstol” at de fortjener sin plass i vår ”moderne” bevissthet. De rommer nøkkelen til ansvarlig omtanke, og dermed nøkkelen til omtenksomt helsestell for våre ”tusen hjem”.

Særtrykk av ”Nasjonalforeininga mot Tuberkulosen for Folkehelsen” nr. 2 – 1949. ”Hverdagshygiene” – foredrag holdt på fylkesmøtet for Østfold den 26. september 1948 av overlege Margrethe Folkestad.

Måndag morgon.

Page 30: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

30 31

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Vedtaket frå Fylkestinget (desember 2003) om at Fylkesarkivet skal få større lokale var med å sette dagsorden for årets konferanse. Når utvidinga av lokala til Fylkesarkivet er gjennomført vil det verte etablert eit sentralt arkivdepot. Kommunane og Fylkeskommunen kan då leige lagringsplass for arkiva sine, både dei som er på papir og dei som er lagra elektronisk. Moglegheitene som eit slikt sentralt arkivdepot fører med seg var hovudtema på årets kontaktkonferanse.

Statsarkivaren ved statsarkivet i Bergen, Yngve Nedrebø kunne fortelje om kva krav myndigheitene stiller til

arkivlokale. Dette inkluderer krav om branntryggleik, vern mot vatn og fukt, mot skadeleg påverknad frå klima og miljø og vern mot skadeverk, innbrot og ulovleg tilgjenge. Fylkesarkivet sine planar for det nye arkivdepotet, samt ein gjennomgang av kva arbeid som er naudsynt før ein kan byrje med avleveringar vart presentert av Snorre Øverbø som er Fylkesarkivet sin ansvarlege for utbygginga, og Ole Stian Hovland som er arkivar for kommunale arkiv ved kommunearkivordninga.

Nye perspektiv på arkivNår Fylkesarkivet er etablert som eit sentralt arkivdepot opnar det seg nye og spennande moglegheiter for formidling av arkivmateriale, både internt i kommunane og til publikum og forskarar. Interkommunalt arkiv (IKA) i Kongsberg er allereie etablert som eit sentralt arkivdepot. Deltakarar på årets konferanse fekk høyre om røynsler frå eit prosjekt der IKA Kongsberg skanna byggesaksarkivet til ein kommune og gjorde det elektronisk tilgjengeleg.

Forskaren og arkivetFor deltakarane på konferansen var det også spennande å høyre om korleis ein forskar opplevde det å skulle nytte kommunalt arkivmateriale frå kommunane i Sogn og Fjordane. Astrid Askildt er studieleiar for spesialpedagogikk ved Studiesenter Sandane, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Til arbeidet med ei prøveforelesing var ho interessert i å finne kjelder som kunne fortelje noko om spesialundervisning her i fylket; i kva grad det vart gjennomført og eventuelt personlege opplevingar av denne spesialundervisninga. Askildt opplevde at det var eit vanskeleg arbeid å skulle samle saman aktuelle kjelder. Eit problem var at det var dårleg tilgjenge og vanskelege arbeidstilhøve hjå fleire kommunar, eit anna problem var at materialet hadde varierande ordningsgrad, noko som gjer det vanskeleg å finne fram og problematisk å gi opp som kjelde fordi det vil vere vanskeleg å etterprøve arbeidet.

Eit sentralt arkivdepot vil gjere tilgjenget til det kommunale og fylkeskommunale arkivmaterialet mykje betre, både for forskarar og andre interesserte. Arkivmateriale som vert avlevert til arkivdepotet vil verte ordna og registrert

Kontaktkonferansen 2004

Av Karianne Schmidt Vindenes

Kvart år skipar kommune-arkivordninga ved Fylkesarkivet til ein konferanse for arkivmedarbeidarar i Fylkeskommunen og kommunane i fylket. Kontaktkonferansen er ein av dei største for offentleg tilsette her i fylket, med om lag 70 deltakarar på årets konferanse som vart arrangert på Hotel Alexandra i Loen.

4

Frå Kontakt-konferansen 2004. (Foto: Karianne Schmidt Vindenes).

Til høgre: Statsarkivar Yngve Nedrebø, Statsarkivet i Bergen. (Foto: Karianne Schmidt Vindenes).

Page 31: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

30 31

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Dei aller fleste stader i Noreg har no kommunar og fylkeskommunar høve til å knytte seg til ein kommunearkivinstitusjon. Desse arkivinstitusjonane omfattar fylkesarkiv, byarkiv og interkommunale arkivinstitusjonar. Kommunearkivinstitusjonane kan tilby kommunar og fylkeskommunar ulik arkivfagleg hjelp knytt til eldre arkiv, arkivdanning

slik at det skal vere lett å finne fram. I tillegg kan Fylkesarkivet tilby ein godt utstyrt lesesal der ein kan sitte å arbeide med arkivmaterialet. Fagkunnskapen som dei tilsette ved Fylkesarkivet sitt inne med vil også vere til stor hjelp for dei som ynskjer å nytte arkivmateriale.

Nye presentasjonsmåtarKonferansen hadde også nokre tema som ikkje gjekk direkte på depottenester. Fylkesarkivar Gunnar Urtegaard hadde eit interessant innlegg om korleis ein kan presentere Fylkesarkivet sine

samlingar på nye og spennande måtar via internett. Dei ulike fagområda kan integrerast via kartløysingar som gjer at ein via ein inngang kan få tilgjenge til både stadnamn, kulturminne, foto og tradisjonsmusikk for eit område. Fylkesarkivet samarbeider også med reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane for å tilby eit mest komplett tilbod til reisande der ein ved å gå inn via eit kart på internett kan få informasjon om alt frå stadnamn og kulturminne til rutetider og næraste busstopp.

Eit fast innslag på kontakt-

konferansane er at kommune-arkivordninga fortel om planar og satsingar. I år vart det eit ekstra fokus på eit prosjekt kalla arkivplan.no, eit tilbod til kommunane og Fylkeskommunen om å legge sine arkivplanar ut på internett. Ein arkivplan skal gje ei oversikt over kva arkiv som finst hjå ei verksemd, korleis desse er organiserte og kva reglar og rutinar som gjeld for arkivet. Ei internettversjon av arkivplanen gjer at den er enkel å oppdatere, noko som er viktig i dynamiske kommunar med hyppige omorganiseringar.

Nasjonal arkivkonferanse for kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar

Fredag 14. mai fekk Fylkesarkivet besøk av 17 elevar og 3 lærarar frå United World College (UWC) i Fjaler. Dagen var sett av til førelesningar, seminar og gruppearbeid. Engasjerte og dyktige elevar fekk prøva seg som arkivarar og historikarar. Elevane vart delt inn i 7 grupper som fekk kvart sitt oppgåvesett dei skulle løyse. Gjennom arkivgranskingar, databasesøk og tekstanalyse vart grunnlaget lagt for gruppepresentasjonar på slutten av dagen. På tross av språklege barrierer (det var elevar frå 12 nasjonar med i gruppa) var resultata imponerande.

Av Karianne Schmidt Vindenes

og depottenester. Kvart år samlar medarbeidarane i desse institusjonane seg til ein konferanse. I år vil denne konferansen verte halden i Balestrand 7. – 9. september, med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som arrangør.

Tema for konferansen er i år formidling. Sidan det er Fylkesarkivet som er arrangør

vil det vere naturleg å sette eit fokus på ”kultur og it”; eit av prosjekta til Fylkesarkivet der ein ser på kva moglegheiter internett gir i formidlingsarbeidet og korleis ein kan kople ulike typar informasjon for å tilpasse seg ulike brukarar. Vidare vil ein sette fokus på arkivpedagogikk og kva utfordringar vi som arkivarar møter når vi ynskjer å formidle arkivmaterialet vårt i det moderne informasjonssamfunnet.

Besøk frå United World College

Av Snorre D. Øverbø

Elevar og lærarar

samla i Firda, Fylkeshuset,

Leikanger. Soffia, mai 2004, har

namna på alle. (Foto: Henning

Rivedal).

Page 32: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

32 33

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Styret er i jubileumsåret samansett slik: John Bjarne Hjelmeland (LO Sogn og Fjordane, leiar), Arvid Kjøsnes (AOF Sogn og Fjordane), Per Bj. Molnes (Sogn og Fjordane Ap), Knut Einar Eriksen (Arbeiderbev. arkiv og bibliotek), Gunnar Urtegaard (Fylkesarkivet i S. og Fj.) og Snorre D. Øverbø (Fylkesarkivet i S. og Fj.)

Arbeiderarkivet har altså jubileum i år, og vi kan sjå attende på 15 års aktiv innsats med å ta vare på fagrørsla sine mange verdfulle arkiv i fylket. 208 arkiv er no samla inn og teke vare på for ettertida. I tillegg har ei rekkje faner vorten registrert og avfotografert. Vi vil difor nytte høvet til å takke alle organisasjonar og einskildpersonar som har bidrege økonomisk og fagleg i desse åra. - Utan dykk ville vi aldri vore der vi er i dag.

Nedanfor vil lesarane våre finne eit oversyn over innsamla arbeiderarkiv i desse åra, i alfabetisk rekkjefølgje:

1. mai komiteen, Øvre ÅrdalAmla Skog- og LandarbeidarforeningAOF Sogn og FjordaneArbeidernes Ferieheim, HøyangerAskrovens ArbeiderlagAskvoll HermetikkarbeiderforeningAurland Arbeiderkvinnegruppe (DNA)Aurland Arbeiderparti (DNA)Aurland Herredsparti (DNA)Balestrand ArbeidarlagBedriftsklubben på Neo AS, Førde BekledningsarbeiderforeningBremanger AOFBremanger Arbeidar- og fiskarlagBremanger herredsparti (DNA)Dale ArbeidarlagDale Kommunale ForeningDale SkoarbeiderforeningDen norske postorganisasjon, Sogn og Fjordane kretsDet norske Postmannslag, Sogn og Fjordane rode DNTO - Krets 33, Førde Teleområde

Eid AOFEid Bygningsarbeiderforening, Avd. 824Eid fagforeining, avd. 178 i FellesforbundetEid Faglege SamorganisasjonEid Jern og Metall, avd. 178 iEivindvik ArbeidarpartilagFaneregistrerings-prosjektetFirda SjåførforeningFjaler ArbeidarpartiFjaler ArbeidarpartiFjaler og Askvoll Faglege SamorganisasjonFlora Kommunale ForeningFlorø AOFFlorø ArbeiderlagFlorø avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet kretsFlorø Faglege SamorganisasjonFlorø Faglige UtvalgFlorø Jern- og MetallarbeiderforeningFlåm ArbeiderpartilagFolkets Hus, HøyangerFolkets Hus, Øvre ÅrdalFramfjorden Arbeidarforening, avd.138Framfylkingen i Sogn og Fjordane’Framlaget’, gruppe III. HøyangerFresvik Arbeidar- og SmåbrukarlagFørde AOF-foreningFørde Arbeidar og SmåbrukarlagFørde ArbeidarkvendegruppeFørde ArbeidarungdomslagFørde ArbeiderforeningFørde ArbeiderpartiFørde AUFFørde avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet kretsFørde Bekledningsarbeiderforening, Avd. 195Førde Fagforening Avd. 165 i FellesforbundetFørde Faglige UtvalgFørde Jern og Metall. Avd. 165Førde Kommunale ForeningFørde og Naustdal VegarbeiderforeningFørde og Omegn BygningsarbeiderforeningFørde og Omegn Faglige SamorganisasjonFørde Vei- og AnleggsarbeiderforeningFørde-Naustdal Veiarbeiderforening (klubb)

Gaular arbeiderpartiGloppen AOFGloppen Faglege SamorganisasjonGloppen VegarbeidarforeningGrytøyra HermetikkarbeiderforeningGudvangens Arbeidarlag (DNA)Gulen ArbeidarpartiHafslo ArbeidarpartiHandel og kontor, avd. FjalerHelle TeglverksarbeidarforeningHermansverk TekstilarbeiderforeningHolmedal JernarbeiderlagHornindals ArbeidarlagHornindals Småbr. og Arb.lag (heradsparti)Høyanger AOFHøyanger ArbeidarpartiHøyanger ArbeidarungdomslagHøyanger ArbeidermannskorHøyanger arbeiderungdomslagHøyanger Arbeidsløses foreningHøyanger ArbeidsmannsforeningHøyanger BarnehageHøyanger BygningsarbeiderforeningHøyanger ElektrikerforeningHøyanger Faglege SamorganisasjonHøyanger Jern og MetallarbeiderforeningHøyanger Kjemiske IndustriarbeiderforeningHøyanger MurerforeningHøyanger TræarbeiderforeningInnvik Arbeidarparti (heradspartiet)Innvik ArbeiderlagJølster ArbeidarpartiJølster SVKaupanger og Amble kvinnegruppe (av DNA)Kaupanger og Amla ArbeiderlagKaupanger Skog- og LandarbeidarforeningKinn ArbeiderlagKyrkjebø Arbeidarparti, heradspartietLeikanger AOF-foreningLeikanger ArbeidarlagLeikanger Arbeidarlag, kvinnegruppaLeikanger ArbeidarungdomslagLeikanger BygningsarbeiderlagLeikanger Nær. og Nyt.arb.foreningLeikanger Offentlege FunksjonærlagLeikanger Veiarbeiderforening, avd. 93LO Sogn og FjordaneLO Stat, Samarbeids- og studierådetLuster AOFLuster ArbeidarpartiLuster BekledningsarbeiderforeningLuster felles bedriftshelsetenesteLuster Kommunale ForeningLuster VegarbeidarforeningLærdal Arbeidarparti

200 arbeidararkiv verna Arbeiderarkivet i Sogn og Fjordane 15 år

Av Snorre D. Øverbø

Arbeiderarkivet i Sogn og Fjordane vart skipa 09.03.1989. Det er eit samarbeidstiltak mellom LO Sogn og Fjordane, AOF Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Ap , Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek i Oslo. Arbeiderarkivet skal verne, registrere og formidle arkiv knytt til arbeidarørsla sine organisasjonar og partia på venstresida i norsk politikk.

Page 33: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

32 33

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Lærdal ArbeidarungdomslagLærdal KommunistlagMøre og Romsdal/Sogn og Fjordane Distriktslag av NGFMåløy A. U. L. (arbeiderungdomslag)Måløy ArbeiderpartiMåløy BygningsarbeiderforeningMåløy og Omland Faglige SamorganisasjonMåløy Sild- og FiskarbeiderforeningMåløy transportarbeiderforeningNaustdal ArbeidarpartilagNaustdal VeiarbeiderforeningNedre Årdal ArbeiderpartilagNEKF Avdeling 53, NordfjordNordfjord avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet kretsNordfjordeid Bekledningsarbeiderforening, avd 335Nord-Vågsøy ArbeiderlagNorges Telegraf- og Telefonarbeiderforbund, Avd. 36 Bjørgvin InspektørkretsNorsk Arbeidsmannsforbund, avd. VikNorsk Folkehjelp - Øvre Årdal lagNorsk Folkehjelp, Eid lagNorsk Folkehjelp, FloraNorsk Kommuneforbund, avd. FørdeNorsk Kommuneforbund, Distriktsstyret i Sogn og FjordaneNorsk Post- og kommunikasjonsforbundNorsk Teletjenesteforbund, Avd. Førde TeleområdeNTL Avd. 105-3Olden Arbeidar - og Småbrukarlag

Olden-Innvik VegarbeidarforeiningSamfunnshuset, A/L, Øvre ÅrdalSandane Jern og Metall, avd 232Skor Arbeidar- og SmåbrukarlagSogn Kommunale TenestemannslagSogn NNNSogn og Fjord. DNA, kvinneutvaletSogn og Fjordane ArbeidarpartiSogn og Fjordane ArbeidarungdomslagSogn og Fjordane ArbeidsmannsforeningSogn og Fjordane Distriktslag av A.U.FSogn og Fjordane Grafiske ForeningSogn og Fjordane postopnarlagSogn og Fjordane Telefonstyrarlag, Avd. 84 av NTTFSogndal ArbeidarpartiSogndal avdeling av Norsk Postforbund, Nordvestlandet kretsSogndal Faglige SamorganisasjonSogndal Handel og KontorSogndal lag av A.O.FSogndal SjåførforeningSolund ArbeidarpartiSolund Kommunale ForeningSolvorn Arbeidar- og småbrukarlagStangfjord Kjemiske Industriarb.foreningStangfjorden ArbeidarlagStongfjorden A.U.L.Stryn AOFStryn AOFSunnfjord og Ytre Sogn Arbeidsmannsfor.Sunnfjord Skog- og

landarbeiderforebundSvelgen Arbeidarparti/Bremanger Arb.partiSvelgen ArbeidarungdomslagSvelgen JernarbeiderforeningSør-Vågsøy heradsparti av DNATele- og Dataforbundet, Foreining Telenor Sogn og FjordaneUnderdal ArbeidarlagUnderdal Kvinnegruppe (DNA)Vadheim ArbeidarungdomslagVadheim ArbeidsmandsforeningValsvik, BernhardVik AOF-foreningVik Arbeidar og SmåbrukarlagVik ArbeidarlagVik ArbeidsmannsforeningViksdalen ArbeidarlagVikum-Torvund VegarbeidarforeiningVågene ArbeiderpartiVågsøy AOFVågsøy ArbeiderpartiVågsøy Kommunale ForeningVågsøy og Selje Fagforening Avd. 163 FellesforbundetVårdal TeglverksarbeiderforeningYtre Sogn Kommunale ForeningØvre Årdal ArbeidarlagØvre Årdal ArbeiderforeningØvre Årdal AUFØvre Årdal AULÅrdal AOFÅrdal ArbeidarpartiÅrdal Faglege SamorganisasjonÅrdal Handel- og Kontorfunksjonærers ForeningÅrdal Jern og MetallÅrdal SjåførforeningÅrdalstangen A.U.L

Styret i Arbeider-

arkivet 2004/2005. Frå venstre: John Bjarne Hjelmeland

(LO Sogn og Fjordane,

leiar), Per Bj. Molnes (Sogn

og Fjordane Ap), Snorre

D. Øverbø (Fylkesarkivet

i S. og Fj.), Arvid Kjøsnes

(AOF Sogn og Fjordane),

Knut Einar Eriksen

(Arbeiderbev. arkiv og

bibliotek), (Gunnar

Urtegaard, fylkesarkivar

var ikkje tilstades på

biletet). Foto: Øystein Åsnes, Fylkesarkivet.

Page 34: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

34 35

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Me ønskjer opplysningar om minnesteinar! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 57 65 64 02. Epost: [email protected]

Minnesmerket Av Hermund Kleppa

Til minne, heider, påminning og markeringFylkesarkivet har samla på kjeldemateriale om minnesmerke i fleire år og etter kvart bygt opp eit minnesmerke-arkiv til kunnskap om minnesmerka i fylket. Godt og vel 300 minnesteinar blei reiste frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Dei er alle komne opp etter eit slags fritt-fram-prinsipp, som fylgje av privat eller offentleg initiativ, og med ein eller nokre få ivrige personar som sterkaste drivkrafta. Me finn ikkje spor av nokon som helst i retning av ”vedtekne” allmenne retningsliner for kva slag høve som kvalifiserte for ein minnestein. Materialet vitnar om praksis. Minnesmerka har heile tida vorte reiste til minne, til heider, til påminning og markering.

Folk ikkje alltid einigeEit hovudtrekk er at mange menneske var med, var delaktige på ein eller annan måte, - ved å gje pengar, ved å ta eit tak, ved å vera tilstades på avdukinga. Tusenvis hadde eller har ein minnestein-

aksje eller to.Men samstundes finn me òg at folk til sine tider hadde ulike oppfatningar, jamvel var temmeleg usamde, på fleire område, - om ein minnestein i det heile skulle reisast, om korleis ein skulle gå fram, om innskrift, om målform, plass og ikkje minst når det vart snakk om flytting. 1911 - Museumsmannen Gerhard Heiberg skeptiskNordre Bergenhus Amts Dampskibe vart skipa i 1858. Ein litt forseinka minnestein over skiparane til 50-årsmarkeringa i 1908, vart avduka i Balestrand sommaren 1911. Straks etter fylgde ein oppheta avisdebatt. Det galdt målforma i innskrifta. Godseigar og museumsmann Gerhard Heiberg skulda minnesteinnemnda med Anders Skåsheim i spissen for å ha lurt seg til å skriva amtmann og sokneprest i innskrifta i staden for amtmand og sogneprest.

Heiberg var elles ikkje så overvettes beigeistra for heile steinen. Det går tydeleg fram av eit av avisinnlegga hans der han nemner ”den oprindelige symbolske betydning av at reise bautastener”, og seier frå om at han slett ikkje deler begistringa hjå mange over ”at man i vore dager reiser boutastener land og strand rundt.”

1914 - ein årdøl oppmoda om å reisa minnesteinarEin mann i Årdal var på same tida oppglødd for minnesteinar. I åra før 1914 agiterte oberst Henrik Angell sterkt for å reisa minnesteinar til grunnlovsjubileumsåret 1914. Mange var heilt einige og skreiv stykke i lokalblada. I 1911 støtta ein mannen i Årdal tanken om å reisa ein minnestein over dei årdølene som stod vakt

um fedrelandet i 1807-1814 samstundes som han oppmoda andre bygder om å gjera det same. Men han gjekk lenger:

- For framtida, skreiv han, vil slike steinar ikkje berre stå til minne om dei steinane er sette til å minne om, men også som ”talsmenn” om tankegangen til dei som i si tid reiste steinane. Og dei vil stå som fedrelandet sine talsmenn, vera med å binda tankar og kjensler saman frå ætt til til ætt – ”frå hundradaar til hundradaar”.

1935 - nei til minnestein på grava til naustedøl i hovudstadenAnders Hamre frå Naustdal (1878-1934), busett i Oslo, var pressemann, nynorskforkjempar og politikar av ikkje lite format. Året etter han døydde vart det gjort opptak i Naustdal om å reisa ein minnestein på grava hans i Oslo, men nokre meinte at dette ikkje var nokon god ide. Olav Lovik i Naustdal sende 23. mars 1935 eit lesarbrev til Firda der overskrifta vart:

Anders Hamre mot bautastein. Lovik fortel om eit stykke i ei riksavis der ein kjend utlending vart intervjua. Utlendingen undra seg over minnesteinane i Norge, ”det var så uskynleg mange av dei her til lands.” Det var Anders Hamre som hadde fortalt Lovik om dette intervjuet, og Hamre var så inderleg samd med utlendingen. Lovik viser i stykket sitt til at han har høyrt at det skal setjast i gang pengeinnslamling ”no straks.” Han ba om at bautasteinarbeidet vart stogga.

Og slik blei det. På grava til Anders Hamre står ein vanleg gravstein oppsett av familien hans.

Mange meiningar om minnesteinarDet er kome framlegg om å reisa ein ny minnestein i Hyllestad, over Eidsvoll-mannen Elias Holck. Finn B. Førsund og fleire andre er ikkje heilt tende på tiltaket, men ikkje avvisande. Dei har kome fram med ei rad spørsmål og synspunkt. - Ulike meiningar om minnesteinar er ikkje noko nytt. I 1911 var godseigar Gerhard Heiberg lite begeistra for nye minnesteinar ”land og strand rundt”. I 1934 ba ein mann folk om å stogga ei innsamling til ein minnestein over ein naustedøl, og for tre år sidan sa ein krisepsykiatar at det etter hans meining hadde gått inflasjon i minnesmerke etter ulukker.

Page 35: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

34 35

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

2001 - nei til minnesteinar om ulukker Ein annan type minnestein kom det fram delte meiningar om for eit par år sidan, nemleg minnesmerket om Sleipner-forliset som vart avduka av handelsminister Grete Knutsen like føre jul 2000. I Aftenposten kom krisepsykiater Lars Weisæth med sterk åtvaring mot å reisa minnesteinar om ulukker med namn på dei døde. - Det har gått inflasjon i slike minnesmerke, sa han, og viste til at ”et minnesmerke er et hederstegn og et minne over folk som ofret livet for andre, noen samfunnet står i gjeld til.”

Ein talsmann for Sleipner-minnesmerket var usamd med Weisæth. Han viste til at minnesmerket ikkje berre blei reist som eit samlingsmerke for pårørande for å minnast, men også som ei påminning om kva som skjedde, og kva som kan skje, om det blir slurva med tryggleiken til sjøs.

Her kan leggjast til at minnesmerke er meir enn det Weiseth hevda. Dei er meir enn berre ”hederstegn og minne over folk som ofret livet..” I Sogn og Fjordane har det vore reist minnesmerke om ulukker - også med namn på døde - i meir enn hundre år. Det fyrste ulukkes-minnesmerket vart avduka sommaren 1905, ei minnestøtte om Lodalsraset i januar same året. Eit anna minnesmerke - med namneplate - blei avduka i Hornindal i 1999 over anleggsarbeidarar som miste livet i eit snøras.

2004 - kjem det opp ein nye minnestein i Hyllestad?Den siste minnesteinsaka - der folk har ulike meiningar - er i korte trekk fylgjande: Hyllestad folkeakademi kom i vår med framlegg om å reisa ein minnestein over Eidsvoll-mannen Elias Holck på fødestaden hans, garden Leirvik. Holck si forteneste er - slik det står attgjeve i Firda - ”at han under grunnlovs-drøftingane på Eidsvoll kom med eit framlegg til [ei] innstilling som tok til orde for at Noreg skulle vere eit sjølvstendig rike,

og at regenten skulle vere konge. Med ei litt anna formulering vart framlegget vedteke med stort fleirtal.” Leiaren i folkeakademiet, tidlegare skulesjef Per Bygnes, tok i mars kontakt Hyllestad kommune. Bygnes såg det naturleg at kommunen får eit overordna ansvar for det påtenkte minnesteinprosjektet, og at folkeakademiet, sogelaget og nærinsglivet vert med i ei eventuell prosjektnemnd. Det fylgde også med tilsegn om 50 000 kroner.

Fleire har kommentert initiativet:- Ordførar Hans Emil Dale meiner framlegget må vurderast. Det er ikkje kvar dag kommunen får ein god ide på bordet som det jamvel fylgjer ein god slump pengar med.

- Faghistorikar og lokalpolitikar Finn B. Førsund har kome fram med fleire spørsmål og motforestillingar. Kvifor reisa ein minnestein? Kvifor ein over

Elias Holck-minnesmerket på Alværa i Lavik minner litt om Harald-støtta ved Haugesund, ein høg bauta omkransa av prismeforma steinar. Frå riksvegen (på oppsida her) fører ein 10 meter lang allé fram til ei lita steintropp opp til den ruvande bautasteinen, reist på den høgaste bergnabben i nærleiken av gardstunet på Alværa. Bautaen er kring 5 meter høg, ca 70 cm brei ved rota og ca 40 cm tjukk, smalnar jamnt mot toppen og endar nærast i ein spiss. Steinen er forma som ein korde med handskjefte og blad.

Det er innskrift på to sider. På framsida eller solsida står innhogge:EIDSVOLDS- * MANDEN * OLE. ELIAS * HOLCK * 1774 – 1842 * 17 DE MAI * 1814 – 1914. Mellom årstala og 17 DE MAI er ein medaljong, og nedst det norske riksvåpenet mellom to sablar i kross.På baksida står: GUD SIGNE * VAART DYRE * FÆDRALAND. Under er ei kvilande løve.

Våren 1914 var det stordugnad fleire gonger på Alværa. Folk frå fleire grender var med på arbeidet med å få kjempebautaen køyrd fram og reist opp. Formannen, gardbrukar M. A. Ringereide, mønstra ved eit høve 40-50 mann og 6 hestar. Laurdag 9. mars var steinen på plass og solid fundamentert i ei hole utsprengd i berget. ”Ein fager stein”, skreiv Sogns Tidende, ”hoggen i gamalkorde-form”.Ikkje alt kunne gjerast av bygdefolk på dugnad. Å laga medaljong, gje utforming til tekst og symbol og å hogga inn tal og bokstavar, var arbeid for spesialistar. Agronom Ringereide stod for utforminga og vegoppsynsmann Gjert Bruåsdal sytte for innhogginga. Medaljongen kom frå Bergen, laga av modellør Torvald Olsen etter eit silhuettbilete av generalmajor Holck.

(framhald neste side)

Page 36: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

36 37

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Holck når det står eit Holck-minnesmerke i nabobygda Lavik. Han vil ha og ha spesialgransking på Holck si rolle på Eidsvoll. Var han så viktig som somme vil ha det til? Vidare spør Førsund om det er råd å få folk med, om det let seg gjera få eit breitt, folkeleg engasjement rundt tiltaket. Kvar skal minnesmerket reisast? Kva kan det ”brukast” til? 17. mai-samlingsplass? Kva med å tenkja i ei anna retning, eit anna minnesmerke, t.d. eit over ”anonyme kvardagsslitarar”?

- Seksjonleiar for undervisning og kultur i Hyllestad, Kristen Holt, har teke til orde for at ein kanskje bør tenkja i retning av andre uttrykk for å heidar og minnast ein mann som Ole Elias Holck - som t.d. å byggja opp eit Holck-seminar.

- Rolf Aamot er samd med Kristen Holt, og nemner i tillegg å samla interessa mot å få laga eit ”samla bokverk” om livet og livsverket til Ole Elias Holck, - Eidsvoll-mannen, Stortingsmannen, Kommandanten og Storbonden Ole Elias Holck. (Merknad:

”Eldgammalt” bilete av Holck-bautaen. Me har ikkje andre opplysningar enn det med kan ”lesa” av biletet: flagg og krans (17.

mai?), lokal svært-viktig-mannsperson flankert av bunadkledde damer. Forsøk på datering og andre spekulasjonar: 1920-åra, elevar frå Lavik husmorskule, Mons Ringereide, ”ein ivrig talsmann for betre

upplæring av husmødre [...] som i fleire år var ordførar i Lavik.” (Fylkesmann Hans Seip).

Han kunne også teke med Sogemannen.) Dessutan har han teke til orde for eit breitt samarbeid utover kommunegrensene, der fleire kommunar og fleire institusjonar vert med.

Meiningsutvekslinga om ein ny Ole Elias Holck-minnestein i Leirvik er interessant på fleire måtar. Det har alt blitt formidla historisk kunnskap om ein mann få veit noko som helst om.

Det er kome fram fleire tankar om korleis ein kan ta fatt i ein gløymd og nedstøva historisk person og blæsa liv i han att - ha vidt perspektiv, satsa stort, trekkja mange med i samaarbeid, få oversyn og bruka alt Holck-tilfang som måtte finnast både nært og fjernt, ta sikte på uttrykksformer som til dømes eit godt førebudd seminar og ein solid biografi. Ein minnestein i Leirvik blir for snautt!

Det skal bli interessant å sjå utfallet - om det blir ein ny, tradisjonell minnestein over ein mann til ære og minne, eller noko anna, eller noko meir.

To flyttesaker har vore framme i avisene den siste tida. I Høyanger rår rådmannen til at

eit minnesmerke over falne vert flytta til ein meir sentral stda, og i

Naustdal er det snakk om å flytta ein 1814-1914-minnestein. I innlegget

ovanfor kjem Fritjov Urdahl med meiningar

og synspunkt, som t.d. at eit minnesmerke slett ikkje treng å stå på den

mest sentrale plassen i bygda. I Naustdal ber

80 år gamle Alida Svoen om at minnesteinen ikkje

vert flytta. - Mykje av verdien med bautaen

blir borte ved ei flytting, seier ho.

Frå side 35

Page 37: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

36 37

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Frå fotoarkivet Av Arild Reppen

”Men ofte om dagane skapte han (Loke) seg om til laks og gøymde seg i fossane. Tor greip etter han og fekk tak i han; men han gleid i handa hans så ho ikkje fekk fast tak før enn ved sporden; og det er grunnen til at laksen smalnar attetter.”

I den faste spalta vår med glimt frå arkivet, syner vi denne gongen eit bilete frå laksefiske i Olden i 1912. Biletet - og fleire andre - er komne inn gjennom innsamlingsprosjektet ”Bokbussen innhentar fortida”, som Fylkesarkivet har gjennomført i samarbeid med Fylkesbiblioteket (meir om dette er å finne i tidlegare utgåve av Kjelda). Kristen Brynestad er eigar av dette fine biletet, som inngår i ein serie med bilete frå laksefiske og frå landskapet og tettstaden i og kring Olden. Fiskaren på bileta er ukjend, men dateringa er grei; ”31 og 17 lb Olden 30/8 1912” står det på trappa, der den stolte fiskar poserer med to fine laksar. 31 og 17 pund tilsvarer om lag 14 og 7,7 kilo.

Laksen har spela ei viktig rolle i norsk kultur og busetnad. Den er synleg i kultuhistoria; i eventyr og sagn, helleristingar, dikting, handverkstradisjonar og språk.

Opprinneleg var laksen ein del av naturalhushaldet. Det har vore fiska laks i Norge heilt sidan fisken etablerte seg i elvane etter siste istid. I den korte og intense fiskesesongen har førekomstane vore så store at einskilde husmenn gjorde avtaler om at dei ikkje skulle bli servert laks meir enn tre gongar i veka.

Med Sogn og Nordhordland som kjerneområde vart sitjenot eller laksevarp utvikla på slutten av 1700-talet. Det var starten på ei utvikling av metodar og redskap som var effektive lenger vekk frå elveosane. Men det er eit heilt anna fiske vi som oftast knyter til laksen i dag.

Frå 1830-talet vart det eit markert skilje i utnyttinga av laksen som ressurs. Då utvikla sportsfisket i elvene seg, og velståande engelskmenn la grunnlaget for eit fiske som etter kvart ga betydelege inntekter og

arbeidsplassar. Fisket var viktig for etabeleringa av ei turistnæring i fylket vårt. Biletet vi syner her er spor etter denne tidlege turismen. Dei nye næringsinteressene knytt til laksen gjorde at den første lakselova vart etablert i 1848, og ein offentleg fiskeetat vart etablert i 1855.

Dei første sportsfiskarane i elvene var som sagt velståande engelskmenn. Men det tok ikkje lang tid for norske fiskarar kom med. Alt i 1872 vart Norges Jæger- og Fiskerforbund stifta. For folk frå lågare sosiale lag betydde den nye næringa arbeidplassar gjennom arbeid som båtmenn eller klepparar for dei tilreisande fiskarane.

Sportsfisket fekk stadig større økonomisk betydning enn det gamle næringsfisket i elvene. Økte inntekter, lengre feriar og nye reisemuligheter bidro til at talet sportsfikarar i elvene auka, og at nye sosiale lag fekk høve til å fiske laks. Stangfiske fortrengde gradvis anna elvefiske, og i 1978 kom det forbod mot anna enn sportsfiske i elvene.

Den sterke veksten i fisket etter laks førde til at ei rekke avgrensingar vart innført, både i elvene, i havet, langs kysten og i fjordane. Fisketida vart gradvis korta inn og tillatte typar av reiskap avgrensa.

I seinare år har laksen blitt ein turistattraksjon på nye måtar. Laksesenteret i Lærdal gir besøkande både ei naturoppleving og eit

høve til å lære meir om laksen. I 1995 gav næringa kring laksen over 11 millionar kroner i lokale ringverknadar i Lærdal (Kilde: Olsen 1998). Framveksten av lakseparasitten har då og ført til store tap i kommunen.

Vi avsluttar med å gå tilbake til biletet, og vår stolte fiskar. Skal vi tru Alexander Kielland overgår opplevelsen av å fiske laks det aller meste: «Hvorfra jeg får lyst til at skrive? - Ja de kan ikke tro, hvor det i grunnen morer mig. Når jeg begynder et kapittel, som jeg har riktig varmt i hovedet, er det så morsomt - ja jeg vil ikke påstå at det er fullt så morsomt som at have en laks på stangen, men i alle fall som en stor ørret.» Alexander L. Kielland, brev til Edvard Brandes 19.11.1879

Kjelde: NOU 1999:9 – ”Til laks åt alle kan ingen gjera?”Eigar av bileta er Kristen Brynestad, Olden.

”...så morsomt som at have en laks på stangen”

Page 38: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

38 39

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

I år 2004 er 20 år sidan me fekk den tunge og vonde bodskapen om at Oddvar Stegegjerdet (1940-1984) brått og uventa var død. Han etterlet seg eit arbeid - ein arv – som er ”større enn mange vil tru”.

Eg er difor glad for at John Halveg og Torodd Joranger saman med næraste familien til Oddvar har byrja arbeidet med å samla inn, registrera og ta vare på for ettertida dei 200-300 komposisjonane hans, dei innspelte musikkstykka som ligg føre på kassettar og LP-plater, saman med dei mange slåttane han samla inn og skreiv ned på notearka sine. Det er serleg gledeleg at Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har stilt seg positive og samarbeidsviljuge til dette arbeidet og yter fagleg og teknisk hjelp.

Oddvar lærde fort melodiane på songar, stev og brotstykke av gamle slåttar. Dette var ikkje så underleg, for i slekta hans var det mange velrøynde spelemenn

i Jostedalen: Lars Flati (flatfele), Olav Sperle og Sjur Hesjevoll (hardingfele) var dei mest kjende. Då Oddvar var 13 år gamal fekk han endeleg det fyrste trekkspelet sitt. Med litt hjelp av lokale trekkspelarar – serleg hjå Norvald Navarsete i Luster – var det ikkje lenge før dei fyrste melodiane klang reint og flott i stovene på garden Stegegjerdet!

Musikken tok etterkvart meir og meir både av arbeids- og fritida hans. Ein av dei mange gode venene til Oddvar - Anders Steinar Molland - skreiv så slåande om dette i eit fint minneord i ”Julehelsing frå Bjønnaposten” 1984: ”Musikken fekk ei sentral rolle i Oddvar sitt liv. Både som utøvar og komponist fekk han eit namn som det står respekt av i musikk-krinsar over heile landet. Han skapte sin eigen stil, som vart hans særmerke og som ingen annan gjer han etter.”

Både musikaren og komponisten vil bli hugsa. Men også samlaren. I

heile sitt vaksne liv la han ned eit storarbeid med å samla

og skriva ned dei mange lokale gamaldansmelodiane som framleis levde i dei indre sognebygdene. I arbeidet med dei mange små og store trekkspelklubbar rundt om i distriktet la han serleg vekt på å ta vare på og å bruka dei mange lokale slåttane og slåttetradisjonane i sognebygdene. Oddvar la også ned mykje arbeid for skulekorpsa i Luster kommune. Ei tid var han instruktør og dirigent for heile fem korps. På den store Gamaldansfestivalen i Parken, Gaupne den 13.-15. august 2004 skal trekkspelaren Oddvar Stegegjerdet og den musikken han representerer stå i fokus. Gjennom musikken sin har Oddvar skapt seg eit ettermæle og eit lysande minne som vil vara. Men likevel - for alle oss som lærde å kjenna ikkje berre kunstnaren, men og mennesket bak kunstnaren – for oss vil også dei mange personlege minna om gode og kanskje mindre gode dagar gjennom det altfor stutte livet til Oddvar vera eit sentralt innhald i ei slik minne-helg - og fylla oss med ettertanke!

Oddvar StegegjerdetSpelemannen, komponisten og samlaren

Av Kåre Øvregard

“Glad spele-mann i Huldreborgi” vart gjeve ut på plate-selskapet Polydor i 1978. Oddvar ga i tillegg ut tre andre LP- plater under eige namn: “Gamaldans frå Jostedalen” (1971), “..og mazurka med klem” (1975) og “God Gammel” (1981).

Gamaldansfestival i Parken, Gaupne

På Gamaldansfestivalen i Parken den 13.-15. august 2004 er det trekkspelaren Oddvar Stegegjerdet og den musikken han representerer som skal stå i fokus. Den kjende spelemannen Arve Bjørn Røneid frå Gaupne er ansvarleg for denne festivalhelga i Gaupne.

Dette er eit stutt redigert utdrag av ein lengre artikkel Kåre Øvregard har skrive om Oddvar Stegegjerdet, i høve minnefestivalen i Gaupne den 13 - 15. august. I den lengre artikkelen tek Øvregard føre seg meir av livslaupet til Stegegjerdet. Kontakt forfattaren om du er interessert i heile artikkelen: Rørslebakkane 37, 6868 Gaupne.

Page 39: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

38 39

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

Men Fridtjov’en hadde ein tråd, han. Like etter påske melde det seg ein mann som visste meir: Arne Kyrkjebø i Fjaler. Han skreiv brev til oss om stortingsmann Oddleif Fagerheim (1911-1999), [frå Fjaler, vararepresentant 1950-1953 og 1958-1961 og fast representant 1969-1981]. Fleire gonger hadde Fagerheim fortalt om ei reise til Island for å drøfta fiskeripolitiske spørsmål, og med stor stoltheit og glede lagt ut om kor overraska han vart då han oppdaga eit stort maleri med motiv frå Dalsfjorden på ein vegg i Alltinget - målt med utstyn frå Yksnebjør mot Dale, Dalsøyna og fjorden utover mot Eikenes. Men Fagerheim visste ikkje noko meir om soga til biletet.- Nokon må få sjekka dette skikkeleg ut, slutta Kyrkjebø. Saka er av stor interesse i Fjaler. Eg ser spent fram til neste nummer av Kjelda

Det har me nå gjort, sjekka skikkeleg ut, og løyst mysteriet - som slett ikkje var så veldig mystisk eller vanskeleg å finna ut av - når alt kom til alt. Det tok ikkje lang tid heller, med dagens datateknologi og framifrå service frå Hildur Gróa Gunnarsdóttir i innformasjonsavdelinga på Alltinget.

Me kan nå slå fast fylgjande:Islands Nasjonal-museum har tre

Anders Askevold-bilete. To bilete med motiv frå Dale heng på ein vegg i Alltinget. Det tredje har dei i museet.

1. ”Til sæters”, 1884, olje, 86 x 153 cm, gåve i 1885 frå nordmenn i Fjordane.

2. ”Dale i Sunnfjorden”, 1887, olje, 45 x 81, utsyn vestover frå

Yksnebjør, gåve til Islands nasjonalmuseum i 1887 frå Anders Askevold.

3. ”Dale i Sunnfjorden II”, 1887, olje, 48 x 83, utsyn mot Laukelandsfossen, gåve til Islands Nasjonalmuseum i 1887 frå Anders Askevold.

Små-spørsmål etter dette kan vera å finna ut kven det var som tok oppatt Islandsmaleri-saka i 1885, og fekk sendt eit maleri, - kvifor det vart eit bilete med sætermotiv all den stund det opphaveleg var eit hovudpoeng å ha eit Dalsfjord-motiv?, - korleis det seg at Askevold sjølv ga to bilete med Dale-motiv to år seinare?

Kort om Anders AskevoldAnders Monsen Askevold, norsk målar, fødd 1834 i Askvoll, son til klokkar og stortingsmann Mons Andersen Sørebø (Askevold),

og Johanne Johannesdotter Grav, død i Dusseldorf 1900. Gift med Cathinka Gran. To born. Elev av landskapsmålarane H. Reusch, J.C. Dahl og H. Gude. Budde lenge i Dusseldorf, i Paris i fire år, og i Bergen 1866-1880. Best kjend for landskaps- og dyrebilete i seinare dusseldorfstil. Fleire altertavler: Askvoll, Brekke, Dale i Luster, Frøya, Kaupanger og Solund. Representert i Nasjonalgalleriet, Bergens Billedgalleri og Trondheims Kunstforening.

Litteratur:Anders Askevold. Studier og malerier. hefte, 38 sider, Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Førde 1987.

(Foto av Askevold-bileta i Alltinget er attgjevne på baksida av Kjelda).

Malerimysteriet:

To Askevold-bilete i Alltinget!Eg skreiv om ”Islandsmaleriet” i førre Kjelda, biletet dei samla inn pengar til i 1870-åra. Meininga var å senda det som gåve til Island i høve 1000-årsmarkeringa av det fyrste landnámet. Men sidan det var heilt uråd å finna haldepunkt for at det vart noko av, la eg saka til sides. Det var nemleg ikkje rare greiene Fritjov Urdahl hadde å fara med heller, - berre ei vag aning om at han kanskje hadde høyrt Oddleif Fagerheim nemnt noko ein gong dei snakka om ei statue i Vårdal.

Av Hermund Kleppa

1. juledag 1834 vart det

avduka ein minnestein

over Anders Askevold på Korseberget

ikkje langt frå Askvoll kyrkje.

Relieffet er laga av Ambrosia

Tønnesen. (KAL/SFF-

265.1428). Foto: Hermund

Kleppa.

Page 40: Kjelda nr. 2 2004

Kjelda, nr. 2 - 2004, årgang 13

FYLKESARKIVETAskedalen 26863 Leikanger

Retur:

ISSN 0803-9682

Biletet øvst syner Dale i Sunnfjord, 1887, med utsyn vestover frå Yksnebjør.Biletet over syner Dale i Sunnfjord, 1887, utstyn nordover, mot Vikafossen. (Begge bileta fotograferte i Alltinget av Kristjan Petur Gudnason).

Askevold-bileta i Alltinget på Island

Meir om bileta og Anders Askevold på s. 39.

PORTO BETALTPORT PAYÉNORGE / NOREG