kleven hms 2013

4
SAMANDRAG AV HMS-RAPPORT 2013

Upload: ellen-kvalsund

Post on 01-Apr-2016

227 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

SAMANDRAG AV HMS-RAPPORT 2013

Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på.I Kleven tek vi helse, miljø og sikkerheit på alvor.

Arbeidet med HMS skal fremme• godt arbeidsmiljø• ivaretaking av sikkerheita til dei tilsette• vern mot helse- og miljøskader frå produkt og arbeidsprosessar• hindre forureining av det ytre miljø

Dette skal settast inn i ein samanheng som gjer Kleven sine verksemder til arbeidsplassar der dei tilsette trivast, der lover vert følgde, kundar vert tilfredse og drifta vert lønsam.

Kleven har nedfelt følgande i retningslinene for berekraftig drift og utvikling:• Vi skal følgje offentlege og eigne krav vedkomande miljøet som gjeld

verksemda vår• Vi skal ha tydelege miljømål basert på risikoanalysar, og program for

oppfølging av desse• Vi skal kontinuerleg arbeide for å betre våre miljøprestasjonar• Vi skal arbeide målretta for at dei fartya vi produserer skal ta i bruk

dei beste miljømessige løysingane• Vi skal sikre at alle i vår organisasjon kjenner miljøambisjonane våre

og korleis verksemda vår arbeider for å kontrollere miljøaspekta våre• Vi skal aktivt kommunisere vår miljøprestasjon med allmenheita

Denne miljøpolitikken, saman med Kleven sitt verdigrunnlag ‘Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på’, skal sikre at Kleven sine priori-terte miljøtiltak vert integrerte i ein heilskap der forretningsstrategiar, dagleg drift og interessegruppene sine ulike behov vert tekne omsyn til.

Kleven Verft AS vart i 2013 sertifisert av DNV til å tilfredsstille krava i ISM-kodene ISO 9001:2008 og ISO 14001:2004. Myklebust Verft AS er i ein tilsvarande prosess med forventa sertifisering 1. kvartal i 2016.

Mål for 2014:Mål for sjukefråver, skader og uønska hendingar:• Redusere sjukefråver gjennom førebygging, tilrettelegging og tett

oppfølging• Redusere skadefrekvens gjennom rett bruk av verneutstyr, sikre farlege

områder, bruk av sikker-jobb-analyse• Auke rapporteringsfrekvensen av RUH

Miljømål for Kleven Verft:• Finne og iversette tiltak for å redusere forbruk av olje og straum• Auke sorteringsprosenten for avfall• Søkje å redusere risiko for forureining til luft og vatn

Miljømål for Myklebust Verft:• Førebygge helseskader og miljøpåverknad frå produkt/aktivitet• Avfallshandtering: Iverksette tiltak for å auke sorteringsprosenten,

spesielt førsteleddssortering• Energieffektivisering: Etablere energiteam som skal jobbe med effek-

tivisering i.h.t. avtale med Enova

Sjukefråver: Totalt for konsernet: 4,21 % 4,91%Kleven Verft: 5,30 % 5,21 %Myklebust Verft: 7,00 % 8,09 %Kleven Maritime Contracting: 1,28 % 1,31 % Skadestatistikk: Totalt for konsernet: 28 23Kleven Verft: 16 15Myklebust Verft: 6 5Kleven Maritime Contracting: 6 3 H-verdi: Totalt for konsernet: 10,64 12,53Kleven Verft: 10,68 11,60Myklebust Verft: 12,53 18,97 Kleven Maritime Contracting: 9,50 8,62 Avfall: Kleven Verft: 6 418 tonn 4 076 tonnMyklebust Verft: 1 143 tonn 997 tonn

Sorteringsprosent: Kleven Verft: 85,0 % 86,7 %Myklebust Verft: 77,0 % 83,5 %

Dieselforbruk: Kleven Verft: 340 000 l 344 763 lMyklebust Verft: 120 000 l 35 000 l

Energiforbruk: Kleven Verft: 12,00 GWh 11,20 GWhMyklebust Verft: 4,60 GWh 3,26 GWh

Ferskvatnsforbruk: Kleven Verft: 66 300 m3 45 046 m3Myklebust Verft: 50 151 m3 55 975 m3

2013 2012NØKKELTAL HMS