p for påverknad

17
Foto: Scanpix P for påverknad

Upload: ndla

Post on 30-Jun-2015

507 views

Category:

Education


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: P for påverknad

Foto: Scanpix

P for påverknad

Page 2: P for påverknad

Foto: Scanpix

Det latinske omgrepet communicare betyr «å gjere felles».

Tydingar• å dele med andre• å gjere felles• å melde frå

Kommunikasjon er utveksling av informasjon, kjensler og haldningar mellom personar.

Kva er kommunikasjon?

Page 3: P for påverknad

Foto: Scanpix

Marknadskommunikasjon er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ein organisasjon (seljar) til ein mottakar (kunde).

Når vi utformar ein marknadsføringsbodskap, må vi ta stilling til

• innhald – det vi skal seie noko om• argumentasjon – dei argumenta vi bruker, og dei vi appellerer til• form – reklamen og korleis han skal sjå ut

Kva for ein type marknadskommunikasjon har du sett i dag? Trefte han deg?

Marknadskommunikasjon

Page 4: P for påverknad

Foto: Scanpix

Sendar: den som sender ut ein bodskap

Bodskap: den meldinga som skal fram til mottakar

Mottakar: den som oppfattar bodskapen

Målet med marknads-kommunikasjon er at mottakaren skal reagere på ønskt måte.

Kommunikasjonsprosessen – (enkel modell)

Page 5: P for påverknad

Foto: Scanpix

Kommunikasjons-prosessen har alltid eit mål, men det finst mange forstyrringar på vegen frå sendar til mottakar!

Kommunikasjonsprosessen – (utvida modell)

Sendar

Bodskap Koding Dekoding

Mål

Støy

Tilbakemelding

Mottakar

Page 6: P for påverknad

Foto: Scanpix

Truverd•sanningsvitne•erfarne brukarar•ekspertar

Identifisert sendar•logo•namn

Av og til lèt sendar bevisst vere å identifisere seg. Kva slags verknad har dette? Kan du hugse ein slik reklame?

Sendar

Page 7: P for påverknad

Foto: Scanpix

Koding er ”innpakking” av bodskapen.

For at mottakar skal oppfatte bodskapen, må vi

• bruke dei rette orda, uttrykka, symbola og bilete• velje rett medium

Når bodskapen ikkje får den rette innpakkinga, blir han irrelevant for oss og vi oppfattar han ikkje.

Det er viktig at sendar kjenner og definerer målgruppa nøye for å sikre at bodskapen er relevant. (Segmentering!)

Koding

Page 8: P for påverknad

Foto: Scanpix

Finn eit døme på ein kode i ein reklame i dagens avis.

Avkoding er ”oppakking” av bodskapen.

Avkodinga er vellykka dersom mottakar tolkar koden etter intensjonen til sendar.

Avkoding (dekoding)

Page 9: P for påverknad

Foto: Scanpix

Marknadsføringsbodskap• målgruppe• mål• argumentasjon• kanal

AIDAOppnå attention, interest, desire, action gjennom bodskapen din!

Bodskap

Page 10: P for påverknad

Foto: Scanpix

Rasjonell appell• fakta• sanning• fornuft

Emosjonell appell• kjensler• normer og haldningar• ønske• frykt

Finn døme frå media der dei ulike appellane er brukte.

Appellar

Page 11: P for påverknad

Foto: Scanpix

Prøv å finne døme på reklamar med tosidig argumentasjon.

Einsidig og tosidig argumentasjonSkal ein vise berre positive sider ved produktet, eller skal ein vise både positive og negative sider?

Rekkjefølgja på argumentasjonen• Skal det viktigaste komme midt i argumentasjonsrekkja? • Skal det viktigaste komme først?• Skal det viktigaste komme sist?

Argumentasjonsstrategi

Page 12: P for påverknad

Foto: Scanpix

Kanal måten vi når målgruppa vår på

Medievalradio, tv, trykte medium (aviser, blad), kino, Internett, telefon, PR og personleg sal

Kva trur du er fordelen med kinoreklame som medieval?

Kommunikasjonskanalar

Kva er det sterkaste argumentet for å bruke PR som medium?

Page 13: P for påverknad

Foto: Scanpix

Personleg kommunikasjondirekte kontakt mellom sendar og mottakar, til dømes personleg sal, positiv vareprat, chat på Internett

Ikkje-personleg kommunikasjonmassekommunikasjon via massemedium

Personleg kommunikasjon er dyrt, men effektivt!

Personleg og ikkje-personleg kommunikasjon

Ikkje-personleg kommunikasjon er billeg og kan vere veldig effektivt, men sendar har mindre kontroll.

Page 14: P for påverknad

Foto: Scanpix

Den eller dei• personane • gruppene • bedriftene • einingane

du som sendar ønskjer å nå med bodskapen din.

Korleis kan du sikre deg kontroll over kven som oppfattar bodskapen din?

Mottakar

Page 15: P for påverknad

Foto: Scanpix

Mål for marknadskommunikasjon kan vere• å vekkje oppmerksemd og interesse• å påverke haldningar• å utløyse kjøp

Kvifor trur du målet med kommunikasjon kan vere å berre skape interesse og oppmerksemd, og ikkje sal der og då?

Kommunikasjonsmål

Page 16: P for påverknad

Foto: Scanpix

Alt som kan ta konsentrasjonen bort frå bodskapen vi sender ut, er

STØY• andre reklamar og bodskapar• fysisk støy• stress• kjensler

Kva meiner du er den viktigaste forma for støy?

Støy

Page 17: P for påverknad

Foto: Scanpix

For å vite om marknadsføringsbodskapen vår treffer ønskt målgruppe, kan vi

• gjennomføre marknadsundersøkingar• sjå på salstal• snakke med kundar og konkurrentar

Kva er fallgruvene her?

Tilbakemelding