presseskriv vår 2016

14
REPERTOAR VÅREN 2016

Upload: siren-h-saeter

Post on 24-Jul-2016

234 views

Category:

Documents


8 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Presseskriv Vår 2016

REP

ERTO

AR

REN

20

16

Page 2: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 2

PENGER, POLITIKK OG IDEAR

kraftig, utan å kommersialisere repertoaret. Desse omfattande grepa er anerkjent av både departement og media, men utan at det er mogleg å se nokon effekt på den offentlege støtta teatret mottar. Dei siste åra har vi søkt om konkret støtte til ideen om å få fleire av framsyningane våre ut på turne. Dette ville ha utnytta teatrets produserte framsyningar enda betre, og også gitt publikum over heile landet eit enda betre teatertilbod. Dette er framleis berre ein god ide.

19 oppsetjingar, Lunsj og lyrikk, Bikubekveld, Innsikt og open restaurant frå morgon til langt på natt fortel om eit teater som vil vere ein viktig møteplass i byen vår. Kunstnarleg, politisk og sosialt.

Velkommen i teatret!

Erik Ulfsby, teatersjef

Det Norske Teatret skal overraske, vi skal skape engasjement og vi skal gi publikum opplevingar dei knapt trudde var moglege. Dette har vi ikkje tenkt å endre på i det kommande året. Tvert i mot. Vi skal strekkje oss enda lenger og vere enda meir risiko- villige. I vår tar vi mål av oss å gjere ei umogleg oppgåve. Vi skal dramatisere Andre verdskrigen. Vi har tidlegare hatt suksess med arbeidet med dei «store forteljingane». Å gjenskape krigen på scenen blir ei storhending, ei totaloppleving frå kveld til morgon – bokstaveleg talt! Framsyninga vil starte ved midnatt og avslutte om morgonen – eit kraftfullt bilde på krigen som ei «natt i verda» og håpet som stig ved morgongry.

Men vi byr òg på anti-krigsdramatikk på Scene 3 som etter 5 år i ny innpakning verkeleg har markert seg som ein stad for utforsking og skapertrang. Gjennom desse åra har det kome gode framsyningar som har begeistra eit større og større publikum.Det Norske Teatret insisterer som alltid på å lage nytt og godt teater for dei minste. Vi skal vere det føretrukne teatret for familien og vi skal kunne tilby ein variert meny. Også i vår skal vi gi dei yngste ei storslagen og minnerik oppleving. Vi dramatiserer historia om Kvitebjørn Kong Valemon og setter den inn i ei påkosta ramme på Hovudscenen. Institusjonsteatra blir stadig skulda for å spele for få og for tradisjonelle barneteaterstykke, no seinast av den nye byregjeringa. Dette har Det Norske Teatret gjentatte gonger forsøkt å kome unna og har bevisst styrt unna dei meir tradisjonelle vala.

Kvar er dei gode ideane, spør politikarane våre og diskuterer heftig kvar det er blitt av det kultur-politiske engasjementet. Dei vil ha retning, verdiar og mål. Og først når dei store kulturinstitusjonane er tydelege, skal pengane følgje. Økonomiske løft er berre naudsynt for å få til viktige satsingar, blir det sagt. Vi på Det Norske Teatret er slett ikkje tomme for gode idear. Og vi vil påstå at vi har vore både tydelege, vågale og djerve i satsingane våre dei siste åra. Berre dei siste fem åra har Det Norske Teatret etablert prosjektet Det multinorske, bygd om publikumsområdet og opna restaurant for å auke både trivsel og eigeninntekter, vi har betra kapa-siteten og tilbodet til publikum ved å innføre søndag som speledag og – ikkje minst – vi har lagt om til repertoarspel og på den måten auka både talet på framsyningar, premierar og talet på publikumarar

Page 3: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 3

av Brian Yorkey og Tom KittOmsetjing: Erlend Loe og Ola E. Bø

EUROPAPREMIERE 16. JANUAR PÅ HOVUDSCENEN

Vi opnar vårsesongen med ein ny musikal frå duoen bak suk-sessen Next To Normal. Også denne gongen er det Heidi Gjermundsen Broch som har hovudrolla. Kan ein tru på skjebnen? På ekte kjærleik? Eller på at noko stort skal skje? Musikalen viser kva for ulike retningar livet kan ta når tilfeldig-heiter og samantreff spelar inn i uventa situasjonar, og vi får sjå to ulike versjonar av hovudkarakterens liv. Musikalen hadde urpremiere på Broadway våren 2014, og dette er første gongen den blir vist utanfor USA.

New York historia er no flytta til Oslo, og i den aktuelle rammeforteljinga finn vi miljøaktivistar, byplanleggarar, legar utan grenser, vanlege og uvanlege byfolk.

REGISSØR Marit Moum AuneMED Heidi Gjermundsen Broch, Frank Kjosås, Pål Christian Eggen, Jon Bleiklie Devik, Morten Svartveit, Julie Moe Sandø, Silje Lundblad, Tiril Heide-Steen, Judy Nyambura Karanja, Hans Rønningen, Paul Åge Johannessen, Jonas Fugelvik Urstad

TENK OM

av Jonas Hassen KhemiriOmsetjing: Maria Tryti Vennerød

NOREGSPREMIERE 30. JANUAR PÅ SCENE 2

Den kritikarroste svenske forfattaren og dramatikaren Jonas Hassen Khemiri fekk i oppdrag å skrive med utgangspunkt i myten om Frankenstein, og endte opp med å lage eit humo-ristisk, intelligent og samfunnskritisk teaterstykke om eit anna menneskeskapt monster; kapitalismen. Kva er det med oss som gjer at vi berre vil ha meir og meir? Kva gjer pengar med oss? Korleis påverkar pengar og økonomi våre relasjonar? I ≈ [Tilnærma lik] møter vi eit mylder av menneske som på ulikt vis strevar med å tilpasse seg det økonomiske systemet.

Framsyninga er både komisk og brutal og strevar etter å gi publikum maksimal underhaldningsverdi for pengane. Kva skal eigentleg til for at eit teaterstykke skal vere verd pengane?

REGISSØR Peer Perez ØianMED Thomas Bipin Olsen, Sara Khorami, Amell Basic, Marianne Krogh, Agnes Kittelsen, Bartek Kaminski, Espen Reboli Bjerke

≈ [TILNÆRMA LIK]

Page 4: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 4

av Will Eno Omsetjing: Marita Liabø

NOREGSPREMIERE 23. JANUAR PÅ SCENE 3

Stykket om dei to ektepara Johnsen er eit vittig og melan-kolsk drama plassert i eit kvardagsleg miljø. Vi møter altså to nabopar som ikkje berre deler etternamn; dei har òg heilt like heimar og eit heilt vanleg liv. Rutineprega samtaler og kvardagsleg sosial omgang er kjernen i dette naboforholdet. Johnsen og Johnsen i live er eit episodisk, samansett og rytmisk drama med springande, vittige og uventa dialogar. Korleis kan vi lære å kjenne kvarandre gjennom det vi seier? Er det som slepp ut av munnen vår det vi faktisk tenker? Kommunikasjon er meir enn språk. Med humor, vidd og fordreide portrett av to tilsynelatande vanlege ektepar peikar stykket på korleis vi menneske på ulikt vis taklar motgang, det som ikkje blir snakka om og korleis vi rett og slett må ta livet som det er.

REGISSØR Anders T. AndersenMED Per Schaanning, Marit Andreassen, Svein Roger Karlsen, Ulrikke Hansen Døvigen

JOHNSEN OG JOHNSEN I LIVE

av Fernando ArrabalOmsetjing: Odd Jan Sandsdalen

NOREGSPREMIERE 20. FEBRUAR PÅ SCENE 2

Medan bombene regnar ned over slagmarka, får ein ung soldat besøk av mor og far sin. Dei tenkte det ville vere hyggeleg med ein piknik. Dei dukar seg til med god mat, vin og musikk. For krig er jo keisamt i lengda, og dessutan er det slik ein herleg søndag. Når ein soldat frå fiendens rekker kjem, blir han invitert med. Dei har det riktig så triveleg saman, og hugsar ikkje lenger kvifor dei er fiendar. I denne absurde komedien flyt det meningslause ved krig til overflata. Om fienden ikkje vil krige, og du ikkje vil krige, kvifor krigar vi da?

REGISSØR Catrine TelleMED Eivin Nilsen Salthe, Jan Grønli, Hilde Olausson, Nina Woxholtt, Elisabeth Sand, Øyvin Berven

FRUKOST I DET GRØNE

Page 5: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 5

av Lukas Bärfuss, David Grieg, Oleg Bogaev og Maria Tryti VennerødOmsetjing: Carl Morten Amundsen, Maria Tryti Vennerød og Ingrid Weme Nilsen

URPREMIERE 28. FEBRUAR PÅ HOVUDSCENEN

Det Norske Teatret arbeider igjen med dei «store fortelj- ingane». Teatret gir seg i kast med Andre verdskrigen og den umulege oppgåva det er å gjenskape han på scenen. Den andre verdskrigen var ikkje ei historie – ikkje ein krig. Krigane i Europa og Asia likna knapt på kvarandre. Noreg, Frankrike, Nederland og Belgia var okkuperte, men Sverige og Sveits heldt fram som nøytrale, bombeflya slepte lasta si over sivile, Island blei uavhengig, 6 millionar jødar vart myrda. Folk blei råka på så ulike måtar. Men dei fleste har ei historie å fortelje, anten ein opplevde krigen eller ikkje. Nokre historier er dramatiske eller blodige. Andre er kvardagslege og handlar om alt anna enn drap eller bomber, konsentrasjonsleirar eller torpedoar. Send oss gjerne di historie frå Andre verdskrigen til [email protected]

Framsyninga vil òg bli spelt på dagtid og er rekna til å bli rundt åtte timar inkl. tre pausar. Det blir ei lengre pause og to korte. Det vil bli høve til å kjøpe drikke, enkle rettar og varm mat i løpet av natta/dagen.

REGISSØR Erik UlfsbyMED Svein Tindberg, Renate Reinsve, Paul-Ottar Haga, Gjertrud Jynge, Kyrre Hellum, Geir Kvarme, Joachim Rafaelsen, Kaia Varjord, Oddgeir Thune, Frode Winther, Grethe Ryen, Unn Vibeke Hol, Kadir Talabani

ANDRE VERDSKRIGEN – NATT I VERDA

Page 6: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 6

av William ShakespeareOmsetjing: Edvard Hoem

PREMIERE 5. MARS PÅ SCENE 2

Verdas mest berømte og tragiske kjærleikshistorie.I Veronas lyse by har familiane Capulet og Montague lege i krig så lenge nokon kan hugse. Ingen veit lenger kvifor. Midt i valden og blodsutgytinga finn to ungdomar kvarandre; Romeo av huset Montague og Julie av huset Capulet. Forelskinga blir redninga deira - ei flukt frå den harde og uforståelege verkelegheita. Men ei tragisk misforståing får fatale følgjer og snur kjærleiksrus til ulykke. Lagnaden har valt dei unge elskande ut til å skape forsoning mellom familiane.

Shakespeares Romeo og Julie byr på nokre av dei vakraste og mest kjende passasjane i vestleg drama og poesi. Denne gongen er det Axel Gherken Bøyum og Kjersti Dalseide som skal gestalte dei unge elskande. Regien er ved Maren Bjørseth, som er utdanna i Nederland og kjem til å lage ei ung, frisk, visuell og humoristisk framsyning.

REGISSØR Maren E. BjørsethMED Axel Gherken Bøyum, Kjersti Dalseide, Preben Hodneland, Audun Sandem, Bernhard Ramstad, Niklas Gundersen, Gard Skagestad, Ingunn Beate Øyen, Janne Heltberg, Sigve Bøe

ROMEO OG JULIE

Page 7: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 7

av Noah HaidleOmsetjing: Gunstein Bakke

NOREGSPREMIERE 9. APRIL PÅ SCENE 3

Lucy er fire år. Ho er mykje åleine medan mor er på byen. Lucy har to venner; Herr Marmelade og Bradley. Herr Marmelade er ein arbeidsnarkoman forretningsmann med ein usunn livs-stil. Han har lite tid til Lucy og mange dårlege unnskyldingar. Bradley er assistenten hans og får stadig unngjelde for sjefens labile humør. Mor til Lucy kjem ofte seint heim med forskjellige menn. Ho har aldri møtt Herr Marmelade. Ikkje så rart, for både Bradley og Herr Marmelade er produkt av fantasien til eit barn som har fått oppleve dei mørkare sidene ved vaksenlivet alt for tidleg.

REGISSØR Glenn André KaadaMED Marie Blokhus, Ola G. Furuseth, Ulrikke Hansen Døvigen, Sara Khorami, Amell Basic, Bartek Kaminski, Espen Reboli Bjerke

HERR MARMELADE

Av Ola E. Bø og Mari MoenEtter norske folkeeventyr

URPREMIERE 16. APRIL PÅ HOVUDSCENEN

Eventyr om å følgje hjartet.

Med utgangspunkt i den kjende historia om kvitebjørnen som er menneskeprins om natta, har Det Norske Teatret laga ei ny, dramatisk forteljing for barn på Hovudscenen. Vi møter ei jente som speler ein magisk melodistubb på strengeleiken sin, men ho kan berre litt av han og får han ikkje ut av hovudet. Ein dag møter ho kvitebjørnen og saman finn dei heile melodien; sjølve livets melodi. Men bjørnen er ein fortrolla prins, ei trollkjerring vil gifte seg med han. Jenta må gjennom mykje motgang og strabasiøse hendingar, men ho gir seg ikkje. Til slutt klarer dei med ein listig plan å setje trollkjerringa ut av spel. Og lykka smiler.

REGISSØR Ingrid Weme NilsenMED Silje Lundblad, Morten Svartveit, Iren Reppen, Per Schanning, Hans Rønningen, Jonas Fugelvik Urstad, Judy Nyambura Karanja

KVITEBJØRN KONG VALEMON

Page 8: Presseskriv Vår 2016

ODIN-veke

26.-30. april er det Odin-veke ved Det Norske Teatret. Da inviterer Teater Prospero i samarbeid med Det Norske Teatret, Danse- og Teatersentrum og det norske scenekunstmiljøet til konferansen Kunstneren på stedet - kan scenekunst forandre en by? Tre nordiske eksempel frå den danske provinsbyen Hol-stebro, Alby i Stockholm og Stamsund i Lofoten blir presenter-te under konferansen. I tillegg blir det arrangert debatt rundt teatrets rolle i samfunnet. Kunsten påverkar utviklinga i byen. Korleis kan ein nytte kunstnarlege ressursar for å få ein meir dynamisk kulturpolitikk?

GJESTESPEL

Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og HættaLopez, i samarbeid med gruppene Sotz’il og Guatemaya (begge frå Guatemala)

URPREMIERE 6. FEBRUAR

Manus: Tekstar av Sigbjørn Skåden, Veronica Salinas, Rosa Chávez og Angel Canas «Kame», sett saman av Jon Tombre.

Ein rå og poetisk hyllest til kor vakkert det er å leve. Kva bind moderne urfolk saman? Kan scenekunst bli kombi- nert med hiphop og maya- ritual? Kan beatboxing, joik og poesi gå opp i ei høgare eining? Vidas Extremas er eit uredd og unikt kunstprosjekt. Det er eit samarbeid mellom kunstnarar frå Kautokeino og Guatemala City som har som mål å foreine urban storbykultur og moderne urfolkskunst. Kunstnarar frå hip hop, scenekunst, maya og samisk kultur samarbeider på tvers av barrierar og grenser.

Dette er ein samarbeidsproduksjon av Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og HættaLopez, i samarbeid med gruppene Sotz’il og Guatemaya, begge frå Guatemala. Med stønad frå Dramatikkens hus, Fritt Ord og Den Norske Ambassaden i Guatemala.

REGISSØR Jon Tombre

VIDAS EXTREMAS - EIN DANS PÅ LIVETS YTTERKANTAR

Page 9: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 9

Norsk politikk – The musicalav Are Kalvø og Ingrid Bjørnov

Både publikum og kritikarar har latt seg forføre av den litt tøysete politiske musikalen til Are Kalvø og Ingrid Bjørnov om kva som eigentleg hende den dagen da Mette-Marit og Haakon Magnus skulle gifte seg. Om kor dampande heitt det går føre seg i Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité, og kor romantisk politikken eigentleg er.

REGISSØR Marit Moum Aune

av Maria ParrDramatisert av: Ivar Tindberg

Det Norske Teatret etablerte laga ein ny barneklassikar med Tonje Glimmerdal, og jenta full av fart og sjølvtillit turar fram på Hovudscenen ut over våren. Tonje Glimmerdal byr på latter, drama, tårer og musikk – mykje å gle seg til for både store og små.

REGISSØR Ivar Tindberg

I REPERTOAR

HALVE KONGERIKET

TONJE GLIMMERDAL

Page 10: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 10

av Øyvind RimbereidTilrettelagt for scenen av Ane Dahl TorpMusikk: Sjur Miljeteig

Ane Dahl Torp, Sjur Miljeteig og det kunstnarlege laget bak Solaris korrigert har lykkast med å gjere Øyvind Rimbereids framtidsdikt til eit storstilt kunstprosjekt på Hovudscenen. Lysdesign og røykeffektar, hologram, musikk, rørsle og tekst flyt saman til noko som er i grenselandet mellom teater og konsert. Ei oppleving ganske utanom det vanlege på Det Norske Teatret.

REGISSØR Peer Perez Øian

av og med Are Kalvø

Kva nyttar du timane i livet ditt til? Dette er kva Are Kalvø har undersøkt i framsyninga som no går inn i sin tredje sesong. Han har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbruks- undersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på. Nyttar vi tida vår rett eller gale?

REGISSØR Erik Ulfsby

I REPERTOAR

SOLARIS KORRIGERT

KALVØ

Page 11: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 11

av Ivan VyrypajevOmsetjing: Sigrid Strøm Reibo

Regissør Strøm Reibo og ensemblet på Scene 2 har funne både humoren og sårheita som ligg i denne tilsynelatande rølpete teksten. Her møter vi eit knippe vidt forskjellige menske som under ei real fyllekule prøver å komme nærare kvarandre, og å løyse livets store gåter. Det vil dei halde fram med ut over våren, og dei vil stadig vere stup fulle.

REGISSØR Sigrid Strøm Reibo

av Carl Frode Tiller

I Tillers første heilaftans teaterstykke møter vi Bjørn, ein middels god skodespelar midt i livet. Han har ei fin kone, to utfordrage- lege tenåringsbarn og ein svigerfamilie som ikkje synest han er god nok for dottera deira. Med humor og drepande replikk- vekslingar skildrar Tiller den moderne mannens midtlivskrise.

REGISSØR Lasse Kolsrud

I REPERTOAR

FULLE FOLK

KVEN ER REDD?

Page 12: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 12

aav Agnes RavatnDramatisert av: Ingrid Weme Nilsen

Marie Blokhus fekk Heddaprisen i vår for beste kvinnelege hovudrolle for si tolking av den skampletta og avgådde suksess-programleiaren Allis. Det er både pirrande, provoserande og skummelt når ho flyktar frå byen og langt frå sivilisasjonen viklar seg inn i eit farleg drama med den mystiske Bagge.

REGISSØR Marit Moum Aune

av og med Svein Tindberg

Det Norske Teatret og Svein Tindberg hadde eigentleg lagt framsyninga ifrå oss. Men nyheitsbildet gjer at denne fram- syninga ikkje mistar sin aktualitet. I haust rundar Abrahams barn eit publikumstal på fantastiske 95.000, og folk strøymer framleis til for å oppleve at når alt kjem til alt er vi alle ganske like, også når det kjem til trua vår.

REGISSØR Kjetil Bang-Hanssen

I REPERTOAR

FUGLETRIBUNALET

ABRAHAMS BARN

Page 13: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 13

I ein versjon av Morten CrannerOmsetjing: Erik Simensen, Leiv Hegstad og Ola E. Bø

Med vilter teaterleik og skamlaus bruk av enkle teatereffektar formidlar eit sprekt ensemble forteljinga om livet til Egil på 900-talet, frå fødsel til død, gjennom himmel og helvete, krig og kjærleik, og gjennom Egils eigne kvad. Her blir det ikkje spart på dramatikken, og regissøren sjølv kallar det ein viking-action- komedie-kvad-musikal.

REGISSØR Morten Cranner

I REPERTOAR

SOGA OM EGIL SKALLAGRIMSSON

av Mark HaddonDramatisert av Simon Stephens Omsetjing: Jon Fosse

Mark Haddons bestseljar-roman har hatt enorm suksess på Scene 3, og går no inn i enda ein ny sesong. Vi møter den litt annleise guten Christopher, ein gut som er litt annleis, som finn naboens hund brutalt drepen, og bestemmer seg for å finne ut kven som er mordaren. Men han finn ut mykje meir enn han først hadde tenkt.

REGISSØR Trine Wiggen

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA

Page 14: Presseskriv Vår 2016

REPERTOAR VÅREN 2016 SIDE 14

av Arne GarborgManus: Ane Dahl TorpMusikk: Sjur Miljeteig

Ane Dahl Torp, ektemannen Sjur Miljeteigs og ein rocka versjon av Arne Garborgs Haugtussa har vist seg å vere ein gylden formel. For tredje året på rad skal deira musikalske forteljarteater kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, det under-medvitne og villskapen i menneskesinnet.

REGISSØR Ane Dahl Torp og Erik Ulfsby

I REPERTOAR

HAUGTUSSA