restaureringsprosjekt for sandesandagard.no/pdfs/rstsanda.pdf · ved sida av ølhuset sto ei...
TRANSCRIPT
Joar Sande Olav Sande
Sunde, 6800 FØRDE 6973 SANDE
414 40 591
Restaureringsprosjekt
for Sanda
gardsnummer 75, bruk
nummer 4 og 8
i Gaular Kommune
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 2 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Innleiing Garden Sanda i Gaular, gardsnummer 75, har 5 bruk som alle har vore i aktiv drift. I dag er
det berre drift på bruk 5, som slår marka til bruk 4. Bruk 4 består av ca. 1000 mål innmark og
utmark, med til dels mykje skog (furu og gran) i utmarka. Bruk 8 er den gamle kårbustaden
på bruk 4, tomta er i underkant av eit mål, men bruket har rettar i utmarka etter skulda. Det
restaureringsprosjektet som er omtala her starta i 1997, og er så langt fullt ut finansiert med
private midlar.
Tunet Tunet på dei to bruka ligg like ved E39, og vart flytta dit etter eit stort jordskred som gjekk i
1861. Alle husa, unnateke kårhuset, ser utvendig likeeins ut som då dei vert sette opp.
Tunet frå 1863
Det nye tunet, ca 1863. Tunet vart bygd opp etter skredet i 1861.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 3 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Dagens tun
I dagens tun er det 8 bygningar:
1. Det gamle hovudhuset. Opprinneleg ei sperrestove frå ca. 1863, som vart påbygd ca.
1908. Dette huset, og tomta det står på, vart frådelt i 1928 og fekk bruksnummer 8.
Noverande eigar er Joar Sande. Eigedommen omfattar også eit stabbur frå 1700-talet.
(sjå 8). Huset vart restaurert i 2002, og stabburet var ferdig restaurert i 2004.
2. Hovudhuset (Bygningen). Byggeår ca. 1875, påbygd ca. 1910. Huset har to fulle
etasjar m/ kjellar og loft. Huset var legebustad/kontor frå ca. 1910 – 1915.
3. Låve m/ mura fjøs. Byggeår 1902. Låvebrua vart bygd i 1905.
4. «Ølhus» (eldhus). Restaurert 1963. Ved sida av ølhuset sto ei eldstove som vart seld
på auksjon i 1920. Grunnmuren etter eldstova står enno.
5. Garasje. Byggeår 1975. På denne staden stod det opprinneleg eit moldhus. Før i tida
var det vanleg å blande mold i naturgjødselen, for å «drøye» denne, og ein trengde då
ein oppbevaringsplass for molda.
6. Kårhus. Byggeår 1958-59. 1. 5 etasje m/kjellar. Kårhuset har eige bruksnummer, bruk
26 Sandvin. Kårhuset vart påbygd i 2001-02.
7. Gammal gropsilo frå 1975. Det vart bygd garasje her i 1999.
8. Stabbur - høyrer saman med 1
Bygningane 1 og 8 tilhøyrer bruk 8, medan dei andre tilhøyrer bruk 4. Eigar av bruk 4 er Olav
Sande, og eigar av bruk 8 er Joar Sande.
Skisse av tunet, frå fylkesatlas.no. E39 er planlagt lagt utanom Sande sentrum i 2014-15.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 4 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
To av bygningane, hovudhuset (2) og spesielt låven (3), treng omfattande restaurering. Det vil
bli lagt vekt på å ta vare på bygningane slik at dei utvendig ser ut slik som dei alltid har gjort.
Det er difor ein stor fordel at bygningane stort sett står slik som dei var når dei var nybygde.
Bruk 4 og 5 (til venstre) mellom 1912 – 1920. Foto i Fylkesarkivet.
Widerøe 1973. Huset lengst til venstre ligg på bruk 5.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 5 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
13. juni 2011. Fotograf Ole Skagen.
Status 2011
1. Gammalt hovudhus, 1. etasje oppussa i 1980
tette lekkasje i kjellar
pusse mur (har opprinneleg vore pussa, men er no sterkt forfallen)
nye vindskeier og vassbord
reparere, evt. byte ut vindauge i 2. høgda
Ferdig restaurert i 2002. Alle veggar isolerte, nytt elektrisk opplegg, nytt bad, nytt
kjøkken og golvvarme. Ny inngangsdør og loftstrapp hausten 2010.
2. Noverande hovudhus (våningshus)
reparere/byte ut alle vindauge, takast over fleire år
etterisolere, vindtette og byte kledning på vestveggen.
få lagt skikkeleg undertak, evt. isolere noko. Dei gamle hellene (lappskifer) må
brukast oppatt så langt råd er
isolere og evt. innrede loft
sette inn kopi av opprinneleg inngangsdør (nordsida)
Loft isolert i 1996. Vestveggen skifta og isolert i 1997. Vindauga reparerte i 1998.
3. Låve
legge om taket (firkanta, stor skifer), pga. til dels store lekkasjar. Taket må også
rettast opp, og rotne delar må skiftast ut
skifte ut rotne delar i grindverket
legge nytt golv mellom fjøsen og høylageret, bjelkar og bord er rotne
legge nytt golv i stallen
sette inn nye vindauge, evt. reparere dei gamle
pusse og male/kalke muren innvendig
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 6 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
4. Ølstove
nytt tak vart lagt i 1991, og her er berre mindre vedlikehald påkrevd
5. Garasje
berre mindre vedlikehald påkrevd
7. Gammal silo
planen er å rive denne, og sette opp garasje/redskapshus på same staden.
Redskapshuset må byggast på ein slik måte at det ikkje vert for dominerande, og
passar inn i «stilen» til låven.
Gropsiloen riven i 1997, og ny garasje bygd i 1999.
8. Gammalt stabbur
på sikt vil det bli aktuelt å jekke opp stabburet, for å rette opp stabbane. Dette
arbeidet er ikkje teke med i dette prosjektet. Alt restaureringarbeidet vil basere seg
på at ein brukar opp att material så lang råd er, men dersom det ikkje går, så vil ein
kopiere delar.
Stabburet ferdig restaurert i 2004. Nytt torvtak, nytt golv og ny kledning mot nord og
sør.
Framdriftsplan vidare
2. Noverande hovudhus (våningshus)
* reparere/byte ut alle vindauge, takast over fleire år
* etterisolere, vindtette og byte kledning på vestveggen.
* få lagt skikkeleg undertak, evt. isolere noko. Dei gamle hellene (lappskifer) må
brukast oppatt så langt råd er
* isolere resten av veggane og evt. innrede loft
* sette inn kopi av opprinneleg inngangsdør (nordsida). Restaurere inngangsdør mot
sør.
Loft isolert i 1996. Vestveggen skifta og isolert i 1997. Vindauga reparerte i 1998.
3. Låve
* legge om taket (firkanta, stor skifer), pga. til dels store lekkasjar. Taket må også
rettast opp, og rotne delar må skiftast ut
* skifte ut rotne delar i grindverket
* legge nytt golv mellom fjøsen og høylageret, bjelkar og bord er rotne
* legge nytt golv i stallen
* sette inn nye vindauge, evt. reparere dei gamle
* pusse og male/kalke muren innvendig
2012
Rydde låven. Legge om taket og skifte ut rotne delar i grindverket. Skifte kledning på
vestveggen
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 7 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
2013
Legge nytt golv mellom fjøs og høylager, og nytt golv i stallen. Sette inn nye vindauge og
kalke muren innvendig. Drenere utvendig.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 8 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Historie Sanda bruk 4
Ytre Sande (Sanda, bruk 4 og 5) og Indre Sande (bruk 1,2 og 3) hadde felles tun fram til
starten på 1860-talet. Lisjeelva skilde dei to tuna. 15. juni 1861 gjekk det ei stor skrede som
”ødela samtlige huse” på bruk 1 på Indre Sande, unnateke eldhuset. Sanda hadde ei tid gått
med planar om å flytte tunet sitt lenger vest, og skreda fekk fart på planane. Mikal (fødd 1861)
var den siste som var fødd i det gamle tunet, og Mathæus (fødd 1864) den fyrste som vart
fødd i det nye. I det nye tunet er sola vekke i om lag 14 dagar, og kjem tilbake 1. nyttårsdag
medan Gamletunet er den staden det er mest sol.
Plassering av tuna på Ytre og Indre Sande. fylkesatlas.no
Bygningar Den gamle floren, som var bygd rundt 1863, hadde innlagt vatn frå Bekken. Til huset kunne
jentene bere vatn, så der var det ikkje nødvendig med innlagt vatn. Hadde karane ansvaret for
vassberinga til floren, tru? Ved den gamle låven var det eit vasshjul. Bekken som kjem ned
ved Storsteinsfletene, Furuskorelva, vart leidd ned Mjeltehogen for å drive vasshjulet.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 9 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Knud Knudsen 1872.
Fremst ligg Sivertsens hotell, der Bernt Sivertsen starta med landhandel og overnatting i 1838.
Vegen Vadheim- Førde vart teken opp som hovudveg i 1837, så då vart det større behov for
overnatting og gode mulegheiter til å drive handel. Bak kyrkja ser vi nokre av husa på bruk 4.
Låven ligg nord-sør, og har eit vasshjul som mellom anna vart brukt til tresking av kornet.
Sandegardane var sjølvforsynte med korn, det vanlegaste kornslaget var havre.
Den nye kombinerte floren og låven vart bygd i 1902. Folk hadde problem med å forstå kva
Mads Sande skulle fylle den store bygningen med. Faren, Jakob Sande (fødd 1825) meinte at
det var ei uhøyrt betaling til bygningsarbeidarane. Dei hadde ei krone dagen og arbeidde berre
10 timars dag! Skifertaket kom med båt til Bygstad og vart køyrt heim med hest. Floren
hadde fôrgang i midten, det var uvanleg på den tida. Køyrebana inn på låven vart heva i 1905,
slik at det vart lettare å lesse av høyet. Golvet i stallen var støypt, men det datt ned då ein
støttebjelke svikta. Etter det var det tregolv. Sonen til Mads, Olav (fødd 1890), laga nye
vindauge mot aust på 30-talet ein gong.
Øllhuset (eldhuset) sto før i lag med ei eldstove, noko som var vanleg på gardane før. Jakob
(fødd 1825) og kona Lovisa (fødd 1831) hadde eldstova som kårbustad, Jakob døydde i 1915
og Lovisa i 1919. Kårstova vart seld på auksjon i 1920, truleg til Yndestad i Bygstad der ho
skal ha brunne opp. Brørne Mads (fødd 1856) og Mikal (fødd 1861) brukte å bryggje øl til jul
i lag i Øllhuset. Der var det ei stor grue og ei turkehelle. Øllhuset vart restaurert etter at Odd
Sande tok over garden i 1960.
Stabburet frå 1700-talet vart flytta frå Gamletunet rundt 1863, og vart restaurert i 2003-4. Det
er restar etter tjørekrossar på den gamle stabbursdøra. Ivar Aasen reiste forbi Sande i oktober
1842, og merka seg at det var måla krossar på dei fleste dører. Folk her hadde stor respekt for
dei underjordiske! På 30-talet var det planar om å flytte stabburet til staden der den gamle
eldstova hadde stått. Stabburet vart aldri flytta, og grunnmuren som vart mura opp har stått
slik sidan.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 10 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Den gamle sperrestova, bygd i 1863, vart leigd ut til kommunen, og kommunestyremøta vart
haldne her. Indre Holmedal sparebank (skipa i 1894) leigde også, frå 1897 til 1909. Leiga var i
starten 20 kr året, men dette vart auka til 30 kr året i 1904. Banken fekk seinare lokale i det
nye kommunehuset som sto ferdig i 1909. Sperrestova vart bygd på med ein etasje rundt 1908.
I 1980 var den pussa opp og plata innvendig, men huset vart tilbakeført til gammal stand i
2002. Ved oppussingsarbeid i 1995 vart det funne to gamle protokollar bak kledningen. Det
var protokollar frå arbeidet i fattigkommisjonen, frå 1840 og framover. Mads Sande hadde
mange kommunale verv, så dei har vore lagra på øvsteloftet og så dotte ned bak kledningen.
Protokollane vart leverte til Fylkesarkivet, og er no restaurerte.
Bygningen (storehuset) vart bygd rundt 1875, og var heilt likt huset i Randa (Sande bruk 3).
Byggmeister for begge husa var Jakob Sande. Sonen Mads bygde på Bygningen rundt 1910
for å leige den ut som kombinert legebustad og kontor. Men kommunen kjøpte Sivertsens
hotell i 1915 og gjorde det om til legebustad, så då vart det slutt på utleiga. Vindauga i første
etasje mot vest vart skifta på 50-talet, Selberg frå Bygstad laga dei. Det vart laga nytt kjøkken
og eine stova vart oppussa i 1961. Dette arbeidet vart utført av Jens og Magnus Fureli. Nytt
soverom og bad vart laga i 1975. I 1996 vart loftet kledd inn og isolert av Ivar Johan og
Magne Aarberg. Kledningen på vestveggen vart skifta i 1997 av Egil Eikeland og Terje
Buene. Skogen kom frå Tjønnene (tidlegare husmannsplass) og borda vart skorne på eit
mobilt sagbruk. Vindauga i 2. etasje vart restaurerte av Kåre Jon Humlestøl frå Svortevik.
Bildet er frå 1908. Vi ser den nye floren (bygd 1902) og at sperrestova er påbygd
medan Bygningen ikkje er det. Fiske har alltid vore ein populær aktivitet.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 11 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Fotograf Talle frå Bergen rundt 1910. Både sperrestova og Bygningen er påbygd.
Ved sida av floren stod eit moldhus og vedhus der det no er garasje. Moldhuset vart brukt til å
lagre mold som skulle brukast til å suge opp gylla i gjødselkjellaren. Molda vart henta i
Moldtaket som ligg mellom Gamlevegen og E39 ute ved Sandagjære.
Odd Sande (på hesten) og Leif Sande framføre moldhuset.
Foto av Odd Brathole 1938.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 12 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Høgspentlinja kom på slutten av 40-talet, og bruk 5 bygde på våningshuset i 1957, så bildet er
teke ein gong mellom det. Vi ser murane til gamlefloren på bruk 5 i mellom stabburet og
våningshuset på bruk 5. Gaula går høg, så dette er nok på hausten. Husa er umåla, så måling
brukte ein ikkje mykje pengar på då. Økonomien var heller ikkje så god på den tida.
Widerøe 1973. Alle husa, unnateke stabburet, er målte.
Arbeidet med kloakken til bruk 5 er nett ferdig. Hagetornane er i sine velmaktdagar, og var eit
imponerande syn i all si prakt. Det var berre lensmannen som hadde liknande tre på Sande.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 13 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Det er att berre ein hagtorn i hagen sommaren 1997. Den andre
bles ned under nyttårsstormen i 1992.
Austveggen på kårhuset har blitt etterisolert og er nymåla sommaren 1997.
Gropsiloen vart riven seinare same sommaren, den sommaren det var så varmt.
.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 14 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Bruk 8 Sandvin på 50-talet ein gong.
Vi ser sperrestova, som vart påbygd rundt 1908, og stabburet som vart flytta frå Gamletunet i
1863.
Sommaren 2011. Sperrestova vart oppussa i 2002, stabburet sommaren 2004.
Stakittgjerdet vart sett opp same sommaren.
Riksvegen forbi garden vart utvida midt på 60-talet, så då vart arealet på begge sider av vegen
mindre. Stakittgjerdet måtte flyttast litt nærmare huset.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 15 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Kårhuset som Hilda og Olav Sande fekk bygd har eige bruksnummer, bruk 26 Sandvin, og var
ferdig i 1959. Planen var å bygge berre ein etasje, men sonen Odd meinte at det like godt
kunne vere to, for det vart ikkje særleg dyrare. Kårhuset vart pussa opp i 1995-97, og så
påbygd i 2001-2002.
Kårhuset er oppussa og påbygd hausten 2004, og Bjørn Arild Sande på
bruk 5 har kyrne på beite.
I 1975 vart det bygd gropsilo ved sida av floren, der det før hadde stått to små tresiloar.Det sto
ein større tresilo lenger opp på andre sida av bana som òg var i bruk. På same tid vart det bygd
mjølkerom og garasje der det gamle moldhuset hadde stått. Det hadde då komme krav om at
alle skulle ha mjølketank, og det vart slutt med å levere mjølka i spann. Mjølkerampen sto der
det no er busstopp. Gropsiloen vart riven i 1997, og i 1999 vart det bygd garasje på same
staden.
Klart for bygging av ny garasje i 1999.
Odd Harald Sjursen Sande peikar ut kursen. Erlend Sande Bergaas til venstre.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 16 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
13. juni 2011. Fotograf Ole Skagen.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 17 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Vedlegg 1 – oversikt over kostnader pr. 31/1-2012
Bruk 8: Kr. 959 000,-
Bruk 4: Kr. 200 000,-
Detaljert rekneskap kan leggjast fram på førespurnad. Eigeninnsats kjem i tillegg.
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 18 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________
Vedlegg 3: SEFRAK-registrering låve
_______________________________________________________________________________________
Restaureringsprosjekt Joar Sande side 19 av 19
27.05.97 Sist revidert: 23.02.12
_______________________________________________________________________________________