venen 2014 4

12
1 Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2014 Me er supergira! U-turn er eit nyoppstarta ungdoms- tiltak på Horneland bedehus. Me har tatt ein prat med Camilla Kirkeli og Elise Steinsland, to av initiativ- takarane. Rekordstor julegåve Heile kr 250.000,- kom inn i julegåve 2013. Dette er kr 30.000,- meir enn året før. Likevel var dei totale gåve- inntektene kr 235.000,- mindre enn året før. No er me spente på korleis økonomien blir i 2014. Bibelglede i mars! Mange lengtar etter eit rikare åndeleg liv. Nøkkelen ligg i å ta Bibelen ned frå hylla. Bibellesing skaper bibelglede. Les meir i leiaren. Overnatting under Sommarens Storsamling Sjå oversikt over kor du kan overnatta 20.-22. juni på Husnes, og bestill plass alt nå. Merk deg at IMS m.a. har halde av plass på Husnes Camping fram til 1. mai. SIDE 2 SIDE 2 SIDE 4-5 SIDE 9 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 - 2014 150 år Indremisjonssamskipnaden

Upload: joffe

Post on 02-Apr-2016

225 views

Category:

Documents


9 download

DESCRIPTION

IndremisjonsVenen er IMS (Indremisjonssamskipnaden) sitt meldingsblad som kjem ut 6 gonger i året.

TRANSCRIPT

Page 1: Venen 2014 4

1Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2014

Me er supergira! U-turn er eit nyoppstarta ungdoms- tiltak på Horneland bedehus. Me har tatt ein prat med Camilla Kirkeli og Elise Steinsland, to av initiativ- takarane.

Rekordstor julegåveHeile kr 250.000,- kom inn i julegåve 2013. Dette er kr 30.000,- meir enn året før. Likevel var dei totale gåve- inntektene kr 235.000,- mindre enn året før. No er me spente på korleis økonomien blir i 2014.

Bibelglede i mars! Mange lengtar etter eit rikare åndeleg liv. Nøkkelen ligg i å ta Bibelen ned frå hylla. Bibellesing skaper bibelglede. Les meir i leiaren.

Overnatting under Sommarens Storsamling Sjå oversikt over kor du kan overnatta 20.-22. juni på Husnes, og bestill plass alt nå. Merk deg at IMS m.a. har halde av plass på Husnes Camping fram til 1. mai.

SID

E 2

SID

E 2

SID

E 4

-5S

IDE

9

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN04 - 2014

150 år

Indremisjonssamskipnaden

Page 2: Venen 2014 4

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Marit H. Ådnanes IndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Opningstider Indremisjonskontoret:Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00Fredag: StengtHeimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

IMS-styret:Ingebrigt S. Sørfonn, formannEdmund ThormodsæterKristoffer TjelleAnlaug Harestad Kåre Stautland Anfinn ØklandMarit Lindekleiv

Varamedlemmar: 1. Eivind Hetland 2. Anne Marie Solsvik3. Marit Tislavoll

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Framside-foto:Glimt frå Sommarleirpå Helgatun.Foto: Nora Baartvedt

Å lengta etter kvarandre Leiar av Marit H. ÅdnanesDagleg leiar

Indremisjonssamskipnaden

150 år

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. juli

Hittil 2

01

42

04

7 7

78

Hittil 2

01

3

1 9

40

73

4

Bu

ds

jett 2

01

44

42

0 0

00

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

5 000 000

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til kon-to 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

Det var Paulus sine ord til Tessalonikarane som fekk meg til å tenkja på dette; lengtar me etter kvarandre – som kristne medsøsken i forsamlinga vår? Brevet til Tessalonikarane osar av venskap, kjærleik, oppmuntring og trøyst, men også formaning. Paulus, Silvanus og Timoteus lengtar sterkt etter sine kristne trussøsken som dei vart kjente med ei tid tidlegare under Paulus si andre misjonsreise.

Lær av kjendiskokk Bent StiansenFerien er over; kanskje litt for kort for mange. Samtidig kjenner eg sjølv at det skal bli godt å koma i gjenge på mange vis, treffa folket på bedehuset heime og rundtom i lag og foreiningar. Generelt lengtar eg nok mest etter det som er kjært, nært og der eg kan kjenna meg heime. Verdsmeister og kjendiskokk Bent Stiansen fortel i ein artikkel kva kyrkja (les bedehuset) bør læra av restau-rantbransjen. Gjennom suksessrestauranten Statholdergaarden som Stiansen eig og driv, vert det fokusert på omsorg, fellesskap og glede for å halda på gjes-tene. Godt fellesskap blant staben er vårt viktigaste verkemiddel for at gjestene våre skal trivast, fortel han. Sjølv kjem verdsmeisteren frå katolsk familie, men er i dag utmeldt frå Den katolske kyrkja og tilknyta ei lokal forsamling. – Det handlar ikkje om fin innpakning og staffasje, men om Bibelen og mennes-ka, fortset Stiansen. Ekte og ærlege menneske som vil noko, drar i gong andre. Restauranten vår skal vera ei forlenging av folk sine matstover. Gjester som kjem hit skal føla at dei er komne heim, legg han til. – Dessutan; norske forsamlingar bør gjera seg meir tilgjengeleg der folk ferdast; kva med T-banen, i slalombakken eller på stranda? På Oljemessa i Stavanger var ein av dei mest populære stoppe-stadane hos sjømannsprestane. Dei serverte kaffi og nystekte vafler og tok seg tid til å snakka med menneska, fortel Stiansen.

Viss du skal forkynna til eit menneske, må du lika det, er det sagt. Å bry seg, visa omsorg, ta seg tid er nok den beste innfallsporten til eit menneske, anten det er å byggja relasjonar til folk i mi eiga forsamling eller folk på arbeidsplas-sen, naboar m.fl. «Guds forsamling vert bygd, utrusta og utvikla gjennom rela-sjonar», seier Kjell Erichsen. I arbeids- og strategiplanen vår ynskjer me at det vert starta fleire livsnære grupper; både for at fleire skal kjenna seg inkludert i mindre fellesskap, men også for å vinna nye for Jesus, og modnast i trua.

Alle strevar med eit eller anna. Me har ting me tenkjer på, bører me treng å få lagt av oss – både hos Gud og lufta med medmenneske. Me lengtar etter å bli sett, mange lengtar etter eit fellesskap. Ved oppstart av eit nytt semester var det dette eg hadde på hjartet. Måtte haustsemesteret bli rikt på varme og nære fellesskap, på bedehus og i livet elles. Eg håpar me lengtar etter å sjå kvarandre igjen. Viss ikkje; kva er grunnen? Eg veit mykje er bra rundtom på bedehusa. Likevel; me kan aldri tenkja: «no er det godt nok». Det handlar om enkelt- menneskes liv og æva. «Om syskenkjærleiken treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. Og de viser denne kjærleiken mot alle syskena våre i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjartet, sysken, at de må gjera endå større framsteg i dette», 1. Tess. 4,9-10. God haust!

Page 3: Venen 2014 4

3Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2014

Berre fast plass i Himmelen

Andakt av Arne Soldal

Her på sjukeheimen som eg no er, er det ein del pasientar som har korttidsopphald. Så må dei heim att. Andre får fast plass og opphald. Det er helsetilstanden som avgjer det heile. Dette med korttidsopphald har eg prøvd lenge. Men no gjekk det ikkje lenger sidan det ikkje er folk heime som kan hjelpa meg. Eg sende ein søknad om fast plass. Ei tid etter fekk eg svar-brev der det stod eg hadde fått fast plass og eige rom. Glad vart eg. Ei takk gjekk og til Jesus.

Eg kom i hug det Jesus sa i Joh. 14. ”Tru på Gud og tru på meg. I huset åt Far min er det mange rom. Hadde det ikkje vore slik hadde eg sagt dykk det. No går eg bort for å laga til ein stad åt dykk. Når den er ferdig kjem eg att og skal ta dykk med, så de og skal vera der eg er”.

Desse orda vart så levande og gode for meg. Dette fortalde meg at det er ikkje noko kort-tidsopphald i Himmelen. Berre fast plass. På grunn av sin nåde

har Gud ordna dette for oss gjennom Jesus Kristus. Har me tatt tilflukt til Jesus så er me trygge. Då er me sikra fast plass i Himmelen.

”Eg er Sanninga og Livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg,” seier Jesus ein annan plass i same kapittelet. Helsing til kjente og utkjente frå Arne Soldal.

Lyst på ei preik...?

Sjekk ut...

BØNE SPALTA

BE FOR:- Elevar og personalet på Framnes - Staben på Helgatun og Brandøy- Ein god oppstart for lag og foreiningar- Styra på Brandøy, Helgatun og Framnes og i IMS og SunnBok

BE OM: - Ny styrar/styrarpar på Brandøy- Godt sluttsal for lotteriet- Ein god leirhaust

TAKK FOR: - Nye arbeidarar; Arne Lindekleiv og Jakob Saghaug- Hildur Alice og Trond Håkon Sandvoll som har sagt ja, til å gå inn som styrarpar på Helgatun frå 1. jan ’16

Leirvik bedehus, Stord9.-11. oktober 2014

“Finns Gud...”

Torsdag:20.00 Ungdomsmøte m/kafè og le Talar: Torgeir Nygård

Fredag:11.30 Bibelundervisning v/Magnus Gulbrandsen13.00 Ulike aktivitetar15.00 Middag 16.00 Nådegaver v/Kristiansandteamet17.30 Grill ein kristen20.00 Ungdomsmøte Talar: Torgeir Nygård

Laurdag:13.30 Bibelundervisning v/Magnus Gullbrandsen15.00 Middag

16.00 Seminar - Identitet i Kristus v/Lars Magne Ådnanes - er eg eit førebilete? v/Torgeir Nygård - Kva er lovsong? v/Lovsongsbandet

17.30 Same seminar som kl. 16.0020.00 Ungdomsmøte Talar: Torgeir Nygård

Gruppe frå Bergen leier oss i lovsong under arr. Det vert kafè før og etter ungdomsmøta.

Påmelding for overnatting på Leirvik skule innan: Mandag 6. oktober. Kr. 50 pr. nattAlle møta og seminara er opne samlingar og gratis. Ingen påmelding.

PROGRAM

Page 4: Venen 2014 4

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 20144

Jubileumsår med glimt og gløttI år er det 150 år sidan Indre-misjonssamskipnaden vart skipa i ei løe i Uskedalen. Årsmøtet denne gongen var naturleg nok merkt av jubileet, med program og opplegg i tråd med det. Mange hadde sett fram til den store jubileumsrevyen på fredags-kvelden – ”Med glimt i auga og gløtt av himmel”- der ein gjennom smil og alvor ynskte å formidla noko av soga og arbeidet til IMS. Manuset er skrive av Ryfylke livsgnist, og til skodespelarar hadde Svein Bjarne Aase fått med seg personar med fartstid og grunntrening frå leir- og bede-husliv. Alle desse la ned eit stort arbeid i førekant med å læra re-plikkar og øva inn revyen. Andre var engasjerte med sceneskifte, musikk, videokanon og liknande.

Svært mange møtte fram for å få med seg revyen, og det må seiast at det vart ein vellukka kveld! Smilet og låtten sat laust undervegs. Samstundes var det innslag med eit åndeleg inn-hald som greip og rørte. På ein frisk og humørfylt måte fekk ein formidla noko av den rike arven og soga til IMS gjennom 150 år. Takk til alle som var med og gjorde det mogeleg!

Samling om teneste og rikdomLaurdag føremiddag var det opningsmøte med helsingar av ordføraren i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, og formannen i IMS, Edmund Thormodsæter. Erik Furnes frå ImF var ein av talarane under årsmøtet. –På bibeltimen laurdag føremiddag peika han på at som Jesu Kristi tenarar er det viktig å kjenna Herren sin.

Forhandlingsmøte og val Til forhandlingsmøtet var det registrert 119 utsendingar. Ingebrigt S. Sørfonn vart vald til ny formann. Til styrelemer vart desse valde: Anfinn Økland, Edmund Thormodsæter, Marit Lindekleiv, (frå før sit Kåre Staut-land, Annlaug Harestad, Kristof-fer Tjelle) Til varamedlemer vart desse valde: Eivind Hetland, Anne Marie Solsvik, Marit Tis-lavoll. Ved sida av dei vanlege årsmøtesakene presenterte Marit Hårklau Ådnanes strategiplanen 2014-20 og arbeidsplanen 2014-16. Etterpå vart det innspel og samtale om arbeidet.

Jubileumsfest til ettertanke, med tanke for framtida Etter forhandlingsmøtet var det duka til festbuffet med mykje god mat. Svein Bjarne Aase talte på

jubileumsfesten om kvelden. –Me kan vera stolte av arven me fekk, og som me skal få vera med og bringa vidare, sa han. Det gjeld ikkje berre 150 år i IMS. Me har ei 2000 års historie å sjå attende på.

Det var òg helsing og gåve frå fylkeskommunen og frå ordførar eller annan representant for nokre kommunar i IMS sitt område. Gåva frå ImF var ei 4 m lang jubileumskake som vart servert etter kveldsmøtet!

Flott song og musikk i mange variantarBodil Kvernenes Nørsett og Runar Nørsett tok del med song og musikk. Dei hadde òg ansvar- et for IMS-koret som var sett opp for helga. Andre songarar på årsmøtet, var Linn Borgny og Benjamin Røen, Sunnhordlands-musikken, John-Inge Rolfsnes, ei forsongargruppe, Ole Abel Sveen, Christine Lygre og Knut Inge Røen.

Etter festmøtet var det gospel- night med IMS-koret og ulike solistar. Fleire av den eldre garde heldt ut like til slutt!

Glimt frå jubileumsårsmøtet på Husnes 20.-22. juni 2014

Barnesamlingane var dette året mykje prega av at Øystein og Chris kom på besøk med sitt Søndagsskoleshow. Laurdag hadde dei stort show frå traileren sin utanføre Husnes storsenter, før borna hadde si eiga bursdagsfeiring for IMS på ettermiddagen. Søndag var Øystein og Chris med på søndagsskulesamling for borna under formiddagsmøtet. Dei kikka òg innom hjå dei vaksne, til stor begeistring.

Page 5: Venen 2014 4

Velsigna søndagSøndag var det fyrst lagt opp til festmøte med tale ved Erik Furnes. Sokneprest Jan Ove Totland hadde opningshelsing og leia nattverdstunda i møtet. Sunnhordlandsmusikken fylte podiet som så mange gonger før med frisk song i musikklag-stil. –Dette året hadde ein gjort ei lita endring i programmet. Storsamlinga om ettermiddagen var sett til kl 13.00, og så avslut-ta ein årsmøtet med middag kl.14.00. Det såg ut til at det fungerte bra. Ein fekk ro i møtet, av di folk ikkje trong gå før tida. Nina Aase Larsen heldt andakt, og det vart teke opp misjon-soffer til Framnes, Helgatun og Brandøy. Til saman kom det inn kr 201.373,- i kollekt under årsmøtet.

Takk for alt og alleEg trur at dei som møtte, var takksame og glade for jubile-umsårsmøtet på Husnes. Alt var godt tilrettelagt og førebudd av dei lokale komiteane. På avslut-ningsmøtet var det mange som fekk blom og velfortent takk.

Mange var nok dei som hadde bedt for årsmøtet på førehand, både for det praktiske og det åndelege. Takk til Gud som er tru- fast og som høyrde bønene og gav oss eit rikt og flott jubileums-årsmøte!

K.J.H.

Glimt frå jubileumsårsmøtet på Husnes 20.-22. juni 2014

Motiv frå revyen, med f.v John-Inge Rolfsnes, Jan-Ove Fagerheim og Svein Bjarne Aase. “Vi stemmer i en frydesang”.

Nyvald formann

for IMS-styret,

Ingebrigt Sørfonn,

med årsmøte-

utsendingane

rundt seg.

Sitjande f.v.: Kåre Stautland, Edmund Thormodsæter, Anlaug Harestad, Marit Tislavoll (3. vara), Marit Hårklau Ådnanes (dagleg leiar), Marit LindekleivStåande f.v.: Anfinn Økland, Kristoffer Tjelle (nestformann), Ingebrigt Sørfonn (formann)

Kjekt å vera samanUngdommane koste seg på Som-marens Storsamling på Husnes i sommar. Dei overnatta på Husnes Bedehus, der dei fekk bli bedre kjent med nye og gamle venner. I tillegg til programmet som skjedde i Husnes-hallen, fekk dei tid til å grilla, leka og le. Det var kanonkjekt å bu saman på bedehuset, sjølv om det ikkje blei så mange timar på auga.

IMS-styret

Page 6: Venen 2014 4

Leirar Hausten ‘14Brandøy:Yngsteshelg3.-5. klasse 24.-26. oktoberPris kr 580,-

Tenhelg8.-10. klasse 7.-9. novemberPris kr 700,-

Hausttreff10.kl og opp 14.-16. novemberPris kr 790,-

Miniadventshelg2.-4. klasse29.-30. novemberPris kr 450,-

Adventshelg 5.-7. klasse 5.-7. desemberPris kr 680,-

Helgatun:Førjulshelg2.-4. kl og 5.-7. kl(går samtidig)

21.-23. novemberPris kr 630,-/680,-

Ungdomshelg8. klasse og opp5.-7. desemberPris kr 700,-

Indremisjonssamskipnaden

Tlf 53 41 07 [email protected]

LIK OSS PÅ

LindaIngfridLise MarieLars Magneungdomsarbeidar

barne- og familiearbeidarbarnesekretær

Frå Estland til Brandøy 5. august var Brandøy-dørene opna opp for ungdommar heilt frå Estland. Sidan 1994 har kyrkjelydane på Bømlo hatt eit tett samarbeid med kyrkjelydane i Sangaste, Estland. 14 estarar hadde tatt turen med fly til Norge for ei veke. På den veka skulle dei få oppleve Siggjo, Bremnes Kyrkje, Olavsku-len, og Brandøy. Me fekk med oss sju norske ungdommar som ville vera med på leir med estarane. På desse dagane fekk me opp- leva bibeltimar på engelsk, vannski, vollyball kampar, nye vennskap og eit nytt fellesskap med Jesus. Tema for leiren var «korleis vera ein disippel?» Me fekk starta eit vennskap på tvers av landegrensene.

Fin gjeng på Minileir på Brandøy

Grilling og skalldyr-aften på Familieleir på Brandøy

Page 7: Venen 2014 4

Johannes

LindaIngfridbarnesekretær ungdomssekretær

leirarbeidarJohannes T2-studentJakob

Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

1. Kor 13,13

Camilla Stenersen 15 år, frå Bømlo

Mitt bibelvers!

Stor konsentrasjon då ein skulle klatra på Familieleiren på Helgatun

Små og store kosa seg på Familieleiren på Brandøy

Lagbilete frå Minileir på Brandøy

Sommarleir på Helgatun

Kjekt på hoppeputa på Helgatun på Sommarleiren

Klatring er gøy på Active-ten

Tårn av spagetti og marshmallows- konkurranse på Active- ten

Estarane kosar seg på sjøen på Brandøyleir

Rastepause på Familieleir på Helgatun

Vanskeleg oppgåve på sporleik på Minileir

Sommarleir på Brandøy

Page 8: Venen 2014 4

Indremisjonssamskipnaden

150 år

Nye arbeidarar i IMS

Arne LindekleivPensjonist frå hausten, bur på Husnes.Administrasjonskonsulent i inntil 30 % frå 1. september

Arne kjem frå stillinga som kyrk-jeverje i Kvinnherad. Han er godt kjent med IMS frå tida han var ungdomssekretær, formann og dagleg leiar. Me er svært glade for at Arne vil hjelpa til i adminis-trasjonen med konkrete oppgåver og prosjekt som krev oppfølging. Å leggja reiseruta for arbeidarane vil bli ei av hans hovudoppgåver.

Jakob Saghaug20 år og bur på StordT2-elev 2014/2015

Jakob gjekk i fjor på Bildøy bibelskule, og har i år valt å vera T2-elev. Det betyr 15 veker på Bildøy med undervisning og oppfølging, og 22 veker praksis i IMS. Spesielt vil han bli knyta opp mot ungdomsarbeidet på Leirvik, men andre vil også få møta Jakob på lagsbesøk og leir. Jakob er ein svært aktiv leirleiar, og har også vore aktiv i BUR og Pit stop komiteen. I fleire år har Jakob vore tydeleg på at han ein dag vil bli T2-elev/arbeida i IMS. Me er svært glade for at tida no er komen.

Page 9: Venen 2014 4

Ekstra revyframsyning på Stord og i NorheimsundMange har etterlyst fleire framsyningar av det histor-iske spelet/revyen «Glimt i auga og gløtt av himmel» som vart framført under Sommarens storsamling. Me er glade for å kunna presentera revyen på Stord 20. september og i Norheimsund 27. september.

STORD: Billettsal i Stord Kulturhus eller på www.stord.kulturhus.no.

NORHEIMSUND: Billettsal hos c)optikk Bjelland i Norheimsund eller på www.billettservice.no. Løp og kjøp!

Takk for oppdraget!Diverre er eg ikkje flink til å besøkja naboane mine eller dei som bur litt lenger borte. Men eg fekk uventa hjelp til å retta litt på det. Og hjelpa var loddbøkene som kom frå Samskipnaden. Eg tenkte at det loddsalet skulle nå eingong vera gjort, men det har teke mykje lenger tid enn eg tenkte. Der eg har banka på, er eg møtt med: «Kom inn! Vil du ha ein kopp kaffi?» - Eller «Å, så kjekt, det kjem ikkje folk til meg/oss lenger.» Mange set einsame eller to-eine, og eit besøk er svært kjærkome. Det er ikkje så mange hus eg har kome over på ei kveldsstund, men det har vorte til stor velsigning for meg – og etter det eg forstår – mange av dei som har fått besøk! Lukke til med loddsalet vidare! Jens Tveit

Me er no i innspurten av loddsalet, og er spente på kor mykje lotteriet vil gi av ekstrainntekter til IMS. Dersom alle utsendte loddbøker vert selt, får me eit fint over-skot. Framleis har me mange loddbøker på kontoret. Ynskjer du å kjøpa lodd; ring kontoret (tlf 53 41 07 04), så sender me fraktfritt – du betaler over giro.

Loddsalet har vore med å gi IMS positivt omdømme. Mange har lagt merke til den raude mini cooperen me har hatt ståande på stand og ulike butikksenter. Dette har gitt auka loddsal. Men som du kan sjå her, så har me også mange andre verdifulle og flotte gevinstar.

Godt loddsal til no – framleis har du høve til å kjøpa lodd

BR

AN

YD

AG

EN

Denne QR-koden vil føre deg direkte til ein video som presenterer alle gevinstane i Jubileumslotteriet. Evt kan du gå inn på www.youtube.com og søke på “Jubileumslotteri”.

BIL, Mini COOPER, 2012-modell .................Reisegåvekort, (Si-Reiser)..............................Scooter, Vision 50 (Motorsyklisten, Stord) ....... Div el.verktøy - Milwaukee (Sag & Bygg) ............. Baderomsmøbel, TEMA Bad (VVS Bømlo) ........

kr 219.000,-kr 20.000,-kr 18.990,-kr 10.000,- kr 8.000,-

1. gev.2. gev.3. gev.4. gev.5. gev.

Familieleir (Brandøy eller Helgatun) .................Playstation4 (EXPERT Husnes) .......................Gopro Hero3+, Actionkamera (EXPERT Husnes) .Kenwood Major kjøkkenmaskin (ELKJØP) ....Cruise til Danmark, (Fjordline) .......................Fenalår, (Johs. Lundal & Sønner) .....................Kolonialvarer (Encon Voss) .............................Gåvekort, (SunnBok på Stord) .........................Brettspel, (SunnBok på Stord) .........................

kr 4.500,-kr 3.800,-kr 3.600,-kr 2.495,-kr 1.500,-kr 650,-kr 500,-kr 500,-kr 350,-

6. gev.7. gev.8. gev.9. gev.

10.-11. gev.12.-14. gev.15.-17. gev.18.-22. gev.23.-25. gev

Loddsalet vert stoppa 27. september. Vinnarane vert kunngjort laurdag 4. oktober under haustmøte på Stord, nettsida vår, IndremisjonsVenen, Dagen og Vårt Land. Vinnarane vert også tilskrivne. NB! Kjøper du ei heil loddbok til kr 1.000,- vert du med i ei ekstra trekning. Eit lodd kostar kr 50,-.

Alle generasjonar var samla til Brandøydag 17. august. John Kristian Rolfsnestala på føremiddagsmøtet, og song saman med kona Elin (bilete t.h.). Samtidig var det barneopplegg og ungdomsopplegg. Etter lapskaus, kaker og aktivitetar var det ettermiddagsmøte der Johannes Olsen tala.

Page 10: Venen 2014 4

med overnattingsgjester, fortset Solveig. Ut juli har me 6.945 gjestedøgn. I fjor hadde me 6.700 gjestedøgn same tida. Heile fjoråret tilsaman hadde me 9.400 gjestedøgn. Økono-misk ligg me litt betre an enn i fjor. No gler eg meg til Hildur Alice og gutane kjem på plass, avsluttar Solveig.

Om du vil gi ei gåve til Helgatun og nytt kjøken, kan dei sendast til kontonr 8220.02.80497. Hugs å merka gåva med kjøken.

meg på Helga- tun, men ten-kjer mest på borna; at dei skal trivast på skulen og i nytt miljø. Likevel har me meir grunn til å vera redd viss me trassar Guds vilje. No gler eg meg masse til å koma i gong på Helgatun. Eg merkar at eg snakkar mykje om Helgatun når eg snakkar med folk. Det er det som opptek meg no, seier Hildur Alice. - Og få med kor takknemlege me er, skyt Hildur Alice inn. Takknemlege overfor indremisjonsfolket som oppmuntrar og ber for oss, og til Solveig og Helgatunstyret som legg alt så godt til rette for oss.

Du kan lesa meir om det nye styrarparet (lagt ut 21. mai) på nettsida vår: www.indremisjonen.no

Dette seier dagleg leiar Solveig Norheim på telefon. Medio august er planering av tomta ferdig, og forskalinga på plass. - Me håpar kjøkenet står ferdig rundt nyttår, seier Solveig. Det nye kjøkenet blir på ca 100 kvadratmeter. Då er også frys, kjøl, sval og varelager teke med. - Me gler oss storleg til å ta det i bruk. Det er på høg tid med nytt kjøken, fortset Solveig. – Det store fryserommet rauk i sommar like før familieleiren. Kjøkenet er no 41 år. Me snur litt om på ting når me får nytt kjøken. Det gamle kjøkenet blir til matsal. Kafèdelen har me også høve til å nytta ved behov. Me får dessutan større peisestove og TV-stove oppe i 2. etasje. Dette er det også stort behov for, seier Solveig.

Det nye kjøkenet er budsjettert til ca 4,5 millionar kroner. Til no er det komen inn ca kr 1,8 mil-lionar kroner i testamentariske gåver og innsamla midlar. Me tar opp lån, men dess meir me får inn i gåver, dess mindre blir lånet, seier Solveig.

På Sommarens Storsamling på Husnes presenterte me nytt styrarpar på Helgatun frå 1. jan-uar 2016; Hildur Alice og Trond Håkon Sandvoll. Hildur Alice tek til som Solveig sin medhjelpar alt frå hausten av. Paret har fem born i alderen 6 – 17 år. Eldste-jenta Iselin (17) går på Framnes. Dei andre borna bur heime. Yngstemann byrjar på skule til hausten. Familien har difor valt å dela seg komande år. Hildur Alice flyttar til Helgatun med dei tre yngste borna Vemund (6), Askild (8) og Ingve (10). Anja (15) fullfører ungdomsskulen i Bergen og bur heime med faren, og med farmor som bur i kjellarleiligheten i same hus. Vemodig å seia farvel – men eg gler megMidt i flyttesjauen medio august seier Hildur Alice på telefon at tankane og følelsane er mange

Med færre faste arbeidarar har det vore ein hektisk vinter og vår for Solveig. - Like fullt har me hatt ein fantastisk flott som-mar, konstaterer Solveig. Me har hatt barne- og familieleirar, familiar har hatt gullbryllup og slektstemne. Fleire vennegrup-per på 10-15 stk har overnatta. Om me har fleire smågrupper samstundes gir det ei grei gruppe totalt likevel. Dette har det vore meir av enn før, fortel Solveig. - Nordhordland hadde også ein flott fjellvandringsleir her. - Me ligg litt over fjoråret

oppi det heile. – Ferien har gått med til pakking, maling, sy gar-diner og mykje meir. Det er mykje styr å flytta. Me har hatt mange turar til Helgatun. Det kostar det det kostar, men med kall følgjer også velsigning. Eg var blitt glad i folka på jobben (fagansvarleg sjukepleiar, Askøy legevakt). Det var vemodig å seia farvel. Likevel har eg ei kjensle av å vera løyst. «Den Gud kallar, den løyser han», sa Haldis Sandvoll til meg for lenge sidan. Det har eg fått erfara, seier Hildur Alice. No er eg fri til å tena. Ei natt i sommar låg eg og grein. Eg kjente på ansvaret for borna, og at dei no skulle flytta frå vener på Askøy. Eg vart minna om Ef. 6 der det står at me skal ta på Guds fulle rustning. Eg tok fram ordet, og Jesaja 41,10 «Ver ikkje redd for eg er med deg» møtte meg. Eg veit Helgatun er Guds vei og vilje. Kanskje er eg ikkje så redd for det som ventar

Helgatun; arbeidet med nytt kjøken er i gong

Hildur Alice Sandvoll på plass på Helgatun

Ca til nyttår skal det her bli nytt kjøken, og utvida TV- og peisestove.

Page 11: Venen 2014 4

Marit Ådnanes 03.09 Osterneset Indremisjon18.09 Tofte Indremisjon (Zoar)12.09 Hiskjo Indremisjon13.09 Gilje IUF14.09 Husnes Indremisjonsforening14.09 Horneland Indremisjon21.09 Moster Indremisjon03.-05.10 Haustmøte Stord05.10 Bømlo12.10 Stord Indremisjon21.-23.10 Framnes KVGS25.10 Meling Indremisjon31.-02.11 Haustkonferanse Helgatun

Kåre Johan Hamre 02.-04.09 Tørvikbygd Indremisjon05.-06.09 Tveit Indremisjonslag07.09 Stranda Indremisjon10.-11.09 Bogøy Indremisjon12.-14.09 Jondal Indremisjon15.-18.09 Granvin Misjonslag23.-24.09 Norheimsund Indremisjon25.-28.09 Nordtveit Misjonsforening05.10 Laurhammer Indremisjon07.-09.10 Tysnes støtteforening 10.-12.10 Uggdal Indremisjon13.-16.10 Granvin Misjonslag21.-22.10 Sandvoll Indremisjon23.10 Huglo Indremisjon24.-26.10 Samnanger Misjonsforsaml.29.-30.10 Vossestrand Indremisjon31.-02.11 Haustkonferanse Helgatun

Liv Rolfsnes 05.-07.09 Kvinnehelg Brandøy21.09 Øvrebygda Indremisjon05.10 Horneland Indremisjon31.-02.11 Haustkonferanse HelgatunI tillegg oppgåver som område-sekretær for Odda/Ullensvang

Marit Andresen Røen 05.-07.09 Kvinnehelg Brandøy24.-25.09 Rød krins28.09 Innbjoa Indremisjon03.-05.10 Kvinnewknd Vestre Jakobselv10.-12.10 Kvinnehelg Helgatun12.10 Bømlo Indremisjon17.-18.10 Varaldsøy Misjonsforening21.-22.10 Lothe og Alvsåker IM31.-02.11 Haustkonferanse Helgatun

Knut Inge Røen 28.09 Innbjoa Indremisjon12.10 Bømlo Indremisjon

Aksel Ingvard Johannessen 11.-14.09 Bømlo Kvinneforening18.09 Huglo Indremisjon21.09 Eid Indremisjon, Sætre05.10 Uggdal Indremisjon09.10 Vikebygd krins12.10 Horneland Indremisjon24.10 Osterneset Indremisjon

Lise Marie Thuestad Litlabø 02.09 Bømlo Minimax04.09 Leirvik Junior-Ving12.-14.09 Samnanger Misjonsforsaml.

Reiseruta september og oktoberRagnhild Nesse 14.09 Uggdal Indremisjon

Toralf Steinsland 03.09 Meling Indremisjon01.10 Meling Indremisjon

Jens Tveit 04.-07.09 Sunde Indremisjon21.09 Laurhammer Indremisjon

Tor Ingvald Lauvrak 30.10.-02.11 Bømlo Indremisjon

Leiv Nesheim 15.-16.10 Utbjoa Indremisjon17.-19.10 Ølen og Ølensvåg IM21.-23.10 Uskedalen Indremisjon24.-26.10 Håvik Indremisjon

Ingbjørn Vingen 17.-18.09 Børsheim Indremisjon19.-21.09 Gravdal krins

Roald Evensen 08.-12.10 Øvrebygda Indremisjon

Erik Furnes 03.-05.10 Haustmøte Stord05.10 Moster Indremisjon

Ola Malvin Lomheim 07.09 Gilje og Thormodsæter IM21.09 Horneland Indremisjon05.10 Sveio Indremisjon12.10 Meling Indremisjon

Arne Lindekleiv 07.09 Horneland Indremisjon21.09 Eid Indremisjon, Sætre

Halvard Sveen 19.10 Sagvåg Indremisjon26.10 Sagvåg Indremisjon

Marit Dahl Hollund 07.09 Meling Indremisjon21.09 Gilje og Thormodsæter IM24.09 Bømlo Indremisjon10.-12.10 Kvinnehelg, Helgatun17.-19.10 Laurhammer Indremisjon

Ragnar Ringvoll/Ole Abel Sveen29.-02.11 Fitjar Indremisjon

Harald Rydland 01.10 Neset Indremisjon

Marit Stokken/Arne Pareli 24.-28.09 Meling Indremisjon28.09 Stord Indremisjon

Ingebrigt Sørfonn05.10. Bremnes kyrkje 05.10. Stord Indremisjon

Hans Arne Børsheim 05.10 Tørvikbygd

16.09 Gilje Yngstes18.09 Åkra og Baugstranda Ving19.09 Prosjekt Finnås23.09 Hobbyklubben Valen23.09 Tito - Valen30.09 Uggdal YA01.10 Småbarnstreff Uskedalen02.10 Dei kreative Uskedalen18.10 Meling Indremisjon19.10 Hiskjo Indremisjon

Ingfrid Byrkja Hystad 09.09 Samnanger Barnekor-/King Sing16.09 Meling Yngstes21.09 Tofte Indremisjon (Zoar)24.09 Brandøybasar Leirvik18.10 Skånevik Indremisjon24.-26.10 Yngesteshelg Brandøy28.10 Bømlo Minimax

Olav Eikemo 18.-21.09 Skånevik Indremisjon24.09 Omvikdalen Indremisjon25.09 Husnes Indremisjon26.-28.09 Tofte Indremisjon 01.10 Ølen og Ølensvåg Indremisjon05.10 Fitjar Indremisjon09.10 Husnes Indremisjon17.-19.10 Odda Indremisjon22.10 Omvikdalen Indremisjon23.10 Husnes Indremisjon24.-26.10 Tofte Indremisjon

Linda Aase 03.09 Ope Hus05.09 Husnes IUF12.09 Ichtys Odda19.09 UFO Bømlo20.09 Leirvik IUF24.09 Sagvåg IUF/Ope Hus09.-11.10 Pit Stop Stord21.-23.10 Framnes KVGS24.10 UFO Bømlo25.10 Husnes IUF

Johannes Olsen 13.09 Auklandshamn Indremisjon10.10 Pit-Stop Stord

Lars Magne Ådnanes 12.09 Ichtys Odda13.09 Fitjar Ten-Treff19.09 Tysnes Ope Hus05.10 Husnes Indremisjon09.-11.10 Pit Stop Stord

Jakob Saghaug 03.09 Ope Hus05.09 Leirvik UKS06.09 Leirvik IUF12.09 Ichtys Odda13.09 Leirvik IUF16.09 Laurhammer Yngres19.09 Leirvik UKS20.09 Leirvik IUF09.-11.10 Pit Stop Stord21.-23.10 Framnes KVGS24.10 Leirvik UKS25.10 Husnes IUF

Page 12: Venen 2014 4

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 201412

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

min

st 6 cm avstan

d

Portomerke

settes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

Annonser, bilder, red. sto� o.l.

Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Det er faktisk heilt sant!I september blir det 2 Ekstra- førestillingar av Jubileums-revyen. Berre sjå side 9 her i bladet...

Velkommen til

Velkommen til

Velkommen til

Velkommen til

Velkommen til

Velkommen til

Velkommen til

Velkommen til

Haustkonfe

ranse

Haustkonfe

ranse

Haustkonfe

ranse

Haustkonfe

ranse

Haustkonfe

ranse

Haustkonfe

ranse

Haustkonfe

ranse

Haustkonfe

ranseppppppppåååååååå Helga

tunHelga

tunHelga

tunHelga

tunHelga

tunHelga

tunHelga

tunHelga

tun

31. okt

31. okt

31. okt

31. okt 31. okt

31. okt

31. okt

31. okt –––––––– 02. n

ov02. n

ov02. n

ov02. n

ov02. nov

02. nov

02. nov

02. nov

Jorunn Singstad Djupvik

Arbeidarar i IMS

Haustmøte Stord3.-5. oktober

LIK OSS PÅ

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

NB! Siste salsdag for lodd i Jubileumslotteriet er

LAURDAG 27. SEPTEMBER!Sjå side 9 her i bladet!!