venen nr. 2 – 2013

12
ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 02 - 2013 No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 1. Kor 13,12

Upload: kjetil-fyllingen

Post on 07-Mar-2016

226 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

TRANSCRIPT

Page 1: Venen nr. 2 – 2013

1Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN02 - 2013

No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet

til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna

alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 1. Kor 13,12

Page 2: Venen nr. 2 – 2013

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.

Med forbehold og håp om at ting kan ha endra seg positivt når Venen kjem ut, trur eg likevel nokon kvar av oss kjenner ein uro over dagleg-leiarsituasjonen i Sam-skipnaden! Og føl vi med i media, ser vi at vi så absolutt ikkje er åleine om å oppleva leiarmangel.

Fred. C. Gjestad skriv ein leiar i Dagen, der han går inn i kva forventning og oppleving kan gjer nettopp for leiarsituasjonen. Ja, er det kanskje slik at nokon av oss går med forventning til at; berre vi får dagleg leiar på plass, så blir alt bra for Samskipnaden? For då kan vel han fiksa alt som fiksast må!? Og vi kan oppsummera med Gjestad: ”-han skal vera åndelig vegleiar, administrator, sjelesørgjar, utbyggingssjef”, og eg vil legge til: personalsjef, økonomileiar, forkynnar, konfliktløysar, møteleiar, pådrivar, inspirator, ide-makar og ansikt utad. Alt dette står ikkje i ”Stillings-instruksen”, men den er i seg sjølv godt eigna til å skape resignasjon. For vi kan med ein gong sjå at dette må vera definisjonen på eit overmenneske, og dei er det få av i mi verd!

Kva gjer vi med dette? For noko må og skal gjerast! I følgje Gjesdal, er tanken om teamar-beid aktualisert i fleire samanhengar. Det er ein tanke som har vore oppe også hos oss, og som nok blir ført vidare, men er avhengig av kva personar som melder seg til denne tenesta.

Dette var litt om andre sine forventningar til leiaren. Like viktige og reelle er nok leiaren sine eigne forventningar. Ifylgje Torstein Menzoni, forstandar i Tabernaklet i 15 år, opplev-de han eit krysspress mellom familien, forsamlinga, eigne og Gud sine forventningar. Vi kan ane at dette ikkje er enkelt! Kan vi berre ein augneblink sjå for oss den eine leiaren, som kvar dag lever med ”instruksen”, kallet, og alle andre sine behov for å bli tatt vare på, på skuldrene. Ser vi endå betre etter, kan vi kanskje sjå ein leiar som sjølv har behov for å bli tatt vare på! Sitat Menzoni: ”Å overyte ligger snublende nær!”

Her kjem Teamtanken inn! Og den er bibelsk! Ikkje for ingen ting at læresveinane vart sende ut to og to, og ikkje kvar for seg. Då kunne dei utfylla, oppmuntra og støtta kvar-andre. Teamarbeid gir ein heilt ny dimensjon og høve til å la nådegåvene koma til sin rett. Ein får meir gjer det som Gud har gjort ein god på, og bruka dei gåvene som Gud i sin nåde har utrusta ein med! Ein sit lettare att med ei god oppleving av at det fungerer fordi det er ein ved sida som kan det den andre ikkje kan!

I skrivande stund sit eg med håp og bøn om at det finst personar som kjenner at dette er eit kall til dei. Gud talar, men han har til alle tider gjort seg avhengig av menneske som lyttar til det han seier. ”Tala Herre, tenaren din høyrer”, sa Samuel i Tempelet.

Til slutt til alle Indremisjonsvener: Uansett korleis situasjonen i lesande stund skulle vera, husk di oppgåve der du bur, til å vere ein medleiar, både for noverande og fram- tidig dagleg leiarskap i vår kjære Indremisjonssamskipnad! Gud velsigne kvar og ein!

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Guri BjørnevikIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannHalvard Wiik Hans Arne BørsheimBirgit M. Hjelmeland Marit Lindekleiv Kristoffer TjelleTorunn TvedtVaramedlemmar: Kåre Stautland Anne Marie SolsvikAnfinn Økland

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

LeiarOM Å VERA LEIAR - DAGLEG!

Marit LindekleivStyremedlem IMS

Indremisjonssamskipnaden

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 28. februar

Hittil 2013402 397

Hittil 2012 432 052

Bu

dsjett 2013

4 200 000

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

Page 3: Venen nr. 2 – 2013

3Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Hans Oppstandelseskraft og vår teneste

Av Tove Iren Notland

Andakt

BØNE SPALTA BE FOR:- Staben på Helgatun, Brandøy og Framnes- Planlegginga av årsmøtet- Arbeidarane i IMS BE OM: - At vi må få på plass ny dagleg leiar- Fornying og vekking i bygdene

TAKK FOR: - Alle deltakarane som har vore på leir- Alle trufaste medarbeidarar rundt i bygdene

I Efes. 1, 18 -20 står nokre fantastiske vers, -les dei gjerne to gonger!

”Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage og kor overveldande hans kraft er mel-lom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen.”

No er våren her, og kvar dag ser me klare teikn, på at lyset og sola med sine varmande stråler vekkjer skapar- verket til liv igjen. Tela og isen må gi tapt for varmen. Det er fantastisk å tenkje på at dette hender utan at me treng å løfta ein finger! Det er Skaparen sitt verk alt saman. Me kan berre stå som undrande vitne til at dette hender vår etter vår.

Jesus sitt frelsesverk på korset er fullbrakt, me har ingen ting å legga til av eige strev i forhold til det. Forhenget i Tempelet rivna, Jesus opna vegen for oss inn til det aller heilagaste, me kan få vera Guds barn ved trua. Men me treng opplyste hjerter for å kunna ta imot og forstå kva me eig i frelsaren vår Jesus Kristus. Me har ein herleg arv stod det, og ei overveldande kraft mellom oss. Skulle me ikkje oppgløda kvarandre til frimodighet! For det er i Guds veldige kraft me skal få gå hans ærend der han plasserer oss. Me skal ikkje bringa fram vår eigen skrøpelighet, men Guds allmakt, hans frelse og rike nåde for alle som trur. Han har til og med lova oss å legga gjerningar ferdig framfor oss, me kan få stiga inn i dei, utføra oppgåva og legga resten i Guds allmakt.

Kanskje treng me å minna kvarandre på at Gud seier i sitt ord at han brukar det som ser skrøpeleg ut i menneske sine auge, for at det som er opphøgd og stort skal falla til jorda og det som er utført i det små skal bera frukt for at Gud kan få den æra han fortener. Han vil gi deg kraft og visdom til å utføra dei oppgåver han sender deg til. Han gir ikkje borna sine stein når dei bed om brød! Men krefter til all god gjerning, og det er ingen ting som er så rikt som å eiga Herren sin velsigning over liv og teneste. Skulle me denne våren la Guds løfter til oss gi frimodighet og iver etter å følgja vårt kall. La sevja stiga og gi friske skudd og frodige marker i hans rike her i Sunnhordland!

Guds ord er virkekraftig og kan spira, men me må vera villige til og opptekne av å så ut Guds ord til våre omgivnader. Ikkje la det verdifulle såkornet ligga gøymt, men så med rik hand til dine nærmaste, barn, barnebarn, søsken og familie. Herren har gitt løfte om velsigning av sitt ord, han vil møta den enkelte gjennom ordet, og fullføra det han sender det til.

I Gal. 6.9 får me ei oppfordring: ”Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.”

Må det bli ein spirande vår og ein rik haust for alle Guds medarbeidarar og medarvingar.

Page 4: Venen nr. 2 – 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 20134

Endeleg var det klart for damehelg igjen! Og skal eg tolka ansikta til dei andre som kom inn dørene på Brandøy denne fredagen var eg ikkje den einaste som såg fram til denne helga. Og for ei helg!

Fredagen starta med god kvelds og gode velkomstord frå komiteen. Praten rundt borda gjekk lett, og lydnivået var ganske høgt, men det skal det og vere når rundt 100 damer er samla på ein plass...

Etter kvelds var det samling, og midt i allsongen gjekk døra opp, og inn kom Han Innante, alias Torolf Nordbø, i kjent stil! Han snakka om alvorlege tema som ekteskap og barneoppdragelse, og me lo så me måtte tørka tårene både den eine og den andre... Et-ter kvart vart Han Innante avløyst av Torolf Nordbø, som vitna og song for oss. Ei kjempeoppleving!

Me var så heldige å ha Aud Karin Kjølvik med oss heile helga. Ho hadde to gode inspirasjonssamlin-

gar lørdag og søndag føremiddag der ho snakka om GLEDE -ei kjel-de til liv, og GLED deg i Herren. Fantastiske samlingar med gode, oppmuntrande ord og bibelvers om glede.

Ellers denne helga hadde me og med oss dei fem damene i Praise Him. Fitjargruppa song for oss, og leia oss og i allsongen. Dei hadde til og med skrive ein song spesielt til damehelga; Min nåde er nok, gled deg. Ein fantastisk lovsong som me lærte oss godt i løpet av helga.

Lørdag etter lunsj var det tid for aktivitetar. Det var laging av krea-tive bilder og tennbrikettboksar, kor, volleyball, strikking, hekling, tur, soving, avslapping, ja... Ein kunne enkelt og greit gjere akkurat det ein ville!

Lørdag kveld var festbordet dekka i matsalen, og me fekk servert ein nydeleg treretters middag! Så var det tid for delekveld, og her var

det ingen som lot venta på seg. Det var mange som kom med oppmuntrande ord, vitnesbyrd, ord til ettertanke og bønneemner. Til slutt i delestunda fekk me nydeleg sang av dei som var på korgruppa tidlegare om dagen. Festkvelden vart avslutta med eit kakebord av dei sjeldne. Ryktet seier at det var heile 32 kaker og dessertar, med andre ord noko for ein kvar smak!

Etter inspirasjonssamlinga søndag vart helga avslutta med god middag før me reiste heim kvar til vårt. For ei fantastisk helg med påfyll av glede for kropp og sinn! Eg vil retta ei stor takk til damene som arrangerer Dame-helga; Henriette, Lise Marie, Guri og Rakel. De gjer ein kjempejobb! Takk for ei herleg helg! Og neste års damehelg er allerede notert i kalenderen... :) Elin Sørfonn

Damehelg på Brandøy

Page 5: Venen nr. 2 – 2013

5Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Damehelg på Brandøy Me er stolte av bokhandelen vår!

Stord - Tlf.: 53 41 20 01

www.sunnbok.no

Det går mot vår og konfirmasjonstid.Tips: Det er lurt å vera tidleg ute å

bestille bibel til konfirmanten.

- Skal det vera ein god og innhaldsrik roman til påske?

Kr. 329,- Kr. 198,- Kr. 298,-Fin oppbyggelig og innspirerande lesning.

Kr. 299,- Kr. 179- Kr. 298,-

Fantastiske gåvebøker til oppmuntring.

- Gled ein venn.

Kr. 198,- Kr. 198- Kr. 100,-

I oktober 1975 fekk Bjarne Eide ein draum oppfylt: Ein bokhan-del i regionssenteret Leirvik som kunne vera ein misjons-stasjon, der folk kunne kjøpa kristen litteratur og musikk. Han hadde eit ynskje om at kristenfolket måtte sjå sitt ans-var, og vera ivrige etter å spre ut evangeliet gjennom produkt frå butikken.

Den tradisjonsrike kristne bokhandelen ligg framleis som ei perle i Leirvik sentrum. Den er eigd av IMS og Stord Indremisjon. Lokala er omtrent dei same og vareutvalet er rikhaldig og stort . I butikken finn du produkt med kristent innhald for alle aldrar, samt vanlege kontorrekvisita og eit fantastisk utval i kort.

Det går mot konfirmasjonstid. Denne dagen er det viktig at du kan gi noko for tid og evighet til den unge. Ver bevisst på å gi gåver som kan gi næring til trua på Jesus. SunnBok har stort utval i biblar, fine gåvebøker og andaktsbøker som er tilrettelagt for tenåringar.

Treng du noko til dåpsbarn, bryllaup eller åremålsdagar, har SunnBok mykje å velja i. Oppbyggeleg litteratur er også

viktig for ditt åndelege liv. Kjøp noko til deg sjølv som gir inn-sikt, oppmuntring og nye krefter.

Vårt ynskje er at butikken på Leirvik kan drivast i mange år framover. Men då er me avhen-gige av trufaste kundar og ivrige ambassadørar for denne viktige misjonssentralen. Det håpar me du vil støtta oss i. Hjertelig velkommen til ein meiningsfull og triveleg handel.

Page 6: Venen nr. 2 – 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 20136

Lise MarieJohannes MaritMyldredag MosterAv Marit Hårklau Ådnanes Myldredagen ber sitt namn med rette. Kvar onsdag kl 1630-1800 myldrar det nemleg av liv i nye Salem bedehus. Mel-lom 100 og 150 menneske inntar middagen sin her. Denne onsdagen er det lapskaus på menyen, og Toro gjer absolutt nytta. Elles vert det gjerne servert hamburger, tomatsuppe med pasta eller fiskekaker, fortel Knut Fauskanger. Eg treff han i gongen etter middagen, medan alle borna er fordelt på sine grupper.

– Det kan vera opptil 150 born her på dei ulike aktivitetane. Mange synest det er greit å koma til ferdig middag den eine dagen i veka. Det er eit stort pluss synest i alle fall eg, seier Knut. Men ein del born vert også køyrt til sjølve aktivitetane som byrjar kl 1700. Av og til er det fellesandakt for Basic og tween, som denne onsdagen. Elles er det andakt i kvar gruppe.

Før hadde laga på bedehuset møte ulike dagar. No vert det køyrt opplegg parallelt for dei ulike aldersgruppene. Barnekoret har pause nett no, men me har småsang mini for 0- 3 ½ år, og småsang maxi for 3 ½ – 6 år. Basic-gruppa vart så stor at den vart delt i to, fortset Knut. 1.-2. klasse er ei gruppe, og 3.-4. klasse ei anna. Så har me også Tweens-gruppa som er for 5.-7. klasse. Babysong har samling dagtid annankvar måndag, og ungdomslaget Aktiv annankvar laurdagskveld.

Knut er sjølv leiar på Aktiv, så han er ikkje direkte involvert i Myldredagen. Men familien stiller kvar onsdag, og kona Berit er ein av leiarane på Småsang.

Salem har mange rom og krinkelkrokar. Under aktivitetane er dei fleste rom fylt opp; buldrerommet i kjellaren, ung-domssalen, barnerommet, bønerommet og matsalen. Fleire foreldre slår av ein prat rundt bord oppe i gongen, medan folk på kjøkenet fiksar opp etter middagen…

Dei eldste i Basic får spela kanonball på buldrerommet denne gongen.

Borna i småsang maxi med rytmeinstrument.

Den yngste Basic-gruppa lagar ugler

Knut Fauskanger

Dei vaksne i drøs medan borna er på aktivitetar

Mellom 100 og 150 menneske er samla til middag kvar onsdag.

Page 7: Venen nr. 2 – 2013

Johannes

IngfridMarit Kjetil«Alt maktar eg i han som gjer meg sterk»

Fil. 4,13 Sindre Aarbø, 16 år, Fitjar

Mitt bibelvers!

Skiweekendar på Helgatun IMS arrangerte i februar to skiweekendar for ungdom på Helgatun. 8.-10. februar var 71 ungdomar frå 1. klasse vidaregåande og oppover innlosjerte på fjellpensjonatet vårt i Myrkdalen, pluss 9 leiarar. Helga etterpå var det dei yngste ungdomane sin tur, frå 8. klasse til og med 1. vidaregåande. 72 deltakarar vart det til slutt på denne leiren, pluss 11 leiarar.

Tema: «Everybody Hurts» og «Ungdom i Bibelen»«Everybody Hurts», med fokus på det vondes problem, var temaet på den fyrste skiweekenden. Korleis kan vi tru på ein god og allmektig Gud, når det er så mykje vondt og vanskeleg i verda? Kjetil Fyllingen hadde bibeltimane, og på bloggen hans: www.lekendelett.net kan du lesa litt meir om dette. Ruben Lie Monsen, som hadde bibel- timane for 8. kl og oppover, tok fram ungdomar i Bibelen og såg på kva me kan læra av deira eksempel. Timoteus hadde valt det rette førebiletet; Paulus – som igjen hadde Jesus som sitt førebilete. Timoteus hadde merksemda si retta mot dei rette tinga og var brennande for Jesu sak. Søndagen fekk me høyra om kong Josjia som var åtte år då han vart konge. Både far og bestefar hans gjorde det som var vondt i Herrens auge. Då Josjia var 16 år tok han til å søkja Gud (2. Krøn. 34).

Ut på skiÅ vera på skiweekend kan vera hardt; tidleg opp, seint i seng, i tillegg til mykje frisk luft, gjer sitt til at mange er trøytte då kvelden kjem. Etter endt bibeltreff kvar morgon, var dei fleste klar for å koma seg ut i snøen og utforska bakkane rundt Helgatun. Første skiweekenden var det strålande sol, og topp skiføre. Andre helga var ikkje vèret fullt så bra, men det var opplett heile laurdagen og ok skiføre. Leirsjefane John Morten Espevik og Marit Hårklau Ådnanes var dessutan svært takksame for at alle kom trygt ned igjen då dagen gjekk mot kveld.

BandMe er veldig glade for at elevar frå Bildøy, pluss innleigt pianist frå Nordhordland på kort varsel stilte opp med band under første skiweekenden. På skiweekenden for 8. klasse og oppover, har me dei siste åra hatt eit flott samarbeid med elevar frå Framnes. Kjekt at dei også dette året stilte med band og leiarar.

FacebookI løpet av begge skiweekendane kom det ut diverse glimt på facebooksida til IMS. Har du ikkje sjekka den ut enda, er det på høg tid at du klikkar deg inn på facebook.com/Indremisjonssamskipnaden. Og er du medlem av facebook, er det flott om du klikkar på ”liker”- knappen! For du likar vel IMS?

LIK OSS PÅ

Den yngste Basic-gruppa lagar ugler

Page 8: Venen nr. 2 – 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 20138

Under vandringa i Bedehusland har det vorte mange gode opplev-ingar og erfaringar. Når ein ruslar inn i alderdomen, så er denne minnekransen ein dyrebar skatt å ha med seg. Dei gode minna er avgjort i fleirtal. Men så er ikkje alle opplevingane like gode! Det må ein ta med.

Kva tykkjer du om overskrifta mi? Og kven er dei sure?Hugsar du kva læresveinane

spurde Jesus om då han sa at ein av dei kom til å svika han: ”Det er då vel ikkje eg, Herre?”

For ikkje lenge sidan stod ein liten flokk unge menneske på podiet i eit sørlandsk bedehus og song om Jesus. Etter songen kom det frå ein av dei unge: ”Sjå kor sure dei er!” Det var frustrasjon og skuffelse i røysta. Var det så rart? Skulle ein venta ein slik reaksjon på bedehu-set frå dei som har sin plass der?

Vandring i bedehusland

Det er mange som sukkar i dag: ”Me er så få!” og ”kvar er ung-domane?” Men dei kan me heller ikkje venta, -altså, dersom det er sant at på bedehuset, der sit dei med dei sure andlet. Noko må då avgjort vera galt, ikkje sant? Kan-skje skulle særleg me eldre ta oss ein tur bort til speilet og ta ein titt: ”Det er då vel ikkje eg, Herre?”

v/ Kare Steinsund

”Sjå kor sure dei er!”

o

”Det er noen som bestandig går som de gikk kongebud,Og er et vitnesbyrd iblandt oss om så kongelig en Gud.

Deres smil er som et solskinn, som et solskinn og en fred.Veien som vi selv skal følge, blir skjønnere derved.”

”Sola er god, sola er toppen, sola er varm og den bruner på krop-pen...” Song er ein viktig del av Brandøy-treffet! Og har ein ”sola i hjertet” kan det bli fint å vera i lag! Ein flott bukett deltakarar (12 personar) saman med hjelparar og leiarar, gjorde sitt til at vi fekk ei god helg saman.

På programmet stod ulike sam-vær og aktivitetar, så som song-stunder, bibeltimar, hobbyarbeid – og kveldssamlingar med andakt, leikar, quiz og meire til. Og viss du trur at leiararne måtte dra lasset åleine, tek du feil! Mange av delta-karane var frampå – med solo- song, moroinnslag eller vitnemål. Leirkvelden gjekk mest av seg sjølv i så måte!

På bibeltimane snakka vi om å bera børene for kvarandre, Gal 6.2, og Jesu oppmoding om å koma til han med det som er tungt, Matt 11.28. Det gjeld både vår synd, vår sorg og vår sut. Jesus er mild og mjuk i hjarta, og han har medynk med oss i vår veikskap!

Elles vart det og høve til å samtala med kvarandre, spela spel og kosa seg i lag. Den gode maten og bord-fellesskapet er visst noko alle set pris på! Det same gjeld kveldskaf-fien i peisestova. Laurdagskvelden fekk vi endåtil blautkake, frukt og sjokolade...

Viss du kjenner nokon som du trur denne leiren kan vera aktuell for, kan du gjerne alt no kontakta kontoret og be om å få tilsendt program neste år. Vi har plass til mange fleire! K.J.H.

Brandøytreffet 2013

Page 9: Venen nr. 2 – 2013

9Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2013

Bildøy Bibelskole står foran store utfordringer de nærmeste årene. Bygningsmassen, som nærmer seg 30 år, har et stort renoveringsbe-hov. Dette er kalkulert til totalt ca. 15 millioner kroner.

Store vedlikeholdsutgifterBare det inneværende og kom-mende år må det renoveres for ca. 3- 4 millioner. Dette er store ekstrautgifter som må tas over driftsbudsjettet. Noe som igjen har ført til et reelt underskudd på over 1 million kroner i 2012. Selve skoledriften går i pluss, men ved-likeholdskostnadene gir røde tall i årsregnskapet.

Oppsigelser Det sier seg selv at skolen ikke kan drives på denne måte, men må komme i økonomisk balanse, noe administrasjonen og hele person-alet arbeider hardt for. I denne forbindelse ”snus alle steiner”, og i verste fall kan det føre til oppsi-gelser av ansatte. Dette er ingen ønsket situasjon, da det å miste godt kvalifiserte medarbeidere og kompetanse vil være et stort tap for skolen.

EkstrainnsatsDa skolen ble reist midt på 80-tallet ble det fra skolens eiere, de forsk-jellige foreningene og misjonsfolket generelt, gitt ca 11 millioner kroner i løpet av 3 – 4 år. Det var syn for saken og iver for skolen som drev folk. De kjente på eieransvaret.Nå, etter 30 år, har skolen igjen behov for en ekstrainnsats. Dette kan gjøres på forskjellig vis. For eksempel:• Hver av forbundets ca.700 forsk-jellige foreninger tar ansvar for å samle inn kr. 3000.- hvert år i 5 år. Det vil gi i overkant av 10 millioner kroner til vedlikeholdet.• På alle plan arbeides det med å få flere faste givere til skolen.• Mulig dugnadsarbeid.• Og ikke minst en bevisst holdning til å skaffe skolen studenter. Dette er gjerne det viktigste arbeidet.

Å ta ansvar for bibelskolen, er å ta ansvar for den oppvoksende kristne ungdom, og misjonsarbeidet i lan-det vårt i fremtiden. La oss vise oss ansvarsbevisste. Blir du med?

Store utfordringer

Brandøytreffet 2013

facebook.com/imfung.no

Indremisjonsforbundets barne- og ungdomsorganisasjon

Page 10: Venen nr. 2 – 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 201310

prosjekt som me har i Helgatun, ein plass der mange får høyra om Jesus til frelse og fornying!

Varme helsingar frå Helgatunstaben og styret for Helgatun

Heilt utruleg - Helgatun er inne i sitt 40. arbeidsår! Tenk at gjennom heile vinteren 1972 - 1973 var det full byggeaktivitet øvst i Myrkdalen! Her var murarar, snikkarar, røyrleg-gjarar og elektrikarar som sto på for fullt for å ha leirstaden, ung-domsheimen klar til bruk sumaren 1973. Alfred Hamre var ein dyktig byggeleiar, han budde her oppe heile byggetida. Styrarparet Haldis og Ingvard Sandvoll flytte opp her 1. mars 1973. Ingvard hadde ansvar for malararbeidet, Haldis var kokk, oppmuntrar og organiserte alt vaskearbeidet. Gjennom desse 40 åra har me hatt over 350.000 gjestedøger, berre i 2012 hadde me 10205 gjestedøger. Tenkjer på alle som har vore på skileir i vinter. Rike og givande samlingar. Tenkjer på alle dei som har vore innom og hatt eit enkelt måltid mat i kafeen eller mat-salen. Gjennom åra har det også vore mange festmiddagar, bryllup, barnedåpar og konfirmasjonslag. Så mange både små og store har minner om korte og lengre opphald her på Helgatun. Berre no i vinter-ferien har me hatt 60 ulike familiar på ferie! Dei har boltra seg ute i snøen med flotte løyper, strålande ver og god ferie. Kvar morgon har me hatt familieandakt i møtesalen. Hyggekveld mest kvar kveld, ja dei storkosar seg.

Gjennom desse 40 åra har Helgatun vore gjennom oppussing, renover-ing, fornying og hatt mykje ved-likehald. Fokus no i jubileumsåret er kjøkkenet. Utstyr har nok vorte modernisert og fornya, men sjølve kjøkkenet, kjøl, frys og lagerrom er nett dei same som i 73. Står no framfor ei real renovering her. Ser nok for oss å få bygt eit nytt og funksjonelt kjøkken med gode lager-rom, kjølerom og frys. Eit stort løft, men ein uhyre viktig del av Helgatun sitt pulserande liv. Eit tenleg kjøkken er viktig. Når mattilsynet har vore her, har dei spurt etter kva me vil gjera med kjøkkenet no etter kvart. Me har det reint og ryddig, men dei minner oss på både alder og slitasje!

Indremisjonssamskipnaden har oppmoda alle laga sine om å vera med å slå eit slag for Helgatun dette året. Takk for at me skal få rekna med dykk også på denne måten. Ynskjer de hjelp til arrangement ta gjerne kontakt og me vil vera med så langt tid og krefter strekk til.

Kva med ei kronerulling til nytt kjøkken på Helgatun! Kva med å ha ei lita krukke og eit lys på kjøkken-bordet der de kan putta på nokre kroner og samtidig tenna eit lys for Helgatun? Be for Helgatun, den flotte misjonsstasjonen me har midt i skiparadiset øvst i Myrkdalen. Me er så flott plassert med tanke på både unge, born og vaksne, her er ein stad for alle! La oss lyfta i flokk, slå ring om eit fantastisk misjons-

1973 201340 år!

Velkommen til 40 års jubileum!

Festhelg

10. – 11. august 2013

Song: Team SulebakkFam. Andresen Røen

Sjå annonser seinare.

Team Sulebakk

Page 11: Venen nr. 2 – 2013

Marit Ådnanes 02.04 Auklandshamn Yngreslag05.04 Prosjekt Finnås11.04 Inspirasjonssamling Moster12.04 Horneland ungdomsklubb13.04 Leirvik IUF14.04 Laurhammer Indremisjon16.04 Laurhammer Yngstes16.04 Laurhammer Yngres23.04 Laurhammer, U-Alpha24.05 Ichtys Odda25.05 Ungdomskveld Huglo

Liv Rolfsnes 21.04 Børsheim krins17.05 Tysnes støtteforeningI tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang

Lise Marie Th. Litlabø 01.04 Hiskjo Indremisjon04.04 Baugstranda og Åkra Ving09.04 Osterneset YA11.04 Inspirasjonssamling Moster12.-14.04 Bømlo Indremisjon16.04 Meling Yngstes19.04 Horneland Indremisjon22.04 Norheimsund Junior-Ving23.04 Sandvoll Ving06.05 Songbuketten Nordtveitgrend25.05 ReStart Leirvik

Kåre Johan Hamre 10.-11.04 Granvin Misjonslag17.04 Meling Indremisjon18.-19.04 Huglo Indremisjon21.04 Lothe og Alvsåker Indremisjon24.04 Sveio Indremisjon25.04 Auklandshamn Indremisjon29.04-30.08 Vaktmeister Brandøy

Marit A. Røen 05.-07.04 Brandøy saman med Bømlo Indremisjon10.-11.04 Høylandsbygd Indremisjon12.-14.04 Tofte Indremisjon (Zoar)24.-25.04 Fosse Indremisjon26.04 Moster Indremisjon28.04 Bogøy Indremisjon17.05 Huglo Indremisjon

Knut Inge Røen 26.04 Moster Indremisjon

Reiseruta april og maiRoald Evensen 03.-04.04 Samnanger Misjonsforsamling05.-07.04 Jondal Indremisjon

Andreas Evensen 11.-14.04 Uskedalen Indremisjon

Kenneth Foss 05.-06.04 Framnes KVGS07.04. Basar Norheimsund og Øystese Ungdomskor

ImF-Teamet 15.-28.04 Framnes KVGS

Klaus Muff 29.04-02.05 Vårtreff Brandøy

Arne Lindekleiv 21.04 Moster Indremisjon

Halvard Sveen 21.04 Håvik Indremisjon

Marit Dahl Hollund 01.04 Meling Indremisjon13.04 Onarheim bedehus14.04 Horneland Indremisjon12.05 Horneland Indremisjon

Aksel Lygre, 22.05 Bømlo Indremisjon

Olav Eikemo 08.-12.05 Tørvikbygd Indremisjon16.-20.05 Pinsetreff Helgatun

Harald Rydland, 26.05 Os Indremisjon

Merete Solås 16.04 Gilje Yngstes

Tove Iren Notland 06.04 Meling Indremisjon

Leif Steinar Alfsvåg 17.05 Sagvåg Indremisjon

Martin Nygård 14.04 Gilje og Thormodsæter Indremisjon

Hans Arne Børsheim 14.04 Os Indremisjon

Kjellfrid Mæland 17.05 Gilje og Thormodsæter Indremisjon

Aksel Ingvard Johanessen 07.04 Horneland Indremisjon14.05 Eid Indremisjon, Sætre17.05 Bømlo Indremisjon19.05 Uggdal Kyrkje

Toralf Steinsland 05.-07.04 Ølen og Ølensvåg Indremisjon10.04 Bømlo Indremisjon09.05 Venestemne Fitjar26.05 Horneland Indremisjon

Edmund Thormodsæter 14.04 Os Indremisjon

Jens Tveit 01.04 Husnes Indremisjonsforening12.-14.04 Meling Indremisjon29.04-02.05 Vårtreff Brandøy17.05 Horneland Indremisjon

Ingfrid Byrkja Hystad 12.-14.04 Juniorhelg Brandøy23.04 Hobbyklubben Valen23.04 Tito - Valen23.05 Basar Husnes

Kjetil Fyllingen 05.04 UFO Bømlo06.04 AKTIV Moster11.04 Inspirasjonssamling Moster12.04 Ichtys Odda13.04 Fitjar Ten-Treff14.04 Konfirmantfest, Skånevik 26.04 Husnes IUF27.04 Gilje IUF28.04 Gilje og Thormodsæter Indremisjon04.05 Leirvik IUF31.05 Leirvik UKS

Tor Ingvald Lauvrak 16.-28.04 Framnes KVGS

Marit Stokken 08.-12.05 Tysnes støtteforening 15.-20.05 Skånevik Indremisjon

Irene K. Alnes 08.-12.05 Tysnes støtteforening

1973 2013

Radio SAMSON Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00.

DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND Stord 104,7 MhZ, Bømlo 107,9 MhZ,

Kvinnherad: 106,2 MhZ, Os: 103,7 MhZ

Lytt til Radio Samson kvar du enn er i verda!www.radiosunnhordland.no

Team Sulebakk

Page 12: Venen nr. 2 – 2013

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 201312

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

min

st 6 cm avstan

d

Portomerke

settes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

Annonser, bilder, red. sto� o.l.

Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Velkommen til SOMMARENS STORSAMLING

- ÅRSMØTE

i Norheimsund/Framnes 21.-23. juni

Brandøy 5.-9. juliLeiarar: Olaug og Jan-Ove Fagerheim, Ingebjøg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kåre Johan Hamre. I tillegg vert det med barnetanter og -onklar.

Velkommen på Familieleir!

Helgatun 5.-9. juliLeiarar: Linda og Bjarte Nordtun, Toril og Alf Jarle Langeland, Martha og Jens Tveit. I tillegg vert det med barnetanter og -onklar.

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

LIK OSS PÅ PINSETREFF PÅ HELGATUN

16.-20. MAI

Talarar og leiarar:

Jorunn og Olav Eikemo,

Helgatunfolket. Bibeltimar, kveldssamvær,

tid til fjellturar m.m.

For alle aldrar !Påmelding til

Helgatun tlf. 56 51 98 98