venen nr.2 2010

12
Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2010 1 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2010 indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 02 - 2010 Takk at du tok mine byrder, eit høgfjell av skuld og av skam. Du bar det på skuldrene dine, du skuldlause sonofferlam. Takk at du bar mine synder, betalte mi skyhøge skuld med blod frå ditt fullkomne hjarta og ikkje med sylv eller gull. So vil ved korset eg standa med undring eg ser: Eg er fri! Eg skal ikkje døy, eg skal leva med Jesus til æveleg tid!

Upload: kjetil-fyllingen

Post on 28-Mar-2016

223 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Indremisjonssamskipnaden

TRANSCRIPT

Page 1: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2010 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2010

indremisjonsindremisjons

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN02 - 2010

Takk at du tok mine byrder,eit høgfjell av skuld og av skam.Du bar det på skuldrene dine,

du skuldlause sonofferlam.

Takk at du bar mine synder,betalte mi skyhøge skuld

med blod frå ditt fullkomne hjartaog ikkje med sylv eller gull.

So vil ved korset eg standamed undring eg ser: Eg er fri!Eg skal ikkje døy, eg skal leva

med Jesus til æveleg tid!

Page 2: Venen nr.2 2010

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

“I broderkjærleiken - kjærleik til alle”

indremisjons

Som ungdom fekk eg vera med i eit kristent ungdomsmiljø og bedehusfelleskap som gav oss utfordringar og ei oppleving av at det var bruk for oss. Framom alt fekk vi oppleva å lytta til ei forkynning som òg hadde fokus på tenesta i Guds rike. Vi fekk og oppleve at dei eldre som hadde leiaransvar såg oss som var unge og utfordra oss til små og større oppgåver i fellesskapet.

Det var nok ikkje alltid at vi i vår ungdommelege iver og dømmekraft gjorde det som ”høvde” best eller gjorde det slik som var vanleg på bedehuset. Det kunne nok bli både ”høgt lydnivå” og ikkje alltid dei rette teologiske formuleringar. Men heldigvis var det alltid nokon av dei eldre som var rause og gav oss oppmuntring og støtte,og slik vart det åpning for rettleiing og gode råd. Dette vart viktig for mange av oss, og for fellesskapet.

Dette er nok ikkje mindre viktig i dag, det er difor ei utfordring til oss som er eldre og som gjerne har leiararansvar å vera rause og inkluderande.

Ein føresetnad for at vårt misjons- og foreningsarbeid skal ha ei framtid er at dei unge fi nn sin plass i fellesskapet. Dei er ein ressurs som det er bruk for i arbeidet og då må vi gje dei utfordringar og ansvar slik at dei kan erfare at det er bruk for dei!

I strategiplanen for Samskipnaden heiter det mellom anna at: Vi ønskjer å forkynne til etter-følgjing, kall og teneste, og aktivt hjelpe fram nådegaver og naturgaver slik at dei kan ut-viklast og bli brukt i fellesskapet. Her treng vi ha fokus på at ei slik utvikling er ein prosess som gjerne kan ta tid, ein prosess som krev at det er rom for prøving og feiling!

Men det må vera rom for oppmuntring og støtte som kan gje åpning for rettleiing og gode råd om det skulle vera tenleg. Mange av oss har fulgt ivrig med i OL - og opplevd å sjå korleis utøverane har blitt heia fram av oppmuntrande tilrop. Vi veit at dette og er noko av drivkrafta til å halda fram med konkurranse og trening. Kanskje treng dei mest heiarop når dei mislukkast!

Bibelen oppfordrar oss til å kome med oppmuntrande ”tilrop”: ”Set mot i kvarandre kvar dag” og ”Kappast om å heidre kvarandre” les vi.

Dette er ei positiv utfordring til oss alle!

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Harald Heie, formannBirgit M. HjelmelandHalvard WiikIngvard TeiglandKnut O. DaleBjørn SaghaugMarit Lindekleiv - permisjonVaramedlemmar:Iren S. MælandEdmund ThormodsæterTorun Tvedt

Dagleg leiar:Arne LindekleivTelefon 951 21 300Misjonssekretær:Svein Bjarne AaseTelefon 472 61 340

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 28. februar 2010

Hittil 2010

kr. 374 228Hittil 2009

kr. 390 290

Budsjett 2010

kr. 3 650 000

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

Leiar

Gje dei ungeutfordring og oppmuntring!

Arne LindekleivDagleg leiar

Som ungdom fekk eg vera med i eit kristent ungdomsmiljø og bedehusfelleskap som gav

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454.

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

Følg med på våre nettsider

www.indremisjonen.no

Page 3: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2010 3

Det har blitt politisk korrekt å snakka om kollektiv skuld, samstundes som det har blitt bortimot tabu å snakka om eiga personleg synd.

Men på éitt punkt fi nst det likevel eit tilknytingspunkt for bodskapen om forsoninga: Stadig fl eire menneske kjenner i vår tid på ei aukande kjensle av å ikkje strekkja til – å koma til kort. I dag kjenner me større skuld for alt me ikkje får gjort enn det me faktisk gjer. Me skjønar oss betre på unnlatings-synder enn synder me gjer. Dette er ein stad å starta. For også den som strevar med ei stadig kjensle av å koma til kort, treng ein nådig Gud.

Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. (2. Kor 5,19)

Ingen grunn til å leggja bort påskebod-skapen! God påske til deg og dine!

Ingen grunn til å leggja bort påskebodskapen!Som prest er eg kvart år innom rundt rekna 50 heimar i samband med dåp og gravferd. På ein eller annan måte kjem samtalen alltid innom trusspørs-mål, sjølv om dei fl este innrømmer at dette ikkje er det dei snakkar mest om til dagleg. Svært få av dei eg møter har noko imot kristen tru, men ganske mange har vanskeleg for å forstå at det som har med Gud og Jesus å gjera har særleg relevans for deira liv i dag. Her har kyrkja, alle som trur, ei stor utfordring. Korleis kan me få velfødde nordmenn av 2010 til å forstå at den kristne trua er høgaktuell med tanke på å leva eit godt liv? Me har til dømes lært at i påskebodskapen ligg fl eire av dei mest sentrale punkta i vår kristne tru: Forsoning, oppstode og evig liv. Men kvifor er eigentleg dette aktuelt for oss i dag?

Vår tid prøver stadig å gøyma bort det faktum at det meste rundt oss er forgjengeleg og at ingen ting veks inn i himmelen. Men før eller seinare blir alle menneske klar over at livet her har si grense. Tydlegast blir dette når nokon ein er glad i går bort. På slike dagar kan kristentrua bli høgaktuell sjølv for den som elles aldri har refl ektert over det som har med Gud å gjera – om berre ordet om oppstoda frå lyda.

For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. Men kvar til si tid: Kristus er førstegrøda, deretter følgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem. (1. Kor 15, 22-23)

Langt meir krevande er det å få folk fl est i dag til å forstå korleis forsoninga kan vera aktuell for oss. Dette heng saman med at opplevinga av synda som ein realitet i kvarmannsen sitt liv, langt på veg har blitt borte i vår tid.

Av Asgeir Sele

Andakt

Be for...

- Kombileiren og Påskeopphaldet på Helgatun.- Påskefestivalen på Brandøy.- Påskemøta rundt om på mange bedehus.- Årsmøte for Indremisjons- samskipnaden i Norheimsund/ Framnes 25. - 27. juni.- Alle arbeidarane i Indremisjons- samskipnaden.- Økonomien.

”Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det.” - Mark 11,24 -

Generalsekretær Erik Furnes kjem...

Asgeir Sele er sokneprest i Bø. Han var ungdomsarbeidar i Samskipnaden i 1988.

Page 4: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 20104

Det er ikkje lett å få auga på stjernehim-melen no for tida. Me ruslar under gatelys og veglys, og det skin frå tusenvis av vindu og utelampar. Me mis-ser stjernehimmelen. Berre ei og anna av dei sterkaste stjernene minner oss om at han visstnok er der enno. Min barndoms stjernehimmel var noko heilt anna, i alle fall før me fekk elektrisk lys. Me strevde med leksene våre i lyset frå parafi nlampen, men gjekk me ut i dei mørke vinterkveldane, var stjernehim-melen mektig over oss.

No ein kveld oppdaga eg min barndoms stjernehimmel igjen. Eg rusla meg ein tur, der det ingen veglys fi nst. Eg hadde vansker med å sjå vegen, men såg eg opp, var himmelen over meg så vakker. Eg måtte stå stille ei heil stund, og berre sjå…

Det kom så mange tankar i ei slik stund. Kanskje eg kunne dela litt av desse tankane med deg i ”Venen”?Ein ting er sikkert: Under stjernehimme-len vert du liten!

Det er så mange menneske som viser musklar i dag. Det er så mange som bruker store og sterke ord. Det er så mange som trur dei alltid har forkjørsrett, som ser ned på andre, som kuar og trykkjer andre ned. Det er så mange som briskar seg av sin intelligens, og smiler overberande av den som har lite av det slaget.Har dei misst stjernehimmelen over seg?

Tankar under stjernehimmelen

Kanskje, om dei hadde kome seg vekk litt frå ”rampelyset”, og løfta blikket litt, så kanskje hadde tanken kome: Eg er visst eit lite, sårbart menneske eg og, når det kjem til stykke!

”Når eg ser din himmel, verket av dine fi ngrar, månen og stjernene som du har sett der – kva er då eit menneske at du kjem han i hug, ein menneskeson, at du ser han!” Salme 8, 4-5

stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelenv/ Kåre Steinsund

Lars K. Vik, Trygve Eiken og Sunnhordlandsmusikken kjem...

PÅ INNSTEG HJÅ ein hundreåring!Fredag 12. februar fylte Helena Prestegård i Ulvik 100 år. Framleis bur Helena for seg sjølv i huset sitt, og med litt hjelp greier ho seg godt. Ho høyrer ikkje så godt lenger, men den gode smilen ligg alltid på lur, og tanken er klår.

Tenesta i Guds rike har vore ei hovudsak for Helena. Fyrst gjaldt det søndagsskulen, og seinare Ulvik indremisjon, der ho var med i styret kring 30 år. Helena har dessutan hatt hand om indremisjonen si kvinneforeining minst like lenge.

Gjennom ei årrekkje har Helena stått trufast i gjerninga, jamvel om oppslutnaden om det jamne indremisjonsarbeidet ikkje alltid har vore så stor, og lagslemene ikkje så mange. Gjennom alt har Helena lagt for dagen ei mogen åndeleg innstill-ing og vilje til truskap i dei små gjerningane.

Til oss som er på vitjing, seier ho: -Eg har det godt med Gud. Han er med meg heile dagen. Ikkje alle dagar har vore like gode, men han har vore med meg heile tida. Eg takkar Gud kvar dag for at eg er klår i hovudet. Det får no våga seg om eg ikkje høyrer! Kåre Johan Hamre

Page 5: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2010 5

Glimt frå arbeidet...HELGATUNHelgatun melder om fulle hus og god stemning i vinterferie-vekene. 75 familiar har vore innom på feriedagar.

Fine samlingar både på familie-andaktane om morgonen, og på kveldsandaktane. Strålande sol og gode snøforhold gav fl otte dagar både i salombakken og på fjellttur.Helgatunfolket er svært glade og takksame for det dei fekk oppeva saman med alle gjestene, og ser no fram til ei fi n og spanande påske-helg. Også i påska er det fulle hus.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - -

PREP - KURSSamlivskurset som Indremisjonssam-skipnaden var med og arrangerte i februar fekk svært gode tilbake-meldingar. På evalueringsskjemaskåra kurset høgt, noko stemningablant deltakarane også avslørte.Dette bør me fortsetja med.

- - - - - - - - - - - - - - - - - -

MANNSFORENINGS-FESTI Sveio har mannsforeningen lange tradisjonar for å skipa til fest ein gong i året. Her diskar mannfolka opp med godt humør, strålande koldtbord, fl ott møteavdeling og utloddning til inntekt for Indremi-sjonssamskipnaden. I år var Fitjar-brødrene og Svein Bjarne Aase inviterte til å delta. Noko dei sette stor pris på saman med eit fullsett Bråtveit Bedehus.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

LEIRAR OG WEEKENDARI vinter har me hatt 208 deltakarar på leir og weekend. Dette gleder oss stort! Her er framleis mange born, tenåringar og ungdom som vil reisa på leir. Me veit av erfaring kva dette betyr både i form av livs-glede, bibelkunnskap, songglede og kreativ utfalding. Og viktigast av alt: Å bli kjend med, og få eit forhold til Jesus Kristus.

SSSS-2010 koret kjem...NB! Framleis høve til å melda seg på! Ring 53 41 07 04.

Damenes Helg på Brandøy 12. – 14. februar 2010

En fl ott innbydelse kom dettende ned i postkassen. ”Sjå nåden gjennom Babettes gjestebud” var et spennende tema og opplegget appellerte til meg. Dette ville jeg være med på! Likevel kilte det litt i magen der jeg satt i bilen på vei til Brandøy. Ca. 50 damer i lag en hel helg! Allerede når vi kom inn dørene kjente jeg at varmen strømmet mot meg. Leder-nes smil, hilsenen på rommet, nydelig pynta fellesrom og god mat skapte i meg en stille glede. Her var det godt å være! Jeg kjente at skuldrene senka seg og at jeg ble ivaretatt. Marit Elisebet Totland snakket om ”Kvinne med glede” og ”Et liv i glede er en alvorlig sak” der hun med ord malte et bilde preget av nåde og varme. Jeg sitter igjen med at vi er skapt av Gud til å være den vi er med alle våre ulike talenter; en god sangstemme, evne til å lytte, praktiske tjenester og en god samtalepartner - og ikke minst at vi alle får ta del i nåden. God forkynnelse, god mat og mange som delte noe fra livet sitt med oss andre, gjør at jeg sitter igjen med en stor takknemlighet i hjerte for at akkurat jeg fi kk anledning til å være med på dette. Takk til arrangørene og takk til Gud!

Kirsti A. Frugård

å være med på dette. Takk til arrangørene og takk til Gud!

stor takknemlighet i hjerte for at akkurat jeg fi kk anledning til å være med på dette. Takk til arrangørene og takk til Gud!

å være med på dette. Takk til arrangørene og takk til Gud!

Page 6: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 20106

Ragnhild, Marit og Lise Mar Barne- og

Ungdomssida!Barne- Ungdomssida!Ungdomssida!

Mitt bibelvers!

Miriam Kaldefoss, Reksteren (Tysnes),

1 året på Framnes KVGS

1. Tim 4,12“La ingen forakte deg på grunn av din

ungdom, men vær et forbilde for de

troende i ord, i ferd, i kjærlighet,

i ånd, i tro og i renhet.”

Fantastiske skileirar på Helgatun!I februar vart det gjennomført to fl otte skileirar på Helgatun. Sola skein frå knallblå himmel, så me fekk verkeleg oppleva kor fantastisk det var å vera ute i Guds frie natur oppe i Myrkdalen. 5.-7. februar vart Helgatun fylt opp av 78 ungdomar frå 8. klasse og oppover + 11 leiarar. Torgeir P. Nygård utfordra i bibeltimane ungdomane på å vera ”På Sporet” Kva spor er du i? Det breie friteknikksporet med mange fristelsar, eller det smale klassiske der deltakaravgifta allereie er betalt. Det vart ei fl ott helg med god tid til å boltra seg i snøen både i skisen-teret og rundt Helgatun.

Og etter ein lang dag i bakken var det herleg å koma inn i varmen og få servert middag! Laurdagskvelden var det den tradisjonelle leirfesten før me avslutta med delekveld og bønestasjonar. Enno var det nokre som hadde energi igjen og dei fortsette leiken ute i snøen til natta kom…

Helga etterpå, 12.-14. februar, var det dei eldste ungdomane sin tur. 25 deltakarar og 6 leiarar hadde funne vegen til Helgatun. Tor Ingvald Lauvrak heldt bibeltime over temaet ”I verda…” Me fekk mellom anna

høyra at me som høyrer Jesus til, eigentleg høyrer til ein annan plass. Himmelen er vårt heimland (Fil 3,20). Me er ambassadører for Kristus, utsendt frå eit anna land. Men me skal ivareta heimlandets interesser. Fleire av deltakarane var på Helgatun for fyrste gong. Verdifullt å få vera saman også ein mindre fl okk som dette der me meir har høve til å verta kjent med alle. Håpar me møtest igjen til neste år.

Ragnhild og Marit

Siri Skarsfjord og Birgitte Hjelmeland, deltakarar på skileiren 16+, tar ein Fitjar-ballett i Myrkdalen.

Fornøgde deltakarar og leiarar frå skileiren 16 +, f.v. Kim Rune Dalsbø, Jan Rune Spissøy, Eirik Grimstad og Inger-Lill Dalsbø.

Ingrid Heie, leiar på skileiren 16 +, på toppen av Kari Traa- trekket i Myrkdalen.

Page 7: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2010 77

Barne- og Ungdomssida!

Blir godtatt som du erAv Marit Hårklau Ådnanes

Eg møter Therese Sushama Lille-nes Gloppen ved middagsbordet. Ragnhild og eg er på Framnes nokre dagar i februar, har møter om kvelden og prøver å få mest mogleg ut av dagane elles.

- Me er 4 stk frå Fitjar dette året, fortel Therese; to i første klasse, meg i andre og ei i tredje klasse. Therese havna først og fremst på Framnes fordi far hennar hadde gått der og besteforeldre.

- Eg stortrivst her på Framnes, seier Therese. Det er bra miljø og lærarane er imøtekommande. Eg hadde nettopp besøk frå Fitjar, og dei gav bra respons på miljøet her. Om me manglar noko kan me berre spørja lærarane. Ein gong eg skulle baka, spurte eg rektor om mjøl.

Therese legg til at det er eit veldig godt kristent miljø på Framnes. Det er lett å bli påverka av kristne lærarar og medelevar. Eg er også blitt kristen no! Det er fl ott med andakt kvar morgon. Det er eit opent miljø for alle her. Du blir godtatt som du er. Her er det godt å vera enten du er kristen eller ikkje, avsluttar Therese.

Siri Skarsfjord og Birgitte Hjelmeland, deltakarar på skileiren 16+, tar ein Fitjar-ballett i Myrkdalen.

Vinterleirar på BrandøySnø, sol og vinterferie. Kan det bli betre når ein i tillegg får vera på leir på Brandøy! Over hundre born, og vel 20 leiarar fordelt på to leirar, fylte leirplassen siste veka i februar.

Fyrst ut var vinterleiren for 5.-7. kl. Spente deltakarar og leiarar skulle no vera saman tre netter på Brandøy. Fleire deltakarar var på leir for fyrste gong i sitt liv. Under bibelsamlingane snakka Kåre Johan over temaet ”frå døden til livet”. Kåre Johan teikna både nøklar, eple, veps, øyra og meir for å illustrera korleis me gjennom trua på Jesus går frå døden til livet. Han heldt også opp to blomar. Den eine var av plastikk. Den andre ekte. For-skjellen på dei to blomane er at den eine er levande, svarar ein deltakar. Utan Gud manglar me livet.

Siste kvelden er ofte eit av høgdepunkta under leir: Den store leirfesten. Her vart det framført eignedikta songar/ræpp, leikar og sketsjar, og sjølvsagt song me Brandøysongen og ”Alle sammen reiser seg”. Seinare på kvelden var det tid for bingo og godnattsamling på madrasser på golvet i møte-salen. Ei minnerik oppleving! Som ein deltakar sa då leiren var slutt: ”Kvifor kunne ikkje denne leiren vart i tre veker!”

Fredag ettermiddag var huset igjen rydda og vaska, og klart til å ta imot ein ny leir. Brandøy Olympiade, Jesusnøkkelen, fl ott leirfest og mykje song var stik-kord for Minileiren, 2.-4. klasse. Liv Rolfsnes var med og hadde bibel-samlingar med tema ”tilgjeving”. Me fekk høyra om den bortkomne sonen som vart møtt av ein far med opne armar. På same måte har me ein Far i himmelen som møter oss med kjærleik. På gruppesamlingane laga me ”Jesusnøklar”. Jesus er nøkkelen til himmelen!

Brandøy Olympiske leikar vart gjen-nomført med stil og stor innsats. Med eigen olympiasjef (Arild Selle) og opning med fl agg og OL-eld ten-ning, var det klart for å konkurrera i ulike OL-greiner. Me kan nemna; curling, snøballkasting, bob, aking, snømannbygging og snøblink.

Det kjennest ut som om leirdagar går fortare enn andre dagar. Det er mykje program på kort tid og snart var søndagen komen og tid for pak-king og heimreis.

Takk for fl otte dagar til både deltakarar og leiarar! Håpar me treffest igjen på sommarleir!

Helsing Marit, Lise Marie og Ragnhild

Deltakarar på vinterleirenfor 5. - 7. klasse.

Opning med fl agg og OL-eldpå Mini-leiren for 2. - 4. kl.

Page 8: Venen nr.2 2010

Barneevangelist Jarle Waldemar kjem...

Barneevangelist Jarle Waldemar Skapte sitt eget Jarle-TV etter 60 direktesendinger på NRK1 Jarle Waldemar er barneevangelist og bruker sin tid på å reise rundt i Norge. Han er kreativ som få, og bruker et utall virkemidler for å formidle Jesus til barna. Linda Askeland - [email protected] Jarle deltar på familiemøter, barne-helger, barnelederkonferanser og utallige sommerstevner.

I tillegg til kreativ formidling fra scenen produserer han og konen Karina produk-ter som de ønsker skal være til inspi-rasjon for både barn og barneledere.

- Vi lager blant annet Jarle-TV som er et kristent barne-tv på dvd. Her er det både trylling, musikkvideoer, andak-ter og dukketeater. Vi er nå ute med Jarle-TV3 som er et reiseprogram fra Israel, for barn. I tillegg produserer vi barnecd-er, barnebøker, lederbøker og barneledermagasin. Vi har også en egen barneklubb der barn får tilsendt cd og aktivitetshefte i posten, sier Jarle, nesten uten å trekke pusten, og fortsetter:

- Vårt ønske er at barna skal bli bedre kjent med Jesus og kjenne gleden ved å ha med Jesus i hverdagen.

Fra NRK1 til Jarle-TV Jarle Waldemar har alltid vært interes-sert i menighetsarbeid. Som 13-åring ble han søndagsskolelærer, og siden har han vært engasjert som leder in-nenfor mange ulike virkegreiner.

- Musikk, fi lm og media har alltid engas-jert meg. I 2001 ble jeg spurt om å bli med som medprogramleder i ”Puggand-play” på NRK1. Etter 60 direktesend-inger fi kk jeg mange erfaringer som jeg tok med meg da jeg seks år senere startet mitt eget tv-konsept; Jarle-TV – Kristentbarne-tv på dvd. Nå møter jeg årlig over 10.000 barn gjennom mine opptredener og produkter, forteller han.

Gud er ikke kjedelig Jarle ønsker å bruke de gaver og talenter som Gud har gitt ham til å inspirere andre.

- Derfor heter vårt fi rma Waldemar inspirasjon. Mitt ønske er at barn skal bli bedre kjent med Jesus, at de skal få lyst til å gå i kirka og inspirert til å fortelle andre om Jesus. Jeg vil ikke at barna skal oppleve kristendommen som kjedelig eller fargeløs.

Barn i dagens samfunn trenger noen som virkelig bryr seg, som aldri svikter og som vil det beste for dem. Derfor ønsker jeg også å inspirere ledere til å lage et gnistrende barnearbeid slik at barna kan bli kjent med Jesus.

Det lille jeg har kan bli noe stort Jarle forteller at det er mange ting som inspirerer. Ikke minst å se at andre blir inspirert av arbeidet og at barn preges av det de holder på med.

- Det er alltid hyggelig med positive tilbakemeldinger. Jeg tenker ofte på historien om Jesus som mettet 5000. Gutten kom med det lille han hadde, det var ikke stort, det var ikke perfekt, men han gav det til Jesus. Så var det Jesus som velsignet det og gjorde det umulige mulig. Denne historien lener jeg meg til i mitt arbeid. Det er noe av grunnen til at jeg tør å satse så mye som jeg gjør.

Barn er visuelle - Variasjon er en nøkkel for å nå inn til og engasjere barna. Derfor bruker jeg både sang, musikk, trylling, drama, fi lm, humor og dukketeater når jeg formidler til dem. Mange barn er veldig visuelle og elsker å delta. Derfor prøver jeg å ”male” bibelhistorier for og med barna. Jeg bruker ikke malepensel, men viser hva som står beskrevet i Bibelen ved å ta med barn opp på scenen og engas-jere publikum inn i bibelfortellingene, forteller han.

Jarle ønsker å nå barna på deres pre-misser, derfor er aktivitetsnivået høyt.

- Både fi lm og musikk har en egen evne til å fengsle. Barn blir lett engas-jert og lever seg inn i det som skjer på skjermen. Desto viktigere er det å formidle et oppbyggelig konsept med gode verdier. Gjennom dvd og cd kan barna få med seg gode verdier uansett hvor de er. Ikke alle har et godt krist-ent nettverk der de bor. Mange synes også det er enklere å gi bort en cd eller dvd med kristent innhold istedenfor å invitere med seg familien til kirka eller menigheten, sier barneevangelisten.

- Hei, Jarle-TV! - Barn er på mange måter et takknem-lig, men også krevende publikum. De er ærlige og viser tydelig respons med hele kroppsspråket sitt. Heldigvis er det mange barn som elsker det vi holder på med. Barn er så naturlige. Når de har sett deg på tv-skjermen ”kjenner” de deg. Det er fl ere barn som kaster seg rundt halsen på meg eller roper ”Hei Jarle-TV!” når de ser meg. Andre blir for-legne og tør ikke å hilse. Det er veldig gøy å få tilbakemeldinger fra foreldre som sier at barna heller velger å se på Jarle-TV enn barne-tv. Derfor er en viktig del av jobben min å være et solid forbilde. Jeg må peke på Jesus i alt jeg foretar meg, sier Jarle.

Vi har mange drømmer vi har lyst til å gjennomføre. Samtidig er det viktig å ta et steg om gangen. Nå når Jarle-TV3 er kommet ut, begynner vi å planlegge Jarle-TV4. Vi skal også fullføre noen barnebøker som vi holder på med. Vi kan ikke røpe alt, men er du interes-sert kan du følge med på www.blogg.barnesang.no eller www.jarlewaldemar.no, avslutter Jarle.

Jarle Waldemar kjem til Indre-misjonssamskipnaden sitt årsmøte i Norheimsund. Her skal han ha Barnegospelfest, Familiekonsert, Sundagsskule og delta på Storfamiliemøte.

Page 9: Venen nr.2 2010

Søndagssamling på Salem, Moster av Bjørn Roar Kippersund

Ungdomsarbeidar Vidar Sangolt kjem...

Møtet er lagt opp med mykje song. Me har eit eige lovsangsteam som både er forsongarar og solistar. Ein eigen avdeling med barnesongar er populært, sidan me er svært mange som tar ungane med på møtet. Me får alltid besøk av engasjerte talarar som snakkar til oss vaksne og gjerne også litt til ungane. Ungane har si eiga avdeling, der klovnen vår ”Fargeklatten” kjem inn på møtet og hentar dei med seg ned i kjellaren. Der har dei først ein liten andakt før dei slepp til på ulike aktivitetar. Der får dei kosa seg med til dømes glasmaling, tresløyd, spel og annan leik og moro før dei blir henta opp igjen til felles avslutning. På det meste har det vore over 60 ungar her!

Vanlegvis går ein heim til seg og sitt etter eit sundagsmøte, men for å skapa ei god ramme rundt det heile avsluttar me søndagssamlingane med kveldsmat.

Mange i forsamlinga deltek i or-ganiseringa, møtevertar tek seg av matlaging, pynting og rydding. Eigen gruppe med ansvar for lyd og teknikk har me og. Ungane i kjel-laren må og passast på, og mange er engasjerte der for å tilrettelegga aktivitetane. Me brukar som regel lokale krefter til andakten deira.

Søndagssamling på Salem er eit fl ott tilbod for små og store som me har halde på med sidan 1997 og me kjem nok til å halda på med det i all framtid!!

Sjølv om det nokre gongar er trongt om plassen, er det alltid ein ledig stol, og om du er på Moster ein sundag ettermiddag er du alltid velkommen hos oss!

På Salem har me Søndagssamling for heile forsamlinga ein sundag i månaden. Her møtes alle generasjonar med eit aldersspenn frå 0 til 90 år. Me brukar å vere om lag 100 personar på desse samlingane.

Radio SAMSONSendingar kvar sundag

kl. 09.00 - 10.00.

DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZBømlo 107,9 MhZ,

Kvinnherad: 106,2 MhZOs: 103,7 MhZ

* BE FOR SENDINGANE.

Lytt til Radio Samson kvar du enn er i verda!www.radiosunnhordland.no

Fargeklattane

Kveldsmat

Forsongarar

... aktivitetar

Spel og...

Page 10: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 201010

Det er stilt på tunet, i klasseromma og på internatet. Ikkje noko leven i gangane utanfor kontoret. Ingen som går i dørene heller, og nesten ingen som spør om noko. Godt? Tja.. Kanskje kjedeleg? Det er som med musikk på øyra. Har ein først fått ”dilla” på det, så manglar noko straks volumet vert skrudd ned. Kanskje er det litt slik eg kjenner det no: eg savnar trakket i gangen.

Vinterferie på Framnes? Nei, ikkje for alle. No arbeider me oss gjennom nye elev¬søknadar til neste år, og om ikkje alt for lenge skal første opptaket vere klart. Det er fl eire som arbeider ute og inne. Både vaktmeistrar, husmor, kjøkkenper-sonale, ikt-personale og fl eire lærarar er innom på jobb. Så det er ikkje heilt stilt, men livet er litt rolegare enn når her er fulle hus.

Det er litt opp og ned med kor mykje vinterferie me har, men snø har me iallfall. Det er visst ikkje lett for dei med ”manns minne” å hugse kva tid me hadde så mykje snø, og så stabil vinter sist. Mitt godt og vel 40-årige minne strekk iallfall ikkje til.

Det fi ne vinterværet har miljøarbeidarane på Framnes nytta til å lage eit Framnes-OL. Etter å ha nytta ei heil natt til å trakke skiløyper, gjere unnarennet for hoppet i stand og anna, vart elden brakt over Evja på ski av kollega Eimund Solsvik, og OL-elden vart tent på plassen mellom Vonheim og skulebygget. Dagen etter var det medaljesermoni på morgonsamlinga i auditoriet.

Stas var det også med besøk frå ”russe-kollegaer” frå Lundeneset vgs. Dei var innom frå fredag til laurdag ei helg i januar før dei skunda seg vidare til Kongshaug. Dei vart godt tekne mot av avgangs-elevane på Framnes som stelte til litt sosi-alt samvær i peisestova og på hemsen.

Eit anna høgdepunkt var foreldrehelga i februar. Det er alltid kjekt å treffe foreldra, og dei har med seg mange tankar som me kan ta med oss vidare for å utvikle skulen vår. Foreldra melder også om stor trivsel blant elevane. Det er kjekt å høyre. Me er her for elevane! Samstundes vil skulen vere ein bodberar for bodskapen om Kristus. Og det prøver me også leggje til rette for. Ikkje minst på

Vinterferie på Framnes

den bakgrunnen er det kjekt at elevane trivest her.

Me har også gått rundt og venta i spen-ning på at Marit og Irene (dei treng vel ingen presentasjon?) skulle vitja oss i veka etter vinterferien. Slik vart det ikkje. Midt i fereien fekk me melding om at dei skulle forlengje møteserien på Møre. Det vart ein liten nedtur for oss, men desto kjekkare må det vere for dei som får forlengje møtevekene sine. Me gler oss med dei og vonar at det lagar seg betre ein annan gong.

Framnes kan glede seg over mange kjekke elevar, og mange gode medarbei-darar som gjer ein innsats langt ut over det normale. Me kan glede oss over liv og røre, og me kan glede oss over mange gode møtekveldar med Guds ord i sen-trum. Må det få rom mellom oss!

Me har grunn til å takke for arbeidet me får stå i.

Harald Vosterrektor

I Hans Nielsen Hauge si ånd

Boka om NILS VINNES, med undertit-telen ”Arven etter bestefar”, fekk eg tilsendt til gjennomlesing. Nils Vinnes har eg berre svake minner om, men eg kjende betre dottera Klara, og mannen hennar Anton. Har faktisk vore i heimen deira.

Sidan eg i mange år har vore tilsett i same organisasjon som Vinnes, Indremisjonssamskipnaden, så var det ei positiv oppleving å lesa boka. Her er mange detaljar som kanskje har mest interesse for familien og lokalsamfun-net, men det varme, positive bilete som er teikna av denne heidersmannen frå ei anna tid, gjer boka interessant for fl eire.

Sjølv var eg ikkje klår over alle dei ”jern denne mannen hadde i elden”, men det er imponerande lesnad. Poststyrar, fi skar, forretningsdrift, skogsdrift, mølle-drift, politikar, skribent osv. Men det som er særleg fi nt med dette protrettet

er at det er emmisæren Nils Vinnes som er løfta høgast. Det var livskallet, å få bringa evangeliet ut til folket.

Emmisærstanden har vore mykje harse-lert med opp gjennom tidene. Som regel bunna dette i fordomar og myter. Heidersmannen Nils Vinnes vil stå som ein fi n representant for alle desse, som ikkje var redd for å arbeida med sine hender, og som tok Guds kall på alvor.Les boka.

Den er gjeven ut av barnebarnet Kjellaug Eidsheim, og ført i pennen av Ragnhild Tangen.

Kåre Steinsund

Boka kan du få kjøpt i bokhandelen vår, Sunnbok, for kr. 250,-. Tlf. 53 41 20 01

Kjem du ? Velkomen til Sommarens storsamlingSjå baksida av bladet for meir informasjon!

Page 11: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2010 11

Arne Lindekleiv 13.04. Framnes styremøte16.-17.04. Styremøte18.04. Utåker19.04. Finnøy -tur02.05. Husnes03.05. Framnes styremøte23.05. Tysnes29.05. Styremøte

Svein Bjarne Aase 07.04. VIMI Voss10.04. Sveio kyrkje11.04. Rubbestadneset15.04. Eikelandsosen16.-17.04. Styremøte19.04. Finnøy -tur21.04. Neset25.04. Gilje s.m. Visjon26.04. Tysnes -tur17.05. Uggdal29.05. Styremøte

Toralf Steinsland 07.04. Sveio11.04. Moster14.04. Sveio15.-18.04. Norheimsund21.-22.04. Auklandshamn

Marit Ådnanes 06.04. Samnanger15.04. Uskedalen20.-22.04. .no Bildøy23.-25.04. Juniorhelg Brandøy29.04. Ølensvåg04.05. BUR18.05. Auklandshamn29.05. Styremøte

Lise Marie Th. Litlabø 09.-11.04. Brandøy s.m Bømlo Indremisjon20.-22.04. .no Bildøy25.04. Utåker04.05. BUR

Ragnhild Nesse 09.04. Strandebarm10.04. Meling17.04. Laurhammer18.04. Horneland20.-22.04. .no Bildøy30.04. Odda Ichtys03.05. Norheimsund04.05. Meling07.05. Langevåg08.05. Leirvik28.05. Husnes IUF

Reiseruta april og maiJens Tveit 02.04. Moster05.04. Moster16.-18.04. Øvrebygda02.05. Husnes03.-06.05. Vårtreff Brandøy17.05. Skånevik

Nils M. Rydland 25.04. Os09.05. Moster

Martha og Edgar Paulsen 15.-18.04. Samnanger Nina A. Larsen 13.04. Moster Ving

Tor Ingvald Lauvrak + ImF Team 19.04.-02.05. Framnes

Kjerstin Stokken12.05. Aktiv Moster

Halvard N. Sveen 03.-06.05. Vårtreff Brandøy

Klaus Muff 03.-06.05. Vårtreff Brandøy

03.-06.05. Vårtreff Brandøy09.05. Horneland13.05. Stemne Fitjar17.05. Osterneset21.-24.05. Helgatun

Kåre Johan Hamre 01.04. Tofte02.04. Tveit04.04. Tofte05.04. Husnes07.-10.04. Tysnes11.04. Eikelandsosen12.-15.04. Granvin21.-23.04. Fosse24.-25.04. BørsheimFrå mai er Kåre Johan på Brandøy Marit A. Røen 11.04. Børsheim21.04. Høylandsbygd22.04. Sætre23.04. Skånevik

Liv Rolfsnes 11.04. FramnesUt over dette har Liv lokale oppgåver som Områdesekretæri Odda/Ullensvang

Din lokale kristne forhandlar

Jesus Freaks, Martyrene Utruleg fl ott og sterk bok til ungdommen som vil fylgje Jesus!

No på TILBOD: Kr. 198,-

Bibelen Ny Start lommeutgåve i pocket med 30 dagars leseplan og tips til den som er ny på vegen.

Kr. 98,-

Vi går konfi rmasjonstida i møte, og vi vil oppfordre dykk til å komme innom oss for å sjå alt det fl otte vi har til ungdom! Eller ring oss for hjelp, så sender vi deg det du treng. I staden for 100-lappen i ein konvolutt har vi mykje bra og rimeleg med evigheitsverdi du kan gje i gåve!

Film, musikk, litteratur, smykker, nøkkelringar, biblar, bibeltrekk m.m. til ulike prisar.

Bibelen G.O. (Guds Ord) lommeutgåve i pocket med bilder og vitnesbyrd fra TX Vikings.

Kr. 98,-

www.sunnbok.noTlf.: 53 41 20 01

CD: SULTImpuls-CDen ’Sult’ frå Stavanger i februar i år er no kommen. Kr 159,- i mars

Begge desse biblane er på bokmål.

EvangeliseringskubeVri/brett kuben frå side til side og heile evangeliet kjem fram!

Kr. 129,-

CD: Don’t wanna live in this ghost cityFrå Austevoll har det komme ein CD frå Håkon Kalvenes som ein trygt kan gje til ungdom! Flotte tekstar!

Kr 199,-

MANGADei 2 Manga-bøkene Messias og Metamorfose er supre teikneseriar for ungdom!

Kr. 129,- pr stkSmykket ’Sjå krossen’. Flott, ganske stort!Sterling sølvsmykke med gullduble med 5 pt hvit safhire og 18” Sterling sølv lenke.

Kr. 399,-

Page 12: Venen nr.2 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 201012

PINSETREFF PÅ HELGATUN21. - 24. mai - for alle aldrar !

Leiarar / talarar:Helgatunfolket saman medToralf Steinsland.Bibeltimar, kveldssamvær,tid for fjellturar m.m.Påmelding til Helgatun tlf. 56 51 98 98

PINSETREFF PÅ HELGATUN

PINSETREFF PÅ HELGATUN

PINSETREFF PÅ HELGATUN

PINSETREFF PÅ HELGATUN

B-BLADReturadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORD

Returadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORD

www.indremisjonen.nowww.indremisjonen.no

SOMMARENS STORSAMLING ÅRSMØTE I NORHEIMSUND / FRAMNES25. – 27. juni 2010 Talar: Gen.sekr. Erik Furnes og Barne-evangelist Jarle Waldemar Fredag: KonsertLaurdag: Barnas sommarfest, bibeltime, forhandlingsmøte, kor-øving, stor barnekor-konsert saman med Jarle Waldemar, kveldsmøte, ungdomstreff m.m.Sundag: Fest-møte m/sundagsskule og Storfamiliemøte. Det vert eige barne- og ungdomsopplegg!Velkomen til heile familien.

FAMILIELEIRARVelkomen til strålande dagarfor liten og stor på familieleir. 7. - 11. JULI BRANDØYRagnhild Nesse, Marit A. Røen, m.fl

9. - 13. JULI HELGATUNÅstrid og Svein Bjarne Aase,Toril og Alf Jarle Langeland,Linda og Bjarte Nordtun m.fl .

Påmelding: Indremisjonskontoret tlf. 53410704

Talar: Gen.sekr. Erik Furnes og Barne-evangelist Jarle WaldemarFredag: Konsert

Talar: Gen.sekr. Erik Furnes og Barne-evangelist Jarle Waldemar

SOMMARENS STORSAMLING

tid for fjellturar m.m.Påmelding til Helgatun tlf. 56 51 98 98

Velkommen til fi ne vårdagar på Brandøy.

Naturen her er ei perle av Guds store skapar-

verk med fjord, fjell og skogkledde lier.

Her kan du fi nna ro og kvile for kropp og sjel.

Det blir samlingar om Guds ord, forbøn og

vitnemål. Dette året har vi også invitert

misjonsvener frå Det norske Misjonsselskap

i Karmsund område til å vera med oss.

Få gjerne andre med deg også.

Vi har med bøker m.m. frå SunnBok på Stord.

Prisar pr. person: (alle med oppreidd seng)

Enkeltrom ..........kr. 1.600,-

Dobbeltrom ........kr. 1.200,- pr. person

3-4 på rommet ...kr. 900,- pr. person

SOMMARENS STORSAMLING

Vi har med bøker m.m. frå SunnBok på Stord.

Prisar pr. person: (alle med oppreidd seng)

Familiedugnadshelg, Brandøy

28. - 30. mai

Ta med heile familien, godt humør, hakke og

spade, og få med deg ei fantastisk helg på

leirstaden vår.

Påmelding:

Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04

Indremisjonskontoret tlf. 53 41 07 04

Familiedugnadshelg, Brandøy

Familiedugnadshelg, Brandøy