10.kl. historieforteljing-nn

40
www.iktsenteret.no Samansett tekst med mottakarbevisstheit 10. steg Produsere og redigere Fortel ei god historie – og du kan endre verda

Upload: iktplan

Post on 19-Jan-2017

67 views

Category:

Education


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Samansett tekst med mottakarbevisstheit 10. steg Produsere og redigere

Fortel ei god historie – og du kan endre verda

Page 2: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Fortel ei god historieog du kan forandre verda

From an instant to eternity, from the intracranial to the intergalactic, the life story of each and everycharacter offers encyclopedicpossibilities. The mark of a master is to select only a few moments -but give us a lifetime.

Robert McKee

Page 3: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Kvifor historier?Vi ønskjer å

sameine kjenslerog idear

Vi set samanbitar av erfaring ihåp om å forstå

og å hugse

Page 4: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Historier

Historier er rundt ossheile tida, enten vi er

bevisst på dei eller ikkje.

Vi fortel og tek imothistorier, appetitten vårer ein refleksjon av detmenneskelege behovetfor å forstå mønster i

livet – meir som eipersonleg og

emosjonell opplevingenn intellektuell

Dei gjer at vi føler ossmeir i live, inspirerer osstil å bli meir enn vi ville

gjort elles – dei røreross..

Page 5: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Kva er ei historie?Historie = situasjon/ønskje+ hindringar/ komplikasjonar + løysing

Page 6: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

To hovudspørsmålKva handlar

denne historiaom? (tema)Kven er

publikummetmitt, og kva er

målet med historia mi?

Page 7: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Kven er publikummet mitt, og kvaer målet med historia mi?

Skal eg overtale nokon til å investere, skal eg selje ein ide til kollegaer, skal eg inspirere andre osb. Vi må ikkjeberre ha eit mål eller ei meining med historia klar – vi må også kjenne publikummet vårt – og vi må ha eitgjennomgående tema (en raud tråd) i det vi ønskjer å formidle.

Page 8: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Tema: Kva handlar denne historia om?

Svaret kan ikkje vere eit overflatisk “dette hende og så hende det”. Tema er hjartet i historia, bodskapen – ei historie utan tema gjer at publikum spør “ja, og så da”. Tema er det som skildrar korleis og kvifor vi får endringar i livet mellom start og slutt i historia. Utan tema forlèt publikum historia med ei tom kjensle, men ikkje press det på publikum.

Page 9: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Historier vert ogsåfortalt i næringslivet

Page 10: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Innanfor marknadsføring kan vi finne historieforteljing som “branding”

Historieforteljing finn ein også i forretningslivet– styrker samhald og gjer at ein identifiserer seg med bedriftene

Å fortelje framfor å presentere kan gjere at du lettare oppnår det du ønskjer.

Å lære korleis ein fortel ei historie kan gjere ho meir minneverdig.

Fortelje gode historier

Page 11: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Skaff merksemd raskt (begynn der publikum er)

Fokus på hovudperson (personaliser, så einkjenner seg att i karakteren)

Vis problem og barrierar som står i vegen for ønskje og mål (kva vil karakterane)

Kva skal publikum gjere? Identifiser kva for handlingar dei skal gjere eller korleis dei skalhjelpe

Ikkje lag historia for lang. Publikum børkunne gje ho att med eit par setningar.

Fortelje gode historier

Page 12: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

TemaKvifor vil eg forteljedenne historia?

Page 13: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Moglegheit. Vi veit noko no som vi ikkje visstetidlegare, og det gir oss nye moglegheiter vissvi reagerer (raskt) .

Skuffelse. Vi gjorde eit val ut fråinformasjonen som var tilgjengeleg, no ser vi at dette ikkje var det rette å gjere.

Krise. Vi må reagere på farane vi står framfor(vi må gjere endringar pga. dette – og det erbakgrunnen for det eg no fortel.

Historisk ståstad. Vi har ei historie som gjeross stolte, vi ønskjer å halde på vår høgestandard.

Tema

Page 14: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Eventyr. Å prøve noko nytt er ein risiko, men det er betre å ta ein sjanse enn å bli ståandestille (innovasjon)

Varsel. Sjølv om det ser ut til å gå bra, har vi eitalvorleg problem som vi må finne løysing på.

Utfordring. Andre har oppnådd utrulege ting, har vi det i oss til å gjere det same?

Skiljeveg. Vi har gjort det bra, men no må vi ta nye val og bestemme retninga (skapeforståing for avgjerder som blir tatt).

Tema

Page 15: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Visjon. Viss vi berre kan sjå moglegheitenevåre, kan vi gjere det til verkelegheita vår(ingenting er umogleg, ikkje fokuser på.

problemer).Evolusjon. Viss vi ikkje heng med i utviklinga, vil vi bli liggjande bak.

Revolusjon. Vi er på veg mot stupet viss vi ikkje radikalt endrar det vi gjer i dag.

Ordre. Vi har blitt fortalt at vi skal gjere dette, så no skal vi finne ut korleis vi skal gjere det.

Tema

Page 16: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Gode tema er enkle og ofte personlege

Ei av utfordringane er først og fremst å finne ei historie. Den enklaste måten er å stille spørsmål og intervjue folk, lage einhistoriebank. Viss ein ønskjer å endre einpresentasjon til ei forteljing, må ein først og fremst i gang med å stille spørsmål. Mange vil seie “eg har ikkje noka historie å fortelje”. Einhistorieforteljar må få desse problema fram, og så vise korleis ein kjem over dei.

Page 17: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

• Viss dei seier dei ikkje har ei historie, nikkar du berre og held fram med å spørje – dei veit gjerne ikkje sjølv at dei faktisk har noko interessant å fortelje (Intervjuobjekt må fortelle i eg-form (vi-form gjer det vanskelegare å vere presis og vanskeleg å finne ut akkurat kvifor ting vart slik og så)

• Sjå etter sårbare augeblikk (dette kan gi empati og gjere historia meir autentisk – når folk deler slike minne, fører det gjerne til at publikum har lettare for å tru dei)

Page 18: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

• Leit etter ting som kan siterast (var det akkurat slik det vart sagt? Finn nyansar)

• Leit etter detaljar (nyansar gjer historia meir levande-kva hadde ein på seg, korleis var vêret, korleis var omgjevnadene – aukar autentisitet)

• Ver ein tidsreisande (tenk både fortid, notid og framtid –lag ei tidslinje og be om at ein set inn viktige hendingar. Når ein fantaserer om framtid, kan ein gjerne hente moral frå historier i fortid og vise: Viss vi kunne gjere meir av dette, skal vi også klare dette her i framtida).

Page 19: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Karakterane er sentrale i historia

Historieforteljarenmå gje liv tilkarakterane og fåandre til å bry segom dei

Page 20: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Karaktarane er sentrale i historia

Historieforteljaren må gjekarakterane liv og få andre til å bry seg om dei. Når ein kjenner seg att i dei, får ein plutseleg og instinktivt lyst til å oppnå det same. Sterke karakterar treng å ønskje noko, og forteljarane må identifisere dette og kommunisere det på ein slik måte at publikum forstår.

Page 21: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Karakterane har ønskjeNokre gonger er ønskja konkrete (pengar, kur for sjukdom) og andre gonger abstrakt (kjærleik, ønskje om personleg utvikling). Historier om nokon som ikkje ønskjer noe, som ikkje kan ta avgjerder – slike historier kan ikkje bli fortalt, karakteren må gjere ein forskjell med handlingane sine.

Page 22: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

BodskapenEin enkel test; spør kva er risikoen, kva taper ein om einikkje får det ein vil. Mer spesifikt; kva er det verste som skjer om karakteren ikkje når måla eller får oppfylt ønskjasine? Viss ein ikkje kan svare på spørsmåla på ein god måte, er det eit problem med kjernen i historia (då har ein ikkje nokonbodskap).

Page 23: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Særtrekk hos karakterane

Å velje karakterar som står under press vil hjelpe publikum med å halde seg til karakteren og knyte band. I tillegg til å identifisere ønskja karakteren har, må ein først og fremst presentere karakteren sine meirstereotypiske kvalitetar – men det som er mest interessant er dei unike kvalitetane

Page 24: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Handlinga er nøkkelelement

Ei god handling får publikuminteressert ogengasjert

Page 25: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Korleis lage ei god handling?

Akkurat som å “teikne” karakterane, krev ei god handling at ein identifiserer og forstår høgdepunktet i historia (leve eller døy, finne familien, oppleve kjærleik). Dette eine dramatiske spørsmålet er sentralt i alle historier. Det er slike spørsmål som får oss til å halde fram å lese i boka eller engasjere oss i historia; vi må finne ut kva svaret skal bli. Svaret er ikkje alltid eit ja, det kan bli nei – kanskje t.o.m. eit kanskje….

Page 26: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Tre hovudelement

Hovudkarakteren(ane)

Konflikten er hindringa som hindrar hovud-personen i å nå målet sitt. Den klassiske strukturen rundt ei handling er: hovudpersonen kjemparkontinuerleg mot ytre hindringar i ei konsistent verkelegheit for å oppnå målet sitt/ønskja sine – og slutten fører til absolutte og irreversible endringar.

Karakteren sitt mål. Hovudkarakteren er den nøkkelspørsmålet handlar om –akkurat som begjær/ønskje er essensiell for kvar karakter, er det også nødvendig i handlinga. Kva hovudkarakteren ønskjer er målet – eller svaret på nøkkelspørsmålet.

Page 27: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Struktur

Alle historierhar ein start, ein midtdel ogein slutt

Page 28: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Starten

Starten burde ein kome ganske raskt gjennom – publikum vil kome til det som er interessant; nemleg handlinga. Starten må sørge for tre ting:

1. plassere lesaren midt i handlinga,2. lesaren må få nok

bakgrunnsinformasjon 3. ein må presentere

nøkkelspørsmålet.

Page 29: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

MidtdelMidtdelen av historia tek opp det meste av plassen, med føremålet å gjere tre ting:

1. karakterane og situasjonen som vi vart introdusert for i starten, må utviklast

2. kjernen i handlinga skjer her3. det aller viktigaste; det er her hovudpersonen

finn vegen sin blokkert om og om igjen av hindringar på veg mot målet, og kreftene som hindrar, blir stadig meir kraftfulle.

Page 30: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Midtdel - konflikt

Hovudhindringaskapersterkeendringar ihovudpersonen sittliv,oghan/homåreagerepåepisodane.Dettefangarpublikumsinysgjerrigheit,ogdei vertmotiverttilåfinnesvaretpånøkkelspørsmålet.Slikehandlingar finngjernestadidenførstefjerdedelenavmidtdelen– sådesse børkome såfortsommogleg (menikkje førdeternaturleg).

Page 31: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

SluttenSlutten av historia er ofte den kortaste delen, men han speler ei viktig rolle. Ein sparer det beste til slutt – det er her vi skal få den tilfredsstillande opplevinga. Slutten vert delt inn i krise, klimaks og konsekvens.

Page 32: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Perspektiv/ståstad/synsvinkel

Eg-form, andreperson, tredjeperson?

Page 33: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Eg-formEi moglegheit er eg-forma. Dette gir fordelen av intimitet sidandet ikkje er nokon mellom-person mellom publikum og den som fortel. Ein kan straks få ei kjensle av hovudperson og personlegdomen hans/hennar. På den andre sida kan einavgrense perspektivet viss ikkjehistoria også gir rom for einforteljar eller andre personarsine perspektiv.

Page 34: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Andre og tredjepersonÅ bruke andreperson er meirutfordrande, men er ein måte å dra publikum (deg) inn i historia på. Det kan vere at ein kan bruke mer subtile poeng.

Å bruke tredjeperson gjer at einkan sjå historia frå fleire vinklar. Informasjonen kan bli tolka på ulike måtar av ein eller fleirekarakterar.

Page 35: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Vis – ikkje fortelEit bilete seier meir enn tusen ord. Det betyr at einmå dramatisere og kommunisere visuelt. Dei beste forteljingane viser karakterane og deira sanne side, kva dei har på seg, kven familiane er og korleis omgjevnadene er (t.d. korleis er vêret). Bruk verkemiddel som aksent (korleis karakteren snakkar), lydar (hylande sirener – kan ein skape ei kjensle av fare) og lukt (dufta av…) Dess fleiresansar som “vert brukt” og dess meir spesifikke, dess betre. På den andre sida skal ein ikkjeoverdrive. Ei av fallgruvene er å bruke klisjear –dei kan fort bli meiningslause..

Page 36: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Lage ei verd

Alle gode historier finn stad i ei avgrensa, kjent verd.

Page 37: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Kvar handlinga utfaldar seg er viktig

Publikum/lesar må kunne orientere seg i ei verd. Første steg er å skape ei lita, kjent verd. Dette hemmar ikkje kreativiteten, det inspirerer. Det er fire dimensjonar ein kan bruke for å gjere verda kjent:

1. tidsperiode (samtid, fortid, notid)2. lengd (i kor lang tid av karakterane sine liv føregår

handlinga, fødsel til død, nokre månader/timar/år)3. lokalisering (geografisk, byar, gater, bygningar, rom ,

planet)4. nivå på konflikt (personleg, institusjonelt,

omgjevnader, miljø)

Page 38: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Sjekkliste

Ei god historiekan forandreverda – er detdin tur nå?

Page 39: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Kvar er konflikten. Sjølv komediar har ein konflikt.

Kva gjer det interessant. Gap mellom kva vi trur vil skje når vi går til aksjon og kva som faktisk skjer.

Korleis fangar du publikum. Skildre plassering, omstende, premiss ein forstår og identifiserer.Kven er hovudperson. Nokon må drive handlinga, akkurat som ein bil treng sjåfør

Sjekkliste

Page 40: 10.kl. historieforteljing-nn

www.iktsenteret.no

Er historia for lang?

Kva gjer det interessant. Gap mellom kva vi trur vil skje når vi går til aksjon og kva som faktisk skjer.

Korleis fangar du publikum. Skildre plassering, omstende, premiss ein forstår og identifiserer.Detaljar. Ein enkel detalj kan spare deg for mykje skriving, detaljar visualiserer karakterar og omgjevnader.

Sjekkliste