2 kyrkjelydsblad for fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav...

20

Upload: others

Post on 03-Jan-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt
Page 2: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Med magen full av plast…Det var trist å sjå gåsenebbkvalen som døydde i sjøkanten – med magen full av plast. Før kvalen døydde, var den gjennom ei lang og smertefull lidingssoge. Den døydde på grunn av våre handlingar. Slik blei lagnaden til den eit symbol på overflodssamfunnet og dårlege menneskelege haldningar.

Havet er i dag vår største søppelkasse. Det skjuler så mykje søppel at vi skal vere glad for at vi ikkje kan sjå alt – i tillegg til alt som har gått i oppløys-ing – usynleg materiale, men som likevel kan øydelegge levande liv. Det er eit stort paradoks at det er frå denne søppelkassa vi samstundes hentar opp livsviktig mat.

Dei siste åra har kyrkja blitt meir merksam på det ansvaret menneska har for skaparverket og jorda vi bur på. Likevel er det ofte i andre spørsmål kyrkja får størst merksemd – gjerne av negativ karakter. Det er synd.

Haldningar til miljøet heng nøye saman med maktbalansen i verda, rikdom og fattigdom. Etter krigen bygde vi opp landet saman. Det var solidaritet og økonomien var i stor grad basert på likskap og behov. Folk var tilfredse.

Det er solidaritet og fellesskap som er berebjel-kane i samfunnet. Viss vi ikkje kjenner kvarandre, vil vi ikkje samlast om det som er viktig og dra lasset saman.

Vi har mykje å lære av dei første kristne. I Apos-telgjerningane står det: «Alle dei truande var eitt i hjarte og sinn, og ingen rekna det han eigde som sitt eige; dei hadde alt i lag. Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var stått opp, og stor nåde var over dei alle.» (Apg 4,32-33)

Dei første kristne var takksame. Det dei eigde, eigde dei saman.

Skaparverket og jorda er gitt oss til å ta vare på med vørdnad og respekt. Det vi eig, eig vi berre så lenge vi lever, så må vi gi det vidare. Vi er for-valtarar av den rikdomen som naturen og skaparv-erket er. Det er vårt ansvar.

Apostlane var takksame fordi dei levde i nåden frå Jesu oppstode. Den gav dei kraft til å leve – saman som eitt folk. Når det er mykje å takke for, blir det desto viktigare å ta vare på det, slik at fleire kan få leve i nåden av denne gåva. Na-turen og skaparverket er ein fantastisk fin skatt. Saman med Jesu oppstode, er det det aller finaste Gud har gitt menneska.

Knut Arne Kummeneje

Page 3: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Påskevandring (9 år)Påskevandring for 3.klassingane frå Dale og Flekke blir i år laurdag 22. april kl.10.30-12.00 i Dale kyrkje. Då går vi igjennom hendingane frå palmesøndag til påsketida. Her får ein både smake, kjenne, sjå og høyre litt om korleis Jesus og disiplane opplevde desse spesielle dagane. Utdelinga av påskeboka skjer i gudstenesta i Dale kyrkje søndag 23. april kl.11.00. Velkommen til påskevandringa! Du får invitasjon i posten!Vi har begynt med ein treårs-syklus for nokre trusopplæringsaktivitetar i ytre Fjaler og Guddal. I 2016 var det «Den store forteljinga» som stod for tur, i år var det GT-agentane, og i 2018 blir det påskevandring. I løpet av 3 år skal dei aktuelle målgruppene ha fått tilbod om å delta på alle opplegg.

Vil du bli kyrkjetenar?Vi har framleis tre kyrkjetenarar som er blitt alderspensjonistar, og som ønskjer avløysing. Det har enno ikkje lukkast å få nokon til å overta kyrkjetenarjobben i Guddal kyrkje etter Liv Svanhild og Reidar Langeland. Vi har heller ikkje fått nokon til å ta over vedlikehaldet av kyrkjegarden/gravplassen. Ved Hellevik- og Folkestad kapell ønskjer òg Sigrid Kleppe avløysing. Vi ser gjerne at nokon melder si interesse! Ta kontakt med kyrkjeverje Irene Fløde tlf. 57739771/99238420.

BLADPENGARkr 230 (Fjaler)kr 300 (utanbygds)Hjarteleg takk for at du trufast betalar inn bladpengar slik at vi kan fortsetje å sende ut Kyrkjeblad for Fjaler. No er det tid for innbetaling for 2017, og vedlagt ligg ein bankgiro, men du må gjerne nytte nettbank. Bankkontonr: 3741.20.73135. Framover ønskjer vi å kunne gje ut kyrkjebladet med farge på alle sidene. Dette kostar noko meir, og i tillegg har portoen auka. Etter nokre år med fast

pris, tør vi difor be om at du som bur i Fjaler betaler kr 230, og at du som får bladet tilsendt med adresselapp og frimerke betalar kr 300. Det er viktig at du som bur utanom kommunen, og får bladet tilsendt med adresselapp, hugsar på å merke innbetalinga med namn og adresse – også når du betalar via nettbank. Utan adresse er det umogeleg for oss å få sendt deg bladet. if

PALMELAURDAGSBASAR8. april kl.15.00 på Ljosheim. Håland misjonsforeining ønskjer deg velkomen til den årlege misjonsbasaren på palmelaurdag. Også i år vert misjonskonsulent Ingvald Andersen Frøyen i Det Norske Misjonsselskap (NMS) med. Det er mange fine gevinstar på hovudlotteriet og på åresal. Det vert matøkt med gode kaker. Foreiningsmedlemene vonar du tek ettermiddagskaffien saman med dei og støttar opp om misjonsbasaren.

HJARTELEG TAKKTakk for kr 10 500 i minnegåve til Ljosheim ved gravferda til Gudrun Borgny Sletteland i Dale kyrkje 28.2.2017. Dette er gåve gitt i kyrkja og direkte på bankkonto.

BILETE TIL KYRKJEBLADETDet er mykje som skjer i kyrkjelyden vår. Har du teke bilete av kyrkjelege handlingar, aktivitetar med trusopplæring eller kor, kyrkjebygg osv? Vi tek gjerne imot bilete som kanskje kan brukast i bladet, og oppfordrar spesielt folk i Guddal og Ytre Fjaler til å sende inn. Send bileta i full storleik til [email protected].

Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

På kyrkjebakken

Her finn du oppdatert informasjon om gudstenester, konsertar, osv.

Vi har også heimeside: www.fjaler.kyrkja.no.

Kyrkja i Fjaler er på Facebook:www.facebook.com/FjalerKyrkja

LJOSHEIMBASAREN Fullt hus og stor stemningDet var kjekt med fullt hus og stor stemning på Ljosheimbasaren 25. februar, og vi takkar hjarteleg for kr 57 615 – pengar som vil kome veldig godt med no når vi har fått lekkasje, og må ha nytt tak over gangen og småsalen. Eigentleg var det handikapptoalett oppe i gangen som no sto for tur, men det må utsetjast. Tett tak er no det viktigaste prosjektet.Det var «kamp» om årane, så alt no har vi vore i kontakt med Vevang for å få laga fleire årar til neste basar. Som du veit er Ljosheimbasaren ein årleg tradisjon om lag på denne tida.Takk for gevinstar og kaker!Vi nyttar høvet her i bladet og takkar hjarteleg alle som har hjelpt til. Ingen nemnt – ingen gløymt. Men vi må trekkje fram Marie Skadal for hennar kjempeinnsats med førearbeid, og også god organisering av loddsalet.

Page 4: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

– Vatnet smakar mykje betre, og kleda er mykje reinare enn før, seier Richard Wilson, før han tek ein ny slurk av vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt for Wilson.

Før kunne Wilson bruke mange timar på å hente vatn til familien. Køen ved brønnen kunne vere lang, og for kvart minutt med venting, vart det eit minutt mindre med fotballspeling saman med venene. For ein 13 år gamal gut er det hardt å akseptere.

Men vatn må familien til Wilson ha, og å skaffe vatnet er hans ansvar. Og det er eit tungt ansvar, bokstaveleg talt. Fire kanner med vatn skal fraktast frå brønnen og heim, og når kannene er fulle er vekta på 80 kilo. Det er god trim for ein 13-åring, kanskje litt for mykje av det gode, tenkjer mange. Men vatn må familien ha.

Den gode nyheita er altså at det nyleg har skjedd endringar i landsbyen Ikonda, der Wilson bur. I lands-byen har fleire brønnbyggjarar fått opplæring, og ein ny brønn er på plass. Den har gjort køen ved brønnen kortare og vatnet reinare. Sjukdommar som diaré og urinvegsinfeksjon er også langt sjeldnare enn før.

– Før kunne eg ha vanskar med å tisse, og eg hadde mykje vondt i magen. Men no er det mykje betre. I framtida håper eg at vasstilgangen vil bli endå betre, og at folk si helse også vert betre, seier Wilson, som no også har betre tid og helse til å spele fotball – slik 13 år gamle gutar skal gjere.

Det er i år 50. gong at Kirkens Nødhjelp gjennomfører Fasteaksjonen. I 50 år har altså kyrkjelyder over heile landet bidrege til at millionar av menneske har fått den hjelpa dei har rett på. Reint vatn og tilgang på mat er ein rett alle menneske har, og Kirkens Nødhjelp kan aldri få gje nok takk til dei som har støtta aksjonen trufast gjennom 50 år.

2017 er også året der lutherske kyrkjer over heile ver-da markerer at det er 500 år sidan Martin Luther hang

opp tesene i Wittenberg. Kirkens Nødhjelps fasteaks-jon står sentralt i den norske 500 års-markeringa, og målet er å vise diakoni i praksis ved å gå med bøsser den 2-4. april.

Vi kan ikkje alle berre reise til Wittenberg for å feire. Vi må sette oss ned og sjå på alt vi har oppnådd desse 500 åra. Vi kan ikkje berre be om pengar, og seie halleluja og amen. Vi må sjå på kva vi kan gjere for samfunnet vårt, seier Emmanuel Makala som er biskop i den lutherske kyrkja i området der Wilson bur.

50 års-jubilanten Fasteaksjonen er den stødige påla i Kirkens Nødhjelps daglege arbeid. For å klare å hjelpe flest mogleg også dei neste 50 åra treng Kirk-ens Nødhjelp draghjelp frå våre trufaste bidragsytarar. Du kan bidra til at Fasteaksjonen vert ein suksess, anten ved å stille som bøssebærar, eller ved å gje pengar i bøssa. Det har aldri vore enklare å bli ein brønnbyggjar.

4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Ja, vi elskar dette vatnet

Fekk du ikkje gitt til bøssebærarane?Du kan enkelt støtte Fasteaksjonen:

• SMS «GÅVE» til 2426 (kr.200)• Vipps eller MobilePay: valfritt beløp til 2426• Kontonummer: 1594 22 87493

Tusen takk for støtta!

Håper å feire 50 år med rekordinnsamling

Reint vatn kan redde liv, og ureint vatn kan ta liv. Alle land i verda, også Norge, har sagt at alle skal ha tilgang til reint vatn innan 2030.

I fjor kom det inn 34 millionar kroner til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Pengane sørger for at mange tusen menneske får tilgang til reint drikke-vatn, og på den måten reddar menneskeliv. I Fjaler vart det i 2016 samla inn 49 566 kr til fasteaksjo-nen. Klarer vi å slå dette i år?

Page 5: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Martin Luthers reformatoriske oppdagingMartin Luther fekk ei oppseding i tråd med foreldra sin nøysemd og kristentru. Det var strengt på latin-skulen, men skuletida var stort sett ei fin tid for han. 17 år gammal begynte han som student ved uni-versitetet i Erfurt, og fire år seinare hadde han magistergraden i filo-sofi. Etter faren sitt ønske begynte han å studere juss.

To hendingar i Martin Luther sitt liv kan å ha vore av avgjerande betyding. Den første var då han fekk dødsangst på ein tur i 1505, der han opplevde at Gud kom over han. Han fall på kne og ropte: «Hjelp, kjære Sankta Anna, eg vil bli munk.» Dette resulterte i at han gav seg med jusstudiane, blei munk og gikk i kloster.

Den andre hendinga var mens han var munk i klosteret og arbeidde med Rom 1,17 der det står: «For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.» Det var då han oppdaga at uttryk-ket «Guds rettferd» måtte bety den rettferd som Gud gir mennesket etter Kristi forsoningsverk, den nåde som blir gitt mennesket. Før denne oppdaginga hadde Gud vore den strenge, dømmande Gud som

gjorde at Luther sleit med død-sangst og uvisse i forhold til frelsa. Etter denne oppdaginga forstod han frelsa som noko som ein tar imot som ei gåve frå Gud – utan noko form for motyting eller prestas-jon. Denne teologiske oppdaginga markerte slutten på den lange åndelege krisa for Martin Luther.

Paulus og Jakob om tru og gjerningar I Det nye testamentet finn vi to ulike tradisjonar i synet på forholdet mel-lom tru og gjerningar. I Jakobs brev 2,24 kan vi lese: «Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru.» Det kan virke som om Jakob meiner at gjerningar må vere til stades saman med tru for å bli rekna som rettferdig. Paulus, derimot, synest å meine at det er nok med trua åleine når han skriv: «For vi hevdar at mennesket blir ret-tferdig ved tru, utan lovgjerningar.» (Rom 3,28) Martin Luther meinte Jakobs brev ikkje skulle vere med i Det nye testamentet.

Arven etter Jakob der gjerningane hadde betydning for frelsa, var sentralt for kyrkja og pavedømmet i Luthers samtid. Det var avlatshande-len der ein kunne kjøpe seg frelse og evig liv som blei den utløsande faktoren for Martin Luthers protest.

For å finansiere bygginga av Peter-skyrkja, blei «Petersavlaten» innført av Paven i 1507, og denne avlat-en blei selt som avlatsbrev. Luthers 95 «protestteser» som blei hengt opp på kyrkjedøra i Wittenberg, var særleg retta mot avlatsmisb-ruket, mot paven og kyrkjelæra.

Når vi i 2017 skal feire 500-årsju-bileum for dei 95 tesene til Martin Luther, vil gjenoppdaginga av Pau-lus sitt ord frå Romarbrevet vere sen-tral, der frelsa er noko mennesket tar imot i tru, utan noko motyting eller prestasjon. Å vere menneske er å leve i nåden frå Gud.

Knut Arne Kummeneje

Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

Martin Luther (1483-1546)

Foto: Annfrid Harkestad

Nye T-skjorter til barnekoretDale barnekor ynskte T-skjorter til bruk særleg på sine konsertar på sjukeheimen der det er veldig varmt med korgenser på. Barna valde sjølv ut fargen og korleis påskrifta skulle vere, og koret tok dei i bruk for første gong på julekonserten på sjukeheimen. Takk til alle som støtta Dale barnekor i 2016.

Page 6: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Likninga om såmannenLuk 8, 4-15 - Fortalde av Minikonfirmantane frå Dale og Flekke med trusopplærar Ragnhild Stav.

Jesus fortalte ein gong ei likning om ein såmann. Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Då han såd-de, fall noko attmed vegen.

Det var nedtrakka av dei som gjekk der

Og fuglane under himmelen kom og åt det opp.

Noko fall på steingrunn. Det visna med det same det kom opp, fordi det fekk ikkje væte.

Noko fall mellom tornebusker. Tornebuskene voks opp saman med kornet og kvelte det

Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.

Læresveinane skjønte ikkje kva denne likninga skulle tyda. Dei bad Jesus forklare.

Jesus sa: Såkornet er Guds Ord. Dei attmed vegen er dei som høyrer Ordet; men så kjem djevel-en og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste.

Dei på steingrunn er dei som tek imot Ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå.

Det som fall mellom tornebuskene, er dei som høyrer Ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger, rikdom og nytingar.

Page 7: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

I 2015 vedtok Kyrkjemøtet at vigsla kantorar kunne bere skråstola over venstre skulder, eit stykke stoff i dei forskjellige liturgiske fargane. No har Mark Taylor som vart vigla i 2004 teke i bruk den nye kantor-stolaen sin.

Brukt på kyrkjetekstilane skal symbola, saman med kyrkjeårets liturgiske fargar, formidle kristen tru og tradisjon og hjelpe kyrkjelyden til konsentrasjon om gudstenesta og kyrkjelege handlingar.

Stolaen er i seg sjølv eit teikn på vigsling til teneste, og krossen på skuldra er det viktigaste symbolet. Jesus sa: Den som ikkje ber krossen sin og følgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein. (Lukas 14,27). Gjennom å bere den krossmerka stolaen, markerer kantoren at han har underlagt seg kyrkjas kall til teneste.

Kvit er fargen for Kristi-høgtidene, fest og glede, hovudsakleg jul, påske, helgemessesøndag og vigsler. Den kvite kantorstolaen har symbolet tre ringar som grip inn i kvarandre som er eit symbol på den treeinige Gud. Kjernen av

dei er ei keltisk trinitatis-knute, som også er eit evighetssymbol.

Fiolett er fargen for førebuing, bot og sorg og er brukt i advents- og fastetida, samt i gravferder. Sym-bolet på den fiolette stolaen er ein fisk som er eit Kristus-symbol frå urkyrkja. Dette heng saman med at kvar bokstav i det greske ordet for fisk «ichthys» dannar orda Iesous Christos, Theou Yios, Soter (Jesus Kristus, Guds Son, Frelsar). Jesus gjorde fleire under med fisk. Då han kalla fiskaren Peter til å følgje han, sa han at «heretter skal du fanga menneske.» (Lukas 5,10).

Raudt er fargen for Anden og kyrkja, blod og eld og er brukt i pinsa og på aposteldagen. Dua er eit symbol for Den Heilage Ande som flaug ned på Jesus mens han vart døypt (Matt. 3,16) og den flyr alltid nedover. Dua har ei strålefor-ma glorie (lysande krans) rundt hovudet.

Grønt er fargen for vekst og livskraft og er brukt i openberringstida og treeiningstida. Aks er eit vekstsym-bol og er fylt (eit modent aks). Aksa er kombinert med druene, eit anna symbol for vekst, som saman med

aksa symboliserer nattverdens vin og brød. Det passar, sidan Mark er fast nattverdsvert på gudstenestene utanom Dale kyrkje.

Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

Skråstola til kantoren

Men det i den gode jorda, er dei som høyrer Ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut, og ber grøde.

Page 8: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Soknepresten vår Lilja Kristin Thorsteinsdottir reiste frå Fjaler ved årsskiftet og har teke til i ny stilling i Den Islandske kyrkjelyden i Norge. Søndag 11. desember takka vi henne i gudstenesta i Dale kyrkje og med avskjedsfest på Ljosheim. Prost Reidar Knapstad og Knut Arne Kummeneje medvirka saman med Lilja i gudstenesta. På Ljosheim vart det kaffi og kaker, diverse takketaler, overrekking av gåver, og musikalske innslag frå Cantus og frå medarbeidarane på kyrkjekontoret.

8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Avskjed med Lilja Kristin

Page 9: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

Vi ønskjer Lilja og ektemannen Eirikur Gunnarson alt godt i framtida. Vi saknar dei her i Fjaler.

«Ny» sokneprestDet er rart å ønskje velkomen til nokon som har jobba uavbrote hos oss i over 20 år, men vi har fått ein «ny» sokneprest: Knut Arne Kummeneje. Han kom til Fjaler som kapellan sommaren 1995, og hausten 2007 blei han sokneprest før han i 2011 gjekk inn i ein ny, delt stilling som spesialprest for born og unge i Fjaler og Askvoll. Men frå årsskiftet er han tilbake på Fjaler kyrkjekontor på heiltid som sokneprest, og det er nok alle glade for. Velkomen!

Fullmakt til å utføre prestetenesteHans Stav har fått fullmakt frå biskopen til å utføre presteteneste i Fjaler sokn. I første omgang gjeld fullmakta fram til 2. juli 2017. Frå fullmaktsbrevet: «Hans Stav har i det nemnde tidsrom fullmakt til å halde gudstenester med dåp og nattverd. Prestevikaren kan forrette kyrkjelege handlingar med unna-tak av vigsel. Ut over dette skal vikaren, så langt råd er, utføre tenester og oppgåver som naturleg legg seg til rette.» Biskopen bed vidare kyrkjelyden om: Så ta då imot Hans Stav som ein Herrens medarbeidar. Tidlegare har Hans Stav hatt løyve til å ha julaftangudstenester i ytre Fjaler. Han har delteke på samling på bispedømekontoret, for lek gudstenesteleiar.

Takk til Ragnhild StavSidan hausten 2015 har Ragnhild Stav vore kyrkjelydsarbeidar i Fjaler med særleg ansvar for trusopplæringa. Stillinga har vore kombinert med trusopplæringsarbeid i Askvoll. Vi vil takke Ragnhild for det flotte arbeidet ho har gjort for born og unge i Fjaler. Særleg har ho vore med å planlegge og legge til rette for opplegget med 2-åringane, samt samarbeidet kyrkjelyden har med Det Norske Misjonsselskapet med tiltaket «Middag og Misjon» for 13-åringane. Når ho no sluttar i Fjaler 1. mars, tek ho til som diakonimedarbeidar i Gaular sokn. Vi ønskjer Ragnhild lukke til i den nye jobben!

Page 10: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Dale

Døypte:Jonas Hovlandsdal ØenEmilie Breidvik NessMats Brynestad SkårBrage Gjervik SætenesMatheo Nunez MyklebustEmil Espedal Selvåg

Døde:Gerd Marit Kleppe f.1947Anton S Myklebust f.1933Asbjørn Stenseth f.1946Hildegunn Rennestraum f.1945Aslaug Ramstad f.1930Svein Hovland f.1940Anfinn Bremnes f.1953Gudrun Borgny Sletteland f.1923Olina Solveig Jensen f.1929

Guddal

Døypte:Anea Huseklepp Hatlem (Døypt i Øn kyrkje)

Vigde:Nina Beate Yndestad og Ronny Lutenthun Fløholm

Folkestad

Døde:Rigmor Helene Svendsen f.1943

Hellevik

Døypte:Frida Sophi Løveng Myklebust

I kyrkjelydensidan sist

Årsstatistikk 2013 2014 2015 2016

Døypte: Dale 20 24 12 18Folkestad 0 6 2 1Hellevik 1 0 0 0Guddal 2 3 3 0Fjaler 23 33 17 19 Konfirmerte: Dale 15 14 19 21Folkestad 3 4 0 8Hellevik 0 4 0 3Guddal 1 3 1 1Fjaler 19 25 20 33 Vigde: Dale 3 3 2 2Folkestad 3 0 1 1Hellevik 0 0 0 0Guddal 1 1 1 0Fjaler 7 4 4 3 Gravferd: Dale 29 23 25 19Folkestad 2 8 2 10Hellevik 3 2 1 1Guddal 2 7 2 5Fjaler 36 40 30 35

TRENG DU NOKON Å SNAKKE MED?

Nokre som ringer tenkjer på å ta sitt eige liv, andre er usikre, einsame eller redde. Nokre treng berre å slå av ein prat.

Ring eller skriv: Vi er her. Alltid. kirkens-sos.no

Page 11: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

I kyrkjelydenUtdrag frå årsmelding for Fjaler soknHeile årsmelding er lagt ut på www.fjaler.kyrkja.no og er tigjengeleg på kyrkjekontoret.

GUDSTENESTE og gudstenestefeiring

Gudstenesteframmøtet er bra stabilt. Tal døypte og kon-firmantar har innverknad på frammøtet. Gudstenestein-volvering står sentralt både i korarbeid, musikkarbeid og trusopplæring.

Vi er heldige som har tilsette som er interesserte i å få med flest mogleg som deltakarar i gudstenestene. Vi er takksame for godt oppmøte, særleg på utdelingsgud-stenestene våre. Vi må likevel vere så ærlege å seie at vi gjerne skulle hatt ein litt større kjernekyrkjelyd som gjekk fast til gudsetnestene. Som nemnt har soknerådet fokus på utfordringa.

Eit «kjenneteikn» for gudstenestene våre er at det svært ofte er song- og musikkinnslag. I tillegg til eigne kor deltek også andre lokale krefter i Fjaler.

Julaftangudstenestene i Fjaler er godt besøkte, sjølv om oppslutnaden i Dale i år var litt mindre enn tidlegare.

Vi vil prøve å halde fram med å ha gudstenester i begge kyrkjene og i begge bedehuskapella, så sant vi greier å skaffe ein lek gudstenesteleiar. Soknerådet dekkjer utgiftene til dette, og dei siste åra har Hans Stav hatt desse to gudstenestene i ytre Fjaler.

TRUSOPPLÆRINGSTILTAK "Saman i trua, saman i kyrkja"Vi har framleis god oppslutnad på dei ulike trusop-plæringstiltaka for born i Fjaler.

Dåpsfase med dåpssamtale (0 år)Kyrkja får informasjon om nyfødde som har foreldre der ein eller begge er medlemer i kyrkja, og det vert sendt ut invitasjonsfaldar om dåp. I dåpssamtalen får foreldra dåpsperm, CD med kristne barnesongar, og ei innram-ma kveldsbøn til å hengje på veggen.

Babysong (0-1 år)Dette er eit tiltak i samarbeid med kulturskulen og hel-sestasjonen. Det er ei familiesamling vår og haust er på Ljosheim. Ein representant frå kyrkja er med på desse samlingane.

Dåpshelsing 1, 2 og 3 år etter dåpen (1-3 år)Kyrkja sender ut ei helsing til barnet og familien til eitt- og to- og treårsdag for dåpen. Desse helsingane handlar om dei kristne høgtidene og korleis ein kan feire dei. Det første brevet er om jul, det andre om påske, og det tredje om pinse. Tanken er at ein set desse helsingane inn i dåpspermen.

2-årssamlingTil dette tiltaket vert alle toåringane i Fjaler inviterte til ei samling på Ljosheim i Dale. Dei får høyre forteljinga om den bortkomne sauen, lære rim og regler, syngje nokre songar og leike med dei andre ungane. Opple-gget er basert på innhaldet i 2-årsboka, som dei får utdelt på samlinga. Oppslutnaden var 48%.

4-årsbok Vi har to samlingar. Først møter dei for ei førebuande samling der dei øver på songane som skal syngjast i kyrkja, får høyre ei forteljing, og jobbar med op-pgåvene i heftet som høyrer til 4-årsboka. Songane og forteljinga er henta frå 4-årsboka. Den andre samlinga er deltaking på 4-årsgudstenesta, der borna får 4-års-boka. Oppslutnaden var 79%.

2013 2014 2015 2016Gudstenester – inkludert barnehage- og skule 85 83 81 80

Gjennomsnittleg frammøtte 75 80 69 72

Lysmesse i Guddal kyrkje

Page 12: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Dåpsskule (6 år)Vi har tre samlingar, der den siste samlinga er deltak-ing på Hausttakkefest-gudstenesta. På dei to første sam-lingane øver vi på dramatisering av skapingsforteljinga frå Bibelen, på songane til gudstenesta, ser relevante kristne filmar for målgruppa, og løyser oppgåver frå heftet som høyrer til 6-årsboka. Vi hadde særs god oppslutnad i år, heile 85%

Påskevandring (9 år)Vi har tre samlingar, der den siste samlinga er deltaking på barnas påskegudsteneste. Den første samlinga er ei påskevandring der ein går gjennom hendingane frå palmesøndag til påsketida. Her får ein både smake, kjenne, sjå og høyre litt om korleis Jesus og disiplane opplevde desse spesielle dagane. På gudstenesta får dei utdelt påskeboka «Påskeforteljinga». Oppslutnaden var 29 %.

GT(gudsteneste)- agentane (10 år)Vi har to samlingar, der den siste samlinga er deltaking

på gudsteneste. Oppslutnaden var 50% (11 av 22 inviterte frå Dale og Flekke), 8 gutar og 3 jenter.

”Den store forteljinga” (11 år) for Minikonfirmantar Vi har tre samlingar. Den siste samlinga er deltaking på gudsteneste, der barna får Konfirmantbibelen. På samlingane øver vi på dramatisering av «likninga om såmannen», som vert framført under gudstenesta, og andre oppgåver borna har under gudstenesta. Vi har òg undervisning på samlingane.Vi starta med ein treårs-syklus i ytre Fjaler og Guddal i 2016. I løpet av 3 år skal dei aktuelle målgruppene ha fått tilbod om å delta på «Den store forteljinga», «GT-agentane» og «påskevandring». I 2016 var det «Den store forteljinga» som stod for tur. Sjølv om hov-udvekta for dei som var minikonfirmantar var 11 år, var rekkevidda frå 9 til 12 år. Oppslutnaden mellom 11-åringane var 67%, medan oppslutnaden for alle 9-12 åringar i Fjaler var 32%.

Middag og misjon (13 år)Dette trusopplæringstiltaket hadde vi første gong våren 2015. No har vi flytta det til hausten, men det er fram-leis for 8. klasse. Vi har "Middag og misjon" i samar-beid med Det Norske Misjonsselskap. Områdeleiar i NMS, Ingvald Frøyen, hadde ansvar for misjonsdelen, medan ein av dei busette flyktningane i Dale laga mid-dagen. Oppslutnaden var 23 %.

Konfirmasjon (14-15 år) Konfirmanttida starta med innskrivingsgudstenester før sommarferien og presentasjonsgudstenester i august. Nattcupen var 23. oktober 2015, og konfirmanthel-ga var 12.-13.mars 2016 med innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp 14.-15. mars, samt solidaritetskonsert 15. mars kl 20 i Dale kyrkje. I løpet av konfirmasjonsti-da var det 8 samvær kl 18.00-20.30, og kvar kon-firmant måtte møte på 10 gudstenester inkludert konfir-masjonsgudstenesta. I 2016 var det 33 konfirmantar i Fjaler, 100% av kullet.

Tiltak etter konfirmasjonsalderVi har hatt to tiltak for eldre ungdom, Nord-sør-søndags-gudsteneste tilknytt TV-aksjonen, og Solidartitetskonsert i samband med fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Nord-sør-søndagen er eit samarbeid med United World College i Flekke. I 2016 vart denne gudstenesta ei misjonsgudsteneste utan samarbeid med UWC. (Sjå bilde på framsida). Solidaritetskonserten er eit samar-beid med Hyllestad og Fjaler kulturskule, og United World College.

6-åringane i Dale kyrkje

Den store forteljinga i Guddal

Page 13: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

KOR OG KORARBEIDI Fjaler er vi kjende for det gode korarbeidet og betyd-ninga det har for gudstenestefeiringa. Kora gir barna eit aktivt og positivt møte med kyrkja, samtidig som koret gjer gudstenestelivet i kyrkja rikare. Kantor Mark er musikalsk leiar for kora som også har sine eigne styre der foreldra er med.

Foreldra er flinke til å stille opp som ansvarlege på turane og fortener ros for det. Dei ulike kora har sine eigne årsmeldingar som gir utfyllande opplysningar om aktiviteten. Sjå heimesida www.fjaler.kyrkja.no.

Kora har vår-, haust og julekonsertar på Fjaler sjuke-heim og bidreg slik diakonalt. • Dale barnekor: 20 barn i vårsemester, og 19 barn

i haustsemester. I alt har 26 barn vore innom koret i løpet av året, alle jenter.

• DO RE MI: 11 barn• Ungdomskoret: har auka til 7 faste medlemmer, og

nyttårsaftan var koret òg styrkt med eldre ungdomar• Guddal familiekor: 12 barn og 2 ungdommar• Cantus auka med ein, til 29 songarar (28 i 2015).

Songgudstenester, konsertar og kortreff Tenebrae-gudsteneste i Dale kyrkje i februar var med kantor Mark, Cantus, tekstlesarar og konfirmantar. Her vart det framført songar og salmar med tekstar frå Klagesongane i Bibelen, fem av dei som Mark hadde tonesett. Med tekstlesingane vart heile boka Klag-esongane frå Bbelen lesen. Dette var ei markering av Bibelselskapet sitt 200-årsjubileum.

Do Re Mi feira 20-årsjubileum (sjå bilde på framsida) i Folkesatad kapell søndag 24. april med gudsteneste,

konsert og fest. Barna imponerte med ein times pro-gram, og sjølvsagt var det god mat på festen etterpå. Kantor Mark overtok som musikalsk leiar/dirigent haust-en 2004, etter å ha vore med som akkompagnatør og rådgjevar sidan koret starta i 1996.

Do Re Mi og Guddal familiekor deltok på KFUK-KFUM sin barnefestival i Førdehuset

I april var dei eldste frå Dale barnekor, Ungdomskoret og delar av Cantus saman med fleire andre kor, med på ein Bjerkrheimjazz-konsert i domkyrkja i Bergen og i Os kyrkje.

Barnekora var også i år på hausttur. I oktober reiste 9 barn frå Guddal familiekor, 7 barn frå Do Re Mi og 14 barn frå Dale barnekor, på Ung Kyrkjesong Bjørg-vin sitt hausttreff i Åsane kyrkje i Bergen.

Elviskonserten i Dale kyrkje i august, som avslutning på Dalsfjordveka, vart ein stor suksess med om lag 300 i kyrkja.

Jølstrakoret og Førde trekkspelklubb leigde Dale kyrkje ein ettermiddag i november og framførte ein veldig fin konsert som var godt besøkt. Dei framførte m.a. salmar frå den nye salmaboka som musikalsk leiar i trekkspelklubben hadde arrangert for kor og trekkspel.

«Juleevangeliet – Miriam si forteljing» er Håvard Rem si gjenforteljing av juleevangeliet. Dette stykket framførte Idun Losnegård ved Sogn og Fjordane Teater, i Dale kyrkje i november.

Hellevik kapell hadde førjulskonsert 11. desember med allsong og musikkinnslag ved Do Re Mi, Fure og Våge Songlag, Dalsfjorden Spelemannslag, kulturskulen og kantor Mark Taylor.

I Dale kyrkje var den tradisjonsrike julekonserten 20. desember med lokale musikalske krefter. Litt færre i kyrkja i år, men likevel ganske fullt.

LAURDAGSKLUBBEN Starta hausten 1998Tilknytt Norsk søndagsskuleforbundLaurdagsklubben i Dale på Ljosheim er eit veldig pop-ulært tiltak for barn frå 4 år. Ei vanleg samling brukar å innehalde ei forteljestund, ei songstund med varierte songar, saft og kjeks pause og ei stund til leik, spel eller teikning. Frå starten og fram til sommaren i år dreiv Gro

Ungdomskoret

Page 14: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Sollesnes Kummeneje, Joy Taylor og Knut Arne Kumme-neje laurdagsklubben på dugnad. Dei vart takka for sin store innsats på soknerådet sin vårfest i mai.

Då Laurdagsklubben starta opp att i haust hadde soknerådet engasjert Ragnhild Stav til å leie klubben. Ho og far hennar, Hans Stav, delar på forteljarstunda. Foreldra til ungane på Laurdagsklubben hjelper til med det praktiske. Her var 30 barn innom i løpet av året. Laurdagsklub-ben syng i 4-årsgudstenesta og i barnas påskegudste-neste.

DIAKONI OG INSTITUSJONFjaler sokn har ikkje tilsette som spesifikt arbeidar med diakoni, men ettersom diakoni er ein dimensjon som kjem til uttrykk gjennom gudstenestefeiringa, forkynnin-ga, trusopplæringa og barne- og ungdomsarbeidet, kan vi seie at alle våre tilsette også er diakoniar-beidarar.

Vår og haust har kora konsertar på sjukeheimen. Prest og kantor har andakt på sjukeheimen annankvar ons-dag. Konfirmantane gjennomfører årleg fasteaksjon. Kyrkjekaffi knytt til gudstenester er også diakoni, og vi har prøvd å ha fleire sosiale treffet i forlenging av gudstenestene.

Pårørande busett i Fjaler og som har mista eit fami-liemedlem siste året, får blomehelsing til jul, finansiert av diakonifondet.

Gudtenestene og gravferdene i Dale kyrkje vert overførde til sjukeheimen via telefonen, og difor har vi telefon i kyrkja.

MISJONSPROSJEKT Fjaler sokn støttar to misjonsprosjekt gjennom det Det Norske Misjonsselskap (NMS): ”Integrert landsbyut-vikling i Mali” og "Senter for gatebarn i Egypt" der vi støttar eit senter som bidreg til at menneske i ein fattig bydel i Kairo får ein betre kvardag. Ofringane i gud-stenestene er fordelt slik at det i gudstenester der barn deltek og det er ofring til misjonsprosjekt, går offeret til Egypt. Misjonskonsulent Ingvald Frøyen deltok på ei misjonsgudsteneste i Guddal kyrkje.

SAMARBEID KYRKJE – BARNEHAGE/SKULEGudstenesterDet var skulegudstenester i Guddal før jul og sommarfe-rien. Der var også barnehagen var med. Elevar førebur lesing, synging og speling. Ytre Fjaler har skule- og barnehagegudsteneste i Folkestad kapell før jul. I Dale kyrkje er det gudstenester både før jul og sommarferien for barnehagane (Elvetun og Yksnebjør), barneskulen og ungdomsskulen. Flekke skule har eigen adventstund med besøk av presten, der var også barnehagen med.

Kyrkjebesøk frå Dingemoen skule1. årssteg: Blomeprosesjon til påskestund og Lyspros-

esjon til adventsstund2. årssteg: Kyrkjebesøk i april, med fokus på kyrkjel-

ege handlingar som dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd, samt kristne symbol

4. årssteg: Lysberarar ved Lysmesse i Dale kyrkje med øving i kyrkja ein gong i veka før

6. årssteg: Om lag 10 elevar(halv klasse) var medh-jelparar til påskestund, med øving i kyrkja ein dag på førehand

7. årssteg: Om lag 10 elevar (halv klasse) var medh-jelparar til adventsstund, med øving i kyrkja ein dag på førehand.

FRAMOVERUtfordringar framover for kyrkja i Fjaler vil vere å engasjere og motivere fleire til å la seg begeistre av å tilhøyre kyrkja. Vi treng fleire frivillige, fleire som tykkjer det er kjekt å komme på gudsteneste, fleire som ønskjer å ta i eit tak og bidra til å skape ei levande kyrkje. Det er viktig for kyrkja at alle menneske i alle aldrar skal kjenne at dei er velkomne. Dette vil vi ha på dagsor-den framover. Målet er at fleire skal kjenne at dei har sin heim i kyrkja. Mange døypte og medlemer av Den norske kyrkja, tenker at kyrkja er «dei andre». Vi vil job-be for at kyrkja skal vere eit «Vi». Kyrkja er «Oss», ikkje «Dei». Mottoet for trusopplæringa i Fjaler skal hjelpe til å forstå dette: «Saman i trua. Saman i kyrkja.»

Innhogging av nye namn og oppfrisking av skrifta på gravminne.

Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein som kjem vår og haust og gjer slikt arbeid.

Ta gjerne kontakt!

Page 15: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

Ny ekteskapsliturgiTilrettelegging for vigsel av likekjønna par i Sunnfjord

Kyrkjemøtet i Trondheim januar 2017 har gjort vedtak om innføring av liturgi for vigsel av likekjønna par i tillegg til gjeldande ordning for inngåing av ekteskap i Den norske kyrkja. Begge liturgiane skal vere tilgjengelege i alle kyrkjer. Biskopen i Bjørgvin skriv innleiingsvis i brev til medarbeidarane i Bjørgvin: «Etter Kyrkjemøtet sitt vedtak i saka om likekjønna vigsel er det mange som gler seg, og mange som sørger. For eigen del trur eg vedtaket som vart fatta er det beste vi kunne få, gitt det fleirtalet som Kyrkjemøtet no har. Her vert begge partar sikra fridom til å følgje si overtyding både i liturgisk praksis, undervisning og forkynning. Som biskop vil eg gjere det eg kan for å forsvare denne fridomen for alle kyrkjelege tilsette i Bjørgvin.»

Prosten i Sunnfjord følgjer opp vedtaket på Kyrkjemøtet med både å legge til rette for vigsel av likekjønna par og sikre at dei kyrkjelege tilsette kan følgje si overtyding i synet på ekteskapet i liturgisk praksis, undervisning og forkynning. Eg har møtt dei kyrkjelege tilsette i alle 9 kyrkjekontora i Sunnfjord prosti til samtale om endringar ved vigsel etter 1. februar 2017. Likekjønna par som ønskjer å inngå ekteskap i Den norske kyrkja, melder frå til kyrkjekontoret lokalt på vanleg måte. Prosten og kyrkje-verja lokalt har ansvar for å fordele arbeidet eller ordne med vikar, dersom det er nødvendig. Samtalene så langt tyder på at det vil gå greitt å legge til rette for vigsel av likekjønna par i Sunnfjord og at det er god vilje til å gje rom for ulike syn på ekteskapet.

Med beste helsingReidar KnapstadProsten i Sunnfjord

Kan du hjelpe meg opp?

Kan du hjelpe meg opp?Helsing ein gut som er langt nede

Dette stod med store bokstaver på ein liten plakatHan sat og såg tomt rett framfor segEg såg rett fram og gjekk forbiMen orda brann seg fast i megGnog seg inn i samvitet mittKan du hjelpe meg opp?Kan eg hjelpe han opp?Du skal då ikkje gje til tiggarar!

Men eg klart ikkje å legge det vekkKlarte ikkje å parkereKan du hjelpe meg opp?Eg snudde meg og gjekk tilbakeEg la pengar i koppen hansVi såg på kvarandeEg sa lykke tilHan smilte og sa takk

Femti-lappen som han fekk vil eg aldri sakneKva han brukte den til vil eg aldri få viteEg bøygde meg nedEg veit ikkje om dette løfta han oppMen eg gjekk vidare med lettare stegVed at eg bøgde meg nedSå løfta han meg opp

Oddvar EtnestadFrå diktsamling Mellom linjene 2016

Page 16: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Til avtalemenigheter med NMS om Midtøsten. Det har vore ei varm veke på fleire måtar. Mellom 35 og 40 grader er krevjande, men varmen frå alle menneska eg har møtt er overveldan-de. Kjenner meg privilegert som får erfara dette på vegne av alle givarar i Norge. Vil berre gi eit par glimt frå besøket i Kairo sist veke.SAT-7 i Kairo har fått ny leiar, Albert Fawsi. Han har vore tilsett der i fleire år, men for berre eit par veker sidan begynte han i si nye stilling. Eg kom til SAT-7 ein av dei siste feriedagane, men aktiviteten var stor. Det einaste som enno var i feriemodus var det fak-tum at live sendingane ikkje var komne i gang att. Ein av dei nye seriane dei skal i gang med i haust er «Praise Factory» for SAT-7 Kids. I eit konstruert fabrikklokale jobbar barn i kjeledress-ar og hjelm, og det dei ‘produserer’ er lovsongar.

I Middle East Media heldt animasjons-teamet på med ein av sine nye pro-duksjonar. Det handlar om flyktningjen-ta som har mista mor si og må flykta med far til ein heilt ny stad. Animasjon er ein arbeidssam prosess, så det er langt fram for dei, men traileren eg såg lova godt! Elles er det gledeleg å sjå at langtidseffekten av kvinnese-rien «Mirjams dagbok» som NMS og

NORAD støtta i mange år, er stor. Eg fekk delta på ein kvinnedag som var for lesarar av nettsida deira. 110 kvin-ner mellom 16 og 50 år var samla ein laurdag til zumba, leik og samta-legrupper. Det var også boklansering denne dagen; for mange av artiklane frå nettsida er gitt ut i bokform på eit vel renommert forlag, - Alle jenter er vakre! Det handlar nemleg om sjølvtillit og sjølvbilde.

Bibelselskapet fortalde om kor-leis ei spesiell utgåve av Det Nye Testamentet vart brukt som takkegåve når venner og familie viste medkjensle ved gravferd. Dei pårørande kjøper ein del eksemplar og gir det til dei som kjem på kondolansevisitt. Butikken kan ikkje sjølv distribuera gratis; det er ulovleg. Då eg var innom bibelbutik-ken i Gamle Kairo, fortalde Waahel Sadek om ein mann som kom innom og var forundra over ordet på pla-katen vår: Kom til meg alle de som strever og har tungt å bera! - Korleis kunne de veta at eg er så trøytt og sliten? spurde han.

Det vart også tid til ein liten visitt på det diakonale senteret NMS støtter. Der er det like før dei kan montera hei-sen som skal gjere det råd å ta imot fleire pasientar til operasjon. Då vert det nemleg mulig å ta i bruk etasjane oppover på annan måte, mellom anna

til ei lita postoperativ avdeling. Men utfordringa er framleis å nå ut til flest råd er i nabolaget med tilboda dei har på senteret.

Fleire av dei tilsette ved det teologiske fakultetet stilte på møtet med gene-ralsekretær Jeffrey Huseby og under-teikna, og deira ivrige og offensive innstilling smitta. Fakultetet er nært knytt saman med den presbyterianske eigarkyrkja, og samarbeider mykje med den, t.d. med kyrkjelydsplanting og -utvikling. For tida er det to av deira studentar som tar master på VID/MHS.

Siste dagen i sjølve Kairo møtte eg representantar for arbeidet mellom syriske flykningar i Jordan som NMS har engasjert seg i. Kyrkjelyden i Egypt har sendt ein pastorfamilie som bur i Mafraq ved den syriske grensa. Minst annakvar månad reiser eit team til byen og jobbar ei veke saman med pastor Nour og gjengen hans. Dei fortel at det som skil folka deira frå mange av dei andre hjelparane, er at dei tar seg tid til å lytta, ikkje berre dela ut utstyr mm. – Flyktningane får fortelja historiene sine, kanskje klarer dei knapt fortelja, for gråten tar dei, men me gir dei tid og merksemd, og det er ikkje vanske-leg å sjå at det gjer dei godt.

Så avslutta eg veka i Egypt på Anafora hjå biskop Thomas og alle han omgir seg med der. Det synest som han har henta inn dei flottaste englane til å ta imot gjester. Smilande svarer dei på spørsmåla dei får, dei ordnar opp og skaper ein atmosfære av ro, raushet og trygghet rundt seg. Programmet NMS er med dei på er eit tilbod om traumehealing for kvin-ner. Desse kursa fyllest fort no, for dei som har deltatt, spreier godt rykte, så mange nye ønskjer å vera med. Med ønskje om eit velsigna arbeidsse-mester fråÅslaug Ihle Thingnæs NMS representant Midtøsten og Pakistan, Det Norske Misjonsselskap

Brev frå Egypt

Ei fersk sjåarundersøking konstaterer at nesten 21,5 millionar menneske ser på SAT-7 sine tre arabiske kanalar.

Page 17: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Kyrkjelydsblad for Fjaler 17

Grøn kyrkjelydGud sette mennesket i Edens hage til å dyrka og passa han. (1. Mosebok 2,15)No skal 486000 menneske ta betre vare på verda!

• Bjørgvin bispedømeråd vedtok i januar å slutta seg til Kyrkjerådet sin «Samhandlingsplan for klima, miljø og berekraft 2015-2030». No skal dei om lag 486000 kyr-kjemedlemmene i Bjørgvin i større grad engasjere seg for å ta vare på verda Gud har gitt oss.

• Sokna vert bedne om å innar-beide tematikken i sine planar og rapporteringar og bispedø-merådet vil arbeide for å auke talet på «Grøne kyrkjelydar», Miljøfyrtårn og Fairtrade-kyrkjelydar.

• Kantor Mark Taylor er ein av to grøne prostikontaktar som repre-senterer Sunnfjord i bispedømmet si ressursgruppe som skal konkreti-sere vedtaket i handling.

• Tilsette og soknerådet i Fjaler har starta arbeidet med å velje ut kon-krete tiltak som må bli vedtatt i ein handlingsplan for å registrere oss som ein grøn kyrkjelyd.

• Men kvar enkel kyrkjemedlem kan handla allereie no i kvardagen for å ta ansvar for skaparverket og nesten, og å leve som ein Kristi etterfølgjar i praksis.

Gjer det som er rettferdig! (Jesaja 56,1) – Fairtrade – ein rettferdig handel

• Fairtrade-merking av produkt er påliteleg. NRK Brennpunkt send-te i haust ein dokumentar som viste at vingardsarbeidarane i

Sør-Afrika jobbar og lever under uverdige forhold. Framtiden i våre hender seier at Fairtrade har ei tettare oppfølging av forholda på vingardane, enn merkeordninga-ne som var omtala i dokumenta-ren.

• Fairtrade-standardane sikrar betre arbeidsforhold og handelsvilkår for bønder og arbeidarane i utvi-klingsland, slik at dei kan investe-re i produksjon, lokalsamfunn og ei berekraftig framtid.

• I Noreg konsumerer vi kvar dag store volum av produkta som er dyrka i fattige land. Faktisk er ca. 2 milliardar menneske, 1/3 av verdas befolkning, fattige små-bønder.

• Om 486.000 menneske i Bjørgvin endrer vanane sine og vel alltid Fairtrade produkt der dei er tilgjengelege, vil dette kjøpe-krafta hjelpe mange ut av fattig-dom.

• Vi har tross alt råd til å betale det det faktisk koster for varene våre! Ingen vil vel påføre andre helse-skadelege arbeidsforhold, barne- og tvangsarbeid og øydelegging av miljøet for å spare nokre få kroner i butikken?

Den som elskar olje, blir aldri rik. (Salomos ordtak 21,13)

• Salomo skreiv om andre typar olje og rikdomen, men ordtaket gjeld også for oss. Å fortsette å bruke fossilolje til drivstoff, plast og asfalt vil øydelegge rikdomen av naturresursar og livsgrunnlaget vårt slik at menneske ikkje vil ha nok bu- og jordbruksareal og mat og drikke til å overleve.

• Verda er på veg mot 4-6 graders oppvarming. Ein auke på berre 2 grader vil gjere at fleire hundre millionar menneske i Afrika sør for ekvator vil oppleve temperaturar på opptil 60 grader og må flykte, t.d. til Europa.

• Å halde auken til 1,5 C betyr at vi må redusere klimagassutslepp no. FNs klimapanel slår fast at vi bør ha ein 80% reduksjon innan 2030. Om du må kjøpe ny bil, kjøp elbil!

• Verdas siste store bestand av torsk gyter utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Viss vi forvaltar fisken riktig, er dette ein evigvarande ressurs.

• Statens eigne miljøekspertar, Den norske kyrkja, Norges kystfiskar-lag og Norges fiskarlag er alle mot oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen som vil sløse vekk dyre-bar kapital vi treng til nye miljøar-beidsplassar og til framleis å vere eit velferdsland.

• No i vår skal dei politiske partia vedta partiprogramma sine. Sørg for at ditt parti sin politikk medver-kar til å stanse klimagassutslepp og å stanse risikofylt oljeleiting og utbygging i Lofoten, Vesterålen og Barentshavet.

Mark Taylor

Page 18: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Søndag 2. aprilDale kyrkje kl.19.00Samtalegudsteneste med konfirmantane frå heile Fjaler. Offer til Alværa Misjonssenter.

Tysdag 4. aprilDale kyrkje kl.20.00Solidaritetskonsert med Ungdomskoret, kulturskulen og UWC. Kollekt til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon. Kyrkjekaffi.

Skjærtorsdag 13. aprilFolkestad bedehuskapell kl.19.30Gudsteneste. Offer til Strømmestiftelsen.

Langfredag 14. aprilDale kyrkje kl.19.30Gudsteneste. Offer til Strømmestiftelsen.

Påskedag 16. aprilDale kyrkje kl.11.00Høgtidsgudsteneste med musikkinnslag ved Cantus og Reidun Porten (kornett). Offer til Strømmestiftelsen.

Guddal kyrkje kl.16.00Høgtidsgudsteneste med Guddal familiekor. Offer til Strømmestiftelsen. Kyrkjekaffi.

2. påskedag 17. aprilFjaler Sjukeheim kl.11.00Gudsteneste.

Søndag 23. aprilDale kyrkje kl.11.00Barnas påskegudsteneste. Utdeling av påskebok til 3. kl. Laurdagsklubben deltek. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter. Kyrkjekaffi.

Søndag 30. aprilFolkestad bedehuskapell kl.11.00Konfirmasjonsgudsteneste. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Søndag 7. maiDale kyrkje kl.11.00Konfirmasjonsgudsteneste. Ungdomskoret deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Folkestad bedehuskapell kl.16.00Barnas påskegudsteneste og vårkonsert med Do Re Mi. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter.

Søndag 14. maiGuddal kyrkje kl.11.00Konfirmasjonsgudsteneste. Store korbarna deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Onsdag 17. maiDale kyrkje kl.11.00 Gudsteneste. Dale barnekor deltek. Offer til NMS Misjonsprosjekt Egypt.

Folkestad bedehuskapell kl.11.00 Gudsteneste. Offer til Folkestad bedehuskapell.

Guddal kyrkje kl.13.00Gudsteneste. Guddal familiekor deltek. Offer til Guddal familiekor.

Søndag 28. maiHellevik bedehuskapell kl.11.00Gudsteneste. Innskriving av konfirmantane i ytre Fjaler. Offer til Alværa Misjonssenter.

Pinsedag 4. juniDale kyrkje kl.11.00Gudsteneste. Cantus deltek. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.

Folkestad bedehuskapell kl.19.30 Gudsteneste. Jarle Milde deltek med trekkspel. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.

18 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Velkomen til kyrkje

Page 19: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

Kyrkjelydsblad for Fjaler 19

Kyrkjeblad for FjalerKontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 230 / 300 for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.noKyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon: 57 73 97 70

Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl. 9.00-14.00fredag kl. 9.00-12.00Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope.

Tilsette med kontorplass:Sokneprest Knut Arne Kummenejejobb: 57 73 97 75, mobil: 908 55 [email protected]

Kyrkjeverje Irene Flødejobb: 57 73 97 71, mobil: 992 38 [email protected], onsdag, torsdag og fredag

Kantor Mark Taylor jobb: 57 73 97 74, mobil: 975 13 [email protected] har fri kvar torsdag

Sekretær Joy Taylorjobb: 57 73 97 72, mobil: 911 71 [email protected] og fredag

Kyrkjetenarar:Dale kyrkje og kyrkjegardJostein Løseth tlf: 906 07 913

Guddal kyrkje og kyrkjegardLiv Svanhild og Reidar Langelandtlf: 57 73 88 21

Hellevik- og Folkestad bedehuskapellSigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57

Fjaler soknerådLeiar Terje Halsnes mobil: 905 60 416

Beredskapstelefon for prestutanom kontortid 95 48 31 52.

2. pinsedag 5. juniGuddal kyrkje kl.11.00 Barnas pinsegudsteneste med Guddal familiekor. Innskriving av konfirmantane. Offer til Alværa Misjonssenter.

Treeiningssundag 11. juniDale kyrkje kl.19.30Gudsteneste. Ungdomskoret deltek. Innskriving av konfirmantane. Offer til Alværa Misjonssenter. Kyrkjekaffi.

Det kan kome nokre justeringar i gudstenestelista undervegs. Oppdatert informasjon finn du på www.fjaler.kyrkja.no.

Søndag 30. april kl.11.00Folkestad bedehuskapell Ine Ulvik FristadTobias HaugstadRebekka Sætrum Holt

Søndag 7.mai kl.11.00Dale kyrkje Elias Myklebust BirkefletMartin Øverås BirkelandJosefine Hove BråtaneMarie Høgseth FeldeIda Sofie Markkanen HaugeVilde HaugsbakkHedda HelleRuben Straume Holm

Fredrik Mikal Stenseth JenssenAdrian Bjørvik MyklebustMass Olav MyklebustTorgeir Asperheim MyklebustIvar NistadAnders NylandRonja Sande RennestraumAilin Solheim SolvikJakob Kyrkjebø StrandSynnøve Solheim ValvikTor-Magnus Øverås

Søndag 14. mai kl.11.00Guddal kyrkje Ida Helen Yndestad HovlandsdalOline Kristine Ødemark

Konfirmantar 2017

Page 20: 2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad_mars_2017.pdfav vatnet frå landsbyens nye brønn. No er livet en-klare, friskare og meir morosamt

INFORMASJON

Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

B

20 Kyrkjelydsblad for Fjaler

DØR-TIL-DØR-AKSJONSøndag - tysdag 2.-4. aprilI 1967 begynte det. I 50 år har Kirkens Nødhjelp arrangert fasteaksjonen – og norske kyrkjelydar med konfirmantar i spissen har samla inn 1,2 milliardar til bistand og naudhjelp verda rundt.Også i år vil vi i kyrkjelydane i Fjaler gjennomføre ein dør-til-dør-aksjon på aksjonsdagen til Kirkens Nødhjelp – i veka før palmesøndag. Størsteparten av dei som går er konfirmantar, men også andre bøsseberarar deltek i aksjonen.I år vert dør-til-dør-aksjonen søndag til tysdag, 2.- 4. april. Vi avsluttar med Solidaritetskonserten i Dale kyrkje tysdag 4. april kl.20.00 Vi oppmodar alle til å ta godt imot bøsseberarane våre! Ha kontantar klar. Ditt bidrag er veldig viktig!

Tradisjon tru vert det solidaritetskonsert i Dale kyrkje tysdagen før påskeferien. Konserten avsluttar fasteaksjonen med song frå Ungdomskoret, Kulturskulen og UWC-elevar. Knut Arne

informerer om fasteaksjonen, og vi tek opp kollekt til denne gode saka. Målet er reint drikkevatn til alle innan 2030, og vi får høyre mellom anna songar med temaet vatn, inkludert eit sjølvkomponert stykke om

berekraftig bruk av vatn ved UWC-elev Emelie Schultz frå Sverige. I år avsluttar vi konserten med kaffikos og ein hyggeleg prat bak i kyrkja.

Solidaritetskonsert 4. april kl.20.00

Vipps, SMS (GAVE) 2426 (200 kr)

Bli ein brønnbyggjar– støtt Fasteaksjonen

JA, VI ELSKARDETTE VATNET