forureining langs viåna – delrapport 2...sannsynlegvis er kjelda til utsleppet å finne isamband...
TRANSCRIPT
________________________________________________________________ Naturvernforbundet i Vestnes v/Bernt Gjelsten, Kjelbotn, 6390 VESTNES, tlf. 971 86 058
Epost [email protected] Internett www.naturvern.no/moreromsdal
NATURVERNFORBUNDET I VESTNES,
Forureining langs Viåna – Delrapport 2
Generell bakgrunnsinfo om samtlege av desse rapportane:
Naturvernforbundet i Vestnes har som mål å synleggjere den miljøskadelege og ulovlege
dumpinga av avfall i nærleiken av vassdraga i kommunen. Dette gjeld avfall både av eldre og
nyare dato. Registreringane langs elva Viåna på strekninga Nerås – Flate er ei vidareføring av
tidlegare registreringar av avfall gjort i Skorgedalen langs Skorgeelva. Naturvernlaget har ei
målsetting om å registrere ulovleg avfall langs samtlege av de sentrale vassdraga i
kommunen. Når desse rapporane no er innleverte til kommunen som lokal
forureiningsmynde, er vassdrag av ein viss storleik registrert i midtre og vestlege delar av
kommunen.
2
Framover vil det vere vassdraga i dei austlege del av Vestnes som er uregistrerte. Hovudfokus
i 2013 vil verte Tressa med større sidevassdrag og Sesselva. Naturvernlaget ynskjer å
gjennomføre dette arbeidet i lag med Vestnes kommune, og syner i den samanhengen til møte
om temaet 31 august 2012 med ordførar, kommunalsjef og miljøansvarleg i Vestnes
kommune. I tilegg til ulike typer avfall ved og i sjølve vassårene registrerer Naturvernlaget
større ansamlingar av avfall på stader kor avrenning via grunnvatn kan ha ei negativ effekt, i
tilleg ynskjer me å synleggjere at turområde for befolkninga skal vere fri for avfall, og me har
vidare eit fokus på dyrevern for både viltlevande dyr og fuglar så vel som bufe på beite når
me driv på med dette arbeidet.
Samtlege registreringar er gjort i tida 2009-2012. Arbeidet er utført ved befaringar på
samtlege av nemnte stader i rapportane. Kommunen må etteregistrere og posisjonsfeste
avfallet knytta til den enkelte eigendom ved bruk av GPS og grunnlagsdata knytta til
eigendomstilhøve på de ulike lokalitetane. Sjølv om Naturvernlaget ikkje har digitalisert og
kartfesta observasjonar gjort ute i felten, vona me at kommunen kan nyttigjere seg desse
3
Viåna frå Furland til Flate:
Generelt må tilhøva langs elva seiast å vere bra miljømessig på denne strekninga. Oppe ved
elva nært hovudvegen ligg det diverse avfall. Hovudtyngda er ei gammal jarn og trebru som
ligg i skogen ved elva. Dette er høgst sannsynleg tidlegre bru over elva og hovudvegen elles
var det lite å finne langs elva frå Furland og opp til Flate.
250 meter frå hovudvegen nært vassdraget: gammal bru som inneheld mykje stål,diverse
jarnskrap,stålrøyr, pvc – røyr,treverk. Samme staden ligg det ein grøfta kanal, kor
vasstilstanden såg mindre bra ut. Kanalen renn rett ned i hovudelva. Me har ikkje tatt
kjemiske prøver, men det liknar på pressaft frå landbruket. Noko lenger opp ligg det nokre
pvc – røyr oppe på ei steinfylling. Elles berre ubetydeleg forureining op til Flate attmed elva.
Lokalitet Ura:
Nerås / Kjellneset vassverk:
Plastikk, sundolitt og netting ligg henslengt ved vassverket.
4
Ura:
Dette er ein velkjend samlingsstad for miljøfarleg avfall. Grunneigar kom på staden, og ville
ha ein dialog om arbeidet og oppryddinga. Det vart ein konstruktiv samtale. Desse
registreringane eigde rom i 2009, og novernde situasjon i Ura er ukjent for Naturvernlaget.
Det var/er enorme mengde skrot på denne staden. Noko sattelittfoto syner tydeleg. Det er
ikkje naudsynt å neremne alt som ligg der. Følgjande oversikt vil like fullt gje eitt perspektiv
på kva slags avfall som ligg der. Generelt sett er det særs mykje tungindustiellt avfall og
maskinparkar knytta til anleggsdrift på staden. Noko av dette er i bruk på noverande
tidspunkt, men mesteparten må seiast å tilhøyre ei ulovleg avfallsdeponering over eitt langt
tidsrom.
Eitt grovt overslag:
Ca 500 bildekk, traktordekk,lastebildekk, sykkeldekk. Nærare 150 oljefat.20 store haugar med
jarnskrap og stål.Større mengde med kreosotimpregnerte telegrafstolpar, større mengde
treverk av ulikt slag.50 bilvrak, lastebilvrak,kasserte anleggsmaskiner, campingvogner,
gravemaskiner.Større mengde med kasserte felgar,skilt, murstein,asfalt-Store mengder med
5
ulike typer røyr.Asfaltrulle, transportband, fleire tankvogner og gjødselspreiarar, bølgeblikk,
traktorskuffe.Tromlar frå vakemaskin.Delar til snøplog og plogar. Fleire kasserte brakkeriggar
ligg i området. Naturvernforbundet i Vestnes tek ikkje stilling til potensiell forureining frå
seinare tiltak Ura Pil i denne rapporten.
Forureining langs Fiksdalselva (Storelva) og Gjelstenelva - Delrapport 3
Vassdraga har vorte saumfart frå fjell til osen i fjorden på same vis som vassdraga Skorgeelva
og Viåna har vorte. Når det gjeld hovudvassdraget i Fiksdalen er det betrakteleg betre
situasjon angåande forureining lang elva, enn kva tilfellet er langs de overnemnte vassdraga.
Det er nokre uheldige avsig i nedre del av Fiksdalselva som bør stoppast, og noko utslepp av
ureina kloakk enkelte staderer sannsynleg. Det skulle ikkje kreve so store innsaten for å
utbetre. Gjelstenelva som har sine kjelder frå Forsevatnet i Rekdalsmarka har i motsetnad til
andre vassdrag me har registret, lite busetning med tilhøyrande landbruksdrift og
næringsverksemd. Dette er for øvrig eitt varig verna vassdrag, og det er gledeleg å finne eitt
vassdrag i kommunen som er såpass lite negativt påverka av menneskeleg aktivitet i
nedslagsfeltet. Gjelstenelva må seieat å vere utan synleg forureining av betydning langs
vassåra, det gjeld både ulovleg dumping frå næringsverksemd og lokal dumping frå
6
privatpersonar si side. Mogleg avrenning frå møkkakjellar (frau) ved Gjelstenelva kan skape
forringa vasskvalitet og yngeldød i elva.
Registreringsstader:
Avsig frå sannsynleg pressaft frå silo kan sjåast tydeleg i flaumperiodar på veksande elv.
Under nybrua over Fiksdalselva, attmed den velkjende fiskestaden Bergens – Nilshølen har
det i åretal vore avrenning av orangefarga væske, som det luktar av. Dette er høgst sannsynleg
pressaft frå gardbrukaren --------- sitt gardsbruk. Dette er no i 2012 betra grunna avvikling av
gardsdrifta.
Kring 100 meter nedanfor nybrua: Her kjem det kloakkutslepp gjennom eitt Pvc- røyr.
Sannsynlegvis er kjelda til utsleppet å finne isamband med fritt kloakkutslepp frå Fiksdal
kyrkje. Dette bør i likheit med pressaftutsleppet kunne gjerast noko med ved eitt pålegg til
forureinar. Ved ny befaring i 2012 langs store delar av Fiksdalselva si lengde er det framleis
lite forureining eller forureiningskjelder å rapportere om. Ein del gammalt stålskrap og
hushaldningsavfall ligg i eit plantefelt på ” Trångstien” ca 500 – 700 meter nedanfor
Elinnsetersetra. Men dette avfallet representerar ikkje noko direkte trugsmål mot vasstrengen i
Fiksdalselva/ Storelva.
Forureining langs Remmemselva og Misfjordelva – Delrapport – 4
Dette er to vassdrag som båe kjem frå høgfjellsområde ved Ystetinden ( Misfjordvatnet og
ved Remmemstinden ( Remmemsvatnet). Vassdraga er synfart fleire gonger frå kjelde i
mellomalpin sone til flomålet i elveosen. Generelt må det seiast å vere lite påviseleg
forureining langs desse vassdaraga. Dette heng samn med lite tilkomstvegar og busetting
langs større delar av nedslagsfeltet for vassdraga. Vassdraga har vorte registrerte i både 2011
og 2012 ved fleire høve frå høgfjell til fjord.
Remmemselva:
Skipsverftet på Salthammaren har gjennom tida anlagt ein stor haug med jarn og stålrestar
ved flomålet av Remmemselva, men denne kan ikkje seiast å berøre vasstrengen ion
emneverdig grad. På gardsvegen opp mot Holann ved Remmemselva ligg det ein kassert
komfyr ved elvebredda. Generelt er det lite å ta tak i angåande Remmemselva.
Misfjordelva:
I dette vassdraget har det i seinare år vorte gjennomførd småkraftutbygging. Det er naturleg
ved ei utbygging at det vert landskapsendringar i form av nye tilkomstvegar og bygging
knytta til utbygginga. Nårt det gjeld påviseleg forureining ved og i Misfjordelva er det i
likheit med kva tilfellet er i Remmemselva lite å rapportere om. Tilstanden må seiast å vere
bra.
For Naturvernforbundet i Vestnes
Bernt Gjelsten Registrator
Skafti Helgason Leiar.