infoskriv sagvåg skule 2012/13

24
I n f o r m a s j o n s h e f t e t i l h e i m e n S k u l e å r e t 2012/13

Upload: lars-bakka

Post on 07-Mar-2016

241 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

Informasjon frå Sagvåg skule skuleåret 2012/13

TRANSCRIPT

Page 1: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

I n f o r m a s j o n s h e f t e

t i l h e i m e n

S k u l e å r e t 2012/13

Page 2: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

1

Velkommen igjen!

Velkommen tilbake til eit nytt skuleår ved Sagvåg skule. Det er alltid kjekt å ta imot

forventningsfulle elevar etter ein lang sommarferie. Alle elevane møter eit nytt skuleår med

litt sommarfuglar i magen og med forventningar til det nye skuleåret. Det gjer også me

vaksne som jobbar på skulen vår. Med andre ord er det ikkje berre elevane i første klasse

som er spente. Også i år tek det nye elevar til i fleire av klassane, og me kan også ynskja

nytilsette velkomne.

Skulen vår Me kjem også dette året til å arbeida vidare med å gjera skulen vår til ein trygg arena for

læring. Me ynskjer å halda fram med samlingar for heile skulen, med nye vekeoppdrag som

skal bidra til å styrkja det sosiale miljøet og fremja læring. At me er ein liten skule med berre

160 elevar, gjev oss eit godt utgangspunk til å vera ein inkluderande skule. Så hugs det

viktige mottoet vårt: Sagvåg skule- SKULEN VÅR

Ingen store endringar

Skuleåret 2012/13 ber ikkje preg av dei store endringane i Skule-Noreg. Rett nok innfører

ungdomsskulane nye valfag, men for oss i barneskulen held arbeidet med Kunnskapsløftet fram som før

Denne læreplanen frå 2006 har definert mål i alle fag. Heile planen finn de på nettsida vår.

Sagvåg skule går også i gang med eit spanande samarbeidsprosjekt med Høgskulen i Sør-

Trøndelag der skriving i alle fag står i sentrum. Me skal også halda fram med det kommunale

SOL-prosjektet (Systematisk Observasjon av Lesing)

Me vil også gjera justeringar i leksehjelpa i 1. til 4.klasse, for å auka kvaliteten i dette tilbodet.

Følg med på nettsida vår, der finn de heile tida nytt frå skulen. På Facebook og Twitter skal me også gje lyd frå oss, men det vil alltid vera nettsida som er «dagsavisa» vår.

I dette heftet har me også teke med nokre av oppslaga frå nettsida vår frå førre skuleåret.

VELKOMMEN TIL NYTT SKULEÅR!

Lars Bakka

-rektor-

Page 3: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

2

Vår Visjon er at

alle ved Sagvåg skule, er trygge,

trivst og får utvikla seg i eit godt

læringsmiljø.

1. Me er greie med kvarandre.

2. Me hjelper til med å halda skulen rein og fin. 3. Alle får vera med å leika, og me seier fine ting til kvarandre.

4. Me kan få lov til å ha med mobiltelefon dersom det er greitt for dei heime. Telefonen skal

vere avskrudd og liggje i skuffa di i undervisningstida. Mobiltelefonen kan få vere på i friminuttet, men det er ikkje lov til å ta bilete eller filma kvarandre.

5. Me tek vare på det som veks, og på utstyr både inne og ute. 6. Me får ikkje ta med snop på skulen, men me kan bruke sukkerfri tyggegummi.

7. Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar o.l. er unnateke. 8. Snøball kastar me på blink der me har lov.

9. Er ein elev borte frå skulen, må kontaktlærar få ei tekstmelding (sms) før kl.08:30. Skulen

tek kontakt med heimen dersom ein elev ikkje kjem til skulen utan at me har fått melding

om dette på førehand. Treng eleven fri, spør føresette om dette på førehand. Dersom eleven

har vore hindra frå å gjera leksene til rett tid, eller eleven ikkje kan delta i kroppsøving eller symjing, skal føresette også skriva ei melding. I desse tilfella kan det nyttast e-post eller tekstmelding.

10. Dersom me får lov heime kan me sykle til skulen frå den hausten me tek til på 5.klasse. Me fylgjer sjølvsagt trafikkreglane og alle MÅ bruka hjelm. Me kan frå 5.klasse også nytta rulleskøyter / brett / sparkesykkel / einhjuling i friminutta.

Aktiviteten skjer der me har lov. Heimen må avgjere om noko av dette utstyret også kan nyttast som framkomstmiddel til og frå skulen. Me brukar alltid hjelm og vern.

11. Brot på ordensreglane og uhøvisk framferd kan føra til bortvising frå klassen, d.v.s. til rektor. I slike høver vert også foreldra kopla inn. Dersom me bryt ordensreglane: vil dette verta på peika av dei vaksne

du kan bli sendt til samtale med rektor

du kan få melding heim

Page 4: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

3

Administrasjon

Telefon

Rektor: Bakka, Lars [email protected]

975 52 195

Assisterande rektor: Petterteig, Egil [email protected]

975 52 197

Lærarar

Almås, Lene Tislevoll [email protected]

909 81 467

Teamleiar 5-7: Byrknes, Kjell Ove [email protected]

903 67 032

Flatøy, Brita [email protected]

472 33 661

Giving, Åshild [email protected]

906 77 728

Gjellestad, Tvedt Turid [email protected]

456 16 831

Halvorsen, Gro Akselsen [email protected]

920 36 820

Teamleiar 1-4: Holm, Anne Brit [email protected]

975 52 196

Heimro, Hildegunn S [email protected]

915 54 308

Misje Kvernenes, Ingrid [email protected]

971 12 324

Myhre, Kari [email protected]

402 91 029

Thoresen, Erlend [email protected]

916 45 197

Trevland, Anne Elisabeth [email protected]

473 30 373

Skjønberg, Jenny Sætre [email protected]

997 10 609

Vikanes, Aasne [email protected]

975 02 947

Morsmålslærar

Katarina Justina Palac (Morsmålslærar i polsk)

463 94 846

SFO/fagarbeidarar/ assistentar/lærlingar

Leiar SFO: Monsrud, Hilde-Gunn [email protected]

959 28 074

Bendiksen, Jorunn [email protected]

959 40 426

Karlsen, Jarle Ernst [email protected]

905 82 809

Magnussen, Elisabeth [email protected]

974 62 388

Macsik, Elin B. [email protected]

944 30 793

Føyen, Beate Mettâlâ [email protected]

413 09 941

Slaggerud, Ann Tove [email protected]

977 44 517

Lærlingar

Grillo, Teresa [email protected]

932 37 504

Reinhald

Bratland Aga, Haldis

932 53 665

Hovudnummer: 53 40 97 10 Helsesøster : 53 40 97 19

Sagvåg skule

Fitjarvegen 120, 5410 Sagvåg

Page 6: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

5

2.klasse

3.klasse

Page 7: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

6

4.klasse

5.klasse

Page 8: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

7

6.klasse

7.klasse

Page 9: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

8

Dei tilsette ved Sagvåg skule frå A til Å

Helene Tislevoll Almås Lærar

909 81 467 Eg har jobba som lærar på Litlabø skule sidan 2002 og flytta over til Sagvåg skule hausten 2011. Eg skal i år arbeida i sag09. Eg er kontaktlærar for Mathilde, Jonas, Mihail, Emilie, Marius, Maria

NB, Emma, Einar Bea og Willy Andre

Lars Bakka Rektor

975 52 195 Eg byrja som rektor ved Sagvåg skule hausten 1995. Dette skuleåret skal eg forutan å vera rektor ha symje-

undervisninga i 2. -3.-4.-5 og 6.klasse. Eg har også musikk i 1.klasse.

Jorunn Bendiksen Assistent i skule og SFO

959 40 426 Eg har jobba som assistent ved Sagvåg skule i sidan 2006. Dette skuleåret er eg på sag03 og på SFO

Kjell Byrknes Lærar

903 67 032 Eg har jobba på Sagvåg skule sidan 1991. I år skal eg arbeida i 6.klasse.

Eg er kontaktlærar for: Ørjan, Andreas, Øyvind,

Hallvard, Natalie, Sofie, Tommy, William, Stian, og Martin

Brita Flatøy Lærar

472 33 661 Eg har jobba ved Sagvåg skule i mange år. Dette skuleåret underviser eg i 2. og 3 .klasse.

Eg er kontaktlærar for desse elevane i 3. klasse: Nora, Daria, Thea, Jonas, Tobias, Marcus, Sebastian, Philip, Erika-Kristin, Julianne, Yvonne.

Beate Mettâlâ Føyen

413 09 941 Eg har byrja på mitt andre år ved Sagvåg skule. Er assistent i 1.-4.-5.-6. og 7.kl Eg er også assistent i symjeopplæringa.

Turid Tvedt Gjellestad Lærar

456 16 831

Dette skuleåret skal eg vera saman med elevar frå 2, 5 og 7.klasse.

Åshild Giving Lærar

906 77 728 Eg kom til Sagvåg skule hausten 2010. Før det har eg vore 3 år ved Langeland skule. I år skal eg ha 5. klasse. Eg er kontaktlærar for: Birthe,

Sigve, Olve, Alberto, Silje, Daniel H, Kaisa, Michelle, Mathilde, Bjørn Sigurd og Angelo.

Gro Akselsen Halvorsen Lærar

920 36 820

Eg har arbeidd ved Sagvåg skule

sidan 1994. Eg er kontaktlærar for alle elevane

i 2 klasse ( sag 11 )

Hildegunn Heimro Lærar

915 54 308

Eg kom til Sagvåg skule hausten 2008. Tidlegare jobba eg på Våge skule på Bømlo. I tillegg har eg jobba med psykisk utv.hemma i

Stord Kommune.

Dette året skal eg vera i 6. klasse saman med Kjell.

Eg er kontaktlærar for: Aleksander, Askil, Charlotte, Johannes, Marius, Martina, Solveig, Sølve og Torben.

Page 10: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

9

Anne Brit Holm Lærar

97552196 Eg har arbeidd ved Sagvåg skule sidan 2005. Dette skuleåret er eg i 1.klasse og er kontaktlærar for alle elevane i sag12. I tillegg er eg

teamleiar for småskulen.

Haldis Bratland Aga Reinhaldar

932 53 665

Eg har jobba som reinhaldar ved Sagvåg skule sidan 2006.

Jarle Karlsen Barne- og ungdomsarbeidar

905 82 809

Eg er fagarbeidar i Barne- og

ungsdomsarbeid og har arbeidd som assistent ved Sagvåg skule sidan

oktober 2006. Eg har også arbeidd ved Stord ungdomsskule

Dette skuleåret er eg på sag08.

Elisabeth Magnussen Barne og ungdomsarbeidar

Tlf: 97462388

Har jobba på Sagvåg skule sidan 2005.

I år er eg i 6. og 7.klasse og SFO

Ingrid Kvernenes Misje

971 12 324

Eg er ny på Sagvåg skule denne hausten, og skal vere på 1. og 7. trinn og noko på 5. trinn. Tidlegare har eg jobba på skular i Oslo.

Elin Bunes Macsik Assistent i skule og SFO

944 30 793 Eg er assistent i skule og SFO. Dette året er eg mest i 3.klasse i skuletida.

Hilde-Gunn Monsrud, Barne og ungdomsarbeider

959 28 074

Eg har jobba på Tjødnalio skule og i Tjødnalio barnehage før eg byrja på Sagvåg skule januar 2011. Dette året skal eg vera i 1. klasse, og SFO leiar.

Kari Myhre Lærar

402 91 029

Eg har jobba på Sagvåg Skule sidan 1996. Dette skuleåret skal eg vera kontaktlærar for elevar i 3.klasse

(sag10).

Eg er kontaktlærar for: Sara, Haakon, Eline, Ludvig, Jone, Lars, Danita, Benedikte, Samuel, Emilie og Ingeborg.

Egil Petterteig Lærar

975 52 197

Eg er assisterande rektor, og har og sekretæroppgåvene på skulen. I tillegg til alt kontorarbeidet er eg glad for å framleis få vera litt med i

fjerde klasse. Eg har jobba på Sagvåg skule sidan 2000.

Katarina Justina Palac Morsmålslærar polsk

463 94 846

Eg kjem frå Stettin i Polen og har budd i Noreg i to år. Eg har undervisning ved Sagvåg skule nokre timar onsdagar og fredagar.

Page 11: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

10

Queensway Medhjelpar Eg har vore på Sagvåg skule sidan 1995. Eg kom frå London til Noreg ein junidag i 1984. Eg har

jobba i Tvedestrand, Bømlo og her på Sagvåg skule.

Eg er kontaktlærar for alle elevane på Sagvåg skule! :-)

Jenny Sætre Skjønberg Lærar

997 10 609

Eg har arbeidd som lærar ved Sagvåg skule sidan januar 2007. Dette skuleåret skal eg vera på sag09

Eg er kontaktlærar for: Maria H, Damian, Iver Emil, Simon, John Martin, Vera, Marièll, Daniel, Håvard Mikal, Iselin Therese og Malin Sofie

Ann Tove Slaggerud Assistent i skule og SFO

977 44 517 Eg har vore tilsett i Stord kommune sidan 1992 og har vore ved Sagvåg skule sidan 2006.

Dette skuleåret er eg på sag07 og sag06t og i SFO etter skuletid.

Erlend Thoresen Lærar

916 45 197

Eg har tidlegare jobba ved Leirvik skule og Khronengen skole i i Bergen. Frå i haust er eg tilsett ved Sagvåg skule, og ser fram til å bli kjent med den flotte skulen og

alle dei kjekke elevane. Eg er kontaktlærar på femte trinn. Mine kontaktelevar: Roger , Tor, Joar, Lina, Casper, Jacob, Amalie, Daniel N, Sander, Karine og Sunniva

Anne Elisabeth Trevland Lærar

473 30 373

Har vore tilsett ved Sagvåg skule sidan 1995. Er kontaktlærar i 7. klasse. Kontaktelevar: Alexandra, Nora,

Klemet, Vilde, Maria M, Marie, Even H, Olve, Emil Andrè, Tor, Synne, Kyrre, Håvard, Krystian

Aasne Høviskeland Vikanes Lærar

975 02 947

Eg har arbeidd ved Sagvåg skule i

mange år. Dette skuleåret skal eg arbeida i sag 06 og vera kontaktlærar for Maria B, Amalie, Kristina, Marius, Mats Xander, Andrea Maud, Benjamin, Victoria, Jed, Hannah Mathea, Even V, Eirik, Fredrik og Sephora.

Liljan Vestbøstad Waage Leiar i SFO (Liljan er ute i morspermisjon dette skuleåret)

Teresa Grillo Lærling Eg er lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget. Eg er med i 2.klasse og SFO

Page 12: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

11

Skuleruta 2012/13

Page 13: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

12

SFO SFO er eit tilbod til born i

alderen 6 til 10 år. SFO er open

før og etter skuletid frå

kl.06.45 til kl.16.15

Tilbodet skal gje borna tilsyn,

omsorg og læring gjennom leik,

allsidige aktivitetar og sosial

utvikling i samvære med andre

born, personale, foreldre og

nærmiljøet.

Liljan Vestbøstad Waage er

leiar i SFO.

I haust er blitt laga eit eige

infohefte for SFO. Liljan har og

utarbeidd et internt rutinehefte

for dei tilsette for å etablere

betre rutinar internt i SFO-

tilbodet.

Sjå også heimesida til SFO for

prisar og vilkår:

http://skule.stord.kommune.no /sagvaag/sfo.htm

Skulevegen Frå tid til anna får me melding

om hendingar på skulevegen.

Etter at elevane går frå heimen

til dei kjem til skulen har dei

sjølvsagt ikkje kontinuerleg

tilsyn. Me set stor pris på å få

melding om ’hendingar’ på

skulevegen, men det er også

viktig at de som foreldre tek

tak i uønska åtferd som skjer

på skulevegen. I tidsrommet

08:15 til skuleslutt føl me godt

med på kva som skjer inne og

ute på skulen.

På skuleveg til og frå skulen må

elevar, foreldre og skulen

saman sjå til at også dette vert

ein trygg arena for borna.

Skuledagen og leksehjelp

Alltid start kl 08:30

Skuledagen sluttar:

Måndag: 13:00 1.-2.-3.-4.klasse (Leksehjelp for 3.+4.klasse kl 13:00-14:00) 13:35: 5.-6.-7.klasse

Tysdag:

13:00 1.-2.klasse (Leksehjelp for 1. + 2. klasse kl. 13.00-13.30) 13:35 3.-4.-5.-6.-7.klasse

Onsdag: 13:00 1.-2.-3.-4.klasse (Leksehjelp for 3.+4.klasse kl 13:00-14:00) 13:35: 5.-6.-7.klasse

Torsdag: 13:00 1.-2.klasse (Leksehjelp for 1. + 2.klasse kl. 13.00-13.30) 13:35 3.-4.-5.-6.-7.klasse

Fredag: 13:00 1.-2.-3.-4.klasse 13:35 5.-6.-7.klasse

Mouse-mischief i 1.klasse Onsdag 26.oktober 2011

Turid har hatt bokstavinnlæring med Mouse-mischife i 1.klasse i dag.

Page 14: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

13

Samarbeidsorgane Nytt rundskriv om foreldresamarbeid august 2010>> FAU: Foreldra sitt Arbeids Utval SMU: SkuleMiljøUtval SU: SamarbeidsUtvalet

Fau-leiar:

Nestleiar fau: Kasserar: Skrivar: Kfu-representant: Vara kfu: Smu-representant: Representant 17.mai-komitè:

1.kl sag12

1. Monica Ann Eikeset, FAU, SMU og SU

2. Turid Steinsland Nilsen, vara for nr 1

3. Jan Roar Hovland, vara for nr 2 4. Michael Knardrup –Larsen, vara for nr 3

2012/14

2.kl sag11

1. Marianne Søreide, FAU, SMU og SU

2. Tom Ove Føyen, vara for nr 1 3. Kjersti Storesund, vara for nr 2 4. Maria Kristiansen, vara for nr 3

2011/13

3.kl sag10

1. Helga Titland, FAU, SMU og SU

2. Gunvor Lie Andersland vara for nr 1 3. Kjetil Fyllingen, vara for nr 2 4. Kari Lygre, vara for nr 3

2012/14

4.kl sag09

1. Ingrid Vikanes Risnes , FAU, SMU og SU

2. Ingjerd Lorentsen , vara for nr 1 3. Linda Nysæter Sagvaag , vara for nr 2 4. Helene Andersen Risnes, vara for nr 3

2011/13

5.kl sag08

1. Hanne Karine Risnes, FAU, SMU og

SU 2. Bjarte Leth, vara for nr 1 3. Monika Saue, vara for nr 2 4. Randi L. Natvik, vara for nr 3

2012/14

6.kl sag07

1. Britt Helen Aasbø FAU, SMU og SU 2. Margaret Tjøsvoll, vara for nr, 1 3. Laila Teigen, vara for nr. 2 4. Hilde Mari Bolkan, vara for nr. 3

2011/13

7.kl sag06

1. Anne Britt Melkevik Dahle, FAU,

SMU og SU

2. John Helland, vara for nr 1 3. Diana H. Bergeland, vara for nr 2 4. Margareth O. Mjønes, vara for nr 3

2012/13

Verv som skal fordelast mellom foreldrekontaktane:

Leiar FAU

Nestleiar FAU

Skrivar FAU

Kasserar FAU

Leiar 17.mai-komiteen Sagvåg skule (6.steget)

Kommunalt foreldreutval (KFU) kontakt (Ein person + vara)

Vert valt på første møtet

hausten 2012

§ 11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit

skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal

elevane, foreldrerådet, dei tilsette,

skoleleiinga og kommunen vere

representerte. Skolemiljøutvalet skal vere

sett saman slik at representantane for

elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere

skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet

fungerer som skolemiljøutval, må det

oppnemnast tilleggsrepresentantar for

elevane og foreldra, slik at dei samla får

fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til

stades når saker som er omfatta av lovfesta

teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet.

Når elevane ikkje er til stades, skal

foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme

tilsvarande bortfallet av

elevrepresentantane sine stemmer, eller

talet på foreldrerepresentantar aukast

tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at

skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek

aktivt del i arbeidet for å skape eit godt

skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å

uttale seg i alle saker som gjeld

skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

Føyd til med lov 17 juni 105 nr. 2005 (i

kraft 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005

nr. 660).

Skulemiljøet: http://www.lovdata.no/all/tl-

19980717-061-011.html

Page 15: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

14

Utdrag frå Rundskriv F-10-08 30.06.08 Lokal oppfølging Skoleeierne bes om å gi informasjon om lovendringene til skolene, slik at elever, foreldre og lærere er kjent med nye bestemmelser. Det bes samtidig om at skolene gjøres kjent med den nye læreplanen. Dette skal sikre at skolenes undervisning i RLE er i samsvar med menneskerettighetene. Med hilsen Johan Raaum (e.f.) ekspedisjonssjef

Gunnar Mandt avdelingsdirektør Fritak frå delar av RLE-faget Nye lovbestemmelser om fritak fra aktiviteter og faget religion. livssyn og etikk § 2-3a. Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum. Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen. Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa. Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnt i første ledd. § 2-4. Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Undervisninga i religion, livssyn og etikk

skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne. Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål. Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

Takk til alle som kom!! Onsdag 9.november 2011 (Oppdatert 10.november 2011

I dag har det vore open dag på Sagvåg skule med

innsamlingsaksjon til Redd Barna. Det kom inn heile

21.503,50 kroner. Desse pengane er no overført til Redd

Barna.

Det vart ein koseleg skuledag med mange på besøk. Elevane

gjore ein flott innsats i salsbodene og på scenen til slutt.

Endeleg ein onsdag utan regn ! Onsdag 11.januar 2012

1 og 2 klasse var som vanleg om ute. Denne gongen steikte me fiskekaker på grua og alle leika i nærområdet til skulen :)

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Page 16: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

15

Tekstmelding når eleven ikkje

kjem til skulen.

Ved Sagvåg skule ber me om at de nyttar

tekstmelding eller mail til skriftleg kontakt med

skulen. Me ynskjer også at melding om sjukdom

vert meldt før skuledagen tek til på SMS

(tekstmelding). Trur ein at eleven vert borte

fleire dagar, er det nok å melda frå om dette i

den første tekstmeldinga. På denne måten veit

me kva elevar som skal vera til stades når den

første timen tek til. Dersom ein elev ikkje

kjem, utan at me har fått melding om dette

om morgonen, tek me kontakt med heimen.

Ein treng då ikkje skrive melding i etterkant når

eleven kjem tilbake på skulen.

Revidert regel nr 9:

Er ein elev borte frå skulen, må kontaktlærar få

ei tekstmelding (sms) før kl.08:30. Me tek kontakt med heimen, dersom ein elev ikkje kjem til skulen utan at me har fått melding om dette på førehand. Treng eleven fri, spør føresette om dette på førehand. Dersom eleven har vore hindra frå å gjera leksene til rett tid, eller

eleven ikkje kan delta i kroppsøving eller symjing, skal føresette også skriva ei melding. I desse tilfella kan det nyttast e-post eller tekstmelding.

Brannalarm

o Brann vert varsla med korte

støyt i ringeklokka.

o Elevane går roleg ut gjennom garerobane eller andre rømingsvegar.

o Dei stiller opp som vist på oversikta under på rekkje på baksida av skulen.

o Rektor "melder av" årsstega frå læraren.

Ved brann går elevane opp i løypa rundt skogen. Ved øving går elevane inn att.

Målprøven Fredag 23.september 2011

3. klasse måtte lufta seg litt før

målprøven i dag, slik at då me

kom inn att var det full konsentrasjon :-)

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Page 17: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

16

Handlingsplan ved alvorlege ulykker

(Frå planen: Trivsel og Tryggleik http://skule.stord.kommune.no/sagvaag/TT.htm)

Ansvar / instruksar Alarmplaninstruks for rektor (Lars Bakka) Mediekontakt i samband med alvorlege ulykker · Berre rektor skal uttala seg.

(Meir på nettsida vår) Alarmplaninstruks for assisterande rektor Ansvarleg for alle elevane som er på skulen. · Undervisningsinspektør skal sjå til

at alle klassane har ein vaksen hos seg. (Helst klassestyraren.)

· Fungerer som rektor om rektor ikkje er til stades.

Alarmplaninstruks for sosiallærar: Sosiallærar I (5.-7.st) Ansvarleg for varsling av pårørande. · Ver alltid sakleg, kort og konsis.

(Ikkje uttal deg om skadeomfang e.l.)

· Gje alltid rask og rett informasjon. (Eks. "De må møta på Fylkessjukehuset straks.")

· Hald deg til fakta. · Ha kontroll med situasjonen.

Sosiallærar II (1.-4.st) overtek rolla til sosiallærar I dersom ho/han er borte. (Sjå nettsida vår.) Skulefritidsordninga: Alarmplaninstruks for tilsette i SFO Det er til ei kvar tid dei som er på arbeid i SFO-tilbodet som har ansvar for at gjeldande rutinar for kritiske situasjonar vert følgde. Dersom rektor er til stades vert instruks den same som i skule. Dagar rektor ikkje er til stades, må den/dei som bemannar tilbodet handtera ein eventuell krisesituasjon

BRANN 110

POLITI 112

Lege/ambulanse 113

Stasjonsarbeid i 2.klasse Onsdag 25.januar 2012

Før me gjekk ut og akte i dag, arbeidde 2.klasse på

stasjonar. Dei skreiv ord om verdensrommet med

hoppebokstavene, øvde seg på samanhengande skrift, las i

småbøker og jobba med matematikkoppgåver på Salaby. Her

kjem nokre bilete frå dei ulike aktivitetane.

Tekst & foto: Brita Flatøy

Planetane Tysdag 31.januar 2012

Verdsrommet er spennande å lære om. 6. klasse har starta

arbeidet med å laga planetane av ballongar, avispapir og

tapetlim.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Page 18: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

17

Dokkemakarar i 7.klasse Fredag 2.februar 2012

Elevane i 7.klasse er flinke handverkarar og kunstnarar.

Du kan sjå utstillinga i 'Stokksunder' på Sagvåg skule i

desse dagar.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

God mat er viktig Torsdag 2.februar 2012

Kvar torsdag kan elevane i 5. til 7.klasse kosa seg med

grove rundstykke og smørelunsj. Det er elvane som jobbar

i elevkantina som gjer alt klart og ryddar etterpå. Mange

vil ha det slik kvar dag, men då tenkjer dei elevane nok

ikkje på at det er foreldra som betaler for dette....

Kva det kostar å melde seg på ordninga finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Tannhelse-tenesta Elevane vert til vanleg innkalla til tannlege annakvart år.

Attgløymde klede Skulen tek vare på klede som vert liggjande att på skulen. Mot slutten av året vert desse lagt fram for

henting før dei vert kasta eller gitt til Fretex. Merk kleda med fullt namn, særleg klede som mange har like, som t.d. regnklede.

PPT Stord PPT dekker kommunane

Stord og Fitjar. Ansvarsområdet

dekker barn og unge 0-16 år og

vaksne over 20 år. I praksis

gjeld det heimeverande barn,

barn i barnehagar og barn og

unge i grunnskulen. I tillegg

gjeld det vaksne som har rett

på spesialundervisning etter

Opplæringslova.

PPT i skule og barnehage: Tenesta skal hjelpa skulen i arbeidet

med kompetanseutvikling og med å

leggja opplæringa til rette for elevar med

særskilde behov. PPT skal også sjå til at

det vert utarbeidd sakkunnig vurdering i

samband med søknad om ressursar til

spesialundervisning

Lus

Meld frå straks frå til skulen dersom de oppdagar at borna dukkar har fått hovudlus.

Meir informasjon Du finn alle infoskriva frå skulen på denne nettadressa: http://skule.stord.kommune.no /sagvaag/infoskriv.htm

Page 19: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

18

Skade på materiell Etter vedtekne reglar er skulen ikkje ansvarleg for bortkomne klede eller skade

på klede, eller andre gjenstandar. Om eleven må ha pengar med seg, må desse

aldri liggja i klede elevane heng frå seg på gangen.

Steg for steg Sagvåg skule arbeider målretta med å betra trivselen og åtferda til elevane. Me har m.a. nytta eit opplegg som er

oversett frå amerikanske tilhøve av Nasjonal- foreningen for folkehelsen. Opplegget heiter Second Step, eller i

norsk oversetjing ”Steg for steg".

Teieplikt Teiepliktreglane i grunnskulen lyder slik:

Alle som gjer teneste, eller arbeider,

etter denne lova har teieplikt etter

reglane i forvaltningslova, §13 I rundskriv F-139/86 understrekar KUF at desse reglane gjeld for alle som arbeider i skulen, også frivillige hjelparar ved turar,

festar e.l.

Skulebiblioteket Skulebiblioteket står sentralt i arbeidet til elevane. Her finn dei eit godt utval med skjønnlitteratur og faktabøker. Elevane kan også søkja etter titlar i biblioteket vårt på Internett.

Skuleskyss Elevar på 2.-10.klasse som bur meir enn

fire kilometer frå skulen, har rett til gratis skuleskyss. For elevar på 1.klasse/førskule er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg skuleveg, har rett til gratis skuleskyss same kor lang skuleveg dei har.

Leggetid

Smartboardkurs Fredag 3.februar 2012

Fredag hadde lærarane ved Sagvåg skule kursdag

nummer to om bruk av Smartboard med Ingvild Toft.

Den første kurdagen var i haust. Etter denne andre

kursdagen veit me mykje om avansert bruk av dei

digitale tavlene våre. Om nokre år må det vera slike tavler i alle klasseromma.

Tekst & foto: Lars Bakka

Steinsamlinga i Almåsvegen Onsdag 2.mai 2012 5.klasse har dag vore på vitjing til Karl Olav og Laila

Vestvik og sett den utruleg flotte steinsamlinga dei har i

heimen sin. Karl Olav viste oss rundt, gav informasjon og

svara på alle spørsmål elevane stilte. Laila hadde baka

bollar og laga til saft. Til slutt fekk kvar elev velja seg to

steinar som dei fekk med seg heim. Tusen takk til ekteparet Vestvik for at me fekk koma.

Foto: Toril S Bruket og Annbjørg Luggenes

Alder Leggetid 6 år kl 19.30 7 år kl 19.45 8 år kl 20.00 9 år kl 20.15 10 år kl 20.30 11.år kl 20.45 12 år kl 21.00

Page 20: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

19

O-løp for lærarane Tysdag 10.april 2012

I dag har Harald Gjøsæter, Øyvind

Almås og Ingolv Dybvik demonstret o-

løp med digitale postar. Dette flotte

utstyret får me no låna av O-gruppa i

Solid slik at me kan få bruka det i

kroppsøingstimane med elevane utover våren.

Tekst & foto: Lars Bakka

'Du skal ikkje tru det blir sommar....' Torsdag 21.juni 2012

Siste skuledag med ein strålande

elevflokk på Sagvåg skule i allsong

med sommarsongen over alle

sommarsongar 'Du skal ikkje tru det

blir sommar' ljomande i amfiet ynskja med kvarandre god sommar!

Skulehelsetenesta

Camilla Berg Larsen er på skulen

på torsdager fra 08.30 -14.00 og kan treffast på

helsesøsterkontoret.

Ein når helsesøster på 53 40 97 19 tysdag, onsdag og

torsdag

Mail: [email protected]

Mobil: 975 52 024

Hausten 2012 er eg på Sagvåg skule desse torsdagane:

6/9-20/9-18/10-25/10-15/11-22/11-29/11-6/12

Faste oppgåver I løpet av året er:

- Individuell samtale og vaksine for 2.klasse

- Vaksine i 6 og 7 klasse.

- Pubertetsgrupper på i 6 klasse.

- Individuelle saker.

Elevar og foreldre kan elles ta kontakt om ein har

problem i forhold til søvn, kost, vener, familieforhold

eller er trist og har det vanskelig. Helsesøstre har teieplikt etter ”helsepersonellova”.

Aball1 på Sagvåg skule Torsdag 24.mai 2012 I dag fekk 6.klasse møta FKH-spelarane Eirik Mæland,

Chris Pozniak og Tor Sandnes frå Aball1. Allball var eit

flott konsept som elevane fekk vera med på i den timen

me fekk opplæringa. Me har no fått utstyret til Sagvåg

skule og det vert garantert brukt i matematikk, matte og gym i tida som kjem!

Tilsyn med elevane

Sagvåg skule har tilsyn med elevane 15 minutt før skulen tek til om morgonen.

Dette tyder i praksis at dei som ikkje nyttar Sfo får tilsyn frå kl 08:15.

Etter skuletid har elevane ikkje tilsyn etter skuletid. Unnataket er dei som skal ta buss. Desse elevane får fylje av ein av dei tilsette ved skulen til busstoppen. Den vaksne ventar til bussen kjem og ser elevane vel av garde.

Dei som har plass i SFO kan ikkje forvente tilsyn før tilbodet opnar kl 06.45

, kva er det? ”Fronter” er ein elektronisk læringsplattform som alle elevane på nyttar. Du kan lese meir om Fronter på:

http://www.fronter.no/

Page 21: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

20

Uteområdet vårt

Sagvåg skule har eit flott uteområdet. Den raude streken på dette kartet syner kva som

vert definert som leikeplass for borna. Kva klasse ”går opp tomta” kvart år.

Rundkøyring

FAU arbeider med å få gjennomslag for at det vert laga ei rundkøyring framfor ballbingen slik at bilane som kjem til skulen med born slepp å køyre heilt inn på skuleplassen.

Page 22: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

21

Årshjul SFO AUGUST Bli kjent på sfo og rutinar. Oppstart SFO 16. august Leika inne og ute SEPTEMBER

Me startar opp med aktivitetar i gymsal og matservering kvar torsdag.

Bærplukkingstur OKTOBER Bake rundstykke, ha smørelunsj Laga smykke Haustferie veke 41 NOVEMBER Laga grønsaksuppe, starter opp med litt juleverkstad

8. Planleggingsdag 9. kursdag

Tur (prøver å ta med lavo) DESEMBER Advent, bake lussekattar, Julefilm og grautfest m\ overrasking Juleferie frå 22. JANUAR Vinteraktiviteter, laga islykter Første skuledag etter jul FEBRUAR Akedag i nærmiljøet 3. Planleggingsdag 1. MARS Starter med påskeaktiviteter Vinterferie 25.-28. Påskelunsj Vinterferie 1. APRIL Mykje uteaktivitetar, så frø og laga sunn mat Påskeferie 25.-29. Påskeferie 1. MAI Plukke blomster, laga 17mai teikning Laga matpakke og ete ute Fri 1., 9., 10., 17., 20., JUNI Fotballturnering Siste dag på SFO før Grillfest

Sommarferie 21.juni JULI

GOD SOMMAR

Page 23: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

22

Førskuledag Tysdag 5.juni 2012

Namnelappar må til når det er

førskuledag. Det er kjekt å få lov til å

møta dei elevane som skal ta til ved

Sagvåg skule hausten 2012. I dag var

det førskuledag der elevane fekk møta

fadrane, læraren, Quennsway og

rektor. Det såg ut til at det vart eit

kjekt første møte med skulen. 1.klasse

2012/13 har allereie fått eiga

heimeside>>

Bokinnlevering Tysdag 19.juni 2012

På Sagvåg skule er me i full gang med

innlevering av skulebøker og bøker

som elevane har lånt i

skulebiblioteket. Alle utlåna er

registrert digitalt, så alle elevane får

spørsmål om bøker som ikkje er

komme tilbake. Flott om de også ser

etter heime om det er bøker som

burde vore returnerte til skulen før skuleslutt.

Det grunnleggende kravet til skolemiljøet –

opplæringsloven § 9a–1

§ 9a–1 Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt

fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Alle elever har rett til et godt skolemiljø Opplæringsloven § 9a–1 sier at «alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø

som fremjar helse, trivsel og læring.» At elevene har en rett innebærer at skoleeierens økonomi ikke er relevant for hvorvidt retten skal oppfylles eller ikke. Retten gjelder både det fysiske og det psykososiale miljøet. Skolemiljøets virkning på elevenes helse, trivsel og læring Bestemmelsen understreker at det avgjørende i loven er hvilken

virkning skolemiljøet har på elevene, og ikke hvorvidt de enkelte

sidene ved miljøet tilfredsstiller målbare verdier. Målinger og observasjoner av miljøet er likevel viktige, fordi de kan si noe om hvilken virkning de forskjellige miljøfaktorene kan ventes å ha på elevenes helse, trivsel og læring. Skolemiljøet skal fremme helse, trivsel og læring. Dette innebærer at bestemmelsen ikke bare handler om å hindre plager og dårlig læring, men også om at skolemiljøet skal bidra positivt til elevens

helse, trivsel og læring. Det er også viktig å merke seg at det ikke bare er helsen som skolemiljøet skal fremme, men også trivselen og læringen. Dersom forhold i skolemiljøet skaper mistrivsel eller forringer læringen, er ikke dette i samsvar med loven.

Et skolemiljø som fremmer helse: Et skolemiljø som ikke gir elevene skader, sykdommer eller helseplager av noe slag, og som positivt er med på å styrke elevenes fysiske og psykiske helse

Et skolemiljø som fremmer trivsel: Et skolemiljø hvor alle elever kan trives og som bidrar til at skolen oppleves som et meningsfullt sted å være

Et skolemiljø som fremmer læring: Et skolemiljø som gir elevene gode læringsbetingelser.

§ 9a–1 – en overordnet norm

Elevenes rett etter opplæringsloven § 9a–1 ligger til grunn for tolkningen av de øvrige bestemmelsene i kapittelet. Bestemmelsen har også betydning for tolkningen av de enkelte kravene i

kommunehelsetjenestelovens forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler. Der denne forskriften sier at noe skal være «tilfredsstillende», eller noe ikke skal overskride «et allment akseptert nivå», må dette ses i forhold til at elevene har rett til et skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Dersom for eksempel luften i klasserommet er slik at elevene blir trøtte og uopplagte slik at det blir vanskelig å lære, vil dette ikke være

«tilfredsstillende» etter kravet til inneklima i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler § 19.

PS! Dersom ditt barn vert utsett for plaging eller mobbing i løpet av skuleåret så er det viktig at de melder frå til skulen om dette. Eg vil då

fatte eit enkeltvedtak med ein tiltaksplan i tråd med §9a i Opplæringslove.

Lars Bakka

Page 24: Infoskriv Sagvåg skule 2012/13

23

Me vil informera om planar for skuledrifta frå lokalt-, kommunalt- og nasjonalt nivå, men me vil også på same tid visa ein levande Sagvåg skule. På Twitter, Facebook og nettsida vår vil de kunna følgja elevane våre i leik og læring. Likevel vil dei fysiske møta, som t.d. foreldremøta og utviklingssamtalane, vera dei viktigaste kontaktpunkta mellom heim og skule. Me har også konkludert med at dette heftet framleis har ein plass i informasjonsutvekslinga.