jordarbeiding det ideelle såbed - vest.nlr.no · 1. sjekk avstanden mellom innsida av dekka 2....

4
Når er jorda lagleg? Jorda er lagleg l såbed når ho smuld- rar l den strukturen du vil ha. Bæreevna avtek når jorda er rå All jordarbeiding skadar jordstruktu- ren – difor må jordarbeidinga gi ein positiv effekt og ein må lære å stille inn reiskapen. All køyring og jordarbeiding på fuktig åker skadar jordstrukturen – difor må ein halde seg borte frå åkeren når det er rått – viss mogleg. Ikkje harv for mykje Tradisjonell fornying med fleire gong- ar harving kan føre l at jorda vert meir oppsmuldra enn me ynskjer. Resultatet er at jorda vert for te og at transporten av vatn nedover vert dårlegare. Notat l jordarbeidingsdemonstrasjon på Voss 8. mai 2014 Grunn såing av grasfrø Grasfrøet er små og må såast grunt. Spiringa er best ved 0,5–1,5 cm sådjupn og vert gradvis dårlegare ved djupare såing. Frø som ligg på overflata, kan også spire bra, men spirene er utsee for uørking. Artar med store frø som bladfaks og engsvingel toler noko djupare såing. Tromling før såing Dersom såbedet er laust kjem grasfrøet le for djupt, og spiringa blir dårleg. På laus jord bør ein derfor tromle før såing av grasfrø, eventuelt eer såing av dekkvekst. Tromling eer såing sikrar betre kontakt mel- lom jord og frø og gir ei jamnare overflate. Jordarbeiding — det ideelle såbed Figur 1 : Blir det for fint i overflata vert jor- da si evne l å transportere vatn nedover i moldsjiktet redusert. Bilde 1. Ein slodd slear pløgsla bra utan å pulverisere jorda.

Upload: others

Post on 07-Jul-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Når er jorda lagleg?

Jorda er lagleg til såbed når ho smuld-rar til den strukturen du vil ha.

Bæreevna avtek når jorda er rå

All jordarbeiding skadar jordstruktu-ren – difor må jordarbeidinga gi ein positiv effekt og ein må lære å stille inn reiskapen.

All køyring og jordarbeiding på fuktig åker skadar jordstrukturen – difor må ein halde seg borte frå åkeren når det er rått – viss mogleg.

Ikkje harv for mykje

Tradisjonell fornying med fleire gong-ar harving kan føre til at jorda vert meir oppsmuldra enn me ynskjer. Resultatet er at jorda vert for tett og at transporten av vatn nedover vert dårlegare.

Notat til jordarbeidingsdemonstrasjon på Voss 8. mai 2014

Grunn såing av grasfrø

Grasfrøet er smått og må såast grunt. Spiringa er best ved 0,5–1,5 cm sådjupn og vert gradvis dårlegare ved djupare såing. Frø som ligg på overflata, kan også spire bra, men spirene er utsette for uttørking. Artar med store frø som bladfaks og engsvingel toler noko djupare såing.

Tromling før såing

Dersom såbedet er laust kjem grasfrøet lett for djupt, og spiringa blir dårleg. På laus jord bør ein derfor tromle før såing av grasfrø, eventuelt etter såing av dekkvekst. Tromling etter såing sikrar betre kontakt mel-

lom jord og frø og gir ei jamnare overflate.

Jordarbeiding — det ideelle såbed

Figur 1 : Blir det for fint i overflata vert jor-da si evne til å transportere vatn nedover i moldsjiktet redusert.

Bilde 1. Ein slodd slettar pløgsla bra utan å pulverisere jorda.

Kveke eller tunrapp?

Ingen middel tek desse i eng. Løysinga er ei god brakking i forkant. Kveka skal ha 4-5 blad ved brakking for best resultat. 4-500 ml Roundup per daa.

Ei djup pløying hjelper òg mot desse ugrasa.

Er det mykje tunrapp i jorda vil dekk-vekst vere eit godt tiltak. Dekkveksten veks raskt og sørgjer for mindre lys, plass og næring til tunrappen.

Me tilrår ei ugrassprøyting i attlegget, fordi du då kan bruke reduserte dosar sidan ugraset er smått og det finst middel som er effektive mot ugraset og samtidig skåner kløveren.

Det er ikkje dei eittårige plantane åleine som er grunnen til at me tilrår sprøyting av alle attlegg. Ved å ta knekken på småplanter av fleirårig ugras som høymole og lyssiv sparar ein sprøyting av enga dei første åra. I engåra gir sprøyting som regel avlingstap, spesielt ved sprøyting før 1. slåtten. Express førstevalet i attlegg

Express + MCPA er førstevalet i attlegg. Express vart tidlegare seld i tab-lettform, men vert no seld som granulat under namnet Express SX. Verknaden er den same. For dosering; sjå tabellen under.

Basagran om du har kvitkløver

Express kan vere hard mot kløver. Eit alternativ som skåner raudkløve-ren meir—og som er einaste alternativ om du har kvitkløver i attlegget er Basagran. Dette midlet er dyrare; medan Express +MCPA kostar ca 10 kr per daa må du ut med over 80 kr per daa når du bruker Basagran. Basagran har litt dårlegare verknad mot vassarve enn Express. Gratil om det er mykje høymole

Dersom det er mykje småplantar av høymole eller lyssiv i attlegget er Gratil betre enn Express.

Sprøyt attlegget!

Attlegg Middel Dosering/daa Kr/daa

Med raudkløver og diverse ugras Express SX+ MCPA 0,75 g + 50 ml 10,-

Express + MCPA 0,1 tablett + 50 ml

Med raudkløver og høymole el lyssiv

Gratil WG + MCPA 2 g + 50 ml 25,-

Med kvitkløver (el raudkløver) Basagran M75 350 ml 82,-

Utan kløver Arane S 200-250 ml 30,-

Tabell 1. Tilrådde middel i attlegg

Ariane i attlegg utan kløver

Dersom du ikkje har kløver i enga og mykje småplantar av høymole er Aria-ne S eit godt middel. Prismessig ligg Ariane litt over Gratil. Sprøytetidspunkt

Har du ei blanding med raud- eller kvitkløver vert sprøytetidspunktet bestemt ut ifrå utviklingsstadiet til kløverplantene. Kløverplantene får først spadeblad, før dei trekopla bla-dene kjem fram.

Rett tidspunkt for sprøyting er når kløverplantene har fått minst eitt tre-kopla blad.

Bilde 2. Graset spirer, men det gjer også vassarven. Her bør ein vente til kløveren får minst eit trekopla blad og så sprøyte med Express, evt. Basagran.

Jordpakking øydelegg jordstrukturen og tettar dei store porene som er viktige for vasstransport, lufttransport og mikrolivet i jorda.

Planterøtene veks dårligare

Rotutviklinga vert dårlegare i pakka jord. Røtene vert korte og tjukke og med færre rothår. Resultatet er dårlegare opptak av vatn og nærings-stoff. Belgvekstrøtene treng oksygen for å få til ei effektiv nitrogenfik-sering.

Seinare opptørking

Pakka jord tørkar seinare opp om våren og etter nedbør, og er vanske-leg å drenere. Overflateavrenning og erosjon aukar. Nokre ugrasarter klarer seg betre enn kulturplantene i pakka jord, til dømes tunrapp.

Dårlegare høve for mikrofauna gir auka tap av nitrogen

Både jordpakking og forsumping gir mindre porevolum og lufttilgang nede i jorda. Det gir dårlegare leveforhold for mikroorganismane som bryt ned organisk materiale og omdannar nitrogen til plantetilgjengeleg nitrat. Konsekvensen blir auka tap av nitrogen til lufta. Forsøk har vist at det kan dreie seg om 1-3 kg nitrogen per daa som går tapt. Mindre del av nitrogenet som vert tilført i form av kunstgjødsel og husdyrgjød-sel blir teke opp av plantene. Dette gir negativt utslag både for avling og økonomi. Mykje av tapet av nitrogen bidreg til auka drivhuseffekt og temperaturheving. Minst mogeleg tap av nitrogen til luft er difor viktig både for eigen økonomi og for landbruket sitt omdømme.

Grov sand toler mest

Det er noko forskjell mellom jordarter når det gjeld å tole pakking. Jord som består av grov sand vil tole køyring betre enn leire, silt og finsand. Dette skuldast betre drenering og at jorda har betre armering. Organisk materia-le i jorda gir god jordstruktur som igjen gjer at jorda toler meir køyring.

Maskinar og pakking

Når du kjøper maskina bestemmer du nivået på pakkeskader (maskinvekt og dekkdimensjon)

Når maskina kjem på garden er det lufttrykket og jordfuktigheita som be-stemmer jordpakking og planteskade.

Jordpakking gir dårlegare avling

Bilde 3. Rotutvikling ved jordpakking. Lite pakka jord til venstre, moderat pakka jord i midten og sterkt pakka jord til høgre. Foto: Øystein Haugerud, FMLA Buskerud

Figur 2 : Jorda har minipartiklar, aggregat og porer. Ved jordpakking er det dei største porene som vert redusert først.

Følgjer av jordpakking

- oppsummering

Dårleg rotutvikling og nedsett

avling Mindre belgvekstar og gras-

planter, meir ugras i enga Auka ureiningsfare og meir

erosjon Seinare våronn Meir energi og tid må brukast

til jordarbeiding og ugras-kamp

Sjusetevegen 27, 5610 Øystese Tlf: 98 24 58 38

Bankgiro: 3411 23 62632 Org.nr.: NO 882 348 792 MVA

[email protected] http://hordaland.lr.no

Kompetanse for framtida

Innstilling og kontroll før ein køyrer ut på jordet 1. Sjekk avstanden mellom innsida av dekka 2. Sjekk lufttrykk, likt i høgre og venstre hjulpar 3. Tilpass plog og traktor 4. Kontroller at det ikkje er skeivheit på plogen 5. Sjekk (med ei snor) at plogen vender likt til høgre og venstre 6. Still alle rulleskjæra like langt frå spissen, 2 cm frå, ca. halv pløye-

djupn 7. Still alle forplogane like høgt over brøstet, ca. 5 cm mindre enn

pløyedjupna 8. Grunnstill djupnehjulet; like lange anslag

Innstilling av plogen på jordet 1. Still riktig djupn (Begge retningar for vendeplogen) 2. Still riktig breidd på den første velta 3. Still avvatringsstaget slik at åsane står vinkelrett på bakken.

(Stoppeskrua for vendinga på vendeplogen) 4. Still toppstangas lengde slik at veltene er like store 5. Repeter punkt 1-4 6. Juster om naudsynt avvatring dersom det blir ulikheit fram og

tilbake for vendeplogen.

Kjelder:

Hedmark landbruksrådgiving: Innstilling av plog, Haugalandet landbruks-

rådgjeving, Øystein Haugerud, FMLA Buskerud, Faktaark Klimaråd, NLR

Innstilling av plog og traktor, hugseliste

Bilde 4, 5 og 6. Plogen er einaste reiskapen som kan løyse opp ein tett jordstruktur og auke porevolumet i jorda! Under har Kjell Mangerud kurs i innstilling av plog.