kulturskulen infohefte 2014-2015

2
SKULEN Kulturskulen såg dagens lys i august 1998, og hadde 5 års-jubileum hausten 2003 med eit stort Elton John- arran- gement og 10 års-jubileum hausten 2008 med «SATURDAY NIGHT FEVER»-show med glitter og stas og masse publi- kum ! Hausten 2009 hadde vi «MICHAEL JACKSON» som tema, og våren 2010 «PINK FLOYD». Våren 2011 sat vi opp cabareten «COME AS YOU ARE» saman med Vassenden skule. Skuleå- ret 2012/2013 hadde kulturskulen prosjektleiing på «NYNORSK SKAPARKRAFT», som var eit sam- arbeidsprosjekt med alle skulane i Jølster. Kulturskulen er kommu- nalt drive, og er eigen tenesteeining i kommunen. Det er tilsett rektor som syter for dagleg drift (40 prosent adm.), samt underviser 60 prosent. Undervisninga foregår på skulane på Skei og Vass- enden, men og i andre høvelege lokale i kommunen. MÅLSETJING Jølster kulturskule skal ha som mål å gje tilbod til alle interesserte – tilpassa den einskilde sine føresetnader og ønskjer. Alle kunstneriske uttrykksformer er likeverdige; vi har frå starten hatt tilbod innanfor biletkunst, drama/teater, dans og ulike instrument. ALDER Kulturskulen er i første omgang tenkt som tilbod til barn og unge i grunnskule/vidaregåande-alder, men med mogleg utviding av tilbodet både oppover og nedover i alder. Vi starta opp tilbod for «Småtroll» hausten 2008. Det vil ofte vere ei føremon å starte tidleg å spele, men om eleven sjølv ikkje er motivert, kan ein for tidleg start knekke lysta til å spele. Vi tilrår start ved kulturskulen frå 3. og 4. klasse, men desse aldersgrensene er ikkje absolutte. Vi tek også opp vaksne elevar dersom det er ledige plassar, men då til «sjølvkost», d.v.s. noko dyrare enn elevplassane. Skulen kan og hjelpe til med å starte opp kurs og/eller selge tenester der dette er mogleg. INSTRUMENT – TILBOD I skuleåret 14/15 har vi desse instrument- tilboda: Fiolin/fele (folkemusikk), piano, klari- nett, kirkeorgel, song, gitar, bassgitar. Vi fortset ordninga med å ta opp «nye fol- kemusikarar», og er så heldige å samarbeide med Indre Sunnord spelemannslag om dette, med Knut M. Sandal som instruktør. Mang ein ung spelemann og spelekvinne har her fått opp- læring og inspirasjon til å trylle fram vakre slåttar på har- dingfela, og dette kan og de ta del i. MEIR OM TILBODA Song: Å bruke songstemma meir er noko mange har eit ønskje om. Har du lyst, har du lov; kryss av på skjemaet. Det er Anja Gulbrandsen som underviser i song. Gitar Skei: Vi har knytta til oss ein god lokal gitarist på gitaropplæring. Han heiter Tor Ivar Flatjord, er ekte årdøling, og har lang band- erfaring. Frå hausten vil gita- relevane på Skei få tilbod om å ha undervisninga i lydstudioet heime hjå Tor Ivar, med dei moglegheiter dette inneber! Gitar/Bassgitar Vassenden: Gode bassgitaristar veks ikkje på tre, men Rune Molvik kan gjere noko med dette ! Kan hende har nokon av dine venner same interessa? Klarinett: Det er og mogleg å lære seg å spele klarinett på kulturskulen. Anja Gulbrandsen er lærar. Biletkunst: Vi har også i år utøvande kunstnarar som gjerne vil jobbe med barne / ungdomsgrupper. Gruppene er så heldige å ha lokalitet i gamlestova til læraren, Elsa Norunn H. Nydal, ei stove som innbyr til kreativitet! Piano: På Vassenden lærer du å spele piano av Rune Mol- vik/Anja Gulbrandsen, og på Skei av Anja Gulbrandsen. Drama/teater: Skulen har pedagogisk kompetanse på dette feltet, og ønskjer å gje eit tilbod til både ei barnegruppe og ei ungdomsgruppe om påmeldinga er stor nok. I foror hadde vi ei teatergruppe for ungdom som hadde det svært kjekt i lag, og sette opp stykket «Meir» av Maria Tryti Venne- rød. Grip sjansen i år, få med deg vener og kjende og meld dykk på i lag! Lærarar: Reidun Støfring/Anja Gulbrandsen. Kirkeorgel: Orgelbrus i kyrkja er mektig flott å høyre på, og vi har ein svært dyktig organist (Rune Molvik) som og kan lære bort denne kunsten! Dans: : Vi har 2 dansegrupper, frå 4.-8. klasse, og det er Ingrid G. Årdal, danseelev ved Firda vgs, som er inspirert og sprudlande instruktør for desse elevane. Dersom mange nye 3.klassingar vil starte til hausten vil vi prøve å få til ei gruppe til. Skapande skriving: Resultat av prosjektet «Ny- norsk skaparkraft»’, kor 126 elevar frå Skei og Vassenden skreiv dikt og gav ut bok juni 2013. Janne Karin Støylen er engasjert inspirator, så om du har du litt skrivekløe er DETTE noko for deg! Leikarring: Frå hausten 2013 samarbeider kultur- skulen med Eikås ungdomslag om leikarring for born frå 1.–6. klasse. Tilbodet held hus på Eikås, og dei har ein dyktig instruktør i Mari Andrea Ness. Magny B. Dahlberg kjem til å halde fram med å tilretteleggje for borna. Det er viktige tradisjonar som her vert halde i hevd. Kulturskulen i Jølster www.jolster.kommune.no Kulturskulen 2014-2015

Upload: ole-johnny-devik

Post on 05-Mar-2016

214 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

Her er årets tilbod hos Kulturskulen i Jølster.

TRANSCRIPT

Page 1: Kulturskulen infohefte 2014-2015

SKULEN Kulturskulen såg dagens lys i august 1998, og hadde 5 års-jubileum hausten 2003 med eit stort Elton John- arran-gement og 10 års-jubileum hausten 2008 med «SATURDAY NIGHT FEVER»-show med glitter og stas og masse publi-kum ! Hausten 2009 hadde vi «MICHAEL JACKSON» som tema, og våren 2010 «PINK FLOYD».

Våren 2011 sat vi opp cabareten «COME AS YOU ARE» saman med Vassenden skule. Skuleå-

ret 2012/2013 hadde kulturskulen prosjektleiing på «NYNORSK SKAPARKRAFT», som var eit sam-arbeidsprosjekt med alle skulane i Jølster. Kulturskulen er kommu-

nalt drive, og er eigen tenesteeining i kommunen. Det er tilsett rektor som

syter for dagleg drift (40 prosent adm.), samt underviser 60 prosent. Undervisninga foregår på skulane på Skei og Vass-enden, men og i andre høvelege lokale i kommunen.

MÅLSETJING Jølster kulturskule skal ha som mål å gje tilbod til alle interesserte – tilpassa den einskilde sine føresetnader og ønskjer. Alle kunstneriske uttrykksformer er likeverdige; vi har frå starten hatt tilbod innanfor biletkunst, drama/teater, dans og ulike instrument.

ALDERKulturskulen er i første omgang tenkt som tilbod til barn og unge i grunnskule/vidaregåande-alder, men med mogleg utviding av tilbodet både oppover og nedover i alder. Vi starta opp tilbod for «Småtroll» hausten 2008.

Det vil ofte vere ei føremon å starte tidleg å spele, men om eleven sjølv ikkje er motivert, kan ein for tidleg start knekke lysta til å spele. Vi tilrår start ved kulturskulen frå 3. og 4. klasse, men desse aldersgrensene er ikkje absolutte.

Vi tek også opp vaksne elevar dersom det er ledige plassar, men då til «sjølvkost», d.v.s. noko dyrare enn elevplassane. Skulen kan og hjelpe til med å starte opp kurs og/eller selge tenester der dette er mogleg.

INSTRUMENT – TILBODI skuleåret 14/15 har vi desse instrument- tilboda: Fiolin/fele (folkemusikk), piano, klari-nett, kirkeorgel, song, gitar, bassgitar.

Vi fortset ordninga med å ta opp «nye fol-kemusikarar», og er så heldige å samarbeide med Indre Sunnfjord spelemannslag om dette, med Knut M. Sandal som instruktør.

Mang ein ung spelemann og spelekvinne har her fått opp-læring og inspirasjon til å trylle fram vakre slåttar på har-dingfela, og dette kan og de ta del i.

MEIR OM TILBODASong: Å bruke songstemma meir er noko mange har eit ønskje om. Har du lyst, har du lov; kryss av på skjemaet. Det er Anja Gulbrandsen som underviser i song.

Gitar Skei: Vi har knytta til oss ein god lokal gitarist på gitaropplæring. Han heiter Tor Ivar Flatjord, er ekte årdøling, og har lang band- erfaring. Frå hausten vil gita-relevane på Skei få tilbod om å ha undervisninga i lydstudioet heime hjå Tor Ivar, med dei moglegheiter dette inneber!

Gitar/Bassgitar Vassenden: Gode bassgitaristar veks ikkje på tre, men Rune Molvik kan gjere noko med dette ! Kan hende har nokon av dine venner same interessa?

Klarinett: Det er og mogleg å lære seg å spele klarinett på kulturskulen. Anja Gulbrandsen er lærar.

Biletkunst: Vi har også i år utøvande kunstnarar som gjerne vil jobbe med barne / ungdomsgrupper. Gruppene er så heldige å ha lokalitet i gamlestova til læraren, Elsa Norunn H. Nydal, ei stove som innbyr til kreativitet!

Piano: På Vassenden lærer du å spele piano av Rune Mol-vik/Anja Gulbrandsen, og på Skei av Anja Gulbrandsen.

Drama/teater: Skulen har pedagogisk kompetanse på dette feltet, og ønskjer å gje eit tilbod til både ei barnegruppe og ei ungdomsgruppe om påmeldinga er stor nok. I forfjor hadde vi ei teatergruppe for ungdom som hadde det svært kjekt i lag, og sette opp stykket «Meir» av Maria Tryti Venne-rød. Grip sjansen i år, få med deg vener og kjende og meld dykk på i lag! Lærarar: Reidun Støfring/Anja Gulbrandsen.

Kirkeorgel: Orgelbrus i kyrkja er mektig flott å høyre på, og vi har ein svært dyktig organist (Rune Molvik) som og kan lære bort denne kunsten!

Dans: : Vi har 2 dansegrupper, frå 4.-8. klasse, og det er Ingrid G. Årdal, danseelev ved Firda vgs, som er inspirert og sprudlande instruktør for desse elevane. Dersom mange nye 3.klassingar vil starte til hausten vil vi prøve å få til ei gruppe til.

Skapande skriving: Resultat av prosjektet «Ny-norsk skaparkraft»’, kor 126 elevar frå Skei og Vassenden skreiv dikt og gav ut bok juni 2013. Janne Karin Støylen er engasjert inspirator, så om du har du litt skrivekløe er DETTE noko for deg!

Leikarring: Frå hausten 2013 samarbeider kultur-skulen med Eikås ungdomslag om leikarring for born frå 1.–6. klasse. Tilbodet held hus på Eikås,

og dei har ein dyktig instruktør i Mari Andrea Ness. Magny B. Dahlberg kjem til å halde fram med å tilretteleggje for borna. Det er viktige tradisjonar som her vert halde i hevd.

Kulturskulen i Jølster www.jolster.kommune.no

Kulturskulen 2014-2015

Page 2: Kulturskulen infohefte 2014-2015

SKULEPENGAR Kulturskulen vert finansiert gjennom kommunalt og eit lite, statleg tilskot, og ein del foreldrebetaling. Ved opptak bind eleven seg ut det første semesteret.

Instrumentalundervisning . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .1250,- Gruppespel . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .frå kr 1050,-Måleri, keramikk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .1050,-Drama/teater . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 900,-Dans . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 900,-Skapande skriving . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 900,-Instrumentalunderv. vaksne . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 2200,-Leikarring v/ Eikås ungdomslag . . . . . . . . . . . . . . . . . . 600,-

NB! Prisane er pr. semester.

MODERASJON/FAKTURADet er 10 prosent moderasjon for søsken. Rekning på skulepengar vert sendt ut frå Kom-munekassen for haust/vår.

OM UNDERVISNINGAUndervisninga følgjer skuleruta; det vil seie at kulturskulen har undervisning/fri når Skei og Vassenden har undervis-ning/felles fridagar, og vi nyttar måndag, tysdag, onsdag og torsdag på ettermiddagstid til dette. Det er praktisk og lurt at foreldra organiserer køyring og henting i samarbeid med kvarandre.

Undervisningstida tek utgangspunkt i eit delingstal på 3, slik at f.eks. 3 elevar i løpet av 60 minutt får 20 minutt under-visning kvar, men det er avhengig av organiseringa av kvart einskild tilbod korleis dette blir lagt opp. Ein kan også nytte ordningar med 2 elevar pr. 30 min. / 4 elevar pr 60 min. Nokre tilbod krev enno større grupper.

EIGNE INSTRUMENT – LÅN AV UTSTYRDet er vanleg at elevane nyttar eigne instrument. Kultursku-

len har nokre få instrument til utlån. Det vil nok gå enno nokre år før vi kan skryte av ein sømeleg instru-

mentpark, men vi har eit godt samarbeid med skulane, korpsa

og andre lag som hjelp oss i ein-skilde høve.

Når det gjeld fele, klarinett, keyboard og gitar er dette mogleg å få leige. Elles kan

kulturskulen gje råd ved kjøp av instrument.

SAMARBEID JØLSTER KULTURFORUM og Den Kulturelle SkulesekkenKommunen er med i det landsdekkjande prosjektet «Den kulturelle skulesekken», som skal sikre alle grunnskuleelevar

fleire kulturopplevingar i skule-kvardagen. I den anledning er

Jølster kulturforum danna, for å planleggje og administrere aktiviteten i eigen kommune.

Forumet er sett saman av repr. frå grunnskulane, biblio-

teket, kulturskulen, musea og har ein politisk representant.

Dei siste åra har forumet arrangert kurs i tresnitt (mellom-steget) med Bjørn Roald «Kaaks» Kristiansen, og brétur på Haugabréen (ungdomssteget) og dette viste seg å vere så gode prosjekt at dei blir permanente.

I tillegg vert «VATN» (Svidalselva med bl.a. kvernhus) årleg prosjekt for småskulesteget.

Lærarane på dei ulike tilbodaFele/fiolin . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Knut M. Sandal Kirkeorgel/Piano (Vass.,ons.) . . . . . . . . . . . . . . . Rune MolvikPiano (Skei) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .Anja GulbrandsenBiletkunst (Håheim) . . . . . . . . . . Elsa Norunn Håheim NydalKlarinett . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .Anja GulbrandsenSong (Skei) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .Anja GulbrandsenGitar/el-gitar (Skei) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Tor Ivar FlatjordGitar/el-gitar (Vassenden) . . . . . . . . . . . . . . . . . Rune MolvikBassgitar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Rune MolvikSong (Vassenden) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .Anja GulbrandsenDans . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .Ingrid G. ÅrdalTeater . . . . . . . . . . . . . . . . Reidun Støfring, Anja GulbrandsenLeikarring . . . . . . . . .Eikås ungdomslag v/Mari Andrea NessSkapande skriving . . . . . . . . . . . . . . . . . .Janne Karin Støylen

Kulturskulen i Jølster ønskjer både gamle og nye hjarteleg velkommen til kulturskuleåret 2014-2015!

Helsing rektor, Anja Gulbrandsen

Kulturskulen i Jølster www.jolster.kommune.nokulturskulen-i-jolster

– Tilbod hausten 2014og våren 2015!