møte mellom menneske infohefte 2014

16
INFORMASJONSHEFTE FRÅ FRIVILLIGSENTRALANE I STRYN, HORNINDAL, GLOPPEN, JØLSTER, EID OG VÅGSØY Møte mellom menneske

Upload: findriv-as-findriv-as

Post on 12-Mar-2016

239 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Informasjonshefte frå frivilligsentralane i Stryn, Hornindal, Gloppen, Jølster, Eid og Vågsøy

TRANSCRIPT

Page 1: Møte mellom menneske infohefte 2014

INFORMASJONSHEFTE FRÅ FRIVILLIG SENTRALANE I STRYN, HORNINDAL, GLOPPEN, JØLSTER, EID OG VÅGSØY

Møte mellom menneske

Page 2: Møte mellom menneske infohefte 2014

u BLI EIN FRIVILLIG I GLOPPEN! SJÅ NEST SISTE SIDE

Page 3: Møte mellom menneske infohefte 2014

Bak kvite blondegardinene på Frivilligsentralen i Sand ane sentrum sit godt vaksne kvinner og menn bøygd over pc-ane sine. Leksjonen på Seniornett i dag er å lære å sende og opne epost. Den pensjonerte elektro ingeniøren Odd Magne Eide går frå den eine til den andre.

– Kva er skilnaden på Google og Google+, Odd?– No må ikkje du spørje så vanskeleg.

Ulike behovOdd Magne vart nyleg pensjonist, og kan ikkje hugse at han har keia seg nokon gong. Aller minst no. Kvar onsdag delar han datakunnskap med andre seniorar. Ein gong kom ein kar på godt over 90. Han var veldig glad i trekkspelmusikk og ville lære korleis han skulle finne det på YouTube. Då dag en var over, hadde han lært det, og sia viste han seg ikkje på Seniornett. Han hadde lært det han trong å lære.

Men dei fleste kjem att og vil lære fleire ting. Dei mest erfarne hjelper dei ferske databrukarane. Her er gamle arbeidsnevar med fingrar for store for det nette tasta turet. Her er kvinnefingre med tøtsjmetoden inne etter eit tidlegare sekretærliv med skrivemaskin.

Så lenge ein har elevar..Dei kjem med pc, Mac og lesebrett frå heile Gloppen kom-mune for å kunne halde seg oppdaterte. Verda har vorte tungvint for dei som ikkje kan data. Ønskelista til deltakar-ane speglar dette. Nettbank og Altinn står høgt oppe. Foto-redigering, slektsforsking og tinging av billett ar er andre tema som skal takast opp.

Når til saman tjue ivrige dataelevar samlast, er den stak-kars ruteren på Frivilligsentralen i ferd med å kollapse. Alt går treigt. Men det gjer ikkje så mykje. Det går litt treigt for elevane også. Det er dessutan litt dårleg med hugsen etter kvart. Det dei lærte for 14 dagar sia må Odd Magne repe-tere. Han må skrive ned spørsmål sjølv også, og prøve å

finne svar til neste veke. Det vert travelt til tider, for læraren må i tillegg halde seg sjølv oppdatert.

Mail mottekeBrått triller barnelatter ut frå pc-en til Ole, som har strevd lenge med å sende ein ny epost. Han har søkt i Google i staden for i kontaktar og fekk opp Oddvar Torsheim i staden for adressa til Odd Magne. Dette forstår han ikkje, han har da aldri fått mail frå Oddvar Torsheim? No kvepp han til. Der kom endeleg mailen inn frå læraren, og han har klart å opne vedlegget, ein lite filmsnutt av ein unge som klukkar og ler. Ole klukkar og ler også.

Odd Magne har alltid vore aktiv i ulike lag og organisasjo-nar. No er han i tillegg vaktmeister for eit hus og byggmeis-ter for eit anna. Litt for snill, kanskje. Pensjonisten har snikra vogge til yngste barnebarnet. Han trivst i snikkarboda og i hagen, der blomar snart skal bløme og potetene skal i jorda. Barnebarna skal vite kor maten kjem i frå.

Gleda over å læreMen heime ligg og ei bråte videoopptak frå oppveksten til tre ungar, dei skal han kopiere over på DVD. Men det var denne tida, da. Kanskje det ikkje er så lurt å lære alle sa-man på Seniornett å bruke gmail, tenkjer han i pausen, me-dan kaffi og kaker går ned på høgkant. Den sosiale bit en er nemleg vel så viktig som sjølve datakunnskapane.

– Eg kjem til å få ein bråte med mailar no, tenkjer læraren og bur seg på å vise dei gruppesending av epost. Ingen kaffikrus har velta over eit einaste tastatur i dag heller, og alle konsentrerer seg om gruppesending, som Odd Magne viser på prosjektoren

Då plingar det ei melding inn på gmailen til Odd Magne. Den er frå Ole: Dersom det ikkje går no, gjev eg opp!

– Eg har fått mailen din, Ole, ropar Odd Magne.– Skal eg svare deg? legg han til. Ole berre gliser. Ende leg!

Lærar-

villig

– ODD, KAN DU IKKJE BERRE SJÅ LITT HER….ODD MAGNE EIDE SER. HAN FORKLARER. OG AV OG TIL KLARER HAN IKKJE Å SVARE.

Page 4: Møte mellom menneske infohefte 2014

Ho hadde akkurat byrja å finne seg til rette i sitt nye heim-land England då lagnaden sende ho vidare til eit nytt land, enda lengre mot nord, til ein stad som heiter Stryn i Noreg.

Møtet med bondekvinnene Fjella og fossane er så uendeleg vakre, tykkjer ho. Framme i Stryn slår det ho kor stille det er, noko helt anna enn bråkete London. Ho har sagt til brørne sine at dersom ho ikkje trivst her i Stryn, kjem ho attende til England, der ho endeleg har fått busettingsløyve.

Anushuya vert verande. Men ho keiar seg om dagane når mannen Sinnathurai er på jobb. Papira er enno ikkje i orden slik at ho kan byrje på norskkurs. Det kriblar i ho etter å kome i gang med eit nytt liv i Noreg. Difor går den tamilske unge kvinna gatelangs, stikk innom nokre butikk ar, og slik møter ho Vigdis og Magnhild, to godt vaksne damer som in-viterer den framande fuglen med på møte i bygdekvinnela-get. Anushuya liker eldre damer. Dei har god tid og snakkar ikkje så fort som dei unge.

Inn i frivilligverdaMøtet er i Oppstryn, og den nyinnflytta kvinna forstår ikkje så mykje av det som vert sagt. Ho seier ikkje mykje sjølv heller. Men maten er god og dei andre kvinnene er inklu-derande. Gjennom bygdekvinnelaget lærer ho ikkje berre språk, men og norsk matlaging, kultur og tradisjonar. Strikk-ing har ho likevel aldri fått dreisen på. Så mange gonger ho har prøvd, men det er komplett uråd. Veve derimot, det lærte ho av tanta si, som eigde ein vevfabrikk på Sri Lanka.

Kvinnene i bygdekvinnelaget er byrjinga på eit stort og godt nettverket for Anushuya, vegen vidare til andre frivil-lige organisasjonar er kort. Dei før så lange dagane vert fylt

med Røde Kors og førstehjelpskurs, vakter i krise telefonen og besøkstenesta. Etter kvart fyller ho dag ane med utdan-ning og tre ungar som no er frå elleve til sytten år. Ho elskar turnusjobben på omsorgssenteret der ho får arbeide med eldre menneske.

Den gode lagnadenEit arrangert ekteskap i 1992 førte Anushuya frå eit nytt heimland til eit anna, fjernt frå Sri Lanka der ho budde til ho var 25 år. Ho er nøgd med valet foreldra gjorde. Ekteskapet var også heilt frivillig, som alt anna i livet til den blide dama med det store hjartet. Men visst er det travelt. Ungane har ingen besteforeldre i nærleiken som kan avlaste av og til. Når dei ein dag flyg ut frå reiret, vonar mamma på litt roleg-are dagar i heimen og enda meir tid til frivillig arbeid.

Historia om Anushuya kunne fort enda annleis. Den unge friaren reiste frå Stryn til London for å møte den utvalde, slik at dei kunne finne ut om dei var dei rette for kvarandre. Men to dagar før han kom, fekk Anushuya vasskoppar. Det var krise. Først etter ei veke fekk han helse på ho. Dei likte kvarandre. Ein månad seinare gifta dei seg.

Inngangsport til eit rikt livFør året var omme kom ho til Stryn, usikker på kva slags liv som venta ho. Det frivillige arbeidet gjorde det nye livet rikt. Og Anushuya sjølv gjer livet til mange stryningar rikare.

Mobilen til Anushuya ringer ofte, til alle døgnets tider. Ei eldre dame som snakkar dårleg norsk skal i banken, om Anushuya kan vere med som tolk? Klart ho kan. Det er ikkje lett å lære eit nytt språk for eldre menneske.

Ungane rundt middagsbordet ser oppgitt på mor si.– Når skal du lære å seie nei, mamma?

Frivillig sommarfugl i vinterland

ANUSHUYA VELALAKAN SIT PÅ BUSSEN VESTOVER OVER STRYNEFJELLET. VED SIDA AV HO SIT EKTEMANNEN FORELDRA HAR FUNNE TIL HO, OG SOM HO GODKJENDE NOKRE MÅNADER TIDLEGARE.

Page 5: Møte mellom menneske infohefte 2014

u BLI EIN FRIVILLIG I STRYN! SJÅ NEST SISTE SIDE

Page 6: Møte mellom menneske infohefte 2014

Dei stiller seg på kanten og syng så det ljomar ut over fjell-heimen; «Nu rinner solen» opp etter tippoldefaren sin. Den kan dei, og det veit dei. Fordi dei har lært det av Oline Løvlid.

Alltid frivilligOline ser på klokka. Ho er spent. Etter ein pause på halv-anna år skal ho igjen starte opp med songgrupper for un-gar. Sopass oppkava er ho at ho har teke på seg den tynne svarte jakka på vranga. Ho ristar på hovudet av seg sjølv medan ho tek den på rette vegen. Så klikkar ho på høge hælar og med halvkort skjørt over steingovet i Smia. Song-hefta ligg klare. Vil det kome nokon i dag?

For Oline går betalt og frivillig arbeid i eitt. Det viktig aste er å lære kulturarven vidare til nye generasjonar, ent en det er gjennom kulturskulen eller dei songtimane ho arrangerer på eiga hand. Frivillig arbeid har ho alltid drive med, utan at nokon kalla det det. I skuletida sydde ho kle til veninner med dårleg råd. Ho fungerte som frisør både for vener og familie. Når ein flyttar på hybel som sjuåring for å gå på skule, lærer ein seg å organisere og ta ansvar.

SongarkeologenFørst då Oline var kring 40 år og mor til fire fekk ho nær-kontakt med det rike folkemusikkmiljøet i Hornindal. Ho var ikkje klar over at ho hadde vokse opp med ein kulturskatt sjølv. Dermed byrja ho å grave i gamle opptak, og samla inn tusenvis av gamle songar og melodiar frå heile Nordfjord, Sunnmøre og delar av Sunnfjord. Men det er ikkje hjelp i å samle inn materiale som ikkje vert brukt.

Ho gjer barn og ungdommar stolte av kulturarven sin. Ho gjev dei sjølvtillit og identitet, og skapar ny kontakt over ge-nerasjonskløftene. Når ei lita jente eller ein liten gut oppda-gar at ein ny song dei skal lære kjem frå bestemora eller oldefaren, får dei eigarskap til den.

Den første eleven kjem fem på fire. Laura Haugen har vore med før og kjenner Oline godt. Så kjem ei jente til i lag med bestemor si. Dei har ikkje gløymd Oline. Dei har sakna ho.

HistorieforteljarenLike viktig som å lære bort songane er det å fortelje histo-riene rundt. Desse historiene om menneska som framførte og kanskje også skapte songane, handlar om familiane til ungane.

Slik som dama på over 90 år, som budde åleine på ein veglaus fjellgard og kunne så mange folkesongar.

– Då eg kom på besøk, opna ho døra og sa: Å, er det du som kjem! Eg har sett deg i avisa mange gongar. Det er du som driv med denne stygge kvedinga!

Slikt hugsar ungar. Men ho må vere varsam så ho ikkje utleverer folk. Utan at ungane merkar det, formidlar Oline at det er bra vi har individualistar, at vi har eit mangfald.

– Eg er litt rar, tenkjer Oline.Dei tidlegare elevane syng like gjerne rapp som stev. Dei

tek med denne byrgskapen til fjells og på puben. Dei unge karane som har vore på songkurs hos Oline er populære ute på byen. Det er ei kjent sak i Stryn at når mannfolka frå Hornindal kjem, vert det underhaldning.

– Det er du som oppdrar ungane våre, var det ein far som sa.

Oppdragaren– Hugsar de «Killebukk og dans»? Klapp på firEEE.

Hundrevis har gått på kursa til Oline, ofte i hennar eigen heim. Ungar er sytalause vesen å relatere seg til, tykkjer ho. Dei er ærlege og opne. Dei stikk ofte innom, ti og tjue år et-ter at dei var elevar. Fleire av dei har fått Drømmestipendet. Oline er stolt av kor ærlege dei er i framføringa si og den gode formidlingsevna. Dei har øvd på dette også.

– Kan eg få stå? spør Laura. Klart ho kan. Ein syng best då.

– Men no skal vi danse ringdans. Takkefoten først.«Brom brasken i bomma» ljomar i Smia. Ungane har ver-

keleg sakna den rare dama. Ho som ser kvar einskild av dei.

Fri som songfuglen

HØGT TIL FJELLS, AKKURAT I DET SOLA STÅR OPP EIN GRYTIDLEG MORGON, KJEM TO UNGGUTAR KRYPANDE UT FRÅ TELTET SITT.

Page 7: Møte mellom menneske infohefte 2014

u BLI EIN FRIVILLIG I HORINDAL! SJÅ NEST SISTE SIDE

Page 8: Møte mellom menneske infohefte 2014

FAU, foreldreutvalet på skulen, var uroa. Ein plan tok form. Ein stor plan, alt for stor for FAU.

Dei brennande hjarte Entusiastane valde difor å trekke prosjektet ut av FAU og skipe ei arbeidsgruppe under Skei Miljøutvikling. Då kunne dei søkje midlar frå ulike stiftingar og fond.

Marian Raftevold, Bjarte Årdal, Kristin Årdal og Gunn Marie Solheim Sunde utgjer den frivillige gruppa som kon-stituerte seg i mars 2013 og tok på seg det store løftet. Dei har alle ungar på skulen og er engasjerte på ulike hald i mellom anna skulemusikken, grendelaget, ski, ulike ballak-tivitetar, og arrangementet Din Jølsterdag.

Motivasjonen til alle er at dei ynskjer ei triveleg bygd i ut-vikling.

Alle har tid til det ein har lyst til, meiner dei fire, og gjekk laus på oppgåva med liv og lyst. Jo da, uteom rådet på ein skule er eit offentleg ansvar. Men ein kan ikkje alltid sette seg ned å vente på det offentlege rundt om i fattige kom-munar. At ein del ikkje hadde tru på prosjektet, vart ei ekstra drivkraft.

Styrken i gruppa er at dei er ulike og utfyller kvarandre. Mange eigenskapar trengst, og alle kan ikkje vere både sta, smart og taktisk. Men alle må vere glødande. Og det har alle fire vore. Det er dei framleis.

Gode søknaderDet tek tid å formulere gode søknader, men det løner seg. Klatreparkgruppa sende ut nærare hundre førespurnader, og slett ikkje alle svar var positive. Men etter avslag på av-slag gjeld det å ikkje gje seg, men skrive nye, stile høgt. Dei fekk god hjelp frå Frivilligsentralen med søknader og budsjett, kontakt med kommunen og offentlege instansar.

Utpå hausten 2013 kom det første gledelege svaret;

Spare bankstiftinga ytte 250 tusen kroner. Det vart samling hos Bjarte med jubel, twist og is. Litt seinare kom vel 200 tusen frå Gjensidigestiftelsen. I tillegg kom det gåver frå ulike lag og organisasjonar på kring 100 tusen.

Sidan har det gått slag i slag. Parken er tinga, grunn-arbeidet skal byrje kvar dag som helst. Til sommaren skal heile klatreparken stå ferdig. Då vert det fest. Dei gler seg som ungar, like mykje som ungane som endeleg får ein flott klatrepark ved skulen sin. Vona er i tillegg at parken vert ein uformell samlingsstad for alle på Skei og bygdene ikring, også for dei som ikkje finn seg til rette i organisert idrett.

Alle har noko Har du ein ide? Snakk med folk. Snakk med mange folk, finn andre som brenn for det same. For det er viktig - at ein engasjerer seg i noko ein verkeleg brenn for.

Dessutan er dei fleste for smålåtne. Mange gode idear har vorte nedsnakka og lagt bort opp gjennom tidene. Det vil alltid vere nokon som kritiserer. Ein kan godt meine at eit prosjekt er tullete, men ein treng ikkje stikke kjeppar i hjula for dei som ynskjer å få ting til.

Dei fleste som vert spurt om frivillig arbeid seier dei har så mykje å gjere. Dei er kanskje ikkje klar over kor moro og sosialt det er.

Kva med deg? Har du ikkje tid, seier du? Eller har du ingen ting å bidra med? Alle har noko. Alle har litt tid. Møt opp og vis interesse. Det som er kjekt genererer glede og energi til å få tid til fleire ting.

Bjarte har bite seg merke i noko motivator Rasmus Mo i Sogndal ein gong sa. Når han spurde folk om å stille opp på noko, og dei svara nei for andre gong, tenkte han at da kan dei berre sitje heime og keie seg. Han spurde ikkje dei oftare. Bjarte, Kristin, Gunn Marie og Mariann keiar seg aldri

Frivillige saman

DET SÅG MEIR OG MEIR STUSSLEG UT PÅ LEIKEPLASSEN UTANFOR SKEI SKULE. DET EINE LEIKEAPPARATET ETTER DET ANDRE RAMLA SAMAN OG

VART FJERNA, UTAN AT NYE VART SETT OPP. DÅ GJALLA JUNGELROPET.

Page 9: Møte mellom menneske infohefte 2014

u BLI EIN FRIVILLIG I JØLSTER! SJÅ NEST SISTE SIDE

Page 10: Møte mellom menneske infohefte 2014

u BLI EIN FRIVILLIG I VÅGSØY! SJÅ NEST SISTE SIDE

Page 11: Møte mellom menneske infohefte 2014

Men før ho rekk å sjekke VG nett, ringer telefonen.

Gode naboar– Hallo? Det er Anni her. Kan du køyre meg inn til Måløy onsdag, trur du? Eg skal rekke bussen til Eid.

– Det går fint. Når skal eg hente deg? seier Elfrid medan ho ser ut glaset og ned på det fråflytta sentrumet i Torsk-angerpollen. Det er ikkje mange bebuarane att her, og av dei som framleis klorer seg fast er alle over 50 år. Elfrid er ein god følgjesvenn som kan fylle dagane sine med å vere medmenneske. Ho har sjølv kjend på einsemda. Den er ikkje god.

Anni Angelshaug bur i nærleiken av den berømte Kan-nesteinen i Oppedal, nokre kilometer lengre ute. Ho er ei av mange eldre enkjer som ikkje har helse til å køyre lenger eller kanskje aldri har køyrd bil. Då er det godt å ha Elfrid med sin vesle Hyundai, som losar dei trygt inn til sentrum på smale og svingete vegar.

BaksetepratenDet var jammen godt det ikkje var i morgon ho treng skyss, tenkjer Elfrid. Tysdagane har den 68 år gamle pensjonis-ten nemleg fullt program med seniortrim og Seniornett-kafe i turnhallen. Elfrid er på Facebook, må vite. Men alle dei andre dagane har ho god tid. Tid til å hjelpe andre, til dømes bebuarane på Kulatoppen omsorgssenter inne på fastland et. Det er trygt å ha Elfrid med seg til legen i Måløy eller til sjukehuset på Eid. Nokre av dei sit i rullestol, andre har svekka syn eller hørsel eller begge delar.

Men det er oppegåande folk, det er alltid livleg i baksetet når Elfrid er med drosjen. Det vert mykje snakk om felles kjende og gamle dagar. Elfrid elskar å høyre historier. Det

er ikkje alltid at dei som arbeider på institusjonar har tid til å sette seg ned for å prate, langt mindre høyre lange historier. Det er tid til mange lange forteljingar i drosjen mellom Måløy til Eid.

Vere til nytteElfrid vart enkje omtrent på same tid som ho vart pensjonist. Ho har alltid likt eldre menneske og elska jobben som kokk på aldersheimen. Så vart dagane brått veldig lange. Der-med melde ho seg som frivillig og det har ho aldri angra på. Av og til ringer frivilligsentralen og ber ho vere med nokon til tannlegen om eit par dagar. Ho kunne godt gjort enda meir. Vekene har vorte rikare. Ho møter menneske og kjenner at ho betyr noko for andre gjennom arbeidet ho gjer. Det er godt å kjenne at ein er til nytte.

Sosial kokkelering I dag skal ho som vanleg lage middag hos ein einsleg, eldre mann i nærleiken. Det har ho gjort i tre år. Mange mannfolk i den generasjonen har ikkje så mykje erfaring med mid-dagslaging. Det er eit problem for mange eldre, særleg dei som bur heime, at det vert så som så med matstell og nærings inntak. To dagar i veka kjem Elfrid og lager middag. Praten går livleg på kjøkenet medan ho står over grytene. Så et dei i lag og fortel kvarandre historier, dei også. Ho lagar litt ekstra så han har restemiddag til dagen etter. I dag vert det salta torsk, potet og rikeleg med grønsaker.

I 30 år har Elfrid budd i huset i Torskangerpoll. Ho voks opp i Austefjorden i Volda og fann kjærleiken i Måløy. Den einaste sonen bur i Bergen. Ho kunne lett vorte einsam sjølv. Men Elfrid sit ikkje heime og ventar på at nokon skal kome. Ho er den som vert venta på.

Eit villig følgje

DER VAR DEN EINE SELBUSTRØMPA FERDIG. ELFRID TORSKANGERPOLL LEGG SPØTET FRÅ SEG I KORGA OG SLÅR PÅ PC-EN. DET ER URO I UKRAINA OG

HO LIKER Å FØLGJE MED PÅ NYHEITENE PÅ NETTET.

Page 12: Møte mellom menneske infohefte 2014

Men det er ikkje ofte ho og mannen Knut Tore har tid til å tenkje over det.

LogistikkekspertenVekkarklokka ringer tidleg i heimen til familien Hjelle i Eid kommune. Det er Knut Tore som skal i fjøset og mjølke, han har ansvaret for samdrifta denne veka. Kona Hilde får dei fire ungane frå to til ni år ut av loppekassa, ein etter ein. Som det logistikkgeniet ho er, får ho frakta dei alle til barnehage og skule i tide og vert berre ørlite grann for sein til jobben som ergoterapeut. Nett no kan ho skulde på vegarbeid. Arbeidet skuldast mellom anna ein av hjartesakene til Knut Tore; kampen for grendaskul en og bygdeutvikling. Han vil gjerne ha fleire folk til å busette seg i bygda, og nettopp på grunn av ståpåviljen til han og andre frivillige, ser delar av bygda ut som ein enorm byggjeplass. No vert det endeleg gangveg.

4H - lære for livetKnut Tore er samd med banksjefen som ein gong sa at jobb-søkjarar kan kome med så mange vekttal dei berre vil, men har dei 4H-blanketten.....Organisasjonen har vore og er sentral i livet til Knut Tore og Hilde. Det var her han lærte alt om å leie ein organisasjon og stå på ein talar stol. Han var litt i eldste laget då han som 23-åring endeleg fekk plaketten sin som prov på sju gjennomførte oppgåver i 4H. I salen sat 18 år gamle Hilde og studerte den kjekke karen på talarsto-len. Same natta drøymde ho at dei to gifta seg.

Men det skulle gå fem år før dei møtte kvarandre andlet til andlet, igjen gjennom 4H-arbeid. Ho fortalde om draumen, og det gjekk ikkje lenge før draumen vart sann. Eldstemann var på tre 4H-leirar før han fylte eit år. Knut Tore har flytta engasjementet over på andre arenaer dei siste åra, medan Hilde no er klubbrådgjevar.

«Hattefokk»Knut Tore skal eigentleg bruke heile dagen på å byggje litt meir på nyfjøset, men det er så mange telefonar frå organi-sasjonar og aviser som vil ha tak i han. Som bonde er det lett å tenkje at han er no heime likevel. Heldigvis har det vore ein ganske roleg vinter. Skirennet han som styremed-lem i skigruppa skulle vere med å arrangere denne helga, vart avlyst i mangel på snø. Fjøset reiser seg, sakte, men sikkert.

Etter middagen er alt eit «hattefokk», som Hilde seier. Dei vaksne går igjennom timeplanane sine for resten av dagen. Knut Tore skal først trene fotballaget, så er det styremøte i Eid Bondelag, der han er leiar på femte året. Hilde skal på 4H-møte, etterpå er det korøving. Og innimellom alle dei faste verva er det Malakoff-festival, der paret deltek som to av tusen frivillige.

Ein slik familie får ikkje kabalen til å gå opp utan beste-foreldre i nabohuset. Dei stiller så gjerne opp for barne-barna.

Travel lykke– Tenk når ungane vert litt større. Då skal vi gå toppturar att, seier Knut Tore i forbifarten. Hilde smiler. Jammen skal dei det. Så fyk dei kvar til sitt.

Dei trur det er bra for ungane å sjå at mamma og pappa er engasjerte. Kva lærer ungar som berre ser for eldra sitte i ein stol og sjå TV?

Først når det nærmar seg midnatt kjem Knut Tore heim frå styremøtet. Som vanleg sig han ned i ein stol og sovnar før han rekk å gå og leggje seg. Først i femtida vaknar han og finn senga, omtrent ein time før det er på’ an igjen.

Mange lurer på korleis dei to har fått tid til å lage fire lykke-lege ungar. Det hender dei lurer på det sjølv, også. Golv-vasken kan iallfall vente.

Familien

fri&villig

EI GOD MOR HAR SKITNE GOLV OG LYKKELEGE BARN, STÅR DET I GLAS OG RAMME I GANGEN. HILDE KAN AV OG TIL TENKJE SEG REINE GOLV OG SURE UNGAR.

Page 13: Møte mellom menneske infohefte 2014

u BLI EIN FRIVILLIG I EID! SJÅ NEST SISTE SIDE

Page 14: Møte mellom menneske infohefte 2014

Kva er ein frivillig?Ein frivillig er ein person som utfører ein eller fleire aktivitetar som er til fordel for samfunnet, miljøet, eller andre enn nære slektningar eller personar i eigen husholdning uten å ta be-talt for det. Arbeidet kan skje enten direkte eller gjennom ein organisasjon. Frivillig arbeid er viktig både for dei som utfø-rer det og for samfunnet. 48% av alle nordmenn over 16 år bidreg årleg med frivillig arbeid i frivillige organisasjonar. I tillegg kjem alt frivillig arbeid som vert utført utanom organi-sasjonane som ikkje er talfesta. Den frivillige innsatsen som vert lagt ned i organisasjonane tilsvarar 115.000 årsverk.

Kva er ein frivilligsentral?Frivilligsentralen skal vera ein lokalt forankra møteplass, som er open for alle med lyst til å drive med frivillig arbeid. Sentralen skal utviklast av dei menneska som er knytt til sen-tralen, og skal vera eit kraftsenter og kontaktpunkt for men-neske, lag/foreiningar og det offentlege. Sentralane kan ha forskjelleg fokus frå kommune til kommune alt etter kva per-sonane knytt til sentralen brenn for og kva behov lokalsam-funnet har. Felles for alle sentralane er at deira oppgåver er å vere koordinator for frivillig arbeid lokalt, dei skal vere eit servicekontor og legge til rette for samarbeid med lag, foreiningar og kommunen. Dei skal også bidra til å skape aktivitet og nye samarbeidsformer i lokalmiljøet, samt vere eit forum for læring om og utvikling av frivillig aktivitet. Frivil-ligsentralane er finansiert delvis frå Kulturdepartementet og delvis med lokale midlar.

Kvifor denne avisa?Frivilligsentralane i Nordfjord og Jølster har fått innvilga midlar frå Helsedirektoratet til prosjektet «Auka livsglede og inkluderande fellesskap gjennom frivillig arbeid». I pro-sjektet skal vi arbeide systematisk med ei kartlegging av frivillig arbeid i kommunane våre. Målet med prosjektet er å kartlegge hindringar og suksesskriterier for deltaking i frivil-lig arbeid/aktivitet og å auke kunnskapen om frivillig arbeid sin eigenart og korleis vi kan legge til rette for det. Ved å kartlegge suksesskriterier og hindringar for deltaking i frivil-lig arbeid, og vidareføre denne kunnskapen til lag, orga-

nisasjonar, dugnadsleiarar, engasjerte einskildpersonar og kommuneleiing kan vi legge mykje betre til rette for frivillig arbeid i framtida, og på den måten auke deltakinga. Som lokale ressurssenter for frivillig arbeid treng vi denne kunn-skapen, og det er motivasjonen vår for å gjennomføre dette prosjektet. Med denne avisa ønskjer vi å formidle gleda og dei positive ringverknadane frivillig arbeid har både for indi-videt og for lokalsamfunnet.

Vil du bli ein frivillig?

Page 15: Møte mellom menneske infohefte 2014

Aktivitetar: Vert for Europeisk Volontørtjeneste, administrator for nettstaden «Eidaportalen», pådrivar og tilretteleggjar for

frivillig arbeid, allsidige aktivitetar for ulike grupper, til dømes strikkegruppe, seniortrim, Internasjonal kafè, seniornett, småbarnstreff, middagskøyring og natte-vandring.

Dagleg leiar: Åse HuseAdresse: Eidsgata 9, KringlaTelefon: 57 88 63 40/41 46 00 42Epost: [email protected] www.eid.frivilligsentral.noFacebook: Eid frivilligsentral

Vi treng folk til: Nye frivillige med engasjement og pågangsmot er alltid velkommen til Eid Frivilligsentral!

Aktivitetar: Støttefunksjon for organisasjonar og lag, senior-nett, rusleturar og songstunder ved omsorgssentra, bokkafear,

matkveldar ved Jølster Mottak, matomkøyring og fredagsklubb.

Dagleg leiar: Rakel ApnesethAdresse: Bankbygget på SkeiTelefon: 95 24 24 44 Epost: [email protected] www.jolster.frivilligsentral.noFacebook: Jolster frivilligsentral

Vi treng folk til: Instruktør til seniornett, frivillige til matkveldar ved mottaket, nokon som ønskjer å starte ein aktivitet, leksehjelp til skulane, handling for andre, følge til butikk, lege m.m.

Aktivitetar: Seniornett, utkøyr-ing av middag, følgeteneste (til kontroll på sjukehus, lege, tannlege), strikkekveldar,

besøk til (einsame) eldre, sekretær/koordinering av natte vandring, bingohjelp på omsorgssenteret, praktis hjelp/eingongstenester, koordinerer søndagskafè på omsorgssenteret, medarrangør av «Rusfri 16. mai natt».

Dagleg leiar: Kari Ann Sande og Synnøve Grane SkaadenAdresse: Firdavg. 16, 6823 Sandane Telefon: 57 86 64 50 Epost: [email protected]

Treng folk til: Vi treng DEG som har lyst til å vere med i frivillig aktivitet.

Aktivitetar: Natteramner, intuitiv maling, følge til bl.a sjukehus/lege/tannlege, seniornett, sjølvhjelpsgrupper, møteplas-

sar, kafè og bingo på omsorgsenter, koordinering av besøks venner, «Tjukkasgjengen» og koordinering og hjelp i forbindelse med å starte nye ting. Vi skapar etter behov.

Dagleg leiar: Turid Sørgård og Siv Anett KupenAdresse: Pb. 30, 6701 MåløyTelefon: 46 91 06 07/90 74 64 71Epost: [email protected] www.vagsoy.frivilligsentral.no Facebook: Vågsøy frivilligsentral

Vi treng folk til: Vi ønsker menneske som vil hjelpe og bruke seg sjølv til glede for seg sjølv og andre.

Aktivitetar: Småbarnstreff, mandagskafe, handarbeids-kafe, seniortrim, gågruppe, matomkøyring, setedans,

senior treff og fritidsklubb.

Dagleg leiar: Reidun Elisabeth SandnesAdresse: Pb. 24, 6763 HornindalTelefon: 57 87 98 14Epost: [email protected]: Hornindal frivilligsentral

Treng folk til: Matomkøyring, sjåfør til bil for rullestol-brukarar og fysisk forflytningshemma, datakurs og besøksteneste

Aktivitetar: Sosiale treffstader, aktivitetar for eldre heime-buande og instutisjon. Flyktningar, nattevandring.

Dagleg leiar: Marit Sandnes SkredeAdresse: Triangelen Telefon: 97 15 47 22Epost: [email protected] www.frivilligstryn.noFacebook: Stryn frivilligsentral

Treng folk til: Vi tilbyr at folk skal få drive med det dei har lyst til. Vi er behjelpelege med å få i gang aktivite-tar og inkludere folk i aktivitetane som finnast.

S E N T R A

L

JØLSTER

Page 16: Møte mellom menneske infohefte 2014

Arnt Ivar Naustdal, u FESTIVALSJEF I MALAKOFF ROCKFESTIVAL«Veldig enkelt: Frivilligheit betyr ALT! For store arrange-ment på ein liten stad er frivilligheit alfa og omega.Vi er avhengige av lokalt engasjement og dugnad for å kunne arrangere Malakoff Rockfestival.»

Kari Synnøve Muri,u FOLKEHELSEKOORDINATOR I STRYN KOMMUNE«I vår kommune er det mange bygdelag og mangfoldig aktivitet. Mange av organisasjonane er eigarar av Stryn Fri-villigsentral, derfor fungerer frivilligsentralen som ein pa-raply for mykje frivillig arbeid. Sentralen har oversikt over organisasjonar og personar som kan vere med på å bygge folkehelse. Difor var blant anna leiaren i frivilligsentralen sa-man med leiaren i idrettsrådet, den første ein tenkte på når ein nedsette Folkehelserådet. Sentralen gjev oversikt, infor-masjon, sprer moglegheiter og informasjon til nettverk, og på denne måte er samarbeidet hensiktsmessig.»

Berit Wetlesen, u HELSE- OG SOSIALSJEF I STRYN KOMMUNE«Frivillegsentralen representerer ein stor og verdifull sam-funnsinnsats i Strynesamfunnet som vi ikkje kan klare oss utan. Frivillegsentralen bidrar til rikare liv for mange av inn-byggjarane våre; ungdom, funksjonshemma, flyktningar og eldre. Frivillegsentralen er ein stadig viktigare samarbeids-part for Stryn kommune.»

Arild Hjelmeland, u PROSJEKTLEIAR I NY KUNNSKAP AS«Frivilligheit betyr mykje for trivsel på bygdene. Det er stor frivilligheit innanfor både idrett og kultur. Aktivitet og enga-sjement gjennom frivillig arbeid er svært positivt. Dette er viktig når ein skal rekruttere arbeidskraft og få folk til å eta-blere seg. Frivillig arbeid gjer det lett å inkludere menneske i samfunnet. Det er viktig å verte kjent med folk og frivillig arbeid skapar nettverk – noko som igjen er med på å skape utvikling. Det er viktig å løfte blikket og sjå Nordfjord som ein region, å sjå moglegheiter og kva ein kan få til i lag!»

4 om frivillig arbeid og frivilligsentralane

«FRIVILLIG ARBEID GJER DET LETT Å INKLUDERE MENNESKE I SAMFUNNET. DET ER VIKTIG Å VERTE KJENT MED FOLK OG FRIVILLIG ARBEID SKAPAR NETTVERK

– NOKO SOM IGJEN ER MED PÅ Å SKAPE UTVIKLING.» Arild Hjelmeland

findriv.no