kvikksølvinnhald i fisk og sjømat ved søkkt ubåt (u864) vest av fedje
DESCRIPTION
ÂTRANSCRIPT
1 Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning
Adresse: Postboks 2029 Nordnes, 5817 Bergen, Norway
Telefon: +47 55 90 51 00 Faks: +47 55 90 52 99
KVIKKSØLVINNHALD I FISK OG SJØMAT VED SØKKT UBÅT (U864) VEST AV FEDJE - NYE ANALYSAR 2007 - SAMANLIKNING MED DATA FRÅ PERIODEN 2004 TIL 2006
Amund Måge, Lina Vågenes, Sylvia Frantzen og Kåre Julshamn, NIFES, Dag Furevik, Havforskingsinstituttet
17. desember, 2007
2
Samandrag
Den torpederte tyske ubåten U864 ligg på ca. 150 meters djup 3 kilometer vest av Fedje. Den
vart søkkt i 1945 og kan ha hatt ei last på 60-70 tonn kvikksølv (Hg) då den vart torpedert.
Dette er eit stort kvanta av kvikksølv og det er viktig at dette ikkje vert spreidd til miljøet slik
at det kan koma til å verta teke opp i sjømat. Derfor er det sett i gang overvaking av eventuell
spreiing og opptak i sjømat.
På oppdrag frå Kystdirektoratet vart det i januar 2004 gjort ei innsamling av aktuelle
fiskeartar, torsk, sei, lange, uer og krabbe for kvikksølvanalyse. Dette har blitt følgt opp av ei
ny undersøking årleg i 2005, 2006 og no i 2007, som er det som vert rapportert her. Vi har
etter første prøvetaking teke ut sei og teke inn brosme i programmet.
I 2006 vart programmet utvida med at det for brosme og krabbe vart samla inn materiale ved
ubåtvraket, men også i to avstandar frå vraket langs hovudstraumretning mot nord. Dette var
for eventuelt å få fram ein gradient i avstand frå ubåten. I 2007 har vi auka avstanden til desse
to ekstra stasjonane slik at dei er fiska frå 2 og 4 sjømil nord for vraket.
Ei samla vurdering av resultata så langt viser at det for fleire artar, spesielt torsk og uer er
noko overkonsentrasjon av Hg i høve til det vi vurderer som normalverdiar. I høve til
grenseverdiar for kvikksølv i fisk og sjømat er det likevel få overkonsentrasjonar og i 2006
var dei få som vart observert like over grenseverdien på 0,5 mg/kg frisk vekt.
Det er ingen påfallande endring i høve til resultata funne i 2005 når det gjeld kvikksølv i fisk
og krabbe fanga ved vraket. Det er ein aukande trend for høgare kvikksølvinnhald i torsk, men
her har vi lite data sidan det er vanskeleg å få nok torsk på staden der vraket ligg.
Vi ser vidare at det er liten skilnad i kvikksølvkonsentrasjonen i fisk fanga på vraket og ut til
dei stasjonane valt i større avstand frå vraket.
Dei observerte overkonsentrasjonane for nokon av artane og fare for raske endringar i
spreiingsbiletet, gjer at vidare oppfølging i form av overvaking og vurdering av eventuelle
tiltak, er påkravd.
3
Innleiing
Den tyske ubåten U864 vart senka av engelskmennene i krigen sitt avsluttande år i februar
1945. Vraket vart oppdaga av Forsvaret i 2003 og er lokalisert på ca. 150 meters djup om lag
3 km vest av Fedje. Nøyaktig posisjon til ubåtvraket er N6046,20 – E0437,25. Ubåten vart
brukt til transportoppdrag og var ved senkinga på veg til Japan, med ei last med ulikt
krigsutstyr inklusive 60-70 tonn metallisk kvikksølv.
På oppdrag frå Kystdirektoratet undersøkte NIVA for første gong sediment ved ubåtvraket
U864 i desember 2003 og fann svært høge konsentrasjonar av kvikksølv (Hg) i tre av
sedimentprøvane tett ved ubåtvraket. Kvikksølvet i sedimenta stammar truleg frå lasta til
ubåten og at noko av kvikksølvet, som var fylt på mindre jernflasker, har vorte spreidd ved
torpederinga. Kystdirektoratet, som har det administrative ansvaret for eventuell forureining
frå vraket av ubåten, bestemte i etterkant av funnet at det skulle utførast ei undersøking av
kvikksølvinnhaldet i fisk og krabbe frå nærområdet ved ubåten. For å kunna vurdere risiko for
spreiing til sjømat har det vorte fiska og analysert fisk (bl.a. brosme, torsk, lange, sei og uer)
og krabbe årleg frå år 2004.
Både i 2005, 2006 og 2007 har det vore mykje fokus på kva som skulle skje med ubåtvraket
slik at den satsinga Kystdirektoratet har gjort på overvaking har vore i tråd med behova for
kunnskap. I 2005 vart det bl.a. arrangert eit seminar på Fedje med ubåten som tema i regi av
Naturvernforbundet, og eit Brennpunkt-program på NRK hadde same tema. Etter at regjeringa
gjekk inn for tildekking av ubåten hausten 2006 vart det halde ei høyring i Stortinget som
resulterte i at ein skal gjere vidare utgreiingar av kva endeleg løysing ein skal velje for å sikre
vraket. Det generelle kravet om at all sjømat skal vera trygg, har gjeve behov for oppdaterte
data på innhald av Hg i marine artar fanga i nærområdet til vraket av den søkkte ubåten ved
Fedje.
Målet for overvakinga av fisk og sjømat rundt u-båtvraket vest av Fedje er både å kunne gje
råd om sjømattryggleik til dei som fiskar i dette området og å kunna spore endringar i
tryggleiksbiletet i høve til sjømat, med fokus på kvikksølv.
På bakgrunn av dette er det på oppdrag for Kystdirektoratet og med innspel frå Mattilsynet
teke nye prøvar i 2007 av fisk og krabbe for å studera utviklinga av kvikksølv i sjømat frå
området nær ubåten. Prøveinnsamling har som tidlegare år gått i regi av
Havforskingsinstituttet, mens analyse og rapportering vert utført av NIFES.
4
Prøveinnsamling 2007
Det vart også i 2007 gjort avtale med Helge Torsvik som er eigar av Selfa-sjarken Vikingfjord
(H-19-A) på 35 ft. Han driv kystfiske i Nord-Hordaland og er såleis lokalkjent i området.
Det vart i år valt å kun fiska i ein tidsperiode, i juni 2007. Dette ut frå erfaring frå 2005 og
2006 i at ein får lite andre artar på hausten som då vart prøvd. Fiskinga i juni vart utført med
både teiner og handsnøre.
Figur 1 og figur 2 viser kart over prøvetakingslokalitetane. Figur 1 viser tidlegare
prøvetaking, mens figur 2 viser årets lokalitetar. Det som var nytt i 2007 i høve til 2006 var at
det avstanden frå vraket til dei to supplerande stasjonane vart auka frå 1 og 2 sjømil til 2 og 4
sjømil. Område 0 vart definert som området nær ubåten. Område 2 var om lag 2 nautiske mil
nord for ubåten og område 4 var om lag 4 nautiske mil nord for ubåten.
Ubåten kunne lett lokaliserast med ekkolodd, og reiskap vart sett så nært som mulig og frå
fleire retningar. I eit arbeidsnotat som omtalar fiskerimessige tilhøve ved Fedje vert det
oppgjeve at straumen i området ved ubåten stort sett går i nordleg retning. Variasjonar i
straumretning og straumfart gjorde det utfordrande å få reiskap ned akkurat der ein ønska det.
Det vart også i år relativt raskt fiska 25 individ av brosme og taskekrabbe med teiner på alle
tre stasjonar/område. Det var lagt mindre energi ned i få tak i dei andre artane og det vart i år
fanga noko mindre lange enn tidlegare. Uer (Sebastes spp.) vart ikkje fiska i 2007. I 2006
måtte det brukast handsnøre for å få nokre få individ, og vi har ikkje funne det verdt innsatsen
å halde fram med denne arten. I og med at vi no også over tid har opparbeida eit sterkt
datagrunnlag for brosme som viktigaste art i denne overvakinga vil vi truleg ikkje leggja stor
innsats i å fylgja opp uer.
5
Figur 1. Figuren viser fisket ved stasjonane 0 og 1 i 2006 samt tidlegare fiske i 2005 og 2004. Stasjon 2 er utanfor kartet mot nord.
6
Tidlegare prøveinnsamlingar
Desse er beskrivne i rapportane frå 2005 og 2006 (Måge m. fl., 2005 & Måge m. fl., 2006).
Men nokon opplysningar som kan vera relevante for diskusjonen vert tekne med her. Det
gjeld dette med at tidspunktet på året for prøvetakinga i 2004 var i januar, unnateke ei ekstra
prøvetaking retta mot kommersielt krabbefiske utført på 30 m djupn ved Sandholmen ca. 2
nautiske mil nordaust for ubåtvraket, som vart gjort i perioden 8. – 12. mars 2004 (ikkje i
kart).
Prøvetaking i 2005 vart utført i oktober/november også gjort av Helge Torsvik med sin Selfa-
sjark Vikingfjord (H-19-A). Fisket gjekk då føre seg i perioden frå 15.10 til 06.11 med totalt
10 fiskedøgn. Det vart då, som i 2004, berre fiska med vraket som utgangspunkt. Fiskestadene
frå 2004 og 2005 er teikna inn på kart på figur 1.
Figur 2. Kart over området ved søkkt ubåt og fisket på dei tre stasjonane i 2007. Raude linjer representerer område 0, tynne og tjukke svarte linjer henhaldsvis område 2 og 4.
7
Analysar
Prøvane vart levert isa til NIFES for opparbeiding på laboratoriet. Kvar fisk og krabbe vart
målt og veid, og det vart tekne filetprøver av kvar fisk og prøver av klør og brunmat
(krabbesmør) av kvar krabbe. I 2007 vart det i tillegg tekne prøvar av lever og gjeller av kvar
fisk. Kvar prøve vart homogenisert og analysert for kvikksølv med ICP-MS. Før
sluttbestemmingane av kvikksølv vart utført vart prøvene dekomponert med syre i
mikrobølgeovn slik at kvikksølvet låg føre som jonar i løysning. Kvikksølvbestemminga med
ICP-MS er ein akkreditert metode ved NIFES. Det er berre målt for totalkvikksølv i desse
undersøkingane ut frå at det er det som er grunnlag for grenseverdier for matvarer.
Erfaringsmessig er nesten alt kvikksølv i fiskefillet metylkvikksølv.
Ei hovudfagsoppgåve ved UiB viste auka kvikksølvnivå i gjeller til torsk som hadde gått i
tank med sediment frå ubåten sitt nærområde (Tingstad, 2007). Vi ville teste dette i
feltforhold og det vart i 2007 difor i tillegg til fillet teke ut prøvar både av både gjeller og
lever. Data for Hg i gjeller og lever frå brosme er presentert i rapporten.
Fordi konsentrasjonen av framandstoffer ofte varierer med størrelse/alder, og fordi
vektsamansetninga kan være ulik frå år til år og mellom lokalitetane, blei Hg-
konsentrasjonane vektnormalisert for samanlikning mellom år og mellom ulike avstandar frå
vraket. For å vektnormalisere blei Hg-konsentrasjonane i fillet/lever/klokjøt/krabbesmør
dividert med vekta til fisken/krabben. Resultata vist i tabellane er Hg-konsentrasjonane utan
vektnormalisering, medan figurane visar dei vektnormaliserte konsentrasjonane.
8
Resultat og diskusjon
Analyseresultata frå årets undersøkingar (2007) er samla i tabell 1 og 2, mens resultata frå
tidlegare undersøkingar er gitt i tabell 3 (2006), tabell 4 (2005) og tabell 5 (2004) for
samanlikning. Resultata frå 2004-2006 er diskutert i dei tidlegare rapportane (Måge m. fl.,
2006 & Måge m. fl., 2005). Desse rapportane er å finne på www.kystverket.no.
Sjømattryggleik vert vurdert ut frå dei etablerte øvre grenseverdiane for fisk og krabbe.
Grenseverdien for kvikksølv er på 0,5 mg/kg våtvekt for dei fleste fiske- og skaldyrartar. Det
er likevel ein del artar, spesielt store predatoriske fisk, som har fått ei høgare grense på 1,0 mg
Hg/ kg våtvekt, men det gjeld ingen av fiskeartane som er analysert her. Krabbe har ei
grenseverdi på 0,5 mg/kg våtvekt i både klokjøt og krabbesmør. Grensene er absolutte i høve
til omsetjing av fisk, mens det kan i høve til fritidsfiske ofte vert kosthaldsråd for å råda
publikum.
Resultata frå dei tidlegare undersøkingane er oppgjevne for å kunne gje eit større bilete av
situasjonen og eventuelt indikera noko om utvikling i tid, men som diskutert i tidlegare
rapportar er det mange faktorer som påverkar konsentrasjonen av framandstoff i sjømaten og
som gjer at ein må vera varsame med direkte samanlikningar. Dette gjeld blant anna
årstidsvariasjonar, fiskens/krabbens storleik, alder og kondisjon/fylningsgrad, vandring av fisk
ut og inn av området samt gjennomsnittleg nærleik til ubåtvraket. Dette er faktorar ein ikkje
har full kontroll over.
Brosme (Brosme brosme) har sidan starten på prøvetakinga i 2004 vore den fisken som ein får
mest av når ein fiskar ved vraket. Ut frå dette vart denne arten alt i 2005 inkludert i staden for
sei som er ein meir pelagisk og mindre stasjonær fisk.
Det vart i 2007 fiska og analysert fulle seriar (25 stykk) av brosmer ved vraket og henhaldsvis
2 og 4 sjømil frå vraket. Brosmene var relativt små, gjennomsnittleg ca. 1 kg, og hadde
gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon i filet på 0,16 mg/kg våtvekt (Tabell 1). Det var ingen av
brosmene ved vraket som hadde kvikksølvkonsentrasjonar over EU sin grenseverdi på 0,5
mg/kg våtvekt.
Det var noko høgare gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon i brosmefilet frå dei to stasjonane
lenger vekk frå vraket enn ved vraket (Tabell 1; Figur 3). 2 og 4 sjømil frå vraket var
gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon henhaldsvis 0,23 mg/kg våtvekt og 0,25 mg/kg. På grunn
9
av stor individuell variasjon var det inga signifikant endring i Hg-konsentrasjon med aukande
avstand frå vraket, og den aukande trenden skuldast truleg faktorar som vi ikkje har kontroll
over. I 2006 vart det ikke funne nokon forskjell i Hg-konsentrasjonen mellom brosmer tatt
ved vraket og 1 og 2 sjømil frå vraket. Hg-konsentrasjonen i brosmelever fulgte samme
trenden som filet med hensyn til avstand frå vraket (Figur 3).
Når vi samanliknar Hg-konsentrasjonen i brosmefilet i 2007 med tidlegare år, ser vi at i 2005
og 2006 var gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon i filet henhaldsvis 0,20 og 0,22 mg/kg våtvekt
(Tabell 3, 4), altså noko høgare enn i 2007 (0,16 mg/kg våtvekt). Når vi vektnormaliserte
resultata fann vi at det var signifikant lågare Hg-konsentrasjon i brosmefilet i 2007 enn i 2005
Tabell 1. Gjennomsnittlig kvikksølvinnhald (mg/kg våt vekt) og minimum og maksimumsverdiar for kvikksølv i torsk, lange, brosme, uer og krabbe fanget utanfor Fedje i Nordhordland i juni 2007. Talkode etter artsnamn betyr; 0: ved vraket, 2: 2 sjømil nord for vraket og 4: 4 sjømil nord for vraket. Normalverdiar er henta frå NIFES sin Miljødatabase der analyser er gjort på fisk frå ope hav og krabbe frå reint vatn. Fisken i Miljødatabasen er fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. EU sin øvre grenseverdi (Kommisjonsregulativ EC 2001/446) er også gitt i tabellen.
Art Tal Prø- var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks (kg) 1)
Kvikksølv Snitt±SD (mg/kg v.v.)
Kvikksølv Min.- maks. (mg/kg v.v.)
Normalverdier Min. - maks (mg/kg v.v.)
EUs øvre grenseverdi (mg/kg v.v.)
Torsk-0 3 2,62 0,48-3,8 0,07 ± 0,02 0,06-0,09 0,01-0,08 0,50 Torsk-2 1 3,76 3,76 0,12 0,12 0,01-0,08 0,50 Torsk-4 2 5,18 3,12-7,24 0,34 ± 0,35 0,10-0,59 0,01-0,08 0,50 Brosme-0 25 0,90 0,54-2,84 0,16 ± 0,05 0,09-0,26 0,05-0,17 0,50 Brosme-2 23 0,78 0,32-2,16 0,23 ± 0,08 0,1-0,39 0,05-0,17 0,50 Brosme-4 25 1,15 0,48-2,44 0,25 ± 0,10 0,14-0,64 0,05-0,17 0,50 Lange-0 7 4,81 2,5-8,54 0,24 ± 0,17 0,11-0,50 0,03-0,15 0,50 Lange -2 1 1,44 1,44 0,10 0,10 0,03-0,15 0,50 Krabbe-klokjøtt-0
25 326* 168-485 0,14±0,06 0,03-0,27 0,50
Krabbe-klokjøtt-2
25 377* 162-610 0,14±0,07 0,07-0,31 0,50
Krabbe-klokjøtt-4
25 333* 137-558 0,14±0,06 0,06-0,27 0,50
Krabbe-smør-0
25 326* 168-485 0,29±0,24 0,11-0,57 0,06-0,15 0,50
Krabbe-smør-2
25 377* 162-610 0,24±0,33 0,09-1,68 0,06-0,15 0,50
Krabbe-smør-4
25 333* 137-558 0,16±0,06 0,06-0,29 0,06-0,15 0,50
* For krabbe er vekta i gram (etter koking)
10
Tabell 2. Gjennomsnittleg kvikksølvinnhald (mg/kg våtvekt) i lever og gjeller i brosme fanga ved ubåtvraket ved Fedje (0) og 2 og 4 sjømil frå vraket i juni 2007.
Art Tal Prø- var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks (kg) 1)
Kvikksølv i lever Snitt±SD (mg/kg v.v.)
Kvikksølv i gjeller Snitt±SD (mg/kg v.v.)
Brosme-0 25 0,90 0,54-2,84 0,18 ± 0,09 0,087 ± 0,027
Brosme-2 23 0,78 0,32-2,16 0,27 ± 0,13 0,096 ± 0,034
Brosme-4 25 1,15 0,48-2,44 0,34 ± 0,28 0,092 ± 0,038
Tabell 3. Gjennomsnittlig kvikksølvinnhald (mg/kg våt vekt) og minimum og maksimumsverdiar for kvikksølv i torsk, lange, brosme, uer og krabbe fanget utanfor Fedje i Nordhordland i juni-oktober 2006. Talkode etter artsnamn betyr; 0: ved vraket, 1: 1 sjømil nord for vraket og 2: 2 sjømil nord for vraket. Normalverdiar er henta frå NIFES sin Miljødatabase der analyser er gjort på fisk frå ope hav og krabbe frå reint vatn. Fisken i Miljødatabasen er fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. EU sin øvre grenseverdi (Kommisjonsregulativ EC 2001/446) er også gitt i tabellen.
Art Tal Prø- var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks (kg) 1)
Kvikksølv Snitt±SD (mg/kg v.v.)
Kvikksølv Min.- maks. (mg/kg v.v.)
Normalverdier Min. - maks (mg/kg v.v.)
EUs øvre grenseverdi (mg/kg v.v.)
Torsk-0 5 5,1 1,5-6,4 0,21±0,14 0,07-0,44 0,01-0,08 0,50 Brosme-0 25 1,0 0,34-2,1 0,22±0,07 0,13-0,49 0,05-0,17 0,50 Brosme-1 25 1,2 0,36-3,5 0,28±0,08 0,19-0,53 0,05-0,17 0,50 Brosme-2 25 1,1 0,28-3,0 0,28±0,09 0,16-0,53 0,05-0,17 0,50 Lange – 0 27 3,9 0,86-7,9 0,26±0,13 0,11-0,55 0,03-0,15 0,50 Lange – 1 4 3,2 1,2-5,9 0,19±0,07 0,08-0,27 0,03-0,15 0,50 Uer – 0 4 1,4 1,2-1,5 0,22±0,13 0,08-0,34 0,01-0,02 1,0 Krabbe-klokjøtt-0
25 443 1) 247-758 1) 0,15±0,11 0,04-0,60 0,50
Krabbe-klokjøtt-1
25 429 210-677 0,15±0,09 0,05-0,45 0,50
Krabbe-klokjøtt-2
25 346 191-497 0,12±0,05 0,05-0,21 0,50
Krabbe-smør-0
25 443 247-758 0,20±0,07 0,06-0,34 0,06-0,15 0,50
Krabbe-smør-1
25 429 210-677 0,22±0,08 0.04-0,41 0,06-0,15 0,50
Krabbe-smør-2
25 346 191-497 0,18±0,06 0,08-0,33 0,06-0,15 0,50
1) For krabbe er vekta i gram (etter koking)
11
Tabell 4. Gjennomsnittlig kvikksølvinnhald (mg/kg v. v.) og minimum og maksimumsverdiar for kvikksølv i torsk, lange, brosme, uer og krabbe fanget utanfor Fedje i Nordhordland i oktober 2005. Normalverdiar er henta frå NIFES sin Miljødatabase der analyser er gjort på fisk frå ope hav og krabbe frå reint vatn. Fisken i Miljødatabasen er fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. EU sin øvre grenseverdi (Kommisjonsregulativ EC 2001/446) er også gitt i tabellen. Art Tal
Prø- var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks (kg) 1)
Kvikksølv Snitt (mg/kg v.v.)
Kvikksølv Min.- maks. (mg/kg v.v.)
Normalverdiar Min. - maks (mg/kg v.v.)
EUs øvre grenseverdi (mg/kg v.v.)
Torsk 5 2,1 1,0 – 3,4 0,15 0,09-0,22 0,01-0,08 0,50
Brosme 25 1,0 0,54-2,2 0,20 0,08 – 0,35 0,05-0,17 0,50
Lange 25 4,7 1,3 – 13,3 0,27 0,11 – 0,77 0,03-0,15 0,50
Uer 2 1,1 1,0 – 1,1 0,24 0,23 – 0,25 0,01-0,02 1,0
Krabbe-klokjøtt
25 3501) 199-4861) 0,18 0,08 – 0.37 0,10-0,14 0,50
Krabbe-smør
25 3501) 199–4861) 0,26 0,09-0,56 0,06-0,15 0,50
1) Vekt i gram. Tabell 5. Gjennomsnittlig kvikksølvinnhald (mg/kg v. v.) samt konsentrasjonsområde i torsk, sei, lange, uer og krabbesmør fanget ved søkkt ubåt utanfor Fedje i Nordhordland i januar 2004 og krabbe fanga frå kommersiell fangstad 3 km frå ubåtvraket i mars 2004. Normalverdiar er henta frå NIFES sin Miljødatabase der analyser er gjort på fisk frå ope hav og krabbe frå reint vatn. Fisken i Miljødatabasen er fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. EU sin øvre grenseverdi (Kommisjonsregulativ EC 2001/446) er også gitt i tabellen. Art Tal
Prø-var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks. (kg)
Kvikksølv Snitt (mg/kg v.v.)
Kvikksølv Min.- maks. (mg/kg v.v.)
Normalverdiar Min. - maks (mg/kg v.v.)
EUs øvre grenseverdi (mg/kg v.v.)
Torsk 20 4,1 2,3 - 10,7 0,047 0,013-0,087 0,01-0,08 0,50
Sei 25 3,1 2,0 – 5,0 0,043 0,011-0,094 0,02-0,12 0,50
Lange 20 6,5 3,4 – 13,5 0,13 0,032-0,35 0,03-0,15 0,50
Uer 25 1,3 1,0 – 1,6 0,22 0,10-0,38 0,01-0,02 1,0
Krabbe-smør
24 14,4 1) 11 – 17 1) 0,20 0,08-0,50 0,06-0,15 0,50
Prøvar 3 km frå vraket, mars 2004.
Krabbe-klokjøt
20 i.r. i.r. 0,05 0,02-0,13 0,10-0,14 0,50
Krabbe-smør
25 i.r. i.r. 0,05 0,02-0,10 0,06-0,15 0,50
1) Skallengde i cm.
12
brosmefilet krabbe-innmat krabbe-klo brosmelever
0 2 4
lokalitet
-0,2
0,0
0,2
0,4
0,6
0,8
1,0
1,2hg
/vek
t
Figur 3. Samanheng mellom fangstavstand frå u-båtvraket og kvikksølvkonsentrasjonen i brosme og krabbe. I krabbe er både krabbesmør (krabbeinnmat) og klokjøt analysert. Konsentrasjonane i figuren er vektnormalisert.
og 2006 (Figur 4). I brosmelever fann vi også ein signifikant endring mellom 2006 og 2007,
men i motsetnad til i fillet, der konsentrasjonen minka, auka den i lever (Figur 5). Årsaka til
dette veit ein ikkje, men distribusjonen av kvikksølvet i dei ulike organa i forhold til tidspunkt
for kontaminering kan vere ein forklaring. Vidare analysar vil kunne seie meir om det er ein
samanheng mellom konsentrasjonsendring i fillet og lever. For lange og torsk ser ein at
endringa i konsentrasjonane i fillet og lever ser ut til å fylgje kvarandre meir (Figur 4 og 5).
Lange (Molva molva) har vorte fiska ved alle fire prøvetakingar ved vraket, i varierande
mengder (Tabell 1, 3, 4, 5). Vi fekk relativt store langer nær ubåtvraket. Dei to første åra var
største lange rundt 13,5 kg, mens største fisk var 7,0 kg i 2006 og 8,5 kg i 2007. Snittvekta i
2007 var 4,8 kilo mot 4,7 i 2005 og 3,9 i 2006.
I 2007 vart det berre tatt 7 langer, og av desse var det ein med Hg-konsentrasjon på 0,5 mg/kg
våtvekt, som er EU sin grenseverdi for kvikksølv i fiskefilet (Tabell 1). Resten var under
grenseverdien, og gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon i lange ved vraket var 0,24 mg/kg
våtvekt. Kun ei lita lange blei fanga 2 sjømil frå vraket, med noko lågare
kvikksølvkonsentrasjon, på 0,10 mg/kg våtvekt. I 2006 vart det fanga fire langer på stasjonen
13
1 sjømil nord for vraket. Gjennomsnittleg kvikksølvkonsentrasjon var også her noko lågare
enn ved vraket (Tabell 3), men heller ikkje her var det nokon signifikant skilnad.
Både i 2005 og 2006 hadde 3 av 25 respektive 27 langer fanga ved vraket ein Hg-
konsentrasjon over grenseverdien på 0,5 mg/kg våtvekt (Tabell 3, 4). Langene fanga i 2004,
2005, 2006 og 2007 hadde gjennomsnittleg Hg-innhald i filet på henhaldsvis 0,13, 0,27, 0,26
og 0,24 mg Hg/kg våtvekt (Tabell 1, 3, 4, 5). 2004 er problematisk å inkludere i
samanlikninga fordi det var vanskelig å få fiska nær nok vraket dette året. Det var ingen
skilnad mellom dei tre øvrige åra, og for lange var trenden den same for lever som for filet
(Figur 5).
Jamnt over var Hg-konsentrasjonane i lange ved vraket i øvre sjikt av eller høgare enn
”normalverdiane” frå sjømatdata (http://www.nifes.no/sjømatdata). Det vi har sett og fått ny
kunnskap om spesielt dei to siste åra er at Hg-innhaldet i same art kan variere ganske mykje
også i område som er presumptivt lite forureina. Det hadde difor vore ønskjeleg å fått
analysert eit større utvalg av langer i noko avstand frå vraket, blant anna også fordi
”normalverdiane” vi samanliknar med er basert på kun få prøvetakingar til Sjømatdata.
Som dei tidlegare åra, bortsett frå 2004, hadde vi i 2007 problem med å få tak i torsk (Gadus
morhua) ved vraket vest av Fedje. Det vart fanga kun tre torsk ved vraket og ein og to hhv. 2
og 4 sjømil frå vraket. I 2005 og 2006 vart det teke 5 torsk ved vraket, mens vi i 2004 fekk 20
individ. Vi var noko uroa over ein stigande trend i kvikksølvkonsentrasjonen i det vesle
materialet vi har fått tak i, i og med at gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon steig frå 2004 til
2005 og vidare til 2006. I 2007 vart denne trenden broten, med eit snitt på berre 0,07 mg/kg
våtvekt, sjølv om det sjølvsagt ikkje kan trekkjast nokon konklusjonar ut frå det låge talet på
fisk. Når konsentrasjonane var vektnormaliserte var det heller ingen skilnader mellom dei tre
åra 2005, 2006 og 2007 (Figur 4), noko som tyder på at dei registrerte skilnadene i Hg-
konsentrasjon kan skuldast størrelse. Hg-konsentrasjonane i torsk frå området ved ubåtvraket
er høgt i forhold til normalverdiane sjølv om ingen var over grenseverdien på 0,5 mg/kg
våtvekt (tabell 3 og 4). I 2007 hadde ein av dei to torskane som vart fanga 4 sjømil frå vraket
0,57 mg Hg/kg våtvekt, det vil seie Hg-konsentrasjon over grenseverdien på 0,5 mg/kg
våtvekt.
14
Brosme Torsk Lange
2005 2006 2007
år
-0,1
0,0
0,1
0,2
0,3
0,4H
g i f
illet
/vek
t
Figur 4. Utvikling av gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon i fiskefillet frå 2005 til 2007 i artane brosme, torsk og lange ved lokaliteten rett ved ubåt-vraket. Konsentrasjonane er vektnormalisert. Sjå tabellane for å finna kva tal fisk kvart punkt representerer.
Brosme Lange Torsk
2005 2006 2007
År
-0,2
-0,1
0,0
0,1
0,2
0,3
0,4
0,5
Hg
i lev
er/v
ekt
Figur 5. Utvikling av gjennomsnittlig Hg-konsentrasjon i lever frå 2005 til 2007 i artane brosme, lange og torsk ved lokaliteten rett over ubåt-vraket. Konsentrasjonane er vektnormalisert. Sjå tabellane for å finna kva tal fisk kvart punkt representerer.
15
Taskekrabbe (Cancer pagurus) fekk vi som i tidlegare år samla inn i fulle seriar på 25 individ
ved alle tre stasjonane, og har dermed styrka bakgrunnsmaterialet ytterlegare.
Krabbeklokjøtt inneheldt like mykje kvikksølv, gjennomsnittleg 0,14 mg/kg våtvekt, ved
vraket og 2 og 4 sjømil frå vraket (Tabell 1). I krabbesmør var Hg-konsentrasjonane ved
vraket frå 0,11 til 0,57 mg/kg våtvekt, som er i øvre sjikt av eller over det som kan seiast å
være normalverdiar for kvikksølv i krabbesmør (0,06 – 0,15 mg/kg våt vekt). For krabbesmør
var trenden også høgare gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon ved vraket og 2 sjømil unna enn 4
sjømil unna, med henhaldsvis 0,29, 0,24 og 0,16 mg/kg våtvekt (Tabell 1). Når
konsentrasjonane var vektnormalisert var det ein klar nedadgåande trend frå vraket til 2 sjømil
unna (Figur 3), utan at skilnaden var signifikant. På kvar av lokalitetane ved vraket og 2
sjømil frå vraket var det eitt enkeltindivid med konsentrasjonar over grenseverdien, som
truleg trakk opp gjennomsnittet.
Dersom vi ser på historisk utvikling ved vraket ser vi at Hg-konsentrasjonen i brunmat var
0,20 mg/kg våtvekt i 2004 (tabell 5), 0,26 mg/kg våtvekt i 2005 (tabell 4), 0,20 mg/kg våtvekt
i 2006 (tabell 3) og 0,29 mg/kg våtvekt i 2007 (tabell 1). Gjennomsnittskonsentrasjonane i
Organ Innmat Organ Klo
2005 2006 2007
år
0,1
0,2
0,3
0,4
0,5
0,6
0,7
0,8
0,9
1,0
1,1
1,2
Hg/
vekt
Figur 6. Utvikling av gjennomsnittlig Hg-konsentrasjon frå 2005 til 2007 i krabbe- innmat(krabbesmør) og klo. Sjå tabellane for å finna kva tal kvart punkt representerer. Konsentrasjonane er vektnormalisert.
16
både klokjøt og krabbesmør var noko lågare i 2006 enn i både 2005 og 2007. Skilnaden var
ikkje signifikant i klokjøt, men var signifikant i krabbesmør når Hg-konsentrasjonane var
vektnormalisert (Figur 6). Dette kan skuldast at det i 2006 vart fanga relativt store krabbar
(gjennomsnittleg 443 g), utan at dette førte til høgare konsentrasjon av Hg.
På grunnare vatn 3 km nordaust for vraket ved Fedje i 2004 var gjennomsnittleg Hg-
konsentrasjon både i klomat og krabbesmør til samanlikning berre 0,05 mg/kg våtvekt.
I ei masteroppgave frå UiB (Tingstad, 2007) vart det påvist høge Hg-konsentrasjonar i
gjellevev hos ung torsk eksponert for sediment frå havbunnen rundt ubåtvraket. Som følgje av
dette vart overvåkningsprogrammet for sjømat ved ubåtvraket i 2007 utvida til å omfatte
analyse av kvikksølv i gjeller. Analysane av gjellevev frå brosme, lange og torsk fanga ved
vraket i 2007 viste imidlertid låge Hg-konsentrasjonar, mellom 0,03 og 0,42 mg Hg/kg. Det
finns ikkje Hg-konsentrasjonar i gjeller i Sjømatdata, slik at det er vanskeleg å seie noko om
verdiane funne ved vraket i høve til normalverdiar. Det at konsentrasjonane var lågare enn dei
som vart funne i masteroppgåva kan forklarast med at forsøka i masteroppgava vart utført ved
å la fisken gå over sedimenta i ein tank, noko som truleg gjorde fisken mykje meir eksponert
for dei forureina sedimenta enn den ville ha blitt i naturen der den kan vandre fritt. Dei
resultata vi fann tyder ikkje på akkumulering av Hg i gjellene i fisk frå området rundt vraket.
Generelt såg det ut til å ha vore ein stigande trend i kvikksølvinnhaldet i sjømat ved
ubåtvraket frå år 2004 til år 2005. Problemet med den samanlikninga var at det særleg i 2004
var vanskeleg å fiska nær nok vraket. Prøvetakinga i 2004 skjedde litt aust og sør for vraket,
mens seinare prøvetakingar skjedde ved vraket og nord for vraket. Straumretninga er i
hovudsak frå sør til nord, og dersom kvikksølvet (i sediment) har spreidd seg med straumen
kan det forklare at det er vanskelig å finne nokon trend med aukande avstand frå vraket
nordover, mens området fangsta i 2004 kan vere upåverka.
Som beskrive i tidlegare rapportar, er det hos fisk som er utsett for jamn miljøpåverknad også
ein jamn auke i Hg-konsentrasjon med storleik, som oftast skuldast alder. I 2006 såg vi ikkje
ein slik samanheng for brosme og lange ved vraket. I 2007 derimot, fann vi ein slik
korrelasjon for brosme både ved lokalitet 0 og 4, men ikkje ved lokalitet 2. For lange og torsk
fann vi berre korrelasjon mellom vekt og Hg i fillet når vi samla alle prøvene frå alle
lokalitetane og alle åra (2005-2007). For torsk kan dette forklarast med at talet på prøver er
lavt, men talet på brosme og lange var relativt høgt kvart år (ikkje lange 2007), slik at det kan
17
vere andre grunner til at vi ikkje fann ein slik samanheng her, for eksempel vandring mellom
ulike lokalitetar eller ulike etevaner.
Oppsummering
Ut frå vurderingar i høve til grenseverdiar er det framleis trygt å ete brosme, torsk og krabbe
frå området der ubåten U864 ligg, sjølv om mange av Hg-konsentrasjonane ligg i øvre skikt
av såkalla ”normale” verdier basert på resultater fra Sjømatdata (www.nifes.no). Det var svært
få enkeltfisk og -krabbar med konsentrasjonar over grenseverdiane i 2007: 1 torsk, 1 lange og
2 brosmer (ei med konsentrasjon over grenseverdi i både filet og lever, henhaldsvis 0,64 mg
Hg/kg og 1,37 mg Hg/kg, og ei med konsentrasjon på 0,59 mg Hg/kg i lever). I krabbe vart
det også funne to konsentrasjonar over grenseverdien, begge i krabbesmør på henhaldsvis
1,68 mg Hg/kg og 0,57 mg Hg/kg. I klokjøtt var høgaste målte verdi 0,31mg Hg/kg, altså godt
under grenseverdien.
Årets fangst gav som i 2006 også eit høve til å studera og vurdera korleis
kvikksølvkonsentrasjonen i sjømat endrar seg med avstand frå vraket og dei forureina
sedimenta der. Resultata tyder på at det har liten effekt å flytte seg 2 og 4 sjømil nordover frå
vraket til dei to nære fangstområda vi har brukt. Dog var det ein trend for krabbeinnmat. Vi
veit også lite om situasjonen sør for vraket, der sedimentet kan vere mindre påverka på grunn
av straumretninga.
Det har vore liten endring i kvikksølvkonsentrasjonane frå 2006 til 2007 i artar der vi kan
samanlikne data. Unnataket er brosme, der det var ein signifikant nedgang i Hg-
konsentrasjonen i filet frå 2006 til 2007, mens det var ei signifikant auke i lever. Trenden for
torsk er vanskeleg å seie noko sikkert om, då talet på torsk har vore lavt dei tre siste åra.
Det er framleis restriksjonar på fiske og ferdsel i området ved ubåten. Ut frå våre tidlegare
vurderingar er dette hensiktsmessig i og med at ein av mange grunnar ikkje ynskjer
ukontrollert aktivitet der.
NIFES er for øvrig nøgde med at det vart gjort ei oppfylgjande undersøking i 2007.
Utslippssituasjonen kan endrast raskt, særleg under ein tiltaksfase der ein enten prøver å heve
eller flytte ubåten eller å tildekke den, og dette fordrar vidare overvaking.